Prop. 1 S (2012–2013)

FOR BUDSJETTÅRET 2013 — Utgiftskapittel: 1300–1380 Inntektskapittel: 4300–4380, 5611, 5618, 5619, 5622 og 5624

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing og oversikt

1 Mål og hovudprioriteringar

1.1 Regjeringa sine mål for samferdselspolitikken

Regjeringa vil leggje til rette for likeverdige levekår i heile landet og arbeide for å oppretthalde hovudtrekka i busettingsmønsteret. Noreg er eit land med store avstandar og spreidd busetting, og med sterk vekst i folketalet i dei store byområda. Regjeringa fører ein differensiert politikk tilpassa målet om eit moderne transportnett i heile landet. Effektive transport- og kommunikasjonsløysingar er avgjerande for å skape vekst og utvikling i næringslivet og oppretthalde livskraftige lokalsamfunn.

Det overordna målet for regjeringa sin transportpolitikk er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvenleg transportsystem som dekkjer behova samfunnet har for transport og som fremmar regional utvikling. For post og telekommunikasjonar er det eit overordna mål å leggje til rette for eit likeverdig tilbod av grunnleggjande post- og teletenester av høg kvalitet og til rimelege prisar for folk og næringsliv over heile landet, og med eit tilfredsstillande breibandstilbod til alle.

Hovudprioriteringane i Samferdselsdepartementets budsjettforslag for 2013 tek utgangspunkt i hovudmåla for transportpolitikken i St.meld. nr. 16 (2008–2009) Nasjonal transportplan 2010–2019:

  • betre framkome og reduserte avstandskostnader for å styrkje konkurransekrafta i næringslivet og for å bidra til å oppretthalde hovudtrekka i busettingsmønsteret

  • transportpolitikken skal byggjast på ein visjon om at det ikkje skal skje ulykker med drepne eller hardt skadde i transportsektoren

  • transportpolitikken skal bidra til å avgrense klimagassutslepp, redusere miljøskadelege verknader av transport og oppfylle nasjonale mål og dei internasjonale pliktene Noreg har på miljøområdet

  • transportsystemet skal vere universelt utforma.

For å nå måla har regjeringa i Nasjonal transportplan 2010–2019 lagt opp til å løyve 100 mrd. 2009-kr meir til transportsektoren enn i førre tiårsplan. Løyvingane er i åra 2010–2012 trappa opp i samsvar med dette. Saman med forslaget til statsbudsjett for 2013 inneber det ei overoppfylling av dei samla økonomiske rammene for Nasjonal transportplan i første fireårsperiode. Med forslaget har regjeringa på nytt auka løyvingane til veg og jernbane kraftig.

Regjeringa har i forslaget til statsbudsjett for 2013 også starta arbeidet med å følgje opp føringane for transportpolitikken som er gitt i klimameldinga og Stortingets behandling av denne, jf. Meld. St. 21/Innst. 390 S (2011–2012) Norsk klimapolitikk. Arbeidet vil bli følgt opp vidare i stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2014–2023 som blir lagt fram våren 2013.

Betre infrastruktur for veg og jernbane er eit sentralt verkemiddel i regjeringa sitt arbeid for å ta heile landet i bruk og styrkje den langsiktige verdiskapinga. Regjeringa legg i Nasjonal transportplan 2010–2019 opp til å styrkje innsatsen både til nye utbyggingsprosjekt og til drift og vedlikehald.

Med budsjettforslaget legg regjeringa opp til at alle riksvegprosjekta som er prioriterte i første fireårsperiode og, der det ligg føre nødvendige avklaringar, vil vere starta opp ved utgangen av perioden 2010–2013. I tillegg til at fleire nye og store vegprosjekt blir sette i gang, vil ei rekkje store prosjekt bli fullførte i 2013. Dette medverkar til å sikre næringsliv og folk flest føreseielege transportar og redusert reisetid. Rassikring er eit viktig tiltak for å skape eit betre transportsystem, særleg på Vestlandet og i Nord-Noreg. Regjeringa følgjer opp Nasjonal transportplan 2010–2019 med ein kraftig auke i innsatsen til rassikring.

