Prop. 1 S (2009–2010)

FOR BUDSJETTÅRET 2010 — Utgiftskapitler: 1800–1870, 2440 og 2490 Inntektskapitler: 4800–4860, 5440, 5490, 5582, 5680 og 5685

Til innholdsfortegnelse

Del 3
Andre saker

4 Prosjekt under utbygging

Olje- og energidepartementet (OED) gir ein gong i året ei samla utgreiing om kostnads- og lønsemdutviklinga for dei prosjekta der samla plan for utbygging og drift (PUD) eller plan for anlegg og drift (PAD) er blitt lagt fram for styresmaktene, og der prosjekta framleis er under utbygging eller har kome i produksjon etter 1. august året før framlegging av denne proposisjon, jf. St.meld. nr. 37 (1998-1999). Som bakgrunn for utgreiinga har departementet innhenta opplysningar frå operatørselskapet for dei ulike prosjekta.

Tabellen under viser eit oversyn over differansen mellom operatøranes investeringsoverslag på PUD/PAD-tidspunktet og overslaga deira per juli 2009.

I tillegg til investeringsaktiviteten knytta til prosjekter under utbygging (jf. tabell 4.1) vil det kunne være stor investeringsaktivitet knytta til prosjekt i drift. Slike prosjekt krev vanlegvis ikkje PUD eller PAD, og heller ikkje stortingshandsaming sjølv om investeringane er over 10 mrd. kroner. Prosjekta vil like fullt ha ei handsaming i OED og andre myndigheiter – tilpassa forholda ved det einskilde prosjekt.

Eit døme på utbyggingsaktivitet knytte til eit prosjekt i drift er bygging av nytt boligkvarter på Ekofisk-feltet til erstatning for dei gamle – med nytt bruopplegg. Kostnadene til dei to prosjekta kan i sum overstige 10 mrd. kroner.

Tabell 4.1 Investeringsanslag, prosjekt under utbygging

(i mill. 2009-kroner)

PUD/PAD- godkjent

PUD/PAD-estimat

Nye anslag

Endring

Endring i pst.

Alve

2007

2 583

2 865

282

10,9

Gjøa

2007

29 635

32 854

3 219

10,9

Goliat

2009

28 600

28 600

0

0,0

KEP2010

2008

6 620

6 021

-599

-9,0

Morvin

2008

9 070

9 177

107

1,2

Oselvar

2009

4 600

4 600

0

0,0

Rev

2007

2 852

3 224

372

13,0

Skarv

2007

33 643

37 490

3 847

11,4

Troll P-12

2009

3 533

3 533

0

0,0

Troll B gassinjeksjon

2009

2 163

2 169

6

0,3

Tyrihans

2006

14 875

15 172

297

2,0

Valhall vidareutvikling

2007

23 225

35 051

11 826

50,9

Vega

2007

6 363

7 718

1 355

21,3

Vilje

2005

2 216

2 743

527

23,8

Volund

2007

2 982

3 865

883

29,6

Yme

2007

4 572

6 940

2 368

51,8

Yttergryta

2008

1 302

1 461

159

12,2

Sum

178 834

203 483

24 649

13,8

Kostnadene knytte til større petroleumsprosjekt har auka kraftig over heile verda dei seinare åra. Berekningar utført av konsulentfirmaet IHS/CERA viser at dei globale utbyggingskostnadene for petroleumsprosjekt dei fem siste åra har hatt ein årleg auke på mellom 20 og 30 pst. Denne utviklinga har i stor grad blitt driven av veksten i prisen på innsatsfaktorar, til dømes stål. Denne generelle kostnadsauken for petroleumsprosjekt rammar – som tabellen viser – i stor grad pågåande utbyggingsprosjekt på norsk kontinentalsokkel.

For første gongen på nesten ti år, såg ein i fjerde kvartal 2008 eit fall i kostnadene knytte til petroleumsprosjekt. Denne utviklinga har halde fram i 2009, og som ei følgje av dei globale økonomiske nedgangstidene ventar IHS/CERA redusert prosjektaktivitet og ytterlegare fall i kostnadene.

Auka investeringsnivå på felt under utbygging er ikkje det same som kostnadsoverskridingar, og treng ikkje å vere negativt. I den grad det høgare investeringsnivået resulterar i auka kommersiell utnytting, vil det medverke til høgare verdiskaping frå prosjekta.

Samla verdiskaping (noverdi) for dei omtalte prosjekta i porteføljen er utrekna til om lag 250 mrd. 2009-kroner.

Samla viser dei oppdaterte investeringstala frå operatørane ein auke på om lag 24,6 mrd. 2009-kroner i forhold til PUD/PAD-tidspunktet, jf. tabell 4.1. Vidareutviklingsprosjektet på Valhall og utbygging av Gjøa og Skarv står for om lag 75 pst. av den totale auken.

Kostnadsendringar på enkeltprosjekt

Samanlikna med PUD viser dei oppdaterte investeringsanslaga for Alve ein auke på om lag 0,3 mrd. kroner. Auken kjem som ei følgje av høgare kostnader i samband med plattformmodifikasjonar og undervassarbeid.

Det oppdaterte investeringsoverslaget for Gjøa viser ein auke på om lag 3,2 mrd. kroner. Omkring halvparten av denne auken kan forklarast av designendringar og eit høgare kostnadsnivå, noko som gav ein auke i kostnadene for plattform og brønnramme. Resten av auken skuldast forventingar om fleire boredøgn enn tidlegare anteke. Til trass for auken i investeringsanslaget er lønnsemda for prosjektet framleis som ved PUD. Dette skuldast ein auke i produksjonsestimatet for prosjektet.

For KEP2010 er overslaga 0,6 mrd. kroner lågare enn tidlegare rapportert. Dette er forklart med at prosjektreservar inkluderte i PAD no er tekne ut.

Auken i investeringsanslaget for Rev på om lag 0,4 mrd. kroner kan tilskrivast den generelle kostnadsutviklinga i petroleumssektoren. I tillegg vart oppstarten noko forseinka då produksjonen frå feltet tok til i januar 2009.

Investeringsoverslaget for Skarv viser ein auke på om lag 3,8 mrd. kroner samanlikna med PUD. Dette skuldast forseinka levering av borerigg, noko som medførte at ein måtte sikre ny riggkapasitet til høgare pris. I tillegg vart kontraktane for levering av produksjonsskip og undervassanlegg inngått til høgare prisar enn venta. Auken i investeringsoverslaget har ført til svekka kontantstraum frå prosjektet, men lønnsemda er framleis god.

Produksjonen frå Tyrihans starta i juli 2009 og prosjektet har så langt blitt realisert med marginale endringar frå PUD.

Investeringane knytte til vidareutviklingsprosjektet på Valhall var ved PUD-tidspunktet berekna til 14,6 mrd. 2009-kroner. Desse berekningane var kun knytte til den nye innretninga på feltet. Kostnadene for den nye innretninga er av operatøren i dag estimert til 16,7 mrd. 2009-kroner, noko som utgjer ein auke på 14,4 pst. I tillegg var ei rekkje andre investeringar ein føresetnad for utbygginga. Desse investeringane omfatta boringar og seinare oppgraderingar. Det totale reelle investeringsnivået var ved PUD anslått til om lag 23,2 mrd. 2009-kroner. Det siste investeringsoverslaget for Valhall vidareutvikling viser ein auke på om lag 11,8 mrd. kroner samanlikna med det totale investeringsnivået frå PUD. Endringa skuldast i hovudsak ein auke i anslag for boring, både som følgje av fleire forventa brønnboringar, og ein auke i kostnadene for boring av kvar brønn. I tillegg har utbygging av nye fasilitetar vist seg å vere dyrare enn anteke. Auken i investeringsanslaget har svekka noverdien til prosjektet sidan PUD, men lønnsemda er framleis god.

Vega har ein auke i investeringsoverslaget på om lag 1,4 mrd. kroner samanlikna med PUD. Auken kjem som ei følgje av høgare marknadsprisar på undervassutstyr og installasjon. I tillegg har borekostnadene auka på grunn av endra brønndesign.

Produksjonen frå Vilje starta opp i august 2008. Investeringsoverslaget viser ein auke på om lag 0,5 mrd. kroner sidan PUD og skuldast designendringar, auka kostnader på undervassarbeid og auka borekostnader som følgje av auka riggratar og prisar på utstyr.

For Volund er investeringsoverslaget oppjustert med om lag 0,9 mrd. Auken kan tilskrivast forseinka oppstart av produksjon og auka borekostnader.

Yme har ein auke i investeringsoverslaget på om lag 2,4 mrd. kroner, over 50 pst. høgare enn ved PUD. Endringa skuldast forseinka levering av plattform, noko som gav ein auke i bemannings- og kapitalkostnader. Auken kjem i tillegg som følgje av ugunstige valutabevegelsar og høgare borekostnader enn venta. Auken i investeringsoverslaget har ført til svekka lønnsemd samanlikna med PUD, men prosjektet er framleis attraktivt økonomisk sett.

Yttergryta starta produksjonen i januar 2009. Det oppdaterte investeringsoverslaget viser ein auke på om lag 0,2 mrd. kroner sidan PUD, noko som skuldast auka borekostnader.

For Morvin og Troll B gassinjeksjon er endringane marginale. For Goliat, Oselvar og Troll P-12 er det framleis overslaga frå PUD som gjeld. PUD for desse prosjekta vart godkjend i juni 2009.

5 Statleg verkemiddelbruk for sikker overføring av straum i distribusjonsnettet

Riksrevisjonen la i oktober 2008 fram Dokument 3:15 (2008-2009) Riksrevisjonens undersøkelse om statlig virkemiddelbruk for sikker og pålitelig overføring av kraft i distribusjonsnettet. Riksrevisjonen reiser i rapporten spørsmål ved om Olje- og energidepartementet (OED) har tilstrekkeleg informasjon til å følgje opp tilstanden i distribusjonsnettet og om dei økonomiske verkemidla og energistyresmakta sitt tilsyn gir det nødvendige påtrykk for ein tilstrekkeleg auke i reinvesteringstakten i distribusjonsnettet i åra framover.

I rapporten viste Riksrevisjonen også til at det er utfordringar når det gjeld ansvarsfordelinga og samordninga mellom Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

Som oppfølging av rapporten frå Riksrevisjonen tinga OED ein rapport frå NVE om driftstryggleiken i overføringsnettet og insentiv til investering og vedlikehald. NVE leverte sin rapport i juni 2009.

I Ot.prp. nr. 62 (2008-2009), jf. Innst. O. nr. 104 (2008-2009), går det fram at NVE skal sjå over den samla reguleringa av nettet for å forsikre seg om at reguleringa er god med omsyn til å optimalisere insentiv for investeringar og effektiv drift. Rapporten omhandlar eit tema som vil inngå i dette arbeidet.

OED og Justisdepartementet (JD) har i samarbeid engasjert Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) til å sjå på grensesnittet mellom DSB og NVE og komme med forslag til tiltak som kan gjere ansvarsfordelinga tydelegare, og betre samarbeidet og informasjonsutvekslinga mellom dei to etatane. Difi leverte sin rapport i juli 2009.

Difi meiner at samordninga av tilsynsverksemda, informasjonsutvekslinga og samarbeidet mellom dei to etatane kan og bør gå lengre. Det er også Difi si oppfatning at rollene ikkje er tilstrekkeleg klargjort mellom DSB og NVE, og heller ikkje er tilstrekkeleg omtala i styrande dokumentasjon. Difi kjem i rapporten med forslag til tiltak for å betre samarbeidet og informasjonsutvekslinga og gjere rolledelinga klarare mellom direktorata. Rapporten vil bli fylgt opp av JD og OED, i samarbeid med NVE og DSB.

6 Kraft frå land til petroleumsverksemda

Dei norske klimagassutsleppa var på 53,8 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2008. Det er 2,2 pst. mindre enn i 2007. Under Kyotoprotokollen har Noreg forplikta seg til å avgrense utsleppa til 50,3 mill. tonn CO2-ekvivalentar som eit gjennomsnitt for kvart av åra frå 2008 til 2012. Forpliktinga blir innfridd ved ein kombinasjon av tiltak heime og ute; om lag to tredelar av Noregs totale utsleppsreduksjonar vil bli tekne nasjonalt. Det er industrien, olje- og gassverksemda og vegtrafikken som er dei største bidragsytarane til klimagassutsleppa med 72 pst. av dei samla utsleppa i 2007.

I 2008 kom 31 pst. av dei totale norske CO2-utsleppa frå norsk petroleumsverksemd. CO2-utsleppa frå verksemda vil dei neste åra liggje på rundt 14 mill. tonn CO2 per år. Regjeringas ambisiøse mål er at Noreg framleis skal vere ein stor petroleumsprodusent og samstundes vere eit føregangsland på miljøområdet.

Utsleppa frå petroleumsindustrien er omfattande i nasjonal samanheng som følgje av stor aktivitet i sektoren og Noregs unike energisituasjon der ein stor del av energiforbruket på fastlandet er forsynt med fornybar energi, i all hovudsak vasskraft. Frå starten av petroleumsverksemda til havs har samordna og effektiv utbygging og drift av felta våre vore sentralt i petroleumspolitikken. Dette har medverka til eit energieffektivt produksjonssystem. Vidare har styresmaktene si vekt på god ressursforvaltning resultert i at eksempelvis utstrekt brenning av assosiert naturgass ikkje har blitt akseptert.

Den største kjelda til CO2-utslepp frå olje- og gassverksemda er turbinane på innretningane offshore. I 2007 stod turbinane for over 75 pst. av CO2-utsleppa på norsk sokkel; det tilsvarar omtrent ein firedel av dei totale CO2-utsleppa i Noreg. Kraftbehov og energieffektivitet varierer med produksjonsfasen til felta.

Kraftproduksjon på norske offshore innretningar gir anten elektrisk eller mekanisk kraft. Krafta blir produsert med turbinar eller motorar, der turbinar står for størsteparten av produksjonen. Gassturbinen er anten tilknytt ein elektrisk generator som produserer elektrisk straum til ulike konsumentar om bord, eller den driv pumper eller kompressorar direkte (mekanisk kraft). Totalt er det 174 gassturbinar på norsk sokkel med samla installert effekt på om lag 3 000 MW. Gjennomsnittleg verknadsgrad for produksjonen av elektrisk kraft på sokkelen er vel 30 pst., mens den totale verknadsgraden inkludert varmegjenvinning er om lag 40 pst. Det totale behovet for elektrisk energi på sokkelen er i dag rundt 15 TWh, og er venta å stige moderat dei næraste åra.

