Forsida

Prop. 1 S (2022–2023)

FOR BUDSJETTÅRET 2023 — Utgiftskapittel: 200–289 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 2
Nærare om budsjettforslaget

4 Nærare om budsjettforslaget

Programkategori 07.10 Administrasjon

Utgifter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

200

Kunnskapsdepartementet

424 875

386 334

397 298

2,8

201

Analyse og kunnskapsgrunnlag

232 015

261 361

280 159

7,2

Sum kategori 07.10

656 890

647 695

677 457

4,6

Inntekter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

3200

Kunnskapsdepartementet

680

0,0

Sum kategori 07.10

680

0,0

Kategorien omfattar løyvingar til drift av Kunnskapsdepartementet. Oppgåver og prioriteringar i Kunnskapsdepartementet følger av politikken og måla innanfor områda skule, barnehage, kompetansepolitikk, forsking, høgare utdanning, høgare yrkesfagleg utdanning og utdanningsstøtte. Dei ulike fagområda er nærare omtala under programkategoriane lenger bak i proposisjonen.

Kap. 200 Kunnskapsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Driftsutgifter

402 512

366 664

382 130

21

Særskilde driftsutgifter

16 693

16 500

11 935

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

5 670

3 170

3 233

Sum kap. 200

424 875

386 334

397 298

Post 01 Driftsutgifter, post 21 Særskilde driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Mål for 2023

Dei faglege måla for departementet er omtala i dei aktuelle fagkapitla og i kap. 1 Hovudinnleiing. Følgande mål gjeld for arbeidet i Kunnskapsdepartementet. Departementet skal

  • ha eit godt kunnskapsgrunnlag for utforminga av kunnskapspolitikken

  • sikre at kunnskapspolitikken blir sett i verk

  • ha ein god dialog med alle relevante aktørar i samfunnet

  • legge til rette for at barnehagebarn, elevar, studentar og tilsette skal vere trygge ved utdanningsverksemdene der dei oppheld seg

Kunnskapsdepartementet har formulert eit sett med verdiar som er rettesnorer for arbeidet med å nå måla:

  • profesjonalitet

  • openheit

  • gjennomføring

Resultat i 2021

Samanhengen mellom måla for departementet og resultata i sektoren er avleia og indirekte. Det meste av innsatsen skjer i utdanningsinstitusjonar og forskingsinstitutt. Rolla departementet har, er å førebu avgjerder som Stortinget og regjeringa tek om overordna rammer, og å setje i verk dei tiltaka avgjerdene fastset.

Kunnskapsgrunnlaget om barnehage, utdanning og forsking er ganske godt. Mykje kunnskap er tilgjengeleg i forsking og offentleg statistikk. I tillegg arbeider Kunnskapsdepartementet vedvarande med å legge til rette for utdanningsforsking, jf. omtale under kap. 201. Internasjonale undersøkingar kastar lys over kva vi oppnår i Noreg samanlikna med andre land. Gjennom kontakt med elev- og studentorganisasjonar og andre interessentar i sektoren får departementet viktig kunnskap om korleis målgruppene opplever politikken.

Underliggande verksemder set i verk mange av tiltaka i sektoren. Departementet gjennomfører vedteken politikk gjennom å styre desse verksemdene. Nye oppgåver og behov i forvaltninga følger når omgivnadene, politikken og teknologien endrar seg. Oppgåveporteføljane til verksemdene er derfor heile tida i endring. Av og til er det grunn til å gjere ein samla gjennomgang av organiseringa. Departementet gjorde ein slik gjennomgang i 2021. Då vart oppgåvefordelinga mellom verksemdene meir samordna, og nokre av verksemdene vart slegne saman til større einingar. Oversikt over dei underliggande verksemdene til departementet går fram av vedlegg 5 Underliggande verksemder o.a.

Boks 4.1 Proposisjonar og meldingar Kunnskapsdepartementet har lagt fram for Stortinget i 2021–22

  • Prop. 9 L (2021–2022) Endringer i midlertidige lover om tilpasninger i barnehageloven, opplæringsloven, friskoleloven, introduksjonsloven og integreringsloven for å avhjelpe konsekvenser av utbrudd av covid-19 (forlengelse)

  • Prop. 74 L (2021–2022) Endringer i opplæringsloven, universitets- og høyskoleloven og fagskoleloven (endring av NOKUTs oppgaver, studentrettigheter mv.)

  • Prop. 82 L (2021–2022) Endringer i barnehageloven (selvstendig rettssubjekt, forbud mot annen virksomhet, meldeplikt m.m.)

  • Prop. 98 L (2021–2022) Endringer i friskolelova (nytt navn på loven og oppheving av to godkjenningsgrunnlag)

  • Prop. 109 L (2021–2022) Endringer i midlertidig lov om tilpasninger i barnehageloven, opplæringslova og friskolelova for å avhjelpe konsekvenser av utbrudd av covid-19 (forlengelse)

Dei faste budsjettproposisjonane er ikkje med i oversynet.

Særskilt om tryggleik og beredskap

Kunnskapsdepartementet har det overordna ansvaret for samfunnstryggleik og beredskap innanfor heile departementets politikkområde. Menneskeliv og helse er den fremste verdien som aktørar i sektorane under Kunnskapsdepartementet må trygge. I tillegg forvaltar dei store mengder informasjon, mellom anna personopplysningar, forskingsdata, kunnskap om utvikling av teknologi, vitskapleg utstyr, vitskaplege og historiske samlingar og historiske bygningar, som kan vere særleg utsette og må tryggast. Institusjonar i sektoren har også forvaltningsoppgåver som er viktige for samfunnstryggleiken, til dømes analysekapasitet innanfor naturfarar, helse, luft og vatn.

Sektorane under Kunnskapsdepartementet arbeider med tryggleik og beredskap innanfor ulike scenario som smittsame sjukdomar, digitale hendingar, utanlandsk etterretning, ulykker, vald og terror. Dei store menneskesamlingane på avgrensa område har tidlegare vore definerte som ein viktig faktor i arbeidet med tryggleik og beredskap i sektorane. Med sektorar som tel om lag 1,6 mill. personar har departementet og sektorane hatt eit stort ansvar under covid-19-pandemien, og i store delar av 2021 handla arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i sektorane under Kunnskapsdepartementet om korleis ulike funksjonar og tenester skulle driftast når ein samstundes måtte ta omsyn til smittevern. Departementet hadde krisestab gjennom det meste av 2021 og har i perioden behandla ei rekke praktiske, økonomiske og juridiske faglege problemstillingar og samstundes vore eit sentralt departement i den nasjonale handteringa av krisa. Informasjon og kommunikasjon til dei ulike målgruppene har vore sentralt i Kunnskapsdepartementets krisehandtering. For nærare omtale av handteringa av pandemien i sektoren, sjå kap. 11 i Prop. 1 S (2020–2021) og Prop. 1 S (2021–2022) for Kunnskapsdepartementet.

Covid-19-pandemien har tydeleggjort at rask og sikker deling av data til analysar og statistikk vil styrke Noreg si evne til å handtere framtidige kriser. Regjeringa har derfor sett behov for eit betre system for å sikre kunnskap i kriser og har sett i gang eit arbeid på dette i form av ein kjernegruppe på departementsrådsnivå leia av Kunnskapsdepartementet.

I 2021 arbeidde Kunnskapsdepartementet med å oppdatere Styringsdokument for arbeidet med sikkerhet og beredskap i Kunnskapsdepartementets sektor, eit dokument som blei publisert i januar 2022. Styringsdokumentet er utarbeidd for å bidra til systematisk og god oppfølging av arbeidet med tryggleik og beredskap. I den nye versjonen søker departementet å gjere tydeleg kva som er krav og kva som er tilrådingar overfor ulike aktørar i sektoren. Dokumentet reflekterer no ei meir heilskapleg tilnærming mellom samfunnstryggleik og nasjonal tryggleik og har derfor endra namn.

Ein viktig føresetnad for arbeidet med samfunnstryggleik og handtering av uønskte hendingar er gode system og høg kompetanse hos verksemda, men òg hos den einskilde, om korleis ein bør handle. Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet har utarbeidd ulike dokument med krav, tilrådingar og rettleiingar for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i kunnskapssektoren. Sikresiden.no er ein nettapp som gir om lag 400 000 studentar og tilsette og 30 verksemder i universitets- og høgskulesektoren brukarvennleg informasjon og opplæring på feltet. I 2021 utvikla sikresiden.no tre nye kunnskapsspel for studentar, mellom anna eit spel som gav hjelp til handtering av studentlivet i koronasituasjonen. Sikresiden.no har òg jobba saman med Politiets tryggingsteneste (PST) om å lage informasjon om spionasje retta mot høgare utdanning og forsking.

I april 2021 organiserte Beredskapsrådet for kunnskapssektoren i samarbeid med Kunnskapsdepartementet og Nord universitet ein digital konferanse om mellom anna kontroll med kunnskapsoverføring og digital tryggleik.

Departementet har stor merksemd på risikoen for informasjonstryggleiks- og personvernhendingar i høgare utdanning og forsking. Departementet gav i 2019 dåverande Unit ansvaret for den løpande sektorstyringa av informasjonstryggleik og personvern i denne sektoren. I 2020 var departementets styringsmodell for informasjonstryggleik og personvern i høgare utdanning og forsking ferdig innført. Ei årleg risiko- og tilstandsvurdering for universitets- og høgskulesektoren gir ei felles situasjonsforståing og eit grunnlag for Kunnskapsdepartementet til å fastsetje risikoreduserande tiltak for sektoren. Vurderinga bygger på ei årleg kartlegging av tryggleikstilstanden hos alle dei statlege verksemdene i universitets- og høgskulesektoren og gir konkret informasjon om styrkar og veikskapar hos den einskilde verksemda som så blir følgde opp av Kunnskapsdepartementet. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), som blei etablert 1. juli 2021, har vidareført arbeidet med styringsmodellen. Frå 2021 har Kunnskapsdepartementet i etatsstyringa gitt tilbakemeldingar om informasjonstryggleik og personvern til den einskilde statlege verksemda i universitets- og høgskulesektoren på grunnlag av risiko- og tilstandsvurderingane frå Unit og seinare HK-dir. I 2020 vart det nasjonale Rammeverk for handtering av IKT-tryggleikshendingar gjort gjeldande for dei underliggande verksemdene i høgare utdanning og forsking, og ei vurdering av dette for dei underliggande verksemdene i barnehagesektoren og grunnopplæringa vart sett i verk i 2021.

For å bidra til auka kunnskap og medvit om balansen mellom openheit og aktsemd i internasjonalt samarbeid har Kunnskapsdepartementet mellom anna etablert Rundebord for akademisk samarbeid med Kina som ein fast møteplass for gjensidig informasjonsutveksling mellom styresmaktene og norske høgare utdannings- og forskingsinstitusjonar.

Oppfølging av tryggingslova

Lov om nasjonal sikkerhet (tryggingslova) tok til å gjelde 1. januar 2019, og alle sektorar arbeider med å implementere lova. Formålet med lova er å trygge dei nasjonale sikkerheitsinteressene våre og å førebygge, avdekke og motverke sikkerheitstruande verksemd. Dei nasjonale sikkerheitsinteressene blir trygga ved at departementa identifiserer grunnleggande nasjonale funksjonar (GNF) innanfor sine ansvarsområde, verksemder som er avgjerande viktige for GNF, vert underlagde tryggingslova, og nødvendige sikringstiltak for skjermingsverdige verdiar vert gjennomførte. For å vareta formålet med lova vil GNF-prosessen vere kontinuerleg. Kunnskapsdepartementet har identifisert følgande grunnleggande nasjonale funksjon i eigen sektor: «Kunnskapsdepartementets verksemd, handlefridom og avgjerdsdyktigheit» omfattar departementets rolle som fagleg sekretariat for politisk leiing, utøving av myndigheit og styring og oppfølging av underliggande verksemder. Departementet arbeider framleis med å identifisere andre GNF i eigen sektor.

Tryggleik og beredskap innanfor integreringsfeltet låg under Kunnskapsdepartementet i 2021. Resultat for integreringsfeltet er i Prop. 1 S (2022–2023) under Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 382,1 mill. kroner på post 01. Forslaget inneber ein reduksjon på 1,2 mill. kroner som følge av endra jobbreisevanar etter covid-19-pandemien. Vidare er løyvinga foreslått redusert med 0,5 mill. kroner for å dekke inn kostanden med e-postsynkronisering i departementet.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 5 mill. kroner på post 01 knytta til kapasiteten i departementet på sentrale område.

Løyvinga på posten er redusert med 0,6 mill. kroner som følge av at det i saldert budsjett 2022 vart rekna ut for mykje i kompensasjon ved innføring av ny premiemodell i Statens pensjonskasse, jf. omtale i del I, kap. 1 Hovudinnleiing.

Departementet foreslår å flytte 5 mill. kroner frå post 21 til post 01, for å dekke auka kostnadar i samband med sterk vekst i husleige- og straumutgifter.

Departementet foreslår å løyve 11,9 mill. kroner på post 21 og 3,2 mill. kroner på post 45.

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3200, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3200 Kunnskapsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

02

Salsinntekter o.a.

680

Sum kap. 3200

680

Resultat i 2021

Kunnskapsdepartementet har ikkje verksemd som vanlegvis gir inntekter, men det hender at det kjem tilfeldige inntekter. Inntektene i 2021 skriv seg mellom anna frå vederlag for tilsette som har vore lånte ut til andre verksemder, og frå sal av utrangert IKT-utstyr.

Kap. 201 Analyse og kunnskapsgrunnlag

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

21

Særskilde driftsutgifter

232 015

261 361

280 159

Sum kap. 201

232 015

261 361

280 159

Utdanningsforsking

Noreg treng forsking av høg kvalitet om og for utdanningssektoren. Utdanningsforskinga skal, forutan å gi ny kunnskap og erkjenning generelt, bidra til god praksis og høgare kvalitet i barnehagane, i skulane, i høgare utdanning og i kompetansepolitikken, og gi eit solid grunnlag for politikkutvikling. Gode miljø for utdanningsforsking skal bringe fram eit godt kunnskapsgrunnlag som gir rom for ein meir opplyst debatt om innhald, læring, ressursbruk og resultat.

FoU-statistikken frå NIFU viser at forskinga på barnehagen, grunnopplæringa, fagskulen, høgare utdanning og læring blant vaksne har auka i omfang dei siste åra. Den eksterne evalueringa av utdanningsforskinga i Noreg i 2018 viste at kvaliteten på og relevansen til forskinga er blitt betre, og fleire gode og produktive fagmiljø har vakse fram.

Departementet vil følge opp måla i Kunnskapsdepartementets strategi for utdanningsforskning. Forskning, kunnskapsmegling og bruk 2020–2024. Mellom anna er det behov for å fremje metodemangfald, styrke vitskapleg kompetanse der forskingstradisjonane er svake, og stimulere både til samarbeid på tvers av forskingsdisiplinar og til brukarmedverknad i forskinga. Vidare trengst forsking som stimulerer til nærare samarbeid mellom lærarutdanningane og forskinga der og den forskinga som elles går føre seg i sektoren. Tverrfagleg forsking og samarbeid på tvers av fagdisiplinar og fagmiljø nasjonalt og internasjonalt kan framleis styrkast, og det trengst meir forsking som tek for seg samansette problem i oppvekst- og utdanningssektoren. Det er òg behov for fleire kunnskapsoppsummeringar og betre tilgang til og deling av data som har relevans for utdanningssektoren. Departementet vil arbeide for at forsking i utdanningssektoren blir relevant, lett tilgjengeleg og forståeleg for brukarane.

Porteføljar og ordningar i Forskingsrådet, FoU-innsats i underliggande etatar, departementets eigne utlysingar, og senterordningar er verkemiddel departementet tek i bruk for å følge opp dei langsiktige måla for utdanningsforskinga. Saman med grunnløyvingane til forskingsinstitusjonane skal dette bidra til kontinuitet og vidare oppbygging av forskinga som Kunnskapsdepartementet har sektoransvar for.

I strategien for utdanningsforsking blir nokre område med særskilde kunnskapsbehov framheva. Det trengst meir kunnskap om kva digitaliseringa inneber, til dømes om opplæring og undervising, læring hos barn, elevar og studentar, rolla til lærarane og forelesarane, og dessutan om oppvekstvilkåra for barn og unge. Det er òg eit behov for å styrke spesialpedagogikk som forskingsfelt. Det ligg føre lite forsking og statistikk om vaksne og deira opplæring i grunnskulen og vidaregåande skule. I høgare utdanning er det mellom anna behov for å styrke kunnskapsgrunnlaget om fagskular, overgongar, gjennomstrøyming og studentaktiv læring.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Posten finansierer aktivitetar som styrker analyse- og kunnskapsgrunnlaget om dei sektorane departementet har ansvaret for.

Mål for 2023

Eit godt kunnskapsgrunnlag for utforminga av kunnskapspolitikken.

Resultat i 2021

Ein gjennomgang av Forskingsrådets aktivitetar retta mot utdanning og kompetanse i 2021 viser at Forskingsrådet har prosjekt innanfor nesten alle fagområde, men at det meste av den samla innsatsen går til fagmiljø i samfunnsvitskap, der dei pedagogiske faga utgjer brorparten. Kvaliteten på søknadene til porteføljen for utdanning og kompetanse er høg, og det er fleire innovasjons- og samarbeidsprosjekt med forpliktande brukarmedverknad enn tidlegare. Det har òg vore gjennomført ei særskild satsing for å bidra til å styrke kapasitet, kvalitet og kompetanse for forsking med effekt- og kontrollgrupper i utdanningssektoren.

Under halvdelen av prosjekta i porteføljen for utdanning og kompetanse omfattar internasjonalt prosjektsamarbeid, mest med Storbritannia og dei nordiske nabolanda. Like fullt er det teikn på auka internasjonalt engasjementet i utdanningsforskinga, både ved at forskarar har hatt suksess i det europeiske forskingsrådet (ERC), og at talet på prosjekt med samarbeid med utlandet har stige i 2021.

Forsking om barnehagesektoren, profesjonsutdanningane og høgare utdanning har auka. Det er flest prosjekt om grunnskule og høgare utdanning i porteføljen og færrast om læring for vaksne og vidaregåande opplæring.

Kunnskapsgrunnlaget for integreringsfeltet låg under Kunnskapsdepartementet i 2021. Resultat for integreringsfeltet er omtala i Prop. 1 S (2022–2023) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 280,1 mill. kroner på post 21.

Fagmiljøet for læringsanalyse (SLATE) ved Universitetet i Bergen skal styrke forskinga på og bruken av læringsanalyse i Noreg. Midtvegsevalueringa skildrar eit unikt tverrfagleg forskingsmiljø og viser at senteret oppfyller måla i mandatet frå departementet. Departementet foreslår å vidareføre løyvinga for senteret i 2023.

Kunnskapssenter for utdanning (KSU) blei flytta frå Forskingsrådet til Universitetet i Stavanger i 2019. Senteret skal ha oversyn over og formidle nasjonal og internasjonal forsking som kan gi innsikt i kva som medverkar til kvalitet i utdanninga og opplæringa. Departementet foreslår å vidareføre løyvinga for senteret i 2023.

Statped skal ikkje lenger forske. I 2021 blei det derfor flytta 3 mill. kroner frå Statped til å opprette eit senter for forsking på spesialpedagogikk og inkludering. I 2022 blei det totalt løyvd 6 mill. kroner til dette senteret. Departementet foreslår å flytte ytterlegare 1 mill. kroner, slik at det i 2023 totalt blir løyvd 7 mill. kroner til Senter for spesialpedagogisk forsking og inkludering (SpedAims). Senteret er eit samarbeid mellom universiteta i Oslo, Bergen, Stavanger og Agder og Nord universitet.

HK-dir har fått i oppdrag å starte eit program for betre deling av data om utdanning og forsking. Målet er ein infrastruktur for vidarebruk av data som gir rask, rimeleg og sikker tilgang. Data skal kunne koplast på tvers av kjelder og innanfor og på tvers av verksemder og sektorar. Programmet starta opp i 2022, og oppdraget skal løysast i samarbeid med andre verksemder under Kunnskapsdepartementet. Departementet foreslår å løyve 20 mill. kroner til programmet Kunnskapssektorens datafellesskap (KUDAF) i 2023.

Centre for educational measurement (CEMO) ved UiO medverkar til nasjonal og internasjonal kompetanseutvikling innanfor pedagogiske målingar. Senteret har vore delfinansiert frå Kunnskapsdepartementet i 10 år, etter avtale. Den statlege delfinansieringa av senteret tek slutt i 2023, og departementet foreslår å løyve 8,1 mill. kroner til porteføljen for utdanning og kompetanse i Forskingsrådet. Departementet foreslår at desse midlane mellom anna blir nytta til å fremje forsking om og for utsette barn og unge, i tråd med Barn og unge 21-strategien som Barne- og familiedepartementet følger opp, og i tråd med regjeringas arbeid med sosial utjamning, jf. Prop. 1 S (2022–2023) for Barne- og familiedepartementet og Prop. 1 S (2022–2023) for Helse- og omsorgsdepartementet.

Departementet foreslår å løyve 1,2 mill. kroner til HK-dir for oppdraget med å vidareføre ADMOD-prosjektet i Statistisk sentralbyrå (SSB). Prosjektet framskriv langsiktige behov for og tilgang på kompetanse i Noreg. ADMOD er ei samfinansiering med Nærings- og fiskeridepartementet, med prosjektperiode 2021–24. Prosjektet er knytt til arbeidet i Kompetansebehovsutvalet (KBU).

Digitaliseringa har konsekvensar for utviklinga og læringa til barn og elevar, og det er behov for meir kunnskap om korleis digitaliseringa kan gå føre seg på best mogleg måte. Departementet tar sikte på å tildele 10 mill. kroner til Forskingsrådet til forsking på digitalisering i barnehagar og i grunnopplæringa. Satsinga vil bli tilpassa område i regjeringas komande strategi for digital kompetanse og infrastruktur som skal gjelde for barnehagar og grunnopplæringa. Deler av midlane oppførte til portefølje for utdanning og kompetanse i Noregs forskingsråd kan bli nytta av departementet til styrking av forsking på underforska område innan utdanning.

Forsking og innovasjon er viktig for omstillinga av næringslivet og utviklinga av samfunnet. Satsinga FORINNPOL i Forskingsrådet finansierer tre senter som skal styrke kunnskapsgrunnlaget for forskings- og innovasjonspolitikken: R-Quest-senteret ved NIFU skal gi innsikt i korleis vi kan forstå og utvikle kvalitet i forskinga, medan OSIRIS-senteret ved UiO skal gi forståing av på kva måte resultat og effektar av forsking oppstår. Senteret INTRANSIT ved UiO skal studere kva som kan fremje omstillinga til ein meir berekraftig og smartare norsk økonomi. Departementet foreslår å løyve 13 mill. kroner til FORINNPOL-sentera i 2023.

Tabell 4.1 Løyvingar på kap. 201, post 21

(1 000 kr)

Midlar til portefølje for utdanning og kompetanse i Noregs forskingsråd. Porteføljen finansierer forskings- og innovasjonsprosjekt i utdanningssektoren på alle nivå i utdanningsløpet

201 900

Program for framtidig deling av data om utdanning og forsking: Kunnskapssektorens datafellesskap (KUDAF)

20 000

Forsking om forskings- og innovasjonspolitikk (FORINNPOL) gjennom Noregs forskingsråd

13 000

Kunnskapssenter for utdanning ved Universitetet i Stavanger (KSU). Senteret skal ha oversyn over og formidle nasjonal og internasjonal forsking som kan gi innsikt i kva som medverkar til kvalitet i utdanninga og opplæringa

12 950

Forsking på digitalisering i barnehagar og grunnopplæringa

10 000

Senter for spesialpedagogisk forskning og inkludering, SpedAims ved UiO

7 000

Fagmiljø for læringsanalyse (Center for the Science of Learning & Technology SLATE) ved Universitetet i Bergen

6 050

Nye analysar, forsøk og utgreiingar

4 759

Kunnskapsdepartementets statistikkavtalar med SSB, OECD og EU

3 300

ADMOD-prosjektet i SSB

1 200

Totalt

280 159

Programkategori 07.20 Grunnopplæringa

Utgifter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

220

Utdanningsdirektoratet

653 248

627 253

669 246

6,7

221

Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

15 187

16 034

16 141

0,7

222

Statlege skular og fjernundervisningstenester

155 422

153 000

129 353

–15,5

223

Diamanten skole

27 473

100,0

224

Tilskot til freds- og menneskerettssenter

114 322

122 132

125 662

2,9

225

Tiltak i grunnopplæringa

1 631 431

1 918 965

2 384 721

24,3

226

Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

4 186 056

3 484 122

2 825 930

–18,9

227

Tilskot til særskilde skular

229 789

230 986

222 277

-3,8

228

Tilskot til private skular o.a.

6 197 458

5 908 747

6 471 436

9,5

229

22. juli-senteret

52 667

100,0

230

Statleg spesialpedagogisk teneste

654 692

654 696

623 053

–4,8

Sum kategori 07.20

13 837 605

13 115 935

13 547 959

3,3

Inntekter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

3220

Utdanningsdirektoratet

1 846

2 406

2 478

3,0

3222

Statlege skular og fjernundervisningstenester

23 444

21 040

20 986

–0,3

3223

Diamanten skole

685

100,0

3225

Tiltak i grunnopplæringa

6 130

11 201

76 128

579,7

3230

Statleg spesialpedagogisk teneste

31 978

32 295

33 264

3,0

Sum kategori 07.20

63 398

66 942

133 541

99,5

Innleiing

Det 18-årige utdanningsløpet for barnehage, grunnskule og vidaregåande opplæring skal legge til rette for at alle barn og unge får like moglegheiter til å leve eit meiningsfullt liv. Noreg har ein lang tradisjon i å gjere utdanning tilgjengeleg for alle, uavhengig av sosial bakgrunn, klasse og geografi. Fellesskulen er ein del av grunnmuren i den norske velferdsstaten. Det at alle møtest i dei same klasseromma og går gjennom det same opplæringsløpet er med på å bygge eit samfunn med høg tillit, små skilnader og stor omstillingsevne.

I Hurdalsplattforma peiker regjeringa på at auka avmakt, privatisering og sentralisering av tenester og auka ulikskap tærer på tillit, tryggleik og samhald. Dette stiller enda større krav til grunnopplæringa enn tidlegare, både på overordna nivå og for moglegheitene for den einskilde eleven. Regjeringa vil styrke fellesskulen og tilpasse grunnopplæringa til dagens utfordringar og moglegheiter.

Den norske grunnopplæringa skal vere blant dei som presterer best og er mest likeverdig i verda. Opplæringa skal bidra til eit berekraftig samfunn med små skilnader og høg tillit. Regjeringa vil prioritere ein sterk offentleg fellesskule framfor å privatisere skulen.

Utdanningsløpet skal gi større moglegheiter for den einskilde og mindre skilnader for samfunnet. Derfor vil regjeringa setje inn innsatsen på fem område:

Ein sterkare fellesskule

Noreg har lange tradisjonar med ein sterk offentleg skule. Ein fellesskule for alle sørger for at elevar med ulik bakgrunn og ulike interesser møtest og lærer saman. Regjeringa vil bygge vidare på denne tradisjonen. Regjeringa vil ha ein fellesskule som er så variert og god at alle elevar har moglegheit til å finne seg til rette. Den offentlege skulen skal møte det kompetansebehovet arbeidslivet har, og det behovet som kjem i åra framover.

Etter forslag frå regjeringa vedtok Stortinget våren 2022 ei ny privatskulelov. Lovendringane er ei oppfølging av Hurdalsplattforma og inneber at det ikkje lenger er høve til å få godkjent profilskular og private yrkesfagskular. Regjeringa greier òg ut korleis lokale folkevalde kan få større innverknad på behandlinga av søknader om etablering av nye privatskular og utvidingar av eksisterande skular. Nokre private skular får særtilskot i tillegg til tilskot som følger av privatskulelova. Departementet foreslår i statsbudsjettet for 2023 å avvikle nokre av desse særtilskota.

Utjamning av sosiale skilnader

Alle barn og elevar skal ha likeverdige moglegheiter, uavhengig av familiebakgrunn. Barn av foreldre med låg utdanning og inntekt har mindre sjanse til å gjennomføre og prestere godt i utdanningsløpet enn andre barn. Forskinga har vist at innsats retta mot barn i barnehagealder er særleg verksamt både for å utjamne skilnader her og no, men også for å førebygge større skilnader på sikt. Regjeringa vil derfor bruke kompetansen og ressursane betre og meir målretta og rette særleg innsats mot barnehagen og dei tidlege skuleåra, der vi veit at innsatsen verkar best når målet er å utjamne sosiale skilnader. Regjeringa vil gjere barnehagen og skulefritidsordninga (SFO) meir tilgjengeleg gjennom lågare prisar. I tillegg vil regjeringa satse på kvalitet og kompetanse som gjer at barnehage, skule og SFO kan medverke til å utjamne dei sosiale skilnadene i samfunnet. Foreldreøkonomien skal ikkje vere avgjerande for val av utdanningsprogram i vidaregåande opplæring, og regjeringa vil derfor styrke utstyrsstipendet og bortebuarstipendet i vidaregåande opplæring.

Arbeidslinja skal ligge til grunn i arbeids- og velferdspolitikken, og fellesskapet skal stille meir opp med aktive tiltak for å få folk i arbeid. Fullført vidaregåande opplæring blir stadig viktigare for ei varig tilknyting til arbeidslivet. Ifølge SSB har 480 000 personar i alderen 25–59 år ikkje fullført grunnskule eller vidaregåande opplæring. Regjeringa vil følge opp fullføringsreforma og sikre at vidaregåande opplæring kvalifiserer til læreplass, arbeid og vidare utdanning.

Tidlegare innsats

Tidlegast mogleg innsats er svært viktig i arbeidet med å redusere dei sosiale skilnadene i samfunnet og skape betre moglegheiter for alle. Regjeringa vil derfor auke innsatsen i småbarnsfasen, ein periode i livet som betyr mykje for barnas utvikling, ved å sjå kvalitetsutviklinga av barnehagane og skulefritidsordninga i samanheng med tidleg innsats i skulen. Jo meir vi som samfunn har fått støtta småbarnsfamiliane i dei første åra, jo betre føresetnader vil barna ha seinare, både på skulen, i det vidare utdanningsløpet og i arbeidslivet.

Barn og unge med behov for særskild tilrettelegging skal bli fanga opp tidlegare, slik at dei kan få den hjelpa og støtta som dei har rett til. Tidlegare innsats vil bidra til å førebygge at utfordringane og tilretteleggingsbehova for barn og unge vert endå større, og vil gi barn betre grunnlag for trivsel, utvikling og læring frå første stund. Dette vil kunne redusere behovet for å setje inn spesialundervisning seinare i utdanningsløpet, fordi fleire barn har fått hjelp tidlegare.

Tidlegare innsats krev eit sterkare lag rundt barna og elevane som har kompetanse til å oppdage ulike utfordringar og til å legge til rette for det pedagogiske tilbodet for alle barn og unge. Kompetansen til dei ulike yrkesgruppene i laget rundt barna og elevane må nyttast på best mogleg måte, slik at dette kan skje.

Ei opplæring som gir meistring og kvalifisering

Regjeringa vil at alle elevar skal få moglegheit til å utvikle seg, med eit meir variert, praktisk og kreativt pedagogisk tilbod. Regjeringa vil legge fram ei melding om korleis elevane sin motivasjon, meistring, læring og utvikling kan styrkast. Elevane på 5.–10. trinn skal oppleve ein meir praktisk og variert skule, og korleis vi vil vidareføre og styrke fagfornyinga og utløyse potensialet i dei nye læreplanane, vil inngå her.

Alle elevar og lærlingar i grunnopplæringa skal oppleve inkludering, trivsel, motivasjon og meistring, same kvar dei er i opplæringa. Det er viktig for fellesskapet at barn og unge med ulik bakgrunn lærer saman. Det er med på å bygge ned skilnader og bygge opp tilliten vi har til kvarandre. Alle elevar skal kunne gå på skule saman med barn frå nærmiljøet. Fellesskulen skal vareta mangfaldet av elevar og ha eit variert og tilpassa tilbod som gjer at alle kan utforske interessene sine og oppfylle potensialet sitt.