Jernbane er eit av regjeringas satsingsområde. Transportbehovet i byområda aukar som følgje av stor vekst i folketalet, og må hovudsakleg møtast ved å satse meir på kollektivtransport. Den betydelege innsatsen til utbygging av jernbanen som regjeringa legg opp til i Nasjonal transportplan 2010–2019 og innfasinga av nytt togmateriell, blir følgt opp og legg til rette for eit vesentleg betre togtilbod. Innsatsen dei seinare åra for å betre driftsstabiliteten på jernbane gir merkbare resultat i form av betre punktlegheit.

Regjeringa vil sikre eit flyplassnett som gir eit godt tilbod i alle delar av landet. Ordninga med utjamning mellom flyplassar med overskot og flyplassar med underskot blir vidareført. Samferdselsdepartementet vil halde fram med å kjøpe flyruter etter anbod der marknaden ikkje leverer eit tilfredsstillande tilbod.

Avtalen med Hurtigruten ASA sikrar daglege seglingar heile året mellom Bergen og Kirkenes og 32 hamner i mellom.

Regjeringa har eit mål om at talet på drepne eller hardt skadde i vegtrafikken skal reduserast med minst ein tredel i planperioden. Dei siste åra har det vore ein klar reduksjon i talet på drepne og hardt skadde. Betre trafikktryggleik på veg er resultatet av eit målretta trafikktryggleiksarbeid gjennom fleire år, og viser at satsinga på trafikktryggleik har effekt. Regjeringa vil vidareføre den sterke satsinga på tryggleik på vegane. I luftfarten og på jernbane skal det høge tryggleiksnivået oppretthaldast.

Transportpolitikken skal medverke til å redusere miljøskadelege verknader av transport. CO2-avgifta vil framleis vere det viktigaste klimaverkemidlet. Sektoren er òg pålagt drivstoffavgifter og køyretøyavgifter som har stor verknad på utsleppa. M.a. er utsleppa frå nye personbilar redusert med 28 pst. sidan 2006. Regjeringas innsats på jernbane, saman med tiltak som styrkjer lokal kollektivtransport og reduserer bruken av bil i tettbygde strok, medverkar positivt. Med forslaget til budsjett blir løyvinga til belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk i byområda auka kraftig. Gjennom Transnova som no blir eit permanent organ, bidreg regjeringa til å få til ei raskare innføring av ny og meir miljøvenleg transportteknologi. Innsatsen på desse områda er i samsvar med Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk og klimaforliket.

Omfanget av reiser i lokal kollektivtransport er høgare enn nokon gong. Regjeringa held fram innsatsen med å få fleire til å reise kollektivt og til å sykle og gå. Innsatsen til gang- og sykkelvegar blir auka i forslaget til budsjett for 2013.

Regjeringa vil leggje til rette for at transportsystemet så langt som mogleg skal kunne brukast av alle. Arbeidet med å oppgradere haldeplassar og knutepunkt på riksvegnettet til universell utforming og å gjere togstasjonar tilgjengelige held fram. Tiltaka medverkar til å heve kvaliteten og gjere kollektivtransport meir attraktivt for alle.

Gjennom offentleg regulering og konsesjonsvilkår vil regjeringa sikre eit landsdekkjande tilbod om formidling av leveringspliktige posttenester. Regjeringa vil sikre likeverdige kvalitetstenester til same pris over heile landet. Dette inneber m.a. rask framsending av prioritert post, omdeling av post seks dagar i veka og einskapsporto, noko som kan oppretthaldast m.a. ved å halde fast på Postens einerett for brev under 50 g. Det blei våren 2012 lagt fram ei ny eigarmelding for Posten Norge AS, jf. Meld. St. 18 (2011–2012).

Den digitale allemannsretten er viktig for å redusere avstandsulemper og gjere det mogleg for alle innbyggjarane å finne informasjon, kommunisere og bruke offentlege elektroniske tenester til å utføre viktige daglege gjeremål. Med ein dekningsgrad for husstandane på nær 100 pst. for mobiltelefontenesta og fast og trådlaust breiband har Noreg eit av dei best utbygde ekomnetta i verda. Regjeringa vil likevel halde fram arbeidet, slik at alle husstandar skal få eit tilbod om tilgang til ei breibandsteneste med høveleg minstekvalitet. Samstundes er det òg viktig for regjeringa å leggje til rette for breiband med tilstrekkeleg kapasitet til å møte framtidige behov innan skule, helsesektoren, næringsliv og hushald over heile landet. Regjeringa vil arbeide med tiltak for å gjere netta meir robuste, for å redusere risikoen for at ekomtenestene sviktar ved uvêr og uventa hendingar.