Utviklinga på den norske kontinentalsokkelen, mot meir modne felt, meir aktivitet nordover og dermed lengre avstandar for gasstransport, dreg i retning av auka energibehov per produsert eining. Meir modne felt produserer meir vatn i forhold til olje og gass. Sidan det stort sett er den samla væske- og gassmengda (vatn, olje og gass) som avgjer energibehovet i prosessanlegget, vil eit felt få høgare utslepp per produsert eining når det blir meir mode. I den grad modne felt er baserte på produksjon via gass- og/eller vassinjeksjon vil også behovet for slike tiltak gjerne auke over tid. Også tiltak som injeksjon av produsert vatn vil auke energibehovet for modne felt i takt med auken i volumet av produsert vatn. Energieffektiviteten i energiforsyninga på felta varierer frå felt til felt, blant anna avhengig av alderen på innretninga.

Verkemiddel for å redusere CO2-utsleppa

Noreg ligg langt framme når det gjeld å ta i bruk verkemiddel i arbeidet med å redusere CO2-utsleppa. CO2-avgifta og klimakvotelova er i dag dei sentrale verkemidla for å redusere utslepp av CO2 i driftsfasen. I tillegg blir desse spørsmåla lagt monaleg vekt på ved behandling av planar for utbygging og drift av olje- og gassfelt (PUD/PAD). For brenning av gass i fakkel trengst det også eit særskilt løyve.

CO2-avgifta

Bruk av gass, olje og diesel i samband med petroleumsaktiviteten på kontinentalsokkelen er etter CO2-avgiftslova med verknad frå 1. januar 1991 pålagd CO2-avgift.

Klimakvotelova

Klimakvotelova vart revidert i 2007. Petroleumsanlegga til havs er inkluderte i det norske kvotesystemet frå 2008, saman med dei bedriftene som hadde kvoteplikt i første periode av kvotesystemet frå 2005 til 2007. Petroleumsanlegga må kjøpe alle kvotane.

Faklingsløyve

Brenning av gass i fakkel ut over det som er nødvendig for å sikre normal drift, er etter petroleumslova ikkje tillate utan godkjenning frå Olje- og energidepartementet. Sjølv om fakling står for om lag 7 pst. av CO2-utsleppa frå petroleumsverksemda, er det norske nivået lågt samanlikna med andre land. CO2-avgifta og direkte regulering av fakling har utløyst ei rekkje tiltak som reduserer utsleppa og som gjer at Noreg er førande på dette området.

Behandling av nye utbyggingar/større ombyggingar

Val som verkar på utsleppa av klimagassar blir behandla i samband med styresmaktene si godkjenning av ei utbygging. Dette skjer både i prosessen med konsekvensutgreiing og i den etterfølgjande behandlinga av utbyggingsplanen. Det er vidare krav om at alle planar for utbygging og drift av olje- og gassfelt (PUD/PAD) skal innehalde ein analyse av høvet til å få kraftforsyning frå land. Dette gjeld både nye feltutbyggingar og større modifikasjonar på noverande installasjonar.

Tiltak for å redusere utsleppa

Norsk petroleumsverksemd er svært miljømedviten. Styresmaktene har lagt til rette for leiting og utvikling av ressursane på norsk sokkel med strenge krav til tryggleik og miljø. Dette har gitt resultat. Norsk petroleumsverksemd er blant dei fremste i verda når det gjeld ressursforvaltning, utslepp per produserte oljeekvivalent, og mange av løysingane som er tekne i bruk i Noreg har blitt eksportvare.

Etter innføring av CO2-avgifta i 1991 vart det gjennomført tiltak for å redusere utsleppa. Spesielt reduksjonen i nivået på fakling var stor. Over lengre tid vart meir omfattande tiltak gjennomførte. Bevisstgjering i høve til meir energieffektiv drift og utsleppsreduksjonar har påverka arbeidsrutinar på felta, resultert i handlingsplanar i selskapa og fått innverknad i avgjerdsprosessane. CO2-handteringa på Sleipner og Snøhvit er blant anna motivert ut frå CO2-avgifta. Fleire nye utbyggingar er baserte på kraft frå land. Frå 2008 vart petroleumsverksemda inkludert i kvotesystemet, og CO2-avgifta vart oppretthalden. Etter inkludering av petroleumsverksemda i kvotesystemet vil verksemda gjennom sine kvotekjøp bidra til reduksjon i andre sektorar i tillegg til dei tiltak som blir gjort i sektoren.

Ei av årsakene til at det er krevjande å redusere utsleppa til luft monaleg frå norsk sokkel, er at det allereie er gjennomført store utsleppsreduserande tiltak og at sokkelen er modna. Ein vil først sjå ein nedgang i utsleppa når dei store felta stengjer ned. I dag er dette venta å skje ein gong etter 2020. Det blir i all vesentleg grad brukt naturgass på dei faste innretningane. I dag er ikkje realistiske løysingar baserte på lokalt produsert fornybar energi kommersielt tilgjengelege. På noko sikt vil dette vere ei aktuell løysing. Satsinga til regjeringa på havvindmøller skal bidra til å gjere dette mogleg. CO2-fjerning frå gassturbinar på innretningane er per i dag teknisk og økonomisk urealistisk.

Kraft frå land til norsk sokkel

Drift av felta basert på kraft frå land blir ofte peikt på som det sentrale tiltaket for å få ned utsleppa i sektoren. I Klimaforliket vart partane samde om at arbeidet med utsleppsfri kraft i petroleumsverksemda skulle intensiverast.

I meir enn ti år har det vore eit sterkt fokus på å tilføre energi frå land til innretningar på kontinentalsokkelen og med dette redusere CO2-utsleppa frå felta. Troll A-plattforma var den første som vart driven med kraft frå land. Også det tilhøyrande gassbehandlingsanlegget på Kollsnes vart kopla til kraftnettet. Frå 1997 har kraft frå land vore vurdert for alle nye utbyggingar/større ombyggingar på kontinentalsokkelen. Verknaden av dette er at i dag er felt som Ormen lange, Snøhvit, Gjøa, Valhall og Goliat alle vedteke bygde ut med kraft frå land. Gassanlegget på Nyhamna er også kopla til kraftnettet.

I tråd med vedtak frå Stortinget 22. februar 1996 skal alle planar for utbygging og drift av olje- og gassfelt utgreie høvet til kraftforsyning frå land, og leggje fram ei oversikt over energimengda og kostnadene ved å forsyne innretninga med kraft frå land framfor å bruke gassturbinar. Dette gjeld både nye feltutbyggingar og større modifikasjonar på noverande installasjonar.

Ei heilskapleg vurdering er naudsynt når ein ser på om det er føremålstenleg å drive felt med kraft frå land. Mange nye utbyggingar blir knytte opp mot noverande felt. Denne typen utbyggingar vil normalt sett ikkje kunne baserast på kraft frå land. For nye, sjølvstendige utbyggingar har ein dei seinare åra funne løysningar som inneber kraft frå land. Men også for slike utbyggingar treng ein ei fullstendig vurdering av om løysinga kan gjennomførast teknisk, verknaden på kraftsituasjonen i området og kostnad og nytte av tiltaket.

Regjeringa har òg sett på høvet til å ta kraft frå land til noverande felt på kontinentalsokkelen. Oljedirektoratet (OD), Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), Statens forureiningstilsyn (SFT) og Petroleumstilsynet (Ptil) offentleggjorde ein fornya gjennomgang av kostnadene ved å forsyne noverande petroleumsinstallasjonar på norsk kontinentalsokkel med kraft frå land 4. januar 2008. Utgreiinga vurderer tilknyting av noverande petroleumsanlegg på sokkelen til kraftforsyninga på land opp mot høve, kostnader og miljøverknader, medrekna vurderingar av tekniske forhold ved anlegga, verknader for kraftbalanse og -system regionalt og nasjonalt, og forhold knytte til HMS.

Utrekningane viser at tiltakskostnaden for å delelektrifisere eit område med noverande innretningar på norsk sokkel ligg frå kr 1 600 per tonn karbondioksid (CO2) og oppover til kr 5 000 per tonn CO2. Samtidig viser rapporten at det berre er mogeleg å redusere ein avgrensa del av dei totale utsleppa av CO2 frå installasjonane.

Rapporten fokuserer på større elektrifiseringsprosjekt og vurderer berre delelektrifisering av eigna noverande innretningar. Tiltakskostnadene i rapporten er gyldige for elektrifisering av eitt og eitt område med start i 2015. Dersom fleire område skal elektrifiserast samtidig, aukar kompleksiteten i gjennomføringa. Ei slik løysing vil krevje lengre tid å gjennomføre, høgare pris på dei einskilde elementa i prosjektet og høgare tiltakskostnad.

Tiltakskostnadene må sjåast i samanheng med CO2-kostnaden på sokkelen som i dag utgjer omlag kr 350 per tonn CO2.

Rapporten tek utgangspunkt i teknologi som er vurdert tilgjengeleg i dag, men rapporten skildrar òg moglegheiter og teknologi som kan utviklast i framtida. For eksempel blir kraft frå land til bruk på flytande ikkje-vinddreiande innretningar diskuterte. Det blir arbeidd med vidareutvikling av teknologi for overføring av større kraftmengder til produksjonsskip, offshore vindkraft på store havdjup og sentraliserte gasskraftverk med CO2-fangstanlegg på sokkelen. Departementet har følgt opp ulike initiativ, for eksempel ”Grøn Boks”, kor blant anna kraft frå land var tema. OD og NVE er engasjert også i dette arbeidet.

Kraftsystemet på land

I lys av ønsket om auka bruk av kraft frå land til installasjonar på sokkelen, er det naudsynt med større merksemd på grenseflatene mellom kraftsystemet på land og petroleumssektoren.

Vurdering av kraftsituasjonen tek utgangspunkt i tilhøvet mellom forbruk og gjennomsnittleg produksjonsevne – dvs. kraftproduksjonen i eit år med normal mengd nedbør. All den tid det norske kraftsystemet er sårbart for periodar med svikt i nedbøren, er òg tilhøvet mellom forbruk og produksjonsevne i tørre år særs viktig. På landsbasis er overføringskablane til utlandet med på å sikre at kraftforbruket kan bli dekt opp med import i periodar med svikt i vasskraftproduksjonen innanlands.

Produksjonen og forbruket av elektrisk kraft er ikkje jamt fordelt over landet, og høva til overføring mellom dei ulike delane av landet er avgrensa. Dette inneber at ein planlagt auke i forbruket av kraft gjennom til dømes elektrifisering, må vurderast i høve til forsyningstryggleiken både regionalt og nasjonalt. Etablering av nye forbrukseiningar vil kunne skje raskare enn etablering av ny produksjon og overføringsnett. Det er derfor naudsynt å sikre at denne typen etableringar ikkje bidreg til regionale ubalansar i kraftsystemet.

Etablering av produksjon og overføringsnett krev konsesjon etter ei nærare vurdering hos energistyresmaktene. Etablering av store forbruksuttak er ikkje underlagt slike vurderingar, sjølv om dei kan utløyse betydeleg vekst i kraftforbruket i enkelte regionar. Ei vurdering av om store nye forbruksuttak kan etablerast må skje på eit breitt grunnlag og der forholdet til kraftsystemet inngår i vurderinga.

I praksis vil etablering av større forbruksuttak i det norske kraftsystemet dreie seg om etablering eller utviding innafor petroleumsindustrien eller den tradisjonelle kraftintensive industrien. Det er ei krevjande oppgåve å vurdere på førehand kva for regionar som vil trenge auka merksemd på forsyningstryggleiken i åra framover. I praksis har det òg vist seg vanskeleg å realisere tilstrekkeleg utbygging av ny produksjonskapasitet og nett etter at større vekst i forbruket har funne stad.

For å motverke at det oppstår nye regionale ubalansar bør aktørar med petroleumsinstallasjonar som vurderer å knyte seg til kraftsystemet på land på eit tidleg tidspunkt i planlegginga ta kontakt med energistyresmaktene og aktuelle nettselskap for å klargjere tilhøvet i kraftsystemet og om dette må greiast ut. Videre skal NVE, Statnett og lokale nettselskap vere høyringsinstansar. Naudsynte konsekvensugreiingar skal vere gjennomførte og søknad om tilknyting til kraftsystemet på land skal vere sendt til NVE før PUD blir oversendt departementet. Oljedirektoratet har vidare ei sentral rolle i å kartleggje mogleg forbruksutvikling i dei ulike områda på kontinentalsokkelen for å sikre betre informasjon om dette til dei sentrale aktørane innan kraftsektoren.

Ei full elektrifisering av Goliat vil blant anna måtte sjåast i samanheng med kraftsituasjonen i Finnmark. Goliat skal melde kraftforbruket sitt knytt til full elektrifisering frå 2017. Etter endringane i energiloven vil ei slik melding initiere ein prosess som omtalt i Ot.prp. nr. 62 (2008-2009). Dette vil også innebere forpliktingar for rettshavarane til Goliat i samsvar med energiloven og tilhørande forskrifter, inkludert eventuelle anleggsbidrag. Det er stilt vilkår om at rettshavarane skal leggje fram ein plan om auka bruk av kraft frå land til Goliat så snart kraftsituasjonen i området er styrkt, men endå senast innan utgangen av 2018.

For å bidra til ei langsiktig forsvarleg utvikling av kraftsystemet er det viktig å leggje til rette for god koordinering av investeringar i nett, produksjon og forbruk. For å betre koordineringa foreslo departementet i Ot.prp. nr. 62 (2008–2009) Om lov om endringer i energiloven, blant anna å innføre ei plikt for nettselskapa å tilknyte produksjon på alle nettnivå når produksjonsprosjektet og nettinvesteringa samla er samfunnsmessig rasjonell. Vidare vart det foreslått ei lovfesting av praksisen ein har i dag om å tilknyte forbruk på regional- og sentralnettet. Det vart òg forslått høve til å gi unntak for tilknyting av nytt eller auka forbruk i ekstraordinære tilfelle der tilknyting av forbruk vil vere ekstremt krevjande for kraftsystemet med tanke på kostnader og kraftbalansen regionalt eller nasjonalt. Det er presisert i proposisjonen at tilknyting til kraftsystemet må vente til det er driftsmessig forsvarleg. Stortinget slutta seg til forslaga i juni 2009. I proposisjonen er omtalt nærare koordinering av nett, produksjon og forbruk, blant dette regionale ubalansar.

