Prop. 1 S (2021–2022)

FOR BUDSJETTÅRET 2022 — Utgiftskapittel: 20–51, 1600–1650 Inntektskapittel: 3024–3051, 4600–4620, 5341, 5351, 5580, 5605, 5692–5693

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing

1 Oversikt

1.1 Område

I denne proposisjonen kjem departementet med framlegg om utgifter og inntekter under programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar, programområde 23 Finansadministrasjon, medrekna skatte- og avgiftsadministrasjonen, og programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m. Ansvaret for løyvingane, medrekna rekneskapsavlegging, under programkategoriane 00.30 Regjeringa og 00.40 Stortinget og tilknytte organ ligg til høvesvis Statsministerens kontor og Stortingets eigne institusjonar. Av praktiske grunnar vert desse programkategoriane førte opp i Finansdepartementets proposisjon, og beløpa er tekne med i oversikt over løyvingar på Finansdepartementets område. Framlegg under programkategori 00.40 er i samsvar med framlegget frå stortingsadministrasjonen.

1.2 Hovudoppgåver og organisering

Finansdepartementet med underliggjande etatar har ansvar for m.a. å

  • medverke til eit høveleg grunnlag for vedtak i den økonomiske politikken og i budsjettarbeidet

  • sikre finansieringa av den offentlege verksemda gjennom skattar og avgifter

  • samordne arbeidet med statsbudsjettet og økonomistyringa i staten

  • forvalte statleg formue og gjeld

  • medverke til eit offisielt statistikk- og datagrunnlag til bruk i offentleg og privat verksemd

  • medverke til velfungerande finansmarknader

Politikken på dei ovannemnde områda er omtalt i Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022, Prop. 1 S (2021–2022) Statsbudsjettet for budsjettåret 2022 og Prop. 1 LS (2021–2022) Skatter, avgifter og toll 2022. Proposisjonen her omfattar i fyrste rekkje forvaltninga og administrasjonen på desse områda.

Nedanfor er ei oversikt over verksemder på Finansdepartementets område.

Figur 1.1 Verksemder på Finansdepartementets område i 2022

Figur 1.1 Verksemder på Finansdepartementets område i 2022

1 Ansvarstilhøvet mellom Noregs Bank og statsmaktene i m.a. budsjettsaker og administrative saker er regulert av lov 21. juni 2019 nr. 31 om Norges Bank og pengevesenet mv.

2 Fondet er særskilt rettssubjekt, jf. lov 29. juni 2007 nr. 44 om Folketrygdfondet.

3 Verksemd med eige styre.

1.3 Oversikt over budsjettframlegget for Finansdepartementet

Programområde under departementet

(i 1 000 kr)

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar

2 409 181

2 513 700

2 574 025

2,4

Programområde 23 Finansadministrasjon

116 514 924

52 340 435

53 219 314

1,7

Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m.

24 467 723

98 160 900

10 250 600

-89,6

Sum utgifter

143 391 828

153 015 035

66 043 939

-56,8

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar

26 081

29 600

31 000

4,7

Programområde 23 Finansadministrasjon

3 164 836

3 302 693

3 568 854

8,1

Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m.

21 728 862

25 802 200

11 719 900

-54,6

Sum inntekter

24 919 779

29 134 493

15 319 754

-47,4

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar omfattar regjeringa og Stortinget med underliggjande institusjonar. Framlegg til løyving for 2022 under dette programområdet utgjer 2 574,0 mill. kroner som reelt er om lag det same som i saldert budsjett 2021. Under programkategori 00.30 Regjeringa, er det ein reduksjon med vel 1,7 mill. kroner. Reduksjonen kjem særleg av lågare behov til Koronakommisjonen og ei teknisk omlegging av premieordninga til Statens pensjonskasse. Under programkategori 00.40 Stortinget og tilknytte organ, gjer ein framlegg om å auke løyvingane med 62,1 mill. kroner eller 2,9 pst.

Framlegget under programkategori 00.40 Stortinget og tilknytte organ er i samsvar med framlegget frå stortingsadministrasjonen.

Programområde 23 Finansadministrasjon

Programområde 23 Finansadministrasjon omfattar skatte- og avgiftsadministrasjon, offisiell statistikk, finansadministrasjon og nokre andre føremål. Det samla framlegget til løyving for 2022 under dette programområdet utgjer 53 219,3 mill. kroner. Det er ein auke på 876,0 mill. kroner frå saldert budsjett 2021. Av auken gjeld vel 707 mill. kroner nettoordninga for statleg betalt meirverdiavgift. Til Skatteetaten ligg det inne ein auke med 446,8 mill. kroner som særleg gjeld igangsetjing av eit fleirårig prosjekt for modernisering på innkrevjingsområdet og tiltak for betre IT-sikkerheit.

Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m.

Programområdet omfattar utgifter til renter og avdrag på den innanlandske statsgjelda og på statskassa sine krav. Departementet sine renter og avdrag på statsgjeld er budsjetterte til 10 250,6 mill. kroner. Hovudgrunnen til minkinga her med 87 910,3 mill. kroner frå saldert budsjett 2021 er at eit stort obligasjonslån hadde forfall i 2021, medan det for 2022 ikkje vert rekna med nokon avdrag.

Verknader av ny premiemodell i Statens pensjonskasse

Premiesystemet i Statens pensjonskasse vert no modernisert. Frå 2022 tek ein i bruk ein ny premiemodell. Denne tek omsyn til spesifikke forhold i kvar einskild verksemd, og der det laupande vert gjort justeringar på grunnlag av til dømes lønsnivå, tidspunkt for pensjonering og alderssamansetjing. For verksemdene skal omlegginga vere om lag budsjettnøytral sidan opp- eller nedjustering av løyvinga skal svare til endringa av premiekravet.

For dei verksemder som er omfatta av denne proposisjonen, utgjer justeringane til saman ein netto reduksjon med om lag 161,9 mill. kroner.

Inntekter

Samla inntekter, utanom skattar og avgifter, utgjer 15 319,8 mill. kroner. Av det er 11 719,2 mill. kroner utbyte og renteinntekter, m.a. 10 113,0 mill. kroner i overføring frå overføringsfondet i Noregs Bank. Statens renteinntekter av foliokontoen i Noregs Bank og andre krav i 2022 er omtalte i kap. 5605 Renter av kontantar i statskassa og andre fordringar. Det er gjort greie for skattar og avgifter i ein særskild proposisjon – Prop. 1 LS (2021–2022) Skatter, avgifter og toll 2022.

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post- gr.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

01–29

Statens egne driftsutgifter

21 584 220

22 659 635

23 806 506

5,1

30–49

Nybygg, anlegg o.a.

569 941

413 600

513 900

24,3

50–89

Overføringar til andre

57 242 667

41 941 800

41 723 533

-0,5

90–99

Utlån, statsgjeld o.a.

63 995 000

88 000 000

-100,0

Sum under departementet

143 391 828

153 015 035

66 043 939

-56,8

2 Nokre viktige oppgåver i 2022

Nedanfor er det gjort greie for nokre av dei viktige oppgåvene Finansdepartementet skal utføre i 2022, i tillegg til å samordne den økonomiske politikken.

2.1 Koronapandemien

Koronapandemien har i stor grad prega den økonomiske utviklinga i norsk og internasjonal økonomi i 2020 og 2021. Sidan forsommaren 2021 har vaksineringa komen så langt at dei strenge smitteverntiltaka gradvis har vorte avvikla. Gjenopninga av samfunnet har gjeve eit kraftig oppsving i husholda sin etterspørsel etter varer og tenester, og farten i fastlandsøkonomien er høg. Den registrerte arbeidsløysa går raskt ned, og store delar av næringslivet ventar høg vekst framover. Det ligg an til at norsk økonomi vil kome inn i ein høgkonjunktur i 2022 og at den registrerte arbeidsløysa vil vere lågare enn snittet for dei siste 20 åra. Fleire næringar opplever no at det er vanskeleg å få tak i kvalifisert arbeidskraft.

Regjeringa har fremja omfattande økonomiske tiltak for å minke dei negative konsekvensane av pandemien og smitteverntiltaka. Oljepengebruken har vorte løfta kraftig i 2020 og 2021 for å kompensere for inntektsbortfall som har følgt av aktivitetsdempande smitteverntiltak. Samstundes har sparinga i husholda auka til rekordhøge nivå, sidan smitteverntiltaka har hindra hushalda frå å bruke pengar som normalt. Når smitteverntiltaka vert trappa vidare ned, ventar vi at den økonomiske aktiviteten vil auke raskt. Dersom den økonomiske politikken ikkje vert lagt om i tide, aukar risikoen for at låg rente og høg oljepengebruk skaper pressproblem og store svingingar i økonomien.

Regjeringa har gjennom heile krisa framheva at dei mellombelse økonomiske tiltaka skal verte avvikla når dei ikkje lenger er naudsynte. Med utsikter til at pandemien i store trekk kan gå over i laupet av 2021, legg regjeringa opp til at den kraftige og mellombelse auken i offentleg pengebruk i all hovudsak vert trekt tilbake. Avvikling av kompensasjonen har motpost i avvikling av aktivitetsdempande smitteverntiltak, noko som i seg sjølv verkar ekspansivt på økonomien. Den auka sparinga i husholda gjennom krisa representerer òg ein oppdemma etterspørsel etter varer og tenester som no vert utløyst.

Regjeringa er samstundes oppteken av å førebyggje negative etterverknader av krisa. Målet er at arbeidsløysa ikkje skal vere høgare etter krisa enn før, og å møte dei krava krisa har skapt for å ta igjen tapt progresjon i skulen, og å ivareta psykisk helse og sårbare grupper. Tiltaka for registrerte arbeidslause og permitterte vil vere på eit høgt nivå i 2022 òg, og tiltaka vert særleg retta inn mot dei som har gått lenge utan arbeid og grupper med nedsett arbeidsevne. Regjeringa har òg foreslått midlar til ein tredje vaksinedose mot covid-19 i budsjettet for 2022.

Dei økonomiske tiltaka har verka. Sjølv om fallet i økonomisk aktivitet våren 2020 var det djupaste i etterkrigstida, var reduksjonen i aktiviteten i norsk økonomi mindre enn i dei fleste andre OECD-land, og norsk økonomi har tatt seg raskt opp att. Samstundes er det viktig å evaluere dei nye tiltaka som pandemien gjorde det naudsynt å innføre, og særleg kompensasjonsordninga for føretak med stort omsetningsfall. Departementet varsla ei slik evaluering i Prop. 70 LS (2019–2020):

«Departementet legger opp til å evaluere tilskuddsordningen. Blant annet vil antallet konkurser og oppbud i målgruppen som følge av virusutbruddet og smittevernstiltakene og utviklingen i arbeidsmarkedet danne et grunnlag for en vurdering om tiltaket har hatt ønsket effekt.»

For å kunne gjennomføre påliteleg analyse av dei økonomiske verknadane av ordninga, vil ein analysere nøkkeltal for føretaka som har mottatt støtte. Krisa starta i 2020, men varte inn i 2021, og det vil være føremålstenleg å vente til ordninga er avslutta og data for 2021 er klare. Førebelse vurderingar er at kompensasjonsordninga har verka etter føremålet, slik Riksrevisjonen konkluderte i mai i år, men det vil verte gjort ei grundigare evaluering i laupet av 2022. Ein tar òg sikte på å gjere makroøkonomiske analysar av støtteordningane, men det kan da være krevjande å isolere effekten av dei enkelte ordningane.

Ein nærare omtale av dei økonomiske krisetiltaka i samband med koronapandemien er gjeve i avsnittet Viktige resultat 2017–2021 i del 1, pkt. 3, i denne proposisjonen.