Den vidaregåande opplæringa skal gjere alle reelt kvalifiserte til læreplass, arbeid og vidare utdanning. Kompetansebehovet i landet skal ha meir å seie for dimensjonering, innhald og moglegheiter til å velje i vidaregåande opplæring. Opplæringa skal gjere elevane og lærlingane kvalifiserte gjennom gode fagkunnskapar, ferdigheiter og eit breitt grunnlag for vidare utdanning, arbeid og deltaking. Dette er viktig for å møte eit arbeidsliv i stadig raskare endring med nye behov for kompetanse.

Tillit og handlingsrom

Kompetansen til dei tilsette er den viktigaste ressursen for å sikre høg kvalitet på opplæringa. Kvalifiserte lærarar som har tid til å møte kvar einskild elev, er det viktigaste for elevanes læring, trivsel og meistring. Regjeringa vil derfor investere meir i denne kompetansen, både gjennom kompetanseutvikling og gjennom tillit og handlingsrom. Regjeringa vil gjennomføre ei tillitsreform som skal gi innbyggarane betre velferd og betre tenester gjennom å la dei tilsette få større moglegheit til å bruke profesjonen sin til å utøve oppgåvene. Den kompetansen som finst i utdanningssektoren, er eit viktig grunnlag for tillitsbasert leiing og mindre detaljstyring. Regjeringa vil bygge vidare på dette og bidra til å styrke profesjonane. Dei tilsette i barnehagar og skular må få meir tid til barna og elevane og til kjerneoppgåvene sine, og kompetansen deira må bli brukt betre. Regjeringa vil unngå unødvendig statlege føringar, reglar, standardar og liknande. Forsøk, utviklingsprosjekt og utprøvingar vil vere ein viktig del og ha særleg merksemd i arbeidet.

Forslaget til ny opplæringslov som regjeringa tek sikte på å legge fram våren 2023, vil innebere ein tydelegare lovtekst med klårare statlege føringar og forventningar. Dette vil bidra til tillitsreforma ved at lova blir enklare å forholde seg til. For meir omtale av tillitsreforma, sjå del III, kap. 10 Fornye, forenkle og forbetre.

Følgande overordna mål er særleg relevante for løyvingane under programkategori 07.20:

  • Kunnskapssektoren har tilbod av høgare kvalitet

  • Sterkare felles opplærings- og utdanningsmiljø fremjar inkludering, motivasjon og meistring

  • Ein meir samordna og tidlegare innsats for alle barn og unge

  • Medarbeidarane i kunnskapssektoren har meir relevant kompetanse

  • Opplæring og utdanning som gir fleire relevant kvalifisering

  • Kompetanseheving og livslang læring er meir tilgjengeleg for alle over heile landet

Grunnopplæringa er i hovudsak finansiert gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane, det vil seie rammetilskotet og skatteinntekter. Kommunane og fylkeskommunane har eit sjølvstendig ansvar for å budsjettere midlar til grunnopplæringa etter lokale prioriteringar og behov. Dette gjeld midlar til både drift, investeringar og kvalitetsutvikling av grunnopplæringa. Fylkeskommunane gir tilskot til lærebedriftene etter satsar som er fastsette av departementet.

Nedanfor følger hovudprioriteringane til regjeringa for 2023, deretter omtale av tiltak som gjeld følgene av covid-19-pandemien. Etter det kjem det ein brei omtale av ulike tema innanfor grunnopplæringa, der både vurdering av tilstanden og forslag til tiltak for å møte utfordringane inngår. Samla sett viser omtalen korleis tiltak i sektoren skal medverke til å nå dei overordna måla til regjeringa.

For statistikk og meir informasjon om ressursbruken i grunnopplæringa, sjå del III, kap. 6 Nøkkeltal for grunnopplæringa. Sjå òg relevant omtale i del I, kap. 3 Oppfølging av oppmodingsvedtak.

Hovudprioriteringar for 2023

Regjeringa prioriterer tiltak for at fleire skal delta i arbeidslivet. Det å kvalifisere folk til arbeid er viktig både for å dekke opp mangelen på arbeidskraft på kort sikt, og for å møte omstillingane Noreg står overfor på lengre sikt.

Fullført vidaregåande opplæring er viktig for den einskilde, det gir arbeidslivet tilgang på kompetanse, og det er samfunnsøkonomisk lønnsamt. Alle som går inn i vidaregåande opplæring, skal bli kvalifiserte til læreplass, arbeid, utdanning og livslang læring. Regjeringa foreslår derfor ein auke på om lag 330 mill. kroner til tilak for at fleire skal fullføre vidaregåande oppplæring. Det inkluderer vidareføring og styrking av tilskotet til Fagbrev på jobb.

Samla foreslår regjeringa nær 1 mrd. kroner til tiltak for fullføring og kvalifisering i vidaregåande opplæring på kap. 225, post 69. Budsjettforslaget omfattar 458 mill. kroner for å styrke arbeidet for fleire læreplassar og bidra til kvalifisering og formidling til læreplassar i fag- og yrkesopplæringa. Det er ein reel auke på nær 80 mill. kroner i høve til 2022. Tilskotet til Fagbrev på jobb vart etablert i 2020, som svar på utfordringar i arbeidsmarknaden etter utbrotet av covid-19-pandemien. Fagbrev på jobb er ei effektiv ordning for at fleire skal ta eit fagbrev medan dei er i arbeid. Dermed vil dei stå tryggare i eit arbeidsmarknad i stadig endring. Regjeringa foreslår å vidareføre og styrke tilskotet til Fagbrev på jobb til 60 mill. kroner i 2023.

Regjeringa tek sikte på å legge fram forslag til ny opplæringslov våren 2023. Regjeringa foreslår 302 mill. kroner for at personar utan lovfesta rett til vidaregåande opplæring kan få studie- eller yrkeskompetanse, og 149 mill. kroner for at fleire som har studie- eller yrkeskompetanse frå vidaregåande opplæring, skal få tilbod om å ta eit fagbrev. Budsjettforslaget legg til rette for at det kan bli innført ein fullføringsrett og ein rett til yrkesfagleg rekvalifisering frå hausten 2024.

Budsjettforslaget legg òg til rette for andre lovendringar som skal bidra til å auke fullføringa i vidaregåande opplæring. Midlane blir lagde i rammetilskotet og gir fylkeskommunane høve til å tilpasse seg dei varsla lovendringane før dei eventuelt tek til å gjelde. Det omfattar 8,5 mill. kroner til å utvide øvre aldersgrense for målgruppa for oppfølgingstenesta for personar utanfor utdanning og arbeid frå 21 til 25 år. Det blir vidare foreslått 22,5 mill. kroner for å legge til rette for tilgang til rådgiving for lærlingar og 12,5 mill. kroner som legg til rette for ei plikt for kommunane og fylkeskommunane til å sørge for rådgiving for vaksne i grunnopplæringa. I tillegg foreslår regjeringa 7,5 mill. kroner som skal legge til rette for ein rett til særskild norskopplæring for vaksne i grunnopplæringa og 10 mill. kroner til ei plikt for kommunane og fylkeskommunane til å gi ein trygg og god overgang frå grunnskulen til vidaregåande opplæring.

Regjeringa foreslår å vidareføre lærlingtilskotet på nominelt same nivå som i 2022. Tiltaket gir ei innsparing på 105 mill. kroner, og rammetilskotet til fylkeskommunane blir redusert tilsvarande. Dette gir rom for å prioritere andre tiltak retta mot fag- og yrkesopplæringa.

Regjeringa foreslår 57,3 mill. kroner til å auke bortebuarstipendet for elevar i vidaregåande opplæring for å bidra til at geografi og privatøkonomi ikkje skal vere eit hinder for at unge får den opplæringa dei ønsker seg. I budsjettforslaget inngår òg 50,1 mill. kroner til å auke utstyrsstipendet, for å gi betre samsvar mellom stipendet og utgiftene elevane har til nødvendig utstyr i vidaregåande opplæring. Tiltaka skal bidra til sosial utjamning og styrke fellesskulen. Forslaga om å auke stipenda for elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring er omtalte under programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Regjeringa foreslår 10 mill. kroner til tillitsreforma. Midlane skal mellom anna gå til lokale pilotar og prosjekt i barnehagar og skular.

Regjeringa foreslår å styrke ordninga med tilskot til skulebibliotek og lesestimulering med 7,5 mill. kroner til totalt 25 mill. kroner. Regjeringa foreslår at styrkinga særleg blir retta mot levekårsutsette område.

Regjeringa foreslår å fortsetje opptrappinga av kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis og ei løyving på 150 mill. kroner i 2023.

I Hurdalsplattforma går det fram at regjeringa både vil auke kvaliteten i SFO og senke foreldrebetalinga. Frå hausten 2022 får alle elevar på 1. trinn tilbod om tolv timar gratis SFO per veke. Dette er ei historisk utviding av fellesskulen, og det er med på å gi familiar med barn på 1. trinn over heile landet ei gjennomsnittleg årleg innsparing på om lag 20 000 kroner. Heilårsverknaden i 2023 er på om lag 1,4 mrd. kroner. I tillegg foreslår regjeringa å løyve 10 mill. kroner i 2023 til auka kompetanse for tilsette i SFO.

Regjeringa vil gjennomføre eit krafttak for samisk språk ved å auke løyvinga for tilskot til opplæring i samisk språk i grunnopplæringa med 17,5 mill. kroner. Berekningsreglane for tilskotsordningane for samisk språk er kompliserte og gir store skilnader i tilskot for elevar i kommunar innanfor og utanfor forvaltningsområdet for samisk språk. Satsinga er ei monaleg styrking av opplæring i samisk.

Covid-19-pandemien

Covid-19-pandemien fekk store konsekvensar for grunnopplæringa. For å hindre smittespreiing vart det innført omfattande smitteverntiltak i form av trafikklysmodellen, nokre skulebygg måtte stenge i periodar, og nokre elevar hadde mykje digital heimeundervisning. Særleg i visse delar av landet hadde dei eldste elevane strenge tiltak over tid.

Fleire rapportar har peika på at elevar har opplevd mangel på fagleg og sosialt fellesskap, meir einsemd og dårlegare psykisk helse under pandemien. Vi veit òg at mange elevar med vedtak om spesialundervisning eller særskild språkopplæring har fått eit redusert tilbod i periodar med bemanningsutfordringar i skulane. Gjennom Utdanningsdirektoratet har departementet sett i gang fleire forskingsprosjekt for å få kunnskap om korleis pandemien har påverka barn og unge på lengre sikt. Vi veit at det har vore store geografiske skilnader i korleis pandemien har ramma, og at særleg Oslo-regionen og andre tettbygde område har hatt lange periodar med særs strenge tiltak. Samstundes tyder fleire undersøkingar på at mange barn og unge har takla pandemien bra, og resultat på nasjonale prøvar har vore stabile.

I saldert budsjett for 2022 blei det løyvd 216 mill. kroner til tiltak mot tapt fagleg og sosial læring. I tillegg vart det i behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2022 løyvd 75 mill. kroner for å motverke negative konsekvensar av covid-19-pandemien. Midlane gjekk til Oslo kommune og andre geografiske område som har hatt strenge smitteverntiltak over tid, og til målretta tiltak som skal hjelpe barn og elevar som har vore særleg hardt ramma av pandemien. Vi veit at pandemien har ramma ulikt, og det er derfor viktig for regjeringa at kommunar og fylkeskommunar har rom til å utforme tiltak etter lokale behov. Styrking av kommuneøkonomien medverkar òg til å gi kommunane handlingsrom.

Det nye læreplanverket for fagfornyinga, læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 / læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 – Samisk (LK20/LK20S) blei teke i bruk frå hausten 2020. I 2020 var det stor semje mellom partane i skulen om ikkje å utsetje innføringa på grunn av pandemien, men Utdanningsdirektoratet og partane rapporterer om at den langvarige pandemisituasjonen har gjort innføringa utfordrande mange stadar. Det har mellom anna vore vanskeleg å førebu innføringa av dei nye læreplanane og å legge til rette for samarbeid på skulane. I pandemiåra utsette mange kommunar å kjøpe inn nye læremiddel til dei nye læreplanane, eller dei prioriterte å kjøpe inn digitale læremiddel. Den pågåande evalueringa av innføringa av ny rammeplan i SFO viser at pandemien også har vore hemmande for arbeidet med den nye rammeplanen.

Regjeringa avlyste eksamen i grunnskulen og vidaregåande opplæring som skulle vore gjennomført våren 2022. Til grunn for avgjerda låg mellom anna tilrådinga frå Utdanningsdirektoratet, drøftingar med relevante organisasjonar i skulesektoren, fylkeskommunane og statsforvaltarar. Covid-19-pandemien har slått ulikt ut, noko som har ført til stor variasjon i opplæringa. Eksamenar for privatistar og nokre emne der eksamen er nødvendig for å bestå, vart gjennomførte. I 2023 vil eksamenar i grunnopplæringa bli avvikla som vanleg.

Ei anna følge av covid-19-pandemien er at dei vanlege reglane for fråvær i vidaregåande opplæring har blitt sette til side. Dei ordinære reglane for fråvær tok til å gjelde igjen frå skulestart hausten 2022.

Den mellombelse lova om tilpassingar i barnehagelova, opplæringslova og privatskulelova er av beredskapsomsyn vidareført ut 2022. I lova er det ei rekkje reglar om kva rettar som gjeld når skular er stengde eller har avgrensa drift, mellom anna om kven som uansett skal ha eit tilbod i barnehagen og skulen, reglar som gir rett til opplæring heime, og reglar om foreldrebetalinga i barnehagen og skulefritidsordninga.

Trivsel, læring og motivasjon

Dei fleste trivst på skulen, men det er fleire utfordringar i læringsmiljøet til elevane

Opplæringa skal danne heile mennesket og gi kvar og ein høve til å utvikle evnene sine. Barn og unge lever her og no, og skulen må anerkjenne eigenverdien i barndommen og ungdomstida. Opplæringa skal òg gi eit godt utgangspunkt for deltaking i både yrkesfagleg og studieførebuande utdanning og i arbeids- og samfunnsliv.

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring, jf. opplæringslova kap. 9 A. Gjennom Elevundersøkelsen 2021 rapporterer elevane i all hovudsak at dei har eit godt læringsmiljø, men vi ser òg ei negativ utvikling. På 7. trinn var det ein nedgang på alle indeksane frå 2020 til 2021. Motivasjonen til elevane har i fleire år vore fallande gjennom grunnskulen og lågast på 10. trinn. For elevane på 7. trinn har det vore ein gradvis nedgang i trivsel og motivasjon frå 2016, og nedgangen held fram i 2021. Spørjeundersøkinga Ungdata 2022 viser at den generelle trivselen i skulen er høg. Samstundes ser vi at den delen som seier dei trivst, har gått noko ned over tid. Vi ser òg at delen elevar som ofte gruar seg til å gå på skulen, har auka over tid. Når det gjeld dei yngste barna, har vi lite kunnskap om praksis i norske førsteklasserom. Det er òg lite kunnskap om overgangen frå barnehage til skule.

Elevundersøkelsen 2021 viser at 5,9 pst. av elevane som deltok i undersøkinga, opplever at dei blir mobba 2–3 gongar i månaden eller oftare. Det tilsvarande talet var 6,0 pst. i 2019 og 5,8 pst. i 2020. Sjølv om tala er stabile, er det framleis svært mange elevar som opplever at dei ikkje har det trygt og godt på skulen. Prosentdelen av elevar som opplever at dei blir mobba, er høgast på mellomtrinnet.

Ei rekke undersøkingar viser at en del barn og unge slit psykisk, noko covid-19-pandemien har vore med på å forsterke. Psykiske vanskar er ei av fleire viktige årsaker til at elevar ikkje fullfører vidaregåande opplæring.

Innsats for eit trygt og godt skulemiljø

Barn og unge skal ha eit trygt og godt skulemiljø. Mobbing på skulen og andre arenaer skal førebyggast og takast raskt tak i. Regjeringa vil forsterke førebygginga av mobbing og læringsmiljøutfordringar, mellom anna ved å gjennomføre eit breitt kompetanseutviklingsprogram for tilsette i skulen. Det er fleire ulike nasjonale kompetansetiltak som skal gi barnehagar, skular og eigarar støtte til å bygge trygge og gode miljø, og til å førebygge, avdekke og handtere mobbing. I tillegg vil regjeringa, i samarbeid med sentrale aktørar i sektoren, vurdere om ein kan vidareutvikle tilboda om kompetanseutvikling på dette området. I 2023 foreslår regjeringa mellom anna å styrke kurstilbodet Dembra ved Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret) med 2 mill. kroner. Dembra – demokratisk beredskap mot rasisme og anitsemittisme og udemokratiske haldningar – gir kompetanseutvikling innanfor tema som skal gi ei motvekt mot fordomar, hatefulle ytringar og gruppefientlege haldningar, slik at elevane kan få reflektere over korleis til dømes gruppetenking påverkar korleis vi ser på oss sjølve og «dei andre» og korleis orda vi bruker kan påverke andre. Det å skape respekt for at menneske er ulike og lære elevane å løyse konfliktar på ein fredeleg måte, er ein viktig del av arbeidet skulen skal gjere for å skape trygge og gode skulemiljø og førebygge mobbing.

Departementet foreslår å setje av 1,5 mill. kroner til å auke kunnskapsgrunnlaget om elevanes trivsel i skulen, jf. mellom anna funn i Ungdata 2022 og Elevundersøkelsen 2021 om nedgang i trivsel og motivasjon.

Hausten 2017 kom det nye reglar for skulemiljø. Regjeringa tek sikte på å legge fram forslag til ein ny og heilskapleg opplæringslov våren 2023. Regjeringa vil gå gjennom kapittel 9a i opplæringslova i dialog med partane i skule, slik at rettstryggleiken til både elevar og lærarar blir vareteken på ein betre måte.

Reglane for skulemiljø inkluderer handhevingsordninga, som gir elevar og foreldre høve til enkelt å melde saker til statsforvaltaren dersom skulen ikkje oppfyller aktivitetsplikta. Statsforvaltarane opplever aukande saksmengd, noko som fører til lang saksbehandlingstid og dårlegare kapasitet hos statsforvaltarane. I handhevingsordninga var gjennomsnittleg saksbehandlingstid ved klager på manglande oppfylling av aktivitetsplikta, 54 dagar i 2018. Etter dette har saksbehandlingstida auka for kvart år. I 2021 var den gjennomsnittlege saksbehandlingstida på 82 dagar. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga til ordninga frå 40 til 45 mill. kroner.

Offentlege tenester utanfor skulen kan vere svært viktige for å betre den psykiske helsa til barn og unge. Vi treng ein skule som samarbeider godt med andre offentlege tenester, og som legg til rette for elevar med psykiske vanskar. Sjå meir omtale av tverrfagleg samarbeid lenger nede.

Ein god skulestart- evaluering av seksårsreforma og tiltak i SFO

OsloMet er i gang med ei evaluering av seksårsreforma, og ein første delrapport kjem i oktober 2022. Prosjektet til OsloMet tek utgangspunkt i ei heilskapleg tilnærming for å sjå på skulekvardagen til dei yngste elevane. Regjeringa er oppteken av at dei yngste elevane skal ha ein god skulestart og ein god skulekvardag. Det er i dag for lite kunnskap om kva for pedagogiske praksisar som pregar dei første skuleåra. Regjeringa vil følge opp funn og vurdere eventuelle tiltak når evalueringa er ferdig.

Skulen skal legge til rette for at elevane får best mogleg utbyte av den ordinære opplæringa. Det skal vere skilnad på skulekvardagen til ein seksåring og til ein eldre elev. Dei nye læreplanane seier at leik, undring og utforsking skal ha ein tydeleg plass dei første skuleåra.

Ein god barnehage og eit godt SFO-tilbod er viktige føresetnader for at dei første skuleåra skal bli bra for dei yngste elevane. Auka kvalitet og deltaking i barnehage er omtalt i programkategori 07.30. Frå hausten 2022 får alle elevar på 1. trinn tilbod om tolv timar gratis SFO per veke. I tillegg foreslår regjeringa å løyve 10 mill. kroner i 2023 til auka kompetanse for tilsette i SFO.

Kulturskulen skal nå ut til fleire barn og unge

Regjeringa vil arbeide for at alle barn og unge skal ha høve til å få undervisning på kulturskulen, men samstundes skal kommunane ha handlingsrom til å vareta sitt ansvar. I Meld. St. 18 (2020–2021) Oppleve, skape, dele – Kunst og kultur for, med og av barn og unge er det uttrykt eit ønske om at kommunen, som eigar av både skulane og kulturskulane, ser tilsetjingar i grunnskulen, SFO og kulturskulen i samanheng. Kulturskuletilsette utan lærarutdanning kan bli kvalifiserte for tilsetjing i kombinerte undervisningsstillingar ved å ta praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), og målgruppa for utdannings- og rekrutteringsstipendet til PPU er blitt utvida slik at skuleeigarar også kan søke om dette for kulturskulelærarar. Norsk kulturskoleråd får tilskot over kap. 225, post 75 for å drive ulike utviklingstiltak.

I skuleåret 2021–22 var det om lag 83 000 elevar i grunnskulealder i kulturskulen, det vil seie om lag 13 pst. av alle barn i denne aldersgruppa. I 2022 valde regjeringa å fornye og vidareføre Fritidserklæringa, ein intensjonsavtale mellom frivillige organisasjonar, regjeringa og KS. Kulturskulen kan reknast som ein organisert fritidsaktivitet og skal derfor vere ein del av samarbeidet. Kunnskapsdepartementet og Norsk kulturskoleråd underteikna som nye partar i erklæringsgruppa. Fritidserklæringa slår fast at alle barn skal ha rett til å delta jamleg i fritidsaktivitetar saman med andre.

Innføringa av 12 timar gratis SFO for elevar på 1. trinn vil gi fleire tilgang til SFO. Gjennom samarbeidet mellom SFO og kulturskulen vil kommunane også bidra til sosial utjamning i kven som får nytta kulturskuletilbodet.

Stort sett stabile læringsresultat, men nokre utviklingstrekk gir grunn til bekymring

Læringsresultata for norske elevar er jamt over stabile, men nokre utviklingstrekk gir likevel grunn til bekymring. Kunnskapsløftet som blei innført i 2006, skulle betre elevanes læringsresultat. Sjølv om fleire kull no har gjennomført heile grunnskuleopplæringa etter læreplanverket for Kunnskapsløftet er det lite som tyder på at læringsresultata på ungdomstrinnet er endra.

Dei internasjonale undersøkingane TIMSS og PIRLS viser gode resultat i lesing, matematikk og naturfag for norske elevar på 5. trinn. Dei norske 5.-klassingane oppnår til dømes særs gode resultat i matematikk og er blant dei som presterer best i matematikk i Europa. Over tid har det òg vore ein jamn framgang i leseresultata på 5. trinn, og 5.-trinnselevane presterer generelt på eit høgt internasjonalt nivå. Resultata på dei nasjonale prøvane på 5. og 8. trinn er stabile og viser ingen store endringar over tid. Samstundes tyder mellom anna PISA-resultata på at det er aukande kjønnsskilnader, og at det blir fleire elevar som presterer svakt i skulen. Resultata frå TIMSS-2019 tyder òg på at elevane på ungdomstrinnet ikkje presterer på same høge internasjonale nivå som elevane på 5. trinn. Her ser vi tvert om eit fall i resultata frå 2015, særleg i naturfag.

Etter fleire år med betring i PISA-resultat viser resultata frå 2018 også ein tilbakegang i leseferdigheitene til elevane på 14 poeng samanlikna med 2015. Fleire gutar presterer på lågt nivå samanlikna med tidlegare. 26 pst. av gutane presterer på lågt nivå i lesing. Elevar som presterer på lågt nivå i lesing, vil kunne lese og forstå enkle tekstar, men har problem med tekst der innhaldet ikkje er kjent frå før, eller tekstar som er lange eller komplekse.

Når det gjeld nasjonale prøvar, er prosentdelen elevar på dei to lågaste meistringsnivåa høgare blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre enn blant andre elevar. Det er størst skilnader i lesing og minst skilnader i engelsk. Tala må tolkast i lys av at prosentdelen som er fritekne, er høgare for innvandrarar enn for norskfødde med innvandrarforeldre og andre. Butida har mykje å seie for meistringsnivået til elevane. Dei som har budd i Noreg i 7–8 år, nærmar seg nivået til dei norskfødde med innvandrarforeldre i lesing. Elevar med høgare utdanna foreldre gjer det betre på nasjonale prøvar enn elevar som har foreldre med mindre utdanning. Samanhengen mellom utdanninga til foreldra og resultata for elevane har vore stabil over tid. For meir statistikk om læringsresultat, sjå del III, kap. 6 Nøkkeltal for grunnopplæringa.

Covid-19-pandemien har slått ulikt ut, noko som har ført til stor variasjon i opplæringa. Det er sett i gang fleire forskingsprosjekt for å få kunnskap om korleis pandemien har påverka barn og unge på lengre sikt. Samstundes tyder fleire undersøkingar på at mange barn og unge har takla pandemien bra, og resultat på nasjonale prøvar har vore stabile.

Styrking av skulebiblioteka skal medverke til betre leseferdigheiter

Gode leseferdigheiter er avgjerande for elevane, både her og no og for det livet dei skal leve i framtida. Vi veit frå undersøkingar at norske elevar fordjupar seg sjeldnare i lange tekster sammelikna med elevar frå nabolanda. Det er òg slik at halvparten av 15-åringane seier dei ikkje les på fritida. Forsking tydar på at det å vere positivt innstilt til å lese er viktig for leseforståinga. Vi veit òg at gode lesarar er kjenneteikna av å gode og hensiktsmessige lesestrategiar. Frå PISA-undersøkinga veit vi at elevanes bakgrunn har betydning for leseferdigheitene.

Regjeringa vil bidra til leselyst ved å styrke skulebiblioteka. I 2022 blei tilskotet til skulebibliotek auka til 17,5 mill. kroner, og i 2023 vil regjeringa auke tilskotet til 25 mill. kroner. Tilskotet skal saman med betre kommuneøkonomi medverke til at skulebiblioteka kan vere ein arena for leseglede for alle elevgrupper og i alle fag. Midlane skal vere med på å styrke arbeidet med lesestimulering og skape ein inkluderande arena som tek omsyn til dei ulike føresetnadene barn og unge har. Regjeringa ønsker å rette ein særleg innsats mot skulebibliotek i levekårsutsette område.

Ny melding om 5.–7. trinn og ungdomsskulen – betre læring og høgare motivasjon

Regjeringa vil legge fram ei melding som ser på utfordringar i skulekvardagen og relaterte tema for barn og unge på 5.–10. trinn. Trass i auka innsats dei siste tiåra, lukkast vi mellom anna ikkje med å heve resultata på ungdomstrinnet, vi ser større faglege skilnader mellom elevane og at fleire elevar presterer lågt fagleg. Vi ser òg at det har vore ei auke i delen elevar som rapporterer om psykiske vanskar, særleg blant jenter, og at det har vore ei negativ utvikling i motivasjonen til elevane og korleis dei opplever skulemiljøet.

Desse utfordringane handlar ikkje berre om forhold som ligg i skulen, men òg om større samfunnsutfordringar som skulen ikkje kan løyse åleine. Kvardagslivet til dei unge har endra seg mykje dei siste åra. Bruk av smarttelefonar, sosiale medium og andre former for teknologi er i mykje større grad ein del av kvardagen no enn for berre 10 år sida. Dette har òg konsekvensar for skulekvardagen. Meldinga skal derfor òg sjå nærmare på korleis ulike samfunnsendringar dei siste åra påverkar elevane og skulekvardagen.

Elevar lærer ulikt og ein meir praktisk og variert opplæring kan bidra til å betre motivasjonen og læringa til elevane. I tillegg vil meir praktisk læring kunne førebu dei betre til både yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram i vidaregåande opplæring. Det nye læreplanverket som vart teke i bruk hausten 2020 legg stor vekt på det praktiske og utforskande i mange fag, men det er behov for å sjå på fleire moglege tiltak som kan bidra til å realisere potensialet i fagfornyinga og korleis innhaldet i skulen kan opplevast meir relavant for elevane.

Regjeringa ønsker brei involvering i arbeidet med meldinga og i utviklinga av tiltak, særleg av elevar og dei som jobbar i skulen. Kunnskapsdepartementet har mellom anna etablert eit elevpanel som skal følge arbeidet og gi innspel.

Oppfølging av fagfornyinga for å utvikle fellesskulen

Regjeringa vil realisere potensialet i fagfornyinga og vareta og utvikle ein fellesskule som er så variert og god at alle elevar har moglegheit til å finne seg til rette. Den nye overordna delen av læreplanverket utdjupar verdigrunnlaget i formålsparagrafen i opplæringslova og dei overordna prinsippa for grunnopplæringa. Dei nye læreplanane i fag skal gi elevane og lærarane meir tid til det viktigaste i faget, og elevane skal lære å bruke det dei har lært, i ulike samanhengar. Dei skal få tid til å gå i djupna, reflektere og tenke kritisk rundt det dei lærer. Dei nye læreplanane har òg eit meir framtidsretta og relevant innhald, og læreplanverket skal bidra til eit verdiløft i opplæringa. Med fagfornyinga har mange av faga fått ei meir praktisk og utforskande tilnærming, ikkje berre dei praktiske og estetiske faga, men også fag som naturfag og matematikk.

Undersøkingar viser at pandemien har påverka innføringa av fagfornyinga, og regjeringa ønsker å legge til rette for ei revitalisering av fagfornyinga ved å samarbeide med sentrale partar i skulesektoren og undersøke kva for støtte skulane treng i den vidare innføringa. Departementet vil følge med på om intensjonane i fagfornyinga faktisk blir realisert.

Fagfornyinga blir evaluert i perioden 2020–25. Regjeringa vil justere fagfornyinga på bakgrunn av kunnskapen vi får frå evalueringa og andre kunnskapskjelder om kvaliteten i skulen. Evalueringa blir leia av eit programstyre som består av forskarar og representantar frå Utdanningsforbundet og KS. Programstyret skal sikre høg fagleg kvalitet i evalueringsprogrammet. Evalueringa er delt inn i fem prosjekt som undersøker ulike delar av fagfornyinga. Det handlar om prosessen med å utvikle læreplanane, kvaliteten på læreplanverket, korleis læreplanane blir tekne i bruk, og endringar i skulen som følge av fagfornyinga.

Motivasjon og meistring i vidaregåande opplæring

Når alle i eit ungdomskull skal gå gjennom vidaregåande opplæring, må også opplæringa vere tilrettelagd for alle. Regjeringa ønsker at alle skal fullføre vidaregåande opplæring og bli kvalifiserte til arbeidsliv og vidare utdanning. Ein relativt stor del av elevane i vidaregåande opplæring har utfordringar med psykisk helse. Andre elevar har mangelfulle norskkunnskapar eller manglar eit godt fagleg grunnlag frå grunnskulen. Vidaregåande opplæring skal gi gode fagkunnskapar, ferdigheiter og det breie grunnlaget elevane treng for vidare utdanning og arbeid. Med utvida rettar, som er foreslått i høyringsnotatet om ny opplæringslov, vil fleire kunne bruke den tida dei treng for å bli kvalifiserte og få betre støtte undervegs i opplæringa. I tillegg vil fleire personar som har gått ut av vidaregåande opplæring utan å fullføre, få ei ny moglegheit til å oppnå studie- eller yrkeskompetanse. Sjå nærare omtale under overskrifta Fullføring og kvalifisering i vidaregåande opplæring.

Elevane med nedsett funksjonsevne i vidaregåande opplæring er ei samansett elevgruppe, og kan ha mange ulike utfordringar. Det er sett i gang eit arbeid med ein strategi for at elevar med nedsett funksjonsevne skal få eit betre og meir likeverdig tilbod i vidaregåande opplæring.

