Ot.prp. nr. 58 (1996-97)

Om lov om endringar i lov 28 mai 1959 nr 12 om kvalitetskontroll med fisk og fiskevarer o.a.

Til innholdsfortegnelse

3 MERKNADER TIL FORSLAGA

Til § 1

Forslaget fastset verkeområdet for lova. Innhaldet i omgrepet fisk og fiskevarer blir nærare fastsett. Med fisk er meint alle saltvass- og ferskvassdyr og delar av desse, som blir brukt til konsum eller fôr. Føresegna presiserer at ferskvassdyr er omfatta av lova, noko som er ei vidareføring av praksis i dag. Omtalen av fôr er meint som ei presisering av rettstilhøvet i dag, der lova gjeld for kontroll av sjølve råstoffet fisk, utan omsyn til vidare bruk til konsum eller som råstoff til fôr. Det er såleis ikkje meint å gå inn på verkeområdet til lov 23 mars 1973 nr 18 om tilsyn med fôrvarer. Akvatiske pattedyr, krypdyr og amfibiar, både i saltvatn og ferskvatn, er unntatt frå verkeområdet. Med krypdyr er til dømes meint skjelpaddar og alligatorar, medan det med amfibiar til dømes er meint froskar. Med fiskevarer er i lova meint produkt der fisk er det einaste eller ein stor del av råstoffet. I vurderinga av kva som er ein stor del, vil det mellom anna bli vurdert om fisk utgjer ein vesentleg del av råstoffet og /eller om fisk er ein karakteristisk del av råstoffet.

Til § 6

Utanlandske inspektørar blir gitt rett til å delta i inspeksjonar m.v. når dette er føresett i internasjonale bindande avtaler som Noreg har slutta seg til, til dømes gjennom EØS-avtalen. Opplysningar som er underlagt teieplikt skal kontrollorganet kunne gje i det omfang dei utanlandske inspektørane er underlagt tilsvarande teieplikt i utføringa av arbeidet sitt. Liknande heimlar er fastsett som følgje av pliktene etter EØS-avtalen i lov 19 mai 1933 nr 3 om tilsyn med næringsmiddel § 5 og i lov 10 januar 1997 nr 9 om kjøttproduksjon § 14.

§ 6 første ledd tredje og fjerde setning blir tatt ut av lova fordi mellombels lov av 30 juni 1955 om regulering av og kontroll med produksjon, omsetjing og utførsle av fisk og fiskevarer som det blir vist til i føresegnene er oppheva. Endringa har difor ikkje innverknad på innhaldet i lova.