1.2 Hovudprioriteringar i budsjettet for 2013

 

(i 1 000 kr)

Kat.

Betegnelse

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

Pst. endr. 2012/13

21.10

Administrasjon m.m.

447 500

442 700

-1.1

21.20

Luftfartsformål

977 500

956 200

-2,2

21.30

Vegformål

16 255 200

21 047 300

29,5

21.40

Særskilde transporttiltak

1 231 600

1 532 800

24,5

21.50

Jernbaneformål

12 540 500

14 367 700

14,6

Sum programområde 21

31 452 300

38 346 700

21,9

21.30

Vegformål ekskl. kompensasjon for oppheving av vegfritaket

16 255 200

17 838 600

9,7

22.10

Post og telekommunikasjonar

297 800

555 300

86,5

Sum programområde 22

297 800

555 300

86,5

Sum Samferdselsdepartementet

31 750 100

38 902 000

22,5

Sum Samferdselsdepartementet ekskl. kompensasjon for oppheving av vegfritaket

31 750 100

35 693 300

12,4

Samferdsel og transportinfrastruktur er blant regjeringas satsingsområde i statsbudsjettet for 2013. Det blir foreslått eit samferdselsbudsjett på om lag 38,9 mrd. kr. Av dette er om lag 3,2 mrd. kr kompensasjon på Statens vegvesens budsjett som følgje av forslaget om å oppheve vegfritaket i meirverdiavgiftslova. Korrigert for den tekniske omlegginga, er det foreslått eit samla budsjett på om lag 35,7 mrd. kr, ein auke på om lag 3,9 mrd. kr eller 12,4 pst. frå saldert budsjett 2012. I tillegg til oppfølging av Nasjonal transportplan 2010–2019, inneber budsjettet også ei oppfølging av Meld. St. 21/ Innst. 390 S (2011–2012) Norsk klimapolitikk.

Meirverdiavgiftslova inneheld fritak ved omsetning av tenester som gjeld offentleg veg og baneanlegg. Sidan den opphavlege grunngivinga for fritaka ikkje lenger gjer seg gjeldande, foreslår regjeringa å oppheve fritaket med verknad frå 1. januar 2013, jf. Prop. 1 LS (2012–2013). Forslaget inneber auka meirverdiavgiftskostnader for Statens vegvesen som blir foreslått kompensert gjennom auka løyvingar. Opphevinga av fritaket påverkar ikkje Jernbaneverkets budsjett. Både for Statens vegvesen og næringslivet vil opphevinga av fritaket innebere administrative forenklingar.

Statsbudsjettet for 2013 er siste år i første fireårsperiode for Nasjonal transportplan 2010–2019. Regjeringas budsjettforslag for 2013 inneber meir enn 100 pst. oppfølging av dei samla økonomiske rammene i Nasjonal transportplan for perioden 2010–2013 for både Statens vegvesen og Jernbaneverket.

Det er for perioden 2010–2013 samla lagt opp til eit betydeleg høgare nivå på innsatsen til drift og vedlikehald enn opphavleg planlagt, med om lag 2,3 mrd. meir for Statens vegvesen og om lag 2 mrd. kr meir for Jernbaneverket.

Særleg budsjetta til investeringar i transportinfrastruktur vil auke frå 2012 til 2013, med 10,3 pst. for Statens vegvesen (ekskl. kompensasjon for meirverdiavgift) og 30,3 pst. for Jernbaneverket. For Statens vegvesen kjem i tillegg om lag 9,3 mrd. kr i bompengar til statlege prosjekt. Dette vil innebere eit høgt aktivitetsnivå med anlegg over heile landet.

Med budsjettforslaget for 2013 vil alle vegprosjekta som opphavleg var planlagt starta i planperioden 2010–2013, og som det planteknisk har vore mogleg å starte opp, bli starta opp med løyvingar og/eller bompengar. Innafor jernbanebudsjettet blir vidareføring av dei store prosjekta i InterCity-triangelet prioritert.

Rassikring er eit særskilt viktig satsingsområde. Med budsjettforslaget for 2013 vil innsatsen på rassikring liggje over 1 mrd. 2009-kr årleg som var lova i Nasjonal transportplan (ekskl. kompensasjon for meirverdiavgift).

