Prop. 1 S (2020–2021)

FOR BUDSJETTÅRET 2021 — Utgiftskapittel: 1400–1482 Inntektskapittel: 4400–4481 og 5578

Til innhaldsliste

Del 2
Klima- og miljødepartementets budsjett for 2021

7 Omtale av kapittel og post

Programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m.

Hovudinnhald og prioriteringar

Utgiftene under programkategori 12.10 kan førast tilbake til alle resultatområda. Kategorien omfattar verksemda til Klima- og miljødepartementet medrekna tilskot som blir behandla i departementet, og løyvingar for å sikre ei kunnskapsbasert forvaltning, under dette kartlegging, overvaking og forsking på klima- og miljøområdet og anna arbeid knytt til miljødata. Delar av løyvingane kan bli stilte til disposisjon for etatane som er underlagde departementet når det er naturleg at etatane utfører oppgåvene.

Internasjonalt arbeid

Omtale av Noregs internasjonale arbeid med klima og miljø finst òg under dei ulike resultatområda og dei andre programkategoriane. Omtalen i dette kapittelet gjeld berre internasjonalt arbeid som går på tvers av resultatområda.

Multilateralt klima- og miljøsamarbeid

Mange FN-organ er viktige aktørar i det globale arbeidet med miljø- og klimaspørsmål. Noreg er ein viktig bidragsytar til organisasjonane og programma som har miljø som kjerneoppgåve. Noreg gir i tillegg midlar for å styrkje arbeidet med miljø- og klimaspørsmål og har fortløpande dialog med institusjonane om integrering av miljøomsyn i verksemda deira. Noreg vil i 2021 framleis leggje vekt på å følgje opp Rio+20-vedtaket om å styrkje FNs miljøprogram. Noreg ved klima- og miljøministeren er valt som president for FNs femte miljøforsamling som blir halden i februar 2021. Det blir viktig å nytte dette høvet til å styrkje FNs miljøprogram. Frå norsk side vil vi ha spesiell merksemd på områda marin forsøpling og mikroplast, og ta aktivt del i å utvikle nye verkemiddel og ei ny global avtale for å redusere marin forsøpling. Vi vil òg leggje vekt på arbeidet med ein handlingsplan mot marin plastforsøpling under FNs sjøfartsorganisasjon IMO, og følgje opp Baselkonvensjonens arbeid med endringar i det internasjonale regelverket for plastavfall. Klima, naturmangfald og marin forsøpling er anerkjent som miljøutfordringar som krev sterkare globalt respons. Noreg vil halde fram arbeidet med å utvikle den normative rolla til FNs miljøprogram og sikre eit tettare samarbeid med andre FN-organ. Noreg er òg ein sentral bidragsytar til FNs program for å redusere utslepp gjennom avskoging og skogdegradering i utviklingsland (UN-REDD), og til fleire verdsbankfond som finansierer investeringar for å redusere utslepp frå skog i utviklingsland, til dømes FEPF Karbonfond og BioCarbon-fondet. Sjå omtale av Klima- og skoginitiativet under programkategori 12.70.

FNs berekraftsmål skaper forventningar om at både land og internasjonale organisasjonar skal betre integreringa av dei tre dimensjonane av berekraft (økonomiske, sosiale og miljøvise omsyn) på ei rekkje samfunnsområde. Måla kan såleis gi draghjelp til det globale grøne skiftet og fremje heilskapleg tenking over «silotilnærming». Noreg har oppnådd mykje, men er òg utfordra av ein del av måla. Oppgåva med å følgje opp gjennomføringa av berekraftsmåla globalt årleg er lagd til FNs høgnivåforum for berekraftig utvikling (HLPF), og kvart fjerde år skal leiarane i verda få ei særskild oversikt over framdrifta og område som krev større innsats. Sjå omtale av berekraftsmåla under del III kap. 8.4.

Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) omfattar bevaring og berekraftig bruk av det biologiske mangfaldet på landjorda og i havet, og rettferdig fordeling av utbytte frå bruk av genetiske ressursar. På neste partsmøte skal eit nytt globalt rammeverk for naturen vedtakast. Det nye rammeverket vil erstatte dei 20 Aichimåla som vart vedtekne i 2010. Aichimåla er godt integrerte i Agenda 2030 og i berekraftsmåla, og det er viktig med ei tett kopling mellom berekraftsmåla og andre eksisterande mål for biologisk mangfald i utviklinga av eit nytt strategisk rammeverk.

Noreg deltek aktivt i forhandlingane for å sikre eit effektivt, nytt globalt rammeverk som kan snu den negative trenden med tap av natur. Ei effektiv avtale inneber at landa i verda blir samde om både eit sett med ambisiøse mål og robuste system som gjer at landa i større grad gjennomfører dei nye måla. Noreg arbeider for ei avtale som forpliktar landa til å auke innsatsen over tid. Noreg ønskjer vidare ein utvikling av konvensjonen innanfor berekraftig bruk og har mellom anna retta merksemda mot berekraftige verdikjeder i forhandlingane om det nye rammeverket. Integrering av omsyn til biologisk mangfald i andre sektorar og i alle ledd i verdikjedene er avgjerande for å sikre at den totale belastninga på naturen ikkje blir for stor. Som ein del av dette arbeidet vil Noreg løfte miljøkriminalitet som tema. Noreg arbeider for økosystembaserte tilnærmingar til bevaring av naturen, og bruk av naturbaserte løysingar på klimautfordringa.

Det globale miljøfondet (GEF) skal medverke til at utviklingsland og land med overgangsøkonomi kan nå måla i dei globale miljøavtalene om klima, biologisk mangfald, forørkning, kjemikaliar og kvikksølv. På den måten er GEF med på å betre klima- og miljøtilstanden globalt. I perioden frå juli 2018 til juli 2022 skal om lag 4 mrd. USD fordelast. Noreg har gitt tilsegn på 520 mill. kroner for denne perioden over Utanriksdepartementets budsjett. Behovet for investering er mange gonger større enn GEF-midlane. GEF opererer i dag med gode tal for samfinansiering. I den inneverande perioden ligg GEF godt an til å nå målet om at andre aktørar skal bidra med 7 USD for kvar USD GEF investerer. GEF har i stadig større grad fokusert på store, integrerte program som kan medverke til å nå måla i fleire miljøkonvensjonar samtidig (skogforvaltning, matproduksjon, sirkulærøkonomi osv.).

Noreg deltek i Group on Earth Observation (GEO), som er eit internasjonalt samarbeid for jordobservasjon og samordning av miljødata. Formålet med samarbeidet er å styrkje tilgangen til miljødata for avgjerdstakarar over heile verda for å sikre god miljø- og ressursforvaltning og krisehandtering. GEO er pådrivar for ein fri og open datapolitikk, og det er lagt stor vekt på kapasitetsbygging for å sikre tilgang til data for utviklingsland. Det er etablert fleire flaggskip og initiativ på ulike satsingsområde, mellom anna hav, biodiversitet og landbruk. Sjå nærare omtale av flaggskipet Global Forest Observation Initiative under programkategori 12.70.

Omtale av Noregs hovudinnsatsområde i det internasjonale klimaarbeidet finst under programkategori 12.20 og 12.70.

Miljøkriminalitet

Miljøkriminalitet er eit alvorleg og aukande problem med store negative konsekvensar for naturmangfald og klima. Ei rekkje artar er truga av utrydding på grunn av internasjonal flora- og faunakriminalitet. Ulovleg handel med ville artar er anslått til å ha ein verdi på 20 mrd. USD per år. Miljøkriminalitet medverkar òg til tap av inntekter for statar, auka fattigdom, auka ulikskap og underminering av demokratiske institusjonar. Internasjonal miljøkriminalitet er òg knytt til annan organisert kriminalitet, som ulovleg handel med våpen, narkotikasmugling og menneskehandel, og blir nytta til såkalla trusselfinansiering, det vil seie finansiering av terrorgrupper og andre ikkje-statlege væpna grupper. Dette medverkar til å føre vidare ustabilitet i sårbare statar og trugar regional og internasjonal tryggleik.

Regjeringa la våren 2020 fram ei stortingsmelding om miljøkriminalitet. Meldinga presenterer regjeringa sin politikk for å styrkje innsatsen mot miljøkriminalitet, både nasjonalt og internasjonalt. Tiltaka omfattar mellom anna informasjons- og haldningsskapande arbeid, nye sanksjonar, bruk av teknologi og auka tilsyn og kontroll med handel med truga artar, framande artar, genmodifiserte artar og forureining. Internasjonalt blir det viktig å få global merksemd om at miljøkriminalitet er ei grenseoverskridande og alvorleg form for organisert kriminalitet som må sjåast i samanheng med økonomisk kriminalitet som korrupsjon, kvitvasking, dokumentfalsk, skatteunndraging og tollsvindel. Tiltaka her omfattar utvikling av internasjonal politikk, internasjonal rettsutvikling, utviklingspolitiske verkemiddel, arbeid i internasjonale organisasjonar og sivilsamfunn og netthandel, verdikjedesporing og handelsavtaler.

Medverknad i EU-samarbeidet og effektiv gjennomføring av EØS-rettsakter

Klima- og miljødepartementet har som mål å medverke til ein ambisiøs klima- og miljøpolitikk i EU. EU har ei klar pådrivarrolle i det internasjonale klima- og miljøsamarbeidet, og ein stor del av EUs klima- og miljøpolitikk blir innlemma i norsk regelverk som følgje av EØS-avtala. Von der Leyen-kommisjonen har European Green Deal som ei av dei politiske hovudsakene sine. Dette er EUs grøne vekststrategi, der målet om nettonull utslepp i EU i 2050 skal vere styrande for eit gjennomgripande grønt skifte som også skal fremje ein sirkulær økonomi og ta vare på natur og miljø. European Green Deal skal følgjast opp av 47 ulike politikkforslag, og fleire av dei vil vere på område som er omfatta av EØS-avtala. Norske interesser i European Green Deal omfattar område som klima, avfall og sirkulær økonomi, plast og marin forsøpling, kjemikaliar og grøn finans.

Påverknadsarbeidet overfor EU skjer gjennom å delta i Kommisjonens ekspertgrupper og komitear, politiske møte med Kommisjonen og Europaparlamentet, andre innspel til sentrale aktørar i EU, og gjennom å delta i ambisiøse «vennegrupper» som REACH UP-gruppa på kjemikalieområdet, som no òg omfattar plast, og Green Growth Group (GGG) på klimaområdet. Noreg har òg ein nasjonal ekspert i Europakommisjonens generaldirektorat for miljø for å styrkje EUs arbeid med marin forsøpling. Nordisk samarbeid er òg viktig for å påverke utviklinga av EUs regelverk og andre internasjonale prosessar. Dei nordiske statsministrane vedtok i august 2019 ein ny visjon for det nordiske samarbeidet fram mot 2030. I oppfølginga av denne visjonen vil det nordiske samarbeidet på klima- og miljøområdet bli tilført vesentleg auka ressursar, noko som òg vil medføre eit forsterka nordisk samarbeid innanfor sentrale område som klima, biomangfald og sirkulær økonomi.

Noreg er medlem i Det europeiske miljøbyrået (EEA) og deltek i arbeidet i Det europeiske kjemikaliebyrået (ECHA). Miljøbyråa er ei viktig informasjonskjelde for alle som er med på å utforme, vedta, setje i verk og evaluere miljøpolitikk. Gjennom EØS-avtala er Noreg medlem av EUs jordobservasjonsprogram Copernicus, som etablerer omfattande satellittovervaking av miljø globalt, regionalt og nasjonalt, ikkje minst i havområda og i Arktis. Noreg deltek òg i EUs forskings- og innovasjonsprogram Horisont 2020, der klima og miljø er eit sentralt satsingsområde. Det ligg an til at grøn omstilling i stor grad vil påverke utlysingane i Horisont Europa, det nye rammeprogrammet for 2021–2027.

Enkelte sentrale miljøpolitiske område er ikkje omfatta av EØS-avtala. Det gjeld naturvern og forvaltning av naturressursar, landbruk og fiskeri, men Noreg og EU er tett bundne saman gjennom EUs indre marknad på alle område. Nye forslag og omlegging i EUs politikk får stor verknad for norsk politikk. Kvart år blir ei rekkje rettsakter innlemma i EØS-avtala og gjennomførte i norsk regelverk for miljø- og klimapolitikken.

Ved å delta gjennom heile prosessen sikrar departementet ein grundig gjennomgang og vurdering av forslag til nye EU-rettsakter og moglege konsekvensar av gjennomføringa før regelverket eventuelt blir teke inn i EØS-avtala og gjennomført i norsk rett.

EØS-midlane medverkar til sosial og økonomisk utjamning i Europa og til gjennomføringa av EUs rettsakter i mottakarlanda. Dei er òg ein del av EU/EØS-arbeidet til miljøforvaltninga. Klima-, miljø- og kulturarvprogramma inkludert dei bilaterale fonda under EØS-midlane stimulerer til godt bilateralt fagleg samarbeid med mottakarlanda. Klima, energi, miljø og lågutsleppsutvikling er eitt av tre prioriterte hovudområde i inneverande periode, som vil gå fram til og med 2024. Det vil gi nye og gode høve til å stimulere landa til tidleg oppfølging av EUs rettsakter og til å stimulere landa til oppfølging av internasjonale avtaler innan klima, miljø og biodiversitet.

Berekraftig finansiering

Om verda skal nå klimamåla, er det nødvendig at både offentlege og private investeringar blir vridde i ei meir berekraftig retning, særleg infrastruktur og andre investeringar med lang levetid. I Parisavtala er dette anerkjent i formålet, der det er sagt at avtala skal medverke til å sameine finansstraumane med ein bane mot lågutsleppsutvikling og klimarobust utvikling. Finanssektoren har ei nøkkelrolle i omstillinga til ein lågutsleppsøkonomi. EU la i 2018 fram ein handlingsplan for berekraftig finans. Handlingsplanen har som mål å dreie kapitalen mot meir berekraftige investeringar, handtere klima- og miljømessig risiko, og fremje openheit og langsiktigheit i finansiell og økonomisk aktivitet. EU held på å utvikle rammeverk som skal hjelpe finansnæringa å bidra til omstillinga til ein lågutsleppsøkonomi. EU-landa har mellom anna blitt einige om eit klassifiseringssystem for berekraftige økonomiske aktivitetar, ein såkalla taksonomi. Relevante regelverk vil òg gjelde Noreg. Regjeringa stiller seg bak måla i EUs handlingsplan og følgjer oppfølginga av planen tett. Finansdepartementet og Klima- og miljødepartementet deltek som observatørar til Kommisjonens ekspertgruppe på berekraftig finans. Sjå nærmare omtale i Meld. St. 22 (2019–2020) Finansmarkedsmeldingen. I samband med framlegginga av finansieringsplanen «Sustainable Europe Investment Plan», som ein del av European Green Deal, varsla Kommisjonen at ein fornya strategi for berekraftig finans ville bli lagd fram i løpet av 2020.

Klima og miljø i handels- og investeringsvernavtaler

Andre handels- og investeringsvernavtaler enn EØS-avtala påverkar òg kva som blir produsert og selt, og korleis ein gjer det, og dermed også klima- og miljøverknadene av handel. Dei påverkar òg kva tiltak som kan setjast i verk av omsyn til klima og miljø. I motsetning til EØS-avtala inneheld dei ikkje felles klima- og miljøregelverk. Det er derfor nødvendig å syte for at dei blir utforma slik at dei fremjar grøn vekst og støttar opp om klima- og miljøomsyn. Det gjeld mellom anna avtala med Storbritannia, som frå 1. januar 2021 ikkje lenger er medlem av EU og part til EØS-avtala, og då heller ikkje lenger har dei same pliktene på klima- og miljøområdet som vi og EU har gjennom EØS-avtala. Behovet for å arbeide for å styrkje eit samsvar mellom handel og miljø aukar, mellom anna når det gjeld samanhengen mellom handel og skogforvaltning. Derfor arbeider Klima- og miljødepartementet for at slike avtaler får eigne kapittel om handel og berekraftig utvikling, senkar toll på klima- og miljøvennlege varer og gir rom for støtte, avgifter og reguleringar som gjer det enklare og billigare å produsere, forbruke og transportere med mindre ressursar og utslepp. Den amerikanske administrasjonen har endra prioriteringane for USAs handelspolitikk. Det internasjonale handelssystemet blir sett under stadig sterkare press. Utvikling av slike avtaler skjer no i aukande grad utanfor Verdshandelsorganisasjonen (WTO). Departementet følgjer derfor både forhandlingane mellom Noreg og Kina, forhandlingar gjennom den europeiske frihandelsorganisasjonen EFTA og utviklinga i samarbeidet om handel og investeringar mellom EU og andre sentrale land. EU er blant dei som har komme lengst i arbeidet med avtaler som støttar opp om klima- og miljøomsyn. EUs nye handelspolitikk har fått ei større rolle i arbeidet med berekraftig utvikling. Departementet følgjer òg forhandlingane om ei ambisiøs, bindande avtale om klima, handel og berekraft som Noreg saman med New Zealand, Costa Rica, Fiji og Island blei einige om å starte hausten 2019.

Klima- og miljøsamarbeid med utviklingsland

Samarbeid med økonomiar i framvekst og utviklingsland er òg ein viktig pilar i Noregs internasjonale klima- og miljøarbeid. Med bilaterale samarbeidsavtaler og støtte til internasjonale initiativ skal Noreg medverke til ei grøn utvikling gjennom oppbygging av kapasitet og kompetanse til å forvalte miljø og naturressursar.

Det største internasjonale initiativet frå regjeringa innan klima og miljø er Klima- og skoginitiativet. Sjå nærmare omtale av dette under programkategori 12.70. Klima- og miljødepartementet har òg særskilde avtaler om samarbeid med miljøstyresmaktene i dei store utviklingslanda Kina, India og Sør-Afrika. Desse landa har stor innverknad på den globale miljøtilstanden og er heilt sentrale i utviklinga av globale miljøavtaler. I Kina, Sør-Afrika og India har Klima- og miljødepartementet medverka til ein portefølje av prosjekt som er retta inn mot evna det enkelte landet har til å gjennomføre internasjonale forpliktingar under miljøkonvensjonane.

Prosjekta er hovudsakleg forvaltningssamarbeid. Miljødirektoratet er ein viktig partnar på norsk side. Finansiering skjer i hovudsak over Utanriksdepartementets budsjett. I tillegg blir det nytta midlar over Klima- og miljødepartementets budsjett for å setje i gang nye prosjekt og utgreiingar. Klima- og miljødepartementet samarbeider med Sør-Afrikas miljødepartement om å betre forståinga for digitale gensekvensar (digital sequencing information – DSI) og kapasitetsbygging i Afrika knytt til dette. Miljødirektoratet er i dialog med Sør-Afrika om utarbeidinga av avfallssystem med sikte på å redusere tilførselen av marin forsøpling. Tidlegare har Miljødirektoratet medverka til å utvikle ein utsleppsrekneskap i Sør-Afrika. I Kina har Miljødirektoratet sidan 2012 vore ein sentral partnar for å utvikle klimakvotemarknaden. Prosjektet held fram i ein ny fase. I 2019 blei det starta opp nye prosjekt med Kina om miljøgifter, marin forsøpling og svart karbon. Noreg gir òg støtte til og deltek med ekspertar i høgnivårådet China Council for International Cooperation on Environment and Development (CCICED). Rådet er oppretta av og gir tilrådingar til den kinesiske toppleiinga. I tillegg til å sjå på og gi råd om Kinas nasjonale utfordringar rettar høgnivårådet no meir merksemd mot Kinas rolle internasjonalt, mellom anna Kinas utlandsinvesteringar gjennom landets nye silkeveginitiativ. I India er klimagassutslepp frå kuldemedium ei stor og aukande klimautfordring. Noreg støttar arbeid som kan medverke til raskare innfasing av meir miljøvennlege kuldemedium. Gjennom det bilaterale samarbeidet støttar Noreg også bruk av meir miljøvennleg brensel i sementproduksjon. India og Noreg har inngått ei intensjonsavtale om samarbeid om integrert havforvaltning, og har ei rekkje samarbeidsprosjekt for å avgrense marin forsøpling.

Meteorologisk institutt er involvert i bistandsarbeid innanfor vêrvarsling og klimaanalysar i sju land i Afrika og Asia, med finansiering frå Norad og Verdsbanken. Mellom anna støttar regjeringa i 2019 til 2021 eit pilotprosjekt som skal sjå på korleis METs teknologi og kompetanse kan brukast til å styrkje formidling og distribusjon av lokale vêrvarsel i utvalde norske samarbeidsland i Afrika og Asia. Dette er ei oppfølging av regjeringa sin plan for deling av digitale løysingar i bistandspolitikken og støttar FNs berekraftsmål.

Ein stor del av arbeidet blir gjort lokalt i dei enkelte landa. Perioden med reiserestriksjonar på grunn av koronapandemien har ført til utvikling av betre digitale løysingar for samarbeid, som vil vere nyttige framover.

I tillegg til å støtte opp om norsk utanrikspolitikk følgjer Meteorologisk institutt òg ei generell oppmoding frå WMO om at i-land hjelper i u-land til å utvikle meteorologi.

Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

1400

Klima- og miljødepartementet

673 225

664 655

684 917

3,0

1410

Kunnskap om klima og miljø

948 371

1 022 671

1 112 059

8,7

1411

Artsdatabanken

71 380

69 375

69 554

0,3

1412

Meteorologiformål

466 216

485 762

523 114

7,7

Sum kategori 12.10

2 159 192

2 242 463

2 389 644

6,6

Kap. 1400 Klima- og miljødepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

294 697

293 006

293 936

21

Spesielle driftsutgifter

96 191

102 724

67 088

50

Heilskapleg profilering, grøne løysingar

10 239

10 514

10 796

51

Den naturlege skulesekken

9 904

10 169

10 442

70

Frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige miljøstiftelsar

52 541

52 541

52 541

71

Internasjonale organisasjonar

89 865

89 371

91 774

74

Tilskot til AMAP, kan overførast

4 871

5 002

5 162

76

Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak, kan overførast

114 917

101 328

153 178

Sum kap. 1400

673 225

664 655

684 917

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot alle resultatområda.

Den føreslåtte løyvinga på 293,9 mill. kroner dekkjer dei ordinære driftsutgiftene som er nødvendige for at Klima- og miljødepartementet skal kunne halde ved lag ei god verksemd. Om lag to tredelar av løyvinga gjeld lønn til fast tilsette i departementet. Om lag ein tredel av løyvinga går til å dekkje husleige, fornying av materiell, inventar og utstyr, mellom anna drift og utvikling av IT-anlegget til departementet, reiseutgifter, kurs- og konferanseverksemd og tiltak for kompetanseutvikling. Av desse fellesutgiftene er husleige og IKT-utgifter dei største.

Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt under kap. 4400 post 02, jf. forslag til vedtak II.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot alle resultatområda.

Løyvinga på denne posten dekkjer utgifter til kjøp av utgreiingar. Lønn til mellombels tilsette som er knytte til faglege prosjekt, kan òg førast over posten. Parten dekker heile ansvarsområdet til miljøforvaltninga.

Klima- og miljøpolitikken står overfor store utfordringar, og det er viktig å ha eit grundig fagleg fundament for den politikken som blir lagd opp. Det er derfor viktig at Klima- og miljødepartementet har nok ressursar til å kunne initiere utgreiingar av ny politikk og evaluere politiske tiltak og verkemiddel som er sette i gang eller gjennomførte. I tillegg blir ressursar nytta til å vurdere klima- og miljøkonsekvensar av forslag som er fremja frå andre sektorar.

Det er føreslått ei løyving på 67,1 mill. kroner. Samla sett er løyvinga redusert med 35,6 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2020. Dei største endringane på posten er flytting av budsjettmidlar til andre kapittel og postar som sikrar vidareføring av dei same langsiktige oppgåvene og tiltaka. Innanfor vassforvaltning, naturmangfaldområde og klima blir det føreslått å flytte til saman 16,9 mill. kroner til kap. 1420 post 21. Vidare blir det føreslått å flytte 7 mill. kroner til kap. 1400 post 76, som er tilskot til internasjonale og nasjonale organisasjonar som arbeider med marin forsøpling globalt. For å sikre norsk nærvær på Hopen blir det føreslått å auke løyvinga til Meteorologisk institutt kap. 1412 post 50 med 4 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 1400, post 21. Det blir òg føreslått å rammeoverføre 5 mill. kroner til Digitaliseringsdirektoratets arbeid med handlingsplan for å auke arbeidet med klima- og miljøvennlege offentlege innkjøp og grøn innovasjon. Andre reduksjonar på posten kjem av omdisponering av midlar til andre postar fordi tidsavgrensa prosjekt er avslutta. I 2021 blir det føreslått ei løyving på om lag 14 mill. kroner til nye tidsavgrensa tiltak som omfattar mellom anna fastsetjing av grunnlag for nye nasjonale mål for reduksjon av støyplage, miljøvennleg skipsfart, høgnivåpanelet for berekraftig havøkonomi, utval for oppfølging klimaplan for 2050 og teknisk berekningsutval for klima.

Rapport 2019

I 2019 blei midlane på posten nytta til tiltak knytte til alle resultatområda, hovudsakleg innanfor klima, forureining og naturmangfald.

Post 50 Heilskapleg profilering, grøne løysingar

Posten blei oppretta i 2018 for å fremje ein heilskapleg eksportstrategi for å profilere norske grøne løysingar internasjonalt. Formålet er å auke eksport og trekkje investorar ved å posisjonere Noreg som ein berekraftspioner i internasjonale marknader. Tiltaket skal medverke til å løfte fram fleire gode gründerar, vekstkraftige bedrifter og innovative næringsmiljø som utviklar grøn teknologi og produkt tilpassa lågutsleppssamfunnet.

Det grøne skiftet byr på både utfordringar og moglege utviklingsområde for næringslivet. På fleire område har Noreg gode føresetnader for å ta ei leiarrolle i teknologiutvikling og løysingar for det grøne skiftet. Dette gjeld mellom anna prosessindustrien og elektrifiseringa av transportsektoren. Noreg er allereie verdsleiande på utvikling av teknologi for elektrifisering av maritim transport. Berekraftig havbruk er eit anna mogleg vekstområde. Bioøkonomi, sirkulærøkonomi og smarte bygg og byar er andre moglegheitsområde. Regjeringa ønskjer å gi ekstra draghjelp til næringslivet som leverer grøne løysingar, og som har moglegheiter internasjonalt.

Satsinga skal sjåast i samanheng med det arbeidet Innovasjon Noreg gjer med profilering for å medverke til auka internasjonalisering. Innovasjon Noreg skal leggje til rette for eit samarbeid med privat næringsliv, som skal inviterast til å delta i både utforming og vidare finansiering av satsinga.

Det er føreslått ei løyving på 10,8 mill. kroner for 2021.

Rapportering 2019

I 2018 blei utstillingsvindauget The Explorer utvikla i samarbeid med næringslivet, og i mai 2019 blei det lansert. The Explorer er ei nettside der internasjonale kjøparar og investorar kan sjå norske grøne løysingar i eit digitalt utstillingsvindauge og enklare komme i kontakt. Frå mai til desember 2019 hadde The Explorer hatt over 800 000 besøkjande frå over 100 land. Resultatet etter 2019 blei rekruttering av 302 norske løysingar i tråd med FNs berekraftsmål og 149 internasjonale bedrifter. 35 pst. av dei norske bedriftene opplyser at dei har fått nye kontaktar ved å vere på plattforma. Utvikling og drift av The Explorer skjer i tett samarbeid med eit strategisk råd samansett av leiande representantar for næringsliv, organisasjonsliv og styresmakter.

Post 51 Den naturlege skulesekken

Midlane under posten er knytte til alle resultatområda bortsett frå polarområda.

Den naturlege skulesekken (DNS) er eit samarbeidstiltak mellom Kunnskapsdepartementet og Klima- og miljødepartementet. Tiltaket er leidd av Miljødirektoratet og Utdanningsdirektoratet, mens gjennomføringa skjer gjennom Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa (Naturfagsenteret) ved Universitetet i Oslo.

Av løyvinga på 10,4 mill. kroner er 3,4 mill. kroner øyremerkte tilskot til skular. Dei resterande midlane skal nyttast til administrasjon og rettleiing, og til kjøp av tenester hos eksterne aktørar som samarbeider med DNS-skular.

Mål

Målet med ordninga er å medverke til at elevane får kunnskap og medvit om berekraftig utvikling og klima- og miljøutfordringane på kloden, og blir i stand til å forstå og utvikle løysingar på miljøproblema i dag og i framtida.

Den naturlege skulesekken legg til rette for utvida bruk av nærmiljøet til skulane i undervisninga og set miljø, friluftsliv og berekraftig utvikling i samanheng med realfag, samfunnsfag og mat og helse. Tiltaket legg til rette for samarbeid mellom skular og eksterne aktørar, til dømes frivillige miljø- og friluftsorganisasjonar, og støttar utviklinga av lokale, fleirfaglege undervisningsopplegg tilpassa læreplanverket. Eit berande pedagogisk prinsipp er å flytte læringsarenaen frå klasserommet til lokalsamfunnet. I Den naturlege skulesekken står varierte arbeidsmetodar utandørs, bruk av nærmiljøet og aktørar i nærmiljøet sentralt.

Kriterium for måloppnåing

Den naturlege skulesekken skal koordinere læringsressursar innanfor dei aktuelle områda og skape eit profesjonelt nettverk av foreiningar og organisasjonar som driv skuleretta verksemd. Den naturlege skulesekken skal medverke til å utnytte nærmiljøet til skulen som læringsarena og bruke ulike lokale, regionale og nasjonale ressursar, i tillegg til å medverke til å styrkje samfunnsfaglege og naturfaglege metodar.

Tildelingskriterium

Den enkelte skulen kan søkje på årleg utlyste utviklingsmidlar. Kriterium for å få tildelt støtte er at dei planlagde undervisningsopplegga skal nytte nærmiljøet til skulen som læringsarena, ha høg fagleg kvalitet og femne om to eller fleire fag. Minst eitt av desse faga skal vere naturfag eller samfunnsfag, og skulane bør samarbeide med ein ekstern aktør. Undervisningsopplegga skal ha som mål å utvikle nyfikne hos elevar og lærarar og auke kunnskapen deira om natur og samfunn og medvitet om berekraftig utvikling. Det skal leggjast vekt på grunnleggjande dugleikar i læringsprosessane, og utforskande metodar skal vere ein viktig måte å arbeide på.

Oppfølging og kontroll

Dei tiltaka som blir sette i gang, blir følgde opp fortløpande fagleg og økonomisk av Naturfagsenteret ved Universitetet i Oslo. Undervisningsopplegga blir vurderte for publisering på nettstaden www.natursekken.no slik at dei kan delast med andre. Det blir utarbeidd årlege rapportar om heile prosjektet frå Naturfagsenteret.

Rapport 2019

I 2019 fekk 136 skular midlar til å utvikle undervisningsopplegg i skuleåret 2019/2020. Totalt har 685 skular gjennomført skuleprosjekt i Den naturlege skulesekken i perioden 2009–2019/2020. Skulane som deltek, får pedagogisk rettleiing gjennom regionale nettverk ved høgskular og Naturfagsenteret.

Det er 13 regionkontaktar ved sju universitet og høgskular i tillegg til staben på tre personar ved Naturfagsenteret. Det er oppretta lærarnettverk i regionane, og det blir årleg arrangert regionale samlingar rundt om i landet. Det er òg oppretta eit eige nettverk med 13 eksterne aktørar som alle er i samarbeid med kvar sin skule. Naturfagsenteret følgjer opp dette nettverket med fleire nettverkssamlingar i året.

Naturfagsenteret arrangerer årleg ein nasjonal konferanse for deltakarskulane i februar. Konferansen samlar kvart år 300–400 lærarar, skuleleiarar, lærarutdannarar og eksterne aktørar.

Post 70 Frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige miljøstiftelsar

Midlane under posten er retta mot alle resultatområda. Det er føreslått ei løyving på 52,5 mill. kroner for 2021.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for eit breitt folkeleg engasjement for miljøsaker og stimulere til miljøaktivitetar lokalt, regionalt og nasjonalt. Tilskotsordninga gjeld for landsdekkjande frivillige organisasjonar og allmennyttige stiftelsar som har nasjonal innverknad, og med eit hovudformål for verksemda som ligg innanfor ansvarsområdet til miljøforvaltninga.

Tildelingskriterium

Fordeling av tilskot er berekna etter forskrifta knytt til ordninga. 77 pst. av løyvd beløp på posten går til frivillige miljøorganisasjonar, medan 23 pst. går til allmennyttige miljøstiftelsar. For dei frivillige organisasjonane vert tilskota berekna etter kriterium som er gjorde greie for i forskrifta. For dei allmennyttige miljøstiftelsane og samanslutningane av organisasjonar er tilskota berekna med grunnlag i løyvinga dei fekk førre året.

Tabell 7.1 Fordeling av tilskot til organisasjonar i 2019 og 2020

Organisasjon/stiftelse

Rekneskap 2019

Løyving 2020

Miljøorganisasjonar

Den Norske Turistforening

6 416 000

6 658 000

Forbundet Kysten

4 500 000

4 563 000

Fortidsminneforeininga

4 238 000

3 877 000

Framtida i våre hender

4 472 000

4 700 000

Noregs Jeger- og Fiskarforbund1

4 859 000

4 895 000

Noregs naturvernforbund

7 582 000

7 637 000

Paraplyorganisasjonar

Sabima

1 683 000

1 541 000

Kulturvernforbundet

1 683 000

1 541 000

Regnskogfondet

1 683 000

1 541 000

Barne- og ungdomsorganisasjonar

Natur og Ungdom

4 530 000

5 131 000

Miljøagentane

2 742 000

2 996 000

Miljøstiftelsar

Miljøstiftelsen Bellona

2 095 000

1 917 000

Norsk kulturarv

1 150 000

1 052 000

WWF Noreg

3 083 000

2 822 000

Zero

1 368 000

1 252 000

Norsk klimastiftelse

457 000

418 000

Sum

52 541 000

52 541 000

1 4 861 000 kroner av løyvinga til Noregs Jeger- og Fiskarforbund vart rammeoverført i 2019, som følgje av overføring av ansvaret for haustbart vilt frå Klima- og miljødepartementet til Landbruks- og matdepartementet.

Oppfølging og kontroll

Bruken av midlar blir følgd opp mellom anna ved å kontrollere søknad, årsrapport og årsrekneskap som tilskotsmottakarane sender inn.

Departementet har starta arbeid med forskriftsendring for å mellom anna ivareta endringar som følgje av regionreforma, sikre at tilskot oppfyller statsstønadsrettslege krav samt tydeleggjering av ulike delar av tilskotsregelverket. Dette arbeidet er ikkje fullført som planlagt. Det tas sikte på forskriftsendring frå 2022. Departementet har difor ikkje foreslått ei fordeling av tilskotsmidlane på den einskild organisasjon i budsjettproposisjonen for 2021. Det vil bli nytta dei same kriteria for berekning av fordelinga av løyvinga for 2021 som for 2020 og det planlegges med tilskot på om lag same nivå som i 2020. Stortinget vil bli orientert om den endelege fordelinga i revidert nasjonalbudsjett for 2021.

Post 71 Internasjonale organisasjonar

Midlane under posten er retta mot alle resultatområda. Det er foreslått ei løyving på om lag 91,8 mill. kroner for 2021. Samla er posten auka med om lag 2,4 mill. kroner. Det er ein generell auke av fleire kontingentar og ein priskompensasjon på posten.

Mål

Målsetjinga med løyvinga er å medverke til å halde ved lag drifta av organisasjonar, avtaler, konvensjonar og sekretariat som utfører viktig miljøretta arbeid av verdi for Noreg.

Løyvinga skal dekkje obligatoriske bidrag til internasjonale organisasjonar, avtaler, konvensjonar og sekretariat der Noreg deltek aktivt. Løyvinga under denne posten er ei direkte følgje av at Noreg har ratifisert avtaler med budsjettbindingar, eller at regjeringa har vedteke norsk medlemskap. I tillegg blir det gitt bidrag til FNs miljøprogram (UNEP). Ordninga er ikkje open for søknad.

Følgjande internasjonale organisasjonar, avtaler, konvensjonar og sekretariat får bidrag:

  • International Council of Monuments and Sites (ICOMOS)

  • Internasjonalt studiesenter for bevaring og restaurering av kulturminnesmerke (ICCROM)

  • FNs miljøprogram (UNEP)

  • Den internasjonale naturvernunionen (IUCN)

  • Interimssekretariat for konvensjonen om vern av våtmarker (Ramsar-konvensjonen)

  • Konvensjonen om internasjonal handel med truga artar (CITES)

  • Konvensjonen om trekkjande artar av ville dyr (Bonn-konvensjonen)

  • Vassfuglavtala under Bonn-konvensjonen (AEWA)

  • Albatrossavtala under Bonn-konvensjonen (ACAP)

  • Flaggermusavtala under Bonn-konvensjonen (EUROBATS)

  • Den nordatlantiske laksevernorganisasjonen (NASCO)

  • Konvensjonen om biologisk mangfald (Biodiversitetskonvensjonen/CBD)

  • Protokoll om genmodifiserte organismar (Cartagena-protokollen)

  • Nagoya-protokollen under konvensjon om biologiske mangfald om tilgang til genressursar og ei rettferdig og likeverdig fordeling av fordelar som følgjer av bruken av slike ressursar

  • Konvensjonen om vern av ville europeiske plantar og dyr og leveområda deira (Bern-konvensjonen)

  • Konvensjonen om vern av ozonlaget (Wien-konvensjonen)

  • Protokoll om stoff som reduserer ozonlaget (Montreal-protokollen)

  • FNs klimapanel (IPCC)

  • FNs rammekonvensjon om klimaendringar (UNFCCC)

  • Protokoll som skal redusere utslepp av skadelege klimagassar (Kyoto-protokollen)

  • Det europeiske miljøvernbyrået (EEA)

  • Fellessekretariat for Oslo- og Paris-konvensjonen og Bonn-avtala (oljeforureining)

  • Konvensjonen om langtransporterte luftforureiningar (LRTAP-konvensjonen)

  • Det europeiske overvakingsprogrammet for langtransport av luftforureiningar (EMEP)

  • Konvensjonen om kontroll med grenseoverskridande transport av farleg avfall (Basel-konvensjonen)

  • Konvensjonen om persistente organiske sambindingar (Stockholm-konvensjonen)

  • Konvensjonen om notifikasjon og førehandssamtykke ved eksport av kjemikaliar (Rotterdam-konvensjonen)

  • Konvensjonen om kvikksølv (Minamata-konvensjonen)

  • Strategic Approach to International Chemicals Management (SAICM)

  • Oppfølging av REACH-regelverket på kjemikaliar

  • Konvensjonen om tilgang til miljøinformasjon, deltaking i avgjerdsprosessar og høve til klage- og domstolsprøving på miljøområdet (Århus-konvensjonen)

  • Protokoll om forureina utslepp og utsleppsregister under Århus-konvensjonen (PRTR)

  • Espoo-konvensjonen om grenseoverskridande miljøkonsekvensutgreiingar

  • Kontingent til UNESCOs Verdsarvfond

Oppfølging og kontroll

Kontroll og oppfølging av organisasjonar, avtaler, konvensjonar og sekretariat skjer ved generell formaliakontroll av reviderte rekneskapar og årsrapportar, deltaking i partsmøte, generalforsamlingar, årsmøte og liknande.

Post 74 Tilskot til AMAP, kan overførast

Løyvinga på 5,2 mill. kroner er retta mot resultatområdet polarområda.

Mål

Målet med løyvinga er å sikre kunnskap om miljøsituasjonen i Arktis gjennom programmet for arktisk miljøovervaking, Arctic Monitoring and Assessment Programme (AMAP). AMAP er ei arbeidsgruppe under Arktisk råd som skal kartleggje nivå og effektar av forureining og klimaendringar på arktiske økosystem. Noreg, som vertsland for AMAP-sekretariatet, har teke på seg ei internasjonal forplikting til å ta hand om drifta av arbeidsgruppa. Stiftelsen Sekretariatet til den arktiske miljøovervakings- og vurderingsprogrammet AMAP vart oppretta av Klima- og miljødepartementet for dette formålet.

Oppfølging og kontroll

Klima- og miljødepartementet nemner opp styret og får årsrapportar, rekneskapar og revisjonsmeldingar.

Rapport 2019

2019 var eit år med stor fagleg produksjon i AMAP, etter ein periode prega av at AMAP-sekretariatet blei flytta til Tromsø og samlokalisert med Arktisk råds sekretariat i 2018. I 2019 har sekretariatet lagt ned stor innsats for å følgje opp oppdrag frå Arktisk råd knytte til overvaking, vurderingar og samanstilling av informasjon om miljøtilstand og klimaendringar i Arktis. Tre rapportar blei leverte til Arktisk råds ministermøte i mai 2019, med vurderingar av status for klimaendringane i Arktis, havforsuring i arktiske farvatn og biologiske effektar av miljøgifter på dyrelivet i Arktis. AMAPs arbeid er viktig for å dokumentere tilstanden for det arktiske miljøet, som grunnlag for tilrådingar om tiltak og som bidrag til internasjonale prosessar som Stockholm-konvensjonen, Minamata-konvensjonen og FNs klimapanel.

Post 76 Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak, kan overførast

Tilskotsordninga skal medverke til nasjonale tiltak slik at Noreg oppfyller dei internasjonale forpliktingane sine for naturmangfald, klima og forureining og nasjonale mål innanfor alle resultatområda. Tilskotsordninga skal òg medverke til å styrkje arbeidet med miljøspørsmål som er viktige for Noreg, og til å få gjennomslag for norske miljøpolitiske prioriteringar internasjonalt.

Posten er delt mellom alle resultatområda, jf. omtale under.

Forslag til løyving på posten er 153,2 mill. kroner, som samla sett er ei auke på 51,9 mill. kroner i høve til 2020. Auken kjem som følgje av flytting av budsjettmidlar frå andre kapittel og postar som sikrar vidareføring av dei same tiltaka. Regjeringa føreslår òg 40 mill. kroner til oppfølging av kommande strategi for sirkulær økonomi, sjå nærmare omtale under programkategori 12.10.

Det er flytta 0,5 mill. kroner til posten frå kap. 1420 post 81 i tilskot til foreininga Norges nasjonalparkkommuner. I tillegg er posten auka med 0,5 mill. kroner til den same foreininga, slik at tilskotet til foreininga Norges nasjonalparkkommuner samla sett blir på 1,0 mill. kroner i 2021. Vidare er det flytta 0,5 mill. kroner til posten frå kap. 1420 post 21 til driftsstøtte til Nordhordland Biosfæreområde.

Det er òg flytta 0,1 mill. kroner til posten frå kap. 1400 post 71 for å auke støtta til ForUM. Støtta til løyva til CENs standardiseringsarbeid på 0,2 mill. kroner er flytta til kap. 1420 post 77.

2,55 mill. kroner er flytta til posten frå kap. 1410 post 21 til NILU og NIVAS arbeid med konvensjon for langtransporterte luftforureiningar.

Naturmangfald og friluftsliv

Midlane er retta mot tiltak som skal medverke til måloppnåing på naturmangfalds- og friluftslivsområdet.

Mål

Posten skal medverke til at Noreg oppfyller dei nasjonale og internasjonale forpliktingane sine innan naturmangfalds- og friluftsområdet.

Tildelingskriterium

Tiltaka er prioriterte med utgangspunkt i nasjonale mål og prioriteringar innanfor resultatområda naturmangfald og friluftsliv.

I 2021 blir det føreslått å gi tilskot til

  • FN-organet Grid Arendal (4,5 mill. kroner)

  • SABIMA (3 mill. kroner), til drift av kartleggingskoordinatorar og gjennomføring av kartlegging i artsobservasjonar

  • Norsk institutt for vassforsking (NIVA) (0,45 mill. kroner)

  • Norsk deltaking i Naturpanelets ekspertgrupper (2,2 mill. kroner)

  • Stiftelsen Norsk Naturarv (0,75 mill. kroner)

  • Friluftsrådenes Landsforbund (2,8 mill. kroner), til å drifte og leie prosjektet som skal kartleggje og systematisk vidareutvikle vellykka aktivitetstiltak innanfor friluftsliv for barn og unge i ferie og fritid. Midlane skal gå til lønn, administrative utgifter og tiltak. Arbeidet skjer i samarbeid med Miljødirektoratet og dei sentrale friluftslivsorganisasjonane

  • Sekretariat for etter- og vidareutdanning i samfunnsplanlegging (SEVS) (0,2 mill. kroner)

  • Foreininga Norges nasjonalparkkommuner (1,0 mill. kroner)

  • Driftsstøtte til Nordhordland Biosfæreområde (0,5 mill. kroner)

Oppfølging og kontroll

Årsrapportar og reviderte rekneskapar frå gjennomførte prosjekt dannar grunnlaget for ein generell formaliakontroll.

Rapport 2019

På dei øyremerkte midlane til tiltak mot framande organismar kom det inn i alt 87 søknader på til saman 19,1 mill. kroner i 2019. Det blei tildelt midlar til 30 ulike prosjekt.

På det internasjonale området er det gitt driftsstøtte til GRID-Arendal. Støtta til GRID-Arendal er eit generelt basistilskot til drifta og utgjer knapt 10 pst. av GRID-Arendals samla inntekter. GRID-Arendal har som hovudformål å støtte arbeidet til FNs miljøprogram gjennom utvikling, innhenting og bruk av vitskapleg basert miljøinformasjon, og er ein viktig aktør i den globale innsatsen for å redusere marin forsøpling og styrkje kunnskapen om blå skog og blått karbon.

0,45 mill. kroner vart utbetalt til NIVA, knytt til det internasjonale arbeidet i samband med European Topic Center for Water.

I 2019 fekk Miljødirektoratet totalt 9 søknader om tilskot til deltaking i ekspertgrupper under Naturpanelet/IPBES på til saman 2,6 mill. kroner. Den totale potten på 2,2 mill. kroner blei delt på dei ulike søknadene.

Kulturminne og kulturmiljø

Midlane er retta mot tiltak som skal medverke til måloppnåing på kulturminneområdet, jf. resultatområdet kulturminne og kulturmiljø.

Kriterium for måloppnåing

Alle midlane på posten blir gitt til øyremerkte formål og disponerte til oppfølging av etablerte samarbeidsavtaler og målretta utviklingstiltak.

Tildelingskriterium

Tiltaka er prioriterte med utgangspunkt i nasjonale mål og prioriteringar innanfor resultatområdet kulturminne og kulturmiljø.

I 2021 blir det innanfor kulturminneområdet føreslått å gi tilskot til

  • Verdsarv-Unesco (4,3 mill. kroner)

    Noregs internasjonale engasjement under verdsarvkonvensjonen vart ført vidare frå hausten 2016, som ei seksårig samarbeidsavtale mellom Klima- og miljødepartementet og Unescos rådgivande organ IUCN og ICCROM. Samarbeidet er organisert som eit programsamarbeid – «World Heritage Leadership – A new capacity building programme of ICCROM and IUCN» – og byggjer vidare på pilotsamarbeidet som vart gjennomført i 2015/2016.

  • Verdsarvsenter (13 mill. kroner)

    Dei seks verdsarvsentera ved verdsarvområda Vestnorsk fjordlandskap (Geiranger), Vegaøyan, Bergkunsten i Alta, Røros bergstad og Circumferensen, industriarven Rjukan–Notodden og Urnes stavkyrkje får årlege driftstilskot. Sentera er autoriserte som verdsarvsenter etter ei felles autorisasjonsordning for besøkssenter på bakgrunn av gitte krav til drift og innhald i sentera. Ordninga vert handsama av Miljødirektoratet. Den totale ramma for ordninga utgjer i 2021 13 mill. kroner.

  • Foreininga Freda (0,2 mill. kroner)

    Foreininga Freda vart etablert i 2006 som ein landsdekkjande interesseorganisasjon for private eigarar av hus og eigedom freda etter kulturminnelova.

  • Bygg og Bevar (3,8 mill. kroner)

    Bygg og Bevar er ein nettportal mellom det offentlege, næringslivet og dei private eigarane. Tilskotet går til Byggenæringens Landsforbund (BNL). Bygg og Bevar er ei kommunikasjonsplattform for kunnskap og kompetanse på freda og verneverdige bygningar, ein sentral møteplass for eigarar av kulturhistoriske eigedommar og kvalifisert handverkskompetanse.

  • Arbeid med brearkeologisk sikringsarbeid i Innlandet (0,5 mill. kroner)

    Midlane til dette formålet går til sikring av dei kulturhistoriske verdiane som kan gå tapt ved at funn som kjem fram ved smelting av snøfonner og isbrear, blir utsette for nedbryting. Den globale oppvarminga fører til at isen i høgfjellsområda gradvis smeltar. Frå 2011 har eit brearkeologisk sikringsprogram, under leiing av Kulturarveininga ved Innlandet fylkeskommune, berga arkeologiske funn frå isen. Det brearkeologiske sikringsprogrammet i Innlandet har sidan 2006 samla inn meir enn 3500 funn frå 53 funnstader, noko som utgjer meir enn halvparten av funna globalt, og meir enn 85 pst. nasjonalt. Dei arkeologiske funna frå isen gir eit sjeldan blikk inn i ei fortidsverd. Nasjonale og internasjonale klimaaktørar samarbeider rundt koplinga mellom funna og klimaet i fortid og notid.

  • Kulturminnedagen (0,4 mill. kroner)

    Noregs Kulturvernforbund er ein paraplyorganisasjon for frivillige organisasjonar som arbeider innanfor områda historie og kulturminnevern. Noregs Kulturvernforbund har koordineringsansvaret for den årlege markeringa av kulturminnedagen, og tilskotet går til dette formålet.

  • Etter- og vidareutdanning (EVU) (1,5 mill. kroner)

    Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) bachelorprogrammet i Tradisjonelt Bygghåndverk. Tilskotet skal medverke til å sikre tilgang på kvalifiserte handverkarar som kan setje i stand den freda bygningsmassen.

  • Fortidsminneforeininga (5 mill. kroner)

    Fortidsminneforeininga er landets eldste kulturvernorganisasjon, stifta i 1844, og har som mål å sikre verneverdige bygnings- og kulturmiljø. Foreininga er ein stor eigedomsforvaltar. Foreininga eig eigedommar rundt omkring i landet, mellom anna åtte stavkyrkjer, Steinvikholm festning, to mellomalderloft, to gardar på Røros og lystgarden Vøienvolden i Oslo. Dei fleste av eigedommane er opne for publikum, og foreininga driv ei form for museumsverksemd. Foreininga får 5 mill. kroner øyremerkt til museumsdrift.

  • Overføring av statens eigedommar på Røros (8,2 mill. kroner)

    Forvaltninga av statens eigedommar, som vart kjøpte i 1980 etter koparverket på Røros, vart frå 2018 overført til Statsbygg. Dette skal sikre at byggverka blir i samsvar med krav frå styresmaktene, at staten etterlever forpliktingane etter verdsarvkonvensjonen, og at vidare bruk og bevaring av eigedommane er i tråd med fredingsformålet. Bygningsvernsenteret ved Rørosmuseet i Musea i Sør-Trøndelag as (MiST) skal utføre antikvarisk istandsetjing og vedlikehald på eigedommane som ledd i forskinga, dokumentasjonen og formidlinga av bergverksverksemda som museet driv. Tilskotet skal dekkje dei årlege forvaltningskostnadene.

  • Norges Verdensarv (1 mill. kroner)

    Norges Verdensarv er ein organisasjon om tek vare på interessene til dei åtte norske verdsarvområda. I dag er alle dei 20 kommunane med verdsarv medlemmer, og sju av dei åtte fylkeskommunane som er involverte.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke rapportar og reviderte rekneskapar. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.

Rapport 2019

Desse tiltaka fekk tilskot i 2019: Den internasjonale verdsarv, kapasitets- og kompetansebyggingsaktivitetar i regi av Unescos rådgivande organ IUCN og ICCROM som oppfølging av Noregs internasjonale engasjement under verdsarvkonvensjonen, og dei fem autoriserte verdsarvsentera (Vega, Vestnorsk fjordlandskap, Alta, Røros og Circumferensen og Industriarven Rjukan–Notodden). I tillegg fekk desse tiltaka tilskot i 2019: Foreininga Freda, Etter- og vidareutdanning (EVU), Bygg og Bevar, Klimapark 2469, Fortidsminneforeininga, Kulturminnedagen og Bygningsvernsenteret ved Rørosmuseet i Musea i Sør-Trøndelag as (MiST).

Forureining

Midlane er retta mot tiltak som skal medverke til måloppnåing på forureiningsområdet.

Mål

Posten skal

  • medverke til nasjonale tiltak slik at Noreg oppfyller sine internasjonale plikter innan forureiningar

  • styrkje arbeidet med miljøspørsmål som er viktige for Noreg, og å få gjennomslag for norske miljøpolitiske prioriteringar internasjonalt

  • medverke til ein mer grøn og sirkulær økonomi

Tildelingskriterium

Tiltaka er prioriterte med utgangspunkt i nasjonale mål og prioriteringar innanfor resultatområdet forureining.

I 2021 blir det føreslått å gi tilskot til:

  • Matvett AS til arbeidet med reduksjon av matsvinn og for deira medverknad til oppfølging av avfallsstrategien (0,8 mill. kroner)

  • Norsk Institutt for Luftforsking (NILU) (3,321 mill. kroner). NILU gjekk i 2019 frå å vere deltakar i «European Topic Centre on Air Pollution and Climate Change Mitigation» under The European Environment Agency (EEA) til å leie eit nytt «European Topic Centre on Air pollution, Transport, Noice and Industrial pollution» (ETC/ATNI). NILU er òg deltakar i «European Topic Centre on Climate Mitigation and Energy» (ETC/CME)

  • Meteorologiske institutt (0,3 mill. kroner)

  • Sekretariat for Conservation of Arctic Floraand Fauna (0,2 mill. kroner)

  • Sekretariat for avtala om vern av isbjørn (0,27 mill. kroner)

  • GRID Arendals arbeid med marin forsøpling (5 mill. kroner)

  • Tilskot til NHO – til nasjonalt program for leverandørutvikling for klimasmarte offentlege anskaffingar (0,25 mill. kroner)

  • Tilskot til European Forum of Judges for the Environment (0,4 mill. kroner)

  • Styrking av det internasjonale kjemikaliearbeidet (2,5 mill. kroner)

  • Tilskot til internasjonale og nasjonale organisasjonar som arbeider med marin forsøpling globalt (7 mill. kroner)

  • NILU og NIVAs internasjonale og nasjonale arbeid med effektar av luftforureining under konvensjonen om langtransporterte luftforureiningar (NILU 0,29 mill. kroner og NIVA 2,26 mill. kroner)

  • Oppfølging av kommande strategi for sirkulær økonomi (40 mill. kroner)

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke rapportar og reviderte rekneskapar. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.

Rapport 2019

Det er gitt støtte til Matvett AS for arbeid med å kartleggje og redusere matsvinn som ei oppfølging av avfallsstrategien og betalt kontingent til NHO for at Klima- og miljødepartementet skal medverke til leverandørutviklingsprogrammet.

Conservation of Arctic Flora and Fauna (CAFF) er Arktisk råds arbeidsgruppe for bevaring av arktisk biodiversitet. Klima- og miljødepartementet har gitt støtte til drifta av det internasjonale CAFF-sekretariatet i Akureyri på Island.

Vidare er det gitt tilskot til institutt som arbeider internasjonalt innanfor departementets resultatområde. Institutta har viktige internasjonale oppgåver og representerer Noreg i ulike samanhengar. Meteorologisk institutt har rolla som internasjonalt meteorologisenter under Konvensjonen om langtransportert grenseoverskridande luftforureining og Det europeiske samarbeidsprogrammet for overvaking og måling av luftforureiningar (EMEP). Tilskotet for 2019 er nytta til å vidareutvikle EMEP-modellen som blir nytta til å analysere spreiing, konsentrasjonar og avsetjingar av luftforureiningar. Slike modellanalysar vert nytta som grunnlag for forhandlingar om internasjonale avtaler om reduksjon i utslepp av luftforureiningar, til dømes Göteborgprotokollen. Norsk institutt for luftforsking (NILU) arbeider som European Topic Centre on Air Pollution and Climate Change Mitigation under The European Environment Agency (EEA). Instituttet er valt ut til arbeidet for EEA i konkurranse med liknande institutt i andre europeiske land. EEA har som føresetnad at institutta kan finansiere delar av kostnadene som Topic Centre nasjonalt. Tilskotet frå Klima- og miljødepartementet dekkjer delar av kostnadene ved NILUs arbeid for EEA. Arbeidet Meteorologisk institutt og NILU utfører for EMEP og EEA, utgjer òg eit viktig grunnlag for utvikling av lovgiving i EU på desse fagområda.

Midlane til internasjonale tiltak på miljøgifter vart i 2019 utbetalt til dei internasjonale konvensjonane på kjemikaliar.

  • Det er òg gitt støtte til det globale arbeidet mot marin forsøpling, mellom anna eit tilskot til GRID Arendal.

Klima

Klimaområdet er delt inn i to underområde, nasjonalt og internasjonalt.

Nasjonalt

Midlane er retta mot tiltak som skal medverke til måloppnåing på det nasjonale klimaområdet.

Mål

Posten skal

  • medverke til nasjonale tiltak slik at Noreg oppfyller dei internasjonale pliktene sine innanfor klima og nasjonale mål innanfor dette resultatområdet

  • styrkje arbeidet med miljøspørsmål som er viktige for Noreg, og å få gjennomslag for norske miljøpolitiske prioriteringar internasjonalt

Tildelingskriterium

Tiltaka er prioriterte med utgangspunkt i nasjonale mål og prioriteringar innanfor resultatområdet klima.

I 2021 blir det føreslått innanfor det nasjonale klimaområdet å gi tilskot til

  • reisestøtte i samband med internasjonale klima- og miljømøte (0,35 mill. kroner)

  • FNs klimapanel (IPCC) 6. hovudsyklus (7,5 mill. kroner)

  • Nasjonalt senter for berekraftig omstilling (NABO) (0,5 mill. kroner)

  • ForUM for Utvikling og Miljø (0,55 mill. kroner)

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke rapportar og reviderte rekneskapar. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.

Rapport 2019

Det vart gitt tilskot til Nasjonalt senter for berekraftig omstilling (NABO) på 0,5 mill. kroner. Midlane har mellom anna blitt brukt til å støtte etableringa av nye nabolagsnettverk som arbeider med lokale berekraftsløysingar.

ForUMs verksemd i 2019 var i tråd med handlingsplanen deira. ForUM lagar samstemte og koordinerte innspel frå norsk sivilsamfunn til regjeringa og Stortinget og er bindeledd mellom sivilsamfunn og norske styresmakter under fleire internasjonale prosessar. I 2019 fokuserte dei mellom anna på dei internasjonale FN-prosessane knytte til klimaforhandlingane, høgnivåforumet for berekraftsmåla og FNs miljøforsamling. I 2019 gav Klima- og miljødepartementet 0,45 mill. kroner i driftsstøtte til ForUM.

Det vart gitt reisestønad til ulike norske ideelle organisasjonar for deltaking i møte mellom anna i dei internasjonale klimaforhandlingane. Noreg har støtta arbeidet med rapportar i tilknyting til FNs klimapanels 6. hovudrapport.

Det vart i 2019 gitt tilskot til Standard Norge, Sintef, og RISE Fire Research på totalt 0,2 mill. kroner i samband med CENs standardiseringsarbeid. Midlane har blitt brukte til påverknadsarbeid under CEN/TC 295 for å ta hand om norske interesser med tanke på utslepp frå vedomnar.

Internasjonalt

Midlane er retta mot tiltak som skal medverke til måloppnåing på det internasjonale klimaområdet.

Mål

Posten skal styrkje arbeidet og internasjonale prosessar på klimaområdet som er viktige for Noreg, og få gjennomslag for norske miljøpolitiske prioriteringar internasjonalt.

Tildelingskriterium

Tiltaka er prioriterte med utgangspunkt i nasjonale mål og prioriteringar innanfor klimaområdet der styrkt internasjonalt samarbeid er heilt nødvendig for å møte klimautfordringa og oppnå det langsiktige temperaturmålet.

I 2021 blir det føreslått innanfor det internasjonale klimaområdet å gi tilskot til

  • Climate and Clean Air Coalition, (CCAC) (6 mill. kroner). Noregs bidrag til Koalisjonen for klima og rein luft sitt Trust Fund under UNEP for arbeidet med å redusere utslepp med klimaeffekt på kort sikt og negative helseeffektar.

  • Internasjonalt klimaarbeid som støttar opp under utvikling av forpliktande internasjonalt samarbeid under Parisavtala (8,0 mill. kroner) (støtte til konferansar, møte, seminar, tilskot til internasjonale organisasjonar osv.).

Vidare skal midlane nyttast til

  • Klimasekretariatets arbeid med å støtte gjennomføring av Parisavtala og Klimakonvensjonen (10,0 mill. kroner). Dette blir gitt i fullmakt til UD, som saman med midlar over UDs eige budsjett utbetaler samla støtte til sekretariatet for Klimakonvensjonen.

  • FNs klimapanel 3 mill. kroner

  • Globalt arbeid, herunder bilateralt samarbeid 1,5 mill. kroner

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke rapportar og reviderte rekneskapar. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.

Rapport 2019

Klima- og miljødepartementet gav i 2019 støtte på 6 mill. kroner til Koalisjonen for klima og rein luft (CCAC) sitt arbeid med å redusere utslepp med klimaeffekt på kort sikt, hovudsakleg metan, hydrofluorkarbon og svart karbon. Innsatsen er retta mot kunnskapsutvikling og tiltak i sektorar som mellom anna avfall, olje- og gass, tungtrafikk og landbruk.

Det vart gitt støtte til internasjonale prosessar for å styrkje internasjonalt klimasamarbeid. Klima- og miljødepartementet har mellom anna prioritert prosessar som støttar opp om gjennomføring og regelverksutvikling under Parisavtala, og har gitt støtte til eit partnarskap for å fremje nasjonale mål under Parisavtala, klimaarbeid under OECD, Cartagena-dialogen for samarbeid mellom progressive land, samarbeid mellom møteleiarane i regelverksutviklinga, den uformelle forhandlingsdialogen under C2ES, arbeid under Høgambisjonskoalisjonen og støtte til involvering frå ungdom i klimaforhandlingane. Det vart òg gitt støtte/tilskot til ymse møte i samband med internasjonalt klimaarbeid der Klima- og miljødepartementet har ei sentral rolle.

Kap. 4400 Klima- og miljødepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

02

Ymse inntekter

455

470

03

Refusjon frå Utanriksdepartementet

2 148

30 565

34 046

Sum kap. 4400

2 148

31 020

34 516

Post 02 Ymse inntekter

Under denne posten fører departementet meir tilfeldige inntekter. Prosjektmidlar frå Nordisk Ministerråd blir òg førte her. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1400 post 01 Driftsutgifter, jf. forslag til vedtak II.

Post 03 Refusjon frå Utanriksdepartementet

Det er budsjettert med 34,0 mill. kroner i refusjon frå Utanriksdepartementet i samband med utgifter til medlemskap i Den internasjonale naturvernunionen (IUCN), Konvensjon om internasjonal handel med truede artar, FNs klimasekretariat, FNs rammekonvensjon om klimaendringar, Montrealprotokollen og FNs miljøprogram, som alle er utgiftsført over kap. 1400 post 71 Internasjonale organisasjonar.

Kap. 1410 Kunnskap om klima og miljø

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

21

Miljøovervaking

285 937

268 937

277 159

22

Miljøkartlegging

100 093

122 208

130 302

23

MAREANO, kan overførast

27 393

45 577

46 800

50

Basisløyvingar under Noregs forskingsråd til miljøforskingsinstitutta

191 294

200 961

220 753

51

Forskingsprogram under Noregs forskingsråd

293 105

334 753

384 738

53

Internasjonalt samarbeid om miljøforsking

6 897

7 083

7 274

70

Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta

38 507

38 007

39 723

72

Tilskot til GenØk – Senter for biotryggleik

5 145

5 145

5 310

Sum kap. 1410

948 371

1 022 671

1 112 059

Kap. 1410 Kunnskap om klima og miljø omfattar midlar til å utvikle eit heilskapleg kunnskapsgrunnlag på tvers av resultatområda. Dette omfattar mellom anna miljøovervaking, miljøkartlegging, inkludert arbeidet med det økologiske grunnkartet, basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta, forskingsprogram i Noregs forskingsråd og andre tilskot til miljøforskingsinstitutta. Kapittelet rettar seg mot alle resultatområda.

Klima- og miljøpolitikken skal vere kunnskapsbasert. I Klima- og miljødepartementets kunnskapsstrategi 2017–2020 er både sektoransvaret og det sektorovergripande arbeidet for å sikre ei kunnskapsbasert forvaltning omtalt. Strategien vil bli revidert i 2021.

Kunnskap om klima og miljø er i aukande grad ein viktig føresetnad for avgjerder som blir tekne på mange samfunnsområde. For å kunne ta omsyn til viktige miljøverdiar er det nødvendig å ha stadfesta informasjon om artar, naturtypar, kulturminne og landskap og andre forhold som kan ha innverknad på miljøverdiane.

Kartlegging er definert som å hente inn stadfesta eller koordinatbestemt informasjon. Overvaking er definert som langsiktig og jamleg å hente inn informasjon etter ein fastsett metodikk. Overvakingsdata er ofte stadfesta, men ikkje alltid. Grunnleggjande geografisk informasjon som plandata, eigedomsdata og andre geodata er òg ein føresetnad for ein effektiv klima- og miljøpolitikk.

For å få kunnskap om korleis miljøtilstanden utviklar seg, treng vi tidsseriar med overvakingsdata samla over lang tid. Vi treng òg overvaking av klimaendringar, forureiningar og andre viktige faktorar som har påverknad på miljøet.

Forsking er nødvendig for å sikre best moglege metodar for innsamling av overvakingsdata. Kompetansen i forskingsmiljøa er òg sentral når overvakingsresultat skal tolkast. Miljøforvaltninga skal sikre bruk av ny teknologi og kostnadseffektive løysingar i kartlegging- og overvakingsarbeidet. Der det er relevant og formålstenleg, skal anskaffingar vere «teknologinøytrale» og baserte på ytings- og funksjonsspesifikasjonar.

Regjeringas Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028 (Meld. St. 4 (2018–2019)) inneheld tiårige mål og prioriteringar og tre opptrappingsplanar for perioden 2019–2022. Det grøne skiftet har ein sentral plass i langtidsplanen. For nærmare omtale av regjeringas forslag til oppfølging av langtidsplanen i 2021 og den samla FoU-innsatsen, sjå del III kap. 5 i Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet. Dokumentet Klima- og miljødepartementets prioriterte forskingsbehov (2016–2021) gir informasjon om særskilde behov på klima- og miljøområdet.

Kunnskapsdepartementet har saman med fleire departement, under dette Klima- og miljødepartementet, arbeidd med å vurdere instituttsektorens rolle i forskings- og innovasjonssystemet. Norske forskingsinstitutt har ein unik posisjon som bindeledd mellom akademia og kundar, og sektoren er sentral for innovasjon og grønt skifte.

Alle postane under kap. 1410 har fått priskompensasjon.

Post 21 Miljøovervaking

Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda.

Det er foreslått ei løyving på om lag 277,2 mill. kroner for 2021. Posten er samla sett auka med om lag 8,2 mill. kroner. Det er flytta 5 mill. kroner til posten frå kap. 1420 post 21 til insektovervaking. Det er flytta 1 mill. kroner frå posten til kap. 1410 post 51 til EUs strålevernforsking. Det er òg flytta 2,55 mill. kroner frå posten til kap. 1400 post 76 til NILU og NIVAs arbeid med Konvensjonen for langtransporterte luftforureiningar.

Posten dekkjer utgifter til å hente inn miljødata knytte til overvaking av tilstand, påverknader og effektar av desse på naturmiljøet og kulturminne. Posten inneheld òg midlar til infrastruktur for miljødata, inkludert etablering og drift av ulike databasar. Oversikt over status og utvikling for indikatorar for dei nasjonale klima- og miljømåla, går fram av Miljøstatus.no.

Miljøovervaking gir grunnlag for å setje mål for miljøpolitikken og vurdere i kva grad dei nasjonale miljømåla blir oppnådde, og kva slags miljø- og helseverknader ein oppnår med verkemiddelbruk og tiltak. I tillegg pliktar Noreg gjennom ei rekkje internasjonale miljøavtaler å dokumentere utviklinga i miljøet og dei faktorane som påverkar miljøtilstanden. Noreg deltek òg i ei rekkje internasjonale overvakingsprogram. Resultata frå desse programma er det viktigaste grunnlaget for revisjon av eksisterande internasjonale avtaler og etablering av nye. Mange endringar i miljøtilstanden skjer gradvis og over lang tid. Overvakingsprogramma må derfor gå over fleire år for å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag for tiltak og politikkutvikling for å nå nasjonale mål.

Naturovervakinga omfattar overvaking av status og utvikling for artar og naturtypar. Døme på dette er sjøfuglprogrammet SEAPOP (inkludert SEATRACK), bestandsovervaking av rovvilt og overvaking av verneområde og tareskog. Overvaking av påverknader og effektar omfattar mellom anna overvaking av forureiningar og farlege kjemikaliar, og effektar av klimaendringar. Nokre midlar går òg til overvaking av kulturminne og kulturmiljø.

Rapport 2019

Midlane på posten blei i 2019 nytta til ei rekkje langsiktige overvakingsprogram som dekkjer ulike miljøtema som naturmangfald, klima, forureining og miljøgifter, og kulturminne. Overvakinga vert koordinert av direktorata, og resultata vert rapporterte til departementet. Lange tidsseriar og data frå miljøovervakinga inngår i nasjonale miljøindikatorar og vert formidla på Miljøstatus.no og nettsidene til direktorata. Resultat frå overvakinga vert òg publiserte gjennom fagrapportar som blir gitt ut av direktorata og dei institutta og forskingsmiljøa som gjennomfører overvakinga. Miljødirektoratet koordinerer overvaking som gjeld natur, klima og forureining. Dette omfattar overvaking av luft, terrestrisk miljø, ferskvatn og kystvatn. Polarinstituttet koordinerer polarovervaking, og Direktoratet for strålevern og atomtryggleik koordinerer overvaking knytt til radioaktivitet. Riksantikvaren koordinerer overvaking av kulturminne og kulturmiljø.

Relevante overvakingsdata frå naturovervaking blir nytta som grunnlag for Naturindeks for Noreg, som er ein hovudindikator for det nasjonale målet om at økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester. Overvakingsdata vert oppdaterte kvart år, mens ei samla oppdatering av heile naturindeksen skjer kvart femte år. Overvakingsdata frå naturovervakinga er òg grunnlag for indikatorsystemet knytt til fagsystem for fastsetjing av økologisk tilstand.

Post 22 Miljøkartlegging

Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda.

Det er foreslått ei løyving på posten på 130,3 mill. kroner for 2021.

Posten dekkjer utgifter til innhenting av ny stadfesta (koordinatbestemt) miljøinformasjon frå kartlegging og etablering av det økologiske grunnkartet for Noreg. Det økologiske grunnkartet omfattar ei samling av kartdata med stadfesta informasjon om mellom anna naturtypar, artar og landskapstypar. Summen av desse kartdataa gir eit økologisk grunnkart for Noreg som gir grunnlag for ei forvaltning av norsk natur som i større grad enn i dag er basert på kunnskap. Ein stor del av midlane på posten blir nytta til arbeidet med å etablere det økologiske grunnkartet, inkludert naturtypekartlegging og kartlegging av artar. Det blir òg nytta midlar frå posten til å drifte digital infrastruktur for innsamling og formidling av kartleggingsdata, vidareutvikling av portal for økologisk grunnkart og arbeid for å gjere denne brukarvennleg. Metoden som er nytta i naturkartlegginga byggjer på Artsdatabankens inndelings- og beskrivingssystem, Natur i Noreg (NiN).

Data frå miljøkartlegging er, som data frå miljøovervaking, ein viktig del av grunnlaget for Miljøstatus.no.

Posten er samla sett auka med om lag 8,1 mill. kroner. Posten er styrkt med 5 mill. kroner til kunnskap for å utvikle ein heilskapleg og økosystembasert forvaltning av natur.

Rapport 2019

Ein stor del av midlane blei nytta til kartlegging av raudlista naturtypar og naturtypar som har sentrale funksjonar i eit økosystem, og til kartlegging av artane i desse naturtypane. Feltbiologar kartla på oppdrag frå Miljødirektoratet eit samla areal som er fire gonger større enn Oslo kommune. Område frå nord til sør som er utsette for utbyggingspress vart prioriterte. Fylkesmannen medverka i utveljing av område. Midlar frå posten har òg gått til å vidareutvikle tekniske verktøy knytte til kartlegginga av naturtypar. I 2019 vart det opna for at andre enn Miljødirektoratet kan tinge kartlegging av naturtypar etter same metode som Miljødirektoratet og ta i bruk dei tekniske verktøya.

I 2019 blei det brukt midlar frå posten til Artsdatabankens arbeid med å utvikle ein portal for økologisk grunnkart. Det er oppretta ei direktoratsgruppe som skal peike ut kva for kartlag som bør inngå i portalen. Eitt av kartlaga som vil vere med i portalen, er resultat frå kartlegging av naturtypar. Portalen skal etter planen vere ferdig innan utgangen av 2020.

Det vart òg nytta midlar til å kartleggje natur ved hjelp av fjernmålings- og modelleringsteknikkar. Resultat frå slik kartlegging vil etter kvart inngå i portal for økologisk grunnkart. Nokre midlar vart nytta til vedlikehald og vidareutvikling av Natur i Noreg.

Post 23 MAREANO, kan overførast

Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda.

Det er foreslått ei løyving på posten på 46,8 mill. kroner for 2021.

Posten dekkjer Klima- og miljødepartementets del av utgiftene til MAREANO-programmet. MAREANO-programmet kartlegg havbotnen i norske havområde gjennom systematisk innsamling av data om djupn og om geologi, landskap, naturmangfald og forureining på havbotnen. Føremålet med kartlegginga er å medverke til ei kunnskapsbasert forvaltning av dei havbaserte næringane og dei marine økosystema. MAREANO-programmet set ein ny standard for kunnskap om havbotnen og har vekt internasjonal merksemd. Det er opna for at MAREANO-programmet frå 2021 også gjennomfører noko kartlegging inn mot kysten.

Rapport 2019

MAREANO-programmet prioriterte i 2019 innsamling av djupnedata frå djuphavsslettene og Den midtatlantiske ryggen i Norskehavet. Det blei og samla djupnedata i nokre område på sokkelen i Norskehavet og Barentshavet, som Sklinnadjupet, Trænadjupet, Storbanken og Spitsbergenbanken. Til saman vart det innsamla djupnedata frå 69 000 km2. Innsamling av geologi-, biologi- og kjemidata vart gjennomført i fleire område i Barentshavet, inkludert ved Bjørnøya og Kvitøyrenna. Det blei òg samla inn data på sokkelkanten nordvest på Spitsbergen. Til saman vart det samla inn geologi-, biologi- og kjemidata frå 8 106 km2. På grunn av mangel på fartøy til geologi-, biologi- og kjemitokt vart delar av løyvinga overført til innsamling av djupnedata.

MAREANO har mellom anna produsert nye djupne- og terrengkart, geologiske og biologiske kart som inkluderer botntypar, landskap, naturtype- og biotopkart, sårbare biotopar, marint søppel, trålspor, produktivitets- og artsdata (www.mareano.no). Rapportering av resultat skjer gjennom www.mareano.no og Noreg digitalt (www.geonorge.no). Kart over terreng og sedimenttypar på havbotnen er gjorde tilgjengelege for bruk om bord på fiskefartøy.

Post 50 Basisløyvingar under Noregs forskingsråd til miljøforskingsinstitutta

Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda.

Det er foreslått ei løyving på posten på om lag 220,8 mill. kroner for 2021.

Posten er samla sett auka med om lag 19,8 mill. kroner. Av dette løyver regjeringa 10 mill. kroner til styrking av grunnløyvinga til miljøinstitutta. Som følgje av at ordninga med strategiske instituttløyvingar er avvikla, er det rammeoverført 6,2 mill. kroner til posten frå kap. 1301 post 50 Transportøkonomisk institutt. Det er vidare rammeoverført 2 mill. frå posten til kap. 1137 post 51 til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Posten dekkjer grunnløyvinga til fordelingsarena for miljøinstitutta. Midlane som tidlegare gjekk til strategiske instituttløyvingar blir no tildelte som ein del av grunnløyvinga til institutta. Dette gjeld også midlane som tidlegare gjekk til strategiske instituttløyvingar ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) på fordelingsarena for primærnæringsinstitutt.

Frå og med 2018 blei 10 pst. av grunnløyvinga omfordelt etter oppnådde resultat på resultatindikatorar som vitskapleg publisering, samarbeid med universitet og høgskular, internasjonale inntekter, inntekter frå Noregs forskingsråd og nasjonale oppdragsinntekter.

Mål

Fordelingsarenaen for miljøinstitutta inkluderer Norsk institutt for luftforsking (NILU), Norsk Institutt for naturforsking (NINA), Norsk institutt for Kulturminneforsking (NIKU), Norsk institutt for vassforsking (NIVA), Senter for klimaforsking (CICERO), Nansensenteret (NERSC – Nansen Environmental and Remote Sensing Center), Transportøkonomisk institutt (TØI) og delar av forskingskonsernet NORCE. Dei skal fungere som nasjonale kompetansesenter og ha ei kunnskapsstrategisk rolle overfor miljøforvaltninga, og dei skal innanfor sine område tilfredsstille samfunnets behov for å løyse problem på kort og lang sikt.

Oppfølging og kontroll

Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane frå Noregs forskingsråd, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. Som oppfølging av årsrapporten vil det bli halde møte med Forskingsrådet og det enkelte instituttet for drøftingar av miljøforvaltningas kunnskapsbehov.

Rapport 2019

Midlane på posten vart nytta til å dekkje grunnløyvinga og dei strategiske instituttløyvingane til fordelingsarena for miljøinstitutta, og strategiske instituttløyvingar til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) på fordelingsarena for primærnæringsinstitutt.

Post 51 Forskingsprogram under Noregs forskingsråd

Midlane under posten er retta mot forskingsprogram innanfor alle resultatområda. Midlane under posten blir kanaliserte gjennom Noregs forskingsråd.

Mål for miljøforskinga er å medverke til å styrkje kunnskapsgrunnlaget for eit effektivt miljøarbeid med stor vekt på relevans og for ei berekraftig ressursforvaltning og samfunnsplanlegging. Miljøforskinga skal gi eit godt kunnskapsunderlag for nasjonale forvaltningsoppgåver, for avgjerder i politikkutforming og som grunnlag for internasjonalt miljøsamarbeid.

Hovudvekta er lagd på forsking om klimaendringar og klimaomstilling, inkludert forsking på biologiske og samfunnsvise effektar av klimaendringar. Forskingsinnsatsen for å nå mål om omstilling til eit lågutsleppssamfunn, med særleg vekt på å utvikle løysingar i ikkje kvotepliktige utsleppssektorar, hadde i 2020 ei ramme på 124 mill. kroner.

Det er foreslått ei løyving på posten på om lag 384,7 mill. kroner for 2021. Posten er samla sett auka med om lag 50 mill. kroner. Det blir føreslått å rammeoverføre 13,3 mill. kroner til kap. 288 post 73 under Kunnskapsdepartementet for deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europa. Regjeringa føreslår å styrkje satsinga på forsking og innovasjon for grøn omstilling med 40 mill. kroner. Dei nye rapportane frå FNs naturpanel og IPPC spesialrapport om landareal viser at klimautfordringane og tap av naturmangfald må sjåast i samanheng. Klima- og miljøutfordringane er komplekse og tverrfaglege. For å ta gode heilskaplege avgjerder treng vi meir kunnskap om koplingane mellom dei ulike fagområda. Det er vidare flytta 1 mill. kroner til posten frå kap. 1410 post 21, til EUs strålevernforsking.

Oppfølging og kontroll

Departementet får årsrapportar frå Noregs forskingsråd. Rapportane er utarbeidde på bakgrunn av innspel frå programstyra. I tillegg er representantar frå miljøforvaltninga valde inn i porteføljestyra.

Mål for Noregs forskingsråd

Noregs forskingsråd er ein sentral aktør i det norske forskings- og innovasjonssystemet og eit viktig verkemiddel for å nå regjeringas forskingspolitiske mål. Regjeringa har fastsett fem mål for Forskingsrådet. Måla er

  • auka vitskapeleg kvalitet

  • auka verdiskaping i næringslivet

  • å møte store samfunnsutfordringar

  • eit vel fungerande forskingssystem

  • god rådgiving

Måla er felles for alle departementa. Kunnskapsdepartementet har i samarbeid med departementa og Forskingsrådet utarbeidd eit styringssystem for departementa si styring av Forskingsrådet. Samla resultat av verksemda til Noregs forskingsråd i 2019 er omtalt i Prop. 1 S for Kunnskapsdepartementet.

Rapport 2019

I 2019 vart løyvinga nytta til finansiering av forskingsprogramma Miljøforsk, Marinforsk, Klimaforsk, Energix, Bedre helse, Polarforskingsprogrammet og Program for romforsking.

Post 53 Internasjonalt samarbeid om miljøvernforsking

Det er foreslått ei løyving på om lag 7,3 mill. kroner på posten for 2021.

Mål

Tilskotet er kontingent for medlemskap i International Institute for Applied Systems Analysis (IIASA). IIASA er eit internasjonalt forskingsinstitutt som mellom anna medverkar med analysar til arbeidet med internasjonale miljøavtaler. Instituttet medverkar til internasjonale forhandlingar om klima og luftforureiningar med kompetanse innanfor scenarioutvikling, integrert vurdering av langsiktig policy for utsleppsreduksjonar på tvers av land og utvikling av strategiar for å redusere effektane av klimaendringar. Bidrag frå instituttet er eit nødvendig grunnlag for dei internasjonale forhandlingane om reduksjon av sur nedbør og andre konsekvensar av luftforureiningar. Instituttet spelar òg ei sentral rolle som rådgivar i EUs arbeid med klima og luftforureiningar.

Oppfølging og kontroll

Kontingenten blir overført Noregs forskingsråd, som tek hand om den norske medlemskapen.

Post 70 Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta

Det er foreslått ei løyving på posten på 39,7 mill. kroner for 2021.

Posten er samla sett auka med 1,7 mill. kroner. Det er flytta 0,5 mill. kroner til posten frå kap. 1400 post 21 til Norsk institutt for naturforskning (NINA) for å kompensere for at forskarar arbeider for Vitenskapskomiteen for mat og miljø (VKM) til lågare satsar enn når forskarane tek andre oppdrag.

Mål

Målet er å syte for at Norsk institutt for luftforsking (NILU), Norsk institutt for naturforsking (NINA), Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU), Norsk institutt for vassforsking (NIVA), Senter for klimaforsking (Cicero) og Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har ressursar til fagleg rådgiving til miljøforvaltninga, til deltaking og fagleg støtte for miljøforvaltninga i nasjonale og internasjonale organ ved behov, til informasjons- og databasetenester overfor forvaltninga, inkludert vedlikehald av relevante nasjonale databasar, og driftstilskot til ulike forskingsstasjonar.

Det ligg òg inne 4,9 mill. kroner i driftsstøtte til Forskingssenter for miljø og samfunn (CIENS) som har ansvar for å drifte Miljøprøvebanken.

Oppfølging og kontroll

Det er ein føresetnad at institutta drøftar prioriteringar og planar for gjennomføring med relevante etatar og Klima- og miljødepartementet. Det blir motteke rapportar og reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.

Rapport 2019

I 2019 vart løyvinga mellom anna nytta til deltaking og fagleg støtte for miljøforvaltninga i nasjonale og internasjonale organ, databasetenester, til å halde oppe algesamling som nasjonal referansesamling, til nasjonal beredskap for konservering av kulturhistorisk viktige gjenstandar, til driftsstøtte for målestasjonane på Zeppelinfjellet og Trollhaugen i polarområda, til referanselaboratorium for målingar av luftforureining og atmosfærisk korrosjon og til vidareutvikling og drift av Miljøprøvebanken.

Post 72 Tilskot til GenØk – Senter biotryggleik

Det er foreslått ei løyving på posten på 5,3 mill. kroner for 2021.

Mål

Løyvinga skal støtte utviklinga av GenØk – Senter for biotryggleik som eit kompetansesenter på genteknologi. GenØk skal drive forsking, informasjon og rådgiving om helse- og miljøkonsekvensar ved bruk av genteknologi og genmodifisering, for å sikre trygg bruk av genteknologi.

Oppfølging og kontroll

Det er ein føresetnad at instituttet drøftar prioriteringar og planar for gjennomføring med Miljødirektoratet og Klima- og miljødepartementet. Det blir motteke rapportar og reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. Det skal haldast årlege møte med instituttet for å drøfte prioriteringar.

Rapport 2019

I 2019 blei løyvinga nytta i GenØk – Senter for biotryggleik til fagleg rådgiving til miljøforvaltninga, mellom anna i form av rapportar til Miljødirektoratet i samband med GMO-høyringar, til rådgiving om genmodifiserte vaksinar og til forskingsprosjekt for å utvikle vidare kunnskapsgrunnlaget for vurdering av helse- og miljøkonsekvensar av genmodifiserte organismar. Dette er prosjekt innan mikro- og molekylærbiologi, immunepidemiologi og økologi, virologi, økotoksikologi og økosystem, og samfunnsvitskaplege aspekt ved moderne bio- og nanoteknologi.

Kap. 1411 Artsdatabanken

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

32 361

32 587

32 639

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

10 262

7 122

10 249

70

Tilskot til artar og naturtypar, kan overførast, kan nyttast under post 21

28 757

29 666

26 666

Sum kap. 1411

71 380

69 375

69 554

Artsdatabanken er ein nasjonal kunnskapsbank om naturmangfald i Noreg. Artsdatabankens viktigaste oppgåve er å gjere oppdatert kunnskap om naturtypar, artar og populasjonar lett tilgjengeleg for samfunnet. Mellom anna lagar Artsdatabanken raudliste for artar og raudliste for naturtypar, dei gjer risikovurderingar for framande artar i Noreg, utviklar type- og beskrivingssystem for natur (Natur i Noreg) og har viktige oppgåver i arbeidet med å etablere det økologiske grunnkartet.

Artsdatabanken er ein fagleg uavhengig og bruttobudsjettert etat med eige styre. Det faglege sjølvstendet og styret sitt ansvar og oppgåver er nedfelte i Artsdatabankens mandat.

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot resultatområdet naturmangfald.

Det er foreslått ei løyving på posten på om lag 32,6 mill. kroner for 2021.

Løyvinga dekkjer dei ordinære driftsutgiftene for Artsdatabanken. Om lag tre firedelar av løyvinga gjeld lønn til dei tilsette. Resten av løyvinga går til å dekkje husleige, fornying av materiell, inventar og utstyr, mellom anna drift og utvikling av IT-anlegget, reiseutgifter, kurs- og konferanseverksemd og tiltak for kompetanseutvikling.

Rapport 2019

Om lag tre firedelar av løyvinga vart nytta til lønn. I samband med overgang til felles IT-drift i miljøforvaltninga der Miljødirektoratet er ansvarleg for drifta, har Artsdatabanken i 2019 hatt noko større utgifter til programvare, fordi lisenstypen vart endra frå utdanningslisens til statslisens.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttes under post 70

Midlane under posten er retta mot resultatområdet naturmangfald.

Det er foreslått ei løyving på posten på om lag 10,3 mill. kroner for 2021.

Posten dekkjer utgifter til mellom anna Artsdatabankens kjøp av tenester til Artsprosjektet, arbeid med raudlister, risikovurderingar av framande organismar, arbeidet med Artsobservasjonar og arbeid med Global Biodiversity Information Facility (GBIF), som gjer data om naturmangfald fritt tilgjengelege på internett.

Posten er samla sett auka med om lag 3,1 mill. kroner. Det er flytta 3 mill. kroner til posten frå kap. 1411 post 70 til prosjektet «Artar på nett».

Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt under kap. 4411 post 02.

Rapport 2019

I 2019 vart løyvinga nytta til etterarbeid som følgje av Framandliste for Noreg 2018. Midlar har òg vore nytta til å starte arbeidet med ny raudliste for artar, og til drift av Artsprosjektet. Midlar har vidare vore nytta til tenestekjøp for systemutvikling av Artskart og Artsobservasjonar, og administrative støttefunksjonar som bruttofinansiert verksemd.

Post 70 Tilskot til artar og naturtypar, kan overførast, kan nyttast under post 21

Midlane under posten er retta mot resultatområdet naturmangfald.

Det er foreslått ei løyving på posten på om lag 26,7 mill. kroner for 2021. Posten er redusert med 3 mill. kroner, som er flytta til kap. 1411 post 21.

Posten dekkjer tilskot til kunnskapsoppbygging om artar og naturtypar i Noreg.

Mål

Tilskotsordninga skal styrkje kunnskapen om mangfaldet av artar i Noreg til beste for allmenta, forvaltning og forsking slik at vi i framtida er betre rusta til å forvalte naturmangfaldet.

Kriterium for måloppnåing

Det skal leggjast særleg vekt på kartlegging og dokumentasjon av dårleg kjende artar og artsgrupper i Artsprosjektet. Tilskotsordninga kan òg nyttast til å byggje kunnskap om naturvariasjon basert på Natur i Noreg (NiN), styrkje kompetansebygging innanfor naturmangfald og styrkje formidling av artar og naturtypar i Noreg. Tilskot kan vidare nyttast til å fremje brukarstøtte og kvalitetssikring av artsfunn i Artsobservasjonar, og til å medverke til at data om artar og naturtypar blir tekne i bruk.

Tildelingskriterium

Midlane til Artsprosjektet er særleg retta mot vitskapelege institusjonar. For andre føremål kan institusjonar, stiftelsar, føretak og frivillige organisasjonar også få tilskot.

Oppfølging og kontroll

Alle tilskotsmottakarar leverer rapportar som syner den kunnskapsproduksjonen som tilskotet har finansiert, og reviderte rekneskapar frå gjennomførte prosjekt. Det vert stilt krav om open datadeling og bruk av opne lisensar for datadeling og gjenbruk.

Rapport 2019

Størstedelen av midlane vart nytta som tilskot til kartlegging og dokumentasjon av dårleg kjende artar og artsgrupper i Artsprosjektet. Også i 2019 har Artsprosjektet komme med mykje ny kunnskap om dårleg kjende artar. Frå 2009 til 2019 er det funne nærare 3300 nye artar for Noreg. DNA-strekkoding i NorBOL-nettverket har løfta kunnskapsgrunnlaget om norske artar vesentleg. Forskarskulen i biosystematikk (ForBio) har styrkt og vidareutvikla kompetansen og kapasiteten i dei taksonomiske fagmiljøa i Noreg.

Artsobservasjonar er framleis ein stor suksess. Databasen har passert 22 millionar observasjonar og er den største enkeltdatabasen for artar i Noreg. Artsdatabanken har i 2019 lagt stor vekt på arbeidet med kvalitetssikring av artsfunna, og nytta midlar frå posten til dette.

Kap. 4411 Artsdatabanken

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

02

Ymse inntekter

659

428

420

Sum kap. 4411

659

428

420

Post 02 Ymse inntekter

På posten er det ført ymse inntekter, primært inntekter frå eksterne oppdragsgivarar. Dei tilsvarande utgiftene er budsjetterte under kap. 1411 post 21.

Kap. 1412 Meteorologiformål

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

50

Meteorologisk institutt

326 782

339 635

380 257

70

Internasjonale samarbeidsprosjekt

139 434

146 127

142 857

Sum kap. 1412

466 216

485 762

523 114

Post 50 Meteorologisk institutt

Meteorologisk institutt (MET) står for den offentlege meteorologiske tenesta for sivile og militære formål i Noreg. Meteorologisk institutts arbeid med å overvake og varsle vêr er ein kritisk samfunnsfunksjon.

Instituttet lagar vêrvarsel for samfunnet generelt gjennom vêrvarslingssentralane i Tromsø, Bergen og Oslo. I tillegg er observasjonsstasjonar spreidde over heile landet og i Arktis. Meteorologisk institutt er blant dei fremste kunnskapsmiljøa i Noreg på klimaendringar. Instituttet har ei viktig rolle i å førebu Noreg på eit endra klima, mellom anna gjennom leiinga av Klimaservicesenteret (KSS). Observasjonane frå nordområda er òg med på å dokumentere klimaendringar. Meteorologisk institutt er dessutan åleine om å ha personell på Bjørnøya og Hopen, og sikrar i så måte norsk nærvær og støtte til søk og redning.

Frå 1. januar 2020 vart ansvaret for å forvalte eigedommane til Meteorologisk institutt på Blindern i Oslo overført til Statsbygg, og instituttet vart med dette innlemma i statens husleigeordning.

Føreslått løyving på posten er på 380,3 mill. kroner.

For at Meteorologisk institutt skal byggje ein ny vêrradar på Finnmarksvidda, i Kautokeino kommune, føreslår regjeringa å løyve 27,8 mill. kroner til formålet. Ein vêrradar på Rássegálvárri i Kautokeino gir god overvaking av nedbøren i heile Finnmark og vil vere ein viktig reiskap spesielt for å varsle ekstremvêr og flaum. Sidan radaren gir betre varsling av farleg vêr, vil han vere av verdi for tryggleiken, ferdselen og førebyggingsarbeidet i dekningsområdet. Data frå radarane blir òg nytta som grunnlag for å lage novarsel for nedbør dei nærmaste 90 minutta. Novarselet er tilgjengeleg på Yr på mobiltelefonen og blir oppdatert kvart 5. minutt. Denne tenesta gjer det mogeleg å planleggje aktivitetar som er sensitive for nedbør på eit detaljert nivå,– ei ny teneste som befolkninga og brukarane i dekningsområdet får tilgang til når radaren er ferdig bygd.

For å sikre norsk nærvær på Hopen er løyvinga på posten auka med 4 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 1400 post 21. Utover dette er posten prisjustert med 10,8 mill. kroner og redusert i samband med avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma.

Mål

Meteorologisk institutt overvaker og varslar vêret med høg kvalitet og regularitet og bereknar klimaet i notid og framtid for at styresmaktene, næringslivet, institusjonar og befolkninga kan sikre liv og verdiar og verne miljøet.

Meteorologisk institutt driv forsking og utvikling på alle sine fagområde, så instituttet kan yte tenester i verdsklasse.

Rapport for 2019

Samla sett er kvaliteten på varsla for temperatur, vind og nedbør betre i 2019 enn i åra før. For temperatur kjem auka kvalitet av at MET frå 2018 inkluderte private observasjonar i vêrvarslingsproduksjonen, og det er stor vekst i talet på private målestasjonar i 2019, slik at fleire stader får meir presist varsel for temperatur. For vind har det dei siste tre åra vore ein klart høgare varselkvalitet samanlikna med tidlegare år. For nedbør er det den siste toårsperioden fleire korrekte varsel enn føregåande år.

Det vart ikkje varsla om ekstreme vêrforhold i 2019. Sommaren 2019 var det særleg kraftige regnbyer som fekk merksemd. Dei siste åra har MET og NVE samarbeidd om å fornye farevarslinga. Nye farevarsel vart introduserte i 2018, med ei fargemarkering som viser kor alvorleg vêret er venta å bli. MET og NVE vil halde fram samarbeidet om betring av farevarsel for kraftige regnbyer med flaum og skred som mogleg konsekvens.

Instituttet har ei viktig rolle i arbeidet med tryggleik og beredskap og deltek jamleg i øvingar med Forsvaret og andre etatar der vêr og klima speler ei rolle. I 2019 har MET utvikla nye farevarsel om vanskelege køyreforhold i samarbeid med Statens vegvesen.

METs varslingsmodellar er svært gode, og tilgangen til observasjonar, reknekraft og god kompetanse gjer det mogleg å gi svært lokale vêr- og havvarsel av gjennomgåande høg kvalitet. Dei største veikskapane ved modellane er i Arktis, og auka aktivitet i Arktis påverkar behovet for å betre desse modellane. MET har ein eigen vêrvarslingsmodell for Arktis og deltek i ei rekkje forskingsprosjekt med Arktis i fokus. METs bidrag til forskingsprosjektet Arven etter Nansen er retta mot betre varsling i Arktis.

Hovudføremålet med METs forskingsverksemd er å utvikle samfunnsnyttige tenester. Forskinga blir raskt operasjonalisert, og tilbakemeldingar frå både interne og eksterne brukarar skal drive forskinga framover. Det er utbreidd nasjonalt og internasjonalt samarbeid på forskings- og utviklingsområdet. Prioriterte område i 2019 var mellom anna å setje det nasjonale systemet for varsling av luftkvalitet i produksjon og å setje ein finskala fjordkystmodell for Svalbard-området i drift.

Samarbeidet mellom dei meteorologiske institutta i Noreg, Sverige og Finland om operasjonell numerisk vêrvarsling (MetCoOp) fungerer svært godt, og vart i 2019 utvida til å omfatte Estland. Samarbeidet effektiviserer produksjonen av varsel og gir betre beredskap og ein monaleg stordriftsfordel innanfor tungrekning.

Kostnadene til teknisk infrastruktur og vedlikehald av observasjonsnettet aukar gradvis. Også kostnadene til tungrekning aukar. Dette må instituttet ta omsyn til ved planlegging av verksemda i åra framover.

Vêrtenesta Yr blir stadig betra, og bruken av tenesta er framleis høg og aukande. I juni 2019 vart det sett ny rekord med nesten 11 mill. unike brukarar på Yr. I gjennomsnitt var det 8,8 mill. brukarar per veke i 2019, ein auke frå 8 mill. brukarar i 2018.

For 14. år på rad vart MET kåra til den statsetaten i Noreg som har best omdømme blant publikum, og Yr vart for niande år på rad kåra til vêrtenesta flest nordmenn (60 pst.) har størst tiltru til i Ipsos’ omnibusundersøking for 2019.

Post 70 Internasjonale samarbeidsprosjekt

Løyvinga på posten går i hovudsak til å innfri dei forpliktingane Noreg har til å betale kontingentutgifter i samband med norsk deltaking i følgjande internasjonale meteorologiorganisasjonar:

  • Den europeiske organisasjonen for utnytting av meteorologiske satellittar (EUMETSAT). Eventuelle overskot av kontingentinnbetalingar til EUMETSAT blir overførte til eit fond, Working Capital FUND (WCF). Fondet er heimla i EUMETSATs statuttar og består av akkumulert budsjettoverskot

  • Det europeiske senteret for mellomlange vêrvarsel (ECMWF)

  • Europeiske samarbeidsprosjekt mellom dei meteorologiske institutta (EUMETNET og ECOMET er dei største samarbeidsnettverka)

  • Den meteorologiske verdsorganisasjonen (WMO)

Noreg er medlem i EUMETSAT, ECMWF og WMO gjennom å ha slutta seg til internasjonale konvensjonar. Budsjettvedtak i dei styrande organa er dermed forpliktande for Noreg. Det prosentvise bidraget frå eit land til budsjettet er proporsjonalt med bruttonasjonalinntekta i landet. Når det gjeld dei andre internasjonale organisasjonane, er det Meteorologisk institutt som er medlem.

Storleiken på løyvinga på posten er òg avhengig av svingingar i valutakursane og aktivitetsnivået i dei ulike organisasjonane. Mesteparten av utgiftene er knytte til den europeiske organisasjonen for utnytting av meteorologiske satellittar (EUMETSAT). Det nye polarbanesatellittprogrammet (EPS-SG) har ført til ein auke i bidraget frå Noreg til EUMETSAT dei seinare åra, med ein topp i 2018. JASON-programmet under EUMETSAT medverkar òg til å halde utgiftene til EUMETSAT på om lag same nivå.

Regjeringa føreslår ei løyving på 142,9 mill. kroner.

Mål

Målet med løyvinga er å medverke til å dra nytte av utvikling og betring av meteorologiske tenester gjennom internasjonalt samarbeid.

Rapport 2019

EUMETSAT er den største og viktigaste samarbeidsorganisasjonen, og i 2019 var bidraget frå Noreg på 117 mill. kroner. EUMETSAT driftar ei rekkje ulike satellittar for meteorologiske data. Særleg polarbanesatellittane er viktige for varslinga av vêret i Noreg. Eit nytt polarbanesatellittprogram (EPS-SG) blei starta i 2015. Første nye satellitt i dette programmet skal ifølgje planen sendast opp i tredje kvartal 2022 og den andre satellitten eit år seinare. Viktig er òg det geostasjonære satellittprogrammet METEOSAT, som no førebur tredje generasjons satellittar (MTG). Det har vore nokre forseinkingar i programmet, og første nye satellitt i dette programmet skal ifølgje planen skytast opp i 2021.

Noreg er eitt av 22 medlemsland i det europeiske reknesenteret ECMWF. I tillegg har tolv land status som samarbeidsland og dermed tilgang til produkt frå ECMWF. ECMWF har dei beste globale tidøgnsvarsla i verda og er leiande på utvikling av numeriske berekningsmodellar for vêrvarsling. ECMWF har òg ei sentral rolle i det europeiske Copernicus-samarbeidet. I 2019 var bidraget frå Noreg på 13 mill. kroner. I 2017 blei det avgjort å flytte datasenteret til ECMWF frå Reading i England til Bologna i Italia. Datasenteret i Bologna skal opnast i 2020, og då vil dei nye tungreknemaskinene til ECMWF vere installerte der. I løpet av 2020 skal det avgjerast om ECMWF skal etablere eit forskingssenter i eit land som har full tilgang til relevante forskingsprogram i EU.

EUMETNET er eit nettverk mellom dei nasjonale meteorologiske institutta i Europa for å nytte ressursane mest mogleg effektivt. EUMETNET driv felles program innanfor det europeiske meteorologiske observasjonssystemet. For å nå måla sine er MET heilt avhengig av europeiske samarbeidsprosjekt mellom dei meteorologiske institutta. I 2019 var bidraget frå Noreg på 1,8 mill. kroner.

EUMETNET, saman med EUMETSAT og ECMWF, speler ei viktig strategisk rolle som overbygning for den meteorologiske infrastrukturen i Europa og som kontaktpunkt overfor EU når det gjeld meteorologi.

ECOMET syter for at observasjonane og dei numeriske prognosane frå dei nasjonale meteorologiske institutta i Europa er tilgjengelege for private kommersielle aktørar, og for at den kommersielle aktiviteten i dei nasjonale meteorologiske institutta oppfyller konkurranselovgivinga.

FN-organisasjonen WMO syter for global utveksling av meteorologiske observasjonar i nær sanntid mellom dei 193 medlemslanda og -territoria. Vitskaplege nyvinningar innanfor varsling av vêr blir òg i stor grad gjorde tilgjengelege for alle verdas meteorologiske institutt gjennom WMO. WMO har mellom anna ei satsing spesielt retta mot å utnytte sesongvarsling og klimaprognosar betre i u-land som er sårbare for tørke og flaum (Global Framework for Climate Services). Tilskotet frå Noreg til WMO i 2019 var på 5,6 mill. kroner.

Programkategori 12.20 Klima, naturmangfald og forureining

Hovudinnhald og prioriteringar

Utgiftene under programkategori 12.20 gjeld resultatområda Naturmangfald, Friluftsliv, Forureining og Klima.

Programkategorien omfattar verksemda til Miljødirektoratet, Enova og noko av verksemda til Sjøfartsdirektoratet og Direktoratet for strålevern og atomtryggleik.

Oppfølginga av dei tre nasjonale måla for naturmangfald skjer i hovudsak med utgangspunkt i Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – norsk handlingsplan for naturmangfold. Regjeringa vil arbeide for å nå ambisjonane i Aichi-måla og følgje opp naturmangfaldmeldinga i tråd med Stortingets innstilling. Prioriterte tiltak i 2021 er å føre vidare satsinga på å betre kunnskapen om artar og økosystem, auke arealet av verna skog og marine verneområde og vidareutvikle ei økosystembasert forvaltning. Arbeidet med å sette mål for tilstanden i økosystema er høgt prioritert. Arbeidet med ny heilskapleg plan for Oslofjorden og oppfølging av ny stortingsmelding om miljøkriminalitet vil òg bli prioritert. Arbeidet med å ta vare på truga natur og verdiane i verneområda vil halde fram i 2021. Arbeidet med å gjennomføre restaureringstiltak i myr og i område som er prioriterte i vassforvaltningsplanane blir ført vidare, mellom anna ved å utvikle ein nasjonal strategi for restaurering av vassdrag for perioden 2021–2030. Arbeidet med å etablere eit nytt globalt rammeverk for bevaring av naturmangfald vil bli høgt prioritert. Andre viktige prioriteringar i 2021 er å vidareføre oppsyn for å hindre ulovleg fiske etter anadrom laksefisk og å ta vare på vill laksefisk, rovviltarbeidet, oppfølging av kvalitetsnorma for villrein, betre rettleiing og tilskot til kommunane i arbeidet med å ta vare på naturmangfald i arealplanlegginga, gjennomføring av tiltaksplanar for pollinerande insekt og mot framande artar, og gjennomføring av verneplanprosessar for å ta vare på verdifull natur.

Regjeringa er oppteken av å ta vare på Noregs sterke tradisjonar for friluftsliv med utgangspunkt i allemannsretten til fri ferdsel i utmark. Arbeidet med å følgje opp handlingsplanen for friluftsliv vil halde fram i 2021, i nært samarbeid med friluftslivsorganisasjonane og friluftsråda. Stortingsmeldinga og handlingsplanen utgjer saman grunnlaget for statens arbeid med friluftsliv.

For å motverke og redusere forureining blir det grunnleggjande og langsiktige arbeidet med forvaltning av nasjonalt regelverk, internasjonale avtaler og løyvingar til tiltak vidareført. Regjeringa legg vekt på å arbeide for å redusere spreiing av miljøgifter. Noreg har ei viktig rolle i det internasjonale samarbeidet om dette. Av særleg prioriterte tiltak i 2021 er opprydding av forureina sjøbotn i Hammerfest hamn. Arbeidet med å førebyggje og rydde opp i plastforureining nasjonalt og internasjonalt har høg prioritet. Internasjonalt vil Noreg halde fram med leiarrolla si for å få på plass ei ny global avtale, samstundes som arbeidet med nasjonale tiltak held fram. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for ein sirkulær økonomi som vil medverke til betre utnytting av plast som ressurs samstundes som det vil vere med på å avgrense plastforureininga.

Klima er ei av hovudprioriteringane til regjeringa. For å redusere utsleppa og omstille Noreg til eit lågutsleppssamfunn i tråd med klimalova, forsterkar regjeringa stadig verkemiddelbruken. Av særleg prioriterte tiltak i 2021 er auke av CO2-avgifta og satsinga på grøn skipsfart. Regjeringa foreslår å vidareføre ordninga med innfasing av hurtigbåtar med null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale samband og å vidareføre Grønt skipsfartsprogram sitt arbeid med grøn flåtefornying av lasteskip. Regjeringa er oppteken av å styrkje det lokale og regionale klimaarbeidet og foreslår å føre vidare tilskotsordninga klimasats i 2021 med ei ramme for nye tilsegner på 100 mill. kroner.

Resultatområde

Tabell 7.2 Resultatområde under programkategori 12.20

Resultatområde

Nasjonale mål

Naturmangfald

  • Økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester.

  • Ingen artar og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til truga og nær truga artar og naturtypar skal betrast.

  • Eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for kommande generasjonar.

Friluftsliv

  • Friluftslivets posisjon skal sikrast og utviklast vidare gjennom å ta vare på allemannsretten, å bevare og leggje til rette viktige friluftslivsområde og å stimulere til auka friluftslivsaktivitet for alle.

  • Naturen skal i større grad brukast som læringsarena og aktivitetsområde for barn og unge.

Forureining

  • Forureining skal ikkje skade helse og miljø.

  • Bruk og utslepp av kjemikaliar på prioritetslista skal stansast.

  • Eksponering av menneske og miljø for radioaktiv forureining skal haldast så låg som mogleg.

  • Veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten.

  • Materialgjenvinning av avfall skal auke.

  • Å sikre trygg luft. Basert på dagens kunnskapsstatus blir følgjande nivå sett på som trygg luft:

    • Årsmiddel PM10: 20 µg/m3

    • Årsmiddel PM2,5: 8 µg/m3

    • Årsmiddel NO2: 40 µg/m3

  • Støyplager skal reduserast med 10 pst. innan 2020 i forhold til 1999. Talet på personar som er utsette for over 38 dB innandørs støynivå, skal reduserast med 30 pst. innan 2020 i forhold til 2005. Målet er under revisjon.

Klima

  • Noreg skal fram til 2020 kutte i dei globale utsleppa av klimagassar tilsvarande 30 pst. av Noregs utslepp i 1990.

  • Noreg har under Parisavtala teke på seg ei forplikting til å redusere utsleppa av klimagassar med minst 50 pst. og opp mot 55 pst. i 2030 samanlikna med 1990.

  • Noreg skal vere klimanøytralt i 2030.

  • Noreg har lovfesta eit mål om å bli eit lågutsleppssamfunn i 2050.

  • Medverke til at redusert og reversert tap av tropisk skog gir eit meir stabilt klima, meir bevart naturmangfald og ein meir berekraftig utvikling

  • Det er eit politisk mål at samfunnet skal førebuast på og tilpassast til klimaendringane.

Politikk for å nå dei nasjonale måla for naturmangfald

Kunnskap om natur

I 2021 er dei første nasjonale vurderingane for tilstand i enkelte økosystem gjennomført. Samstundes skal fagsystemet for vurdering av økologisk tilstand vidareutviklast. Dette arbeidet vil bli basert på naturvitskaplege metodar for å fastsette ei samla kunnskapsbasert vurdering av tilstand i norske hovudøkosystem, og vil gi eit viktig kunnskapsgrunnlag til bruk for økosystembasert forvaltning av natur.

I 2021 vil kartportal for Økologisk grunnkart vere open for brukarar, og prosjektet går over i ein driftsfase med jamleg oppdatering av innhald. Dette er ei oppfølging av Stortingets handsaming av naturmangfaldsmeldinga. Det økologiske grunnkartet er sett saman av ulike kartlag som gir kunnskap om mellom anna kor ulike typar natur finst. Det økologiske grunnkartet er eit felles verktøy på tvers av sektorane som gir grunnlag for meir heilskapleg arealforvaltning, og dimed betre avgjerdsprosessar.

Stortinget har gjort vedtak om at dei tre listene Norsk raudliste for artar, Norsk raudliste for naturtypar og Framandartslista skal bli gjennomgått kvart femte år. Regjeringa meiner det er meir formålstenleg med ein revisjon av listene kvart sjette år, det vil seie to år mellom lanseringa av kvar nye liste. Dette vil samtidig jamne ut arbeidsbelastinga i Artsdatabanken som utarbeider dei tre listene. I 2021 vil det bli lansert ei ny Raudliste for artar, der om lag 32 000 artar blir vurderte av 100 ekspertar.

Heilskapleg vassforvaltning

Arbeidet med å styrkje norsk vassforvaltning slik at EUs vassdirektiv blir gjennomført i norsk rett, vil halde fram. Med vassforskrifta har vi eit opplegg for økosystembasert forvaltning for elvar, innsjøar, grunnvatn og kystvatn med definisjon av ønskt tilstand, og berekraftig bruk. Dei heilskaplege og sektorovergripande vassforvaltningsplanane med tilhøyrande tiltaksprogram for perioden 2016–2021 er viktige verktøy for å nå måla om godt vassmiljø i ferskvatn, kystvatn og grunnvatn i Noreg. Vassforvaltningsplanane er under revisjon. Forslag til oppdaterte planar skal på høyring i alle vassregionar ved årsskiftet 2020/2021, slik at ein får oppdaterte planar for perioden 2022–2027.

Planane og miljømåla skal leggjast til grunn når sektorane gjennomfører tiltak innanfor eige ansvarsområde. Å nå målet om godt vassmiljø i heile landet krev at alle partar medverkar i arbeidet med oppdateringa av planar og tiltaksprogram, og at ansvarlege sektorstyresmakter gjennomfører tiltak for å nå måla i gjeldande og oppdaterte planar. Overvakinga av vassførekomstane i Noreg vil halde fram i 2021. Betring av kunnskapen om tilstanden i og påverknadene på vassførekomstane er ein føresetnad for gode resultat av tiltaka.

Heilskapleg forvaltning av havområda

Miljøtilstanden i dei produktive og ressursrike norske havområda er i mange samanhengar god, men blir i aukande grad påverka av klimaendringar. Denne påverknaden er tydeleg på tilstanden i økosystema i Nordsjøen og i Barentshavet. Noverande og framtidig havbasert verdiskaping er avhengig av god miljøtilstand og eit rikt naturmangfald i Noregs kyst- og havområde. Gjennom forvaltningsplanane for havområda er det fastsett heilskaplege rammer og tiltak for berekraftig bruk og bevaring av økosystema. Regjeringa la våren 2020 fram Meld. St. 20 (2019–2020) Helhetlige forvaltningsplaner for de norske havområdene – Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten, Norskehavet, og Nordsjøen og Skagerrak. Med meldingafører regjeringa vidare og fornyar systemet med heilskaplege og økosystembaserte forvaltningsplanar for dei norske havområda. Føremålet med forvaltningsplanane er å leggje til rette for verdiskaping gjennom berekraftig bruk av havområda sine ressursar og økosystemtenester, og samstundes halde oppe økosystema sin struktur, verkemåte, produktivitet og naturmangfald.

Klimaendringar og havforsuring har store konsekvensar for miljøtilstanden i havet. Desse problema vil etter det vi veit, auke betydeleg. Ei hovudutfordring framover blir effektane av samspelet mellom dei venta konsekvensane av klimaendringar og havforsuring, og dei meir direkte lokale og regionale verknadene av menneskeleg aktivitet i havområda og langs kysten. Den vidare utviklinga av havforvaltninga i Noreg må byggje på ein forståing av korleis klimaendringar og andre storskala endringar påverkar og vil forandre Noregs havområde, og måten vi bruker dei.

Regjeringa vil styrkje kunnskapsgrunnlaget om marine økosystem, og korleis dei blir endra som følgje av auka menneskeleg aktivitet, klimaendringar og forureining. Regjeringa vil også styrkje kunnskapsgrunnlaget om kva rolle havøkosystema har for den globale klimautviklinga. Det trengst auka kunnskap om naturtypar på havbotnen som har viktige funksjonar som leveområde. Det er òg behov for kunnskap om kor sårbare dei marine botnøkosystema er for påverknader, og kva toleevne dei har for samla belastning. Dette er mellom anna basert på kunnskap som blir opparbeidd gjennom havbotnkartlegginga i MAREANO-programmet. MAREANO har gitt monaleg ny kunnskap om marin natur. Kartleggings- og overvakingsprogrammet for sjøfugl, SEAPOP med arealmodulen SEATRACK, har på kort tid gitt mykje ny kunnskap som er viktig for forvaltninga av sjøfugl. Begge programma vil bli førte vidare i 2021.

Regjeringa vil halde fram med å byggje opp kunnskap om økosystema i havet. Det er kunnskapsbehov mellom anna knytt til korleis klimaendringar og havforsuring påverkar økosystema, nedgangen i sjøfuglbestandar og sukkertareskog, om samanhengar i dei marine økosystema og om tilførslar og spreiing av miljøgifter. Det er òg behov for vidare forsking knytt til forvaltningstiltak for å styrkje naturlege bestandar og auke potensialet for hausting. Døme på slike forvaltningstiltak er marine verneområde og bevaringsområde for hummar og kysttorsk.

Stortingsmeldinga om forvaltningsplanar for dei norske havområda samlar for første gong forvaltningsplanane for havområda i éi melding. Dette gir større grad av dynamikk og fleksibilitet i forvaltningsplanarbeidet, mellom anna ved å kunne løfte fram særskilde tema uavhengig av havområde. Arbeidet med det faglege grunnlaget for forvaltningsplanane er organisert gjennom Fagleg forum og Overvakingsgruppa, og det er eit velfungerande overvakingssystem for alle havområda. Forvaltningsplansystemet er nå i stand til å utarbeide eit godt og oppdatert fagleg grunnlag for ei ny forvaltningsplanmelding kvart fjerde år. Regjeringa vil leggje frem ei ny melding til Stortinget om heilskaplege forvaltningsplanar for havområda kvart fjerde år.

Heilskapleg plan for Oslofjorden

Stortinget bad i oppmodingsvedtak nr. 575 (2017–2018) regjeringa leggje fram ein heilskapleg plan for Oslofjorden «med mål om at fjorden skal oppnå god miljøtilstand, restaurere viktige naturverdier, fremme et aktivt friluftsliv og ivareta det biologiske mangfoldet i fjorden». Regjeringa reknar med å leggje fram ein plan hausten 2020, og Klima- og miljødepartementet tek sikte på å sluttrapportere om oppmodingsvedtaket i budsjettproposisjonen for 2022.

Tiltak mot framande artar

Tiltaksplan 2020–2025 om bekjempelse av fremmede, skadelige organismer skal følgjast opp i 2021. Forskrift om framande organismar vil bli endra, mellom anna knytt til verkeområde og oppføring av artar og grupper av organismar i vedlegg til forskrifta. Det vil vidare bli utarbeidd nye retningslinjer for behandling av søknader etter forskrifta, og rolla til kommunane når det gjeld tiltak mot framande skadelege artar, vil bli tydelegare.

Frå 2021 vil forbod etter forskrift om framande organismar tre i kraft for fleire plantar som hadde fem års utsett ikraftsetjing då forskrifta kom i 2016. Departementet vil òg vurdere behovet for meir effektive tiltak for å hindre utilsikta innførsel av følgjeorganismar ved import av plantar. Meir kunnskap om og tiltak mot marine framande organismar, særleg retta mot innførsel- og spreiingsvegar, vil og bli prioritert i 2021.

Bruk av utanlandske treslag til skogbruksformål er regulert i eiga forskrift. Regjeringa har fått utgreidd konsekvensane av eit mogleg forbod mot bruk av utanlandske treslag med stor risiko for norsk natur, som til dømes sitkagran. Det er behov for meir utgreiing om enkelte tema. I løpet av 2021 tek departementet sikte på å sende på høyring eit forslag om kva tiltak som skal setjast i verk for å redusere spreiing av sitkagran og andre treslag med høg eller svært høg økologisk risiko.

Regulering av genmodifiserte organismar (GMO)

Regjeringa har sett ned eit offentleg utval om genteknologi. Det er 20 år sidan den siste offentlege utgreiinga i Noreg om genteknologi og genmodifiserte organismar (GMO). Utvalet skal oppdatere kunnskapsgrunnlaget gjennom ein brei fagleg gjennomgang av spørsmål knytte til framstilling og bruk av GMO. Utvalet skal òg vurdere tilrådingane som Bioteknologirådet kom med om ei oppmjuking av genteknologilova, og føreslå endringar i norsk lov og praksis der utvalet finn det nødvendig eller formålstenleg.

Etiske vurderingar er viktige i saker om genmodifiserte organismar etter genteknologilova. I 2021 vil miljøforvaltninga bli ferdig med ei operasjonalisering av etikk-kriteriet i lova. I tillegg vil regjeringa vurdere endringar i finansieringa av uavhengig og tverrfagleg forsking på genteknologiområdet.

Tiltak for å ta vare på truga artar og naturtypar

Det er mange verkemiddel i bruk for å ta vare på den truga naturen. Dette inkluderer verkemiddel som prioritert art, utvalde naturtypar, områdevern og eigne verkemiddel i sektorane i tillegg til tiltak for å skjøtte leveområde, restaurere øydelagd natur og fjerne framande artar. Ofte er det nødvendig å bruke ein kombinasjon av ulike verkemiddel. Budsjetta for truga natur er auka dei siste åra, og det er sett i gang ei rekkje tiltak som vil gi gode resultat. Arbeidet vil halde fram i 2021, og det vil bli arbeidd vidare med ein oppfølgingsplan for sterkt og kritisk truga ansvarsartar og truga naturtypar. Planen vil omfatte vurderingar av verkemidla både miljøstyresmaktene og andre styresmakter har for å ta vare på truga natur.

Rettleiing og tilskot for å ta vare på naturmangfald i kommuneplanlegging

Endringar i bruk av areal er den viktigaste årsaka til tap av natur i Noreg. Kommunane er den sentrale styresmakta for arealforvaltninga, og dei har stor grad av sjølvstyre på dette området. Ei evaluering av plan- og bygningslova frå 2018 viser at kommunane ikkje tek godt nok vare på naturmangfaldet i arealplanlegginga. Regjeringa føreslår at det i 2021 blir etablert ei tilskotsordning for å ta vare på naturmangfaldet i kommuneplanlegginga. Ordninga blir utforma med utgangspunkt i eit pilotprosjekt som Miljødirektoratet har gjennomført. Miljødirektoratet vil gi rettleiing til kommunar som søkjer om tilskot. Tiltaket vil gi kommunane betre kunnskap om naturen i kommunane og om korleis dei kan forvalte og ta vare på naturmangfald i kommuneplanlegginga.

Rovviltforvaltning

Regjeringa gjennomfører ei forvaltning av rovviltet som er i samsvar med Bernkonvensjonen, naturmangfaldlova, rovviltforlika frå 2004 og 2011 og andre føringar frå Stortinget. Regjeringa vil sikre levedyktige bestandar av dei fem rovviltartane jerv, ulv, bjørn, gaupe og kongeørn. Samstundes skal tap av beitedyr til rovvilt haldast på eit lågast mogeleg nivå.

Regjeringa vil halde fram arbeidet med å sikre ei tydelegare soneforvaltning som skil rovdyr og beitedyr i tid og rom. Regjeringa meiner det er behov for å føre ei kunnskapsbasert forvaltning av rovvilt for å kunne føre ei forsvarleg og presis forvaltning av små rovdyrbestandar. Regjeringa vil arbeide for å effektivisere skadefelling av rovdyr ytterlegare og søkje å finne langsiktige løysingar for vidare reduksjon i tap av beitedyr til rovvilt. Rovviltforvaltninga skal ha høg beredskap og tett oppfølging med beitenæringa og aktuelle kommunar slik at vi så langt det er mogeleg sikrar at uttak av rovvilt med skadepotensial blir gjennomført i prioriterte beiteområde. Regjeringa vil i 2021 vurdere om det er behov for meir kunnskap knytt til bruk av naturmangfaldlova ved vurdering av felling av ulv, og eventuelt gå i gang med å innhente slik kunnskap.

Regjeringa vil halde fram med forskingsprosjektet som undersøkjer forholdet mellom kongeørn og sau, og arbeide for å få i gang eit forskingsprosjekt om forholdet mellom kongeørn og tamrein. Regjeringa vil halde fram med forskingsprosjektet som undersøkjer forholdet mellom bjørn og tamrein.

Samspelet med dei lokale fellingslaga skal vidareførast og styrkjast for å sikre god lokal forankring av fellinga. Det er viktig at fellingsmetodane er humane og at fellingslaga nyttar erfaring frå rettleiing for gjennomføring av fellingsoppdrag. Regjeringa vil halde fram med dialog med rovviltnemndene. Nemndene skal føre ei fagleg forsvarleg, føreseieleg og tydeleg soneinndeling som tek omsyn til både rovvilt og beitedyr i dei regionale forvaltningsplanane, jf. prinsippet om den todelte målsetjinga.

Regjeringa vil i 2021 følgje opp den faglege gjennomgangen av den norske delbestanden av ulv, halde fram arbeidet med eit prosjekt som skal gi betre kunnskap om andre tapsårsaker enn rovvilt, og gjennomføre ei vurdering av erstatningsordningane for tamrein og husdyr. Regjeringa vil òg gjennomføre ei vurdering av ordninga med tilskot til førebyggjande og konfliktdempande tiltak.

Villrein

Ei kvalitetsnorm for villrein blei fastsett i 2020. Kvalitetsnorma omfattar alle landets 24 villreinområde som dekkjer om lag 50 000 km2 av fjellet i Sør-Noreg. Kvalitetsnorma skal vere eit styringsverktøy både for miljøforvaltninga og for andre styresmakter. Kvalitetsnorma er godt eigna til å seie noko om tilstanden til villreinen, kva utfordringar arten møter i dei enkelte villreinområda, og kva tiltak forvaltninga bør setje i gang for å betre tilstanden. Det blir lagt opp til ei første klassifisering etter kvalitetsnorma av dei 10 nasjonale villreinområda i 2021 og dei resterande 14 områda i 2023. Ein føresetnad for å kunne gjennomføre dette er at eksisterande grunnlagsdata blir vurderte, kvalitetssikra og lagde til rette for klassifisering innan hausten 2021.

I Nordfjella sone 1 er villreinbestanden teken ut som eit ledd i kampen mot skrantesjuke på villrein. Regjeringa skal sikre at det ikkje kjem inn ny villrein i området under brakkleggingsperioden. Regjeringa vil halde fram arbeidet med å leggje til rette for reetablering av villrein i Nordfjella sone 1.

Sjøfugl

Feire av sjøfuglartane har vore i kontinuerleg tilbakegang sidan overvakinga av dei starta for 30–50 år sidan. Regjeringa vil etter planen fremme ein handlingsplan for sjøfugl hausten 2021. Handlingsplanen blir eit viktig strategi- og planleggingsverktøy for å samkøyre og koordinere tiltak på tvers av sektorar, slik at tilstanden for norske sjøfuglbestandar kan bli betre.

Forvaltning av vill laksefisk

Arbeidet med ein handlingsplan for å oppfylle kvalitetsnorma for villaks vil halde fram i 2021. Tiltak innanfor alle sektorar som påverkar laksefiskstammene, vil bli vurderte.

Ny hovudregulering i fisket vil bli innført frå og med sesongen 2021. Kalking av vassdrag som er ramma av forsuring vil halde fram, og tiltaka mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris vil bli ført vidare i tråd med faglege tilrådingar. Arbeidet med å gjennomføre avtala med Finland om fisket i Tanavassdraget vil halde fram.

For å følgje opp evalueringa av ordninga med nasjonale laksevassdrag og laksefjordar blir det arbeidd med ei forskrift med heimel i mellom anna lakse- og innlandsfisklova § 7a for å forskriftsfeste verneregimet, slik at regelverket blir meir konkret og enklare å etterleve.

Miljødirektoratet arbeider med ein strategi for bevaring og utvikling av storaurebestandane i Noreg, og ein tek sikte på å godkjenne strategien i departementet i 2021.

Kvart år blir det avdekt mange tilfelle av ulovleg fiske etter anadrom laksefisk, noko som har store konsekvensar for sårbare stammar av anadrom laksefisk. For å styrkje innsatsen mot ulovleg fiske har Stortinget derfor vedteke endringar i lakse- og innlandsfisklova. Endringane går mellom anna ut på å auke strafferamma frå inntil to til inntil fem års fengsel ved grove brot på føresegnene i lova. Det blei òg innført nye administrative reaksjonar, som beslag i reiskap for å stoppe det ulovlege fisket og gebyr ved brot, i tillegg til ei utviding av høvet til å gjere inndraging av reiskapar og til mellombels å kunne nekte registrering av reiskapar i inntil to år. Oppsynsverksemda langs kysten er særs viktig for å slå ned på ulovleg fiske. Lakseoppsynet under Statens naturoppsyn blei i 2020 varig styrkt med 5 mill. kroner per år.

Skogvern

Regjeringa arbeider for å ta vare på truga artar og naturtypar og sikre eit representativt utval av norsk natur. Skogvern er eit viktig verkemiddel i dette arbeidet, både fordi mange truga artar og naturtypar finst i skog, og fordi eksisterande skogvernområde ikkje dekkjer eit representativt utval av norsk skognatur. Regjeringa vil følgje opp stortingets mål om å verne 10 pst. av skogen gjennom frivillig vern av privateigd skog og vern av offentleg eigde skogareal jf. Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet. Regjeringa legg til grunn at målet er langsiktig.

Takta i skogvernet har auka sterkt dei siste åra. Løyvingane til skogvern har frå 2017 vore på over 400 mill. kroner årleg. Per oktober 2020 er om lag 5,0 pst. av det totale skogarealet og 3,8 pst. av det produktive skogarealet verna.

Arbeidet med frivillig vern av privateigd skog er ein suksess, som også i 2021 er venta å føre til vern av viktige skogareal. Miljødirektoratet følgjer opp Stortingets oppmodingsvedtak om å gjennomgå Statskog SFs skogeigedommar med sikte på vern av aktuelt areal. Store Statskog-areal kan venteleg fremjast for vern i 2021 og dei kommande åra. Miljødirektoratet vil følgje opp Statskogs sal av eigedommar ved å bruke forkjøpsretten på areal som er viktige for vern eller makeskifte. Ti års erfaring viser at frivillig skogvern på statsallmenning i liten grad fører fram. Tiltak vil bli vurderte slik at viktige område kan vernast.

Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet legg vekt på at skogvernet skal fange opp dei viktigaste areala for truga artar og naturtypar. Meldinga legg opp til å intensivere kartlegginga for å finne desse areala, slik at ein sikrar eit kostnadseffektivt skogvern. Miljødirektoratets arbeid med kartlegging av prioriterte skogtypar vil i 2021 i hovudsak omfatte fuktskogar.

Langsiktig bevaring av område som er særleg viktige for biologisk mangfald i skog

Under partsmøtet i 2010 for FN-konvensjonen om biologisk mangfald blei det vedteke 20 mål som skal gi betre tilstand for naturmangfald på globalt nivå. Mål 11 lyder: «Innen 2020 er minst 17 prosent av land- og ferskvannsarealer og 10 prosent av kyst- og havområder, spesielt områder som er særlig viktig for biologisk mangfold og økosystemtjenester, bevart gjennom effektivt og hensiktsmessig forvaltede, økologisk representative og godt sammenhengende systemer av verneområder og andre effektive arealbaserte bevaringstiltak, og er en integrert del av landskapet.» I Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet varsla regjeringa at nøkkelbiotopar i skog der verdiane blir langsiktig tekne vare på, kan inkluderast i arealet som Noreg rapporterer til konvensjonen om biologisk mangfald om mål 11. Som varsla i stortingsmeldinga har Klima- og miljødepartementet i samråd med Landbruks- og matdepartementet, etter dialog med PEFC Norge (Programme for the Endorsement of Forest Certification) om tekniske spørsmål om datakvalitet, vurdert kriterium for, og omfanget av, nøkkelbiotopar som kan inngå i rapporteringa på mål 11.

Det er eit krav i Norsk PEFC Skogstandard at skogeigaren fortløpande skal rapportere endra og nye nøkkelbiotopar i Skogportalen. Dersom basen over nøkkelbiotopar alltid er oppdatert, og omdisponerte førekomstar og førekomstar som inngår i verneområde er tekne ut av basen, vurderer departementet at arealtalet i basen kan vere grunnlag for rapportering av langsiktig bevarte nøkkelbiotopar. Sjølv om det venteleg er eit fråfall på 10–15 pst. i ein femtiårsperiode, er det etter departementets vurdering ikkje behov for å gjere fråtrekk i notid for venta framtidig omdisponering så lenge Noreg i rapporteringa informerer om årleg fråfall og venta fråfall i ein femtiårsperiode.

Omfanget av nøkkelbiotopar utanfor verneområde var i juni 2020 på om lag 1021 kvadratkilometer produktiv skog. Dette utgjer om lag 1,2 pst. av all produktiv skog utanfor verneområda. Langsiktig bevaring av nøkkelbiotopar inngår ikkje i målet om å verne 10 pst av skogarealet etter naturmangfaldlova eller etter markalova §11 når skogbruk ikkje er tillate.

Bevaring av verdifull natur

Regjeringa vil bevare verdifull natur. Det er manglar i det eksisterande vernet fordi dei ulike naturtypane ikkje er riktig representerte i dei verna områda. Særleg natur i lågtliggjande område i Sør-Noreg under 300 moh. er dårleg dekt, mens fjellnatur er overrepresentert. Verneområda dekkjer heller ikkje i tilstrekkeleg grad natur som er truga av utrydding. For å nå dei nasjonale måla for naturmangfald og FNs berekraftmål nr. 15 Liv på land, er det derfor nødvendig å supplere dei eksisterande verneområda, slik det òg er varsla i Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet. For å dekkje desse manglane er det nødvendig å verne om lag 600 km2.

For å finne fram til dei konkrete områda for oppstart av verneplanprosessar skal ein ta utgangspunkt i Miljødirektoratets nasjonale prioritering av 275 kandidatområde. Kommunane kan gjere framlegg om alternative kandidatområde med verdifull natur dersom dei meiner det vil gi betre løysingar lokalt. Føresetnaden for å vidareføre slike alternative kandidatområde er at dei har om lag same verdi for naturmangfald som dei kandidatområda Miljødirektoratet har gjort framlegg om.

Verneplanprosessane skal vere gode og inkluderande. Alle dette gjeld, kan på vanleg måte uttale seg i breie, opne høyringar, og det blir gjort grundige avvegingar mellom verneinteresser og andre samfunnsinteresser før eit eventuelt vedtak om vern blir gjort. Sametinget og andre relevante samiske interesser blir konsulterte der det er aktuelt. Lokal forankring er viktig for eit godt resultat i vernearbeidet.

Desse nye verneområda skal ikkje omfatte skog eller marine område. Vern av slik natur skjer gjennom eigne prosessar.

Marine verneområde

Marint vern skal medverke til at eit utval av representative, særeigne, sårbare eller truga marine naturtypar og naturverdiar blir tekne vare på for framtida. I arbeidet med marine verneområde går det føre seg verneprosessar for 13 av dei 36 områda som blei føreslått som marine verneområde i 2004, mens 16 område er verna. Dei to områda Iverryggen og Røstrevet er ikkje aktuelle for vern etter naturmangfaldlova fordi dei ligg utanfor territorialgrensa. Utanfor territorialgrensa kan område berre bli beskytta etter fiskeristyresmaktene sine verkemiddel. I 2021 vil det bli arbeidd vidare med etablering av nye marine verneområde. Det er lagt vekt på gode verneprosessar lokalt. Regjeringa arbeider med å følgje opp Stortingets vedtak om at det skal fremjast ei eiga sak om ein heilskapleg nasjonal plan for marine verneområde. Behov for nye tiltak eller verkemiddel vil bli vurdert i samanheng med den nye planen.

Sikring av verdiane i verneområda

Langsiktig forvaltning av verneområda er avgjerande for å nå det nasjonale målet om at eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for kommande generasjonar. Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet varsla at regjeringa vil betre forvaltninga av dei eksisterande verneområda. Dette er følgt opp med Handlingsplan for styrket forvaltning av verneområdene frå juni 2019. I 2021 vil regjeringa halde fram med å prioritere skjøtsel av verneområde. Skjøtsel er viktig for å motverke dei største truslane mot verneverdiane: gjengroing og framande artar. Eit prosjekt for å ta ut framande treslag frå naturreservat er godt i gang, og vil halde fram i 2021. Miljødirektoratet har som oppfølging av handlingsplanen oppdatert sin strategi for bruk av midlar til tiltak i verneområde for perioden 2020–2025. Tildelingar i 2021 vil følgje prioriteringane i denne strategien.

Fleire nasjonalpark- og verneområdestyre og andre forvaltningsstyresmakter vil i 2021 ta i bruk digitale løysingar for skjøtsels- og forvaltningsplanar. Regjeringa legg til rette for at nasjonalpark- og verneområdestyra gjennom besøksstrategiar kan planleggje for auka besøk i nasjonalparkar og andre store verneområde der naturen toler det. Tilrettelegging for slike besøk, med mellom anna skilting og vedlikehald av stiar, vil bli prioritert i 2021. All informasjon om nasjonalparkar og andre store verneområde skal ha høg kvalitet, mellom anna ved å følgje merkevara Noregs nasjonalparkar og vere i tråd med besøksstrategien for området. Utvikling av nettstaden Norgesnasjonalparker.no vil halde fram i 2021.

Besøkssenter er viktige formidlarar av norsk natur. Regjeringa vil i 2021 halde fram med å støtte utviklinga av senter som gode opplevings- og læringsarenaer og møteplassar for samarbeid mellom mellom anna næringsliv, skular, barnehagar, forvaltning og frivillige organisasjonar.

Kulturlandskap

Gjennom dei årlege jordbruksforhandlingane blir det arbeidd med klima- og miljøvenlege verkemiddel. Dette medverkar til at vi kan nå dei nasjonale klima- og miljømåla.

Utvalde kulturlandskap i jordbruket omfattar 46 område i heile landet. I 2021 vil departementet saman med Landbruks- og matdepartementet følgje opp vurderinga sekretariatet (representantar frå Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Riksantikvaren) har gjort av utviklinga og ein mogleg auke i talet på område.

Tilrådinga frå Miljødirektoratets rapport om skjøtselskrevjande naturtypar skal følgjast opp, slik at dei artsrike områda som blir restaurerte og skjøtta gjennom midlar frå miljøforvaltninga og jordbruksforvaltninga, kan sikrast på lang sikt.

Bestandane av bakkehekkande fugl er kraftig redusert dei siste åra. Til dømes er vipe, songlerke og spove i sterk tilbakegang. Ein rapport om desse fuglane og tiltak for å reversere tapet skal følgjast opp i 2021.

For å redusere dei negative effektane av gjengroing i kulturlandskap og for ytterlegare å redusere tap av sau til rovvilt, er det sett i verk eit pilotprosjekt for å ta i bruk gjengrodde gardsnære beiteressursar i område prioritert til jerv. Miljødirektoratet vil følgje opp dette arbeidet i 2021, i samarbeid med landbrukssektoren og lokal forvaltning.

Overvakingsprogrammet for insekt vil i 2021 halde fram i kulturlandskap, i ope lågland og i skog. Dette vil gi meir presise svar om utviklinga av ulike populasjonar av insekt. Den nasjonale strategien for pollinatorar frå 2018 blir fortløpande følgd opp av sektorane. I 2021 vil det etter planen bli vedteke ein tiltaksplan for ville pollinerande insekt.

Internasjonalt samarbeid for å ta vare på naturmangfaldet

Tapet av natur går raskare enn nokon gong. Det internasjonale naturpanelet (IPBES) anslår at bortimot 1 mill. artar kan døy ut og at leveområda stadig blir mindre. Vi treng ei felles løysing på eit globalt problem. Landa i verda forhandlar no om eit nytt globalt rammeverk for bevaring av natur under konvensjonen om biologisk mangfald (CBD). Noreg deltek aktivt og samarbeider tett med ei rekkje land for å sikre ei forpliktande løysing som kan snu den negative trenden med tap av natur. Semje om eit sett med ambisiøse mål er ein viktig del av rammeverket, men det er også avgjerande å få på plass effektive verktøy som medverkar til at landa gjennomfører måla. Gradvis opptrapping av innsats over tid, jamleg rapportering og transparens i dei nasjonale strategiane landa har, er viktige element. Det nye rammeverket må leggje til grunn ei heilskapleg forståing der bevaring av biologisk mangfald blir sett i samanheng med reduksjon i klimagassutslepp og tilpassing til klimaendringar. Naturpanelets hovudrapport om tilstanden til naturen er, saman med Klimapanelets 1,5-gradersrapport og spesialrapport om klimaendringar og landareal, eit heilt sentralt kunnskapsgrunnlag for det nye rammeverket.

International Maritime Organization (IMO) er i gang med ein revisjon av retningslinjene for tilgroing på skip med sikte på å unngå overføring av framande artar frå eitt farvatn til eit anna. Dette er viktig for å unngå å øydeleggje naturmangfaldet gjennom introduksjon av framande artar som kan skade naturverdiar i sjøen. Noreg har ei nøkkelrolle i arbeidet med revideringa av retningslinjene.

Miljøkriminalitet

Regjeringa fremja i april 2020 ei stortingsmelding om miljøkriminalitet og føreslår totalt 97 tiltak for å styrkje innsatsen mot miljøkriminalitet. Nasjonalt omfattar tiltaka informasjons- og haldningsskapande arbeid, tilsyn/kontroll, sanksjonar og auka bruk av teknologi.

Miljøkriminalitet skjer ofte fordi personar eller verksemder ikkje har gjort seg kjende med regelverket eller ikkje er tilstrekkeleg kjende med dei verdiane regelverket skal verne. Informasjons- og haldningsskapande tiltak er derfor ein primærstrategi.

Regjeringa føreslår ein styrkt tilsynsinnsats overfor handel med truga artar (CITES), framande artar og genmodifiserte organismar, fordi dette er nye område i tilsynssamanheng som treng ekstra merksemd. Det er òg behov for styrkt tilsyn med forureining.

På sanksjonsområdet er det fleire tiltak knytte til auka strafferammer og heimlar for administrative sanksjonar, særleg innanfor naturmangfaldområdet. Regjeringa ønskjer også ei styrking av arbeidet med melding til politiet og bruk av inndraging.

Internasjonalt er det viktig å få global merksemd mot at miljøkriminalitet er ei grenseoverskridande og alvorleg form for organisert kriminalitet som må sjåast i samband med økonomisk kriminalitet som korrupsjon, kvitvasking, dokumentfalsk, skatteunndraging og tollsvindel. Internasjonalt er organisert grenseoverskridande miljøkriminalitet enormt i omfang og i rask vekst, og det utgjer ein trussel for å nå FNs berekraftsmål.

Internasjonalt omfattar tiltaka utvikling av internasjonal politikk, internasjonal rettsutvikling, utviklingspolitiske verkemiddel, arbeid i internasjonale organisasjonar og sivilsamfunn og bruk av teknologi, netthandel, verdikjedesporing og handelsavtaler.

Noreg vil arbeide for å løfte miljøkriminalitet som tema og for å halde miljøkriminalitet høgt oppe på dagsordenen i relevante internasjonale fora for økonomisk, juridisk og multilateralt samarbeid, mellom anna fremje og støtte resolusjonar som styrkjer førebygging og stans av slik kriminalitet.

Eit viktig tiltak i meldinga er styrking av innsatsen mot miljøkriminalitet innanfor eksisterande bistandsprogram og utviklingssamarbeid. Noreg vil støtte arbeidet med antikorrupsjon innanfor miljøkriminalitet og arbeidet mot miljøkriminalitet i internasjonale organisasjonar. Noreg vil støtte arbeidet mot miljøkriminalitet gjennom ulike organisasjonar, som FNs kontor for narkotika og kriminalitet (UNODC), FNs antikorrupsjonskonvensjon (UNCAC), Interpol og Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD).

Politikk for å nå dei nasjonale måla for friluftsliv

Sikring, ivaretaking og tilrettelegging av friluftslivsområde

Arbeidet med ferdselsåreprosjektet, som regjeringa starta i 2019, vil bli prioritert. Målet med prosjektet er å fremje planlegging, opparbeiding, skilting og merking av samanhengande nettverk av turstiar i kommunane, slik at vandring i grøntområde og naturomgivnader blir lettare tilgjengeleg for alle grupper i befolkninga. Miljødirektoratet leier prosjektet, i nært samarbeid med fylkeskommunane. Det konkrete arbeidet skjer i kommunane, i samarbeid med lokale organisasjonar. I 2021 vil direktoratet også ha ferdigstilt ein rettleiar for klimarobust bygging av stiar.

Arbeidet med å sikre attraktive friluftslivsområde vil halde fram i 2021, der friluftslivsområde i nærmiljøet og friluftsområde som kan nyttast av mange, vil bli prioriterte. Landfaste område i strandsona og område langs vassdrag med lett tilgjenge har òg høg prioritet. Gjennom statleg sikring kan område bli tilrettelagde for høg bruk, samtidig som opplevingsverdiar og naturverdiar blir bevarte. I tillegg inneber sikringa eit vern mot nedbygging og anna forringing av områda.

Det nasjonale prosjektet Kartlegging og verdsetjing av friluftslivsområde blei formelt avslutta i 2019. I 2021 vil Miljødirektoratet støtte dei kommunane som skal revidere tidlegare gjennomført kartlegging og verdsetjing.

Regjeringa vil i 2021 halde fram med å utarbeide forvaltningsplanar for dei eigedommane staten eig på dei statleg sikra friluftslivsområda som er freda i medhald av landsverneplanen for statens kulturhistoriske eigedommar. Arbeidet med å setje i stand dei ti eigedommane med freda bygningsmasse som Miljødirektoratet eig, vil bli avslutta i 2021. Regjeringa vil utvikle vidare prosjektet «Historiske vandreruter» i regi av Riksantikvaren og Den Norske Turistforening. I 2021 vil det bli opna minst éi ny historisk vandrerute og fleire av dei eksisterande vandrerutene vil truleg bli forlengde. Historiske vandreruter er eit samarbeid mellom Den Norske Turistforening (DNT) og Riksantikvaren, og har som mål å auke kjennskap til og bruk av gamle ferdselsruter med kulturhistoriske og friluftslivsmessige kvalitetar.

Regjeringa vil føre vidare samarbeidet med Oslo kommune om områdesatsingane i Groruddalen, og i Oslo sør og i Oslo indre aust om tilrettelegging av parkar og blågrøne område for rekreasjon og naturoppleving i desse områda av Oslo.

Regjeringa vil i 2021 utvikle vidare ordninga «Nasjonale turiststiar» og har som mål å autorisere fleire stiar som Nasjonal turiststi i løpet av året.

Motivering til friluftsliv

I arbeidet med å stimulere til friluftsliv vil regjeringa prioritere barn, unge, personar som er lite fysisk aktive, og personar med innvandrarbakgrunn. Dette inneber mellom anna at regjeringa gjennom aktuelle tilskotsordningar, områdesatsingar og andre prosjekt og satsingar vil medverke til å utvikle tiltak som kan rekruttere desse gruppene til friluftsliv.

Barn og unge deltek framleis mykje i friluftsliv, men vi kan ikkje lenger ta for gitt at dei fleste får erfaring med friluftsliv gjennom familien. Prosjektet i regi av Friluftsrådenes Landsforbund som går ut på å finne ut kva slags friluftslivstiltak som verkar best for barn og unge i ferie og fritid, kartleggje desse og vidareutvikle og optimalisere dei, vil bli ført vidare i 2021.

Regjeringa ønskjer også meir kunnskap om friluftsliv i barnehage, skulefritidsordning og skule. Eit prosjekt i regi av Norsk Friluftsliv som skal kartleggje og vidareutvikle eit utval eksisterande, vellykka satsingar innanfor natur/friluftsliv retta mot barn og unge i barnehage, skulefritidsordning og skule, vil bli ført vidare i 2021.

Mykje av planlegginga for friluftsliv skjer på nettet. Det er derfor viktig med ein brukarvenleg, informativ og teknisk og fagleg oppdatert digital turplanleggjar. Den Norske Turistforening (DNT) driftar, i samarbeid med Statskog og Friluftsrådenes Landsforbund, turportalen UT.no. UT.no er mykje brukt. For å styrkje og vidareutvikle UT.no som ein nasjonal turportal, vil regjeringa frå 2021 øyremerkje midlar til DNT til drift og vidareutvikling av UT.no.

Allemannsretten

Regjeringa vil føre vidare arbeidet med å informere om dei rettane som allemannsretten gir, men òg om plikta til varsam og omsynsfull ferdsel.

I tilskotsordningane til friluftsliv blir prosjekt og tiltak som handlar om informasjon og formidling av naturvenleg ferdsel og opphald i naturen, prioriterte. Regjeringa gjennomførte i 2020 ei undersøking for å dokumentere kva befolkninga veit om allemannsretten, mellom anna for å få svar på i kva grad dei ulike informasjonstiltaka verkar. Regjeringa vil i 2021 informere kommunane og andre om resultatet frå undersøkinga, slik at dei kan bruke dette i arbeidet med allemannsretten og naturvenleg ferdsel.

Motorferdsel i utmark

I desember 2020 kjem sluttrapport frå evalueringa av lovendringa i 2015 då det blei lov for kommunane å fastsetje snøskuterløyper for rekreasjonskøyring. Kunnskapen frå evalueringa vil bli nytta i den vidare utviklinga av regelverket om motorferdsel. Kunnskapen vil òg gi innsikt som kommunane kan nytte når dei skal planleggje for nye løyper.

Omfanget av ulovleg motorferdsel er for høgt. Ulovleg motorferdsel er mellom anna ei utfordring for vilt og anna naturmangfald, og for friluftslivet. Den forsterka innsatsen frå naturoppsynet knytt til kontroll av lovleg og avdekking av ulovleg motorferdsel vil derfor bli ført vidare.

Politikk for å nå dei nasjonale måla for forureining

Forureining som skjer til vatn, jordsmonn, luft og vegetasjon, har ofte alvorlege følgjer for helse og miljø. Regjeringa er særleg oppteken av å redusere spreiing av miljøgifter og hindre at miljøgifter blir samla opp i næringskjeda. Dei viktigaste verkemidla er forureiningslova og produktkontrollova.

Forureiningslova skal medverke til å verne det ytre miljøet mot forureining og redusere eksisterande forureining, og til å redusere avfallsmengda og fremje betre avfallshandtering. Formålet er å sikre at forureiningar og avfall ikkje fører til helseskade, går ut over trivselen eller skader naturens evne til produksjon og sjølvfornying. Lova byggjer mellom anna på prinsippet om at forureinaren betaler, og prinsippet om føre var, og set eit generelt forbod mot forureinande utslepp. Verksemder kan søkje miljøstyresmaktene om utsleppsløyve. I slike løyve blir det sett vilkår for utsleppa.

Produktkontrollova skal førebyggje at produkt og forbrukartenester gir helseskade eller miljøforstyrring, mellom anna gjennom å fremje effektiv bruk av energi i produkt. Lova inneheld mellom anna ei plikt om aktsemd for alle som har å gjere med produkt som kan medføre helseskade eller miljøforstyrring, og eit krav om at ei verksemd må vurdere kjemikaliebruken sin og nytte mindre skadelege alternativ der det kan skje utan urimeleg kostnad eller ulempe.

Til både forureiningslova og produktkontrollova er det fastsett ei rekkje krav i forskrifter. Det er òg fastsett forskrifter med heimel i fleire lover der formålet er å regulere helse- og miljøskadeleg forureining samtidig som ein regulerer andre påverknadsfaktorar. Forskrift om rammer for vannforvaltning er eit slikt eksempel.

Tilsyn blir nytta for å avdekkje eventuelle brot på regelverket. Miljøstyresmaktene gjennomfører risikobasert tilsyn ved at dei prioriterer område der påverknad eller risiko for påverknad av miljøet er størst, og der det er stor risiko for brot på miljøregelverket. Når dei finn brot på regelverket, vil miljøstyresmaktene vedta sanksjonar av ulike slag. Miljøstyresmaktene kan mellom anna nytte gebyr ved brot på reglane, og strafferamma for alvorlege brot blei heva frå 1. juli 2019 for å styrkje kampen mot miljøkriminalitet.

Andre viktige verkemiddel i forureiningspolitikken er regelverk som er forvalta av andre styresmakter, avgifter som reflekterer dei samfunnsøkonomiske kostnadene ved utsleppa, og som stimulerer til redusert forureining, tilskot over statsbudsjettet og kunnskap om utslepp, spreiing og effektar av forureining.

Forureining kryssar landegrenser. Eit ambisiøst EU/EØS-regelverk og internasjonale avtaler der landa tek på seg å redusere utsleppa sine, er derfor viktige for å redusere forureining som skader miljøet og helsa til menneske.

Kjemikaliar

Kjemikaliepolitikken skal redusere risiko for skade på helse og miljø knytt til utslepp og bruk av kjemikaliar generelt. Føre var-prinsippet skal brukast når kunnskapen om risiko for helse og miljø er usikker. Kjemikaliar som er rekna for å utgjere eit alvorleg trugsmål mot helse og miljø, blir sette på den norske prioritetslista1 for miljøgifter – som for tida omfattar 66 stoff og stoffgrupper. Regjeringa arbeider for å redusere spreiing av miljøgifter. Prioritetslista spesifiserer kva stoff som skal reduserast vesentleg med sikte på at stoffa skal fasast ut, og gir føringar om at nasjonalt og internasjonalt arbeid med desse stoffa skal prioriterast. Utsleppa av miljøgiftene på lista blir reduserte gjennom streng regulering av produkt både nasjonalt og internasjonalt, gjennom tiltak for opprydding av forureining og gjennom krav til industriutslepp og avfallshandtering. Ein viktig del av arbeidet vidare er å følgje opp prioritetslista nasjonalt og internasjonalt og å identifisere fleire miljøgifter som skal omfattast av prioritetslista. I arbeidet med nye prioriterte miljøgifter blir ikkje berre enkeltstoff vurdert, det er òg lagt vekt på å vurdere grupper av stoff med like eller nærliggjande eigenskapar som potensielt kan takast i bruk som erstatningar for kvarandre. På den måten kan ein unngå til dømes uheldige erstatningar med like farlege, nesten like stoff.

Prioritetslista blei presentert første gong i 1997 og blei sist oppdatert 1. januar 2020. Då blei PFHxA og tilhøyrande salt, HFPO-DA (inkludert ammoniumsaltet GenX, andre salt og syrehalid) og 3-BC (3-benzylidene camphor) lagde til.

Miljøskadelege kjemikaliar blir transporterte over lange strekningar med luft- og havstraumar, gjennom handel med produkt og gjennom avfallsstraumar. Derfor er arbeid på både nasjonalt, europeisk og internasjonalt nivå svært viktig og ein føresetnad for å handtere utfordringane vi står overfor. Nasjonalt er forureiningslova og produktkontrollova med tilhøyrande forskrifter sentrale verkemiddel. Etter produktkontrollova er det mellom anna fastsett eit omfattande forskriftsverk om helse- og miljøskadelege kjemikaliar som er i stadig endring og utvikling. Produkt blir omsette internasjonalt, og norske forbod og andre reguleringar må vere i samsvar med Noregs internasjonale plikter om produktregulering og handel. Kjemikalieregelverket i Noreg og EU er harmonisert gjennom EØS-avtala. Hovudregelen er såleis at dei same krava skal gjelde i Noreg og EU. Noreg medverkar aktivt i arbeidet for å styrkje og gjennomføre EU sitt regelverk på kjemikalieområdet.

EU har eit omfattande regelverk for registrering, vurdering, godkjenning og restriksjonar på kjemikaliar (REACH-regelverket) og for klassifisering og merking av helse- og miljøfarlege stoff. Vidare utvikling av desse regelverka er svært viktig i kjemikaliepolitikken.

Noreg har òg felles reglar med EU om produkt med biocid som blir nytta til å øydeleggje uønskte organismar. Noreg gir godkjenning til biocidprodukt for den norske marknaden.

Det europeiske kjemikaliebyrået ECHA (European Chemicals Agency) er navet i ei omfattande kunnskapsutveksling og vidareutvikling av kunnskapsgrunnlaget for EUs kjemikaliearbeid.

Noreg arbeider aktivt og er ein pådrivar for globale tiltak for å redusere forureining og sikre meir forsvarleg handtering av kjemikaliar og avfall, til dømes under Stockholmkonvensjonen om persistente organiske miljøgifter, Baselkonvensjonen om grensekryssande transport av avfall, Rotterdamkonvensjonen om handel med farlege kjemikaliar, Minamatakonvensjonen om kvikksølv, og miljøgiftprotokollane under FNs økonomiske kommisjon for Europa. Noreg arbeider kontinuerleg for global regulering av fleire stoff under Stockholmkonvensjonen. Noreg deltek også i forhandlingane om eit nytt globalt rammeverk for miljøforsvarleg handtering av kjemikaliar og avfall for tida etter 2020. Målsetjinga er at landa skal bli samde om det nye rammeverket sommaren 2021.

Kunnskap gjennom forsking, kartlegging av potensielt skadelege stoff i produkt, avfall og utslepp, og miljøovervaking er svært viktig i kjemikaliearbeidet. Betre kunnskap om miljøgifter i Arktis er av stor strategisk vekt for å få på plass regionale eller globale avtaler, fordi det er utbreidd internasjonal semje om at stoff som blir funne att i Arktis, langt frå utsleppskjeldene, utgjer alvorlege problem.

Mål om nullutslepp frå petroleumsverksemda

Utsleppa frå petroleumsverksemda av miljøfarlege tilsette kjemikaliar, naturleg førekommande stoff, inkludert dispergert olje, og naturleg førekommande radioaktive stoff har totalt sett auka dei siste åra. Det er derfor behov for å vidareføre arbeidet og framleis følgje opp nullutsleppsmålet for petroleumsverksemda. Det blir vurdert om det er behov for å gjere enkeltvedtak om risikoreduksjon på enkelte felt.

Gammal forureining i grunn og sjøbotn

Gammal forureining lagra i jord og sjøbotn kan føre til skade på helse og miljø og vere ei kjelde til spreiing av helse- og miljøskadelege kjemikaliar. Arbeidet med forureina grunn i Noreg har gått føre seg i fleire tiår. Nærmare 2600 grunnforureiningssaker er avslutta, og oppryddingstiltak er gjennomførte på store og alvorlege grunnforureiningslokalitetar, i hovudsak etter pålegg med heimel i forureiningslova, retta mot ansvarleg forureinar eller grunneigar.

Nye forureina lokalitetar blir kjende når industri blir lagd ned og arealbruken endra. Vi får òg stadig ny kunnskap om miljøgifter og bransjar, noko som gjer at det blir avdekt fleire område med forureina grunn. Arbeidet med forureina grunn held derfor fram. Arbeidet med opprydding i forureina sjøbotn følgjer føringane i handlingsplanen om forureina sediment frå 2006 (jf. St.meld. nr. 14 (2006–2007) Sammen for et giftfritt miljø). Arbeidet med å rydde opp er godt i gang i fleire område. Av dei 17 høgast prioriterte områda for opprydding av forureina sjøbotn er sju ferdig eller nær ferdig rydda. Det er rydda opp i Oslo, Trondheim, Tromsø, Harstad og Sandefjord. Arendal og Kristiansand er nær ferdig rydda. I tillegg er delområde i Bergen (Puddefjorden) og Listerfjordane (Farsund og Flekkefjord) ferdig rydda. Horten er planlagt ferdigstilt i 2020.

I statsbudsjettet for 2021 føreslår regjeringa at det blir rydda opp i forureina sjøbotn i Hammerfest. Planen er at sjøbotnen vil bli mudra og dekka til med reine massar. Massane som blir fjerna vil danne fundament til ny sentrums- og hurtigrutekai i Hammerfest. Prosjektet er eit samarbeid mellom Hammerfest kommune, Hammerfest havn KF og Kystverket.

Handlingsplanen om forureina sediment inneheld også mål om undersøkingar og tiltak i forureina sjøbotn ved prioriterte skipsverft, store hamner og småbåthamner. Miljødirektoratet og fylkesmennene arbeider med å syte for at områda blir kartlagde, og at det blir rydda opp der det er nødvendig.

I hovudsak er det prinsippet om at forureinar betaler, som skal leggjast til grunn. Pålegg etter forureiningslova er eit viktig verkemiddel for å sikre nødvendig opprydding av forureina grunn og sjøbotn. Statlege styresmakter medverkar med finansiering der dette er aktuelt og nødvendig, til dømes der den ansvarlege av ulike årsaker ikkje kan identifiserast eller ikkje kan stå for ei god opprydding, eller der det vil vere urimeleg at den ansvarlege skal dekkje alle kostnadene, jf. omtale av tildelingskriterium for oppryddingspostane kap. 1420, post 39, 69 og 79. Opprydding i forureina grunn og sjøbotn er kostbart og tidkrevjande. I fleire år har hovudvekta av arbeidet på dei prioriterte områda med forureina sjøbotn vore tiltak i innleiande fasar med undersøkingar, pilotprosjekt og liknande. Arbeidet er no komme over i ein fase der fleire område i åra framover blir klare for tildekking og mudring og deponering av forureina sjøbotn. Desse tiltaka er dei mest kostnadskrevjande i arbeidet. Det må prioriterast mellom dei ulike områda i den vidare gjennomføringa av oppryddinga.

Farleg avfall

Farleg avfall inneheld helse- og miljøfarlege stoff. Farleg avfall på avvegar kan føre til at miljøgifter blir spreidde og hopar seg opp i naturen. Derfor må dette avfallet samlast inn og behandlast forsvarleg. Farleg avfall skal ikkje blandast saman med anna avfall, men handterast for seg. Det skal takast forsvarleg hand om og anten gå til materialgjenvinning eller energiutnytting eller vere sikra god nok nasjonal sluttbehandlingskapasitet. Det er òg strenge reglar som skal hindre at slikt avfall blir eksportert til land utan kapasitet til å behandle det forsvarleg. Auka materialgjenvinning av farleg avfall som kan skje utan ukontrollert spreiing av miljøskadelege stoff, er i tråd med intensjonen om sirkulær økonomi og norsk avfallspolitikk.

Farleg avfall oppstår i landbasert industri, i petroleumsindustri og bergverksdrift, i hushalda og ved avfallsforbrenning. I 2018 blei det ifølgje SSB levert 1,54 mill. tonn farleg avfall i Noreg til godkjend behandling. Dette er ein nedgang på nærare 7 prosent frå året før, men ein auke på 92 prosent frå 2003. Nedgangen frå 2017 til 2018 kjem mellom anna av lågare mengder farleg avfall frå industri og frå bygg og anlegg. Auken frå 2003 kan dels forklarast med auka aktivitet i industrien, dels med at meir avfall frå petroleumsindustrien til havs har blitt ført til land. I tillegg har strengare regelverk både i EU og i Noreg ført til at fleire avfallstypar er klassifiserte som farleg avfall. Det blir òg produsert og omsett stadig fleire produkt, og mange av desse inneheld helse- og miljøfarlege stoff. For å medverke til å førebyggje farleg avfall er det viktig å arbeide for at det blir utvikla meir miljøvennlege produkt.

Dagens deponi for uorganisk farleg avfall på Langøya vil vere fullt innan få år. Det er viktig at Noreg held oppe ein nasjonal behandlingskapasitet for farleg avfall i samsvar med dei internasjonale pliktene som følgjer av Baselkonvensjonen og EUs rammedirektiv om avfall.

Våren 2019 sette regjeringa ned eit ekspertutval om farleg avfall som skulle vurdere både korleis mengda farleg avfall kan reduserast, og korleis framtidig behandlingskapasitet kan sikrast. I tilrådinga si frå november 2019 peikte utvalet på moglege verkemiddel som dei meinte vil kunne redusere mengdene farleg avfall fram mot 2035. Samstundes vurderte dei at fram mot 2025 vil mengdene farleg avfall vere om lag som i dag. Dei tilrådde at staten ikkje burde arbeide vidare for eit deponi i Brevik, og peikte på moglege alternative lokalitetar. Utvalet meinte etablering av nye deponi vil kunne ta tid, og at moglege overgangsløysingar som kan setjast i verk på kort sikt mens ein venter på at ny kapasitet kjem på plass, må vurderast.

Rapporten frå utvalet har vore på høyring. Miljødirektoratet fekk i desember 2019 eit oppfølgjande oppdrag frå Klima- og miljødepartementet om rapporten. Direktoratet leverte i perioden februar–april 2020 sine vurderingar av høyringsinnspel til rapporten, aktuelle lokalitetar, overgangsløysingar og tiltak og verkemiddel for materialgjenvinning og reduserte mengder uorganisk farleg avfall. KLD arbeider no med å vurdere korleis framtidig behandlingskapasitet for farleg avfall kan sikrast, og kva rolle staten skal ta. Det blir òg vurdert korleis kunnskapsoppbygging knytt til FoU og innovasjon innan gjenvinning og reduksjon av farleg avfall kan sikrast.

Sirkulær økonomi og avfall

Dei seinaste åra har det vakse fram ei erkjenning av at dersom ein skal nå målet om at avfallsveksten skal vere lågare enn den økonomiske veksten, må ein gjere noko med måten ein produserer og forbruker varer på. Det er heilt sentralt i ein sirkulær økonomi at vi aukar utnyttinga av ressursane i avfallet ved at desse ressursane blir haldne i kretsløp lengst mogleg og kjem til nytte som råvarer for nye produkt.

Stortingsmeldinga frå regjeringa om avfallspolitikk og sirkulær økonomi, Meld. St. 45 (2016–2017) Avfall som ressurs, ligg til grunn for den politikken regjeringa fører. Regjeringa vil hausten 2020 leggje fram ein nasjonal strategi for sirkulær økonomi, ein revidert plaststrategi og ein handlingsplan for å auke delen av klima- og miljøvennlege anskaffingar og grøn inovasjon i offentlege anskaffingar. EU la våren 2020 fram ein ny handlingsplan for sirkulær økonomi, og fleire av tiltaka i den blir òg viktige for Noreg. Døme på dette er utvikling av produktpolitikken og produsentansvarsordningar. Noreg arbeider aktivt overfor EU i dei aktuelle prosessane og følgjer opp EU sitt arbeid nasjonalt.

Dei stadig veksande avfallsmengdene gjer at utfordringane knytte til avfallsbehandling på lang sikt vil auke om ein ikkje lukkast med å førebyggje avfall. Over tid har strengare krav til deponi og forbrenningsanlegg og bruk av meir miljøvennleg teknologi medverka til store reduksjonar i utslepp til luft og vatn frå sluttbehandling av avfall. Dei store grepa i avfallspolitikken er derfor ikkje lenger knytte til utsleppa frå sluttbehandling av avfall, men til å redusere avfallsmengdene gjennom produktdesign for auka levetid og reparerlege løysingar, auka ombruk av produkt og auka materialgjenvinning. På den måten reduserer vi utslepp frå uttak av ressursar og frå produksjon og transport av nye produkt.

Avfallspolitikken blir gjennomført i eit samspel mellom ei rekkje ulike verkemiddel: forureiningslova og forskrifter gitt i medhald av lova, avgifter, refusjons- og panteordningar, bransjeavtaler og informasjonstiltak og kombinasjonar av desse. Verkemidla skal sikre ein samfunnsøkonomisk og miljøvis god balanse mellom det som blir gjenvunne som materiale, og det som blir energiutnytta eller deponert. Fleire verkemiddel skal stimulere til materialgjenvinning eller energiutnytting, mellom anna forbod mot deponering av nedbryteleg avfall og produsentansvar for fleire typar avfall. Departementet vurderer verkemidla fortløpande.

EU vedtok våren 2018 nytt avfallsregelverk. Endringane medfører mellom anna langt meir ambisiøse mål om materialgjenvinning for kommunalt avfall, det vil seie avfall frå hushalda og liknande avfall frå næringslivet, og av emballasjeavfall. For kommunalt avfall er det krav om 55 pst. materialgjenvinning innan 2025, 60 pst. innan 2030 og 65 pst. innan 2035. For emballasjeavfall er det ulike delkrav om materialgjenvinning for dei ulike materialslaga for 2025 og 2030. For all emballasje er det eit samla krav om 35 pst. materialgjenvinning i 2025 og 70 pst. i 2030. Det nye avfallsregelverket vil bli gjeldande også for Noreg. Klima- og miljødepartementet ser no på verkemiddel for å nå dei nye måla.

Klima- og miljødepartementet følgjer arbeidet i EU tett og arbeider for at regelverksutviklinga i størst mogleg grad er i tråd med norske posisjonar.

Ei heilt sentral prioritering er å førebyggje matsvinn. Fem departement med Klima- og miljødepartementet som koordinerande departement inngjekk i 2017 ei avtale med matbransjen, representert ved alle dei store bransjeorganisasjonane. Målet for samarbeidet er å halvere matsvinn innan 2030, jf. FNs berekraftsmål på området. Avtala er open for at enkelte verksemder òg kan slutte seg til, og det er i dag over 100 enkeltverksemder som er med i avtala. Hovudrapporteringa for 2020 kjem i 2021. Bransjen har redusert matsvinnet med 12 prosent frå 2015 til 2018 og dette indikerer at ein er i rute med å nå det fyrste delmålet i avtala om 15 prosent reduksjon innan 2020.

Dei neste åra er det fleire område innan avfallshandtering som blir viktige. Klima- og miljødepartementet vil jobbe for å finne gode løyningar for mellom anna tekstilavfall, avfall frå bygg og anleggsnæringa og emballasje. Ein annan stor avfallsfraksjon er plast, som ein også må jobbe med i heile verdikjeda – frå plasten blir laga, til plastproduktet endar som avfall.

Nasjonal avfallsplan inkludert avfallsførebyggingsprogram blei oppdatert i 2019 og inneheld status og planar for avfallshandtering i perioden 2020–2025.

Særleg om plast og plastforureining

Marin plastforsøpling og tilførsel av mikroplast til havet er ei av dei mest alvorlege globale miljøutfordringane. Dette er ei omfattande og kompleks problemstilling som krev tiltak på mange område, både nasjonalt og internasjonalt. Det er såleis ei særskild prioritering for regjeringa å finne gode løysningar for alle fasar i heile livsløpet til plasten, for å utnytte ressursane betre og hindre at plast kjem på avvegar i naturen.

Regjeringa la i 2017 fram ein strategi mot marin plastforsøpling og spreiing av mikroplast (plaststrategien) som del av i Meld. St. 45 (2016–2017) Avfall som ressurs. Regjeringa vil leggje fram ei ny og revidert plaststrategi som vil handle om heile livsløpet til plastprodukt og både nasjonalt og internasjonalt arbeid. Strategien vil bli utarbeidd på bakgrunn av ny kunnskap og utvikling på området, og Miljødirektoratets siste oppdaterte tiltaksvurderingar for både marin forsøpling og mikroplast vil vere eit viktig grunnlag for arbeidet med livsløpet til plastprodukt. Strategien vil bli sett i samanheng med strategien om sirkulær økonomi som regjeringa også skal leggje fram.

Regjeringa arbeider for å redusere bruken av eingongsartiklar i plast. Noreg skal raskt følgje opp EUs direktiv om miljøkonsekvensane av eingongsartiklar av plast og fiskeriutstyr. Departementet har no til vurdering eit forslag til forbod mot enkelt eingongsartiklar av plast, dei same som blir forbodne gjennom EU-direktivet. Vidare blir det no vurdert korleis dei andre føresegnene i direktivet kan gjennomførast i Noreg.

Departementet har samstundes starta eit samarbeid med næringslivet for å redusere miljøkonsekvensar av eingongsartiklar av plast som ikkje skal bli forbodne. Ei arbeidsgruppe med representantar frå næringslivet og arbeidstakar- og miljøorganisasjonar har vurdert tiltak for å redusere miljøkonsekvensar av eingongsartiklar av plast, inkludert tiltak som kan inngå i ei avtale mellom styresmaktene og næringslivet. Departementet vil med dette som utgangspunkt ta initiativ til vidare dialog med mål om ei avtale der næringslivet tek auka ansvar for redusert miljøbelastning frå eingongsplast og emballasje.

Regjeringa vil i 2021 følgje opp pågåande utgreiingar av eit mogleg forslag til produsentansvar for høvesvis fiskerinæringa og oppdrettsnæringa, og vurderer òg andre tiltak for å redusere utslepp av plast frå desse næringane. I tillegg blir det vurdert å innføre eit system som skal sikre at fiskarar og andre kan levere avfall dei har teke opp frå havet i hamn utan meirkostnad. Ei slik ordning skal vere varig og landsdekkjande, til forskjell frå det avgrensa pilotprosjektet «Fishing for Litter». Noreg vil følgje opp og gjennomføre EUs nyleg reviderte skipsavfallsdirektiv.

Nedbryting av plastavfall i havet er ei stor kjelde til mikroplast. Derfor er tiltak for å redusere marin forsøpling eit viktig bidrag til å redusere tilførselen av mikroplast til det marine miljøet. I tillegg medverkar fleire landbaserte og sjøbaserte kjelder til utslepp av mikroplast. I Noreg er mellom anna dekkslitasje, kunstgrasbaner, måling og tekstilar identifiserte som viktige kjelder til spreiing av mikroplast.

Klima- og miljødepartementet har motteke forslag til forskrift om drift og utforming av kunstgrasbaner frå Miljødirektoratet, og det vil bli fulgt opp i departementet. Departementet vurderer også tiltak for å redusere spreiing av mikroplast frå småbåthamner.

Noreg ønskjer krav til reinsing av mikroplast frå vask av tekstilar i vaskemaskinar. Slike produktreguleringar er det viktig at ein regulerer på europeisk nivå. Noregs forslag om filter i vaskemaskinar vil bli vurdert i den kommande revisjonen av økodesignregelverket i EU.

EUs kjemikaliebyrå har utarbeidd eit restriksjonsforslag under kjemikalieregelverket REACH om tilsett mikroplast i produkt som til dømes kroppspleieprodukt og vaskemiddel. Noreg har aktivt medverka i EUs prosess på dette området og vil følgje arbeidet nøye.

Ei regulering av mikroplast på EU-nivå vil òg gjelde for Noreg gjennom EØS-avtala.

Boks 7.1 Opprydding/organisasjonar

Engasjementet mot marin forsøpling har auka sterkt i alle delar av samfunnet dei siste åra. Den ideelle foreininga og medlemsorganisasjonen Hold Norge Rent gjer ein viktig jobb gjennom å mobilisere til nasjonale ryddedugnader. Foreininga medverkar òg i førebyggjande arbeid mellom anna knytt til kartlegging av avfall og haldningsskapande kampanjar om tiltak.

Handelens miljøfond er ein annan sentral aktør i arbeidet mot plastforureining. Midlane som kom inn til fondet frå medlemmer som sel plastposar, utgjorde 316 mill. kroner i 2019. Midlane blir utlyste og brukte til dømes til prosjekt rundt opprydding og førebygging av plastforsøpling nasjonalt og internasjonalt, til reduksjon av plastbruk, til forsking i samarbeid med Noregs forskingsråd og til næringsutvikling for å gjenvinne meir plast.

Miljødirektoratets tilskotsordning der ein kan søkje om støtte til opprydding av avfall utan kjend eigar og tiltak som førebyggjer marin forsøpling har vore svært populær sidan den blei etablert. Det er ei arbeidskrevjande oppgåve å vurdere alle søknadene og sjå til at krava til bruken av midlane blir følgde.

Fylkesmennene har i oppgåve å koordinere samarbeidet om opprydding på fylkesnivået. Senter for oljevern og marint miljø har i samarbeid med Hold Norge Rent utvikla eit oppdatert digitalt ryddeverktøy for frivillige og ein meir avansert versjon for styresmaktene og andre interesserte. Desse skal leggje til rette for effektiv organisering og gjennomføring av opprydding i Noreg.

Ein ser no på kva for ytterlegare grep som kan takast for å gjere opprydding av avfall i miljøet i Noreg mest mogeleg effektivt og sikkert og utan negativ påverknad på miljøet.

For å lukkast med å motverke forsøpling av verdshava krevst det eit sterkt internasjonalt samarbeid. Noreg er initiativtakar og globalt leiande i arbeidet i FNs miljøforsamling (UNEA) mot marin forsøpling og mikroplast og har som mål at verda skal bli samd om ei ny global avtale om marin forsøpling og mikroplast. I 2017 fekk Noreg tilslutning til eit vedtak som mellom anna inneheld ein nullvisjon mot vidare tilførsler til havet. Vi fekk òg tilslutning til å opprette ei ekspertgruppe som mellom anna skal sjå på høvet til sterkare globale forpliktingar mot marin forsøpling og spreiing av mikroplast. På møtet i FNs miljøforsamling i mars 2019 blei det vedteke å styrkje arbeidet mot marin forsøpling ytterlegare, gjennom mellom anna vidareføring av ekspertgruppa og styrking av forskinga og kunnskapsgrunnlaget. Noreg vil i 2021 følgje opp arbeidet tett og framleis vere pådrivar ved FNs femte miljøforsamling, som etter planen blir halden i februar 2021. Noreg vil arbeide for at FNs miljøforsamling skal vedta eit forhandlingsmandat for ei ny global avtale om marin forsøpling og mikroplast. Dei nordiske landa har òg ei satsing på plastforureining som vil bidra til å vidareføre ei nordisk leiarrolle i det globale arbeidet i 2021.

