Prop. 1 S (2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014 — Utgiftskapittel: 1300–1380 Inntektskapittel: 4300–4380, 5611, 5618, 5619, 5622 og 5624

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing og oversikt

1 Mål og hovudprioriteringar

1.1 Regjeringa sine mål med samferdselspolitikken

Regjeringa vil utvikle eit moderne og framtidsretta transportsystem som gjer trafikkutviklinga enklare, raskare og tryggare. Dette vil bidra til å styrkje konkurransekrafta for næringslivet, til eit betre bymiljø og til regional utvikling. Ein robust infrastruktur med god standard vil òg betre trafikktryggleiken og gjere at transportsystemet i størst mogleg grad kan nyttast av alle. Regjeringa vil utvikle transportsystemet slik at dei miljøskadelege verknadene av transport blir avgrensa, og bidra til at Noreg blir omstilt til eit lågutsleppssamfunn.

For post og telekommunikasjonar er det eit overordna mål å leggje til rette for eit likeverdig tilbod av grunnleggjande post- og teletenester av høg kvalitet og til rimelege prisar for folk og næringsliv over heile landet, og med eit tilfredsstillande breibandstilbod til alle.

Regjeringas transportpolitikk er trekt opp i Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023. Innsatsen til drift og vedlikehald og utbygging av transportinfrastruktur har auka monaleg over fleire år. Gjennom Nasjonal transportplan 2014–2023 vil regjeringa ytterlegare auke innsatsen for å betre transportsystemet. Hovudprioriteringane i Samferdselsdepartementets budsjettforslag for 2014 tek utgangspunkt i hovudmåla i Nasjonal transportplan:

  • betre framkome og reduserte avstandskostnader for å styrkje konkurransekrafta for næringslivet og for å bidra til å oppretthalde hovudtrekka i busettingsmønsteret

  • ein visjon om at det ikkje skal skje ulykker med drepne eller hardt skadde i transportsektoren

  • avgrense klimagassutslepp, redusere miljøskadelege verknader av transport og bidra til å oppfylle nasjonale mål og dei internasjonale pliktene Noreg har på helse- og miljøområdet

  • eit transportsystem som er universelt utforma.

For å nå måla har regjeringa i Nasjonal transportplan 2014–2023 lagt opp til ei økonomisk ramme på 508 mrd. 2013-kr i perioden. Dette inneber ein auke av den økonomiske ramma i tiårsperioden med om lag 167 mrd. kr samanlikna med å vidareføre nivået i saldert budsjett 2013. Med forslaget for 2014 har regjeringa starta å fase inn dei auka rammene.

Regjeringa er oppteken av at midlane blir brukt effektivt, og at ein størst mogleg del av ressursane går til investeringar og vedlikehald av transportinfrastrukturen. I Nasjonal transportplan 2014–2023 har regjeringa lagt til grunn at det skal etablerast eit program for effektiviseringsarbeidet i Statens vegvesen og Jernbaneverket. Det er sett som krav at dei to etatane skal effektivisere 10–15 pst. av kostnadene i eiga verksemd. Etatane skal i handlingsprogramma peike ut konkrete tiltak for å redusere kostnader. Effektiviseringsarbeidet i dei to etatane skal dokumentere gevinstar som kan brukast til vedlikehald, fornying og investeringar. Tiltaka skal gjennomførast i planperioden.

Det er eit mål at all vekst i persontransport i storbyområda skal takast av kollektivtransport, sykkel og gange. Den betydelege innsatsen til utbygging av jernbanen som regjeringa legg opp til i Nasjonal transportplan 2014–2023 og innfasinga av nye tog, blir følgt opp og legg til rette for eit vesentleg betre togtilbod. Regjeringa foreslår å auke jernbaneinvesteringane med om lag 3,8 mrd. kr, som er ein auke på 62,8 pst. frå saldert budsjett 2013. Med dette forslaget utgjer investeringane i jernbaneinfrastrukturen 9,9 mrd. kr i 2014. Dei største prosjekta er på InterCity-strekningane, inkludert dobbeltspor Oslo-Ski. I 2014 vil det også bli starta opp og førebudd nye investeringar. Eitt av dei største planleggingsprosjekta i 2014 er utbyggingsstrategi for InterCity-prosjekta.

Riksvegnettet er prega av høg aktivitet med mange investeringsprosjekt som er sette i gang. Desse vil krevje store løyvingar i 2014. I tillegg foreslår regjeringa start eller førebuande arbeid på fleire nye riksvegprosjekt. Fleire prosjekt på riksvegnettet blir opna for trafikk i 2014. Dette medverkar til å sikre næringsliv og folk flest føreseielege transportar og redusert reisetid.