2.2 Statens pensjonsfond

Stortinget har i lov 21. desember 2005 nr. 123 om Statens pensjonsfond gjeve Finansdepartementet ansvaret for forvaltinga av fondet. Den operasjonelle forvaltinga av Statens pensjonsfond utland (SPU) og Statens pensjonsfond Noreg (SPN) er det høvesvis Noregs Bank og Folketrygdfondet som tek hand om, jf. § 2 i lova. Departementet har fastsett føresegner for forvaltinga i særskilde mandat for Noregs Bank og Folketrygdfondet. Her er det gjort greie for referanseindeksar og rammer for forvaltinga, og ein finn føresegner om risikostyring, rapportering og ansvarleg investeringspraksis. Mandata er i hovudsak prinsippbaserte, og dei føreset at Noregs Bank og Folketrygdfondet fastset meir detaljerte interne reglar.

Den samla marknadsverdien av Statens pensjonsfond var 11 990 mrd. kroner ved inngangen til andre halvår 2021. Av dette var 11 673 mrd. kroner i SPU og 317 mrd. kroner i SPN. Langsiktig og god forvalting av denne fellesformuen er ei viktig oppgåve.

Målet med investeringane i Statens pensjonsfond er høgast mogleg avkasting innafor akseptabel risiko. Fondet skal vere ein ansvarleg investor innafor den overordna finansielle målsettinga.

Finansdepartementet fastset investeringsstrategien for fondet og følgjer opp forvaltinga.

Arbeidet med Statens pensjonsfond er nærare omtalt i Meld. St. 24 (2020–2021) Statens pensjonsfond 2021 og i Meld. St. 1 (2021–2021) Nasjonalbudsjettet 2022.

2.3 Regelverksarbeid på finansmarknadsområdet

På finansmarknadsområdet har det i mange år vore arbeidd mykje med å utvikle og tilpasse rammevilkåra for finansnæringa gjennom føremålstenlege lover og forskrifter. Regelverket skal medverke til at finansmarknadene og finansinstitusjonane er effektive. Samstundes skal det fremje tryggleik, soliditet og stabilitet i finansmarknaden. Det er lagt stor vekt på at den samla reguleringa skjer på ein konsistent måte for dei ulike typar finansinstitusjonar, med lik regulering av lik type risiko, uavhengig av kva slag finansinstitusjon som tek risikoen. Interessene til kundane skal òg takast vare på når ein fastset reglar. Regelverksarbeidet speglar i stor mon arbeidet med nye reglar i EU/EØS, i tillegg til enkelte nasjonalt initierte prosessar. Rapporteringa av gjennomførte regelverksoppgåver og gjennomgang av prioriterte regelverksoppgåver er omtalt i del II av proposisjonen under kap. 1600 Finansdepartementet.

Arbeidet med finansiell stabilitet er delt mellom Finansdepartementet, Finanstilsynet og Noregs Bank. Finansdepartementet arbeider særleg med rammevilkåra for finanssektoren. Ein omtale av dette arbeidet og stoda i dei internasjonale finansmarknadene er gjeven i Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022 og i den årlege finansmarknadsmeldinga som har meir utførleg informasjon om utviklinga i finansmarknadene, utsiktene for finansiell stabilitet og omtale av finansmarknadsreguleringa. Meld. St. 31 (2020–2021) Finansmarkedsmeldingen 2021 vart lagd fram i april 2021 og drøfta då Stortinget behandla Innst. 582 S (2020–2021).

2.4 Fornye, forenkle og forbetre

Skatte- og avgiftsområdet

Skatteetaten har dei seinare åra gjennomført fleire store omstillingsprosessar der målet er ei betre og meir effektiv skatte- og avgiftsforvaltning. Skatteetaten består no av eit direktorat og seks divisjonar med landsdekkjande ansvar for kvar sine fagområde. Etaten har 57 skattekontor fordelt rundt i landet. Skatteoppkrevjarfunksjonen vart overført frå kommunane til Skatteetaten 1. november 2020. Om lag 1 000 personar med ansvar for arbeidsgjevarkontroll, skatteinnkrevjing og skatterekneskap vart då overførte frå kommunane til Skatteetaten. Skatteetaten har no eit heilskapleg ansvar for fastsetjing, innkrevjing og kontroll av skattar og avgifter. Den nye organiseringa legg til rette for at Skatteetaten kan løyse sine oppgåver på ein betre og meir effektiv måte.

Skatteetaten moderniserer systemportefølja si. Moderniseringa effektiviserer etatens interne prosessar, men gjev òg enklare tenester for innbyggjarane og forenkling for næringslivet. I 2020 vart eit modernisert folkeregister lansert. Ei innsynsløysing for innbyggjarar, der ein kan sjå eigne opplysningar, vart lansert i 2021. Det er òg gjennomført ei opprydding i d-nummer-databasen. Effektar er mellom anna eit register med høgare kvalitet og meir oppdaterte opplysningar. Manuell og papirbasert saksbehandling vert erstatta av automatiserte prosesser, og endringar kan sendast elektronisk.

Skatteetaten utviklar samstundes ei ny dialogbasert skattemelding for formues- og inntektsskatt for næringsdrivande, lønstakarar og pensjonistar. Den nye skattemeldinga skal forenkle og forbetre prosessane for fastsetjing av skatt og redusere næringslivets kostnadar ved å etterleve statlege rapporteringskrav. Løysinga for lønstakarar og pensjonistar er tilnærma ferdigstilt og vart teken i bruk våren 2020 i samband med skattemeldinga for 2019. Denne løysinga har fungert bra. I 2022 skal prosjektet utvikle ei løysing for næringsdrivande.

Etaten utviklar òg eit nytt IT-system for meirverdiavgift. Ei meir digitalisert prosesstøtte og betre rettleiing for verksemdene vil gjere det enklare å etterleve meirverdiavgiftsreglane. Etter å ha utvikla og lansert ein ny portal for mva-registrering i 2021, vil prosjektet i 2022 arbeide vidare med utvikling av ny skattemelding for mva.

Skatteetaten starta i 2020 òg utviklinga av ei løysing som skal gjere det mogleg å dele opplysningar om inntekt og arbeidsforhold som arbeidsgjevar allereie har innrapportert i a-meldinga, med pensjonsverksemder slik at desse kan rekne ut rett pensjonsgrunnlag etter OTP-regelverket. Målet er betre etterleving av pensjonsforpliktingar frå arbeidsgjevarane og forenkla rapportering av opplysningar frå næringslivet. Etter planen vert løysinga klar i 2022.

I 2022 skal Skatteetaten òg starte steg 1 av tre av ei omfattande modernisering av innkrevjingsområdet og særleg IT-porteføljen. Tiltaket vil leggje til rette for å samordne og modernisere systemporteføljen, prosessane og regelverket på innkrevjingsområdet. Tiltaket vil gjere prosessane og regelverket meir brukarvenlege. Programmet er ei tverrsektoriell satsing som vert foreslått gjennomført over sju år. Skatteetaten vil samarbeide med politiet, Nav, Lånekassa og Brønnøysundregistrane om å utvikle samanhengande tenester på innkrevjingsområdet.

Skatteetaten har omfattande digitale prosessar og ein stor og kompleks IT-systemportefølje. Velfungerande og sikre IT-system i etaten er avgjerande for verksemda. Etaten vil i 2022 difor styrkje arbeidet med informasjonstryggleiken i eiga system for å oppretthalde stabile og tilstrekkeleg sikre system.

Tiltaka er omtalte under kap. 1618 Skatteetaten òg.

Tolletaten

Tolletaten har starta arbeidet med å digitalisere systemstøtta på kontrollområdet og etablere ei ny løysing for deklarering og automatisk fortolling av varer på grensa (ekspressfortolling). Føremålet er mellom anna å effektivisere oppgåveløysinga for både næringslivet og Tolletaten. Ekspressfortollingsløysinga vil gje ei føreseieleg og smidig grensepassering for næringslivet. For aktørar som fortollar på grensa, betyr dette at ein, i normalsituasjonen, slepp å stanse for å få behandla papira sine i ekspedisjonen. Frå 2018 har det vorte gjennomført eit forsøksprosjekt med ekspressfortolling på Ørje tollstad. Løysinga vart vidareutvikla med fleire prosedyrar, og prøvinga vart utvida til Svinesund i 2020. Prøveprosjektet er evaluert, og ein vidare strategi for arbeidet med løysinga er under arbeid.

Tolletaten vart omorganisert 1. juni 2019 og består no av to fagdivisjonar og eit direktorat med fire fagdivisjonar. Fagdivisjonane har ansvar og oppgåver for heile landet. Tidlegare var etaten organisert med eit direktorat og seks underliggjande tollregionar. Tolletaten har òg innført ny organisering av nivåa under divisjonane i oktober 2020, og vil halde fram med å tilpasse organiseringa si til tida og tilhøva.

Tiltaka er òg omtalte under kap. 1610 Tolletaten.

Direktoratet for forvaltning og økonomistyring

Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) legg til rette for effektiv ressursbruk i staten gjennom å levere standardiserte og effektive tenester til statlege verksemder. Gjentekne, regelbaserte oppgåver med store volum gjer slike tenester godt eigna for digitalisering og automatisering, og DFØ har arbeidd målretta med dette i fleire år. Den stendige utviklinga av tenestene bidreg både til effektivisering av arbeidet og auka kvalitet på prosessane.

Direktoratet bidreg òg til at staten får lågare investerings- og driftskostnader ved å kjøpe løysingar som mange kundar kan nytte. Fleire store og komplekse verksemder skal verte kundar av DFØ. Universiteta i Bergen og Oslo vart kundar av DFØ i 2021, og universiteta i Trondheim og Tromsø vert etter planen løns- og rekneskapskundar av DFØ frå 2022. Dei store verksemdene er sterkt delaktige i utviklinga av nye løysingar som òg resten av staten kan nytte.

Regjeringa har òg starta arbeidet med å utvikle DFØ til eit kompetansesenter for offentleg ressursbruk for å styrkje merksemda og kompetansen på effektiv ressursbruk i forvaltninga. DFØ vart omorganisert i 2020. Frå 1. januar 2020 vart fagområda til avdelinga for leiing og avdelinga for utgreiing og analyse i Digitaliseringsdirektoratet (tidlegare Difi) flytta til DFØ. I andre halvår 2020 vart òg fagområdet innkjøp flytta frå Digitaliseringsdirektoratet til DFØ. Ved å flytte desse fagområda vert fagområda økonomi, innkjøp, styring, leiing og organisering samla i DFØ. Dette legg til rette for ei meir samordna utvikling av desse områda, og at statlege verksemder kan få betre og meir heilskaplege tenester enn før.

Finansområdet

Regjeringa har sett ned eit utval som skal gå gjennom verksemda til Finanstilsynet og utarbeide utkast til ei ny finanstilsynslov, som reflekterer utviklinga i regelverk og i tilsynsomfang og -metodikk.

Elles ventar tilsynet fortsatt auke i oppgåver. Særleg omfattande regelverksutvikling i EU gjer at tilsynet må bruke betydelege ressursar på å utvikle tilsvarande norsk regelverk. Vidare auke i Finanstilsynets oppgåver skjerpar kravet til effektiv utnytting av tilsynet sine ressursar og til prioritering av innsatsen på dei ulike tilsynsområda. Redusert saksbehandlingstid gjennom systematisk forbetring av interne arbeidsprosessar, samstundes som eksterne og interne kvalitetskrav skal møtast, er sentralt.

Finanstilsynet har i fleire år gjennomført tiltak som har auka kvaliteten på data og effektivisert og forenkla verksemda. I 2019 fastsette tilsynet ein digitaliseringsstrategi for perioden 2019–2022. Strategien inneheld mål, prinsipp og planar for digitaliseringsarbeid i tilsynet.