Budsjettforslaget for 2013 følgjer òg opp Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk, og Stortingets vedtak i samband med behandlinga av meldinga. I samsvar med klimaforliket er det foreslått å auke løyvinga til belønningsordninga, med 250 mill. 2012-kr. Løyvinga aukar med 63,8 pst. frå saldert budsjett 2012. Som ein del av den auka statlege satsinga på kollektivtransport blir det foreslått å løyve om lag 2,9 mrd. kr til statleg kjøp av persontransporttenester med tog, ein auke på over 400 mill. kr frå saldert budsjett 2012.

Stortinget vedtok hausten 2011 endringar i vegtrafikkloven som gir Samferdselsdepartementet mynde til å fastsetje forskrift om særlege sikringstiltak ved skuleskyss i buss. Regjeringa foreslår at forskrifta blir vedteke innan 1. januar 2013 og tek til å gjelde frå 1. juli 2013. Det er i statsbudsjettet for 2013 foreslått avsett 20 mill. kr som kompensasjon for meirutgifter som følgjer av krav i forskrifta, jf. omtale i Kommunal- og regionaldepartementets Prop. 1 S (2012–2013).

1.3 Nærare om budsjettforslaget

Utgifter fordelt på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

Pst. endr. 12/13

Administrasjon m.m.

1300

Samferdselsdepartementet

193 295

199 600

207 200

3,8

1301

Forskning og utvikling mv.

214 343

247 900

235 500

-5,0

Sum kategori 21.10407 638447 500442 700-1,1

Luftfartsformål

1310

Flytransport

679 895

705 600

673 000

-4,6

1311

Tilskudd til regionale flyplasser

37 961

27 400

30 900

12,8

1313

Luftfartstilsynet

196 956

183 900

189 800

3,2

1314

Statens havarikommisjon for transport

61 870

60 600

62 500

3,1

Sum kategori 21.20976 682977 500956 200-2,2

Vegformål

1320

Statens vegvesen

15 746 316

16 255 200

21 047 300

29,5

Sum kategori 21.3015 746 31616 255 20021 047 30029,5

Særskilte transporttiltak

1330

Særskilte transporttiltak

787 686

1 231 600

1 532 800

24,5

Sum kategori 21.40787 6861 231 6001 532 80024,5

Jernbaneformål

1350

Jernbaneverket

10 078 738

9 948 200

11 372 700

14,3

1351

Persontransport med tog

2 250 046

2 516 700

2 921 300

16,1

1354

Statens jernbanetilsyn

55 274

75 600

73 700

-2,5

Sum kategori 21.50

12 384 058

12 540 500

14 367 700

14,6

Sum programområde 2130 302 38031 452 30038 346 70021,9

Post og telekommunikasjoner

1370

Posttjenester

345 000

89 000

353 000

296,6

1380

Post- og teletilsynet

195 480

208 800

202 300

-3,1

Sum kategori 22.10

540 480

297 800

555 300

86,5

Sum programområde 22

540 480

297 800

555 300

86,5

Sum utgifter

30 842 860

31 750 100

38 902 000

22,5

Inntekter fordelt på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

Pst. endr. 12/13

Administrasjon m.m.