7 Olje- og energidepartementets beredskapsarbeid

Olje- og energidepartementet (OED) har det overordna ansvaret for kraftforsyninga, forvaltninga av vassressursane og for olje- og gassaktivitetane på kontinentalsokkelen og på land. OED har òg ansvar og oppgåver knytte til å førebyggje skade som følgje av dambrot, flaum og skred.

Forsyningstryggleik for gass

Norsk petroleumsverksemd er svært viktig for ei påliteleg energiforsyning til Europa og departementet er ansvarleg for å utforme eit ressursforvaltningssystem (rammeverk) som blant anna skal ivareta omsynet til leveransetryggleik. Leveransetryggleik er først og fremst knytt til gass.

Det er oljeselskapa og Gassco som har det operative ansvaret for leveransetryggleik for gass. Oljeselskapa si evne til å yte leveransetryggleik knyter seg både til enkeltfelt på sokkelen, selskapa sin samla feltportefølje og evna deira til å sikre seg nedstraums ved kommersielle arrangement, gasslager med meir.

Gassco er operatør for transport- og behandlingsanlegga for gass. Gassco er ansvarleg for kvaliteten på transportnettet og utfører inspeksjonar og vedlikehald.

Ved ei hending med konsekvensar for helse, miljø eller tryggleik (HMS) rapporterer operatøren til Petroleumstilsynet. Petroleumstilsynet rapporterer vidare til blant anna Oljedirektoratet (OD). Ved hendingar utan HMS-innslag rapporterer operatøren direkte til OD. I alle tilfelle er det OD som varslar og orienterer OED fortløpande om hendingar som inntreff.

Forsyningstryggleik for drivstoff

I situasjonar med større fysisk underskot på drivstoff innanlands har OED ansvar for drivstoffberedskapen. Ved eventuell svikt i tilførslene til OECD-området blir det ytt bidrag til eventuelle IEA-initierte krisehandteringsplanar for å dempe skadeverknadene av underskotet. Aktuelt tiltak for krisehandtering på nedstraumsida er trekk i beredskapslager av petroleumsprodukt. Oljeselskap som produserer (raffinerer) eller importerer petroleumsprodukt er lovpålagt å halde beredskapslager tilsvarande 20 dagars normalforbruk. Ved behov, det vil seie ved ein svikt i leveransane til den norske marknaden eller på verdsmarknaden, kan styresmaktene påleggje selskapa å selje frå desse lagra.

Forsyningstryggleik for elektrisitet

Stabil og effektiv kraftforsyning er rekna som ein sentral del av Noregs kritiske infrastruktur. Tilgang på elektrisk kraft blir stadig viktigare for å kunne oppretthalde normal aktivitet i samfunnet. Stabil og sikker elektrisitetsforsyning er òg av stor betydning for å sikre kritiske samfunnsfunksjonar i krisesituasjonar, og for å oppretthalde landets forsvarsevne under beredskap og i krig.

Det operative ansvaret for kraftforsyningsberedskap er delegert til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), som er beredskapsstyresmakt etter energilovas kapittel 6. NVE leier Kraftforsyningas beredskapsorganisasjon (KBO), der alle einingane i kraftforsyninga deltek.

Ved problem over kortare tid med å balansere forbruk og tilgjengeleg forsyning (effektknappleik) har Statnett, som systemansvarleg, fullmakt til å treffe nødvendige tiltak.

Statnett har vidare ansvaret for å utgreie og utvikle nødvendige verkemiddel for å sikre momentan balanse gjennom periodar med ein svært vanskeleg kraftsituasjon (SAKS) i nær kontakt med energistyresmaktene. Forslag til tiltak skal leggjast fram for NVE for godkjenning. Mobile gasskraftverk og energiopsjonar er døme på SAKS-tiltak. I svært vanskelege kraftsituasjonar har Statnett ansvar for å ta i bruk verkemiddel for om mogleg å unngå rasjonering.

Ved langvarig mangel på evne til å dekkje behovet for elektrisk kraft (energiknappleik) kan styresmaktene innføre rasjonering, det vil seie tvangsutkopling av forbruk og rekvirering av produksjon. Rasjonering blir eventuelt vedteke av OED etter råd frå NVE.

Skred og vassdrag

Det operative ansvaret og gjennomføringa av oppgåver knytt til å førebyggje skade som følgje av dambrot, flaum og skred, er delegert til NVE.

Vassdragsstyresmakta ved NVE har ansvar for å sjå til at tiltakshavarar planlegg, byggjer og driv vassdragsanlegg slik at tryggleiken for menneske, miljø og eigedom blir ivareteken, og at det blir utarbeidd beredskapsplanar for å handtere unormale hendingar. NVE kan gi pålegg til eigar av vassdragsanlegg om å gjennomføre tiltak for å avgrense skadar. NVE kan òg sjølv setje i verk tiltak når det er særskilt fare for alvorleg skade.

NVE skal hjelpe kommunar med å førebyggje skadar frå flaum, erosjon og skred ved å kartleggje og informere om fareområde, gi faglege råd og retningslinjer ved arealplanlegging og utbygging, gi kommunar fagleg og økonomisk hjelp til planlegging og gjennomføring av sikringstiltak, varsle flaum og skredfare og gi kommunar, politi og andre beredskapsstyresmakter fagleg hjelp under beredskaps- og krisesituasjonar.

Olje- og energidepartementet

OED baserer sitt planverk for krisehandtering på senario innan ulike typar kriser som OED kan bli involvert i. Senarioa viser dei aktuelle departementa sine ansvarsområde og varslingsrutinar mellom departementa.

OED har utarbeidd ein pandemiplan som tillegg til det eksisterande planverket for krisehandtering. Departementet har teke i bruk KSE-CIM, eit vedtaksstøtte- og loggføringssystem for krisesituasjonar.

Koordinering og informasjonsflyt har spesielt fokus. OEDs Kriseinfoplan har teke omsyn til dette. Tilsette i Kommunikasjonseininga inngår i Informasjonsfagleg pool i regjeringas krisestøtteeining. OEDs internettside har ei eiga kriseinfoside som kan aktiverast på kort tid. Det er utarbeidd standardsvar på dei mest aktuelle krisesenarioa.

OED har gjennomført og delteke i relevante beredskapsøvingar i 2009 og vil føre vidare dette i 2010.

8 Olje- og energidepartementets utgreiing om likestilling og oppfølging av IA-avtalen

8.1 Likestilling

Likestillingslova pålegg offentlege styresmakter skjerpa aktivitetsplikt for å fremje likestilling mellom kjønna på alle samfunnsområde. Olje- og energidepartementet (OED) har tidlegare gjennomgått alle budsjettområda i departementet, og utført ei likestillingsvurdering innanfor departementet sine budsjettområde. Departementet har ikkje funne løyvingar som eignar seg for spesielle kjønns- og likestillingsanalysar.

Kvinner og menns representasjon og innverknad i olje- og energisektoren

Hausten 2008 avslutta departementet og arbeidsgivarorganisasjonane Oljeindustriens Landsforeining (OLF), Energibedriftenes landsforeining (EBL) og Norsk Industri prosjektet som starta i 2005. Det er ønskeleg med ei oppfølging av undersøkinga, men å gjenta ei så omfattande kartlegging som den i 2005-2006 bør vente til det har gått ein lengre periode, slik at ulike tiltak får høve til å få ein målbar effekt.

Bransjeorganisasjonane har sett i verk fleire målretta tiltak for å auke kvinnedelen i medlemsbedriftene sine. Sjølv om endringar tek tid, er det grunn til å tru at ein langsiktig effekt av arbeidet blir fleire kvinner på ulike stillingsnivå i bransjen.

EBLs eiga personalkartlegging for 2008 viser at kvinnedelen i deira bransje totalt har auka frå 18 pst. i 2007 til 20 pst. i 2008. Vidare viser kartlegginga at talet på nyrekrutterte kvinnelege sivilingeniørar auka frå 10 pst. i 2007 til 22 pst. i 2008 av den totale nyrekrutteringa av sivilingeniørar. Tilsvarande har delen nyrekrutterte kvinnelege fagarbeidarar auka frå 0,5 pst. i 2007 til 5 pst. i 2008.

På oppdrag frå OLF utarbeidde Statistisk sentralbyrå hausten 2008 ein rapport om sysselsetjingsutviklinga i petroleumsnæringa. OED var i referansegruppe til dette prosjektet. Rapporten bygde på tal for 2007, med utviklingstrekk frå 2000. I rapporten vart viktige utviklingstrekk knytte til kjønn, alder, busetjing og utdanningsnivå omtalte. Tala i rapporten viser at petroleumsnæringane er klart mannsdominerte. Kvinner utgjorde rundt 20 pst. av dei sysselsette i 2007 mot 19 pst. i år 2000. Det er grunn til å merkje seg at auken, om enn beskjeden, har komme dei to siste åra. Auka utdanningsnivå i næringa synest å bidra til veksten i kvinnedelen. Kvinnene som arbeider i næringa har gjennomgåande høgare utdanning enn mennene. I 2007 hadde 61 pst. av mennene utdanning på vidaregåande nivå eller lågare. Tilsvarande del for kvinner var 46 pst. Vidare viser tala at kvinner som arbeider i næringane er gjennomgåande yngre enn menn, men dette har jamna seg noko ut sidan 2000. Veksten i delen sysselsette under 30 år har komme blant menn.

Status i departementet og underliggjande etatar

Det er i tabellen nedanfor presentert ein kjønnsdelt statistikk på sentrale personalområde:

Tabell 8.1 Kvinnedelen av talet på tilsette, leiarar og nyrekrutterte

Talet på tilsette

Leiarar

Nyrekrutterte

Totalt1

Talet på kvinner

Del kvinner i pst.

Totalt1

Talet på kvinner

Del kvinner i pst.

Totalt 2008

Talet på kvinner

Del kvinner i pst.

Olje- og energidepartementet

143

73

51

23

5

22

24

13

54

Noregs vassdrags- og energidirektorat

467

169

36

39

8

21

71

31

44

Oljedirektoratet

212

93

44

10

5

50

34

17

50

Samla

822

335

41

72

18

25

129

61

47

1 Kjelde: Statens sentrale tenestemannsregister, bemanningsoversikt per 1. mars 2009. Tilsette på leiarlønnskontraktar er ikkje med i denne oversikta.

Tabell 8.2 Kvinnedelen av talet på deltidstilsette, overtidstimar og stipend

Deltidstilsette

Overtid

Stipend

Totalt

Talet på kvinner

Del kvinner i pst.

Tal timar totalt 2008

Tal timar kvinner

Del kvinner i pst.

Tildelt 2008

Talet på kvinner

Del kvinner i pst.

Olje- og energidepartementet

7

7

100

18 917

8 372

42

7

3

43

Noregs vassdrags- og energidirektorat

10

5

50

14 492

2 997

21

Oljedirektoratet

11

11

100

9 969

3 330

33

Tabell 8.3 Kvinnedelen av gjennomsnitt lønnssteg fordelt på kategoriar per 31. desember 2009

Totalt

Leiarar

Saksbehandlarar

Kontor

Alle

Kvinner

Alle

Kvinner

Alle

Kvinner

Alle

Kvinner

ltr

ltr

ltr

ltr

ltr

ltr

ltr

ltr

Olje- og energidepartementet

61

58

81

78

54

54

50

50

Noregs vassdrags- og energidirektorat

60

57

80

82

61

58

45

45

Oljedirektoratet

72

69

91

91

69

66

Olje- og energidepartementet

I OEDs tilpassingsavtale er det nedfelt at departementet skal leggje vekt på å stimulere likestillingsarbeidet på dei områda der departementet er berørt som arbeidsgivar, blant anna:

  • Avdelingsleiarane har eit særleg ansvar for at likestillingsarbeidet blir følgt opp i eiga avdeling. Den enkelte leiaren skal bidra til at kvinner og menn får likeverdige arbeidsoppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling i departementet.

  • Kompetansegivande oppgåver og tiltak skal fordelast slik at det bidreg til likestilling mellom kvinner og menn i OED. Verksemda vil ved samansetjing av interne arbeidsgrupper arbeide for så jamn kjønnssamansetjing som mogleg.

  • Verksemda skal ha ein lønnspolitikk som bidreg til å fjerne eventuelt kjønnsrelaterte lønnsforskjellar på alle nivå. Før dei lokale forhandlingane skal det utarbeidast ei oversikt over lønnsendringar i verksemda siste år, fordelt på kjønn. Oversikta skal gjerast tilgjengeleg for partane ved forhandlingane.

  • Omsynet til likestilling skal vere eitt av kriteria som blir lagt til grunn ved rekruttering til ledige stillingar.

  • OEDs årlege personalstatistikk skal gi oversikt over aktuelle likestillingsrelaterte spørsmål i departementet.

Noregs vassdrags- og energidirektorat

I Noregs vassdrags- og energidirektorats (NVE) personalpolitiske retningslinjer går det fram at likestilling skal praktiserast slik at det medverkar til at alle arbeidstakarar, uavhengig av kjønn, blir gitt same høve til arbeid som fremjar fagleg og personleg utvikling.

I NVEs tilpassingsavtale til Hovudavtalen heiter det blant anna:

  • Det er ei målsetjing å få til ei jamnare kjønnsfordeling i alle stillingsgrupper.

  • Den enkelte leiaren skal vere særleg merksam på å leggje forholda til rette for at kvinnelege tilsette får kvalifiserande arbeidsoppgåver på lik linje med menn. Dette inneber blant anna tilrettelegging for kompetansegivande kurs/utdanning.

  • For å ivareta prinsippet om lik lønn for arbeid av lik verdi, skal lønnsfastsetjing baserast på kjønnsnøytrale kriterium.

  • Ved tilsetjing gjeld følgjande prinsipp: dersom det er mindre enn 40 pst. kvinner i den aktuelle stillingsgruppa, har kvinneleg søkjar med tilnærma like kvalifikasjonar fortrinnsrett, utlysingsteksten for stillingar skal utformast med sikte på å rekruttere kandidatar av begge kjønn. Ved utlysing av stilling innanfor stillingsgrupper der kvinner er underrepresenterte, skal det i utlysingsteksten takast inn oppfordring til kvinner om å søkje stillinga.

  • Ved oppretting av prosjektgrupper og utval bør det vere minst 40 pst. representasjon av begge kjønn.

  • Praktisering av permisjonsreglar og andre rettar som særleg er nytta av kvinner, må ikkje føre til at kvinner får dårlegare vilkår enn menn.

  • Det skal givast jamleg informasjon/opplæring til NVEs leiing om forhold knytte til praktisk likestillingsarbeid i verksemda.