Noreg vil òg styrkje arbeidet med plastavfall under Baselkonvensjonen om grensekryssande transport av avfall. På partsmøtet til Baselkonvensjonen i 2019 blei partane etter forslag frå Noreg samde om strengare kontroll med grensekryssande handel med plastavfall og eit partnarskap mellom styresmakter, næringsliv og miljøorganisasjonar for betre behandling av plastavfall. Ei positiv følgje av det er òg at det blir lettare å byggje opp ein attvinningsindustri for plast i Europa, og gjennom det styrkje den sirkulære økonomien. Endringane vil tre i kraft 1. januar 2021. Partane vil møtast sommaren 2021 for å bli samde om vidare handling for å styrkje arbeidet med plastavfall under konvensjonen, til dømes global rettleiing for miljøforsvarleg handtering av plastavfall. Noreg vil vidareføre ei leiarrolle også i dette arbeidet i 2021.

Styrkte tiltak mot plastforsøpling frå skip, ikkje minst tap av fiskeutstyr, er også sentralt for Noreg. Dumping er forbode, og det er mange årsaker til plastforsøpling og mikroplast frå skip. Det blir no arbeidd med dette gjennom ein handlingsplan under FNs sjøfartsorganisasjon IMO. Noreg bidreg aktivt, mellom anna med finansiell støtte til ei vitskapleg uavhengig ekspertgruppe og i utforming av vedtak under IMOs miljøkomité.

I 2018 oppretta regjeringa eit bistandsprogram særleg retta mot marin forsøpling og mikroplast. Programmet gir stønad til tiltak i utviklingsland med store utfordringar knytte til avfallshandtering, men òg til tiltak for å styrkje globale og regionale regelverk, kunnskapsinnhenting og informasjonsarbeid. Tiltak for å redusere forsøpling frå sjøbaserte kjelder, til dømes tap av fiskeutstyr i utviklingsland, er òg omfatta. Ei anna prioritering er å auke samarbeid mellom ulike aktørar som arbeider mot marin forsøpling.

Samarbeid med andre utvalde land og regionar, både bilateralt og gjennom multilaterale og regionale fora, vil stå sentralt. I våre havområde gjeld dette særleg gjennom det nordiske og det norsk-russiske samarbeidet, det regionale havmiljøsamarbeidet under OSPAR og Arktisk råd. Gjennom regjeringa sitt bistandsprogram mot marin forsøpling og mikroplast er det prioritert tiltak i store utsleppsland.

Næringssalt og organisk materiale som forureinar vassdrag og kystområde

For mykje næringssalt (fosfor og nitrogen) og organisk materiale er blant dei tre største påverknadene på vassdraga og kystområda våre. Næringssalt endrar tilstanden i vatn og påverkar algevekst og oksygenforhold for plante- og dyreliv. Dei største landbaserte kjeldene til utslepp av næringssalt er jordbruk og kommunalt avløp. I tillegg blir næringssalt frakta frå Europa til den norske kysten med havstrøymer.

Til forureiningslova er det fastsett ei rekkje krav i forskrifter for å redusere utslepp frå avløp og frå jordbruk. Desse omfattar mellom anna krav til utslepp av avløpsvatn i forureiningsforskrifta, og krav til lagring og bruk av gjødsel i forskrifta om organisk gjødsel, som skal redusere avrenninga av næringsstoff til vatn frå jordbruket. Desse regelverka er viktige verkemiddel for å nå vassmiljømåla i vassforvaltningsplanane med tilhøyrande tiltaksprogram etter vassforskrifta. For å nå miljømåla i vassforskrifta må innsatsen styrkjast. Det er no om lag 250 innsjøar og over 600 elvar som ikkje når miljømålet for fosfor.

Vassmiljømåla i forskrift om rammer for vassforvaltninga seier mellom anna at alt vatn i utgangspunktet skal ha god tilstand. I vassforvaltningsplanane er det sett konkrete miljømål for alle elvar og innsjøar, kystvatn og grunnvatn i Noreg. Det er òg laga tiltaksprogram der det mellom anna er føreslått tiltak for å redusere tilførsel av næringssalt og organisk materiale som forureinar vassdrag og kystområde. Desse tiltaka skal vurderast og følgjast opp av den ansvarlege sektorstyresmakta. Planane og tilhøyrande tiltaksprogram skal oppdaterast kvart sjette år fram til 2033. Dette arbeidet er no i gang i vassregionane.

Alle avløpsanlegga i den enkelte kommunen skal oppfylle reinsekrava i forureiningsforskrifta, slik at vi kan nå miljømåla innan 2027 og seinast innan 2033.

Når det gjeld jordbruk, innførast det meir forpliktande krav i område der tiltaka som er sette i verk ikkje er nok til å nå miljømålet om god tilstand. Mellom anna skal fylkesmennene og kommunane stille krav til gjennomføring av miljøtiltak der det er nødvendig for å nå miljømåla etter vassforskrifta innan 2027 og seinast innan 2033. Næringsrike innsjøar i låglandet på Austlandet og Jæren og Oslofjorden er høgt belasta område som bør få særleg merksemd, sidan det har vore negativ utvikling eller for svak positiv utvikling i fleire av desse områda dei siste åra. I tillegg er forskrifta om organisk gjødsel, irekna krava til lagring og bruk av gjødsel, under revisjon.

Radioaktiv forureining

Nivået på radioaktiv forureining generelt er lågt. Utslepp og avfall er nær knytte til aktiviteten i ulike sektorar. Radioaktive stoff er nytta til mellom anna behandling av pasientar på sjukehus og i forsking og utdanning. Det er òg radioaktive komponentar i enkelte forbrukarprodukt som til dømes røykvarslarar. Radioaktiv forureining og radioaktivt avfall kan oppstå som eit biprodukt i ulike typar prosessindustri og ved utvinning av mineral og graving i alunskiferhaldig grunn. Forureining og avfall følgjer òg av konsentrasjon av naturleg førekommande radionuklidar som finst i berggrunnen, som ved utvinning av olje og gass, og ved framstilling av radioaktive stoff.

Radioaktiv forureining av norske land- og havområde skjer vidare frå internasjonale kjelder, som historiske atomsprengingar i atmosfæren og Tsjernobyl-ulykka. Ulykker knytte til anlegg i nærområda våre, i særleg grad dei gamle atomkraftverka i Russland, vil kunne ha store konsekvensar for Noreg. I 2020 vil det bli arbeidd vidare med å vurdere og leggje til rette for lagrings- og deponikapasitet for radioaktivt avfall. Det blir lagt særleg vekt på deponiløysingar på lang sikt og løysingar for det brukte atombrenselet og anna avfall frå forskingsreaktorane i Halden og på Kjeller. Dette er òg relevant i samband med avviklinga av forsøksreaktorane. Direktoratet for strålevern og atomtryggleik har gjennomgått regelverket på området og utviklar rettleiar om avfallsklassifisering ved overflatekontaminering. Dette er særleg relevant ved rivingsarbeid for å avgrense mengda radioaktivt avfall som må handterast. Risiko for, beredskap mot og overvaking av radioaktiv forureining i havområda inngår i stortingsmeldinga om heilskaplege forvaltningsplanar for dei norske havområda (Meld. St. 20 (2019–2020)).

Langtransportert luftforureining

Det internasjonale arbeidet med å redusere langtransportert luftforureining er framleis viktig for å redusere tilførsler av sur nedbør og andre forureiningar til Noreg. Arbeidet skjer innanfor ramma av UNECE-konvensjonen om langtransportert grenseoverskridande luftforureiningar, som blei vedteken i 1979. Landa som deltek i samarbeidet under denne konvensjonen, har i Göteborgprotokollen av 1999 teke på seg talfesta forpliktingar om å redusere dei årlege utsleppa sine av svovel (SO2), nitrogenoksid (NOx), flyktige organiske sambindingar utanom metan (nmVOC) og ammoniakk (NH3) for 2010 og åra deretter. Noreg nyttar ei rekkje juridiske og økonomiske verkemiddel for å redusere utsleppa av desse stoffa i tråd med forpliktingane våre i Göteborgprotokollen.

Partane vedtok 4. mai 2012 ei endring til Göteborgprotokollen. Den viktigaste delen av endringa er at partane tok på seg nye forpliktingar om å redusere dei årlege utsleppa sine av luftforureiningar. Endringa inneber at det er teke eit nytt viktig steg i det internasjonale samarbeidet om å redusere langtransportert luftforureining som skader menneskehelse, økosystem, avlingar og materiale.

Dei nye pliktene er uttrykte som ein prosentvis reduksjon av dei årlege utsleppa samanlikna med utsleppa i 2005, gjeldande for 2020 og åra deretter. Det er fastsett nye plikter for dei fire nemnde stoffa og for små helseskadelege partiklar (PM2,5). Ved forhandlingane i 2012 om nye plikter tok Noreg på seg å gjennomføre følgjande utsleppsreduksjonar frå 2005: SO2: 10 pst., NOx: 23 pst., nmVOC: 40 pst., ammoniakk: 8 pst. og PM2,5: 30 pst. Noreg godkjende 26. november 2019 endringa til Göteborgprotokollen av 4. mai 2012.

Statistisk sentralbyrå publiserte 19. juni 2020 førebels utsleppstall for 2019.

Noreg reduserte utsleppa av svovel med 30 pst. frå 2005 til 2019, mens utsleppa av NOx blei reduserte med 28 pst. Noreg overheld med det den nye plikta for utslepp av svovel med god margin. For NOx overheld Noreg den nye forpliktinga med mindre marginar, men trenden er at desse utsleppa vil minske dei kommande åra.

For nmVOC hadde Noreg til 2019 redusert utsleppa med 35,5 pst. frå 2005. Det står att å redusere 4,5 pst. Trenden er at utsleppa av nmVOC framleis vil minske, men Miljødirektoratet har peikt på ulike faktorar som kan påverke utviklinga.

Utsleppa av ammoniakk gjekk ned med 5,5 pst. frå 2005 til 2019 og må minske ytterlegare for at Noreg skal overhalde forpliktinga om å redusere dei årlege utsleppa med 8 pst. frå nivået i 2005. Landbruks- og miljøstyresmaktene samarbeider no om å vurdere tiltak og verkemiddel for ytterlegare reduksjon av ammoniakkutsleppa.

For partiklar (PM2,5) var utsleppa i 2019 reduserte med 34,5 pst. frå 2005. Noreg overheld med det den nye plikta for utslepp av partiklar. For dei næraste åra er det likevel risiko for at utsleppa enkelte år kan overskride forpliktingane dersom ein kald vinter gir unormalt høgt forbruk av ved.

Arbeidet med å redusere langtransportert luftforureining er basert på omfattande kunnskap gjennom overvaking, forsking og analysar av utslepp, tilførsler og effektar av luftforureiningar, og modellscenario som viser moglege strategiar for å redusere utslepp i tråd med felles miljømål på tvers av landa i Europa. Norske fagmiljø som Meteorologisk institutt, Norsk institutt for luftforsking og Norsk institutt for vassforsking medverkar i vesentleg grad til kunnskapsutviklinga gjennom sine funksjonar som internasjonale fagsenter under konvensjonen om langtransportert grenseoverskridande luftforureining.

Det er viktig å medverke til at fleire av landa i Sør- og Aust-Europa, Kaukasus og Sentral-Asia sluttar seg til Göteborgprotokollen. Noreg medverkar til finansiering av kapasitetsbygging for å setje desse landa i stand til å ratifisere og implementere protokollen. Arbeidet skjer i regi av FNs økonomiske kommisjon for Europa (UNECE).

Globalt er luftforureining sett på som ein av dei største miljørelaterte truslane mot folks helse. Helseeffektane av luftforureining medfører store samfunnsøkonomiske kostnader i form av mellom anna for tidleg død, behandlingskostnader og sjukefråvær. Noreg tek del i fleire internasjonale samarbeidsforum som har som oppgåve å betre kunnskapen om effektane luftforureiningar har på menneskehelsa, overføre erfaringar frå arbeidet under UNECEs luftkonvensjon til andre regionar, og hjelpe til med å greie ut og gjennomføre tiltaksstrategiar for å redusere luftforureiningane.

Regjeringa arbeider innanfor FNs sjøfartsorganisasjon (IMO) for å utvikle eit meir effektivt regelverk for å redusere utsleppa til luft frå skipsfarten. I lågutsleppsområdet for svovel i Nordsjøen har det sidan 1. januar 2015 vore stilt svært strenge krav til mengde svovel i bunkersoljen. Høgste lovlege grense i dette området er no 0,1 pst. svovel. Krava i sjøområda utanfor lågutsleppsområdet (Nordsjøen) blei frå 1. januar 2020 stramma inn til maksimalt 0,5 pst. svovel i bunkersoljen. IMO vedtok i juli 2017 å etablere eit lågutsleppsområde for NOx (NECA) i Nordsjøen og Austersjøen. Dette inneber at skip som seglar i desse havområda, og som er bygde etter 1. januar 2021, må innfri strengare krav til utslepp av NOx.

Lokal luftforureining

Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for å nå måla om lokal luftkvalitet og ei koordinerande rolle mot andre departement og etatar for å få gjennomført tiltak som kan redusere luftforureining. Noreg deltar òg aktivt i relevante prosessar på EU-nivå om endringar og innstrammingar i EUs regelverk for lokal luftkvalitet.

Kommunane er lokal forureiningsstyresmakt etter forureiningsforskrifta kapittel 7, som er det sentrale verkemiddelet for lokal luftkvalitet. Forureiningsforskrifta kapittel 7 følgjer opp krava i EUs luftkvalitetsdirektiv, som er bindande for Noreg gjennom EØS-avtala.

Noreg er blant dei landa i Europa som har lågast risiko for tidleg død som følgje av lokal luftforureining. Dårleg luftkvalitet fører likevel til alvorlege helseplager for befolkninga. Luftforureining, som nitrogendioksid og svevestøv, kan føre til eller forverre både luftvegssjukdommar og hjarte- og karlidingar. Barn, eldre og dei som allereie har sjukdom, er grupper som er ekstra utsette for å bli sjuke når luftkvaliteten er dårleg.

Både nasjonale og lokale styresmakter har over fleire år jobba aktivt for å betre luftkvaliteten i byer og tettstader, og målingane viser no positive resultat. Fleire kommunar har lagt ned eit omfattande arbeid for å betre den lokale luftkvaliteten. I 2019 var det to overskridingar av grense- og målsetningsverdiane i forureiningsforskrifta. Grenseverdien for svoveldioksid (SO2) og målsetningsverdien for nikkel (Ni) blei overskridne ved to ulike målestasjonar i Kristiansand kommune. Begge overskridingane var knytte til industriverksemd.

Trenden for nivåa av nitrogendioksid (NO2) går generelt ned, og både i 2018 og 2019 låg nivåa for NO2 under grenseverdien i forureiningsforskrifta. Fleire norske kommunar har òg fått langt betre luftkvalitet når det gjeld svevestøv (PM10 og PM2,5) dei siste åra. Samtidig blir luftkvaliteten i stor grad påverka av meteorologiske forhold som varierer frå år til år. I tillegg er den lokale luftkvaliteten òg påverka av variasjon i lokale utslepp, langtransportert luftforureining og av kva slags tiltak som blir sette i verk av kommunane frå år til år.

For å leggje til rette for ytterlegare tiltak som betrar luftkvaliteten, har regjeringa sett i gang ei rekkje arbeid. Mellom anna er det lagt til rette for at kommunar som ønskjer det, kan opprette lågutsleppssonar, gjennom ei sentral forskrift for lågutsleppssonar for bilar. Yrkestransportlova er endra slik at det er opna for at løyvestyresmakta kan stille miljøkrav for drosjer, og det er lagt til rette for å differensiere bompengesatsane på bakgrunn av miljøeigenskapar. Miljødirektoratet har òg laga ei oversikt over tilgjengelege verkemiddel for å redusere utslepp frå vedomnar.

Dei siste åra har det vore ein auke i talet på kommunar som måler svevestøvnivå, og nokre stader viser det seg å vere for høge støvnivå. Vegstøv er den viktigaste kjelda til PM10, og vedfyring er den viktigaste lokale kjelda til PM2,5. Eksos inneheld NO2. Brot er tett knytte til variasjonar i vêrforholda og kva tiltak som blir gjennomførte mot svevestøv lokalt. Miljødirektoratet, Statens vegvesen, Vegdirektoratet og Folkehelseinstituttet (med bidrag frå Meteorologisk institutt) kom i 2020 med ei tilråding om å skjerpe grenseverdiane for svevestøv i forureiningsforskrifta. Saka er til vurdering i Klima- og miljødepartementet, Samferdselsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.

I 2019 blei luftvarslingstenesta Luftkvalitet i Noreg lansert, https://luftkvalitet.miljostatus.no/. Den gir folk i heile Noreg tilgang til informasjon om luftkvaliteten der dei er, i sanntid og tre dagar frem i tid. Tenesta blir òg brukt av forvaltninga som eit verktøy i arbeidet med lokal luftkvalitet. Tenesta er unik i europeisk skala og viser varsling av lokal luftkvalitet for heile Noreg. Ei fagbrukarteneste der behova til fagbrukarar og saksbehandlarar i forvaltninga er vektlagde, blei lansert i mars 2020, https://www.miljodirektoratet.no/luftkvalitet-fagbruker. Denne tenesta skal gi støtte til det arbeidet kommunane gjer med å setje inn treffsikre langsiktige tiltak for betra luftkvalitet.

Støy

Regjeringa vil arbeide for å redusere støyplager gjennom å følgje opp nasjonale og internasjonale forpliktingar. Miljøstyresmaktene følgjer opp status og utvikling i støyutsleppa og støyplaga generelt. Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for støy og ei koordinerande rolle overfor andre departement og etatar for å få gjennomført tiltak som kan redusere støyplager. Dei ulike sektordepartementa har hovudansvaret for å sikre at støyplaga blir redusert innanfor sin samfunnssektor, og medverke til å nå det nasjonale målet for støy.

Dei fastsette nasjonale måla for reduksjon av støyplaga blir ikkje nådde i dag. Klima- og miljødepartementet, Samferdselsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet har gitt etatane sine i oppdrag å greie ut ein ny måleindikator for støy som legg vekt på søvnforstyrring, og å tilrå i prioritert rekkjefølgje dei mest kostnadseffektive tiltaka for å redusere støy. Utgreiinga er under oppfølging i departementa.

Forureiningsforskrifta kapittel 5 stiller krav om at anleggseigarar gjennomfører støyreduserande tiltak ved/på bustader der innandørs støy overstig 42 dB. EUs rammedirektiv for støy er òg teke inn i forureiningsforskrifta, og i tråd med dette skal anleggseigarar og dei største bykommunane kartleggje støy og utarbeide handlingsplanar for å redusere støy.

Ein fornuftig arealbruk etter plan- og bygningslova er eit viktig, og kostnadseffektivt, verkemiddel for å førebyggje støyproblem. Det er gitt felles retningslinjer (T-1442/2016) for behandling av støy i plansaker, med vekt på dei største støykjeldene.

Politikk for å nå dei nasjonale klimamåla

Regjeringa fører ein ambisiøs klima- og miljøpolitikk som byggjer på forvaltaransvaret og føre var-prinsippet. Regjeringa legg vekt på å styrkje Noregs konkurransekraft og skape grøn vekst og nye grøne arbeidsplassar. Det er nødvendig med ei omstilling til eit moderne, berekraftig lågutsleppssamfunn. Noreg har høg kompetanse, teknologi og tilgang på kapital som gjer det mogleg å medverke sterkt til denne omstillinga. Klimakonvensjonen og Parisavtala legg grunnlaget for norsk klimapolitikk. Informasjon om internasjonalt klimaarbeid, inkludert Parisavtala, finn ein i Programkategori 12.70 (Internasjonalt klimaarbeid).

Vi vil oppfylle målet vårt om 30 pst. utsleppsreduksjon i 2020 samanlikna med 1990 gjennom forpliktinga vår under Kyotoprotokollen om å redusere utsleppa med i gjennomsnitt 16 pst. i 2013–2020.

Noreg melde i februar 2020 inn eit forsterka klimamål under Parisavtala. Det inneber at Noreg har forplikta seg til å redusere utsleppa av klimagassar med minst 50 pst. og opp mot 55 pst. i 2030 samanlikna med nivået i 1990. Regjeringa ønskjer å oppfylle det forsterka målet saman med EU. Gjennom klimaavtala med EU har Noreg allereie forplikta seg til å samarbeide med EU om å redusere utsleppa med minst 40 pst. innan 2030 samanlikna med 1990-nivået. Dersom EU ikkje forsterkar sitt mål like mykje som Noreg, vil den delen av målet som går lenger, vere avhengig av tilgang til samarbeid om utsleppsreduksjonar i andre land i tråd med reglane i Parisavtala. Regjeringa vil i 2020 leggje fram ei melding til Stortinget om ein klimaplan for 2021–2030 om korleis regjeringa planlegg utsleppskutt på minst 50 pst. og opp mot 55 pst. i samarbeid med EU, og korleis innanlandske ikkje-kvotepliktige utslepp kan reduserast med 45 pst.

Regjeringa vil følgje opp målet om at Noreg skal vere klimanøytralt i 2030, og medverke til at Noreg blir eit lågutsleppssamfunn i 2050. Sjå nærare omtale av oppfølging av klimamåla for 2030 og 2050 og klimatilpassing i del IV.

Regjeringa vel verkemiddel ut frå kriteriet om at forureinaren skal betale, og at ein skal nå klimamåla til lågast mogleg kostnad og med størst mogleg tryggleik, og vil halde fram arbeidet med grønt skatteskifte. Dei viktigaste verkemidla i norsk klimapolitikk er CO2-avgifta og EUs kvotesystem, som set ein pris på utslepp av klimagassar. Om lag 80 pst. av dei samla norske utsleppa er omfatta av desse verkemidla. Regjeringa vil innføre flat CO2-avgift for alle sektorar og trappe denne opp med 5 pst. årleg fram til 2025. Miljødirektoratet har ansvaret for kvotesystemet og den norske kvoterekneskapen under Kyotoprotokollen. Nærare detaljar om CO2-avgifta står i Prop. 1 LS (2020–2021) Skatter, avgifter og toll 2021 frå Finansdepartementet.

I tillegg er andre verkemiddel viktige for å redusere klimagassutslepp, mellom anna direkte regulering, standardar, avtaler og tilskot til utsleppsreduserande tiltak. Klimagassutsleppa er mellom anna regulert i forureiningslova, plan- og bygningslova og produktkontrollova med tilhøyrande forskrifter. Dei statlege planretningslinjene for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging har mellom anna som mål at utbyggingsmønster og transportsystem skal fremje kompakte byar og tettstader og leggje til rette for klima- og miljøvennleg transport.

Regjeringa vil støtte utvikling og spreiing av nullutsleppsløysingar og medverke til å skape marknader for nullutsleppsteknologi. Enova er eit viktig verkemiddel og skal gjennom å medverke til varige marknadsendringar medverke til å nå Noregs klimaforpliktingar og til omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Regjeringa vil føre vidare Enovas høve til å støtte omstilling til lågutsleppsteknologi i alle sektorar. Miljødirektoratet forvaltar ei tilskotsordning, Klimasats, til kommunar og fylkeskommunar for å redusere utslepp av klimagassar og medverke til omstilling til lågutsleppssamfunnet. I statsbudsjettet for 2021 føreslår regjeringa å føre vidare klimasatsordninga. Noregs forskingsråd har ei rekkje verkemiddel som medverkar til omstillinga til eit lågutsleppssamfunn. Ein stor del av innsatsen er innretta for å utvikle ny lågutsleppsteknologi, og Noregs forskingsråd, Innovasjon Noreg og Siva har både breie og tematiske ordningar som medverkar til å støtte opp om utvikling av klimateknologi.

Det er sett ambisiøse måltal for å redusere klimagassutsleppa frå transportsektoren. For at Noreg skal nå desse måla, må bruken av null- og lågutsleppsløysingar i næringstransporten auke kraftig. Dette føreset tilgang på teknologisk modne løysingar i tilstrekkeleg omfang som kan takast i bruk i ulike delar av transportsektoren. Noreg er avhengig av både den globale utviklinga av kostnadseffektive null- og lågutsleppsteknologiar og eit raskt, storskala skifte til bruk av null- og lågutsleppstransport i Noreg. Norsk næringsliv har derfor ei viktig rolle i å etterspørje og ta i bruk låg- og nullutsleppsteknologiar i transportsektoren etter kvart som dei blir tilgjengelege.

Regjeringa la i 2019 fram ein handlingsplan for grøn skipsfart. Handlingsplanen skal medverke til å realisere den ambisjonen regjeringa har om å halvere utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030 og å stimulere til null- og lågutsleppsløysingar i alle fartøykategoriar.

I statsbudsjettet for 2021 føreslår regjeringa å føre vidare ordninga med øyremerkte midlar til innfasing av hurtigbåtar med null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale samband. Regjeringa føreslår òg å løyve 25 mill. kroner til vidareføring av Grønt skipsfartsprogram sitt arbeid med å realisere grøn flåtefornying av lasteskip.

Biodrivstoff er viktig for å erstatte fossilt drivstoff og redusere utsleppa frå eksisterande køyretøy og fartøy. Frå 1. januar 2020 auka omsetningskravet for biodrivstoff til vegtrafikk frå 12 til 20 pst. Delkravet til avansert biodrivstoff blei auka frå 2,25 til 4 pst. Frå 1. juli 2020 blei vegbruksavgifta utvida til å omfatte alt biodrivstoff. Samtidig auka omsetningskravet vidare til 22,3 pst., med eit delkrav om 6,1 pst. avansert biodrivstoff. Frå 1. januar 2021 blir omsetningskravet auka vidare til 24,5 pst. med eit delkrav om 9 pst. avansert biodrivstoff. Avansert biodrivstoff er framstilt av avfall og restar og aukar i utgangspunktet ikkje presset på tropisk avskoging. Eit eige omsetningskrav for 0,5 pst. avansert biodrivstoff til luftfart tok til å gjelde 1. januar 2020.

Klimatilpassing

Klima- og miljødepartementet har ansvar for å leggje til rette for det heilskaplege arbeidet med klimatilpassing i regjeringa. Miljødirektoratet har sidan 2014 vore den fagetaten som støttar Klima- og miljødepartementet i dette arbeidet og koordinerer det heilskaplege klimatilpassingsarbeidet. Midlane til klimatilpassing på Klima- og miljødepartementets budsjett blir føreslått førte vidare frå 2020 til 2021 under Miljødirektoratet. Det er sett av 6,4 mill. kroner til ei tilskotsordning for kommunar. Sjå nærare omtale av arbeidet med klimatilpassing under del IV.

Klimaavtala med EU

I vår inngjekk regjeringa ei klimaavtale med EU. Gjennom klimaavtala med EU har Noreg forplikta seg til å samarbeide med EU om å redusere utsleppa med minst 40 pst. innan 2030 samanlikna med utsleppsnivået i 1990. Ei slik avtale mellom Noreg og EU inneber at Noreg vil medverke til gjennomføring av utsleppsreduksjonar på 43 pst. samanlikna med 2005 innanfor EUs kvotesystem (kvotepliktig sektor). Noreg vil òg medverke til utsleppsreduksjonar i ikkje-kvotepliktig sektor, der dei samla utsleppa i EU skal kuttast med 30 pst. frå 2005 til 2030. Innsatsen som er nødvendig for å få til dette, skal fordelast mellom landa gjennom bindande utsleppsmål. Noreg har gjennom avtala fått eit bindande mål om å redusera dei ikkje-kvotepliktig utsleppa med 40 pst. samanlikna med 2005-nivået. Gjennom EUs regelverk for skog og arealbruk (LULUCF-forordninga), har landa ei forplikting om at utslepp ikkje skal overskride opptaket i sektoren. Forordninga inneheld reglar for korleis opptak og utslepp frå skog- og arealbrukssektoren skal reknast inn mot utsleppsforpliktinga for sektoren. Sjå nærare omtale av klimaavtala med EU i del IV Klimalovrapporteringa.

Nærare om budsjettforslaget

Føreslått løyving knytt til programkategorien er på om lag 9,8 mrd. kroner i 2021. Tabellen under syner at dette er ein auke på 14,6 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2020.

Budsjettmidlar til arbeidet med å betre kunnskapsgrunnlaget (overvaking, kartlegging og forsking er omtalte under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m.

Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

1420

Miljødirektoratet

4 115 786

5 269 322

6 379 596

21,1

1422

Miljøvennleg skipsfart

12 388

33 894

40 100

18,3

1423

Radioaktiv forureining i det ytre miljø

27 589

28 518

28 772

0,9

1425

Fisketiltak

16 819

17 244

16 060

-6,9

1428

Enova SF

3 215 907

3 184 450

3 315 744

4,1

Sum kategori 12.20

7 388 489

8 533 428

9 780 272

14,6

Kap. 1420 Miljødirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

715 988

712 534

717 944

21

Spesielle driftsutgifter

263 273

306 097

326 350

22

Statlege vassmiljøtiltak

241 472

242 770

242 870

23

Oppdrags- og gebyrrelatert verksemd, kan overførast

147 497

149 260

147 535

30

Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde, kan overførast

39 492

30 167

30 167

31

Tiltak i verneområde, kan overførast

80 429

89 419

90 419

32

Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar, kan overførast

1 333

540

33

Statlege tileigningar, nytt landbasert vern, kan overførast

966

950

34

Statlege tileigningar, nasjonalparkar, kan overførast

13 242

2 053

2 053

35

Statlege tileigningar, skogvern, kan overførast

444 235

454 612

455 101

36

Statlege tileigningar, marint vern, kan overførast

6 200

6 200

37

Skogplanting, kan overførast

1 179

38

Restaurering av myr og anna våtmark, kan overførast

17 851

16 625

17 090

39

Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 69 og 79

28 781

12 483

12 483

60

Tilskot for å vareta naturmangfald i kommuneplanlegging

1 000

61

Tilskot til klimatiltak og klimatilpassing, kan overførast

131 365

187 832

224 244

62

Tilskot til grøn skipsfart, kan overførast

13 820

63

Returordning for kasserte fritidsbåtar

2 000

1 000

64

Skrantesjukeprøver frå fallvilt

315

1 200

1 200

65

Tiltak i kommunar med ulverevir i Hedmark, Akershus og Østfold

19 535

20 560

20 560

69

Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 79

56 431

74 962

92 962

70

Tilskot til vassmiljøtiltak, kan overførast

33 334

40 792

40 792

71

Marin forsøpling, kan overførast

68 227

70 290

70 290

72

Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt, overslagsløyving

124 907

141 361

145 885

73

Tilskot til rovvilttiltak, kan overførast

76 365

80 426

80 426

74

CO2-kompensasjonsordning for industrien

543 995

1 472 500

2 567 000

75

Utbetaling for vrakpant og tilskot til kjøretøy og fritidsbåtar, overslagsløyving

532 907

586 176

534 000

76

Refusjonsordningar, overslagsløyving

147 492

170 659

141 000

77

Ymse organisasjonar og stiftelsar m.m.

15 416

15 416

16 416

78

Friluftsformål, kan overførast

178 660

183 891

180 776

79

Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 69

110

450

450

81

Naturarv og kulturlandskap, kan overførast, kan nyttast under post 21

66 639

66 311

67 933

82

Tilskot til truga artar og naturtypar, kan overførast

45 186

45 355

42 806

83

Tilskot til tiltak mot framande artar, kan overførast

4 000

4 000

84

Internasjonalt samarbeid

5 285

5 508

5 508

85

Naturinformasjonssenter, kan overførast

73 879

77 413

77 826

Sum kap. 1420

4 115 786

5 269 322

6 379 596

Midlane under budsjettkapittelet er retta mot alle resultatområde med unntak for resultatområda Kulturminne og kulturmiljø, og Polarområda.

Alle driftspostane (post 01, 21, 22 og 23), investeringspostane 35 og 38 og tilskotspostane 72, 75, 76, 78, 81, 82 og 85 har fått priskompensasjon. På driftspostane (01, 21, 22 og 23) er det teke ut midlar i samband med avbyråkratiserings- og effektivitetsreforma.

Miljødirektoratets rolle og oppgåver

Miljødirektoratet er Klima- og miljødepartementets sentrale rådgivande og utøvande fagorgan innan klima, naturforvaltning, forureining og friluftsliv. Hovudoppgåvene er å redusere klimagassutslepp, ta vare på naturmangfaldet og sikre den naturlege produksjonsevna, hindre forureining og leggje til rette for friluftsliv. Dette inneber mellom anna å leggje til rette for å ta vare på naturen, berekraftig bruk og verdiskaping.

Omsynet til miljø og berekraftig utvikling og dei nasjonale miljømåla gir hovudramma for arbeidet i Miljødirektoratet. Funksjonane til etaten er å skaffe og formidle miljøinformasjon, utøve forvaltningsmynde, styre og rettleie regionalt og kommunalt nivå, gi faglege råd og delta i internasjonalt miljøarbeid.

Arbeidet som Miljødirektoratet utfører, er ein føresetnad for å få gjennomført nasjonal klima- og miljøpolitikk og å få sett i verk konkrete tiltak nasjonalt, regionalt og lokalt.

På klimaområdet arbeider Miljødirektoratet mellom anna med tiltaksanalysar for reduksjon i klimagassutslepp, utvikling og rapportering av klimagassrekneskapen til FN, utvikling og rapportering av klimagassrekneskapen for kommunar, utsleppsreduksjon og omstilling til lågutsleppssamfunnet i kommunar og fylkeskommunar, overvaking av klimaendringar og verknader av klimaendringar på naturmangfaldet. Direktoratet deltek i dei internasjonale forhandlingane under Klimakonvensjonen, særleg med spørsmål knytte til utsleppsrapportering, kvoteregisteret, forsking og overvaking. Vidare er direktoratet Noregs nasjonale kontaktpunkt for FNs klimapanel og koordinerer alle prosessar knytte til klimapanelets arbeid.

Klima- og miljødepartementet har ansvaret for å leggje til rette for regjeringas heilskaplege arbeid med klimatilpassing, og Miljødirektoratet er departementets fagetat på dette området. Direktoratet hjelper departementet i oppfølginga av stortingsmeldinga om klimatilpassing, medverkar til at arbeidet til regjeringa på området blir følgt opp av forvaltninga og i samfunnet, og støttar departementet i det internasjonale arbeidet med klimatilpassing, under dette i klimaforhandlingane.

På naturforvaltningsområdet arbeider Miljødirektoratet mellom anna med å sikre ei kunnskapsbasert forvaltning der økosystema har god tilstand og leverer økosystemtenester, etablering og forvaltning av verneområde og forvaltning av truga artar og naturtypar, under dette etablering og forvaltning av prioriterte artar og utvalde naturtypar. Andre viktige oppgåver er forvaltning av rovvilt, vassforvaltning, heilskapleg havforvaltning, marin naturforvaltning og forvaltning av villaks, innlandsfisk og villrein. Miljødirektoratet er òg fagetat for viltartar, både haustbart og ikkje-haustbart vilt. Haustbart vilt blir styrt frå Landbruks- og matdepartementet etter at dette ansvaret blei flytta dit i 2018. På same måte som på klimaområdet deltek etaten i dei internasjonale forhandlingane under konvensjonen om biologisk mangfald. Direktoratet er Noregs nasjonale kontaktpunkt for det internasjonale naturpanelet (IPBES), og koordinerer alle prosessar knytte til Naturpanelets arbeid. Ei teknisk støtteeining for kapasitetsbygging er etablert i Miljødirektoratet.

Etaten medverkar vidare til at det blir teke omsyn til langsiktig disponering av naturressursane i arealplanlegging etter plan- og bygningslova.

Statens naturoppsyn er ein del av Miljødirektoratet og har med heimel i lov om statleg naturoppsyn ansvar for å føre tilsyn med naturtilstanden, ha oppsyn med at reglane i miljølovgivinga blir følgde, og avdekkje og førebyggje miljøkriminalitet. Statens naturoppsyn er òg kompetansemiljø for gjennomføring av skjøtsels- og tilretteleggingstiltak i verneområda.

Tilrettelegging for friluftsliv, motivering av befolkninga til å drive med friluftsliv og sikring og forvaltning av friluftslivsområde er òg viktige oppgåver for Miljødirektoratet.

Miljødirektoratet samordnar det sektorovergripande arbeidet på forureiningsområdet og samarbeider med sektorane om faktagrunnlag, analysar og vidareutvikling av tiltak og verkemiddel. Viktige oppgåver på forureiningsområdet er arbeidet med å redusere marin forsøpling og mikroplast, redusere og førebyggje bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar, reinske opp i forureina sjøbotn og forureina grunn, hindre forureining i vassdrag og langs kysten, førebyggje og hindre oljeforureining, redusere luftforureiningar og auke ressursutnyttinga og redusere miljøproblem frå avfall. Direktoratet er aktivt involvert i internasjonalt samarbeid på desse områda. Etaten har vidare ansvar for å gjennomføre risikobasert tilsyn.

Miljødirektoratet har rolla som nasjonalt samordningsorgan for miljødata og ansvar for å samle miljødata på tvers av sektorar til miljøstatus.no. Miljødirektoratet har brei oversikt over naturtilstand og forureining i Noreg og formidlar dette til resten av miljøforvaltninga, andre sektorar og allmenta mellom anna gjennom Miljøstatus.no.

Etaten har òg fagleg instruksjonsmynde overfor miljøvernavdelingane hos fylkesmannen.

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot resultatområda Naturmangfald, Friluftsliv, Forureining og Klima.

Posten dekkjer lønns- og driftsutgifter til verksemda ved Miljødirektoratets to hovudkontor i Trondheim og Oslo og dei lokale kontora til Statens naturoppsyn rundt omkring i landet. Meir spesifikt dekkjer posten lønn til faste og mellombels tilsette, husleige, reiser, IKT-utgifter, informasjon, formidling og drift av miljøinformasjonssystem og ulike nettstader. Posten dekkjer òg drift av CO2-kompensasjonsordninga og klimasatsordninga. For ei vidare utgreiing om kva slags formål løyvinga går til, viser vi til omtalen under «Miljødirektoratets rolle og oppgåver» over. Utgifter knytte til oppdrag som Statens naturoppsyn utfører for andre, mellom anna Statskog, er dekte av posten. Inntektene for desse er førte under kap. 4420 post 01.

Posten er samla sett auka med om lag 5,4 mill. kroner. Føreslått løyving er på 717,9 mill. kroner på posten for 2021.

Miljødirektoratet har hovudansvaret for IKT-drifta for fleire etatar under Klima- og miljødepartementet, og det er lagt inn ein auke på 3,5 mill. kroner til dette. I tillegg er det lagt inn om lag 2,6 mill. kroner for å dekkje lønns- og driftskostnader knytte til ansvaret for ei felles strategisk innkjøpseining i miljøforvaltninga.

Det er rammeoverført 1 mill. kroner frå posten til kap. 525 Fylkesmannsembeta til verneområdeforvaltar i Gutulia nasjonalpark. I tillegg er posten redusert med 0,35 mill. kroner som følgje av rammeoverføring til DFØ, som har overteke oppgåver på lønns- og reiseområdet for tilsette i Miljødirektoratet.

Inntekter frå jeger- og fellingsavgifter over kap. 5576 post 72 under Landbruks- og matdepartementet finansierer 3,281 mill. kroner av kap. 1420 post 01. Desse midlane skal dekkje Miljødirektoratets utgifter knytte til forvaltning av tilskotsordningar finansiert av Viltfondet under kap. 1140 post 71.

Løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt under kap. 4420 post 01.

Rapport 2019

Av rekneskapsførte utgifter i 2019 blei om lag 73 pst. nytta til lønn. Resten gjekk til husleige, energi, drift og utvikling av IKT, reiseutgifter og kompetanse- og organisasjonsutvikling.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten finansierer tiltaksretta forvaltningsoppgåver innanfor resultatområda Naturmangfald, Friluftsliv, Forureining og Klima.

Posten finansierer fleire av direktoratets oppgåver innan klima. Dette gjeld til dømes arbeid knytt til FNs klimapanel (IPCC), utvikling og drift av utsleppsrekneskapen for klimagassar og langtransportert luftforureining, utgreiing for å støtte etatens arbeid med tiltak mot klimagassutslepp og kortlevde klimadrivarar, restaurering av våtmark, utvikling av verktøy for lokal klima- og energiplanlegging og utvikling av verktøy for å rekne ut lokal luftkvalitet. Posten dekkjer òg finansiering av ulike oppgåver innan klimatilpassing og klimasatsordninga, til dømes satsing på utvikling av hurtigbåtar med null- og lågutsleppsløysingar, støtte til Klimaservicesenteret og andre tiltak for auka kunnskap og kompetanse.

Posten dekkjer kostnadene med prosess for gjennomføring av verneplanar som er vedtekne av Stortinget. Dette gjeld skogvern og bevaring av verdifull natur, der direktoratet finansierer noko av fylkesmannens arbeid, og delar av arbeidet med marint vern, der etaten finansierer utgreiing av kunnskapsgrunnlaget og fylkesmannens arbeid. Utgifter til å hente inn kunnskap og arbeidet til lokale partar knytt til lokalt initierte nasjonalparkforslag, blir òg finansierte frå denne posten. I tillegg dekkjer posten arbeidet fylkesmennene og nasjonalparkstyra gjer med utarbeiding av forvaltningsplanar, kostnader til nasjonalparkstyre og tilsynsutval, restaurering av myr og våtmark, uttak av framande treslag i verneområde og innføringa av merkevare- og besøksstrategi for nasjonalparkane og andre verneområde.

Ein del av tenestekjøp av oppsynsoppgåver som Statens naturoppsyn gjer hos fjellstyra, blir dekte over posten. Miljødirektoratet vil som i tidlegare år, kjøpe slike tenester etter behov og tilgjengeleg budsjettramme.

Posten dekkjer òg ymse utgifter knytte til nasjonal koordinering av Skjærgårdstjenesten og utgifter knytte til arbeidet med prosjektet Friluftslivets ferdselsårer.

I samband med forvaltning av rovvilt dekkjer posten drift av dei regionale rovviltnemndene og sekretariata. Posten dekkjer òg midlar til tenestekjøp og forskingsaktivitet i regi av direktoratet og rovviltnemndene.

Posten dekkjer utarbeiding og oppfølging av avgjerdsgrunnlag og handlingsplanar for truga artar og naturtypar. Midlane blir òg nytta til tenestekjøp av kompetanse knytt til identifisering, søk og gjennomføring av tiltak for å ta vare på truga artar og naturtypar. Slike tiltak kan til dømes vere aktiv skjøtsel, restaurering, biotopforbetrande tiltak og fjerning av framande skadelege organismar. Dette høyrer nær saman med arbeidet med å følgje opp tilrådingar om tiltak for å ta vare på ei rekkje kritisk og sterkt truga ansvarsartar og truga naturtypar. Etablering av eit nasjonalt overvakingsprogram for insekt, inkludert pollinerande insekt, blir dekt av posten. Posten dekkjer vidare tenestekjøp knytte til Naturindeks for Noreg og tenestekjøp knytte til etablering av klassifiseringssystem for økologisk tilstand og gjennomføring av klassifisering av økologisk tilstand.

Fagsystem for nasjonal styring og rapportering, og oppfølging av plikter i internasjonale konvensjonar som Bernkonvensjonen og Ramsarkonvensjonen, blir òg dekte av posten.

Posten finansierer utvikling og drift av handlingsplanar mot framande artar. Avtala med Vitskapskomiteen for mat og miljø om risikovurderingar knytte til framande organismar, genmodifiserte organismar, internasjonal handel med truga arter og mikroorganismar, blir òg dekt over posten. Det ligg 2 mill. kroner på posten til styrking av kapasiteten hos fylkesmannen for gjennomføring av «Plan for restaurering av myr og våtmark».

Posten blir brukt til kjøp av spisskompetanse for å vurdere helse- og miljøfare ved stoff som Noreg føreslår for reguleringar i EU og globalt. Han blir òg brukt til å få fram betre kunnskap om ulike kjelder til spreiing av miljøgifter, som eit ledd i å nå dei nasjonale måla på miljøgiftområdet, og til å sikre eit brukarvennleg elektronisk system for deklarering av kjemikaliar til Produktregisteret.

På avfallsområdet dekkjer posten utgifter til utgreiingar og til å utvikle og drifte refusjonssystemet for spillolje. Vidare dekkjer posten utgifter direktoratet eventuelt får ved å måtte fjerne eigarlaust farleg avfall, farleg avfall frå konkursbu, farleg avfall som eigaren ikkje klarer å ta hand om på ein forsvarleg måte eller andre typar avfall som må fjernast raskt, til dømes som følgje av luktproblem, jf. forureiningslova §§ 74 og 76.

Posten er samla sett auka med om lag 20,3 mill. kroner. Føreslått løyving er på om lag 326,4 mill. kroner på posten for 2021.

Posten er styrkt med 3 mill. kroner til arbeidet mot miljøkriminalitet og 5 mill. kroner til oppfølging av heilskapleg plan for Oslofjorden. Det er flytta 1,260 mill. kroner til posten frå høvesvis kap. 1400 post 21 og kap. 1420 post 22 til styrking av arbeidet med prioriterte oppgåver på naturmangfaldområdet. Det er òg flytta 4 mill. kroner til posten frå kap. 1420 post 82 til drift av kultiveringsanlegg for elvemusling.

For å samle alle midlar til overvaking på eit kapittel er det flytta 5 mill. kroner frå posten til kap. 1410 post 21 til insektovervaking. Det er vidare flytta 0,5 mill. kroner frå posten til kap. 1400 post 76 til driftsstøtte til Nordhordaland Biosfæreområde.

3 mill. kroner på posten skal nyttast til å hente inn kunnskap og kartleggje område som er aktuelle for bevaring av verdifull natur. Styrkinga på 2 mill. kroner i 2020 av kapasiteten hos fylkesmannen og i Statens naturoppsyn for å gjennomføre aktuelle prosjekt for restaurering av myr blir vidareført.

Posten er vidare auka med 6,8 mill. kroner knytt til arbeid med klima. Desse midlane er flytta frå kap. 1400 post 21. Midlane skal nyttast til drift av Klima Service Senter (KSS) (3 mill. kroner), til Miljødirektoratets klimatilpassingsarbeid (2 mill. kroner) og til arbeid med kortliva klimadrivarar (1,8 mill. kroner).

I tillegg er det flytta 3,4 mill. kroner frå posten til kap. 1420 post 01, i samband med etableringa av felles IKT driftseining for miljøforvaltninga.

Rapport 2019

Midlane på posten blei i 2019 nytta til tiltak knytte til forvaltning av nasjonalparkar og andre verneområde, kamp mot framande artar, forvaltning av truga artar, utvalde naturtypar og rovvilt. Midlane blei vidare nytta til utvikling og utprøving av fagsystem for økologisk tilstand, Naturindeks for Noreg og arbeid knytt til klima og forureining.

Ein del av midlane er òg nytta til kjøp av naturoppsynstenester. Vel ein tredel av løyvinga på posten blei fordelt vidare til fylkesmennene til bruk i dei enkelte fylka.

Post 22 Statlege vassmiljøtiltak

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

22.1

Kalking

75 447

83 464

74 567

22.2

Anadrome laksefisk

117 481

105 257

106 886

22.3

Generell vassforvaltning

48 545

54 049

61 417

Sum post 22

241 472

242 770

242 870

Midlane under posten er retta mot resultatområdet Naturmangfald.

Posten dekkjer ulike vassmiljøtiltak som ikkje er tilskot, inkludert midlar til kalking, bevaring og forvaltning av viltlevande anadrom laksefisk (laks, sjøaure og sjørøye) og heilskapleg vassforvaltning. Tilskot til same formål blir dekte over post 70.

Underpost 1 dekkjer kjøp av kalkingstenester. Underposten er redusert med om lag 8,9 mill. kroner etter prisjustering.

Underpost 2 dekkjer tiltak, forsking og utvikling knytte til forvaltning av anadrom laksefisk, inkludert tiltak mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris og bevaring i genbank. 950 000 kroner er flytta frå underposten til kap. 1420 post 33, og 50 000 kroner er flytta frå underposten til kap. 1420 post 21.

Underpost 3 dekkjer midlar til heilskapleg vassforvaltning etter vassforskrifta og anna arbeid med generell vassforvaltning. Underposten skal framleis dekkje tiltak knytte til storaure og krypsiv. Frå denne posten blir det òg fordelt midlar til vassregionstyresmaktene og arbeidet i vassområda. Underposten er auka med 6 mill. kroner som er flytta frå kap. 1400 post 21. Midlane skal nyttast til vassforvaltning og oppfølging av vassrammedirektivet.

Føreslått løyving er på om lag 242,9 mill. kroner på posten for 2021.

Rapport 2019

Miljødirektoratet og fylkesmannen brukte 241 mill. kroner til ulike statlege vassmiljøtiltak i 2019. Om lag 31 pst. av midlane har vore nytta til kalking av vassdrag. Om lag 49 pst. har vore nytta til forvaltning av, og tiltak for, å ta vare på anadrom laksefisk inkludert tiltak mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Om lag 20 pst. av midlane er nytta til generell vassforvaltning.

Kalking

Tilførselen av sur nedbør er sterkt redusert sidan toppnivåa i 1980-åra, men den positive utviklinga har flata ut etter tusenårsskiftet. Enno er om lag 8 pst. av arealet i Noreg skadd av forsuring, og fram mot 2030 er det berre venta små betringar i forsuringssituasjonen. For å oppnå ytterlegare betring i vasskvaliteten i Noreg, må utsleppa av svovel- og nitrogensambindingar til luft i Europa reduserast meir enn målsetjingane i Göteborgprotokollen.

Totalt blir 23 lakseførande elvar i Noreg kalka. I dei elvane der laksen har gått tapt på grunn av sur nedbør, er det etablert nye laksestammar. Det har vore godt laksefiske i mange av dei kalka elvane, med ein årleg totalfangst på 40–60 tonn (12–15 pst. av all laks fanga i norske elvar). Rapportar om avslutting av kalking i lokale prosjekt blir følgde opp. Arbeidet med å kalke vassdrag følgjer Plan for kalking av vassdrag i Noreg. Arbeidet med å revidere denne handlingsplanen starta i 2019.

Anadrom laksefisk

Drifta av fiskesperra i Driva, mellom anna oppflytting av sjøaure, held fram. Førebuing av tiltak mot lakseparasitten i Drammens-regionen blei gjennomført etter planen. Genbankarbeidet er framleis omfattande som følgje av at historisk mange bestandar er tekne vare på og under reetablering i påvente av, eller etter, nedkjempingstiltak mot Gyrodactylus salaris. Innsamling og mellombels oppbevaring av laksefiskbestander i Hardanger er følgt opp i tråd med føresetnadene, og byggjeprosessen med sikte på ny genbank blei ført vidare. Løyvinga er òg brukt til arbeidet med å følgje opp ny avtale om forvaltning av Tanavassdraget. Innsatsen på bestandsovervaking av villaks var stabil, og eit opplegg for særskild overvaking på sjøaure er utvikla vidare.

Generell vassforvaltning

Gjennom overvaking i mellom anna fjordar og kystvatn, blei kunnskapsgrunnlaget for vassforvaltninga og utviklinga av klassifiseringssystemet for ferskvatn og kystvatn ført vidare. Det blei delt ut midlar til vassområda. Førebuing av høyring av planprogram og utfordringar for vassmiljøet blei prioritert i det regionale vassarbeidet. Vedtekne regionale vassforvaltningsplanar og tiltaksprogram blei følgde opp og rapportert i tråd med krava i vassforskrifta.

Løyvinga er òg brukt til å utarbeide forslag til forvaltningsstrategi knytt til storauretiltak og tiltak og innhenting av kunnskap knytt til krypsiv.

Post 23 Oppdrags- og gebyrrelatert verksemd, kan overførast

Løyvinga er knytt til utgifter som direktoratet har ved gebyrfinansiert verksemd, og til utgifter ved oppdrag finansierte frå andre instansar. Midlane er retta mot resultatområda Naturmangfald, Forureining og Klima. Posten er samla sett redusert med 1,7 mill. kroner, mellom anna på grunn av reduserte inntekter på kap. 4420 post 04 frå sertifisering av F-gassar (3,2 mill. kroner), gebyrinntekter ved deklarasjon av farleg avfall (2,1 mill. kroner) og drift av Produsentansvar (1,6 mill. kroner). Føreslått løyving er på om lag 147,5 mill. kroner på posten for 2021.

Med heimel i fleire forskrifter utfører direktoratet oppgåver som er gebyrfinansierte i samsvar med prinsippet om at forureinaren betaler. Utgiftene til desse oppgåvene er budsjetterte til 44,5 mill. kroner, mens inntektene er 45,3 mill. kroner. Sjå nærare forklaring under kap. 4420 post 04 der inntektene blir førte.

På same vis utfører fylkesmennene oppgåver i samband med konsesjonsbehandling og kontroll etter forureiningslova, jf. gebyrinntekter under kap. 4420 post 06, anslått til 37,8 mill. kroner. Inntektene blir tilbakeførte til fylkesmennene.

Til utgiftene ved kontroll og verifisering av kvotepliktige verksemder er det i samsvar med EUs reglar knytt gebyr som er førte under kap. 4420 post 07, anslått til 8,7 mill. kroner.

Omfanget av arbeid knytt til gebyrrelatert verksemd på naturforvaltningsområdet er venta å tilsvare om lag 0,7 mill. kroner, jf. inntekter under kap. 4420 post 08.

Posten dekkjer òg utgifter anslått til 46,7 mill. kroner ved internasjonale oppdrag som direktoratet får refunderte over kap. 4420 post 09, hovudsakleg frå andre statsinstansar.

Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4420 postane 04, 06, 08 og 09, jf. forslag til vedtak II.

Rapport 2019

Om lag 33,8 mill. kroner av midlane blei i 2019 nytta av fylkesmennene, i hovudsak knytt til gebyrfinansierte tiltak på forureiningsområdet. Utgifter til internasjonal verksemd var om lag 44 mill. kroner. Ein vesentleg del av desse blei nytta til lønn og direkte kostnader. Resten av midlane på posten blei nytta til lønn og driftskostnader knytte til dei ulike gebyrordningane.

Post 30 Statlege tileigningar, bandlegging av friluftslivsområde, kan overførast

Midlane på posten er retta mot resultatområdet Friluftsliv. Midlane blir nytta til statleg sikring av nye friluftslivsområde, anten ved offentleg erverv eller ved avtale om varig bruksrett (servituttavtale med grunneigar). Føreslått løyving er på om lag 30,2 mill. kroner på posten for 2021.

Kommunane og dei interkommunale friluftsråda kan søkje Miljødirektoratet om økonomisk medverknad til sikring av viktige friluftslivsområde. Miljødirektoratet kan òg i samarbeid med kommunane overta friluftslivsareal frå andre statlege etatar som ikkje lenger har behov for desse i verksemda si. I tillegg kan kommunale friluftsområde vederlagsfritt gjerast om til statleg sikra friluftslivsområde dersom områda tilfredsstiller kriteria for statleg sikring. Slike område blir tinglyste som statleg sikra friluftslivsområde.

Midlane på posten kan òg nyttast til grunnleggjande istandsetjingstiltak i samband med at nye område blir sikra, til dømes oppføring av toalettbygningar eller opparbeiding av tilkomst. Midlane på posten kan òg nyttast til istandsetjing av statleg eigde bygningar på dei sikra områda, inkludert utarbeiding av forvaltningsplanar og istandsetjing av freda og verna bygningar på sikra område.

For friluftsområde med nasjonal og regional bruk kan staten medverke med inntil 100 pst. av kostnadene, og for område med i hovudsak lokal bruk kan staten medverke med inntil 50 pst. av kostnadene. Område som er prioritert i sikringsarbeidet, er friluftsområde i og ved bustadstette område, inkludert område i nærmiljøet, landfaste område i kystsona med lite tilgjengeleg strandsone og stort press på areala, og sentrale område ved innlandsvassdrag.

Løyvinga kan normalt ikkje nyttast til å kjøpe bygningar. Unntak frå dette er bygningar som anten skal rivast eller nyttast i friluftslivssamanheng i området.

Frå og med 2019 er hovudregelen at staten ikkje lenger blir eigar av nye område som blir sikra. Unnateke frå dette kan vere friluftslivsareal som blir overtekne frå andre statlege etatar som ikkje lenger har behov for desse i verksemda si, og som med dette blir statleg sikra friluftslivsområde.

Midlane på posten kan òg dekkje utgifter knytte til dei sikra områda, til dømes grenseoppgangar, frådelingar og tinglysingar. Investeringsmidlane blir utbetalte når Miljødirektoratet har motteke formell dokumentasjon på at heimel eller rett er overført, og at statens vilkår er oppfylte.

Det er behov for ei tilsegnsfullmakt på 55 mill. kroner på posten, jf. forslag til vedtak VI.

Rapport 2019

Det blei sikra 48 nye friluftslivsområde gjennom statleg medverknad med midlar frå posten i 2019. Over halvparten av områda kan definerast som nærområde til bustadområde. Områda som blei sikra i 2019, ligg i 15 ulike fylke (før samanslåing av fylka). Dei siste åra er det i langt større grad enn tidlegare blitt sikra friluftslivsområde nær bustadområde. Desse områda har jamt over høgare sikringskostnader enn område utanfor bustadområda. Både kommunar og interkommunale friluftsråd har initiert sikringsprosessane og vil stå for vidare drift og tilsyn i områda framover.

I tillegg til gjennomført sikring søkte kommunar og friluftsråd om statleg medverknad til å sikre nye område, og 49 nye område blei innvilga i 2019. Kommunane og friluftsråda arbeider no med å gjennomføre sikring av desse områda og med tilrettelegging av areala.

Post 31 Tiltak i verneområde, kan overførast

Posten er retta mot resultatområdet Naturmangfald. Midlane dekkjer statlege investeringsutgifter og andre typar tiltak i verneområde. Midlane går til tiltak som er nødvendige for å ta vare på verneverdiane, inkludert utgreiingar som er nødvendige før tiltak, informasjonstiltak og skjøtsels- og tilretteleggingstiltak. Tilretteleggingstiltaka omfattar opparbeiding av stiar, klopping og merking for å betre tilgjenget i verneområda, men samstundes styre ferdselen i og rundt sårbar natur i verneområda. Midlane blir vidare nytta til informasjonstiltak i alle typar av verneområde i samband med ny merkevare for Noregs nasjonalparkar, og til utarbeiding av besøksstrategiar for nasjonalparkar og andre verneområde med store besøkstal eller særskilde utfordringar. Alle tiltak skal vere i tråd med godkjend forvaltnings-/skjøtselsplan for verneområda og andre relevante styringsdokument.

Posten blir òg nytta til båtinvesteringar for Statens naturoppsyn. På grunn av alder og slitasje har Statens naturoppsyn behov for utskifting og fornying av båtar for å tilfredsstille krav til eigen tryggleik og stabil drift. Til materiellbestillingar (hovudsakleg båtkjøp) er det behov for ei bestillingsfullmakt under posten på 5 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V.

Posten er auka med 1 mill. kroner. Føreslått løyving er på 90,4 mill. kroner på posten for 2021.

Rapport 2019

Midlane er brukte til tiltak og investeringar for å ta vare på og halde ved lag verneverdiane i verneområde over heile landet. Mange hundre slike tiltak blir gjennomførte kvart år. Tiltak i verneområde der verneverdiane er truga, blir prioriterte. Skjøtsel er ikkje eingongstiltak, og tiltaka må følgjast opp kvart år. Av årlege skjøtselstiltak som får midlar, er mellom anna myrslått i Øvre Forra naturreservat i Trøndelag og skjøtsel av kystlynghei og slåttemark i Flekkefjord landskapsvernområde.

Framande artar er ein av de viktigaste truslane mot verneverdiane. Det er frå 2019 etablert eit treårig pilotprosjekt for uttak av framande treslag i verneområda som blir koordinert nasjonalt. I 2019 blei det mellom anna gjennomført hogst av framande treslag i Herdla naturreservat i Vestland, og i eit større felt i Lomsdal-Visten nasjonalpark i Nordland. Det blei i 2019 gjennomført førebuing til hogst i ei rekkje verneområde i 2020. Det blei i 2019 òg gitt løyving til ei rekkje andre tiltak mot framande artar, mellom anna uttak av rynkerose og mink.

Flaum i Vestland gjorde i 2019 store skadar på infrastruktur i verneområda. Breheimen nasjonalparkstyre fekk midlar til å byggje opp att ein driftsveg og ei bru som blei tekne av flaumen i Mørkrisdalen landskapsvernområde, slik at beitedyra igjen kunne skjøtte kulturlandskapet.

Ei rekkje tilretteleggings- og informasjonstiltak blei gjennomførte i 2019, mellom anna opparbeiding av stiar, klopping og merking for å betre tilgjenget i verneområda og samstundes styre ferdselen i og rundt sårbar natur. Opprustinga av Kråkstien i Ullensvang naturreservat i Vestland er eit døme på slik tilrettelegging. I Rondane nasjonalpark held arbeidet fram med omlegging av stiar i område som er utsette for erosjon. I 2019 blei stien ved Rondvassbu lagd om og tilrettelagd med trapp.

Løyvinga blei òg nytta til tiltak for å ta i bruk merkevara Noregs nasjonalparkar, ettersom mange nasjonalparkar og andre verneområde no har ferdige besøksstrategiar. I 2019 kom fleire nye nasjonalparkar i gang med å byggje ut startpunkt og innfallsportar, mellom anna i Forollhogna, Lomsdal-Visten og Seiland nasjonalparkar.

Post 32 Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar, kan overførast

Posten er retta mot resultatområdet Naturmangfald.

Posten dekkjer utgifter til gjennomføringa av planen for vern av fylkesvise tematiske verneplanar, slik det er fastsett gjennom St.meld. nr. 68 (1980–81) Vern av norsk natur. Posten skal dekkje utgifter til å erstatte dei økonomiske tapa som eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova i desse sakene, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtaler eller ved rettslege skjønn. Posten skal òg dekkje kjøp av område som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova, og utgifter staten som grunneigar har i samband med overtakinga av innkjøpte eigedommar. Forutan erstatning og kjøp skal midlane på denne posten dekkje andre kostnader som er knytte til gjennomføring av verneplanane.

Posten er auka med 0,5 mill. kroner i høve til venta utbetalingar i 2021. Midlane er flytta frå kap. 1400 post 21.

Det er behov for ei bestillingsfullmakt på 0,6 mill. kroner på posten, jf. forslag til vedtak V.

Rapport 2019

I 2019 var hovudtyngda av utbetalingar over posten knytte til erstatningsoppgjeret for Sandebukta naturreservat i Vestfold og Telemark fylke, og til grensemerking for verneområde mellom anna i Vestland. Utgifter i samband med kompensasjon for endra grenser i Åkersvika naturreservat ved Hamar blei førebels posterte her, men utgiftene til dette skal refunderast frå vegprosjektet.

Post 33 Statlege tileigningar, nytt landbasert vern, kan overførast

Posten er retta mot resultatområdet Naturmangfald og omfattar alt nytt landbasert vern som ikkje er skogvern.

Posten skal dekkje utgifter til gjennomføringa av nytt landbasert vern utover det som er fastsett gjennom St.meld. nr. 68 (1980–81) Vern av norsk natur og St.meld. nr. 62 (1991–92) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder i Norge. Posten skal òg dekkje utgifter til bevaring av verdifull natur (omtalt som supplerande vern i Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfold).

På posten blir det ført utgifter i form av erstatning av det økonomiske tapet eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtaler eller ved rettslege skjønn. Posten kan òg dekkje kjøp av område som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova, og utgifter staten som grunneigar har i samband med overtakinga av innkjøpte eigedommar. Forutan erstatning og kjøp av område skal midlane på posten dekkje andre lovpålagde kostnader som er knytte til gjennomføring av vernevedtaka, inkludert registrering og vurdering av verneverdiar.

Utviding av Saltfjellet/Svartisen nasjonalpark m.m. er planlagd gjennomført i 2020. Utgiftene i samband med vernet vil i hovudsak kome etter 2021.

Posten er auka med 950 000 kroner for å dekkje venta utbetalingar i 2021. Midlane er flytta frå kap. 1420 post 22.

Det er behov for ei bestillingsfullmakt under posten på 0,7 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V.

Rapport 2019

I 2019 var hovudtyngda av utbetalingar over posten knytt til erstatningar, omkostningar og grensemerking i nasjonalparkane Raet og Jomfruland.

Post 34 Statlege tileigningar, nasjonalparkar, kan overførast

Posten er retta mot resultatområdet Naturmangfald.

Føreslått løyving er på om lag 2,1 mill. kroner på posten for 2021.

Posten dekkjer utgifter til gjennomføringa av nasjonalparkplanen, jf. St.meld. nr. 62 (1991–92) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder i Norge i form av erstatning av det økonomiske tapet eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova i desse sakene, jf. erstatningsreglane i lova. Posten dekkjer òg tilsvarande utgifter for Fulufjellet og Færder nasjonalparkar som er resultat av regionale og lokale verneinitiativ. Erstatningar blir i hovudsak fastsette ved minnelege avtaler. Nokre få saker går til rettsleg skjønn.

Forutan erstatning og vederlag skal midlane på posten dekkje andre lovpålagde kostnader som er knytte til gjennomføring av nasjonalparkplanen. Det er ikkje gjennomført vern av nye nasjonalparkar i 2019 eller planlagt vern av nye nasjonalparkar i 2020.

Rapport 2019

Hovudtyngda av utbetalingar i 2019 er knytt til erstatningsoppgjeret for nasjonalparkane Langsua, Blåfjella–Skjækerfjella og Dovrefjell–Sunndalsfjella og til grensemerking i Breheimen nasjonalpark.

Post 35 Statlege tileigningar, skogvern, kan overførast

Posten er retta mot resultatområda Naturmangfald og Friluftsliv. Føreslått løyving er på 455,1 mill. kroner på posten for 2021.

Posten dekkjer utgifter til erstatning av dei økonomiske tapa eigarar og rettshavarar har ved skogvern etter naturmangfaldlova og markalova, jf. erstatningsreglane i lovene. Erstatningar blir fastsette ved minnelege forhandlingar eller ved rettsleg skjønn. Posten skal dekkje kjøp av skogområde som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova og markalova, utgifter som staten som grunneigar har i samband med overtaking av innkjøpte eigedommar, erstatningsordning for område som er under vurdering for vern, og utgifter til gjennomføring av makeskifteløysingar knytte til nytt vern.

Midlane på posten skal vidare dekkje andre utgifter som er knytte til gjennomføring av skogvernet, som registrering og vurdering av verneverdiar, grensemerking òg utarbeiding av forvaltningsplanar når dette er nødvendig for å fastsetje skjønnsføresetnadene.

For å følgje opp Stortingets oppmodingsvedtak om vern av skog på Statskog SFs areal og sikre god framdrift i skogvernet er det behov for ei bestillingsfullmakt på 351,3 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V.

Rapport 2019

Hovudtyngda av utbetalingane er knytt til erstatningar i samband med frivillig vern av skog, der 391,8 mill. kroner er utbetalt i erstatningar og vederlag. Det er òg utbetalt om lag 1,5 mill. kroner i erstatning for vern på Statskog SF sin grunn.

Post 36 Statlege tileigningar, marint vern, kan overførast

Posten er knytt til resultatområdet Naturmangfald og omfattar marint vern.

Posten skal dekkje utgifter til gjennomføringa av marint vern som omtalt i St.meld. nr. 43 (1998–1999) Vern og bruk i kystsona, Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet og Meld. St. 20 (2019–2020) Helhetlige forvaltningsplaner for de norske havområdene.

På posten blir det ført utgifter i form av erstatning av det økonomiske tapet eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtaler eller ved rettslege skjønn. Posten kan òg dekkje kjøp av område som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova, og utgifter som staten som grunneigar har i samband med overtakinga av innkjøpte eigedommar. Forutan erstatning og kjøp av område skal midlane på posten dekkje andre lovpålagde kostnader som er knytte til gjennomføring av vernevedtaka, inkludert registrering og vurdering av verneverdiar. Posten dekkjer òg utgifter til konsekvensutgreiing. Føreslått løyving er på 6,2 mill. kroner på posten for 2021.

Vernevedtak blei gjort i 2020 for områda Innervisten, Nordfjorden, Karlsøyfjorden, Kaldvågfjorden og Innhavet, Ytre Karlsøy, Rossfjordstraumen, Rystraumen, Lurefjorden og Lindåsosane og Skarnsundet. Utgiftene for vern av områda vil truleg komme til utbetaling i 2021. Verneprosessane for Ytre Hardangerfjorden, Krossfjorden, Børgin, Rauerfjorden, Grandefjæra og Lopphavet er venta fullførte i 2021. For desse områda er utgiftene venta å komme etter 2021. Vernevedtak for dei resterande områda er planlagt i 2022 eller seinare.

Det er behov for ei bestillingsfullmakt på posten på 3 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V.

Rapport 2019

Posten er ny frå 2020.

Post 37 Skogplanting, kan overførast

Pilotordninga for skogplanting er avslutta, og sluttrapport blei levert til Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet våren 2019. Etter avtaler mellom grunneigarar og kommunar skal kostnader til etterarbeid på skogplantingsfelt inntil fem år frå tidspunkt for planting dekkjast av prosjektet. Desse kostnadane blir dekka av restmidlar.

Rapport 2019

Pilotordninga for skogplanting starta i 2015 og har hatt ei årleg finansiering på 15 mill. kroner i 3 år. Dei første åra var det lagt vekt på å utarbeide rettleiingsmateriale for planting i pilotfasen, å kartleggje areal for planting og å setje plantar i produksjon. Dei første plantefelta blei realiserte i 2016. I 2017 var det i hovudsak planting i pilotfylka, og frå sentralt hald blei det prioritert å etablere rutinar for saksbehandling i pilotfylka og å planleggje intern og ekstern evaluering av ordninga. I 2018 blei pilotordninga avslutta i pilotfylka. Alle fylka leverte sluttrapport frå pilotfasen, og dei siste trea blei planta ut hausten 2018. Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet har arbeidd med å følgje opp pilotfylka i avslutningsfasen. Sluttrapportering og evaluering av ordninga blei levert til Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet våren 2019.

Post 38 Restaurering av myr og anna våtmark, kan overførast

Posten er retta mot resultatområda Klima og Naturmangfald. Posten skal dekkje utgifter til tiltak for å restaurere myr og anna våtmark, planlegging og oppfølging av desse tiltaka. Posten kan nyttast til restaurering både inne i og utanom verneområde og til å gjennomføre nødvendig overvaking av effektane av gjennomførte tiltak. Posten kan òg nyttast til ei insentivordning for å få til frivillige avtaler for restaurering av myr og våtmark på privat grunn utanfor verneområde. Føreslått løyving er på om lag 17,1 mill. kroner på posten for 2021. Om det etter tildelingar til restaurering av våtmark blir midlar til overs, kan desse bli nytta til restaurering av andre karbonholdige naturtypar eller innhenting av kunnskap knytt til slik restaurering.

Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet samarbeider om restaurering av myr og anna våtmark i perioden 2016–2020 etter ein plan dei to direktorata utarbeidde i 2016. Arbeidet har vore retta inn slik at det medverkar til å oppfylle regjeringa si målsetjing om reduserte klimagassutslepp, tilpassing til klimaendringane og betring i økologisk tilstand. Døme på tiltak er tetting av grøfter i myr og større restaureringstiltak som remeandrering av elveløp. Kostnadseffektive tiltak skal prioriterast, og restaurering skal skje etter avtale med grunneigarar og rettshavarar. I løpet av 2020 vil Miljødirektoratet revidere planen, for ein ny periode 2021–2025.

Restaurering av myr har mellom anna til formål å redusere klimagassutslepp frå drenerte myrar. Tetting av grøfter fører grunnvatnet tilbake til det naturlege nivået og hindrar at torvlaget i myra med høgt innhald av karbon blir ytterlegare nedbrote. Slik restaurering er ifølgje FNs klimapanel eit kostnadseffektivt tiltak for å redusere klimagassutsleppa i jordbrukssektoren. Restaurering av myr og anna våtmark kan vere eit tiltak for klimatilpassing fordi intakte våtmarker mellom anna kan dempe flaumtoppar. Restaurering vil òg betre den økologiske tilstanden i myr og anna våtmark, og betre og auke tilgangen på leveområde for ei rekkje truga artar.

Det er behov for ei bestillingsfullmakt under posten på 1,5 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V.

Rapport 2019

Ei nasjonal rammeavtale for entreprenørar kom på plass hausten 2019. Kurs og seminar for å heve kompetansen om restaurering av myr blei gjennomført for entreprenørar, Statens naturoppsyn og fylkesmannen. Enkelte fylkesmenn har trass i dette meldt frå om at dei ikkje har nødvendig kapasitet til å planleggje og gjennomføre restaureringsprosjekt.

I perioden 2016–2019 er det til saman gjennomført restaureringstiltak i 60 myrar i verneområde. Døme på verneområde der det blei restaurert myr i 2019 er Gaupesteinmarka naturreservat i Oslo og Viken, Skjellingshovde naturreservat i Innlandet og Åmsmyra naturreservat i Møre og Romsdal.

I 2019 blei det også restaurert myr på areal som ikkje er verna, mellom anna på eigedommen til Oslo kommune. Seinhausten 2019 kom det på plass ei avtale mellom Statskog SF og Miljødirektoratet om restaurering av myr og anna våtmark på Statskogs grunn utanfor verneområde. Det blei i 2019 sett i gang eit femårig program for overvaking av klimagassar på to myrar i Regnåsen–Hisåsen naturreservat i Trysil kommune i Innlandet fylke.

I Kjelle i Akershus er det planlagt endring av bekkeløp med mål om å forseinke vatnet i vassdraget. Prosjektering av større restaureringsarbeid tek mykje tid, og dette arbeidet heldt fram i 2019.

Post 39 Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 69 og 79

Posten er knytt til resultatområdet Forureining. Utgiftene må sjåast i samanheng med midlar til same formål under postane 69 og 79.

Posten blir nytta til å dekkje utgifter til undersøkingar og gjennomføring av oppryddingstiltak i grunnen på land og i botnen i sjø og vatn som er forureina med helse- og miljøskadelege stoff. Løyvinga går i hovudsak til arbeid i tilknyting til opprydding i forureina sjøbotn og til arbeidet med å rydde opp i forureina jord. Opprydding i forureina sjøbotn gjeld i hovudsak oppfølging av 17 prioriterte område. Føreslått løyving er på om lag 12,5 mill. kroner på posten for 2021.

Posten kan òg nyttast til planvis kartlegging, oppfølging og tiltaksretta overvaking av forureiningssituasjonen, til undersøkingar og utgreiingar for å leggje til rette for målretta og effektiv innsats i oppryddingsarbeid og til anna kunnskapsoppbygging.

Prinsippet om at forureinaren betaler, ligg til grunn for arbeidet med oppryddinga, og det ligg til grunn for alle tre postane. Så langt det er rimeleg, vil pålegg etter forureiningslova bli nytta som verkemiddel for å sikre opprydding. Det vil likevel vere ulike situasjonar der det er aktuelt at miljøforvaltninga dekkjer heile eller delar av utgiftene til undersøkingar, opprydding eller andre tiltak, til dømes

  • der staten ved miljøforvaltninga er den ansvarlege for forureininga

  • der den ansvarlege ikkje kan identifiserast, ikkje er betalingsdyktig og/eller av andre grunnar ikkje kan stå for ei god opprydding

  • der det av miljøgrunnar hastar å få rydda opp. Staten kan forskottere oppryddingskostnadene for å komme raskt i gang, og krevje kostnadene refunderte frå den ansvarlege i etterkant

  • der miljøforvaltninga vil skaffe fram grunnlag for å leggje til rette for kunnskapsinnhenting og formidling

  • der det er nødvendig for å medverke til ei samla opprydding eller anna tiltaksgjennomføring i eit område

  • der det av andre grunnar er urimeleg at den ansvarlege skal dekkje alle kostnadene

Mange av dei store oppryddingsprosjekta i forureina sjøbotn er delfinansierte av kommunar og andre aktørar. Ettersom prosjekta strekkjer seg over fleire år, er det nødvendig å kunne inngå forpliktingar for framtidige år til å kjøpe inn materiell og til å gi tilsegn om tilskot utover gitt løyving under kap. 1420 Miljødirektoratet postane 39, 69 og 79 Oppryddingstiltak. Ut frå behovet blir det fremja forslag om ei slik fullmakt på 98,5 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VII.

Rapport 2019

Rapportering på resultat frå ressursbruken i oppryddingsarbeidet for 2019 er samla under post 79.

Post 60 Tilskot for å vareta naturmangfald i kommuneplanlegging

Tilskotsordninga er knytt til resultatområdet Naturmangfald.

Posten er oppretta som følgje av Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – norsk handlingsplan for naturmangfold, der det går fram at regjeringa vil leggje til rette for at kommunane betrar kompetansen om naturmangfald. Som ei oppfølging av dette gjennomførte Miljødirektoratet eit pilotprosjekt i 2016–2018. Erfaringane frå pilotprosjektet er gode, og tilskotsordninga blir oppretta med bakgrunn i dette. Midlane skal gi støtte til kommunar i arbeidet med å lage kommunedelplan om natur.

Føreslått løyving er på 1 mill. kroner på posten for 2021.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å styrkje den kommunale naturforvaltninga. Det er ønskjeleg at kommunane har større medvit om eigne naturverdiar, slik at dei kan gjere politiske val på eit betre kunnskapsgrunnlag tidleg i planprosessane. Dette kan gi meir effektive planprosessar og kompetanseløft i kommunane, i tillegg til at det vil skape eit lokalt engasjement for naturen og betre ivaretaking av naturmangfald.

Kriterium for måloppnåing

Midlane må brukast på å lage og vedta kommunedelplanar for naturmangfald i tråd med plan- og bygningslova.

Tildelingskriterium

Kommunar kan søkje om midlar.

Oppfølging og kontroll

Alle kommunar som mottek tilskot, må rapportere til Miljødirektoratet om korleis midlane er brukte, og om resultatet.

Rapport 2019

Posten er ny frå 2021.

Post 61 Tilskot til klimatiltak og klimatilpassing, kan overførast

Posten er knytt til resultatområdet Klima.

Løyvinga på posten for 2021 er samla sett på 224,2 mill. kroner og omfattar dei to tilskotsordningane Klimasats (ordning for tilskot til kommunale klimatiltak for å kutte utslepp av klimagassar) og tilskot til klimatilpassingstiltak i kommunane. Klimasatsordninga vert vidareført i 2021 med ei ramme for nye tilsegner på 100 mill. kroner. Løyvinga må sjåast i samanheng med tilsegnsfullmakta på posten.

Klimasatsutbetalingane strekkjer seg over fleire år, og for 2021 blir det fremja forslag om ei tilsegnsfullmakt under posten på 287,7 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI. Vidare er posten auka med 36,4 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2020.

Til klimatilpassingstiltak i kommunane blir ei løyving på 6,4 mill. kroner ført vidare. Det er sett av 2 mill. kroner til forvaltning av ordninga under kap. 1420 post 01, jf. oppmodingsvedtak nr. 84 av 3. desember 2015, og 3 mill. kroner under kap. 1420 post 21 til kjøp av tenester for å spreie kunnskap og erfaring frå prosjektet, jf. Innstilling 2 S (2017–2018).

Ordninga under Klimasats med øyremerka midlar til utvikling av hurtigbåtar med null- og lågutsleppsløysingar vert i 2021 vidareført på eiga budsjettpost (se kap. 1420, post 62).

Klimasats

Mål

Formålet er å fremje klimatiltak i kommunar og fylkeskommunar ved å støtte prosjekt som medverkar til reduserte utslepp av klimagassar og omstilling til lågutsleppssamfunnet.

Boks 7.2 Om ordninga

  • Klimasats-prosjekta utgjer ein stor kunnskapsbank. Formidling av erfaringar gjennom rettleiing, nettseminar og samlingar er ein sentral del av Klimasats.

  • Kommunane har sendt 2180 søknader om Klimasats-midlar i perioden 2016–2020. samla søkjesum er over 2,3 mrd. kroner. Søknadene er politisk forankra og set klima på dagsordenen i kommune-noreg.

  • Over 1300 ulike prosjekt har fått tilsegn om til saman 900 mill. kroner.

  • Mange prosjekt involverar fleire kommunar og fylkeskommunar.

  • Nokre prosjekt gir utsleppskutt straks, andre tiltak initierer ei langsiktig omstilling til lågutsleppssamfunnet.

  • Det er stor breidd i tiltaka, og mange klimatiltak blir prøvde ut, ofte i dialog med næringslivet.

  • 252 kommunar er engasjerte i interkommunale nettverk. Interkommunalt samarbeid er viktig i omstillinga til lågutsleppssamfunnet.

Kriterium for måloppnåing

Midlane skal gå til dei prosjekta som i størst grad bidreg til klimagassreduksjon og omstilling til lågutsleppssamfunnet. Midlane skal fortrinnsvis utløyse tiltak, men delar av midlane kan gå til planlegging og utgreiing av tiltak. Dei kan òg gå til nettverksbygging og erfaringsdeling.

Tildelingskriterium

Kommunar og fylkeskommunar kan søkje om midlar til 5 ulike formål: klimavennleg areal- og transportplanlegging, klimavennleg transportgjennomføring av tiltak, klimagassreduserande tiltak i andre sektorar, forprosjekt for klimagassreduserande tiltak og interkommunale nettverk for kompetanseheving og deling av erfaring. Klima- og miljødepartementet tek sikte på at Longyearbyen lokalstyre kan søkje om tilskot i 2021.

Kommunar og fylkeskommunar kan få tilskot til tiltak som oppfyller følgjande tildelingskriteriar:

  • Tiltaket skal bidra til reduserte klimagassutslepp, løysingar som kan bidra til omstilling til lågutsleppssamfunnet eller begge delar

  • Søknaden skal vere politisk forankra i fylkeskommunen/kommunen

  • Tilskotet skal vere utløysande for at tiltaket gjennomførast

  • Søkjar må bidra med eigeninnsats

Detaljerte opplysningar finst på www.miljødirektoratet.no/klimasats

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapport med resultat, dokumentasjon og stadfesta rekneskap. Dei ulike prosjekta har individuelle rapporteringskrav og fristar, slik at ein får formålstenleg rapportering. Endringar i prosjektet blir melde inn undervegs. Langvarige prosjekt har krav om årleg delrapport. Enkelte prosjekt har òg krav om etterrapportering, der dei skal gjere greie for erfaringane når tiltaket har hatt noko verknadstid.

Tilskotsbeløpet blir utbetalt i etterkant av utgifter som har oppstått, og for langvarige prosjekt er det delutbetalingar på grunnlag av rekneskapar.

Ordninga er følgjeevaluert frå 2016 til 2019. Menon Economics finn at Miljødirektoratets prioriteringar er godt i samsvar med hovudformålet for Klimasats. Ifølgje kommunane medverkar ordninga òg til kompetanseheving og til identifikasjon og realisering av ytterlegare klimatiltak.

Rapport 2019

I 2019 fekk Miljødirektoratet 574 søknader frå 150 kommunar og fylkeskommunar om til saman 577 mill. kroner. I tillegg kom det 11 søknader om støtte til innfasing av hurtigbåtar, med null- og lågutsleppsløysingar med ein samla søkjesum på 77 mill. Til saman 373 prosjekt fekk støtte. Sju av desse fekk øyremerkte hurtigbåtmidlar.

Klimasats-støtta har i 2019 mellom anna utløyst elbussar i nytt bussanbod, utskifting av ein rekkje maskiner til utsleppsfrie alternativ, systematisk arbeid med klimakrav i innkjøp, rettleiing og metodeutvikling for klimabudsjett, klimatiltak innan betong og anleggsarbeid, gjenbruk og sirkulære materialar i bygg.

Klimatilpassing

Mål

Tilskotsordninga skal fremje arbeidet med klimatilpassing i kommunar og fylkeskommunar ved å medverke til å auke kunnskap om korleis klimaendringane råkar dei, og kva tiltak som må setjast i verk for å måle klimaendringane. Dette omfattar kunnskap om korleis klimaendringane kan verke inn på ansvarsområda til kommunane/fylkeskommunane, og/eller utgreiingar om kva slag tiltak kommunane må setje i verk for å møte klimaendringane.

Kriterium for måloppnåing

Midlane må brukast på tiltak som gjer samfunnet betre rusta mot klimaendringane.

Tildelingskriterium

Kommunar og fylkeskommunar kan søkje om midlar til kunnskapsoppbygging og til utgreiing av konkrete tilpassingstiltak. Midlane kan ikkje brukast til gjennomføring av fysiske klimatilpassingstiltak.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging av tilskot til klimatilpassing skjer ved at det blir følgt opp at tilskotsmottakarane nyttar midlane som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontroll av bruk av midlar skjer mellom anna gjennom dokumentasjon i sluttrapport innsend av tilskotsmottakaren.

Rapport 2019

Det blei løyvt 6,6 mill. kroner til tilskotsordninga for klimatilpassingstiltak i 2019 og 17 kommunar og fylkeskommunar fekk tilskot til arbeidet med klimatilpassing. Meir nedbør og meir ekstreme nedbørshendingar er ei utfordring for mange kommunar, og fleire søknader knytte til handtering av desse utfordringane har fått støtte. I tillegg blei det gitt støtte til søknader som fokuserer på utfordringar knytte til framtidig kvalitet på drikkevatn.

Post 62 Tilskot til grøn skipsfart, kan overførast

Posten er knytt til resultatområdet Klima. Frå 2021 er det oppretta ein eigen post for øyremerka tilskot til innfasing av hurtigbåtar med null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale samband. Tilskuddordninga og løyvinga låg tidlegare under kap. 1420 post 61. Ordninga vert vidareført i 2021 med ei ramme for nye tilsegner på 80 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI. Det er òg omdisponert midlar frå kap. 1420 post 61 til denne posten. Løyvinga i 2021 er totalt 13,8 mill. kroner. Dette inneber at ordninga vil fortsette å støtte nye prosjekt med formål om å utløyse auka bruk av null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale hurtigbåtsamband.

Mål

Ordninga har som formål å auke bruken av null- og lågutsleppsløysingar i fylkeskommunale hurtigbåtsamband.

Tildelingskriterium

Kommuner og fylkeskommuner kan få tilskot til tiltak som oppfyller følgande tildelingskriterar:

  • Tiltaket skal bidra til reduserte klimagassutslepp, løysingar som kan bidra til omstilling til lågutsleppssamfunnet eller begge deler

  • Søknaden skal vere politisk forankra i fylkeskommunen/ kommunen

  • Tilskotet skal vere utløysande for at tiltaket gjennomføras

  • Søkjar må bidra med eigeninnsats

Detaljerte opplysningar finst på www.miljødirektoratet.no.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapport med resultat, dokumentasjon og stadfesta rekneskap. Dei ulike prosjekta har individuelle rapporteringskrav og fristar, slik at ein får formålstenleg rapportering. Endringar i prosjektet blir melde inn undervegs. Fleirårige prosjekt har krav om årleg delrapport. Enkelte prosjekt har òg krav om etterrapportering, der dei skal gjere greie for erfaringane når tiltaket har hatt noko verknadstid. Tilskot kjem som regel til utbetaling når prosjektet er gjennomført og på grunnlag av omsendt sluttrapport og rekneskap.

Rapport 2019

Posten er ny i 2021. Se rapportering på kap. 1420 post 61.

Post 63 Returordning for kasserte fritidsbåtar, kan overførast

Posten gir tilskot til kommunale anlegg for behandling av kasserte fritidsbåtar. Tilskot til private behandlingsanlegg og til kommunale og interkommunale verksemder som er organiserte som sjølvstendige rettssubjekt blir utbetalt frå post 75. Ordninga rettar seg mot resultatområdet Forureining. Posten er redusert med 1 mill. kroner frå 2020. Føreslått løyving er på 1 mill. kroner på posten for 2021.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å stimulere båteigarar til å levere kasserte båtar til godkjend returplass, slik at fritidsbåten kan takast hand om på ein forsvarleg måte og gjenvinnast. Posten dekkjer utbetaling av tilskot for kostnader ved behandling ved ein kommunal eller interkommunal behandlingsplass.

Frå 1. oktober 2017 blir det utbetalt tilskot til kasserte fritidsbåtar over denne posten. Det blir utbetalt eit beløp per kilo båt som blir levert inn til behandlingssystemet for å dekkje kostnadene kommunane har ved å behandle båtvraka.

