Forsida

Prop. 45 S (2010–2011)

Samtykke til å setje i kraft ein overeinskomst mellom Kongeriket Noreg og Republikken Vanuatu om opplysningar i skattesaker underskriven i Canberra 13. oktober 2010

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Den 13. oktober 2010 blei ein overeinskomst mellom Kongeriket Noreg og Republikken Vanuatu om opplysningar i skattesaker underskriven i Canberra. Samtykke til underskriving blei gitt ved kongeleg resolusjon av 24. september 2010. Overenskomsten ble på vegne av Noreg underskriven av ambassadør Siren Gjerme Eriksen og på vegne av Republikken Vanuatu av finans- og økonomiminister Sela Molisa. Overeinskomsten vil tre i kraft 30 dager etter at begge partane har gitt kvarandre melding om at nødvendige skritt er tekne for at avtala kan tre i kraft. Avtal får verknad for straffbare skattesaker frå denne dato og for andre saker frå og med det skatteår som byrjar på eller etter 1. januar i det kalenderåret som fylgjer etter det året da avtala trer i kraft.