Skredsikring er eit viktig tiltak for å skape eit betre transportsystem, særleg på Vestlandet og i Nord-Noreg. Regjeringa følgjer opp Nasjonal transportplan 2014–2023 med ein kraftig auke i innsatsen til skredsikring. Fornying og vedlikehald av tunnelar på vegnettet er også prioritert.

For 2014 er det venta at ekstern finansiering av tiltak på riksvegar vil utgjere om lag 9,2 mrd. kr. Av dette stiller bompengeselskapa til rådvelde om lag 9 mrd. kr. Pr. 1. juli 2013 var det 75 bompengeprosjekt som enten var i drift eller vedteke bygd.

Spreidd busetnad, lange avstandar og krevjande topografi gjer at luftfarten er viktig i Noreg. Regjeringa vil sikre eit flyplassnett som gir eit godt tilbod i alle delar av landet. Ordninga med utjamning mellom flyplassar med overskot og flyplassar med underskot blir vidareført. Samferdselsdepartementet vil halde fram med å kjøpe flyruter etter anbod der marknaden ikkje leverer eit tilfredsstillande tilbod.

Avtalen med Hurtigruten ASA sikrar daglege seglingar heile året mellom Bergen og Kirkenes og 32 hamner i mellom.

Regjeringa har eit mål om at talet på drepne eller hardt skadde i vegtrafikken skal halverast innan 2024. Dei siste åra har det vore ein klar reduksjon i talet på drepne og hardt skadde. Betre trafikktryggleik på veg er resultatet av eit målretta trafikktryggleiksarbeid gjennom fleire år. I perioden 2005–2012 er talet på drepne og hardt skadde i vegtrafikken redusert med om lag 30 pst., samstundes som det har vore ein trafikkvekst på 12 pst. Det er ei utfordring å halde fram med å redusere talet på drepne og hardt skadde. Utviklinga i perioden januar-august 2013 viser ein auke i talet på drepne samanlikna med same periode i 2012, men er likevel lågare enn gjennomsnittstalet for perioden 2005–2012. Regjeringa vil vidareføre satsinga på tryggleik på vegane. I luftfarten og på jernbane er målet å oppretthalde og styrkje det høge tryggleiksnivået.

Transportpolitikken skal medverke til å redusere miljøskadelege verknader av transport. CO2-avgifta vil framleis vere det viktigaste klimaverkemidlet. Sektoren er òg pålagt drivstoffavgifter og køyretøyavgifter som har stor verknad på utsleppa. Regjeringa si innsats på jernbane, saman med tiltak som styrkjer lokal kollektivtransport og reduserer bruken av bil i tettbygde strok, medverkar positivt. Med forslaget til budsjett blir løyvinga til belønningsordninga for betre kollektivtransport mv. i byområda auka kraftig i tråd med Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk og klimaforliket.

Regjeringa vil leggje til rette for at transportsystemet så langt som mogleg skal kunne brukast av alle. Arbeidet med å oppgradere haldeplassar og knutepunkt på riksvegnettet til universell utforming og å gjere togstasjonar tilgjengelege held fram. Tiltaka medverkar til å heve kvaliteten og gjere kollektivtransport meir attraktivt for alle.

Gjennom offentleg regulering og konsesjonsvilkår vil regjeringa sikre eit landsdekkjande tilbod med formidling av leveringspliktige posttenester. Regjeringa vil sikre likeverdige kvalitetstenester til same pris over heile landet. Dette inneber m.a. rask framsending av prioritert post, omdeling av post seks dagar i veka og einskapsporto, noko som kan oppretthaldast m.a. ved å halde fast på Postens einerett for brev under 50 g.

Den digitale allemannsretten er viktig for å redusere avstandsulemper og gjere det mogleg for alle innbyggjarane å finne informasjon, kommunisere og bruke offentlege elektroniske tenester til å utføre viktige daglege gjeremål. Med ein dekningsgrad for husstandane på nær 100 pst. for mobiltelefontenesta og fast og trådlaust breiband har Noreg eit av dei best utbygde ekomnetta i verda. Den siste dekningsanalysen som er frå 2013, viser at om lag 2 000 husstandar ikkje har noko tilbod om breiband, og at over 99 pst. har tilbod om breiband med 12 Mbit/s. Regjeringa vil halde fram arbeidet, slik at alle husstandar skal få eit tilbod om tilgang til ei breibandsteneste med høveleg minstekvalitet. Post- og teletilsynet vil frå 2014 få ansvaret for å forvalte ei tilskotsordning for breibandsutbygging saman med fylkeskommunane. Regjeringa har som mål å auke den årlege støtta til minimum 150 mill. kr. Dekninga av mobilt breiband vil betrast enda meir ved auksjonen av nye frekvensar i 800 Mhz-bandet, der det er sett krav om minst 98 pst. befolkningsdekning. Prioritet i mobilnettene skal innførast frå 2014.