Kriterium for måloppnåing

Tilskotsordninga skal medverke til å auke innlevering av fritidsbåtar som skal vrakast, slik at dei kan takast hand om på ein forsvarleg måte og ikkje blir etterlatne i naturen, ulovleg senka eller brende.

Tildelingskriterium

Miljødirektoratet betaler ut tilskot til behandlingsanlegg for behandling av kasserte fritidsbåtar. Tilskotet i kroner per båt er basert på kostnadene ved å behandle fritidsbåtane. Tilskot til private behandlingsanlegg og kommunale og interkommunale verksemder organiserte som sjølvstendige rettssubjekt blir utbetalte frå post 75.

Oppfølging og kontroll

Miljødirektoratet kontrollerer dokumentasjon frå behandlingsanlegget i samband med at kasserte fritidsbåtar blir behandla.

Rapport 2019

Ordninga blei vedteken i statsbudsjettet for 2017 og verksam frå 1. oktober 2017. I 2019 blei det levert totalt om lag 9 800 kasserte fritidsbåtar over både post 63 og post 75. Det var inga utbetaling til kommunale anlegg på post 63 i 2019.

Post 64 Skrantesjukeprøver frå fallvilt

Tilskotsordninga er retta mot resultatområdet Naturmangfald. Skrantesjuke er ein prionsjukdom som er dødeleg for hjortedyr. Det er påvist to typar skrantesjuke i Noreg. I Nordfjella sone 1 og på Hardangervidda er det påvist ein smittsam type skrantesjuke. Ein annan type skrantesjuke, såkalla atypisk skrantesjuke, er funnen hos fire elgar i Trøndelag, to elgar i Viken og ein hjort i Møre og Romsdal. For å auke kunnskapen om skrantesjuke skal det gjennomførast målretta kartlegging av hjortevilt felt under jakt i alle områda der sjukdommen er funnen. I tillegg skal all vaksen villrein felt i alle villreinområde testast, og elg og hjort i eit utval kommunar skal testast.

Skrantesjuke kan påvisast i prøver frå hjerne og lymfeknutar. Dette krev tilgang til døde dyr og relativt ferske prøver. Tilgangen til døde hjortevilt, og høvet til å ta ut hjerneprøver, er størst i samband med jakt. I tillegg skal fallvilt av alle artar hjortevilt testast for skrantesjuke i alle kommunar og villreinområde i Noreg. Ettersøkspersonellet i kommunen er den gruppa som er mest i kontakt med fallvilt, og det er derfor ofte formålstenleg at dei tek ut nødvendige prøver. Kommunen skal alltid registrere fallvilt i Miljødirektoratets database Hjorteviltregisteret, inkludert om det er teke skrantesjukeprøve. Prøvetaking av fallvilt kan føre til ekstra utgifter for kommunen. Posten er oppretta for å dekkje utgifter kommunar har i samband med kartlegging av skrantesjuke hos fallvilt.

Målsetjinga med tilskotsordninga er kartlegging av mogleg spreiing av skrantesjuke.

Føreslått løyving er på 1,2 mill. kroner på posten for 2021.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga medverkar til auka kartlegging av skrantesjuke hos fallvilt.

Tildelingskriterium

Det er oppretta eit eige skjema i Miljødirektoratets elektronisk søknadssenter der kommunar kan søkje om tilskot i etterkant av den årlege rapporteringsfristen for fallvilt. Søknadssenteret hentar automatisk så mange skrantesjukeprøver som kommunen har registrert frå fallvilt i Hjorteviltregisteret. Det blir gitt ein fast sats per registrert prøve, og summen blir utbetalt som tilskot til kommunane.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll blir gjennomført av Miljødirektoratet gjennom Elektronisk søknadssenter og Hjorteviltregisteret.

Rapport 2019

Rapportering av fallvilt følgjer jaktåret (1. april–31. mars), og for jaktåret 2018/2019 søkte til saman 59 kommunar om tilskot for 868 prøver til ein samla sum på 0,315 mill. kroner. Det var litt færre kommunar som søkte enn førre år, sannsynlegvis som følgje av nedgang i fallvilt. Det blir arbeidd fortløpande for å få inn fleire prøver frå fallvilt.

Post 65 Tiltak i kommunar med ulverevir i Hedmark, Akershus og Østfold

Tilskotsordninga er retta mot resultatområdet Naturmangfald. Føreslått løyving er på om lag 20,6 mill. kroner på posten for 2021.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til konfliktdemping i kommunar med ulverevir.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga medverkar til konfliktdemping.

Tildelingskriterium

Ordninga gjeld for kommunar innanfor dei tidlegare fylka Hedmark, Akershus og Østfold som har eitt eller fleire ulverevir per 1. juni. Tilskotet blir fordelt likt på kommunane.

Kommunane skal disponere tilskotet vidare på tiltak som medverkar til å oppfylle formålet med ordninga. Kommunane skal sjølve avgjere kva konfliktreduserande tiltak som skal finansierast.

Kommunen står fritt til å disponere tilskotet og velje tiltak, under dette å tilgodesjå aktuelle næringsinteresser, organisasjonar eller privatpersonar. Bruken av tilskotet skal vere knytt til den særlege belastninga av å ha eit ulverevir i kommunen.

Oppfølging og kontroll

Kommunar som blir tildelte tilskot, skal innan 1. mai rapportere til Miljødirektoratet om korleis tilskotet er brukt, og i kva grad bruken har medverka til å nå målet for ordninga. Miljødirektoratet vurderer tilskotsordninga årleg.

Rapport 2019

Totalt 21 kommunar søkte om tilskot i 2019. Av desse blei 20 kommunar tildelte til saman 19,5 mill. kroner. Tiltak som har fått tilskot er mellom anna informasjonstiltak, kompensasjon av tapte jaktrettar og det er òg gjeve midlar til ei ordning for prosjektkoordinatorar. Den siste kommunen fekk tilbod om å gjere endringar i søknaden for å utløyse sin del av midlane (1 025 500 kroner), men kommunen avslo tilbodet.

Post 69 Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 79

Utgiftene på posten må sjåast i samanheng med midlar til same formål under postane 39 og 79. Midlane er retta mot resultatområdet Forureining. I dei fleste områda som får støtte, stammar forureininga frå langt tilbake i tid, og det er vanskeleg å finne den ansvarlege forureinaren. Midlane som staten løyver over dei tre postane 39, 69 og 79, er derfor nødvendige for at oppryddinga av forureiningane skal bli gjennomført.

Elles vil den samla løyvinga på postane 39, 69 og 79 gå til vidareføring og gjennomføring av allereie vedtekne oppryddingstiltak, inkludert tiltak der det er blitt gitt finansieringstilsegn frå miljøstyresmaktene, og til ei rekkje mindre tiltak, særleg innanfor forureina sjøbotn.

Føreslått løyving er på om lag 93 mill. kroner på posten for 2021. Det er ein auke på 30 mill. kroner knytt til oppstart av opprydding av miljøgifter i forureina sjøbotn i Hammerfest hamn. Oppryddinga er planlagt over 3 år og det statlege tilskotet er berekna til totalt 128,5 mill. kroner, med ei tilsegnsfullmakt på 98,5 mill. kroner for utbetaling i 2022 og 2023.

Mål

Posten skal nyttast til å dekkje utgifter som kommunane har til å undersøkje og gjennomføre oppryddingstiltak i grunnen på land og i botnen i sjø og vatn som er forureina med helse- og miljøskadelege stoff.

Kriterium for måloppnåing

Både for forureina sjøbotn og forureina grunn er bruk av midlane knytt opp mot det nasjonale målet «forureining skal ikkje skade helse og miljø» og målet «utslepp av helse- og miljøskadelege stoff skal stansast».

Tildelingskriterium

I dei prioriterte tiltaksplanområda for forureina sjøbotn vil kommunen ofte stå for førebuing og gjennomføring av oppryddingstiltak. Posten skal nyttast til delfinansiering av oppryddingsprosjekt i kommunal regi og der fleire aktørar er med på å finansiere tiltaket. Kommunen må normalt òg sjølv medverke med midlar. Sjå òg omtale under kap. 1420 postane 39 og 79.

Oppfølging og kontroll

Kontroll av bruk av midlar skjer mellom anna gjennom dokumentasjon av framdrift og sluttrapport innsend av tilskotsmottakaren.

Rapport 2019

Rapportering på resultat frå ressursbruken i oppryddingsarbeidet for 2019 er samla under post 79.

Post 70 Tilskot til vassmiljøtiltak, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

70.1

Kalking

4 232

3 767

3 767

70.2

Anadrom laksefisk

17 461

13 457

13 457

70.3

Generell vassforvaltning

11 641

23 568

23 568

Sum post 70

33 334

40 792

40 792

Tilskotsordningane under posten er retta mot resultatområdet Naturmangfald.

Posten samlar alle tilskotsmidlane til ulike vassmiljøtiltak. På same vis som post 22 er delt inn i midlar til kalking, anadrom laksefisk og generell vassforvaltning, er post 70 delt inn etter dei same formåla. Føreslått løyving er på om lag 40,8 mill. kroner på posten for 2021

Kalking

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til å redusere dei negative effektane av sur nedbør på naturmangfaldet i vassdrag.

Kriterium for måloppnåing

God vasskvalitet er hovudkriteriet for måloppnåing. Kriteria og framdriftsplan for desse følgjer av handlingsplanen for kalking.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli gitt til kjøp, transport og spreiing av kalk, til informasjon om effektar av tiltak som er gjennomførte, og til rettleiing om kalking i vassdrag. Det kan ytast tilskot til prosjekt i område der tolegrensa for menneskeskapt forsuring er overskriden, og der det kan påvisast eller er sannsynleg at skadar på naturmangfaldet kjem av forsuring. I område der tolegrensa ikkje lenger er overskriden, men der tidlegare forsuring har ført til at det opphavlege mangfaldet er borte, kan det bli gitt tilskot til å setje i stand opphavleg naturmangfald. Det blir ikkje gitt tilskot til naturleg sure lokalitetar. Ved tildeling av midlar kan det stillast vilkår om at fisket i området blir opna for allmenta etter retningslinjer gitt av miljøstyresmaktene, og at søkjaren medverkar med ein viss eigeninnsats. Eigeninnsatsen kan vere delfinansiering eller arbeidsinnsats.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane blir følgde opp for å sikre at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakarane går føre seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

I tillegg skjer resultatkontroll og oppfølging gjennom undersøkingar av vasskvalitet og biologiske forhold i vassdraga.

Rapport 2019

Det meste av midlane under ordninga blei i 2019 brukt til kalking av innsjøar og bekker, hovudsakleg i Agder. Det blei òg gitt tilskot til Voss klekkeri og informasjonstiltak, mellom anna bladet pH-status.

Anadrom laksefisk

Mål

Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for bevaring og forvaltning av vill anadrom laksefisk.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er å medverke til å nå måla for viltlevande anadrom laksefisk.

Tildelingskriterium

Det kan bli gitt tilskot til tiltak knytte til informasjon om og forvaltning av villaks, sjøaure og sjørøye, inkludert bevarings- og kultiveringstiltak, og til anvend FoU-verksemd og overvaking som grunnlag for mellom anna lokal forvaltning av lakse- og sjøaurebestandar. Det kan òg bli gitt tilskot til tiltak for å betre tilgangen til og høvet til å fiske for allmenta.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane blir følgde opp for å sikre at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

I tillegg skjer resultatkontroll og oppfølging gjennom undersøkingar av vasskvalitet og biologiske forhold i vassdraga.

Rapport 2019

Midlane blei i 2019 nytta til tiltak i regi av organisasjonar, til gjennomføring av det internasjonale lakseåret og til informasjonstiltak og formidling av kunnskap. I tillegg blei det gitt tilskot til overvaking av bestandssituasjonen for laks og sjøaure, til forsking og utvikling innan arbeidet med nedkjemping av Gyrodactylus salaris og til forvaltning av Tanavassdraget. Samla har dette medverka til betre forvaltning og styrkt kunnskapsgrunnlag knytt til anadrom laksefisk.

Generell vassforvaltning

Mål

Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for god økologisk og kjemisk tilstand i vatn, jf. vassforskrifta. Restaureringstiltak vil ha høg prioritet, mellom anna som del av den norske satsinga i FNs tiår for restaurering av økosystema 2021–2030.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at tiltaka medverkar til at måla om god økologisk og kjemisk tilstand i vassførekomstane blir nådd. Lokal involvering vil òg vere eit viktig kriterium. Kriteria og framdriftsplan for desse følgjer av vassforskrifta og dei regionale vassforvaltningsplanane og tiltaksprogramma.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli gitt til tiltak som betrar miljøet i vassområde med særskilde utfordringar. Restaureringstiltak vil bli særleg høgt prioriterte. Det kan òg bli gitt tilskot til tilrettelegging, organisering og informasjon knytt til arbeidet i vassområde og vassregionar, og til utgreiingar og andre tenestekjøp knytte til særskilde utfordringar i vassområda.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane blir følgde opp for å sikre at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2019

Midlane blei i 2019 nytta til tiltak i regi av kommunar, interkommunale vassområde og organisasjonar til både konkrete tiltak og utgreiing av tiltak for å betre vassmiljøet. Restaureringstiltak har hatt hovudprioritet. Det blei gitt tilskot til tiltak over heile landet.

Det blei òg gitt tilskot til organisasjonar som har medverka i vassforvaltningsarbeidet, og til utgreiingar knytte til særskilde utfordringar i vassområda. Samla har dette medverka til betre vassforvaltning, styrkt kunnskapsgrunnlag og betre vassmiljø lokalt.

Post 71 Marin forsøpling, kan overførast

Posten er retta mot resultatområdet Forureining og delt opp i to tilskotsordningar. Føreslått løyving er på om lag 70,3 mill. kroner på posten for 2021.

Tilskot til Salt Lofoten for arbeid med Fishing for Litter

Fishing for Litter er ei ordning der eigarlaust marint avfall frå fiskeflåten kan leverast vederlagsfritt. I dag gjeld dette ni hamner i Noreg. I 2019 blei det utbetalt om lag 1,9 mill. kroner til Salt Lofoten for arbeidet med denne ordninga. Ordninga vil omfatte elleve hamner og er om lag 2,4 mill. kroner i 2021.

Tilskot til tiltak for å redusere marin forsøpling

Mål

Ordninga skal gå til tiltak for å redusere marin forsøpling gjennom å dekkje utgifter knytte til opprydding av marint avfall og til førebyggjande arbeid. Stor merksemd skal rettast mot strandsona og rydding av marint avfall på sjøbotnen. Prinsippet om at forureinaren betaler, skal liggje til grunn for arbeidet. Opprydding der det finst ein ansvarleg for avfallet, er ikkje omfatta av ordninga. I slike tilfelle kan styresmaktene gi pålegg om opprydding, og utgiftene skal dekkjast av den ansvarlege forureinaren.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at midlane er knytte opp mot det nasjonale målet om at «veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten, og ressursane i avfallet utnyttast best mogleg gjennom materialgjenvinning og energiutnytting».

Tildelingskriterium

Det er utarbeidd ei forskrift med kriterium for bruken av ordninga. Denne tredde i kraft 1. januar 2019. Følgjande tiltak kan støttast:

Følgjande kriterium skal vektleggjast ved vurdering av tiltak:

  • opprydding av marin forsøpling og koordinering av slike prosjekt og prosjekt for å førebyggje marin forsøpling.

  • i vurderinga av innkomne søknader skal det òg leggjast vekt på desse kriteria:

  • at prosjektet samlar aktørar, har mange deltakarar og dekkjer større geografiske område

  • at tiltaket sikrar ein effektiv bruk av midlane med godt dokumenterte utgiftspostar

  • at tiltaket medverkar i stor grad med eigenfinansiering eller medfinansiering frå andre kjelder

  • at tiltaket inneheld konkrete og realistiske/gjennomførlege planar for gjennomføring av prosjektet

  • at søkjaren har spesiell kompetanse innanfor tiltaket det er søkt om støtte til

  • årlege satsingsområde og prioriteringar blir kunngjorde av Miljødirektoratet i utlysingsteksten for tilskotsordninga, som blir kunngjort i fjerde kvartal 2020.

Oppfølging og kontroll

Kontroll av bruk av midlane skjer mellom anna gjennom sluttrapport innsend av tilskotsmottakaren.

Rapport 2019

Det blei i 2019 utbetalt 68,2 mill. kroner til 73 ulike søknader (totalt 192 søknader). Om lag 64 mill. kroner gjekk til oppryddingsprosjekt og førebyggjande arbeid. Om lag 2 mill. kroner gjekk til vidareføring av prøveordninga Fishing for Litter. Om lag 1,3 mill. kroner gjekk til metodeutvikling.

Post 72 Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt, overslagsløyving

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

72.1

Erstatning for husdyr

44 272

55 798

57 584

72.2

Erstatning for tamrein

80 635

85 563

88 301

Sum post 72

124 907

141 361

145 885

Posten er retta mot resultatområdet Naturmangfald. Posten omfattar erstatningar for husdyr og tamrein som er drepne eller skadde av rovvilt. Erstatningane kan variere frå år til år, mellom anna på grunn av naturgitte forhold. Løyvingsbehovet er slik sett vanskeleg å stipulere, og posten er derfor budsjettert som overslagsløyving.

Føreslått løyving er på om lag 145,9 mill. kroner på posten for 2021. Posten er samla sett auka med 4,5 mill. kroner.

Mål

Ordninga skal sikre full erstatning for rovviltskadar på husdyr og tamrein som er dokumenterte og sannsynlege, slik dette er nedfelt i naturmangfaldlova.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at ordninga sikrar den lovfesta retten dyreeigaren har til full erstatning i tilfelle der rovvilt er årsak til tap av dyr.

Tildelingskriterium

Erstatningar blir utbetalte i samsvar med føresegn om erstatning når husdyr blir drepne eller skada av rovvilt, fastsett 30. mai 2014, og føresegn om erstatning for tap og følgjeskader når tamrein blir drepne eller skada av rovvilt, fastsett 4. mai 2001.

Oppfølging og kontroll

Erstatningssøknadene blir gjennomgått for å sikre at vilkåra for erstatning er oppfylte. Dokumentasjon av rovviltskadane, som blir gjennomført av Statens naturoppsyn, er viktig grunnlag for erstatning. Bestandsregistreringa er òg betra dei siste åra gjennom felles metodikk mellom Noreg og Sverige, betra høve for publikum til å melde inn rovviltobservasjonar og auka ressursar for Statens naturoppsyn.

Rapport 2019

Erstatningsoppgjeret for husdyr og tamrein er gjennomført i medhald av gjeldande reglar. Det er framleis stor variasjon i tapsutviklinga i ulike område, men på nasjonalt nivå er det god samanheng mellom auka innsats på førebyggjande tiltak og reduksjon i sauetapa. For reinnæringa ser ein ikkje ein tilsvarande samanheng. For denne næringa er det vanskelegare å finne eigna tiltak, og tapsforholda varierer i større grad med naturgitte forhold knytte til klima, beitegrunnlag og anna.

Post 73 Tilskot til rovvilttiltak, kan overførast

Posten er retta mot resultatområdet Naturmangfald. Posten dekkjer utgifter til førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga, inkludert godtgjering til lokale fellingslag og tilskot til Norges Jeger- og Fiskerforbund for rovvilttiltak som ei oppfølging av rovviltforliket av 2011. Føreslått løyving er på om lag 80,4 mill. kroner på posten for 2021. Innanfor posten er det sett av 10 mill. kroner til omstillingstiltak.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å førebyggje rovviltskadar i husdyrhald og tamreindrift gjennom å medverke til å finansiere førebyggjande tiltak. Midlane skal òg nyttast til omstillingstiltak for dyreeigarar med utmarksbasert sauehald som over eit lengre tidsrom har hatt omfattande rovviltskadar og ønskjer ei omstilling til anna næringsverksemd knytt til landbrukseigedommen. Vidare skal midlane nyttast til godtgjering ved forsøk på skadefelling av rovvilt og medverke til å dempe konfliktar og auke verdiskapinga knytt til førekomst av rovdyr i lokalsamfunn. Det blir lagt vekt på å føre vidare arbeidet med tiltak innan førebygging og konfliktdemping med utgangspunkt i Stortingets behandling av St.meld. nr. 15 (2003–2004) Rovvilt i norsk natur, jf. Innst. S. nr. 174 (2003–2004), og rovviltforliket på Stortinget våren 2011 (jf. Representantforslag 8:163 S (2010–2011)).

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga stimulerer til mindre tap og konfliktar knytte til førekomst av rovvilt i dei ulike rovviltregionane ved å setje i verk effektive førebyggjande og konfliktdempande tiltak. Vidare er det eit kriterium for måloppnåing at tilskotsordninga fører til omstillingar der dette fører til reduserte tap og konfliktar.

Tildelingskriterium

Tilskot til førebyggjande og konfliktdempande tiltak blir fordelte etter ei føresegn fastsett i 2013, mens føresegna som handlar om omstillingstiltak blei fastsett i 2015. I tråd med føringane i rovviltpolitikken vil ein hovuddel av midlane bli kanaliserte gjennom dei åtte regionale rovviltnemndene. Midlane skal nyttast til førebyggjande tiltak i husdyrhald og tamreindrift, og til konfliktdempande tiltak retta mot kommunar og lokalsamfunn. I kvar region har den regionale rovviltnemnda utarbeidd ein forvaltningsplan som skal sikre at det over tid blir lagt til rette for tilpassingar som gir eit best mogleg skilje mellom beitedyr og faste førekomstar av rovvilt. Dette inneber mellom anna at besetningar med store årlege tap til rovvilt bør prioriterast for tilskot til nødvendige driftstilpassingar. Dei regionale rovviltnemndene har hovudansvaret for at tildelingane over posten skjer i tråd med eigen forvaltningsplan i den enkelte regionen. Det er utarbeidd nasjonale standardar for nokre av dei ulike førebyggjande tiltaka. Desse standardane skal følgjast ved iverksetjing av tiltaka. Midlane til omstilling skal fordelast av Miljødirektoratet etter innspel frå regionale og lokale miljø- og landbruksstyresmakter.

Auka beitebruk med sau i rovviltprioriterte område skal ikkje stimulerast. For å medverke til ei tydelegare soneforvaltning skal midlar til førebyggjande og konfliktdempande tiltak normalt prioriterast slik at det blir fokusert på besetningar som ikkje medverkar til fleire beitedyr i rovviltprioriterte område. På same måte skal nyetablert beitebruk med sau i rovviltprioriterte område prioriterast lågt. I 2018 blei det fastsett satsar for heimebeite med sau i beitesesongen og for tidlegare sanking.

Oppfølging og kontroll

Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar frå tilskotsmottakarar om gjennomføring av tiltak og ressursforbruk. For å sikre effektiv bruk av midlane er det lagt vekt på kontroll med at førebyggjande tiltak som er støtta med offentlege midlar, følgjer nasjonale standardar der slike er utarbeidde.

Rapport 2019

I 2019 blei det behandla i alt 434 søknader om konkrete førebyggjande tiltak, og det blei behandla 186 søknader om tiltak for å dempe konfliktar kring rovvilt. Det kom inn 113 søknader om akutte tiltak, og det blei gjennomført omstillingstiltak for ti bruk som hadde opplevd vesentleg rovviltskade i besetningane over fleire år. Det kan ut frå statistikk over erstatningsutbetaling for skade og tap av sau sjå ut til at tapa går ned med ein auke i avsette midlar til tiltak. Reduksjon i tap kan òg henge saman med den geografiske differensieringa av både rovviltførekomst og prioritering av tiltak.

Brukarar sender søknad elektronisk, og alle rapportar kan sendast inn på same vis. Dette fører til betre oversikt over oppnådde resultat og korleis brukarane vurderer måloppnåinga ved dei enkelte tiltaka. Rapportane er tilgjengelege i søknadsarkivet til søknadssenteret.

Post 74 CO2-kompensensasjonsordning for industrien

Posten er knytt til resultatområdet Klima. Det årlege støttebeløpet avheng mellom anna av utviklinga i kvoteprisen og blir utbetalt etterskotsvis året etter støtteåret. Dette inneber at det for støtteåret 2020 må løyvast pengar for utbetalingar i samband med statsbudsjettet for 2021. Basert på gjeldande overslag er posten auka med om lag 1,1 mrd. kroner frå saldert budsjett 2020. Foreslått løyving er 2,567 mrd. kroner på posten for 2021. Auken skuldes i hovudsak auka i kvotepris. Noverande CO2-kompensasjonsordning gjeld fram til 31. desember 2020. EU arbeider med å fastsetje nye retningslinjer for CO2-kompensasjon for neste periode (2021–2030). Det er venta at desse blir vedtekne i løpet av 2020. Etter det vil regjeringa ta stilling til om ordninga skal førast vidare i Noreg etter 2020. Eventuell støtte for produksjonsåret 2021 vil bli utbetalt i 2022. Føreslått løyving er på 2 567 mill. kroner på posten for 2021.

Mål

Målet med ordninga er å kompensere norsk industri for auka kraftprisar som følgje av EUs kvotesystem for CO2-utslepp. Kompensasjonen skal redusere faren for karbonlekkasje og slik hindre auke i globale utslepp som følgje av utflytting av industri til land med mindre stram klimapolitikk. Ordninga er basert på retningslinjene frå EU-kommisjonen, som opnar for statsstøtte til utvalde industrisektorar som er vurderte som særleg utsette for karbonlekkasje. Den norske ordninga blei godkjend av EFTAs overvakingsorgan ESA i september 2013.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga reduserer faren for karbonlekkasje.

Tildelingskriterium

Ordninga omfattar industriverksemder i alle 15 sektorar som det etter EUs retningslinjer er mogleg å gi støtte. Dette inkluderer mellom anna produsentar av aluminium, ferrolegeringar, kjemiske produkt og treforedling.

Ordninga gjeld ikkje for langsiktige kraftavtaler inngått før 2005. Vidare skal industrien sin eigen kraftproduksjon komme til fråtrekk i utbetalinga av støtte. Ordninga gjeld for perioden frå 1. juli 2013 til 31. desember 2020.

Oppfølging og kontroll

Ordninga blir administrert av Miljødirektoratet, som i behandlinga av søknadene kontrollerer om dei enkelte verksemdene fyller vilkåra for utbetaling av kompensasjon. Det blir årleg rapportert om bruken av midlar til EFTAs overvakingsorgan ESA og til Stortinget i samband med budsjettet.

Rapport for støtteåret 2019

Fristen for å rapportere mellom anna produksjonstal og elektrisitetsforbruk for 2019 var 1. mars 2020. Basert på innrapporterte tal for 2019 har Miljødirektoratet i 2020 utbetalt 1 472,5 mill. kroner for støtteåret 2019.

Post 75 Utbetaling for vrakpant, og tilskot til køyretøy og fritidsbåtar, overslagsløyving

Ordninga rettar seg mot resultatområdet Forureining. Tilskot til kommunale anlegg for behandling av kasserte fritidsbåtar ligg under post 63 Returordning for kasserte fritidsbåtar. Post 75 er justert ned med 52,2 mill. kroner frå statsbudsjettet for 2020. Føreslått løyving er på 534 mill. kroner på posten for 2021.

Mål

Målet med vrakpantordninga for køyretøy er å stimulere bileigarar til å levere utrangerte bilar til godkjend biloppsamlingsplass, slik at bilvraket kan takast hand om på ein forsvarleg måte og gjenvinnast. Posten dekkjer utbetaling av vrakpant og kostnader ved overføring av vrakpanten til bileigaren. Forskrift om kasserte køyretøy gir produsentar og importørar ansvaret for handtering av kasserte køyretøy. Produsentansvaret er ein del av avfallsforskrifta kapittel 4 om kasserte køyretøy.

Vrakpantordninga blei frå og med 1. januar 2018 utvida til å gjelde nye køyretøygrupper som tidlegare ikkje var omfatta av ordninga, under dette mopedar, lette og tunge motorsyklar, lastebilar, bubilar og campingvogner. For desse køyretøygruppene blir panten utbetalt som eit tilskot til behandlingsanlegget der eigaren får ein fastsett del av beløpet for å levere køyretøyet til vraking hos ein godkjend biloppsamlar mens ein del av beløpet går til behandlingsanlegget for å dekkje kostnadene anlegget har med å miljøsanere vraket. Ordninga blei vedteken av Stortinget under behandlinga av statsbudsjettet 2017. Det har vore nødvendig å greie ut ei rekkje problemstillingar for å få eit godt system på plass, og ordninga blir sett i verk frå 1. januar 2018.

I budsjettet for 2017 blei det vedteke eit ekstra tilskot på 13 000 kroner til varebileigarar som vrakar den gamle varebilen med diesel- eller bensinmotor og samstundes kjøper ein ny nullutsleppsvarebil. Det var òg nødvendig å greie ut ei rekkje problemstillingar, mellom anna utvikling av datasystem for å administrere utbetalingane. Systemet kom derfor på plass først i slutten av april i 2018. Ettersom regjeringa har oppretta eit Nullutsleppsfond for næringstransport administrert av Enova som støtte for næringslivets køyretøy og fartøy, blei ordninga under Miljødirektoratet avslutta frå 1. januar 2020.

I statsbudsjettet for 2017 blei det òg vedteke ei tilskotsordning for å stimulere til innlevering av kasserte fritidsbåtar. Frå 1. oktober 2017 blei det utbetalt tilskot til kasserte fritidsbåtar over denne posten. Det blir utbetalt eit beløp på 1 000 kroner per båt til båteigaren. Samstundes blir det utbetalt eit tilskot til verksemda som handterer båtane. Dette beløpet er eit tilskot per kilo båt som blir handtert, og skal dekkje kostnadene med miljøsanering av båten, handtering, gjenvinning av det som er aktuelt å gjenvinne, og levering av avfallet frå båten til eit anlegg for avfallsbehandling. I dei tilfella båten blir handtert av eit kommunalt anlegg, blir handteringstilskotet betalt ut over post 63.

Kriterium for måloppnåing

Tilskotsordninga skal medverke til auka innlevering av køyretøy og fritidsbåtar som skal vrakast, slik at dei kan takast hand om på ein forsvarleg måte.

Tildelingskriterium

Vrakpanten for køyretøy blir utbetalt av Skatteetaten på vegner av Miljødirektoratet mot kvittering for at bilvraket er levert til godkjend biloppsamlingsplass for behandling. Ordinær vrakpant for 2021 er 3 000 kroner. Vrakpant til dei nye køyretøygruppene og tilskot til handteringsanlegg for desse gruppene blir òg utbetalt av Skatteetaten.

Tilskot til båteigar og tilskot til handtering av kasserte fritidsbåtar blir utbetalte av Miljødirektoratet. Tilskot til kommunale anlegg for handtering av fritidsbåtar blir utbetalte frå post 63.

Oppfølging og kontroll

For å sikre at det kasserte køyretøyet har rett til vrakpant eller tilskot, blir vrakmeldinga for køyretøy kontrollert mot det sentrale motorvognregisteret. For varebilar og fritidsbåtar blir dokumentasjon frå behandlingsanlegget sjekka av Miljødirektoratet. Kontrollen skjer elles ved kontroll av lager på oppsamlingsplassane og rekneskap med vedlegg.

Rapport 2019

I 2019 blei det samla inn i overkant av 142 600 bilvrak, som er ein liten oppgang frå året før. Talet på vrak svingar frå år til år, men har vore relativt stabilt dei siste åra, frå 136 000 i 2016 til 143 000 i 2017 og 141 200 i 2018. Det var samla inn 1 175 lastebilar i klasse N2 (1 719 i 2018), 825 lastebilar i klasse N3 (899 i 2018), 4 725 mopedar og motorsyklar (4 748 i 2018), 4 144 campingvogner (5 779 i 2018) og 265 bubilar i 2019 (262 i 2028). Denne ordninga var ikkje verksam i 2017.

Det har vore liten tilgang på elvarebilar i 2018 og 2019, derfor blei ordninga med eit ekstra tilskot på 13 000 kroner til varebileigarar som vrakar sin gamle varebil med diesel- eller bensinmotor og samstundes kjøper ein ny nullutsleppsvarebil, lite nytta. Frå ordninga blei oppretta i mai 2018 og til 31. desember 2019 er det selt 206 elvarebilar støtta av Miljødirektoratet. Ordninga blei vedteken avslutta i statsbudsjettet for 2020.

Det blei utbetalt tilskot til om lag 9 800 båteigarar i 2019, det vil seie om lag 9,8 mill. kroner. I 2018 blei det utbetalt tilskot til om lag 9 100 båteigarar. Det er ved utgangen av 2019 etablert 250 handteringsanlegg for små kasserte fritidsbåtar, mens det er 72 handteringsanlegg for større kasserte fritidsbåtar over 15 fot. I 2018 var det 44 slike anlegg. Det er utbetalt om lag 34,4 mill. kroner til behandling av kasserte fritidsbåtar i 2019, mens det blei utbetalt 16,6 mill. kroner i 2018. Ordninga blei utvida til å omfatte aluminiumsbåtar og kjølar og ballast i metall frå 1. januar 2020, etter at ordninga var evaluert i 2019. Kostnaden er neglisjerbar, men det får ordninga til å fungere betre. Evalueringa peiker òg på at mangelen på eit register over fritidsbåtane gjer det vanskeleg å føre kontroll med at det faktisk er båteigaren som leverer båten. Det har vore døme på misbruk.

Post 76 Refusjonsordningar, overslagsløyving

Posten dekkjer ulike refusjonsordningar retta mot resultatområda Forureining og Klima. Posten er redusert med 29,6 mill. kroner. Føreslått løyving er på 141 mill. kroner på posten for 2021.

Samla er det til refusjon av avgift på hyderofluorkarbon (HFK) og perfluorkarbon (PFK) budsjettert med om lag 71 mill. kroner, og til refusjonar for spillolje er det budsjettert med om lag 70 mill. kroner i 2021.

Refusjon av smørjeoljeavgifta

Mål

Målet med ordninga er å stimulere til auka innlevering av spillolje til miljøgodkjend behandling. Spillolje er brukt smørjeolje og transformatorolje og er klassifisert som farleg avfall. Smørjeolje er, med unntak av enkelte bruksmåtar, pålagt smørjeoljeavgift, jf. St.prp. nr. 1 (2007–2008) Skatte-, avgifts- og tollvedtak, kap. 5542 post 71.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er totalt innsamla kvantum av spillolje.

Tildelingskriterium

Det blir utbetalt refusjon for dei fleste typar brukt smørjeolje og andre brukte oljar (transformatoroljar og anna) med tilsvarande eigenskapar, med unntak av mellom anna spillolje som kjem frå større skip (større enn 76 meter / 250 fot) i internasjonal sjøfart. Refusjonen blir utbetalt til større mottaksanlegg (tankanlegg) med førehandstilsegn frå Miljødirektoratet. I tilsegna er det fastsett ein del vilkår som refusjonsmottakaren har plikt til å rette seg etter. Krav om utbetaling blir kontrollerte opp mot førehandstilsegna.

Refusjonssatsen blir fastsett årleg av Miljødirektoratet med utgangspunkt i nivået på smørjeoljeavgifta.

Oppfølging og kontroll

Miljødirektoratet bruker ein tredjepart til å kvalitetssikre og kontrollera søknadene om refusjon. Miljødirektoratet gjennomfører tilsyn ved nokre refusjonsanlegg kvart år. Ved kontroll av mottaksanlegga dei siste åra er det konstatert enkelte brot på ordninga for refusjonar. Miljødirektoratet følgjer opp brota ved å nekte refusjonsutbetaling eller krevje tilbakebetaling av feilaktig utbetalte refusjonar. Strengare reaksjonar som tilbaketrekking av tilsegna eller melding til politiet blir òg vurderte i alvorlege tilfelle.

Rapport 2019

Innsamlingsgraden for spillolje (med og utan rett til refusjon) har vore stabil dei siste åra og er berekna til i underkant av 90 pst. I 2019 blei det totalt samla inn i underkant av 26 000 m3 olje som har krav på refusjon, om lag det same som året før. Det blei i 2019 utbetalt om lag 61,5 mill. kroner i refusjon. Refusjonssatsen var på 2,53 kroner per liter.

Refusjon av avgift på hydrofluorkarbon (HFK) og perfluorkarbon (PFK)

Mål

Refusjonsordninga er heimla i forskrift 1. juni 2004 nr. 930 om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta) kapittel 8. Hydrofluorkarbon (HFK) blir i første rekkje nytta i kjøle- og fryseanlegg, varmepumper og mobil luftkondisjonering.

Formålet med ordninga er å redusere utslepp til luft av HFK og PFK. Gassane er klimagassar, og reguleringa av desse er ein del av strategien for å redusere utsleppa av klimagassar i samsvar med Parisavtala. Ordninga med avgift og refusjon skal medverke til meir bruk av miljøvennlege kuldemedium og mindre bruk av dei HFK/PFK-gassane som har høgast klimaverknad (globalt oppvarmingspotensial), stimulere til produktutvikling, styrkje arbeidet med å hindre lekkasjar og stimulere til innsamling og forsvarleg behandling av brukt gass. Målgruppe for refusjonsordninga er aktørar som har avfallsgass eller kassert utstyr som inneheld HFK- eller PFK-gass.

Tildelingskriterium

Forskrifta inneber at kuldebransjen og andre som leverer HFK og PFK til godkjent destruksjonsanlegg, kan krevje refusjon. Føresetnaden er dokumentasjon som viser kva mengd og typar av HFK og PFK som er levert og forsvarleg destruert.

Det blir utbetalt refusjon for den mengda HFK og PFK som er levert til godkjent destruksjonsanlegg for destruksjon. Refusjonssatsane vil vere lik dei gjeldande differensierte avgiftssatsane for avgifta på HFK og PFK ved innleveringstidspunktet, jf. Stortingets årlege avgiftsvedtak og forskrift 11. desember 2001 nr. 1451 om særavgifter § 3–18–2.

Oppfølging og kontroll

Miljødirektoratet fører tilsyn med refusjonsordninga, jf. avfallsforskrifta § 17–3. Mengda HFK/PFK som blir samla inn og sendt til destruksjon, varierer mykje frå år til år. Grunnen er spesielt at hos den største aktøren som nyttar ordninga, blir gassen innsamla på store tankar. Når ein tank er full, blir han send til forsvarleg destruksjon. Kvar tank som blir send til destruksjon, utløyser med dagens avgiftssats 14–19 mill. kroner i refusjon, avhengig av samansetjinga av gassane i tanken.

Rapport 2019

I 2019 blei fem tankar med gass leverte til destruksjon med eit samla refusjonsbeløp på om lag 85,2 mill. kroner. I tillegg er det utbetalt refusjon for innhald i hushaldskjølemøblar der HFK-gassen blir tappa av på same anlegg som destruerer gassen, men dette er berre mindre mengder. Utbetaling av refusjonar har auka sterkt dei siste åra fordi avgiftssatsen har auka, og som eit resultat av at meir gass, særleg av dei med høg avgiftssats, har blitt samla inn og destruert.

Innhaldet i tankane er i all hovudsak ulike blandingar av HFK-gassar, då PFK-gassar er svært lite brukte i Noreg. Ressursbruken under ordninga var i 2019 retta mot dei nasjonale måla under resultatområdet Klima.

Post 77 Ymse organisasjonar og stiftelsar m.m.

Posten er tredelt, jf. omtale under. Midlane er retta mot resultatområda Naturmangfald, Friluftsliv, Forureining og Klima. Føreslått løyving er på om lag 16,4 mill. kroner på posten for 2021. Til ordninga for frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige stiftelsar innanfor forureiningsområdet er det sett av 5,8 mill. kroner, til ordninga for miljømerking, miljøvennleg forbruk og forbrukarinformasjon er det sett av 3,8 mill. kroner, og til ordninga for naturfaglege organisasjonar er det lagt inn 6,5 mill. kroner.

Midlar, 0,2 mill. kroner, til Cens standardiseringsarbeid knytt til metodeutvikling for å måle utslepp frå vedomnar til luft er flytta frå kap. 1400 post 76 til nytt kap. 1420 post 77.

Frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige stiftelsar innanfor forureiningsområdet

Mål

Tilskotsordninga skal medverke til å halde oppe eit utval av demokratisk oppbygde, landsomfattande organisasjonar med arbeid mot forureining som formål, for å sikre frivillig engasjement og styrkje medverknaden i miljøspørsmål lokalt, regionalt og nasjonalt, basert på fagleg innsikt.

Målet er òg å påverke produksjons- og forbruksmønsteret ved å byggje opp og formidle kompetanse om miljøvennleg produksjon og forbruk og stimulere til berekraftig praksis i næringsliv, hushald og offentleg verksemd.

Tildelingskriterium

Storleiken på driftstilskota blir fastsett mellom anna ut frå ei vurdering av aktivitetsnivået til organisasjonane nasjonalt og lokalt, økonomien deira og alternative høve til finansiering, saman med medlemstalet i organisasjonane.

Ordninga omfattar tilskot til

  • Norsk vassforeining

  • Norsk foreining mot støy

  • LOOP

  • Foreininga Hold Norge Rent

  • Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja

Det er i 2021 rekna med tilskot til dei nemnde tilskotsmottakarane på same nivå som i 2019. Støtten til Hold Norge Rent, er foreslått økt med kr 800.000,-. Det er ein føresetnad at organisasjonane og stiftelsane sender inn søknad om tilskot. Det blir fortløpande vurdert om organisasjonane og stiftelsane tilfredsstiller kriteria for å ta imot støtte.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar bli følgde opp for å kontrollere at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapporteringar.

Rapport 2019

Midlane er brukte til grunnstøtte til drift, opplæringstiltak og informasjonstiltak og førebyggjande arbeid generelt i dei ulike organisasjonane.

Miljømerking, miljøvennleg forbruk og forbrukarinformasjon

Mål

Standardar for miljøleiing, produkt og tenester og miljømerking er viktige verktøy i ein førebyggjande miljøpolitikk. Standardisering inneber utarbeiding av krav og spesifikasjonar for varer, tenester, prosessar og verksemder. Miljømerking skal gi informasjon til og bevisstgjering av forbrukarar, næringsliv og offentlege verksemder om miljøvennlege val. Dei offisielle miljømerkeordningane som Svana og Blomen er eit viktig supplement til lovpålagde krav og medverkar til redusert bruk av prioritetslistestoff. Merkeordningane er nærare omtalte i Barne- og likestillingsdepartementets budsjettproposisjon. Posten omfattar driftstilskot til Stiftelsen Miljømerking og Standard Norge. Tilskot til Omatt – Bransjeforeningen for ideelle Gjenbruksaktører blir ført vidare.

Kriterium for måloppnåing

Klima- og miljødepartementet føreset at midlane blir nytta til å intensivere arbeidet med verkemiddel som fremjar prioriterte miljø- og berekraftsmål. Innan standardiseringsarbeidet er det viktig med arbeid knytt til europeiske og internasjonale standardar som er særleg relevante for miljøleiing og klima- og miljøomsyn i produkt og tenester. For miljømerking er det sentralt med utvikling av miljøkriterium, slik at fleire produktgrupper blir merkte. Det skal særleg leggjast vekt på å utvikle og vidareutvikle kriteriesett for produktgrupper som medfører stor miljøbelastning. Det skal òg fokuserast på tiltak for å få fleire produsentar til å søkje om merket innanfor områda der det er utvikla kriterium, og for å gi forbrukarar informasjon om spekteret av miljømerkte produkt på marknaden.

Tildelingskriterium

Tildeling av midlar er basert på resultata organisasjonane hadde føregåande år og ein konkret søknad om midlar for kommande periode, sett opp mot prioriterte nasjonale miljø- og berekraftsmål.

Oppfølging og kontroll

Drifts- og prosjekttilskota blir følgde opp gjennom krav som blir fastsette i kvart enkelt tilsegnsbrev. Det blir motteke årsrapport og/eller rekneskapsoversikt for alle tilsegner, i tillegg til at det er fagleg kontakt med dei enkelte tilskotsmottakarane.

Rapport 2019

Midlane til Stiftelsen Miljømerking er brukte til å auke kunnskapen om, kjennskapen til, og aksepten av miljømerkinga.

Midlane til Standard Norge er brukte til arbeid knytt til europeiske og internasjonale standardar som er særleg relevante for miljøleiing og klima- og miljøomsyn i produkt og tenester.

Naturfaglege organisasjonar

Mål

Ordninga skal medverke til å halde oppe eit utval av demokratisk oppbygde, landsomfattande organisasjonar innanfor naturområdet for å sikre frivillig engasjement og styrkje medverknaden i miljøspørsmål lokalt, regionalt og nasjonalt, basert på fagleg innsikt.

Tildelingskriterium

Storleiken på driftstilskota blir fastsett mellom anna ut frå ei vurdering av aktivitetsnivået til organisasjonane nasjonalt og lokalt, økonomien deira og alternative høve til finansiering, saman med medlemstalet i organisasjonane.

Det er rekna med tilskot til

  • Foreininga Våre Rovdyr

  • Norsk Biologforeining

  • Norsk Botanisk Forening

  • Norsk Entomologisk Foreining

  • Norsk Ornitologisk Foreining

  • Norges sopp- og nyttevekstforbund

  • Norsk Zoologisk Foreining

For 2021 er det rekna med tilskot til dei nemnde tilskotsmottakarane på same nivå som for 2020.

Tilskot til den enkelte organisasjonen blir utbetalt etter søknad.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar blir følgde opp med kontroll av at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapporteringar. I tillegg kjem fagleg kontakt med dei enkelte tilskotsmottakarane.

Rapport 2019

Midlane blei nytta til grunnstøtte til drift, informasjonsverksemd og prosjekt i dei ulike organisasjonane.

Post 78 Friluftslivsformål, kan overførast

Posten er retta mot resultatområdet Friluftsliv.

Føreslått løyving er på om lag 180,8 mill. kroner på posten for 2021.

Posten er samla sett redusert med om lag 3,1 mill. kroner. Det er behov for ei tilsegnsfullmakt på 3 mill. kroner til anskaffingar i samband med kjøp og reparasjonar av båtar i Skjærgårdstjenesten, jf. forslag til vedtak VI.

Til posten ligg fleire tilskotsordningar som er omtalt under.

Friluftslivsaktivitet

Tilskot til friluftslivsaktivitet har ei ramme på 44,5 mill. kroner.

Mål

Målet med ordninga er å medverke til auka deltaking i helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg friluftsliv for alle grupper i befolkninga.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområdet Friluftsliv. Måloppnåinga blir òg vurdert ut frå oppnådde resultat og omfanget av aktivitetsfremjande tiltak i regi av friluftsorganisasjonane.

Tildelingskriterium

Det blir primært gitt tilskot til friluftslivstiltak som stimulerer til direkte friluftslivsaktivitet. Det er òg mogleg å få støtte til enkelt materiell og utstyr når dette medverkar til å fremje den friluftslivsaktiviteten det blir søkt om tilskot til. Det kan dessutan bli gitt tilskot til informasjonstiltak om rettar og plikter etter allemannsretten. Det blir ikkje gitt midlar til kostnadskrevjande utstyr, utstyrssentralar eller supplering av utstyrslager.

Desse typane aktivitetar blir prioriterte:

  • aktivitetar som er lite ressurskrevjande og lett tilgjengelege for ulike brukargrupper

  • tiltak som blir gjennomførte i nærmiljøet med særleg vekt på byar og tettstader

  • tiltak som inkluderer ein plan for marknadsføring av tiltaket overfor aktuelle målgrupper

  • tiltak som medverkar til auka deltaking i friluftsliv over tid

Personar som er lite fysisk aktive, barn, unge og barnefamiliar og personar med nedsett funksjonsevne er prioriterte.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar blir følgde opp med kontroll av at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakarar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2019

Totalt blei det i 2019 gitt 51,5 mill. kroner i tilskot til lag og organisasjonar som arbeider med aktivitetsfremjande tiltak for friluftsliv. Av dette fekk landsomfattande friluftslivsorganisasjonar 25,7 mill. kroner direkte frå Miljødirektoratet, mens lokale og regionale lag og organisasjonar fekk 25,7 mill. kroner frå fylkeskommunane. Totalt kom det inn 866 søknader om statleg støtte frå posten, og det totale søknadsbeløpet var på 110,5 mill. kroner.

Midlane er i all hovudsak brukte til å støtte tiltak for barn, unge og barnefamiliar, tiltak som stimulerer nye grupper til å delta friluftslivsaktivitetar, til dømes personar med nedsett funksjonsevne og etniske minoritetar i Noreg, og tiltak som medverkar til å utvikle samarbeidet mellom friluftsliv og kulturminne. Døme på tiltak som fekk tilskot frå Miljødirektoratet er Friluftsrådenes Landsforbunds prosjekt «Læring i friluft» og «Friluftsliv og folkehelse – tiltak for lite aktive» og Norsk Friluftslivs prosjekt «Friluftslivets veke». Det er òg gitt tilskot til Norges sopp- og nyttevekstforbund til «soppens dag», til Norsk Botanisk Forenings arrangement «villblomstens dag», til Norges Naturvernforbunds prosjekt «Opplev naturen – livsgrunnlaget vårt» og til Norges Bedriftsidrettsforbunds aktivitetstilbod «Ti på Topp». 13 mill. kroner blei tildelt Norsk Friluftsliv, som fordelte dette vidare til sine eigne medlemsorganisasjonar.

Friluftslivsaktivitet for personar med innvandrarbakgrunn

Ordninga har ei ramme på 10 mill. kroner.

Mål

Målet med ordninga er å medverke til auka deltaking i helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg friluftsliv for personar med innvandrarbakgrunn og gjennom dette medverke til å auke integreringa av personar med innvandrarbakgrunn i befolkninga elles.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområdet Friluftsliv. Måloppnåinga blir òg vurdert ut frå oppnådde resultat og omfanget av aktivitetsfremjande tiltak i regi av friluftsorganisasjonane.

Tildelingskriterium

Det blir primært gitt tilskot til friluftslivstiltak som stimulerer til direkte friluftslivsaktivitet. Det kan òg løyvast støtte til enkelt utstyr og materiell når dette medverkar til å fremje den friluftslivsaktiviteten det blir søkt om tilskot til. Det blir ikkje gitt midlar til kostnadskrevjande utstyr, utstyrssentralar eller til supplering av utstyrslager.

Desse typane aktivitetar blir prioriterte:

  • tiltak som er lite ressurskrevjande og lett tilgjengelege

  • tiltak som fører til auka integrering av personar med innvandrarbakgrunn i befolkninga elles

  • tiltak som blir gjennomførte i nærmiljøet med særleg vekt på byar og tettstader

  • tiltak som inkluderer ein plan for marknadsføring av tiltaket overfor målgruppa

  • tiltak som medverkar til auka deltaking i friluftsliv over tid

Barn, unge og barnefamiliar er prioriterte i ordninga.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar blir følgt opp med tanke på at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakarar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2019

Ordninga hadde ei ramme på 10 mill. kroner i 2019. Totalt var det 20 søkjarar som til saman søkte om 17,6 mill. kroner. 16 lag og organisasjonar blei tildelte tilskot.

Tiltaka omfatta tilbod om turar og aktivitetar, men òg tiltak for inkludering og opplæring av personar med innvandrarbakgrunn til å bli leiarar i lag og organisasjonar. Leiarar med innvandrarbakgrunn er viktige for vidare rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn.

Døme på tiltak er Wild Xs ungdomsprosjekt «Wild X aktivitetsprogram» med opplæring og tilbod om turar knytte til jakt, fiske og anna friluftsliv, Friluftsrådenes Landsforbunds prosjekt «Friluftsrådenes friluftstiltak for innvandrere», Norsk Friluftslivs prosjekt «Integrering gjennom friluftslivet», Den Norske Turistforenings prosjekt «Nøkkelen til inkludering», Raudekrossens prosjekt «Til topps lokalt» og Skiforeningens tiltak «Friluftsglede for alle».

Driftsstøtte til friluftslivsorganisasjonar

Ordninga har ei ramme på 39 mill. kroner.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å styrkje interessa for deltaking i friluftsliv i allmenta gjennom det arbeidet som skjer i dei store friluftslivsorganisasjonane og deira lokale lag og foreiningar.

Friluftsrådenes Landsforbund (FL) er paraplyorganisasjonen for dei interkommunale friluftsråda. (Det er 29 interkommunale friluftsråd, og 28 er tilslutta FL.) Det er sett av 16,9 mill. kroner i administrasjonsstøtte til FL og dei interkommunale friluftsråda. Det er eit mål at flest mogleg kommunar er med i eit interkommunalt friluftsråd.

Norsk Friluftsliv er paraplyorganisasjon for 17 friluftslivsorganisasjonar med til saman over 950 000 medlemmer. Det er sett av 5,57 mill. kroner i administrasjonsstøtte til Norsk Friluftsliv.

FL, Norsk Friluftsliv og Samarbeidsrådet for naturvern (SRN) har etablert fylkesvise samarbeidsnettverk for natur og friluftsliv (FNF – Forum for natur og friluftsliv). Til FNF er det sett av 13,5 mill. kroner i administrasjonsstøtte.

Organisasjonen Wild X tilbyr friluftslivsaktivitetar med personar med innvandrarbakgrunn i alderen 12–25 år som hovudmålgruppe. Det er sett av 1,5 mill. kroner i administrasjonsstøtte til Wild X.

Tjukkasgjengen driv med lågterskeltilbod innanfor friluftsliv og fysisk aktivitet, og hovudmålgruppa er personar som er lite fysisk aktive. Det er sett av 1,5 mill. kroner i administrasjonsstøtte til Tjukkasgjengen.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområdet Friluftsliv.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar blir følgde opp med tanke på at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakarar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar og gjennom eit årleg kontaktmøte med kvar organisasjon.

Rapportering om bruk av tilskotsmidlar skjer i årlege kontaktmøte med FL, friluftsråd som ikkje er knytte til FL, Norsk Friluftsliv, FNF, Wild X og Tjukkasgjengen.

Rapport 2019

Totalt blei det tildelt 15,55 mill. kroner til FL og interkommunale friluftsråd i 2019. Midlane er nytta til drift, til å styrkje arbeidet i FL og til å utvide FLs engasjement geografisk. Det er stor interesse for interkommunalt samarbeid om friluftsråd, og i 2019 var det 29 interkommunale friluftsråd med over 260 medlemskommunar. Friluftsråda femner slik vel 75 pst. av befolkninga i heile landet.

Det blei i 2019 inngått avtale med grunneigarar om 19 km med nye turstiar, skiløyper og turvegar, og friluftsråda har saman med medlemskommunane arbeidd med å sikre 17 nye friluftsområde. Det er tilrettelagt 92 km med nye turstiar, og friluftsråda har vore pådrivarar og koordinatorar i arbeid med å skilte og merkje ytterlegare 1 355 km.

Friluftsråda har hatt opne turar med 25 000 deltakarar, tiltak for barn og ungdom med 19 300 deltakarar og tiltak for personar med minoritetsbakgrunn med 11 000 deltakarar. I tillegg har over 150 000 personar vore med på turar der friluftsråda har vore medarrangørar. Friluftsråda har framleis stor innsats retta mot friluftsliv og bruk av naturen i læringsarbeidet i barnehage og skule, og engasjerer seg i arbeidet med å ta vare på arealgrunnlaget for friluftsliv gjennom verdikartlegging av friluftsområde, gjennom deltaking i fylkesvise Forum for natur og friluftsliv og gjennom fråsegner i ulike arealsaker.

Friluftsråda forvaltar 579 offentleg eigde friluftsområde med omfattande oppgåver knytte til mellom anna skjøtsel, vask av toalett og bosshandtering, og forvaltar over 2 650 km turstiar, 159 km turvegar og 338 km skiløyper.

Norsk Friluftsliv blei tildelt 5,07 mill. kroner i administrasjonsstøtte. Norsk Friluftsliv får dessutan aktivitets- og prosjektmidlar frå Miljødirektoratet for vidare tildeling til sentralledda i Norsk Friluftslivs medlemsorganisasjonar. Arbeidet omfattar i stor grad påverknads- og informasjonsarbeid overfor offentlege styresmakter og andre organisasjonar med sikte på å skape best mogleg vilkår for friluftslivet.

Forum for natur og friluftsliv (FNF) blei i 2019 tildelt 12 mill. kroner i administrasjonsstøtte via sekretariatet med sentral leiing av organisasjonen. Arbeidsgivaransvaret er plassert sentralt for alle tilsette. Alle fylke har ein eigen FNF-koordinator, og litt over halvparten av fylka har koordinatorar i 80–100 pst. stilling. FNF-koordinatorane gjer eit stort og viktig arbeid for natur- og friluftsinteressene i dei enkelte fylka.

Wild X fekk i 2019 utbetalt 1,5 mill. kroner i driftsstøtte. Organisasjonen er under stadig utvikling, mellom anna med oppretting av lokallag i fleire fylke.

Tjukkasgjengen fekk i 2019 utbetalt 1,5 mill. kroner i driftsstøtte. Organisasjonen arbeider særleg med å støtte lokale «Chapter».

Tiltak i statleg sikra friluftslivsområde

Ordninga har ei ramme på 32 mill. kroner.

Mål

Målet med ordninga er å medverke til naturvennleg fysisk tilrettelegging og skjøtsel i statleg sikra friluftslivsområde og i område verna som friluftsområde etter markalova, slik at områda blir tilgjengelege og attraktive.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområdet Friluftsliv.

Måloppnåinga blir òg vurdert ut frå oppnådde resultat i kommunane med opparbeiding og skjøtsel av statleg sikra friluftsområde.

Tildelingskriterium

Det blir tildelt tilskot til tilrettelegging som har eitt eller fleire av følgjande mål:

  • Minske dei fysiske hindringane for friluftsliv og leggje til rette for auka friluftslivsaktivitet for alle

  • ta vare på opplevingskvalitetane i området og leggje til rette for gode naturopplevingar

  • hindre at friluftsliv fører til unødige naturinngrep, slitasje og forstyrring av plante- og dyrelivet, kulturminne og kulturmiljø.

Tilskot kan berre bli gitt der tiltaket inngår i ein gjeldande og godkjend forvaltningsplan knytt til tilrettelegging av statleg sikra friluftslivsområde. For område verna som friluftslivsområde etter markalova er det eit vilkår at tiltaka er i tråd med verneforskrift og eventuell forvaltningsplan for området.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar blir følgde opp med tanke på at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakarar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll i fylkeskommunane av innsende rapportar.

Rapport 2019

Budsjettet for 2019 var 34 mill. kroner, som blei tildelt fylkeskommunane for vidare tildeling til kommunar og interkommunale friluftsråd. Fordelinga blei utført på grunnlag av omfanget av statleg sikra friluftslivsområde og om det låg føre forvaltningsplanar for friluftslivsområda som dokumenterte behov for tiltaksmidlar. I gjennomsnitt blei fylka i 2019 tildelte 1,89 mill. kroner. Eit fylke blei tildelt 5,5 mill. kroner, mens det fylket som fekk minst, blei tildelt 95 000 kroner. I alt fekk 7 fylke tildelt meir enn 2 mill. kroner.

Totalt fekk fylkeskommunane 273 søknader frå kommunar og interkommunale friluftsråd, og totalt søknadsbeløp var 90,5 mill. kroner. Tiltaka var kostnadsberekna til totalt 167 mill. kroner, noko som viser at mange søkjarar medverkar sjølve med eigne midlar og dugnadsinnsats. Det blei i 2019 gitt statleg støtte til 193 tiltak. Ein stor del av tiltaka omfatta universell tilrettelegging slik at fleire grupper av befolkninga får høve til å nytte områda. Dei fleste tilretteleggingstiltaka stimulerer til aktivitet, til dømes etablering og merking av turvegar og stiar.

Døme på tiltak som fekk statleg støtte i Viken i 2019 er oppgraderingar i Sandvika friluftslivsområde i Sarpsborg kommune, nytt servicebygg på Høvikvollen i Røyken kommune, tilskot til Oslofjordens Friluftsråd til Storesand Friluftshus i Hvaler kommune, støtte til tiltak i Torva friluftslivsområde i Rælingen kommune, støtte til tiltak på Årnesstranda i Eidsvoll kommune og støtte til tiltak på Gamle Drammensbanen friluftslivsområde i Lier kommune. I Oslo fekk Bymiljøetaten støtte til informasjons- og skjøtselstiltak i tre ulike friluftslivsområde. I Innlandet fekk Ringsaker kommune midlar til Mjøsparken friluftslivsområde, og Søndre Land kommune fekk støtte til miniklatrepark i Vassendlandet. I Vestfold og Telemark fylke fekk Tønsberg kommune midlar til fleire tiltak på Ringshaugstranda, Larvik kommune fekk tilskot til toalett på Framnesodden ved Farrisvatnet og ymse tiltak på Vestre Rakke, Drangedal kommune fekk midlar til ymse tiltak i Smibekkhavna friluftslivsområde og Kragerø kommune fekk midlar til å rehabilitere Tårnbrygga på Jomfruland. I Aust- og Vest-Agder fekk Slåttholmen i Lillesand støtte til tilrettelegging og skjøtsel, Tvedestrand kommune fekk midlar til Furøya/Hestøya friluftslivsområde, Vegårdshei kommune fekk midlar til bade- og fiskeplass i Vaskarplassen friluftslivsområde, Kristiansand kommune fekk tilskot til ymse tiltak i friluftslivsområda på Flekkerøya og Odderøya, og Farsund kommune fekk midlar til kystleihytte med rasteplass i Varnes friluftslivsområde. I Rogaland fekk Jæren Friluftsråd midlar til ombygging av toalett på Vistestranden, Solastranden og Brekko, og Strand kommune fekk midlar til tiltak på Jørpelandsholmen. I Vestland fylke fekk Bergen og Omland Friluftsråd støtte til fleire formål, mellom anna ymse tiltak i Helleneset friluftslivsområde og skjøtselstiltak i fleire område, Friluftsrådet Vest fekk midlar til parkeringsplassar i Melderskin og Siggjo friluftslivsområde og Høyanger kommune fekk midlar til ymse tiltak i Austreimsneset friluftslivsområde. I Møre og Romsdal fekk mellom anna Sunnmøre friluftsråd midlar til ny gapahuk i Helsemvika friluftslivsområde og Ørsta kommune fekk tilskot til nytt toalettbygg i Vekslet friluftslivsområde. I Trøndelag fekk Klæbu kommune midlar til toalett i Svean Friluftspark, og Malvik kommune fekk støtte til lyssetjingstiltak i Midtsandtangen friluftsområde. Nordland fylkeskommune løyvde midlar til tiltak i Stia friluftslivsområde i Meløy kommune også i 2019, og til Vega kommune til fleire tiltak i Sundsvollstranda friluftslivsområde. I Troms og Finnmark fylke fekk Midt-Troms friluftsråd støtte til tiltak i Sørvika friluftslivsområde, Ishavskysten Friluftsråd fekk støtte til grillhytte i Skrivarholmen friluftslivsområde og Alta kommune fekk tilskot til tiltak i Lathari friluftslivsområde.

Skjærgårdstjenesten

Ordninga har ei ramme på 35,5 mill. kroner.

Mål

Ordninga gir statlege budsjettmidlar til drift av Skjærgårdstjenesten, inkludert kjøp og større reparasjonar av båtar knytte til tenesta og Skjærgårdstjenestens arbeid med tiltak mot marin forsøpling.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområdet Friluftsliv.

Måloppnåinga blir òg vurdert mellom anna ut frå talet på friluftslivsområde som er drifta i dei enkelte driftsområda, kor mange dagsverk dei enkelte driftsområda har brukt til fjerning av marin forsøpling, og kor mange dagar dei enkelte driftsområda har brukt til hjelp til Statens naturoppsyn.

Tildelingskriterium

Fordelinga til dei ulike driftsområda i 2021 står i tabellen under. Midlane blir fordelte til fylkeskommunane.

Miljødirektoratet kan i samband med overføring konkretisere vilkår og føresetnader knytte til dei statlege driftstilskota.

Tabell 7.3 Fordeling til driftsområde i skjærgårdstjenesten

Driftsområde som midlane blir fordelt til

(i 1 000 kr)

Ytre Oslofjord Øst (Viken fylkeskommune)

3 035

Indre Oslofjord (Viken fylkeskommune)

3 135

Ytre Oslofjord Vest (Vestfold og Telemark fylkeskommune)

3 275

Telemark (Vestfold og Telemark fylkeskommune)

3 325

Aust-Agder (Agder fylkeskommune)

3 205

Vest-Agder (Agder fylkeskommune)

4 095

Vestkystparken (Vestland fylkeskommune)

4 280

Møre og Romsdal (Møre og Romsdal fylkeskommune)

1 350

Sum

25 700

I 2017 blei det øyremerkt 5 mill. kroner i driftsmidlar til utviding av Skjærgårdstjenesten med nye einingar nord for dagens verkeområde. I 2018 blei det oppretta eit nytt driftsområde i Møre og Romsdal. Det vil hausten 2020 truleg bli etablert ei ny eining av Skjærgårdstjenesten i Sogn og Fjordane. Den eininga vil i 2021 få midlar til drift fordelt direkte frå Miljødirektoratet. Frå 2022 tek ein sikte på at tildelinga til dette driftsområdet inngår i ordinær tildeling til driftsområda. Det er ingen konkrete planar om etablering av andre nye einingar, og departementet vil derfor bruke resterande midlar på posten til å styrkje eksisterande driftseiningar.

Vidare er 5 mill. kroner av løyvinga øyremerkt til arbeidet med fjerning av marint søppel. Midlane til dette blir fordelte til dei einingane i Skjærgårdstjenesten som søkjer om å få øyremerkte midlar til fjerning av marint søppel. Tildelinga blir samordna med dei ordinære tilskotsmidlane til tiltak mot marin forsøpling.

Andre midlar på posten er øyremerkte til båtinvesteringar og opplæring.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar blir følgde opp for å sikre at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakarar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar sende til fylkeskommunane.

Rapportering om bruk av tilskotsmidlar blir òg tekne opp i møte mellom Miljødirektoratet/fylkeskommunen og Skjærgårdstjenesten i dei tre regionområda, og det skal rapporterast i samband med søknader om tilskot kommande år.

Rapport 2019

Skjærgårdstjenesten fekk i 2019 gode resultat i alle driftseiningar. Det blei ikkje teke i bruk nye arbeidsbåtar i 2019. Som ei oppfølging av evalueringa av Skjærgårdstjenesten blei det i 2019 gjennomført ytterlegare tiltak for å utvikle tenesta vidare. Mellom anna er det gjennomført fleire tiltak på kompetansesida, tiltak for oppfølging av nye forskrifter for bygging av mindre lasteskip, tiltak for å styrkje styrings- og rapporteringsrutinane og opplæring av fylkeskommunane for at dei skal kunne overta dei regionale styringsoppgåvene frå fylkesmannen.

Andre friluftslivstilskot

Det er sett av 6 mill. kroner til Miljødirektoratets ferdselsåreprosjekt, som har som mål å fremje planlegging, opparbeiding, skilting og merking av samanhengande nettverk av ferdselsårer for friluftsliv i kommunane. Ei prioritert oppgåve i 2021 vil vere å medverke til at kommunane utarbeider ein plan for friluftslivets ferdselsårer.

Det er sett av 1,2 mill. kroner til Norsk Friluftslivs prosjekt «Integrering gjennom friluftsliv». Midlane skal gå til lønn, administrative utgifter og tiltak.

Det er sett av 1,2 mill. kroner til prosjektet «Friluftsliv for personar med funksjonsnedsetting» i regi av Den Norske Turistforening. Midlane skal gå til lønn, administrative utgifter og tiltak.

Det er sett av 2 mill. kroner til Den Norske Turistforening, øyremerkt drift og vidareutvikling av den digitale turplanleggjaren UT.no.

Det er sett av 5 mill. kroner til utvikling av blågrøn infrastruktur i områdesatsingane i Oslo. Dette omfattar Groruddalssatsinga, områdesatsing i Oslo sør og områdesatsing i Oslo indre aust. Områdesatsingane er eit samarbeid mellom Oslo kommune og staten.

Det er sett av 1,0 mill. kroner til Skiforeningens prosjekt «Norske skispor», som formidlar kompetanse nasjonalt til alle aktuelle aktørar innanfor etablering av skiløyper, med vekt på etablering av skispor under krevjande snøforhold, til dømes lite snø. Midlane skal gå til lønn, administrative utgifter og tiltak.

Det er sett av 2,2 mill. kroner til Norsk Friluftslivs prosjekt med mål om å fremje friluftsliv i skulen. Prosjektet omfattar mellom anna drift og vidareutvikling av Forum for friluftsliv i skolen. 1,0 mill. kroner av løyvinga er øyremerkt oppfølging av det igangsette prosjektet med mål om å vidareutvikle eit utval eksisterande, vellykka satsingar innanfor natur og friluftsliv retta mot barn og unge i pedagogiske institusjonar som barnehage, skulefritidsordning og skule. Midlane skal gå til lønn, administrative utgifter og tiltak.

Det er sett av 1,17 mill. kroner til Den Norske Turistforening for å drifte og vidareutvikle prosjektet «Historiske vandreruter». «Historiske vandreruter» har som mål å auke bruken av gamle ferdselsruter med kulturhistoriske og friluftslivsmessige kvalitetar. Midlane skal gå til lønn, administrative utgifter og tiltak.

Under kap. 1400 post 76 er det omtale av Friluftsrådenes Landsforbunds prosjekt om vidareutvikling av aktivitetstiltak innanfor friluftsliv for barn og unge i ferie og fritid.

Rapport 2019

Godt tilgjenge til attraktive friluftslivsområde føreset at kommunane har kjennskap til kvar dei viktigaste friluftslivsområda er. Prosjektet kartlegging og verdsetjing av friluftslivsområde blei avslutta i 2019, og har medverka til slik kunnskap. Alle fylke har vore involverte i arbeidet. Då prosjektet blei avslutta hadde 380 kommunar vore involverte i arbeidet. 265 kommunar er ferdige med kartlegginga, og ein kan finne resultata i Miljødirektoratets Naturbase. 115 kommunar var godt i gang med kartlegginga, og dei vil bli følgde opp av fylkeskommunane.

Miljødirektoratet starta i 2019 eit ferdselsåreprosjekt. Prosjektet har som mål å fremje planlegging, opparbeiding, skilting og merking av samanhengande nettverk av ferdselsårer for friluftsliv i kommunane. I 2019 blei det fordelt 4 mill. kroner i tilskot til dei fylkeskommunane som har ei sentral rolle i prosjektet. Fylkeskommunane etablerer regionale prosjekt for å stimulere kommunane til å utarbeide planar for friluftslivets ferdselsårer. Planen skal utarbeidast etter Miljødirektoratets rettleiar M-1292 frå 2019, «Plan for friluftslivets ferdselsårer». I 2019 starta 83 kommunar arbeidet med å lage eigne planar. 38 kommunar har gjennomført kartlegging og registrering av eksisterande ferdselsårer i sin kommune.

Miljødirektoratet har delteke på møte i programstyret for nærmiljø i Groruddalssatsinga og har utbetalt prosjektmidlane for dette prosjektet til Oslo kommune. Det er rapportert for tildelte midlar gjennom den samla rapporteringa for programstyret sitt arbeid.

Post 79 Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 69

Utgiftene på posten må sjåast i samanheng med midlar til same formål under postane 39 og 69. Midlane er retta mot resultatområdet Forureining. I dei fleste områda som får støtte, stammar forureininga frå langt tilbake i tid, og det er vanskeleg å finne den ansvarlege forureinaren. Føreslått løyving er på om lag 0,5 mill. kroner på posten for 2021. Midlane som staten løyver over dei tre postane 39, 69 og 79, er derfor nødvendige for at oppryddinga av forureiningane skal bli gjennomført.

Mål

Posten skal nyttast til å dekkje utgifter som kommunale og interkommunale selskap/verksemder, private verksemder og privatpersonar har til å undersøkje og gjennomføre oppryddingstiltak i grunnen på land og i botnen i sjø og vatn som er forureina med helse- og miljøskadelege stoff.

Kriterium for måloppnåing

Både for forureina sjøbotn og for forureina grunn er bruk av midlane knytt opp mot det nasjonale målet «Forureining skal ikkje skade helse og miljø» og målet «Utslepp av helse- og miljøfarlege stoff skal stansast».

Tildelingskriterium

Posten skal nyttast til delfinansiering av oppryddingsprosjekt. Prinsippet om at forureinaren betaler, ligg til grunn ved vurdering av om det skal givast tilskot. Sjå òg omtale under kap. 1420 postane 39 og 69.

Oppfølging og kontroll

Kontroll av bruk av midlar skjer mellom anna gjennom dokumentasjon av framdrift og sluttrapport innsend av tilskotsmottakaren.

Rapport 2019

Det blir her rapportert samla for oppryddingsarbeidet finansiert frå postane 39, 69 og 79.

Arbeidet med opprydding i forureina sjøbotn går framover. Fram til no er undersøkingar gjennomførte i dei fleste av dei prioriterte områda, og i fleire av områda har dei viktigaste oppryddingstiltaka starta eller blitt gjennomførte. Av dei viktigaste gjennomførte tiltaka i 2019 var ferdigstilling av arbeidet med å rydde opp sjøbotnen i Flekkefjord i Lister og Pollen og Kittelsbukt i Arendal. Arbeidet held òg fram for opprydding i forureina grunn der det trengst, mellom anna arbeid i samband med tilreiingsverket til nedlagde Killingdal gruve i Trondheim og forbetringar på grunnforureiningsdatabasen. I tillegg blei det i 2019 gjennomført tiltak for å rydde opp forureining av glasopor etter flaum hausten 2018 i Ottavassdraget.

Post 81 Naturarv og kulturlandskap, kan overførast, kan nyttast under post 21

Midlane under posten er retta mot resultatområda Naturmangfald og Friluftsliv.

Desse sju ordningane får tilskot frå posten: Forvaltningstiltak i verdsarvområde (11,8 mill. kroner), tiltak i utvalde kulturlandskap i jordbruket (22,5 mill. kroner), tiltak i kulturlandskapsområde registrert som verdifulle kulturlandskap (1,1 mill. kroner), tiltak for ville pollinerande insekt (3,1 mill. kroner), verdiskaping basert på naturarven (8,7 mill. kroner), villreinfjella som verdiskapar (8,3 mill. kroner) og nasjonale turiststiar (12,4 mill. kroner).

Posten er samla sett auka med om lag 1,6 mill. kroner. Føreslått løyving er på om lag 68 mill. kroner på posten for 2021.

Forvaltningstiltak i verdsarvområde

Mål

Målet med tilskot til forvaltningstiltak i norske verdsarvområde med viktige naturverdiar er å sikre at kvalitetane som låg til grunn for innskriving av områda på Unescos liste, blir bevart og overført til kommande generasjonar.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåing blir vurdert ut frå om forvaltninga er i tråd med kriteria for tildeling av verdsarvstatus og forvaltningsplanane for områda.

Tildelingskriterium

Dei aktuelle verdsarvområda er Vegaøyan, som blei innskrive på Unescos i verdsarvliste i 2004, og Vestnorsk fjordlandskap med Geirangerfjorden og Nærøyfjorden, som blei ført på lista i 2005. Mottakarar er stiftingane Vegaøyan Verdsarv, Geirangerfjorden Verdsarv og Nærøyfjorden Verdsarvpark. Posten dekkjer òg tilskot til Foreininga Noregs verdsarv til gjennomføring av arrangementet Verdsarvforum.

Midlane må sjåast i samanheng med midlar til verdsarvområda i Noreg under kap. 1429 post 79 Tilskot til verdsarven.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at mottakarane av tilskot blir følgde opp av Miljødirektoratet for å sjå til at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakarar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2019

Oppfølging av norske verdsarvområde med naturverdiar er organisert gjennom ideelle stiftingar på staden som blir tildelt tilskot til drift og gjennomføring av forvaltningstiltak innanfor rammer sette i forvaltningsplanar og retningslinjer for oppfølging av verdsarvkonvensjonen. Midlane har i 2019 medverka til gjennomføring av tiltak og satsingar på ulike tema for verdsarvforvaltning i verdsarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap. Desse omfattar mellom anna forvaltningsplanlegging, strategiarbeid, nettverksbygging, lokal involvering og organisering av samarbeid. Det er lagt vekt på samarbeid og medfinansiering med andre aktørar i gjennomføringa av tiltak. Forpliktingane knytte til formidling og informasjon om kultur- og naturverdiar er tekne hand om og utvikla vidare gjennom tiltak retta mot barn, unge og besøkande. Initiativ med målsetjing om å utvikle betre besøkshandtering og redusert forureining er førte vidare.

Tiltak i utvalde kulturlandskap i jordbruket

Ordninga omfattar midlar til oppfølging av den frivillige ordninga utvalde kulturlandskap i jordbruket. Dette er ei felles satsing mellom landbruks- og miljøstyresmaktene frå 2009. Talet på område i ordninga har auka i takt med auka budsjett, og omfatta i starten av 2020 46 kulturlandskap fordelt over heile Noreg. Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet skal hausten 2020 levere ein plan for 2020–2025 der behovet for å styrke innlemma område og eventuell innlemme fleire kulturlandskap i ordninga blir vurdert.

Mål

Målet med tilskotet er å sikre ei berekraftig forvaltning av norske kulturlandskap som inngår i den frivillige ordninga utvalde kulturlandskap i jordbruket.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåing blir vurdert ut frå om forvaltninga er i tråd med kriteria for utpeiking av utvalde kulturlandskap i jordbruket.

Tildelingskriterium

Eit nasjonalt sekretariat leidd av Landbruksdirektoratet, saman med Miljødirektoratet og Riksantikvaren, følgjer forvaltninga av områda i samarbeid med fylka. Ny forskrift om tilskot i utvalde kulturlandskap i jordbruket og verdsarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap gjeld frå 1. januar 2020. Kommunane har no ansvaret for administrasjon, tilskotsforvaltning og prioritering av tiltak i samråd med områdeutval i dei enkelte områda. Midlane blir tildelte med grunnlag i godkjende forvaltningsplanar. Landbruks- og miljøvernavdelingane hos fylkesmennene vil, i samarbeid med regional kulturminneforvaltning, framleis vere sentrale faglege rådgivarar for ordninga. Landbruksavdelingane koordinerer framleis fylkesvise budsjettinnspel og rapportering på ordninga til nasjonale styresmakter.

Oppfølging og kontroll

Innanfor forvaltningssystemet for tilskot (Agros) har Landbruksdirektoratet i 2020 utvikla ei ny løysing for søknadsbehandling og rapportering knytt til ordninga for utvalde kulturlandskap i jordbruket. Kommunane behandlar søknader og tildeler midlar, mens fylkesmannen har ansvaret for kontroll og rapporterer til nasjonale styresmakter. Kontrollen av tilskotsmottakarar skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Fylkesvis rapportering dannar grunnlaget for årleg rapport for ordninga frå dei tre samarbeidande direktorata til Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet.

Rapport 2019

I 2019 var dei samla løyvingane til arbeidet med utvalde kulturlandskap på 32,8 mill. kroner (11 mill. kroner gjennom jordbruksoppgjeret og 21,8 mill. kroner over budsjettet til Klima- og miljødepartementet).

Midlane til utvalde kulturlandskap blir fordelte på tiltak innanfor planlegging og prosess, skjøtsel og andre typar tiltak for å ta vare på kulturminne, naturmangfald og landskapsverdiar, overvaking og dokumentasjon, formidling, tilrettelegging og tiltak som held oppe landbruksdrift i områda (næringsutvikling, seterdrift m.m.). I 2019 gjekk 2 pst. av midlane til kulturminnetiltak, 20 pst. til landskapsskjøtsel, 11 pst. til målretta tiltak for å ta vare på naturmangfald og 20 pst. til næringsutviklingstiltak. Særskild årsrapport for ordninga utarbeidd av Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Riksantikvaren gir nærmare oversikt over fordeling av midlane på ulike formål, og informasjon om viktige utviklingstrekk i områda.

Tiltak i kulturlandskapsområde registrerte som verdifulle kulturlandskap

Mål

Målet med ordninga er å sikre berekraftig forvaltning av norske kulturlandskap som inngår i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåing blir vurdert ut frå om tiltaka sikrar naturmangfaldet i kulturlandskapsområde med store naturverdiar.

Tildelingskriterium

Det er utvikla eit eige sett med kriterium for tildeling med ei liste over prioriterte område som kan søkje om tilskot. Blant søknader som gjeld tilskot til tiltak i kulturlandskapsområde registrert som verdifulle kulturlandskap, vil dei som er forankra i ein skjøtsels- eller tiltaksplan bli prioriterte.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane blir følgde opp med tanke på at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakarar skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2019

Det blei innvilga 34 søknader i 2019, hovudsakleg til tiltak for å hindre attgroing, gjennomføre skjøtsel i biologisk viktige areal og gjennomføre andre tiltak for å ta vare på naturverdiar knytte til verdifulle kulturlandskap.

Tiltak for ville pollinerande insekt

Mål

Målet med ordninga er å medverke til å sikre eller betre leveområda for ville pollinerande insekt.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåing blir vurdert ut frå om tiltaka sikrar gode leveområde for ville pollinerande insekt.

Tildelingskriterium

Søknader som gjeld areal med førekomst av mange artar eller artar på raudlista, vil bli prioriterte.

Oppfølging og kontroll

Mottakarane av tilskot blir følgde opp med tanke på at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2019

Om lag 2,5 mill. kroner blei fordelt gjennom fylkesmennene til skjøtsels-, restaurerings- og tilretteleggingstiltak i felt for å betre kvaliteten på leveområde for pollinerande insekt, og til regionale kunnskaps- og informasjonstiltak. Om lag 0,5 mill. kroner blei tildelt to nasjonale kunnskapsformidlingstiltak: Fagleg rådgivingsteneste ved etablering og skjøtsel av blomsterrike areal (NIBIO) og kunnskapsformidling om humler og ville bier tilrettelagd for skulen (NTNU Vitskapsmuseet).

Verdiskaping naturarv

Mål

Målet med ordninga er å medverke til at verneverdiane i verneområda og andre verdifulle naturområde blir del av ei brei verdiskaping som har ein langsiktig positiv effekt på natur, lokalsamfunn og næringsutvikling.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå om tilskotet stimulerer til at verneområda og andre verdifulle naturområde blir del av ei brei verdiskaping der natur, lokalsamfunn og næringsutvikling har ein langsiktig positiv effekt av tiltaka.

Tildelingskriterium

Kommunar, regionråd, frivillige organisasjonar, verksemder, grunneigarar, naturinformasjonssenter, tilsynsutval og verneområdestyrer kan få tilskot til tiltak for å kanalisere ferdsel, tiltak for å utvikle besøksforvaltning av nasjonalparkar, naturfagleg kompetanseheving i reiselivsverksemder, tiltak for å betre samarbeidet mellom naturforvaltning, næring og lokalsamfunn, og ulike typar av informasjon og leiing av prosjekt som fell inn under desse tiltaka.

Tilskot kan også bli gitt til implementering av merkevare- og kommunikasjonsstrategien for nasjonalparkar i regi av nasjonalparkkommunar godkjende etter nye kriterium, nasjonalparklandsbyar og nasjonalparksenter. Det er krav om minst 50 pst. eigeninnsats (økonomiske midlar eller arbeidsinnsats).

Tilskot på 0,5 mill. kroner til foreininga Norges nasjonalparkkommuner er flytta frå posten til kap. 1400 post 76. Regionalparkane ved foreininga Norske parkar blir tildelt 5 mill. kroner. Midlane skal gå til drift og utvikling av organisasjonen.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer hovudsakleg i form av fortløpande kontakt mellom Miljødirektoratet og prosjekta som får tilskot. Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar og av revisorstadfesta årsrekneskap.

Rapport 2019

Det kom inn 47 søknader i 2019. 28 av søknadene blei tildelte midlar. Det blei gitt tilskot til ulike typar av informasjons- og formidlingstiltak og tilrettelegging av turstiar, utkikkspunkt og andre attraksjonar for å fremje naturopplevingar og auke verdiskapinga i nasjonalparkkommunar og -landsbyar og andre område. Desse fekk tilskot i 2019: Færder kommune, Joma Næringspark A/S, Bjåen fjellstove, Nærøyfjorden Verdsarvpark, Lierne kommune, føretaket Audun Heier, Hardanger breføring, Rørvik kommune, Lierne nasjonalparksenter IKS, Engerdal kommune, Hol kommune, Munketrappenes venner, Målselv kommune, Stiftelsen Nordland nasjonalparksenter, foreininga Norges nasjonalparkkommuner, Magma Geopark A/S, nasjonalparklandsbyane Jondal, Lom, Storslett og Vingelen, Friluftsrådet for Lindesnesregionen, Lindesnes Havhotell, Åmli kommune, Lister friluftsråd og Vardø kommune.

Villreinfjellet som verdiskapar

Mål

Målet er å stimulere til brei verdiskaping knytt til dei ti nasjonale villreinområda, særleg retta inn mot ulike delar av reiselivet. Ordninga skal medverke til god gjennomføring av dei regionale planane for villreinområda og til å utvikle og spreie kunnskap om villreinen og villreinfjellet til ulike målgrupper.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå om tilskotet stimulerer til at dei nasjonale villreinområda blir del av ei brei verdiskaping der villrein, lokalsamfunn og næringsutvikling har ein langsiktig positiv effekt av tiltaka.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli tildelte til prosjekt i samsvar med den fastsette programplanen. Prosjekta skal omfatte fleire ulike tiltak og må vere knytte til eit geografisk område eller eit tema innanfor dei kommunane som er omfatta av dei nasjonale villreinområda. Det er utvikla eit eige sett med søknadskriterium der det mellom anna blir lagt vekt på god samanheng med handlingsprogramma knytte til dei regionale planane. Det blir òg lagt vekt på at prosjekta skal ha geografisk spreiing og dekkje ulike tema og problemstillingar knytte til dei ulike nasjonale villreinområda. Prosjekta skal femne både miljøvis, sosial, kulturell og økonomisk verdiskaping. Det er krav om minst 50 pst. eigeninnsats i form av arbeid eller andre økonomiske midlar.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer hovudsakeleg i form av jamleg kontakt mellom Miljødirektoratet og dei prosjekta som får tilskot, og ved at fylkesmannen deltek i dei styrande organa for prosjekta. Kontroll skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar og av revisorstadfesta årsrekneskapar. Norsk villreinsenter har ei viktig rolle i fagleg oppfølging og rådgiving for prosjekta, og arrangerer òg årlege nettverkssamlingar for alle prosjekta i samarbeid med Miljødirektoratet.

Rapport 2019

Følgjande hovudprosjekt fekk tilskot i 2019: Villreinløypa (Gudbrandsdalsmusea / Lesja kommune), Dovrefjellaksen – samarbeid om formidling (Trøndelag fylkeskommune), Forollhogna – det heile fjellet (Forollhogna nasjonalparkstyre). Det blei òg etablert eit nytt hovudprosjekt Mennesket og reinen, som byggjer på eit gjennomført forprosjekt. Vidare fekk eit mindre prosjekt om forbetring av stinettet ved Hardangervidda nasjonalparksenter tilskot. Alle prosjekta er knytte opp mot dei regionale planane for nasjonale villreinområde, og dei har ført til brei mobilisering til samarbeid mellom ulike aktørar lokalt og regionalt. Prosjekta har også ført til at det er etablert gode koplingar til arbeidet med besøksstrategiar for verneområda. Det er oppretta eigne temasider for prosjekta på nettstaden til Norsk villreinsenter, villrein.no.

Nasjonale turiststiar

Nokre av midlane under ordninga kan brukast av Miljødirektoratet under post 21, til prosjektutvikling og prosjektstyring.

Mål

Nasjonale turiststiar er definerte som område med stor opplevingsverdi og attraksjonskraft, og er eit utval av stiar og turmål som gjennom heilskapleg besøksforvaltning toler mange besøkjande utan at natur- og kulturverdiar blir forringa, og der opplevinga for dei besøkjande er viktig. Tilstrøyminga fører til stor slitasje på stiane og naturen rundt, utfordringar med søppel/avfall, behov for informasjon både før og under besøket, og utfordringar med tryggleiken til dei besøkjande. Målet for ordninga er å utvikle eit avgrensa tal nasjonale turiststiar der tryggleik, opplevingsverdiar, informasjon og naturverdiar blir tekne vare på.

