Prop. 119 L (2011–2012)

Endringar i kommunelova m.m. (eigenkontroll mv.)

Til innhaldsliste

2 Generelt om høyringa

2.1 Høyringa

Den 27. mai 2011 sende Kommunal- og regionaldepartementet ut på høyring framlegg om endringar i kommunelova, kvitvaskingslova, lov om interkommunale selskap og inndelingslova. Høyringsfristen blei sett til 15. september 2011. Høyringsnotatet var ei oppfølging av arbeidsgrupperapporten 85 tilrådingar for styrkt eigenkontroll i kommunane frå desember 2009. I arbeidet med høyringsnotatet tok departementet utgangspunkt i denne rapporten. Konkrete tilrådingar som gjeld endringar i lover og forskrifter som departementet har ansvar for, blei omtala i høyringsnotatet. I tillegg til å vere ei oppfølging av arbeidsgrupperapporten med framlegg til endringar i eigenkontrollregelverket, inneheldt høyringsnotatet også ein del andre framlegg til lovendringar, mellom anna i økonomiføresegnene i kommunelova og lov om interkommunale selskap.

Det har kome inn 90 høyringsfråsegner. Til mange av framlegga var det få eller ingen innvendingar.

2.2 Høyringsinstansar

Høyringsnotatet blei sendt ut til dei høyringsinstansane som er lista opp nedanfor. Høyringsnotatet blei også lagt ut på internettsida til departementet, slik at instansar og personar som ikkje stod på høyringslista, kunne gje høyringssvar.

  • Departementa

  • Fylkeskommunar

  • Fylkesmenn

  • Kommunar

  • Registrerte politiske parti

  • Sametinget

  • Longyearbyen lokalstyre

  • Riksarkivet

  • Riksrevisjonen

  • Statistisk sentralbyrå

  • Sysselmannen på Svalbard

  • Direktoratet for arbeidstilsynet

  • Direktoratet for naturforvaltning

  • Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap

  • Helsedirektoratet

  • NAV

  • Riksantikvaren

  • Rikstrygdeverket

  • Skattedirektoratet

  • Toll- og avgiftsdirektoratet

  • Utdanningsdirektoratet

  • Utlendingsdirektoratet

  • Vegdirektoratet

  • Barneombodet

  • Forbrukarombodet

  • Likestillings- og diskrimineringsombodet

  • Sivilombodsmannen

  • Datatilsynet

  • Helsetilsynet

  • Klima- og forureiningsdirektoratet

  • Konkurransetilsynet

  • Kredittilsynet

  • Mattilsynet

  • Forbrukarrådet

  • Kommunal landspensjonskasse

  • Kommunalbanken

  • Statens pensjonskasse

  • Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi)

  • Innovasjon Noreg

  • SIVA Selskapet for industrivekst

  • Handelshøyskolen BI

  • Høgskolen i Bodø

  • Høgskolen i Oslo

  • Noregs forskingsråd

  • Norges Handelshøyskole NHH

  • NTNU

  • Universitetet for miljø- og biovitskap

  • Universitetet i Agder

  • Universitetet i Bergen

  • Universitetet i Oslo

  • Universitetet i Stavanger

  • Universitetet i Tromsø

  • Arbeidsgiverforeningen Spekter

  • Finansnæringens Arbeidsgiverforening

  • Finansnæringens Hovedorganisasjon

  • Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon

  • KS – Kommunesektorens arbeidsgivar- og interesseorganisasjon

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

  • Sparebankforeningen

  • Verdipapirfondenes forening

  • Akademikerne

  • Delta

  • Fagforbundet

  • Fellesforbundet

  • Finansforbundet

  • Landsorganisasjonen i Noreg

  • NITO

  • Norsk Sykepleierforbund

  • Unio

  • Utdanningsforbundet

  • Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund

  • Den Norske Advokatforening

  • Den Norske Dommerforening

  • Den norske legeforening

  • Den norske Revisorforening

  • Den norske tannlegeforening

  • Forbund for kommunal økonomiforvaltning og skatteinnfordring

  • Friluftsrådenes Landsforbund

  • Norges Kulturvernforbund

  • Norsk Journalistlag

  • Norsk Presseforbund

  • Norsk Psykologiforening

  • Norsk Redaktørforening

  • Folkehelseinstituttet

  • Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon

  • Nasjonalforeningen for folkehelsen

  • Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening

  • Norges Handikapforbund

  • Norges idrettsforbund

  • Norges Juristforbund

  • Norges Kommunerevisorforbund

  • Norges Velforbund

  • Norsk Kommunalteknisk Forening

  • Norsk pasientforening

  • Norsk Rådmannsforum

  • NORVAR – Norsk VA-verkforening

  • Pensjonistforbundet

  • Private Barnehagers Landsforbund

  • Samarbeidsorganet av funksjonshemmedes organisasjoner, c/o Norges Handikapforbund, Statens råd for funksjonshemmede

  • Elevorganisasjonen

  • Foreldreutvalet for grunnopplæringa

  • Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar

  • Norsk Forening for Bolig- og Byplanlegging

  • Samarbeidsrådet for yrkesopplæring

  • Forum for kontroll og tilsyn

Til forsida av dokumentet