Regjeringa arbeider vidare med tiltak for å gjere transport- og ekomnetta meir robuste og for å redusere risikoen for at samferdselstenestene sviktar ved uvêr og uventa hendingar.

Oppfølging av Nasjonal transportplan

Den første nasjonale transportplanen blei utarbeidd for perioden 2002–2011. Nasjonal transportplan 2014–2023 er såleis den fjerde transportplanen. Planperioden er 10 år, med hovudvekt på første fireårsperiode. I planen blir det m.a. gjort greie for dei økonomiske rammene for planperioden.

Den første transportplanen hadde ei økonomisk ramme for veg og jernbane på om lag 65 mrd. 2013-kr i perioden 2002–2005. Løyvingane i denne perioden var ikkje tilstrekkelege til å følgje opp planen. I Nasjonal plansportplan 2006–2015 blei rammene auka noko. Regjeringa følgde opp denne planen ved å løyve meir i perioden 2006–2009 enn dei økonomiske rammene tilsa.

Nasjonal transportplan 2010–2019, som regjeringa Stoltenberg II la fram, var ei historisk satsing på veg, bane og sjø. Den samla planramma for perioden var 100 mrd. 2009-kr høgare enn i forrige plan. Regjeringa har overoppfylt planen for perioden 2010–2013. I Nasjonal transportplan 2014–2023 har regjeringa lagt opp til å trappe opp dei økonomiske rammene ytterlegare. Auken er på om lag 50 pst. frå nivået i saldert budsjett 2013.

Medrekna regjeringa sitt forslag til budsjett for 2014 har løyvingane til Statens vegvesen og Jernbaneverket samla auka med i underkant av 90 pst. frå 2005 i faste prisar og justert for forvaltningsreforma som innebar at om lag 17 000 km riksvegar blei overførte til fylka.

Satsinga har gitt resultat. Transportsystemet har sidan 2005 blitt vesentleg oppgradert og modernisert. Reisetidsreduksjonar har medverka til å redusere avstandskostnader. Om lag 1 000 km riksveg er opna eller blir bygd, og talet på km firefelts veg er nær dobla. Trafikktryggleiken på veg har i perioden blitt betre. Med forslaget til 2014-budsjett vil det pr. 1. januar 2015 vere 866 km møtefri riksveg. Halvparten er opna etter 2005.

Driftsstabiliteten er betra og har gitt eit meir påliteleg transportsystem. Ei viktig del av innsatsen i transportsystemet har vore knytt til vedlikehald og fornying av ein jernbane som var nedsliten og eit vegnett med stort vedlikehaldsetterslep. Løyvingane til desse oppgåvene er kraftig auka. Klimaendringar har gitt nye ufordringar i form av flaum og skred. Regjeringa har møtt desse utfordringane med ein innsats til skredsikring til riks- og fylkesvegar som har aldri vore høgare.

Jernbanen har vore eit av dei viktigaste satsingsområda til regjeringa. Sidan 2005 er om lag 100 km jernbane opna eller blir bygd, og talet på km dobbeltspor vil ha auka med over 40 pst. I 2014 foreslår regjeringa eit investeringsbudsjett for jernbane som er nærare 10 mrd. kr. Til samanlikning var jernbaneinvesteringane i 2005 under 2 mrd. kr.

Talet på reiser med kollektivtransport har sidan 2005 auka med 22 pst. og utgjorde i 2012 om lag 540 mill. reiser. For å motivere lokale styresmakter til å satse på kollektivtransport, har regjeringa vidareført og styrkt belønningsordninga for betre kollektivtransport i byområda. I forslaget til 2014-budsjett er ordninga auka med 40,4 pst. frå saldert budsjett 2013.

Infrastrukturen i luftfarten er i hovudsak sjølvfinansierande. I perioden 2002–2012 gjennomførte Avinor monalege investeringar for å sikre utviklinga av eit framtidsretta lufthamnett.

Dei mange prosjekta som er sette i gang vil òg i åra framover bidra til eit raskare, tryggare og meir miljøvenleg transportsystem som er tilgjengeleg for alle.