Kvalitetsvurderingssystemet og korleis det kan bidra til kvalitetsutvikling

Dagens kvalitetsvurderingssystem består av ulike prøvar, verktøy og datakjelder som er innførte på ulike tidspunkt og med ulike grunngivingar og formål. Systemet har blitt skildra som lite samanhengande og utan tydeleg avgrensing. Det har vore usemje og ulike oppfatningar om formålet med kvalitetsvurderingssystemet, omfanget og bruken av resultata. Norsk skule har utvikla seg mykje sidan nasjonale prøvar og brukarundersøkingar vart innførte tidleg på 2000-talet.

Regjeringa vil vidareutvikle kvalitetsvurderingssystemet til eit system som legg vekt på utvikling av fagleg og pedagogisk kvalitet, og som ikkje medverkar til detaljstyring og omfattande krav om rapportering og dokumentasjon. Kvalitetsutviklinga i skulen skal medverke til at alle elevar får ei opplæring i eit skulemiljø som er i tråd med opplæringslova med forskrifter, læreplanverket og andre mål for skulen. Det breie mandatet til skulen og det doble formålet om danning og utdanning, slik det er gjort greie for i overordna del av læreplanverket, skal ligge til grunn for arbeidet med kvalitetsutvikling.

Som varsla i Hurdalsplattforma har regjeringa sett ned eit partssamansett utval som skal kartlegge og gjennomgå kva behov lærarar, skuleleiarar, skuleeigarar og nasjonale myndigheiter har for verktøy, prøvar og datakjelder til kvalitetsutvikling. Utvalet skal foreslå endringar i dagens kvalitetsvurderingssystem slik at det legg betre til rette for kvalitetsutvikling. Utvalet skal levere delrapport og sluttrapport i løpet av 2023.

Ny strategi for digital kompetanse og infrastruktur

Kunnskapsdepartementet skal vinteren 2022–23 legge fram ein ny strategi for digital kompetanse og infrastruktur. Formålet er å konkretisere ambisjonane i Hurdalsplattforma om digitalisering og arbeide for at den digitale kompetansen til barn og unge blir utvikla betre, tryggare og med tettare kopling til sosial utvikling og fagleg læring. Strategien skal gjelde for barnehagar, grunnskular og vidaregåande opplæring i perioden 2023–30. Den nye strategien vil erstatte den gjeldande strategien og handlingsplanen som gjeld ut 2022. Strategien skal fungere som eit overordna politisk styringsdokument for utvikling av digital kompetanse og gi retning for gode val for digitaliseringa fram mot 2030. Strategien blir utvikla i samarbeid med kommunal sektor og vil medverke til å styrke felles forståing og effektiv ansvarsdeling mellom statleg og kommunalt nivå i tillegg til å gi eit betre kunnskapsgrunnlag om digitalisering. Regjeringa foreslår å løyve 10 mill. kroner til meir kunnskap om digitalisering i skule og barnehage, sjå omtale under kap. 201, post 21.

Regjeringa har bestemt at ung.no skal vere statens primære tverrsektorielle kanal for digital informasjon, dialog og digitale tenester til barn og unge på tvers av tenestenivåa gjennom realisering av DigiUng- programmet. Helse- og omsorgsdepartementet og Barne- og familiedepartementet vil i samarbeid med Kunnskapsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet, Justisdepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet utvikle DigiUng vidare. Sjå også omtale i Prop. 1 S (2022–2023) for Barne- og familiedepartementet, Programkategori 11.10 Familie og oppvekst og Prop. 1 S (2022–2023) for Helse- og omsorgsdepartementet, kap. 762, post 21.

Sosial utjamning for ei mangfaldig elevgruppe

Dei økonomiske skilnadene i samfunnet er aukande, krava til formell kompetanse i arbeidslivet blir større, og behovet for arbeidskraft aukar i takt med at vi går inn i ei tid med fleire eldre og færre yrkesaktive. Utdanning medverkar til høgare deltaking i samfunns- og arbeidslivet, og utdanning er derfor ein nøkkel til å løyse utfordringane samfunnet står framfor. Den norske fellesskulen rommar ei mangfaldig elevgruppe og skal gi alle elevar god opplæring, same kva sosial bakgrunn dei har. Likevel er det for mange som av ulike årsaker ikkje får godt nok utbyte av opplæringa. Familiebakgrunnen til elevane, som utdanninga og inntekta til foreldra og manglande norskferdigheiter, har i dag for mykje å seie for skuleprestasjonane deira.

I dag fullfører ifølge SSB i overkant av 80 pst. av alle som byrjar på vidaregåande opplæring. Det er 8,5 prosenteiningar høgare enn for ni år sidan. Det er ein særleg sterk samanheng mellom resultat i grunnskulen og det å fullføre vidaregåande opplæring. Fullføringa dei siste åra auka mest blant innvandrarar, elevar med foreldre som har lite utdanning, og elevar med svake karakterar frå grunnskulen. Det er likevel framleis store sosiale skilnader.

Det er stor variasjon i korleis elevar med innvandrarbakgrunn gjer det på skulen. Sosial bakgrunn og manglande norskferdigheiter er to viktige forklaringar på at ein del elevar med innvandrarbakgrunn ikkje presterer på nivå med andre elevar. Det er særleg elevar som sjølve har innvandra til Noreg, og som har kort butid i landet, som har utfordringar med norskferdigheiter og skuleresultata. For statistikk om læringsresultat, sjå del III, kap. 6 Nøkkeltal for grunnopplæringa.

Nokre bustadområde i dei større byane er prega av stor grad av levekårsutfordringar, til dømes lågt utdanningsnivå, svak tilknyting til arbeidslivet, låg gjennomsnittsinntekt og tilhøyrande barnefattigdom. I NOU 2020: 16 Levekår i byer peikar By- og levekårsutvalet på at det å bu i utsette område kan ha negative konsekvensar for utdanninga til barna, det kan påverke resultata i opplæringa og i kva grad elevane gjennomfører vidaregåande opplæring. I dette budsjettet vidarefører og forsterkar regjeringa innsatsen overfor elevar som bur i område med særskilt store levekårsutfordringar.

Regjeringa vil at utdanningssystemet i større grad enn i dag skal bidra til å redusere skilnader mellom grupper i samfunnet og auke sjansane den einskilde har til å forme livet sitt slik ein sjølv ønsker og forbetre den sosioøkonomiske situasjonen sin. Sjølv om norsk barnehage, skule og SFO er velfungerande i internasjonal målestokk, vil vi at fleire enn i dag fullfører skuleløpet med eit vitnemål eller fag- eller sveinebrev. På den måten kan vi redusere skilnadene i samfunnet, auke tilgangen til arbeidskraft og avgrense sosialhjelpskostnadene.

Tiltak for å redusere sosial ulikskap

Styrke den tidlege innsatsen

Regjeringa vil styrke barnehagen og dei første åra i fellesskulen, slik at innsatsen blir sett inn tidleg og tilbodet blir tilpassa mangfaldet av barn og elevar. Det er avgjerande at innsatsen blir sett inn tidlegare, dermed kan familiebakgrunnen få mindre å seie for korleis barna og elevane utviklar seg og lærer. Vi treng systematisk kunnskap om korleis barnehagar, skular og SFO verkar inn på sosial utjamning. Barne- og familiedepartementet har i august 2022 oppnemt ei ekspertgruppe som skal foreslå tiltak som både gir betre levekår for barn som veks opp i fattigdom, og som i tillegg skal førebygge at fattigdom går i arv. Kunnskapsdepartementet vil hausten 2022 oppnemnde ei ekspertgruppe som skal gi eit kunnskapsgrunnlag og tilrådingar om korleis barnehagar, skular og SFO kan vere med på å jamne ut sosiale skilnader. Vidare foreslår departementet å styrke porteføljen for utdanning og kompetanse i Forskingsrådet med 8,1 mill. kroner, og at desse midlane mellom anna blir nytta til å fremje forsking om og for utsette barn og unge, sjå meir omtale under programkategori 07.10, kap. 201, post 21.

Nykomne elevar som både skal starte på skule i eit nytt land og lære seg norsk, har ei særskild utfordring i skulen. Utdanningsdirektoratet har utvikla eit nytt digitalt verktøy for kartlegging av norskferdigheiter i skulen, og verktøyet blir vidareutvikla i 2022 og 2023. Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) har fått i oppdrag å gjennomføre eit djupstudium for å styrke kunnskapsgrunnlaget om opplæringstilbodet for nykomne elevar. Sluttrapporten skal ligge føre i mars 2024. Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO) har ulike tiltak som skal gjere opplæringa betre for nykomne elevar.

Staten samarbeider med nokre kommunar om områdesatsingar i levekårsutsette område, og Kunnskapsdepartementet deltek i områdesatsinga i Groruddalen for 2017–26 og områdesatsinga i Oslo Sør for 2018–26. Det er årleg blitt løyvd midlar til programområdet Oppvekst og utdanning, for å prøve ut ulike ordningar i barnehage, grunnskule og vidaregåande opplæring som på sikt kan inngå i ordinær verksemd og medverke til å forhindre fråfallet i vidaregåande opplæring. For meir omtale, sjå Prop. 1 S (2022–2023) for Kommunal- og distriktsdepartementet, inkludert omtale av oppfølginga av NOU 2020: 16 Levekår i byer – Gode lokalsamfunn for alle og arbeidet med ei melding som skal følge opp forslaga i NOU-en.

I samsvar med Hurdalsplattforma vil regjeringa forsterke og utvide områdesatsingane i dei store byane, dette som eit ledd i å utjamne skilnader i levekår, sikre sosial mobilitet og førebygge barnefattigdom. For 2023 foreslår departementet å løyve 15 mill. kroner til auka bemanning i skular i levekårsutsette område, jf. omtale under kap. 226, post 21.

Tilgangen til SFO og kvaliteten på tilbodet

SFO er ein viktig arena for inkludering. Tilbodet kan bidra til sosial utjamning ved å gi alle barn tilgang til ein felles arena for leik, læring, vennskap og kultur- og fritidsaktivitetar. Det er elevar som ikkje deltek i SFO på grunn av familieøkonomien. Regjeringa vil at alle barn skal ha høve til å delta i SFO.

I statsbudsjettet for 2022 blei det løyvd 655 mill. kroner til å innføre tolv timar gratis SFO for alle førsteklassingar frå hausten 2022. Dette kjem i tillegg til dei eksisterande moderasjonsordningane for elevar på 1.–4. trinn frå familiar med låg inntekt og gratis SFO for elevar med særskilde behov på 5.–7. trinn. I tillegg til dei forskriftsfesta rettane er det eigne tilskotsordningar for lågare foreldrebetaling i SFO ved private skular som ønsker å tilby tilsvarande redusert foreldrebetaling som det er i offentlege SFO.

Kompetanse blant dei tilsette er den viktigaste faktoren for god kvalitet på SFO-tilbodet. God kompetanse er særleg viktig for inkludering av utsette barn. Det har lenge vore stor variasjon i innhaldet i og kvaliteten på SFO-tilbodet, noko som blei omtalt i Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO. Hausten 2021 tok ny nasjonal rammeplan for SFO til å gjelde, og regjeringa vil styrke arbeidet med denne.

Det har blitt brukt lite ressursar for å auke kvaliteten i SFO, og det har vore få tilbod om kompetanseutvikling for dei tilsette. Det er ingen krav til kompetanse for tilsette i SFO i dag, men det er i 2022 løyvd midlar til utvikling av kompetansehevingstiltak for dei tilsette, slik at dei kan få tilstrekkeleg kompetanse til å kunne følge opp rammeplanen for SFO. Ei evaluering av implementeringa av den nye rammeplanen er i gang, og første delrapport frå mai 2022 viser at 95,5 pst. av SFO-leiarane og 65 pst. av dei tilsette fortel at dei kjenner rammeplanen godt. Leiarane seier at den viktigaste faktoren for arbeidet med rammeplanen er deira eigen kompetanse.

Regjeringa vil styrke kvaliteten på SFO-tilbodet og foreslår å løyve 10 mill. kroner til tiltak for å styrke kompetansen blant tilsette i SFO. Utdanningsdirektoratet har i 2022 fått i oppdrag å utvikle kompetansetiltak for leiarar i SFO. Direktoratet skal også kartlegge behova for kompetanseheving for andre tilsette i SFO og levere ei anbefaling tidleg i 2023.

Barn og unge med behov for særskild tilrettelegging

Elevar med behov for særskild tilrettelegging får ikkje alltid den støtta dei har rett til

Ifølge opplæringslova § 1-3 skal opplæringa tilpassast behova og føresetnadene til elevane slik at dei får best mogleg utbyte av opplæringa. Elevar som ikkje har, eller som ikkje kan få, tilfredsstillande utbyte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett på spesialundervisning, jf. § 5-1. I 2021 fekk 7,7 pst. av elevane spesialundervisning. Det er omkring tre gongar så mange elevar som får spesialundervisning på 10. trinn (10,5 pst.) som på 1. trinn (3,5 pst.).

Mange elevar får ikkje tilpassa og inkluderande opplæring i samsvar med det regelverket tilseier. Dette har også vore tilfellet under pandemiperioden, sjå omtale under overskrifta «Covid-19-pandemien». Fleire elevar med behov for særskild tilrettelegging blir oppdaga for seint, og opplæringa er ikkje alltid tilpassa dei føresetnadene og behova som elevane har, jf. mellom anna Innst. 188 S (2019–2020), Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO og rapport frå ekspertutvalet for barn og unge med behov for særskild tilrettelegging (Nordahl-rapporten) frå 2018.

Mangelen på samordning av offentlege tenester kan føre til problem for barn og unge og familiane deira som av ulike årsaker har samansette utfordringar. Dette kan føre til at hjelp ikkje kjem fram, eller ikkje blir gitt i tide. Det er godt dokumentert at tverrfagleg samarbeid mellom ulike velferdstenester er utfordrande og ofte ikkje fungerer godt nok, noko som kan føre til at viktig og nødvendig informasjon ikkje kjem fram til dei som treng det. Det kan føre til at elevane ikkje får den hjelpa dei har behov for i tide, eller ikkje i det heile teke. Det er òg stor variasjon mellom kommunar i korleis dei organiserer tverrfagleg samarbeid mellom tenestene.

Styrking og betre samordning av tilbodet til elevar med behov for særskild tilrettelegging

Betre lovverk og eit kompetanseløft i spesialpedagogikk

Regjeringa vil styrke den tidlege innsatsen i barnehage og skule. Alle barn og elevar skal bli fanga opp og følgde opp så tidleg som mogleg, slik at ein unngår at utfordringane blir større utover i utdanningsløpet. I arbeidet med ny opplæringslov vurderer regjeringa fleire endringar og presiseringar som vil styrke tilbodet til barn med behov for særskild tilrettelegging. Forslag til ny opplæringslov skal etter planen leggast fram for Stortinget våren 2023.

Kompetanseløftet i spesialpedagogikk og inkluderande praksis er godt i gang og vil bli ei varig ordning frå 2025. Vidareutdanningstilbodet i spesialpedagogikk for lærarar i skulen er òg styrkt med meir enn 400 plassar i 2022. I tillegg er det sett i gang pilotar og forskingsoppdrag, og det er etablert eit forskingssenter for spesialpedagogisk forsking og inkludering (SpedAims) som skal bidra til å styrke kunnskapen på feltet, sjå omtale under programkategori 07.10, kap. 201, post 21. For omtale av Statped, sjå under kap. 230 Statleg spesialpedagogisk teneste.

Styrking av det tverrfaglege samarbeidet mellom offentlege tenester

I Hurdalsplattforma står det at regjeringa vil styrke laget rundt eleven og den tidlege tverrfaglege innsatsen med mellom anna barne- og ungdomsfagleg kompetanse, miljøterapeutar og styrkt skulehelseteneste. Det er behov for meir kunnskap om desse yrkesgruppene og korleis dei blir brukte som ressurs i barnehagen og skulen. Departementet vil vurdere tiltak for å styrke laget rundt barna og elevane.

I Hurdalsplattforma er det varsla at det skal utarbeidast ein opptrappingsplan for helsestasjons- og skulehelsetenesta. I statsbudsjettet for 2023 foreslår regjeringa å auke det øyremerkte tilskotet til styrking av helsestasjons- og skulehelsetenesta med 45 mill. kroner. Sjå omtale i Prop. 1 S (2022–2023) for Helse- og omsorgsdepartementet.

Riksrevisjonen la i juni 2022 fram Dokument 3:8 (2021–2022) Riksrevisjonens undersøkelse av myndighetenes innsats mot vold i nære relasjoner. Rapporten omfattar ei spørjing til tilsette i barnehagar og skular, og viser at det er behov for meir kompetanse om vald og overgrep. I oppfølginga av Hurdalsplattforma har Justis- og beredskapsdepartementet sett i gang eit samarbeid om ein ny opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar. Riksrevisjonens rapport vil bli følgt opp i dette arbeidet.

1. august 2022 tok fleire lovendringar om samarbeid mellom velferdstenestene til å gjelde. Endringane omfattar 14 velferdstenestelover og inneber mellom anna at reglane om samarbeid og individuell plan er harmoniserte og styrkte, at det er innført ei samordningsplikt for kommunen ved yting av velferdstenester og ein rett til barnekoordinator, jf. Innst. 58 L (2020–2021) og Prop. 100 L (2020–2021) Endringar i velferdstenestelovgivinga (samarbeid, samordning og barnekoordinator). Formålet med endringane er å styrke oppfølginga av utsette barn og unge og familiane deira gjennom auka samarbeid mellom velferdstenestene. Lovendringane blir følgeevaluerte i perioden 2022–27. Arbeids- og velferdsdirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet har i fellesskap utarbeidd ein rettleiar for samarbeids- og samordningsreglane.

Det er eit stort behov for å koordinere samarbeid om utsette barn og unge som overskrid sektorområde og forvaltingsnivå, og i denne samanheng er det oppretta ei tverrdepartemental kjernegruppe mellom relevante departement for å sikre samarbeid og forankring av arbeidet for utsette barn og unge i utgreiings-, avgjerds- og iverksetjingsfasen, jf. omtale i Prop. 1 S (2022–2023) for Barne- og familiedepartementet.

Kompetansen til dei tilsette i grunnopplæringa

Behov for å rekruttere, utdanne og behalde fleire kvalifiserte lærarar

Det viktigaste for at barn og unge skal lære, føle meistring og trivast, er at dei møter kvalifiserte lærarar som har tid til å sjå den einskilde eleven. Grunnopplæringa stiller krav til kompetansen hos lærarane, men det er framleis undervisningspersonale som ikkje oppfyller krav for tilsetjing, eller som ikkje oppfyller krava til fagleg fordjuping i undervisningsfaga sine.

Skuleeigarar rapporterer planlagde årsverk for neste skuleår til Grunnskulens informasjonssystem (GSI). Det har vore ein auke i planlagde årsverk dei seinaste åra. Det har også vore ein auke i talet på undervisningspersonale som oppfyller kompetansekrava for tilsetjing. Siste året var det likevel ein auke i prosentdelen tilsette som ikkje oppfyller kompetansekrava for tilsetjing. For 2021–22 rapporterte skuleeigarane i GSI at 2 300 årsverk av den planlagde undervisninga i grunnskulen ville bli utførte av undervisningspersonale som ikkje oppfylte kompetansekrava for tilsetjing.

Framskrivingar frå SSB tyder på at talet på grunnskulelærarar vil auke i dei komande åra sett opp mot etterspurnaden. Forventa nedgang i befolkningsvekst og fødselstal er den viktigaste årsaka til dette. Dersom framskrivinga viser seg å stemme, gir det gode føresetnader for å sørge for at alle som jobbar som lærarar i skulen, oppfyller krava for tilsetjing.

Det er geografiske variasjonar, og mange stadar i landet er det utfordringar med å rekruttere søkarar til lærarutdanningane. Det er i år til dømes fleire kvalifiserte søkarar til GLU 1–7, men likevel færre tilbod på grunn av kamp om plassane nokre stadar. Menn som har fått tilbod, utgjer 19,3 pst., mot 20,3 pst. i 2021 og 21 pst. i 2020. Det er i år ein nedgang på søkarar og tilbod om studieplassar for både GLU 5–10 og lektorutdanning for 8.–13. trinn. Utan bortfall av firarkravet i matematikk ville det vore endå færre kvalifiserte søkarar til lærarutdanningane.

Mange lærarar opplever overgangen frå utdanning til yrket som vanskeleg. Dei første åra som nytilsett lærar kan vere krevjande, men er på same tid viktige for å utvikle seg i lærarrolla. Det er derfor viktig med god rettleiing, både for å støtte den faglege utviklinga og for å hindre fråfall frå læraryrket. Det er framleis ei utfordring at mange nyutdanna nytilsette lærarar i grunnopplæringa ikkje får rettleiing.

Tiltak for å styrke lærarprofesjonen og auke prosentdelen av kvalifiserte lærarar i grunnskulen

Regjeringa vil møte lærarmangelen dei nærmaste åra med ei brei satsing på å rekruttere, utdanne og behalde fleire kvalifiserte lærarar. God kompetanse i sektorane på ulike nivå er eit viktig grunnlag for tillitsreforma, og regjeringa vil vidareutvikle begge delar og sjå dei i samanheng.

Rekruttering og utdanning av fleire kvalifiserte lærarar i skulen

Departementet finansierer ulike tiltak med mellom anna følgande formål:

  • auke talet på søkarar

  • kvalifisere søkarar som ikkje oppfyller krava

  • oppnå større studentmangfald og mangfald blant lærarane i barnehagen og skulen

  • kvalifisere lærarar som ikkje har fullført lærarutdanninga som dei har starta på

For nærare omtale av tiltaka, sjå kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa.

Styrking av lærarprofesjonen

Regjeringa styrker lærarprofesjonen gjennom mellom anna tillitsreforma, ordningane for vidareutdanning, tilskotsordning for lokal kompetanseutvikling, rettleiing av nyutdanna nytilsette og ei ny partsforankra ordning som skal styrke karrierevegar for lærarane. Regjeringa har sørga for at fleire kan få vidareutdanning i praktiske og estetiske fag. Ein sentral del av det vidare arbeidet med å styrke lærarprofesjonen er oppfølginga av NOU 2022: 13 Med videre betydning. Et helhetlig system for kompetanse- og karriereutvikling i barnehage og skole som blei lagd fram hausten 2022. Tillitsreforma som regjeringa har sett i gang saman med partane i sektoren, inneber mellom anna å gi dei tilsette større innverknad på eige arbeid. Auka tillit vil bidra til sterkare profesjonsfellesskap.

SSB vil våren 2023 kome med ei kartlegging som viser talet på studiepoeng lærarane har i undervisningsfaga sine. Departementet vil ta med kunnskap frå kartlegginga i arbeidet med vidareutdanningane.

Det er sett i gang eit arbeid med partane for å revidere vidareutdanningsstrategien Kompetanse for kvalitet, som skal gjelde fram til 2025. Strategien handlar om prinsippa for vidareutdanningsordningane.

Regjeringa vil innføre varig unntak frå kravet om fagleg fordjuping i undervisningsfag for lærarar som oppfylte krava for å bli tilsett som lærar før 1. januar 2014, eller som har allmennlærarutdanning. Eit forslag om dette var på høyring våren 2022 og vil etter planen bli lagt fram som del av forslag til ny opplæringslov våren 2023. Unntaket frå kompetansekrava vil bidra til å behalde fleire lærarar med lang fartstid og erfaring i skulen. Det gir større handlingsrom lokalt til å vurdere kva for behov ein har. Utover det skal kompetansekrava bli ståande.

Tilskotsordninga for lokal kompetanseutvikling gir støtte til kollektiv kompetanseutvikling med utgangspunkt i lokale vurderingar av kompetansebehov i barnehagar og skular, og gjennom partnarskap med universitet eller høgskule. Retningslinjene for tilskotsordninga tok til å gjelde frå 2021 og omfattar følgande:

  • regional ordning for kompetanseutvikling i barnehage, jf. omtale under programkategori 07.30 Barnehagar

  • desentralisert ordning for kompetanseutvikling i grunnskule og vidaregåande skule

  • kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis

Regjeringa foreslår å halde fram den planlagde opptrappinga av kompetanseløftet, slik at det samla blir løyvd 150 mill. kroner til ordninga i 2023.

Regjeringa vil samarbeide med partane på feltet, slik at fleire nyutdanna nytilsette lærarar får rettleiing. I 2022 har departementet saman med partane sett ned ei arbeidsgruppe som vil vurdere justeringer i dokumentet Prinsipper og forpliktelser for veiledning av nyutdannede nytilsatte lærere i barnehage og skole.

Pilotprosjektet der ein prøvde ut ei ordning med lærarspesialistar, har blitt avvikla. Regjeringa vil i staden legge til rette for fleire karrierevegar i skulen gjennom ei partsforankra ordning som gir lærarar betre tid til utviklingsarbeid, og som styrker profesjonsfellesskapa i skulen. Ordninga vil mellom anna bygge på erfaringar og evalueringa av pilotordninga med lærarspesialistar. Departementet har sett i gang arbeid saman med partane i arbeidslivet og andre aktørar.

Tiltak for å gi betre støtte til kommunar med utfordringar

Oppfølgingsordninga er administrert av Utdanningsdirektoratet og er ei ordning som gir treårig støtte til kommunar som har svake resultat på sentrale område av opplæringa over tid, slik som læringsmiljø, nasjonale prøver og grunnskulepoeng. Eksterne rettleiarar og statsforvaltaren støttar kommunane i å analysere eigne data for å finne relevante tiltak. Arbeidsforskningsinstituttet AFI – OsloMet har fått i oppdrag å evaluere tilskotsordningane for lokal kompetanseutvikling for skule og yrkesfag, pluss oppfølgingsordninga. Evalueringsprosjektet starta hausten 2019 og går over seks år, til utgangen av 2025. Departementet vil vurdere behovet for å utvikle ordninga vidare.

Fullføring og kvalifisering i vidaregåande opplæring

Fleire skal fullføre vidaregåande opplæring

Høg yrkesdeltaking er eit av fundamenta for det norske velferdssamfunnet. Fleire analysar finn eit stadig skarpare skilje mellom dei som har fullført vidaregåande opplæring, og dei som ikkje har det, jf. NOU 2021: 2 Kompetanse, aktivitet og inntektssikring og NOU 2018: 13 Voksne i grunnskole og videregående opplæring. Trenden er at sysselsetjinga for personar utan fullført vidaregåande opplæring går ned, og delen som mottek uføretrygd går opp. Det å ikkje ha fullført vidaregåande opplæring blir ei kjelde til utanforskap og sosiale skilnader.

Tal frå SSB viser at 80,4 pst. av dei som starta opplæringa i 2015, hadde fullført og bestått i løpet av 5 år (studieførebuande utdanningsprogram) / 6 år (yrkesfaglege utdanningsprogram). Aldri tidlegare har ein så stor del fullført innan målepunktet, 5/6 år etter oppstart. Delen som har fullført, har auka kvart år i ei årrekke. Men når fire av fem fullfører, inneber det òg at det er mange tusen som ikkje fullfører vidaregåande opplæring kvart år.

Figur 4.1 Fullføring i vidaregåande opplæring, antal år etter start. 2011-kullet

Figur 4.1 Fullføring i vidaregåande opplæring, antal år etter start. 2011-kullet

Kjelde:  SSB

Resultata frå grunnskulen er einskildfaktoren som har størst innverknad på fullføringa av vidaregåande opplæring. Ein stor del av elevane med få grunnskulepoeng fullfører ikkje. Det tyder på at vidaregåande opplæring ikkje er godt nok tilpassa elevar med svake faglege føresetnader.

Vidaregåande opplæring er òg i for liten grad tilpassa den mangfaldige elevgruppa. Elevar med behov for særskild tilrettelegging får lite råd og bistand ved overgangen til vidaregåande opplæring. Det same gjeld ved overgangen frå vidaregåande opplæring til utdanning eller arbeid.

Vidaregåande opplæring er ikkje godt nok tilpassa vaksne. Ifølge SSB har 480 000 personar i alderen 25–59 år ikkje fullført grunnskule eller vidaregåande opplæring. Verken innhaldet eller organiseringa av opplæringa for vaksne er tilpassa dei samansette behova vaksne har. Manglande faglege og språklege føresetnader er den viktigaste årsaka til at vaksne i dag ikkje får gjennomført grunnskulen eller vidaregåande opplæring. Vaksne har i tillegg ofte jobb- og familieforpliktingar som gjer det vanskeleg å ta utdanning på heiltid.

Elevane som går ut av dei studieførebuande utdanningsprogramma, er ikkje godt nok førebudde på studiar i høgare utdanning. Det er ein klar samanheng mellom karakterar i vidaregåande opplæring, kor godt førebudde elevane kjenner seg, og fullføring i høgare utdanning.

Fagopplæringa er ikkje godt nok tilpassa behova i arbeidslivet

Behovet for fagutdanna er stort, og framskrivingar frå SSB viser at Noreg vil mangle om lag 90 000 fagarbeidarar innan 2035. Fag- og yrkesopplæringa skal medverke til å dekke behovet for faglært arbeidskraft, både med nok fagarbeidarar og med rett kompetanse.

Over halvparten av dei som startar på vidaregåande opplæring, vel yrkesfag. For mange av desse får ikkje læreplass, og for mange fell ifrå. Det er langt færre som fullfører av dei som vel yrkesfag, enn dei som vel studieførebuande på vidaregåande. Om lag fire av ti personar som startar i fag- og yrkesopplæringa, har teke fag- eller sveinebrev eller oppnådd yrkeskompetanse i løpet av seks år.

Det er fleire faktorar som påverkar moglegheita til å få ein læreplass. Dei som har gode karakterar og lågt fråvær, har lettare for å få læreplass enn dei som ikkje har dette. Mangelfullt samarbeid mellom aktørar som fylkeskommune, skule og opplæringskontor kan òg vere eit hinder for å få læreplass.

Av dei som er fagutdanna, er fire av fem i jobb første året etter at dei bestod fag- eller sveineprøva. Det er ulike tradisjonar for kva status eit fagbrev har i ulike bransjar. Regjeringa er oppteken av å heve statusen til fag- og yrkesopplæringa og at det blir utdanna fagarbeidarar til yrker som har stort behov for faglært arbeidskraft.

Figur 4.2 Sysselsetjingsstatus for fagutdanna første året etter oppnådd fag- eller sveinebrev, 2020 og 2021

Figur 4.2 Sysselsetjingsstatus for fagutdanna første året etter oppnådd fag- eller sveinebrev, 2020 og 2021

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Tiltak for at fleire skal fullføre vidaregåande opplæring

Regjeringa vil prioritere tiltak for å auke fullføringa i vidaregåande opplæring og kvalifisere fleire for læreplass, arbeid og vidare utdanning i statsbudsjettet for 2023. Vidaregåande opplæring blir i hovudsak finansiert av dei frie inntektene til fylkeskommunane (rammetilskot frå staten og skatteinntekter). Regjeringa forventar at den samla innsatsen frå staten og fylkeskommunane skal gi betre fullføring av vidaregåande opplæring.

Regjeringa foreslår å vidareføre tilskotet for at personar utan lovfesta rett til vidaregåande opplæring kan få moglegheit til å oppnå studie- eller yrkeskompetanse. Midlane legg til rette for å finansiere ein fullføringsrett frå hausten 2024. Den fylkeskommunale oppfølgingstenesta skal følge opp dei ungdommane som ikkje er i arbeid eller opplæring. Når retten til vidaregåande opplæring blir utvida, bør oppfølgingstenesta få ansvar for ei større aldersgruppe enn i dag. Regjeringa foreslår derfor midlar som legg til rette for å utvide den øvre aldersgrensa for målgruppa for tenesta frå 21 til 25 år.

Regjeringa foreslår midlar som legg til rette for å lovfeste ei plikt til ein trygg og god overgang frå grunnskulen til vidaregåande opplæring. Mange kommunar og fylkeskommunar har gode rutinar for denne overgangen, men det er ikkje alltid tilfellet. Nokre elevar har behov for tett oppfølging i overgangen frå grunnskule til vidaregåande opplæring.