4300

Samferdselsdepartementet

5 489

2 200

2 300

4,5

Sum kategori 21.105 4892 2002 3004,5

Luftfartsformål

4312

Oslo Lufthavn AS

444 370

444 400

444 400

0,0

4313

Luftfartstilsynet

131 222

133 500

140 400

5,2

4314

Statens havarikommisjon for transport

400

5619

Renter av lån til Oslo Lufthavn AS

226 993

201 800

157 800

-21,8

5622

Aksjer i Avinor AS

504 000

502 000

438 000

-12,7

Sum kategori 21.201 306 9851 281 7001 180 600-7,9

Vegformål

4320

Statens vegvesen

789 177

489 000

505 100

3,3

4322

Svinesundsforbindelsen AS

20 000

20 000

25 000

25,0

5624

Renter av Svinesundsforbindelsen AS

33 882

33 000

32 000

-3,0

Sum kategori 21.30843 059542 000562 1003,7

Jernbaneformål

4350

Jernbaneverket

728 753

630 800

654 600

3,8

4354

Statens jernbanetilsyn

990

14 500

15 000

3,4

5611

Aksjer i NSB AS

146 500

76 000

176 000

131,6

5623

Aksjer i Baneservice AS

2 200

5 300

-100,0

Sum kategori 21.50

878 443

726 600

845 600

16,4

Sum programområde 213 033 9762 552 5002 590 6001,5

Post og telekommunikasjoner

4370

Posttjenester

397 600

4380

Post- og teletilsynet

159 525

171 800

164 400

-4,3

5618

Aksjer i Posten Norge AS

138 000

156 000

217 000

39,1

Sum kategori 22.10

695 125

327 800

381 400

16,4

Sum programområde 22

695 125

327 800

381 400

16,4

Sum inntekter

3 729 101

2 880 300

2 972 000

3,2

Administrasjon, forsking og utvikling

Samla budsjettforslag til administrasjon m.m. er på 442,7 mill. kr. Løyvinga omfattar drift av departementet, deltaking i internasjonale organisasjonar, tilskot til Trygg Trafikk, Syklistenes Landsforening, ITS Norge og departementet sitt arbeid med samferdselsberedskap, og utgjer til saman 207,2 mill. kr.

Vidare omfattar programkategorien løyvingar til utgreiingar, forsking og Transnova-prosjektet. Departementet sin forskingsstrategi er utgangspunktet for mål og prioriteringar av forskingsinnsatsen. Samla er det foreslått å løyve 235,5 mill. kr. Til Transnova-prosjektet er det foreslått 77,2 mill. kr. Av denne løyvinga er 20 mill. kr ein del av satsinga til miljøteknologiprogrammet.

Luftfartsformål

Samla budsjettforslag for luftfartsformål er 956,2 mill. kr.

Det er budsjettert med 673 mill. kr til kjøp av flytransport, ein reduksjon på 32,6 mill. kr frå saldert budsjett 2012. Dei samla kostnadene til dei nye kontraktane er reduserte samanlikna med tidlegare kontraktar.

Til Luftfartstilsynet er det i 2013 foreslått å løyve 189,8 mill. kr og til Statens havarikommisjon for transport 62,5 mill. kr.

Det er budsjettert med eit utbyte frå Avinor AS på 438 mill. kr.

Vegformål

Til vegformål er det i alt foreslått å løyve 17,8 mrd. kr, ekskl. 3,2 mrd. kr i kompensasjon ved opphevinga av vegfritaket. Forslaget inneber ein auke på om lag 1,6 mrd. kr eller 9,7 pst. frå saldert budsjett 2012. Alle budsjettal for 2013 nedafor er ekskl. kompensasjon for meirverdiavgift.

Samla budsjettforslag for Statens vegvesen gir etter siste året i planperioden 2010–2013 ei oppfølging av planramma på 100,3 pst.

Det er foreslått om lag 8,3 mrd. kr til drift og vedlikehald av riksvegar og trafikant- og køyretøytilsyn, ein auke på 810,1 mill. kr eller 10,9 pst. frå saldert budsjett 2012.

Til riksveginvesteringar på post 30 er det foreslått om lag 6,8 mrd. kr i 2013, som er ein auke på om lag 1,1 mrd. kr eller 20,4 pst. frå saldert budsjett 2012. I tillegg kjem investeringsmidlar til Bjørvika og prosjekta E16 over Filefjell og E6 vest for Alta, som er førte på eigne investeringspostar.

Det er prioritert statlege midlar til anleggsstart eller førebuande arbeid på desse nye prosjekta i 2013:

  • E39 Eiganestunnelen i Rogaland (føreset at Stortinget sluttar seg til opplegg for finansiering)

  • E39 Dregebø – Grytås og Birkeland – Sande N i Sogn og Fjordane

  • E39 Svegatjørn – Rådal i Hordaland (føreset at Stortinget sluttar seg til opplegg for finansiering)

  • E134 Damåsen – Saggrenda i Buskerud (føreset at Stortinget sluttar seg til opplegg for finansiering)

  • E134 Gvammen – Århus i Telemark

  • Rv 5 Loftesnesbrua i Sogn og Fjordane

  • E6 Oppdal sentrum i Sør-Trøndelag

  • E6 Kråkmofjellet i Nordland

  • E8 Riksgrensen – Skibotn i Troms

  • E105 Elvenes – Hesseng i Finnmark

  • E16 Varpe bru – Smedalsosen, i Oppland, Sogn og Fjordane

  • E6 Halselv – Sandelv – Møllnes i Finnmark.