Ordninga skal ikkje leggje til rette for meir utbygging og tiltak enn det som er nødvendig, og alle tiltak skal vere innanfor rammene av allemannsretten og norsk friluftslivstradisjon. Eventuelle byggje- og anleggstiltak skal vere tilpassa landskapet, ha minst mogleg omfang og ta omsyn til natur- og opplevingskvalitetane i området.

God lokal forankring av arbeidet og langsiktig planlegging gjennom heilskapleg besøksforvaltning som skal munne ut i ein besøksstrategi, er eit krav for å bli autorisert som Nasjonal turiststi. Inntil 15 nasjonale turiststiar kan autoriserast, og det er berre stiar med ekstraordinært stort besøk og der internasjonale turistar utgjer ein stor del, som kan bli autoriserte. Berre stiar der noverande situasjon og framtidige planar i nærområdet til stien tek omsyn til naturmangfald, friluftsliv, tryggleik og landskapskvalitetar, kan bli autoriserte.

Stiar som er autoriserte som Nasjonal turiststi, blir prioriterte ved tildeling av midlar frå ordninga, men å vere autorisert er ikkje eit krav for å få midlar frå ordninga. Stiar som er autoriserte vil i tillegg få eit årleg grunntilskot på 300 000 kroner, slik at desse stiane får ei føreseieleg forvaltning. Grunntilskotet blir utbetalt frå og med året etter autoriseringa og kan berre nyttast til tiltak som gir rett til midlar i tilskotsordninga. Dei autoriserte stiane kan i tillegg søkje om midlar i den ordinære søknadsprosessen.

I 2021 vil følgjande autoriserte stiar få grunntilskot:

  • Fosseråsa i Geiranger

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå om tilskotet medverkar til redusert slitasje og færre ulykker og utrykkingar frå hjelpemannskap i samband med ferdsel på stiane, og om tilskotet medverkar til å halde oppe naturverdiar og miljøverdiar på og i tilknyting til stiane. I tillegg vil det bli lagt vekt på om ordninga medverkar til brei lokal verdiskaping.

Tildelingskriterium

Destinasjonsselskap, kommunar, kommunale- eller interkommunale føretak, stiftelsar, frivillige organisasjonar og verneområdestyre kan søkje på ordninga. Søknader med breie samarbeidsrelasjonar mellom reiseliv, frivillige, kommune og forvaltning vil bli prioriterte.

Tilskot blir gitt til prosjekt som handlar om turstiar med store opplevingskvalitetar der internasjonale turistar utgjer ein stor del av dei besøkande.

Det skal liggje føre ei prosjektbeskriving for stien og området som det blir søkt om tilskot til. Prosjektbeskrivinga skal vise omfang av besøk på den aktuelle stien, gjere greie for kva som er utfordringane for det aktuelle området og innehalde ein plan der ein syner kva tiltak som kan ta hand om desse utfordringane. Kva stien har å seie for lokalt reiseliv skal òg inngå i prosjektbeskrivinga.

Alle fysiske tiltak som får tilskot skal i utgangspunktet vere opne for allmenta. Alle byggje- og anleggstiltak skal vere tilpassa landskapet og natur- og opplevingskvalitetane i området.

Tildelte midlar skal i utgangspunktet brukast til tiltak på og i tilknyting til stiane. Det kan òg bli gitt tilskot til enkelte andre tiltak, til dømes informasjonstiltak og planleggingstiltak, og forprosjekt og prosjektleiing knytt til besøksforvaltning som førebuing til å søkje om autorisasjon. Det blir ikkje gitt tilskot til drift knytt til stiområda.

Det blir berre gitt tilskot til søkjarar som medverkar med minst 50 pst. eigeninnsats (økonomiske midlar eller arbeidsinnsats som kan dokumenterast).

Prioriterte tiltak:

  • tilrettelegging og merking av sti

  • sikringsbuer og andre beredskapstiltak

  • tilrettelegging av tilkomstsoner

  • toalett/sanitæranlegg

  • søppelhandtering

  • prosjektleiing og planlegging knytt til besøksforvaltning

  • informasjonstiltak, under dette også fjellvaktteneste, stipatruljar og vertskap ved til dømes startområdet for stien

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane blir følgde opp med tanke på at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakarar skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2019

Det kom inn 23 søknader i 2019, og 16 søkarar fordelt på 7 fylke fekk tildelt midlar. Mange stiar er rusta opp med mellom anna drenering av vatn og steinlegging. Ulike sikrings- og beredskapstiltak, under dette fjellvaktordning, blei finansierte. Viktige informasjonstiltak blei gjennomført, og enkelte startpunkt blei tilrettelagde. Desse fekk tilskot i 2019: Segla på Senja, Kjerag og Preikestolen i Lysefjorden, Reinebringen i Lofoten, Oppstemten i Bergen, Dronningruta i Vesterålen, Trolltunga i Odda, Romsdalseggen i Rauma, Nigardsbreen i Luster, Skagsvola i Trysil, Fløya i Tromsø, Rødøyløva i Rødøy, Midsundtrappene i Midsund, Engabreen i Meløy, Besseggen i Vågå og Fossesien i Geiranger.

Post 82 Tilskot til truga artar og naturtypar, kan overførast

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

82.1

Tilskotordning – truga artar

16 672

16 577

13 107

82.2

Tilskotordning – truga naturtypar

28 514

28 778

29 699

Sum post 82

45 186

45 355

42 806

Posten er retta mot resultatområdet Naturmangfald. Posten er delt i to underpostar, ein for truga artar og ein for truga naturtypar. Underposten for truga artar omfattar mellom anna tilskot til prioriterte artar og dei økologiske funksjonsområde deira, og artar som er klassifiserte som truga på norsk raudliste for artar 2015. Tiltak for å bevare hubro er òg inkluderte i posten med fokus på tiltak mot elektrokusjon. Underposten for truga naturtypar omfattar tilskot til tiltak for utvalde naturtypar og naturtypar som er klassifiserte som truga på norsk raudliste for naturtypar 2018.

Posten er samla sett redusert med om lag 2,5 mill. kroner. Det er flytta 4 mill. kroner frå posten til kap. 1420 post 21 for å dekkje drift av kultiveringsanlegg for elvemusling. Føreslått løyving er på 42,8 mill. kroner på posten for 2021.

Truga artar

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til å gjennomføre tiltak for å ta vare på truga plante- og dyreartar, under dette artar som er valde ut som prioriterte artar. Ordninga inkluderer òg økologiske funksjonsområde for prioriterte artar.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå talet på tiltak knytte til truga artar. Måloppnåinga for hubro blir vurdert ut frå talet på stolpar/konstruksjonar som er sikra mot skade på hubro, og utvikling i hubrobestanden i desse områda.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli tildelte til konkrete tiltak i felt til skjøtsel og vedlikehald, biotopforbetrande tiltak, restaurering, aktiv skjøtsel eller andre typar tiltak som er nødvendige for å ta vare på eller rette opp økologiske funksjonsområde for truga og prioriterte artar, gjerding, nødvendig utstyr for å gjennomføre tiltak, informasjon retta lokalt/regionalt, kartlegging knytt til tiltak og tiltak for hindre at hubro døyr som følgje av at dei bruker straumstolpar som sitjeplass.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane blir følgde opp med tanke på at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakarar skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.

Rapport 2019

Det kom inn 253 søknader i 2019. Det blei søkt om 30 mill. kroner, og totalt tildelte Miljødirektoratet og fylkesmannen om lag 16,5 mill. kroner til slike søknader. Midlane er gitt til konkrete tiltak som til dømes skjøtsel av lokalitetar, styrking av bestandar og informasjon. Av dette er om lag 2,7 mill. kroner gitt til seks tiltak for hubro for å unngå at arten døyr som følgje av elektrokusjon. Dei ulike nettselskapa nyttar i tillegg eigne midlar på dei same strekningane.

Truga naturtypar

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til å ta vare på utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova kap. VI og truga naturtypar, jf. definisjon av truga naturtypar i norsk raudliste for naturtypar.

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåinga blir vurdert ut frå målsetjingane for å ta vare på naturtypar i dei enkelte handlingsplanane, under dette talet på lokalitetar som blir tekne vare på og talet på tiltak knytte til førekomstar av truga og utvalde naturtypar.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli tildelt til skjøtsel og vedlikehald, tilpassa bruk på areal som inngår i drifta av landbruksføretak, gjerding, kartlegging og overvaking knytt til tiltak, utarbeiding av skjøtsels- eller tiltaksplan, nødvendig utstyr til tiltak og informasjon om naturtypane.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane rapporterer korleis midlane blir nytta og om gjennomførte tiltak og resultat. Kontrollen går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar frå tilskotsmottakarar til fylkesmannen.

Rapport 2019

Det kom inn 1027 søknader i 2019, mot om lag 1050 i 2018 og 960 i 2017. Det kom inn søknader for tiltak i 22 ulike naturtypar. Talet på søknader er framleis størst innanfor naturtypane slåttemark (681 søknader), kystlynghei (147 søknader) og hole eiker (82 søknader). Om lag 910 søknader omfatta skjøtsel og vedlikehald. I tillegg kom det inn søknader om tilskot til gjerding, informasjonstiltak, kartlegging og overvaking knytt til tiltak, tilpassa drift på areal som inngår i drifta av landbruksføretak, og innkjøp av utstyr til skjøtsel.

Det blei søkt om 51,5 mill. kroner til tiltak for å ta vare på truga og utvalde naturtypar. Miljødirektoratet tildelte heile den tilgjengelege budsjettramma, om lag 28,8 mill. kroner, til fylkesmannen for vidare tildeling.

Handlingsplanar for naturtypar legg det faglege grunnlaget og dei overordna rammene for ein stor del av tiltaka som blir gjennomførte med støtte frå tilskotsordninga for truga og utvalde naturtypar. Talet på skjøtselsplanar som er utarbeidde for enkeltområde stig jamt. Det gjer òg talet på langsiktige avtaler med grunneigarar om skjøtsel. Dette er viktige verkemiddel for å motivere grunneigarar til å søkje om tilskot og drive skjøtsel. Det er flest skjøtselsplanar og avtaler for slåttemark og kystlynghei.

Post 83 Tilskot til tiltak mot framande artar, kan overførast

Føreslått løyving er på 4 mill. kroner på posten for 2021.

Mål

Tilskotsordninga skal medverke til å hindre negativ påverknad på naturmangfaldet frå framande, skadelege artar.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er om tiltaka som får støtte frå posten medverkar til at trusselen frå framande, skadelege organismar blir mindre.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli tildelt til tiltak for å nedkjempe framande, skadelege organismar, informasjonstiltak og kartlegging og overvaking knytt til konkrete tiltak.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane rapporterer korleis midlane blir nytta, og om gjennomførte tiltak og resultat. Kontrollen går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar frå tilskotsmottakar.

Rapport 2019

Posten er ny i 2020. Sjå rapport 2019 under kap. 1400 post 76 når det gjeld rapport om bruk av midlane.

Post 84 Internasjonalt samarbeid

Tilskotsordninga er primært knytt til resultatområda Naturmangfald og Forureining, men òg til Friluftsliv, Klima og Polarområda. Føreslått løyving er på 5,5 mill. kroner på posten for 2021.

Mål

Målet for tilskotsordninga er å støtte organisasjonane som er nemnde nedanfor i det internasjonale arbeidet for vern av naturmangfald og berekraftig bruk av naturressursar, og å setje Miljødirektoratet og andre delar av miljøforvaltninga i stand til å delta i det faglege internasjonale nettverket desse organisasjonane utgjer.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er om Noreg gjennom støtte til dei internasjonale organisasjonane i rimeleg grad medverkar til at dei kan utføre oppgåvene sine, og at Miljødirektoratet og anna miljøforvaltning får tilgang til arbeidet som skjer i dei.

Tildelingskriterium

Posten skal dekkje utgifter til kontingent i samband med medlemskap i relevante internasjonale organisasjonar, under dette:

  • Naturpanelet (Intergovernmental Science-Policy Platform on Biodiversity and Ecosystem Services, IPBES)

  • Federation of Nature and National Parks of Europe (EUROPARC)

  • Conseil International de la Chasse (CIC)

  • International Union for Conservation of Nature (IUCN) (Government Agency member)

  • Wetlands International (WI)

  • BirdLife International (BI)

  • Nordisk kollegium for viltforsking (NKV)

  • Den europeiske plantevernorganisasjonen (Planta Europa)

  • Den europeiske organisasjonen for bevaring av geologiarven (ProGEO)

  • Working Group on Harmonization of Regulatory Oversight in Biotechnology (WGHROB) under Biosafety-programmet til OECD

  • Konvensjon om langtransportert luftforureining (LRTAP-konvensjonen), kjerneoppgåver som ikkje blir omfatta av bidraget til EMEP-protokollen

  • Common Forum on Contaminated Land

  • The European Union Network for the Implementation and International Transaction Log (IIL)

  • Enforcement of Environmental Law (IMPEL)

  • Organization of Economic Co-operation and Development (OECD)

  • Det internasjonale ressurspanelet (The international Resource Panel)

Posten skal òg dekkje utgifter knytte til relevante oppfølgingsprosjekt i tilknyting til medlemskapen, slik som i den nordatlantiske organisasjonen for laksevern, North Atlantic Salmon Conservation Organization (NASCO) og naturpanelet (IPBES). Vidare skal posten dekkje utgifter Noreg har som følgje av plikter i grensevassdrag til Finland og Sverige. Kontingenten til NASCO er dekt over kap. 1400 post 71 Internasjonale organisasjonar.

Det skjer ei kontinuerleg vurdering av målsetjingane til organisasjonane og av tilhøvet deira til sentrale konvensjonar og avtaler, og kva nytte Miljødirektoratet har av medlemskapen.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer hovudsakleg i form av deltaking i og bidrag til møte i dei styrande organa i organisasjonane, der det blir teke avgjerder mellom anna om budsjett, kontingentar og økonomisk styring. Oppfølging av spesielle prosjekt skjer gjennom deltaking i referanse-, arbeids- eller styringsgrupper, ved kontakt med slike grupper eller ved direkte kontakt med prosjektet.

Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar og av revisorstadfesta årsrekneskapar frå organisasjonane. I tillegg deltek Miljødirektoratet på møte i styrande organ i organisasjonane der det blir teke avgjerder mellom anna om budsjett, kontingentar og økonomisk styring.

Rapport 2019

Midlane dekte i 2019 medlemskontingenten i dei internasjonale organisasjonane som er lista opp under «Tildelingskriterium» over, i tillegg til eit avgrensa tal oppfølgingsprosjekt.

Post 85 Naturinformasjonssenter, kan overførast

Midlane er i hovudsak retta mot resultatområda Naturmangfald og Friluftsliv.

Besøkssenter for natur skal formidle kunnskap av høy kvalitet om nasjonalparkar, villrein, våtmark, rovvilt, fugl og villaks til lokalbefolkninga og tilreisande. Barn og unge er spesielt prioriterte.

Posten er samla sett auka med om lag 0,4 mill. kroner. For 2020 blei det løynd 2 mill. kroner til nasjonalt villakssenter i Tana for ein eittårig styrking av Deanu institituhtta/Tanainstituttet sitt arbeid for å kartlegge og dokumentere laksefisketradisjonar i sirkumpolare område. Midlane er teke ut frå 2021. Føreslått løyving er på om lag 77,8 mill. kroner på posten for 2021.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til drift, utvikling og etablering av naturinformasjonssenter (besøkssenter for natur).

Kriterium for måloppnåing

Måloppnåing for sentera blir vurdert på bakgrunn av årlege rapportar der sentera viser at dei fyller autorisasjonskrava.

Tildelingskriterium

Autoriserte besøkssenter natur kan søkje om eit årleg grunntilskot til aktivitet knytt til administrasjon, planlegging og gjennomføring av informasjonstiltak, naturrettleiing og anna. Grunntilskotet blir for 2021 på 1,096 mill. kroner per senter. Autoriserte senter kan i tillegg søkje kompetansetilskot til oppgåver som kompetansesenter. Både autoriserte senter, andre som arbeider med naturinformasjon (til dømes museum og stiftelsar) og senter som ikkje er autoriserte, kan søkje om tilskot til utstillingar og informasjonstiltak. Senter som på grunn av covid-19 hadde stor omsetningssvikt i 2020, kan søkje om ekstramidlar for å dekkje underskot.

Naturrettleiing vil seie formidling av kunnskap om naturen og samanhengar i naturen, med det formål å styrkje innsikt, respekt, engasjement og omsorg for natur- og kulturmiljøet. Naturrettleiingstenester blir utførte av ein person, naturrettleiaren, som i hovudsak gir deltakarane direkte opplevingar ute i naturen. Mottakarar av tilskot til naturrettleiing er Norsk villreinsenter (Hjerkinn og Skinnarbu), besøkssenter for rovdyr i Flå og Namsskogan og besøkssenter Nordland, Færder og Hardangervidda (Skinnarbu), besøkssenter våtmark Ilene og musea i Akershus avdeling Fetsund lenser (Nordre Øyeren).

Tabell 7.4 Type senter

Tema for senter

(i 1 000 kr)

Besøkssenter nasjonalpark

34 014

Norsk villreinsenter

8 816

Besøkssenter våtmark

7 345

Besøkssenter rovdyr

8 362

Naturrettleiing

6 976

Det nasjonale villakssenteret

7 822

Runde Miljøsenter

3 395

Atlanterhavsparken

1 096

Sum

77 826

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer årsmelding, revidert rekneskap, budsjettforslag, plan for verksemda og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Sentera rapporterer om tal på besøkande, aktivitetar og naturrettleiing, sal av logoprodukt, resultat frå brukarundersøkingar og eventuelle evalueringar av innhald og aktivitet ved senteret, og om andre forhold som var sentrale for å få tildelt tilskotet. Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. Det blir nytta stikkprøvekontroll, mellom anna ved gjennomsyn av utstillingar og informasjonsmateriell som det er gitt støtte til.

Runde Miljøsenter, Atlanterhavsparken i Ålesund og Det nasjonale villakssenteret må rapportere om bruken av midlane på same måte som dei autoriserte sentera.

Rapport 2019

Det blei gitt grunntilskot til 15 autoriserte besøkssenter i nasjonalparkar. Det blei etter søknad gitt tilskot til fornying av utstillingar og informasjonstiltak og til opparbeiding og tilrettelegging av forvaltningsknutepunkt. Tre autoriserte besøkssenter rovdyr og seks autoriserte besøkssenter våtmark fekk òg tilskot. Det blei gitt tilskot til Stiftelsen Norsk villreinsenter, som har ei utvida rolle som informasjons- og kompetansesenter og har driftseiningar på Herkinn og Skinnarbu, under dette besøkssenter villrein på Hjerkinn. I tillegg vart det gitt etableringstilskot til besøkssenter rovdyr Østerdalen og tilskot til Stiftelsen nasjonalt villakssenter og til markering av det internasjonale villaksåret.

Desse sentera fekk tilskot i 2019: Stiftelsen Norsk villreinsenter, Stiftelsen nasjonalt villakssenter, besøkssenter rovdyr: Bardu, Flå og Namsskogan, besøkssenter nasjonalpark: Hardangervidda, Skinnarbu og Eidfjord, Øvre-Pasvik, Stabbursdalen, Reisa, Lierne, Femundsmarka, Folgefonna, Færder, Ytre Hvaler, Jotunheimen Jostedalsbreen–Oppstryn, Jotunheimen, og besøkssenter nasjonalparkane i Nordland, Norsk Tindesenter, Ånderdalen nasjonalparkstyre, Musea i Sør-Trøndelag avd. Røros, Musea i Akershus avd. Fetsund lenser, Volland Gard – Kvikne nasjonalpark, Fjordmuseet på Storsteinnes – Midt-Troms museum, Dokkadelta våtmarkssenter, besøkssenter våtmark Ilene, besøkssenter våtmark Jæren, besøkssenter våtmark Oslo, besøkssenter våtmark Lista, Trondheimsfjorden våtmarkssenter, besøkssenter våtmark Ørland, RamSalten våtmarkssenter og Runde miljøsenter.

Kap. 4420 Miljødirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Oppdrag og andre ymse inntekter

8 763

7 571

7 774

04

Gebyr, forureiningsområdet

48 012

52 045

47 002

06

Gebyr, fylkesmannsembeta sine miljøvernavdelingar

33 688

36 832

37 821

07

Gebyr, kvotesystemet

8 513

8 492

8 720

08

Gebyr, naturforvaltningsområde

52

655

673

09

Internasjonale oppdrag

49 299

45 218

46 665

Sum kap. 4420

148 327

150 813

148 655

Post 01 Oppdrag og andre ymse inntekter

På posten er det budsjettert med enkelte ulike oppdragsinntekter og leigeinntekter som direktoratet har i samband med utleige av nokre kontorlokale og konferansesenteret i Oslo. Oppdragsinntektene er hovudsakleg knytte til tenester som Statens naturoppsyn utfører for andre, mellom anna Statskog. På posten blir det òg ført ymse inntekter, frå sal av rapportar utarbeidde av Miljødirektoratet og enkelte andre produkt. Dei tilsvarande utgiftene er budsjetterte under kap. 1420 post 01 Driftsutgifter.

Kap. 1420 post 01 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Post 04 Gebyr, forureiningsområdet

I samsvar med prinsippet om at forureinaren skal betale, er det innført gebyr på ulike område innanfor forureiningsområdet.

Posten omfattar Miljødirektoratets inntekter frå følgjande ordningar:

  • gebyr frå dei som får utferda sertifikat under ei sertifiseringsordning for bedrifter og personell som handterer fluorerte klimagassar (produktforskrifta kapittel 6a). Ordninga er ein del av EØS-avtala som regulerer dei fluorerte klimagassane HFK, PFK og SF6 gjennom krav til mellom anna dokumenterte kvalifikasjonar for teknisk personell og bedrifter som utfører arbeid på utstyr med nokre av desse gassane. Den praktiske gjennomføringa av sertifiseringsordninga blir i dag utført av Isovator AS (HFK i kuldeanlegg oa.) og Incert AB (SF6 i høgspentbrytarar). EU vedtok 16. april 2014 ei revidert forordning som utvidar sertifiseringsordninga til også å gjelde personell som handterer kjølebilar/-tilhengarar og GIS-anlegg. Den reviderte forordninga er implementert i Noreg gjennom produktforskrifta kap. 6a og tredde i kraft 14. desember 2018

  • gebyr for konsesjonsbehandling og kontroll i medhald av forureiningsforskrifta

  • gebyr for tilsyn og kontroll med importørar og produsentar av kjemiske stoff og stoffblandingar, i medhald av deklareringsforskrifta

  • gebyr for deklarasjon av farleg avfall, i medhald av avfallsforskrifta. Verksemder som leverer farleg avfall, skal fylle ut eit deklarasjonsskjema med opplysningar om avfallets opphav, innhald og eigenskapar. Det er fastsett eit gebyr for denne deklarasjonen, og gebyret skal dekkje Miljødirektoratets kostnader ved drift og utvikling av systemet inkludert kjøp av tenester

  • gebyr for drift av produsentregister for elektriske og elektroniske produkt (EE-registeret) i medhald av avfallsforskrifta. EE-registeret blei i 2019 erstatta av Produsentansvar, som er det nye registeret for EE-produkt og EE-avfall. Alle som importerer og produserer elektriske og elektroniske produkt (EE-produkt) i Noreg, pliktar å vere medlem av eit godkjent returselskap. Returselskapa finansierer drifta og utviklinga av dette registeret gjennom eit gebyr som er avhengig av marknadsdelen deira

  • gebyr for eksport og import av avfall, i medhald av avfallsforskrifta. Verksemder som importerer eller eksporterer meldepliktig avfall, må innhente samtykke til dette. Gebyret er basert på Miljødirektoratets timebruk og timekostnad til behandling av søknader om eksport og import av avfall

I tillegg vil det på denne posten kunne komme inntekter frå andre ordningar, til dømes gebyr for behandling av søknader om godkjenning av biocidaktive stoff og biocidprodukt.

I høve til 2020 er posten redusert med 6,7 mill. kroner.

Tabell 7.5 Budsjettet for 2021 fordeler seg slik på dei ulike gebyrordningane:

Gebyrordning

Budsjett inntekt 2020 (tal i tusen kroner)

Sertifisering for fluorerte klimagassar

7 000

Konsesjonsbehandling etter forureiningsforskrifta

8 225

Tilsyn etter forureiningslova

9 325

Kvotetilsyn

345

Tilsyn med kjemikaliar

5 525

Deklarasjon av farleg avfall

3 400

Eksport og import av avfall

6 900

Godkjenning av biocid og biocidprodukt

3 625

Totalt kap. 4420 post 04

45 345

Kap. 1420 post 23 Driftsutgifter kan overskridast mot meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Post 06 Gebyr, miljøvernavdelingane i fylkesmannsembeta

Posten omfattar inntekter til fylkesmannen frå gebyr for arbeid med konsesjonsbehandling og tilsyn. Kap. 1420 post 23 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Post 07 Gebyr, kvotesystemet

Miljødirektoratet forvaltar klimakvoteforskrifta. Verksemder som er omfatta av kvoteplikta, må ha løyve frå Miljødirektoratet til kvotepliktige utslepp, i tillegg til eit godkjent program for utrekning og måling av utsleppa. Dei årlege utsleppsrapportane frå kvotepliktige verksemder blir kontrollerte og verifiserte av Miljødirektoratet.

I tråd med føresegnene i kap. 39 i forureiningsforskrifta skal Miljødirektoratets kostnader ved utarbeiding av løyve til kvotepliktige utslepp finansierast av gebyr.

I tråd med føresegnene i kap. 9 i klimakvoteforskrifta skal Miljødirektoratets kostnader ved godkjenning av utsleppsrapportar finansierast av gebyr. Dette er i samsvar med EUs reglar. Miljødirektoratet har òg ansvaret for å drifte det elektroniske kvoteregisteret.

Det er samla lagt inn 0,2 mill. kroner som følgje av prisjustering og avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma.

Post 08 Gebyr, naturforvaltningsområde

Inntektene på denne posten skal dekkje utgifter i samband med merkjepliktig vilt og utgifter ved kontroll av naturforvaltningsvilkår i vasskraftskonsesjonar.

Det er merkje- og registreringsplikt for dødt vilt som tilkjem Viltfondet, sjå vedlegg (artsliste) til forskrift 18. juni 2004 nr. 913 om handtering av dødt vilt. Dei som vil overta merkjepliktig vilt frå Viltfondet, skal betale eit gebyr. Gebyret blir ført vidare på same nivå som i tidlegare år, det vil seie 450 kroner. Innbetalte gebyr blir nytta til drift og vedlikehald av ein sentral database for å ta vare på informasjon om individa. Desse utgiftene blir dekte over kap. 1420 post 23.

Miljødirektoratet krev refusjon for utgifter det har knytt til kontroll av naturforvaltningsvilkår i vasskraftkonsesjonar. Gebyret er heimla i vassdragsreguleringslova § 12 punkt 19, i vassressurslova § 57–58 og i den enkelte konsesjonen.

Kap. 1420 post 23 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Post 09 Internasjonale oppdrag

Inntektene under posten kjem frå andre statsinstansar og frå internasjonale organisasjonar, og dei skal finansiere Miljødirektoratets utgifter under kap. 1420 post 23 til internasjonalt miljøsamarbeid og bistandsarbeid, til dømes institusjonsbygging i samarbeidsland.

Kap. 1420 post 23 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Kap. 1422 Miljøvennleg skipsfart

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

21

Spesielle driftsutgifter

5 388

7 706

7 912

70

Tilskot til private, kan nyttast under post 21

7 000

26 188

32 188

Sum kap. 1422

12 388

33 894

40 100

Miljøvennleg skipsfart er eit prioritert innsatsområde i klimapolitikken og i den maritime strategien til regjeringa. Bruk av meir klima- og miljøvennleg drivstoff og energieffektive skip er nøkkelfaktorar i å redusere utsleppa frå skipsfarten. Noreg er i dag leiande i utvikling og bruk av mellom anna gassdrivne skip og batteridrivne ferjer – eit fortrinn som kan utnyttast og utviklast vidare.

Regjeringa har i handlingsplanen for grøn skipsfart, identifisert fleire grep for å medverke til å redusere utsleppa frå skipsfarten. For å utløyse potensialet for utsleppsreduksjonar frå skipsfarten må både styresmaktene og næringa investere, og regjeringa vil derfor òg leggje opp til ei styrking av Sjøfartsdirektoratets kompetanse på nye klima- og miljøvennlege løysingar for skipsfarten, med mål om ein effektiv prosess for styresmaktbehandling av skip som blir bygde med ny klima- og miljøvennleg teknologi. Sjøfartsdirektoratet skal òg auke merksemda på tiltak mot marin forsøpling frå internasjonal og nasjonal skipsfart.

Sjøfartsdirektoratets rolle og oppgåver

Sjøfartsdirektoratet er underlagt Klima- og miljødepartementet i saker som gjeld forureining og vern om det marine miljøet, og utfører viktig arbeid innanfor dette området. Arbeidet omfattar mellom anna utgreiingsoppgåver, utarbeiding av forskrifter, utferding av sertifikat, flaggstatskontrollar og hamnestatskontrollar. Sjøfartsdirektoratet utfører dessutan viktige internasjonale oppgåver på miljøområdet retta mot FNs sjøfartsorganisasjon (IMO), EU, Nordsjøsamarbeidet og Det arktiske samarbeidet.

Sjøfartsdirektoratet har som ei av hovudmålsetjingane sine å medverke til at skipsfarten er ei klima- og miljøvennleg transportform. Direktoratet skal òg medverke til god sikring mot forureining ved effektivt tilsyn av norske skip og hamnestatskontroll av framande skip.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Midlane er retta mot resultatområda Naturmangfald, Forureining og Klima.

Det er lagt inn ein priskompensasjon på posten. Føreslått løyving er på om lag 7,9 mill. kroner på posten for 2021.

Posten medverkar til å dekkje lønn til fast og mellombels tilsette og driftsutgifter for Sjøfartsdirektoratet i arbeidet med ein miljøvennleg skipsfart. Reduksjonar i utslepp av SO2, NOx og klimagassar står sentralt i dette arbeidet. Vidare skal det gjennomførast tiltak for å redusere faren for utilsikta introduksjon og spreiing av framande artar i ballastvatn. Posten dekkjer òg midlar knytte til utgreiingar, informasjon, internasjonalt arbeid og formidling relatert til miljøspørsmål.

Rapport 2019

Midlane til Sjøfartsdirektoratet har mellom anna gått til nasjonalt og internasjonalt arbeid med å redusere klimagassutslepp frå skipsfarten, redusere eller hindre forureining til luft og sjø, førebyggje spreiing av framande organismar, opphogging av skip, arbeid med forvaltningsplanar for havområda og eit eige arbeid med å sjå nærare på miljøbelastninga frå cruisetrafikk i norske fjordar.

Post 70 Tilskot til private, kan nyttast under post 21

Om lag 7,2 mill. kroner er løyvd til statens del i det offentleg-private samarbeidet Grønt skipsfartsprogram. Desse skal i hovudsak brukast til å utvikle grøne løysingar for fleire fartøykategoriar. Posten blei i 2020 styrkt med 19 mill. kroner til konkrete prosjekt gjennom Grønt skipsfartsprogram som støtter opp under bruk av null- og lågutsleppsløysingar i lasteskip. I 2021 føreslår regjeringa å løyveløyve 25 mill. kroner til vidareføring av Grønt skipsfartsprogram sitt arbeid med å realisere grøn flåtefornying av lasteskip. Føreslått løyving er på om lag 32,2 mill. kroner på posten for 2021.

Rapport 2019

Midlane har vore retta inn mot å støtte arbeidet til Grønt skipsfartsprogrammet som har 55 private og 11 offentlege deltakarar frå heile den maritime verdikjeda. Programmet har initiert 26 pilotprosjekt der sju prosjekt allereie er realisert eller under bygging. Prosjekt som er satt i gang i 2019 omhandlar mellom anna om bruk av nye nullutsleppsdrivstoff som ammoniakk og biogass, og utarbeiding av neste generasjons kystbulkskip. Arbeidet i programmet rettar seg òg mot å fjerne barrierar for introduksjon av låg- og nullutsleppsløysinger i skipsfarten, og å stimulere til samarbeid i næringa for å realisere nye løysingar.

Kap. 1423 Radioaktiv forureining i det ytre miljø

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

27 589

28 518

28 772

Sum kap. 1423

27 589

28 518

28 772

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under denne posten er retta mot resultatområdet Forureining og er auka med priskompensasjon. Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) er Klima- og miljødepartementets direktorat på området radioaktiv forureining i det ytre miljø og forureiningsstyresmakt etter forureiningslova. Direktoratets fremste oppgåve er å utøve forvaltningsmynde, skaffe fram informasjon og kunnskap og gi faglege råd. Dette omfattar forvaltning og kartlegging av radioaktivt avfall og avfallsstraumar med heimel i forureiningslova. Føreslått løyving er på om lag 28,8 mill. kroner på posten for 2021.

Verksemder som er omfatta av DSAs forvaltningsmynde er mellom anna petroleumsverksemd, sjukehus og forsking, avfallsdeponi, forskingsreaktorane i Halden og på Kjeller og noko prosess- og mineralindustri.

Ved atomanlegga i Halden og på Kjeller er reaktorane no stengde. Dekommisjonering vil venteleg gå føre seg over fleire tiår og krevje stor innsats både frå operatør og frå DSA som forvaltnings- og tilsynsstyresmakt.

I 2020 skal DSA utarbeide eit forslag til ein nasjonal strategi for radioaktivt avfall og halde fram arbeidet med å identifisere potensielle utfordringar med handtering av radioaktivt avfall og å sikre tilstrekkeleg deponikapasitet. Dette er særleg knytt til handtering av avfall frå ei framtidig dekommisjonering av forskingsreaktorane, inkludert løysingar for det brukte brenselet frå reaktorane og etablering av nytt lager for radioaktivt avfall.

DSA har ansvar for å støtte og gi råd i oppfølging av departementets beredskapsansvar. Trusselvurderingar og scenario for akutt forureining i samband med hendingar ved sjøtransport av radioaktivt avfall, brukt brensel og atomdrivne fartøy vil bli følgt opp vidare. DSA har òg ansvar for fagleg utgreiingsverksemd og tilsyn med radioaktiv forureining og for å koordinere nasjonal overvaking av radioaktiv forureining i det ytre miljøet, i samarbeid med andre relevante institusjonar og fagmiljø. DSA deltek òg i arbeidet med forvaltningsplanane for norske havområde.

Overvaking av radioaktiv forureining skal gi oppdatert informasjon om miljøtilstanden, og medverke til å oppdage eventuelle nye utslepp. Vidare skal overvakinga medverke til kunnskap om tilførsler og langtidsutvikling av forureininga. Det nasjonale overvakingsprogrammet for marint miljø er sentralt i vurderingane av måloppnåing i OSPAR.

Arbeidet med å medverke til at utslepp av radioaktive stoff blir unngått eller minimert frå dei ulike kjeldene, er sentralt, i tillegg til arbeid med miljøutfordringar i nord- og polarområda, vurdering av norsk oppfylling av OSPARs mål, formidling og beredskap.

DSA leier arbeidet i radioaktivitetskomiteen til Oslo–Paris-kommisjonen (OSPAR), i tillegg til å leie ekspertgruppa for radioaktiv forureining under Den blanda norsk-russiske miljøvernkommisjonen. Overvakinga av tilstanden og potensielle utslepp frå den sokne ubåten Komsomolets skal styrkjast.

Etter invitasjon frå regjeringa gjennomførte Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) i 2019 ein heilskapleg gjennomgang av norsk forvaltning på strålevern- og atomtryggleiksområdet. Tilrådingane frå IAEAs team vil bli følgde opp framover, og ein revisjon vil bli gjord om to til fire år.

Posten dekkjer utgifter som Direktoratet for strålevern og atomtryggleik har til lønn og godtgjersle for fast og mellombels tilsette. Vidare dekkjer posten utgifter knytte til oppdragsverksemd, ordinære driftsutgifter og utgifter knytte til den samla utgreiings- og rådgivingsverksemda etaten driv på området radioaktiv forureining i det ytre miljøet.

Posten dekkjer elles utgifter som DSA har i samband med gebyr forankra i forureiningslova § 52a, forskrift om avgrensa utslepp kapittel 39. Løyvinga kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under kap. 4423 post 01, jf. forslag til vedtak II.

Rapport 2019

I juni 2019 gjennomførte IAEA ein heilskapleg gjennomgang av norsk forvaltning på strålevern- og atomtryggleiksområdet (IRRS). Gjennomgangen var omfattande. Det blei gjennomført rundt 60 tilsyn i 2019. Dette var hovudsakleg dokumenttilsyn, men også stadlege tilsyn blei gjennomførte. Som ein del av forvaltninga av forureiningslova blei det i 2019 gitt 24 løyve. Av desse var 18 nye løyve, mens 6 var endringar i eksisterande løyve. DSA prioriterer arbeidet med avfall og løysningar for handtering av avfall frå alle sektorar. I 2019 starta DSA arbeidet med å utvikle ein nasjonal avfallsstrategi for radioaktivt avfall på oppdrag frå KLD. DSA har òg hatt omfattande rådgivingsoppgåver for KLD, HOD og NFD. Samtidig har DSA brukt ressursar på å rettleie NND og IFE som førebuing til verksemdsoverdraginga av dei nukleære anlegga. DSA følgjer også opp ei rekkje utfordringar knytte til IFEs radioaktive avfall og oppbevaring av dette, mellom anna tilstanden til lagera for brukt brensel og sikring av tilstrekkeleg lagringskapasitet på kort og lang sikt.

Noregs forvaltning etter forureiningslova av industriar med avfall og utslepp av stoff med menneskeleg forhøgd radioaktivitet blei identifisert av IAEA som «area of good performance».

I arbeidet knytt til framtidige avfallsstraumar og behandlingsbehov for radioaktivt avfall har oppfølging av utbetring av dei mellombelse lagringsforholda og utviding av lagringskapasiteten for IFEs brukte brensel vore prioriterte. Vidare har DSA følgt arbeidet med ulike konseptvalutgreiingar (KVU/KS).

DSA deltek i dei ulike arbeidsgruppene for forvaltningsplanane for havområda.

DSA deltek i kunnskapsutvikling om stråling og miljø både nasjonalt og internasjonalt, mellom anna i Senteret for framifrå forsking (ERAS) og fleire forskjellige EU-plattformer for strålevernforsking. DSA deltek i ei rekkje EU-prosjekt og nordiske prosjekt og arbeidsgrupper om stråling i miljøet, forureina områder og naturlig førekommande radioaktivitet. DSA er også prosjektpartnar i eit nytt stort EURATOM prosjekt, RadoNorm, som nyleg blei godkjent av EU-kommisjonen. Radon og naturlig førekommande stoff (NORM) er i fokus av dette omfattande femårsprosjektet, og hovudmålet med prosjektet er å skape ny, betre kunnskap om eksponering, effektar, risiko og sosiale aspekt, i tillegg til å vidareutvikle målemetodar, modeller og tiltak. Prosjektet skal starte hausten 2020.

DSA har òg delteke i OSPAR-arbeidet. I 2019 er det kartlagt om ein klarer å oppfylle krava fram mot 2020, og arbeidet fram mot ny strategi for neste tiår vidareført. DSA og russiske styresmakter arrangerer årleg ekspertgruppemøte under den norsk-russiske miljøvernkommisjonen. Satsingsområde framover er å vidareutvikle det faglege samarbeidet innanfor miljøovervaking, felles tokt og kvalitetssikring av måleresultat.

Som del av det nasjonale miljøovervakingsprogrammet blei det på Havforskingsinstituttets årlege tokt i Nordsjøen gjennomført prøvetaking i sjøvatn, sediment og fisk. I 2019 blei det gjennomført ei utvida kartlegging av tilstanden til ubåten Komsomolets. Den årlege prøvetakinga langs kysten ved faste kyststasjonar, i utvalde fjordar og i Skagerrak blei òg gjennomført. DSA har vidareført samarbeidet med UiO, NINA og NTNU om overvaking av radioaktivitet i limnisk og terrestrisk miljø. Lange og svært viktige tidsseriar frå 1986 er tekne vare på med innsamling av jord, plantar, dyr og ferskvassfisk ved faste overvakingsområde. Langtidsovervaking av radioaktivitet i jord og plantar viser at det framleis er høge nivå enkelte stader i landet sjølv om nivåa har minka monaleg sidan Tsjernobyl-ulykka. Reduksjonen av forureining går no svært sakte. Dessutan blir naturleg førekommande radioaktivitet i ekstremområde og i oppkonsentrerte former som følgje av gruvedrift og petroleumsverksemder kartlagde.

DSA følgjer kontinuerleg opp etablering av to protonterapianlegg på sjukehus når det gjeld utslepp og avfallshandtering. Det er etablert eit eige møteforum mellom DSA og Sykehusbygg og andre relevante aktørar.

DSA overvaker i samarbeid med NILU naturleg UV frå sola med ni stasjonar rundt i landet. Data frå 1996 til og med 2017 er nå offentleggjorde på GitHub. DSA har investert i eit nytt instrument som blir installert på Østerås med tanke på vidareføring av målenettverket. Det nye instrumentet er forbetra og vil gi data som er særleg relevante i klimasamanheng.

Kap. 4423 Radioaktiv forureining i det ytre miljø

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Gebyr, radioaktiv forureining

226

1 000

1 027

Sum kap. 4423

226

1 000

1 027

Posten dekkjer inntekter som Direktoratet for strålevern og atomtryggleik har i samband med gebyr forankra i forureiningslova § 52a, forskrift om avgrensa utslepp kapittel 39. Kap. 1423 post 01 kan overskridast tilsvarande eventuelle meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Kap. 1425 Fisketiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

21

Spesielle driftsutgifter

96

99

100

70

Tilskot til fiskeformål, kan overførast

16 723

17 145

15 960

Sum kap. 1425

16 819

17 244

16 060

Kap. 1425 Fisketiltak omfattar utgifter til fisketiltak og delar av fiskeforvaltninga. Midlane under kap. 1425 er primært retta mot resultatområdet Naturmangfald, men involverer òg resultatområdet Friluftsliv gjennom tilrettelegging for fiske.

Samla sett er løyvinga under kap. 1425 redusert med om lag 1,2 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2020. Utgiftene over kap. 1425 er finansierte ved avgift på fiske, som saman med utgifter til forvaltning av ordninga under kap. 1420 post 01 og kap. 1410 post 50 korresponderer med inntektsløyvingane over kap. 5578 Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet post 72 Fiskaravgifter.

For nærare utgreiing om avgiftene og forholdet mellom kap. 1410, 1425, 1420, 5578 og inntektene til fondet viser vi til omtale under kap. 5578.

Lønn og godtgjersler til fast tilsette innan det statlege verksemdsområdet blir ikkje dekte over kap. 1425, men over kap. 1420 Miljødirektoratet og kap. 525 Fylkesmannsembeta.

Bruken av fondsmidlane blir drøfta med representantar for brukarinteressene. Dette må sjåast i samanheng med at arbeidet er basert på driftsplanar, og at dei sentrale ledda i frivillige organisasjonar skal arbeide for å oppnå den same målsetjinga.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Midlane under posten er retta mot resultatområda Naturmangfald og Friluftsliv.

Posten dekkjer utgifter til drift av betalingstenesta for fiskaravgiftene, informasjonstiltak og faglege prosjekt og oppdrag. Føreslått løyving er på om lag 0,1 mill. kroner på posten for 2021.

Rapport 2019

Løyvinga er nytta til drift av betalingstenesta for fiskaravgift og faglege prosjekt og oppdrag som gir eit betre kunnskapsunderlag for forvaltning av anadrom laksefisk.

Post 70 Fiskeformål, kan overførast

Tilskotsordninga er retta mot resultatområda Naturmangfald og Friluftsliv. Løyvinga skal gå til å dekkje både lokale og sentrale tiltak. Føreslått løyving er på om lag 16 mill. kroner på posten for 2021.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til å sikre og utvikle bestandar av vill anadrom laksefisk og leggje til rette for og motivere til fiske etter anadrom laksefisk.

Kriterium for måloppnåing

Kriterium for måloppnåing er om ordninga medverkar til å nå målsetjingane for anadrom laksefisk. Den faktiske effekten av tilskota kan ikkje målast frå år til år, men må vurderast i eit langsiktig perspektiv og i samanheng med andre verkemiddel og årsaksforhold.

Tildelingskriterium

Tiltak som kan få tilskot, er tiltak knytte til informasjon om og forvaltning av villaks, sjøaure og sjørøye, under dette kultiveringstiltak, driftsplanlegging, praktisk nytta forsking og overvaking. Det kan vidare bli gitt tilskot til tiltak som betrar tilgangen på og høvet til fiske for allmenta, og tiltak retta mot rekruttering eller stimulering til fiske.

Oppfølging og kontroll

Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane.

Rapport 2019

I 2019 var det eit sentralt mål å gi tilskot til tiltak som støtta opp om målet med villaksens år. Det blei gitt tilskot til tiltak i regi av landsdekkjande organisasjonar knytte opp mot informasjon og forvaltning av anadrom laksefisk, til tiltak retta mot rekruttering og stimulering til fiske og til utbetring av laksetrapper. Det er vidare gitt tilskot til anvend forsking og overvaking.

Ein stor del av tilskotsposten er disponert av fylkesmennene for å støtte tiltak som informasjon, anvend forsking og overvaking, tilrettelegging og arrangement, kultiveringstiltak og driftsplanlegging. Samla har dette medverka til betre forvaltning av laks, sjøaure og sjørøye og ei meir berekraftig hausting av desse fiskeressursane. Tilskota har òg medverka til å styrkje kunnskapsgrunnlaget, til informasjon og formidling av tilstand og utfordringar knytte til anadrom laksefisk, og dei har medverka til å auke interessa for friluftsliv og fiske, særleg blant barn og unge.

Kap. 1428 Enova SF

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

50

Overføring til Klima- og energifondet

3 215 907

3 184 450

3 315 744

Sum kap. 1428

3 215 907

3 184 450

3 315 744

Statsføretaket Enova er eit sentralt verkemiddel i arbeidet med å fremje innovasjon og utvikling av nye klima- og energiløysingar. Enova er lokalisert i Trondheim og hadde om lag 72 årsverk i 2019.

Enovas oppgåver er gjort nærare greie for i ei styringsavtale mellom departementet og Enova om forvaltninga av midlane frå Klima- og energifondet. Avtala legg rammer for verksemda til Enova, set mål for aktiviteten og stiller krav til rapportering. Avtala skal sikre at midlane frå fondet blir forvalta i samsvar med dei måla og føresetnadene som ligg til grunn for Stortingets vedtak om oppretting av fondet og andre rammer som gjeld for bruken av midlane i fondet. Styringsavtala gir Enova langsiktige økonomiske rammer og stor fagleg fridom. Styringsmodellen gir Enova høve til å utnytte effektivt dei ressursane som er stilte til rådvelde. Inneverande styringsavtale varer ut året. Regjeringa tek sikte på at ei ny avtale for fireårsperioden 2021–2024 vil vere på plass innan utgangen av 2020. Sjå omtale under neste overskrift.

Vi har ambisiøse mål i klimapolitikken og skal på kort tid omstille oss til eit lågutsleppssamfunn. Vi har samstundes avgrensa midlar til å utløyse dei nødvendige endringane. Enova er derfor sett opp for effektivt å utnytte midlane som er stilte til rådvelde. Hovudelementet er ei overordna styring gjennom fireårige styringsavtaler.

Innanfor rammene av avtala har Enova stor fagleg fridom til å rette innsatsen mot dei områda der sjansane for å påverke utviklinga er størst, og mot teknologiar og løysingar som er tilpassa lågutsleppssamfunnet. Denne faglege fridommen og fleksibiliteten i avtala har gjort det mogleg for Enova å snu seg raskt etter nye moglegheiter og tillate Enova å støtte dei prosjekta og dei sektorane der moglegheitene har vist seg, når moglegheitene har vist seg.

Fagleg fridom og overordna styring inneber lite øyremerking av midlar eller aktivitetar. Øyremerking gjer Enova mindre fleksibel og vil medverke til mindre effektiv måloppnåing. Det er dessutan vanskeleg å føresjå i dag kva som treng kor mykje stønad i morgon. I lys av uvissa rundt farten på teknologiutviklinga i forskjellige sektorar vil fleksibiliteten innanfor rammene av avtala vere endå viktigare i åra framover. Vi har store utfordringar framfor oss dei neste åra. Styringsmodellen til Enova er god, og vi vil derfor halde fast på måten vi styrer Enova på.

Stortinget har ved fleire høve, mellom anna ved behandlinga av Meld. St. 25 (2015–2016) om energipolitikken mot 2030, jf. Innst. 401 S (2015–2016), slutta seg til at Enova framleis skal ha stor fagleg fridom til å utvikle verkemiddel og tildele stønad til enkeltprosjekt.

Enova er som verkemiddel retta mot seinfase teknologiutvikling og tidleg marknadsintroduksjon. Seinfase teknologiutvikling inneber at den viktigaste forskingsaktiviteten er avslutta og løysingane er modne for å utprøvast i større skala. Stønader skal medverke til å auke tempoet og omfanget av pilotering, demonstrasjon og fullskala testing, slik at nye teknologiar og løysingar kjem raskare ut på marknaden. Dersom løysingane skal medverke til utsleppsreduksjonar, må dei så takast i bruk i tilstrekkeleg omfang, noko som er avhengig av at dei lønner seg framfor fossile løysingar. Enovas aktivitet skal derfor innrettast med sikte på å oppnå varige marknadsendringar, slik at løysingar tilpassa lågutsleppssamfunnet på sikt blir føretrekte utan stønad. Etter at Enova har medverka til tidleg marknadsintroduksjon av ei løysing, til dømes elektriske varebilar gjennom Nullutsleppsfondet, tek andre verkemiddel som prising av utslepp og regulering over for å fremje utbreiinga av løysingane i marknaden.

Kapitaltilgangsutvalet (NOU 2018: 5) tilrådde at det vart utført ei evaluering av Enovas betydning for kapitaltilgangen i næringslivet og for mobilisering av privat kapital. Denne evalueringa vart i 2020 sett ut eksternt, og gjennomført av Menon Economics. Dei konkluderte med at tilskot frå Enova ikkje synest å ha nokon særleg uheldige vridingseffektar i kapitalmarknaden. Dei fann òg at for kvar krone i Enova-tilskot blir det investert om lag 1,4 kroner meir privat kapital i grøne etterspurnadsretta og innovative prosjekt enn det ville blitt utan tilskot frå Enova. Desse funna underbyggjer Enovas betydning for og rolle i å bidra til innovasjon og teknologiutvikling som medverkar til utsleppsreduksjonar fram mot lågutsleppssamfunnet.

Stortinget vedtok i 2020 å opprette Grøn plattform under Innovasjon Noreg, Noregs forskningsråd og SIVA. Ordninga skal vere ein felles konkurransearena for å fremje grøn omstilling i næringslivet, sjå òg omtale i Nærings- og fiskeridepartementet sitt budsjett. Noregs forskningsråd og Innovasjon Noreg vil i Grøn plattform byggje vidare på det allereie etablerte grøn vekst-samarbeidet med Enova og vidareutvikle det til ein modell for samarbeid om målretta satsingar. Samarbeidet mellom Enova og dei to andre organisasjonane har allereie resultert i mellom anna PILOT-E med målretta eller «mission-orienterte» utlysingar av midlar retta mot å mobilisere moglegheiter og fortrinn på tvers av fag og sektorar. Tilbodet skaper ein raskare veg frå idé til marknad for klimavennlege produkt og tenester.

Ny avtale med Enova 2021–2024

I sum legg regjeringa opp til ein ny avtale med Enova som byggjer på dei gode erfaringane frå tidlegare avtaler, og som dreg nytte av Enovas faglege kompetanse og erfaring med verkemiddelutforming. Enova er eit viktig klima- og energiverkemiddel.

Regjeringa varsla i budsjettet i fjor at Enova ville spisses som klimaverkemiddel i samband med neste fireårig styringsavtale for 2021–2024. Regjeringa legg opp til at Enova og Klima- og energifondet sitt formål skal vere å medverke til å nå Noregs klimaforpliktingar og til omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Dette speglar behovet for handling både på kort og på lang sikt og at arbeidet med å nå 2030-måla våre må skje på ein måte som også lèt oss nå 2040- og 2050-måla våre. Det vil dessutan vere relevant å halda på utover denne avtaleperioden, noko som gjev vekt til langsiktigheita og føreseielegheita, to av styrkane i Enova-modellen.

Vi må redusere dei ikkje-kvotepliktige klimagassutsleppa våre monaleg dei neste åra og fram mot 2030. For å redusere utsleppa våre og greie omstillinga til lågutsleppsamfunnet utan vesentleg reduksjon av velstand er vi avhengige av teknologiutvikling og innovasjon i alle sektorar. Ei effektiv innretting av Enova inneber derfor god balanse mellom utsleppsreduksjonar på kortare sikt og teknologiutvikling som gjer det mogleg å kutte utslepp på lengre sikt i alle sektorar. Det er ei tett kopling mellom utsleppsreduksjonar og energisystem. For å nå klimamåla våre og greie omstillinga til lågutsleppsamfunnet krevst det omfattande elektrifisering, ikkje minst i transportsektoren. Eit fleksibelt energisystem er ein føresetnad for tids- og kostnadseffektive utsleppsreduksjonar og omstilling til lågutsleppsamfunnet.

Departementet har god erfaring med dagens avtalefesta kvantitative resultatmål. Gjeldande fire resultatmål har gitt godt grunnlag for styringsdialogen mellom departementet og Enova og bygd opp under dei overordna måla. Dei kvantitative indikatorane i neste avtale vil byggje vidare på desse erfaringane. I tillegg til målindikatorar ønskjer departementet å leggje til rette for ei breiare og meir tilgjengeleg rapportering på Enova sin aktivitet. Dagens årsrapportar er informative og gode, men det er til dømes rom for å utnytte meir av den informasjonen som finst digitalt.

Mål for Enova i inneverande fireårsperiode (2017–2020)

Inneverande fireårige avtale mellom departementet og Enova om forvaltninga av midlane frå Klima- og energifondet har vendt Enovas fokus mot klima og innovasjon. Det har mellom anna ført til ei styrkt satsing på å redusere utslepp i transportsektoren og andre ikkje-kvotepliktige næringar og innovative løysingar tilpassa lågutsleppssamfunnet.

Enova og Klima- og energifondet har som formål å bidra til reduserte klimagassutslepp og styrkt forsyningstryggleik for energi, og til teknologiutvikling som på lengre sikt også medverkar til reduserte klimagassutslepp.

I tillegg til formålet er det fastsett delmål i styringsavtala om at Enova skal fremje

  • a. reduserte klimagassutslepp som medverkar til å oppfylle Noregs klimaforplikting for 2030

  • b. auka innovasjon innanfor energi- og klimateknologi tilpassa omstillinga til lågutsleppssamfunnet

  • c. styrkt forsyningstryggleik gjennom fleksibel og effektiv effekt- og energibruk

Enova skal etablere verkemiddel med sikte på å oppnå varige marknadsendringar. I lågutsleppssamfunnet må det vere slik at dei miljøvennlege og klimavennlege løysingane blir føretrekte utan støtte. Enova skal prioritere innsatsen der høvet til å påverke utviklinga er størst, og mot teknologiar og løysingar som er tilpassa lågutsleppssamfunnet.

Enova skal fremje reduserte klimagassutslepp som medverkar til å oppfylle Noregs klimaforplikting for 2030. Det er likevel viktig at teknologien og løysingane som blir støtta, er tilpassa lågutsleppssamfunnet. På denne måten medverkar marknadsendringa Enova søkjer å oppnå, til omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Transport står for over halvparten av ikkje-kvotepliktige klimagassutslepp. Enova har derfor mykje merksemd retta mot teknologiar og løysingar som kan redusere transportutslepp. På land støttar Enova tiltak som drivstoffinfrastruktur, produksjon av biogass og innkjøp av tyngre yrkeskøyretøy med nullutslepp. På sjø støttar Enova tiltak som medverkar til ein grønare maritim sektor med lågare utslepp, mellom anna batterihybridisering, infrastruktur for landstraum og innovative energi- og klimavennlege løysingar. Nullutsleppsfondet som regjeringa gav Enova i oppdrag å opprette i fjor utgjer ein viktig del av satsinga retta mot transport.

Utvikling av ny energi- og klimateknologi er essensielt for å få til den nødvendige omstillinga til eit lågutsleppssamfunn. Gjennom rådgiving og finansiell støtte reduserer Enova risikoen for aktørane og aukar takten på utvikling og testing av innovative, meir klimavennlege og energieffektive teknologiar. Med dette er Enova med på å leggje grunnlaget for eit meir energieffektivt og klimavennleg næringsliv i framtida. Målet med teknologiprosjekta er å hauste erfaringar som medverkar til kompetanseutvikling, innovasjon og spreiing av teknologi både nasjonalt og internasjonalt.

Enova skal fremje styrkt forsyningstryggleik gjennom fleksibel og effektiv effekt- og energibruk. Ein viktig faktor for forsyningstryggleiken i kraftsystemet er utviklinga i effektbehovet. Fleksibilitet i form av avlasta effekt og utnytting av fleksibilitet frå nettkundar kan derfor vere ei viktig kjelde til å avgrense kostnadene på alle nettnivå. Ved å utnytte fleksibiliteten på forbrukarsida og fleksibiliteten i lagringsløysingar kan kostnadene reduserast og effektiviteten auke på kort og lengre sikt i kraftsystemet.

I tillegg til rapportering på formålet, delmåla og andre rammer i avtala er det utarbeidd fire målindikatorar som undervegs i avtaleperioden skal gi indikasjon på Enovas måloppnåing. Målindikatorane utgjer eitt av fleire grunnlag for styringsdialogen mellom departementet og Enova. Hittil i avtaleperioden har Enova oppnådd betre resultat enn venta på alle målindikatorane og oppfylt alle utanom klima allereie i 2019. Målindikatoren for klima blei i 2019 auka med 250 000 tonn CO2-ekvivalentar til 1 million tonn CO2-ekvivalentar, og Enova ligg godt an til å oppfylle denne innan utgangen av avtaleperioden.

Styringsavtala stiller òg opp særlege vilkår på enkelte område, som Enova skal følgje opp gjennom sine program. Desse er omtalte under resultatrapport 2019 lenger nede.

Resultatrapport 2019

Det blir vist til Enovas årsrapport på Enovas heimeside, enova.no, for ei utdjupande rapportering på verksemda i 2019.

I 2019 rekneskapsførte Enova eit administrasjonstilskot på 158,6 mill. kroner. Enova hadde eit årsresultat på om lag –3,9 mill. kroner, som blei dekt frå eigenkapital. Annan eigenkapital var om lag 21,9 mill. kroner per 31. desember 2019.

Enova og Klima- og energifondets formål er å bidra til reduserte klimagassutslepp og styrkt forsyningstryggleik for energi, og teknologiutvikling som på lengre sikt også medverkar til reduserte klimagassutslepp. I styringsavtala har Enova tre delmål som presiserer formålet nærmare:

  • a. Reduserte klimagassutslepp som medverkar til å oppfylle Noregs klimaforplikting for 2030

    Enova skal prioritere prosjekt som gir reduserte klimagassutslepp. Transportsektoren står for over halvparten av ikkje-kvotepliktige klimagassutslepp. Enova har derfor mykje merksemd retta mot teknologiar og løysingar som kan redusere transportutslepp. Til saman gav Enova tilsegn om tilskot på om lag 1 mrd. kroner til prosjekt i transportsektoren i 2019. Satsinga er breitt innretta mot både gods- og persontransport på land og til sjøs. Enova støttar mellom anna utbygging av ladeinfrastruktur og landstraum, produksjon av biogass og utvikling av ny transportrelatert energi- og klimateknologi. Nullutsleppsfondet for næringstransport, som Enova på oppdrag frå regjeringa oppretta i 2019, har styrkt Enovas aktivitet på transportområdet og utgjorde om lag halvparten av tildelingane i 2019. Enovas aktivitet under Nullutsleppsfondet medverkar til auka marknadsintroduksjon og -vekst for batteri-, hydrogen- og biogassløysingar, både på land og sjø.

  • b. Auka innovasjon innanfor energi- og klimateknologi tilpassa omstillinga til lågutsleppssamfunnet.

    Enova skal prioritere innsatsen der sjansane til å påverke utviklinga er størst, og mot teknologiar og løysingar som er tilpassa lågutsleppssamfunnet. Målet med teknologiprosjekta er å hauste erfaringar som medverkar til kompetanseutvikling, innovasjon og spreiing av teknologi både nasjonalt og internasjonalt. I 2019 gav Enova tilsegn om støtte på om lag 3,8 mrd. kroner til teknologiprosjekt. Mellom anna støtta Enova ein flytande havvindpark, ein heilelektrisk autonom sjødrone og ressurseffektiv solcellesilisiumsproduksjon med låge utslepp. I verkemiddelutforminga legg Enova til rette for global spreiing og påfølgjande utsleppsreduksjonar også utanfor Noreg. Gjennom rådgiving og finansiell støtte reduserer Enova risikoen for aktørane og aukar takten på energiomlegginga mot meir klimavennlege, energieffektive og konkurransedyktige sektorar.

  • c. Styrkt forsyningtryggleik gjennom fleksibel og effektiv effekt- og energibruk.

    Enova skal stimulere til auka innovasjonstakt og ei utvikling som underbyggjer og forsterkar forsyningstryggleiken. Svært mange klimatiltak inneber bruk av elektrisitet i staden for fossile energiberarar, og eit robust, effektivt og fleksibelt energisystem er ein føresetnad for omstillinga til lågutsleppssamfunnet. Tiltak som medverkar til å avgrense belastninga på nettet, er viktige for å sikre at omstillinga til lågutsleppssamfunnet ikkje dreg med seg store kostnader i energisektoren og unødvendige naturinngrep. Enova støttar opp under ei utvikling som mellom anna inneber reduksjon av spisslast gjennom til dømes betre isolerte bygg, auka fleksibilitet mellom energiberarar i form av til dømes fjernvarme, meir fleksibilitet i elektrisitetsbruken i form av til dømes fjernstyring av apparat, betre nettplanlegging gjennom meir informasjon om forbruk og betre integrerte områdeløysingar med element av dei føregåande.

Styringsavtala stiller òg opp særlege vilkår på enkelte område, som Enova skal følgje opp gjennom sine program. Enova skal

  • bidra til utvikling av drivstoffinfrastruktur for utsleppsfri land- og sjøtransport, under dette el og hydrogen

  • tilby ei ordning for offentleg tilgjengeleg ladeinfrastruktur for elbil. Støtta skal ikkje gjelde for privatpersonar

  • tilby ei rettsbasert ordning for enøktiltak i hushald. Ordninga skal vere knytt til skattesystemet, slik at brukarar også kan velje å få utbetalt støtta som ein del av det årlege skatteoppgjeret. Enova skal årleg stille til disposisjon minimum 250 mill. kroner til denne ordninga

  • ha eit landsdekkjande tilbod av informasjons- og rådgivingstenester

  • ta hand om drifta og utviklinga av energimerkeordninga og ordninga for energivurdering av tekniske anlegg.

Enova har brei aktivitet retta mot drivstoffinfrastruktur for utsleppsfri land- og sjøtransport og tildelte i 2019 om lag 315 mill. kroner i støtte til slike prosjekt. Enova støttar hurtigladeinfrastruktur for elbilar, landstraum til skip, hydrogeninfrastruktur, nødvendig infrastruktur i samband med støtte til innkjøp av tyngre nullutslepps- og biogasskøyretøy og infrastruktur for kommunal og fylkeskommunal kollektivtransport. Denne støtta skal byggje opp under ei marknadsdriven utbygging av infrastruktur og medverke til å skape varig marknadsendring.

Etter oppmjukinga av ordlyden i det andre særlege vilkåret, ved å fjerne ordet rettsbasert, sånn at det ikkje legg avgrensingar på korleis Enova kan utvikle treffsikre verkemiddel, har Enova utlyst konkurransar om områdeutbygging av offentleg tilgjengeleg ladeinfrastruktur i Norland, Troms og Finnmark. I 2020 har Enova under desse konkurransane hittil støtta utbygging av 50 ladarar på 25 ladestader med over 65 mill. kroner.

Enova har gjennom den rettsbaserte ordninga for enøktiltak i hushald, Enovatilskotet, støtta over 20 000 prosjekt i 2019. Utbetalingane er auka frå 275 mill. kroner i 2018 til 334 mill. kroner i 2019. Enova utformar ordninga med sikte på å kunne utbetale om lag 250 mill. kroner i året i tilskot til private hushald. På Enovas nettsider kan ein fortløpande følgje med på statistikk for Enovatilskotet.

Sjølv om mykje av læringa er knytt til førebuing og gjennomføring av prosjekt, har Enova òg ei brei satsing på informasjon og rådgiving. Samla medverkar dette til auka kunnskap i samfunnet om høva til å ta i bruk energieffektive og klimavennlege løysingar. «Enova svarer» er ei nasjonal svarteneste for hushald og profesjonelle aktørar. Svartenesta svarte på nesten 62 000 førespurnader i 2019.

Kontraktsfesta resultat i 2019

Enova gav i 2019 tilsegner om støtte på 5,6 mrd. kroner. Desse prosjekta er venta å utløyse i underkant av 10 mrd. kroner frå marknaden. Dette vil gi ei samla investering på over 15 mrd. kroner i prosjekt vedtekne i 2019.

I tillegg til andre rammer i avtala er det utarbeidd fire målindikatorar som undervegs i avtaleperioden skal gi indikasjon på Enovas måloppnåing og utgjere eitt av fleire grunnlag for styringsdialogen mellom departementet og Enova. For avtaleperioden 1. januar 2017 til 31. desember 2020 er det lagt til grunn at følgjande nivå indikerer god måloppnåing:

  • klimaresultat tilsvarande 1 mill. tonn CO2-ekvivalentar i ikkje-kvotepliktig sektor

  • energiresultat tilsvarande 4 TWh

  • effektresultat tilsvarande 400 MW

  • innovasjonsresultat tilsvarande utløyst innovasjonskapital på 4 mrd. kroner

I 2019 gav Enova tilsegn til prosjekt med kontraktsfesta klimaresultat på 0,31 mill. tonn CO2-ekvivalentar, energiresultat på 2,1 TWh, effektresultat på 177 MW og innovasjonsresultat på 5,7 mrd. kroner i privat innovasjonskapital. Enova gav tilsegn om tilskot til om lag 1 500 små og store prosjekt og om lag 20 000 energitiltak i hushalda.

Kontraktsfesta resultat er venta årleg resultat frå prosjekt som har fått tilsegn om støtte. Støtta blir utbetalt etter kvart som støttemottakaren kan dokumentere framdrift i prosjektet.

Tabell 7.6 Klima- og energifondets resultat og disponeringar i 2019, korrigert for kanselleringar

Område

Disponerte midlar (mill. kroner)

Klimaresultat (kilotonn CO2-ekv.)

Energiresultat (GWh/år)

Effektresultat (MW)

Innovasjonsresultat (mill. kroner)

Industri

1 054

142

746

43

1 615

Transport

998

127

481

682

Energisystemet

2 869

24

683

126

3 271

Bygg og eigedom

323

2

45

9

153

Bustad og forbrukar

334

14

110

Internasjonalt

1

Rådgiving og kommunikasjon

48

Eksterne analysar og utviklingstiltak

29

Administrasjon

159

Sum disponerte midlar og resultat

5 815

309

2 065

177

5 720

Enova gav 1 054 mill. kroner i støtte til 155 industriprosjekt, som utgjorde 19 pst. av totalt tildelt støtte i 2019. Industriprosjekta medverkar sterkt med resultat på alle målindikatorane. Sektoren er den største bidragsytaren på klima- og energiresultat og nest størst på innovasjonsresultat.

Enova gav 998 mill. kroner i støtte til 841 prosjekt innanfor transportsektoren, som utgjorde i underkant av 18 pst. av totalt tildelt støtte i 2019. Transport er den sektoren som har størst potensial for å gjennomføre klimatiltak utanfor kvotepliktig sektor. Transportprosjekta bidrog nest mest til klimaresultat, etter industrien, og medverka òg med ein stor del av resultata innanfor energi og innovasjon.

Prosjekt som vidareutviklar energisystemet, tok imot 2 869 mill. kroner i støtte, som utgjorde om lag 51 pst. av totalt tildelt støtte i 2019. Hywind Tampen utgjorde ein stor del av tildelinga til dette området med ein støttesum på 2,3 mrd. kroner. Denne sektoren medverkar med dei største effektresultata i Enovas portefølje og er den sektoren som medverkar mest reindyrka til styrking av forsyningstryggleiken.

Innanfor bygg og eigedom har Enova i 2019 støtta totalt 246 prosjekt. Den største delen av støtta har gått til oppgradering til beste tilgjengelege teknologi i eksisterande bygg. Til saman fekk bygg og eigedom 323 mill. kroner i støtte, noko som utgjorde om lag 6 pst. av totalt tildelt støtte i 2019. Prosjekta er kvar for seg små, men bidreg på forsyningstryggleik og noko på innovasjon.

Bustad og forbrukar er ein viktig sektor for å skape eit breitt engasjement og setje søkjelys på gjennomføring av energi- og klimatiltak. Sektoren er òg viktig sett i eit energisystemperspektiv for å utvikle samspelet mellom energisystem, transport og bygg. Sektoren er kjenneteikna av mange små prosjekt. Denne sektoren medverkar med både energi- og klimaresultat. Den viktigaste satsinga her er Enovatilskotet, som utgjorde om lag 6 pst. av totalt tildelt støtte i 2019.

Samla resultatrapport for avtaleperioden 2012–2016

Avtaleperioden blei i 2015 utvida med eitt år for å ta inn nye føringar for satsinga på miljøvennleg transport og ei rettsbasert ordning for enøktiltak i hushalda. Resultatmålet blei samtidig auka til 7 TWh innan utgangen av 2016.

Korrigert for kanselleringar kontraktsfesta Enova energi- og klimaresultat tilsvarande 9,1 TWh for perioden 2012–2016 og oppfylte dermed resultatmålet med god margin.

Tabell 1.6 gir ei oversikt over disponerte midlar, kontraktsfesta energiresultat, forventa resultat frå igangsette anlegg, sluttrapporterte energiresultat og realiserte energiresultat per satsingsområdeområde for perioden 2012–2016. Tabellen viser at 97 prosent av energiresultatet er knytt til prosjekt som er sette i gang, sluttrapporterte eller realiserte.

Tabell 7.7 Disponerte midlar, kontraktsfesta energiresultat, prosjekt under gjennomføring og sluttrapportert energiresultat etter marknadsområde (2012–2016)1

Område

Disponert (mill. kr)

Kontraktsfesta GWh/år

Igangsett GWh/år

Sluttrapportert GWh/år2

Realisert GWh/år3

Fornybar varme

1 343

1 191

394

641

150

Fornybar kraft

50

20

5

14

1

Industri

4 245

4 779

725

3 808

217

Transport

1 045

821

160

394

Anlegg

154

135

20

114

1

Yrkesbygg

2 149

1 777

303

1 249

123

Bustad

488

206

39

163

0

Sum

9 474

8 927

2 186

6 484

492

Av dette ny teknologi

3 332

691

254

372

1

1 Alle tala er korrigerte for kansellerte prosjekt.

2 Når eit prosjekt er sluttrapportert, inneber det at anlegget er ferdig bygd, men ikkje henta ut realisert resultat per utgangen av 2018.

3 Sluttrapporterte prosjekt blir følgde opp med måling og verifisering av resultata tre år etter at sluttrapporten er levert.

Post 50 Overføring til Klima- og energifondet

Løyvinga omfattar samla overføringar til Klima- og energifondet inkludert inntekter frå påslag på nettariffen, jf. kap. 5578 post 73.

Det er føreslått ei løyving på 3 315,7 mill. kroner og ei fullmakt til å gi tilsegn på inntil 400 mill. kroner utover gitt løyving, jf. forslag til vedtak VI. Inntektene frå påslaget på nettariffen utgjer 690 mill. kroner.

Tildelings- og oppfølgingskriterium

Enova har fullmakt til å utforme verkemiddel i samsvar med rammene i styringsavtala med departementet, oppdragsbrev, føresegner og statlege regelverk. Midlane frå Klima- og energifondet skal forvaltast på ein slik måte at måla blir nådde og pålagde oppgåver utførte mest mogleg kostnadseffektivt. Verkemidla som blir nytta, skal utformast for å utløyse tiltak som elles ikkje ville ha blitt realiserte, og skal ta sikte på å oppnå varige marknadsendringar. Enovas verkemiddel skal ikkje intervenere i allereie velfungerande marknader.

Boks 7.3 Døme på prosjekt støtta i 2019

Energisystemet:

Equinor fekk 2,33 mrd. kroner til etablering av ein flytande havvindpark med 11 flytande vindturbinar kvar på 8 MW. Denne skal erstatte delar av eksisterande kraftproduksjon frå gassturbinane på Gullfaks A og Snorre A. Prosjektet inneber teknologiutvikling med mål om å redusere kostnader og forbetre teknologien for framtidige prosjekt. Det er lagt særleg vekt på større turbinar, ny installasjonsmetode, forenkla ankring, betongflytarar og gasskraft og vindkraft i samspel.

Ny energi- og klimateknologi i industrien:

Norsun AS blei støtta med 195 mill. kroner til produksjon av større, tynnare waferar for høgeffektive solceller med høg ingotutnytting. Prosjektet omfattar produksjon av waferar med 27 pst. større diameter, redusert tjukkleik og med ingot utnyttingsgrad på 97 pst.

Ny energi- og klimateknologi i transportsektoren:

Enova støtta Asko Norge med 119 mill. kroner til etablering av sjøtransport av Euro-traller mellom Moss og Holmestrand som del av ei heilelektrisk transportkjede mellom Askos lager i Vestby og Sande. Sjøtransporten vil gå føre seg med to autonome roro-fartøy (sjødronar) og vil gi eit klimaresultat på 5100 tonn CO2 ekvivalentar per år samanlikna med alternativ landtransport med lastebil.

Bygg og eigedom:

Asker kommune fekk 12 mill. kroner til prosjekt som inneber etablering av ein ny, felles energisentral for sju idrettsbygg og idrettsanlegg på Risenga i Asker kommune. Målsetjinga til prosjektet er å optimalisere energiflyten mellom idrettsanlegga i eit samordna system for effekt- og energistyring.

Enovas tildeling av midlar frå Klima- og energifondet skal skje etter objektive og transparente kriterium. Kriterium for kvart enkelt verkemiddel eller ordning skal publiserast.

EFTAs overvakingsorgan (ESA) er ansvarleg for å overvake at norske styresmakter overheld reglane om offentleg støtte i EØS-avtala. Enovas notifisering av støtteordningane under Klima- og energifondet er godkjend av ESA fram til 2022. Notifisering av Klima- og energifondet til ESA føreset at Enova nyttar lån på vilkår som verkemiddel for store demonstrasjonsprosjekt. Dersom eit demonstrasjonsprosjekt er vellykka, beheld mottakaren verdien av teknologien. Ved å gi lån på vilkår unngår ein å overkompensere industrien. Det er lagt opp til at Enova kan gi tilsegn om inntil 60 pst. av godkjende kostnader i lån. Renter på lån skal ikkje vere lågare enn marknadsrentene i tråd med ESAs retningslinjer. I tilfelle der teknologien lykkast, skal lån frå Enova nedbetalast når den teknologiske risikoen i prosjektet er avklart.

Venteleg vil ikkje alle demonstrasjonsprosjekt oppnå ønskt resultat, og enkelte lån på vilkår må gjerast om til tilskot som følgje av at teknologiar ikkje lykkast. Det er derfor føreslått at Enova får fullmakt til å gjere om lån på vilkår til tilskot etter førehandsdefinerte og føreseielege vilkår, jf. forslag til vedtak XII.

Søknader om lån skal behandlast etter dei same kriteria og rutinane som i dag gjeld for tilskot. Søknad om tilskot eller lån skal innehalde informasjon som fortel korleis tiltaket vil underbyggje relevante delmål og tilfredsstille dei krava som er stilte til resultatrapportering. Enovas utlysingar under kvart enkelt verkemiddel skal spesifisere ytterlegare kva opplysningar som er påkravd knytte til det enkelte program, ordning eller verkemiddel.

Styringsavtala pålegg Enova å sikre at dei ikkje unødig forstyrrar dei marknadene dei rører ved med sine verkemiddel, men heller rettar opp marknadssvikt og byggjer ned barrierar. Enova skal nytte tredjepartsvurderingar framfor å byggje opp særleg kredittvurderingskompetanse.

Tilsegn om tilskot, lån og andre forpliktingar må haldast innanfor disponibel ramme og fullmakter for Klima- og energifondet. Midlar frå tilbakebetalte eller refinansierte lån skal resirkulerast i fondet.

Kap. 5578 Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

72

Fiskaravgifter

20 000

19 460

18 264

73

Påslag på nettariffen til Klima- og energifondet

721 457

690 000

690 000

Sum kap. 5578

741 457

709 460

708 264

Post 72 Fiskaravgifter

Fiskaravgiftene som blir innbetalte til Statens fiskefond, er inntektsførte i statsbudsjettet på denne posten.

Nærmare om Statens fiskefond

Fiskaravgift til staten skal betalast for fiske i vassdrag med anadrom laksefisk. Det skal òg betalast avgift for fiske med fastståande reiskap i sjøen. Det er innført visse unnatak, mellom anna for fiske i medhald av reindriftslovgivinga, til undervisnings- eller behandlingsformål og til tidsavgrensa arrangement for rekruttering.

Bruken av midlane blir fastsett gjennom statsbudsjettet.

Inntekter og avgiftssatsar

Inntektene til Statens fiskefond kjem frå fiskaravgift på fiske etter anadrom laksefisk. Ordninga med Statens fiskefond synleggjer at tilretteleggingstiltak, og delar av fiskeforvaltninga retta inn mot anadrome fiskeartar, for ein stor del er baserte på brukarfinansiering.

Årsavgiftene for fiske etter anadrom laksefisk gjeld frå og med 1. januar til og med 31. desember og blei sist justerte i 2019. For 2021 gjer regjeringa framlegg om å endre avgiftene i tråd med prisstiginga. Årsavgifta for fiske etter anadrom laksefisk i vassdrag i 2021 blir 286 kroner for enkeltpersonar, mens familieavgifta blir 456 kroner. Familieavgifta gjeld for ektefellar/sambuarar med eventuelle barn mellom 18 og 20 år.

Personavgifta for fiske med fastståande reiskap i sjøen med sesongstart før 1. juli blir på 713 kroner, mens satsen for dei som har fiskestart etter 1. juli blir 433 kroner.

Inntektene frå avgiftene gjer at det er budsjettert med ein kapitalstraum i Statens fiskefond som vist i tabellen nedanfor.

Tabell 7.8 Berekning av kapital til Statens fiskefond i 2021

(i 1 000 kr)

Saldo pr. 31.12.19:

3 135

Budsjettert innbetalt i 20201:

17 289

Budsjettert refusjon i 2020 (utbetalingar frå fondet):

-17 289

Budsjettert saldo pr. 31.12.20:

3 135

Budsjettert innbetalt i 20212:

18 264

Budsjettert refusjon i 2021 (utbetalingar frå fondet):

-18 264

Budsjettert saldo pr. 31.12.21

3 135

1 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter på 0,1 mill. kroner

2 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter på 0,1 mill. kroner.

Administrasjon og økonomiforvaltning

Statens fiskefond blir forvalta av Klima- og miljødepartementet ved Miljødirektoratet. Utgiftene over statsbudsjettet skal normalt svare til dei inntektene ein ventar at fondet vil ha same året. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og blir kapitaliserte i fondet.

Inntektene over kap. 5578 post 72 finansierer utgifter til fisketiltak og fiskeforvaltning over kap. 1425 (post 21 og 70) og kap. 1420 (post 01), og forsking på fiskeressursar over kap. 1410 (post 50).

Planlagd bruk av inntektene frå fiskaravgiftene går fram av tabellen nedanfor.

Tabell 7.9 Samla ressursbruk av inntekter til Statens fiskefond i 2021

(i 1 000 kr)

Formål

Prosjekt, utgreiingar (kap. 1425.21)

100

Meirverdiavgift som er ført under Finansdepartementet

25

Tilskot til fiskeformål (kap. 1425.70):

15 960

Sum under kap. 1425:

16 085

Tilskotsforvaltning i Miljødirektoratet (kap. 1420.01)

1 196

Fiskeforsking, NINA (kap. 1410.50):

983

Totalsum

18 264

Spesielt om lokale tiltak

I fordelinga av fondsmidlane, frårekna nødvendige driftsutgifter, er målet at minst 50 pst. av midlane går til tiltak som er initierte lokalt. Andre tiltak som er meinte å gi effekt for eit avgrensa område, eit bestemt vassdrag eller fjordområde, og der lokale aktørar deltek i stor grad, blir rekna som lokale tiltak sjølv om dei er initierte og administrerte av offentleg forvaltning, organisasjonar eller institusjonar på sentralt nivå.

Post 73 Påslag på nettariffen til Klima- og energifondet

Omsetningskonsesjonærar som tarifferer for uttak av elektrisk energi, skal i samband med fakturering leggje eit påslag på tariffen til alle sluttbrukarar på alle nettnivå.

For hushaldsbruk skal påslaget utgjere 1 øre/kWh. For andre sluttbrukarar enn hushald skal påslaget utgjere 800 kroner/år per målepunkt-ID.

Bidraget omsetningskonsesjonærar skal betale til Klima- og energifondet, er 1 øre/kWh multiplisert med den energimengda som er fakturert hushaldsbruk, og summen av påslag per målepunkt-ID som er fakturert andre sluttbrukarar enn hushald, i gjeldande termin. Enova står for innkrevjing og oppfølging av påslaget mot nettselskapa som blir innbetalt til Klima- og energifondet.

Oppfølging av oppmodingsvedtak

Samane si deltaking i konsultasjon knytt til Tana-avtala

Vedtak nr. 93, 4. desember 2018

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå anbefalingene i årsmeldingen for 2017 fra Norges nasjonale institusjon for menneskerettigheter og komme tilbake til Stortinget på egnet måte med hvordan anbefalingene er fulgt opp.»

Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 6 (2017–2018), jf. Innst. 78 S (2018–2019), Årsmelding for 2017 fra Norges nasjonale institusjon for menneskerettigheter.

Klima- og miljødepartementet viser til at Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar (NIM) i si årsmelding for 2017 (Dokument 6 (2017–2018)) fremja følgjande tilråding om Tana-avtala mellom Noreg og Finland:

«Samenes reelle deltakelse og mulighet til effektiv innvirkning må sikres bedre i denne typen prosesser. En lovfesting av konsultasjonsplikten vil kunne bidra til økt kjennskap til, og respekt for, menneskerettslige krav til konsultasjoner.»

Klima- og miljødepartementet rapporterer, i samråd med Kommunal- og moderniseringsdepartementet, følgjande:

Staten har ei folkerettsleg plikt til å konsultere med samane i saker som vil kunne røre samiske interesser direkte. I dag er plikta gjennomført i norsk rett gjennom Prosedyrer for konsultasjoner mellom statlige myndigheter og Sametinget, frå 2005. Regjeringa fremja hausten 2018 Prop. 116 L (2017–2018) Endringer i sameloven mv. (konsultasjoner). Dei føreslåtte lovreglane om konsultasjonar byggjer på folkerettens reglar og dagens konsultasjonsprosedyrar.

Kommunal- og forvaltningskomiteens fleirtal innstilte på at lovforslaget måtte sendast på høyring (Innst. 253 L (2018–2019) Endringer i sameloven mv.). I tillegg bad komiteen om at utkast til rettleiar om konsultasjonar for kommunar og fylkeskommunar skulle sendast på høyring samtidig. Stortinget gjorde 9. mai 2019 oppmodingsvedtak i tråd med komiteens innstilling (vedtak nr. 508 (2018–2019)). Stortinget vedtok å sende saka tilbake til regjeringa, og oppmoda regjeringa om å sende forslag til endringar i samelova, jf. Prop. 116 L (2017–2018) Endringer i sameloven mv. (konsultasjoner), ut på høyring før saka blei fremja for Stortinget til ny behandling. Kommunal- og moderniseringsdepartementet arbeider no med konsultasjonsrettleiaren, slik at han kan sendast på høyring saman med forslaget til endringar i samelova. Det er teke sikte på at både proposisjonen og utkastet til rettleiar blir sende på høyring hausten 2019.

Når det gjeld prosessen med framforhandling og inngåing av Tanaavtala, er det Klima- og miljødepartementets syn at det blei lagt stor vekt på å involvere lokale rettshavarar og Sametinget på ein tilfredsstillande måte. Vidare viser ein til at det i Tanalova § 6 (3) er lovfesta at utarbeidinga av forskrifter og forhandlingar med Finland om fisket i Tanavassdraget skal skje i samråd med Tanavassdragets fiskeforvaltning og Sametinget. Det er òg lagt stor vekt på lokal medverknad i det pågåande arbeidet med gjennomføring av avtala.

Regjeringa ser på oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Verkemiddel for utvikling av fleire låg- og nullutsleppsløysingar for skip

Programkategori 12.30 Kulturminne og kulturmiljø

Hovudinnhald og prioriteringar

Løyvingane under programkategori 12.30 høyrer i hovudsak inn under resultatområdet Kulturminne og kulturmiljø. Løyvingane omfattar verksemda til Riksantikvaren og Kulturminnefondet. Bruken av løyvingane skal vere i tråd med Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken – Engasjement, bærekraft og mangfold.

Riksantikvaren fordeler tilskot til freda kulturminne og kulturmiljø, inkludert verna og freda fartøy. Riksantikvaren fordeler òg tilskot til arbeid med kulturarv i kommunane, til verdiskapingsprosjekt og til verdsarvområda. Gjennom regionreforma blir frå 2021 hovuddelen av tilskotsforvaltninga lagd til den regionale kulturmiljøforvaltninga. Kulturminnefondet er ei reindyrka tilskotsordning for verneverdigekulturminne og kulturmiljø i privat eige.

Den nye stortingsmeldinga om kulturmiljøpolitikken blei behandla av Stortinget 16. juni 2020. I meldinga presenterte regjeringa tre nye nasjonale mål. Dei nye måla er knytte til omgrepa «engasjement», «berekraft» og «mangfald». I motsetning til tidlegare nasjonale mål på dette området, som har vore objekt- og tilstandsfokusert, legg dei nye nasjonale måla vekt på kor viktig kulturarven er for samfunnet og arbeidet med å nå FNs berekraftsmål. Med dei nye måla skal kulturmiljøforvaltninga bli målt på samfunnsbidraget. Kulturmiljøet skal framleis sikrast, og arbeidet for å redusere tap og skade skal halde fram.

Dei historiske spora er eit viktig grunnlag for å forstå vår tid, og dei er dermed ein del av løysinga på samfunnsutfordringane. I meldinga legger regjeringa vekt på at kulturmiljøpolitikken er ein sentral og integrert del av klima- og miljøpolitikken. I oppfølginga av meldinga skal det mellom anna utarbeidast bevaringsstrategiar for utvalde tema, og det skal utarbeidast forslag til ny kulturmiljølov.

Regionreforma inneber at fylkeskommunane har fått meir mynde og i hovudsak har førstelinjeansvaret for behandling av saker etter kulturminnelova. Regionreforma inneber òg at Riksantikvarens rolle er endra. Riksantikvaren skal vidareutvikle rolla si som fagdirektorat, og har framleis eit overordna ansvar for gjennomføringa av den nasjonale kulturminnepolitikken.

Kulturmiljø er ein ressurs i samfunnsutviklinga og ein del av løysinga for ei berekraftig utvikling. Å «styrkje innsatsen for å verne om og sikre kultur- og naturarven i verda» er eit eige delmål under FNs berekraftsmål 11 Berekraftige byar og lokalsamfunn, men kulturmiljø medverkar òg til å nå fleire av dei andre berekraftsmåla.