Regjeringa foreslår å auke bortebuarstipendet for elevar i vidaregåande opplæring, for å bidra til at geografi og privatøkonomi ikkje skal vere eit hinder for at unge får den opplæringa dei ønsker seg. Sjå omtale under programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Eit løft for fag- og yrkesopplæringa

Regjeringa har sett i verk ei satsing for å få fleire ut i lære i eit trygt og godt arbeidsliv. I statsbudsjettet for 2023 foreslår regjeringa å auke tilskotet for at fleire skal få læreplass, gjennom betre kvalifisering og formidling til læreplassar i fag- og yrkesopplæringa. Målgruppa er både elevar som allereie frå Vg1 har ein risiko for ikkje å få læreplass, og elevar som er i Vg3 i skule, og som treng læreplass. Satsinga følger opp Samfunnskontrakten for fleire læreplassar (2022–2026) som har som mål at alle elevar som er formelt kvalifiserte, skal få læreplass. For å få endå fleire læreplassar i privat sektor, vurderer regjeringa endringar i lærlingklausulen i samanheng med arbeidet med Noregsmodellen for offentlege innkjøp.

Regjeringa tek sikte på å fremje eit forslag om ny opplæringslov våren 2023. Regjeringa tek sikte på å foreslå at dei som har opplæring i lærebedrift, skal få tilgang til rådgiving om utdannings- og yrkesval og sosiale og personlege forhold. I statsbudsjettet for 2023 foreslår regjeringa midlar som legg til rette for eventuelt å innføre ein slik regel.

Innføringa av fagfornyinga for yrkesfaglege utdanningsprogram er fullført frå skuleåret 2022–23. Myndigheitene har i samarbeid med partane i arbeidslivet, endra tilbodsstrukturen for yrkesfaga og fornya læreplanane. Målet er yrkesfaglege utdanningsprogram som er framtidsretta og relevante for elevar, lærlingar og arbeidslivet.

Fag- og yrkesopplæringa stiller høge krav til at utstyret i opplæringa er oppdatert og kvalitetssikra. Det er no i gang eit forsøk med ulike modellar for å stimulere til finansiering av det utstyret som skulane har ansvar for i fag- og yrkesopplæringa. Målet er å finne ut kva for modellar som er berekraftige, og som kan gi den beste utstyrssituasjonen over tid. Det skal forskast på forsøket, og ein rapport skal vere klar sommaren 2023. Regjeringa vil vurdere kva som bør gjerast vidare på dette området, etter at rapporten er klar.

For å ha ein inkluderande fellesskule er det eit grunnleggande prinsipp at familieøkonomien ikkje skal vere avgjerande for moglegheitene du har. Mange elevar har betydelege utgifter til nødvendig utstyr i vidaregåande opplæring. Regjeringa vil betre samsvaret mellom utgiftene som den einskilde har til nødvendig utstyr i opplæringa og utstyrsstipendet frå Lånekassen. Derfor foreslår regjeringa i statsbudsjettet for 2023 å styrke utstyrsstipendet, særleg for yrkesfaga. Sjå programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Betre tilrettelagd opplæring for vaksne

Ved behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden slutta Stortinget seg til at modulstrukturert opplæring skal bli hovudmodell for all opplæring for vaksne. Det vil seie at opplæringa skal vere betre tilpassa livssituasjonen til vaksne, og at opplæringa kan gjennomførast på ulike arenaer, som innan introduksjonsprogrammet, i arbeidsmarknadstiltak, i bedrifter og på skulen.

Nye modulstrukturerte læreplanar skal etter planen takast i bruk frå skuleåret 2024–25. Det pågår eit forsøk med modulstrukturert opplæring for vaksne, som blir finansiert over programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring, kap. 258, post 21. Den nye opplæringa skal bygge vidare på erfaringane i forsøket.

Regjeringa foreslår å vidareføre tilskotet for at personar som allereie har ein studie- eller yrkeskompetanse, kan få sjansen til å ta eit fagbrev. Budsjettet legg til rette for å innføre ein rett til yrkesfagleg rekvalifisering frå hausten 2024.

Ordninga Fagbrev på jobb er utvikla i tråd med behova vaksne har for tilpassa opplæring. Vaksne får gjennom ordninga moglegheit til å ta fag- eller sveinebrev i kombinasjon med arbeid. Målgruppa er vaksne som er i eit arbeidsforhold, men regjeringa vil også sjå på korleis ordninga kan nå fleire. Regjeringa vil gi fleire vaksne som manglar formell kompetanse høve til å ta eit fagbrev medan dei er i arbeid. Derfor foreslår regjeringa å auke tilskotet til Fagbrev på jobb i statsbudsjettet for 2023.

Regjeringa tek sikte på å fremje eit forslag om ny opplæringslov våren 2023. Regjeringa tek sikte på å foreslå ei plikt for kommunen og fylkeskommunen til å sørge for rådgiving for vaksne i grunnopplæringa. Betre rådgiving om utdannings- og yrkesval vil bidra til at fleire vaksne fullfører opplæring med ein sluttkompetanse som er nyttig for den einskilde og for samfunnet. I statsbudsjettet for 2023 foreslår regjeringa midlar som legg til rette for eventuelt å innføre denne plikta frå hausten 2024.

Opplæringslova gir i dag ikkje reglar om særskild språkopplæring for vaksne i vidaregåande opplæring. Regjeringa tek sikte på å innføre ein rett til særskild norskopplæring for vaksne i vidaregåande opplæring som ikkje kan følge opplæringa på norsk. Tilstrekkelege norskkunnskapar er ein føresetnad for å kunne følge opplæringa. I statsbudsjettet for 2023 foreslår regjeringa midlar som legg til rette for eventuelt å innføre ein slik rett frå hausten 2024.

Kap. 220 Utdanningsdirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Driftsutgifter

362 370

351 748

386 324

21

Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 70

199 536

200 805

206 103

70

Tilskot til læremiddel o.a., kan overførast, kan nyttast under post 21

91 342

74 700

76 819

Sum kap. 220

653 248

627 253

669 246

Utdanningsdirektoratet har oppgåver innanfor myndigheitsutøving, vurdering, analyse, utvikling, støtte og rettleiing i barnehagesektoren og grunnopplæringssektoren. Arbeidet med digitalisering og bruk av IKT i det pedagogiske arbeidet skal vere integrert i anna arbeid direktoratet gjer, og i dei statlege tiltaka som blir gjennomførte på utdanningsområdet.

Løyvingane under kap. 220 finansierer ordinære driftsoppgåver i direktoratet. I tillegg kjem oppgåver som direktoratet har ansvaret for, men som blir finansierte over andre kapittel. Det er til dømes mellombelse oppgåver som gjeld kvalitetsutvikling og -vurdering i grunnopplæringa og i barnehagen, jf. kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa og kap. 231 Barnehagar. Omtale av verksemda til direktoratet er derfor dels plassert under andre budsjettkapittel. Direktoratet er delegert myndigheit i forvaltningssaker som gjeld

  • etatsstyring av statlege skular som gir grunnopplæring, jf. kap. 222

  • etatsstyring av statsforvaltaren på barnehageområdet og grunnopplæringsområdet

  • tilsynsarbeid som følger av barnehagelova, opplæringslova, privatskulelova og folkehøgskulelova

  • tolking av og rettleiing om barnehagelova, opplæringslova, privatskulelova og folkehøgskulelova med forskrifter på nasjonalt nivå

  • tilskot til styrking av norskspråkleg utvikling for minoritetsspråklege barn i barnehage, eksamensavvikling, private skular, folkehøgskular, freds- og menneskerettssenter og andre formål, jf. kap. 224, 225, 226, 227, 228, 231 og 253

Post 01 Driftsutgifter

Mål for 2023

Dei overordna sektormåla som er omtala i innleiinga til programkategoriane 07.20 Grunnopplæringa og 07.30 Barnehagar, er førande for arbeidet til direktoratet.

Måla for verksemda til direktoratet i 2023 er:

  • Barnehageeigarar, skuleeigarar og barnehagemyndigheiter varetek utvikling, læring og trivsel hos barn og unge i barnehagar, skular og lærebedrifter

  • Barnehageeigarar og skuleeigarar har tilsette med kompetanse som fremjar utvikling, læring og trivsel tilpassa behova til barn og unge

  • Barnehageeigarar, skuleeigarar og barnehagemyndigheiter forstår, formidlar og etterlever regelverket

  • Barnehageeigarar og skuleeigarar arbeider kunnskapsbasert i utviklinga av eigne barnehagar og skular og overfor lærebedrifter

  • Barnehageeigarar, skuleeigarar og barnehagemyndigheiter utnyttar dei moglegheitene digitaliseringa gir i læringsarbeid og administrative prosessar

Resultat i 2021

Barnehageeigarar, skuleeigarar og barnehagemyndigheiter varetek utvikling, læring og trivsel hos barn og unge i barnehagar, skular og lærebedrifter

Alle barn og unge har rett til eit inkluderande barnehage- og skulemiljø. Under covid-19-pandemien i 2021 har det vore eit prioritert område å understreke kor viktig barnehagen og skulen er som ein arena for barn og unge.

Ifølge rammeplanen skal barnehagen fremje eit inkluderande og stimulerande miljø der alle barn opplever å bli sett og kan delta i leik. Barnehagens verdigrunnlag skal formidlast, praktiserast og opplevast i alle delar av det pedagogiske arbeidet. Eit kompetent personale er ein føresetnad for å få dette til å fungere. Direktoratet har i oppgåve å forvalte rammeplanen og støtte opp om forståinga og bruken i barnehagane. Direktoratet har utvikla støttemateriell som ligg tilgjengeleg i rammeplanvisninga på udir.no. Dette hadde mange besøk i 2021. Det er særleg korte filmar og rettleiarar som bidreg til refleksjonar, som får flest treff.

I 2020 blei det sett i gang ei evaluering av seksårsreforma, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Dei første delrapportane kjem hausten 2022. Denne evalueringa vil gi oppdatert kunnskap om korleis dei yngste elevane opplever skulekvardagen. Oppdraget har også blitt utvida med to rapportar om konsekvensar av koronapandemien i barnehagen og for begynnaropplæringa.

Direktoratet starta i 2020 arbeidet med å utvikle ein nasjonal rammeplan for skulefritidsordninga (SFO), jf. omtale i kategoriinnleiinga. Rammeplanen tok til å gjelde 1. august 2021. Målet er å oppnå eit meir likeverdig SFO-tilbod i heile landet samstundes som det skal vere rom for lokale prioriteringar og lokal variasjon. Direktoratet heldt fram med å utvikle støtteressursar for kvalitetsutvikling og innføringa av rammeplanen.

Alle læreplanane for Vg2 og særløp blei fastsette våren 2021 og var klare til oppstart i august 2021. 177 læreplanar for Vg3 blei fastsette i løpet av 2021. I tillegg er det fastsett fire læreplanar med fordjupingsområde. For å støtte innføringa av fagfornyinga har direktoratet halde fram med å utvikle og vidareutvikle støtte til innføringa av fagfornyinga. Døme på dette er nettressursar på udir.no og eit planleggingsverktøy som del av læreplanvisninga, i tillegg til at direktoratet har vidareutvikla kompetansepakken for innføring av fagfornyinga og utvikla ein eigen kompetansepakke for innføring av nye læreplanar for opplæring i bedrift.

Prøvane som blir utvikla nasjonalt, blir jamleg vidareutvikla, slik at dei er relevante og oppdaterte. I samband med innføringa av nytt læreplanverk starta direktoratet i 2020 opp eit arbeid med å revidere rammeverket for nasjonale prøvar. Rammeverket skal publiserast før gjennomføring av prøvane hausten 2022. Direktoratet arbeider parallelt med å få på plass nye beskrivingar av meistringsnivå med mål om publisering samstundes med rammeverket.

Direktorata som har delteke i 0–24-samarbeidet, har arbeidd for at utsette barn og unge og familien deira skal få eit godt og samordna tilbod. Prosjektet blei avslutta i mars 2021. Departementa og direktorata jobbar vidare med meir varig struktur for samordning på tvers. Sjå meir omtale under kap. 226, post 64.

Barnehageeigarar og skuleeigarar har tilsette med kompetanse som fremjar utvikling, læring og trivsel tilpassa behova til barn og unge

For å sikre eit godt barnehagetilbod og god opplæring er kompetansen til dei tilsette heilt avgjerande. Parallelt med satsinga på vidareutdanning har direktoratet vidareutvikla dei kollektive barnehage- og skulebaserte kompetanseutviklingstiltaka. I 2021 blei retningslinjene for tilskot til lokal kompetanseutvikling i barnehage og grunnopplæring fastsette som forskrift. Tilskot for lokal kompetanseutvikling omfattar regional ordning for kompetanseutvikling i barnehage, desentralisert ordning for kompetanseutvikling i skule og kompetanseløftet i spesialpedagogikk. Ordningane skal bidra til styrkt kollektiv kompetanse ut frå lokale behov og gjennom partnarskap med universitet eller høgskule.

Direktoratet har i 2021 gjennomført søknadsbehandling til vidareutdanning, og totalt har 1 719 tilsette frå barnehagesektoren og 8 760 frå skulesektoren fått tilbod om vidareutdanning. Deltakarundersøkingar har i fleire år vist at deltakarane stort sett er godt nøgde med innhaldet i vidareutdanningstilboda og opplever eit godt læringsutbyte.

For å halde oppe god kvalitet i vidareutdanningstilbod for lærarar og leiarar i barnehage og skule er direktoratet avhengig av å ha eit oppdatert og fornya kunnskapsgrunnlag og vere tett på ny forsking på feltet. Direktoratet gjennomfører mellom anna deltakarundersøkingar og evalueringar, noko som også er gjort i 2021.

Direktoratet har også i 2021 utarbeidd mykje støttemateriell til arbeidet med kompetanseutvikling i barnehage, SFO og skule. Kompetansepakkar blir utvikla i samarbeid med ulike universitet og høgskular til fleksibel bruk ved kompetanseutvikling i barnehage, SFO og skular. Pakkane har eiga leiarstøtte for gjennomføring og kan nyttast i samband med ordningar for lokal kompetanseutvikling.

Direktoratet har eit kontinuerleg og omfattande samarbeid med universitet og høgskular. Samarbeidet er viktig for å gi tilsette i barnehage og skule gode kompetanseutviklingstilbod. Direktoratet deltek i ulike referansegrupper, har observatørrolle i ulike fora og har sekretariatsansvar for Fagleg råd for lærarutdanning 2025. Direktoratet er dessutan oppdragsgivar for ulike studietilbod og forskings- og evalueringstiltak, noko som også krev god dialog med universitet og høgskular.

Barnehageeigarar, skuleeigarar og barnehagemyndigheiter forstår, formidlar og etterlever regelverket

Direktoratet bruker ulike verktøy for at barnehageeigarar, skuleeigarar og barnehagemyndigheitene skal forstå og etterleve regelverket. Barn, unge og foreldre må også få vite kva krav regelverket stiller til barnehagar og skular, og kva rettar dei har etter lova. Direktoratet jobbar for å tilpasse informasjonen og rettleiinga til den einskilde målgruppa og bruker mellom anna digitale løysingar i arbeidet med å formidle og forvalte regelverket.

Covid-19-pandemien har sett sitt preg på arbeidet med regelverket i 2021. Direktoratet har brukt mykje tid på å avklare rammene for barnehage- og opplæringstilbodet. Forholdet mellom mellombels covid-19-regelverk, smittevernlovgivinga og det ordinære barnehage- og opplæringsregelverket har vore område med stort behov for rettleiing og avklaringar. For å sikre eit best mogleg opplærings- og barnehagetilbod under pandemien har direktoratet i samarbeid med Folkehelseinstituttet mellom anna utarbeidd informasjon og rettleiarar for smittevern for skular og barnehagar i fleire omgongar. Direktoratet har jobba tett saman med både Folkehelseinstituttet, Helsedirektoratet og Barne- og familiedirektoratet under heile pandemiperioden.

På rettstryggleiksområdet er rettleiing i regelverket, klagesaksbehandling og tilsyn med barnehagemyndigheitene og offentlege skuleeigarar delegert til statsforvaltarane. For å bidra til at dei praktiserer regelverket for skulemiljø og handhevingsordninga likt, har direktoratet vore oppteke av å gi dei felles arbeidsverktøy gjennom tolkingsutsegner og oppdaterte rettleiingar om skulemiljø og saksbehandling.

Statsforvaltarane har også i 2021 vore avgjerande for oppfølginga av barnehage- og opplæringssektoren under pandemien. Statsforvaltarane hadde i 2021 ein liten auke i gjennomførte tilsyn sett i forhold til 2020. Om lag halvparten av tilsyna var skriftlege tilsyn medan dei resterande blei gjennomførte med tilsynsbesøk eller ved hjelp av digitale løysingar.

Direktoratet har rettleia dei private skulane i arbeidet med nye læreplanar og medverka til å støtte innføringa av dei nye læreplanane gjennom forskriftsarbeidet om innføringstakt, individuell vurdering og klage på vurdering. Dei siste åra har direktoratet arbeidd med fleire og meir treffsikre tilsyn, slik at ein får optimalisert bruken av tilsynsresultata. Bakgrunnen for dette er at direktoratet framleis ser ein stor risiko for brot på regelverket i dei private skulane. I tillegg vektla direktoratet tilsyn retta mot utsette barn og unge, og det blei opna fleire tilsyn med gjennomføring av spesialundervisning, planlegging av spesialundervisning og skulemiljø på internkontrollområdet. Nokre av tilsyna som blei opna i 2021, vart gjennomførte med tilsynsbesøk, men dei fleste tilsyna var også i 2021 skriftlege tilsyn.

Direktoratet heldt i 2021 fram med å bygge opp ei avdeling for økonomisk tilsyn med private barnehagar. Avdelinga har tilsett 19 personar ved utgangen av 2021 og overtok tilsynsansvaret frå 1. januar 2022.

Barnehageeigarar og skuleeigarar arbeider kunnskapsbasert i utviklinga av eigne barnehagar og skular og overfor lærebedrifter

Utdanningsdirektoratet støttar opp om kvalitetsutvikling i barnehagar, skular og lærebedrifter. Dette gjer direktoratet gjennom å vidareutvikle og formidle kunnskap i form av forsking, statistikk og analysar og ved å tilby støtte, opplæring og rettleiing. Direktoratet har arbeidd med å gjere kunnskapsgrunnlaget endå meir tilgjengeleg gjennom det nye verktøyet analysebrett, som skal vise tal og statistikk på ein meir brukarvenleg måte gjennom ei eiga samanstilling av statistikk og gjennom statistikkbanken.

I 2021 har direktoratet prioritert formidling og brukarinvolvering. Elevundersøkinga, lærlingundersøkinga og foreldreundersøkinga i barnehagen er verktøy som gir eit godt grunnlag for barnehage- og skuleeigarar til å utvikle barnehagane og grunnopplæringa.

Gjennom 0–24-samarbeidet blei det avdekt at mange kommunar sakna ei felles ressursside for statistikk på oppvekstfeltet. Saman med Folkehelseinstituttet publiserte direktorata som var med i 0–24-samarbeidet, verktøyet «Oppvekstprofil» i mars 2021. Hovudtema i 2021 var kva sosial ulikskap har å seie for barns helse og oppvekst. Utdanningsdirektoratet har hatt eit særskilt ansvar for å levere indikatorar som gjeld barnehage og skule. Oppvekstprofilane kan gi kommunane betre innsikt i effekten av tiltaka dei har sett i verk for å gi barn og unge gode oppvekstvilkår, og dermed lette planarbeidet og styrke tenestetilbodet i den einskilde kommunen.

Barnehageeigarar, skuleeigarar og barnehagemyndigheiter utnyttar dei moglegheitene digitaliseringa gir i læringsarbeid og administrative prosessar

Utdanningsdirektoratet arbeider kontinuerleg for å auke den digitale kompetansen hos tilsette i barnehagen og grunnopplæringa, slik at dei kan utnytte dei moglegheitene digitaliseringa gir i læringsarbeid og administrative prosessar. Innsatsen gjeld mellom anna å stimulere til betre og auka bruk av digitale læremiddel, til å utvikle dei digitale fellesløysingane i sektoren, til arbeidet med å standardisere digital læringsteknologi, til kompetansepakkar for bruk av digitale løysingar og til styrkt informasjon om personvern i sektoren. Arbeidet har vore forankra i digitaliseringsstrategien for grunnopplæringa. I 2021 blei arbeidet med gode rettleiingsressursar for skule- og barnehageeigarar knytt til personvern særskilt styrkt. Nye verktøy for å vurdere kvaliteten på læremiddel vart lanserte og godt mottekne.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 386,3 mill. kroner på posten. Departementet foreslår å flytte 28 mill. kroner frå kap. 231, post 21 og 2 mill. kroner frå kap. 571, post 60 under Kommunal- og distriktsdepartementet til posten for oppgåva med å føre tilsyn med økonomien i private barnehagar. Departementet foreslår å auke løyvinga med 1 mill. kroner i samband med omlegginga av grunntilskotet til organisasjonar til ei søknadsbasert ordning frå 2024, jf. omtale under kap. 225, post 75. Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 3,6 mill. kroner som følge av endra jobbreisevanar. Løyvinga på posten er redusert med 0,6 mill. kroner som følge av at det i saldert budsjett 2022 vart utrekna for høg kompensasjon ved innføring av ny premiemodell i Statens pensjonskasse, jf. nærare omtale i del I, kap. 1. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 0,1 mill. kroner, som oppfølging av regjeringas arbeid med meir effektive kontorleigeavtalar for statlege verksemder.

Departementet foreslår at løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3220, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Løyvinga går til kostnader direktoratet har til utviklingsprosjekt og oppdragsverksemd. Forvaltning av IKT-verktøy retta mot sektorane er finansiert over denne posten. Løyvinga finansierer også utarbeiding av eksamensoppgåvene og materiell for rettleiing til sentralt gitt eksamen i grunnskulen, i vidaregåande opplæring og i den sentralt gitte delen av fag- og sveineprøvar innanfor yrkesfaga.

Mål for 2023

Målet med løyvinga er å gi rom for utviklingsprosjekt og oppdragsverksemd innanfor ansvarsområdet til Utdanningsdirektoratet.

Resultat i 2021

Arbeidet med å utarbeide eksamensoppgåvene og materiell for rettleiing til sentralt gitt eksamen i grunnskulen og i vidaregåande opplæring blei gjennomført som planlagt. Det same gjeld arbeidet med å utarbeide og gjennomføre nasjonale prøvar og kartleggingsprøvar. Våren 2021 gjennomførte direktoratet kartleggingsprøvar i lesing og rekning på 1.–3. trinn og i engelsk på 3. trinn. Fordi skulane på dette tidspunktet framleis var prega av pandemien, vart det til liks med året før vedteke å forlenge gjennomføringsperioden med fire veker til 14. mai.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 206,1 mill. kroner på posten.

Post 70 Tilskot til læremiddel o.a., kan overførast, kan nyttast under post 21

Løyvinga på post 70 gjeld utvikling av læremiddel.

Mål for 2023

Løyvinga på post 70 skal medverke til at det blir utvikla og produsert læremiddel der det ikkje er grunnlag for kommersiell produksjon, slik at elevane har tilgang på dei læremidla dei treng. Dette gjeld læremiddel for smale fagområde, parallellutgåver på nynorsk, særskilt tilrettelagde læremiddel, universelt utforma læremiddel og læremiddel for språklege minoritetar.

Resultat i 2021

Det blei i 2021 gitt midlar til totalt 45 nye prosjekt. Sjå fordelinga for 2021 i tabellen nedanfor saman med fordelinga frå 2020:

Tabell 4.2 Tilskot til læremiddel 2020 og 2021

Tilskot til læremiddel

2020

2021

Smale fagområde

19

21

Særskilt tilrettelagde læremiddel / pedagogisk barnehagemateriell

13

9

Parallelle utgåver

9

10

Læremiddel / pedagogisk barnehagemateriell for språklege minoritetar

10

5

Samla

51

45

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 76,8 mill. kroner på posten.

Det blir foreslått ei tilsegnsfullmakt knytt til posten, jf. forslag til vedtak III nr. 1.

Kap. 3220 Utdanningsdirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Inntekter frå oppdrag

1 846

2 406

2 478

Sum kap. 3220

1 846

2 406

2 478

Inntektene gjeld oppdragsverksemd og eventuelle refusjonar.

Kap. 221 Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Driftsutgifter

15 187

16 034

16 141

Sum kap. 221

15 187

16 034

16 141

Post 01 Driftsutgifter

Foreldreutvalet for barnehagar (FUB) og Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) er sjølvstendige rådgivande organ for Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet. Løyvinga gjeld drift av utvala og det felles sekretariatet deira. Dagens utval er oppnemnde for perioden 2020–23.

Mål for 2023

FUB og FUG skal fremje eit godt samarbeid mellom barnehage/skule og heim og vareta interessene til foreldra i barnehage- og skulesamanheng.

Mål for verksemda til foreldreutvala i 2023 er:

  • Foreldreutvala og sekretariatet gir råd og innspel til Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet i saker som gjeld samarbeid mellom barnehage/skule og heim

  • Foreldreutvala og sekretariatet gir informasjon og rettleiing om samarbeid mellom barnehage/skule og heim

  • Foreldreutvala og sekretariatet samarbeider med relevante aktørar i saker som gjeld samarbeid mellom barnehage/skule og heim

Resultat i 2021

Utvala har vore synlege og hatt stor aktivitet trass nok eit krevjande pandemiår med reise- og møterestriksjonar og i tillegg mange utskiftingar i sekretariatet knytt til flyttinga til Bø i 2018. Utvala har levert mange høyringssvar til departementet, gitt informasjon og rettleiing til foreldre og utvikla heimesidene sine med nye digitale verktøy og digitalt innhald, til dømes Foreldrepodden. Dei har også jobba med foreldreundersøkingar og utvikla ein rettleiar for skule–heim-samarbeid ved krisar.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 16,1 mill. kroner på posten. Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 0,2 mill. kroner som følge av endra jobbreisevanar. Løyvinga på posten er redusert med 15 000 kroner som følge av at det i saldert budsjett 2022 vart utrekna for høg kompensasjon ved innføring av ny premiemodell i Statens pensjonskasse, jf. nærare omtale i del I, kap. 1.

Kap. 222 Statlege skular og fjernundervisningstenester

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Driftsutgifter

153 810

150 933

127 597

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

1 612

2 067

1 756

Sum kap. 222

155 422

153 000

129 353

Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvingane på kapittelet gjeld

  • drift av Sørsamisk kunnskapspark i Hattfjelldal

  • drift av Samisk vidaregåande skule i Karasjok og Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule i Kautokeino

  • lønn etter rettsvilkårsavtalen for personale ved nedlagde statlege skular og ventelønn for personale frå avvikla statsinternat i Finnmark

Opplæringa ved Sørsamisk kunnskapspark og dei vidaregåande skulane følger Kunnskapsløftet – samisk.

Mål for 2023

Målet med løyvinga er å medverke til å utvikle samisk identitet, språk og kultur.

Resultat i 2021

Sørsamisk kunnskapspark

Sørsamisk kunnskapspark tilbyr fjernundervisning for elevar som har rett til språkopplæring i samisk, men som ikkje har tilbod om språkopplæring i eigen kommune. Den positive utviklinga i talet på elevar som får samisk som fjernundervisning, har halde fram i skuleåret 2021–22. Per 1. oktober 2021 var det 148 elevar som fekk samisk som fjernundervisning. Det er ein auke på 62 frå førre skuleår.

Samiske vidaregåande skular

Dei samiske vidaregåande skulane er opne for elevar frå heile landet og har både heiltids- og deltidselevar. Begge skulane har eit særleg ansvar for å gi undervisning på og i samisk. Skulane gir òg fjernundervisning i samisk.

I skuleåret 2021–22 hadde Samisk vidaregåande skule i Karasjok 121 elevar. I tillegg fekk 65 elevar fjernundervisning.

Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule i Kautokeino hadde 92 elevar i skuleåret 2021–22. I tillegg fekk 55 elevar fjernundervisning.

Diamanten skole

Statped driv Diamanten skole i Oslo, som er ein grunnskule og vidaregåande skule for døvblindfødde. Diamanten prioriterte å halde opplæringa i gang på skulen gjennom covid-19-pandemien. Skulen har eit tak på 10 elevar og hadde 10 elevar i skuleåret 2021–22.

Ventelønn

I samband med tidlegare nedlegging av statlege skular og statsinternat i Finnmark er det i 2021 utbetalt 0,3 mill. kroner i ventelønn til tidlegare tilsette ved desse skulane og statsinternata.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 127,6 mill. kroner på post 01 og 1,8 mill. kroner på post 45.

Løyvinga på post 01 er redusert med 25,9 mill. kroner, medan løyvinga på post 45 er redusert med 0,4 mill. kroner som følge av at departementet foreslår å flytte løyvingane til Diamanten skole til eit nytt kap. 223.

Løyvinga på post 01 er redusert med 0,5 mill. kroner som følge av endra jobbreisevanar etter covid-19-pandemien.

Løyvinga på post 01 er redusert med 0,2 mill. kroner som følge av at det i saldert budsjett 2022 vart utrekna for høg kompensasjon ved innføring av ny premiemodell i Statens pensjonskasse, jf. nærare omtale i del I, kap. 1.

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3222, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

I statsbudsjettet for 2022 blei det gitt ei startløyving for å bygge eit samlokalisert bygg for Det Samiske Nasjonalteateret Beaivváš og Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule i Kautokeino. Prosjektet har ei samla ramme på 491,3 mill. kroner (prisnivå per 1. juli 2023) og skal gjennomførast innanfor absolutte økonomiske rammer (prinsippa om design-to-cost). Ramma inkluderer midlar til både bygg og brukarutstyr/inventar. Bygget er planlagt å vere klart til skulestart i 2024. Regjeringa foreslår å løyve 205 mill. kroner i 2023. Midlane blir løyvde over budsjettet til Kommunal- og distriktsdepartementet, kap. 2445, post 33.

Kap. 3222 Statlege skular og fjernundervisningstenester

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

02

Salsinntekter o.a.

23 444

21 040

20 986

Sum kap. 3222

23 444

21 040

20 986

Post 02 gjeld inntekter frå mellom anna kurs og vaksenopplæring, sal frå kantine, hybelutleige og betaling frå heimeskulane for fjernundervisning.

Løyvinga er redusert med 0,7 mill. kroner som følge av at departementet foreslår å flytte inntektsløyvinga til Diamanten skole til eit nytt kap. 3223.

Kap. 223 Diamanten skole

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Driftsutgifter

27 121

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald

352

Sum kap. 223

27 473

Mål for 2023

Målet med løyvinga til Diamanten skole for døvblindfødde elevar er å medverke til at barn og unge med medfødt døvblindskap har eit tilrettelagd opplæringstilbod og blir gitt moglegheit til å vere aktive deltakarar i eiga læring og utvikling.

Resultat i 2021

Sjå rapport under kap. 222 over.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 27,1 mill. kroner på post 01 og 0,4 mill. kroner på post 45. I løyvinga inngår ein auke på 1,2 mill. kroner som følge av høgare driftsutgifter etter flytting av skulen.

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3223, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3223 Diamanten skole

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

02

Salsinntekter o.a.

685

Sum kap. 3223

685

Post 02 gjeld inntekter frå refusjonar. For rapport og rekneskap, sjå kap. 3222.

Kap. 224 Tilskot til freds- og menneskerettssenter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

70

Freds- og menneskerettssenter

103 238

110 460

113 658

71

Det europeiske Wergelandsenteret

11 084

11 672

12 004

Sum kap. 224

114 322

122 132

125 662

Kunnskapsdepartementet gir tilskot til sju freds- og menneskerettssenter. Sentera er uavhengige stiftingar. Tilskotet er øyremerkt desse freds- og menneskerettssentera fordi dei er viktige aktørar i arbeidet med undervisning og formidling av fred og menneskerettar i dei ulike regionane i Noreg.