I tillegg er det innafor vedtekne bypakkar lagt til grunn bompengar til anleggsstart eller førebuande arbeid på desse nye større riksvegprosjekta i 2013 (over 100 mill. kr):

  • Rv 22 Lillestrøm – Fetsund i Akershus

  • E18 Ombygging ved Høvik stasjon i Akershus

  • E16 Sandvika – Wøyen i Akershus.

Nærare utgreiingar og ekstern kvalitetssikring av ei rekkje større prosjekt blir gjennomført. Regjeringa vil vurdere desse prosjekta nærare, inkludert tilrådingane frå kvalitetssikringsarbeidet, og deretter kome tilbake til Stortinget. Regjeringa vil vurdere bompengeproposisjonar i 2013 m.a. for desse større prosjekta:

  • E18 Knapstad – Akershus grense i Østfold

  • E18 Bommestad – Sky i Vestfold

  • E134 Stordalstunnelen i Hordaland

  • E6 Ringebu – Otta, strekninga Frya – Sjoa, i Oppland

  • Rv 4 Gran – Jaren, inkl. Lygna sør, i Oppland

  • E6 Helgeland i Nordland, første etappe.

Regjeringa tek vidare sikte på å vurdere følgjande bompengeproposisjonar i 2013:

  • Miljøpakke Trondheim, fase 2, i Sør-Trøndelag

  • Bypakke Bodø i Nordland

  • Vegpakke Harstad i Troms.

I 2013 blir desse større riksvegprosjekta opna for trafikk:

  • E39 Knutset – Høgset i Møre og Romsdal

  • E39 Astad – Knutset i Møre og Romsdal

  • Rv 13/rv 7 Hardangerbrua i Hordaland

  • E16 Nestunnelen i Buskerud (omfattande utbetring av eksisterande veg)

  • E16 Omlegging forbi Voss (Vossapakka) i Hordaland

  • E6 Øyer – Tretten i Oppland

  • Rv 150 Ulvensplitten – Sinsen i Oslo

  • E6 Sentervegen – Tonstad i Sør-Trøndelag

  • E6 Værnes – Kvithammar i Nord-Trøndelag

  • E6 Harran – Nes bru i Nord-Trøndelag

  • Rv 80 Løding – Vikan i Nordland

  • E39 Hjartåberga i Møre og Romsdal

  • Rv 13 Tysdalsvartnet i Rogaland

  • E6 Møllnes – Kvenvik – Hjemmeluft og Sansnes – Halselv i Finnmark.

Rassikring på veg er viktig for gjere vegane meir pålitelege og trygge, og er eit område som regjeringa prioriterer. Regjeringa varsla i Nasjonal transportplan 2010–2019 ein kraftig auke i rassikringsinnsatsen både på riksvegnettet og det nye fylkesvegnettet. Av midlane til rassikring er 550,8 mill. kr avsett til fylkesvegnettet i 2013. På riksvegnettet er det avsett 819,3 mill. kr. Det vil vere eit svært høgt aktivitetsnivå ved inngangen til 2013.

Det blir foreslått å setje av 748,2 mill. kr i statlege midlar til trafikktryggleikstiltak, noko som er betydeleg meir enn det som blei sett av i den økonomiske ramma i Nasjonal transportplan for perioden 2010–2013. Midlane vil i hovudsak bli nytta til tiltak for å hindre dei alvorlegaste ulykkene på riksvegnettet som møteulykker, utforkøyringsulykker og ulykker med påkøyrsel av mjuke trafikantar. Ein stor del av midlane i 2013 vil bli nytta til å vidareføre tiltak.

Regjeringa legg opp til å auke innsatsen til gang- og sykkelvegar på vegbudsjettet. Det er foreslått å setje av 351,2 mill. kr til dette, ein auke på om lag 50 mill. kr frå saldert budsjett 2012. Til kollektivtiltak og tiltak for universell utforming blir det sett av 105,6 mill. kr.

Regjeringa foreslår at det innafor rentekompensasjonsordninga for fylka i 2012 kan bli gitt tilsegn om rentekompensasjon tilsvarande ei investeringsramme på 2 mrd. kr. Til riksvegferjedrifta er det budsjettert med 525,1 mill. kr.

Særskilde transporttiltak

Det er foreslått eit samla budsjett på 1 532,8 mill. kr til særskilde transporttiltak, ein auke på 301,2 mill. kr eller 24,5 pst. frå saldert budsjett 2012.