Vidareføring av den internasjonale innsatsen på kulturmiljøfeltet er viktig for å styrkje arbeidet for ei berekraftig utvikling nasjonalt og globalt. Som medlem av Verdsarvkomiteen legg Noreg særleg vekt på arbeidet med kapasitetsbygging for å ta vare på verdsarven og føre vidare norske prioriteringar i implementeringa av verdsarvkonvensjonen.

Dei ti bevaringsprogramma var knytte direkte opp mot dei tidlegare nasjonale måla (2020-målene). Nye bevaringsstrategiar er under utarbeiding, men bevaringsprogramarbeidet blir vidareført inntil desse er klare.

Omgrepet «kulturmiljø» blir brukt som ei samlenemning for «kulturminne, kulturmiljø og landskap». Omgrepet vil bli brukt i omtalen av feltet som heilskap, og omgrepet «kulturmiljøforvaltning» vil blir brukt om forvaltninga av kulturminne, kulturmiljø og landskap. Med verknad frå 2021 blir det vedteke forskrifter for tilskotsordnigar under postane 70, 71, 72, 73, 74, 75, 77 og 79 for kap. 1429. Tilskot frå kap. 1432 post 50 behandlast etter forskrift om vedtekter for Norsk kulturminnefond.

Resultatområde

Tabell 7.10 Resultatområde under programkategori 12.30

Resultatområde

Nasjonale mål

Kulturminne og kulturmiljø

  • Alle skal ha høve til å engasjere seg og ta ansvar for kulturmiljø.

  • Kulturmiljø skal medverke til berekraftig utvikling gjennom heilskapleg samfunnsplanlegging.

  • Eit mangfald av kulturmiljø skal takast vare på som grunnlag for kunnskap, oppleving og bruk

Politikk for å nå dei nasjonale måla for kulturminne og kulturmiljø

Engasjement

Europarådets rammekonvensjon om kulturarvens verdi for samfunnet, Faro-konvensjonen, slår fast at alle har rett til å ta del i den kulturarv som dei sjølve vel, samtidig som dei skal respektere rettane og fridommane til andre. Noreg ratifiserte Faro-konvensjonen i 2008. Regjeringa har ambisjon om at fleire skal føle eigarskap til og ta ansvar for kulturmiljø. Kulturmiljø er eit felles gode og eit felles ansvar.

Private eigarar av kulturminne og kulturmiljø og frivillige gjer ein uvurderleg innsats for å bevare ein viktig del av landets kulturarv, også på vegner av fellesskapet. Denne innsatsen medverkar sterkt til arbeidet med å nå dei nasjonale måla, og er utslagsgivande for at kulturmiljø blir brukt og teke vare på. Sjølv om hovudansvaret for å ta vare på egen eigedom ligg hos eigaren, skal offentlege verkemiddel medverke til at eigarane er i stand til å ta sin del av ansvaret for å sikre eit mangfald av kulturmiljø. Staten har ulike støtteordningar der eigaren kan få dekt meirkostnader som følgje av krav frå kulturmiljøforvaltninga.

Regjeringa ønskjer auka deltaking og vil betre rammevilkåra for eigarar og forvaltarar av kulturmiljø. Bevaringsstrategiane vil vere ei sentral ramme for eit slikt samarbeid. Riksantikvarens strategi for samarbeid med frivillige organisasjoner 2018–2021 skal òg reviderast som eit ledd i oppfølginga av Meld. St. 16 (2019–2020).

Kunnskap om tradisjonshandverk og materialkunnskap er heilt avgjerande for å ta vare på freda og verneverdige bygningar, anlegg, fartøy og annan kulturarv. Fartøyvernsentera, bygningsvernsentera og andre rådgivingstenester for kulturmiljø har mykje å seie for det praktiske istandsetjings-, skjøtsels- og vedlikehaldsarbeidet. Dei fungerer som eit lett tilgjengeleg tilbod for både eigarar og handverkarar og speler ei viktig rolle for å sikre tilgang til kompetanse innan tradisjonshandverk. I oppfølginga av meldinga vil oppstarttilskot for å stimulere til utvikling av regionale rådgivingstenester for private eigarar av kulturmiljø bli vurdert.

Kulturminnefondet forvaltar tilskotsordningar retta mot private eigarar av verneverdige kulturminne og kulturmiljø. Fondet har vist seg å vere eit godt og viktig verkemiddel både for å ta vare på eit mangfald av verneverdige kulturmiljø og for å gi private eigarar betre høve til å engasjere seg og ta ansvar. Regjeringa legg opp til framleis å styrkje Kulturminnefondet og at midlane til fondet skal medverke strategisk for å nå dei nasjonale kulturmiljømåla.

Bygg og Bevar blei oppretta i 2009 og er eit samarbeidsprogram mellom Klima- og miljødepartementet og Byggenæringens Landsforening. Nettportalen Bygg og Bevar gir mellom anna informasjon om handverkarar med riktig kompetanse, produkt- og bransjeinformasjon om materiale, restaurering og riktig energirehabilitering, utan at kulturhistoriske verdiar går tapt. Bygg og Bevar er eit viktig bidrag for å betre rammevilkåra for dei private eigarane. Ei vidareføring av Bygg og Bevar med langsiktige og føreseielege rammer vil bli vurdert.

Berekraft

Målet «Kulturmiljø skal medverke til berekraftig utvikling gjennom heilskapleg samfunnsplanlegging» viser kor viktig samfunns- og arealplanlegginga er for å sikre kulturmiljø, og korleis kulturmiljøa kan bidra til dei tre dimensjonane av berekraftig utvikling: miljømessig, sosial og økonomisk berekraft. Målet understrekar samstundes Noregs ansvar for og regjeringa sine ambisjonar om å følgje opp FNs berekraftsmål og Agenda 2030.

Det vil bli utvikla indikatorar som måler korleis kulturmiljø medverkar til å nå berekraftsmåla i Noreg. Regjeringa skal òg utvikle andre indikatorar og styringsdata for å nå dei tre nasjonale måla – i dette arbeidet vert det viktig å synleggjere samanhengen med berekraftsmåla. Som ein del av dette arbeidet vil det bli lagt til rette for auka samarbeid mellom kulturmiljøforvaltninga og næringslivsorganisasjonar.

By- og stadutvikling er ein del av løysinga for ei berekraftig utvikling. Kulturarv kan brukast som ein ressurs i samfunnsutviklinga. Transformasjon og ny bruk av eldre bygningsmasse kan vere med på å bevare og vitalisere dei historiske byområda. God arkitektur, historiske bygningar og bymiljø medverkar til stadidentitet og positive opplevingar og ressursar som bør utnyttast for å utvikle attraktive by- og tettstadsenter. For å medverke til god forvaltning av kulturminne og kulturmiljø i byane, har Riksantikvaren utarbeidd ein eigen bystrategi. Denne strategien blir revidert i 2021. Direktoratet har òg sett i gang arbeid med ein klimastrategi for kulturmiljø. Strategien vil bli ferdig i 2021.

Regjeringa ønskjer å fremje bruk, ombruk, gjenbruk og transformasjon av hus og bygningsmiljø gjennom koordinert verkemiddelbruk. Regjeringa vil òg vurdere kor godt eigna dagens lovverk er til å verne kulturmiljø. Samstundes bør det offentlege bruke rolla som eigar av mange freda og verneverdige hus og anlegg til å vere ein aktiv pådrivar og gi gode døme på bruk, ombruk og gjenbruk av den historiske bygningsmassen.

Mangfald

Med nye nasjonale mål, som femnar breiare og i større grad legg vekt på kor viktig kulturmiljøet er for samfunnet, er det behov for å justere innretninga på bevaringsarbeidet. For å ta vare på eit mangfald av kulturmiljø vil regjeringa utarbeide bevaringsstrategiar for prioriterte tema der all verkemiddelbruk skal sjåast i samanheng. Dette inneber mellom anna satsingar og tiltak for å forbetre tilstand og vedlikehaldsnivå, og tiltak for å redusere tap og skade. Bevaringsstrategiane skal òg ta høgd for at det finst mange ulike måtar å ta vare på mangfaldet av kulturmiljø på. Vidare er kunnskap, oppleving, bruk og engasjement sentrale verdiar som må sikrast i utforminga av bevaringsstrategiane. Som ein del av bevaringsstrategiane bør det utarbeidast heilskaplege oversikter for relevante kulturmiljøkategoriar eller tema, slik at både forvaltningsmiljøa og forskingsmiljøa har eit felles kunnskapsgrunnlag. I samsvar med Stortingets vedtak 707 (2019–2020) og 208 (2019–2020) skal det i samband med bevaringsstrategiane, fremjast forslag om korleis staten kan stimulere private eigarar av kulturminne og kulturmiljø til jamt, godt vedlikehald gjennom skatte- og avgiftsinsentiv. Det skal òg leggjast til grunn at ein av dei nye bevaringsstrategiane skal handle om kyrkjer, og at det i den samanheng blir lagt til grunn ei målsetjing om at alle steinkyrkjer frå mellomalderen skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan 2030. Klima- og miljødepartementet vil samarbeide med Barne- og familiedepartementet om dette. Riksantikvaren vil ha ei viktig rolle i utforminga av bevaringsstrategiane og skal i dette arbeidet sikre eit godt sektorsamarbeid, mellom anna betre koordinering av verkemiddelbruken.

Riksantikvaren har dei siste 15 åra utarbeidd fleire fagstrategiar, mellom annet for bymiljø, for arkeologiske kulturminne og for arbeid med kulturarv i kommunane. Desse fagstrategiane vil framleis vere viktige, men dei må reviderast slik at dei blir tilpassa dei nye nasjonale måla og arbeidet med bevaringsstrategiar.

I 2006 fekk Riksantikvaren, Statens landbruksforvaltning (no Landbruksdirektoratet) og Direktoratet for naturforvaltning (no Miljødirektoratet) eit felles oppdrag som enda i satsinga Utvalgte kulturlandskap i jordbruket i 2009. I 2020 inngår 46 landskap i ordninga. Frå og med 2020 er forvaltninga av denne tilskotsordninga lagt til dei aktuelle kommunane. Samarbeidet om ordninga skal førast vidare, og det skal vurderast å auke talet på område innanfor eksisterande rammer.

Prosjektet Statens kulturhistoriske eiendommer (SKE-prosjektet) blei starta opp i 2002 og er eit eksempel på korleis sektoransvaret medverkar til at departement og underliggjande etatar og verksemder tek ansvar for å nå miljømål innanfor eigne ansvarsområde. Etter nesten 20 år er det behov for å evaluere dei statlege landsverneplanane og forvaltninga av dei generelt. SKE-prosjektet har vore eit nybrotsarbeid som har gitt eit breitt erfaringsgrunnlag knytt til forvaltning og dispensasjonspraksis. I 2020 overtok regionane forvaltningsstyresmakta for desse eigedommane, med unntak av bygningar og anlegg som er oppførte på Riksantikvarens liste.

Kulturarvpolitikken er delt mellom fleire departementet. For å lette samarbeidet og gjere det enklare å sjå forvaltninga av mellom anna den materielle og den immaterielle kulturarven i samanheng, førebur ein etablering av departementas kulturarvforum etter modell av departementas verdsarvforum og den interdepartementale landskapsgruppa.

Kunnskap og forsking

Miljøovervaking inneber ei systematisk innsamling av data med metodar som kan etterprøvast, basert på hypotesar om samanhengen mellom årsak og verknad. Data frå miljøovervakingsprogramma vil vere viktig for å følgje opp dei nye nasjonale måla. Eksisterande program vil bli gjennomgått og behov for eventuelle nye program vurdert.

Internasjonalt forskingssamarbeid er viktig for å løyse mange samfunnsutfordringar. I Meld. St. 4 (2018—2019) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2019–2028 er det eit sentralt mål å auke norsk deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon.

Samarbeid mellom europeiske land om forskingsprogram gjennom Joint Programming Initiatives, JPI, har frå 2010 medverka til å samordne offentleg finansiert forsking i Europa innanfor ti område. Noregs deltaking er med på å styrkje det norske forskingssystemet og mobilisere nye forskingsmiljø og brukargrupper på kulturmiljøfeltet.

Nasjonal detaljert høgdemodell gir detaljert oversikt over terrenget og bygde element. Høgdemodellen har eit stort brukspotensial for kulturmiljøforvaltninga, mellom anna til overvaking, nyregistrering og kvalitetssikring av staddata, og til å kunne vurdere større område i samanheng. Med høgdemodellen har forvaltninga eit godt utgangspunkt for å dra nytte av data som blir gjorde tilgjengelege gjennom det europeiske jordobservasjonsprogrammet for klima- og miljøovervaking – Copernicus. Copernicus er ei stor europeisk satsing som medverkar til å auke forståinga av naturen, klimaforandringar og miljø. I 2020 er det lagt fram ein rapport om å optimalisere tenestene Copernicus leverer for kulturmiljøforvaltninga. Noreg har delteke i arbeidsgruppa.

Verdsarv (UNESCO)

Det går fram av Meld. St. 27 (2008–2019) Norges rolle og interesser i multilateralt samarbeid at regjeringa vil bruke FN og andre relevante multilaterale institusjonar aktivt for å sikre ei god handtering av globale miljøutfordringar og oppfølging av berekraftsmåla, under dette ein ambisiøs politikk på mellom anna kultur- og naturarvområdet.

Verdsarvkonvensjonen har som mål å verne kultur- og naturarv som har framståande universell verdi. Statar som har ratifisert konvensjonen, forpliktar seg til å samarbeide internasjonalt, identifisere verdsarv i eige territorium, verne verdsarven og formidle verdsarven. Klima- og miljødepartementet har hovudansvaret for å følgje opp konvensjonen.

Noreg har høge ambisjonar for forvaltning av verdsarvområda og har som mål at verdsarvområda skal utviklast til fyrtårn for god natur- og kulturmiljøforvaltning når det gjeld tilstand, forvaltning og formelt vern. Riksantikvaren og Miljødirektoratet arbeider saman for å betre forvaltninga av verdsarvområda, mellom anna gjennom forvaltningsplanar, betre lokal organisering og formidling. Fylkeskommunane og kommunane har ei viktig rolle i å oppfylle forpliktingane.

Forvaltninga av dei norske verdsarvområda inneber forpliktingar for alle sektorar. God forvaltning av verdsarvområda avheng òg av betre samordning mellom dei sektorane som påverkar utviklinga i områda. Aktuelle departement deltek difor i eit eige tverrdepartementalt verdsarvforum. Klima- og miljødepartementet leier forumet, som vart etablert i 2018.

Noreg har dei siste åra styrkt innsatsen for forvaltninga av dei åtte norske verdsarvområda. Ambisjonen er at det skal etablerast verdsarvsenter ved alle dei norske verdsarvområda. Klima- og miljødepartementet har utarbeidd ein plan for prioriteringar av dette arbeidet for perioden 2017–2026, og per mars 2020 er det autorisert verdsarvsenter ved seks av dei. Føremålet er å gi god informasjon om verdsarven og styrkje den lokale forankringa. Noreg er medlem av UNESCOs verdsarvkomité for perioden 2017–2021. Ein av hovudprioriteringane for den norske innsatsen i komiteen er å styrkje institusjonar, ekspertar og lokalsamfunn slik at dei kan ta vare på verdsarven, sikre dei universelle verdiane til verdsarven og gjere landa betre i stand til å reagere og handle når verdsarv vert truga som følgje av krig, konflikt og naturkatastrofar.

Kapasitetsbygging under verdsarvkonvensjonen er eit viktig innsatsområde både nasjonalt og internasjonalt. Noreg medverkar til denne satsinga gjennom kapasitetsbyggingsprogrammet World Heritage Leadership. Dette er eit seksårig samarbeidsprogram (2016–2021) med International Union for Conservation of Nature (IUCN) og International Centre for the Study of the Preservation and Restoration of Cultural Property (ICCROM). Ei midtvegsevaluering av programmet blei ferdigstilt hausten 2020, og grunnlag for ei eventuell vidareføring vert vurdert i 2021.

Som ledd i oppfølginga av Noregs prioriteringar for arbeidet i verdsarvkomiteen blei det i 2019 og 2020 løyvd 30 mill. kroner over Utanriksdepartementets budsjett for å styrkje verdsarvarbeidet i Afrika med særleg vekt på naturområde. Denne innsatsen vil bli ført vidare.

Europeisk og nordisk samarbeid

Dei siste åra har kulturarvfeltet fått stadig større merksemd i EU. Dette har mellom annet komme til uttrykk gjennom markeringa av det europeiske kulturarvåret i 2018 og i EUs oppfølging etter dette. Eit av resultata er ein ny europeisk handlingsplan for kulturarv, European Framework for Action on Cultural Heritage. I handlingsplanen er det etablert fire prinsipp og fem satsingsområde for handling der EU ønskjer å medverke. Her er kulturarvens verdi for eit inkluderande, berekraftig, tilpassingsdyktig og innovativt Europa og for eit sterkare globalt partnarskap framheva. Handlingsplanen og satsingsområda er i stor grad samanfallande med dei nye nasjonale måla for kulturmiljøpolitikken og innretting av kulturmiljøarbeidet i Noreg. Gjennom handlingsplanen er det etablert ei ekspertgruppe som skal drøfte og utveksle erfaringar for å kunne utforme ein berekraftig og deltakande kulturarvpolitikk i Europa. Regjeringa meiner det er eit stort potensial for erfaringsutveksling og gjensidig støtte, og prioriterer derfor norsk deltaking i ekspertgruppa Commission Expert Group on Cultural Heritage og arbeidet med å følgje opp handlingsplanen.

Noreg deltek i Europarådets mellomstatlege komité for kultur, kulturarv og landskap (CDCPP), der både Kulturdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Klima- og miljødepartementet er representerte. Gjennom ei rekkje tiltak medverkar Europarådet til å fremje mangfald og dialog gjennom tilgang til kulturarv og til å skape ei forståing av identitet, felles minne og forståing mellom folkegrupper. Fleire av desse tiltaka har innverknad for Noreg, slik som European Heritage Strategy for the 21st Century, dei europeiske kulturminnedagane, Cultural Routes i tillegg til ei rekkje faglege nettverk og strategiar. Europarådet er òg ein viktig møteplass for medlemsstatane, både for å drøfte felles løysingar og for politikkutvikling. Noreg deltek og medverkar aktivt i slike samanhengar. Dette arbeidet vil bli ført vidare. Regjeringa vil leggje særleg vekt på arbeidet med å sjå kulturarv, menneskerettar, demokrati og berekraftsmåla i samanheng.

Regjeringas strategi Norge i Europa framhevar EØS-midlane som det viktigaste finansielle verkemiddelet i europapolitikken. Gjennom kultur- og kulturarvprogramma under EØS-midlane har norsk kulturmiljøsektor høve til å tileigne seg ny kunnskap ved å diskutere felles utfordringar med europeiske kollegaer.

Nordisk ministerråd er det offisielle samarbeidsorganet til dei nordiske regjeringane. Statsministrane i Norden har gjennom ein deklarasjon frå 20. august 2019 vedteke som visjon at Norden skal bli verdas mest berekraftige og integrerte region fram mot år 2030. Samarbeidet i Norden skal byggje opp under denne visjonen. I ein deklarasjon frå 30. oktober 2019 oppfordrar dei nordiske kulturministrane sektorane til å integrere kultur og kulturarv som ein viktig premiss for arbeidet med FNs berekraftsmål.

Regionreforma

Med regionreforma, som tok til å gjelde 1. januar 2020, blei meir ansvar delegert frå staten til fylkeskommunane når det gjeld forvaltning av kulturmiljø. Fylkeskommunane har no førstelinjeansvaret for dei fleste typane kulturminne og kulturmiljø. I samband med regionreforma fekk fylkeskommunane ansvaret for dei fleste automatisk freda kulturminna som arkeologi, skipsfunn, fartøy, dei fleste forskriftsfreda eigedommane, fleire teknisk-industrielle anlegg og dei ikkje-kyrkjelege mellomalderhusa. Frå hausten 2020 overtok fylkeskommunane sakshandsaminga av søknader innanfor dei fleste tilskotsordningane. Det blir gjennomført ei følgjeevaluering for å klargjere effektar og gevinstar av overføringa av auka mynde til fylkeskommunane og endringane i ansvars- og oppgåvefordelinga.

På grunn av regionreforma vidareutviklar Riksantikvaren rolla si som fagdirektorat, men har framleis det overordna ansvaret for gjennomføringa av den nasjonale kulturmiljøpolitikken. Riksantikvaren har framleis mynde til å frede, reise motsegn til arealplanar og å avgjere klagesaker. Riksantikvaren beheld inntil vidare ansvaret for forvaltning av nokre freda kulturminne og kulturmiljø, i tillegg til freda og listeførte kyrkjer. Riksantikvaren medverkar med rettleiing til fylka i samband med overføringa av oppgåver til fylka.

Bevaringsprogramma

Ei av dei viktigaste strategiske satsingane i arbeidet med å nå dei tidlegare nasjonale måla var å etablere ti bevaringsprogram. Andre viktige verktøy var å utarbeide og implementere Riksantikvarens fredingsstrategi og å styrkje arbeidet med å sikre verneverdige kulturminne i kommunane.

Hovudinnsatsen i dei ti bevaringsprogramma har sidan oppstarten i 2007 vore retta mot å medverke til å forbetre vedlikehaldsnivået for utvalde kulturminnekategoriar. Fredingsstrategien skal sikre betre geografisk, sosial, etnisk, næringsmessig og tidsmessig representativitet i fredingsporteføljen. Arbeidet med kulturarv i kommunane har medverka til kunnskap om og ivaretaking av ei større breidd blant kulturminne og kulturmiljø.

Erfaringar har vist at bevaringsprogramma har vore ein effektiv måte å strukturere bevaringsarbeidet på. Både bevaringsprogramma, fredingsstrategien og arbeidet med kulturminne i kommunane har vore tett kopla til dei eksisterande nasjonale måla, der reduksjon av tap, forbetra vedlikehaldsnivå og auka representativitet har vore dei overordna prioriteringane. Denne typen grunnleggjande forvaltning av kulturhistoriske verdiar skal framleis vere ein viktig del av prioriteringane i kulturmiljøforvaltninga. Bevaringsprogramma var opphavleg direkte knytte til dei tidlegare nasjonale måla (2020-målene) som no er avløyste av nye nasjonale mål. Nye bevaringsstrategiar er under utarbeiding, men bevaringsprogramarbeidet blir ført vidare inntil desse er klare. Sjå elles nærmare omtale under delkapittelet«Mangfald».

Kort om dei enkelte bevaringsprogramma – mål og status

  • 1. Freda bygningar i privat eige

    Målet for bevaringsprogrammet har vore at alle freda bygningar i privat eige skal vere sette i stand til eit ordinært vedlikehaldsnivå.

    Bevaringsprogrammet omfattar rundt 3 400 bygningar. Det har sidan starten av bevaringsprogramma vore ei positiv utvikling og om lag 40 pst. av dei registrerte bygningane har eit ordinært vedlikehaldsnivå. Om lag 15 pst. har behov for omfattande utbetringar.

  • 2. Samiske kulturminne

    Målet for bevaringsprogrammet har vore at automatisk freda, samiske bygningar skal vere kartlagde innan 2017, og prioriterte bygningar skal sikrast og setjast i stand.

    Gjennom ein revisjon av kulturminnelova i 2018 er det etablert ei fast fredingsgrense. Det inneber at samiske kulturminne frå 1917 eller eldre er automatisk freda. Ei kartlegging av automatisk freda samiske bygningar og tilstanden dei er i, blei ferdig i 2017. Noko etterarbeid står att, men det totale talet på bygningar vil vere ein stad mellom 900 og 950.

  • 3. Stavkyrkjene

    Målet for bevaringsprogrammet har vore at dei 28 stavkyrkjene skal vere sett i stand til ordinært vedlikehaldsnivå innan 2015.

    Målet for stavkyrkjeprogrammet blei nådd i 2015. På grunn av klimaendringane, med større fare for ekstremvêr, er det etter 2015 gjennomført risikovurderingar ved alle stavkyrkjene.

  • 4. Verdsarven

    Målet for bevaringsprogrammet har vore at dei norske verdsarvområda skal utviklast som fyrtårn for den beste praksisen innan natur- og kulturminneforvaltning når det gjeld tilstand, forvaltning og formelt vern.

    Dei åtte verdsarvområda er av svært ulik karakter og omfang og med variasjon i den tekniske tilstanden. Mange bygningar er sette i stand, skjøtsel og formidling er forbetra, men mykje står att. Fleire av kulturminna innanfor kvart av verdsarvområda høyrer også inn under andre bevaringsprogram.

  • 5. Tekniske og industrielle kulturminne

    Målet for bevaringsprogrammet har vore å sikre, setje i stand og halde ved like eit utval prioriterte anlegg.

    Bevaringsprogrammet omfatta ved oppstarten ti anlegg. I ettertid er fem lagde til, slik at det i dag er femten anlegg som er definerte som nasjonalt prioriterte anlegg. Per 1. januar 2020 er ti av anlegga rekna som sette i stand.

  • 6. Brannsikring av tette trehusmiljø og stavkyrkjer

    Målet for bevaringsprogrammet har vore å halde brannsikringa av stavkyrkjene på eit høgt nivå og medverke til brannsikring av rundt 180 tette trehusmiljø med gammal verneverdig trehusbusetnad.

    Det er eit høgt tryggleiksnivå ved alle dei 28 stavkyrkjene, og det blir gjennomført årleg service av tekniske anlegg.

  • 7. Fartøy

    Målet for bevaringsprogrammet har vore at eit representativt utval av bevaringsverdige fartøy skal sikrast.

    254 verna og freda fartøy inngår i bevaringsprogrammet. 19 pst. av fartøya har eit ordinært vedlikehaldsnivå. Av dei andre har 25 pst. eit moderat behov for tiltak, mens 56 pst. har stort behov for tiltak og utbetring.

  • 8. Ruinar

    Målet for bevaringsprogrammet har vore at eit utval ruiner skal sikrast og gjerast tilgjengelege for publikum.

    Bevaringsprogrammet omfattar 58 av totalt 122 ruinar etter kyrkjer, klosteranlegg og borg- og festningsanlegg frå mellomalderen. Per 1. januar 2020 er 27 av ruinane ferdig konserverte.

  • 9. Bergkunst

    Målet for bevaringsprogrammet har vore at eit utval bergkunstlokalitetar skal dokumenterast, sikrast og gjerast tilgjengeleg for publikum.

    Det er registrert om lag 2 000 bergkunstlokalitetar i Noreg, og alle inngår i bevaringsprogrammet. Per 1. januar 2020 har 481 av 500 prioriterte lokalitetar eit ordinært vedlikehaldsnivå. 109 av desse er tilrettelagde for publikum.

  • 10. Utvalde arkeologiske kulturminne

    Målet for bevaringsprogrammet har vore at eit representativt utval arkeologiske kulturminne og kulturmiljø skal sikrast gjennom skjøtsel og gjerast tilgjengeleg for publikum.

    Per 1. januar 2020 har 420 av 450 prioriterte arkeologiske kulturminne fått eit ordinært vedlikehald. 309 av desse er også tilrettelagde for publikum.

Nærare om budsjettforslaget

Føreslått løyving knytt til programkategorien er i 2021 på om lag 818,8 mill. kroner på utgiftssida. Dette er ein auke på 12,9 mill. kroner, eller 1,6 pst., samanlikna med saldert budsjett for 2020.

Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

1429

Riksantikvaren

691 516

679 566

689 104

1,4

1432

Norsk kulturminnefond

116 320

126 362

129 740

2,7

Sum kategori 12.30

807 836

805 928

818 844

1,6

Kap. 1429 Riksantikvaren

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

145 511

149 268

145 828

21

Spesielle driftsutgifter

37 876

31 731

32 509

22

Fleirårige prosjekt kulturminneforvaltning, kan overførast

31 233

30 371

31 115

60

Kulturminnearbeid i kommunane

8 600

8 600

8 600

70

Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne, kan overførast

44 596

33 164

41 064

71

Tilskot til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap, kan overførast

161 525

159 015

159 015

72

Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne, kan overførast

58 061

58 045

58 045

73

Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring, kan overførast

48 253

57 575

57 575

74

Tilskot til fartøyvern, kan overførast

61 956

63 926

65 972

75

Tilskot til fartøyvernsenter, kan overførast

15 698

15 949

16 459

77

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområde, kan overførast

7 970

8 232

8 232

79

Tilskot til verdsarven, kan overførast

70 237

63 690

64 690

Sum kap. 1429

691 516

679 566

689 104

Rolle og oppgåver for Riksantikvaren

Riksantikvaren, direktoratet for kulturmiljøforvaltning, er Klima- og miljødepartementets rådgivar og skal setje i verk kulturmiljøpolitikken til regjeringa. Riksantikvaren har vidare eit ansvar for utvikling av rettleiingsmateriell, digitale tenester med meir, som sikrar ei einskapleg kulturmiljøforvaltning. Dei skal òg forvalte sentrale data om kulturmiljø i offentleg forvaltning.

Sjølv om ein del av direktoratets oppgåver er overførte til regional kulturmiljøforvaltning, som ein del av regionreforma, er Riksantikvaren framleis fredings-, motsegns- og klagestyresmakt og har også ansvar for den nasjonale fordelinga av tilskotsmidlar til fylkeskommunane. Riksantikvaren skal òg inntil vidare ha forvaltninga av freda og listeførte kyrkjebygg.

Post 01 Driftsutgifter

Hovuddelen av løyvinga dekkjer lønn og godtgjersler til tilsette, husleige, oppvarming, reinhald, IKT, reiseverksemd, informasjonstiltak og andre driftsutgifter for Riksantikvaren. Posten dekkjer i tillegg kjøp av konsulenttenester til faglege prosjekt og utgreiingar, under dette kostnader knytte til Riksantikvarens drift og oppfølging av elektronisk biletarkiv for miljøforvaltninga. Inntekter knytte til dette blir førte under kap. 4429 post 02 og 09.

Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4429 post 02 og 09, jf. forslag til vedtak II.

Det er føreslått ei løyving på 145,8 mill. kroner på posten for 2021. Posten er totalt redusert med om lag 3,4 mill. kroner. Posten er redusert med 4,1 mill. kroner i samband med Regionreforma og at oppgåver gradvis blir overførte frå Riksantikvaren til fylkeskommunane. Posten er auka med 1,3 mill. kroner i samband med overføring av oppgåver frå Barne- og familiedepartementet.

Rapport 2019

Størsteparten av midlane er lønnskostnader, som utgjer om lag 56 pst. av dei samla driftsutgiftene.

Driftskostnadene har vore reduserte over tid som følgje av effektivisering av drift, reduksjon i arealleige, bortfall av driftsoppgåver, reduserte innkjøp og anna.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Post 21 dekkjer prosjektmidlar til fagleg samarbeid med andre land i samsvar med norske prioriteringar, medlemsutgifter og utgifter knytte til samarbeidsavtalar og utgreiingsarbeid. Midlar til det internasjonale kurset i konservering av tre (ICWCT – International Course on Wood Conservation Technology) blir òg dekte over denne posten. Midlane blir elles nytta til kjøp av vedlikehalds- og istandsetjingstenester for bygningar som Riksantikvaren sjølv har eit eigar-/forvaltningsansvar for.

Riksantikvaren kan lyse ut forskings- og utviklingsmidlar innanfor denne potten, og bestiller utgreiingar mellom anna på klima- og energifeltet.

Det er føreslått ei løyving på 32,5 mill. kroner på posten for 2021.

Rapport 2019

I 2019 blei 37,9 mill. kroner nytta innan post 21.

Aktivitet

Lønn, reise og kompetansemidlar knytte til prosjekt

10 990

Husleige til Kongsvoll fjellstove

3 061

Kjøp av tenester1

23 825

Sum

37 876

1 Digitalisering, Kunnskapsløftet, Sametinget sine registreringar av automatisk freda samiske bygningar, konsulentar, forskings- og utviklingsmidlar m.m.

Riksantikvaren utarbeidde i 2015 Fredningsstrategi mot 2020 for kulturminneforvaltningen. Fredingsstrategien viser innanfor kva tema Riksantikvaren i dag manglar freda bygg eller anlegg, for eksempel nasjonale minoritetar, handel eller rekreasjon, fritid og folkehelse. Nye fredingssaker skal helst vere innanfor dei prioriterte tema og startast opp i eit avgrensa omfang. Fredingsstrategien fortel òg korleis kulturminneforvaltninga skal arbeide effektivt og på lag med eigar i nye fredingssaker. Fredningsstrategi mot 2020for kulturminneforvaltningen set opp ti prioriterte tema for nye fredingar, slik at fredingslista vår skal bli meir representativ, både tematisk og geografisk. Betre framdrift i fredingssakene er òg eit viktig tema i strategien. Det blei vedteke freding i til saman 11 saker i 2019, og 35 nye fredingssaker er starta opp i tråd med fredingsstrategien. Målrettinga av fredingsarbeidet etter dei føringane som blei lagde i fredingsstrategien, gir effektar. Stadig fleire eldre fredingssaker blir sluttførte, og nye fredingssaker blir starta opp i medhald av strategien. Talet pågåande fredingssaker er i ferd med å komme ned på eit meir handterbart nivå for både fylkeskommunane og Riksantikvaren. Dette gjer at nye fredingssaker blir behandla raskare og betre, noko som er til fordel for eigarane òg.

Med forankring i Fredningsstrategi mot 2020 er det brukt midlar til fleire prosjekt med mål om å finne fram til eit representativt utval kulturminne. I samband med fredingssak av eit krigshistorisk landskap i Narvik-fjella blei det utført eit omfattande registreringsarbeid og ein dokumentasjonsrapport i samarbeid med Nordland fylkeskommune og Narviksenteret.

Det er varsla oppstart av freding av Henningsvær kulturmiljø. Organiseringa av kulturmiljøfredinga følgjer tilrådingane i evalueringsrapporten om dei freda kulturmiljøa i Noreg som blei utført i 2017.

I 2019 har Riksantikvaren gjennomført fire program på miljøovervaking:

  • status for verneverdige kulturminne i utvalde kommunar

  • status for tap og skade på automatisk freda kulturminne i utvalde kommunar

  • kulturlag i utvalde mellomalderbyar

  • klimaeffektar på freda bygg.

I tillegg er det sett i gang og gjennomført utgreiingar knytte til bruk av ny teknologi i overvaking av mellom anna kulturhistoriske landskap og arkeologiske funn frå fonner som smeltar.

Post 22 Bevaringsoppgåver, kan overførast

Tunge nasjonale bevaringsoppgåver er det i visse tilfelle verken føremålstenleg eller mogleg å gjennomføre ved å dele ut tilskot til lokale prosjekteigarar. I desse tilfella må Riksantikvaren fungere som prosjekteigar. Sidan dette er prosjekt som i dei fleste tilfella går over fleire år, og det ikkje alltid lèt seg gjere å gi overslag over det eksakte utbetalingsbehovet kvart enkelt år, er midlane plassert på post 22, der dei kan overførast. Dette gjeld fleire store prosjekt, som brannsikring av stavkyrkjer og grunnvassmåling under Bryggen i Bergen, som er avhengig av fleirårige avtalar med leverandørar.

Riksantikvaren har i mai 2019 opna formidlingskjellaren for utstillinga av Klemenskyrkjeruinen. Midlar løyvde over statsbudsjettet har vorte nytta til å finansiere utgravinga, etablere formidlingsrommet i kjellaren på næringsbygget og betale husleige og drift fram til kjøpet er gjennomført. Statsbygg hjelper Riksantikvaren ved kjøp av eigedommen frå Angel Næringsbygg. Riksantikvaren forventar at kjøpet vil bli gjennomført i 2020.

Det er føreslått ei løyving på 31,1 mill. kroner på posten for 2021.

Rapport 2019

Det har vore god framdrift i utbetringa av brannsikringsanlegg på stavkyrkjene.

Det er brukt 8,18 mill. kroner til stavkyrkjesikring over post 22 i 2019.

15 av 28 stavkyrkjer hadde ved årsskiftet 2019/2020 mindre avvik frå krava til sikkerheit som er sett i Grunnplan for sikring av stavkyrkjene.

Andre område der midlar frå post 22 blir nytta, er ruinkonservering, konservering av kyrkjekunst og profane mellomalderbygningar.

Post 60 Kulturminnearbeid i kommunane

Det blir gitt tilskot til kommunar som ønskjer å setje i gang, nyleg har sett i gang eller vil rullere eksisterande kulturminneplan. Tilskot blir òg gitt til utvikling og drift av ulike kompetansemodellar som styrkjer arbeidet lokalt. Dette gjeld samarbeid mellom fylkeskommunar, kommunar, museum, Sametinget og frivillige. Også særskilde satsingar i kommunane kan komme inn under tilskotsposten; døme her i 2019 er Murbyen Oslo (2 mill. kroner).

Det er føreslått ei løyving på 8,6 mill. kroner på posten for 2021.

Rapport 2019

375 kommunar har fram til og med 2019 fått tilskot (100 000 kroner) til å utarbeide eller rullere kulturminneplan.

Om lag 200 kommunar hadde til og med 2019 ferdig kulturminneplan.

Det er òg gitt tilskot til kompetansemodellar i kommunar og fylkeskommunar, til dømes til samarbeid mellom fleire kommunar som nyttar felles kompetanse for å lage kulturminneplan eller samarbeid mellom kommunar og museum.

Rettleiing for kommunane blei oppdatert og forbetra i fleire kanalar.

Utviklingsnett blei arrangert for kommunane, mellom anna om byggjesak og kulturminnedata.2

Post 70 Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne, kan overførast

Det er føreslått ei løyving på 41 mill. kroner på posten for 2021.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til sikring, skjøtsel, tilrettelegging, dokumentasjon og formidling av automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne.

Posten dekkjer òg finnarlønn.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli gitt til konkrete tiltak for skjøtsel og vedlikehald som blir gjennomført etter vilkår frå forvaltninga. Tilskot kan òg vere dekking av utgifter til arkeologiske arbeid ved mindre, private tiltak og heil eller delvis statleg kostnadsdekning der det ligg føre særlege grunnar. Frå posten kan det òg givast tilskot til arkeologiske forvaltningsmuseum, der fylkeskommunane og Sametinget i forvaltningssaker treng fagleg assistanse, og til saksbehandling og feltundersøkingar ved sjøfartsmusea.

For 2021 er det føreslått 7,9 mill. kroner til å gjere ferdig undersøkinga av Gjellestadskipet i Halden kommune, som vart starta i 2020, med ein estimert kostnad på 23,5 mill. kroner.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane blir følgde opp for å sikre at midlane blir nytten som føresett, og innsende rapportar og reknskap blir kontrollert. Dei tilskota som gjeld statleg kostnadsdekning ved tiltak som krev arkeologiske arbeid, blir gitt til den institusjonen som utfører arbeidet, og denne rapporterar om bruken.

Rapport 2019

Det er utført tiltak innan dokumentasjon, skjøtsel og sikring av bergkunstlokalitetar over heile landet i regi av Bevaringsprogrammet for bergkunst (BERG) i 2019. Arbeidet er utført av fylkeskommunane, Sametinget og dei arkeologiske forvaltningsmusea, ofte i samarbeid med lokale krefter. Gjennom tilskot i 2019 er det sett i verk nye tiltak innan skjøtsel og tilrettelegging på 139 bergkunstlokalitetar, og det går føre seg arbeid med mange prosjekt som er vidareførte frå tidlegare år. Det er behov for årvisse tiltak mange stader fordi bergkunstfelta veks til eller er truga av hærverk og slitasje.

Det er òg utført metodeutvikling innan dokumentasjon og formidling, og nettverkstiltak slik som seminar i samarbeid med Verdsarvsenter for bergkunst – Alta Museum.

Totalt er det gitt 7,8 mill. kroner i tilskot til nye tiltak innanfor BERG i 2019, og det blei utbetalt 7,3 mill. kroner (post 70). Resten av tiltaka held fram i 2020.

Tabell 7.11 Bevaringsprogrammet for bergkunst (BERG)

Bergkunst i Askeladden

Talet på lokalitetar

Kommentar

Bergkunstlokalitetar totalt

2 107

Status per 28.05.20 for automatisk freda lokalitetar

Enkeltminne bergkunst totalt

3 213

Status pr. 28.05.20 for automatisk freda lokalitetar

Nye skjøtselstiltak i 2019

139

Tilskot 2019

Nye tilretteleggingstiltak i 2019

24

Tilskot 2019

Nye dokumentasjonstiltak i 2019

60

Tilskot 2019

Tilfredsstillande bevarings-/vedlikehaldsnivå

481

Rapportert totalt i programmet

Tilrettelagt for publikum med tilfredsstillande bevarings-/vedlikehaldsnivå

109

Rapportert totalt i programmet

I løpet av 2019 er det gjennomført skjøtsel og tilrettelegging for publikum i regi av Bevaringsprogrammet for utvalde arkeologiske kulturminne og kulturmiljø (BARK) over heile landet, og det omfattar 56 lokalitetar i Askeladden.

Eit BARK-prosjekt (tilretteleggingsobjekt) omfattar i dei fleste tilfella ei gruppe kulturminne som utgjer ein samanheng. Fleire lokalitetar i Askeladden kan derfor inngå i eit prosjekt i BARK. I 2019 blei det sett i gang skjøtsels- og tilretteleggingstiltak i 24 slike BARK-prosjekt. Parallelt går det føre seg arbeid med ei rekkje prosjekt som er sette i gang frå tidlegare år. Arbeidet blir utført av fylkeskommunar og Sametinget i samarbeid med kommunane og andre lokale krefter. Så langt i programmet er 105 slike tilretteleggingsprosjekt fullførte. Det er ein reduksjon i tilstandsgrad i 2019 på grunn av kulturminne i prosjekt som no er tekne ut av programmet.

Nettverkstiltak er viktig for å nå måla i programmet, og det blei gjennomført eit skjøtselsseminar i Harstad for fylkeskommunane og Sametinget i 2019.

Totalt blei det gitt 2,2 mill. kroner i tilskot til tiltak innanfor BARK i 2019, og det blei utbetalt 2,2 mill. kroner (post 70). Andre tiltak held fram i 2020.

Tabell 7.12 Bevaringsprogrammet for utvalde, arkeologiske kulturminne og kulturmiljø (BARK)

Skjøtsel og tilretteleggingstiltak

BARK prosjekt og kommunar

Kommentar

Nye tiltak

24 (56 lokalitetar)

Tilskot 2019

Fullførte prosjekt totalt

105

I perioden 2012–2019

Kommunar der det er utført eller går føre seg BARK-tiltak

175 kommunar

I perioden 2012–2019

Tilfredsstillande bevarings-/ vedlikehaldsnivå

420

Rapportert totalt i programmet

Tilrettelagt for publikum med tilfredsstillande bevarings-/vedlikehaldsnivå

309

Rapportert totalt i programmet

Det er gjennomført ei rekkje arkeologiske undersøkingar i 2019 knytte til ordninga der staten dekkjer utgifter til arkeologiske undersøkingar i samband med mindre, private tiltak og dersom det ligg føre særlege grunnar, mellom anna 12,7 mill. kroner til arkeologiske undersøkingar i samband med etableringa av Kjøpmannsgata Ung Kunst i Trondheim, 0,82 mill. kroner i samband med undersøking av vikingskip på Gjellestad i Halden og 4,1 mill. kroner i samband med nydyrking i Strand kommune i Rogaland. Av særleg øyremerkte midlar blei det gitt 4,7 mill. kroner til vidare undersøking av ruinar frå mellomalderen på Avaldsnes.

Post 70 blei auka med 19 mill. kroner til Klemenskyrkja i 2019, til kjøp av ein seksjon og bygging av eit formidlingssenter. Midlar til bygging av formidlingssenteret var i hovudsak knytte til kjøp av tenester der utgiftene blei dekte frå post 22. Det blei utbetalt 3,6 mill. kroner frå post 70 til NIKU til etterarbeid på utgravinga av Klemenskyrkja i 2019.

Tabell 7.13 Tiltak til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne 2019

Tiltak

Tal på saker

Tilskot (i 1000 kr)

Merknader

Mindre private tiltak. Tilskot til arkeologiske granskingar. Direkte tilskot frå RA

37

19 788

Midlane blir betalte ut til den institusjonen som gjennomfører utgravinga

Særlege grunnar. Tilskot til arkeologiske granskingar. Direkte tilskot frå RA

11

15 633

Sikring av arkeologiske kulturminne og vitskapleg kjeldemateriale

17

4 853

Andre prioriterte styresmakt-oppgåver ved dei arkeologiske forvaltningsmusea

3 164

Saksbehandling ved sjøfartsmusea

6 550

Finnarlønn

95

6 550

Øyremerking

4 700

Avaldsnes

Bevaringsprogrammet for bergkunst (BERG)

7 812

Sjå ovanfor

Bevaringsprogrammet for utvalde arkeologiske kulturminne og kulturmiljø (BARK)

2 230

Sjå ovanfor

Sum

71 280

Post 71 Tilskot til freda kulturminne i privat eige og kulturmiljø og kulturlandskap, kan overførast

Det er føreslått ei løyving på 159 mill. kroner på posten for 2021.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å støtte private eigarar i deira arbeid med å ta vare på kulturminne. Tilskot skal medverke til at freda kulturminne kan setjast i stand etter antikvariske retningslinjer og nyttast som ressursar i ei berekraftig samfunnsutvikling.

Tildelingskriterium

Tilskot kan bli gitt til dekking av antikvariske meirkostnader ved istandsetjing av freda kulturminne, med vekt på ivaretaking av kjeldeverdi, opplevingsverdi, bruk og verdiskaping. Det blir stilt krav om dokumentasjon av kompetanse til det føretaket som skal gjennomføre istandsetjinga.

Private eigarar av bygningar, anlegg, kulturmiljø og landskap som er freda, automatisk freda, mellombels freda eller der fredingssak er under behandling, kan få tilskot. Riksantikvaren og regionalforvaltninga kan i særlege tilfelle tildele tilskot til ikkje-freda kulturminne dersom dette blir gjort med forankring i nasjonale strategiske satsingar.

Oppfølging og kontroll

Detaljert informasjon om rapporteringskrava blir gitt i dei enkelte tilskotsbreva. Kontrollen av tilskotsmottakar skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar og rekneskap. Oppfølging på staden kan vere særleg aktuelt og viktig for å sikre at arbeidet vert utført i samsvar med antikvariske retningslinjer. Regionalforvaltninga skal rapportere til Riksantikvaren.

Rapport 2019

I 2019 blei freda kulturminne i privat eige (FRIP) tildelte 159,0 mill. kroner i tilskot, inkludert tilsegn. Dei tre største beløpa blei gitt Oppland (17 mill. kroner), Hordaland (17 mill. kroner) og Trøndelag (15 mill. kroner).

Rapporteringa frå fylkeskommunane om tildeling og bruk av tilskotsmidlane varierer.

Det er god framdrift i bruk av tildelte midlar og god rapportering hos dei med dei største prosentdelane freda bygg i privat eige. Det må takast høgd for at igangsette og ferdige istandsetjingsarbeid kan vere underrapporterte.

Riksantikvaren er heile tida i dialog med regionalforvaltninga om betra rapportering i bevaringsprogrammet. Resultata er gode, særleg for tilstandsregistreringa. Tilstandsgrad per januar 2020 er klart forbetra frå januar 2019. 39 pst. av dei registrerte bygningane har eit ordinært vedlikehaldsnivå (TG 1). Dette er ein markant auke siste år (frå 33,1 pst. i 2018). Delen med moderat vedlikehaldsbehov (TG 2) utgjer 32,7 pst., noko som òg er ein tydeleg framgang (frå 27,3 pst. i 2018). Ein viss auke i TG 3 (frå 12,6 pst. i 2018 til 14,3 pst. i 2019) viser behovet for førebyggjande vedlikehald på bygg som tidlegare har oppnådd ordinært vedlikehald i bevaringsprogrammet. Delen bygg med ukjend tilstand (TG 9) blei halvert i løpet av fjoråret frå 26,8 pst. til 13,7 pst. Dette er truleg noko av årsaka til at delen bygg med straksbehov for utbetring har auka 1,7 pst.

Målet om 3 pst. TG 9 for landet under eitt er ikkje nådd, men reduksjonen av TG 9 inneber at rapporterte tilstandstal er meir pålitelege, noko som gir sikrare grunnlag for oppfølging av bevaringsprogrammet enn før.

Mange fylkeskommunar har gjort ein stor innsats dei siste åra, men framdrifta i fylkeskommunane varierer mykje. Berre Nordland ligg an til å kunne nå målet om ordinært vedlikehaldsnivå (TG 1) i løpet av 2020. Riksantikvaren vil i det vidare følgje opp tilstandsregistreringa tett og har sett av midlar til stimuleringstiltak også i 2020.

Som oppfølging av Riksrevisjonens rapportar har Riksantikvaren arbeidd med å styrkje tilskotsforvaltninga i direktoratet og i regionalforvaltninga. Gjennomførte tilsyn i fylkeskommunane viser at det framleis er behov for oppfølging. Samtidig har fylkeskommunane retta meir merksemd mot veikskapar i etablerte praksisar og tiltak for å utbetre disse. Erfaring frå tilsyn og oppfølging av bevaringsprogrammet er innlemma i arbeidet med utforming av digitalt søknads- og saksbehandlingssystem.

Post 72 Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne, kan overførast

Det er føreslått ei løyving på 58 mill. kroner på posten for 2021.

Mål

Tilskotet skal medverke til at tekniske og industrielle kulturminne av historisk, teknologisk, sosial, arkitektonisk eller vitskapleg verdi kan setjast i stand og haldast ved like etter antikvariske retningslinjer og brukast som ressursar i ei berekraftig samfunnsutvikling. Det er eit mål å auke kunnskapen om mangfaldet av tekniske og industrielle anlegg som grunnlag for forsking, formidling, oppleving, bruk og mogleg ny bruk.

Tildelingskriterium

Private, kommunale og fylkeskommunale eigarar og forvaltarar av tekniske og industrielle kulturminne kan søkje om tilskot frå ordninga. Det gis ikkje tilskot til kulturminne i statleg eige.

Tilskot kan gis til konkrete tiltak innan

  • sikring

  • istandsetjing

  • vedlikehald

  • kulturminne- og tilstandsregistrering

  • dokumentasjon

  • moglegheitsstudiar

    innanfor formålet og i samsvar med antikvariske retningslinjer frå forvaltinga.

Anlegg med vern etter kulturminneloven eller plan- og bygningsloven, og dei 15 anlegga som har inngått i Riksantikvarens bevaringsprogram, skal prioriterast.

Det skal ikkje givast tilskot frå posten til ordinære driftsutgifter og driftsoppgåver eller museal formidlingsverksemd.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakaren skal levere sluttrapportar på utført arbeid. Kulturmiljøstyremakten ser til at arbeida er utførte i samsvar med dei aktuelle vilkåra gitt i tilskotsbreva. Rapporten må òg innehalde ein økonomisk rapport. Kontrollen av tilskotsmottakar skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar og rekneskap. Oppfølging på staden kan være særleg aktuelt og viktig for å sikre at arbeidet vert utført i samsvar med antikvariske retningslinjer.

Rapport 2019

Per 31. desember 2019 har 10 av 15 anlegg status som istandsette. Anlegg med status istandsett har framleis store istandsetjings- og vedlikehaldsbehov.

Ved enkelte anlegg er behovet ekstraordinært. Riksantikvaren vedtok i 2019 å gjere om statusen til Klevfos Cellulose- og Papirfabrik frå istandsett til ikke istandsett. Fabrikkbygningen er i akselererande forfall som følgje av tidlegare kjemikaliebasert produksjon. I tillegg står det att store istandsetjingsbehov ved Rjukanbanen, Haldenkanalen og Odda smelteverk.

Ved overgangen til 2020 er behova ved anlegga langt større enn det som kan dekkjast ved framskriving av tilskotsposten, spesielt for anlegga Rjukanbanen, Haldenkanalen, Odda smelteverk og no også Klevfos. Situasjonen er noko forverra dei siste åra, som følgje av særs store kostnader ved både Rjukanbanen (istandsetjing av slippen på Tinnoset) og Odda (omn 3). I tillegg har Klevfos ukjent omfang både teknisk og når det gjeld kostnad.

Tabell 7.14 Oversikt over status for istandsetjing av teknisk-industrielle anlegg og fordeling av tilskot 2019

Anlegg

Innskrive

Status

Tilskot

Odda smelteverk

2013

Ikkje istandsett

4,0

Tyssedal kraftverk

1997

Istandsett

0,3

Sjølingstad Uldvarefabrik

1997

Istandsett

4,2

Salhus Tricotagefabrik

1997

Istandsett

3,7

Bredalsholmen Dokk

2015

Ikkje istandsett

3,9

Kistefos Træsliberi

2002

Istandsett

3,5

Spillum Dampsag og Høvleri

1997

Istandsett

3,0

Atlungstad Brenneri

2013

Istandsett

2,3

Neptun Sildoljefabrikk

1997

Istandsett

2,0

Rjukanbanen

2011

Ikkje istandsett

10,9

Haldenkanalen

2013

Ikkje istandsett

3,9

Næs jernverkmuseum

1997

Istandsett

2,2

Folldal gruver

2002

Istandsett

3,9

Klevfos Cellulose- og Papirfabrik

1997

Ikkje istandsett

1,5

Fetsund Lenser

1997

Istandsett

4,4

Tilskot

I 2019 er det gitt 58,0 mill. kroner i tilskot til tekniske og industrielle kulturminne (TIK) over post 72. 54 mill. kroner av desse var sett av til anlegga i bevaringsprogrammet.

Freding

5 av 15 anlegg i bevaringsprogrammet er freda. For dei resterande ti blei det starta opp fredingssaker i 2018 som framleis held fram.

I tråd med Prop. 1 S (2018–2019) har Riksantikvaren prioritert tilskot til forvaltning, drift og vedlikehald (FDV) ved dei prioriterte anlegga.

  • lønn til FDV-stillingar: 23,4 mill. kroner

  • FVD: 10,4 mill. kroner

  • istandsetjingsprosjekt: 20,1 mill. kroner.

Riksantikvaren har i 2019 gitt ein mindre del av tilskotsposten til kulturminne utanfor bevaringsprogrammet. Sjå fordelinga av tilskot i tabell 1.6.

Tabell 7.15 Oversikt over fordeling av tilskot for anlegg utanfor bevaringsprogrammet. Kroner

Kulturminne

Tilskot

Auli Mølle

248 000

Bergen Kringkaster

30 0001

Freiabilen

200 000

Gloster Gladiator

1 000 000

Hagevik tønnefabrikk

85 811

Indre Ofredal sagbruk

1 500 000

Nes Gardssag

104 7191

Skaland Grafittverk

300 0001

Tjørvåg Spekkeri

46 0001

1 Inklusive overførte midlar frå 2018

Evaluering av tilskotsordninga

I 2019 blei tilskotsordninga til tekniske og industrielle kulturminne (TIK) evaluert. Verneplanen for TIK er frå 1994, og spørsmålet er om bevaringsprogrammet speglar mangfaldet av TIK i dag. Agenda Kaupang AS fekk oppdraget å peike på behov og moglege løysingar ved utforming av ei eventuell ny tilskotsordning og eit nytt bevaringsprogram for tekniske og industrielle kulturminne.

Måloppnåing for tilskotsordninga og bevaringsprogrammet blei vurdert som tilfredsstillande og innrettinga føremålstenleg. Utpeikte forbetringsområde var likevel fleire.

Betre samordning mellom KLD og KUD på kultur-, museums- og kulturminnefeltet

Tilskotsordningane til TIK og museum bør i større grad sjåast i samanheng.

Tydelegare forventningar om spleiselag mellom stat, fylkeskommune og andre bidragsytarar ved tildeling av midlar. Det blir lagt vekt på dette ved tildeling av midlar til anlegg utanfor, men det er meir uklart for anlegg innanfor bevaringsprogrammet

Behov for å etablere eit oppdatert fagleg kunnskapsgrunnlag som grunnlag for å utarbeide mål, prioriteringar og verkemiddel for å sikre vern av viktige tekniske og industrielle kulturminne

I samband med overføring av forvaltninga av tilskotsordninga til fylkeskommunen frå 2021 bør det leggjast klare føringar for bruk av FDV-midlar til anlegg innanfor bevaringsprogrammet.

Samla vurdering av måloppnåing

Tilskot medverkar til å halde oppe og auke tilstandsgraden, men behova er i fleire tilfelle større enn det tilskota dekkjer. Evalueringa av tilskotsposten vil vere eit viktig verktøy i det vidare arbeidet med bevaringsprogrammet og tilskotsordninga. Det gjeld også i arbeidet med overføring av tilskotsordninga til fylkeskommunane frå og med tilskotsrunden 2021.

Post 73 Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring, kan overførast

Det er føreslått ei løyving på 57,5 mill. kroner på posten for 2021.

Mål

Målet med tilskotsordninga er å medverke til at bygningar og anlegg i Noreg frå mellomalderen blir vedlikehaldne, setje i stand og brannsikra. Innanfor ordninga ligg òg mellomalderkyrkjer og kyrkjekunst frå mellomalder. Tilskot skal sikre mellomalderanlegga som historiske kjelder og medverke til berekraftig bruk og formidling av historia desse kulturminna og kulturmiljøa fortel.

Målet med tilskotsordninga er i tillegg brannsikring av identifiserte tette trehusområde frå alle tidsaldrar.

Tildelingskriterium

Eigarar og andre som forvaltar mellomalderbygg eller -anlegg, kan få tilskot til tiltak på anlegga og til arbeid som resulterer i dokumentasjon, forsking og formidling, både av anlegga og den immaterielle kulturarven i det tradisjonelle handverket knytte til slike anlegg.

Private eigarar og kommunar med tette trehusområde kan få tilskot til brannsikringstiltak, som ikkje følgjer av offentleg pålegg eller kommunanes tjenesteyting og -ansvar.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakaren skal levere sluttrapportar på utført arbeid til regionalforvaltninga, som ser til at arbeida er utførte i samsvar med dei aktuelle vilkåra. Rapporten må òg innehalde ein økonomisk rapport. Meir detaljert informasjon om rapporteringskrava blir gitt i dei enkelte tilskotsbreva. Kontrollen av tilskotsmottakar skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar og rekneskap. Oppfølging på staden kan vere særleg aktuelt og viktig for å sikre at arbeidet vert utført i samsvar med antikvariske retningslinjer. Regionalforvaltninga rapporterer til Riksantikvaren.

Rapport 2019

Brannsikring stavkyrkjene

Tabell 7.16 Oversikt over brannsikringstiltak i stavkyrkjer 2019

Tiltak 2019

Talet på stavkyrkjer

Utviding/ombygging sløkkjeanlegg

2

Byte brannslangeskap

3

Klargjering for videoanlegg

6*

Nytt videoanlegg

4

Optimalisere utvendig deteksjon

1

Reservekraft

1

* 6 kyrkjer er klargjorde og godkjente for graving til kommunale videoanlegg.

Tilskot og kjøp av tenester summerte seg til om lag 20 mill. kroner i 2019.

Hovudvekta framover vil bli lagd på tilfredsstillande sløkkjeanlegg innvendig og utvendig. Systema som finst i dag, blir vurderte. Mindre og større utbetringar blir gjorde ved behov. Det blir arbeidd med å optimalisere utvendig deteksjon og med klargjering og installering av nye videoanlegg.

Riksantikvaren har i 2019 halde fleire samordningsmøte der politi, brannvesen, teknisk etat i kommunane og eigarar har diskutert korleis ein er rusta ved hendingar. Annakvart år arrangerer Riksantikvaren samling for eigarar og tilsynshavarar ved stavkyrkjene. I år var samlinga i Sogn og Fjordane.

Riksantikvaren har i samarbeidd med eigarane gjort ferdig beredskapsplan for stavkyrkjene.

Samla vurdering av måloppnåing

Fleire tryggingstiltak medverkar til at brannsikringa av stavkyrkjene blir halde på eit høgt nivå.

Ønskt tryggleiksnivå er sett noko høgare enn før. Organisatoriske og tekniske tiltak står att før vi kan tryggleikskategorisere alle kyrkjer som tilfredsstillande.

Brannsikring av tett trehusbusetnad

Riksantikvaren gir tilskot til kommunane til arbeidet med å brannsikre tette trehusmiljø. Det er fordelt om lag 10,6 mill. kroner til brannsikring av tette trehusmiljø i 2019. Tilskota har i hovudsak gått til tekniske sikringstiltak som alarm- og sløkkjeanlegg, til dømes loft- og fasadesprinklar og utvendige brannslangar. Det er også gitt tilskot til å utarbeide brannsikringsplanar.

Riksantikvaren har i 2019 gitt eit større tilskot til brannsikring av den omfattande og svært verdifulle tette trehusbusetnaden i Bergen. Det er òg tildelt tilskot til andre viktige område som Røros, Levanger og Sjøgata i Mosjøen. Det er prioritert tilskot til stader der brannvesenets innsatstid er særleg lang, til dømes fiskeværet Å og den tette trehusbusetnaden på Kvitsøy, som ligg på øyar langt frå brannvesen.

Ruinar

Dei ferdig konserverte ruinane er i stor grad mellomstore og mindre anlegg. Dei største anlegga, til dømes Selje, Steinvikholm, Tautra, Hovedøya og Lyse kloster er framleis under arbeid. Vi ser òg at vi i større grad enn forventa må utføre etterkonservering og i nokre tilfelle ytterlegare tiltak for å handtere auka belastning frå vatn og vind. Dette gjeld for eksempel tårnet på Selje kloster og delar av klosterruinen på Tautra. Det er særleg viktig at vi ikkje mistar effekten av tidlegare ressurskrevjande tiltak.

Ved sida av dei ferdig konserverte ruinane er kompetansenettverket kanskje det mest verdifulle vi har oppnådd gjennom prosjektet. Dette vil komme det videre arbeidet med ruinkonservering til gode. Samtidig har det stor overføringsverdi til kommande oppgåver, til dømes med mellomalderkyrkjer og liknande anlegg.

Post 74 Tilskot til fartøyvern, kan overførast

Verna og freda fartøy er spor etter den maritime kulturen vår og viktige representantar for mellom anna historie, handverk og maritim teknologi. Dei representerer alle sider av norsk sjøfart, med fiske, vare- og persontransport, rekreasjon, infrastruktur, forsking, utanriksfart og handel.

Det er føreslått ei løyving på 65,9 mill. kroner på posten for 2021.

Mål

Tilskot skal medverke til at fartøy på Riksantikvarens liste over verna og freda fartøy blir sette i stand etter antikvariske retningslinjer og brukte til formidling av Noregs utvikling som sjøfartsnasjon, og som ressursar i ei berekraftig samfunnsutvikling.

Tildelingskriterium

Eigarar og forvaltarar av freda og verna fartøy kan søkje om tilskot etter ordninga. Andre organisasjonar, foreiningar og prosjekter som opererer innanfor formålet med posten kan ta imot tilskot til prosjektarbeid.

Tilskot kan givast til konkrete tiltak innan sikring, istandsetjing og vedlikehald.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakaren skal levere sluttrapportar på utført arbeid til fylkeskommunen/Sametinget, som ser til at arbeida er utførte i samsvar med dei aktuelle vilkåra. Rapporten må òg innehalde ein økonomisk rapport. Meir detaljert informasjon om rapporteringskrava blir gitt i dei enkelte tilskotsbreva. Kontrollen av tilskotsmottakar skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar og rekneskap. Oppfølging på staden kan være særleg aktuelt og viktig for å sikre at arbeidet vert utført i samsvar med antikvariske retningslinjer. Fylkeskommunen/Sametinget skal rapportere til Riksantikvaren.

Rapport 2019

I 2019 blei det over post 74 tildelt i overkant av 63 mill. kroner i tilskot (32 fartøy, 8 SAVOS-fylke og -kommunar, 2 foreiningar). SAVOS-ordninga inneber at eit politisk vedtak om økonomisk støtte til verna fartøy utløyser tilsvarande sum frå Riksantikvarens tilskotspost. I 2019 auka søkjarmassen på SAVOS-ordninga, under dette to nye kommunar, med relativt store beløp samanlikna med tidlegare år.

Følgjande kommunar og fylke medverka med tilskot til fartøy gjennom SAVOS-ordninga i 2019: Bergen, Hammerfest, Aust-Agder, Oppland, Rogaland, Trøndelag, Vest-Agder og Østfold.

Nasjonal verneplan for flytande kulturminne

Revideringa av handlingsdelen av Nasjonal verneplan for fartøy (2010–2017) blei ferdig sommaren 2019. Oppfølginga av punkt i evalueringa av fartøyvernsentera i 2017 og 2018 og førebuingar til overføring av fartøyvernet (regionreforma) førte til forseinkingar.

Riksantikvaren har utarbeidd revidert nasjonal verneplan for flytande kulturminne for perioden 2019–2024. Verneplanen er ei vidareføring av 2010–2017-planen:

Å finne gode og langsiktige løysingar som gjer det mogleg å ta vare på eit representativt utval fartøy for framtida

Riksantikvaren har i 2019 arbeidd med å førebu overføringa av forvaltningsansvaret for verna og freda fartøy til dei nye regionane frå 1. januar 2020. Arbeidet held fram. Forvaltning av flytande kulturminne manglar eit fagmiljø utanfor Riksantikvaren, og arbeidet med tilrettelegging, rettleiing og opplæring er forventa å tilta dei nærmaste åra.

Post 75 Tilskot til fartøyvernsenter, kan overførast

Det er føreslått ei løyving på 16,4 mill. kroner på posten for 2021.

Mål

Målet med posten er å samle inn, vidareføre og gjere tilgjengeleg kunnskap om handverk knytt til istandsetjing og vedlikehald av verna og freda fartøy. Kulturminna skal setjast i stand med bruk av tradisjonelle teknikkar, materiale og metodar. Fartøyvernsentera blei oppretta som følgje av behovet for kunnskapen om dette. Sentera har eit hovudansvar for å samle inn, vidareføre og gjere tilgjengeleg handverkskunnskapen som er nødvendig i fartøyvernet.

Tilskot skal medverke til at dei nasjonale fartøyvernsentera varetek hovudansvaret sitt for å samle inn, vidareføre og gjere tilgjengeleg handverkskunnskapen som er nødvendig i fartøyvernet, og i samarbeid med andre handverksmiljø og at aktørar innanfor fartøyvernet utviklar robuste fagmiljø. Dei nasjonale fartøyvernsentera er navet i fagutviklinga i fartøyvernet, men også andre aktørar har kompetanse i og interesse for området. Gjennom tilskot frå posten er det ei målsetjing å stimulere til samarbeid mellom sentera og andre aktørar som eit verkemiddel for å skape robuste fagmiljø i fartøyvernet.

Tildelingskriterium

I tillegg til dei nasjonale fartøyvernsentera kan andre private aktørar med relevant kompetanse innanfor formålet søka om tilskot.

Innanfor formålet kan det givast tilskot til:

  • innsamling av kunnskap, forsking og dokumentasjon

  • rådgiving og målretta kunnskapsdeling

  • nødhamn, mellombels sikring for fartøy i verneflåten

  • formidling av materiale og delar til antikvarisk istandsettingsarbeid

Aktivitetar under fellestenestene skal vera i tråd med planverk i fartøyvernet, oversikt over handverk og behov i fartøyvernet. Følgjande aktivitetar skal prioriterast:

  • aktivitetar som har som mål å samla inn, sikra og auka kunnskap om eldre handverk og teknikkar

  • aktivitetar som har som mål å sikra og heva den antikvariske kvaliteten på utbedringsarbeid på fartøy i verneflåten

  • aktivitetar som har som mål å gjera viktig fagkunnskap tilgjengeleg for aktørar innan fartøyvernet

  • andre aktivitetar som har som mål å sikra ivaretakelse av fartøy som kulturminne

I samsvar med Meld. St. 16 (2019-2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken, er tilskotet som fartøyvernsentera får til fellestenestene ikkje driftsstøtte, men kjøp av tenester.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakaren skal levere sluttrapportar på utført arbeid til Riksantikvaren, som ser til at arbeida er utførte i samsvar med dei aktuelle vilkåra. Rapporten må òg innehalde ein økonomisk rapport. Meir detaljert informasjon om rapporteringskrava blir gitt i dei enkelte tilskotsbreva. Oppfølging på staden og i kvartalsvise samarbeidsfora med dei tre fartøyvernsentra er viktig. Kontrollen i høve til mottakarar av tilskot skjer i samsvar med økonomireglementet, gjennom møte, generell formalia- og sannsynskontroll av revidert årsrekneskap og årsmelding frå fartøyvernsentra.

Rapport 2019

I 2019 er 16,2 mill. kroner over post 75 fordelt til dei tre fartøyvernsentera Nordnorsk Fartøyvernsenter og Båtmuseum i Gratangen (4,4 mill. kroner), Hardanger fartøyvernsenter i Nordheimsund (5,6 mill. kroner) og Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter (6 mill. kroner).

Tilskota frå post 75 har finansiert timar knytte til løysing av oppgåver under fellestenestene, under dette dokumentasjonsarbeid i samband med istandsetjing av fartøy som Riksantikvaren gir tilskot til. Tilskota har vidare medverka til generell rådgiving, opplæring og kompetansebygging ved sentera og overfor fartøyeigarar. Fartøyvernsentera har i tillegg motteke og utført oppdrag som til dømes produksjon og publisering av faktaark, synfaringar, og teknisk-historisk dokumentasjon av fartøy på vegner av Riksantikvaren.

Fartøyvernsentera og Riksantikvaren har hatt tett samarbeid om oppfølging av tilrådde tiltak som eit resultat av evalueringa, og om utarbeiding av nye fellestenester.

Post 77 Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet, kan overførast

Mål

Det er ei målsetjing å ta i bruk kulturmiljø som ein ressurs og medverke til at kulturmiljøfeltet får ei tydelegare rolle i lokal og regional utvikling.

Tildelingskriterium

Tilskot blir gitt til prosjekt som er forankra i kommunale eller fylkeskommunale strategiske program, planar eller satsingar. Midlane skal gå til prosjekt i forpliktande samarbeid mellom offentlege og private aktørar.

Tilskot kan bli gitt til samarbeidstiltak, nettverk, kompetanseutvikling, formidling og næringsutvikling i kulturmiljø.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakar må levere sluttrapport til Riksantikvaren, som ser til at arbeida er utførte i samsvar med dei aktuelle vilkåra. Rapporten må òg innehalde ein økonomisk rapport. Meir detaljert informasjon om rapporteringskrava blir gitt i dei enkelte tilskotsbreva. Kontrollen av tilskotsmottakar skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar og rekneskap. Oppfølging på staden er særleg aktuelt.

Det er føreslått ei løyving på 8,2 mill. kroner på posten for 2021.

Rapport 2019

I 2019 er det gitt tilskot til 19 større og mindre prosjekt som tek i bruk kulturmiljø som ressurs i samfunnsutviklinga.

Prosjekta medverkar til at kulturmiljø blir tekne i bruk som ressurs for reiseliv og næringsutvikling, bu- og livskvalitet, friluftsliv, folkehelse, utdanning og kultur. På næringssida er prosjekta særleg relaterte til attraksjonsutvikling, tilrettelegging av fellesgode og nettverkssamarbeid mellom næringsaktørar og offentlege styresmakter.

Involvering av innbyggjarar og aktørar som til vanleg ikkje har noko direkte ansvar for kulturminne, skaper engasjement og positiv innstilling til å ta vare på kulturminna. Prosjektarbeidet gir kunnskap og innsikt kor viktige kulturmiljøa er for samfunnsutviklinga, det mobiliserer ressursar, gir auka oppslutning og legitimitet og støtter opp under varig forvaltning av kulturmiljøa.

Post 77 og verdiskapingsprosjekta supplerer andre verkemiddel, slik som freding etter kulturminnelova, bevaring etter plan- og bygningslova, tilskot til istandsetjing og vedlikehald og så vidare. Ved tilskotsbehandlinga er det lagt vekt på å utvikle samarbeid og nettverk på tvers av sektorar for å sikre samvirke mellom verkemiddel og gode resultat på fleire samfunnsområde og i tillegg understreke samfunnets felles ansvar for kulturarven.

Nokre av prosjekta er større regionale fleirårige fellessatsingar med koordinering av verkemiddel frå alle tre forvaltningsnivåa. Døme er program for kulturarvopplevingar i Buskerud med mål om å utvikle kommersielle reiselivsprodukt og Møre og Romsdals satsing på utvikling av postvegen, kystpilegrimsleia og Valldalsleden for å stimulere til folkehelse, næring og gode lokalsamfunn langs desse historiske ferdselsårene. Prosjekta i Levanger og Trondheim viser at kulturhistorie og kulturminne er ein faktor for attraktivitet, forretningstilbod og levande lokalsamfunn. Trollholmsund i Porsanger og Vormadalen på Nes i Akershus inngår som utvalde kulturhistoriske landskap (KULA). Prosjekta deira har vore å leggje til rette for attraktivitet og berekraftig handtering av turistar.

Tabell 7.17 Tilskot til verdiskaping i 2019:

Tiltak/område

Tilskot (i 1 000 kr)

Regionale samarbeidsprosjekt

4 225

Andre prosjekt

3 745

Sum

7 970

Post 79 Tilskot til verdsarven, kan overførast

Regjeringa bidreg med til saman 22 mill. kroner til Norsk Industriarbeidarmuseum på Rjukan i Telemark (Tungtvannskjelleren), fordelt mellom Kulturdepartementet og Klima- og miljødepartementet. Kvart departement bidreg med 11 mill. kroner. (6 mill. kroner i 2021). Grunnsteinen for prosjektet vart lagd ned i august 2020.

Det er føreslått ei løyving på om lag 64,7 mill. kroner på posten for 2021.

Mål

Unescos verdsarvkonvensjon har som mål å verne kultur- og naturarv som har framståande universell verdi. Noreg har i dag åtte verdsarvområde: Bergkunsten i Alta, Bryggen i Bergen, Rjukan–Notodden industriarv, Røros bergstad og Circumferensen, fire punkt på Struves meridianbue, Urnes stavkyrkje, Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap. Som statspart til verdsarvkonvensjonen er Noreg forplikta til å verne og bevare verdsarvområda og formidle verdsarv ved hjelp av utdanningsprogram og informasjon. Tilskot skal medverke til å utvikle verdsarvområda som fyrtårn for den beste praksisen innan natur- og kulturminneforvaltning når det gjeld tilstand, forvaltning og formelt vern.

Tildelingskriterium

Fylkeskommunar, kommunar, museum, organisasjonar, bedrifter og privatpersonar kan få tilskot frå posten. Tilskot kan givast til prosjekt og tiltak som er knytt til områda i Noreg som er innskrive på Unescos verdsarvliste, med tilhøyrande buffersoner. I særlege tilfelle kan område som er oppførte på tentativ liste få tilskot. I særlege tilfelle kan område som er oppførte på tentativ liste få tilskot frå posten.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakaren skal levere sluttrapportar på utført arbeid til fylkeskommunen/Sametinget, som ser til at arbeida er utførte i samsvar med dei aktuelle vilkåra. Rapporten må òg innehalde ein økonomisk rapport. Meir detaljert informasjon om rapporteringskrava blir gitt i dei enkelte tilskotsbreva. Kontrollen av tilskotsmottakar skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar og rekneskap. Oppfølging på staden kan være særleg aktuelt og viktig for å sikre at arbeidet vert utført i samsvar med antikvariske retningslinjer. Fylkeskommunen/Sametinget skal rapportere til Riksantikvaren.

Rapport 2019

I 2019 blei det frå post 79 samla brukt 70,237 mill. kroner på verdsarv. Av dette blei 65,064 mill. brukt på dei åtte norske verdsarvstadene. Dette kom i tillegg til at det blei brukt midlar til verdsarv frå andre postar.

Foreininga Noregs Verdsarv fekk òg midlar frå post 79 til oppfølging av arbeidet med basisutstillinga for verdsarv og som tilskot til planlegging og gjennomføring av Verdsarvforum, samla 5,173 mill. kroner. Klima- og miljødepartementet har gitt Riksantikvaren ansvar for anskaffing av basisutstillingar for verdsarvsentera. I 2019 blei arbeidet med tre utstillingar for verdsarvsentera i Vega, Geiranger og Alta prioritert.

Tabell 7.18 Tilskot til verdsarvområda i 2019 frå post 791

Verdsarvområda

Tilskot (i 1 000 kr)

Bryggen i Bergen

14 900

Røros bergstad og Circum-ferensen

14 697

Bergkunsten i Alta

7 404

Vegaøyan

2 3532

Vestnorsk fjordlandskap

2 9002

Urnes stavkyrkje

03

Struves meridianboge

1 610

Rjukan–Notodden industriarv

21 200

Sum

65 064

1 Samla tilskot løyvd i 2019 i samband med ordinær tilskotsbehandling til dei åtte norske verdsarvområda var 54,6 mill. kroner. Beløpa i tabellen inkluderer tilskot løyvde i 2018 som blei utbetalt i 2019, og tilskotsmidlar som blei godkjende for overføring frå 2018 til 2019. Riksantikvaren har òg nytta midlar frå post 22 til tiltak i verdsarvområda.

2 I tillegg kjem tilskot frå Miljødirektoratet, kap. 1420 post 81, og tilskot gjennom verdsarvsatsinga over Landbrukets utviklingsfond (LUF).

3 Urnes stavkyrkje fekk utbetalt tilskot for 2019 i 2020

Kap. 4429 Riksantikvaren

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

02

Refusjonar og ymse inntekter

1 873

2 721

2 808

09

Internasjonale oppdrag

5 022

3 420

3 529

Sum kap. 4429

6 895

6 141

6 337

Post 02 Refusjonar og ymse inntekter

Posten gjeld refusjonar og innbetalte midlar frå oppdragsverksemd for andre institusjonar m.m., jf. omtale under kap. 1429 post 01. Under posten er det budsjettert inntekter ved sal av Riksantikvarens rapportar og andre produkt og driftsvederlag frå Kongsvoll fjellstove. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1429 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 09 Internasjonale oppdrag

Midlane på posten skal finansiere dei tilsvarande utgiftene til internasjonale oppdrag. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1429 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 1432 Norsk kulturminnefond

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

50

Til disposisjon for kulturminnetiltak

116 320

126 362

129 740

Sum kap. 1432

116 320

126 362

129 740

Post 50 Til disposisjon for kulturminnetiltak

Norsk kulturminnefond er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. Midlane skal nyttast til kulturminnetiltak og til drift av administrasjonen og styret.

Kulturminnefondet har i hovudsak ansvaret for verneverdige kulturminne og kulturmiljø.

Det er føreslått ei løyving på omlag 130 mill. kroner på posten for 2021.

Mål

Medverke til å styrkje arbeidet med å bevare verneverdige kulturminne og kulturmiljø og til at eit mangfald av kulturminne og kulturmiljø kan nyttast som grunnlag for framtidig oppleving, kunnskap, utvikling og verdiskaping.

Gjennom målretta og systematisk oppfølging legg Kulturminnefondet vekt på «vern gjennom bruk», då dette er den beste forvaltninga av kulturminna. Prosjekta medverkar til utvikling av lokalsamfunn og lokalt næringsliv. Satsing på kulturminne som ressurs medverkar til positiv utvikling av byar og stader.

Den siste brukarundersøkinga viser at 83 pst. av alle søkjarane er tilfredse med kontakten med kulturminnefondet og meiner den faglege oppfølginga av prosjekta som kulturminnefondet tilbyr, er svært viktig. Fire av fem prosjekt som har fått tilsegn om midlar, ville ikkje blitt realiserte utan støtta frå fondet. Ein kan etter dette grovt sett rekne med at 5000 prosjekt over heile landet neppe hadde blitt sette i stand utan støtta frå Kulturminnefondet.

Tilskot frå Kulturminnefondet løyser ut stor privat innsats i bevaringsarbeidet. I eit gjennomsnittleg prosjekt kjem 28 pst. av midlane frå staten gjennom Kulturminnefondet. 72 pst. av det som skal til for å setje kulturminnet i stand, kjem frå eigaren sjølv i form av eigne midlar eller eigen innsats i prosjektet. Menon Economics har i evalueringa «Kulturminnefondets samfunnsnytte» funne at for kvar krone som blir løyvd frå Kulturminnefondet, blir det brukt 3,5 kroner på istandsetjing av kulturminnet. Dei dokumenterer samstundes at dei fleste kulturminna som blir sette i stand, ofte får ein ny bruk, og at det dermed blir etablert både verdiskaping og næringsverksemd som følgje av istandsetjing av kulturminne.

For 2021 har styret i Kulturminnefondet vedteke å etablere eit prøveprosjekt med støtte til rullande og rørlege kulturminne, dette sett i lys av Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken – Engasjement, bærekraft og mangfold. Ordninga vil bli evaluert.

Kriterium for måloppnåing

Opplysningar om tiltak retta mot verneverdige og freda kulturminne og kulturmiljø.

Tildelingskriterium

Tilskotsmidlane blir fordelte av styret i Kulturminnefondet etter søknad. Kulturminnefondet skal vere eit lågterskeltilbod til private eigarar av verneverdige kulturminne og kulturmiljø. Tilskota blir i hovudsak tildelte istandsetjings- og sikringsprosjekt. Tilskot til prosjekt som fremjar verdiskaping, handverk, næringsverksemd og aktivitet i lokalsamfunnet, er prioriterte. Dette gjeld òg prosjekt som gir synergieffektar, og som løyser ut private midlar eller mykje eigeninnsats. Samarbeid med eigarane av kulturminne og kulturmiljø er den viktigaste strategien for arbeidet i Kulturminnefondet.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging skjer overfor tilskotsmottakarane gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I mange tilfelle er det aktuelt med kontroll på staden for å sikre at tiltaka er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.

Midlane frå Kulturminnefondet skal komme i tillegg til dei ordinære løyvingane frå Riksantikvaren.

Rapport 2019

Kulturminnefondet behandla 1127 søknader fortløpande gjennom året i 2019. Av desse var 27 søknader om tilskot til fag- og handverksseminar. Samla søknadssum frå private eigarar av verneverdige kulturminne var på 361 mill. kroner. Det er stabilt stor interesse for å søkje Kulturminnefondet om støtte til istandsetjing av verneverdige kulturmiljø.

Programkategori 12.60 Nord- og polarområda

Hovudinnhald og prioriteringar

Utgiftene under programkategori 12.60 høyrer inn under resultatområda Naturmangfald, Forureining, Klima og Polarområda. Programkategorien omfattar verksemda til Norsk Polarinstitutt, Svalbards miljøvernfond, Kings Bay AS og Fram – nordområdesenter for klima- og miljøforsking.

Løyvingane vil gå til forvaltninga av miljøet på Svalbard, miljøsamarbeidet under Arktisk råd, til miljøforvaltninga i Antarktis, til forsking og miljøovervaking og til drift av den polare forskingsinfrastrukturen vår i både nord og sør.

Regjeringa har som eit av dei overordna måla for svalbardpolitikken å ta vare på den særeigne villmarksnaturen på Svalbard. Dei spesifikke miljømåla for Svalbard går fram av Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard. Der er det mellom anna slått fast at innanfor dei rammene traktats- og suverenitetsomsyn set, skal miljøomsyn vege tyngst ved konflikt mellom miljøvern og andre interesser.

Hovudprioriteringane for miljøvernarbeidet på Svalbard i 2021 er arbeidet med forvaltningsplanar for verneområda, inkludert arbeid med besøksforvaltning både i og utanfor verneområda. På Svalbard er raske klimaendringar ei stor utfordring for miljøet og lokalsamfunna. I dei siste åra, fram til 2020, då covid-19 førte til reiserestriksjonar i høgsesongen, har det òg vore auka ferdsel, særleg i samband med reiselivsaktivitetar. Arbeidet med å følgje opp det omfattande og komplekse oppryddingsarbeidet etter avviklinga av gruveaktivitetane i Svea er ei viktig oppgåve for miljøforvaltninga på Svalbard også i 2021. Det er også ei prioritert oppgåve å styrkje vernet av område som er særleg viktige for å skjerme dyrelivet på grunn av klimaendringane. Vidare er det ei prioritert oppgåve å redusere lokale kjelder til forureining og avfall på Svalbard.

Forsking og høgare utdanning er eit av dei viktigaste satsingsområda for norsk aktivitet og nærvær på Svalbard. Norsk Polarinstitutt har den norske vertskapsrolla i Ny-Ålesund og ansvaret for å implementere og følgje opp forskingsstrategien for Ny-Ålesund i dialog med Forskingsrådet og relevante departement og aktørar.

Av Meld. St 32 (2014–2015) Norske interesser og politikk i Antarktis går det fram at eit av dei overordna måla for norsk Antarktis-politikk er at Noreg skal vere ein pådrivar for å verne om miljøet og trygge dette området som eit referanseområde for forsking. Noreg skal gjennom aktiv deltaking i arbeidet under Antarktis-traktaten med tilhøyrande miljøprotokoll og forskingsinnsats medverke til eit globalt samarbeid for vern av det sårbare miljøet i Antarktis både i havet og på land.

Aktivitetar i Antarktis skal vidare planleggjast og gjennomførast på ein sikker og sjølvforsynt måte, og Noreg har medverka til å setje den aukande flytrafikken i Antarktis på dagsordenen.

Noreg skal gjennom Norsk Polarinstitutts forsking medverke til den internasjonale kunnskapsutviklinga i og om Antarktis og om kor viktig Antarktis er for globale klimaspørsmål.

Noreg deltek òg aktivt i arbeidet med nye marine verneområde i Antarktis, og det er ei prioritert oppgåve å styrkje kunnskapen om økosystema i Weddelhavet / Kong Haakon VII hav utanfor Dronning Maud land.

Den norske heilårlege forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud land er den sentrale plattforma for norsk forsking i Antarktis. Utgiftene til drifta aukar, mellom anna på grunn av internasjonale marknads- og valutaforhold. Ettersom stasjonen no er 15 år gammal, aukar også utgifter til drifta knytt til vedlikehald og utskifting av utstyr. Statsbygg, som er eigar av bygningane på stasjonen, har på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet sett i gang ei vurdering av kva som trengst av oppgradering og fornying, for at Trollstasjonen skal kunne vere ei effektiv, trygg og driftssikker plattform for heilårleg norsk nærvær i Antarktis også dei kommande åra.

Miljø og klima er sentrale samarbeidstema i Arktisk råd. Noreg er ein pådrivar for dette samarbeidet og deltek aktivt i prosjektsamarbeidet i alle arbeidsgruppene i rådet. Innanfor Arktisk råd vil spesielt prioriterte tema for Noreg vere klimaendringar, tiltak mot utslepp av kortlevde klimaforureiningar, bevaring av arktisk biodiversitet, heilskapleg havforvaltning, marin forsøpling, tiltak mot forureining og miljøovervaking i Arktis.

Miljøvernsamarbeidet med Russland vil bli ført vidare innanfor Den norsk-russiske miljøvernkommisjonen og Barentssamarbeidet. Bilateralt er samarbeidet om forvaltning av miljøet i Barentshavet og grenseområda prioritert. Innanfor havmiljøsamarbeidet er samarbeid om økosystembasert forvaltning av Barentshavet og samarbeid med Russland om kartlegging og reduksjon av marin forsøpling dei viktigaste sakene. Miljøovervaking i grenseområda vil halde fram, mellom anna for å avdekkje kva verknad den varsla nedlegginga av nikkelproduksjonen på russisk side vil ha for miljøet. Innan Barentssamarbeidet er bevaring av naturmangfaldet, forvaltning av grensevassdrag og samarbeid om klimaspørsmål sentrale oppgåver, i tillegg til løysinga av dei store og samansette miljøutfordringane i russisk del av Barentsregionen.

I 2020 blei det fastsett ny organisatorisk struktur og leiing for Framsenteret i Tromsø, for å leggje til rette for effektiv styring og dynamisk vidareutvikling av det faglege samarbeidet der. I 2021 blir oppfølginga av strategiske tema knytte til forskingssamarbeidet, flaggskipa og formidlinga ei viktig oppgåve.

Resultatområde

Tabell 7.19 Resultatområde under programkategori 12.60.

