Ot.prp. nr. 54 (2007-2008)

Om lov om endringar i opplæringslova— (Om faget kristendoms-, religions- og livssynskunnskap og rett til avgrensa fritak)

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Denne proposisjonen inneheld framlegg om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova). Lovframlegget frå regjeringa er ein del av oppfølginga av dom i Den europeiske menneskerettsdomstolen av 29. juni 2007 mot KRL-faget.

Lovframlegget inneheld følgjande framlegg til endringar:

  • krav om god informasjon om innhaldet i opplæringa i føresegna om fritak frå aktivitetar m.m. i opplæringa

  • nytt namn på faget kristendoms-, religions- og livssynskunnskap

  • fastsetting av innhaldet i faget blir flytta til andre ledd i lovføresegna

  • presisering av at opplæringa skal være objektiv, kritisk og pluralistisk