Ot.prp. nr. 6 (2004-2005)

Om lov om handheving av det frie varebyttet innan EØS

Til innholdsfortegnelse

6 Merknader til dei einskilde paragrafane

Til § 1

§ 1 fastset det saklege og geografiske verkeområdet til lova. Første ledd fastset at lova gjeld tiltak mot alvorlege faktiske hindringar av den frie rørsla for varer mellom Noreg og andre EØS-statar, til dømes blokadar og øydeleggingar. Det går òg fram at lova omhandlar utveksling av informasjon om slike hindringar. Første ledd er først og fremst teke med av informasjonsomsyn. Verkeområdet går fram av dei materielle føresegnene i forordninga.

EØS-avtalen gjeld ikkje for Svalbard. Det følgjer av EØS-avtalen protokoll 40, jf. EØS-lova 27. november 1992 nr. 109 § 6. Det er formålstenleg å slå fast uttrykkeleg at heller ikkje lova om handheving av det frie varebyttet gjeld på Svalbard. Dette går fram av andre ledd.

Til § 2

Føresegna gjennomfører handhevingsforordninga med dei EØS-tilpassingane som følgjer av vedlegg II, protokoll 1 til avtalen og avtalen elles. Ein EØS-tilpassa versjon av forordinga er teken inn som vedlegg i proposisjonen her.

Forordninga artikkel 4 pålegg statane å treffe «alle nødvendige og hensiktsmessige tiltak» mot hindringar av det frie varebyttet. Inngrepsplikta gjeld berre dersom hindringa er alvorleg og fører til monaleg tap (»serious loss») for dei som vert råka, jf. artikkel 1 nr. 1. Det er vidare eit vilkår at tiltak må setjast i verk snøgt for å unngå at hindringa varer ved eller vert verre. Slike hindringar vil ofte gjere det naudsynt for politiet å gripe inn i samsvar med føresegnene i politilova, sjå særleg politilova § 7 om handheving av offentleg ro og orden mv. Det kan ikkje utelukkast at det kan oppstå situasjonar der andre former for tiltak er meir formålstenlege, for eksempel tingingar og mekling eller sivilrettslege tvangsmiddel etter tvangsfullbyrdingslova. Det kan òg tenkjast at utøving av politimakt lyt kombinerast med andre verkemiddel. Dette må vurderast konkret. Det vert difor ikkje gjort framlegg om kva for styresmakter som skal setje i verk tiltak etter forordninga.

Til § 3

§ 3 slår fast at lova vert sett i verk straks.