Ot.prp. nr. 54 (1996-97)

Om lov om at tilsette i NSB og Luftfartsverket mellombels skal behalde visse rettar etter tenestemannslova ved overgang til respektive NSB Reisebyrå AS, NSB Biltrafikk AS, Malmtrafikk AS og Oslo Lufthavn AS

Til innholdsfortegnelse

2 Bakgrunn for forslaget

For tilsette som går over frå NSB til NSB Reisebyrå AS er det lagt til grunn i St prp nr 1 Tillegg nr 9 (1995-96) Om endringer i Samferdselsdepartementets budsjettforslag for 1996 som følge av omgjøring av NSB Reisebyrå til aksjeselskap m.m., at dei for ein periode på tre år som ei overgangsordning får behalde dei rettane som er omtalt ovanfor under pkt. 1. Det går fram av stortingsproposisjonen at det vil bli fremma lovforslag om dette.

For tilsette som går over frå NSB til NSB Biltrafikk AS er det same lagt til grunn i St prp nr 2 (1996-97) Om endret tilknytningsform for Postverket og NSBs trafikkdel m. m. For tilsette som går over frå NSB til Malmtrafikk AS går føresetnaden fram av St prp nr 64 (1995-96) Om ein del løyvingsendringar m.v. for 1996 på Samferdselsdepartementets område, pkt. 5.1.8.5, og for tilsette som går over frå Luftfartsverket til Oslo Lufthavn AS går det same fram av nemnde proposisjon pkt. 3.4.4. Sistnemnde selskap har endra namn frå Oslo Hovedflyplass AS.

Tilsvarande overgangsordning er gitt ved liknande omdanninger tidlegare, sist ved overføringa av Postens datasentral til Statens Datasentral AS, se Ot prp nr 70 (1994-95), jf Innst O nr 2 (1995-96).

Overgangsordninga inneber at ovannemnde tilsette frå NSB og Luftfartsverket for ein periode på tre år frå overgangstidspunktet vert omfatta av tenestemannslova § 13 nr. 2 til nr. 6 mot. førerett til statlege stillingar og ventelønsrettar. Overgangsordninga må lovregulerast. Loven vil ikkje innskrenke dei rettar som dei tilsette har etter arbeidsmiljølova §§ 60 nr. 2 og 67.