Post 70 Freds- og menneskerettssenter

Posten omfattar tilskot til desse freds- og menneskerettssentera:

  • Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret) (Oslo)

  • Falstadsenteret (Ekne i Trøndelag)

  • Arkivet freds- og menneskerettighetssenter (Kristiansand)

  • Nansen Fredssenter (Lillehammer)

  • Narviksenteret (Narvik)

  • Raftostiftelsen (Bergen)

Mål for 2023,

Freds- og menneskerettssentera skal arbeide med dokumentasjon av, forsking på og formidling av demokrati, fred og menneskerettar, fangehistorie og folkemord. Aktiviteten til sentera er mellom anna retta mot grunnopplæringa.

Dei einskilde sentera har særskilde nasjonale eller regionale oppgåver som er nærare definerte i tilskotsbreva til sentera.

Resultat i 2021

Aktiviteten til sentera i 2021 var prega av restriksjonar som følge av covid-19-pandemien. Om lag 36 000 elevar frå ungdomsskular og vidaregåande skular deltok i undervisningstilboda til freds- og menneskerettssentera i 2021, mot om lag 18 000 i 2020. Samla besøkte om lag 91 000 personar sentera i 2021.

Sentera har greidd å halde oppe høg aktivitet gjennom omstilling til digitale opplegg, og ved å vidareutvikle undervisningsopplegga for både fysisk og virtuell deltaking. Markeringar, foredrag og konferansar er gjennomførte som digitale sendingar eller som webinar.

Arkivet freds- og menneskerettssenter hadde 20-årsmarkering i 2021. Senteret arbeidde mellom anna med kompetanseheving for lærarar gjennom tilbodet Hvordan undervise om 22. juli?

Narviksenteret hadde lågare aktivitet enn vanleg i store delar av 2021 som følge av pandemien. Senteret deltok i Dembra og hadde fleire utstillingar.

Raftostiftelsen starta i 2021 eit arbeid med å kartlegge situasjonen for forsvararar av menneskerettar under pandemien. Senteret heldt oppe eit omfattande tilbod trass i restriksjonar som følge av pandemien.

Falstadsenteret gjennomførte i 2021 fleire undervisningsopplegg som Fortellinger om flukt for 9. og 10. trinn og Maktens ansikter for vidaregåande skular.

HL-senteret arbeidde mellom anna med tema som folkemord og brot på menneskerettane gjennom prosjektet Mass Atrocity Responses. Senteret forska mellom anna på kvardagsrasisme.

Nansen Fredssenter gjennomførte ei rekke kurs, foredrag og arbeidsgrupper. Fleire av tilboda var digitale.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 113,7 mill. kroner på posten.

I revidert budsjett for 2022 blei det løyvd 1 mill. kroner til Narviksenteret for å ferdigstille utviklinga av eit digitalt register over norske soldatar som deltok i kampane i Noreg i 1940, jf. Prop. 115 S(2021–2022) og Innst. 450 S (2021–2022). Departementet foreslår å vidareføre auken på 1 mill. kroner til drift av registeret i 2023.

Forsvarsdepartementet har gitt tilskot til Narviksenteret for å bidra til at senteret kan vere eit nasjonalt og internasjonalt opplærings- og dokumentasjonssenter om den andre verdskrigen, med særleg vekt på Nord-Noreg. Formålet med tilskotet skal varetakast gjennom tilskotet frå Kunnskapsdepartementet framover. Departementet foreslår å auke løyvinga med 0,6 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på budsjettet til Forsvarsdepartementet for å samle tilskota til Narviksenteret under Kunnskapsdepartementet.

I revidert budsjett for 2022 er det løyvd 1,4 mill. kroner til Falstadsenteret til styrking av undervisninga av skuleelevar i menneskerettar og demokratisk medborgarskap. Departementet foreslår å vidareføre denne auken i 2023-budsjettet.

Ved behandlinga av statsbudsjettet for 2022 blei det løyvd 3 mill. kroner for å prosjektere eit nytt bygg for Raftostiftelsen. Stiftinga skal arbeide vidare med prosjektet i 2023 og har signalisert at ein eventuell søknad om tilskot til byggeprosjektet tidlegast er aktuell til statsbudsjettet for 2024. Tilskotet til prosjektering blir ikkje vidareført i budsjettforslaget for 2023

Tabell 4.3 Tilskot til freds- og menneskerettssenter

(i 1 000 kr)

Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter

42 084

Falstadsenteret

25 776

Arkivet freds- og menneskerettighetssenter

18 036

Nansen Fredssenter

8 787

Narviksenteret

11 468

Raftostiftelsen

7 507

Sum

113 658

Post 71 Det europeiske Wergelandsenteret

Det europeiske Wergelandsenteret (EWC) samarbeider med Europarådet om opplæring i interkulturell forståing, menneskerettar og aktivt medborgarskap, jf. Innst. S. nr. 9 (2008–2009) og St.prp. nr. 86 (2007–2008) Om samtykke til inngåelse av samarbeidsavtale av 16. september 2008 mellom Norge og Europarådet om Det europeiske ressurssenteret for opplæring i interkulturell forståelse, menneskerettigheter og demokratisk medborgerskap.

Mål for 2023

Tilskotet skal bidra til at Wergelandsenteret kan vere eit ressurssenter for opplæring på områda interkulturell forståing, menneskerettar og aktivt medborgarskap for ulike målgrupper som arbeider på utdanningsfeltet.

Resultat i 2021

Over 20 000 lærarar, lærarutdannarar og andre pedagogar har fått opplæring direkte gjennom EWC-prosjekt i 2021. Det er dobbelt så mange som i 2020. EWC nådde nær 70 000 personar gjennom aktivitetane sine. Fleire tilbod blei tilpassa situasjonen med covid-19-pandemien ved bruk av nettbasert læring.

EWC har utvikla digital opplæring for formidlarar og nettkurs for lærarar. I underkant av 400 skular i Europa deltok i prosjekta til EWC i 2021. EWC samarbeider tett med organisasjonar og utdanningsmyndigheiter i fleire land og har bidrege i ekspertgrupper drivne mellom anna av Europarådet og UNESCO. Talet på partnarskap med andre organisasjonar auka betydeleg i 2021.

Læringstilbodet om 22. juli er eit samarbeid mellom Wergelandsenteret, 22. juli-senteret og Utøya AS. Tiårsmarkeringa for terrorangrepa 22. juli 2011 gav auka etterspurnad etter tilbodet. Kunnskapsdepartementet bidrog med 5 mill. kroner i prosjektmidlar til læringstilbodet om 22. juli og demokratisk medborgarskap i 2021, jf. kap. 226, post 21.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 12 mill. kroner på posten.

Kap. 225 Tiltak i grunnopplæringa

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Driftsutgifter

8 679

23 684

22 692

21

Særskilde driftsutgifter

23 985

114 774

117 768

60

Tilskot til landslinjer

242 162

247 269

250 311

63

Tilskot til samisk i grunnopplæringa, kan overførast

78 593

94 733

115 074

64

Tilskot til opplæring av barn og unge som søker opphald i Noreg

25 785

30 705

124 967

65

Rentekompensasjon for skule- og symjeanlegg, kan overførast

43 301

128 796

331 258

66

Tilskot til skuleturar i samband med handlingsplan mot antisemittisme

15 361

15 477

15 886

67

Tilskot til opplæring i kvensk eller finsk

8 308

9 154

9 577

68

Tilskot til opplæring i kriminalomsorga

302 816

310 689

318 886

69

Tiltak for fullføring og kvalifisering i vidaregåande opplæring

779 760

832 334

969 456

74

Prosjekttilskot

6 739

6 914

7 110

75

Grunntilskot

95 942

104 436

101 736

Sum kap. 225

1 631 431

1 918 965

2 384 721

Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter

Løyvinga på post 01 finansierer dei kostnadene som statsforvaltaren har ved å administrere sentralt gitt eksamen i grunnskulen og i vidaregåande opplæring.

Løyvinga på post 21 dekker utgifter til lærarar som har teke på seg sensoroppdrag ved sentralt gitt eksamen (sensur og klagebehandling). Statsforvaltaren utbetaler midlane. Ordninga er heimla i forskrift til opplæringslova § 3-25 og i Kunnskapsløftet om gjennomføring av eksamen i grunnskulen og vidaregåande opplæring, inkludert den sentralt gitte delen av fag- og sveineprøven innanfor yrkesfaga.

Utarbeiding av sentralt gitt eksamen og elektroniske prøve- og eksamenstenester blir finansiert av løyvinga på kap. 220, post 21.

Mål for 2023

Målet med løyvingane er å medverke til at det blir gjennomført sentralt gitt eksamen i grunnskulen og i vidaregåande opplæring.

Resultat i 2021

Våren 2021 blei det avlagt 43 700 sentralt gitte eksamenar i vidaregåande opplæring. Tala er langt lågare enn vanleg fordi eleveksamen blei avlyst våren 2021. Om lag 98 pst. var privatisteksamenar.

Hausten 2021 blei det avlagt til saman 31 600 sentralt gitte eksamenar i vidaregåande opplæring, og av desse var 95 pst. privatisteksamenar, medan resten blei avlagde av elevar med rett til anten særskild, utsett eller ny eksamen.

Eksamenar som fylkeskommunen har ansvar for å utarbeide, er ikkje rekna med i desse tala.

Det blei ikkje behandla nokon klager på eksamen i grunnskulen i 2021. For sentralt gitt eksamen med sentral sensur i vidaregåande opplæring blei 5 400 klager behandla.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 22,7 mill. kroner på post 01 og 117,8 mill. kroner på post 21. Departementet foreslår å redusere løyvinga på post 01 med 1,4 mill. kroner og på post 21 med 35 000 kroner som følge av endra jobbreisevanar.

Post 60 Tilskot til landslinjer

Tilskotet går til fylkeskommunar med landslinjer, til drift av landslinjene og til innkjøp av utstyr.

Landslinjeordninga omfattar eit breitt spekter av utdanningstilbod, frå særleg små tilbod som berre finst éin stad i landet, til særleg utstyrskrevjande tilbod som finst fleire stadar. Departementet endra retningslinjene for nye landslinjetilbod og utvidingar av eksisterande tilbod med verknad frå 1. januar 2021. For å bli godkjend er det i utgangspunktet eit krav at søknaden skal vere støtta av alle fylkeskommunane. Det kan avvikast frå kravet dersom tilbodet dekker nasjonale kompetansebehov som er særleg viktige, til dømes for å sikre samfunnskritiske funksjonar. Søknadene blir vurderte av Utdanningsdirektoratet. I vurderinga skal det mellom anna leggast vekt på nasjonale og regionale kompetansebehov og tilgangen på læreplassar.

For å unngå dobbeltfinansiering blir nye landslinjetilbod og utvidingar av eksisterande tilbod finansierte med eit trekk i det samla rammetilskotet til fylkeskommunane.

Regjeringa vil at ordninga framover i større grad skal bidra til å dekke kompetansebehov i arbeidslivet.

Mål for 2023

Målet med tilskotsordninga er at elevar frå heile landet kan få eit nasjonalt tilbod i små og/eller kostbare kurs i vidaregåande opplæring.

Resultat i 2021

I skuleåret 2021–22 var det 1 724 heilårsplassar fordelte på 52 landslinjetilbod. Hausten 2021 brukte fylkeskommunane om lag 81 pst. av kapasiteten ved alle landslinjene. For våren 2022 var talet 79 pst. I dei siste åra har i overkant av 80 pst. av elevplassane ved landslinjene blitt nytta.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 250,3 mill. kroner på posten.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 2 mill. kroner som følge av at utvidinga av landslinjetilbodet ved Bardufoss videregående skole frå hausten 2022 får heilårseffekt i 2023. Auken blir motsvart av ein tilsvarande reduksjon av rammetilskotet til fylkeskommunane.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 1 mill. kroner for å dekke våreffekten av Vg2-tilbodet og hausteffekten av Vg3-tilbodet for landslinja i bratt friluftsliv ved Rauma videregående skole.

I statsbudsjettet for 2022 blei det løyvd 1,8 mill. kroner for å legge til rette for ei ny landslinje i flyfag i Trøndelag. Linja kunne ikkje starte opp i 2022, mellom anna som følge av ein prosess med godkjenning av Luftfartstilsynet. Løyvingsauken blir vidareført i budsjettforslaget for 2023 og legg til rette for å starte linja ved Fosen videregående skole frå hausten 2023.

Løyvingsforslaget inneber at satsane for tilskotsordninga blir vidareførte på same nominelle nivå som i 2022.

Post 63 Tilskot til samisk i grunnopplæringa, kan overførast

Under denne posten er det tre tilskotsordningar:

  • ei ordning for samiskopplæring i grunnskulen

  • ei ordning for samiskopplæring i vidaregåande opplæring

  • ei ordning for studiepermisjonar for vidareutdanning i samisk for lærarar i heile grunnopplæringa og rekrutteringsstipend for lærarstudentar

Berekningsreglane for tilskot til samiskopplæring i grunnskulen er kompliserte og gir store skilnader i tilskot for elevar i kommunar innanfor og utanfor forvaltningsområdet for samisk språk. Tilskot for elevar i kommunar innanfor forvaltningsområdet blir berekna etter fleire ulike variablar. For elevar i kommunar utanfor forvaltningsområdet blir tilskotet berekna etter søknad til statsforvaltaren basert på talet på årstimar, elevar og formålstenleg gruppesamansetjing.

Departementet tek sikte på å endre berekningsreglane i 2023. Berekninga vil bli felles for tilskot for elevar i kommunar innanfor og utanfor forvaltningsområdet for samisk språk. Tilskotet til kommunane vil basere seg på talet på elevar som får opplæring i samisk språk, talet på timar etter samisk læreplan og inndeling i grupper etter hovudtrinn.

Berekningsreglane for tilskot til samiskopplæring i vidaregåande opplæring tek utgangspunkt i talet på klokketimar per elev per fylke. I einskilde fylke er avstandane så store at det ikkje er mogleg å slå saman grupper på tvers av skular. Departementet tek sikte på å endre berekningsreglane i 2023 slik at tilskotet blir berekna med utgangspunkt i kvar skule i staden for kvart fylke.

Departementet er i konsultasjonsprosess med Sametinget om omlegginga.

Mål for 2023

Tilskotet skal bidra med finansiering til kommunar, fylkeskommunar og private skular som tilbyr samiskopplæring i samsvar med § 6-2 og § 6-3 i opplæringslova. Tilskotet skal òg bidra til at lærarar får vidareutdanning i og lærarstudentar tek utdanning i samiske språk.

Resultat i 2021

Det har vore ein liten reduksjon i talet på elevar med samisk språk i grunnskulen frå 2020 til 2021 jf. tabellen under.

Tabell 4.4 Talet på grunnskuleelevar med samisk som første- og andrespråk

Skuleår

2018–19

2019–20

2020–21

2021–22

Samisk som førstespråk

952

954

1 011

1 009

Samisk som andrespråk

1 442

1 446

1 511

1 483

Totalt

2 394

2 400

2 522

2 492

Endring frå året før i pst.

5,6

0,3

5

–1,2

Kjelde: Grunnskolens Informasjonssystem (GSI)

I tilskotsordninga til samisk i vidaregåande opplæring blei det i 2021 utbetalt tilskot for i alt 340 elevar. Dette er 61 fleire elevar enn i 2020.

I 2021 blei det utbetalt 1,6 mill. kroner til studiepermisjonar for vidareutdanning i samisk for lærarar i grunnopplæringa og til stipend for lærarstudentar. Til samanlikning blei det utbetalt 2,2 mill. kroner i tilskot i 2020 og 3,5 mill. kroner i 2019. Statsforvaltaren melder om at universitet og høgskular har hatt for få vidareutdanningstilbod for lærarar i 2021 til å dekke behovet.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 115,1 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 0,2 mill. kroner som følge av fleire elevar. Nye berekningsreglar for tilskot til opplæring i samisk fører isolert sett til at nokre kommunar får mindre tilskot enn i 2022, medan andre får meir. Departementet foreslår å auke løyvinga med 17,5 mill. kroner slik at ingen kommunar taper på omlegginga. Samla inneber dette ei monaleg satsing på opplæring i samisk språk. Departementet tek sikte på at dei nye berekningsreglane vil ta til å gjelde i 2023.

Post 64 Tilskot til opplæring av barn og unge som søker opphald i Noreg

Løyvinga skal finansiere opplæring av barn og unge som søker opphald i Noreg. Dette omfattar asylsøkarar og personar som søker om familiesameining. Løyvinga inkluderer tilskot til tre grupper:

  • barn og unge til og med 15 år som har rett og plikt til grunnskuleopplæring

  • ungdom mellom 15 og 18 år som søker opphald, og som har rett til grunnskuleopplæring

  • ungdom mellom 15 og 18 år som søker opphald, og som har rett til vidaregåande opplæring

Tilskotsordninga er avgrensa til dei som bur på mottak/omsorgssenter eller oppheld seg lovleg i landet medan dei ventar på å få avgjort søknad om opphaldsløyve, inntil dei fyller 18 år eller har fullført det skuleåret dei fyller 18 år.

Mål for 2023

Tilskotet skal bidra til at barn og unge som søker opphald i Noreg, får grunnskuleopplæring og vidaregåande opplæring, jf. opplæringslova § 2-1 andre ledd og § 3-1 tolvte ledd.

Resultat i 2021

Tilskotet for 2021 finansierte opplæring i skuleåret 2020–21. Skuleåret 2020–21 vart det som eit gjennomsnitt for månadene i skuleåret gitt grunnskuleopplæring til 789 barn som var busette i mottak/omsorgssenter eller som budde privat. Det er 95 fleire enn skuleåret 2019–20. Skuleåret 2020–21 var det i gjennomsnitt 7 elevar i aldersgruppa 16–18 år som fekk vidaregåande opplæring. Det er ein nedgang frå skuleåret 2019–20.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 125 mill. kroner på posten.

Løyvinga er auka med 93,4 mill. kroner som følge av ein auke i talet på elevar som utløyser tilskot. Auken kjem i hovudsak av at det har kome fleire flyktningar til Noreg etter angrepet på Ukraina.

Post 65 Rentekompensasjon for skule- og symjeanlegg, kan overførast

Mål for 2023

Løyvinga skal nyttast til å innfri tilsegner om rentekompensasjon som er gitt i perioden 2002–16. Målet med ordninga var å stimulere kommunar og fylkeskommunar til å bygge nye skule- og symjeanlegg og rehabilitere og ruste opp eksisterande anlegg.

Resultat i 2021

Det blei utbetalt 43,3 mill. kroner i rentekompensasjon for skule- og symjeanlegg i 2021.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 331,3 mill. kroner på posten.

Løyvinga er auka med 202,5 mill. kroner som følge av det er lagt til grunn ein renteføresetnad på 3 pst., mot 1 pst. i saldert budsjett for 2022.

Post 66 Tilskot til skuleturar i samband med handlingsplan mot antisemittisme

Posten gjeld tilskot til skuleturar i samband med handlingsplan mot antisemittisme. Dette omfattar skuleturar for ungdom i alderen 12–16 år til tidlegare konsentrasjonsleirar og minnestadar frå den andre verdskrigen. Handlingsplan mot antisemittisme 2016–2020 gjekk ut ved årsskiftet 2020–21. Ein revidert handlingsplan mot antisemittisme blei lansert i januar 2021, denne gjeld ut 2023. Tilskot til desse skuleturane er eitt av tiltaka i denne planen.

Departementet har fastsett reviderte retningslinjer som gjeld frå og med skuleåret 2020–21, slik at også elevar i vidaregåande opplæring blir omfatta av ordninga. I september 2020 blei retningslinjene for tilskotsordninga endra på grunn av covid-19-pandemien, slik at reisemål i større grad kan bli tilpassa dei minnestadane frå den andre verdskrigen som finst i Noreg, og at skuleturane kan vere kortare enn tre overnattingar.

Mål for 2023

Målet med tilskotsordninga er å stimulere til at skuleeigarar, skular og foreldregrupper organiserer turar til tidlegare konsentrasjonsleirar eller minnestadar frå den andre verdskrigen for elevar på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring.

Resultat i 2021

Til tilskotsordninga til skuleturar i samband med handlingsplan mot antisemittisme kom det inn 285 søknader i 2021, mot 254 søknader i 2020. Det blei for skuleåret 2021–22 gitt tilskot til 40 ulike turarrangørar for 12 672 elevar i ungdomsskule og vidaregåande opplæring, mot 46 arrangørar og 12 660 elevar i ungdomsskulen i skuleåret 2020–21. Alle søknader som fylte kriteria i tilskotsordninga, fekk tilskot. Talet på søknader blei også i skuleåret 2021–22 påverka av covid-19-pandemien. Det er i stor grad private aktørar som arrangerer turane.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 15,9 mill. kroner på posten.

Post 67 Tilskot til opplæring i kvensk eller finsk

Under denne posten er det tre tilskotsordningar:

  • ei tilskotsordning for opplæring i kvensk eller finsk som andrespråk i grunnskulen

  • ei tilskotsordning for opplæring i kvensk eller finsk som andrespråk i vidaregåande opplæring

  • ei ordning med studiepermisjonar for vidareutdanning i kvensk eller finsk for lærarar i grunnskulen

Mål for 2023

Målet med løyvinga er å bidra med finansiering slik at elevar med kvensk/norskfinsk bakgrunn i Troms og Finnmark får opplæring i kvensk eller finsk som andrespråk ved kommunale og private grunnskular i samsvar med rettane som går fram av § 2-7 i opplæringslova. Vidare er målet med løyvinga å bidra med finansiering slik at elevar og lærlingar med kvensk/norskfinsk bakgrunn får opplæring i kvensk eller finsk ved fylkeskommunale og private vidaregåande skular. Det er òg eit mål å styrke kompetansen i kvensk og finsk for lærarar i grunnskulen.

Resultat i 2021

Talet på elevar i Troms og Finnmark som vel kvensk eller finsk som andrespråk i grunnskulen, er lågare enn i åra før. Hausten 2021 var det 426 elevar. Dette er 17 færre enn i 2020. Våren 2021 var det i alt 26 elevar som fekk opplæring i kvensk eller finsk i vidaregåande opplæring, mot 25 elevar i 2020. Frå den årlege løyvinga til to heile studieheimlar for vidareutdanning av lærarar i kvensk eller finsk språk, blei det innvilga tilskot til 1,75 studieheimlar i 2021. Til samanlikning blei det innvilga tilskot til 0,25 studieheimel i 2020.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 9,6 mill. kroner på posten. Departementet foreslår å auke løyvinga med 0,2 mill. kroner som følge av oppdatert anslag for talet på elevar som vil få opplæring i kvensk eller finsk i vidaregåande opplæring.

Post 68 Tilskot til opplæring i kriminalomsorga

Innsette i fengsel har rett til opplæring under soning av straff. Tilskot til opplæring i kriminalomsorga skal bidra til at dei innsette får den opplæringa dei har krav på. Fylkeskommunane har ansvaret for opplæringa i norske fengsel, og dei vidaregåande skulane står for den praktiske gjennomføringa.

Fylkeskommunar med særskilde oppgåver på området får tilskot for tilbod som ungdomseiningar, oppfølgingsklassar, eining for tilbakeføring gjennom arbeid, fritid og utdanning (TAFU), eining for narkotikaprogram med domstolskontroll (ND) og den felles IKT-løysinga Desktop for skolen (DFS).

Mål for 2023

Målet med tilskotsordninga er at innsette som ikkje har fullført grunnskulen eller vidaregåande opplæring, og som har rett til og ønsker slik opplæring, får det. Oppfølgingsklassane skal bidra til at lauslatne skal kunne fullføre opplæring som er begynt under soning. Opplæringa skal bli gitt etter læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 og opplæring i grunnleggande ferdigheiter.

Resultat i 2021

Det er opplæringstilbod for innsette i alle fengsla i Noreg. Om lag 36 pst. av dei innsette tok del i opplæring i 2021, ned frå 40 pst. i 2020. I hovudsak følger opplæringa læreplanplanverket for vidaregåande opplæring, og i stor grad yrkesfag. I samarbeid med kriminalomsorga bruker skuleverket ressursar på ulike opplæringstilbod for å stimulere innsette til å kome i gang med grunnskule og/eller vidaregåande opplæring, kategorisert som «anna opplæring» i tabellen under. Skulane samarbeider med kriminalomsorga for å legge til rette for dei innsette som ønsker å ta fatt på høgare utdanning.

Smitteverntiltaka mot covid-19-pandemien fekk store konsekvensar for opplæringa i kriminalomsorga i 2021, som i 2020. Når undervisningspersonalet ikkje får fysisk tilgang til fengsla, finst det ikkje brukbare digitale tilbod. Statsforvaltaren i Vestland og Kriminalomsorgsdirektoratet arbeider i lag for å betre tilgangen til digitale verktøy for opplæring i fengsla.

Tabell 4.5 Tal på elevar/deltakarar i fengsel og oppfølgingsklassar og tilbakeføringsprogram, gitt i totaltal og gjennomsnitt, fordelte etter opplæringstype

2020

2021

Heiltid

Deltid

Heiltid

Deltid

Reg. elevar1

Snitt2

Reg. elevar

Snitt

Reg. elevar

Snitt

Reg. elevar

Snitt

Grunnskule

5

2

138

41

19

2

81

25

Vidaregåande skule

196

121

3 021

737

322

121

2 551

671

Korte opplæringstilbod3

64

19

1 878

252

129

12

1 361

239

Anna opplæring

5

9

866

200

28

9

916

140

Sum

270

151

5 903

1 230

498

144

4 909

1 075

Fagskule4

20

5

29

2

Høgskule/universitet4

127

63

146

55

1 Reg. elevar vil seie kor mange som har fått opplæring i løpet av kalenderåret.

2 Snitt vil seie gjennomsnittleg tal på elevar/deltakarar basert på fire rapporteringstidspunkt i løpet av året.

3 Korte opplæringstilbod er tilpassa opplæringstilbod heimla i fagplanverket for den vidaregåande skulen.

4 Tala for fagskule og høgskule/universitet er ikkje differensierte etter heiltid/deltid.

Kjelde:  Statsforvaltaren i Vestland

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 318,9 mill. kroner på posten.

Departementet foreslår ei tilsegnsfullmakt på posten, jf. forslag til vedtak III nr. 2.

Post 69 Tiltak for fullføring og kvalifisering i vidaregåande opplæring

Løyvinga finansierer fleire tilskot til fylkeskommunane som skal bidra til å auke fullføringa av vidaregåande opplæring og til at fleire blir kvalifiserte for læreplass, arbeid og vidare utdanning. Det omfattar tilskot som legg til rette for å finansiere to sentrale regelendringar som er varsla i Fullføringsreforma, jf. Meld. St. 21 (2020–2021): ein fullføringsrett og ein rett til å ta eit fagbrev nummer to (yrkesfagleg rekvalifisering). I tillegg finansierer løyvinga sentrale tiltak i yrkesfagløftet som regjeringa gjennomfører.

Mål for 2023

Løyvinga skal bidra til at fleire fullfører vidaregåande opplæring og er kvalifiserte for arbeid, læreplass og vidare utdanning.

Resultat i 2021

I 2021 fekk fylkeskommunane utbetalt totalt 780 mill. kroner til tiltak for fullføring av vidaregåande opplæring.

Av dette blei totalt 530 mill. kroner utbetalt til følgande tilskot som blei forvalta av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse:

  • tilskot for at personar utan lovfesta rett til opplæringa kunne fullføre vidaregåande opplæring

  • tilskot retta mot avgangskullet i skuleåret 2020–21 og tiltak for at elevar og lærlingar skulle fullføre vidaregåande opplæring under pandemien

  • tilskot til Fagbrev på jobb

  • tilskot yrkesfagleg rekvalifisering

Fylkeskommunane kunne omprioritere mellom tilskota i tråd med ressursbehov lokalt. Fylkeskommunane rapporterer om at midlane førte til auka innsats for nye målgrupper av vaksne med behov for å fullføre vidaregåande opplæring. Det er òg rapportert om at midlane retta mot avgangskullet og elevar og lærlingar som stod i fare for å falle frå vidaregåande opplæring, har lagt til rette for ekstraordinære tiltak retta mot denne målgruppa.

Våren 2021 vart det løyvd 100 mill. kroner retta mot utfordringar i fag- og yrkesopplæringa og lærefag som var særleg hardt ramma av pandemien, jf. Innst. 233 S (2020–2021) og Prop. 79 S (2020–2021). Rapportering frå fylka per 1. oktober 2021 viser at 2 054 lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar var omfatta av ordninga i 2021. Det var størst behov for tiltak innanfor lærefaga kokk, elektrikar, frisør og tømrar.

Det blei utbetalt 150 mill. kroner for å betre tilbodet om alternativ Vg3 i skule for elevar som ikkje fekk læreplass.

På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet har NIFU evaluert mellom anna tilskotet retta mot personar utan rett til vidaregåande opplæring og tilskotet retta mot avgangskullet i skuleåret 2020–21 og andre fullføringstiltak. Evalueringa peiker på at effektane av tiltaka ser ut til å ha vore moderate. Det er fleire årsaker til dette. Mellom anna blir det peikt på at det var krevjande for fylkeskommunane å nå fram til og motivere målgruppene til å ta meir opplæring. Talet på deltakarar var likevel høgare i 2021 enn i 2020.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 969,5 mill. kroner på posten.

Det gjeld følgande tilskot til fylkeskommunane:

  • 458,3 mill. kroner for å styrke arbeidet for fleire læreplassar og bidra til kvalifisering og formidling til læreplassar i fag- og yrkesopplæringa. Det er ein auke på nær 80 mill. kroner i høve til 2022.

  • 302,3 mill. kroner for at personar utan lovfesta rett til vidaregåande opplæring kan få moglegheit til å oppnå studie- eller yrkeskompetanse. Tilskotet legg til rette for innføring av ein fullføringsrett frå hausten 2024.

  • 148,9 mill. kroner for at fleire som allereie har studie- eller yrkeskompetanse frå vidaregåande opplæring, skal få tilbod om å ta eit fagbrev. Målgruppa inkluderer personar med omstillingsbehov og unge med studiekompetanse som ikkje er motiverte for eller ikkje kjem inn på høgare utdanning. Tilskotet legg til rette for 1 000 nye deltakarar i yrkesfagleg utdanning frå og med hausten 2021. Det er lagt til grunn at halvparten har behov for eit tilnærma fullt løp i yrkesfagleg utdanning (opptil 3 1/2 år), medan den andre halvparten berre treng eitt år i lære. Tilskotet blir derfor trappa opp med 34 mill. kroner i høve til 2022.

  • 60 mill. kroner for å stimulere til auka bruk av ordninga Fagbrev på jobb.

Fylkeskommunane vil kunne omprioritere mellom tilskota dersom vurderingar om ressursbehov tilseier det.

Post 74 Prosjekttilskot

Tilskotet blir retta inn mot prosjekt på område der departementet meiner det er eit særleg behov for at private og frivillige organisasjonar gjennomfører tidsavgrensa tiltak. Organisasjonane som mottek tilskotet, vil som hovudregel få innvilga tilskot i inntil tre år såframt dei oppfyller krava i tilskotsordninga. Tilskot for fleire år blir gjevne med atterhald om Stortingets årlege budsjettvedtak. Utdanningsdirektoratet forvaltar tilskotsordninga.

Mål for 2023

Formålet med tilskotsordninga er å stimulere organisasjonar til å setje i verk prosjekt som på ulike måtar kan bidra til å nå dei måla departementet har sett for grunnopplæringa, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Verksemda til organisasjonane skal ha ein nasjonal verdi, og aktivitetar/tiltak skal nå flest mogleg elevar og skular. I 2023 vil departementet støtte tiltak som skal betre læringsmiljøet gjennom tiltak mot mobbing.

Resultat i 2021

Følgande organisasjonar fekk tildelt til saman 6,7 mill. kroner prosjekttilskot i 2021:

  • Stiftinga Magasinett

  • Redd Barna

  • MOT Norge

  • Skeiv Ungdom

  • Foreningen !les

  • Organisasjonen Voksne for Barn

  • Barnevakten

  • Drama- og teaterpedagogene

  • Nordiske Mediedager

  • Norges Røde Kors

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 7,1 mill. kroner på posten.