Figur 1.1 Økonomiske rammer og årlege løyvingar til jernbane og riksvegnettet i 2002–2013. Mrd. 2013-kr

Figur 1.1 Økonomiske rammer og årlege løyvingar til jernbane og riksvegnettet i 2002–2013. Mrd. 2013-kr

1.2 Hovudprioriteringar i budsjettet for 2014

     

(i mill. kr)

Betegnelse

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

21.10 Administrasjon m.m.

450,7

427,1

-5,2

21.20 Luftfartsformål

956,2

973,4

1,8

21.30 Vegformål

21 037,3

22 742,0

8,1

21.40 Særskilte transporttiltak

1 532,8

1 786,6

16,6

21.50 Jernbaneformål

14 367,7

18 703,6

30,2

Sum programområde 21

38 344,7

44 632,7

16,4

22.10 Post og telekommunikasjoner

555,3

601,6

8,3

Sum programområde 22

555,3

601,6

8,3

Sum Samferdselsdepartementet

38 900,0

45 234,3

16,3

Regjeringa foreslår å løyve 45,2 mrd. kr over Samferdselsdepartementets budsjett, ein auke på 6,3 mrd. kr eller 16,3 pst. frå saldert budsjett 2013.

Regjeringa sine hovudprioriteringar er:

  • Følgje opp Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023 for veg, jernbane og belønningsordninga for betre kollektivtransport mv. i byområda

  • Styrkje innsatsen på teletryggleik og -beredskap

  • Støtte til å byggje ut breiband i område der dette ikkje skjer på kommersielt grunnlag.

I Nasjonal transportplan 2014–2023 har regjeringa lagt opp til at løyvingane til infrastruktur på veg og jernbane gradvis skal trappast opp, men slik at dette skal tilpassast det samla økonomiske opplegget i statsbudsjettet. I tabellar som viser oppfølginga av Nasjonal transportplan i perioden 2014–2017 er det på vanleg måte vist gjennomsnittleg ramme for dei neste fire åra. Med gradvis opptrapping vil det da vere normalt å liggje under gjennomsnittet (25 pst.) det første året. Det er dermed òg normalt med ulik oppfølging det første året på dei ulike postane og undernivåa.

Med bakgrunn i at Jernbaneverket no byggjer store prosjekt på InterCity-strekningane er jernbanebudsjettet og jernbaneinvesteringane særleg tilgodesett i statsbudsjettet for 2014. Det er foreslått å løyve 9,9 mrd. kr til jernbaneinvesteringar. Av dette er det foreslått å løyve om lag 1,3 mrd. kr til nytt dobbeltspor Oslo – Ski. Løyvinga til vedlikehaldet av jernbanen er foreslått auka med 15,3 pst. og med hovudvekt på fornying.

Til vegformål og Statens vegvesen er det foreslått å løyve 22,7 mrd. kr, ein auke på 1,7 mrd. kr eller 8,1 pst. frå saldert budsjett 2013. Samla er det foreslått å løyve 11,7 mrd. kr til veginvesteringar, ein auke på 1,1 mrd. kr eller 10,8 pst. frå saldert budsjett 2013. Av dette er det foreslått 1,15 mrd. kr til skredsikring på riksvegar. Saman med løyvinga til skredsikring på fylkesvegar på 564 mill. kr er det ein auke på 197 mill. kr eller 13 pst. frå saldert budsjett 2013. Innsatsen på skredsikring har aldri vore større. I tillegg er det foreslått å løyve 500 mill. kr til fylkesvegar over Kommunal- og regionaldepartementets budsjett. Sistnemnde inngår òg i Nasjonal transportplan 2014–2023. Det er berekna at om lag 9 mrd. kr i bompengar vil bli disponert til riksvegar i 2014. Samla vil Statens vegvesen dermed ha eit svært høgt aktivitetsnivå over heile landet.

Samla forslag til løyvingar for veg, inkl. fylkesvegar, og jernbane til å følgje opp Nasjonal transportplan i 2014 ligg om lag 1,5 mrd. kr høgare enn ei jamn (lineær) opptrapping frå saldert budsjett 2013. Løyvingane til jernbane og fylkesvegar ligg langt over lineær opptrapping. Budsjettforslaget inneber at regjeringa er godt i gang med å følgje opp Nasjonal transportplan 2014–2023, på same måte som regjeringa har oppfylt og til og med overoppfylt dei to tidlegare transportplanane.

Regjeringa foreslår å løyve 945,3 mill. kr til belønningsordninga for betre kollektivtransport mv. i byområda, ein auke på 272,2 mill. kr eller 40,4 pst. frå saldert budsjett 2013. Dette er i tråd med Meld. St. 26 (2012–2013) og klimaforliket i Stortinget, jf. Meld. St. 21/Innst. 390 S (2011–2012) Norsk klimapolitikk.

Vidare foreslår regjeringa å løyve 58,9 mill. kr i tilskot til teletryggleik og -beredskap, ein auke på 31 mill. kr frå saldert budsjett 2013.

Regjeringa har som mål å auke den årlege støtta til å byggje ut breiband til minimum 150 mill. kr. Det er foreslått å løyve 50 mill. kr over Post- og teletilsynets budsjett til slik utbygging i område der kommersielle aktørar ikkje finn det lønsamt. Resten av tilskotet for 2014 er foreslått løyvd over Kommunal- og regionaldepartementets budsjett.

