Ot.prp. nr. 6 (2004-2005)

Om lov om handheving av det frie varebyttet innan EØS

Til innholdsfortegnelse

2 Bakgrunnen for lovframlegget

2.1 Innleiing

Som det går fram av St.prp. nr. 5 (2004-2005) punkt 2.1, er bakgrunnen for handhevingsforordninga mellom anna ei sak mot Frankrike som EF-domstolen handsama (sak 265/95). Bakgrunnen for saka var valdelege aksjonar utført av franske bønder for å hindre import av jordbruksprodukt frå andre EU-statar. I saka vart Frankrike dømd for brot på reglane i EF-traktaten om fritt varebytte samanhalde med plikta til lojalitet. Grunnen var at fransk politi ikkje hadde gjort nok for å hindre aksjonane. Etter forordninga skal statane gripe inn med naudsynte tiltak for å fjerne alvorlege hindringar mot det frie varebyttet som fører til monaleg skade for den som vert råka av hindringa.

EØS-komiteen vedtok 8. juni 2004 å innlemme handhevingsforordninga i EØS-avtalen vedlegg II (tekniske føresegner, standardar, prøving og sertifisering), jf. EØS-komiteens vedtak nr. 71/2004. I det same vedtaket vart resolusjon nr. 1212 av 7. desember 1998 innlemma i det nemnde vedlegget til EØS-avtalen. Norske styresmakter skal ta omsyn til resolusjonen ved praktiseringa av forordninga, men resolusjonen skal ikkje gjennomførast i norsk intern rett. Gjennomføringa av forordninga vert nærmare omtalt nedanfor i punkt 3.2.

Det er gjort nærmare greie for bakgrunnen for lovframlegget i St.prp. nr. 5 (2004-2005). Der er òg EØS-komiteens vedtak, ei felleserklæring mellom EFTA-sida og EU-sida og resolusjonen omtala.

2.2 Høyring

Departementet sende 19. juli 2004 eit høyringsnotat med framlegg om lov om handheving av det frie varebyttet innan EØS på høyring til følgjande instansar:

  • Arbeids- og administrasjonsdepartementet

  • Finansdepartementet

  • Fiskeridepartementet

  • Forsvarsdepartementet

  • Landbruksdepartementet

  • Nærings- og handelsdepartementet

  • Utanriksdepartementet

  • Domstolsadministrasjonen

  • Fiskeridirektoratet

  • Noregs eksportråd (Innovasjon Noreg)

  • Politidirektoratet

  • Regjeringsadvokaten

  • Riksadvokaten

  • Den Norske Advokatforeining

  • Fiskeri- og havbruksnæringas landsforeining

  • Landsorganisasjonen i Noreg

  • Norges Bondelag

  • Norges Fiskarlag

  • Norsk bonde- og småbrukarlag

  • Norske fiskeoppdretteres foreining

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

  • Næringsmiddelbedriftenes landsforeining

Høyringsfristen var 1. september 2004.

Følgjande instansar har kome med høyringssvar:

  • Finansdepartementet

  • Fiskeridepartementet

  • Forsvarsdepartementet

  • Politidirektoratet

  • Den Norske Advokatforeining

  • Landsorganisasjonen i Noreg

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

Følgjande instansar uttalte at dei ikkje hadde merknader:

  • Arbeids- og administrasjonsdepartementet

  • Landbruksdepartementet

  • Fiskeridirektoratet

  • Regjeringsadvokaten

  • Riksadvokaten

  • Domstolsadministrasjonen

Høyringsinstansane som har gjeve fråsegn, er generelt positive til lovframlegget. Nokre høyringsinstansar har kome med merknader til gjennomføringsmåten. Fråsegnene vert handsama nærmare i neste punkt.