Post 75 Grunntilskot

Hovudregelen i økonomiregelverket er at statlege tilskot skal lysast ut på ein slik måte at alle potensielle søkjarar kan søke. Det er unntak i regelverket for dei tilfella der tilskot er øyremerkte til mottakarar som er nemnde med namn i budsjettproposisjonen, slik tilfellet er med mottakarar av grunntilskot. Sjå omtale av områdegjennomgang av namngitte tilskotsmottakarar i kap. 1 Hovudinnleiing.

Departementet vil gjere grunntilskotet søknadsbasert frå 2024. Det vil gjere ordninga meir gjennomsiktig, lettare å etterprøve og sikre likebehandling. Målet med ordninga skal framleis vere å sikre langsiktige og stabile rammevilkår for nasjonale ressursmiljø. Retningslinjer for tilskotsordninga og kriterium for støtte vil bli utarbeidde i løpet av hausten 2022, med utlysing våren 2023. Det vil bli gitt tilskot for fleire år om gongen, med atterhald om Stortingets årlege budsjettvedtak. Utdanningsdirektoratet skal forvalte ordninga.

Mål for 2023

Målet med ordninga er å sikre langsiktige og stabile rammevilkår for nasjonale ressursmiljø som på ein særskild måte bidreg til å nå dei måla departementet har sett for grunnopplæringa, jf. kategoriinnleiinga.

Resultat i 2021

I 2021 fekk følgande organisasjonar tildelt til saman 95,9 mill. kroner frå ordninga for grunntilskot til nasjonale ressursmiljø. Av dette vart 44,2 mill. kroner fordelt på desse aktørane :

  • Elevorganisasjonen

  • FIRST Scandinavia

  • Operasjon Dagsverk

  • WorldSkills Norway

  • Foreningen Norden

  • Norsk håndverksinstitutt

  • Forandringsfabrikken

  • Blå Kors – Snakk om mobbing

  • Teknisk Senter AS

  • Ungt Entreprenørskap Norge

  • Blikk AS

  • Stiftelsen Barnevakten – Nettvettprogram til innføring av fagfornyelsen

  • Faktisk.no

  • Sex og Politikk

  • FRI – foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold

  • Landslaget for norskundervisning

  • Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner

  • Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon

  • Unge funksjonshemmede

  • privatskuleorganisasjonar

I 2021 fekk Andøya Space Education (ASE) 16,8 mill. kroner. I 2021 deltok 4 597 personar på ulike aktivitetar i regi av ASE. 3 884 var elevar i grunnopplæringa, 847 fleire enn i 2020. ASE gjennomførte i 2021 ei rekke etter- og vidareutdanningskurs for lærarar og hadde ansvaret for fleire nettbaserte læringsressursar.

Norsk kulturskoleråd, Fellesrådet for kunstfagene i skolen og Samarbeidsforum for estetiske fag fekk 34,9 mill. kroner over posten i 2021. Organisasjonane har arbeidd med ei rekke tiltak og satsingar for å betre kvaliteten i kulturskulane og i arbeidet med kunst og kultur i grunnopplæringa. Kvar tilskotsmottakar har fordelt ein del av tilskotet vidare til underliggande medlemsorganisasjonar og prosjekt.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 101,7 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 2 mill. kroner til Faktisk.no – skuleprosjektet Tenk og ein auke på 0,5 mill. kroner til Elevorganisasjonen.

Departementet foreslår å flytte tilskotet til Blå Kors – Snakk om mobbing på 3,1 mill. kroner til ei søknadsbasert ordning under Helse- og omsorgsdepartementet.

Tabellen under viser forslag til fordeling av grunntilskot til organisasjonar i 2023. Tilskotet til interesseorganisasjonar for funksjonshemma blir fordelt på hovudorganisasjonane med 30 pst. til Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, 30 pst. til Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner og 40 pst. til Unge funksjonshemmede. Tilskotet til privatskuleorganisasjonar blir fordelt mellom organisasjonane etter talet på medlemsskular som har rett til statstilskot per 1. januar. Steinerskoleforbundet, Kristne Friskolers Forbund, Montessori Norge og Norske Fag- og Friskolers Landsforbund er tilskotsmottakarar. Grunntilskotet til kunst- og kulturarbeid i opplæringa blir fordelt med 27 mill. kroner til Norsk kulturskoleråd, 2,6 mill. kroner til Fellesrådet for kunstfagene i skolen og 6,3 mill. kroner til Samarbeidsforum for estetiske fag.

Tabell 4.6 Fordeling av tilskot på kap. 225, post 75

(i 1 000 kr)

Tilskotsmottakar

Tilskot 2023

Elevorganisasjonen

3 700

Operasjon Dagsverk

607

FIRST Scandinavia

11 327

WorldSkills Norway

4 026

Foreningen Norden

1 000

Norsk håndverksinstitutt

6 068

Interesseorganisasjonar for funksjonshemma

1 446

Ungt Entreprenørskap

545

Blikk AS

309

Skeiv Ungdom

1 545

Andøya Space Education

17 300

Privatskuleorganisasjonar

787

Grunntilskot til kunst- og kulturarbeid i opplæringa

35 935

Faktisk.no – skuleprosjektet TENK

7 150

Landslaget for norskundervisning

618

Sex og Politikk

618

FRI – Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold Rosa kompetanse skole og Rosa kompetanse barnehage

2 060

Geitmyra matkultursenter for barn

515

Foreningen !les

4 532

Stiftinga Magasinett

1 133

Leser søker bok

309

Dysleksi Norge

206

Sum

101 736

Kap. 3225 Tiltak i grunnopplæringa

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

6 130

11 201

76 128

Sum kap. 3225

6 130

11 201

76 128

Visse innanlandske utgifter til flyktningar kan etter statistikkdirektiva til OECD definerast som offentleg utviklingshjelp. Ein del av løyvinga på kap. 225, post 64 blir rapportert som utviklingshjelp og refusjon frå Utanriksdepartementet blir ført på kap. 3225, post 04. Refusjon av ODA-godkjende utgifter er rekna til 76,1 mill. kroner i 2023.

Kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast

1 866 818

1 558 247

1 075 393

22

Vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar

1 589 901

1 683 722

1 570 634

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

57 621

44 000

22 000

61

Tilskotsordning til rettleiing for nyutdanna nytilsette lærarar

61 240

61 919

63 552

64

Programfinansiering av 0-24-samarbeidet

40 529

41 583

65

Tilskot til nye og utvida sommarskuletilbod ifb. koronapandemien

481 145

71

Tilskot til vitensenter

88 802

94 651

94 351

Sum kap. 226

4 186 056

3 484 122

2 825 930

Skuleeigarane har hovudansvaret for å utvikle kvaliteten på opplæringa i skular og lærebedrifter. Regjeringa legg stor vekt på å støtte og rettleie skular og skuleeigarar gjennom kompetanse- og utviklingstiltak. Kap. 226 omfattar løyvingar til kvalitetsutvikling i grunnopplæringa.

Utdanningsdirektoratet har i stor grad ansvaret for å forvalte midlane og gjennomføre tiltaka. Delar av løyvingane på post 21 og 22 dekker utgifter til lønn og administrasjon i Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet og hos eventuelle andre statlege aktørar som har ansvar og delansvar for drift av dei ulike prosjekta og tiltaka.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Løyvinga på posten finansierer mellom anna kompetanse- og profesjonsutvikling i grunnopplæringa, tiltak for betre læringsmiljø, digitalisering, styrking av fag- og yrkesopplæringa og utvikling av læreplanverket for grunnopplæringa. Løyvinga på posten dekker òg element i kvalitetsvurderingssystemet for grunnopplæringa, mellom anna internasjonale undersøkingar, brukarundersøkingar, utdanningsstatistikk, forsking og evaluering. Løyvinga dekker drift av tidsavgrensa prosjekt i den sentrale utdanningsadministrasjonen, tilskot til offentlege og eventuelle private aktørar som blir involverte i kvalitetsutvikling i grunnopplæringa, og eventuelle utgifter til offentlege utval og ekspertutval som departementet har sett ned. Det kan òg bli gitt tilskot til samordningsoppgåver i kommunesektoren over posten.

Mål for 2023

Midlane på posten skal medverke til å utvikle kvaliteten i grunnopplæringa for å nå dei statlege sektormåla, jf. omtalen av desse i kategoriinnleiinga.

Resultat i 2021

Samla blei det brukt 1,9 mrd. kroner over posten i 2021 for å nå dei overordna måla for grunnopplæringa som var fastsette for 2021. Hovuddelen av midlane gjekk til kompetanseutviklingstiltak. Tabell 4.7 viser samla rekneskap for posten i 2021, med tiltak samla for dei ulike måla for grunnopplæringa i 2021.

Tabell 4.7 Oversikt over løyvingar på kap. 226, post 21 i 2021

(i mill. kr)

Overordna mål for grunnopplæringa i 2021:

Rekneskap 2021

Alle har eit godt og inkluderande læringsmiljø

103,7

Barn og unge som har behov for det, får hjelp tidleg, slik at alle får utvikla potensialet sitt

23,9

Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse

654,1

Alle lykkast i opplæringa og utdanninga

1 049,8

Andre tiltak

35,3

Totalt

1 866,8

Alle har eit godt og inkluderande læringsmiljø

I 2021 blei det over denne posten brukt 103,7 mill. kroner til tiltak som støttar opp under målet om at alle har eit godt og inkluderande læringsmiljø. I tillegg blei det brukt 5,7 mill. kroner over kap. 231 Barnehagar, post 21 Særskilde driftsutgifter til arbeid med barnehagemiljø.

Tabell 4.8 Oversikt over løyvingar på kap. 226, post 21 til tiltak for å støtte målet om eit godt og inkluderande læringsmiljø

(i mill. kr)

Tiltak

Rekneskap 2021

Handhevingsordninga for skulemiljøsaker

32,5

Kompetanseutvikling for å skape gode barnehage- og skulemiljø

16,8

Mobbeombod, program mot mobbing og partnarskap mot mobbing

15,1

Dembra – Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme

12,5

Gratis SFO for elevar frå låginntektsfamiliar

12,0

Pilotforsøk for meir inkluderande praksis i barnehage, skule og SFO

9,8

Læringstilbod om 22. juli

5,0

Totalt

103,7

Handhevingsordninga for skulemiljøsaker

I 2021 blei det meldt inn 1 332 slike saker, ein auke på 143 saker frå 2020. Statsforvaltaren konkluderte i 2021 med at aktivitetsplikta var broten i 93 pst. av sakene.

Kompetanseutvikling for å skape gode barnehage- og skulemiljø

Innanfor ordninga «Inkluderande barnehage- og skulemiljø» har Utdanningsdirektoratet i 2021 gitt tre ulike tilbod om kompetanseheving. Tiltaka skal styrke kompetansen i barnehagar, skular og hos barnehage- og skuleeigarar til å skape og halde ved like trygge og gode barnehage- og skulemiljø og førebygge og handtere mobbing og andre krenkingar.

Fafo evaluerte alle tre tilboda i perioden 2018–20. Sluttrapporten viser at deltakarane opplever at tiltaka har høg fagleg kvalitet, og det har gitt dei meir kompetanse. Fleire seier at dei no raskare set inn tiltak når ein elev / eit barn ikkje har eit trygt og godt miljø. Utdanningsdirektoratet har i 2021 utvikla tre digitale kompetansepakkar for eit trygt og godt miljø i barnehage, SFO og skule som erstatning for det nettbaserte tilbodet som blei avvikla i 2021.

Utdanningsdirektoratet delte ut Benjaminprisen, som blir administrert av Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret), og Dronning Sonjas skulepris.

Mobbeombod, program mot mobbing og partnarskap mot mobbing

I 2021 blei det nytta 9,6 mill. kroner til mobbeombodsordninga. Etter ei evaluering i 2020 er ordninga førebels vidareført i påvente av ei endeleg vurdering av korleis ordninga skal sjå ut i framtida.

I 2021 gjekk det 4 mill. kroner til «Program mot mobbing». Midlane blei fordelte til tre programeigarar: Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge, Universitetet i Stavanger og NORCE (Norwegian Research Centre).

I 2021 gjekk det 1,5 mill. kroner til Partnarskap mot mobbing, som består av regjeringa og 14 organisasjonar i oppvekst- og utdanningssektoren.

Dembra – Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme

Tiltaket omfattar rettleiing, kurs og nettbaserte ressursar for førebygging av ulike former for gruppebaserte fordommar. Dembra blir koordinert av Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret). 2 mill. kroner gjekk til Dembra for lærarutdannarar (Dembra LU), som omfattar kurstilbod til lærarstudentar, lærarar, skuleleiarar og andre tilsette i skulen. 8,3 mill. kroner gjekk til Dembra-arbeidet i grunnopplæringa. Læringsressursane dekker områda hatefulle ytringar, antisemittisme, rasisme, diskriminering av minoritetar og udemokratiske haldningar. Sjå omtale av Dembra i del III, kap. 8 Likestilling og arbeid mot diskriminering.

Gratis SFO for elevar frå låginntektsfamiliar

Målet med ordninga var høgare deltaking i SFO blant elevar på 1. trinn frå familiar med låg inntekt i kommunar som ikkje tidlegare hadde ordningar med gratis SFO. Det var i alt 20 kommunar som søkte om og fekk tilskot til å dekke gratis heiltids- og deltidsplassar i SFO i 2021.

Pilotforsøk for meir inkluderande praksis i barnehage, skule og SFO

Tiltaket består av to delar. Om lag 0,3 mill. kroner gjekk til følgeforsking av pilotforsøk for meir inkluderande praksis i barnehage, skule og SFO i fem kommunar (2019–22). 9,5 mill. kroner gjekk til utprøving og forsking på ein modell for meir inkluderande praksis der PPT jobbar tettare på barnehagar og skular (2021–26).

Læringstilbod om 22. juli

Det europeiske Wergelandsenteret fekk tilskotet, som blei brukt til å gi fleire elevar og lærarar høve til å delta i opplæringstilbodet om 22. juli og demokratisk medborgarskap. Tilbodet er utvikla av 22. juli-senteret, Utøya AS og Wergelandsenteret. Tiårsmarkeringa for terrorangrepa 22. juli 2011 gav auka etterspurnad etter tilbodet.

Barn og unge som har behov for det, får hjelp tidleg, slik at alle får utvikla potensialet sitt

I 2021 blei det over denne posten brukt 23,9 mill. kroner til tiltak som støttar opp under målet.

Tabell 4.9 Oversikt over løyvingar på kap. 226, post 21 til tiltak for å støtte målet om at alle får utvikla potensialet sitt

(i mill. kr)

Tiltak

Rekneskap 2021

Områdesatsingane i Groruddalen og Oslo sør

10,5

Symjeopplæring

9,7

0–24-samarbeidet

2,7

Innovasjonsordninga Eit lag rundt eleven

1,0

Totalt

23,9

Områdesatsing i Groruddalen og Oslo sør

Midlane går til prosjekt innanfor barnehage og skule i områdesatsingane i Groruddalen (10 mill. kroner) og Oslo sør (0,5 mill. kroner). Målet med områdesatsingane, som er eit samarbeid mellom stat og kommune, er å betre miljø, butilhøve og levekår i eit geografisk avgrensa område. Eit delmål på opplæringsfeltet er at fleire elevar skal gjennomføre grunnopplæringa. Områdesatsingane er vedtekne til 2027, jf. Prop. 1 S (2022–2023) for Kommunal- og distriktsdepartementet.

Symjeopplæring

Målet med tiltaket er å gi nykomne minoritetsspråklege barn, unge og vaksne i grunnskuleopplæringa meir og betre symjeopplæring, og dermed redusere risikoen for ulykker. Ordninga kunne også omfatte andre elevar som ikkje kan symje, eller som ikkje har fått delteke i den ordinære symjeundervisninga. I 2021 blei det nytta 8,7 mill. kroner.

I tillegg blei det i 2021 nytta 1 mill. kroner til å støtte symjeopplæring for elevar i grunnskulen, mellom anna nettsida svømmedyktig.no og ferdigheitsprøva i symjing.

0–24-samarbeidet

0–24-samarbeidet er eit prosjekt som har gått i perioden 2015 til og med mars 2021. Formålet med samarbeidet har vore å styrke oppfølginga av utsette barn og unge i alderen 0–24 år og familien deira gjennom betre samarbeid mellom tenestene. I det siste året av satsinga har hovudoppgåvene vore å avslutte pågåande prosjekt og å sikre oppfølging av igangsette prosjekt som går ut over prosjektperioden.

Innovasjonsordninga Eit lag rundt eleven

Utdanningsdirektoratet tildelte midlar til prosjektet Eit lag rundt eleven for å undersøke effektar av systematisk satsing på tverrfagleg kompetanse gjennom to forskingsprosjekt.

Begge prosjekta leverte sluttrapportar i 2020, og NIFUs oppfølgingsrapport kom i 2021. Oppfølgingsrapport frå OsloMet kjem i januar 2023. Rapportane viser at helsesjukepleiarane har ei viktig rolle i skulen, særleg for elevar i sårbare situasjonar, og at eit systematisk opplegg for leiing, organisering og gjennomføring av systemretta, tverrfagleg samarbeid (LOG-modellen) medverkar til å styrke det tverrfaglege samarbeidet, fremje førebyggande elevretta arbeid og betre oppfølginga av einskildelevar. Resultata viser ingen målbar effekt på læringsmiljøet eller læringsresultata, men tiltaka kan ha positiv innverknad på elevane dersom skulen får til god implementering, nok tid, god forankring og leiaroppfølging og god kultur for samarbeid.

Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse

I 2021 blei det over denne posten brukt 654,1 mill. kroner til tiltak som støttar opp under målet om at dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse. Mesteparten av midlane til vidareutdanning blei løyvde over kap. 226, post 22 Vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar, sjå meir omtale der.

Tabell 4.10 Oversikt over løyvingar på kap. 226, post 21 til tiltak for å støtte målet om høg kompetanse

(i mill. kr)

Tiltak

Rekneskap 2021

Desentralisert ordning for kompetanseutvikling

261,4

Nye karrierevegar for lærarar (lærarspesialistar)

206,3

Yrkesfaglærarløftet

95,8

Kompetanseløft i spesialpedagogikk og inkluderande praksis

68,5

Vidareutvikling av undervegs- og sluttvurdering

15,4

Rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar

5,4

Fagleg råd for lærarutdanningane 2025

0,7

Kvalitetsutvikling SFO

0,6

Totalt

654,1

Desentralisert ordning for kompetanseutvikling

242 mill. kroner blei fordelte til statsforvaltarane i alle fylka etter lærarårsverk og nytta til ulike kompetansetiltak etter prioritering i dei fylkesvise samarbeidsforuma. Skuleeigarar, universitet og høgskular samarbeider om innhald og organisering. 16,1 mill. kroner blei nytta til administrasjonen av ordninga internt i statsforvaltarembeta. Dei resterande midlane blei nytta til samarbeid og koordinering med universitets- og høgskulesektoren.

Nye forskriftsfesta retningslinjer for ordninga blei gjeldande frå januar 2021. Årsrapportane frå statsforvaltarane viser at embeta i 2021 la vekt på å skape felles forståing for dei nye retningslinjene, få på plass gode strukturar for samarbeid, jobbe vidare for gode partnarskapar og få på plass langsiktige felles planar.

Spørjinga til Skule-Noreg hausten 2021 viser at eigarar i stor grad opplyser at tiltak er forankra i lokale prosessar og planar, medan skuleleiarar i langt mindre grad gir uttrykk for det same. Alle eigarane opplyser at dei er involverte i partnarskap med eit universitet- eller høgskulemiljø. Når det gjeld tema som peiker seg ut for kompetanseutvikling i grunnskulen, er det nokon tydelege endringar frå 2020 til 2021. Område som blir høgt prioriterte, er «Arbeid med nytt læreplanverk», «Inkluderande barnehage- og skulemiljø» og «Inkludering og spesialundervisning», der dei to sistnemnde viser ein klar auke frå året før. I vidaregåande opplæring er det arbeid med nytt læreplanverk og leiing av skulebasert kompetanseutvikling som peikar seg ut.

Nye karrierevegar for lærarar (lærarspesialistar)

Regjeringa vil erstatte piloten der ein prøvde ut ei ordning med lærarspesialistar, med ei ny partsforankra ordning. Piloten blir derfor gradvis avvikla. Gradvis avvikling inneber at lærarar som er i funksjon skuleåret 2021–22, får høve til å fullføre, og at lærarar som har starta på si lærarspesialistutdanning får høve til å fullføre utdanninga. Hausten 2021 var 1 678 lærarar i funksjon som lærarspesialistar innanfor 11 fag og fagområde, og totalt 484 lærarar studerte ved ulike lærarspesialistutdanningar.

Yrkesfaglærarløftet

Studieåret 2021–22 kunne yrkesfaglærarar søke på 26 vidareutdanningstilbod ved ni universitet og høgskular. Totalt 351 yrkesfaglærarar fekk tilbod om å delta studieåret 2021–22, og det blei i 2021 nytta 56 mill. kroner til vikar- og stipendmidlar og til studieplassar.

Frå 2021 gjeld forskriftsfesta retningslinjer for tilskotsordninga for lokal kompetanseutvikling i fag- og yrkesopplæringa, som erstattar desentralisert ordning for yrkesfag. Det blei nytta 39,8 mill. kroner til dette, og blant temaa som peika seg ut i 2021, var arbeid med nytt læreplanverk, ny teknologi i yrkesfag, fagleg oppdatering, hospiteringsordninga, vurderings- og rettleiingskompetanse, prøvenemndskulering og instruktøropplæring.

Kompetanseløft i spesialpedagogikk og inkluderande praksis

Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis vart satt i gang hausten 2020 og er ei oppfølging av Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO. Målet er å bygge kompetanse, både hos PP-tenesta, hos tilsette i barnehagar og skular og i heile støttesystemet i laget rundt barna og elevane, slik at alle, uavhengig av føresetnader, skal få moglegheit til utvikling, meistring, læring og trivsel.

Hovuddelen av kompetanseløftet er tilskot til lokal kompetanseutvikling med utgangspunkt i lokale behov. Kompetanseutviklinga skal skje i partnarskap med universitet eller høgskule. I 2021 blei det oppretta partnarskap mellom kommunar og universitet eller høgskule i alle fylka. Over 200 kommunar tek del i partnarskapane, anten åleine eller i nettverk med andre kommunar. Partnarskapane omfattar både offentlege og private eigarar, og det er ein føresetnad at PP-tenesta er inkludert i arbeidet.

For å informere om kompetanseløftet og motivere til å delta blei det arrangert ti regionale digitale konferansar i alle fylka våren 2021, dette som eit samarbeid mellom Utdanningsdirektoratet, KS, Statped og statsforvaltarane. Hausten 2021 blei det gjennomført ei digital oppstartssamling for alle som fekk tildeling gjennom Kompetanseløftet.

Eit av tiltaka for å bygge kompetanse er utvikling av nettressursar og kompetansepakker. Dette arbeidet er i gang, nettsidene om inkludering og spesialpedagogikk blir publiserte hausten 2022, det same gjer kompetansepakken «Inkluderande praksis».

Vidareutvikling av undervegs- og sluttvurdering

Vidareutviklinga av undervegs- og sluttvurdering i fagfornyinga heldt fram. 13,6 mill. kroner blei nytta til utprøving av endringar i eksamensordning og 1,3 mill. blei nytta til digitale vurderingsverktøy i sluttvurderinga. 0,5 mill. kroner blei nytta til å utvikle ei kunnskapsoversikt som samanfattar forsking på standpunktkarakterar i Noreg og Norden i tidsrommet 2005–21. Skrivesenteret ved NTNU utvikla oversikta på oppdrag frå direktoratet.

Rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar

I 2021 gjekk det 5,4 mill. kroner i stimuleringsmidlar til rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar i barnehage og skule, midlar som universitet og høgskular søkte på. I tillegg blei det nytta 3,1 mill. kroner over kap. 231 Barnehagar, post 21. Sytten universitet og høgskular gav tilbod om rettleiing til barnehagar og skular. Tiltaket inkluderte og informasjonstiltak og nettverksarbeid mellom barnehage- og skuleeigarar og lærarutdanningsinstitusjonane for at fleire nyutdanna nytilsette lærarar fekk rettleiing. Sjå også omtale av midlar løyvde over kap. 226, post 61 Tilskotsordning til rettleiing for nyutdanna nytilsette lærarar.

Fagleg råd for lærarutdanning 2025

Fagleg råd for lærarutdanning 2025 blei etablert i 2018, og Utdanningsdirektoratet har sekretariatsansvaret. Rådet har representantar frå sektoren, og medlemmane er personleg oppnemnde på bakgrunn av kompetansen sin. Rådet skal utarbeide fagleg funderte analysar og råd til bruk i oppfølginga av strategien Lærarutdanning 2025: nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærarutdanningane. I 2021 gjennomførte rådet ein digital konferanse basert på rådets tilrådingar knytte til arbeid med partnarskap mellom lærarutdanningsinstitusjonane og med skular og barnehagar. Sjå òg omtalen under kap. 275 Tiltak for høgare utdanning og forsking, post 21.

Kvalitetsutvikling SFO

I 2021 blei det brukt 0,6 mill. kroner til utvikling av støtte- og rettleiingsmateriell til nasjonal rammeplan for SFO. Førebelse resultat frå ei undersøking blant tilsette og leiarar i samband med kartlegging av innføringa av ny rammeplan, viser ei positiv vurdering av støttemateriellet til Utdanningsdirektoratet.

Alle lykkast i opplæringa og utdanninga

I 2021 blei det brukt 1 049,8 mill. kroner over denne posten til tiltak som støttar opp under målet.

Tabell 4.11 Oversikt over løyvingar på kap. 226, post 21 til tiltak for å støtte målet om at alle skal lykkast i opplæringa

(i mill. kr)

Tiltak

Rekneskap 2021

Tiltak for at sårbare elevar kan ta igjen tapt fagleg progresjon

415,9

Fornying av innhaldet i skulen, nye læremiddel i samband med fagfornyinga og læreplanforvaltning

163,4

Den teknologiske skulesekken

98,1

Forsking, evalueringar, brukarundersøkingar og data for vurdering av kvalitet i skulen

77

Støtte til digital heimeundervisning under covid-19-pandemien

70,5

Kompetansetiltak om psykisk helse i skulen

32,7

Oppfølgingsordninga

26,6

Tiltak retta mot fag- og yrkesopplæringa

Forsøk med ulike ordningar for å stimulere til investeringar i utstyr i yrkesfaga

61,5

Yrkesfaglærar 2

10,2

Forsking på fag- og yrkesopplæringa

5,0

Lesestimulering og skule- og folkebibliotek

17,9

Tiltak retta mot ungdom utanfor opplæring og arbeid, inkl. Venneslabrua

13,4

Tiltak for betre opplæring i realfag

10,7

Tiltak for minoritetsspråklege elevar og nasjonale minoritetar

9,6

Digilær.no – nasjonal plattform for nettbasert undervisning

9,1

Lektor 2-ordninga for realfag

9

Samisk fjernundervisning og oppgradering av system for opptak

6,8

Tilskot til produksjonsskular

6

Stimuleringsordninga for teiknspråk

5,4

Den naturlege skulesekken

1

Totalt

1 049,8

Tiltak for at sårbare elevar kan ta igjen tapt fagleg progresjon på grunn av covid-19-pandemien

328,8 mill. kroner gjekk til kommunar med til saman 607 329 elevar, dette inkluderer ekstra tilskot til kommunane som er med i statens områdesatsing på til saman 10 mill. kroner. Fylkeskommunane med til saman 171 841 elevar fekk 63,9 mill. kroner, og 17,2 mill. kroner gjekk til private skular med til saman 41 714 elevar. Røde Kors fekk 6 mill. kroner for å styrke tilbodet deira om digital leksehjelp til elevar på ungdomsskulen og i vidaregåande skule.

Fornying av innhaldet i skulen, nye læremiddel i samband med fagfornyinga og læreplanforvaltning

Det blei tildelt 100 mill. kroner i tilskot til kommunane til nye læremiddel i samband med fagfornyinga. Kommunane skal rapportere på bruken av tilskot til nye læremiddel i samband med fagfornyinga. Rapporteringsfrist for tilskot mottekne i 2020 (utsett frist) og i 2021 var sett til 1. april 2022. For tilskot utbetalt i 2020 har 292 av 357 kommunar rapportert, og for 2021 har 235 kommunar rapportert.

I 2021 blei det tildelt 15 mill. kroner til Sametinget til å utvikle, tilpasse og setje om læremiddel til samisk. I tillegg nytta Utdanningsdirektoratet 1,7 mill. kroner til same formål. 16,7 mill. kroner gjekk til utvikling av læremiddel og pedagogisk barnehagemateriell utan marknadsgrunnlag.

Det blei vidare nytta 30 mill. kroner til læreplanforvaltning i 2021. Dette blei nytta til tiltak knytte til innføring av læreplanar, den digitale læreplanvisninga, utvikling av nye læreplanar for yrkesfag og studieførebuande programfag i vidaregåande opplæring og kompetansepakkar for å støtte forståing og bruk av læreplanverket. 2 mill. kroner gjekk til vedlikehald, oppdatering og drift av språkløyper.no og realfagsløyper.no. Kartleggingsverktøyet i grunnleggande norsk for språklege minoritetar er no digitalisert og laga som ei støtte til lærarar. Av dei 30 mill. kronene til læreplanforvaltning blei òg noko nytta til ferdigstilling av den nasjonale rammeplanen for SFO, til tiltak for å støtte innføringa av ny rammeplan og til forvaltningsoppgåver knytte til rammeplan for barnehagen.

Den teknologiske skulesekken

Feide er etablert som ei sentral fellesløysing og tenesteplattform for grunnopplæringa. Utviklingsarbeid og kompetanseheving knytte til Feide har bidrege til at sektoren har vorte betre rusta til å utnytte dei moglegheitene digitaliseringa gir i læringsarbeid og administrative prosessar. Alle kommunar og ti av elleve fylkeskommunar hadde ved utgangen av 2021 oppgradert til Feide 2.0. Det blei nytta totalt 16 mill. kroner i 2021 til vidareutvikling av Feide.

Innanfor Den teknologiske skulesekken blei mellom anna satsinga Programmering i skulen forsterka. Kunnskapssentera fekk 10 mill. kroner i tilskot i 2021. Målet er å gi over 100 000 elevar på mellomtrinnet og lærarane deira kompetanseheving i programmering i perioden 2018–21. Det blei også løyvd 20 mill. kroner til innkjøp av utstyr til bruk i programmering i undervisninga i 2021. 58 skuleeigarar, som kunne dokumentere satsing på kompetanseutvikling i programmering, fekk eit slikt tilskot.

I 2021 blei det tildelt 50 mill. kroner til innkjøp av digitale læremiddel. Ordninga skal stimulere kommunar og fylkeskommunar til innkjøp av digitale læremiddel. Tilskot blei utbetalt til 228 kommunar/fylkeskommunar etter søknad. Tilskotsordninga varer frå 2019 til 2022.

Resten av midlane blei nytta til utredning, forvaltning av tiltaka i Den teknologiske skulesekken m.m.

Forsking, evalueringar, brukarundersøkingar og data for vurdering av kvalitet i skulen

Kvalitetsvurderingssystemet består av eit kunnskapsgrunnlag basert på statistikk og undersøkingar som skulane har tilgang til, og digitale verktøy, rutinar og andre tiltak som skulane kan ta i bruk for å gjere eigen praksis betre.

I 2021 gjekk det 31,1 mill. kroner til ei rekke forskings-, kartleggings- og evalueringsoppdrag. Døme på prosjekt er evaluering av fagfornyinga, evaluering av lærarnorm og evaluering av ny kompetansemodell – desentraliserte ordningar for skule og yrkesfag. I tillegg blir det gjennomført spørjeundersøkingar i Skule-Noreg kvar vår og haust.