Frå 2022 skal Finanstilsynet trappe opp digitaliseringsarbeidet. Satsinga som er føresett å vare i fem år, vert retta inn mot automatisering av forvaltningsoppgåver, digitalisering av tilsynsprosessar, meir effektiv rapportering og datafangst, betre analyseløysingar og auka deling av data. Tilsynet vil mellom anna ta i bruk kunstig intelligens på innsamla data for å avdekkje mønster og ulovleg aktivitet i verdipapirmarknaden. Det vil òg auke den maskinelle behandlinga og kontrollen med dokument og lydfiler.

Modernisering av statistikkproduksjonen

Ny statistikklov tredde i kraft 1. januar 2021. Statistisk sentralbyrå (SSB) må framleis arbeide med implementering av nytt regelverk. Med den nye lova har SSB fått ei ny rolle som sentral myndigheit for utarbeiding, utvikling og formidling av offisiell statistikk, og må ta ei større rolle som samordnar og kvalitetssikrar av statistikk frå alle produsentane i det norske statistikksystemet. Dette vil vere ei viktig oppgåve framover.

Det er vedteke eit nasjonalt program for offisiell statistikk for 2021 til 2023. Fyrste program gjeld ein kort periode, og SSB må i 2022 starte arbeidet med å utarbeide forslag til program for neste programperiode. Forslaget skal fremjast etter samråd med Utvalet for offisiell statistikk.

SSB skal utvikle og fremje tiltak for kvalitetssikring og kompetansebygging innan det norske statistikksystemet i samråd med Utvalet for offisiell statistikk. Eit system for kvalitetssikring skal etablerast i 2021, og ein fyrste kvalitetsrapport for den norske offisielle statistikken skal publiserast i 2022. Denne rapporten gir grunnlag for å vurdere tiltak for betre kvalitet i offisiell statistikk og endringar i systemet for kvalitetssikring.

Teknologiske endringar gjev tilgang på meir data og nye datakjelder. Det skapar nye høve til statistikkutvikling, men fører òg til auka etterspurnad etter statistikk og analysar frå SSB. SSB må bruke stordata og nye metodar for å utvikle ny statistikk og nytte ressursane sine betre. Det er naudsynt å effektivisere og fornye, og ikkje minst å frigjere ressursar som kan gje rom for utvikling. SSB må heile tida utvikle statistikkproduksjonen for å møte auka krav frå brukarane, samstundes som verksemda skal effektiviserast. I det daglege arbeidet er det naudsynt at verksemda veg effektivitet opp mot andre kvalitetsindikatorar.

SSB held fram arbeidet med å etablere ei moderne IT-plattform. Utviklingsarbeidet inneber mellom anna nye løysingar for datalagring og datafangst og prosessforbetringar i dei statistikkproduserande avdelingane. Rutineprosessar som i dag krev mykje arbeidsinnsats, kan i større grad standardiserast og automatiserast, og slik skape rom for å nytte fleire nye datakjelder og lage meir statistikk, analyse og formidling som er godt tilpassa ulike brukaromsyn. I tillegg til at forenkla produksjonsprosessar kan gje rom for vidare kontinuerleg utvikling, vil auka bruk av nye datakjelder òg medverke til å redusere oppgåvebøra for oppgåvegjevarar.

Transaksjonsdata og andre stordata kan gje høve til statistikk på nye område og redusere oppgåvebøra for oppgåvegjevarar. Slike data kan saman med nye metodar òg bidra positivt til eksisterande statistikk, noko bruk av transaksjonsdata i produksjonen av nasjonalrekneskapen i 2020 er eit døme på. SSB vil i 2022 gjennomføre ei ny forbruksundersøking. SSB skal i dette arbeidet gjere seg nytte av transaksjonsdata, som det ikkje tidlegare har hatt tilgang til. Førebelse konklusjonar er at ein i tillegg til å nytte transaksjonsdata, må supplere med andre kjelder for å få eit godt nok grunnlag til å lage statistikkane.

Budsjettgevinstar frå endra jobbreisevanar

Koronapandemien har kravd meir bruk av digitale møte og gav statlege verksemder høve til å redusere reiseomfanget. Sjølv om reiseaktiviteten vil auke igjen etter kvart som samfunnet opnar igjen, vil nivået truleg vere varig redusert. Dette vil redusere reiseutgifter og spare reisetid for dei tilsette. Regjeringa gjer framlegg om eit varig gevinstuttak frå og med 2022 på 5 pst. av reiseutgiftene slik desse var før pandemien. For dei verksemder som er omfatta av denne proposisjonen, unntatt Stortinget og tilknytte organ, utgjer dette 11 mill. kroner. Sjå Prop. 1 S (2021–2022) Gul bok, for ei nærmare framstilling av gevinstuttaket.

3 Viktige resultat 2017–2021

Økonomiske krisetiltak i samband med koronapandemien

Koronapandemien har skapt ei økonomisk krise ulik andre kriser. Regjeringa har saman med Stortinget sette i verk historisk kraftige tiltak for å motverke inntektsbortfall hos føretak og hushalda. Både når det gjeld økonomien og folkehelsa har Noreg så langt kome betre gjennom krisa enn dei fleste andre europeiske land.

Sidan 12. mars 2020 har regjeringa fremja omfattande økonomiske tiltak for å minke dei negative konsekvensane av pandemien og smitteverntiltaka. Regjeringa sin strategi for vegen ut av krisa vart fyrste gong lagt fram våren 2020. Den er sidan oppdatert og utvida og inneber å kompensere når det er naudsynt, men trappe ned tiltaka for å gje insentiv til aktivitet så snart smittesituasjonen og smitteverntiltaka gjer det mogleg.

Regjeringa sitt overordna mål med dei økonomiske tiltaka har heile tida vore å tryggje arbeidsplassar og forhindre at arbeidsløysa festar seg på eit høgt nivå. Gjennom stønad og kompensasjon til næringslivet vil fleire arbeidsgjevarar unngå konkurs under pandemien, slik at aktiviteten i økonomien raskt kan ta seg opp igjen og flest mogleg kan kome tilbake i jobb når det ikkje lenger er behov for strenge smitteverntiltak.

Krisa har ramma skeivt, og personar med lita utdanning er overrepresentert blant dei ledige. Auka satsing på utdanning og kompetansetiltak har vore sentralt for regjeringa, for å bidra til at fleire styrkjer sine moglegheiter på arbeidsmarknaden. Regjeringa har lagt vekt på at dei økonomiske tiltaka skal vere målretta og mellombels med plan for utfasing, gje best moglege insentiv, og samstundes vere innretta slik at ein kan unngå misbruk.

Dei økonomiske tiltaka har verka. Sjølv om fallet i økonomisk aktivitet våren 2020 var det djupaste i etterkrigstida, var reduksjonen i brutto nasjonalprodukt (BNP) for Fastlands-Noreg samla i 2020 på meir moderate 2,5 pst. Til samanlikning fall BNP i heile OECD-området med 4,7 pst. i snitt.

Med utsikter til avvikling av dei fleste smitteverntiltak i laupet av 2021, legg regjeringa opp til at den kraftige og mellombelse auken i offentleg pengebruk i all hovudsak vert trekt tilbake. Regjeringa er samstundes oppteken av å førebyggje negative etterverknader av krisa. Målet er at arbeidsløysa ikkje skal vere høgare etter krisa enn før, og å møte dei krava krisa har skapt for progresjon i skulen, psykisk helse og rus, og for sårbare grupper.

Statens pensjonsfond

Statens pensjonsfond utland har utvikla seg sterkt og hadde medio september 2021 ein marknadsverdi på om lag 12.000 mrd. norske kroner. Regjeringa har vidareført og utvikla investeringsstrategien til SPU, mellom anna med vekt på ytterlegare styrking av ansvarleg forvaltning som ein integrert del av verksemda i SPU. Det er brei politisk semje om at Statens pensjonsfond utland (SPU) ikkje skal vere eit verkemiddel i utanriks- eller klimapolitikken.

Frå og med 2018 vart delen aksjar i referanseindeksen for SPU auka frå 62,5 pst. til 70 pst., samstundes som delen obligasjonar vart redusert tilsvarande.

Finansdepartementet sette våren 2019 ned eit utval for å gjennomgå dei etiske retningslinene for SPU. Utvalet leverte si utgreiing i juni 2020, og i 2021 foreslo Finansdepartementet mellom anna endringar i kriteria om våpen og korrupsjon og eit nytt kriterium om våpensal. Finanskomiteen slutta seg til dette i juni 2021. Det er no:

  • Opna for investeringar i unotert infrastruktur for fornybar energi under miljømandata, med krav til openheit, avkastning og risiko som for investeringar elles.

  • Setje i gang nytt arbeid med klimarisiko for å auke kunnskapen om korleis klimaendringar, klimapolitikk og det grøne skiftet kan verke inn på investorar som SPU, og korleis klimarisiko og klimarelaterte investeringsmoglegheiter kan handsamast ved forvaltninga av fondet.

  • Gjeve Noregs Bank i oppgåve å vidareutvikle sitt forventningsdokument om skatt og openheit og vurdere korleis banken ytterlegare kan styrkje sitt arbeid på dette feltet.

I 2020 og 2021 førte ein brei gjennomgang av referanseindeksen for aksjar i SPU til at talet på selskap i aksjeindeksen vart redusert frå om lag 8 800 til om lag 6 600, samstundes som den delen av investeringane i SPU som vert plassert i Nord-Amerika vart auka og delen i Europa minka.

Ei ekspertgruppe vurderte i 2021 finansiell klimarisko og klimarelaterte investeringsmoglegheiter. I september 2021 vart det satt ned eit offentleg utval for å vurdere langsiktige perspektiv for SPU.

Skatt og avgift

Regjeringa har prioritert skatte- og avgiftsendringar som fremjer økonomisk vekst og legg til rette for ei grøn omstilling. Det samla skatte- og avgiftsnivået er redusert med i overkant av 36 mrd. kroner frå 2013 til og med 2021. Skattesatsen på alminneleg inntekt er redusert frå 24 pst. i 2017 til 22 pst. frå 2019. Det har vorte meir lønsamt å arbeide fordi marginalskatten på arbeid er redusert, mest for dei lågaste inntektene. Kringkastingsavgifta er fjerna og erstatta av ordinær skattefinansiering.

Regjeringa har prioritert lågare formuesskatt for å støtte norske eigarar i å utvikle næringsverksemder og arbeidsplassar. Lettene i formuesskatten sidan 2013 utgjer 9,9 mrd. kroner. I 2017 vart det innført ein eigen rabatt på aksjar og driftsmiddel. Rabatten har vorte gradvis auka, slik at aksjar og driftsmiddel i 2021 vert verdsette til 55 pst. av verdien før rabatt.

Selskapsskatten er redusert til eit konkurransedyktig nivå på 22 pst. Regjeringa har òg betra dei skattemessige rammevilkåra for oppstartsselskap. Det er innført ei skatteinsentivordning for investeringar i slike verksemder, og som vart ytterlegere utvida i 2020. I 2018 vart ei ny skatteordning for tilsetteopsjonar i små oppstartsselskap innført og seinare utvida fleire gonger.

Regjeringa har lagt til rette for grøn omstilling ved å auke det generelle avgiftsnivået på ikkje-kvotepliktige utslepp av klimagassar og ved å avvikle fritak og reduserte satsar. Dette gjer at ein stadig større del av norske utslepp står overfor ein karbonpris som gir hushald og verksemder økonomiske insentiv til å redusere utsleppa. Om lag 85 pst. av norske utslepp av klimagassar er prisa gjennom avgifter og kvotesystemet. Samtidig har regjeringa redusert det samla nivået av skattar og avgifter.

Finansdepartementet sende 3. september 2021 eit framlegg på høyring om å leggje om særskatten for petroleumsverksemd til ein kontantstraumsskatt frå inntektsåret 2022. Framlegget vil gjere særskatten nøytral og dermed gi samsvar mellom selskapas og samfunnets vurderingar.

