Ot.prp. nr. 58 (1996-97)

Om lov om endringar i lov 28 mai 1959 nr 12 om kvalitetskontroll med fisk og fiskevarer o.a.

Til innholdsfortegnelse

Forslag til lov om endringar i lov 28 mai 1959 nr 12 om kvalitetskontroll med fisk og fiskevarer o.a.

I

I lov 28 mai 1959 nr 12 om kvalitetskontroll med fisk og fiskevarer o.a. blir det gjort følgjande endringar:

§ 1 første ledd skal lyde:

Med fisk er i denne loven meint alle saltvass- og ferskvassdyr, og delar av desse, som vert brukt til konsum eller fôr. Unntatt er akvatiske pattedyr, krypdyr og amfibiar. Med fiskevarer er meint produkt der fisk er det einaste eller ein stor del av råstoffet. Loven gjeld òg fisk og fiskevarer med utanlandsk opphav.

§ 6 skal lyde:

Den som tilverkar fiskevarer som er under kontroll med heimel i denne loven, har plikt til å gje dei opplysningar Fiskeridirektøren krev for å kunne utføre dei oppdrag denne loven legg på han. Dette gjeld og opplysningar om tilverking, lager, flytting og reklamasjonar på kvaliteten av fisk og fiskevarer.

Den som har kontrollrett etter denne loven kan kreve å få kontrollere fiskefarty eller anna transportmidel som vert nytta til fangst eller transport av fisk eller fiskevarer. Dette gjeld og anlegg, husrom o.a som vert nytta til tilverking, oppbevaring, lagring eller omsetning av fisk og fiskevarer eller emballasje for slike varer. Han kan uten vederlag ta ut prøver til gransking. Den som er leiar av eller er tilsett i verksemd som kan kontrollerast etter denne loven har plikt til å gje kontrollmakta den hjelp og dei opplysningar ho treng til gjeremåla sine etter denne loven.

Utanlandske inspektørar kan delta i inspeksjonar m.v. når dette er føresett i internasjonale bindande avtaler som Noreg har slutta seg til. Som ledd i slike avtaler kan kontrollorganet gje opplysningar som det er teieplikt for til utanlandske styresmakter som er underlagt reglar om teieplikt tilsvarande norske styresmakter.

Den det er kravt opplysningar av etter første eller andre leden, kan kreve at melding om løynde tekniske innretningar eller framgangsmåtar berre skal gjevast til Fiskeridirektøren personleg eller til den han nemner opp serskilt til å ta imot meldinga.

II

Lova trer i kraft straks.