Resultatområdet

Resultatområdet

Polarområda

  • Omfanget av villmarksprega område på Svalbard skal haldast ved lag, og naturmangfaldet bevarast tilnærma upåverka av lokal aktivitet.

  • Dei 100 viktigaste kulturminna og kulturmiljøa på Svalbard skal sikrast gjennom føreseieleg og langsiktig forvaltning.

  • Negativ menneskeleg påverknad og risiko for påverknad på miljøet i polarområda skal reduserast.

Politikk og verkemiddel for å nå dei nasjonale måla for polarområda

Svalbard

Miljøarbeidet på Svalbard skal leggje vekt på å beskytte villmarksområda på Svalbard med naturverdiar, biologisk mangfald og kulturminne i ein situasjon med raske endringar i klimaet, der både natur og kulturminne er meir sårbare for belastninga av ferdsel. Forvaltninga vil sjå til at ferdsel og anna lokal verksemd skjer innanfor rammer som sikrar at den samla miljøbelastninga ikkje blir for stor framover. Det er viktig også for reiselivet for framtida å ta vare på dei unike natur- og kulturminneverdiane som trekkjer reisande til Svalbard. Tiltak for å gjennomføre nytt regelverk for forureining og avfall som trer i kraft 1. januar 2021, og som vil effektivisere arbeidet på dette feltet, blir ei anna viktig oppgåve i 2021.

Raske klimaendringar gir store utfordringar for miljøvernet og lokalsamfunna på Svalbard. Rapporten Climate in Svalbard 2100 bereknar klimaendringane på Svalbard fram mot år 2100 for å gi eit kunnskapsgrunnlag for klimatilpassing.

Klimaendringar får allereie konsekvensar både for økosystema, som blir meir sårbare for ferdsel, og for befolkninga på Svalbard.

Regjeringa vil leggje til rette for ei meir økosystembasert forvaltning også i Arktis i tråd med Meld. St. 14 Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfold. (Naturmangfoldmeldinga). Innan det tverrfaglege forskingsprosjektet SUSTAIN, leia av Universitetet i Oslo, studerer Norsk Polarinstitutt korleis framtidige endringar i klima vil kunne påverke forvaltninga av haustbare artar på Svalbard. Til dømes er reinsdyr ein sentral art i økosystemet på Svalbard, og korleis klimaendringane vil påverke denne arten vil få konsekvensar for andre artar, og særleg dei som lever av reinkadaver.

Bygningar på Svalbard er i all hovudsak sette opp på permafrost, og ein temperaturauke i dei øvre laga i bakken, som heile tida frys og tinar, skaper utfordringar for bygningsfundament og infrastruktur. Klimaendringar fører også til at dei fleste typar skred vil kunne auke.

Klimaendringane gjer kulturminna meir utsette enn tidlegare. På grunn av auka erosjon, meir nedbør og fukt og høgare temperaturar, auka fare for flaum og skred, og fordi grunnen tiner som følgje av mindre permafrost, får mange bygg og andre kulturminne skadar. Ferdsel med ilandstiging på populære stader er òg ei utfordring for kulturminna, med skadar og slitasje på terreng og kulturminne.

I dag endar meir enn halvparten av Svalbards isbrear inst i fjordarmar, men framtidig smelting vil føre til ein nedgang i talet på slike brear på Svalbard. Fjordisen har generelt minka på vestkysten av Svalbard i dei siste åra (men slik at ein vinteren 2019/2020 såg ein annan trend her, med meir fjordis). Fjordområde som framleis har brefrontar og stabil fjordis vinterstid, slik som Van Mijenfjorden, blir stadig viktigare for isavhengige artar som ringsel og isbjørn. Samstundes blir desse områda meir attraktive som mål for utflukter, og isbjørn i Van Mijenfjorden har ført til ferdsel av folk som forstyrrar dyrelivet der.

Framande artar er ein miljøtrussel i Arktis og på Svalbard. Fleire nye artar kjem på naturleg vis med havstraumane og kan etablere seg som følgje av varmare hav og generelt varmare klima. Andre artar blir introduserte gjennom menneskeleg aktivitet.

Marin forsøpling og mikroplast i havet og på strendene rundt Svalbard er identifisert som eit aukande problem. Mellom anna kan det føre til alvorlege skadar på dyr.

Oppfølging av oppryddingsarbeidet etter avviklinga av gruveaktivitetane i Svea er ei viktig oppgåve for miljøforvaltninga på Svalbard også i 2021. Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS har utarbeidd avsluttingsplanar for dei ulike delane av oppryddinga. Miljøvernstyresmaktene vil følgje opp føresegner om opprydding i svalbardmiljølova og vilkår knytte til opprydding som er sette av miljøstyresmaktene.

Arbeidet med forvaltningsplanar for verneområda er prioritert. Verneområda på Svalbard dekkjer om lag 65 pst. av landarealet og 84 % av territorialfarvannet. På Svalbard er det sju nasjonalparkar, 21 naturreservat og eit geotopvernområde. Forvaltningsplanane er eit verktøy for å balansere bruks- og verneinteressene slik at ein tek vare på verneverdiane og aukar forståinga for dei unike miljøkvalitetane på Svalbard. Innanfor miljømåla skal dei gi rammer for å balansere verneverdiane, lokal verdiskaping og gode opplevingar for dei tilreisande.

Sysselmannen melde i 2019 oppstart av arbeidet med forvaltningsplan for Sentral-Spitsbergen, utviding av Nordenskiöld Land nasjonalpark og styrkt vern av nedre Adventdalen. Dette arbeidet vil halde fram i 2021. Døme på nødvendige tiltak for å skjerme dyrelivet som treng islagde område for å finne mat og få ungar, er at Sysselmannen har innført mellombels ferdselsforbod i delar av fjordområda på vestkysten dei siste åra.

Ei ny forskrift om forureining og avfall på Svalbard trer i kraft 1. januar 2021. Sysselmannen vil følgje opp arbeidet med å implementere nytt regelverk om forureining. Sysselmannen har i 2020 begynt på ei oversikt over arbeidet med marin forsøpling på Svalbard, behovet for meir kunnskap, aktuelle tiltak og koordinering, og arbeidet med dette vil halde fram i 2021.

Naturverdiar og kulturminne som ligg nær lokalsamfunna, er særleg viktige for reiselivet og lokalbefolkninga. For å bevare dei verdiane som skaper opplevinga, må dei beskyttast. Skjøre kulturminne må sikrast. Nokre kulturminne er solide tekniske konstruksjonar etter gruveverksemd, mens andre er skjøre og lause gjenstandar og leivningar som er utsette for ulovleg tråkk og plukk. Miljøstyresmaktene er i nær dialog med lokale aktørar om dette. Prioriterte kulturminne skal sikrast med utgangspunkt i «Kulturminneplan for Svalbard 2013–2023». Arbeidet med å revidere kulturminneplanen for Svalbard skal forserast, og det skal utarbeidast rapporterbare indikatorar, slik at det kan rapporterast på det nasjonale miljømålet for kulturminne på Svalbard.

Klimaendringane fører til auka fare for flaum og skred. Ei viktig oppgåve for miljøforvaltninga framover blir difor å sjå til at areal- og samfunnsplanlegging tek omsyn til klimaendringane og til natur- og kulturminne innanfor planområdet.

Antarktis

Noreg vil delta aktivt i arbeidet med oppfølging av Antarktistraktat-systemets klimahandlingsplan.

Det er aukande flytrafikk i Antarktis, og arbeidet med å vurdere nye reguleringar av flytrafikken av omsyn til miljø og tryggleik vil halde fram.

Områdebaserte tiltak, som marine verneområde, er eit viktig element for å ta vare på og sikre berekraftig bruk av marine ressursar og økosystem. Noreg deltek òg aktivt i arbeidet med nye marine verneområde i Antarktis. For å styrkje kunnskapen om økosystema i Weddelhavet / Kong Haakon VII hav utanfor Dronning Maud land, blei data innhenta under det omfattande toktet til Antarktis sørsommaren 2019 med det nye forskingsfartøyet «FF Kronprins Haakon». Norsk Polarinstitutt vil i 2021 arbeide vidare med kunnskapen basert på data frå toktet.

På grunn av covid-19 blei det konsultative møtet avlyst i 2020. Arbeidet med å avgrense utslepp av mikroplast i Antarktis, auka forsking og overvaking av plast i Antarktis, drøftingar av konsekvensane av global oppvarming, systematisk samarbeid om sjøkartlegging av havbotnen i Antarktis som eit bidrag til auka sjøtryggleik i desse farvatna og om behovet for kunnskap om effektane av turismen og vidare utvikling av retningslinjer for besøkande vil halde fram i 2021.

Spesialrapporten om hav og is frå FNs klimapanel (Special Report on the Ocean and Cryosphere in a Changing Climate) frå september 2019 peiker på at vi treng meir kunnskap om Antarktis og kva endringane der vil ha å seie for det globale klimaet og havnivået i framtida. Det er mellom anna viktige kunnskapsutfordringar knytte til havsirkulasjon, havforsuring og marine og kryosfæriske økosystem.

Norsk Polarinstitutt har ei nøkkelrolle i norsk antarktisadministrasjon, og det har òg som viktig oppgåve å skaffe fram forskingsbasert kunnskap som medverkar til at Noreg på best mogleg måte oppfyller forpliktingane sine som traktatpart. Noreg skal òg gjennom Norsk Polarinstitutts forsking medverke til den internasjonale kunnskapsutviklinga i og om Antarktis og kor viktig Antarktis er for globale klimaspørsmål. Det er ei prioritert forskingsoppgåve å få meir kunnskap om samspelet mellom isbremmane, innlandsisen og havet og kva dette inneber for framtidig havnivåstigning og andre globale klima- og miljøspørsmål. Mellom anna på grunn av klimaendringane og arbeidet med marine verneområde i Antarktis er denne oppgåva svært viktig.

Arktisk råd

Regionalt samarbeid er avgjerande for å handtere utfordringane i Arktis. Noreg vil framleis arbeide for at Arktisk råd skal vere den sentrale møteplassen for det regionale klima- og miljøsamarbeidet. Noreg vil halde fram med å spele ei aktiv rolle i Arktisk råd og i arbeidsgruppene i rådet, der samarbeid om klima og miljø står sentralt. Arktisk råd har ei viktig rolle i å setje saman og vurdere vitskapleg kunnskap om klimaendringane og miljøet i Arktis. Dette er viktig som grunnlag for samarbeid om forvaltning av miljøet i Arktis, og for internasjonale avtaler som gjeld forureining og klima. Rådet har konkrete samarbeidsprosjekt som gjeld bevaring av naturmangfaldet og det marine miljøet i Arktis, og tiltak for å redusere kjelder til forureining. Tiltak for å redusere klimaendringane er det viktigaste vi kan gjere for å ta vare på det arktiske miljøet. Arktisk råd har vedteke eit kollektivt reduksjonsmål for svart karbon (sot), og landa skal rapportere resultat annakvart år (sjå omtale i programkategori 12.70). Rådet arbeider òg med å styrkje samarbeidet mellom dei arktiske landa om å ta vare på dei arktiske havområda, og med å utvikle ein regional handlingsplan mot marin forsøpling i Arktis. Noreg er ein pådrivar i rådet sitt arbeid for å redusere utslepp av svart karbon, styrkje havsamarbeidet og dokumentere effektane av klimaendringar på økosystema i Arktis. Vurderingar av klimaendringar og forureining i Arktis, bevaring av biologisk mangfald og heilskapleg forvaltning av det marine miljøet vil framleis stå sentralt for Noregs arbeid i Arktisk råd i 2021. Noreg vil medverke aktivt i Arktisk råds arbeid med prosjekt og oppfølgingsplanar på desse områda og leggje til rette for at kunnskap og tilrådingar som blir skaffa fram, blir tekne i bruk og implementerte i forvaltninga.

Miljøvernsamarbeidet med Russland

Samarbeidet innanfor Den norsk-russiske miljøvernkommisjonen og miljøvernsamarbeidet i Barentsregionen blir ført vidare.

I Den norsk-russiske miljøvernkommisjonen er utviklinga av eit konsept for ein forvaltningsplan for russisk side av Barentshavet høgt prioritert. Eit samordna norsk-russisk program med overvaking av felles sårbare og truga artar og presentasjon av felles resultat i miljødataportalen Barentsportal er viktige element i samarbeidet. Samarbeid med Russland om kartlegging og reduksjon av marin forsøpling i Barentshavet er òg ei høgt prioritert oppgåve.

Selskapet Norilsk Nikel varsla hausten 2019 at nikkelproduksjonen nær grensa til Noreg skal leggjast ned innan 2021. Miljøovervaking i grenseområda saman med russiske partnarar vil halde fram for å dokumentere effekten av reduserte utslepp og for å gi god miljøinformasjon til lokalbefolkninga.

I miljøarbeidsgruppa under Barentsrådet står samarbeid om grensekryssande vassressursar og naturmangfaldet i regionen, reduksjon av forureining og klimaspørsmål sentralt. Ei høgt prioritert oppgåve er å medverke til å løyse dei store og samansette miljøutfordringane i russisk del av Barentsregionen, såkalla hot spots. I samband med Noregs formannskap i Barentsrådet i 2019–2021 vil Klima- og miljødepartementet rette søkjelyset mot korleis ein i Barentsregionen kan gjere dei rette investeringane i klimavenleg infrastruktur samstundes som ein òg skal bevare naturmangfaldet og ta omsyn til tradisjonell arealbruk i regionen.

Forsking og miljøovervaking i nord- og polarområda

Situasjonen i polarområda gir nye kunnskapsutfordringar knytte til miljø og klima. Å utvikle kunnskap og forståing av korleis miljø i Arktis og Antarktis vert påverka av klimaendringar, havforsuring, forureining og auka aktivitet, er derfor ein særs viktig del av både det nasjonale arbeidet og det internasjonale samarbeidet i nord- og polarområda. Grunnlaget for Noregs bidrag til dette samarbeidet er den nasjonale satsinga på kunnskap om klima og miljø.

Sentrale verkemiddel med omsyn til polar kunnskapsproduksjon er Norsk Polarinstitutt, Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking og infrastrukturen vår for polarforsking.

Det blir arbeidd med å betre parameter for miljøovervaking av kulturminna.

Svalbard er ei særs viktig plattform for forsking i – og for internasjonalt samarbeid om – naturvitskapleg forsking i Arktis. For å leggje til rette for ei langsiktig utvikling av Ny-Ålesund forskingsstasjon som ei driftssikker og attraktiv plattform for naturvitskapleg forskingssamarbeid i verdsklasse, i tråd med føringane i Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard, regjeringa sin strategi for forsking og høgare utdanning på Svalbard og forskingsstrategien for Ny-Ålesund, blei det generelle tilskotet til Kings Bay AS til drift og investeringar i Ny-Ålesund styrkt i 2020. Polarinstituttet har ansvaret for å implementere og følgje opp forskingsstrategien for Ny-Ålesund i dialog med Forskingsrådet og relevante departement og aktørar.

Arbeidet med å setje i stand service- og administrasjonsbygget i Ny-Ålesund heldt fram i 2020. Istandsetjinga vil bli ferdig og servicebygget opna igjen for bruk i 2021.

Ein internasjonal evalueringskomité kom i 2019 med ei rapport som viser at Framsenteret har vore ei svært vellykka satsing i nord som har nådd måla med høg produksjon av tverrfagleg forvaltningsrelevant forsking på klima og miljø i nordområda. Den faglege satsinga i Framsenteret vil bli ført vidare, og arbeidet med kontinuerleg vidareutvikling av forskingssamarbeidet ved senteret blir styrkt gjennom den nye styringsmodellen i 2020.

Nærare om budsjettforslaget

Føreslått løyving knytt til programkategorien for 2021 er på 451,7 mill. kroner. Dette er ein auke på om lag 15 mill. kroner, eller 3,5 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2020. Dette kjem av tekniske endringar og at 15 mill. kroner er føreslått løyvd til å styrkje drifta av Troll forskingsstasjon i Antarktis.

Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

1471

Norsk Polarinstitutt

322 488

328 119

341 699

4,1

1472

Svalbards miljøvernfond

21 203

20 658

20 658

0,0

1473

Kings Bay AS

32 259

34 893

36 010

3,2

1474

Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking

52 791

52 703

53 345

1,2

Sum kategori 12.60

428 741

436 373

451 712

3,5

Kap. 1471 Norsk Polarinstitutt

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

234 094

244 359

240 809

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

87 885

83 238

100 354

50

Stipend

509

522

536

Sum kap. 1471

322 488

328 119

341 699

Rolle og oppgåver for Norsk Polarinstitutt:

Norsk Polarinstitutt er den sentrale statsinstitusjonen for kartlegging, miljøovervaking og forvaltningsretta forsking i Arktis og Antarktis, jf. Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard, Meld. St. 32 (2014–2015) Norske interesser og politikk i Antarktis, Meld. St. 33 (2014–2015) Norske interesser og politikk for Bouvetøya, fagleg og strategisk rådgivar overfor den sentrale forvaltninga og fagleg rådgivar for Miljødirektoratet og Sysselmannen i polarspørsmål.

Instituttet skal vidare

  • halde ved lag ein brei forskingsbasert kompetanse på område der miljøforvaltninga har eit direkte forvaltningsansvar i nord- og polarområda eller har ei heilt sentral pådrivarrolle både nasjonalt og i internasjonale prosessar. Det omfattar klimaprosessar og klimaendringar og effektane av desse på naturen og viltforvaltning, område- og habitatvern og miljøgift-/forureiningsproblematikk

  • forvalte og formidle forskings- og miljødata frå polarområda

  • ha ansvar for topografisk og geologisk kartlegging av landområda på Svalbard og norske biland og territorialkrav i Antarktis

  • utvikle, revidere og leie overvakingsprogram og system for miljøovervaking av norsk Arktis

  • medverke til å stimulere og koordinere nasjonal og internasjonal forsking på Svalbard gjennom å samarbeide om forskingsprosjekt og gi tilgang til instituttets infrastruktur, så som forskingsstasjon, feltutstyr og transport, mot dekning av kostnadene instituttet får

  • følgje opp og gjennomføre norsk miljølovgiving i Antarktis

  • medverke til å ta hand om kunnskapsbehovet forvaltninga har

  • fremje miljøforsking og forvaltningsrådgiving innan det bilaterale norsk-russiske miljøsamarbeidet

  • utforske og overvake det marine miljøet i det nordlege Barentshavet

  • delta i Fagleg forum for økosystembasert forvaltning av norske havområde

  • representere Noreg i internasjonale samarbeidsforum og formidle kontakt mellom norske og internasjonale fagmiljø

  • medverke til å styrkje Framsenteret

  • utvikle samarbeidet med dei andre forskingsinstitusjonane og universitet

  • formidle utovervend informasjon om polarområda i alle relevante kanalar

  • vere vertskap og ha ansvaret for å setje i verk forskingsstrategien for Ny-Ålesund

Post 01 Driftsutgifter

Midlane under denne posten er retta mot resultatområda Naturmangfald, Forureining, Klima og Polarområda. Føreslått løyving er på om lag 240,8 mill. kroner på posten for 2021.

Posten dekkjer utgifter som Norsk Polarinstitutt har til lønn og godtgjersler for faste og mellombels tilsette. Vidare dekkjer posten ordinære driftsutgifter, drift av forskingsstasjon og luftmålestasjon i Ny-Ålesund og fartøy, og utgifter knytte til instituttets samla forskings- og ekspedisjonsverksemd.

Posten dekkjer elles utgifter knytte til sals- og oppdragsverksemd. Dei tilhøyrande inntektene er førte under kap. 4471 postane 01 og 03. Løyvinga kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under dei to nemnde postane, jf. forslag til vedtak II.

Rapport 2019

Polarinstituttet har i 2019 brukt om lag 34 pst. av løyvinga si til lønns- og driftsutgifter knytte til administrasjon, kommunikasjon, drift av bygningar på Svalbard og i Tromsø, drift av forskingsfartøyet Kronprins Haakon og andre felleskostnader. Dei resterande 66 pst. er lønn og andre utgifter knytte til forskingsavdelinga og programområda Polhavet, Ny-Ålesund, Antarktis og Svalbard og miljø- og kartavdelinga.

Av forbruket på denne posten korresponderer om lag 69 mill. kroner med inntekter på kap. 4471. Dette er nesten alt saman knytt til ekstern finansiering av forskingsaktivitet frå mellom anna Forskingsrådet og EU.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Midlane under denne posten er retta mot resultatområdet Polarområda. Føreslått løyving er på om lag 100,4 mill. kroner på posten for 2021. Posten er totalt styrkt med omlag 17,1 mill. kroner. Posten er styrkt med 15 mill. kroner til drift av forskingsstasjonen Troll i Antarktis.

Posten dekkjer utgifter til vitskapleg samarbeid i Antarktis der midlane gjeld deltaking i det internasjonale Antarktis-samarbeidet og midlar til gjennomføring av dei norske Antarktis-ekspedisjonane.

I tillegg til forskingsaktivitet skal løyvinga dekkje drift av forskingsstasjonen Troll og det internasjonale DROMLAN-prosjektet (Dronning Maud land Air Network). Noregs forsking i Antarktis medverkar til det internasjonale arbeidet for å bevare Antarktis som det reinaste og minst påverka villmarksområdet i verda.

Posten dekkjer elles utgifter knytte til drift av TrollSat. Dei tilsvarande inntektene er førte under kap. 4471 post 21. Løyvinga kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under den nemnde posten, jf. forslag til vedtak II.

Rapport 2019

Av midlane på denne posten blei om lag 90 pst. brukt til lønn til dei som arbeider på Troll-stasjonen og drift av bygningar i Antarktis, fartøyleige, helikopterleige og andre logistikkutgifter. Den resterande delen av løyvinga, rundt 10 pst., går til forsking. Av forbruket på denne posten korresponderer om lag 14,6 mill. kroner med inntekter på kap. 4471.

Post 50 Stipend

Midlane under denne posten er retta mot resultatområda Forureining, Klima og Polarområda. Føreslått løyving er på om lag 0,5 mill. kroner på posten for 2021.

Mål

Stipendmidlane skal auke rekrutteringa til og kompetansen innanfor den norske polarforskinga. Midlane er eit viktig og effektivt verkemiddel for å stimulere norsk polarforsking på Svalbard. Støtte blir primært gitt til norske hovudfags- og doktorgradstudentar. Støtta skal dekkje ekstrautgifter ved opphald i felt.

Kriterium for måloppnåing

Talet på hovudfagsoppgåver og doktorgrader med polarforsking som emne.

Tildelingskriterium

Det blir lagt vekt på relevante polare problemstillingar, fagleg kvalitet og i kor stor grad temaet ligg til rette for forsking.

Oppfølging og kontroll

Kravet er rekneskapsoversikt og ein kort fagleg rapport om gjennomføringa.

Rapport 2019

Av 74 søknader blei 55 finansierte med totalt 3,3 mill. kroner. Av dette var 0,5 mill. kroner midlar frå Norsk Polarinstitutt.

Dei viktigaste norske institusjonane som fekk støtte, var Universitetssenteret på Svalbard (19), Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (13), Universitetet i Oslo (7), Norsk institutt for naturforsking (4) og Norsk Polarinstitutt (5).

Kap. 4471 Norsk Polarinstitutt

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Sals- og utleigeinntekter

4 804

11 575

6 686

03

Inntekter frå ymse tenesteyting

69 089

63 790

65 502

21

Inntekter, Antarktis

26 267

14 250

14 633

Sum kap. 4471

100 160

89 615

86 821

Post 01 Sals- og utleigeinntekter

Salsinntektene gjeld sal av kart, flybilete og publikasjonar, mens utleigeinntektene gjeld utleige av feltutstyr, transportmiddel, mellom anna utleige av forskingsfartøy, og andre inntekter. Posten er skriven ned med om lag 6 mill. kroner fordi Polarinstituttet ikkje lenger har inntekter for utleige av R/V Lance. Kap. 1471 post 01 kan overskridast tilsvarande eventuelle meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II.

Post 03 Inntekter frå diverse tenesteyting

Oppdragsinntektene gjeld inntekter frå eksterne oppdrag for andre offentlege instansar og frå det private næringslivet. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1471 post 01, jf. forslag til vedtak II.

Post 21 Inntekter, Antarktis

Posten gjeld refusjon av utgifter Norsk Polarinstitutt har for andre land og verksemder knytte til Antarktis-samarbeidet. I hovudsak gjeld dette refusjon av driftsutgiftene ved TrollSat i medhald av avtale med Kongsberg Satellite Services og inntekter frå flygingar knytte til DROMLAN-samarbeidet. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1471 post 21, jf. forslag til vedtak II.

Kap. 1472 Svalbards miljøvernfond

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

50

Overføringar til Svalbards miljøvernfond

21 203

20 658

20 658

Sum kap. 1472

21 203

20 658

20 658

Svalbards miljøvernfond er oppretta med heimel i svalbardmiljølova. Fondet gir tilskot til tiltak for å beskytte naturmiljø og kulturminne på Svalbard, i samsvar med svalbardmiljølova, forskrift om tilskot frå Svalbards miljøvernfond og vedtektene til fondet. Fondet får i hovudsak inntekter frå ei miljøavgift på 150 kroner for reisande til Svalbard, jf. forskrift om miljøavgift for tilreisande til Svalbard. Sysselmannen er sekretariat for fondet. Vedtak om tildelingar blir gjorde av eit styre oppnemnt av Klima- og miljødepartementet. Midlane blir nytta til skjøtsel, vedlikehald og gransking av kulturminne, informasjons- og opplæringstiltak og prosjekt med formål å undersøkje eller attreise miljøtilstanden. Fondet skal ikkje brukast til å dekkje forvaltninga sine ordinære administrative utgifter, oppgåver eller drift. I 2019 blei det tildelt 18,6 mill. kroner over fondet. På grunn av koronapandemien vil inntekta i 2020 bli lågare enn i 2019.

Rapport for 2019

I 2019 blei det gitt 54 tilsegner til ulike prosjekt på til saman 18,6 mill. kroner. Informasjon om desse prosjekta finst på heimesida til fondet: https://www.miljovernfondet.no/. Sidan fondet blei operativt i 2007 og til og med 2019, er det gitt støtte til over 680 prosjekt med ein samla sum på 170 mill. kroner.

Post 50 Overføringar til fondet

Posten skal berre nyttast til overføring av inntektene frå kap. 5578 post 70 Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond. Føreslått løyving er på om lag 20,7 mill. kroner på posten for 2021.

Kap. 5578 Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

70

Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond

20 456

20 670

20 670

Sum kap. 5578

20 456

20 670

20 670

Post 70 Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond

Denne posten blir nytta til avgifter som, i samsvar med svalbardmiljølova, skal overførast til Svalbards miljøvernfond. Miljøavgift for reisande til Svalbard er hovudinntektskjelda til fondet, men under denne posten blir det òg budsjettert med sal av jakt- og fiskekort med meir.

Meirinntekter under kap. 5578 post 70 gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter som er budsjetterte under kap. 1472 Svalbards miljøvernfond, jf. forslag til vedtak II.

Kap. 1473 Kings Bay AS

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

70

Tilskot

32 259

34 893

36 010

Sum kap. 1473

32 259

34 893

36 010

Midlane under denne posten er retta mot resultatområdet Polarområda. Tilskotet skal gå til investeringar og drift i Kings Bay AS og nødvendige utgifter til administrasjon av Bjørnøen AS. Auken på posten er berre priskompensasjon. Føreslått løyving er på om lag 36 mill. kroner på posten for 2021.

Kings Bay AS eig grunnen og dei fleste bygningane i Ny-Ålesund og har ansvar for drift og utvikling av infrastruktur på staden. Selskapet er 100 pst. eigd av staten, og Klima- og miljødepartementet utøver statens eigarinteresser. Målet med den statlege eigarskapen er å syte for mest mogleg effektiv drift, vedlikehald og utvikling av Kings Bay AS’ eigedom, bygningsmasse og infrastruktur, slik at Ny-Ålesund blir utnytta best mogleg i samsvar med forskingsstrategien for Ny-Ålesund. Driftskonseptet til selskapet er å leige ut fasilitetar til forskarar og tilby kost og losji i tillegg til ei rekkje andre tenester under opphaldet. Rundt 20 institusjonar har kvart år forskingsprosjekt i Ny-Ålesund. Selskapet er avhengig av tilskot over statsbudsjettet for å utføre dei samfunnsoppgåvene som det er pålagt. Tilskotet skal dekkje investeringar, eventuelt driftsunderskot i Kings Bay AS og nødvendige utgifter til administrasjon av Bjørnøen AS.

I mai 2018 la regjeringa fram ein strategi for forsking og høgare utdanning på Svalbard. Strategien legg vekt på at forskinga i Ny-Ålesund konsekvent utnyttar det særeigne ved staden som eit reint, naturvitskapleg laboratorium. Vidare fastset strategien at utvikling og forvaltning av bygningsmasse, infrastruktur og tenestetilbod i Ny-Ålesund skal byggje opp under prioriterte, heilskaplege satsingar. Noregs forskingsråd la i mai 2019 fram ein eigen forskingsstrategi for Ny-Ålesund.

I 2021 er vidareutvikling og tilrettelegging av selskapets bygningsmasse og infrastruktur i samsvar med forskingsstrategien for Ny-Ålesund ei viktig oppgåve for selskapet. Dette arbeidet skjer i nært samarbeid med Norsk Polarinstitutt, som har oppgåva med å gjennomføre forskingsstrategien for Ny-Ålesund. På grunn av koronapandemien svikta inntektene i Kings Bay AS i 2020, slik at selskapet ikkje kunne dekkje dei løpande kostnadene utan å få tilført ekstra driftsmiddel. Selskapet fekk i revidert nasjonalbudsjett 2020 18 mill. kroner for å få dekt tap i inntektene. Samstundes måtte selskapet ta i bruk ein stor del av investeringstilskotet frå KLD for å få dekt underskot i drifta. Dette gjer at planlagde investeringar og vedlikehald har fått eit etterslep. Det er usikkert når selskapet er tilbake i ein normalsituasjon når det gjeld inntekter, og selskapet må difor kontinuerleg vurdere situasjonen og ta grep som sikrar drifta av forskingsstasjonen i Ny-Ålesund.

Rapport 2019

Kings Bay AS har lagt til rette for forskingsaktivitet i Ny-Ålesund på ein økonomisk rasjonell måte med fokus på minst mogleg miljøpåverknad av verksemda til selskapet og forskingsaktivitetane som skjer i Ny-Ålesund. Forskingsaktiviteten er avgjerande for inntektene til selskapet, og i 2019 var talet på forskardøgn 15 115, ein auke på 12 pst. frå 2018. Det er òg auka bruk av marinlaboratoriet, noko som viser at det er behov for dei felles fasilitetane som selskapet legg til rette for. Samstundes har styret arbeidd med å sikre ei god prosjektgjennomføring av servicebygget, og istandsetjinga av dette bygget har komme i gang, med forventa ferdigstilling til årsskifte 2020/2021.

Vidare samarbeider Kings Bay med Norsk Polarinstitutt om ein ny kommunikasjons- og merkevarestrategi for Ny-Ålesund. Føremålet er mellom anna å synleggjere plassen, aktivitetane og høvet til å drive forsking og miljøovervaking i Ny-Ålesund. Selskapet har òg eit målretta arbeid for å sikre at aktivitetane i Ny-Ålesund er i tråd med miljøregelverket og tek omsyn til sårbar natur og kulturminne på staden.

Kap. 1474 Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

50

Tilskot til statlege mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 70

25 228

23 891

24 533

70

Tilskot til private mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 50

27 563

28 812

28 812

Sum kap. 1474

52 791

52 703

53 345

Midlane under dette kapittelet skal gå til å styrkje og skaffe framifrå ny kunnskap om klima og miljø og om miljøkonsekvensar av ny næringsverksemd i nord. Kunnskapen skal setje oss i stand til å forvalte hav- og landområda våre i nord og dei ressursane som finst der, på ein endå betre måte, og sikre at ny næringsverksemd på dette området skjer innanfor miljøforsvarlege rammer. Betre kunnskap om klima og miljø har avgjerande verdi for ressursforvaltning, klimatilpassing, samfunnsplanlegging og beredskap i nord. Betre kunnskap om og forståing av prosessane i Arktis vil òg vere eit svært viktig bidrag til det internasjonale klimaarbeidet. Aktiviteten er delt inn i sju faglege satsingsområde (flaggskip):

  • havisen i Polhavet, teknologi og avtaleverk, leiar: Norsk Polarinstitutt

  • effektar av klimaendringar på fjord og kystøkologi i nord, leiar: Havforskingsinstituttet

  • effektar av klimaendringar på terrestre økosystem, landskap, samfunn og urfolk, leiar: Universitetet i Tromsø

  • havforsuring og økosystemeffektar i nordlege farvatn, leiar: Havforskingsinstituttet

  • miljøgifter – effektar på økosystem og helse, leiar: Norsk institutt for luftforsking

  • miljøkonsekvensar av næringsverksemd i nord (MIKON), leiar: Norsk institutt for naturforsking

  • plast i Arktis, leiar: Norsk Polarinstitutt

Post 50 Tilskot til statlege mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 70

Føreslått løyving er på om lag 24,5 mill. kroner på posten for 2021.

Mål

Midlane skal gå til dei statlege partnarane i Framsenteret, med mål om å gjennomføre forvaltningsrelevant klima- og miljøforsking av høg kvalitet i nasjonale og internasjonale nettverk, og til å delta i og utvikle vidare både nasjonalt og internasjonalt tverrfagleg forskingssamarbeid. Midlane skal òg gå til aktiv formidling av forskingsresultat frå klima- og miljøforsking i nord til næringsliv, skuleverk, forvaltningsnivå og eit breitt publikum.

Kriterium for måloppnåing

  • skaffe fram og publisere ny kunnskap av framifrå kvalitet

  • medverke til etablering av forskarutdanning og mastergradutdanning gjennom samarbeid med relevante institusjonar innan høgare utdanning innanfor klima og miljø

  • etablere fagleg forskingssamarbeid mellom relevante nasjonale institusjonar, fylle «kunnskapshol» og gi nasjonal meirverdi

  • etablere gode forskingsretta nettverk nasjonalt og internasjonalt og samarbeide med dei andre FoU-miljøa i landsdelen

  • fleirfaglege og tverrfaglege samarbeidsprosjekt mellom institusjonane og forskarar med naturvitskapleg, teknologisk og samfunnsvitskapleg kompetanse

  • formidle forskingsresultat til brukarane, til dømes forvaltninga, næringslivet, skuleverket, andre relevante brukarar og eit breitt publikum

Tildelingskriterium

Prosjekta må liggje innanfor dei vedtekne faglege satsingsområda og vere kvalitetssikra av Noregs forskingsråd. I tillegg må dei vere tverrfaglege i størst mogleg grad.

Oppfølging og kontroll

Leiarane for kvar av dei faglege satsingsområda (flaggskipsleiarane) er pålagde saman med dei andre deltakarane i flaggskipa å rapportere årleg om forskingsaktivitet som er sett i gang, og oppnådde resultat innan 30. november.

Post 70 Tilskot til private mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 50

Midlane skal gå til dei ikkje-statlege partnarane i Framsenteret, til dei same formåla som for post 50, og kriterium for måloppnåing, rapportering og tildeling, oppfølging og kontroll er dei same. Føreslått løyving er på om lag 28,8 mill. kroner på posten for 2021. Sjå elles omtalen under post 50 ovanfor. Posten dekkjer òg driftstilskot til Framsenteret AS.

Rapport 2019

Framsenteret har vore involvert i stor nasjonal og internasjonal forskingsaktivitet i 2019. I 2018 gav KLD Forskningsrådet i oppdrag å gjennomføre ei evaluering av senteret. Rapporten frå den internasjonale evalueringskomiteen blei oversend til departementet i mai 2019. Komiteen gav ei svært positiv evaluering av senteret som eit forskingsstrategisk tiltak og fann at produkta frå flaggskipa generelt er av høg fagleg kvalitet og relevans og skaffar fram ny kunnskap som er nødvendig for å forstå dei komplekse utfordringane for miljøvern og berekraftig utvikling i nordområda.

Forskingsresultat blei publiserte 88 artiklar i internasjonale tidsskrift. I tillegg blei forskingsresultat publiserte i Framsenterets eigen rapportserie og formidla på Framsenterets nettside og gjennom ei rekkje kanalar som inkluderer sosiale media og «dialogdagar», framsyningar, dei nasjonale forskingsdagane og stands ved ei rekkje nasjonale og internasjonale konferansar. Årets utgåve av Fram Forum blei produsert og utgitt på engelsk i papirform og i elektronisk utgåve med global distribusjon. Forskarar frå Framsenteret har òg presentert forskinga si på ei lang rekkje nasjonale og internasjonale fagkonferansar og arbeidsseminar. Forskinga i Framsenteret har òg vore kommunisert til ei rekkje besøk frå ulike land og ambassadar, forskingsinstitusjonar, statlege organ, utdanningsinstitusjonar og medium.

Programkategori 12.70 Internasjonalt klimaarbeid

Hovudinnhald og prioriteringar

Utgiftene under programkategori 12.70 gjeld resultatområdet Klima. Kategorien omfattar verksemda til Klima- og miljødepartementet med kjøp og sal av kvotar og arbeidet departementet gjer med Klima- og skoginitiativet.

Klimautfordringa kan berre løysast gjennom eit globalt samarbeid. Noreg skal vere ein pådrivar i det internasjonale klimaarbeidet. Klima- og skoginitiativet er Noregs største internasjonale klimasatsing og saman med kjøp av klimakvotar det viktigaste bidraget vårt til å redusere utslepp i utviklingsland. Andre hovudinnsatsområde i det internasjonale klimaarbeidet – Parisavtala, klimafinansiering, utviklinga av internasjonale karbonmarknader og utfasing av subsidiar til fossile brensel, utslepp frå internasjonal transport og kortlevde klimaforureiningar – er også omtalte i dette kapittelet. Covid-19-pandemien har prega alle land i 2020, og vil òg gjere det i 2021. Det vil påverke det internasjonale samarbeidet særskilt. Den økonomiske nedgangen som følgjer av pandemien, saman med helseutfordringane han gir, set utviklingslanda under eit særleg stort press.

Budsjettmidlar knytte til Parisavtala og kortlevde klimaforureiningar er omtalte under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m. Mykje av det internasjonale klimaarbeidet som er omtalt i dette kapittelet, er finansiert over Utanriksdepartementets budsjett.

Parisavtala

Parisavtala var eit vendepunkt for internasjonalt samarbeid på klimaområdet og representerer saman med klimakonvensjonen eit solid rammeverk for framtidig global klimainnsats. 189 land har ratifisert avtala. USA har på den andre sida signalisert at dei vil melde seg ut av Parisavtala. Det overordna formålet med Parisavtala er å styrkje den globale innsatsen mot klimaendringane. Målet er å halde den globale temperaturauken til godt under 2 gradar samanlikna med førindustrielt nivå og å søkje å halde oppvarminga til 1,5 gradar. Dessutan skal evna til å handtere skadeverknadene av klimaendringane styrkjast i landa. Det er òg eit formål at finansstraumar skal bli meir i samsvar med ei klimarobust lågutsleppsutvikling. Med Parisavtala tek alle statar på seg å utarbeide, melde inn, halde ved lag og rapportere på suksessive nasjonalt fastsette bidrag (Nationally Determined Contributions) og å setje i verk nasjonale tiltak med sikte på å nå dei. Dei nasjonalt fastsette bidraga som no ligg til grunn for Parisavtala, er likevel langt unna den utviklingsbana som er i tråd med temperaturmålet i avtala. Det er derfor stort behov for å auke ambisjonane. Ifølgje Parisavtala vil dei suksessive nasjonalt fastsette bidraga frå landa utgjere ein progresjon ut over gjeldande nasjonale bidrag og vere uttrykk for den høgast moglege ambisjonen i landa.

I 2020 skal landa melde inn nye eller oppdaterte nasjonalt fastsette bidrag under Parisavtala. Noreg melde inn eit slikt forsterka mål den 7. februar 2020. Noreg var det tredje landet i verda som melde inn eit forsterka mål til FN. Målet er å redusere utsleppa med minst 50 pst. og opp mot 55 pst. innan 2030, samanlikna med 1990-nivået. Noreg har allereie forplikta seg til å samarbeide med EU om å redusere utsleppa med minst 40 pst. innan 2030. Vi ønskjer òg å oppfylle forsterkinga saman med EU. Vi arbeider for at EU skal auke sitt mål til 55 pst. For å nå måla i Parisavtala er det nødvendig at også andre land, særleg dei store utsleppslanda, forsterkar sine nasjonale mål under Parisavtala.

Landa er blitt samde om eit utfyllande regelverk til Parisavtala som vil medverke til å styrkje avtala ved å gjere det lettare å samanlikne bidraga frå landa, summere bidraga og måle framgang. Dette var viktig for å gjere Parisavtala operasjonell. Det er førebels ikkje semje om regelverket for marknadssamarbeid, det vil seie samarbeid der land kan kjøpe og selje utsleppsreduksjonar. Usemja gjeld mellom anna korleis føresegnene i Parisavtala om at utsleppsreduksjonar som ikkje skal teljast dobbelt, skal handterast i den nye FN-mekanismen. Før det blir semje om det utfyllande regelverket for marknadssamarbeid, vil det ikkje vere mogleg for land å samarbeide under den felles FN-mekanismen. Partsmøtet under britisk leiing i 2020 er utsett til 2021 på grunn av covid-19. Arbeidet i klimaforhandlingane skjer gjennom virtuelle møter.

Klimafinansiering

Norsk klimafinansiering til utviklingsland, utover Klima- og skoginitiativet og kjøp av klimakvotar, blir betalt over Utanriksdepartementets budsjett. KLD omtaler likevel klimafinansiering breitt i denne budsjettproposisjonen for å gi ei samla framstilling.

Norsk klimafinansiering i 2019 var på 6,3 mrd. kroner, og brorparten går til utsleppsreduksjonar. Klimafinansieringa vår blir rapportert til OECD og klimakonvensjonen basert på årlege tilskot markert med Rio-markørane klimatilpassing eller utsleppsreduksjonar. Desse rapportane blir først laga etter at tilskotet er utbetalt, så derfor kan ikkje totaltalet for norsk klimafinansiering lesast direkte ut av forslaget til statsbudsjett. Rapportane inneheld det vi gjer med øyremerkte midlar, inkludert Norfunds investeringar, til klima bilateralt og multilateralt og klimadelen av den kjernestøtta vi gir til multilaterale organisasjonar. Vi rapporterer òg den private klimafinansieringa vi utløyser gjennom offentleg stønad, sjølv om dette ikkje blir rekna med i totaltalet for norsk klimafinansiering. Ein tek sikte på å innrette meir av utviklingshjelpa slik at ho er klimarelevant, og markere dette som klima i bistandsstatistikken.

Norsk støtte til klimatiltak i utviklingsland er svært viktig for ei effektiv gjennomføring av Parisavtala. Noreg har vore eit føregangsland i å innrette klimafinansieringa til utviklingsland på ein langsiktig og føreseieleg måte. Særleg gjeld dette Klima- og skoginitiativet (sjå eigen tekst etter tabell 7.20). Det grøne klimafondet er hovudkanalen for klimafinansiering under klimakonvensjonen. Regjeringa gir eit bidrag til Det grøne klimafondet på 800 mill. kroner årleg for perioden 2020–2023. Utanriksdepartementet betaler 700 mill. kroner over sitt budsjett, og 100 mill. kroner blir dekt over KLD og budsjettet til Klima- og skoginitiativet. Regjeringa arbeider med ein ny strategi for innrettinga av bistanden til fornybar energi i utviklingspolitikken, der det òg vil vere sentralt å fase ut kol. Norfund er eit viktig verkemiddel i fornybar-satsinga. Stortinget har stilt krav om at 50 pst. av tilførte midlar til Norfund skal nyttast til investeringar i fornybar energi. Å mobilisere private investeringar til klimafinansiering er òg eit viktig mål for Det grøne klimafondet, som har ein eigen fasilitet for privat sektor.

I 2021 vil arbeidet med klimatilpassing og førebygging av klimarelaterte katastrofar intensiverast. Dette vil bli sett i samanheng med handlingsplanen for berekraftige matsystem som òg vil vere eit viktig bidrag til klimatilpassing. Matsystem knyter faktorar som klima, miljø, infrastruktur og institusjonar saman med verdikjeda for mat.

I løpet av 2020 skal Noreg levere ein rapport til FNs klimakommunikasjon om planane våre for klimafinansiering i åra framover i tråd med Parisavtalas regelverk på området. Vedtaket forpliktar industrilanda til annakvart år å levere kvantitativ og kvalitativ informasjon om si framtidige klimafinansiering. Gjennomføring av Parisavtala og støtte til utviklingsland sitt arbeid og innmelde klimaplanar (NDC) vil vere ei viktig føring. Norsk klimafinansiering skal framover innrettast slik at ho medverkar til transformative tiltak med verifiserbar klimaeffekt. Det er sett i gang eit arbeid i regi av Utanriksdepartementet og Norad for å sikre at norsk støtte mest mogeleg effektivt fører til gjennomføringa av måla i Parisavtala.

Klima- og miljødepartementet har òg bilaterale miljøsamarbeid med Kina, India og Sør-Afrika og støttar internasjonale initiativ for grøn økonomi i utviklingsland. I tillegg støttar Noreg klimatiltak og lågutsleppsutvikling i EU-landa med svakast økonomi gjennom EØS-midlane. 5 mrd. kroner er sett av over UDs budsjett til klima-, energi og miljøsamarbeid med mottakarlanda i perioden 2014–2021. Meir informasjon om dette finst under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt samarbeid m.m.

Internasjonale karbonmarknader, prising av utslepp og utfasing av subsidiar til fossile brensle

Noreg skal vere ein pådrivar i arbeidet for å setje ein pris på CO2 og for utvikling av effektive, fungerande internasjonale karbonmarknader. I innmeldingane av nasjonale mål (NDC) til FNs klimakonvensjon er det mange land som opplyser at dei har sett, eller vurderer å setje, ein pris på utslepp av klimagassar. Felles for dei fleste av dei landa som har ein pris på utslepp, er prisar som er for låge til å fremje teknologisk utvikling og omstilling. Ein ny og meir ambisiøs klimapolitikk globalt vil krevje høgare prisar.

Parisavtala har etablert ei ramme for marknadsbasert samarbeid mellom land etter 2020. Noreg arbeider aktivt gjennom klimaforhandlingane for å sikre ei god innretning av marknadsbasert samarbeid under Parisavtala, samtidig som ein gjennom deltaking i Transformative Carbon Asset Facility (TCAF) tek del i arbeidet med å utvikle pilotar for å teste ut nye former for marknadssamarbeid innanfor ramma av Parisavtala. Klima- og skoginitiativet har medverka til oppretting av ein frivillig standard for utsleppsreduksjonar frå skog og ein finansieringsmekanisme som skal skape etterspørsel etter utsleppsreduksjonar sertifisert av denne standarden (sjå omtale av ART og Emergent under Klima- og skoginitiativet).

Bruk av ulike former for marknadsmekanismar har ført til både store utsleppsreduksjonar og investeringar i mange utviklingsland. Den grøne utviklingsmekanismen (CDM), som ligg til grunn for statens kvotekjøpsprogram, har ifølgje berekningar gjort av FNs klimasekretariat (UNFCCC) så langt ført til om lag 2 milliardar tonn CO2-ekvivalentar i verifiserte reduserte utslepp. Dei faktiske reduksjonane av utslepp er av UNFCCC utrekna til å bli om lag fire gonger så høge fram til 2020. I tillegg har bruken av fleksible mekanismar i utviklingsland ført til store investeringar i desse landa og vist korleis ein kan gjennomføre tiltak som ikkje berre reduserer utslepp av drivhusgassar, men også har stor utviklingseffekt, til dømes gjennom redusert lokal forureining og tilgang på fornybar energi.

Regjeringa arbeider òg for utfasing av subsidiar på fossilt brensel. Globalt har det dei seinare åra ifølgje OECD og IEA blitt brukt opp til 500 mrd. US dollar årleg på subsidiar til produksjon og forbruk. Beløpet varierer med oljeprisen og er no noko lågare, men samtidig ser ein etter kvart også effektar av at viktige land, som Mexico, Indonesia og India, har gjennomført subsidiereform. Utfasing av fossile subsidiar er eit viktig tiltak land kan gjennomføre for å medverke til at utsleppa av drivhusgassar går ned. Det er ein aukande tendens til at land i ulike verdsdelar set i gang reformarbeid for fossilsubsidiar. Dette har i stor grad skjedd i ein periode med låge prisar på fossil energi. Ei viktig utfordring er å halde reformarbeidet oppe i periodar med aukande prisar. Noreg støttar difor mellom anna utgreiingsarbeid gjennom Nordisk Ministerråd, der ein ser på kva som er mogleg i konkrete sektorar i enkelte utviklingsland, til dømes for å få til såkalla «swaps», der innsparte subsidiar blir reinvesterte i energieffektivitet og fornybar produksjon. Noreg arbeider òg for å fase ut fossile subsidiar gjennom andre kanalar, slike som Vennegruppa for reform av fossile subsidiar saman med dei andre nordiske landa og Costa Rica, Etiopia, New Zealand, Uruguay og Sveits.

Bruk av fleksible mekanismar

Gjennom Kyotoprotokollens system og i Parisavtala er det opna for fleksibel gjennomføring og samarbeid mellom land som supplement til nasjonale tiltak. Dette har gjort det mogeleg for Noreg å ta på seg større forpliktingar, og dermed større globale reduksjonar, enn ein kunne utan ei slik ordning. Ein viser til Innst. 60 S (2013–2014), der ein samla komité (energi- og miljøkomiteen) skriv følgjande: «Komiteen vil peke på at det gjennom Kyotoprotokollens system åpnes for ei fleksibel gjennomføring og samarbeid mellom land som supplement til nasjonale tiltak. Komiteen viser til at dette kan gjøre det mulig for Norge å ta på seg større forpliktelser og bidra til større globale reduksjoner.»

Ved ratifikasjon av endringar i Kyoto-protokollen har Noreg forplikta seg til å redusere dei årlege klimagassutsleppa i perioden 2013–2020 med 16 pst. i gjennomsnitt jamført med Noregs utslepp i 1990. Reduksjonane i klimagassutslepp vil i hovudsak komme gjennom nasjonale tiltak, medrekna den norske deltakinga i det europeiske kvotesystemet, EU-ETS, som omfattar rundt halvparten av alle norske klimagassutslepp. Kvotar frå prosjekt i utviklingsland skal sikre at Noreg fullt ut oppfyller sine plikter under Kyoto-protokollen. For ei nærare omtale av kvotesystemet, og av samanhengen mellom dette og statens behov for kvotar frå utviklingsland, viser ein til boks 7.3 i Prop. 1 S (2016–2017) Klima- og miljødepartementet for 2017.

Det blir lagt vekt på at statens kvotekjøp skal ha størst mogleg innverknad. Ein har derfor berre kjøpt kvotar frå prosjekt som er i ferd med å innstille på grunn av manglande inntekter frå kvotesal, eller som allereie har innstilt, og frå nye prosjekt. Klima- og miljødepartementet har inngått kontraktar med forventa levering av om lag 42 millionar kvotar. I tillegg har ein overført 3 millionar kvotar som ikkje blei nytta i den første Kyotoperioden (2008–2012).

I Parisavtala er det opna for at land kan samarbeide om gjennomføring av tiltak for å redusere utslepp av globale klimagassar. Slikt samarbeid opnar for at enkeltland aukar ambisjonane sine, og kan såleis bli viktig for å realisere målet om å halde den globale oppvarminga godt under 2 grader og prøve å avgrense temperaturauken til 1,5 grader. Arbeidet med å utvikle reglar og prosedyrar har teke tid, og det detaljerte regelverket under Parisavtala for samarbeid mellom land er enno ikkje vedteke. Utsleppsreduksjonar ein kjøper gjennom marknadsbasert samarbeid under Parisavtala, krev mellom anna avtale med vertslanda om korleis slike utsleppsreduksjonar skal bokførast for å sikre at verknadene av eit tiltak ikkje blir rekna dobbelt.

Gjennom kvotekjøpsprogrammet arbeider Klima- og miljødepartementet med å vidareutvikle dagens kvotesystem med sikte på å prøve ut ordningar som er tilpassa Parisavtala. Klima- og miljødepartementet deltek i Transformative Carbon Asset Facility (TCAF), som blei lansert i samband med klimakonferansen i Paris og erklært operativt i mars 2017. Fondet skal utvikle pilotar for samarbeidsformer tilpassa ein ny mekanisme under Parisavtala.

Formålet med slikt samarbeid er å medverke til varig omlegging i utviklingsland gjennom program som støttar utvikling av lågutsleppsløysingar for sektorar i eit land. Bruk av økonomiske verkemiddel, mellom anna prising av klimagassutslepp, kan til dømes vere eit sentralt element i ei slik omlegging. Fondet skal medverke til at utviklingslanda aukar ambisjonane sine. I innmeldingar til FNs klimasekretariat før klimakonferansen i Paris indikerte fleire utviklingsland eit klart høgare ambisjonsnivå om dei får internasjonal støtte til å gjennomføre tiltak. Samarbeidsprogram, til dømes program gjennom TCAF, kan bli viktige verkemiddel for slike tiltak. Gjennom Parisavtala har alle land forplikta seg til å vurdere måla sine kvart femte år med sikte på å heve ambisjonane. Samarbeid mellom land om gjennomføring av tiltak kan bli avgjerande for nivået på ambisjonane.

TCAF skal levere målbare resultat i form av verifiserte utsleppsreduksjonar som deltakarane i fondet eventuelt kan bruke som bidrag til å nå nasjonale mål (NDC). Fondet vil vere resultatbasert, betaling for utsleppsreduksjonane vil som hovudregel først skje når resultat er dokumentert. Arbeidet med slike omfattande program er krevjande og tek lang tid. Mange land har behov for omfattande kapasitetsbygging og utveksling av teknisk kunnskap for å kunne etablere program med høg miljøintegritet. Som eit resultat av dette bruker ein lang tid på å diskutere og utvikle programforslag. Det er dermed uvisst når, og i kva grad, TCAF vil føre til reduserte utslepp av klimagassar. Det har vist seg ønskeleg å supplere TCAF med utprøving av samarbeid gjennom andre kanalar, til dømes bilateralt samarbeid eller samarbeid gjennom ein annan institusjon enn Verdsbanken. Klima- og miljødepartementet ber derfor om ei fullmakt til å inngå avtaler om levering av utsleppsreduksjonar som går ut over den ramma som alt er bunden i TCAF. Ei slik utvida fullmakt vil gjere det mogleg å styrkje arbeidet med å utvikle samarbeidet med andre land utanfor EU, og medverke til at vi kan dekkje eit behov for utsleppsreduksjonar når Noreg skal bli klimanøytralt frå og med 2030.

I samsvar med Meld. St. 41 (2016–2017) Klimastrategi for 2030 – norsk omstilling i europeisk samarbeid er det gjennom EØS-komitéavgjerd nr. 269/2019 inngått ei avtale med EU der Noreg og EU-land samarbeider om å redusere klimagassutsleppa med 40 pst. i 2030. Denne reduksjonen skal takast innanfor EØS, utan å rekne med effekten av eventuelle tiltak i land utanfor EØS-området.

Utslepp frå internasjonal transport

Noreg arbeider innanfor FNs sjøfartsorganisasjon (IMO) og FNs organisasjon for sivil luftfart (ICAO) med å utvikle regelverk for å redusere klimagassutsleppa frå internasjonal transport. I IMO vedtok partsmøtet i 2018 ein strategi som stadfestar målsetjinga om 50 pst. reduksjon i internasjonale utslepp frå skipsfarten innan 2050 samanlikna med 2008. Det blir no ført forhandlingar for å innføre krav som medverkar til å nå målsetjinga. Dette gjeld mellom anna nye krav til energieffektivisering. Noreg jobbar òg aktivt for forslag om forbod mot tungolje i Arktis i IMO. Blir forslaget vedteke vil det gjelde eit forbod mot tungolje i Arktis allereie frå juli 2024.

Noreg har hatt og har framleis ei sentral rolle i regelverksutviklinga under IMO. I oktober 2016 vedtok generalforsamlinga i FNs luftfartsorganisasjon (ICAO) å innføre eit marknadsbasert verkemiddel for å medverke til at vidare vekst i internasjonal luftfart etter 2020 ikkje aukar netto CO2-utslepp, såkalla karbonnøytral vekst. På engelsk blir dette verkemiddelet kallas Carbon Offsetting Reduction Scheme for International Aviation (CORSIA). ICAO har vedteke utfyllande føresegner i seinare rådsmøte, mellom anna i juni 2018, november 2018, mars 2019 og juni 2020. Noreg er mellom over 80 land, inkludert 43 andre europeiske land, som så langt har meldt at vi ønskjer å delta i den frivillige fasen 2021–2026 for ICAO CORSIA. Andre fase, som er obligatorisk for dei fleste land, er frå 2027 til 2035. To norske luftfartøyoperatørar vil vere omfatta av ICAO CORSIA. ICAO CORSIA blei gjennomført i norsk rett i 2019 gjennom endringar i klimakvotelova og klimakvoteforskrifta, jf. Prop. 109 L (2018–2019).

Tabell 7.20 Nasjonale mål under programkategori 12.70

Resultatområde

Resultatområde

Klima

Medverke til at redusert og reversert tap av tropisk skog gir eit meir stabilt klima, meir bevart naturmangfald og ein meir berekraftig utvikling

Klima- og skoginitiativet

2020-talet blir avgjerande for klimaet i verda. FNs klimapanel har vist at for å oppnå måla i Parisavtala krevst det stans i avskoginga nesten med det same, og ei enorm påskoging dei neste ti åra, og fram til 2050. Stans i avskoging er eit av FNs berekraftsmål, og redusert avskoging er ein føresetnad for å nå ei rekkje andre berekraftsmål – mellom anna knytt til svolt, vasstilgang og fattigdom. Eit av dei seks globale skogmåla i FNs strategiske plan for skog er å reversere skogtapet i verda gjennom berekraftig skogbruk, vern, restaurering av skog og anna.

I 2020 justerte Klima- og skoginitiativet hovudmålet sitt til: medverke til at redusert og reversert tap av tropisk skog gir eit meir stabilt klima, meir bevart naturmangfald og ein meir berekraftig utvikling. Innhaldet i målet er i stor grad det same som måla for initiativet i perioden 2008–2019. Men gjennom dei første 12 åra har initiativet gradvis utvida innsatsen til å inkludere dei globale drivkreftene bak avskoginga. Til sjuande og sist er det betre arealpolitikk i skoglanda som vil gjere det mogleg å redusere avskoginga. Dette er ei svært utfordrande oppgåve, og ho blir vanskelegare av at dei globale råvaremarknadene framleis etterspør produkt som er knytte til avskoging. Dersom vi klarer å snu marknaden til å krevje avskogingsfrie produkt, gjer det arbeid til styresmaktene med å forbetre arealpolitikk og arealbruk enklare. Klima- og skoginitiativet har derfor retta innsatsen også mot marknaden og delt hovudmålet i to delmål: (i) å medverke til berekraftig skog- og arealforvaltning i utviklingsland og (ii) å medverke til redusert press på tropiske skogareal frå globale marknader.

Delmål (i) blir målt på nasjonalt nivå eller delstatsnivå i prioriterte land, mens delmål (ii) blir målt både i særskilde geografiar og globalt. Noreg, gjennom Klima- og skoginitiativet, vil sjølvsagt ikkje kunne oppnå desse globale måla åleine. Gjennom målretta og strategisk innsats skal initiativet medverke til at verda skal kunne nå måla. Innsats som mest effektivt medverkar til kostnadseffektive og målbare utsleppsreduksjonar, er prioritert.

Ein meir utførleg omtale av måla, strategien og endringsteorien til Klima- og skoginitiativet finst i Prop. 1 S (2019–2020) for Klima- og miljødepartementet.

Prioriteringar

Klima- og skoginitiativet prioriterer innsats som medverkar til kostnadseffektive og store utsleppsreduksjonar, og som samtidig beskyttar store område med artsrik naturskog og medverkar til berekraftig utvikling. Frå Klima- og skoginitiativet starta i 2008 til 2019 er det samla betalt 10 mrd. kroner for 320 millionar tonn reduserte utslepp frå tropisk skog i Brasil, Guyana, Colombia og Ecuador. Det gir utsleppsreduksjonar tilsvarande meir enn seks års utslepp frå Noreg, til ein gjennomsnittleg pris på 31 kroner for tonnet. Dei totale utsleppsreduksjonane landa oppnådde i perioden, er langt høgare. Sjå meir om dette under rapportering for 2019.

Etter ein lang fase med offentlege reformer og investeringar i berekraftig skogforvaltning har Indonesia no levert resultat i form av store utsleppsreduksjonar. Skogpartnarskapet mellom Noreg og Indonesia gjekk over i resultatbasert fase i 2019, og det blir planlagt for den første betalinga for verifiserte utsleppsreduksjonar i 2020. Dei førebels tala tyder på at utsleppsreduksjonane frå skog og torvmyr i Indonesia vil kunne bli svært store framover.

I Brasil har vi sett ein omfattande auke i avskoginga i 2019. Brasils avgjerder gjorde det nødvendig å fryse Amazonasfondet, og forhandlingar om føresetnader for gjenopning held fram, kanskje inn i 2021. Betaling for utsleppsreduksjonar er ikkje aktuelt i næraste framtid. Fleire organisasjonar, urfolk og andre jobbar for å ta vare på regnskogen i landet. Klima- og skoginitiativet vil også i 2021 prioritere midlar til å støtte desse.

Private selskap har dei siste åra auka etterspurnaden etter utsleppsreduksjonar frå tropisk skog. Klima- og skoginitiativet har medverka til å opprette to initiativ for at dette skal kunne gjerast med høg miljømessig og sosial integritet, og at det kan gjerast i stor skala. Gjennom Warszawarammeverket for REDD+ under Klimakonvensjonen er det skissert nokre hovudprinsipp for betaling for utsleppsreduksjonar frå skog (REDD+), men det erkjenner òg at meir detaljerte krav ville vere nødvendig i ein karbonmarknad. Architecture for REDD+ Transactions (ART) har etablert ein ny standard, eit system for tredjeparts verifisering av utsleppsreduksjonane og eit uavhengig sekretariat med register over sertifiserte tonn. Klima- og skoginitiativet meiner denne standarden sikrar høgare miljøintegritet enn eksisterande pilotprogram, og ønskjer at skogland, og delstatar i disse landa, nyttar denne standarden både for resultatbaserte samarbeid etter 2020, og for sal av kvoter til privat næringsliv.

For å leggje til rette for at den aukande interessa frå privat næringsliv støtter opp om den nye standarden, og for at slike transaksjonar skal ha høg integritet, har Klima- og skoginitiativet støtta opprettinga av Emergent. Emergent er ein velgjerdsorganisasjon som skal kople saman kjøparar og seljarar av skogtonn, med eit mandat om å maksimere nytta for skogland og volum i marknaden. For transaksjonar gjennom Emergent stiller Noreg ein prisgaranti overfor skoglanda ved sal av tonn utsleppsreduksjonar. Det inneber at Noreg kjøper tonna av skogland dersom ikkje private selskap byr ein høgare pris. Norske forpliktingar som blir frigitt, kan dermed brukast til å garantere ein ny kjøpsavtale eller til å betale for tonn utover dei som blir selde til private kjøparar. Klima- og skoginitiativet har som mål at norske betalingar for tonn utsleppsreduksjonar skal skje gjennom mekanismen framover. Oppsettet inneber ei juridisk forplikting om betaling for tonn – dersom dei blir leverte og Noregs prisgaranti slår inn. Dette er innarbeidd i tilsegnsfullmakta på posten, i KLDs romartalsvedtak VI.

Sjølv om den største auken i finansiering til skogbevaring framover venteleg kjem frå næringslivet, ventar ein òg auka finansiering frå andre land. Både Tyskland og Storbritannia har allereie gitt lovnader om auka klimafinansiering og er venta å gi meir enn Noreg til skogbevaring i 2020–2021. Toppmøta om biomangfald og om klimaforhandlingane blei utsett i 2020 på grunn av covid-19, men skal gjennomførast i 2021, og kan brukast til meir mobilisering frå givarland.

Tilgang til data om skogen og kvar og kvifor han blir øydelagd, er ein føresetnad for at skoglanda skal kunne målrette innsatsen sin, og for å stille dei som står bak, til ansvar. Store delar av den globale avskoginga er ulovleg. Auka transparens kan endre den politiske viljen til å ta tak i dette. Også lovleg avskoging kan reduserast dersom forbrukarar blir klar over kva produktet dei kjøper, har medverka til. I budsjettperioden 2019–2021 er Klima- og skoginitiativet styrkt med 200 mill. kroner for å investere i infrastruktur for offentleg tilgjengeleg data om skogen. Størstedelen av budsjettsummen er sett av til eit innkjøp for å gjere høgoppløyste satellittbilete av den tropiske skogen gratis og offentleg tilgjengelege. Innkjøpet blei lyst ut i 2019, men avtale blir ikkje inngått før i 2020. Sjå omtale av den samla innsatsen for auka transparens i rapporteringa for 2019.

Covid-19-pandemien har prega alle land i 2020, og vil gjere det også i 2021. Ei særskilt utsett gruppe er urfolk. Dei er særleg sårbare for smitte og alvorlege konsekvensar av sjukdommen, og dei er utsette fordi vernet av urfolksområde i viktige land blir svakare. Styresmaktene i skoglanda har svekt kapasitet på grunn av både nedgang i økonomien og nødvendige kutt i budsjett og på kort sikt omprioritering til helse og smittevern. Klima- og skoginitiativet har retta ein særskild innsats mot urfolk i 2020, mellom anna i Brasil, Peru og Colombia, og ventar at det også i 2021 bør prioriterast å auke støtta til urfolk og andre utsette grupper.

Støtte til sivilsamfunnsaktørar er ein sentral del av Klima- og skoginitiativets innsats. Sivilsamfunnsorganisasjonar fungerer som vaktbikkje, som forankring på tvers av politiske skiljelinjer, og som kunnskapsprodusentar- og formidlarar. I 2021 inngår Klima- og skoginitiativet nye avtaler om støtte til sivile samfunnsaktørar for perioden 2021–2025. Tilskotsmidlar blei utlyste i 2020, og det kom inn 350 søknadar om støtte. Prioriterte innsatsområde for støtta er urfolk, avskogingsfrie forsyningskjeder og finansmarknader, innsats mot skogkriminalitet og auka transparens, i tillegg til høgare klimaambisjonar og skogvennleg arealpolitikk.

Klima- og skoginitiativet har bilaterale samarbeidsavtaler med dei viktigaste skoglanda der det er politisk vilje til å bevare skogen. I val av samarbeidsland er det òg lagt vekt på potensial for utsleppskutt, høve til berekraftig arealforvaltning og testing av ulike tilnærmingar og involvering av privat næringsliv.

Risiko

Skogbevaring er heilt sentralt for å redusere risiko for klimaendringar med alvorlege konsekvensar for menneskeslekta. Risiko knytt til Klima- og skoginitiativet er størst ved å ikkje gjere noko. Risikoen som ligg i sjølve innsatsen er i stor grad den same som han har vore i initiativets første 12 år, mellom anna låg kapasitet hos styresmaktar i skogland, skiftande politisk vilje i skogland, sterke motkrefter, marknadssvikt og fattigdom. På nasjonalt nivå vil politiske skifte også framover kunne føre til forseinkingar eller endra strategi og innretning av samarbeida. Globalt er marknadskreftene som driv avskoging enorme. Sjølv om skoglanda skulle lykkast med å rasjonalisere arealforvaltninga, er presset sterkt.

Alle skoglanda som Klima- og skoginitiativet samarbeider med, har utfordringar når det gjeld styresett, og fleire av satsingane inneber betydeleg risiko for økonomisk misleghald. Risikovurderingar og risikohandtering er derfor ein sentral del av alle prosjekt initiativet arbeider med. Grundig kvalitetssikring før inngåing av tilskotsavtaler er eitt sentralt element i dette arbeidet. Som for alle bistandsprosjekt er nulltoleranseprinsippet lagt til grunn for økonomisk misleghald, sjå nærare i omtale i Prop. 1 S (2020–2021) Utanriksdepartementet.

Kortlevde klimaforureiningar

Noreg er langt framme på kunnskapsutvikling og internasjonalt engasjement for å redusere utslepp som gir klimaeffekt på kort sikt, og som gir tilleggseffektar som betre helse og auka matproduksjon. Dette blir gjort ved å redusere utslepp av kortlevde klimadrivarar som metan, svart karbon (BC) og nokre hydrofluorkarbon (HFK) i tillegg til CO2. Desse har relativt kort levetid i atmosfæren samanlikna med CO2 og kan derfor gi rask klimaeffekt og bremse farten på oppvarminga. Dette vil vere viktig for land som er særleg sårbare for konsekvensane av klimaendringane. Sidan ein del av tiltaka for å redusere desse utsleppa òg har ei rekkje andre fordelar, som betre luftkvalitet, helse og jordbruksproduktivitet, kan vi redusere skadeverknadene av klimaendringane og samtidig medverke til å nå fleire av berekraftsmåla.

Noreg arbeider derfor internasjonalt for å redusere desse utsleppa, både gjennom Arktisk råd og Koalisjonen for klima og rein luft (CCAC). Noreg har sete i styringskomiteen til CCAC mellom 2014 og 2020. Koalisjonen blei oppretta i 2012 og har no over 130 land og organisasjonar som medlemmer. I koalisjonen har Noreg vore særleg engasjert i å utvikle metode for å vurdere tiltak som gir klimaeffekt, både på kort og på lang sikt, og helsegevinstar.

Under Olje for utvikling-programmet er det innleidd eit samarbeid med CCAC og Global Methane Alliance for å oppmuntre samarbeidslanda til å inkludere reduksjon av metan i klimaplanane sine. Fleire av landa har betydeleg potensial for reduksjon av metan frå olje- og gassproduksjon.

Miljødirektoratet har sidan 2013 gjort fleire utgreiingar og medverka til viktig metodeutvikling nasjonalt og internasjonalt. Våren 2020 publiserte direktoratet ein rapport om klimaeffekt på kort sikt og tilleggsgevinstar av tiltaka som blei greidde ut i Klimakur 2030.

Utanriksministermøtet under Arktisk råd vedtok i 2015 at dei arktiske landa skal redusere utsleppa sine av svart karbon og metan. I 2017 blei ein i utanriksministermøtet samde om eit kollektivt mål om å redusere dei samla utsleppa av svart karbon (sot) med mellom 25 og 33 pst. innan 2025 samanlikna med 2013. Det felles målet er ikkje juridisk bindande. Målet kan vurderast på nytt med sikte på å auke ambisjonane ytterlegare. Svart karbon har ein særskilt oppvarmande effekt når det blir sleppt ut i nærleiken til dei arktiske områda, sidan partiklane legg seg på is og snø og hindrar at solstrålane blir reflekterte tilbake til atmosfæren. Dei arktiske landa står for 10 pst. av dei globale utsleppa av svart karbon, men medverkar til 30 pst. av oppvarmingseffekten i Arktis. Arktisk råd samanstiller regelmessig tilgjengeleg kunnskap om utslepp og effektar og gjennomfører ei rekkje konkrete pilotprosjekt for å redusere kortlevde klimadrivarar. Noreg har teke i bruk mange verkemiddel som reduserer utslepp av svart karbon. Noreg har hatt ei pådrivarrolle for å få landa med størst utslepp med på eit kollektivt mål for reduksjon av svart karbon.

I oktober 2016 blei det vedteke å fase ned produksjon og forbruk av hydrofluorkarbon (HFK) under Montrealprotokollen (Kigali-endringane). HFK-gassar blir nytta som erstatning for fleire av dei ozonreduserande gassane og er sterke klimagassar. Dei fleste HFK-gassane har kort levetid i atmosfæren samanlikna med CO2. Endringane gjeld frå 2019. Noreg ratifiserte Kigali-endringane i september 2017 og revidert norsk produktforskrift tok til å gjelde i desember 2018. For å oppfylle Noregs skyldnader blei eit system for lisensiering av import innført i 2019. Noreg arbeider bilateralt med India for å redusere utsleppa av HFK der.

Nærare om budsjettforslaget

Føreslått løyving knytt til programkategorien for 2021er på 3,464 mrd. kroner. Dette er ein reduksjon på om lag 10 mill. kroner eller om lag 0,3 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2020. Reduksjonen knyter seg til betaling for kvotar og andre utsleppsreduksjonar som blir leverte i 2021.

Overslaget på inntekter frå kvotesal er sett til 1,022 mrd. kroner. Budsjettmidlar knytte til Parisavtala og kortlevde klimaforureiningar er omtalte under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m.

Utgifter under programkategori 12.70 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

Pst. endr. 20/21

1481

Klimakvotar

181 621

293 312

283 372

-3,4

1482

Internasjonale klima- og utviklingstiltak

3 216 859

3 181 116

3 180 618

0,0

Sum kategori 12.70

3 398 480

3 474 428

3 463 990

-0,3

Kap. 1481 Klimakvotar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter, kan overførast

503

3 002

3 062

22

Kvotekjøp, generell ordning, kan overførast

180 787

290 000

280 000

23

Kvotekjøp, statstilsette sine flyreiser, kan overførast

331

310

310

Sum kap. 1481

181 621

293 312

283 372

Post 01 Driftsutgifter, kan overførast

Posten omfattar utgifter til kjøp av eksterne tenester som kommersiell og juridisk rådgiving, og andre driftsutgifter i samband med arbeidet med kjøp av utsleppsreduksjonar. Det blir føreslått ei løyving på om lag 3,1 mill. kroner på denne posten.

Post 22 Kvotekjøp, generell ordning, kan overførast

Posten omfattar utgifter til kjøp av klimakvotar og andre utsleppsreduksjonar. Strategien for kjøp av klimakvotar i perioden 2013–2020 er drøfta i revidert nasjonalbudsjett 2013. Det er lagt vekt på at staten gjennom kvotekjøpet sitt skal medverke til utviklinga og legitimiteten til det internasjonale samarbeidet. Kjøpsstrategien byggjer på FN-systemet, og ein fører i store trekk vidare strategien frå første Kyotoperiode (2008–2012). Staten har berre kjøpt kvotar frå FN-godkjende prosjekt som står i fare for å innstille drifta, eller som allereie har innstilt, og frå nye prosjekt. Ein har ikkje kjøpt kvotar frå prosjekt som har andre inntekter som dekkjer dagleg drift, til dømes frå sal av elektrisk kraft. Slike prosjekt vil mest truleg halde fram med å generere utsleppsreduksjonar uavhengig av statens kvotekjøp. I samsvar med EUs regulering av kvotehandelssystemet har staten ikkje kjøpt kvotar frå hydrofluorkarbonprosjekt, adipinsyreprosjekt eller kolbasert energiproduksjon utan karbonfangst og lagring.

Klima- og miljødepartementet føreslår at det blir løyvd 280 mill. kroner til betaling for kvotar og andre utsleppsreduksjonar som blir leverte i 2021. Overslaget er basert på forventa levering frå eksisterande avtaler, men som vanleg er det uvisst kor mange kvotar som faktisk vil bli leverte. Dette vil avhenge av utviklinga i det enkelte prosjektet. Blir til dømes eit prosjekt forseinka, eller kanskje ikkje gjennomført, vil dette påverke utbetalingane. Det ligg også inne overslag på utbetalingar til fond under NEFCO (NeCF og NorCAP) og Verdsbanken (TCAF og CPF), og utbetalingar knytte til andre samarbeidsprogram for perioden etter 2020. Forvaltningskostnadene til desse fonda blir også førte på denne posten. Likeins fører ein kostnader til programutvikling på denne posten. For å hjelpe land med å identifisere og utvikle program som i sin tur kan gi grunnlag for kjøp av utsleppsreduksjonar i perioden 2021–2030, har departementet mellom anna arbeidd i eit program gjennom Global Green Growth Institute (GGGI). Her fører ein òg bidrag til norsk deltaking i Partnership for Market Implementation, jf. omtale i Prop. 21 S (2019–2020) Endringer i statsbusjettet 2019 under Klima- og miljødepartementet.

I visse høve vil det vere ønskeleg å betale ein viss del på forskot, mellom anna ved deltaking i fond under Verdsbanken. I samsvar med etablert praksis kan det vere aktuelt å betale eit mindre forskotsbeløp til prosjekteigarar for å dekkje ymse administrasjonskostnader.

I samsvar med budsjettet for 2020 kan Klima- og miljødepartementet selje kvotar, mellom anna for å tilpasse volumet til oppdaterte overslag over levering og kjøpsbehov. I gjennomføringa av statens kvotekjøpsprogram er det lagt vekt på at Noreg skal overhalde dei internasjonale forpliktingane sine under Kyotoprotokollen. Om lag halvparten av dei norske utsleppa av klimagassar kjem frå kvotepliktig sektor. Noreg må ta utsleppa i denne sektoren inn i utsleppsrekneskapen sin. Det er avtalt at EU og Noreg skal ha eit oppgjer seg imellom om Kyoto-kvotar til bruk i Kyoto-rekneskapen. Det drygde med å få ei avklaring med EU om dette oppgjeret, og det blei derfor teke høgd for at det var betydeleg uvisse om korleis oppgjeret ville slå ut for Noreg. Som omtalt i budsjettet for 2020 låg det an til at Noreg kan ha eit lågare kjøpsbehov enn det som blei lagt til grunn for statens kjøpsprogram, og det viser seg no at Noreg vil ha eit monaleg overskot av kvotar. Den endelege kvoterekneskapen vil ikkje vere klar før om eit par år, det vil seie når ein har endeleg oversikt over mellom anna utsleppsutviklinga i 2020 og over kor mange kvotar som faktisk blir leverte under avtaler som allereie er inngått. Den endelege rekneskapen for perioden 2013–2020 vil også vere avhengig av status for Kyotoavtala som omhandlar perioden 2013–2020. Ved midten av september 2020 var tillegget til avtala om perioden 2013–2020 ikkje sett i kraft fordi for få land har ratifisert dette tillegget.

I samsvar med praksis for 2020 og tidlegare år vil Klima- og miljødepartementet også for 2021 be om fullmakt til å kunne selje eksisterande og framtidige kvotar. I samarbeidet mellom ulike kjøparland, slik som i TCAF, kan det bli behov for å gjere justeringar for å reflektere nasjonale prioriteringar. Klima- og miljødepartementet ber derfor om fullmakt til å selje kvotar og nytte salsinntekta knytt til sal av klimakvotar under statens kvotekjøpsprogram, som er rekneskapsført på kap. 4481 Sal av klimakvotar, post 01 Salsinntekter, til å betale for kvotar utover det som er løyvd, jf. forslag til romartalsvedtak III.

Ved utgangen av august 2020 forvalta Klima- og miljødepartementet avtaler om levering av til saman 54 millionar kvotar (tonn CO2-ekvivalentar). Ein reknar ikkje med å få levert avtalt volum fullt ut. Kor mykje som faktisk blir levert, er avhengig av utviklinga i det enkelte prosjektet. Forventa levering frå dei inngåtte avtalane er anslått til om lag 42 millionar kvotar, men overslaget er usikkert. I tillegg til avtaler som er inngått for levering i perioden 2013–2020 har ein overført om lag 3 millionar kvotar som ikkje blei nytta i den første Kyoto-perioden (2008–2012). Ved utgangen av august 2020 stod det om lag 32 millionar kvotar på statens konto i det internasjonale kvoteregisteret.

Kontraktane blir inngått etter fullmakter gitt av Stortinget. I samsvar med innarbeidd praksis ber Klima- og miljødepartementet om at fullmakta blir fornya, slik at ho dekkjer framtidige skyldnader. På denne bakgrunn ber ein om ei fullmakt på 1 150 mill. kroner for å dekkje utbetalingar som følgjer i åra etter 2021. I tillegg til avtaler knytte til TCAF (80 mill. US dollar) og nye samarbeidsavtaler om utsleppsreduksjonar etter 2020 vil denne ramma omfatte betalingar som knyter seg til avtalar inngått i tidlegare år som vil gi utbetalingar i 2022 og seinare år, jf. forslag til romartalsvedtak IV.

Rapport 2019

Klima- og miljødepartementet har ikkje inngått nye avtalar om kjøp av klimakvotar etter 2017 då ein rekna med at dei allereie inngåtte avtalane ville vere tilstrekkelege for å oppfylle dei norske pliktene under Kyotoprotokollen. Til saman i perioden 2013–2018 har KLD inngått 17 bilaterale avtaler om levering av nær 21 millionar kvotar frå 24 prosjekt i utviklingsland.

I perioden 2013–2018 blei det òg inngått avtaler gjennom fond i Verdsbanken (Carbon Partnership Facility) og NEFCO (NEFCO Carbon Fund og Norwegian Carbon Procurement Facility). Ei meir detaljert oversikt over inngåtte avtaler ligg på www.carbonneutralnorway.no og på heimesidene til Klima- og miljødepartementet.

Post 23 Kvotekjøp, statstilsette sine flyreiser, kan overførast

Ordninga med kvotekjøp for flyreiser for statstilsette blei innført på nytt i 2013 etter at EUs opplegg for kvoteplikt for fly blei innskrenka til berre å omfatte flyreiser innanfor EØS-området. Det vil derfor bli kjøpt kvotar for reiser for statstilsette som ikkje er omfatta av kvoteplikt. På bakgrunn av at flyreiser innan EØS-området er omfatta av kvoteplikt, er omfanget av reiser det skal kjøpast kvotar for avgrensa. Behovet for kvotar vil bli påverka av reiserestriksjon i samanheng med covid-19. Regjeringa føreslår at det blir løyvd 310 000 kroner for å dekkje kjøp av kvotar for flyreiser som statstilsette gjer på strekningar som ikkje er omfatta av kvoteplikt. Kvotar som blir brukte til å dekkje flyreiser for statstilsette, blir kjøpte gjennom statens ordinære kvotekjøpsprogram og internavrekna mot denne posten.

Kap. 4481 Sal av klimakvotar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Salsinntekter

4 908 388

8 288 459

1 022 183

Sum kap. 4481

4 908 388

8 288 459

1 022 183

Post 01 Salsinntekter

EUs reviderte kvotedirektiv, med underordna rettsakter, blei innlemma i EØS-avtala i juli 2012. Reglane er harmoniserte på EU-nivå, og kvotar som ikkje vert tildelte gratis, skal seljast i den europeiske marknaden. Kommisjonen har fordelt mengda av kvotar som skal seljast, etter ein bestemt fordelingsnøkkel. Noregs del av totalt salsvolum er om lag 0,75 pst.

Auksjonering av kvotar er eit sentralt element i EU ETS, og frå 2013 skal sal av klimakvotar skje på ei felleseuropeisk auksjonsplattform, for tida energibørsen European Energy Exchange (EEX) i Leipzig.

Basert på kvoteprisen i marknaden sommaren 2020 er inntekta frå sal av klimakvotane anslått til 1,022 mrd. kroner. Kvoteprisen har auka mykje det siste året, men prisane kan svinge sterkt i denne marknaden og anslaget er derfor usikkert.

Kap. 1482 Internasjonale klima- og utviklingstiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2019

Saldert budsjett 2020

Forslag 2021

01

Driftsutgifter

98 258

99 573

99 075

73

Klima- og skogsatsinga, kan overførast

3 118 601

3 081 543

3 081 543

Sum kap. 1482

3 216 859

3 181 116

3 180 618

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar driftsmidlane knytte til regjeringa sitt Klima- og skoginitiativ. Posten dekkjer alle driftskostnader til satsinga, under dette lønn, administrasjon, reiseutgifter, informasjonsverksemd, evalueringar m.m. i Klima- og miljødepartementet, Utanriksdepartementet (med ambassadane) og Norad. I tillegg dekkjer løyvinga kjøp av varer og tenester knytte til drift, slik som utgreiingar, konsulenttenester, seminar og internasjonale møte m.m.

For 2021 er det føreslått ei løyving på 99 mill. kroner på posten. I medhald av OECD/DACs direktiv kan visse utgifter godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter). Heile løyvinga på kap. 1482, post 01 er godkjend som utviklingshjelp.

Klima- og skoginitiativet er eit internasjonalt nybrottsarbeid. Å drive dette arbeidet framover er krevjande, både politisk og fagleg. Tilgang på variert og høg kompetanse og kapasitet gjennom målretta bruk av eksterne fagmiljø er avgjerande for å lykkast. Dette gjeld både for å drive det globale arbeidet med løysingsutvikling og klimapolitisk konsensusbygging vidare, og for å kunne støtte arbeid som partnarland gjer med å utvikle og implementere sine klima- og skogstrategiar.

Rapport 2019

Kap. 1482 post 01 har blitt nytta til lønns- og driftsutgifter for Klima- og skoginitiativet. Midlane dekkjer lønns-, drifts- og reiseutgifter til satsinga i Klima- og miljødepartementet, Norad og ved norske utanriksstasjonar som forvaltar midlar for Klima- og skoginitiativet. Ein stor del av personellressursane i initiativet har vore nytta til å følgje opp dei bilaterale samarbeida og internasjonale prosessar som medverkar til å nå måla om utsleppsreduksjonar frå skog i utviklingsland.

Klima- og skoginitiativet har som mål å medverke til at redusert og reversert tap av tropisk skog gir eit meir stabilt klima, meir bevart naturmangfald og meir berekraftig utvikling. Å nå målet krev kompetanse og deltaking i prosessar som ikkje kan dekkjast av norsk forvaltning. Klima- og miljødepartementet har ei rammeavtale for konsulenttenester som gir tilgang til kompetanse og kapasitet som departementet ikkje kan dekkje. Dette medverkar til auka måloppnåing for Klima- og skoginitiativet.

Klima- og skoginitiativet samarbeider med ei rekkje partnarland og organisasjonar internasjonalt. Dette inneber å delta på og arrangere internasjonale møte og konferansar, og å medverke i prosessar, for å etablere internasjonalt samarbeid, ofte med fleire aktørar. Midlar på posten har vore brukt til å dekkje utgifter knytte til å gjennomføre slike arrangement, medverke til konsensusbygging, utvikle analysar og løysingar m.m. Midlar har òg vore brukte til å innhente eksterne vurderingar av framdrifts- og utsleppsrapportar frå partnarland og til evalueringar av tilskotet.

Post 73 Klima- og skogsatsinga, kan overførast

For 2021 er det føreslått løyvd 3 081,5 mill. kroner på posten. Som i 2019 og 2020 er det i 2021 føreslått å setje av 200 mill. kroner for å investere i infrastruktur for offentleg tilgjengelege data om skogen. Klima- og skoginitiativet har sidan lanseringa i 2007 inngått ei rekkje samarbeid og partnarskap, i hovudsak med sentrale tropiske skogland, der hovudvekta av finansieringa er sett av til å betale for verifiserte, reduserte utslepp frå skog i løpet av avtaleperioden. Utbetalingane på posten blir tilpassa budsjettramma. Noreg dobla i 2020 sitt bidrag til Det grøne klimafondet (GCF) frå 400 mill. kroner årleg til 800 mill. kroner årleg. I 2021, som i 2020, blir det sett av 100 mill. kroner på kap. 1482 post 73 til GCF. Dei resterande 700 mill. kronene blir utbetalte frå Utanriksdepartementet.

Det er fremja forslag om ein tilsegnsfullmakt på 1 500 mill. kroner på posten, sjå romartalsvedtak VI. Klima- og skoginitiativet inngår langsiktige avtaler om betaling for resultat i skoglanda. Partnarskapa til Klima- og skoginitiativet inneber fleire juridiske forpliktingar om fleirårige utbetalingar. Skyldnader blir utløyste når partnarlandet leverer resultat som avtalt i form av verifiserte utsleppsreduksjonar, eller milestolpar i reformer for betra skogforvaltning og redusert avskoging. Fullmakta dekkjer òg Klima- og skoginitiativets juridiske forpliktingar til betalingsmekanismen Emergent for utsleppsreduksjonar frå skog, avtaler med organisasjonar som inneber utbetalingsforpliktingar over fleire år, og kontrakt om innkjøp av høgoppløyste satellittbilete som inneber økonomisk forplikting i fleire år. Av fullmakta er 300 mill. kroner knytt til resten av den fireårige lovnaden om norsk bidrag til GCF.