Det er foreslått å auke dei generelle satsane i CO2-avgifta på mineralolje og gass frå om lag 220 kr til om lag 330 kr pr. tonn CO2. Autodiesel som er pålagt vegbruksavgift er halde utafor, medan satsane for innanriks luftfart er foreslått auka med 50 kr pr. tonn CO2. Kollektivtrafikken er kompensert der det følgjer av avtalar om offentlege kjøp. Kompensasjonar over Samferdselsdepartementets budsjett omfattar kjøp av flyruter, riksvegferjetenester og persontransporttenester med tog, samla rekna til 20 mill. kr i 2014.

1.3 Nærare om budsjettforslaget

Utgifter fordelt på kapitler

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

Administrasjon m.m.

1300

Samferdselsdepartementet

205 939

207 200

215 500

4,0

1301

Forskning og utvikling mv.

248 541

243 500

211 600

-13,1

Sum kategori 21.10

454 480

450 700

427 100

-5,2

Luftfartsformål

1310

Flytransport

655 714

673 000

681 000

1,2

1311

Tilskudd til regionale flyplasser

27 477

30 900

35 000

13,3

1313

Luftfartstilsynet

193 639

189 800

194 000

2,2

1314

Statens havarikommisjon for transport

60 417

62 500

63 400

1,4

Sum kategori 21.20

937 247

956 200

973 400

1,8

Vegformål

1320

Statens vegvesen

17 204 502

21 037 300

22 742 000

8,1

Sum kategori 21.30

17 204 502

21 037 300

22 742 000

8,1

Særskilte transporttiltak

1330

Særskilte transporttiltak

1 377 685

1 532 800

1 786 600

16,6

Sum kategori 21.40

1 377 685

1 532 800

1 786 600

16,6

Jernbaneformål

1350

Jernbaneverket

10 706 364

11 372 700

15 577 800

37,0

1351

Persontransport med tog

2 529 816

2 921 300

3 047 000

4,3

1354

Statens jernbanetilsyn

79 443

73 700

78 800

6,9

Sum kategori 21.50

13 315 623

14 367 700

18 703 600

30,2

Sum programområde 21

33 289 537

38 344 700

44 632 700

16,4

Post og telekommunikasjoner

1370

Posttjenester

179 000

353 000

320 000

-9,3

1380

Post- og teletilsynet

192 602

202 300

281 600

39,2

Sum kategori 22.10

371 602

555 300

601 600

8,3

Sum programområde 22

371 602

555 300

601 600

8,3

Sum utgifter

33 661 139

38 900 000

45 234 300

16,3

Inntekter fordelt på kapitler

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

Administrasjon m.m.

4300

Samferdselsdepartementet

5 425

2 300

2 400

4,3

Sum kategori 21.10

5 425

2 300

2 400

4,3

Luftfartsformål

4312

Oslo Lufthavn AS

444 370

444 400

444 400

0,0

4313

Luftfartstilsynet

129 055

140 400

138 800

-1,1

4314

Statens havarikommisjon for transport

1 059

5619

Renter av lån til Oslo Lufthavn AS

198 381

157 800

116 300

-26,3

5622

Aksjer i Avinor AS

421 800

438 000

478 000

9,1

Sum kategori 21.20

1 194 665

1 180 600

1 177 500

-0,3

Vegformål

4320

Statens vegvesen

771 564

505 100

522 800

3,5

4322

Svinesundsforbindelsen AS

20 000

25 000

25 000

0,0

5624

Renter av Svinesundsforbindelsen AS

32 973

32 000

30 000

-6,3

Sum kategori 21.30

824 537

562 100

577 800

2,8

Jernbaneformål

4350

Jernbaneverket

735 708

654 600

693 000

5,9

4354

Statens jernbanetilsyn

17 083

15 000

13 000

-13,3

5611

Aksjer i NSB AS

176 000

225 000

27,8

Sum kategori 21.50

752 791

845 600

931 000

10,1

Sum programområde 21

2 777 418

2 590 600

2 688 700

3,8

Post og telekommunikasjoner

4380

Post- og teletilsynet

161 193

164 400

162 700

-1,0

5618

Aksjer i Posten Norge AS

276 000

217 000

188 000

-13,4

Sum kategori 22.10

437 193

381 400

350 700

-8,0

Sum programområde 22

437 193

381 400

350 700

-8,0

Sum inntekter

3 214 611

2 972 000

3 039 400

2,3

Administrasjon, forsking og utvikling

Samla budsjettforslag til administrasjon m.m. er på 427,1 mill. kr. Løyvinga omfattar drift av departementet, kontingentar mv. til internasjonale organisasjonar, tilskot til Trygg Trafikk, Syklistenes Landsforening, ITS Norge og lokale trafikktryggleikstiltak, og departementet sitt arbeid med samferdselsberedskap. Dette utgjer til saman 215,5 mill. kr.