Regjeringa har òg lagt fram prinsipp for eit framtidig bilavgiftssystem. Dagens system er ikkje berekraftig. Provenyet fell kraftig, og dei eksterne kostnadene ved bruk av køyretøy, utanom utslepp av CO2, er ikkje tilstrekkeleg prisa.

Det er vedteke enklare reglar for utanlandske arbeidstakarar på kortvarig opphald i Noreg. I ordninga vert lønsinntekter skattlagde etter ein bruttometode med ein flat sats på 25 pst. Ordninga tok til å gjelde frå inntektsåret 2019 og skal gje meir rett skattlegging i tråd med regelverket. Det er vedteke nye reglar om kjeldeskatt på renter og royalty m.m. Reglane skal motverke overskotsflytting og at inntekt ikkje vert skattlagt. Reglane tek til å gjelde i løpet av 2021.

Med verknad frå og med 2020 vart den tidlegare ulovfesta omgåingsregelen lovfesta. Etter omgåingsregelen kan ein skattepliktig miste ein skattefordel når hovudføremålet med ein transaksjon er å oppnå skattefordelen, og ulike vilkår er oppfylte. Ikkje minst omsynet til førehandsvisse for skattytarane taler for at ein så viktig regel er lovfesta. Innhaldet i den lovfesta regelen svarer langt på veg til innhaldet i den ulovfesta regelen, men med endringar når det gjeld skatt i utlandet, det føremålet skattytaren meiner å ha med ein transaksjon og ved at ein kan nytte regelen på tilfelle som er omtalt i lovforarbeider.

Med verknad frå 1. januar 2020 vart det innført ei plikt til å gje opplysningar frå digitale plattformer om utleige og tenester som vert formidla over digitale plattformer. Arbeidet følgde opp innstillinga frå Delingsøkonomiutvalet i NOU 2017: 4 Delingsøkonomien – muligheter og utfordringer.

Regjeringa har gjort viktige avklaringar om reglane for naturalytingar i arbeidshøve. Dette, saman med vesentleg utvida grenser for skattefrie ytingar, gjev klårare reglar samstundes som det er stor fleksibilitet til å gje naturalytingar skattefritt i rimeleg omfang.

Regjeringa har følgt opp oppmodinga frå utvalet Norge mot 2025 om å setje ned eit nytt skatteutval. Utvalet skal sjå på perspektiv for framtidas skatte- og avgiftssystem og gjere ein brei gjennomgang av skattesystemet. Utvalet skal levere si utgreiing innan 1. november 2022.

Finansmarknadene

Velfungerande kapitalmarknader, godt forbrukarvern og trygg finansverksemd er viktig for vekstevna i økonomien og kvardagen til folk. Regjeringa har mellom anna medverka til likare kapitalkrav for norske og utanlandske bankar, styrkt innskotsgarantien og verktøykassa for krisehandtering, vidareført reguleringa av utlånspraksis i bankane og treft tiltak for ein meir velfungerande marknad for forbrukslån. Regjeringa har utvikla den norske verdipapirmarknaden ved mellom anna å auke investorvernet

Regjeringa har gjennomført fleire viktige regelverksendringar for dei private tenestepensjonsordningane, mellom anna gjennom etablering av eigen pensjonskonto. Måla for desse endringane er tryggleik for opptente pensjonar, større valfridom og ei effektiv og rasjonell forvaltning av pensjonskapital. Regjeringa har òg foreslått pensjonsopptening frå fyrste krone.

Regjeringa har lagt til rette for nye forretningsmodellar og bruk av ny teknologi i den finansielle tenesteproduksjonen. Det er etablert ei regulatorisk sandkasse for fintech i regi av Finanstilsynet.

Regjeringa har arbeidd for å dreie privat kapital over mot meir berekraftige investeringar, handtering av finansiell risiko som følgje av klimaendringar og fremje openheit og langsiktigheit i finansmarknadene.

Regjeringa har styrkt innsatsen mot kvitvasking og terrorfinansiering og lagt fram ein ny strategi mot kvitvasking, terrorfinansiering og finansiering av spreiing av masseøydeleggingsvåpen.

Effektiv bruk av ressursar

Regjeringa byggjer politikken sin på ein effektiv bruk av fellesskapets ressursar og har i perioden styrkt arbeidet for gode utgreiingar og god ressursbruk. Gjennom avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma vert det gitt insentiv til meir effektiv statleg drift. Frå og med saldert budsjett 2018 og til og med saldert budsjett 2021 har ein gjennom denne reforma trekt inn vel 7,7 mrd. kroner til andre prioriterte føremål som tiltak innafor utdanning, helse og samferdsel

Regjeringa har gjennomført ei rekkje djupare analysar av utvalde område for å identifisere effektiviseringspotensial og betre målretting av ressursbruken over statsbudsjettet. For å styrkje merksemda og kompetansen på området har regjeringa starta med å utvikle Direktoratet for forvaltning og økonomistyring til eit kompetansesenter for offentleg ressursbruk.

Overføring av skatteoppkrevjinga frå kommunane til Skatteetaten

Frå 1. november 2020 er ansvaret for skatteoppkrevjinga overført frå kommunane til Skatteetaten. Med ny organisering har Skatteetaten eit heilskapleg ansvar for fastsetjing, innkrevjing og kontroll av skattar og avgifter. Eit viktig føremål med overføringa er større og betre fagmiljø, auka grad av likebehandling av skattytarar og betre rettstryggleik. For dei skatte- og avgiftspliktige er det ei forenkling sidan dei no berre treng å ha kontakt med ein etat med heile ansvaret for fastsetjing, innkrevjing og kontroll av skattar og avgifter. Endå viktigare er kampen mot svart økonomi og arbeidslivskriminalitet. Skatteoppkrevjinga er no lokalisert til 40 skattekontor, medan dei resterande 16 skattekontora (Svalbard unnateke) òg kan gje rettleiing i samband med skatteoppkrevjinga. Endringa inneber at det er oppretta mange store fagmiljø med kompetansearbeidsplassar i heile landet, òg utanfor dei største byane. Med ny organisering har arbeidsmarknadsregion Oslo i overkant av 23 pst. av årsverka til skatteoppkrevjinga, mot tidlegare 28 pst. Samstundes vil ein kunne gjere oppgåva meir effektivt: Skatteetaten vil på sikt nytte 918 årsverk til oppgåva, mot om lag 1 300 i kommunane. Heilårsverknaden av gevinsten frå overføringa er rekna til 370 mill. kroner årleg.

Samordninga av arbeidsgjevarkontrollen med Skatteetatens andre kontrollaktivitetar vil medverke til betre og meir effektive kontrollar, større og meir kompetente kontrollmiljø og gjere det lettare å arbeide heilskapleg med kontroll av bedrifter og enkeltpersonar.

Folkeregisteret

Regjeringa gjorde i statsbudsjettet for 2016 framlegg om eit prosjekt for å modernisere Folkeregisteret. Prosjektet vart avslutta i 2020. Folkeregisteret er ein nasjonal felleskomponent og ein viktig del av Noregs digitale infrastruktur. Folkeregisteret gjev oversikt over kven som er busett i Noreg og andre personar som har ei tilknyting til landet (til dømes utanlandske arbeidarar eller studentar). Registeret skal òg syne kven som har innvandra og utvandra. Ei korrekt oppføring i Folkeregisteret er ein viktig føresetnad for dei rettane og pliktane den einskilde borgar har i samfunnet. Informasjon frå Folkeregisteret er sentral i offentleg saksbehandling og planlegging, og er viktig informasjonskjelde for private aktørar som treng personopplysningar av høg kvalitet.

Folkeregisteret oppfylte tidlegare ikkje samfunnets krav til registerkvalitet. Moderniseringa av Folkeregisteret har vore eit viktig tiltak for auka digitalisering og effektivisering av offentleg sektor. Den nye løysinga gjev nye tenester til innbyggjarane, betre kvalitet i opplysningane og raskare og meir automatisert saksbehandling i Skatteetaten og hos andre brukarar av Folkeregisteret. Elektronisk og rask utveksling av personopplysningar er sentralt i effektivisering og digitalisering av offentleg forvalting og vil leggje til rette for betre samhandling mellom personar og privat næringsliv.

Ny systemløysing for avgiftsforvaltninga

Eit modernisert IT-system for forvalting av særavgifter vart ferdig i 2019. IT-løysinga handterer fastsetjing og innkrevjing av særavgifter, meirverdiavgift ved innførsel og innkrevjing av alle pengestraumar ved import. Den nye løysinga sikrar provenyet og stør den nye oppgåvefordelinga etter at ansvaret for særavgifter og meirverdiavgift ved innførsel vart overført frå Tolletaten til Skatteetaten i 2016 og 2017. Den nye løysinga har gjeve automatisert fastsetjing av særavgifter og meir effektiv innrapportering. Det er òg laga sjølvbeteningsløysingar for omregistreringsavgift og automatisert saksbehandling av fritak frå omregistrerings- og eingongsavgifter. Desse løysingane har gjeve monaleg tidsinnsparing for næringsliv og innbyggjarar.

4 Oppfølging av oppmodingsvedtak

Nedanfor er det gjeve ei oversikt over oppfølging av oppmodingsvedtak under Finansdepartementet. Oversikta omfattar alle vedtak frå stortingssesjonen 2020–2021 og alle vedtak frå tidlegare sesjonar der rapporteringa ikkje vart varsla avslutta i Prop. 1 S (2020–2021) eller som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 580 S (2020–2021) om Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2019–2020 meinte at ikkje var utkvitterte. I nokre tilfelle er det samstundes med rapporteringa her gjeve ei meir omfattande framstilling av oppfølginga i Prop. 1 LS (2021–2022) Skatter, avgifter og toll 2022 eller i Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022. I slike tilfelle er det vist til kor denne framstillinga finst i desse dokumenta.

Sjølv om det i tabellen nedanfor er oppgitt at rapporteringa vert avslutta, vil det stundom vere slik at oppfølging av alle sider av vedtaket ikkje er sluttført. Dette kan t.d. gjelde oppmoding om å vareta særlege omsyn i politikkutforminga på eit område, og der oppfølginga vil kunne gå over fleire år. I slike tilfelle vert Stortinget orientert om oppfølginga slik som elles gjennom omtale av det relevante politikkområdet i andre dokument til Stortinget.

