Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 136 S (2012–2013)

Endringar i statsbudsjettet 2013 under Forsvarsdepartementet (Investeringar i Forsvaret og andre saker)

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Føremålet med denne proposisjonen er å be om Stortinget si godkjenning til å starte opp sju nye investeringsprosjekt, byrje hovudanskaffinga av kampfly, vidareutvikle spesialstyrkane og å orientere Stortinget om nokre andre prosjekt og tiltak.

Proposisjonen har følgjande innhald:

  • Godkjenning av kostnadsramme for sju nye eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt (kapittel 1710, post 47): Bardufoss – helikopterbase, Bardufoss - fornying og auke av kapasiteten til infrastrukturen i Rusta leir, Haakonsvern - etablering av helikopterdetasjement, Haakonsvern - administrasjonsbygg og fleirbrukshallar til Marinejegerkommandoen, Haakonsvern - nytt administrasjonsbygg for Forsvarets logistikkorganisasjon, Rena - nytt bygg for dropp- og fallskjermmateriell og Bodø hovudflystasjon - utbetring av hovudrullebana.

  • Tingingsfullmakt for å bestille dei seks fyrste F-35 kampflya i hovudleveransen (kapittel 1761, post 45).

  • Vidare utvikling av Forsvarets spesialstyrkar.

  • Saker til informasjon: Logistikkprosjektet i LOS-programmet og status innanfor fleire område av kampflyprogrammet, mellom anna Joint Strike Missile, APEX-ammunisjon og generelt om industrisamarbeid.

Til toppen
Til forsida av dokumentet