Oljedirektoratet

Av Oljedirektoratets (OD) personalpolitikk går det fram at OD skal fremje likestilling mellom kjønna. Arbeidet for likestilling skal vere ein integrert del av verksemda som er fokusert ved:

  • tilsetjing,

  • utfordrande oppgåver som inneber større ansvar og eksponering internt i OD og hos næringa og departementet,

  • lagsamansetjing,

  • formelle leiarar - tidsavgrensa tilsetjing/utpeiking,

  • andre leiingsfunksjonar som pådrivar, koordinator og

  • eksterne kontaktpunkt.

I ODs tilpassingsavtale går det fram at:

  • partane er samde om at det er ønskjeleg med mangfald blant dei tilsette i verksemda i forhold til kjønn, alder, etnisitet og funksjonsevne. Dette skal speglast i alle stillingsutlysingar.

  • den enkelte leiaren skal vere særleg merksam på å leggje forholda til rette for at kvinnelege tilsette får kvalifiserande arbeidsoppgåver på lik linje med menn, særleg med tanke på leiingsoppgåver. Dette kan òg innebere tilrettelegging for kompetansegivande kurs/utdanning på lik linje med menn.

  • partane er samde om at delen kvinnelege leiarar bør spegle kjønnsfordelinga i verksemda.

  • for å ivareta prinsippet om lik lønn for arbeid av lik verdi, skal lønnsfastsetjing baserast på kjønnsnøytrale kriterium.

I vurderinga av behov for nye medarbeidarar inngår ein analyse av alders- og kjønnssamansetjing i forhold til aktuelt fagområde.

8.2 Oppfølging av IA-avtalen

Olje- og energidepartementet

Det er eit mål for OED at sjukefråvær i størst mogeleg grad skal førebyggjast, og tidleg oppfølging av sjukemelde er ei prioritert oppgåve. I samband med inngåing av IA-avtalen vart det utarbeidd nye rutinar for oppfølging av sjukemelde. Gjennomsnittleg sjukefråværsprosent dei siste fem åra før avtalen vart inngått var på 3,5 pst. Sjukefråværsprosenten åra etter at avtalen vart inngått har variert mellom 3,5 og 4,8 pst., og var i 2008 på 4,9 pst. OED vil følgje utviklinga i sjukefråværet framover og vurdere tiltak dersom auken held fram. OED vil ha eit spesielt fokus på gravide med tanke på tidleg og riktig tilrettelegging for å unngå sjukemelding.

OED prioriterer ergonomisk tilrettelegging av kontorarbeidsplassar for å førebyggje fysiske plager på arbeidsplassen. For tilsette med kortvarig eller varig redusert funksjonsevne, arbeider OED aktivt for å behalde vedkommande og få den tilsette tilbake i arbeid raskast mogeleg. Søkjarar som oppgjer å vere yrkeshemma, vert innkalla til intervju til ledige stillingar.

Det er eit overordna mål å stimulere til eit godt arbeidsmiljø og ein god personalpolitikk for å gjere det attraktivt for den einskilde arbeidstakaren å forlengje yrkeskarrieren. Gjennom tiltak i personalpolitikken, slik som medarbeidarsamtale, redusert arbeidstid, 12 seniordagar, heimekontor, mobilt kontor og pensjonistkurs blir forholda lagt til rette for at fleire kan stå lenger i arbeid.

Oljedirektoratet

OD har som målsetjing eit fortsett lågt sjukefråvær. Sjukefråværet har vore stabilt lågt i mange år, og var på 3,4 pst. i 2008.

OD har vedteke tre delmål under hovudmålet om å få tilsett fleire med redusert arbeidsevne:

  1. Ha meiningsfulle oppgåver og til leggje til rette best mogleg for medarbeidarar med spesielle utfordringar

  2. Ta imot to med nedsett funksjonsevne, anten ved tilsetjing/traineeordning eller i praksisplass

  3. Ta imot to med innvandrarbakgrunn, anten ved tilsetjing eller i praksisplass

OD har som mål å ha ein tydeleg seniorpolitikk som tek vare på dei som ønskjer å arbeide til dei er 70 år og dei som ønskjer tidleg avgang frå 62 år. OD har seniorpolitiske tiltak som samtale/informasjon om diverse seniortiltak, 14 ekstra fridagar per år frå 62 år (jf. HTA), tilbod om økonomisk rådgiving til medarbeidarar over 57 år, tilbod om pensjonsførebuande kurs og individuelt vurderte lønnstillegg.

Noregs vassdrags- og energidirektorat

NVE har vore IA-verksemd sidan 2002 og har gode erfaringar med IA-avtalen. Frå NVE underteikna avtalen og vedtok handlingsplan/tiltak har NVE handtert IA-arbeidet i ein kontinuerleg prosess parallelt på organisasjonsnivå og individnivå. Ved evaluering av IA-arbeidet vedtok NVE eit nytt delmål om å ta i mot arbeidssøkjarar som treng arbeidspraksis for å komme tilbake til arbeidslivet.

Resultat etter snart sju års IA-arbeid i NVE:

  • Totalt gjennomsnittssjukefråvær for dei sju siste åra er 4,1 pst.

  • Tilsette har etter sjukdom komme raskare tilbake i arbeid som ei direkte følgje av individuell oppfølging og tilrettelegging.

  • Det er registrert auka fokus frå leiar og medarbeidar på yteevne ved eventuell sjukdom.

  • Eit operativt IA-utval som arbeider for å finne gode individuelle løysingar ved å leggje til rette arbeidsplassen med blant anna tekniske og økonomiske verkemiddel.

  • NVE har engasjert fleire eksterne arbeidssøkjarar som treng arbeidspraksis. Dette gjeld blant anna menneske med minoritetsbakgrunn og/eller redusert funksjonsevne.

9 Petroleum, energi og miljø

Omsynet til miljøet og berekraftig utvikling er og har alltid vore ein integrert del av den norske petroleums- og energiverksemda. Det har gjennom fleire år blitt gjennomført omfattande tiltak for å betre miljøsituasjonen innan begge sektorane, men sektorane vil også i framtida ha verknader i forhold til miljøet.

  • Utslepp til luft frå petroleumssektoren kan blant anna medverke til klimaendringar, forsuring, overgjødsling og danning av bakkenært ozon.

  • Utslepp til sjø ved leiting og utvinning av olje og gass kan påverke det marine miljøet.

  • Utbygging av ny energiproduksjon og infrastruktur, for eksempel i form av demningar, vegar og kraftlinjer, kan påverke natur- og kulturmiljøet.

9.1 Miljøutfordringar – status og utviklingstrekk

Utslepp til luft

Stasjonær forbrenning står for ein betydeleg del av dei norske utsleppa til luft av karbondioksid (CO2), nitrogenoksid (NOx), flyktige organiske sambindingar utan metan (nmVOC), partiklar (PM) og polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH).

Noreg skil seg frå andre land ved at om lag halvparten av det totale innanlandske energiforbruket1 og 96 pst. av kapasiteten til elektrisitetsproduksjon er dekt av vasskraft. I eit år med normal nedbørsmengde er årleg vasskraftproduksjon på om lag 122 TWh. Noregs evne til å produsere elektrisitet med vasskraft medverkar på den eine sida til låge luftutslepp frå det innanlandske energiforbruket. På den andre sida inneber det at Noreg har eit snevrare grunnlag for å redusere utsleppa frå elektrisitetsproduksjon enn andre land. Produksjon og forbruk av elektrisk kraft kan variere betydeleg frå år til år som følgje av variasjonar i tilsig og temperaturforhold. I år med lågt tilsig og relativt høge prisar på elektrisk kraft vil normalt bruken av alternative energiberarar, deriblant brensle som fyringsolje, gass og biomasse auke. Dette er ei viktig årsak til at utsleppa frå innanlands stasjonær energibruk varierer frå år til år.

Utsleppa frå stasjonær forbrenning, eksklusiv olje- og gassutvinning, kjem frå fleire ulike energikjelder på mange ulike område. For eksempel blir det nytta søppel, fyringsolje, biomasse og gass i fjernvarmeanlegg. I industrien blir det nytta tungolje, fyringsolje, naturgass, kol og koks, mens blant anna treforedling brukar mye treavfall og avlut i verksemda si. Til oppvarming blir det òg nytta noko fyringsolje og fyringsparafin, i tillegg til trevirke. I 2008 var salet av oljeprodukt til industrien om lag 570 mill. liter. Salet av fyringsparafin, fyringsoljer og spesialdestillat til hushald, tenesteyting, bygg og anlegg, og jordbruk og fiske var på om lag 340 mill. liter. Samla vil dette kunne tilsvare eit utslepp på 2,4 mill. tonn CO2, om lag 4,5 pst. av dei totale utsleppa i 2008. Totalt 50 400 tonn svevestøv (PM10) vart sleppt ut i 2007, av dette stamma 56 pst., eller 28 500 tonn, frå vedfyring inkludert fritidsbustader.

Utslepp frå petroleumssektoren til luft er stort sett avgassar frå forbrenning av gass i turbinar, fakling av gass og forbrenning av diesel. Desse avgassane inneheld blant anna CO2 og NOx. Andre miljøskadelege stoff som blir sleppte ut er nmVOC, metan (CH4) og svoveldioksid (SO2). Utslepp til luft blir i dei fleste tilfella rekna ut frå mengda av brenngass og diesel som har vore brukt på innretninga. I nasjonal samanheng stod petroleumsverksemda for 31 pst. av CO2-utsleppa i 2008. Dei andre store utsleppskjeldene i Noreg er vegtrafikk og utslepp frå industriprosessar.

Utslepp av CO2 frå kraftproduksjon på kontinentalsokkelen står for om lag 80 pst. av dei totale CO2-utsleppa frå offshoreverksemda. Verksemda har òg CO2-utslepp frå gassterminalane på land og indirekte frå nmVOC-utslepp (såkalla prosessutslepp). Produksjonen frå den norske sokkelen er i dag på eit historisk høgt nivå, og CO2-utsleppa frå petroleumsverksemda vil dei næraste åra liggje på rundt 14 mill. tonn CO2 per år. Utsleppa frå verksemda vil ut frå dagens prognosar nå ein topp på slutten av det neste tiåret, for deretter gradvis å minke. Årsakene til det er i hovudsak fallande produksjon og teknologiforbetringar. I dette anslaget er innbakt vesentlege forbetringar i utsleppsintensiteten.

Som for CO2 er kraftgenereringa i turbinane, fakling av gass og dieselforbruk på innretningane sentrale utsleppskjelder også for NOx. Mengda av utslepp er avhengig både av forbrenningsteknologien og kor mykje drivstoff som blir brukt. For eksempel gir forbrenning i gassturbinar lågare utslepp av NOx enn forbrenning i dieselmotorar. Mobile kjelder frå sjøfart og fiskeri står for størsteparten av dei norske NOx-utsleppa. Petroleumsverksemda bidreg med ca. 51 000 tonn i 2008, tilsvarande 28 pst. av dei totale NOx-utsleppa i Noreg. Dei totale utsleppa av NOx frå sektoren har blitt reduserte sidan 2006.

Petroleumssektoren er hovudkjelda til utslepp av nmVOC i Noreg, med om lag 30 pst. av dei totale utsleppa. Hovuddelen av disse utsleppa stammar frå lagring og lasting av råolje til havs og frå landterminalane. Petroleumssektoren utgjer riktig nok ein stadig mindre del av dei totale nmVOC-utsleppa på grunn av innfasing av utsleppsreduserande teknologi. Prognosen for utslepp av nmVOC frå sektoren viser ein sterkt avtakande trend også framover.

Omsynet til miljøet har alltid vore ein integrert del av den norske petroleumsverksemda, og styresmaktene har sett i verk strenge reguleringar for utslepp til luft. Som følgje av dette er norsk petroleumsverksemd langt framme i utviklinga av energieffektive løysingar offshore. Til dømes er CO2-utsleppa per produsert eining petroleum blant dei lågaste i verda.

Utslepp til sjø (inkludert akutte utslepp)

Utsleppa til sjø frå olje- og gassverksemda stammar i hovudsak frå den regulære drifta. Produsert vatn følgjer med olja opp frå reservoaret og inneheld naturleg førekomande stoff frå reservoaret, og restar av tilsette stoff. Det produserte vatnet blir reinjisert i reservoaret eller reinsa før utslepp til sjø. Etter reinsing vil vatnet innehalde små mengder olje, mindre mengder andre organiske sambindingar, nokre tungmetall og restar av tilsette stoff. Oljehaldig borekaks og borevæske som tidlegare sto for ein vesentleg del av oljeutsleppa frå aktiviteten, vert nå injisert i eigna reservoar, eller teke til land for vidare behandling. Ein bieffekt av injisering av produsert vatn og oljehalding borekaks/-væske er auka energibruk og dermed utslepp til luft frå sektoren.

Det er ikkje påvist skadelege effektar på miljøet som følgje av utslepp av produsert vatn på norsk sokkel. Norsk petroleumsverksemd står for om lag 3 pst. av dei nasjonale utsleppa av miljøfarlege stoff til sjø. Hovudtilførselen kjem frå landbasert industri.

Dei siste åra har petroleumsverksemda gjennomført omfattande tiltak for å redusere utsleppa til sjø av produsert vatn, innhaldet av dispergert olje, andre organiske sambindingar og tungmetall. Petroleumsindustrien har investert milliardsummar og har gjennomført tiltak som har redusert utsleppa betydeleg. Utslepp av tilsette miljøfarlege kjemikaliar frå norsk sokkel er redusert med over 99 pst. dei siste ti åra. Nullutsleppsmålet vert rekna som oppnådd for tilsette kjemikaliar. Det vert fortsett arbeidd aktivt for å få bytt ut dei resterande miljøfarlege stoffa.

Tiltaka som er sette i verk til no er motverka av auka utslepp som følgje av auka produksjon av vatn. Den viktigaste årsaka til dette er at dei store oljefelta på norsk sokkel blir eldre og at dei produserer meir vatn når konsentrasjonen av olje i reservoara minkar. Det er venta at voluma av produsert vatn vil auke i åra fram mot 2015. Etter kvart som eldre felt blir nedstengde, vil produksjonen av produsert vatn gå ned. Tiltaka for å redusere utslepp av olje per eining produsert vatn har klart å stabilisere utsleppa på dagens nivå. Industrien implementerer heile tida nye tiltak for å redusere utslepp av produsert vatn.

Når det gjeld akutte utslepp, har olje- og gassverksemda i dei 40 åra med verksemd på norsk sokkel ikkje vore årsak til store akutte utslepp av olje som har nådd land, og talet på utslepp på over 1 kubikkmeter (m3) er avgrensa.