Tabell 4.1 Oversikt over oppmodingsvedtak

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapportering vert avslutta (Ja/Nei)

2020–2021

23

Statens obligasjonsfond – moglegheit for auka fleksibilitet

Ja

2020–2021

104

Vurdere den kommunale handlefridomen i formuesskatten

Nei

2020–2021

146

Vindkraft – vurdere endringar i skattlegginga

Ja

2020–2021

147

Vindkraft – vurdere lokal kompensasjon

Ja

2020–2021

163

Vurdering av meirverdiavgiftsreglane ved omtvista krav i entreprisar

Ja

2020–2021

173

Endringar i regelverket om godkjenning av campingbilar

Ja

2020–2021

176

Forslag til ei ordning med differensiert tvangsmulkt

Nei

2020–2021

190

Mellombels ordning for utsatte skatteinnbetalingar

Ja

2020–2021

233

Sikring av inntektsgrunnlaget for hestesporten i Noreg

Ja

2020–2021

329

Vurdering av grensehandel

Ja

2020–2021

547

Tilskot ved avbroten permittering

Ja

2020–2021

555

Mellombels ordning for utsatte skatteinnbetalingar

Ja

2020–2021

580

Vurdering av grensehandel

Ja

2020–2021

621

Innføring av pensjon frå fyrste krone

Ja

2020–2021

658

Tiltak som kan avhjelpe situasjonen med ekstraordinært høge strømutgifter

Ja

2020–2021

761

Tilskot ved avbroten permittering

Ja

2020–2021

791

Klimaavgift på norsk kjøttproduksjon

Ja

2020–2021

795

Avgift på avfallsforbrenning

Ja

2020–2021

849

Endring av meirverdiavgiftsreglane ved omtvista krav i entreprisar

Ja

2020–2021

1141

Skattlegging av internasjonale selskap

Ja

2020–2021

1174

Utval om kontantane si rolle i samfunnet

Nei

2020–2021

1176

Samarbeidsløysingar for sparebankar

Nei

2020–2021

1177

Kapitalkrav for norske sparebankar

Nei

2020–2021

1250

Eigedomsskatt, utgreiing og vurdering av eit tak for bustader og fritidsbustader

Nei

2019–2020

554

Fiskal avgift på fiskeria

Ja

2019–2020

692

Konkret forslag om kontonummerportabilitet

Ja

2019–2020

693

Vurdering av digitale sentralbankpengar

Ja

2019–2020

694

Utrede om Finansklagenemnda kan få utvida mandat

Ja

2019–2020

707

Kulturmiljømeldinga – vedlikehald av privateide kulturminne og kulturmiljø

Nei

2019–2020

784

Reiarlagskatteordninga

Nei

2019–2020

785

Endringar i regelverket for campingbilar

Ja

2018–2019

45

Solidarisk alkoholpolitikk

Nei

2018–2019

404

Presisering i forskrift av kven som skal verte identifisert som reelle rettshavarar

Ja

2018–2019

424

Utgreiing av ny teknologi som kan erstatte gjeldande bompengeordning

Ja

2017–2018

868

Finansskatt – omlegging der finansskatt på løn vert fjerna

Ja

2016–2017

48

Land-for-land rapportering

Nei

2016–2017

1040

Sikre behovet hos bustadkjøpare for meir tid i bustadhandelen

Nei

4.1 Stortingssesjon 2020–2021

Statens obligasjonsfond – moglegheit for auka fleksibilitet

Vedtak nr. 23, 9. oktober 2020

«Stortinget ber regjeringen undersøke Statens obligasjonsfonds mulighet for større fleksibilitet når det gjelder selskaper som har fått redusert likviditet og soliditet som følge av koronautbruddet.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 142 S (2019–2020), jf. Innst. 19 S (2020–2021). Oppmodingsvedtaket vart omtalt i Meld. St. 2 (2020–2021) Revidert nasjonalbudsjett 2021, kapittel 3.6 der departementet orienterte om at mandatet for Statens obligasjonsfond ikkje vil verte endra. I Innst. 600 S (2020–2021) tok komiteen omtalen til orientering. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.

Vurdere den kommunale handlefridomen i formuesskatten

Vedtak nr. 104, 26. november 2020

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en vurdering av det framtidige mulighetsrommet for endring av formuesskatten, der både statens inntekter og kommunenes handlingsrom for konkurranse om skattebetingelser mellom kommuner belyses.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 5 (2019–2020), Levende lokalsamfunn for fremtiden – Distriktsmeldingen, jf. Innst. 88 S (2020–2021). Oppmodingsvedtaket vert kort omtalt i Prop. 1 LS (2021–2022), kapittel 5.8. Der kjem det fram at departementets svar på oppmodingsvedtaket vil vente til etter at Inntektssystemutvalget har kome med si innstilling i 2022.

Vindkraft – vurdere endringar i skattlegginga

Vedtak nr. 146, 1. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen vurdere endringer i vindkraftbeskatningen, inkludert en vurdering av hvordan en hensiktsmessig innretning på og tidsplan for hvordan skattebyrden på vindkraftprodusentene kan økes.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 28 (2019–2020) Vindkraft på land – Endringer i konsesjonsbehandlingen, jf. Innst. 101 S (2020–2021). Regjeringa følgde opp oppmodingsvedtaket gjennom ein omtale i Meld. St. 2 (2020–2021) Revidert nasjonalbudsjett 2021, pkt. 5.3. Der varsla regjeringa at den tok sikte på å innføre ei moderat produksjonsavgift på vindkraftverk frå 2022 med atterhald om at avgifta er i samsvar med EØS-avtalen. Inntektene frå avgifta skal gå til staten, men skal fordelast til vertskommunane. I Innst. 600 S (2020–2021) tok finanskomiteen omtalen til orientering og viste òg til Stortinget si handsaming av stortingsmeldinga om oppfølging av oppmodingsvedtak våren 2022.

For å følgje opp det som vart varsla i Revidert nasjonalbudsjett 2021, foreslår regjeringa i statsbudsjettet for 2022 å innføre ei avgift på landbasert vindkraft med 1 øre per kWh, sjå omtale i Prop. 1 LS (2021–2022), kapittel 7.2. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.

Vindkraft – vurdere lokal kompensasjon

Vedtak nr. 147, 1. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett for 2021 med en vurdering av hvordan lokal kompensasjon og forutsigbare rammebetingelser for vindkraft kan sikres, for eksempel naturressursskatt, en produksjonsavgift eller en annen hensiktsmessig innretning for alle involverte parter.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 28 (2019–2020) Vindkraft på land – Endringer i konsesjonsbehandlingen, jf. Innst. 101 S (2020–2021). Regjeringa følgde opp oppmodingsvedtaket gjennom ein omtale i Meld. St. 2 (2020–2021) Revidert nasjonalbudsjett, pkt. 5.3. Der varsla regjeringa at den tok sikte på å innføre ei moderat produksjonsavgift på vindkraftverk frå 2022 med atterhald om at avgifta er i samsvar med EØS-avtalen. Inntektene frå avgifta skal gå til staten, men skal fordelast til vertskommunane. I Innst. 600 S (2020–2021) tok finanskomiteen omtalen til orientering og viste òg til Stortingets handsaming av stortingsmeldinga om oppfølging av oppmodingsvedtak våren 2022.

For å følgje opp det som vart varsle i Revidert nasjonalbudsjett 2021, foreslår regjeringa i statsbudsjettet for 2022 å innføre ei avgift på landbasert vindkraft med 1 øre per kWh, sjå omtale i Prop. 1 LS (2021–2022) Skatter, avgifter og toll 2022, kapittel 7.2. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.

Vurdering av meirverdiavgiftsreglane ved omtvista krav i entreprisar

Vedtak nr. 163, 3. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen vurdere endringer i merverdiavgiftsregelverket for entrepriser slik at entreprenøren ikke trenger å innberette og innbetale merverdiavgift av omtvistede krav før tvisten er endelig avklart.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 1 LS (2020–2021), jf. Innst. 2 S (2020–2021). Vedtaket må sjåast i samanheng med oppmodingsvedtak nr. 849 (2020–2021) der Stortinget bad regjeringa om å gjere naudsynte regelendringar slik at entreprenøren ikkje treng å betale meirverdiavgift før det omtvista kravet er avklart, og at regjeringa skal kome tilbake med naudsynt oppfølging i statsbudsjettet for 2022.

I Prop. 1 LS (2021–2022), kapittel 22, har regjeringa opplyst om at saken reiser statsstøtterettslege problemstillingar som bør verte avklarte med EFTAs overvakingsorgan (ESA) før ein eventuelt vedtek ei regelendring. Ein slik prosess vil kunne ta inntil 18 månader. Regjeringa har difor ikkje gjort eit framlegg i tråd med Stortingets vedtak nr. 849, 3. desember 2020. Regjeringa har likevel skissert eit framlegg i tråd med det Stortinget har bede om, slik at Stortinget kan vedta ei regelendring dersom det ynskjer det. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.

Endringar i regelverket om godkjenning av campingbilar

Vedtak nr. 173, 3. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå regelverket for at campingbiler/bobiler med europeisk type-godkjenning automatisk skal godkjennes for registrering i Norge uten fremstilling for enkeltgodkjenning hos trafikkstasjon, og legge frem forslag for hvordan det kan gjøres senest i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett i 2021.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 1 LS (2020–2021), jf. Innst. 2 S (2020–2021). Saka er nærmare omtalt i Prop. 194 LS (2020–2021), kapittel 15. Der går det fram at saka vil verte følgt opp gjennom forskriftsendringar seinast hausten 2021, og at regjeringa reknar oppmodingsvedtaket som følgt opp gjennom dette. I Innst. 600 S (2020–2021) tok finanskomiteen omtalen til orientering.

Forslag til ei ordning med differensiert tvangsmulkt

Vedtak nr. 176, 3. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen utarbeide forslag til en ordning med differensiert tvangsmulkt, og komme tilbake med en vurdering av et slikt forslag til Stortinget på en egnet måte.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 1 S (2020–2021), jf. Innst. 2 S (2020–2021).

Finansdepartementet arbeider, i samarbeid med Skattedirektoratet, med å vurdere ulike alternativ for å følgje opp vedtaket. Saka er omtalt i Prop. 1 LS (2021–2022), kapittel 25, og departementet tek sikte på å kome tilbake til Stortinget med forslag i saka i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2022.

Mellombels ordning for utsatte skatteinnbetalingar

Vedtak nr. 190, 3. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen innen utgangen av februar 2021 vurdere behovet for en ytterligere forlengning av ordningen med utsettelse av skatteinnbetalinger.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 1 S Tillegg 1 (2020–2021) og tilhørende Innst. 2 S (2020–2021). I Prop. 79 S (2020–2021), pkt. 2.12, vart den mellombelse ordninga for utsett betaling foreslått forlengd til 30. juni 2021. Allereie utsette krav vart då automatisk innvilga utsetjing til 30. juni 2021. Vidare vart det opna for at nye krav med forfall fram mot 30. juni 2021 kan få utsetjing, med unntak for krav på meirverdiavgift med forfall etter 12. april 2021. Den mellombelse ordninga vart innført i juni 2020 for å dempe belastninga av likviditeten for føretak og næringsdrivande som er ramma økonomisk av koronapandemien. I Innst. 233 S (2020–2021) tok finanskomiteen dette til orientering. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.

Sikring av inntektsgrunnlaget for hestesporten i Noreg

Vedtak nr. 233, 11. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen gjøre bortfallet av totalisatoravgift permanent.»

Vedtaket var gjort ved behandlinga av Dokument 8:126 S (2019–2020) Representantforslag om sikring av inntektsgrunnlaget for hestesporten, jf. Innst. 86 (2020–2021). I Prop. 1 LS (2021–2022) fremjar regjeringa ikkje forslag om å gjeninnføre totalisatoravgifta for 2022. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.

Vurdering av grensehandel

Vedtak nr. 329, 15. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen senest i statsbudsjettet for 2022 legge frem en vurdering av situasjonen rundt grensehandel, og en vurdering av om et grensehandelsbarometer bør opprettes som en årlig undersøkelse.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok. 8:59 S (2019–2020) Representantforslag om å reversere avgiftsøkninger på alkoholfrie drikkevarer og bevare arbeidsplasser i norsk næringsmiddelindustri og varehandel, jf. Innst. 152 S (2020–2021). Oppmodingsvedtaket vert følgt opp i Prop. 1 LS (2021–2022), kapittel 23. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.

Tilskot ved avbroten permittering

Vedtak nr. 547, 19. januar 2021

«Stortinget ber regjeringen i samarbeid med partene i arbeidslivet, senest i løpet av februar, fremme forslag om en ny modell for lønnsstøtte slik at folk kan holdes i jobb fremfor å være permittert.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av eit forslag frå Jonas Gahr Støre på vegne av Arbeiderpartiet, Framstegspartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, jf. Stortingsvedtak av 19. januar 2021.