Vidare omfattar programkategorien løyvingar til utgreiingar, forsking og Transnova-prosjektet. Departementet sin forskingsstrategi er utgangspunktet for mål og prioriteringar av forskingsinnsatsen. Samla er det foreslått å løyve 211,6 mill. kr i 2014. Av dette er det foreslått 69,6 mill. kr til Transnova-prosjektet.

Luftfartsformål

Samla budsjettforslag for luftfartsformål er 973,4 mill. kr.

Det er budsjettert med 681 mill. kr til kjøp av flytransport. Nye kontraktar som er inngått i 2013 for regionale flyruter i Finnmark og Nord-Troms har marginalt høgare kostnader enn dei tidlegare kontraktane. Til regionale ikkje-statlege flyplassar er det foreslått å løyve 35 mill. kr, m.a. til eit nytt tilskot til Ørland lufthamn. Til Luftfartstilsynet er det foreslått å løyve 194 mill. kr og til Statens havarikommisjon for transport 63,4 mill. kr.

Det er budsjettert med eit utbyte frå Avinor AS på 478 mill. kr.

Vegformål

Til vegformål er det foreslått å løyve i alt 22,7 mrd. kr. Forslaget inneber ein auke på om lag 1,7 mrd. kr eller 8,1 pst. frå saldert budsjett 2013.

Det er foreslått om lag 9,3 mrd. kr til drift og vedlikehald av riksvegar og trafikant- og køyretøytilsyn, ein auke på 502,5 mill. kr eller 5,7 pst. frå saldert budsjett 2013.

Skredsikring er viktig for gjere vegane meir pålitelege og trygge. Det er foreslått å løyve 1 150 mill. kr til skredssikring på riksvegar og 564 mill. kr på fylkesvegar.

Til investeringar på riksvegane er det foreslått å løyve om lag 11,7 mrd. kr, som er ein auke på 10,8 pst. frå 2013. På post 30 Riksveginvesteringar er det foreslått ei løyving på om lag 9,8 mrd. kr, som er ein auke på om lag 658,4 mill. kr eller 7,2 pst. frå saldert budsjett 2013. I tillegg kjem investeringsmidlar til prosjekta E16 over Filefjell, E6 vest for Alta og vegutbygging i Bjørvika, som er førte på eigne postar.

Det er prioritert statlege midlar til anleggsstart eller førebuande arbeid på desse prosjekta i 2014:

  • E18 Riksgrensen – Ørje i Østfold

  • E18 Knapstad – Retvet i Østfold

  • E134 Damåsen – Saggrenda i Buskerud (føreset at Stortinget sluttar seg til opplegg for finansiering)

  • E18 Bommestad – Sky i Vestfold

  • E134 Gvammen – Århus i Telemark

  • E39 Hove – Sandved i Rogaland

  • Rv 508 Sømmevågen i Rogaland

  • E39 Svegatjørn – Rådal i Hordaland (føreset at Stortinget sluttar seg til opplegg for finansiering)

  • Rv 5 Loftesnesbrua i Sogn og Fjordane

  • E6 Indre Nordnes – Skardalen i Troms (skredsikringsprosjekt)

  • Rv 13 Joberget i Hordaland (skredsikringsprosjekt som føreset at Stortinget sluttar seg til eit opplegg for delvis bompengefinansiering ved å utvide Vossapakken)

  • E16 Varpe bru – Otrøosen – Smedalsosen i Sogn og Fjordane.

Det blir teke sikte på anleggstart med bompengar i 2014 på desse prosjekta, med atterhald om at Stortinget sluttar seg til eit opplegg for delvis bompengefinansiering:

  • E134 Seljord – Åmot i Telemark

  • E6 Helgeland nord i Nordland.

Nærare utgreiingar av ei fleire større prosjekt blir no gjennomført. Regjeringa vil vurdere desse prosjekta nærare og deretter kome tilbake til Stortinget på egna måte. Regjeringa har førebels vurdert bompengeproposisjonar og ev. anleggsstart eller førebuande arbeid med bompengar for desse større prosjekta i 2014:

  • Rv 23 Dagslett – Linnes i Buskerud

  • E16 Bagn – Bjørgo i Oppland.

Regjeringa tek vidare sikte på å vurdere bompengeproposisjonar for desse bypakkene i 2014:

  • Bypakke Bodø i Nordland

  • Harstadpakken i Troms.