I 2008 var det ingen betydelege akuttutslepp. Totale akutte utslepp av olje til sjø i 2008 var på 195 m3 der ni utslepp var over ein 1 m3. Styresmaktene har pålagt industrien å gjere risikoanalysar og å gjennomføre aktivitetane slik at risikoen for akutte utslepp er så låg som mogleg.

Det er ikkje påvist skadelege effektar på miljøet som følgje av utslepp til sjø frå petroleumsverksemda på norsk sokkel.

Inngrep

Vassdragsutbyggingar og andre energirelaterte utbyggingar har medført inngrep i natur- og kulturmiljø i Noreg.

Rundt ein tredel av vassdraga i Noreg er berørte av inngrep med kraftproduksjon som formål. Dei siste åra har ein større del av auken i produksjonen av fornybar energi komme frå små vasskraftverk (opp til 10 MW). I tida framover vil ein òg sjå ein auke i bygging av vindkraftverk. Ved utnytting av desse kjeldene, og ved utbygginga av overføringsleidningar, står ein overfor viktige avvegingar med omsyn til miljøet. Vegar, kraftleidningar og andre installasjonar i tilknyting til vind- og vasskraftverk vil påverke økosystem, naturopplevingar og naturverdiar. Utfordringa ved utbygging av ny produksjon og kraftoverføring er å finne dei beste løysingane ut frå ei heilskapleg avveging av miljø- og samfunnsomsyn.

9.2 Regjeringas miljøpolitikk på petroleums- og energiområdet

Noreg er ein energinasjon. Landet har stor vasskraftproduksjon, og er blant verdas største eksportørar av olje og gass. Regjeringas visjon er at Noreg skal vere ein miljøvennleg energinasjon og leiande innanfor utviklinga av miljøvennleg energi.

Satsing på energieffektivisering, varme og elektrisitet frå fornybare energikjelder er sentrale element i regjeringas miljøpolitikk på energiområdet. Det er mogleg å auke energiproduksjonen betydeleg, og energien kan brukast meir effektivt. For å styrkje utviklinga av miljøvennleg produksjon og bruk av energi er det grunnleggjande å ha langsiktige og stabile rammevilkår.

Regjeringa vil fremje effektiv og akseptabel energiproduksjon sett ut frå miljøomsyn, og samtidig sikre ei berekraftig forvaltning av kyst- og vassdragsnaturen. Det er eit viktig mål å syte for at den auka utbygginga av vindkraftverk òg skjer utan at naturmangfald, friluftsliv eller store landskapsverdiar går tapt.

Forsking og utvikling innanfor fornybar energi er viktig for å nå miljømåla til regjeringa. Kunnskap og kompetanse innanfor petroleums- og energisektoren må brukast til å utvikle teknologi og finne løysingar som reduserer utsleppa av klimagassar. Noreg har eit stort potensial for energiproduksjon frå vasskraft, vindkraft, bioenergi, solenergi og bølgjekraft. Gjennom satsing på energieffektivisering og nye fornybare energikjelder, kan Noreg også i framtida ha eit miljøvennleg energisystem.

Petroleumsverksemda vert forvalta i eit langsiktig perspektiv for å sikre staten store inntekter frå næringa. Petroleumsverksemda er underlagt omfattande verkemiddelbruk for utslepp av klimagassar, og verksemda er basert på målet om null miljøfarlege utslepp til sjø. Nullutsleppsmålet skal bidra til at utslepp til sjø av olje og miljøfarlege stoff frå olje- og gassverksemda ikkje fører til uakseptabel helse- og miljøskade. Hovudregelen er at det ikkje skal bli sleppt ut miljøfarlege stoff som er tilsette, eller kjemiske stoff som finst naturleg.

Nye verkemiddel for utslepp til sjø frå petroleumssektoren må bli vurderte i eit heilskapleg, kunnskapsbasert perspektiv der til dømes luftutslepp, avfallsproblematikk, tryggleiksaspekt og kostnader vert vurderte opp mot miljøgevinsten for det marine miljøet. Petroleumsverksemd på norsk kontinentalsokkel skal vere verdas fremste i forhold til oljevernberedskap og miljøovervaking.

Regjeringa vil fortsetje å fokusere på å redusere CO2-utsleppa frå norsk sokkel. Dette kan blant anna skje gjennom auka energieffektivitet, elektrifisering og CO2-deponering. Sektoren er underlagt kvoteplikt for sine utslepp og betaler i tillegg ei CO2-avgift. Energiløysninga for nye utbyggingar er eit viktig element når plan for utbygging og drift skal godkjennast. Dette gir sterke insentiv til å avgrense utsleppa i næringa.

Fangst av CO2 og lagring av CO2 i geologiske formasjonar er eit viktig tiltak for å redusere globale utslepp. Regjeringa vil bidra til å utvikle framtidsretta og effektive teknologiar for CO2-handtering, og bidra til at den erfaring og teknologi som blir utvikla gjennom dei norske prosjekta kan resultere i betydelege reduksjonar av CO2-utslepp også utanfor Noreg. Ein viktig del av det internasjonale arbeidet er å auke den generelle forståinga for teknologien som eit klimatiltak.

9.3 Rapport om aktiviteten

Arbeidet med planlegging av teknologisenteret for CO2-handtering på Mongstad haldt fram i 2008. Statens deltaking i teknologisenteret vart godkjent som lovleg statsstøtte av EFTAs overvakingsorgan ESA i juli 2008. Staten har i første halvår 2009, i partnarskap med StatoilHydro og Shell, fatta investeringsavgjerd for teknologisenteret, og bygginga er i gang.

I tråd med gjennomføringsavtalen mellom staten og StatoilHydro om CO2-handtering på Mongstad og Miljøverndepartementets utsleppsløyve av 2006, har StatoilHydro i 2008 utarbeidd ein overordna plan for framtidig fullskala fangst av CO2 på Mongstad. Planen er eitt av fleire innspel i det vidare arbeidet med CO2-handtering på Mongstad.

Sidan januar 2008 har Gassnova SF arbeidd med å førebu investeringsgrunnlaget for eit fangstanlegg på Kårstø. Dette har vore eit omfattande arbeid der ulike element ved det å byggje eit fangstanlegg har inngått. Statens finansiering av eit fullskala fangstanlegg på Kårstø vart godkjent som lovleg statsstøtte av EFTAs overvakingsorgan ESA i januar 2009. Regjeringa har likevel avgjort å stanse anskaffingsprosessen for bygging av CO2-fangstanlegget på Kårstø til ein har eit klarare bilete av driftsmønsteret ved gasskraftverket.

Vidare har Gassnova, i samarbeid med Gassco, Oljedirektoratet og Noregs vassdrags- og energidirektorat arbeidd med planlegging og førebuing av transport- og lagringsløysingar for CO2 frå Kårstø og Mongstad.

OED la i 2008 fram ein handlingsplan for å fremje utvikling og bruk av CO2-handtering internasjonalt, jf. omtale under kap. 1833, post 22.

Ei strategigruppe leia av næringa, beståande av representantar frå energiselskap, leverandørindustri, forskingsinstitusjonar og styresmakter overleverte i februar 2008 eit forslag til ein FoU-strategi for forsking og teknologiutvikling innanfor energisektoren til olje- og energiministeren. Departementet oppretta i juli 2008 eit styre for Energi21 som skal vidareutvikle og følgje opp strategien. Styret består av representantar for energiselskap, leverandør- og tenesteindustri, organisasjonar, forskings- og utdanningsinstitusjonar og styresmakter. Styret sette i 2008 i gang arbeid med å få etablert innsatsgrupper innanfor dei prioriterte temaområda i strategien. Det vart òg jobba med å få oppretta eit permanent sekretariat for styret.

OED finansierte i 2008 forsking, utvikling og demonstrasjon av miljøvennlege teknologiar for kraftproduksjon med CO2-handtering gjennom CLIMIT-programmet. CLIMIT har i 2008 støtta prosjekt som byggjer opp under programmet sine to hovudfokus; teknologiutvikling innanfor fangst av CO2 slik at meirkostnadene ved å fange CO2 vert reduserte, og oppbygging av kunnskap slik at lagring av CO2 kan skje på ein sikker måte, med brei aksept i samfunnet. Frå 2008 er programmet utvida til å gjelde fangst og lagring av CO2 frå fossilt basert kraftproduksjon generelt. For nærare omtale av CLIMIT, sjå omtale under programkategori 18.30 Teknologi og internasjonalisering i denne proposisjonen.

Om lag 180 FoU-prosjekt vart støtta gjennom Forskingsrådet sitt RENERGI-program (Framtidas reine energisystem) i 2008. Klimaforliket våren 2008, og påfølgjande budsjettaukar og fokus, har ført til ei stor opptrapping av RENERGIs aktivitetar. Søknadsbehandlinga hausten 2008 har lagt til rette for ein stor auke i prosjektporteføljen for 2009. Til saman vart det godkjent vel 70 prosjekt som vil starte opp i 2009. Auken i porteføljen er særleg på områda miljøvennleg transport, fornybar energi og samfunnsfaglege prosjekt. For nærare omtale av RENERGI, sjå omtale under programkategori 18.30 Teknologi og internasjonalisering i denne proposisjonen.

Som ei følgje av klimaforliket vart OEDs løyving til Forskingsrådet auka med 50 mill. kroner i revidert budsjett for 2008 for å styrkje og leggje til rette for aktuelle søkjarmiljø til Forskingssenter for miljøvennleg energi (FME). For snarast mogeleg å få til ei opptrapping av kapasiteten innanfor dei relevante fagområda, vart midlane i 2008 brukt til utviding av løpande aktivitet i forskingsmiljøa, og til å stimulere til ein god prosess i ein tidlig fase i FME- førebuingane.

I februar 2009 vart det bestemt å etablere åtte Forskingssenter for miljøvennleg energi (FME). Forskingssenter er etablerte innanfor karbonfangst og -lagring (to senter), vindturbinar til havs (to senter), energieffektivisering i bygningar, solceller, bioenergi og innfasing av ny fornybar energi i vasskraftsystemet. I 2009 mottek sentra til saman 125 mill. kroner i stønad frå Forskingsrådet. For nærare omtale av FME, sjå omtale under programkategori 18.30 Teknologi og internasjonalisering i denne proposisjonen.

Hydrogenrådet heldt fram sitt arbeid i 2008. Rådet består av representantar frå næringslivet, forskingsinstitusjonar, interesseorganisasjonar og styresmakter.

Innafor petroleumsforsking vart det lagt vekt på miljøspørsmål knytte til leiting og utvinning av olje og gass, samtidig som effektiv ressursutnytting vart høgt prioritert.

OED løyvde også i 2008 midlar til forskingsprogrammet PROOFNy, som er administrert av Noregs forskingsråd. Forskingsprogrammet er eit delprogram under programmet «Havet og kysten».

OED har i 2008 i lag med Miljøverndepartementet og Oljebedriftenes landsforeining (OLF) finansiert forskingsprogrammet SEAPOP, som skal kartleggje og overvake sjøfuglbestandar langs norskekysten, Svalbard og i havområde som høyrer til.

Regjeringa fremja våren 2009 St.meld. nr. 37 (2007-2008) Helhetlig forvaltning av det marine miljø i Norskehavet (forvaltningsplan). Meldinga omhandlar mellom anna konsekvensar av regulære utslepp til sjø og luft, konsekvensar av akuttutslepp, vernebuing mot akuttutslepp, konsekvensar av petroleumsverksemda for andre næringar og samfunnet, og konsekvensar av framtidig offshore energiproduksjon i Norskehavet.

Statens forureiningstilsyn i samarbeid Oljedirektoratet og Statens strålevern gjorde nyleg ei utgreiing av kostnader og nytte for samfunnet og miljøet ved å stille nye krav til utslepp av produsert vatn, borekaks og borevæske, og å inkludere radioaktivitet i målet om nullutslepp av olje og miljøfarlege stoff til sjø frå petroleumsverksemda i Norskehavet og Nordsjøen. Rapporten, som vart publisert i januar 2009, konkluderte med at radioaktivitet bør bli teke med i målet om null utslepp av olje og miljøfarlege stoff til sjø, men at det ikkje bør bli sett nye generelle krav til utslepp til sjø frå petroleumsverksemda. Rapporten har fram til juni i år vore på høyring hos relevante aktørar.

Oljedirektoratet (OD), Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), Statens Forureiningstilsyn (SFT) og Petroleumstilsynet (Ptil) overleverte i januar 2008 ein rapport om å elektrifisere norsk sokkel med kraft frå land. Studien var ein fornya gjennomgang av kostnadene ved å forsyne petroleumsverksemda på sokkelen med kraft frå land, og vart varsla i St.meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk.

Thoriumutvalet sin rapport om moglegheiter og risiko knytt til bruken av thorium til energiproduksjon vart overlevert i februar 2008, og var på offentleg høyring våren 2008. Rapporten vart behandla i Stortinget i desember 2008.

I februar 2009 oppretta olje- og energiministeren Lågenergiutvalet, for å gi ei oversikt over potensialet for energieffektivisering og anbefale tiltak for å styrkje arbeidet med energieffektivisering. Lågenergiutvalet overleverte sin rapport 25. juni 2009. I rapporten foreslår utvalet som mål ei halvering av energibruken i bygningar innan 2040 frå 80 til 40 TWh per år og 20 pst. reduksjon av energibruken i industrien innan 2020. Utvalet foreslår at det vert lagd nasjonale handlingsplanar for å følje opp dette.

I løpet av 2008 har Enova inngått avtalar som gir eit samla energiresultat på om lag 2,15 TWh/år. Gjennom avtalar med industri vart det i 2008 kontraktfesta resultat på til saman 537 GWh/år. For bygg, bustad og anleggssektorane var det kontraktfesta resultatet på 424 GWh/år. Det vart inngått avtalar om fornybar varmeproduksjon på til saman 840 GWh/år i 2008 og vindkraftproduksjon på 279 GWh/år. Det vart òg gitt tilsegn til produksjon av biobrensel med ein produksjon på 60 GWh/år.

Som ein del av Regjeringas tiltakspakke for å stimulere den økonomiske aktiviteten, styrkte regjeringa arbeidet med omlegging av energibruk og energiproduksjon gjennom Energifondet og Enova SF med 1 190 mill. kroner. Enova vart bedt om å prioritere dei områda som ligg best til rette for auka aktivitet i dagens marknad. Enova fordelte ekstraløyvinga på energieffektiviseringstiltak i offentlege bygg, varmeområdet, fornybar kraftproduksjon (vindkraft) og til industriprosjekt.