Det er avsett 758,9 mill. kr til særskilt tilskot til kollektivtransport. Av dette er 673,1 mill. kr sett av til belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bruk av bil i byområda.

Til tilgjengetiltak og forsøk med kollektivtransport i distrikta er det sett av høvesvis 45,8 mill. kr og 25 mill. kr. For å medverke til å utvikle nasjonal forvaltning av system for elektronisk billettering er det sett av inntil 5 mill. kr. Departementet held fram med forsøksordninga med eit forbetra tilbod til TT-brukarar med særlege behov. Det er avsett 10 mill. kr til ordninga i 2013.

Det er foreslått å løyve 773,9 mill. kr i 2013 til å vidareføre avtalen mellom Samferdselsdepartementet og Hurtigruten ASA for kystruta Bergen – Kirkenes. Avtalen sikrar daglege seglingar heile året mellom Bergen og Kirkenes og til 32 hamner i mellom.

Jernbaneformål

I budsjettforslaget held regjeringa fram med å styrkje innsatsen på jernbanen. Det er til saman foreslått å løyve 14,4 mrd. kr til jernbaneformål, ein auke på om lag 1,8 mrd. kr eller 14,6 pst. frå saldert budsjett 2012.

Samla budsjettforslag for Jernbaneverket er på 11,4 mrd. kr, ein auke på 14,3 pst. frå saldert budsjett 2012.

Budsjettforslaget gir etter siste året i planperioden 2010–2013 ei samla oppfølging av planramma på 103,5 pst. Medrekna forslaget for 2013 ligg samla innsats til drift og vedlikehald godt over den økonomiske ramma i Nasjonal transportplan 2010–2019, med ei oppfølging på 110,5 pst.

Løyvingsforslaget til investeringar er ei ytterlegare styrking frå saldert budsjett 2012. Også her er innsatsen trappa opp i perioden, slik at nivået på investeringar, ekskl. prosjektet Nytt dobbelspor Oslo–Ski, er over ramma i Nasjonal transportplan.

Regjeringa har styrkt innsatsen til drift og vedlikehald av jernbaneinfrastrukturen vesentleg dei siste åra. For 2013 foreslår regjeringa 5,2 mrd. kr til drift og vedlikehald, eksl. Gardermobanen, ei vidareføring av det høge nivået i saldert budsjett 2012. Denne vidareføringa er nødvendig for å halde fram arbeidet med å betre standarden på infrastrukturen og gjere togtrafikken meir påliteleg.

Det er budsjettert med 6,1 mrd. kr til investeringar i lina, inkl. planlegging av prosjektet Nytt dobbeltspor Oslo–Ski (Follobanen) som er ført på eigen post. Dette er ein auke på 1,4 mrd. kr eller heile 30 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2012.

Løyvinga gjer det mogleg å vidareføre dei store anleggsprosjekta i 2013. Midlar til desse store prosjekta er prioritert:

  • dobbeltspor Farriseidet – Porsgrunn

  • dobbeltspor Langset – Kleverud (Fellesprosjektet Dovrebanen – E6)

  • dobbeltspor Holm – Holmestrand – Nykirke

  • Follobanen – prosjektering og grunnerverv

  • nytt og betre togtilbod på Austlandet – infrastrukturtiltak ved ruteomlegging og innfasing av nye tog.

Regjeringa er oppteken av å sikre eit godt og stabilt jernbanetilbod. Det er foreslått å løyve 2,9 mrd. kr til statleg kjøp av persontransporttenester med tog i 2013. Dette er ein auke på 404,6 mill. kr eller 16,1 pst. frå saldert budsjett for 2012. Auken heng i stor grad saman med ei gradvis innføring av nytt togmateriell og gradvis innføring av ny grunnrutemodell på Austlandet. I tillegg til å dekkje togtilbodet frå NSB AS omfattar løyvinga i 2013 persontransporttenester på Gjøvikbanen, Bratsbergbanen, Ofotbanen og på strekninga Oslo – Karlstad – Stockholm.

Til Statens jernbanetilsyn er det foreslått å løyve 73,7 mill. kr i 2013. Statens jernbanetilsyn tok over tilsynsansvaret for tau- og kabelbanar og park- og tivolianlegg frå Det norske Veritas i januar 2012. Av løyvinga til Statens jernbanetilsyn er det avsett 15 mill. kr til tilsynet med tau- og kabelbanar og tivoli og parkanlegg i 2013.