I 2014 er desse større riksvegprosjekta venta opna for trafikk:

  • E18 Melleby – Momarken i Østfold

  • E16 Kongsvinger – Slomarka i Hedmark

  • E18 Gulli – Langåker i Vestfold

  • E39 Vågsbotn – Hylkje i Hordaland

  • E39 Lavik ferjekai i Sogn og Fjordane

  • E16 Fønhus – Bagn i Oppland

  • E6 Minnesund – Skaberud i Akershus og Hedmark

  • E6 Nidelv bru – Grillstad i Sør-Trøndelag

  • Rv 3 Åsta bru med tilstøtande veg i Hedmark

  • Rv 7 Sokna – Ørgenvika i Buskerud

  • E6 Harran – Nes bru i Nord-Trøndelag.

Det er eit stort behov for å oppgradere tunnelar. Regjeringa foreslår 280 mill. kr til fornyingstiltak. Midlane vil i stor grad bli nytta til tiltak for å ta igjen forfall og følgje opp tunneltryggleiksforskrifta og elektroforskrifta. I 2014 er det foreslått priortert til saman 600 mill. kr til vedlikehald og utbetrings- og fornyingstiltak i tunnelar.

Det er foreslått 882,7 mill. kr i statlege midlar til trafikktryggleikstiltak. Dei vil i hovudsak bli nytta til tiltak for å hindre dei alvorlegaste ulykkene på riksvegnettet som møteulykker, utforkøyringsulykker og ulykker med påkøyrsel av mjuke trafikantar.

Til riksvegferjedrifta er det foreslått å løyve 516,1 mill. kr.

Særskilde transporttiltak

Det er foreslått eit samla budsjett på 1 786,6 mill. kr til særskilde transporttiltak, ein auke på 253,8 mill. kr eller 16,6 pst. frå saldert budsjett 2013.

Til belønningsordninga for betre kollektivtransport mv. i byområda, er det foreslått å løyve 945,3 mill. kr, ein auke på 40,4 pst. frå saldert budsjett 2013.

Det er foreslått å løyve 78,3 mill. kr til særskilt tilskot til kollektivtransport. Ordninga omfattar tilgjengetiltak, forsøk med kollektivtransport i distrikta, forsøk med forbetra tilbod til TT-brukarar med særlege behov og utvikling av system for nasjonal reiseplanleggar og elektronisk billettering.

For å vidareføre avtalen mellom Samferdselsdepartementet og Hurtigruten ASA for kystruta Bergen – Kirkenes er det foreslått å løyve 763 mill. kr. Avtalen sikrar daglege seglingar heile året mellom Bergen og Kirkenes og til 32 hamner i mellom.

Jernbaneformål

I budsjettforslaget foreslår regjeringa ein kraftig auke av innsatsen på jernbane. Det er til saman foreslått å løyve 18,7 mrd. kr til jernbaneformål, ein auke på om lag 4,3 mrd. kr eller 30,2 pst. frå saldert budsjett 2013.

Samla budsjettforslag for Jernbaneverket er på 15,6 mrd. kr, ein auke på 37 pst. frå saldert budsjett 2013.

Regjeringa har styrkt innsatsen til drift og vedlikehald av jernbaneinfrastrukturen vesentleg dei siste åra. For 2014 foreslår regjeringa 5,6 mrd. kr til drift og vedlikehald, eksl. Gardermobanen. Det er nødvendig å halde fram arbeidet med å fornye eksisterande jernbaneinfrastruktur og gjere togtrafikken meir påliteleg. Vedlikehaldet er viktig for å nå måla for driftsstabilitet, og det er foreslått 2,4 mrd. kr til dette formålet. Auken er på om lag 320 mill. kr eller 15,3 pst. frå saldert budsjett 2013.

Det er foreslått å løyve 9,9 mrd. kr til investeringar i ny jernbaneinfrastruktur, som er ein auke på om lag 3,8 mrd. kr eller 62,8 pst. frå saldert budsjett 2013.

Løyvinga gjer det mogleg å prioritere desse store prosjekta i 2014:

  • nytt og betre togtilbud på Austlandet – infrastrukturtiltak ved ruteomlegginga og innfasing av nye tog

  • dobbeltspor Langset – Kleverud (Fellesprosjektet Dovrebanen-E6)

  • dobbeltspor Holm – Holmestrand – Nykirke

  • dobbeltspor Farriseidet – Porsgrunn

  • nytt dobbeltspor Oslo-Ski (Follobanen)

  • modernisering av Trønderbanen og Meråkerbanen (dobbeltspor Hell –Værnes)

  • Vossebanen (Ulriken tunnel og planlegging av dobbeltspor Bergen stasjon – Fløen).