Det har vore ein kraftig auke i talet på meldingar og konsesjonssøknadar om kraftleidningar, vindkraft og vasskraft dei siste åra. Innsatsen i konsesjonsbehandlinga er styrkt og det er lagt vekt på å sjå dei mange prosjekta i samanheng.

Også i 2008 vart eit omfattande arbeid lagt ned i innføringa av EUs rammedirektiv for vatn i Noreg. Fokus i 2008 har vore å leggje til rette for ei effektiv og koordinert vassdragsforvaltning ved å førebu første planperiode i 2009.

NVEs miljøtilsyn kontrollerer at miljøkrav fastsette i konsesjonar blir etterlevde, både i anleggs- og driftsfasen. Det vart gjennomført miljøtilsynsverksemd ved over 375 nye og gamle vassdragsanlegg og eit stort tal andre tiltak i vassdrag i 2008.

OED og NVE medverka i arbeidet til Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald og Artsdatabanken.

OED la i april 2008 fram ein strategi for auka utbygging av bioenergi (bioenergistrategien) i samarbeid med fleire andre departement. Målet med bioenergistrategien er å sikre målretta og samordna verkemiddel for auka utbygging av bioenergi med 14 TWh innan 2020. Det viktigaste oppfølgingspunktet i strategien er arbeidet med å avvikle påbodet om redusert nettleige for forbruk som kan utkoplast.

OED har også i 2008 delteke i arbeidet under Baltic Sea Region Energy Cooperation (BASREC), for å utvikle Austersjøregionen som eit forsøksområde for dei fleksible mekanismane under Kyotoprotokollen. Fondets formål er å stimulere til realisering av felles gjennomføringsprosjekt i energisektoren i Austersjøregionen. Noreg har totalt investert 19 mill. kroner i fondet. Det blir arbeidd med ei rekkje konkrete prosjekt innafor blant anna fornybar energi, energiomlegging og energieffektivitet.

9.4 Tiltak som er aktuelle for å løyse eksisterande og førebyggje nye miljø- og ressursproblem

Langsiktige miljøvennlege tiltak i energisektoren er viktige element i regjeringas klimamelding som vart lagt fram i juni 2007, jf. St.meld. nr. 34 (2006-2007). Tiltaka som er foreslått skal blant anna leggje til rette for utfasing av oljefyring til oppvarming av bygg, auka produksjon av bioenergi, og utvikling og introduksjon av nye teknologiar for fornybar energi til sjøs, blant anna vindturbinar til havs. Stortingsmeldinga følgjer opp ambisjonane for energipolitikken frå Soria Moria-erklæringa og stadfester Noregs posisjon som ein leiande nasjon innan utvikling av fornybar energi og utslippsreduserande teknologi.

Avtalen om klimameldinga viser at Noreg har vilje til å setje seg ambisiøse mål i klimapolitikken, jf. Innst. S. nr. 145 (2007-2008) - klimaforliket. Partane meiner det er realistisk å redusere dei norske klimagassutsleppa med 15-17 mill. tonn CO2-ekvivalentar innan 2020 når skog er inkludert.

Ot.prp. nr. 24 (2008-2009) om endring i energilova knytt til innføring av energimerking av bygningar og regelmessig energivurdering av kjelar og klimaanlegg, vart fremja for Stortinget 19. desember 2008. Ordningane skal hjelpe til å gjennomføre EUs Bygningsenergidirektiv. OED tek sikte på at merkjeordninga trer i kraft 1. januar 2010.

Lovendringa inneber at det blir innført krav om energimerke i samband med sal og utleige av bygningar, og ei energivurdering av tekniske installasjonar i yrkesbygg. I tillegg skal yrkesbygningar over 1 000 m2 ha ein gyldig og synleg energiattest til ei kvar tid. Energimerket skal bestå av ein energiattest der dei mest sentrale faktorane som påverkar energibruken blir oppstilte.

I juni 2008 vart det lagt fram ei forståing med Sverige om utviklinga av ein felles marknad for el-sertifikat. 7. september 2009 vart forståinga teken vidare gjennom ein overeinskomst mellom landa om dei sentrale prinsippa for marknaden. Det er teke sikte på å etablere ein felles el-sertifikatmarknad frå 1. januar 2012. Regjeringa er innstilt på at Noreg skal ta ei like ambisiøs forplikting som Sverige, rekna frå det tidspunktet då fellesmarknaden startar.

Med bakgrunn i klimaforliket vart det i revidert budsjett 2008 løyvd 70 mill. kroner ekstra til forsking og utvikling innan fornybare energikjelder og karbonfangst og -lagring. I 2009 vart løyvingane til dette auka med totalt 300 mill. kroner. I budsjettet for 2010 foreslår regjeringa ein ytterlegare auke på 300 mill. kroner, slik at den samla auken er på 600 mill. kroner til dette formålet. Satsinga vil styrkje dei mest relevante FoU-programma i Noregs forskingsråd knytte til fornybar energi og karbonfangst og -lagring, inklusive FME-ordninga. Midlane blir løyvde over fleire departement sine budsjett, av dette totalt om lag 350 mill. kroner over OEDs budsjett.

Energi21-strategien står sentralt i oppfølginga av satsinga på forsking og utvikling av teknologiar for fornybar energi, energieffektivisering og CO2-handtering. Arbeidet med å etablere og konkretisere innsatsgrupper innanfor viktige temaområde i strategien er ei prioritert sak for Energi21-styret.

Lovgiving, under dette forureiningslova og petroleumslova, og prosessane knytte opp mot godkjenning av nye utbyggingsplanar av olje- og gassfelt (PUD/PAD) er sentralt for å ta vare på av miljøomsyn. Før innlevering av PUD må utbyggjarane greie ut konsekvensane av utbygginga, blant anna når det gjeld miljø og klima. Programmet for utgreiinga og sjølve utgreiinga er på offentleg høyring og legg grunnlaget for avgjerda saman med resten av saksarbeidet. I PUD-prosessen behandlar Arbeids- og inkluderingsdepartementet tryggleiken i utbyggingsprosjektet, og miljøstyresmaktene kjem med innspel knytte til miljø og klima. I godkjenningsprosessen av PUD/PAD kan det blant anna stillast krav til val av tekniske løysingar som påverkar utslepp av ulike gassar, produsert vatn og kjemikaliar. Seinare i utbyggingsprosessen skal ein òg søkje miljøstyresmaktene om utsleppsløyve.

Sidan 1997 har eitt av krava for alle planar for utbygging og drift av olje- og gassfelt vore at planen skal innehalde ein analyse av høvet til å få kraftforsyning frå land. Både planar om nye feltutbyggingar og større modifikasjonar på eksisterande installasjonar skal innehalde ein analyse av høvet til å få kraftforsyning frå land. Effekten av dette er at felt som Ormen lange, Snøhvit, Gjøa og Valhall har kraft frå land. Gassanlegget på Nyhamna er òg kopla til kraftnettet. Energibehovet på Goliatfeltet vil frå produksjonsstart bli dekt av kraft frå land kombinert med ein gassturbin på innretninga, og det er sett i gang ein prosess for å leggje til rette for full elektrifisering. For ein nærare omtale av elektrifisering av norsk sokkel med kraft frå land, sjå punkt 6.

Verkemidla varierer for dei forskjellige utsleppa til luft og sjø. Den sektorovergripande klimakvotelova er det mest sentrale verkemiddelet for å redusere CO2-utsleppa i Noreg. Petroleumsverksemda er i tillegg pålagt ei CO2-avgift for brenning av gass og diesel på innretningar til havs, og mineralolje for drift av supplyflåten. Bruk av gass, olje og diesel i tilknyting til petroleumsaktiviteten på kontinentalsokkelen er i medhald av CO2-avgiftslova med verknad frå 1. januar 1991 pålagt CO2-avgift.

CO2-avgifta for petroleumsverksemda offshore er omlag kr 197 per tonn CO2 i 2009. Dette er ei nedjustering frå det tidlegare nivået på kr 350 pr, tonn CO2, noko som skuldast at petroleumsverksemda offshore vart inkludert i kvotesystemet i 2008. CO2-avgifta på sokkelen vart i 2008 nedjustert slik at summen av avgift og kvotepris tilsvarar det tidlegare nivået på kr 350 per tonn CO2. For ein omtale av CO2-avgifta for petroleumssektoren viser ein til omtale i St.prp. nr. 1 (2008-2009) Skatte-, avgifts- og tollvedtak.

Frå 1. januar 2007 vart det innført ei NOx-avgift som omfattar utslepp frå turbinar i petroleumsverksemda med innfyrt effekt over 10 MW og maskiner over 750 kW. Avgifta gjeld dessutan utslepp knytt til brenning av gass i fakkel. Brenning av gass i fakkel ut over det som er nødvendig av omsyn til tryggleiken under normal drift, er etter petroleumslova ikkje tillete utan godkjenning frå OED2. Det vart etablert eit avgiftsfritak for avgiftspliktige verksemder som inngår avtale med staten om konkrete mål om NOx-reduksjonar.

Utsleppa av nmVOC frå petroleumsverksemda er frå 2001 regulerte gjennom utsleppsløyve heimla i forureininglova. Oljeselskapa har i fleire år arbeidd for å gjere ny teknologi for gjenvinning av nmVOC tilgjengeleg for skytteltankarar. Operatørane for felt med bøyelasting på norsk kontinentalsokkel har etablert eit industrisamarbeid for å kunne samordne innfasing av teknologi og oppfylle kravet på ein føremålstenleg og kostnadseffektiv måte. Avtalen om industrisamarbeid vart inngått i 2002, og 29 selskap er no med i samarbeidet. Dei gjennomførte tiltaka har gitt ein total reduksjon på 73 pst. nmVOC i 2008 samanlikna med om tiltaka ikkje hadde vorte innførte.

Regulering av utslepp til sjø vil framleis skje gjennom utsleppsløyve. Samtidig blir arbeidet med å nå målet om null miljøfarlege utslepp til sjø frå petroleumsverksemda ført vidare.

Regjeringa har i St.meld. nr. 37 (2008-2009) Helhetlig forvaltning av det marine miljø i Norskehavet, sagt at den vil inkludere radioaktivitet i nullutsleppsmålet, og at det for nye og gamle felt skal bli gjort samfunnsøkonomiske nytte- og kostnadsvurderingar som omfattar heilskaplege miljøvurderingar av tiltak for å hindre utslepp av produsert vatn og/eller borekaks og borevæske. I spesielle område med førekomstar av sårbar botnfauna eller som er sentrale gyteområde for fisk som gyt på botnen, vil regjeringa stille krav om at det vert nytta teknologi for å handtere kaks og borevæske for å hindre nedslamming.

I St.meld. nr. 38 (2003-2004) Om petroleumsverksemda, vart det fastsett eigne vilkår for utslepp til sjø for petroleumsverksemda i området Lofoten - Barentshavet. Området er definert som særleg sårbart, og det vart derfor sett enda strengare vilkår for utslepp til sjø enn for resten av norsk kontinentalsokkel.

OED er støttespelar til programmet MAREANO (Marin arealdatabase for norske kyst- og havområde). MAREANO-programmet skal kartleggje havbotnen på norsk sokkel, i første fase havbotnen i området Lofoten – Barentshavet. Dette arbeidet skal inngå som ein del av kunnskapsgrunnlaget i forhold til oppdatering av den heilskaplege forvaltningsplanen for Lofoten – Barentshavet i 2010. Innan 2010 vert områda Nordland VII, Troms II og Eggakanten kartlagt. Regjeringa har vedteke å vidareføre MAREANO-programmet i forvaltningsplanområdet i Norskehavet.

Den nasjonale teknologistrategien for olje- og gassverksemda i Noreg, OG21, vart etablert i 2001. Med basis i kravet i klimaforliket om å helde eit betydeleg fokus på klima i den offentleg finansierte petroleumsforskinga, er det etablert ei forståing med OG21 om å sikre eit best mogleg fokus på miljø i den nasjonale petroleumsforskinga innan OG21-strategien. OED vil i samråd med Noregs forskingsråd komme nærare tilbake med utfyllande informasjon om dette.

For 2010 er det foreslått løyvd 222 mill kroner til forskingsprogrammet RENERGI over OEDs budsjett. RENERGI støttar blant anna forsking og utvikling knytt til effektive og nye fornybare energiteknologiar og til effektive energisystem der miljøforhold står sentralt.

Regjeringa prioriterer høgt arbeidet med å utvikle teknologiar og løysingar som kan medverke til å redusere klimagassutsleppa, og har lagt forholda til rette for å utvikle norske prosjekt for fangst og lagring av CO2. Samarbeidet om CO2-handtering på Mongstad er todelt; etablering av eit teknologisenter for CO2-fangst og eit fullskala fangstanlegg for CO2. Føremålet er å utvikle løysingar som kan redusere kostnader og teknisk og økonomisk risiko knytte til fullskala CO2-fangst, og som kan få brei bruk nasjonalt og internasjonalt.

Staten har, i partnarskap med StatoilHydro og Shell, fatta investeringsavgjerd for teknologisenteret, og bygginga er i gang. Regjeringa arbeidar vidare med planlegginga av fullskala CO2-handtering på Mongstad i tråd med utsleppsløyva og gjennomføringsavtalen frå 2006.

Gassnova SF vil i samarbeid med Noregs forskingsråd føre vidare aktivitetane i det offentlege støtteprogrammet for utvikling av miljøvennlege teknologiar for fossilt basert kraftproduksjon(CLIMIT). På kort sikt er verksemda retta mot kvalifisering og reduksjon av kostnader knytte til CO2-fangst frå fossilt basert kraftproduksjon, og etablering av metodikk for sikker geologisk lagring av CO2. På lenger sikt vil det vere viktig å kunne utvikle teknologiar med potensial for signifikant betring i verknadsgrad og lønsemd innan kraftproduksjon med CO2-fangst.

Målsetjinga for arbeidet med den internasjonale handlingsplanen for fremje av utvikling og bruk av CO2-handtering internasjonalt er å få aksept for fangst og lagring av CO2 som eit klimaverkemiddel og ei brei forståing for reduksjonspotensialet som følgjer av teknologien, og bidra til at teknologien blir teken i bruk utanfor Noreg. Noreg har med Sleipner-prosjektet lang erfaring med lagring av CO2. I 2008 kom også eit tilsvarande anlegg knytt til Snøhvit-feltet i drift. Realisering av prosjekt for fangst og lagring av CO2 vil bidra betydeleg til å auke merksemda rundt – og den allmenne forståinga av – teknologien som eit klimatiltak. OED har arbeidd og arbeider framleis aktivt med gjennomføring av handlingsplanen for å fremje utvikling og bruk av CO2-handtering internasjonalt.

