Ot.prp. nr. 54 (1996-97)

Om lov om at tilsette i NSB og Luftfartsverket mellombels skal behalde visse rettar etter tenestemannslova ved overgang til respektive NSB Reisebyrå AS, NSB Biltrafikk AS, Malmtrafikk AS og Oslo Lufthavn AS

Til innholdsfortegnelse

3 Administrative og økonomiske konsekvensar

Det er ein føresetnad, på same måten som med den forutsetning som vart lagt til grunn for lov 30. august 1991 nr. 71 om statsforetak (jf. Ot.prp. nr. 32 (1990-91) side 24, første spalte, fjerde avsnitt), at eventuelle ventelønsutgifter skal berast av staten, og ikkje av det einskilde selskapet.

Dei administrative og økonomiske konsekvensane av lovforslaget vil avhenge av om og i kva omfang rettane vert utløyste. Dei let seg følgjeleg ikkje talfeste. Ein vil kome tilbake til Stortinget med den budsjettmessige handteringa dersom og når dette måtte bli aktuelt.