I 2021 blei det nytta 28,2 mill. kroner til internasjonale studiar. Noreg deltek regelmessig i desse trendstudiane, som blir gjennomførte kvart tredje, fjerde eller femte år:

  • PISA – Programme for International Student Assessment

  • TIMSS – Trends in International Mathematics and Science Study

  • ICCS – International Civic and Citizenship Education Study

  • ICILS – International Computer and Information Literacy Study

  • PIRLS – Progress in International Reading Literacy Study

I tillegg deltek Noreg i TALIS – Teaching and Learning International Survey.

Utgiftene til studiane varierer frå år til år alt etter kvar i syklusen studien er. Resultata frå studiane gir høve til å følge utviklinga i skulen sett i ein internasjonal samanheng, og til å følge utviklinga i viktige fag, evner og haldningar over tid.

I 2021 gjekk det 9,7 mill. kroner til statistikk og indikatorutvikling. Det er sentrale element for arbeidet med kvalitet i skulen. Midlane blir nytta til å produsere statistikk og analysar om grunnopplæringa, til dømes statistikk om grunnskulen gjennom GSI (Grunnskulens informasjonssystem). Midlane blir òg nytta til vidareutvikling av formidling av statistikk og analyse, med vekt på god brukarforankring. Døme på dette er analysebrett, analysenotat og Utdanningsspegelen. Internasjonal deltaking i OECD/NESLI-arbeid inngår òg i denne posten.

Det blei òg nytta 4 mill. kroner til utvikling av ulike brukarundersøkingar, mellom anna til revisjon av elevundersøkinga. Vidare blei det tildelt 4 mill. kroner til Forskingsrådet for forsking på antisemittisme.

Støtte til digital heimeundervisning under covid-19-pandemien

64,5 mill. kroner gjekk til statsforvaltarane som fordelte midlane etter søknad, 200 kommunar fekk tilskot til infrastruktur og einingar for å sikre digital undervisning også i situasjonar med elevar heime. 3 mill. kroner gjekk til 165 private grunnskular og vidaregåande skular etter søknad. Tilskotet er brukt til digitale læremiddel, infrastruktur og utstyr. KS fekk 2,5 mill. kroner til prosjektet SkoleSec for å styrke arbeidet i kommunane med personvern og sikkerheit. 0,5 mill. kroner gjekk til utvikling av kompetansepakkar i digital undervisning på skulen og heime.

Kompetansetiltak om psykisk helse i grunnskulen og vidaregåande opplæring

Kommunar og fylkeskommunar hadde høve til å søke om tilskot. Utdanningsdirektoratet fekk 114 søknader om totalt 154,3 mill. kroner. 52 søknader blei innvilga.

Oppfølgingsordninga

Oppfølgingsordninga blei etablert med bakgrunn i Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst – tidleg innsats og kvalitet i skolen. Målet med ordninga er å gi støtte og rettleiing til kommunar som er under den nedre grensa for kvalitet på sentrale område av opplæringa.

I 2020 blei 39 kommunar identifiserte, og innsatsperioden blei forlengd frå 2 til 3 år. Desse kommunane avslutta ei førebuingsfase sommaren 2021 og gjennomfører dei to følgande åra ulike tiltak med sikte på betre kvalitet i opplæringa. Statsforvaltaren følger opp alle kommunane som er med i ordninga.

Tiltak retta mot fag- og yrkesopplæringa

I 2021 blei det utbetalt 59,7 mill. kroner til fylkeskommunane til forsøk med ulike ordningar for å stimulere til investeringar i utstyr i yrkesfaga, medan 1,8 mill. kroner blei nytta til effektforsking. Formålet med tilskotet er å bidra til betre utstyr i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma, samstundes som forskinga skal undersøke verknadar tilskotet har på fylkeskommunale investeringar i utstyr. Utdanningsdirektoratet fekk 284 søknader, og 117 av desse fekk innvilga tilskot. Sluttrapporten frå forskinga kjem i 2023.

Yrkesfaglærar 2-ordninga skal bidra til at fagpersonar frå arbeidslivet blir direkte involverte i opplæringa på yrkesfaglege utdanningsprogram. Ordninga skal bidra til å gjere opplæringa meir relevant for elevane ved å styrke samarbeidet mellom skular og arbeidsliv.

Det blei òg brukt 5 mill. kroner til forsking på kva som gir fag- og yrkesopplæringa framifrå kvalitet.

Lesestimulering og skule- og folkebibliotek

Tiltaket er forankra i Nasjonal bibliotekstrategi 2020–2023 Rom for demokrati og dannelse. Tiltaket femnar over både ei tilskotsordning for kommunar som vil utvikle skulebiblioteka når det gjeld lesestimulering, og ei ordning retta mot frivillige og private organisasjonar som tilbyr lesestimuleringstiltak i skulen.

Direktoratet tildelte 14,1 mill. kroner i 2021 i tilskot til kommunar og deira satsingar på skulebibliotek og lesestimulering. Tilskotsordninga blei evaluert i 2021, og ein rapport blei publisert på nyåret 2022. Evalueringa av tilskotsordninga viser at den fungerer etter siktemålet. Ordninga har gitt elevar betre tilgang til skulebiblioteket, og dei les meir enn før. Elevane får også større eigarskap til biblioteket, og dei blir betre kjende med korleis eit bibliotek kan brukast som læringsarena, mellom anna gjennom auka elevmedverknad. Direktoratet delte også ut 3,8 mill. kroner til private og frivillige organisasjonar i tilskot til lesestimuleringstiltak i skulen.

Tiltak retta mot ungdom utanfor opplæring og arbeid

Målgruppa for tilskotet på 10,9 mill. kroner retta mot den fylkeskommunale oppfølgingstenesta var ungdom mellom 16 og 24 år som har falle ut av vidaregåande opplæring. Fylkeskommunane rapporterer at dei har involvert skulane og oppfølgingstenesta i prosjekta, og fleire har samarbeidd med Nav. Det blei òg gitt 2,5 mill. kroner til Agder fylkeskommune til prosjektet Venneslabrua – frå ungdomstid til arbeidsliv, som pågår i perioden 2019–23.

Tiltak for betre opplæring i realfag

Frå og med 2020 er talentsenter for elevar med stort læringspotensial i matematikk, naturfag og teknologi ei permanent ordning. Evalueringa av realfagsstrategien frå 2019 viser mellom anna at talentsentera fungerer godt. Hausten 2021 blei det oppretta eit sjette talentsenter ved Vitenparken Campus Ås.

Matematikksenteret arrangerte ei nettverkssamling hausten 2021 for kompetansemiljø som arbeider med matematikkvanskar. Samlinga er eit tiltak for å bygge opp eit sterkt kompetansemiljø om matematikkvanskar i Noreg.

Tiltak for minoritetsspråklege elevar og nasjonale minoritetar

1,6 mill. kroner blei nytta til stipend for minoritetsspråklege lærarar og rettleiing innanfor minoritetsfeltet. 7,2 mill. kroner gjekk til Fleksibel opplæring. Tilbodet vert levert av Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) ved OsloMet og gir nettbasert tospråkleg fagopplæring i matematikk og naturfag på 8.–10. trinn på arabisk, somali og tigrinja. Målgruppa er ungdomsskuleelevar, elevar i innføringstilbod i vidaregåande opplæring, kombinasjonsklassar og vaksenopplæringa. Begynnaropplæring i engelsk med støtte på morsmålet blei prøvd ut i utvalde skular frå skulestart 2021, og om lag 100 elevar deltok. Vidare blei det nytta 0,5 mill. kroner til utvikling av læremiddel i kvensk og finsk som andrespråk og noko til arbeid med informasjon, rettleiing m.m.

Digilær.no – nasjonal plattform for nettbasert undervisning

Midlane blei nytta til utvikling og drift av digilær.no. I 2021 blei arbeidet med automatisering og digitalisering vidareført. Det skal gi betre kvalitet, forenklingar og betre arbeids- og læringsmiljø i 2022.

Midlane inkluderer forsering i matematikk 1T, der læringsinnhaldet er oppdatert i samsvar med fagfornyinga. Elevtalet var om lag 300, og undervisninga blei levert av dei fylkeskommunale nettskulane, Nettskulen i Nordland og Nettskulen i Vestfold.

Lektor 2 for realfag

Lektor 2 for realfag skal bidra til at skular og næringsliv knyter tettare band, og at næringslivets kompetanse kan nyttast i opplæringa. Lektor 2 for realfag skal òg bidra til auka relevans i opplæringa og auka rekruttering til realfaga. Skuleåret 2021–22 deltok 172 skular, og av dei deltok 56 for første gong. 106 ungdomsskular og 66 vidaregåande skular deltok.

Samisk fjernundervisning og opptakssystemet for samisk vidaregåande opplæring

Til samisk fjernundervisning blei det til saman nytta 4,7 mill. kroner:

  • 1,8 mill. kroner til fjernundervisning i sørsamisk

  • 1,4 mill. kroner til fjernundervisning i lulesamisk

  • 1,5 mill. kroner til fjernundervisning i nordsamisk

1,8 mill. kroner blei nytta til oppgradering av systemet for opptak til dei samiske vidaregåande skulane slik at dette er samkøyrt med opptaket i Troms og Finnmark fylkeskommune. I tillegg blei det nytta noko midlar til digital teknologi og støttefunksjonar i fylkeskommunen.

Produksjonsskular

Tilskotet blei utbetalt til Vestland fylkeskommune og gjekk til produksjonsskulane i fylket.

Stimuleringsordninga for teiknspråk

Tiltaket er eit pilotforsøk der barnehagar og skular gir eit opplæringstilbod i teiknspråk til barn av døve foreldre (KODA) og søsken av teiknspråkbrukarar. Pilotforsøket skal avsluttast som planlagt våren 2022. Det er 27 kommunar og private aktørar som deltek, og barna/elevane er frå barnehagealder til og med vidaregåande opplæring. Statped har ansvar for den faglege oppfølginga. Erfaringar frå piloten vil bli nytta i det vidare arbeidet med å vurdere rett til teiknspråkopplæring for barn av døve foreldre og søsken av teiknspråkbrukarar.

Den naturlege skulesekken

Den naturlege skulesekken skal bidra til at skular får auka kompetanse i å undervise for berekraftig utvikling. Skular som deltek, får eit økonomisk tilskot og fagleg rettleiing i arbeidet med å utvikle og teste undervisningsopplegg for berekraftig utvikling. Frå og med 2022 er tiltaket avvikla.

Andre tiltak

I 2021 blei det brukt 35,2 mill. kroner til andre tiltak som støttar opp under målet for posten, jf. tabell 4.12.

Tabell 4.12 Andre tiltak finansierte over løyvinga på kap. 226, post 21

(i mill. kr)

Tiltak

Rekneskap 2021

Ny tilbodsstruktur i fagopplæringa

2,5

Tilskot til Stiftelsen Espeland fangeleir og Gestapohuset i Veiten

2,0

Tilskot til Dale Oen Academy

1,5

Ekspertgruppe for skulebidrag

1,2

Eidsvoll 1814 – demokratinettstaden Min Stemme

1,0

Tilskot til støttegruppa etter 22. juli

0,5

Diverse tiltak (forvalting av tiltak, utvalsarbeid m.m.)

26,6

Totalt

35,3

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 1,1 mrd. kroner på posten til ulike tiltak for kvalitetsutvikling i grunnopplæringa. Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 0,3 mill. kroner som følge av endra jobbreisevanar. Løyvinga på posten er redusert med 71 000 kroner som følge av at det i saldert budsjett 2022 vart utrekna for høg kompensasjon ved innføring av ny premiemodell i Statens pensjonskasse, jf. nærare omtale i del I, kap. 1.

Departementet foreslår følgande flyttingar av midlar til og frå posten:

  • 40 mill. kroner til posten frå kap. 230, post 01 for å styrke kompetanseløftet i spesialpedagogikk og inkluderande praksis

  • 6,6 mill. kroner frå posten til kap. 560, post 50 under Kommunal- og distriktsdepartementet for å styrke kompetansen for tilsette i samiske barnehagetilbod

Departementet foreslår at fleire tiltak på posten blir fasa ut frå 2023. Det gjeld:

  • 100 mill. kroner til den mellombelse ordninga for innkjøp av læremiddel i samband med innføringa av fagfornyinga

  • 50 mill. kroner til den mellombelse tilskotsordninga for innkjøp av digitale læremiddel i samband med fagfornyinga under Den teknologiske skulesekken

  • 216 mill. kroner til den mellombelse tilskotsordninga for å ta igjen tapt fagleg og sosial læring som følge av covid-19-pandemien

  • 114,8 mill. kroner grunna avvikling av lærarspesialistordninga

Nedanfor følger omtale av større tiltak og viktige prioriteringar og endringar innanfor løyvingsforslaget. Departementet vil ved behov omdisponere midlar mellom dei ulike satsingane på posten.

Departementet foreslår ei tilsegnsfullmakt på 10 mill. kroner på posten, jf. forslag til vedtak III nr. 1.

Tabell 4.13 Budsjettforslag for 2023, kap. 226, post 21

(i mill. kr)

Type tiltak

Kort om tiltaket

Beløp

Desentralisert ordning for kompetanseutvikling

Utdanningsdirektoratet forvaltar ordninga, og samarbeider tett med statsforvaltarembeta om implementering av nye retningslinjer og vidareutvikling av praksis knytt til ordninga i alle fylke.

260

Kompetanseløftet i spesialpedagogikk og inkluderande praksis i barnehage, skule, PPT og eventuelt andre tenester.

Arbeidet blei starta i 2020 og skal etter planen styrkast fram mot 2024. Målet er å bygge kompetanse, både hos PP-tenesta, hos tilsette i barnehagar og skular og i heile støttesystemet i laget rundt barna og elevane.

150

Tiltak retta mot fag- og yrkesopplæringa

Omfattar 100 mill. kroner til kompetanseutvikling innanfor strategien yrkesfaglærarløftet og 10 mill. kroner til yrkesfaglærar 2-ordninga.

110

Tiltak retta mot SFO

Departementet foreslår å løyve 10 mill. kroner til auka kompetanse blant tilsette i SFO. Løyvinga skal bidra til betre implementering av ny rammeplan for SFO og til at kompetansen blant dei tilsette ved SFO blir styrkt.

Det er innført ei nasjonal ordning med 12 timar gratis SFO for alle på 1. trinn og ei eiga moderasjonsordning for barn i låginntektsfamiliar. Departementet tek sikte på å avvikle tilskotsordninga med gratis SFO for barn i låginntektsfamiliar frå hausten 2023. Løyvinga skal dekke kostnader til ordninga våren 2023.

46,3

Handhevingsordninga i skulemiljøsaker

Talet på saker i ordninga har auka, noko som har ført til lengre saksbehandlingstid. Ordninga blir derfor styrkt med 5 mill. kroner. Styrkinga skal medverke til å nå målet om ei effektiv og rettssikker ordning.

45

Strategi for digital kompetanse og infrastruktur

Midlane skal gå til å følge opp nye tiltak i komande strategi og pågåande, inkludert vidareutvikling av Feide, standardiseringsarbeid, koordinerande arbeid på tvers av kommunane m.m.

45

Oppfølgingsordninga

Kommunar som er med i ordninga får støtte og rettleiing, tilpassa dei lokale utfordringane.

40

Betre læringsmiljø

Omfattar ulike tiltak for å sikre eit betre læringsmiljø, under dette ordninga Inkluderande barnehage- og skulemiljø, ordninga med fylkesvise mobbeombod for barnehagar og skular, partnarskap mot mobbing m.m.

28,2

Tilskotsordning for folke- og skulebibliotek

Ordninga styrkast med 7,5 mill. kroner. Dei nye midlane skal rettast særleg mot levekårsutsette område.

25

Lærarspesialistordninga

Lærarspesialistordninga er under gradvis avvikling. Løyvinga i 2023 skal bidra til at dei som har begynt utdanninga som lærarspesialist, skal få høve til å fullføre utdanninga.

25

Strategiplan og talentsenter for realfag

Evalueringa av talentsenterordninga viser at ordninga fungerer godt for dei som får delta, men at ho berre når ein liten del av elevane. Departementet vil gjennomgå ordninga. Departementet tek sikte på å overføre ansvaret for ordninga frå Utdanningsdirektoratet til Forskingsrådet, som har ansvar for tilskotet til vitensentera, jf. kap. 226, post 71.

16

Auka bemanning på skular i levekårsutsette område

Vidareføre ordninga oppretta ved behandlinga av revidert budsjett for 2022.

15

Dembra

Tiltaket blir koordinert av Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter som mottar desse midlane. Ordninga blir styrkt med 2 mill. kroner, som skal gå til å styrke arbeidet med Dembra og til utvikling av ein undervisningspakke om konspirasjonsteoriar.

14,5

Digilær.no – nasjonal plattform for nettbasert undervisning

Midlane går til drift og utvikling av digilær.no. Løyvinga er styrkt for å kunne etablere faste tilbod for språkopplæring i kvensk, finsk og tre samiske språk.

12,5

Samisk fjernundervisning og samiske læremiddel

Inkluderer 6 mill. kroner til samiske læremiddel i fagfornyinga som blir tildelt Sametinget.

11

Symjeopplæring

10 mill. kroner til tilskot til symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar. 1 mill. kroner til å støtte symjeopplæring for elevar i grunnskulen, mellom anna nettsida svømmedyktig.no og ferdigheitsprøva i symjing.

11

Områdesatsing i Groruddalen og Oslo sør

Midlane skal gå til prosjekt innanfor barnehage og skule i områdesatsingane i Groruddalen (10 mill. kroner) og Oslo sør (0,5 mill. kroner). Målet med områdesatsingane, som er eit samarbeid mellom stat og kommune, er å betre miljø, butilhøve og levekår.

10,5

Tillitsreforma i barnehage og skule

Midlane skal å stimulere til lokale pilotar og prosjekt i samband med tillitsreforma.

10

Fleksibel opplæring

Tilbodet gir opplæring over nettbaserte løysningar for minoritetsspråklege elevar med rett til tospråkleg fagopplæring.

9

Rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar i barnehage og skule

Løyvinga går til universitet og høgskular etter søknad. Må sjåast i samanheng med midlar løyva over kap. 231, post 21.

7,5

Lektor 2-ordninga i realfag

Departementet foreslår ei gradvis avvikling av ordninga. Løyvinga blir derfor redusert med 2 mill. kroner i 2023.

7

Tilskot til læringstilbod om 22. juli.

Wergelandsenteret er mottakar av tilskotet. Tilbodet er utvikla av 22. juli-senteret, Utøya AS og Wergelandsenteret.

5

Tilskot til støttegruppa etter 22. juli

Ved behandlinga av revidert budsjett for 2022 blei tilskotet til støttegruppa etter 22. juli auka med 2 mill. kroner. Tilskotsauken får heilårseffekt i 2023-budsjettet. Støttegruppa blei oppretta etter terrorangrepa i 2011 og jobbar for å fremje interessene til dei som blei ramma av terrorangrepa. Gruppa deltek òg i ei rekke forum med norske myndigheiter og internasjonale aktørar. Tilskotet skal bidra til å styrke støttegruppa.

4,5

Tilskot til Stiftelsen 10. august

Tilskotet går til eit minne- og kunnskapssenter der skuleelevar, studentar og andre besøkande kan lære om terrorangrepet på Al-Noor Islamic Center i 2019 og hat og terror mot muslimar.

4

Tiltak retta mot nasjonale minoritetar

Løyvinga inkluderer mellom anna 2 mill. kroner til grunnskuleopplæring for romar i Lørenskog kommune og utvikling av læremiddel i kvensk og finsk.

4

Tilskot til prosjektet Venneslabrua

Mottakar er Agder fylkeskommune. Venneslabrua er eit prosjekt der Vennesla videregående skole utviklar nye tiltak for å få ungdom gjennom skuleløpet. Prosjektperioden er 2019–23

2,5

Tilskot til Stiftelsen Espeland fangeleir og Gestapohuset i Veiten

Tilskotet skal støtte opp under arbeidet til stiftinga.

2

Eidsvoll 1814 og demokratinettstaden Min Stemme

Mottakar er Eidsvoll 1814 ved Norsk Folkemuseum som har ansvaret for www.minstemme.no, som er ein nettstad med læringsressursar frå barneskuletrinn og til vidaregåande, med søkelys på demokrati, medborgarskap og deltaking. Løyvinga går til drift og utvikling av nettstaden og må sjåast i samanheng med fagfornyinga.

1

Anna

Departementet vil setje av om lag 110 mill. kroner på posten til arbeid med brukarundersøkingar, statistikk, forsking, evaluering, og deltaking i internasjonale undersøkingar. Løyvinga dekker og drift av nokre tidsavgrensa prosjekt, tiltak for å følge opp fagfornyinga og utgifter til offentlege utval og ekspertutval som departementet har sett ned.

153,9

Totalt

1 075,4

Post 22 Vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar

Løyvinga finansierer satsinga på vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar, jf. Kompetanse for kvalitet – strategi for videreutdanning for lærere og skoleledere frem mot 2025.

Løyvinga finansierer også rektorutdanning, modulbasert vidareutdanning for skuleleiarar, vidareutdanning for rettleiing av nyutdanna lærarar og lærarspesialistutdanningane. For tilsette i skulen som manglar lærarutdanning, er det stipendordningar for toårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag (PPU-Y) og treårig yrkesfaglærarutdanning (YFL). Staten har også finansiert stipendmidlar for at skuleeigarar kan rekruttere personar utanfrå som ønsker å ta ei yrkesfaglærarutdanning for å jobbe i skulen, og stipendordning for minoritetsspråklege lærarar.

Mål for 2023

Vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar og kvalifisering av lærarar skal bidra til god fagleg og pedagogisk kvalitet i grunnopplæringa. Dette skal føre til at elevane lærer meir.

Resultat i 2021

Vidareutdanning for lærarar

I 2021 blei det brukt 1,4 mrd. kroner til vidareutdanning for lærarar gjennom strategien «Kompetanse for kvalitet». I skuleåret 2021–22 blei det gitt tilbod om vidareutdanning til 7 099 lærarar. Ei deltakarundersøking i 2021 viser at lærarar som har teke vidareutdanning, meiner at vidareutdanninga har god kvalitet og bidreg til auka motivasjon og engasjement, fagleg utbyte og endringar i undervisninga.

Stipendordning for tilsette som manglar lærarutdanning, og til rekruttering av personar utanfor skulen

I 2021 gjekk 84,9 mill. kroner til kompetansetiltak for ikkje-kvalifisert undervisningspersonell. Det blei utbetalt 602 nye stipend til personar for studiar på PPU, PPU-Y, YFL og til fullføring av lærarutdanning. Av desse gjekk 77 stipend til å rekruttere personar utanfor skulen. Den andre halvparten av stipenda til deltakarane frå stipendordninga i 2018 og 2019 blei også utbetalt etter fullførte studium.

Rektorutdanninga og vidareutdanning for skuleleiarar

81,2 mill. kroner gjekk til rektorutdanninga og modulbasert vidareutdanning for skuleleiarar. I 2021 begynte 451 på rektorutdanninga og 521 på den modulbaserte vidareutdanninga for skuleleiarar, ein auke frå høvesvis 467 og 349 i 2020. Evalueringa av rektorutdanninga viser at deltakarane er svært nøgde med tilbodet. Dei opplever at utdanninga er relevant og har gitt stort læringsutbyte.

Rettleiarutdanning

Utdanningsdirektoratet har ansvar for rettleiarutdanning av nyutdanna barnehagelærarar og lærarar. Det er inngått avtale med 10 universitet og høgskular om i alt 385 studieplassar, og det blei nytta 12,5 mill. kroner til dette i 2021.

Tiltak for rekruttering til lærarutdanningane

For å bidra til å kvalifisere søkjarar for opptak til lærarutdanninga har departementet finansiert eit nasjonalt nettbasert matematikkurs ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN) med til saman 10 mill. kroner over to år. I 2021 blei det tildelt 5 mill. kroner. I 2021 var det 301 deltakarar frå heile landet, og 217 tok eksamen. 96 av desse klarte å løfte seg til karakter 4, 5 eller 6 og klarte dermed opptakskrava til lektor- og grunnskulelærarutdanningane.

I 2021 gjekk 5 mill. kroner til Høgskulen på Vestlandet (HVL) for å finansiere eit nasjonalt rekrutteringsprosjekt til lærarutdanningane, særleg retta mot å stimulere til auka mangfald og kjønnsbalanse. Prosjektet er i ein tidleg fase og blei i starten forhindra av covid-19-pandemien. Arbeidet blei intensivert i 2021. I alt er prosjektet finansiert med 16 mill. kroner over tre år.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 1,6 mrd. kroner på posten.

I løyvingsforslaget er det teke omsyn til følgande flyttinga av midlar til og frå posten:

  • 150 mill. kroner frå posten til kap. 231, post 21 for å styrke etter- og vidareutdanningstilbodet i barnehagane

Løyvinga finansierer mellom anna vidareutdanningsplassar våren 2023 og gir rom for å tilby vidareutdanning til om lag 6 000 lærarar hausten 2023 innanfor ordninga Kompetanse for kvalitet. I 2023 er engelsk, matematikk, norsk, norsk teiknspråk og samisk prioriterte fag i vidareutdanningsordninga. I tillegg vil søknader frå tidlegare Finnmark fylke og søknader frå kommunar i oppfølgingsordninga bli prioriterte. Det er vidare sett av eigne pottar til spesialpedagogikk og praktiske og estetiske fag. Det er behov for fleire kvalifiserte søkarar til lærarutdanningar retta mot barnehagar og skular. 10 mill. kroner over posten skal gå til auka rekruttering til lærarutdanningane.

Som følge av dei stipendordningane som blir finansierte av løyvinga på posten, der delar av stipendet først blir utbetalte når vidareutdanninga er fullført, er det behov for ei tilsegnsfullmakt på 280 mill. kroner knytt til posten, jf. forslag til vedtak III nr. 1.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga skal finansiere innkjøp av eit nytt digitalt system for gjennomføring av prøvar og eksamenar, jf. omtale i kategoriinnleiinga. Satsinga gjaldt først for treårsperioden 2019–21. Men på grunn av avlyst eleveksamen er prosjektet forlengd til 2023.

Mål for 2023

Målet med løyvinga er å gi elevane og eksamenskandidatane ei intuitiv og brukarvennleg teneste der dei kan få vist eigen kompetanse på fleire måtar enn i dag. Tenesta skal vareta nye krav til universell utforming. Løysinga skal bidra til at alle prøvar og eksamenar kan utviklast og gjennomførast i ei ny, felles digital løysing.

Resultat i 2021

Hovudprosjektet for å kjøpe inn og ta i bruk eit nytt digitalt system blei starta opp i 2019. Kontrakt med leverandør blei underteikna, og arbeidet med å setje opp og ta i bruk løysinga blei sett i gang. Smitteverntiltak som følge av covid-19-pandemien har resultert i avlysing av eksamen og at skular og skuleeigarar ikkje har vore tilgjengelege for brukartest. Prosjektet er derfor forseinka. Forseinkinga fører til at kostnadene ved prosjektet stig.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 22 mill. kroner på posten.

Post 61 Tilskotsordning til rettleiing for nyutdanna nytilsette lærarar

Målgruppa for tilskotet er nyutdanna nytilsette lærarar i grunnskulen. Kommunar og private skular som gir rettleiing til nyutdanna nytilsette lærarar i grunnskulen, kan søke om tilskot til å planlegge og gjennomføre sjølve rettleiinga. Tilskotet skal brukast til direkte kostnader til rettleiinga.

Mål for 2023

Målet med løyvinga er både å bidra til at skuleeigarane følger opp ansvaret sitt for å ha rettleiingsordningar lokalt, og å styrke rettleiinga til den einskilde nyutdanna nytilsette læraren. Målet med rettleiinga er at fleire nyutdanna nytilsette lærarar får ein god overgang frå utdanninga til yrket, og at dei dermed blir verande i skulen.

Resultat i 2021

I 2021 blei det innvilga 238 søknader, mot 214 i 2020. Dette omfatta 2 259 nyutdanna nytilsette lærarar i 2021, mot 2 406 i 2020. 186 kommunar fekk tilskot for 2 151 lærarar, mot 178 kommunar og 2 330 lærarar i 2020. 52 private skular fekk tilskot for 108 lærarar, mot 41 private skular og 76 lærarar i 2020. Satsen per lærar i 2021 blei 27 077 kroner, mot 25 700 i 2020.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 63,6 mill. kroner på posten.

Post 64 Programfinansiering av 0–24-samarbeidet

Posten blei oppretta i 2020 og skulle finansiere eit treårig pilotforsøk for perioden 2020–22, jf. omtale i kategoriinnleiinga for 07.20 Grunnopplæringa. Programfinansieringa går ut på å slå saman delar av eksisterande tilskotsordningar retta mot utsette barn og unge i ein pott som pilotkommunane har stor fridom til å disponere innanfor formålet. På denne måten kan midlane bli betre tilpassa lokale behov. På grunn av covid-19-pandemien blei forsøket forseinka og forlengt til og med juni 2023. Tolv kommunar er med i piloten, dei ligg i Trøndelag, Innlandet og Vestfold og Telemark. Arbeids- og sosialdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Barne- og familiedepartementet og Kunnskapsdepartementet bidrog med midlar som blei rammeoverførte til posten i 2020. I 2023 foreslår departementet å rammeoverføre 42,7 mill. kroner frå posten til postar under Arbeids- og sosialdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Barne- og familiedepartementet og Kunnskapsdepartementet. Departementet foreslår dermed inga løyving på denne posten i 2023.

Resultat i 2021

40,5 mill. kroner blei utbetalt til pilotkommunane i 2021. Tiltaka som kommunane skal teste ut i prosjektperioden, skal evaluerast av ulike kompetansemiljø. Den overordna evalueringa av programfinansiering som verkemiddel blir gjord av Oxford Research, sluttrapporten kjem i 2023.

Post 65 Tilskot til nye og utvida sommarskuletilbod ifb. koronapandemien

Målet med tilskotet var å gi fleire unge ein arena der dei kunne delta i faglege, sosiale og kulturelle aktivitetar i skulens sommarferie. Sommarskule var òg eit tiltak for at elevar skulle kunne ta igjen tapt læring og progresjon.

Resultat i 2021

Det blei brukt 481,1 mill. kroner på posten av den samla løyvinga på 500 mill. kroner. Alle kommunane fekk tilbod om midlar og 230 kommunar takka ja og fekk tilskot. Midlane skulle gå til nye eller utvida tilbod. Kommunane kunne nytte deler av tilskotet til tilsvarande tilbod i skulanes haustferie viss det ikkje var mogleg å bruke opp alle midlane til sommarskule. Kommunane sto fritt til å gi ulike tilbod tilpassa lokale forhold. Dei kunne òg samarbeide med idrettslag, kulturskular, foreiningar m.fl.

Post 71 Tilskot til vitensenter

Eit vitensenter er eit lærings- og opplevingssenter for teknologi, naturvitskap og matematikk der besøkande lærer ved å eksperimentere. Vitensentera er eit viktig verkemiddel for auka kunnskap i teknologi og realfag og bidreg til å skape interesse for og rekruttering til eit kompetanseområde Noreg treng. Sentera fungerer som ei støtte og gir verktøy til skulane og lærarane i opplæringa og bidreg til å følge opp nasjonale strategiar. Tilbodet er basert på læreplanar i realfag. Hausten 2022 er det 13 vitensenter i Vitensenterprogrammet i Forskingsrådet:

  • Jærmuseet – Rogaland

  • Nordnorsk vitensenter – Tromsø

  • Vitensenteret i Oslo v/Norsk Teknisk Museum

  • Vilvite – Bergen

  • Vitenlaben – Grenland

  • Vitensenteret i Trondheim

  • Vitensenteret Innlandet – Gjøvik

  • Inspiria Science Center – Østfold

  • Sørlandet vitensenter – Arendal og Kristiansand

  • Vitenparken Campus Ås

  • Atlanterhavsparken – Ålesund

  • Vitensenter Nordland – Mo i Rana

  • ViteMeir – Kaupanger

Vitensenter som vil vere ein del av tilskotsordninga må søke Forskingsrådet og dokumentere at dei oppfyller gitte kriterier. Forskingsrådet vurderer dette og gir ei anbefaling til departementet. Dette inneber ei kvalitetssikring av vitensentera som mottar statstilskot.