I Prop. 94 LS (2020–2021) foreslo regjeringa å innføre ei ny ordning for tilskot ved avbroten permittering for perioden 15. mars til 30. juni 2021. Ordninga er i stor utstrekning lik tidlegare ordning, men gjev høgare tilskot per tilsett som vert teken tilbake frå permittering, og er meir fleksibel.

I Innst. 297 L (2020–2021) slutta eit fleirtal seg til regjeringa sitt lovforslag. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.

Mellombels ordning for utsatte skatteinnbetalingar

Vedtak nr. 555, 19. januar 2021

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å utsette krav om innbetaling av mva, arbeidsgiveravgift og forskuddsskatt til 1. juli 2021.»

Vedtaket vart gjort i tilknyting til den forklaringa om handteringa av koronapandemien som statsministaren gav 18. januar 2021. I Prop. 79 S (2020–2021), pkt. 2.12, vart den mellombelse ordninga for utsett betaling foreslått forlengd til 30. juni 2021. Allereie utsette krav vart då automatisk innvilga utsetjing til 30. juni 2021. Vidare vart det opna for at nye krav med forfall fram mot 30. juni 2021 kan få utsetjing, med unntak for krav på meirverdiavgift med forfall etter 12. april 2021. Den mellombelse ordninga vart innført i juni 2020 for å dempe belastninga av likviditeten for føretak og næringsdrivande som er ramma økonomisk av koronapandemien. I Innst. 233 S (2020–2021) tok finanskomiteen dette til orientering. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.

Vurdering av grensehandel

Vedtak nr. 580, 4. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen snarest mulig legge frem for Stortinget en egen sak om grensehandel hvor det drøftes og foreslås tiltak for å redusere grensehandelen og sikre konkurransekraften til norsk næringsliv.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 27 (2019–2020) Daglegvare og konkurranse – kampen om kundane, jf. Innst. 185 S (2020–2021). Oppmodingsvedtaket vert følgt opp i Prop. 1 LS (2021–2022), kapittel 23. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.

Innføring av pensjon frå fyrste krone

Vedtak nr. 621, 16. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag til nødvendige lovendringer for å innføre pensjon fra første krone med sikte på innføring fra 1. januar 2023. Stortinget ber regjeringen vurdere midlertidige, kompenserende økonomiske tiltak for arbeidsgiversiden og overgangsregler som gjør at pensjon fra første krone kan innføres over noe tid, for eksempel 3 år etter virkningstidspunktet.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:53 S (2020–2021) Representantforslag om et anstendighetsløft for pensjonister, jf. Innst. 221 S (2020–2021).

Oppmodingsvedtaket vart omtalt i Prop. 223 L (2020–2021) Endringer i pensjonslovgivningen mv. (pensjon fra første krone og dag, garanterte pensjonsprodukter) frå Finansdepartementet, med forslag om lovendringar om pensjon frå fyrste krone som kan tre i kraft 1. januar 2023. Lovforslaget er til behandling i finanskomiteen. Regjeringa tek sikte på å kome tilbake til Stortinget med ei vurdering av moglege mellombelse, kompenserande tiltak og eventuelle forslag før lovreglane trer i kraft. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.

Tiltak som kan avhjelpe situasjonen med ekstraordinært høge strømutgifter

Vedtak nr. 658, 23. februar 2021

«Stortinget ber regjeringen umiddelbart foreslå tiltak som kan avhjelpe situasjonen med ekstraordinært høye strømutgifter, og raskt komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 79 S (2020–2021), jf. Innst. 233 S (2020–2021).

Regjeringa følgde opp vedtaket i Meld. St. 2 (2020–2021) Revidert nasjonalbudsjett 2021, pkt. 5.6. Der går det mellom anna fram at departementet etter ei samla vurdering meiner det ikkje er behov for ytterlegare tiltak for å avhjelpe situasjonen. I Innst. 600 S (2020–2021) går det fram at finanskomiteen tek omtalen til orientering og at komiteen for øvrig viser til Stortingets handsaming av stortingsmeldinga om oppfølging av oppmodingsvedtak våren 2021. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.

Etter at oppmodingsvedtaket vart følgt opp, har kraftprisane igjen auka, og er no på eit høgt nivå. Situasjonen vert følgt nøye og kan gje grunnlag for å vurdere målretta tiltak.

Tilskot ved avbroten permittering

Vedtak nr. 761, 11. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen i løpet av april gjøre en vurdering sammen med partene av hvordan smittesituasjonen og vaksineringstempoet påvirker de økonomiske utsiktene, og dermed behovet for forlengning og eventuelle andre justeringer av lønnsstøtteordningen, og komme tilbake til Stortinget med en egen sak.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 94 LS (2020–2021), jf. Innst. 297 L (2020–2021). I Prop. 194 LS (2020–2021) foreslo regjeringa å forlengje tilskotsordninga med to månader, det vil seie for juli og august 2021. Talet på dagar den enkelte tilsette kan få tilskot for, er uendra 108 (talet på dagar i perioden frå 15. mars til 30. juni). I Innst. 600 S (2020–2021) hadde ikkje finanskomiteen merknader til saka. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.

Klimaavgift på norsk kjøttproduksjon

Vedtak nr. 791, 13. april 2021

«Stortinget ber regjeringen slå fast at økt skattelegging av norsk kjøttproduksjon ikke skal gjennomføres som en del av klimapolitikken.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030, jf. Innst. 325 S (2020–2021). Departementet viser til omtale av saka i Prop. 1 LS (2021–2022), kapittel 9.9.8.

Det er ikkje aktuelt for regjeringa å foreslå ei avgift på utslepp av metan og lystgass frå norsk kjøttproduksjon no. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.

Avgift på avfallsforbrenning

Vedtak nr. 795, 13. april 2021

«Stortinget ber regjeringen om at avgiften på avfallsforbrenning må flyttes tidligere i verdikjeden for både å stimulere til mindre volum på avfall og for å håndtere avfallet i Norge.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030, jf. Innst. 325 S (2020–2021). I Prop. 1 LS (2021–2022), kapittel 9.9.5, er oppmodingsvedtaket følgt opp. For å vurdere om det er avgiftsteknisk mogleg å innføre ei avgift tidlegare i verdikjeda, vart Skattedirektoratet, med bistand frå Miljødirektoratet, bede om å gjennomføre ei utgreiing.

Skattedirektoratet konkluderer med at det er berre ei materialavgift på drikkevareemballasje med differensierte satsar etter delen sekundær råvare, som er aktuelt no. Ei brei avgift på emballasje eller produkt gradert etter innhald av fossile materialar, vil ikkje vere mogleg å gjennomføre i praksis. Innføring av ei materialavgift på drikkevareemballasje vil ha betydelege økonomiske og administrative konsekvensar. Svært få plastflasker vert brent i forbrenningsanlegg i Noreg. Ei avgift tidlegare i verdikjeda vil truleg ha små effektar på utslepp av klimagassar frå avfallsforbrenning. Ei slik avgift er dermed eit lite eigna alternativ til ei CO2-avgift på forbrenning av avfall. Regjeringa foreslår heller å innføre ei avgift på forbrenning av avfall. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.

Endring av meirverdiavgiftsreglane ved omtvista krav i entreprisar

Vedtak nr. 849, 27. april 2021

«Stortinget ber regjeringen foreta nødvendige forskrifts- og/eller regelendringer slik at innberetning og betaling av merverdiavgift ved bygge- og anleggsvirksomhet suspenderes inntil omtvistede krav er avklart, og komme tilbake med nødvendig budsjettmessig oppfølging snarest og senest i forbindelse med statsbudsjettet for 2022.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:116 S (2020–2021), jf. Innst. 348 S (2020–2021). Vedtaket må sjåast i samanheng med oppmodingsvedtak nr. 163 (2020–2021) og omtalen av dette.

I Prop. 1 LS (2021–2022), kapittel 22, har regjeringa omtalt saka. Regjeringa har opplyst at saka reiser statsstøtterettslege problemstillingar som bør verte avklarte med EFTAs overvakingsorgan (ESA) før ein eventuelt vedtek ei regelendring, og at ein slik prosess vil kunne ta inntil 18 månader. Regjeringa har difor ikkje gjort eit framlegg i tråd med Stortingets vedtak. Regjeringa har likevel skissert eit framlegg i tråd med det Stortinget har bede om, slik at Stortinget kan vedta ei regelendring dersom Stortinget ynskjer det. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.

Skattlegging av internasjonale selskap

Vedtak nr. 1141, 4. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen ta en aktiv rolle i internasjonalt samarbeid som sikrer regelverk for effektiv skattlegging av internasjonale teknologiselskaper og tiltak som motvirker maktkonsentrasjon, og gjennomføre nasjonale tiltak ved utilstrekkelig fremgang i dette arbeidet.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 22 (2020–2021) Data som ressurs – Datadrevet økonomi og innovasjon, jf. Innst. 568 S (2020–2021). Vedtaket gjeld blant anna det internasjonale samarbeidet om regelverk for effektiv skattlegging av internasjonale selskap. Forhandlingane om endringar i internasjonal skattlegging går føre seg i regi av OECD/G20-forumet Inclusive Framework on BEPS. Dette er eit samarbeidsorgan som består av 140 land og jurisdiksjonar. Arbeidet nådde ein milepæl da 130 av desse 1. juli 2021 kom til politisk einigheit om endringar i prinsippa for internasjonal skattlegging. Regjeringa meiner dette er eit viktig arbeid og vil fortsetje å medverke til å få eit best mogleg resultat. I Prop. 1 LS (2021–2022), kapittel 17, orienterer departementet om framgangen i det internasjonale arbeidet og Noregs rolle i dette arbeidet. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.

Utval om kontantane si rolle i samfunnet

Vedtak nr. 1174, 9. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen nedsette et offentlig utvalg som skal vurdere kontantenes rolle i samfunnet fremover.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 31 (2020–2021) Finansmarkedsmeldingen 2020, jf. Innst. 582 S (2020–2021). Regjeringa vil følgje opp vedtaket og tek sikte på å setje ned eit utval om kort tid. Regjeringa vil omtale saka i Finansmarkedsmeldingen 2022.

Samarbeidsløysingar for sparebankar

Vedtak nr. 1176, 9. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen sikre sparebankene fleksibilitet til å benytte fellesløsninger i samarbeid med andre sparebanker innenfor forsvarlige rammer.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:250 S (2020–2021), jf. Innst. 539 S (2020–2021). Regelverket legg godt til rette for at sparebankane kan organisere verksemd i fellesskap gjennom alliansar og liknande på ein forsvarleg måte. Alliansesamarbeidet bidrar mellom anna til at dei små sparebankane kan bestå som sjølvstendige bankar og samstundes møte krav og behov i stadig endring, til dømes innan digitalisering. Mange små og mellomstore sparebankar som er til stades i heile landet, er eit framtredande trekk ved det norske banksystemet. Departementet tek sikte på å gje ein nærmare omtale av dette temaet i Finansmarkedsmeldingen 2022.

Kapitalkrav for norske sparebankar

Vedtak nr. 1177, 9. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen aktivt bruke handlingsrommet som finnes overfor EU, for å sikre at kapitalkravene til norske sparebanker ikke blir vesentlig strengere enn kravene til konkurrentene deres.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:250 S (2020–2021), jf. Innst. 539 S (2020–2021). Regjeringa er opptatt av likast mogleg kapitalkrav for alle bankar som opererer i Noreg, fordi det bidrar til stabilitet og jambyrdig konkurranse i bankmarknaden. Norske myndigheiter har derfor nytta seg av moglegheiter i EØS-regelverket og gjort endringar i det norske kapitalkravregelverket for å leggje til rette for at norske krav skal gjelde òg for verksemda til utanlandske bankar i Noreg. Ved gjennomføringa av EUs såkalla bankpakke, har regjeringa mellom anna lagt vekt på moglegheita for enklare krav for mindre og ikkje-komplekse bankar. Departementet tek sikte på å gje ein nærmare omtale av dette temaet i Finansmarkedsmeldingen 2022.

