Prop. 119 L (2011–2012)

Endringar i kommunelova m.m. (eigenkontroll mv.)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

I denne proposisjonen gjer Kommunal- og regionaldepartementet framlegg om endringar i kommunelova, lov om interkommunale selskap (IKS-lova), kvitvaskingslova og inndelingslova. Departementet oppnemnde i november 2008 ei arbeidsgruppe som fekk i oppgåve å føreslå tiltak for å styrkje eigenkontrollen i kommunar. Arbeidsgruppa leverte i desember 2009 rapporten 85 tilrådingar for styrkt eigenkontroll i kommunane. Framlegga i denne proposisjonen gjeld i hovudsak føresegner som regulerer eigenkontrollen i kommunane, og har sin bakgrunn i den nemnde arbeidsgrupperapporten. Departementet vil berre nytte omgrepet arbeidsgruppa når det viser til arbeidsgruppa som leverte rapporten med 85 tilrådingar.

Departementet føreslår å lovfeste at møte i kontrollutvalet og styremøte i kommunale føretak som hovudregel skal gå for opne dører. Når det gjeld kontrollutvalet, gjer departementet òg framlegg om at det skal veljast på det konstituerande møtet i kommunestyret.

I proposisjonen føreslår departementet at oppdragsansvarleg rekneskapsrevisor skal underleggjast rapporteringsplikt etter kvitvaskingslova. Departementet gjer òg framlegg om at det skal rapporterast om internkontrollen i årsmeldinga til kommunen.

Departementet føreslår òg ein del endringar i økonomiføresegnene i kommunelova. Departementet gjer vidare framlegg om endringar i visse føresegner om økonomiforvaltninga i interkommunale selskap (IKS-lova). Målet er å harmonisere økonomiføresegnene i IKS-lova med føresegnene i kommunelova.

Til slutt gjer departementet framlegg om endringar i føresegna i inndelingslova som regulerer samansetjinga av fellesnemnda.

Lovframlegga gjeld for både kommunar og fylkeskommunar. For å gjere det enklare, vil departementet nytte omgrepa kommune og kommunestyre som felles nemning for både kommune/fylkeskommune og kommunestyre/fylkesting dersom ikkje noko anna går fram av samanhengen.

Til forsida