Det er budsjettert med eit utbyte på 176 mill. kr frå NSB AS.

Post og telekommunikasjonar

Til post og telekommunikasjonar samla er det budsjettert med utgifter på 555,3 mill. kr, ein auke på 257,5 mill. kr eller 86,5 pst. frå saldert budsjett 2012. Auken gjeld statleg kjøp av post- og banktenester. Det er foreslått å løyve 353 mill. kr til dette formålet i 2013. For Post- og teletilsynet er det foreslått å løyve 202,3 mill. kr i 2013.

Det er budsjettert med eit utbyte frå Posten Norge AS på 217 mill. kr.

2 Diverse tabellar

Bruk av stikkordet «kan overførast» på andre postar enn postgruppe 30–49

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2012

Forslag 2013

1301

50

Samferdselsforsking

3 740

142 000

1301

72

Tilskot til miljøvenleg transport, Transnova-prosjektet

98 178

77 200

1310

70

Kjøp av innanlandske flyruter

0

673 000

1311

71

Tilskot til ikkje-statlege flyplassar

0

30 900

1320

23

Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m.

113 772

8 844 500

1320

29

Vederlag til OPS-prosjekt

9 590

411 000

1320

62

Tilskot til rassikring på fylkesvegnettet

361 463

550 800

1320

72

Kjøp av riksvegferjetenester

0

525 100

1330

60

Særskilt tilskot til kollektivtransport

134 892

758 900

1350

23

Drift og vedlikehald

0

5 186 700

1350

25

Drift og vedlikehald av Gardermobanen

11 994

98 000

1351

70

Kjøp av persontransport med tog

33 916

2 921 300

1380

70

Tilskot til teletryggleik og -beredskap

940

27 900

For fleire av postane kan ein forklare stikkordet med at prosjekt/tiltak som får tilskot frå løyvinga over den einskilde posten, kan gå over fleire år. Tilskot blir i hovudsak utbetalt etter framdrift, og sluttutbetaling vil ikkje finne stad før prosjektet er gjennomført. For kap. 1310, post 70, kan stikkordet forklarast med at endringar i rammevilkår som gir grunnlag for nye forhandlingar, og kostnadsendringar som følgje av nye kontraktar, gjer at det kan vere vanskeleg å budsjettere utbetalingane presist for det einskilde året. Løyvinga på kap. 1311, post 71, kan overførast fordi delar av tilskotet blir utbetalt på etterskot.

For 20-postane på kap. 1320 og 1350 er årsaka til stikkordet m.a. at dei blir nytta til tiltak som går ut over budsjettåret, og/eller materiellinnkjøp. Innafor budsjetta til Statens vegvesen og Jernbaneverket er det dessutan i stor grad mogleg å omdisponere midlar mellom dei ulike postane.

Ein del av løyvinga på kap. 1351, post 70, gjeld resultatavhengig tilskot/bonusutbetaling som blir utbetalt etterskotsvis, noko som ikkje alltid skjer i budsjettåret.

Endringar i budsjettet på utgiftskapittel etter saldert budsjett 2012

(i 1000 kr)

Kap.

Post

Prop. S

Innst. S

Saldert budsjett 2012

Endring

Revidert budsjett

1310

70

111

375

705 600

-30 000

675 600

1320

23

111

375

7 437 400

78 700

7 516 100

1320

29

111

375

434 000

-20 000

414 000

1320

30

111

375

5 610 400

70 000

5 680 400

1320

61

111

375

175 000

-50 000

125 000

1350

23

111

375

5 185 600

200 000

5 385 600

1350

30

111

375

4 395 600

100 000

5 495 600

1350

33

111

375

0

26 400

26 400

1370

70

111

375

89 000

90 000

179 000

1380

01

111

375

167 500

-6 500

161 000

1380

70

111

375

27 000

30 000

57 000

Endringar i budsjettet på inntektskapittel etter saldert budsjett 2012

(i 1000 kr)

Kap.

Post

Prop. S

Innst. S

Saldert budsjett 2012

Endring

Revidert budsjett

4380

01

111

375

161 800

-6 500

155 300

5611

85

111

375

76 000

-76 000

0

5618

85

111

375

156 000

120 000

276 000

5622

85

111

375

502 000

-80 200

421 800

5623

85

111

375

5 300

-5 300

0