I 2008 vart Nederland og Tyskland inkluderte i samarbeidet ”North Sea Basin Task Force”, som i 2005 vart inngått mellom Noreg og Storbritannia om fangst og lagring av CO2. Utgangspunktet for samarbeidet er at landa ønskjer om å etablere felles prinsipp for regulering av transport og lagring av CO2 i Nordsjøbassenget, og det består av ei operativ gruppe med deltaking frå styresmakter og industri i alle landa.

Innanfor fangst og lagring av CO2 er det etablert ei rekkje regionale og internasjonale samarbeid der Noreg, ved Olje- og energidepartementet, er aktiv deltakar. Forutan North Sea Basin Task Force gjeld dette særleg Carbon Sequestration Leadership Forum, The 4-Kingdom Initiative, og Global Carbon Capture and Storage Institute der departementet gjekk inn som founding member i 2009. I tillegg samarbeider Noreg tett med EU og deltek i ei rekkje av EUs organ og fora, retta mot blant anna utvikling av rammer og regelverk for sikker fangst og lagring av CO2, i tillegg til generelt å fremje CO2-handtering som eit nødvendig klimapolitisk verkemiddel.

Løyvingar til energiforsking, inkludert fornybar energi, over statsbudsjettet 2009 ligg på om lag 500 mill. kroner. Dette inkluderer ei tilleggsløyving gjennom regjeringa si tiltakspakke for 2009. Tilsvarande løyving til petroleumsforsking er på om lag 355 mill. kroner.

Energiforsking dekkjer FoU-aktivitet innafor miljøvennleg energi, blant anna fornybar energiproduksjon, energisystem/energioverføring, energieffektivisering, energibruk, energimarknad og miljøvennleg transport. Forsking på karbonfangst og -lagring er ikkje inkludert.

I februar 2009 vart det utnemnt åtte Forskingssenter for miljøvennleg energi (FME). Målet er å samle dei beste forskingsmiljøa i landet om ei felles satsing på utvalde tema på energiområdet. Sentra skal vare i åtte år og er ei oppfølging av Energi21-strategien og klimaforliket.

OED la i juni 2009 fram forslag til ny lov om fornybar energiproduksjon til havs og ein strategi for utvikling av næringsliv og energiressursar knytt til havbasert fornybar energi. Lovforslaget gir offentleg styring og kontroll med disponering av fornybare energiressursar til havs. Fornybar energiproduksjon kan etablerast etter at staten har opna bestemte område for søknader om konsesjon. Opning av areal skal baserast på konsekvensutgreiingar for å sikre at alle relevante tilhøve blir vurderte i ein tidleg fase. Strategien peikar ut retninga på eit langsiktig arbeid for å gjere havvind til ei ny norsk næring. Det er gjort greie for teknologiske og andre utfordringar knytte til framtidig utbygging av fornybar energi til havs og korleis departementet følgjer dette opp. Sentralt i denne oppfølginga står relevante stønadsordningar i Forskingsrådet, særleg RENERGI-programmet, FMEane og Enovas tematiske satsing på marin fornybar energiproduksjon til havs. Vidare er det varsla at det no vil bli sett i gang eit arbeid for å identifisere havareal som er eigna for framtidig utbygging. Ein vidare utvikla strategi vil bli lagt fram for Stortinget i 2012.

Regjeringa vil utvikle satsinga gjennom Enova SF og Energifondet. I 2007 oppretta regjeringa eit Grunnfond for fornybar energi og energieffektivisering (Grunnfondet) med ein kapital på 10 mrd. kroner. Regjeringa sette inn ytterlegare 10 mrd. kroner i 2009.

I St.meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk (klimameldinga), vart det varsla at regjeringa vil foreslå å auke kapitalen i grunnfondet ytterlegare, med inntil 10 mrd. kroner innan 2012. Som eit ledd i dette foreslår regjeringa å setje inn 5 mrd. kroner i Grunnfondet i 2010. Avkastninga frå Grunnfondet er dermed venta å bli på nesten 1 mrd. kroner frå 2011.

Avkastninga frå Grunnfondet gir ei overføring på 756 mill. kroner til Energifondet i 2010. Vidare blir det foreslått å løyve ytterlegare 200 mill. kroner i 2010 slik at samla overføring til Energifondet over statsbudsjettet blir 956 mill. kroner i 2010. I tilegg kjem inntekter til Energifondet frå eit påslag på nettariffen på 1 øre/kWh som er berekna til 760 mill. kroner og renteinntekter på 84 mill. kroner i 2010.

Vassboren varme frå fornybare energikjelder, i stor grad bioenergi, er i ferd med å få ei større rolle i energiforsyninga. Frå 2001 til 2008 har Enova utløyst investeringar på nær 8 mrd. kroner på området, og ligg godt an til å nå det overordna målet om 4 TWh auka årleg energiproduksjon.

I klimaforliket blei det semje om at ein handlingsplan for overgang frå bruk av fossil til fornybar energi i oppvarming i bygg skulle leggjas fram. Planen skulle innehalda verkemiddel for målretta og koordinert utbygging av 14 TWh bioenergi innan 2020. Det blei og peika på fleire tiltak for å fase ut fyringsolje til oppvarming i bygg.

Regjeringa har lagt fram ein strategi for bioenergi med ei omfattande tiltaksliste for å auke utbygginga av bioenergi og vassboren varme. Konkurransevilkåra for miljøvennlig varme er styrka blant anna gjennom avvikling av påbodet om redusert nettleie for utkoblbart forbruk.

I klimameldinga vart det foreslått å innføre forbod med heimel i plan- og bygningslova mot installering av oljekjel i nye bygningar. Vidare vart det varsla at det vil bli vurdert å innføre forbod mot å erstatte gamle oljekjelar med nye i beståande bygningar. Dette forslaget, som utgjer endringar i teknisk forskrift, vart sendt på høyring i juli 2009.

Kommunal- og regionaldepartementet la hausten 2009 fram ”Bygg for framtida”, som er regjeringas miljøhandlingsplan for bustad- og byggjesektoren. Planen samanfattar alle miljøtiltaka statlege instansar planlegg i bustad- og byggjesektoren fram til og med 2012.

Saman med støtteordningane som Enova forvaltar føreligg det nå ein heilskapleg tilnærming til arbeidet med utbygging av miljøvennleg vassboren varme, frå tiltak i bygningskroppen til utbygging av røyrnett for fjernvarme og etablering av lokale varmesentralar. Varmeprogramma til Enova gir mindre oljefyring og dermed reduserte utslepp av klimagassar. Programma for energibruk i industri, bygg og anlegg fører og til reduserte utslepp. I 2009 har Enova blant anna oppretta eit nytt støtteprogram for vassborne anlegg i bygg.

I Ot.prp. nr. 62 (2008-2009) Om lov om endringer i energiloven foreslår regjeringa at punkt 5.6 i klimaforliket om å auke energieffektiviteten i nett og kraftproduksjon med 20 pst. innan 2020, går ut. Departementet er oppteke av å leggje til rette for å auke energieffektiviteten i nettet og for å ruste opp og utvide kraftproduksjonen slik at eksisterande vasskraftstruktur kan utnyttast betre. Ut frå tekniske, økonomiske og miljømessige forhold er det likevel ikkje sett på som mogleg å nå målet om 20 pst. auka energieffektivitet innan 2020.

Energiomlegging er eit viktig bidrag til å redusere klimautslepp, i tillegg til å ha positiv effekt på kraftbalanse og forsyningstryggleik. Det er tett samspel mellom utvikling i forbruk, produksjon og nett. Auka utbygging av fornybar energiproduksjon føreset ei tilsvarande utbygging og utvikling av overføringsnettet. Det er derfor viktig å leggje til rette for god koordinering av forbruksutvikling, investeringar i nett og i ny produksjon. Ei viktig endring i energilova er at nettselskapa får ei plikt til å knyte produksjon til nettet, for å sikre at samfunnsmessig rasjonelle prosjekt blir gjennomførde. Dersom eit samfunnsmessig rasjonelt produksjonsprosjekt krev nettinvesteringar, pliktar nettselskapet å utgreie, omsøkje og eventuelt byggje nett utan ugrunna opphald. I dei tilfella nettselskapet ikkje meiner det er samfunnsmessig rasjonelt, må selskapet søkje konsesjonsstyresmakta om fritak. Regjeringa meiner denne lovendringa samla sett medverkar til betre tilrettelegging for fornybar energi og derfor er eit viktig bidrag til miljøet.

OED forvaltar òg andre tiltak som har ein viktig funksjon for utviklinga i energibruk og -produksjon. Våren 2008 bad departementet NVE om å starte prosessen med å avvikle påbodet om redusert nettleige for forbruk som kan koplast ut. Endringa vil styrkje konkurranseevna til alternative fornybare energiformer som for eksempel bioenergi. Forskriftsendringa trådde i kraft 1. juli 2009, med ein overgangsperiode på tre år for å hindre økonomisk tap for kundar som nyleg har investert i utstyr basert på ordninga.

Det er etablert ei ordning for opphavsgarantiar for elektrisitet som gir forbrukarane høve til å velje miljøvennlege alternativ. Det er etablert ei eiga ordning for satsing på energieffektivisering i treforedlingsindustri som får fritak for forbruksavgift på elektrisitet.

Miljøomsyn i samband med vassdrags- og energiverksemda er tekne vare på gjennom sektorlovgivinga, plan- og bygningslova og forureiningslova.

Regjeringa vil framleis ha som eit viktig mål å sikre tilstrekkeleg tilgang på fornybar energi til ein lågast mogleg miljøkostnad. Regjeringa vil fremje effektiv og miljømessig akseptabel energiproduksjon, og samtidig sikre ei berekraftig forvaltning av vass- og arealressursane. Ytterlegare styrking av NVEs miljøtilsyn vil medverke til at miljøkrav fastsette i konsesjonar blir etterlevde, både i anleggs- og driftsfasen.

Gjennomføringa av EUs vassdirektiv med tilhøyrande forvaltningsplanar på nedbørfeltnivå er eit viktig tiltak for å fremje ei heilskapleg forvaltning av vassressursane, og OED vil saman med NVE medverke aktivt til dette. Ei viktig rolle for NVE vil vere å sikre at revisjonar av konsesjonsvilkår for vassdragsanlegg vert behandla i samanheng med utarbeidinga av forvaltningsplanar i vassregionane.

Verneplan for vassdrag er viktig for å sikre eit representativt utval av vassdragsnaturen i landet. Ved Stortingets behandling av St.prp. nr. 53 (2008-2009) Verneplan for vassdrag – avsluttande supplering, vart Vefsna, Langvella og dei nedre delane av Tovdalsvassdraget tekne inn i Verneplan for vassdrag.

OED vil i samarbeid med Miljøverndepartementet fastsetje endeleg rettleiar for utarbeiding av regionale planar for vindkraft.

I Ot.prp. nr. 62 (2008-2009) Om lov om endringer i energiloven, vart det lagt fram ein strategi for auka omsyn til miljø, estetikk og lokalsamfunn ved planlegging av forsterkningar i kraftnettet. Ein skal i større grad sjå energisystemet i dei ulike regionane i samanheng, på tvers av spenningsnivåa. Vurderingar og bruk av avbøtande tiltak er styrkte, slik at kraftleidningane som får konsesjon skal bli bygde så skånsamt som mogeleg.

Kunnskap og systematisk oversikt over viktige område for truga arter og naturtypar er ein føresetnad for å stanse tapet av norsk naturmangfald. OED deltek i den interdepartementale gruppa som koordinerer Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald. Formålet med programmet er å tette kunnskapshol og medverke til at data over naturmangfald blir samla i nasjonale databasar.

9.5 Klimagassregnskap

Under følgjer ei oversikt over viktige tiltak med betydning for utslepp av klimagassar på OEDs område for årene 2008 og 2009.

Forsking og utvikling (FoU)

Satsinga på forsking og utvikling innanfor petroleumssektoren, energisektoren og karbonfangst og -lagring vil på kort sikt ikkje ha nokon direkte effekt på utslepp av klimagassar.

Dei verknadene ein i første rekkje kan sjå for seg er at ein gjennom satsinga på FoU vil:

  • byggje opp kunnskap og kompetanse av samfunnsfagleg karakter, eksempelvis om effektar av klimaendringar på energiområdet (auka nedbør, vassføring, flaum, snø og bresmelting, vindstyrkar, redusert oppvarmingsbehov etc.) og konsekvensar av utslepp på energi- og petroleumsområdet (CO2-utslepp, klimagassutslepp etc.).

  • byggje opp kunnskap og kompetanse om nye, meir miljøvennlege teknologiar på energi- og petroleumsområdet.

  • utvikle miljøvennlege produkt, tenester og prosessar som på sikt kan bli tekne i bruk innafor energi- og petroleumssektoren, blant anna fornybare energiteknologiar, CCS-teknologiar, og teknologiar for meir energieffektiv petroleumsproduksjon.

Ut over dei meir generelle og overordna, kvalitative resultata av FoU-satsinga, blir det frå år til år rapportert på programnivå meir kvantifiserbare resultat som blant anna:

  • tal på støtta prosjekt,

  • tal på avlagte doktorgrader og støtta doktorgradsstipendiatar,

  • tal på deltakande bedrifter,

  • tal på nye produkt og prosessar og tal på patent.

Karbonfangst og -lagring

Arbeidet med fullskala fangst, transport og lagring av CO2 på Mongstad held fram. Eit fangstanlegg på Mongstad vil kunne føre til ein reduksjon i CO2-utsleppa på om lag 1,3 mill. tonn CO2 per år frå 2014 og framover (også i 2020), i forhold til om kraftverka hadde produsert på full kapasitet utan fangst og lagring av CO2-utsleppa frå denne produksjonen.

På Kårstø avventar ein meir erfaring med driftstida på gasskraftverket. Dersom driftstida skulle tilseie at eit fangstanlegg bør byggjast, så vil eit slikt anlegg kunne redusere CO2-utsleppa med opp til 1 mill. tonn CO2/år ved full drift over året for kraftverket og fangstanlegget.