I medhald av OECD/DACs direktiv kan visse utgifter godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter). Heile løyvinga på kap. 1482 post 73 er godkjend som utviklingshjelp.

Mål

Hovudmål for tilskotet er at det skal medverke til at redusert og reversert tap av tropisk skog gir eit meir stabilt klima, meir bevart naturmangfald og meir berekraftig utvikling. Under hovudmålet er det to delmål:

  • 1. å medverke til berekraftig arealforvaltning av tropisk skog i utviklingsland

  • 2. å medverke til redusert press på skogen frå globale marknader

Desse måla skal vere styrande for ressursbruk og prioriteringar og for vedtak om støtte frå posten.

Tildelingskriterium

Tilskotet dekkjer tre kategoriar av tiltak: betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar, finansiering av program- og prosjektporteføljar og fondsoppbygging. I tillegg skal tilskotet vere med på å utvikle og å spreie kunnskap som medverkar til å nå måla til Klima- og skoginitiativet. Nedanfor er det gjort greie for kriterium for utbetaling av tilskot i kvar kategori.

Betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar

Det er eit hovudmål for Klima- og skoginitiativet å medverke til reduksjon av klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog. Kriterium for å utløyse tilskotsmidlar er verifiserte reduksjonar av klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog. I tråd med Stortingets føringar er det eit mål å auke delen av tilskotet som blir utbetalt for verifiserte utsleppsreduksjonar frå skog. Slike utbetalingar er avhengige av effektive og robuste system for å måle og verifisere resultat, og storleiken på utbetalinga må stå i eit rimeleg forhold til det oppnådde resultatet. Blir det ikkje levert dokumentasjon på reduserte utslepp eller auka klimagassopptak i skog, skal midlane ikkje utbetalast.

Finansiering av program- og prosjektporteføljar

For å nå målet om redusert og reversert tap av tropisk skog er det i mange land behov for førebuande innsats for å starte dei nødvendige prosessane, etablere strategiar og arenaer og støtte program for omlegging til nye forretningsmodellar og produksjonsmetodar i landbruk. Eit godt forvaltningsregime er ein føresetnad for å få resultat av satsinga og sikre framdrift i arbeidet. Klima- og skoginitiativet vil derfor føre vidare arbeidet med å styrkje gjennomføringstakten og hindre forseinkingar ved å medverke til reformer og institusjonsbygging i mottakarlanda. Dette vil òg imøtekomme forventningar og behov i mottakarlanda og styrkje landa sine moglegheiter til varig betra skogforvaltning.

Styresmakter, organisasjonar, næringslivsaktørar og andre aktørar som kan medverke til reformprosessar og til å nå måla til Klima- og skoginitiativet, kan få tilskot frå posten.

Midlane skal nyttast til prosjekt eller program som fremjar institusjonsbygging, planprosessar, kartleggingsarbeid, kompetansebygging, kunnskapsutvikling eller liknande som medverkar til å nå måla for tilskotsposten. Midlar kan nyttast til tiltak som fremjar samarbeid med privat sektor, og som styrkjer insentiva for privat sektor til å investere i berekraftig og avskogingsfri produksjon av råvarer. Det kan mellom anna givast tilskot til private aktørar for å direkte redusere risikoen for investorar knytt til investeringar i avskogingsfri og berekraftig råvareproduksjon. Sjå romartalsvedtak knytt til posten for unnatak frå økonomireglementet i visse tilfelle.

For øyremerkte tilskot til utviklingsretta aktivitetar i regi av FN kan opptil 1 pst. av bidraget brukast til å finansiere FNs stadlege koordinatorsystem (jf. FN-res. 72/279 vedteken i 2019).

Fondsoppbygging for framtidige utbetalingar for verifiserte utsleppsreduksjonar

Varig skogbevaring i utviklingsland krev store investeringar for berekraftig utvikling. Tilgang til føreseieleg finansiering av REDD+-investeringar er dermed ein føresetnad for å nå måla til Klima- og skoginitiativet. Det kan derfor utbetalast midlar frå posten til multilaterale satsingar for framtidig betaling for utsleppsreduksjonar, til dømes Forest Carbon Partnership Facility (FCPF) i Verdsbanken. I tråd med romartalsvedtak IX kan det òg betalast til finansieringsmekanismen Emergent for vidare betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar frå tropisk skog i tråd med måla for Klima- og skoginitiativet.

I enkelte internasjonale organisasjonar kan det vere vanskeleg for Noreg å få gjennomslag for å følgje våre reglar om utbetaling etter behov og i terminar. Primært vil dette vere i tilfelle der fondsforvaltaren ønskjer ein del forskotsvise utbetalingar for å inngå juridisk forpliktande avtaler med tropiske skogland om framtidig kjøp av verifiserte utsleppsreduksjonar. Slik utbetaling krev unntak frå føresegnene i stortingsvedtak av 8. november 1984 om utbetaling av gitte tilskotsløyvingar. Sjå forslag til romartalsvedtak IX for Klima- og miljødepartementet. Klima- og skoginitiativets krav om at midlane skal rapporterast som bistand, vil stå fast.

Fondsoppbygging gjennom multilaterale satsingar skal vurderast separat for kvart enkelt tilfelle og berre når følgjande kriterium er oppfylte:

  • Betaling for resultat. Fondsoppbygging bør avgrensast til initiativ der Noreg medverkar til å byggje opp fond med eksplisitt formål å betale for framtidige verifiserte utsleppsreduksjonar frå skog.

  • Utfall av forhandlingar. Nye unntak skal berre vurderast for initiativ der Noreg må ta omsyn til ein eller fleire andre store bidragsytarar og/eller praksis og behov hos multilaterale samarbeidspartnarar. Noreg skal i forhandlingar først ha prøvd å få gjennomslag for at midlane blir utbetalte til fondet etter at utsleppsreduksjonane er oppnådde.

  • Forsvarleg forvaltning. Det må etablerast juridiske rammeverk og styringsstruktur knytte til fonda som sikrar god forvaltning av midlane. Dersom midlane er forvalta i felles fond med fleire bidragsytarar, skal Noreg prøva å etablere felles forvaltningskrav som sikrar effektiv forvaltning.

Utvikle og spreie kunnskap om måla til Klima- og skoginitiativet

Global oppslutning er ein premiss for å nå måla til Klima- og skoginitiativet. For å medverke til dette blir det støtta tiltak for å utvikle og spreie kunnskap som er relevant for målsetjingane til Klima- og skoginitiativet slik dei er beskrivne over. Det kan søkjast om tilskotsmidlar til kunnskapsformidling retta mot endringsaktørar og premissleverandørar globalt eller nasjonalt, mot marknadsaktørar og mot befolkning i skogland, givarland eller globalt. Tiltak med mål om å formidle kunnskap kan få tilskot. Opplæring og kunnskapsproduksjon kan inngå som ein del av prosjektet.

Oppfølging og kontroll

For kvar utbetaling skal det rapporterast på oppnådde resultat i samsvar med dei inngåtte avtalane og måla med tilskotet. Tilskotsmottakarar skal ha sikringsmekanismar mot korrupsjon og negative sosiale og økonomiske konsekvensar.

Betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar skjer etterskotsvis. Utbetalingane vil skje til fond, der fondsforvaltaren er tilskotsmottakar. I visse høve vil det vere ønskjeleg å betale ein viss del vidare frå fondet på forskot, mellom anna ved deltaking i fond under Verdsbanken. Ved delegert samarbeid om betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar kan forvaltninga delegerast til ein annan donor. Klima- og miljødepartementets oppfølging av midlane blir då teken vare på gjennom avtala mellom Noreg og den forvaltninga er delegert til. Eit døme på eit slikt delegert samarbeid er REM-samarbeidet med det tyske KfW. For tilskot til FN-organisasjonar skal regelverket i den enkelte organisasjonen leggjast til grunn for oppfølgings- og kontrolltiltak.

Avtaler om utbetalingar til fond bør gi høve til kontroll og tilbakebetaling av tilskotet innanfor eit rimeleg tidsrom dersom det ikkje er forvalta i tråd med intensjonen. Ved utbetalingar til fond må det avtalast at fondet berre kan bruke norske midlar på tiltak som er godkjende som offisiell bistand (ODA). I tillegg skal avtalane slå fast at tilskotsmottakarar skal ha sikringsmekanismar mot korrupsjon og negative sosiale og økonomiske konsekvensar i dei vidare utbetalingane til ODA-godkjende aktivitetar, og at det blir rapportert på oppnådde resultat. Avtalane skal vidare medverke til måla til Klima- og skoginitiativet om reduserte klimagassutslepp, biologisk mangfald og berekraftig utvikling.

Rapport 2019

Meir informasjon om heile innsatsen under Klima- og skoginitiativet finst på www.regjeringen.no og www.nicfi.no.

Måla til Klima- og skoginitiativet er at redusert og reversert tap av tropisk skog medverkar til eit meir stabilt klima, meir bevart naturmangfald og meir berekraftig utvikling. Under hovudmålet er det to delmål: (i) berekraftig arealforvaltning av tropisk skog i utviklingsland og (ii) redusert press på skogen frå globale marknader. Klima- og skoginitiativet utvikla i 2019 eit strategisk rammeverk for innsatsen som viser samanhengen mellom desse måla og set resultatmål som styrer innsatsen til initiativet, sjå figur 7.1.

Figur 7.1 Det strategiske rammeverket til Klima- og skoginitiativet

Figur 7.1 Det strategiske rammeverket til Klima- og skoginitiativet

Rapporten for Klima- og skoginitiativet for 2019 er strukturert etter rammeverket:

  • Rapportdel 1: Resultat opp mot det overordna målet om redusert og reversert tap av tropisk skog

  • Rapportdel 2: Gjennomgang av resultat i land der initiativet har eit bilateralt samarbeid om redusert avskoging

  • Rapportdel 3: Rapportering på resultat i samsvar med resultatmåla, det nedste nivået i det strategiske rammeverket

  • Rapportdel 4: Tverrgåande innsats på tvers av resultatmåla i det strategiske rammeverket og multilateral innsats

Rapportdel 1: Overordna mål om redusert og reversert tap av skog

Trass i ei aukande erkjenning i verda av skogens rolle i eit stabilt klima og for bevart naturmangfald, går utviklinga i feil retning. Uavhengige analysar av satellittdata frå Global Forest Watch viser at 2019 var det tredje verste året for tropisk naturskog i dette tusenåret. Analysane viser ein trend av aukande tap av naturskog.

Også FNs mat- og jordbruksorganisasjon, FAO, viser at avskoginga varer. I den femårige rapporten Forest Resource Assessment 2020 blir det slått fast at verda mista 47 000 kvadratkilometer skog kvart år mellom 2010 og 2020. Det er særleg verdt å merke seg at det etter sterk auke no er Afrika som er verdsdelen med høgast netto avskoging: 39 000 kvadratkilometer kvart år i perioden 2010–2020.

Klima- og skoginitiativet skal medverke til å redusere tapet av tropisk skog, sjå det strategiske rammeverket for initiativet i figur 7.1. Dette blir gjort gjennom fleire strategiar (jf. resultatmål i det strategiske rammeverket). I dei landa som har komme lengst i arbeidet med å forvalte areala sine på ein berekraftig måte, betaler Klima- og skoginitiativet land etterskotsvis for dokumenterte reduserte utslepp frå skogen. Ein indikator på måloppnåing for Klima- og skoginitiativet er derfor talet på tonn reduserte utslepp initiativet har betalt for. I tillegg støttar Klima- og skoginitiativet innsatsen og investeringane for å få til faktiske utsleppsreduksjonar i landa.

Frå Klima- og skoginitiativet starta i 2008 til 2019 har initiativet samla betalt 10 mrd. kroner for 320 millionar tonn reduserte utslepp frå tropisk skog i Brasil, Guyana, Colombia og Ecuador. Det gir utsleppsreduksjonar tilsvarande meir enn seks års utslepp frå Noreg, til ein gjennomsnittleg pris på 31 kroner for tonnet. Noreg har berre betalt for ein brøkdel av dei samla utsleppa landa har gjennomført i perioden, samla utsleppsreduksjonar frå skogen er på over 4 milliardar tonn CO2-ekvivalentar. Den største delen er frå brasiliansk Amazonas for resultat i åra 2007–2017. Reduksjonen her utgjer meir enn 70 gonger årlege norske utslepp. Dette er store utsleppsreduksjonar, som er oppnådd tidleg og dermed gir større effekt for klimaendringane enn utsleppsreduksjonar som kjem fleire år fram i tid. Samtidig har vi mekanismar som inneber at når land sluttar å levere utsleppsreduksjonar, slik tilfellet har vore i Brasil, stoppar og betalingane opp.

I 2019 betalte Klima- og skoginitiativet til saman om lag 600 mill. kroner for 47 mill. tonn reduserte utslepp CO2. Av desse leverte Guyana heile 43 millionar tonn, reduksjonar som blei gjennomførte i fleire år i avtaleperioden (2013–2016). I tillegg betalte Noreg for 1,9 millionar tonn reduserte utslepp frå skog i Colombia og 2,4 millionar tonn i Ecuador. Dei to siste gjennom REM-partnarskapet med Tyskland der Tyskland betaler for ytterlegare utsleppsreduksjonar. 245 mill. kroner blei betalte til Verdsbankens karbonfond for utsleppsreduksjonar i framtida. Dei blir bundne opp i juridiske avtaler med skogland som forpliktar seg til å levere tonn mot betaling i åra som kjem.

Rapportdel 2: Innsats i Klima- og skoginitiativets partnarland

Bakgrunn og utfyllande informasjon om dei enkelte landsamarbeida er å finne på www.nicfi.no.

Indonesia

Indonesia har vist ein betydeleg nedgang i avskoginga for 2016–2017, og i 2019 blei Noreg og Indonesia einige om dei attståande elementa i eit system for resultatbasert utbetaling fram til og med skogåret 2020. Dette medverkar til å nå Klima- og skoginitiativets overordna mål i 2019 om redusert og reversert tap av tropisk skog. Endeleg tal blir verifisert i 2020, og Noreg vil kunne betale for ein del av det verifiserte resultatet. Dei to landa har òg hatt gode diskusjonar om korleis utslepp frå torvmyr skal inkluderast i rapporteringa. Eit system for det blir ferdig i 2020.

Det norskstøtta fleirgivarfondet Forest Carbon Partnership Facility (FCPF), som er drive av Verdsbanken, hadde i 2019 god framdrift i provinsen Aust-Kalimantan. Programmet dekkjer 127 000 km2 av provinsen. Frå 2006 til 2016 forsvann 15 pst. av den artsrike skogen i provinsen på grunn av palmeoljeplantasjar, tømmerplantasjar og gruvedrift. Heile 86,3 mill. tonn CO2-ekvivalentar av brutto utslepp kan, ifølge berekningar, bli redusert i perioden 2020–2024. Verdsbanken vil gjere ein kjøpsavtala med Indonesiske styresmaktar om kjøp av ein del av desse utslepsreduksjonane. Det var òg framdrift i fleirgivarfondet Initiative for Sustainable Forest Landscapes (ISFL) i provinsen Jambi på Sumatra, og fondet reknar med å komme nærare ei avtale for utsleppsreduksjonar i provinsen i 2020.

Klima- og skoginitiativet har i 2019 ført vidare støtta til skogrike provinsar med eigne planar om skogbevaring og grøn utvikling. I tett samarbeid med andre givarar, spesielt Storbritannia, har Noreg støtta styresmaktene i provinsane Vest-Papua og Papua gjennom strategiske partnarskap med sivilsamfunnsorganisasjonar. I begge provinsane var det noko uro i siste halvdel av 2019, og dette gjorde det vanskelegare for internasjonale organisasjonar å vitje provinsane.

Det har òg vore fleire døme på innstrammingar i fridomen til sivilsamfunnsorganisasjonar i Indonesia. Noreg følgjer denne utviklinga tett og har framleis eit godt samarbeid med mange sivilsamfunnsorganisasjonar. Eit døme er Walhi, systerorganisasjon til det norske Naturvernforbundet, som hjelper til med å få registrert område for skogforvaltning av lokale folkegrupper. I 2019 blei område på til saman 2 297 km2 registrerte av prosjektet for å gi lokalsamfunna landrettar. Dei har òg laga planar for berekraftig dyrking av kaffi, kakao og andre vekstar som skal medverke til inntekter utan å auke avskoginga i 24 lokalsamfunn i heile 13 provinsar.

I juli 2019 gjorde president Joko Widodo hogstmoratoriet frå 2011 til eit varig moratorium i primærskog og djup torvmyr på til saman 650 000 km2. Moratoriet har vorte forlengd ei rekkje gonger og det har vore eit krav frå sivilsamfunnet at det ikkje kan opphevast før styresettet i skogsektoren er mykje betre. I 2018 vedtok presidenten eit moratorium mot nye palmeoljelisensar. Instruksen gav også ordre om ei gjennomgåing av eksisterande lisensar. Så langt har regjeringa tilbakekalla lisensar for 16 000 km2 planlagde nye plantasjar. Noreg har halde fram med å støtte opp om betre handheving av lover for å kjempe mot ulovleg hogst i Indonesia og innleidd eit samarbeid med den respekterte antikorrupsjonseininga i Indonesia, KPK.

Noreg har sidan 2016 støtta arbeidet til det indonesiske torvmyrbyrået. I 2019 blei overvakingssystemet dei har laga for torvmyr (PRIMS) teke i bruk av fleire styresmaktinstitusjonar, og gjort tilgjengeleg for allmenta gjennom ein eigen nettportal. Allereie leverer systemet sanntidsovervaking over arealbruksendringar av all indonesisk torvmyr. Systemet medverkar til betre transparens i forvaltninga av torvmyr og gjer det mogleg å komme med rask respons ved brann eller anna form for øydelegging. 2019 var prega av tørke og skogbrannane dekka ifølgje styresmaktene sine eigne tal 15 200 km2. Dette er ein stor auke frå 2018, men ikkje på nivå med rekordåret 2015. Trass i at Indonesia har innført mange reformer og auka brannberedskapen, tyder dette på at landet framleis ikkje er godt nok førebudd på år med tørke.

Mange småbønder i Indonesia medverkar ufrivillig til avskoging for å skape seg ei inntekt. I 2019 inngjekk Klima- og skoginitiativet eit treårig samarbeid med Nordic Microfinance Initiative og Norfund om å gi småbønder i provinsen Vest-Kalimantan tilgang på mikrofinans mot at dei ikkje medverkar til avskoging. Dette er det første prosjektet i sitt slag. Noreg samarbeider òg med Indonesia og selskap i palmeoljesektoren om avskogingsfrie verdikjeder via den internasjonale Tropical Forest Alliance.

Det blei utbetalt 293 mill. kroner til innsatsen i Indonesia i 2019. I tillegg støtta Noreg ei rekkje sivilsamfunnsorganisasjonar med til saman 43 mill. kroner gjennom Klima- og skoginitiativets sivilsamfunnsportefølje.

Brasil

Brasil har vore i ei politisk og økonomisk krise sidan 2014. Dette har mellom anna resultert i reduserte budsjett til kontrolltiltak mot ulovleg hogst og mindre beskyttelse av verna skog og urfolksterritorium. Avskoginga har auka etter 2015 og har særleg skote fart i skogåret 2018/2019. Tal frå Brasils institutt for romforsking (INPE) for skogåret 2018/2019 syner ein auke i avskoginga på nesten 30 pst. frå skogåret 2017/2018, til 10 129 km2.

Dei politiske forholda for skogsamarbeidet i Brasil har endra seg drastisk med innsetjinga av Jair Bolsonaro som president 1. januar 2019. Det siste året har miljø- og urfolksinstitusjonar blitt systematisk bygde ned og sivilsamfunn blitt marginaliserte. Det brasilianske miljøpolitiet IBAMA, Biomangfaldsinstituttet ICMBIO og Urfolksdirektoratet FUNAI har alle fått omfattande kutt i budsjetta, og talet på feltoperasjonar for å avdekkje skogkriminalitet har blitt kraftig avgrensa. Styresmaktene i Brasil har i 2019 og føreslått å innføre reguleringar som legaliserer storskala landokkupasjon, og som delvis opphevar avgrensingane på jordbruksproduksjon i delar av Amazonas som nyleg er avskoga. Det ligg no føre storstilte planar for nye infrastrukturprosjekt og forslag om å opne urfolksområde for gruvedrift er fremja for den brasilianske kongressen. Totalbiletet er ei reversering av mange av dei viktigaste tiltaka Brasil har nytta for å få avskoginga ned.

Utviklinga sidan januar 2019 viser kor politikkdriven avskoginga er. Når styresmaktene regulerer og overheld lova, går avskoginga ned, mens når dei byggjer ned overvaking og lovhandheving og signaliserer straffefridom, går avskoginga opp. Dei bilaterale samarbeida Noreg har, inkludert det med Brasil, er godt innretta for å støtte opp om politikk som fungerer, og redusere innsatsen når politikken går motsett veg. Noreg har uttrykt tydeleg uro over utviklinga, og parallelt med diskusjonar med styresmaktene også auka støtta til ikkje-statlege aktørar.

Sommaren 2019 kunngjorde Noreg at det ikkje ville vere mogleg å gi fleire bidrag til Amazonasfondet fordi brasilianske styresmakter hadde avvikla sentrale delar av styringsstrukturen i fondet. Middel som ikkje allereie er fordelte til konkrete prosjekt, blei frosne fram til brasilianske styresmakter igjen har iverksett tiltak som reverserer den auka avskoginga i Amazonas, utvikla ein ny strategi for korleis avskoginga skal vidare ned, og gjenreist styringsstrukturen i fondet. Amazonasfondet vil halde fram med å betale ut kontraktsfesta middel til den eksisterande prosjektporteføljen. Det er diskusjonar om ei mogeleg gjenopning av fondet, utan at Brasil og Noreg så langt har komme fram til ei løysing.

Fram til og med 2019 har Amazonasfondet samla fordelt om lag 4,4 mrd. kroner til 103 ulike prosjekt i regi av eit breitt spekter av styresmaktinstitusjonar, universitet og forskingsinstitusjonar, frivillige organisasjonar og urfolksgrupper. Fondet har vore med på å støtte verneområde i Amazonas, registrering av eigedommar, støtte til produksjon og marknadsføring av berekraftige produkt, og til å redusere inngrep i urfolksterritorium. Det er gjennomført fleire uavhengige evalueringar av Amazonasfondet. Ein midtvegsgjennomgang av fondet i desember 2019 konkluderte mellom anna med at Amazonasfondet har vore eit svært viktig instrument for å redusere avskoginga i Amazonas sidan opprettinga i 2008.

Brasil har gjennom heile samarbeidsperioden frå 2008 hatt eit godt utvikla system for måling, rapportering og verifisering av klimagassutslepp frå skog (MRV) i Amazonas-biomen. Noreg har lenge hatt dialog med Brasil om å utvide systemet til å dekkje heile landet, særleg den brasilianske savanneskogen, Cerrado. Avskoginga i Cerrado-området låg vesentleg høgare enn i Amazonas i tiårsperioden fram til 2016. Deretter har avskoginga i Cerradoen falle dei siste åra. Ifølgje det brasilianske rominstituttet (INPE) forsvann 6 483 kvadratkilometer skog frå Cerradoen i 2019, ned frå 6 657 kvadratkilometer i 2018. Allereie no er om lag halvparten av Cerradoen omgjord til jordbruksland. Reduksjonen i avskoginga i Cerradoen medverkar til målet om gjennomførte utsleppsreduksjonar frå skog.

Noreg har i 2019 styrkt innsatsen for å sikre berekraftig utvikling i urfolksområde i Amazonas gjennom støtte til urfolksorganisasjonar og frivillige organisasjonar som støttar urfolk. Dette har skjedd gjennom direkte og indirekte støtte til meir enn 40 urfolksorganisasjonar og styrking av den institusjonelle kapasiteten deira. Dette medverkar til betre styresett i skog- og arealforvaltninga og vil setje organisasjonane i stand til å på sikt kunne ta imot direkte støtte frå Amazonasfondet og andre finansieringskjelder. Noreg har òg medverka til å utvikle nye modellar for å finansiere urfolks eigen territoriale kontroll.

Utan ein landbruksøkonomi som legg til rette for private investeringar i avskogingsfrie forsyningskjeder, vil det truleg bli vanskeleg å nå Brasils klimamål. Noreg førte vidare og styrkte i 2019 satsinga på meir direkte kontakt med enkelte delstatar og private aktørar om utvikling av ein grøn økonomi, og har fremja og ført vidare norskstøtta initiativ som legg vekt på privat–offentleg samarbeid. Eitt av desse er det globale initiativet Tropical Forest Alliance (TFA). TFA støttar selskap som har lova å fjerne tropisk avskoging i eigne forsyningskjedar knytt til viktige globale råvarer, mellom anna soya og kjøtt. TFA er saman med det nederlandske berekraftinitiativet IDH særleg aktive i delstaten Mato Grosso. Noreg støttar implementering av berekraftstrategien Produce, Conserve, Include (PCI) i delstaten gjennom IDH og TFA. Mato Grosso har i tillegg kvalifisert seg som mogleg mottakar av investeringar frå det norsk-finansierte &Green Fund,som investerer i berekraftige forsyningskjeder.

Om lag 1/3 av Amazonasskogen er privat eigd og landeigarar har ofte lovleg rett til å avskoge (typisk opptil 20 pst. av eigedommen). Noreg held i 2019 fram arbeidet med å støtte det brasilianske sivilsamfunnet, akademia og privat sektor med å utvikle nye tilnærmingar for å implementere den brasilianske skoglova, redusere lovleg avskoging og oppnå berekraftige forsyningskjeder. Det er inngått avtaler med sivilsamfunnsorganisasjonen IPAMom å føre vidare eit pilotprosjekt for å kompensere soyabønder for ikkje å hogge skogen dei har lov til å hogge på sine eigne eigedommar, CONSERV. Den same organisasjon mottek òg midlar frå Noreg for arbeid for å gjere gjennomføringa av den brasilianske skoglova meir effektiv. Det er vidare inngått ei avtale med Igarape Institutefor å kartleggje og synleggjere miljøkriminalitet i Amazonasbassenget. Støtta til Climate Policy Initiativei Brasil er ført vidare og går til å forbetre styresmaktene si implementering av skogloven, til å innføre miljøkriterium for jordbrukssubsidiar og til å gjere infrastrukturutbygging meir berekraftig. Ei avtale med sivilsamfunnsorganisasjonen Imazon om å forbetre varslinga av avskoging og ulovleg hogst med sikte på å auke effektiviteten i lovhandhevinga er vidareført i 2019.

Det blei i 2019 ikkje utbetalt midlar frå Noreg til Amazonasfondet. Det blei i 2019 utbetalt til saman 45 mill. kroner til urfolksgrupper og andre organisasjonar som er omtalte over. I tillegg blei sivilsamfunnsorganisasjonar støtta med til saman 58 mill. kroner i Brasil gjennom sivilsamfunnsporteføljen som blir forvalta av Norad.

Guyana

Pengane som Guyana årleg tener opp gjennom klima- og skogpartnarskapet, skal brukas til å gjennomføre Guyanas nasjonale strategi for grøn utvikling, tidlegare «Low Carbon Development Strategy». Denne strategien blei i 2019 erstatta av den nye «Green State Development Strategy: Vision 2040» til regjeringa. Strategien fører vidare Guyanas målsetjing om framleis svært låg avskoging og legg vekt på behovet for nye politiske reformer for å sikre auka involvering av mellom anna urfolk. Dette er viktig for det videre klima- og skogsamarbeidet. Guyana har sidan 2009 lykkast godt med å halde avskoginga svært låg. Avskoginga i 2019 var på 0,051 pst., eller 92 km2. Dette er om lag ein tidel av gjennomsnittet for samanliknbare land.

Det blei i 2019 gjort ei utbetaling på 393 mill. kroner til Guyanas REDD+ Implementation Fund (GRIF). Utbetalinga er basert på resultat for perioden 2013–2016, tilsvarande 43 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Utbetalinga utgjer dei resterande midlane under den bilaterale avtala. Av totalt rundt 1,5 mrd. kroner utbetalt er 1,3 mrd. kroner utbetalt for oppnådde resultat under avtala. Dei resterande 200 mill. kronene har gått til førebuande tiltak. Dei utbetalte midlane har gått til å gjennomføre ei rekkje prosjekter knytte til dei ulike milepålane for samarbeidet, mellom anna oppbygging av eit skogovervakingssystem, forbetra skogforvaltning og landtitulering. Om lag 600 mill. kroner har vore administrativt plassert i Den interamerikanske utviklingsbanken, etter oppmoding frå den tidlegare regjeringa i Guyana, i påvente av ei avklaring om korleis midlane kan investerast i prosjekt for å utvikle fornybar energi. I 2019 blei det avklart at midlane skal gå til utvikling av tre solenergiprosjekt som vil medverka til at Guyana når målsetjinga om ein overgang til nær full fornybar energi i 2040.

Styresettet i skogsektoren er blitt betydeleg betra dei siste åra. Guyana signerte i desember 2018 ei Voluntary Partnership-avtale som ledd i EUs handlingsplan mot ulovleg hogst og handel med tropisk tømmer (Forest Law Enforcement, Governance and Trade) og stramma inn på oppfølginga av eige lovverk innanfor skogbruket. Guyana har videre offentleggjort den første rapporten sin etter at landet blei med i Extractive Industries Transparency Initiative (EITI) i september 2017. Rapporteringa under EITI medverkar mellom anna til å ein meir open prosess i konsesjonstildeling innanfor gruvesektoren, som er den største drivaren bak avskoginga. Avtaleinngåing med EU og rapportering under EITI er identifisert som milepålar under det bilaterale klima- og skogsamarbeidet. Guyana har vidare etablert eit godt system for skogovervaking og arealplanlegging, som òg har vore nytta som flaumvarslingsteneste. Systemet er under kontinuerleg utvikling og forbetring. Den gjenståande milepålen for partnarskapet er knytt til landrettar for urfolk. Dette arbeidet har vore forseinka, men synest no inne i eit godt spor, og det har ført til at urfolksrettar har vore diskutert på politisk plan i større grad enn før. Eit fond som skal medverke til å styrkje utviklinga for urbefolkninga i Guyana, er blitt etablert og finansierer no utviklingsplanar i 212 landsbyar.

Det blei i 2019 utbetalt til saman 406 mill. kroner til Guyana frå kap. 1482 post 73: 393 mill. kroner for utsleppsreduksjonar og 13 mill. kroner til Conservation International for aktivitetar knytt til måling, rapportering og verifisering av klimagassutslepp.

Colombia

Under klimatoppmøtet i Madrid i desember 2019 blei klima- og skogsamarbeidet mellom Noreg, Colombia, Tyskland og Storbritannia forlengt fram til 2025. I den fornya avtala set Colombia seg mål om å halvere avskoginga nasjonalt innan 2025. Dei trappar opp innsats for skogbevaring og mot ulovleg avskoging, særleg i Amazonas. Program for skogbevaring skal setjast opp for urfolksgrupper og den afrocolombianske befolkninga, og samtidig blir insentiv for småbønder til å produsere berekraftig styrkte. Storskala restaurering av skog på opptil 2000 km2 skal setjast i gang i randsona til Amazonas. Noreg, Tyskland og Storbritannia har lova å støtte opp om Colombias ambisiøse mål med opptil 3,3 mrd. kroner.

Noreg lovar støtte til Colombia på opptil 400 mill. kroner årleg for reduserte klimautslepp fram til 2025 dersom Colombia lykkast med å redusere avskoginga nasjonalt. I tillegg vil Noreg medverke med opptil 470 mill. kroner fram til 2022 som betaling for gjennomførte reformer og tiltak som står i erklæringa.

Noreg hadde innan utgangen av 2019 betalt i alt 325 mill. kroner til Colombia for oppnådde reduksjonar i utslepp frå avskoging i colombiansk Amazonas gjennom REDD Early Movers-samarbeidet (REM), som er forvalta av den tyske utviklingsbanken (KFW). Utbetalingane gjeld ein del av Colombias reduserte avskoging i Amazonas i perioden 2013–2016, som til saman gav utsleppsreduksjonar berekna til 41,6 mill. tonn CO2. Under den fornya skogavtala er målet så snart som mogleg å kunne betale Colombia for utsleppsreduksjonar frå redusert avskoging på nasjonalt nivå.

Forlenginga av klima- og skogsamarbeidet med Colombia kjem på eit kritisk tidspunkt for Colombias skogar. Etter fleire år med reduksjon i avskoginga gjekk ho dramatisk opp i 2016, særleg i Amazonasregionen. Den auka avskoginga var knytt til endringar i dynamikkar som følgje av fredsprosessen og kjem i stor grad av at område som tidlegare ikkje var tilgjengelege som følgje av konflikten og FARCs kontroll, no blir tekne i bruk, i all hovudsak ulovleg. Denne trenden kan no vere i ferd med å snu. I 2018 gjekk avskoginga ned med 10,4 pst. samanlikna med 2017, og i 2019 gjekk avskoginga ytterlegare ned med 19 pst. samanlikna med 2018. I Amazonas-biomet gjekk avskoginga ned med 29 pst.

Samstundes er det store utfordringar knytte til tryggleik og vern av sosiale leiarar. Ifølgje ein rapport av Global Witness har Colombia hatt ei dobling av drap på miljøforkjemparar i 2019 samanlikna med 2018. 64 leiarar blei drepne i 2019, og halvparten av desse var urfolk.

Colombia er som første land i Latin-Amerika medlem av Tropical Forest Alliance (TFA), som har som mål å fremje avskogingsfrie forsyningskjeder. I 2019 har colombianske styresmakter inngått avtaler om null netto avskoging med aktørar innanfor forsyingskjedene for produksjon av palmeolje, storfe, meieriprodukt og kakao. Viktig framgang er i tillegg gjord innanfor måling og overvaking og i arbeidet med å få fram analysar av årsakene bak avskoging og skogdegradering. Det har òg lukkast å utarbeide strategiar for berekraftig produksjon for lokalbefolkninga som bur i eller i nærleiken av nasjonalparkane. Colombia har etablert kredittordningar som tilgodeser småbønder som vil produsere og samtidig ta vare på skogen. I 2019 har verneområde for skog blitt utvida med 185 000 hektar, og urfolksterritoria har blitt utvida med til samen 45 000 hektar. Fleire at desse tiltaka er milepålar i samarbeidet med Noreg, og i 2019 fekk Colombia betaling for oppfylte milepålar på til saman 104 mill. kroner. Pengane går inn i det nasjonale freds- og berekraftsfondet Colombia Sostenible (administrert av den interamerikanske utviklingsbanken IDB). Fondet skal medverke til berekraftig landsbygdutvikling, redusere fattigdom i område som har vore hardt ramma av konflikten, og motarbeide avskoging på landsbasis.

I desember 2019 ferdigstilte Colombia sitt fjerde samandrag på sosiale og miljømessige sikringsmekanismar til klimakonvensjonen. Samandraget handlar om korleis Colombia har følgt opp og respektert sikringsmekanismane i Amazonas-regionen, der det subnasjonale programmet for REDD+ er under implementering. I desember 2019 leverte Colombia inn sitt første nasjonale referansenivå for utslepp frå skog til konvensjonen.

I september 2019 tok presidenten initiativ til eit regionalt toppmøte i colombiansk Amazonas der statsleiarar og delegatar frå sju Amazonas-land deltok. Toppmøtet kulminerte i den regionale «Leticia-pakta for vern av Amazonas», som har som mål å styrkje det regionale samarbeidet for vern og berekraftig utvikling av Amazonas.

Noreg utbetalte til saman 202 mill. kroner til Colombia i 2019, av dette 88,6 mill. kroner for verifiserte utsleppsreduksjonar gjennom REM og 104 mill. kroner til Colombia Sostenible. Gjennom Norads sivilsamfunnsportefølje blei til saman 45 mill. kroner utbetalte til organisasjonar i Colombia.

Peru

Samanlikna med andre land i regionen, har avskoginga i Peru vore relativt låg. Avskoginga nådde eit høgdepunkt i 2014 på 177 566 hektar, men etter dette har avskoginga gradvis gått ned. Avskoginga har halde seg relativt stabil i 2017 og 2018 på rundt 155 000 hektar. I perioden mellom 2001 og 2018 mista Peru eit skogsområde som tilsvarte omtrent halvparten av Nederland.

Peru lanserte i november 2018 ein handlingsplan for felleserklæringa dei har med Noreg og Tyskland, og denne har blitt følgd opp i 2019. Handlingsplanen er utarbeidd på tvers av fleire sektorar, mellom anna landbruksdepartementet og kulturdepartementet (urfolksspørsmål), og skal medverke til å oppfylle viktige milepålar i felleserklæringa, mellom anna auka innsats knytt til lovhandheving, arealplanlegging, landrettar for urfolk og fremjing av avskogingsfrie forsyningskjeder.

Som del av skogavtala blei eit område på 20 000 km2 inkludert i Perus program for skogvern – eit nasjonalt program for betaling for økosystemtenester der urfolk tek imot betaling for å ta vare på skogen i sine område. I 2019 blei Peru dessutan medlem av Tropical Forest Alliance (TFA) for fremjing av avskogingsfrie forsyningskjeder, og ein nasjonal offentleg–privat allianse blei etablert for å fremje avskogingsfritt landbruk. Dei vil særskilt sikre at auka produksjon av palmeolje, kaffi og kakao ikkje fører til auka avskoging, samtidig som småprodusentar av til dømes kaffi og kakao blir oppmoda om å ta del i meir inntektsgivande verdikjeder og foredling.

I 2019 gjennomførte peruanske styresmakter ein storstilt aksjon mot ulovleg gruvedrift i Amazonas-fylket Madre de Dios. I dette fylket er gruvedrift hovudårsak til avskoging. Målet var å kjempe mot organisert kriminalitet og samtidig kunne medverke til nye inntektskjelder for lokalbefolkninga og restaurere store område som er blitt totalt raserte etter mange år med ulovleg mineralutvinning. Avskoginga i området blei etter dette estimert til å ha gått ned med 92 pst.

Peru har i løpet av samarbeidet auka skogarealet under ulike kategoriar for verneregime på til saman 41 000 km2. Om lag 7000 km2 med skog i Amazonas blei verna i 2019. Som del av skogavtala har Peru sikra urfolkssamfunn juridisk eigedomsrett til eit område på over 10 000 km2, og i 2019 fekk 33 urfolkssamfunn i Loreto formelt rettane til landet sitt. Over 45 urfolksgrupper har òg sett opp eigne kontrollkomitear for å forbetre kontrollen og overvakinga av territoria sine.

Skogarealplanar er under utvikling, og gjennom felleserklæringa var San Martin i 2018 første delstat som fullførte ein arealplan for skogen i sitt fylke, på over 45 000 km2. Planen blei godkjend i 2019.

I 2019 har peruanske styresmakter, i tillegg til å gjere normative forbetringar og reguleringar, styrkt regionale kontrollorgan mot avskoging og ulovleg hogst. Dei har òg styrkt regelverk for sporing av tømmer som skal gjere det vanskelegare å gjere lovbrot.

Til saman utbetalte Noreg 36,8 mill. kroner til Peru i 2019. I tillegg blei det til saman utbetalt 31 mill. kroner til peruanske organisasjonar gjennom sivilsamfunnsporteføljen i Klima- og skoginitiativet.

Kongobassenget og Central African Forest Initiative (CAFI)

Avskoginga i Kongobassenget har historisk vore relativt låg, men er no sterkt aukande. Avskoginga er størst i Den Demokratiske Republikken Kongo (DRK). Den viktigaste årsaka til dette er svedjejordbruk etterfølgt av produksjon av trekol rundt dei største byane. Sterk folkevekst og fattigdom er dei viktigaste underliggjande årsakene. Situasjonen i Kamerun har mange fellestrekk med DRK, medan Gabon, Republikken Kongo og Den sentral-afrikanske republikken har langt lågare befolkningspress og relativt låg avskoging. Ein større del av CO2-utsleppa i desse landa kjem av skogdegradering gjennom meir spreidd hogst.

I 2015 blei Central African Forest Initiative (CAFI) oppretta som eit regionalt fleirgivarinitiativ mellom sju givarland (EU, Tyskland, Frankrike, Storbritannia, Nederland, Sør-Korea og Noreg) og alle dei seks skoglanda i Kongobassenget. CAFI har som føremål å medverke til styrkt koordinering og større mobilisering av finansiell støtte til nødvendige tiltak for å redusere avskoginga i regionen innanfor ramma av forpliktande partnarskapsavtaler. CAFI er både ei plattform for koordinering og eit finansieringsinstrument (CAFI-fondet). Etter lanseringa i 2015 inngjekk Noreg ei avtale om inntil 2 080 mill. kroner i støtte til CAFI-fondet fram til 2020. I tillegg gav Noreg lovnad i 2019 om ekstra støtte til resultatbasert avtale med Gabon (sjå nedanfor).

DR Kongo

Dei norske tilskotsmidlane går gjennom CAFI og vidare til det nasjonale REDD+-fondet i DR Kongo (FONAREDD), som er forvalta av FN. Ei evaluering av FONAREDD frå 2019 peikte på at samarbeidet mellom CAFI og DRK er innovativt, og at ein har lukkast med å etablere eit oppsett som inkluderer eit breitt utval av aktørar på tvers av sektorar. Ved utgangen av 2019 hadde FONAREDD lansert 15 programutlysingar, og styret i fondet hadde godkjent totalt 17 program med CAFI-finansiering.

Etableringa av CAFI/FONAREDDs programportefølje i DRK har teke lengre tid enn planlagt. Dette har samanheng med fleire regjeringsskifte sidan signeringa av intensjonsavtala og tidvis tunge prosedyrar hos implementerande partnarar, delvis som følgje av høgt risikonivå i landet. Enkelte program har likevel levert viktige resultat i 2019. DRKs nasjonale system for skogovervaking har blitt vidareutvikla i 2019. Biennal Update Report (BUR) til FNs klimakonvensjon er ferdigstilt, overslag for avskoging på provinsnivå er etablert, og skogtaksering er no gjennomført i alle provinsane i landet.

Vidare har CAFI-finansieringa i 2019 medverka til kompetanse- og kapasitetsutvikling i arealplanleggingsdepartementet og departementet for landrettar. Arealplanleggingsdepartementet er blitt styrkt med ei tverrsektoriell ekspertgruppe som har medverka aktivt til utviklinga av første utkast til nasjonal plan for arealplanlegging og tilhøyrande lov. For arealplanleggingsarbeidet på desentralisert nivå har det i løpet av 2019 blitt utarbeidd arealplanar for tre provinsar (Tshopo, Bas-Uélé og Ituri), i tillegg til 98 lokalsamfunnsbaserte forvaltningsplanar i provinsen Mai Ndombe. Det er vidare etablert lokale styringsstrukturar for iverksetjing og overvaking av lokale arealplanar i seks provinsar.

Den nasjonale kommisjonen for landreform, CONAREF, er operasjonell og leier det pågåande arbeidet med den nasjonale landreforma. Den nasjonale reforma for landrettar har blitt vidareutvikla, og ein versjon 2 ligg føre. Det har vore gjennomført omfattande konsultasjonar knytt til politikkutviklinga og lokalsamfunn, og deltakinga frå kvinner og urfolk har vore god, noko som også er reflektert i politikkutkastet.

Gabon

I 2017 inngjekk CAFI ei intensjonsavtale med Gabon med ei ramme på 150 mill. kroner. I 2019 fekk Gabon lovnad om ekstra støtte frå CAFI, finansiert av Noreg, på 100 mill. kroner. Pengane skal gå til å støtte aktivitetar som var underfinansierte i den opphavlege intensjonsavtala, og samtidig medverke til at Gabon kan inngå ei resultatbasert avtale med CAFI. Ei resultatbasert avtale blei inngått i september 2019 med ei samla økonomisk ramme på 1 350 mill. kroner over ti år (resultatperiode 2016–2025). Under denne resultatbaserte avtala kan CAFI betale både for utsleppsreduksjonar og for større opptak målt i tonn CO2.

Republikken Kongo

I 2019 inngjekk CAFI ei intensjonsavtale med Republikken Kongo med ramme på 65 mill. USD. Av dette har Noreg gjennom støtta til CAFI forplikta seg til eit bidrag på inntil 200 mill. kroner. Noreg har stilt som krav at norsk støtte skal vere avgrensa til maksimalt ein tredelt av samla støtte frå CAFI. Gjennom intensjonsavtala forpliktar Republikken Kongo seg til vern om skogen og dei store torvmyrområda i landet. CAFI vil mellom anna gi støtte til arealplanlegging, avskogingsfritt jordbruk og berekraftig skogforvaltning.

Det blei i 2019 utbetalt 400 mill. kroner til CAFI frå kap. 1482 post 73. Det blei òg utbetalt 15 mill. kroner til sivilsamfunnsorganisasjonar i regionen gjennom sivilsamfunnsporteføljen som blir forvalta av Norad.

Etiopia

Den største trusselen mot skogen i Etiopia er fattige menneske som treng brensel og jordbruksland. Dette gjer generell utvikling, mellom anna utvikling av skogvennlege næringar som kan gi levebrød til fleire, saman med berekraftig arealforvaltning, særs viktig. I mars 2019 blei eit utkast til nasjonale retningslinjer for arealplanlegging utarbeidd og lagt fram for statsministerens kontor. Vidare arbeid med godkjenning og iverksetjing av denne blir viktig for å sikre heilskapleg forvaltning av land i Etiopia, og at til dømes ein nødvendig auka jordbruksproduksjon ikkje har negativ effekt på skogen.

I 2019 heldt etiopiske styresmakter fram arbeidet med skogbevaring. Gjennom REDD+ Investment Programme (RIP) fekk 172 lokale kooperativ avgrensa til saman 3100 km2 skog. Dette er eit viktig steg i prosessen fram til juridisk bindande avtaler med styresmaktene som sikrar desse lokalsamfunna bruksrett til skogen samtidig som dei forpliktar seg til å ta vare på han gjennom såkalla Participatory Forest Management-avtaler. Kooperativa arbeider òg med å utvikle inntektsgivande aktivitetar for å betre levekåra til dei som bur i og rundt skogen.

Det blei planta til saman 154 km2 skog gjennom dei to norskstøtta programma RIP og Institutional Strengthening for the Forest Sector Development Programme i 2019. Dei same to programma sørgde for ulike aktivitetar for å rehabilitere 1583 km2 degraderte skogområde. Skogplantingsagendaen har i 2019 fått fornya merksemd etter at statsminister Abiy lanserte sin Green Legacy-plan med mål om å plante 4 milliardar tre innan året var omme.

Ei skogtransformasjonseining, Forest Sector Transformation Unit, plassert hos den etiopiske skogkommisjonen med mandat til å utvikle nye løysingar for skogsektoren, inkludert tilrettelegging for berekraftige investeringar, heldt fram sitt arbeid i 2019. Utviklinga av eit nytt investeringsfond blei vidareført, og eit nytt konseptforslag for bambusinvesteringar på 10 mill. USD blei ferdigstilt.

Det har lenge vore utfordrande for sivilsamfunnsorganisasjonar og privat næringsliv å drive arbeid i Etiopia. Den pågåande politiske reformprosessen til statsminister Abiy har fokus på å betre vilkåra for desse. I 2019 utferda styresmaktene ei ny lovregulering for det sivile samfunn. Til dømes slepp organisasjonar nå å måtte fornye løyve for å drive arbeid kvart tredje år. Dette er også positivt for organisasjonar i klima- og skogsektoren.

Noreg gav i 2019 støtte til fem sivilsamfunnsorganisasjonar gjennom klima- og skoginitiativet: World Agroforestry Center (ICRAF), Norwegian Forestry Group (NFG), Farm Africa, Wondo Genet College og Kirkens Nødhjelp. Tematisk støttar dei opp om arbeidet til styresmaktene. I 2019 har ICRAF etablert ni nasjonale planteområde for å dyrke fram trefrø av høg kvalitet. I samarbeid med Kirkens Nødhjelp fremjar den ortodokse kyrkja verdien av skogen i samtalen med kyrkjelydane sine. Den ortodokse kyrkja i Etiopia har over 32 millionar medlemmer. Hausten 2019 har prosjektet etablert ei nasjonal plattform for dialog om klima og skog der både kristne og muslimske trussamfunn deltek. Arealplanar for 570 km2 blei klargjorde av NFGs prosjekt i Amhara, og meir enn 62 km2 blei identifisert og kartlagt med mål om inngjerding og naturleg gjenvekst. Få ting står att før Wondo Genet College kan opprette eit eige senter for måling, rapportering og verifisering (MRV) av klimagassutslepp fra skog, som vil ha kapasitet til å hjelpe styresmaktene med å rapportere på skogdata til FNs klimakonvensjon. Arbeidet til Farm Africa i Bale-regionen har ført til kontinuerleg lågare avskoging dei siste åra. Ein viktig del av dette er å skape skogvennlege inntektskjelder. I 2019 arbeidde prosjektet med 13 kooperativ om produksjon av avskogingsfri spesialkaffi av svært god kvalitet, og kopla desse kooperativa med nasjonale og internasjonale marknader.

Noreg støttar Verdsbankens program for berekraftige skoglandskap (BioCarbon Fund Initiative for Sustainable Forest Landscape), som samarbeider med Etiopia om å redusere utslepp og skape nye inntekter frå skogen i den største regionen i Etiopia, Oromia-regionen. Gjennom programmet er 18 mill. USD lova fram til 2022 til førebuande aktivitetar. Samstundes har Etiopia over fleire år jobba med ein søknad som vil kunne gi Etiopia opptil 50 mill. USD dei neste 10 åra dersom klimautsleppa i Oromia blir reduserte. Søknaden blei formelt sendt til Verdsbanken og Noreg i desember 2019.

Framgangen i klima- og skogsamarbeidet med Etiopia ligg etter planen. Det var unntakstilstand i Etiopia i meir enn halve 2017, noko som har medverka negativt til framdrifta. Også i tida etter har det vore spent fleire stader over lengre periodar. Det må òg understrekast at landets generelle utviklingsnivå, kapasiteten til styresmaktene, sterk befolkningsvekst og stor arbeidsløyse mellom unge gjer at det vil krevje langsiktig innsats for å oppnå klare resultat.

Totalt blei det utbetalt ca. 240 mill. kroner til klima- og skogtiltak i Etiopia i 2019 under kap. 1482 post 73. I tillegg blei 7 mill. kroner utbetalt til sivilsamfunnsorganisasjonar i Etiopia gjennom Norads sivilsamfunnsportefølje.

Liberia

Sjølv om Liberia har unike skogar og store naturressursar er det eit av verdas fattigaste land. I 2019 har store akutte økonomiske utfordringar prega dagsordenen på kostnad av langsiktig forvaltning. Trass i utfordringar har det vore framdrift mot Klima- og skoginitiativets resultatmål gjennom i) betre offentleg tilgang til prosessar og dokument knytte til hogstkonsesjonar, juridisk gjennomgang av hogstkonsesjonar, styrkt kapasitet for lokalbasert arealplanlegging og forvaltning, ii) oppretting og forvaltning av verneområde og betra levekår for lokalbefolkning nær verneområde.

Det blei ikkje utbetalt nye midlar til Liberia frå kap. 1482 post 73 i 2019 frå kap. 1482 post 73.

Tanzania

Noreg heldt i 2019 fram med støtta til Tanzanias National Carbon Monitoring Centre (NCMC). Meir informasjon om samarbeidet er å finne i tidlegare budsjettproposisjonar.

Til saman utbetalte Noreg 1,3 mill. kroner til Tanzania i 2019 frå kap. 1482 post 73.

Rapportdel 3: Rapportering på resultatmålnivå

Styrkte rettar og betre levekår for urfolk og lokalsamfunn

Støtte til urfolk og lokalsamfunn skjer i hovudsak gjennom dei bilaterale samarbeida med skoglanda og gjennom sivilsamfunnsporteføljen til Klima- og skoginitiativet. I dei fleste av partnarskapa til Klima- og skoginitiativet står urfolksinnsats sentralt.

Som del av skogavtala med Noreg har Peru sikra urfolkssamfunn juridisk eigedomsrett til eit område på over 10 000 km2, og i 2019 fekk 33 urfolkssamfunn i Loreto formelt rettane til landet sitt. Over 45 urfolksgrupper har òg sett opp eigne kontrollkomitear for å forbetre kontrollen og overvakinga av territoria sine. International Work Group for Indigenous Affairs (IWGIA) støtta sivilsamfunnets arbeid med ei Framework Law on Climate Change (LMCC) som anerkjenner urfolks og kvinners rettar og deltaking.

I Colombia blir mellom anna urfolksorganisasjonen OPIAC støtta, noko som har medverka til at 86 urfolkssamfunn i colombiansk Amazonas har fått styrkt kapasitet til å forvalte territoria sine på ein berekraftig måte, og 166 urfolksrepresentantar fekk opplæring for auka politisk deltaking og påverknad. Gjennom ei avtale med Regnskogfondet og den lokale colombianske partnarorganisasjonen deira, Gaia, støttar ein opp om etablering av åtte urfolkskommunar i Amazonas. Prosjektet omfattar 20 etniske grupper og har eit geografisk omfang på 80 000 km2, i all hovudsak skogområde.

I Ecuador blir det gitt støtte til urfolkssamfunn gjennom det nasjonale programmet Sociobosque, der ein inngår avtaler med lokalsamfunn for vern av skogen.

I Indonesia held arbeidet fram med å kartleggje urfolks område over heile landet, slik at dei kan søke om landrettar. Det er mellom anna viktig for at dei skal få gode frå program for resultatbaserte utbetalingar, slik som Karbonfondet på Aust-Kalimantan. Urfolksorganisasjonen AMAN var sentral då distriktet Manggarai Timur i Indonesia vedtok ei lov som anerkjenner urfolks rettar. AMAN har støtta 29 urfolkssamfunn slik at dei har kunna kartleggje landområda sine, som er første steg for å sikre rettar til desse områda. Walhi, Naturvernforbundets indonesiske søsterorganisasjon, fekk med seg indonesiske styresmakter på å trekkje tilbake ein palmeoljekonsesjon på 10 000 hektar i Riau på Sumatra etter å ha lagt fram bevis på at det aktuelle selskapet braut vilkåra for konsesjonen. Walhi arbeidde så med styresmaktene for å fordele dette området til lokalsamfunn i samsvar med landbruksreforma til styresmaktene.

I tillegg blir det gitt støtte til urfolk og andre skogavhengige folk gjennom frivillige organisasjonar som arbeider i fleire land og globalt. Mellom anna har RAISG-konsortiet tilrettelagt for dialog mellom urfolksorganisasjonar og høgtståande styresmaktpersonar frå Brasil, Colombia, Ecuador og Peru om kor viktig urfolks landområde er for å ta vare på naturskog og skogen si evne til å binde karbon. Bodskapen er underbygd av forskinga RAISG har gjort på feltet. Gjennom Governors Climate and Forest Initiative blir det gitt støtte til innsats for urfolksrettar på regionalt nivå i fleire sentrale skogland. Rights and Resources Institute (RRI) har medverka til å sikre urfolk og lokalsamfunn deltaking og landrettar i Indonesia, Peru, DR Kongo og Liberia. Global Witness’ arbeid medverka til at fleire donorar suspenderte finansiering til DR Kongo då det såg ut til at styresmaktene ville svekkje landets skoglover. I Myanmar medverka IWGIAs partnar POINT til at minst 30 pst. av deltakarane i REDD+ Task Force må vere kvinner, og at urfolks og lokalsamfunns rettar blei inkluderte i den nasjonale REDD+-strategien og i ei ny lov om biomangfald.

Klima- og skoginitiativet arbeider globalt med å styrkje rettane til urfolk og tradisjonsbaserte lokalsamfunn til å forvalte skog, basert på tradisjonell kunnskap om naturen som dei er avhengige av for levesettet sitt, mellom anna gjennom Tenure Facility, som har som mål å styrkje landreform og rettar for urfolk og lokalsamfunn i utviklingsland. Så langt har Tenure Facility medverka til å sikre rettar for urfolk og lokalsamfunn til over 10 mill. hektar. Klima- og skoginitiativet medverkar òg til at urfolks rettar blir tekne vare på og styrkte i dei multilaterale kanalane som initiativet støttar, mellom anna gjennom sikringsmekanismar for bevaring av naturskog og deltaking frå urfolk og lokalsamfunn i arealplanar og nasjonale planar for reduserte utslepp frå skog. Noreg har òg stått sentralt i at det blei skipa ei eiga plattform for urfolk og lokalsamfunn i klimaforhandlingane. Her søkjer urfolk og lokalsamfunn mellom anna å påverke dei nasjonale utsleppslovnadene (Nationally Determined Contributions) som landa melder inn til Parisavtala.

Størstedelen av støtta til urfolk er kanalisert gjennom dei bilaterale avtalane til Klima- og skoginitiativet, og gjennom multilaterale fond og organisasjonar. I tillegg blei det utbetalt 154,7 mill. kroner til sivilsamfunnsorganisasjonars innsats for urfolk frå Klima- og skoginitiativets sivilsamfunnsportefølje i 2019.

Effektive internasjonale insentivstrukturar

Noreg har støtta arbeidet med utvikling av ein ny, uavhengig høgkvalitetsstandard for REDD+. I 2019 lanserte Architecture of REDD+ Transactions (ART) sin standard, The REDD+ Environmental Excellency Standard (TREES), som blei lagd ut på offentleg høyring der ART tok inn innspel frå land, sivilsamfunnsaktørar og andre interessentar. Formålet med ART er å sikre høg sosial og miljømessig integritet for REDD+-utsleppsreduksjonar i karbonmarknader, både i den frivillige og den regulerte marknaden, og dermed også til å mobilisere meir finansiering frå fleire kjelder. For å kunne skalere opp privat næringslivs kjøp av høgintegritetstonn har Klima- og skoginitiativet støtta utviklinga av ein salsmekanisme for utsleppsreduksjonar frå skog, Emergent. Mekanismen skal medverke til at tilboda av tonn frå skoglanda blir kopla med næringslivets etterspørsel, og at tonna blir registrerte i samsvar med rapporteringskrava i klimakonvensjonen.

Noreg har over fleire år gitt støtte til ulike multilaterale program gjennom FNs klima- og skogprogram (UN-REDD), Verdsbankens Forest Carbon Partnership Facility (FCPF) og Verdsbankens Bio Carbon Fund Initiative for Sustainable Forest Landscapes (BioCF ISFL). Noreg har medverka aktivt i utforminga av policy og gjennomføring av programma. Totalt har meir enn 60 skogland delteke i desse initiativa. Det er viktig for Noreg at innsats gjennom multilaterale kanalar har nasjonal vektlegging for skoglanda og er retta mot å gi insentiv for varige nasjonale reformer i tråd med Klima- og skoginitiativets strategi, spesielt delmålet om berekraftig arealforvaltning. Den multilaterale satsinga skal hjelpe skogland å setje i verk inkluderande prosessar, å styrkje urfolks og andre skogfolks rettar, å oppnå større likestilling og å ta vare på biologisk mangfald. Multilateralt arbeid er òg viktig for å gi insentiv for tropiske skogland til å redusere avskoging, og for auka global merksemd om kor viktig internasjonal innsats er for å bevare regnskogane i verda.

Noreg har støtta UN-REDD sidan 2008. Programmet blir implementert av FN-organisasjonane UNDP, FAO og UNEP og er todelt. Den første komponenten tilbyr fagleg støtte til UN REDDs medlemsland som skal levere REDD+-resultat. Den andre komponenten er ein global, tematisk kunnskapskomponent. Parallelt held UN-REDD fram arbeidet med Nasjonale Program (NP). I 2019 har programmet rapportert om bidrag til mellom anna utforming av sosiale og miljømessige sikringssystem (SIS), utvikling/forbetring av nasjonale skogovervakingssystem (NFMS), berekning av referansebanar for utslepp (FREL/FRL), og til utforming av nasjonale REDD+-strategiar og arealbruksplanar. Meir enn 40 land fekk bistand til ulike aktivitetar knytt til måling, rapportering og verifisering (MRV) av endringar i skogen og utslepp av klimagassar frå skogareala.

Readiness-fondet under Verdsbankens Forest Carbon Partnership Facility (FCPF) støttar kapasitetsbygging for å førebu land med nødvendige strukturar til å selje utsleppsreduksjonar gjennom REDD+-mekanismar, anten til FCPFs karbonfond eller andre interessentar. FCPF vedtok i 2019 å forlenge levetida til fondet med to år fram til og med 2022. Noreg har støtta fondet med til saman 787 mill. kroner frå 2008 til 2018. Fleire skogland i Readiness-fondet ønskte forlenginga for å få høve til å fullføre aktivitetane i sine land i regi av FCPF.

Noreg er karbonfondets nest største givar etter Tyskland, med rundt ein tredel av midlane i fondet. I 2019 gjennomførte Noreg siste utbetaling til fondet på 245 mill. kroner og har dermed oppfylt lovnaden til fondet. Midlane som er sette av til resultatbaserte utbetalingar i fondet som heilskap, er på nesten 883 mill. USD, om lag 7,8 mrd. kroner. I 2019 vedtok FCPF å innlemme sju nye land i Karbonfondet. Porteføljen er dermed samansett av i alt 18 land. Karbonfondet vedtok òg å avslutte opptak av nye land, og reknar porteføljen som full, gitt dei finansielle ressursane fondet har. I 2019 skreiv Mosambik, Ghana og Chile under kjøpskontraktar med fondet for sal av utsleppsreduksjonar frå skogsektoren. Kjøpsvolumet i desse tre kontraktane er på 25,2 mill. tonn CO2 over dei neste fem åra, noko som tilsvarer over 126 mill. USD, eller over 1 mrd. kroner. Midlar blir utbetalte frå Verdsbanken når landa har verifiserte utsleppsreduksjonar.

Noreg har sidan 2013 støtta Initiative for Sustainable Forest Landscapes (ISFL) gjennom BioCarbonFund i Verdsbanken. Initiativet har som formål å prøve ut ei landskapstilnærming med vekt på klimasmart landbruk og bevaring av naturskog i tropiske skogland. ISFL har to finansieringsmekanismar: BioCF plus, som er tilskot for kapasitetsbygging og teknisk assistanse, og BioCF T3, som inneber resultatbaserte utbetalingar. BioCF ISFL dekkjer jurisdiksjonar i fem land: Etiopia, Indonesia, Mexico, Colombia, og Zambia. Til saman dekkjer desse eit landareal på over 1,2 millionar km2. I 2019 nådde fondet ein ny milepåle då Etiopia leverte programdokumentet sitt til fondet der dei gjer greie for korleis dei skal redusere avskoging og utslepp frå jordbrukssektoren. Dette er eit viktig steg i prosessen før landprogram kan inngå kjøpskontraktar med fondet for sal av utsleppsreduksjonar. Det er venta at både Indonesia og Zambia leverer sine programdokument i løpet av det neste året.

I 2019 medverka Klima- og skoginitiativet til å utarbeide norske posisjoner fram mot COP25 for FNs Klimakonvensjon i Madrid. Initiativet framheva at regelverket under Parisavtala må gi rom for samarbeid om sektortilnærming og samarbeid i skog- og arealbrukssektoren og for breiare tilnærmingar enn prosjekt. Det blei vidare lagt vekt på at samarbeid i skog- og arealbrukssektoren må ha høg miljøintegritet og ikkje utvatne eksisterande REDD+-regelverk.

Til saman fekk tiltaka for effektive internasjonale insentivstrukturar for REDD+ 388 mill. kroner frå kap. 1482 post 73 i 2019.

Auka transparens

Auka transparens kring avskoging er eit av hovudsatsingsområda for Klima- og skoginitiativet. Ny teknologi og raskt fallande kostnader for satellittar og satellittinformasjon, gjer det mogeleg å overvake avskoging i nær sanntid. Saman med informasjon om landrettar, hogstkonsesjonar og handels- og finansstraumar gir dette styresmaktene nye verktøy for å handheve lover, for sivilsamfunnsorganisasjonar og urfolk til å drive kampanjar, og for bedrifter til å bruke marknadsmakta si og levere på mål om avskogingsfrie forsyningskjeder. Teknologiske plattformer for transparens er òg svært nyttige for at sivilsamfunn og urfolksgrupper – under dette mange støtta av Klima- og skoginitiativet – kan halde styresmakter og selskap ansvarlege for avskoging.

Måling, rapportering og verifisering (MRV) av endringar i skogen og utslepp av klimagassar frå skogareala er ein føresetnad for å kunne motta betaling for utsleppsreduksjonar. Skoglanda må etablere eit system for å måle endringar i skogareala og estimere utslepp av klimagassar frå skog, for så å rapportere resultata offentleg og til dei som skal betale for utsleppsreduksjonar. For at resultata skal ha tillit, må dei verifiserast av ein uavhengig tredjepart. Betre satellittbilete styrkjer òg dette arbeidet og medverkar til å leggje til rette for internasjonale insentivstrukturar for redusert avskoging.

Støtta går både til skogland for å byggje opp MRV-systema deira og til overordna satsingar. I dei bilaterale samarbeida medverkar Klima- og skoginitiativets innsats til å utvikle system for måling, rapportering og verifisering, mellom anna i Guyana, Peru og Etiopia. På globalt nivå er Noreg den største givaren til prosjektet Global Forest Watch, som gjer uavhengige analysar av skogar i verda gratis tilgjengelege via nettsidene sine. Ein veksande del av arbeidet til Global Forest Watch er konsentrert om kommersielle selskap gjennom dotterprosjektet Global Forest Watch Pro. Dei driv ei teneste som analyserer avskogingsrisiko i forsyningskjedene til dei største forbruksvareselskapa i verda og storhandlarar av særleg soya, palmeolje, kaffi og kakao. Dette arbeidet påverkar selskapa til å offentleggjere tidlegare hemmeleg informasjon og gjer at dei ikkje lenger kan orsake seg med manglande informasjon. I 2019 blei det inngått ei ny avtale om støtte til Global Forest Watch for åra 2019–2023.

Plattforma Transparency for Sustainable Economies (Trase) medverkar òg til å auke tilgangen på informasjon om selskap som handlar med dei råvarene som er mest knytte til avskoging i verda. Plattforma inneheld oversikt over handel med råvarer som soya, palmeolje, storfekjøtt, kakao m.m. og syner kva slags selskap som importerer frå område med mykje nyleg avskoging. Informasjonen er kopla med informasjon om konsesjonar og landregistreringer og er tilgjengeleg for alle interesserte. Ei tilsvarande plattform som inneheld informasjon om finansstraumar og eigedelar i dei same selskapa, er no under utforming. Dialog med sentrale investorar viser at det er stor interesse for tilgang til standardiserte og truverdige data om avskogingsrisiko tilpassa porteføljeforvaltarar. Dette er eit arbeid Klima- og skoginitiativet vil intensivere.

Klima- og skoginitiativet medverkar òg til metodeutvikling for måling av endringar i skogen og estimering av utslepp av klimagassar frå skog i tropiske land. Eit døme er støtte til eit prosjekt i FAO som gjer satellittdata tilgjengelege for tropiske skogland. Eit anna døme på slikt arbeid er at det i 2019 blei inngått avtale med FAO om støtte til femårige globale oversikter over skogressursane i verda og tilstanden og utviklinga deira, Forest Resource Assessment 2020. Her inngår også arbeid for å hjelpe skogland i skogtakseringsarbeid, særleg i bruken av satellittdata.

Satellittdata er nødvendige for rask og konsistent overvaking av tropiske skogar. Offentleg tilgjengeleg data frå amerikanske og europeiske romprogram er eit uunnverleg gode, men har avgrensa romleg oppløysing. For å raskt oppdage mindre endringar i skogen, til dømes frå ulovleg hogst, eller for å spore tilvokster, er det nødvendig med høgoppløyselege satellittdata. Tropiske skogland har svært avgrensa tilgang til slike data på grunn av restriktive lisensregime og høge prisar. For å betre offentleg tilgjengelege data om skogen blei kap. 1482 post 73 styrkt med 200 mill. kroner i 2019. Midlane skulle brukast til å byggje infrastruktur for offentleg tilgjengeleg data om skogen, støtte til styresmaktene i skoglanda for å bruke data og til sivilsamfunn til tiltak for auka transparens. I 2019 starta Klima- og skoginitiativet eit sentralisert offentleg innkjøp for å bryte lisensregima og gjere høgoppløyseleg satellittdata om tropisk skog offentleg tilgjengeleg for alle. Innkjøpet er forventa ferdigstilt i 2020. Dette medfører at noko av investeringane vert forskuva.

Det blei i 2019 utbetalt 114,7 mill. kroner til innsats for auka transparens og betre data om skogen. I tillegg blei det utbetalt 38 mill. kroner til organisasjonar som gjer ein innsats på området gjennom sivilsamfunnsporteføljen, forvalta av Norad.

Av dei 200 mill. kronene som blei løyvde til auka transparens og betre data om skogen i 2019 blei 86,5 mill. kroner brukte til styrkt innsats gjennom sivilsamfunn og auka støtte til styresmakters arbeid for betre skogdata. Dei resterande midlane blei haldne av til 2020 for å finansiere innkjøpet av høgoppløyselege satellittbilete.

Råvare- og finansmarknader stimulerer til avskogingsfri produksjon

Meir enn halvparten av all avskoging i dag kjem av produksjon av mat og andre landbruksråvarer. Samtidig aukar talet på menneske på jorda svært raskt, og innan 2050 vil verda måtte dekkje matbehovet til 10 milliardar menneske. Berekraftig landbruk er difor sentralt for å redusere avskoging i tropiske skogland. Dette kan gjerast gjennom effektivisert landbruk, god skog- og arealforvaltning og restaurering av landareal med utarma jord.

Styresmaktene må leggje til rette gjennom regulering, slik som arealplanar, stabile landrettar, lovverk som ikkje tillèt at skogar og torvmyrer blir øydelagde, og målretta insentivordningar. Selskapa som produserer og kjøper råvarer som soya, palmeolje, kjøtt og kakao, må ta ansvar for at produksjonen ikkje medverkar til avskoging. Sluttbrukarane må stille både styresmakter og selskap til ansvar for berekraftig produksjon.

Dei siste åra har mange store selskap engasjert seg i kampen mot avskoging. Om lag 500 selskap har teke på seg forpliktingar om å gjere forsyningskjedene sine avskogingsfrie. Det er svært positivt, men det er stor variasjon mellom selskapa i gjennomføring. Nokre selskap leier an, mens andre held fram med å vise til komplekse forsyningskjeder og kompliserte forhold i produksjonsregionar. Fleire studiar viser at vi er langt unna å nå 2020-måla.

Klima- og skoginitiativet støttar innsats som medverkar til avskogingsfri råvarehandel mellom anna gjennom sivilsamfunnskampanjar, dialog og tilrettelegging globalt og lokalt, og gjennom risikokapital (blended finance) til avskogingsfrie forretningsmodellar.

Noreg er ein aktiv deltakar i Tropical Forest Alliance (TFA), som er eit privat–offentleg samarbeid for å innføre avskogingsfrie verdikjeder for palmeolje, papirmasse, soya og storfekjøtt. Alliansen høyrer til under World Economic Forum-paraplyen og er samansett av deltakarar frå skogland, givarland, privat sektor og sivilsamfunn, inkludert urfolk. Alliansens fortrinn er at han samlar ulike samarbeid på tvers av aktørar og sektorar rundt felles målsetjingar. I 2019 har TFA jobba tett med Consumer Goods Forum for å heve ambisjonsnivå og strategisk innretning på post 2020-strategien deira, spesielt den målretta «Coalitions of Actions» for å redusere avskoging i forsyningskjedene for nokre av dei største matråvarane.

I juli 2017 blei &Green-fondet for avskogingsfritt landbruk i tropiske skogland etablert etter initiativ frå Noreg. Gjennom å tilby subsidiert delfinansiering, eller risikoavlastning, har fondet som mål å mobilisere privat kapital til investeringar i avskogingsfrie forretningsmodellar. Fondet skal demonstrere modellar der sosialt og miljømessig ansvarleg landbruk er økonomisk lønnsamt, og dermed medverke til å framskunde ei grøn omstilling i landbruksindustrien. Noreg har lova å medverke med opptil 800 mill. kroner. I 2019 gjorde &Green si første investering i ein indonesisk gummiplantasje med ein ambisiøs landskapsplan for bevaring av naturskog på og rundt konsesjonen. Fondet har òg jobba tett med ei rekkje andre selskap og lagt til rette for fleire investeringar i 2020. Klima- og skoginitiativet har så langt utbetalt totalt 500 mill. kroner til &Green. Det var ingen utbetalingar i 2019.

The Sustainable Trade Initiative (IDH) fremjar samarbeid mellom styresmakter, lokalbefolkning og privat sektor for utvikling av avskogingsfritt jordbruk i viktige område i Brasil, Indonesia og Liberia. Organisasjonen driv innovative program, mellom anna for meir berekraftig storfe- og soyaproduksjon, landsbybasert skogforvaltning, og arealplanlegging i ei rekkje område. I 2019 har prosjektet mellom anna medverka til avtaler om berekraftig arealforvaltning på landskaps-/jurisdiksjonsnivå, som kombinerer meir effektiv landbruksproduksjon, spesielt mellom småbrukarar, med skogvern.

Noreg tok i 2014 initiativ til New York-erklæringa om skog, for halvering av avskoginga innan 2020 og full stans innan 2030. Samarbeid med andre marknader som står for ein stor del av etterspurnaden etter råvarer som fører til avskoging, er viktig i denne samanhengen. Noreg underteikna derfor i 2016 Amsterdamerklæringane om berekraftig palmeolje og avskogingsfrie forsyningskjeder for landbruksvarer til Europa. I oppfølginga av desse erklæringane arbeider vi saman med andre ambisiøse europeiske land om å stanse avskoginga som europeisk etterspurnad etter palmeolje, soya og kakao medverkar til, og med å påverke EU til sterkare tiltak for å kutte klimagassutslepp frå skog. I 2019 la EU fram ei ambisiøs melding for å hindre avskoging knytt til import til EU, som vil kunne gjere EU til ei leiande kraft på etterspørselstiltak. Også individuelle EU-land set i gang nye tiltak for å redusere «importert avskoging». I lys av Kinas auka innverknad i internasjonal økonomi har det blitt lagt meir vekt på dialog med kinesiske styresmakter og selskap om avskogingsfrie forsyningskjeder.

Klima- og skoginitiativet støtta i 2019 òg ei lang rekkje sivilsamfunnsorganisasjonar som fremjar strategiar for å få privat næringsliv til å arbeide mot avskoging i sine forsyningskjeder og for å få finansnæringa til å stille krav til selskapa. Desse organisasjonane medverka spesielt til å fremje No Deforestation, No Expoitation-policyer i gummiindustrien, avskogingsfri produksjon av soya og storfe i Latin-Amerika, avskogingsfri forsyning av palmeolje frå Indonesia og Malaysia, auka merksemd om ulovleg tømmerhogst på Papua Ny-Guinea og i DR Kongo, utfasing av avskogingsdrivande biodrivstoff i EU og selskapsrapportering på avskogingsrisiko. I sum ser ein no resultat i form av ein nedgåande trend for palmeoljedriven avskoging i Indonesia.

Det blei i 2019 utbetalt til saman 35,7 mill. kroner til IDH og om lag 15 mill. kroner til TFA frå kap. 1482 post 73. I tillegg blei 112 mill. kroner utbetalt til sivilsamfunnsorganisasjonar gjennom sivilsamfunnsporteføljen til Klima- og skoginitiativet.

Redusert skogkriminalitet

Internasjonal skogkriminalitet omfattar hogst og sal av tømmer og treprodukt, inkludert papirmasse, der det har skjedd kriminelle handlingar i heile eller delar av produksjonskjeda.

Skogkriminalitet omfattar altså langt meir enn berre hogst av truga treslag eller hogst i verneområde. Det kan vere snakk om brot på lokale reguleringar om tømmermengd ein kan ta ut, underrapportering av uttak eller mangelfulle lisensar og løyve. Ofte ser vi at ulovleg og lovleg hogst skjer parallelt, der eit selskap driv noko lovleg verksemd ein sted, mens det driv ulovleg ein annan stad. Internasjonal skogkriminalitet kan omfatte korrupsjon, dokumentfalsk i lisensutferdingsprosessen, påtvinga og ulovleg arbeid, manglande konsultasjonar med lokalsamfunn og urfolk, kvitvasking av pengar og tømmereksport som går utanom skattestyresmaktene.

Ulovleg hogst utgjer ein stor del av den hogsten som skjer i tropiske skogland, og i mange av Klima- og skoginitiativets samarbeidsland er det estimert at opp mot 80–90 pst. av den hogsten som skjer, er ulovleg. Den økonomiske verdien av denne handelen er stor, og FN og Interpol reknar skogkriminalitet som den største forma for miljøkriminalitet når ein ser på den økonomiske verdien av handelen.

Å kjempe mot ulovleg hogst og handel med ulovleg tømmer er eit viktig tiltak for Klima- og skoginitiativets samarbeidsland som ønskjer å få kontroll over avskoginga si og slik oppfylle utsleppsforpliktingane sine etter Parisavtala og det bilaterale skogsamarbeidet vårt. Klima- og skoginitiativet jobba derfor i 2019 med å hjelpe samarbeidslands styresmakter med å redusere den ulovlege hogsten og avskoginga og støtta ei rekkje sivilsamfunnsaktørar som også medverkar til dette mellom anna med å eksponere selskap og individ som profitterer på skogkriminalitet. Initiativet medverka òg til utvikling av ny teknologi og nye verktøy for å spore og avdekkje ulovleg verksemd.

I 2018 lanserte Klima- og skoginitiativet støtte til programmet Law Enforcement Assistance Programme to Reduce Tropical Deforestation (LEAP) for å styrkje evna til politi-, toll- og påtalestyresmakter til å kjempe mot ulovleg avskoging i sentrale samarbeidsland i Asia og Latin-Amerika. Det blei sett av 145 mill. kroner over 2 ½ år til dette samarbeidsprosjektet mellom i hovudsak Interpol og FNs kontor mot narkotika og kriminalitet – UNODC.

I 2019 har LEAP-konsortiet auka sin innsats mot skogkriminalitet i Peru, Brasil, Colombia, Papua Ny-Guinea og Indonesia. I tillegg har prosjektet samarbeidd med land som er identifiserte som transitt- eller destinasjonsland for det ulovlege tømmeret. UNODC og Interpol rapporterer at dei har jobba direkte med lovhandhevingsstyresmakter i desse landa med konkrete etterforskingssaker knytte til ulovleg handel med regnskogstømmer, og gjennomført opplæring av tollstyresmakter i mellom annet treslagidentifisering. Det blir òg arbeidd med å utvikle verktøy for å stoppe kapitalflyt for selskap som opererer ulovleg, under dette svartelisting av selskap hos bankar. Eit konkret utfall av påverknadsarbeidet prosjektet dreiv overfor finansinstitusjonar, er at USAs nest største bank – Bank of America – no reknar miljøkriminalitet, inkludert skogkriminalitet, som ein trussel mot verksemda si.

Eit av hovudområda til LEAP-prosjektet er auka samarbeid på tvers av lovhandhevingsstyresmakter. Eit konkret utfall av dette målretta tverrinstitusjonelle arbeidet var eit beslag i desember 2019 av seks konteinarar med 150 m3 tropisk tømmer ved hamna i Cartagena i Colombia, på veg til Singapore. Gjennom Interpols politisamarbeid har prosjektet medverka til fleire internasjonale politioperasjonar i 2019 som til saman resulterte i beslag av tusenvis med kubikkmeter ulovleg tømmer, arrestasjonar og rettsforfølging av selskap og individ som er mistenkte for medverknad til ulovleg hogst og handel med ulovleg tømmer.

Klima- og skoginitiativet støttar fleire sivilsamfunnsorganisasjonar i arbeidet med å avdekkje og eksponere skogkriminalitet. I Peru støtta sivilsamfunnsorganisasjonen Amazon Conservation (AC) styresmaktene i å etablere eit system for skogovervaking og respons i nær sanntid. Dette resulterte i at ulovleg hogst blei oppdaga og etterforsking sett i gang. AC har òg styrkt sivilsamfunnets overvakingssystem MAAP. Rapportar frå MAAP var bakgrunnen for Operation Mercury, ein intervensjon i historisk høg skala der eit breitt styresmaktsapparat greip inn og stansa ulovleg gruvedrift i det sørlege Peru. AC støttar òg skogeigarar slik at dei lettare kan overvake ulovleg aktivitet innanfor sine konsesjonar.

Det blei i 2019 utbetalt 76,5 mill. kroner frå kap. 1482 post 73 til kamp mot skogkriminalitet. I tillegg blei organisasjonar støtta med til saman 67,6 mill. kroner gjennom Klima- og skoginitiativets sivilsamfunnsportefølje for innsats mot skogkriminalitet.

Rapportdel 4: Resultat av tverrgåande innsats og multilateral støtte

Global oppslutning om skogbevaring

Global oppslutning om skogbevaring er eit tverrgåande innsatsområde for Klima- og skoginitiativet for å få til resultat på tvers av alle resultatmåla. Mellom anna er kunnskap om skog og korleis skogen kan bevarast på ein berekraftig måte, som samtidig medverkar til utvikling, heilt sentralt.

I 2019 lanserte Food and Land Use Coalition (FOLU) sin globale rapport Growing Better. Arbeidet med denne rapporten produserte ny kunnskap om korleis verdas mat- og arealbrukssystem kan bli berekraftige, også med ei aukande verdsbefolkning. Rapporten viser korleis dette kan gjerast gjennom ti transformative grep. Mellom anna krev det endringar i folks kosthald og forbruk, at ein tek vare på og gjenoppbyggjer natur, og at landbruket blir drive på ein effektiv og berekraftig måte. Kunnskapen i rapporten blei spreidd langs fleire flater, både på internasjonale møteplassar, som på lanseringa under FNs høgnivåveke i september, og gjennom media og møte med avgjerdstakarar og andre interessentar. FOLU jobbar også i Colombia, Etiopia, Indonesia, Kina og India for å auke merksemda, kunnskapen og oppslutninga om berekraftige matsystem i landa og kva som skal til for å oppnå det. FOLU har i 2019 sett globalt søkjelys på matsystema som ei essensiell brikke av puslespelet for å redusere tropisk avskoging og oppnå berekraftig utvikling. Rapporten koplar saman klimapolitikk og helsepolitikk og har ført til auka samarbeid mellom aktørar på desse områda.

Rainforest Journalism Fund er eit journalistisk uavhengig fond drifta og forvalta av Pulitzer Center on Crisis Reporting. Klima- og skoginitiativet har ei tilskotsavtale med fondet med ramme på 49 mill. kroner over fem år, og nedslagsfeltet er dei tre store skoggeografiane Amazonas, Sentral-Afrika og Søraust-Asia/Indonesia. Frå oppstarten i 2018, der Amazonas-regionen var pilot, har fondet finansiert fleire titals journalistiske saker i toneangivande mediehus lokalt og regionalt, men også i store og velrenommerte internasjonale medium som Time Magazine, National Geographic, Deutsche Welle og Vanity Fair. I 2019 utvida Rainforest Journalism Fund nedslagsfeltet til Asia og Sentral-Afrika med eigne regionale rådgivande komitear og regionale, fleirspråklege koordinatorar. I tillegg til å styrkje den frie og uavhengige journalistikken arrangerer Pulitzer Center årlege journalistkonferansar i kvar skogregion der kunnskapsdeling og lokal kapasitetsbygging står sentralt. Fordi undersøkjande journalistikk kan vere svært farleg, arrangerer Pulitzer Center også omfattande tryggingskurs for journalistar.

I september 2018 inngjekk Klima- og skoginitiativet ei tilskotsavtale med Climate and Land Use Alliance (CLUA), der ein viktig del av innsatsen er strategiske kommunikasjonstiltak i skoglanda Indonesia og Brasil. Etter eit omfattande og grundig kartleggings- og rekrutteringsarbeid i 2018 starta CLUA implementeringsfasen i 2019. Det kommunikasjonsstrategiske arbeidet i desse to viktige skoglanda er nyvinnande på mange område, særskilt i det digitale rommet. Det er også ein styrke for denne kommunikasjonsstrategiske innsatsen at han er knytt tett opp til – og integrert i – dei andre norskstøtta arbeidsstraumane CLUA har ansvar for i desse landa.

Det blei i 2017 inngått avtale om norsk støtte på 50 mill. kroner for perioden 2018–2020 til arbeidet med Interfaith Rainforest Initiative. FNs miljøprogram (UNEP) forvaltar midlane og koordinerer arbeidet. Formålet med initiativet er å mobilisera trussamfunn, religiøse institusjonar og religiøse leiarar i kampen for vern av tropisk skog i Indonesia, DR Kongo, Peru, Colombia og Brasil. I Brasil blei det i 2019 halde ei rekkje møte for å konsultere religiøse leiarar, sivilsamfunnsaktørar og urfolksgrupper. I Peru og Colombia blei det i 2019 arbeidd vidare med landstrategiar og handlingsplanen for initiativet. I DRK og Indonesia blei det i 2019 arbeidd vidare med kartlegging av relevante aktørar frå trusbaserte organisasjonar, urfolksgrupper og sivilsamfunn. Initiativet har medverka til å spreie kunnskap om klima, naturmangfald og berekraftig utvikling i dei fem partnarlanda.

Partnership for Action on Green Economy (PAGE) er samansett av fem FN-organisasjonar som saman hjelper partnarland med å setje inkluderande og berekraftig vekst i sentrum for økonomisk utvikling. PAGE medverkar til klima- og skoginitiativets overordna mål ved mellom anna å hjelpe land med politikkutvikling knytt til berekraftig skog- og arealbruk og avskogingsfrie forsyningskjeder. I 2019 hjelpte dei mellom anna Burkina Faso med å utvikle ein handlingsplan for berekraftig forvaltning og eksport av skogprodukt som ikkje er trevirke. I Uruguay medverka dei med analysar om miljø og verdikjeder for skog og cellulose inn i landets nasjonale utviklingsstrategi 2050.

Global Green Growth Institute (GGGI) medverkar til å etablere rammevilkår som vil ha mykje å seie for tidslengda på dei endringane innsatsen for REDD+ skaper. GGGI hjelper styresmakter med å utvikle planar og strategiar for utsleppsreduksjonar og betre klimatilpassing innanfor energi, byutvikling, vassressursforvaltning og skog- og arealforvaltning. I 2019 gjennomførte GGGI aktivitetar i 31 land og hadde totalt 36 medlemsland. Organisasjonen legg vekt på tiltak som medverkar til utsleppsreduksjonar, grøne jobbar, tilgang til berekraftige tenester, til dømes energitenester, betre luftkvalitet, tilstrekkeleg tilgang til økosystemtenester og betre klimatilpassing. I skog- og arealsektoren har GGGI eit særleg fokus på å arbeide saman med nasjonale styresmakter for å fremje breie sektortilnærmingar og å leggje til rette for berekraftige og sosialt inkluderande investeringar frå privat sektor. Innsatsen er kopla til det arbeidet landa driv med å gjennomføre nasjonalt fastsette forpliktingar under Parisavtala, og til arbeidet med berekraftsmåla (SDG). GGGI samarbeider tett med privat sektor for å redusere finansiell risiko for private aktørar ved investeringar i grøne prosjekt, og medverkar på denne måten til at fleire land har etablert finansieringsmekanismar for klimatiltak som inkluderer REDD+.

Det blei utbetalt 181,4 mill. kroner til tiltak for å fremje global oppslutning om skogbevaring frå Klima- og skoginitiativet i 2019. I tillegg fekk sivile samfunnsorganisasjonar til saman 84,1 mill. kroner til konsensus- og oppslutningsarbeid gjennom Klima- og skoginitiativets sivilsamfunnsportefølje.

Fotnotar

1.

Ei oversikt over stoffa og stoffgruppene på prioritetslista og status for utslepp og utsleppsreduksjonar finst på http://www.miljostatus.no/prioritetslisten og lenkjer vidare derifrå.

2.

Utviklingsnett er Riksantikvarens seminarrekkje med aktuelle tema for kommunar og lokale aktørar.

Til forsida av dokumentet