Eigedomsskatt, utgreiing og vurdering av eit tak for bustader og fritidsbustader

Vedtak nr. 1250, 16. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen legge fram en helhetlig utredning om eiendomsskatten og herunder utrede et tak for eiendomsskatt på ordinære boliger og hytter, og komme tilbake til Stortinget på eigna måte.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 192 S (2020–2021) Kommuneproposisjonen for 2022, jf. Innst. 660 S (2020–2021). Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget om saka på eigna måte.

4.2 Stortingssesjon 2019–2020

Fiskal avgift på fiskeria

Vedtak nr. 554, 7. mai 2020

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget (så snart som mulig, eventuelt fra 2021) med et forslag om en fiskal avgift på fiskeriene (villfisk) tilsvarende om lag 100 mill. kroner årlig. Det vurderes i den forbindelse om det kan gjøres etter modell av fiskeriforskningsavgiften. Modellen må være forenlig med Norges forpliktelser under EFTA-konvensjonen og EFTA-frihandelsavtaler.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 32 (2018–2019), jf. Innst. 243 S (2019–2020) Innstilling fra næringskomiteen om et kvotesystem for økt verdiskaping. En fremtidsrettet fiskerinæring.

I Prop. 1 S (2020–2021) skreiv Finansdepartementet at oppmodingsvedtaket ville verte følgt opp i samråd med Nærings- og fiskeridepartementet og at Finansdepartementet ville kome tilbake til Stortinget om saka. I Innst. 5 S (2020–2021) tok finanskomiteen omtalen til orientering.

Tilsvarande omtale kjem fram av Meld. St. 15 (2020–2021). I Innst. 580 S (2020–2021) hadde ikkje kontroll- og konstitusjonskomiteen merknader til omtalen.

I Prop. 194 LS (2020–2021) vart det foreslått ei avgift på viltlevande marine ressursar. Forslaget vart vedteke, jf. Innst. 600 S (2020–2021). Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.

Konkret forslag om kontonummerportabilitet

Vedtak nr. 692, 25. juni 2020

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget senest våren 2021 med et konkret forslag til hvordan man kan sikre kontonummerportabilitet i Norge, samt et forslag til ordning for enkel flytting av tjenester som eFaktura og AvtaleGiro mellom kontoer.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 22 (2019–2020) Finansmarkedsmeldingen 2020, jf. Innst. 353 S (2019–2020). Oppmodingsvedtaket vart omtalt i kapittel 3.3.3 i Meld. St. 31 (2020–2021) Finansmarkedsmeldingen 2021. I Innst. 582 S (2020–2021) tok finanskomiteen omtalen til orientering. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.

Vurdering av digitale sentralbankpengar

Vedtak nr. 693, 25. juni 2020

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med Finansmarkedsmeldingen 2021 legge frem en nærmere vurdering av spørsmålet om digitale sentralbankpenger.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 22 (2019–2020) Finansmarkedsmeldingen 2020, jf. Innst. 353 S (2019–2020). Oppmodingsvedtaket vart omtalt i Meld. St. 31 (2020–2021) Finansmarkedsmeldingen 2021, kapittel 4.4. I Innst. 582 S (2020–2021) tok finanskomiteen omtalen til orientering. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.

Utrede om Finansklagenemnda kan få utvida mandat

Vedtak nr. 694, 25. juni 2020

«Stortinget ber regjeringen utrede om Finansklagenemnda kan få utvidet mandat, f.eks. til også å behandle klager fra organisasjoner, næringsdrivende og bedrifter, eventuelt organisasjoner og bedrifter under en viss størrelse.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 22 (2019–2020) Finansmarkedmeldingen 2020, jf. Innst. 353 S (2019–2020).

Oppmodingsvedtaket vart omtalt i Meld. St. 31 (2020–2021) Finansmarkedsmeldingen 2021, kapittel 3.7. I Innst. 582 S (2020–2021) tok finanskomiteen omtalen til orientering. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.

Kulturmiljømeldinga – vedlikehald av privateide kulturminne og kulturmiljø

Vedtak nr. 707, 16. juni 2020

«Stortinget har drøftet kulturmiljømeldingen, herunder nye nasjonale mål for kulturmiljøpolitikken. Stortinget har vedtatt å be regjeringen i samband med bevaringsstrategiene, fremme forslag om hvordan staten kan stimulere private eiere av kulturminner og kulturmiljøer til jevnt, godt vedlikehold gjennom skatte- og avgiftsinsentiver.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 16 (2019–2020) – Nye mål i kulturmiljøpolitikken – Engasjement, bærekraft og mangfold, jf. Innst. 379 S (2019–2020).

Av Prop. 1 S (2020–2021) fremgår det at oppmodingsvedtaket vil verte følgt opp i samråd med Klima- og miljødepartementet og at Finansdepartementet vil kome tilbake til Stortinget med saka. I Innst. 5 S (2020–2021) tok komiteen omtalen til orientering. Departementet vil kome tilbake til Stortinget om saka på eigna måte.

Reiarlagskatteordninga

Vedtak nr. 784, 19. juni 2020

«Stortinget ber regjeringen utrede og vurdere endringer i rederiskatteordningen slik at selskaper innenfor ordningen i tillegg til virksomhet som kvalifiserer for rederibeskatning kan drive virksomhet som ikke er støtteberettiget, og som skal beskattes ordinært. Status for saken skal omtales i forbindelse med statsbudsjettet for 2021.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 2 (2019–2020), jf. Innst. 360 S (2019–2020). Finansdepartementet arbeider med oppfølging av oppmodingsvedtaket. Departementet har utarbeidd eit forslag om å innføre åtgang for selskap innanfor reiarlagsskatteordninga til òg å drive visse typer virksomhet relatert til skipsfart som i dag ikkje er akseptert innanfor ordninga. Forslaget vart sendt på høyring 24. september 2021, med høyringsfrist 7. januar 2022. Saka er nærare omtalt i Prop. 1 LS (2021–2022), kapittel 18.

Endringar i regelverket for campingbilar

Vedtak nr. 785, 19. juni 2020

«Stortinget ber regjeringen legge frem endringer i regelverk for campingbiler som åpner for at antall sitteplasser kan overstige antall liggeplasser. De øvrige kriteriene justeres ved behov. Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag til endringer snarest mulig og senest i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett for 2021.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 107 LS (2019–2020) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga, jf. Innst. 360 S (2019–2020).

Saka vart omtalt i Meld. St. 15 (2020–2021), der det går fram at Finansdepartementet vil kome tilbake til Stortinget om saka. Kontroll- og konstitusjonskomiteen utalte i Innst. 580 S (2020–2021) at den vil vente med å kvittere ut oppmodingsvedtaket. Saka vart så omtalt i Prop. 194 LS (2020–2021), kapittel 15. Der går det fram at saka vil verte følgt opp gjennom forskriftsendringar seinast hausten 2021, og at regjeringa reknar oppmodingsvedtaket som følgt opp gjennom dette. I Innst. 600 S (2020–2021) tok finanskomiteen omtalen til orientering.

4.3 Stortingssesjon 2018–2019

Solidarisk alkoholpolitikk

Vedtak nr. 45, 20. november 2018

«Stortinget ber regjeringen vurdere en reversering av den siste endringen av taxfree-kvoten ut ifra en evaluering av hvordan kvoten påvirker Vinmonopolets salg og stilling som et av de viktigste alkoholpolitiske instrumentene.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:141 S (2017–2018) Representantforslag om en offensiv og solidarisk alkoholpolitikk, jf. Innst. 38 S (2018–2019).

Av Prop. 1 S (2020–2021) frå Finansdepartementet går følgjande fram om departementet si oppfølging:

«Finansdepartementet omtaler vedtaket i Prop. 1 LS (2020–2021). Ifølgje Granavolden-plattforma vil regjeringa «videreføre tax free-endringen som ble gjennomført i 2014 der tobakkskvoten kan byttes inn i alkohol». Regjeringa vil etter dette ikkje foreslå nokon endringar i tax free-kvotene nå.
Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.»

I Innst. 3 S (2020–2021) tok finanskomiteen omtalen til orientering.

I Innst. 580 S (2020–2021) synte fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen – medlemane frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti – til oppmodingsvedtakets ordlyd. Fleirtalet i komiteen kunne ikkje sjå at omtala i Prop. 1 LS (2020–2021) kan sjåast som ei evaluering og opprettheldt vedtaket. Mindretalet uttalte i innstillinga at det vurderte oppmodingsvedtaket som utkvittert i Prop. 1 LS (2020–2021). Ved behandlinga i Stortinget vart komiteen si innstilling einstemmig vedteke.

I Prop. 1 LS (2021–2022), kapittel 23, vert det vist til at det førebels ikkje er gjennomført nokon evaluering av korleis endringa i tax free-kvota har påverka Vinmonopolets sal eller stillinga til Vinmonopolet som eit av dei viktigaste alkoholpolitiske instrumenta, men at regjeringa vil vurdere ei slik evaluering nærare. Ifølgje Granavolden-plattforma vil regjeringa «videreføre tax free-endringen som ble gjennomført i 2014 der tobakkskvoten kan byttes inn i alkohol». Regjeringa vil difor ikkje foreslå nokon endringar i tax free-kvotene no. Finansdepartementet vil kome tilbake til Stortinget om saka.

Presisering i forskrift av kven som skal verte identifisert som reelle rettshavarar

Vedtak nr. 404, 7. februar 2019

«Stortinget har vedtatt regjeringens forslag til ny lov om register over reelle rettighetshavere og bedt regjeringen presisere i forskrift hvem som skal identifiseres som reelle rettighetshavere.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 109 L (2017–2018), jf. Innst. 143 L (2018–2019) Innstilling fra finanskomiteen om Lov om register over reelle rettighetshavere.

I Meld. St. 15 (2020–2021) opplyste Finansdepartementet at forslag til forskrift til lov om register over reelle rettshavarar var sendt på høyring, og at det i forslaget var foreslått detaljerte reglar om identifiseringa av reelle rettshavarar. I Innst. 580 S (2020–2021) opplyste kontroll- og konstitusjonskomiteen at den ventar med å kvittere ut vedtaket.

Forskrift til lov om register over reelle rettshavarar vart fastsatt 21. juni 2021. Forskrifta inneheld detaljerte reglar om identifiseringa av reelle rettshavarar.

Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.

Utgreiing av ny teknologi som kan erstatte gjeldande bompengeordning

Vedtak nr. 424, 5. mars 2019

«Stortinget ber regjeringen inkludere utredning av ny teknologi som kan erstatte dagens bompengeordning, som en del av gjennomgangen av dagens avgiftssystem for bil.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:26 S (2018–2019) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Hans Fredrik Grøvan, Tore Storehaug, Olaug V. Bollestad og Kjell Ingolf Ropstad om å fjerne dagens ordning med bompengeinnkreving og Dokument 8:35 S (2018–2019) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Sverre Myrli, Ingalill Olsen, Øystein Langholm Hansen og Kirsti Leirtrø om å utrede vegprising til erstatning for dagens bompenger og andre driftsrelaterte bilavgifter, jf. Innst. 175 S (2018–2019).

Oppmodingsvedtaket vart kort omtalt i Prop. 1 S (2020–2021) frå Finansdepartementet. I Innst. 5 S (2020–2021) tok finanskomiteen omtalen til orientering. I Meld. St. 15 (2020–2021) redegjorde departementet for omtalen over. I Innst. 580 S (2020–2021) opplyste kontroll- og konstitusjonskomiteen at den ventar med å kvittere ut vedtaket.