Teknologisenteret på Mongstad, som er under bygging, vil kunne representere eit vesentleg norsk bidrag til internasjonal teknologiutvikling innan CO2-fangst. Formålet med teknologisenter er å identifisere, teste og kvalifisere mogelege teknologiske løysingar for fangst av CO2, som på sikt vil kunne bidra til betydelege utsleppsreduksjonar.

Stasjonær energiforsyning

Sluttforbruket av energi i stasjonær energiforsyning var 160 TWh i 2008. Av dette utgjorde oljeprodukt 13 TWh, ein nedgang på 18 pst. frå året før.

Utslepp av klimagassar i stasjonær energiforsyning er knytte til bruk av fyringsolje i kombinerte olje- og elektrokjelar i industri, og til oppvarming i næringsbygg og bustader. CO2-utslepp frå oppvarming av bustader og næringsbygg var 2 mill. tonn CO2 i 2007. Dette utsleppet har gradvis blitt redusert også i 2008 på grunn av mindre bruk av fyringsolje.

Dei seinare åra har bruken av naturgass auka i stasjonær energiforsyning. Naturgass har i stor grad erstatta oljeprodukt. Det samla sluttforbruket av naturgass var 358 mill. Sm3 i 2008, og utsleppet av CO2 var 0,7 mill. tonn. Utsleppet av CO2 frå forbrenning av naturgass er om lag 20-30 pst. lægre per kilo brensel enn ved forbrenning av fyringsolje (avhengig av bruksområde).

Det er innført CO2-avgift på bruk av oljeprodukt og vedteke innført CO2-avgift på bruk av gass til oppvarming i bygg. Det er òg teke i bruk ei rekkje verkemiddel for å avgrense bruken utover det som følgjer av CO2-avgifta. Forbruket varierer likevel betydeleg frå år til år avhengig av forholdet mellom pris på elektrisitet og olje. Det kan derfor ikkje leggjast for stor vekt på endringar i forbruket frå år til år når ein vurderer effekten av politikken. Frå 1980 og fram til i dag er den generelle trenden at salet av oljeprodukt minskar. Dei viktigaste elementa i politikken for å avgrense bruken av olje i stasjonær energiforsyning generelt, og for å redusere utslepp av CO2 spesielt er:

  • CO2-avgifter på olje og naturgass.

  • Grunnavgift og svovelavgift på fyringsolje.

  • NOx-avgift.

  • Støtteordning til infrastruktur for naturgass, som legg til rette for overgang frå bruk av olje til naturgass i industri og transport.

  • Støtteordningar til investering i fornybar energi, som i stor grad omfattar konvertering frå olje.

  • Støtteordningar til energieffektiviseringstiltak.

  • Administrative verkemiddel gjennom plan- og bygningslova.

Dei viktigaste tiltaka i 2008 for å avgrense forbruket av olje er knytte til auken i grunnavgifta på fyringsolje. Grunnavgifta vart auka frå 42,9 øre/liter i 2007 til 84,5 øre/liter i 2008. I 2009 er grunnavgifta sett til 87 øre/liter. I tillegg vart satsinga på fornybar energi og energieffektivisering styrkt betydeleg.

Enkelte av Enovas stønadsprogram påverkar omfanget av oljefyring. Enova støttar utbygging av fjernvarme og lokale energisentralar, som både erstattar eksisterande oppvarmingsbehov og dekkjer nytt behov som oppstår ved nybygging. I nokre tilfelle kan varmen erstatte oppvarming frå olje, i andre tilfelle frå elektrisitet og andre energiberarar. Enova anslår at om lag halvparten av energiresultatet på varmeområdet erstattar eksisterande oljeforbruk. Enova oppnådde eit kontraktfesta resultat innan fornybar varme på 840 GWh i 2008.

Enovas program for energibruk i industri, bygg, bustad og anlegg rettar seg både mot forbruk av energi til oppvarming og forbruk av energi til el-spesifikke formål. Reduksjonen av oljeforbruk vil derfor ofte vere mindre per kWh enn for fjernvarme og lokale energisentralar. Enova anslår at 30-40 pst. av energiresultatet på industriområdet, og drygt 10 pst. innan bustad, bygg og anlegg, er redusert oljefyring. I 2008 kontraktfesta Enova resultat på høvesvis 540 og 420 GWh per år på disse områda.

Samla sett anslår Enova at dei i 2008 støtta prosjekt for fornybar varme og energibruk som er venta å bidra til eit redusert oljeforbruk på 49 000 tonn per år. Dette tilsvarer reduserte utslepp på i overkant av 150 000 tonn CO2 per år. Det er stor uvisse knytt til anslaget.

Petroleumsverksemda

Olje- og gassverksemda medfører utslepp til luft av CO2, NOx, nmVOC og CH4. Styresmaktene nyttar fleire verkemiddel for å regulere utsleppa. For CO2-utslepp må operatørane på sokkelen betale ei særnorsk avgift og i tillegg kjøpe kvotar i den europeiske kvotemarknaden, EU-ETS. NOx-utslepp er òg avgiftspliktige, men ein avtale mellom styresmaktene og næringslivet opnar for at verksemdene heller enn å betale avgift kan bidra med pengar inn i eit fond som skal finansiere utsleppsreduserande tiltak i andre næringar der kostnadene er lågare (Næringslivets NOx-fond). Utsleppene av nmVOC og CH4 er regulert gjennom forureiningslova som er forvalta av Statens Forureiningstilsyn (SFT). Vidare vert det stilt teknologikrav i samband med godkjenning av nye utbyggingar.

Som følgje av den strenge reguleringa av utslepp til luft, er norsk olje- og gassverksemd langt framme i utvikling av energieffektive løysingar offshore. For eksempel er CO2-utsleppa per produsert eining petroleum låge samanlikna med dei fleste andre land i verda. Noregs utslepp per produsert eining var i 2008 om lag 57 kilo per Sm3 o.e., mens internasjonale tal viser at det internasjonale gjennomsnittet låg på om lag 125 kilo per Sm3 o.e. (2006).3

Petroleumssektoren sto likevel for 31 pst. av CO2-utsleppa i Noreg i 2008. CO2-utsleppa frå petroleumsverksemda vil dei næraste åra stige frå dagens nivå på om lag 14 mill. tonn CO2 per år, til i overkant av 15 mill. tonn i 2019. Deretter viser prognosane at utsleppa minkar. CO2-utsleppa frå petroleumssektoren stammar hovudsakleg frå turbinar som genererer kraft til offshoreinstallasjonane. Auken framover skuldast at når felta blir eldre, må det til meir energi til å injisere vatn for å erstatte det naturlege trykket i reservoara.

I 2007, 2008 og 2009 har OED godkjent fleire utbyggingsplanar. Ved utarbeiding av planane skal oljeselskapa funne utbyggingsløysingar som gir lite utslepp av CO2 samtidig som omsynet til kostnadseffektivitet må takast vare på. Elektrifisering av installasjonen med kraft frå land skal alltid vurderast.

I det følgjande blir det gitt ei kort oversikt over felta som fekk plan for utbygging og drift godkjent i perioden 2007-2009, med berekna CO2-utslepp. Tala er basert på selskapa sine overslag ved innlevering av plan for utbygging og drift.

Gjøa

Venta utslepp av CO2 frå produksjonsplattforma på Gjøa-feltet utgjer mellom 118 000 og 142 000 tonn CO2 per år. Produksjonsperioden er rekna til 14 år, med produksjonsoppstart hausten 2010. Utbygginga er planlagt med delvis dekt kraftbehov frå land, som fører med seg reduksjonar i globale CO2-utslepp tilsvarande 110 000 tonn.

Vega og Vega sør

Vega og Vega sør er planlagt bygt ut med installasjonar på havbotnen knytte opp mot Gjøa-plattforma. CO2-utsleppa frå Vega og Vega sør vil utgjere mellom 35 000 og 43 000 tonn CO2 per år. Levetida for feltet er rekna til tolv år. Produksjonsoppstart for Vega og Vega sør er venta hausten 2010.

Yme

For feltet Yme vil CO2-utsleppa variere mellom 100 000 tonn og vel 120 000 tonn per år. Venta produksjonsperiode er ti år. Produksjonsoppstart for Yme er venta hausten 2009.

Valhall

Utbyggingsplanen for Valhall vidareutvikling inneber at Valhall-feltet får kraftforsyning frå land. Dei årlege CO2-utsleppa frå Valhall er i dag på rundt 300 000 tonn. Med dagens kraftløysing og teknologi har operatøren rekna ut at dei årlege CO2-utsleppa frå Valhall vil komme opp i om lag 450 000 tonn dei neste åra. Som følgje av elektrisk kraft frå land vil dei årlege utsleppa av CO2 bli reduserte med 97 pst., frå 450 000 til 15 000 tonn per år.

Skarv

I produksjonsfasen vil CO2-utsleppa frå Skarv variere mellom 200 000 og 490 000 tonn. Produksjonsperioden er estimert til 18 år. Oppstart av produksjon er venta i 2011.

Morvin

Morvin skal byggjast ut med installasjonar på havbotnen som blir knytte opp mot Åsgard B. Venta produksjonsperiode for Morvin er tolv år, og dei årlege utsleppa av CO2 vil variere mellom 6 000 og 71 000 tonn per år. Produksjonsoppstart seint i 2010.

Alve

Alve skal byggjast ut med installasjonar på havbotnen som skal knytast opp mot produksjonsskipet på Nornefeltet. Alve har ein venta produksjonsperiode på ti til tolv år med årlege CO2-utslepp som varierer mellom 50 000 og 100 000 tonn CO2. Alve kom i produksjon 19. mars 2009.

Yttergryta

Yttergryta skal byggjast ut med ein havbotninstallasjon som blir knytt opp mot Åsgard B. Venta produksjonsperiode er tre år. Utslepp av CO2 er rekna til å variere mellom 40 000 og 90 000 tonn CO2 per år. Yttergryta kom i produksjon januar 2009.

Oselvar

Oselvar skal byggjast ut med ein havbotninstallasjon som blir knytt opp mot Gyda-plattforma. Venta produksjonsperiode er 20 år. Utslepp i driftsfasen til Oselvar som skuldast prosessering og eksport av Oselvar til Ula vil variere frå 20 000 til 60 000 tonn CO2 per år. Oppstart av produksjon er planlagd fjerde kvartal 2011.

Goliat

Goliat skal byggjast ut med ei flytande produksjonsinnretning med prosessering, lagring og lasting av olje på feltet. Feltet vil dels få kraft frå land og dels få kraft frå ein gassturbin på innretninga. Venta produksjonsperiode er 15 år og årlege utslepp av CO2 vil variere mellom 125 000 og 156 000 tonn CO2. Det har blitt lagt til rette for at ein kan auke graden av kraft frå land på eit seinare tidspunkt. Planlagd oppstart for Goliat er 2013.

Troll-prosjekt

Prosjekta på Troll omfattar ikkje ei ny utbygging, men to modifikasjonar som skal forlenge levetida til Troll. Prosjekta medfører små konsekvensar for utsleppsbiletet på Troll.

10 Grøn stat – innføring av miljøleiing i statlege verksemder

Olje- og energidepartementet

Olje- og energidepartementet (OED) fokuserer på miljøgevinstar ved energibruk, innkjøp, transport og handtering av avfall i drifta av departementet. Miljøbelastninga skal reduserast så langt det er mogleg, og IKT er eit viktig verktøy for å få dette til.

Arbeidet med miljøleiing blir ført vidare som ein integrert del av departementet sitt styringssystem. Som overordna mål skal ein medverke til å skape gode miljøhaldningar hos medarbeidarane i OED.

OED følgjer opp handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar i offentlege nyskaffingar ved å stille miljøkrav ved nyskaffingar knytte til intern drift. I tildelingsbrevet til underliggjande etatar blir dei bedne om å følgje opp handlingsplanen, og gjere greie for dette arbeidet i årsrapportane sine.

Noen konkrete tiltak i 2009 er for eksempel:

  • Nye, store pc-skjermar for å auke lesbarheita på skjerm, slik at færre dokument blir skrivne ut.

  • Elektronisk dokumentutveksling med underlagte verksemder.

Oljedirektoratet

Oljedirektorat (OD) arbeider systematisk for å bidra til Regjeringas miljømål. ODs interne målsetjingar er:

  • Redusere energiforbruk

  • Redusere restavfallsmengd

  • Innkjøp som skjermar miljøet

For 2009/2010 er fokus på oppfølging og vidareutvikling av følgjande:

Planlegging av nybygget:

  • OD har utarbeidd ein omfattande miljøplan med krav til utbyggjar/eigar av nybygget vi er i gang med.

Kjeldesortering:

  • OD hadde i 2008 ei gjenvinningsgrad på 73 pst. som i følgje renovasjonsavdelinga til Stavanger kommune er over gjennomsnittet samanlikna med likeverdige bedrifter.

Auka bruk av videokonferanse/telefonmøte:

  • OD hadde ein auke frå 633 timar i 2007 til 1 143 timar i 2008.

Norges vassdrags- og energidirektorat

Miljøaspektet inngår som ein del av Noregs vassdrags- og energidirektorats (NVEs) visjon og strategi. Miljøleiing og miljøomsyn er integrert i NVEs HMS- og kvalitetssikringssystem. Arbeidet med Grøn Stat er ein integrert del av organisasjonen sitt styringssystem.

NVE legg vekt på miljøleiing ved blant anna ENØK-tiltak og avfallshandtering.

Eksempel på tiltak i 2009:

  • Innført eit nytt utskriftsystem på hovudkontoret.

  • Tosidig utskrift som standard.

  • Miljøkrav til leverandørar ved kjøp av varer og tenester.

  • Tilrettelagt for tilsette som vil bruke elbil som transportmiddel til jobb.

  • Nyttar videokonferanseutstyr mellom hovudkontoret og dei fem regionkontora.

  • Tilbyr nettbaserte rapporteringsrutinar og søknadsskjema for offentlege etatar, næringsliv og andre brukarar.

  • Teke i bruk Internett som høyringskanal for meldingar og søknader knytte til konsesjonsbehandling.

  • NVE-huset skal totalrehabiliterast, og krav om miljøplanar og energiøkonomisering er innarbeidde i kravspesifikasjon for "nytt" bygg.

Fotnoter

1.

Ut frå definisjonen i fornybardirektivet står fornybar energi for 60 pst. av energiforbruket i Noreg.

2.

Kvart felt på sokkelen må søkje om løyve til brenning av gass (fakling). Basert på kvart enkelt felts behov for fakling blir løyvet gitt eitt for år av gongen av OED.

3.

Kjelde: Petroleumsressursene på norsk kontinentalsokkel 2009, Oljedirektoratet
Til forsiden