Ot.prp. nr. 94 (2004-2005)

Om lov om endringar i folketrygdlova og alkohollova

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Arbeids- og sosialdepartementet gjer med dette framlegg til endringar i

  • lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdloven)

  • lov 17. desember 2004 nr. 85 om lov om endringar i folketrygdlova og i enkelte andre lover

  • lov 2. juni 1989 nr. 27 om omsetning av alkoholholdig drikk mv.

I proposisjonen blir det gjort framlegg om materielle endringar i folketrygdlova som er forslått i Revidert nasjonalbudsjett for 2005. Endringane i alkohollova gjeld i hovudsak materielle endringar knytte til budsjettframlegget for 2005.

Endring i folketrygdlova gjeld:

  • Utvida rett til omsorgspengar for foreldre med fleire kronisk sjuke eller funksjonshemma barn (punkt 2)

    Retten til omsorgspengar for foreldre med fleire kronisk sjuke eller funksjonshemma barn blir utvida slik at kvar av foreldra får 10 stønadsdagar ekstra for kvart kronisk sjukt eller funksjonshemma barn ut over eitt barn.

Endringane i lov om endringar i folketrygdlova og i enkelte andre lover gjeld:

  • Endring av bestemminga om iverksetjing av eit delansvar for arbeidsgivar for sjukepengar i trygdeperioden (punkt 3)

    På grunn av den seinaste utviklinga i sjukefråværet blir det fremma forslag om å ikkje setja i verk delansvar for arbeidsgivar.

Endringane i alkohollova gjeld:

  • Avgiftsfritt sal av alkoholhaldig drikk ved innkomst til norske flyplassar (punkt 4)

    Lovendringane i alkohollova vil, saman med dei endringane som blei gjort i samband med budsjetthandsaminga for 2005, opna for avgiftsfritt sal av alkoholhaldig drikk ved innkomst til norske flyplassar frå utlandet.

  • Presisering av heimel (punkt 5)

    Presisering av heimel til å gi føresegner om omsetning av alkoholhaldig drikk o.a. på Svalbard, Jan Mayen og kontinentalsokkelen.

  • Retting (punkt 6)

    Forslaget til endringar i alkohollova § 1-7b i Ot.prp. nr. 86 (2003–2004) blei endra i samband med trykking av Innst. O. nr. 19 (2004–2005). Dette var ikkje tilsikta. Departementet gjentek her forslaget frå Ot.prp. nr. 86 (2003–2004).

Ein reknar med at forslaget om å auke talet på dagar med omsorgspengar for familiar med kronisk sjuke eller funksjonshemma barn vil gi meirutgiftar på om lag 0,5 mill. kroner i 2005 og 1 mill. kroner på årsbasis.

Dei samla provenyverknadene av forslaget om å opna for avgiftsfritt sal av alkoholhaldig drikk ved innkomst til norske flyplassar frå utlandet er truleg små. For toll- og avgiftsetaten vil ordninga kunna føra til noko auke i ressursbehovet knytt til kontroll. Forslaget om ei presisering av heimel til å gi føresegner om omsetning av alkoholhaldig drikk o.a. på Svalbard, Jan Mayen og kontinentalsokkelen, vil ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar. Forslag til ny ordlyd i alkohollova § 1-7b vil ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar.

Til forsida av dokumentet