Regjeringa er oppteken av å sikre eit godt og stabilt jernbanetilbod. Det er foreslått å løyve om lag 3 mrd. kr til statleg kjøp av persontransporttenester med tog i 2014. Dette er ein auke på 125,7 mill. kr frå saldert budsjett for 2013. Auken heng i stor grad saman med ei gradvis innføring av nye tog og ny grunnrutemodell på Austlandet frå desember 2014. I tillegg til å dekkje togtilbodet frå NSB AS omfattar løyvinga persontransporttenester på Gjøvikbanen, Bratsbergbanen, Ofotbanen og på strekninga Oslo – Karlstad – Stockholm.

Til Statens jernbanetilsyn er det foreslått å løyve 78,8 mill. kr. I løyvinga inngår 19,2 mill. kr til tilsynet med tau- og kabelbanar og tivoli og moroparkar.

Det er budsjettert med eit utbyte på 225 mill. kr frå NSB AS.

Post og telekommunikasjonar

Til post og telekommunikasjonar samla er det budsjettert med utgifter på 601,6 mill. kr. Det er foreslått å løyve 320 mill. kr til kjøp av post- og banktenester. For Post- og teletilsynet er det foreslått å løyve i alt 281,6 mill. kr. For å gjere ekomnetta meir robuste og styrkje bereskapsevna er det foreslått å løyve 58,9 mill. kr til teletryggleik og beredskap, ein auke på 32,1 mill. kr frå saldert budsjett 2013. Vidare blir det over Samferdselsdepartementets budsjett foreslått å løyve 50 mill. kr i tilskot til breibandsutbygging.

Det er budsjettert med eit utbyte frå Posten Norge AS på 188 mill. kr.

2 Diverse tabellar

Tabell 2.1 Bruk av stikkordet «kan overførast» på andre postar enn postgruppe 30–49

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2013

Forslag 2014

1301

50

Samferdselsforsking

2 808

126 300

1301

72

Tilskot til miljøvenleg transport, Transnova-prosjektet

989 486

69 600

1310

70

Kjøp av innanlandske flyruter

4 810

681 000

1311

71

Tilskot til ikkje-statlege flyplassar

0

35 000

1320

23

Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m.

0

9 347 000

1320

29

Vederlag til OPS-prosjekt

0

433 000

1320

62

Skredsikring fylkesvegar

199 259

564 000

1320

72

Kjøp av riksvegferjetenester

0

516 100

1330

60

Særskilt tilskot til kollektivtransport

68 133

78 300

1330

61

Belønningsordninga for betre kollektivtransport mv. i byområda

0

945 300

1350

23

Drift og vedlikehald

0

5 556 900

1350

25

Drift og vedlikehald av Gardermobanen

5 529

112 400

1351

70

Kjøp av persontransport med tog

20 800

3 047 000

1380

70

Tilskot til teletryggleik og -beredskap

36 078

58 900

For fleire av postane kan ein forklare stikkordet med at prosjekt/tiltak som får tilskot frå løyvinga over den einskilde posten, kan gå over fleire år. Tilskot blir i hovudsak utbetalt etter framdrift, og sluttutbetaling vil ikkje finne stad før prosjektet er gjennomført. For kap. 1310, post 70, kan stikkordet forklarast med at endringar i rammevilkår som gir grunnlag for nye forhandlingar, og kostnadsendringar som følgje av nye kontraktar, gjer at det kan vere vanskeleg å budsjettere utbetalingane presist for det einskilde året. Løyvinga på kap. 1311, post 71, kan overførast fordi delar av tilskotet blir utbetalt på etterskot.

For 20-postane på kap. 1320 og 1350 blir løyvingane m.a. nytta til tiltak som går ut over budsjettåret, og/eller materiellinnkjøp. Innafor budsjetta til Statens vegvesen og Jernbaneverket er det dessutan i stor grad mogleg å omdisponere midlar mellom dei ulike postane.

Ein del av løyvinga på kap. 1351, post 70, gjeld resultatavhengig tilskot/bonusutbetaling som blir utbetalt etterskotsvis. Dette skjer ikkje alltid i budsjettåret.

Tabell 2.2 Endringar i budsjettet på utgiftskapittel etter saldert budsjett 2013

(i 1000 kr)

Kap.

Post

Prop. S

Innst. S

Saldert budsjett 2013

Endring

Revidert budsjett

1320

23

149

470

8 844 500

10 000

8 854 000

1320

29

149

470

411 000

24 000

435 000

1320

30

149

470

9 105 800

95 000

9 200 800

1350

30

149

470

5 261 000

329 000

5 590 000

1354

21

149

470

15 000

3 700

18 700

Tabell 2.3 Endringar i budsjettet på inntektskapittel etter saldert budsjett 2013

(i 1000 kr)

Kap.

Post

Prop. S

Innst. S

Saldert budsjett 2013

Endring

Revidert budsjett

5611

85

149

470

176 000

120 000

296 000

5618

85

149

470

217 000

36 500

253 500

5622

85

149

470

438 000

25 400

463 400