Ot.prp. nr. 60 (1998-99)

Om lov om endringar i lov 23. desember 1988 nr 110 om statstilskott til ordninger for avtalefestet pensjon og lov 28. februar 1997 nr 19 om folketrygd

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Sosial- og helsedepartementet legg med dette fram forslag til endringar i

  • lov 23. desember 1988 nr 110 om statstilskott til ordninger for avtalefestet pensjon, og

  • lov 28. februar 1997 nr 19 om folketrygd.

I lova om avtalefesta pensjon gjer departementet framlegg om eit nytt delpensjonssystem for kombinasjon av pensjon og arbeidsinntekt basert på eit såkalla pro rata-prinsipp. Det inneber at pensjonen blir fastsett i høve til kor mykje arbeidsinntekta blir sett ned. Føremålet med framlegget er å innskrenke høvet for AFP-pensjonistar til å få ei høgare disponibel inntekt når yrkesaktiviteten blir redusert enn det dei hadde som fullt yrkesaktive. Departementet meinar at det ikkje bør vere meir lønnsamt å ta ut pensjon enn å halde fram i fullt arbeid.

Dessutan gjer departementet framlegg om at alderspensjonen frå folketrygda for alle mellom 67 og 70 år skal avkortast etter dei gunstige reglane som blei innførte i 1997, det vil seie at pensjonen skal avkortast med 40 prosent av arbeidsinntekt som overstig grunnbeløpet. I dag er det to sett med avkortingsreglar, avhengig av om ein har teke ut AFP før fylte 67 år eller ikkje. Føremålet er at alle alderspensjonistar mellom 67 og 70 år i folketryga blir stilte overfor like avkortingsreglar.

Departementet føreslår at endringane tek til å gjelde frå det tidspunktet Kongen fastsett. Endringane i rammelova for AFP får berre verknad for nye pensjonistar frå dette tidspunktet, og såleis ikkje for løpande pensjonar. Endringane i folketrygdlova får òg verknad for løpande pensjonstilfelle.

Framlegget er basert på utgreiinga frå Førtidspensjonsutvalet, jf NOU 1998: 19 Fleksibel pensjonering, kva gjeld desse spørsmåla.

I samband med inntektsoppgjeret våren 1997 avtalte partane i arbeidslivet at det skal vere høve til å gjere skriftleg avtale om å redusere arbeidstida med éin eller to heile dagar og samstundes kunne ta ut delpensjon etter ordninga med avtalefesta pensjon (AFP). Før 1. oktober 1997 hadde partane vedtektsfesta at ein måtte slutte heilt i stillinga for å kunne gå av med AFP.

Etter dei reglane som i dag gjeld for kombinasjon av pensjon og arbeidsinntekt i AFP-ordninga, skal pensjonen bli avkorta med 50 prosent av inntekt over grunnbeløpet i folketrygda. Summen av pensjon og arbeidsinntekt skal ikkje vere høgare enn tidlegare inntekt. Når ein tek omsyn til skattefordelar og AFP-tillegg, kan ein i mange høve få høgare inntekt ved delpensjonering enn om ein held fram i arbeid. Det er lite heldig og ikkje tilsikta. Arbeid bør alltid vere meir lønnsamt enn pensjonering, særleg når pensjonering er vald frivillig.

Sosial- og helsedepartementet varsla i Ot prp nr 79 (1996-97) våren 1997 at ein måtte sjå nærmare på den ordninga som gjeld i dag.

På bakgrunn av dette sende departementet den 11. desember 1997 ut på høyring alternative forslag til justeringar av dei gjeldande reglane. Alle høyringsinstansane gav uttrykk for at noko burde gjerast for i størst mogleg grad å avgrense dei utilsikta konsekvensane ved ein kombinasjon av pensjon og arbeidsinntekt. Høyringsinstansane gav likevel uttrykk for at eventuelle lovendringar burde utsetjast i påvente av det utgreiingsarbeidet om fleksibel pensjonering som var i gang.

I brev av 27. mai 1998 til departementet bad Landsorganisasjonen i Norge spesielt om at det ikkje måtte gjennomførast endringar før Førtidspensjonsutvalet hadde kome med si vurdering av denne problemstillinga.

Førtidspensjonsutvalet la fram si innstilling (NOU 1998: 19 Fleksibel pensjonering) den 27. november 1998. Utvalet drøftar mellom anna kombinasjon av pensjon og arbeidsinntekt i AFP-ordninga, og har kome til at det er vanskeleg å redusere dei uheldige konsekvensane gjennom å justere det gjeldande systemet. Utvalet kjem i staden med framlegg om eit nytt delpensjonssystem i AFP-ordninga.

I framlegget går utvalet inn for eit såkalla pro rata-system, der pensjonen blir fastsett ut frå kor mykje ein reknar med at den nye arbeidsinntekta utgjer i forhold til tidlegare inntekt. Dersom den nye arbeidsinntekta til dømes utgjer 65 prosent av tidlegare inntekt, blir det utbetalt ein pensjon som svarer til 35 prosent av full pensjon. Når inntektsopplysningane for det einskilde kalenderåret ligg føre, og det då viser seg at vedkomande har fått for mykje eller for lite utbetalt i pensjon i forhold til den faktiske inntekta, skal det gjennomførast eit etteroppgjer - anten som trekk i framtidige ytingar eller i form av ei etterbetaling.

Samstundes føreslår fleirtalet i utvalet at alderspensjonen frå folketrygda for alle mellom 67 og 70 år skal avkortast etter dei gunstige reglane som blei innførte i 1997, det vil seie at pensjonen skal avkortast med 40 prosent av arbeidsinntekt som overstig grunnbeløpet. Reglane skal gjelde anten pensjonisten har teke ut avtalefesta pensjon før fylte 67 år eller ikkje. Det skal heller ikkje vere noko øvre grense for summen av pensjon og arbeidsinntekt.

Mindretalet gjer framlegg om at den skisserte pro rata-ordninga for inntektsprøving mellom 62 og 67 år òg skal gjelde for all inntektsprøving mellom 67 og 70 år i folketrygda, uansett om det har vore teke ut AFP eller ikkje.

Sosial- og helsedepartementet sende framlegget frå Førtidspensjonsutvalet om endringar i reglane for kombinasjon av pensjon og arbeidsinntekt i AFP-ordninga og i folketrygda på separat høyring den 29. januar 1999 med frist for merknader den 11. mars 1999.