Prop. 1 S (2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014 — Utgiftskapittel: 1400–1474 og 2465 Inntektskapittel: 4400–4471 og 5578

Til innhaldsliste

Forord

Prop. 1 S (2013–2014) frå Miljøverndepartementet består av fire delar:

Del I presenterer hovudutfordringane i miljøpolitikken og hovudprioriteringar innanfor Miljøverndepartementets budsjett i 2014. Vidare er det gitt eit kort oversyn over miljøpolitiske satsingar i andre departement. Her er òg omtalt oppfølging av oppmodingsvedtaka frå Stortinget.

Del II inneheld budsjettframlegget frå Miljøverndepartementet fordelt på programkategoriar, kapittel og postar. I årets proposisjon er det gjennomført fleire endringar på postnivå for å sikre at økonomiregelverket er overhalde.

I Del III er det presentert ei utfyllande omtale av alle verkemidla og resultatområda med konkrete mål og indikatorar, samt påverknad og politikk. Proposisjonen inneheld ei heilskapeleg omtale av det einskilde resultatområdet og rapporteringa er knytt opp til det einskilde målet med vekt på indikatorane.

Det er eit skilje mellom verkemiddel og dei miljøpolitiske resultatområda. Verkemidla gjeld alle dei miljøpolitiske resultatområda, og dei er eit viktig grunnlag for å kunne oppnå resultat i miljøpolitikken. Verkemidla er delt inn i tre bolkar:

  • Kunnskap og staddata

  • Regelverk og samfunnsplanlegging

  • Internasjonalt samarbeid.

I praksis inneber dette at eksempelvis infrastrukturtiltak i regi av Statens kartverk er omtalt under kunnskap og staddata, og regional planlegging under regelverk og samfunnsplanlegging.

Strukturen og inndelinga i verkemiddel og resultatområde dekkjer breidda i miljøpolitikken på ein heilskapleg måte. Ein kan lese om utfordringane som marin naturforvaltning, akvakultur, tareskog, oljeforureining og strandsona samla under Resultatområde 1 Levande hav og kyst. Samstundes kjem det fram korleis plan- og bygningslova er nytta for å unngå unødig nedbygging i strandsona.

Av dei elleve resultatområda tek resultatområda 1-5 utgangspunkt i den inndelinga av naturen som vi òg finn i Naturindeks for Noreg. Resultatområde 6 dekkjer kulturminne og kulturlandskap. Område 7 Godt bymiljø, og 8 Aktivt friluftsliv, dekkjer leveforhold og naturretta aktivitetar for menneske, mens dei tre siste tek føre seg forureining og annan påverknad både på menneske og natur. Dei elleve resultatområda er som følgjer:

  1. Levande hav og kyst

  2. Livskraftige elvar og innsjøar

  3. Frodige våtmarker

  4. Mangfaldige skogar

  5. Storslått fjellandskap

  6. Verdifulle kulturminne og kulturlandskap

  7. Godt bymiljø

  8. Aktivt friluftsliv

  9. Giftfritt miljø

  10. Rein luft

  11. Stabilt klima

Inndelinga i verkemiddel og resultatområde gjer det mogleg å sortere og samle alle dei ulike problemstillingane i ulike typar kategoriar eller temaområde på ein praktisk måte. Inndelinga i resultatområde legg òg til rette for ein effektiv struktur for formuleringar av mål og resultatoppfølging, både i høve til andre sektorar og internt i miljøforvaltninga. Det enkelte verkemiddel og resultatområde synleggjer Regjeringas miljøpolitiske satsing. Dette speglar seg i nasjonale mål og indikatorar

  • Nasjonale mål er fastsette på bakgrunn av Regjeringas politikk anten i stortingsmeldingar, proposisjonar eller andre politiske dokument. Dei skal vere målbare og vise kva resultat ein skal oppnå på nasjonalt nivå.

  • Indikatorar er knytte til dei nasjonale måla og er utvald reiskap i resultatoppfølginga for å seie noko om miljøtilstanden og utviklinga. Indikatorane skal kunne samanliknast frå år til år og, der det er relevant, i høve til andre land. Utvikling på indikatorane og status på dei nasjonale måla finst òg på Miljøstatus.no.

Del IV gir ei oversikt over organisasjonsendring, fornyingsarbeid og likestilling i miljøforvaltninga.

Til forsida av dokumentet