I Prop. 1 LS (2021–2022), kapittel 9.5.7, varslar regjeringa at Finansdepartementet og Samferdselsdepartementet har gjeve Skattedirektoratet og Statens vegvesen i oppdrag å gjennomføre eit forprosjekt som skal avklare tekniske, organisatoriske, rettslege og økonomiske føresetnader og skissere moglege løysingar for eit system som kan brukast til å fastsetje og innkrevje både ein posisjonsbasert vegbruksavgift og bompengar. Etatane har fått ein frist på 18 månader til å levere forprosjektet. Departementet ser det slik at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.

4.4 Stortingssesjon 2017–2018

Finansskatt – omlegging der finansskatt på løn vert fjerna

Vedtak nr. 868, 11. juni 2018

«Stortinget ber regjeringa komme attende til Stortinget på eigna måte, seinast i samband med statsbudsjettet for 2020, med framlegg om ei provenynøytral omlegging av finansskatten og der forhøgd arbeidsgivaravgift vert fjerna.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dok. 8:190 S (2017–2018) Representantforslag frå stortingsrepresentantane Ingrid Heggø, Sigbjørn Gjelsvik, Kari Elisabeth Kaski og Kjell Ingolf Ropstad om provenynøytral omlegging av finansskatten der forhøgd arbeidsgivaravgift vert fjerna, jf. Innst. 365 (2017–2018).

Av Prop. 1 S (2019–2020) frå Finansdepartementet går følgjande fram om departementet si oppfølging:

«Ein modell for ein endra finansskatt er presentert i Prop. 1 LS (2019–2020), kap. 22. Denne modellen kan gje same proveny som gjeldande finansskatt. Det vil derimot ikkje verte fremja eit slikt forslag med verknad for 2020. Omlegginga bør utstå til blant anna prosessen overfor ESA, knytt til like konkurransevilkår for offentlege og private verksemder, er avklart.»

I Innst. 5 S (2019–2020), pkt. 2.2.2, og Innst. 3 S (2019–2020), pkt. 17.6, tok fleirtalet i finanskomiteen omtalen til orientering.

Departementet tek til etterretning at fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen – medlemane frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti – ikkje ser vedtaket som utkvittert, jf. Innst. 580 S (2020–2021). Komitémindretalet slutta seg til regjeringa si behandling og vurderte vedtaket som utkvittert.

Departementet viser til framstillinga i Prop. 1 S (2019–2020), som finanskomiteen tok til orientering, og legg til grunn at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom dette.

4.5 Stortingssesjon 2016–2017

Land-for-land rapportering

Vedtak nr. 48, 15. november 2016

«Stortinget ber regjeringen sørge for at selskap som etter forslagene i land-for-land-rapportering til skattemyndighetene, også blir pliktige til å rapportere etter regnskaps- og verdipapirloven, og at selskapene skal rapportere betalt inntektsskatt og påløpt inntektsskatt, antall ansatte, akkumulert fortjeneste, resultat før skattekostnad, summen av inntekter fra transaksjoner med nærstående/ikke nærstående foretak og bokført egenkapital»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 120 L (2015–2016) Endringer i ligningsloven (land-for-land-rapportering til skattemyndighetene) og tilhøyrande Innst. 42 L (2016–2017). I Meld. St. 15 (2020–2021) opplyste Finansdepartementet at det tok sikte på å utarbeide forslag til lovendringar som vil verte sendt på høyring. I Innst. 580 S (2020–2021) opplyste kontroll- og konstitusjonskomiteen at den føreset at arbeidet med å gjennomføre Stortingets vedtak gis høg prioritet og opprettheld vedtaket i påvente av dette.

Reglar om offentleggjering/rapportering av informasjon frå store, multinasjonale selskap fungerer best når dei er samkøyrde på tvers av landegrensene. Like reglar bidreg til god informasjon, like konkurransevilkår og fråvær av regelverksarbitrasje. På europeisk nivå har det lenge vore diskutert om ein bør innføre krav om offentleggjering av visse skatterelaterte opplysingar for store fleirnasjonale føretak som driv verksemd i EU. Prosessen har stått stille i lengre tid, men sommeren 2021 vart det oppnådd politisk semje om regelverket om offentleggjering av visse skatterelaterte opplysingar. Sidan det vil kome EØS-relevante EU-reglar på sentrale delar av området som oppmodingsvedtaket dekkjer, vil oppmodingsvedtaket verte følgt opp i samband med gjennomføring av Noregs ventede EØS-rettslege skyldnader. Det vil samstundes vere behov for ei særskild vurdering av det nasjonale handlingsrommet ved sidan av slike reglar. Finansdepartementet tek sikte på å utarbeide og høyre forslag til lovendringar basert på nye EU-reglar.

Sikre behovet hos bustadkjøpare for meir tid i bustadhandelen

Vedtak nr. 1040, 20. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen sikre boligkjøpernes behov for mer tid i bolighandelen gjennom forskriftene til eiendomsmeglingsloven eller ved å fremme forslag for Stortinget om endringer i avhendingsloven»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:123 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Hans Olav Syversen, Line Henriette Hjemdal, Hans Fredrik Grøvan, Kjell Ingolf Ropstad og Geir Sigbjørn Toskedal om tiltak for å styrke forbrukernes rettigheter i handel med bolig, jf. Innst. 477 S (2016–2017).

I Prop. 1 S (2019–2020) opplyste Finansdepartementet at det tok sikte på å setje ned eit lovutval hausten 2019 for å revidere eigedomsmeklingslova. Utvalet vart sett ned 11. oktober 2019, jf. Meld. St. 12 (2019–2020). I Meld. St. 15 (2020–2021) vart det vist til omtalen i Prop. 1 S (2020–2021), der departementet opplyste at utvalget hadde frist 5. januar 2021 med å levere si innstilling. Departementet tek til etterretning at kontroll- og konstitusjonskomiteen ikkje anså vedtaket som utkvittert, jf. Innst. 580 S (2020–2021).

Utvalet overleverte si utgreiing, NOU 2021: 7 Trygg og enkel eiendomsmegling — Evaluering av eiendomsmeglingsloven og forslag til en fremtidsrettet regulering, 4. juni 2021. Utgreiinga inneheld mellom anna forslag til endringar som skal sikre forbrukarar meir tid i bustadhandelen. Utgreiinga har vore på høyring til oktober 2021. Departementet vil vurdere forslaga i ljos av dei innkomne høyringsfråsegnene når det arbeider vidare med å følgje opp oppmodingsvedtaket.

5 Oversiktstabellar for budsjettet

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

Regjeringa

20

Statsministerens kontor

132 807

103 315

100 181

-3,0

21

Statsrådet

190 046

177 242

175 969

-0,7

24

Regjeringsadvokaten

119 469

123 141

125 815

2,2

Sum kategori 00.30442 322403 698401 965-0,4

Stortinget og tilknytte organ

41

Stortinget

1 263 026

1 368 800

1 416 285

3,5

42

Stortingets ombodsnemnd for Forsvaret

7 128

7 600

7 766

2,2

43

Stortingets ombod for kontroll med forvaltninga

88 936

92 511

94 287

1,9

44

Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste

25 174

34 600

35 105

1,5

45

Noregs institusjon for menneskerettar

26 665

26 100

26 040

-0,2

51

Riksrevisjonen

555 930

580 391

592 577

2,1

Sum kategori 00.401 966 8592 110 0022 172 0602,9

Sum programområde 002 409 1812 513 7002 574 0252,4

Finansadministrasjon

1600

Finansdepartementet

50 493 324

542 981

531 921

-2,0

1602

Finanstilsynet

452 580

445 178

475 860

6,9

1605

Direktoratet for forvaltning og økonomistyring

806 685

866 800

932 857

7,6

Sum kategori 23.1051 752 5891 854 9591 940 6384,6

Skatte-, avgifts- og tolladministrasjon

1610

Tolletaten

1 723 892

1 729 475

1 794 107

3,7

1618

Skatteetaten

7 214 827

7 784 328

8 231 132

5,7

1619

Skatteklagenemnda

66 943

71 213

72 090

1,2

Sum kategori 23.209 005 6629 585 01610 097 3295,3

Offisiell statistikk

1620

Statistisk sentralbyrå

888 516

874 860

897 347

2,6

Sum kategori 23.30888 516874 860897 3472,6

Andre føremål

1632

Kompensasjon for meirverdiavgift

29 155 976

31 200 000

31 180 000

-0,1

1633

Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift

8 131 831

8 392 600

9 100 000

8,4

1634

Kompensasjon for inntektssvikt som følgje av koronaviruset

7 570 350

430 000

-100,0

1645

Statleg garantiordning for lån til små og mellomstore føretak

10 010 000

3 000

4 000

33,3

Sum kategori 23.4054 868 15740 025 60040 284 0000,6

Sum programområde 23116 514 92452 340 43553 219 3141,7

Statsgjeld, renter og avdrag m.m.

1650

Statsgjeld, renter m.m.

10 472 723

10 160 900

10 250 600

0,9

1651

Statsgjeld, avdrag og innløysing

13 995 000

88 000 000

-100,0

Sum kategori 24.1024 467 72398 160 90010 250 600-89,6

Sum programområde 2424 467 72398 160 90010 250 600-89,6

Sum utgifter

143 391 828

153 015 035

66 043 939

-56,8

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Forslag 2022

Endring i pst.

Regjeringa

3021

Statsrådet

224

0,0

3024

Regjeringsadvokaten

16 039

20 200

20 700

2,5

Sum kategori 00.3016 26320 20020 7002,5

Stortinget og tilknytte organ

3041

Stortinget

6 746

7 100

8 000

12,7

3051

Riksrevisjonen

3 072

2 300

2 300

0,0

Sum kategori 00.409 8189 40010 3009,6

Sum programområde 0026 08129 60031 0004,7

Finansadministrasjon

4600

Finansdepartementet

1 292

400

200

-50,0

4602

Finanstilsynet

15 567

13 088

13 300

1,6

4605

Direktoratet for forvaltning og økonomistyring

184 279

155 300

198 100

27,6

5580

Sektoravgifter under Finansdepartementet

450 143

452 810

485 860

7,3

Sum kategori 23.10651 281621 598697 46012,2

Skatte-, avgifts- og tolladministrasjon

4610

Tolletaten

58 628

51 365

60 200

17,2

4618

Skatteetaten

2 211 680

2 354 096

2 548 000

8,2

Sum kategori 23.202 270 3082 405 4612 608 2008,4

Offisiell statistikk

4620

Statistisk sentralbyrå

243 247

275 634

263 194

-4,5

Sum kategori 23.30243 247275 634263 194-4,5

Sum programområde 233 164 8363 302 6933 568 8548,1

Statlege fordringar, avsetningar m.m.

4670

Den nordiske investeringsbanken

70 237

0,0

5341

Avdrag på uteståande fordringar

9 064

6 000 700

700

-100,0

5351

Overføring frå Noregs Bank

19 706 302

18 600 000

10 113 000

-45,6

5605

Renter av kontantar i statskassa og av andre fordringar

1 838 344

1 200 700

1 501 800

25,1

5692

Utbyte av statens kapital i Den nordiske investeringsbanken

104 052

104 100

100,0

5693

Utbyte av aksjar i ymse selskap m.m.

863

800

300

-62,5

Sum kategori 24.2021 728 86225 802 20011 719 900-54,6

Sum programområde 2421 728 86225 802 20011 719 900-54,6

Sum inntekter

24 919 779

29 134 493

15 319 754

-47,4

5.1 Bruk av stikkordet «kan overførast»

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2021

Forslag 2022

20

21

Spesielle driftsutgifter, Koronakommisjonen

6 219

5 000

41

21

Spesielle driftsutgifter

400

2 400

1600

21

Spesielle driftsutgifter

40 600

101 700

1618

22

Større IT-prosjekt

35 419

616 800

1620

21

Spesielle driftsutgifter

14 343

244 194

Til forsida