Mål for 2023

Målet med tilskotet er å auke interessa for teknologi og realfag.

Resultat i 2021

I 2021 fekk 13 regionale vitensenter midlar frå denne posten. Sentera hadde 602 000 besøkande i 2021, som er ein auke på 95 000 frå 2020. Vitensentra leverte i 2021 undervisning til 194 000 elevar og lærarar. Dette er 39 000 fleire enn året før. Sjølv om det var ein auke frå 2020, har covid-19-pandemien påverka vitensentera i stor grad også i 2021. Talet på besøkande og nivået på undervisninga til elevar og lærarar var framleis lågare enn før pandemien i 2019. Ifølge lærarane er vitensentra eit viktig supplement til undervisninga i realfag.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 94,4 mill. kroner på posten.

Fordelinga av tilskotet til vitensentera blir vedteke av styret i Vitensenterprogrammet. Styret blir oppnemnt av Noregs forskingsråd. I styret sit mellom anna representantar frå akademia og næringslivet.

Kap. 227 Tilskot til særskilde skular

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

63

Tilskot til kommunar og fylkeskommunar

43 355

44 552

41 808

78

Tilskot

186 434

186 434

180 469

Sum kap. 227

229 789

230 986

222 277

Post 63 blir nytta når midlane går til kommunar og fylkeskommunar, medan post 78 blir nytta til tilskot til andre mottakarar.

Post 63 Tilskot til kommunar og fylkeskommunar

Mål for 2023

Målet med løyvinga er å støtte tilbod som ikkje har lovheimla rett til tilskot, men som departementet likevel ønsker å støtte fordi verksemda ved skulane dekker viktige behov.

Tilskot til Norsk-russisk videregående skole i Murmansk

Tilskotet har gått til Troms og Finnmark fylkeskommune og blitt nytta til drift av Norsk-russisk videregående skole i Murmansk. Skulen gir tilbod om tilpassa studieførebuande Vg3 til norske elevar.

Norsk-russisk videregående skole har vore ein viktig del av folk-til-folk-samarbeidet mellom Russland og Noreg. Då Russland gjekk til åtak på Ukraina, måtte skulen stenge. Dei norske elevane fekk tilbod om å avslutte skuleåret ved Kongsbakken videregående skole i Tromsø.

Det vil ikkje vere mogleg å halde fram drifta ved skulen slik situasjonen er no. Styret ved Norsk-russisk videregående skole har derfor vedteke at drifta av skulen blir stansa inntil vidare. Det betyr at det heller ikkje vil bli gitt tilskot til Troms og Finnmark fylkeskommune til drift av skulen.

Tilskot til vaksenopplæring i Sandefjord kommune

Stiftelsen Signo har ein institusjon og ein skule for døvblinde og personar med høyrselshemmingar i kombinasjon med funksjonsnedsetjingar. Verksemda ligg i Sandefjord kommune. Sandefjord kommune er etter opplæringslova ansvarleg for å finansiere vaksenopplæring. Tilskotet skal bidra til å dekke meirutgifter Sandefjord kommune har som følge av ansvaret for å gi vaksenopplæring til bebuarar ved Stiftelsen Signo.

Tilskot til Fjellheimen leirskule

Tilskotsmottakar er Engerdal kommune, og tilskotet skal nyttast til drift av Fjellheimen leirskule. Fjellheimen leirskule er ein leirskule for barn, unge og vaksne med psykisk utviklingshemming eller lærevanskar. Leirskulen finansierer drifta ved statstilskot, betaling frå elevane/deltakarane og medverknad frå Engerdal kommune, som eig og driv Fjellheimen leirskule.

Tilskot til dei kommunale sameskulane i Snåsa og Målselv

Tilskotet finansierer drift av dei kommunale sameskulane i Snåsa og Målselv med tilhøyrande internat. Skulen i Snåsa gir opplæring på sørsamisk, medan skulen i Målselv gir opplæring på nordsamisk. Skulane har heile landet som opptaksområde.

Tilskot til skuleskyss for elevar ved dei kommunale sameskulane i Snåsa og Målselv

Tilskotet skal bidra til å dekke utgifter til skuleskyss for elevar ved dei kommunale sameskulane i Snåsa og Målselv. Tilskotet går til kommunane Snåsa og Målselv.

Resultat i 2021

Tilskot til Norsk-russisk videregående skole i Murmansk

Hausten 2021 blei det teke inn ti norske elevar som starta på Vg3 ved Norsk-russisk videregående skole. Skulen måtte stenge etter at Russland gjekk til åtak på Ukraina, og elevane fullførte skuleåret ved Kongsbakken videregående skole i Noreg.

Tilskot til vaksenopplæring i Sandefjord kommune

Tilskotet kommunen fekk i 2021, gjekk til kjøp av vaksenopplæringstenester frå Stiftelsen Signo. Det var 34 elevar som fekk opplæring i 2021.

Tilskot til Fjellheimen leirskule

Skulen kan ta inn opptil 1 000 deltakarar kvart år. I 2021 var det 860 deltakarar. Dette er ein vesentleg auke samanlikna med året før, då 530 personar fekk eit opphald ved skulen. Talet på deltakarar var lågt i 2020 og 2021 på grunn av covid-19-pandemien.

Tilskot til dei kommunale sameskulane i Snåsa og Målselv

Sameskulen i Snåsa hadde ti elevar hausten 2021, i tillegg til ein hospiteringselev frå Sverige. Talet på elevar har falle dei siste åra. Sju elevar ved Snåsa ungdomsskule fekk undervisning ved sameskulen og tolv elevar fekk fjernundervisning. Sameskulen i Målselv hadde 20 elevar hausten 2021, det same talet som året før. I tillegg fekk 17 elevar fjernundervisning, som òg er på same nivå som i 2020.

Tilskot til skuleskyss for elevar ved dei kommunale sameskulane i Snåsa og Målselv

For 2021 er det utbetalt 0,6 mill. kroner til Målselv kommune for utgifter til skuleskyss for elevar ved sameskulen.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 41,8 mill. kroner på posten. Tabellen under viser fordelinga av løyvinga.

Drifta av Norsk-russisk videregående skole i Murmansk blir stansa inntil vidare som følge av Russlands åtak på Ukraina. Troms og Finnmark fylkeskommune vil derfor ikkje få tilskot til drift av skulen i 2023.

Tabell 4.14 Fordeling av tilskot på kap. 227, post 63

(i 1 000 kr)

Tilskotsmottakar

Tilskot 2023

Vaksenopplæring i Sandefjord kommune

5 715

Fjellheimen leirskule

6 998

Dei kommunale sameskulane i Snåsa og Målselv

27 295

Skuleskyss ved dei kommunale sameskulane i Snåsa og Målselv

1 800

Sum

41 808

Post 78 Tilskot

Mål for 2023

Målet med løyvinga er å støtte private tilbod som ikkje har lovheimla rett til tilskot, men som departementet likevel ønsker å støtte fordi verksemda ved skulane dekker viktige behov.

Tilskot til Den franske skolen i Oslo

Noreg har inngått ein avtale med Frankrike som inneber at Noreg gir eit årleg tilskot til Den franske skolen i Oslo, mot at Frankrike legg til rette for opplæring av lærlingar frå Noreg i Frankrike. Skulen har elevar frå Frankrike og Noreg i tillegg til elevar med bakgrunn frå mange andre land. Tilskotet skal styrke samarbeidet med Frankrike og stillinga til det franske språket i Noreg.

Tilskot til internatdrifta ved Krokeide videregående skole

Krokeide videregående skole AS er godkjend etter privatskulelova § 2-1 bokstav f for å tilby særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma elevar. Skulen gir eit landsdekkande tilbod som er godkjent for 220 elevar, og har plass til drygt 115 elevar på internatet. Tilskotet skal bidra til drifta av internatet og det sosialmedisinske hjelpeapparatet ved skulen, slik at skulen kan tilby yrkesretta vidaregåande opplæring for personar med fysiske eller psykiske utfordringar.

Tilskot til Røde Kors Nordisk United World College

United World Colleges (UWC) er ein internasjonal organisasjon som arbeider for å fremje fred og forståing gjennom utdanning. Det er i alt 18 UWC-skular i 18 land. Tilskotet går til Røde Kors Nordisk United World College i Fjaler i Vestland (RKNUWC). Skulen fører elevane fram til ein International Baccalaureate (IB)-eksamen.

Tilskot til Signo grunn- og videregående skole og Briskeby videregående skole

Målgruppene til Signo grunn- og videregående skole er døvblinde og elevar med høyrselshemming og ulike funksjonsnedsetjingar. Målgruppa til Briskeby videregående skole er elevar med nedsett høyrsel. Tilskotet skal bidra til at skulane kan halde fram med drifta på om lag same nivå som før dei blei godkjende etter privatskulelova § 2-1 bokstav f for å tilby særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma elevar. Tilskotet skal òg bidra til å dekke heimreisekostnader for elevane ved skulane og drift av internatet ved Signo grunn- og videregående skole.

Tilskot til opplæring i rusinstitusjonar

Tilskotet skal finansiere opplæringstilbodet som rusinstitusjonane Tyrilistiftelsen og Stiftelsen Fossumkollektivet har i Viken og Innlandet. Tilskotet skal dekke kostnader til opplæring som ligg utanfor ramma av opplæringslova, og som derfor ikkje ligg under ansvaret til fylkeskommunane.

Tilskot til Lycée International de Saint-Germain-en-Laye

Tilskotet har medverka til at det blir gitt grunnskuleopplæring og vidaregåande opplæring til norske elevar ved den norske seksjonen ved skulen, i dei faga seksjonen tilbyr.

Tilskot til internatdrifta ved Feiring videregående skole

Feiring videregående skole AS er godkjend etter privatskulelova § 2-1 bokstav f for å tilby særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma elevar. Skulen gir eit landsdekkande tilbod. Tilskotet skal bidra til drifta av internatet ved Feiring videregående skole og det sosialmedisinske hjelpeapparatet ved skulen, slik at skulen kan tilby yrkesretta vidaregåande opplæring for personar med fysiske eller psykiske utfordringar.

Resultat i 2021

Tilskot til Den franske skolen i Oslo

I skuleåret 2021–22 hadde Den franske skolen i Oslo 280 elevar på barnetrinnet, 193 elevar på ungdomstrinnet og 87 elevar i vidaregåande opplæring. Samla hadde skulen 560 elevar, mot 543 elevar i skuleåret 2020–21.

Tilskot til internatdrifta ved Krokeide videregående skole

I 2021 var det 97 elevar på internatet om våren og 116 elevar om hausten. I 2020 var det til samanlikning 108 elevar om våren og 95 elevar om hausten ved internatet. Skulen er godkjend for 220 elevar og har plass til drygt 115 elevar på internatet. Utnyttinga av kapasiteten til internatet er derfor god.

Tilskot til Røde Kors Nordisk United World College

I skuleåret 2021–22 hadde skulen 204 elevar frå 90 land. 65 av elevane kom frå nordiske land. Elevtalet og fordelinga mellom regionane elevane kjem frå, har vore relativt stabile dei siste åra. Hausten 2021 var det litt fleire elevar frå Europa enn tidlegare, sidan elevar frå andre verdsdelar ikkje kunne kome på grunn av covid-19-pandemien.

Tilskot til Signo grunn- og videregående skole og Briskeby videregående skole

Signo fekk våren 2021 tilskot for 11 elevar på grunnskulenivå og 18 heiltidselevar på vidaregåande nivå. Om hausten var det 18 elevar på grunnskulenivå og 11 heiltidselevar på vidaregåande nivå. Tilskotet til Briskeby blei utbetalt for 37 heiltids- og 14 deltidselevar på vidaregåande nivå våren 2021 og 31 heiltids- og 13 deltidselevar på vidaregåande nivå om hausten. Elevtalet ved dei to skulane har vore relativt stabilt i dei siste åra og ligg på eit høgt nivå i høve til det elevtalet skulane er godkjende for.

Tilskot til opplæring i rusinstitusjonar

Fossumkollektivet hadde i 2021 til saman 70 elevar ved skuleavdelingane i Viken og 23 elevar ved dei to avdelingane i Innlandet. Ved dei to verksemdene Tyrilistiftelsen har i Innlandet, har 93 bebuarar hatt eit opplæringstilbod i regi av Frankmotunet, og 92 bebuarar har delteke på ulike skuletilbod i Lillehammer.

Tilskot til Lycée International de Saint-Germain-en-Laye

Hausten 2021 var det 26 elevar på barnetrinnet, 5 elevar på ungdomstrinnet og 14 elevar i vidaregåande skule som fekk opplæring i den norske seksjonen ved skulen.

Tilskot til internatdrifta ved Feiring videregående skole

Feiring videregående skole starta opp hausten 2020 med 67 elevar ved skulen og tok i bruk 56 hyblar på internatet.

I 2021 var det 52 elevar på internatet om våren og 101 elevar om hausten. Skulen er under oppbygging og godkjend for 248 elevar.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 180,5 mill. kroner på posten. Tabellen under viser fordelinga av løyvinga.

Departementet foreslår å avvikle tilskotet til Lycée International de Saint-Germain-en-Laye frå hausten 2023. Tilskotet i 2023 skal nyttast til drift av skulen våren 2023. Skulen mista godkjenninga si etter privatskulelova og dermed retten til statstilskot frå skuleåret 2016–17. Skulen har fått eit ulovfesta særtilskot i tida etter at skulen mista godkjenninga. Privatskulelova gir heimel til å godkjenne norske private skular i utlandet. Godkjenning etter lova om private skular bidreg til å sikre kvaliteten på opplæringa, mellom anna ved at skulane følger norske læreplanar og har norsk som undervisningsspråk. Statleg finansiering av skular utan godkjenning vil kunne bidra til å undergrave formålet med regelverket.

Ved behandlinga av statsbudsjettet for 2018 blei tilskotet til Røde Kors Nordisk United World College (RKNUWC) auka med 3 mill. kroner til rehabilitering av skulebygningane. Eit fleirtal i utdannings- og forskingskomiteen oppmoda om at auken skulle vidareførast i fem år til rehabiliteringa var gjennomført, jf. Innst. 12 S (2017–2018). Departementet foreslår derfor å redusere tilskotet til RKNUWC med 3 mill. kroner i statsbudsjettet for 2023.

Tabell 4.15 Fordeling av tilskot på kap. 227, post 78

(i 1 000 kr)

Tilskotsmottakar

Tilskot 2023

Den franske skolen i Oslo

33 584

Internatdrifta ved Krokeide videregående skole

29 187

Røde Kors Nordisk United World College

36 060

Signo grunn- og videregående skole og Briskeby videregående skole

49 666

Opplæring i rusinstitusjonar

11 956

Lycée International de Saint-Germain-en-Laye

2 616

Internatdrifta ved Feiring videregående skole

17 400

Sum

180 469

Kap. 228 Tilskot til private skular o.a.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

70

Private grunnskular, overslagsløyving

3 321 738

3 198 229

3 515 056

71

Private vidaregåande skular, overslagsløyving

1 838 648

1 740 303

1 925 246

72

Diverse skular som gir yrkesretta opplæring, overslagsløyving

153 163

155 354

143 980

73

Private grunnskular i utlandet, overslagsløyving

112 036

109 297

122 571

74

Private vidaregåande skular i utlandet, overslagsløyving

13 923

13 335

17 638

75

Private skular for funksjonshemma elevar, overslagsløyving

401 720

401 325

434 808

76

Andre private skular, overslagsløyving

53 531

60 813

62 182

77

Den tysk-norske skolen i Oslo, overslagsløyving

30 860

30 309

32 353

78

Kompletterande undervisning

23 023

25 416

24 869

79

Toppidrett

78 403

79 415

77 715

81

Elevutveksling til utlandet

447

2 247

2 199

82

Kapital- og husleigetilskot til private skular

113 321

70 504

72 619

84

Redusert foreldrebetaling i skulefritidsordninga ved private skular

645

22 200

40 200

85

Kompensasjon for meirutgifter knytte til covid-19

56 000

Sum kap. 228

6 197 458

5 908 747

6 471 436

Løyvingane over kap. 228 går i hovudsak til tilskot til private skular som er godkjende etter privatskulelova. I tillegg blir det over dette kapittelet gitt tilskot til kompletterande undervisning, jf. privatskulelova § 6-4, Den tysk-norske skolen i Oslo, toppidrett og elevutveksling i utlandet.

Endringar i friskulelova («ny privatskolelov») tok til å gjelde 15. juni 2022, jf. Prop. 98 L (2021–2022) og Innst. 404 L (2021–2022). Den nye lova inneber at private skular må representere eit reelt supplement til den offentlege skulen for å bli godkjende. Lova opphevar to godkjenningsgrunnlag – profilskular og skular som tilbyr vidaregåande opplæring i yrkesfaglege utdanningsprogram. Lova endrar også godkjenningsgrunnlaget i privatskulelova § 2-1 andre ledd bokstav g til «Vidaregåande opplæring i tradisjonshandverksfag».

Private skular godkjende etter privatskulelova har rett til statstilskot. Til grunn for tilskotet ligg gjennomsnittlege driftsutgifter per elev i den offentlege skulen. Einskilde private skular får særtilskot i tillegg til tilskot som følger av lova. Departementet foreslår i statsbudsjettet for 2023 å avvikle nokre av desse særtilskota for å bidra til at privatskulane har dei same vilkåra for drifta si. Dette er omtalt under dei aktuelle postane.

I samband med handsaminga av revidert budsjett for 2022 løyvde Stortinget midlar til eit mellombels særtilskot til Møbelsnekkerskolen, Plus-skolen og Hjerleid Handverksskole i 2022. Departementet foreslår å ikkje vidareføre dette tilskotet i 2023. Som ei oppfølging av Hurdalsplattforma har Utdanningsdirektoratet fått oppdrag om å greie ut ei særskild grunnfinansiering for «kulturarvskular».

Mål for 2023

Målet med tilskotsordningane er å medverke til at det kan bli oppretta og drifta privatskular etter privatskulelova.

Resultat i 2021

Tabellen under viser endringar i talet på elevar og private skular som fekk tilskot over post 70–76, frå skuleåret 2019–20 til skuleåret 2021–22. For grunnskulen gjeld tala frå elevteljinga 1. oktober. For vidaregåande skule viser tala gjennomsnittet av elevtalet frå elevteljingane 1. oktober og 1. april.

Tabell 4.16 Privatskular, tal på skular og elevar

Post

SkularElevar

Skuletype

2019–20

2020–21

2021–22

2019–20

2020–21

2021–22

70

Grunnskular

249

255

258

24 993

26 101

27 007

71

Vidaregåande skular

81

83

84

13 680

14 5371

14 9341

72

Diverse skular som gir yrkesretta opplæring

29

28

28

1 265

1 278

1169

73

Grunnskular i utlandet

9

9

9

765

547

612

74

Vidaregåande skular i utlandet

3

3

3

138

851

108

75

Skular for funksjonshemma elevar

15

16

16

869

9571

10101

76

Andre private skular

1

1

2

119

135

175

Sum

387

395

400

41 829

43 640

45 015

1 Inkludert elevar tekne opp som følge av mellombels særregel om inntak i privatskular hausten 2020 og 2021.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Hausten 2021 gjekk 4,3 pst. av grunnskuleelevane i private skular, mot 4,1 pst. året før. Hausten 2021 gjekk 8,7 pst. av elevane i vidaregåande opplæring i private skular, mot 8,3 pst. året før. Dei siste ti åra har det vore ein auke i prosentdelen elevar i private grunnskular og i private vidaregåande skular. I skuleåret 2009–10 gjekk 2,4 pst. av elevane i grunnskulen og 6,4 pst. av elevane i vidaregåande opplæring i privatskular. Tala inkluderer alle elevar i private grunn- og vidaregåande skular i Noreg godkjende etter privatskulelova.

Post 70 Private grunnskular, overslagsløyving

Private grunnskular som er godkjende etter privatskulelova, får tilskot tilsvarande 85 pst. av tilskotssatsen.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 3,5 mrd. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 92,3 mill. kroner som følge av oppdaterte elevtal og ein auke på 241,4 mill. kroner som følge av nye satsar i høve til saldert budsjett for 2022.

Tilskotet til private grunnskular blir berekna med utgangspunkt i utgiftene kommunane har til offentlege grunnskular. Modellen skal ta omsyn til kostnadsskilnader mellom små, mellomstore og store skular. Sidan statsbudsjettet for 2020 har ikkje berekningsmodellen fungert, fordi datagrunnlaget for å berekne kostnaden for små skular har blitt dårlegare. Departementet greier derfor ut ein ny tilskotsmodell for private grunnskular. I statsbudsjettet for 2023 er satsane berekna med utgangspunkt i satsane frå 2020, korrigert for endringar i tilskotsgrunnlaget frå 2018 til 2021.

Frå statsbudsjettet for 2019 har dei private grunnskulane som per 1. oktober 2018 mangla meir enn 0,2 lærarårsverk for å oppfylle same lærartettleik som norma som er innført i offentleg skule, fått eit ulovfesta tilskot for å auke lærartettleiken. Det er varsla at tilskotet blir fasa ut når ressursane kommunane har til fleire lærarar for å oppfylle lærarnorma, inngår i tilskotsgrunnlaget til dei private grunnskulane. Departementet foreslår derfor å avvikle tilskotet i statsbudsjettet for 2023. Det inneber ein reduksjon i tilskotet til private grunnskular på 16,9 mill. kroner i høve til 2022.

Post 71 Private vidaregåande skular, overslagsløyving

Private vidaregåande skular som er godkjende etter privatskulelova, får tilskot tilsvarande 85 pst. av tilskotssatsen. Satsane for tilskot til private vidaregåande skular bygger på dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege skulen to år tidlegare. Det blir rekna ut ein sats for kvart utdanningsprogram. For dei nye utdanningsprogramma som kom med ny tilbodsstruktur hausten 2020, vil departementet inntil vidare vidareføre satsane frå dei tilsvarande utdanningsprogramma i den gamle tilbodsstrukturen. Desse satsane blir prisjusterte inntil ein har grunnlag for å berekne nye satsar.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 1,9 mrd. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 49,7 mill. kroner som følge av oppdaterte elevtal og ein auke på 148,1 mill. kroner som følge av nye satsar i høve til saldert budsjett for 2022.

Departementet foreslår å avvikle dei ulovfesta tilskota til Kongshaug Musikkgymnas, Oslo by steinerskole og Kristen VGS Vennesla frå hausten 2023. Løyvinga er redusert med 5,9 mill. kroner som følge av dette. Skulane har fått desse tilskota fordi dei har musikktilbod, som er rekna som dyrare enn det som blir fanga opp av satsen for utdanningsprogrammet musikk, dans og drama. Departementet gjer merksam på at dette ikkje er unikt for desse skulane. Satsane bygger på dei gjennomsnittlege utgiftene i offentlege skular, og private skular må tilpasse seg dette. Departementet er òg kjent med at det er private vidaregåande skular med musikktilbod som ikkje får eit særtilskot til dette. Departementet meiner at ulovfesta særtilskot til einskildskular bidreg til å undergrave og komplisere tilskotsmodellen for private vidaregåande skular. Derfor foreslår departementet å avvikle tilskota frå hausten 2023.

I statsbudsjettet for 2022 er det løyvd 6,2 mill. kroner på posten til meir fleksible og tilpassa opplæringsløp i vidaregåande opplæring i samband med fullføringsreforma. Privatskulelova avgrensar fleksibiliteten som dei godkjende private vidaregåande skulane har til å gjere løpande endringar i opplæringsløpa, i tråd med intensjonen bak tilskotsmidlane. Det vil derfor vere krevjande for dei private vidaregåande skulane å bruke midlane på den måten Stortinget har lagt til grunn. Kunnskapsdepartementet foreslår å redusere løyvinga med 6,4 mill. kroner, slik at midlane ikkje blir førte vidare til 2023.

Post 72 Diverse skular som gir yrkesretta opplæring, overslagsløyving

Med verknad frå 1. januar 2021 vart føresegnene i kapittel 4 i vaksenopplæringslova om diverse skular flytta frå vaksenopplæringslova til kapittel 6A i privatskulelova, jf. lov av 19. juni 2020 nr. 91. Satsane for tilskot til skular som er godkjende etter kap. 6A i privatskulelova, med unntak av Norsk Yrkesdykkerskole, er baserte på tre av satsane for private vidaregåande skular. Dei tre satsane er dei same som for utdanningsprogram for studiespesialisering, idrettsfag og musikk, dans og drama. Skular som er godkjende etter kap. 6A i privatskulelova, har fått 75 pst. av tilskotssatsane.

I dag er 28 skular godkjende etter kap. 6A i privatskulelova. Desse er bibelskular, kunstskular og Norsk Yrkesdykkerskole.

Oxford Research evaluerte tilskotsordninga i 2019 på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Departementet vil følge opp gjennomgangen og vurdere behovet for endringar i ordninga. Norsk Yrkesdykkerskole skil seg frå dei andre skulane i ordninga når det gjeld både innhald i opplæringa og storleiken på tilskotet per elev. Departementet vil i samband med gjennomgangen av ordninga særleg vurdere tilskotet til Norsk Yrkesdykkerskole.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 144 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein reduksjon på 11,6 mill. kroner som følge av oppdaterte elevtal og ein auke på 10,5 mill. kroner som følge av nye satsar i høve til saldert budsjett for 2022.

Skulane som er godkjende etter kap. 6A i privatskulelova, er vesentleg ulike frå andre skular godkjende etter privatskulelova. Skulane skal ha godkjende læreplanar på nivå over grunnskulen. Opplæringa gir verken studiekompetanse, yrkeskompetanse eller grunnkompetanse. Det er heller ikkje krav om at opplæringa skal vere jamgod med offentleg vidaregåande opplæring.

Regjeringa vil satse på den offentlege fellesskulen. Det inneber òg at ressursinnsatsen må rettast mot den offentlege skulen. Departementet foreslår derfor å redusere satsen frå 75 pst. til 65 pst. av tilskotsgrunnlaget frå og med hausten 2023. Skulepengane kan tilsvarande aukast frå 25 pst. til 35 pst. av tilskotsgrunnlaget. Tilskotsdelen er regulert i privatskulelova og forslaget krev lovendring. Departementet tek sikte på å sende på høyring forslag om nødvendige lovendringar. Løyvinga er redusert med 10,3 mill. kroner som følge av dette.

Post 73 Private grunnskular i utlandet, overslagsløyving

Skulane får tilskot etter same grunnlag som private grunnskular i Noreg, men satsen blir høgare fordi desse skulane ikkje er omfatta av ordninga med kompensasjon for meirverdiavgift. Posten omfattar òg avrekning mellom Noreg og Sverige for svenske elevar i norske skular i utlandet og for norske elevar ved svenske private grunnskular i utlandet. I tillegg omfattar posten utgifter til spesialundervisning.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 122,6 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 6 mill. kroner som følge av oppdaterte elevtal og ein auke på 7,3 mill. kroner som følge av nye satsar i høve til saldert budsjett for 2022.

Post 74 Private vidaregåande skular i utlandet, overslagsløyving

Skulane får tilskot etter same grunnlag som private vidaregåande skular i Noreg, men satsen blir høgare fordi desse skulane ikkje er omfatta av ordninga med kompensasjon for meirverdiavgift. Posten omfattar òg utgifter til spesialundervisning.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 17,6 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 3,2 mill. kroner som følge av oppdaterte elevtal og ein auke på 1,2 mill. kroner som følge av nye satsar i høve til saldert budsjett for 2022.

Departementet foreslår òg å redusere løyvinga med 39 000 kroner for å avvikle tilskotet til meir fleksible og tilpassa opplæringsløp i vidaregåande opplæring. Sjå omtale under post 71.

Post 75 Private skular for funksjonshemma elevar, overslagsløyving

Private grunn- og vidaregåande skular for funksjonshemma elevar får tilskot tilsvarande 100 pst. av ein normalsats per elev. Nokre av skulane får i tillegg statstilskot til husleigeutgifter på same nivå som i 2003, jf. Innst. O. nr. 80 (2002–2003).

Kunnskapsdepartementet bad i 2021 Utdanningsdirektoratet foreslå endringar i tilskotsordninga basert på ein gjennomgang Oxford Research gjorde i 2020. Departementet vil sende på høyring forslag til ny forskrift med sikte på at endringar i tilskotsordninga kan bli fastsette i 2023.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 434,8 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 21,6 mill. kroner som følge av oppdaterte elevtal og ein auke på 12,3 mill. kroner som følge av nye satsar i høve til saldert budsjett for 2022.

Departementet foreslår òg å redusere løyvinga med 0,4 mill. kroner for å avvikle tilskotet til meir fleksible og tilpassa opplæringsløp i vidaregåande opplæring. Sjå omtale under post 71.

Post 76 Andre private skular, overslagsløyving

Posten omfattar Unge Sjømenns Kristelige Forening (MS Gann) og Maritim videregående skole Sørlandet (MS Lofoten). Skulane får tilskot per elev etter satsen for utdanningsprogram for teknikk og industriell produksjon eller elektro. Skulane får 85 pst. av tilskotssatsen. I tillegg får skulane eit fast tilskot for ekstrakostnader ved skuledrift på skip.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 62,2 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein reduksjon på 0,5 mill. kroner som følge av oppdaterte elevtal og ein auke på 2,9 mill. kroner som følge av nye satsar i høve til saldert budsjett for 2022.

Departementet foreslår òg å redusere løyvinga med 79 000 kroner for å avvikle tilskotet til meir fleksible og tilpassa opplæringsløp i vidaregåande opplæring. Sjå omtale under post 71.

Post 77 Den tysk-norske skolen i Oslo, overslagsløyving

Avtalen mellom Noreg og Tyskland om Den tysk-norske skolen i Oslo blei ført vidare og godkjend av Stortinget i april 2018, jf. Innst. 337 S (2017–2018) og Prop. 78 S (2017–2018). Tilskotet blir rekna ut på same måte som tilskotet til private skular som er godkjende etter privatskulelova, men med 54,4 pst. av tilskotssatsen. I tillegg blir det gitt eit særskilt tilskot som kompensasjon for at skulen ikkje lenger får tilskot til kompletterande undervisning, og for å dekke høgare husleigekostnader til nye, større lokale for skulen.

Mål for 2023

Tilskotet skal styrke samarbeidet med Tyskland og stillinga til det tyske språket i Noreg.

Resultat i 2021

Hausten 2021 var det til saman 332 elevar ved Den tysk-norske skolen i Oslo, og av dei gjekk 274 elevar i grunnskulen og 58 elevar i vidaregåande skule. Dette er ein auke på 5 elevar samanlikna med hausten 2020.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 32,4 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 0,2 mill. kroner som følge av oppdaterte elevtal og ein auke på 1,8 mill. kroner som følge av nye satsar i høve til saldert budsjett for 2022.

Post 78 Kompletterande undervisning

Tilskotsordninga medverkar til å finansiere kompletterande undervisning i norsk, samfunnsfag og kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE) for norske elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskular i utlandet. Tilskotsmottakarar i ordninga er to sertifiserte nettskular – Globalskolen og Norskskolen.

Mål for 2023

Målet med tilskotet er at norske elevar ved internasjonale eller utanlandske grunnskular i utlandet skal ha moglegheit til å få nettundervisning i norsk, samfunnsfag og kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE).

Resultat i 2021

Eit øvre elevtak blir fastsett på grunnlag av løyvinga til formålet. For 2021 var dette taket på 1 470 elevar. I 2021 gav nettskulane kompletterande undervisning til i alt 1 403 elevar, og dette var 47 færre elevar enn i 2020.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 24,9 mill. kroner på posten. Løyvinga er redusert med 0,5 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2022.

Post 79 Toppidrett

Ordninga gjeld skular som i tillegg til godkjenninga etter privatskulelova er godkjende som toppidrettsgymnas av Noregs idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF). Løyvinga omfattar òg eit forvaltningstilskot til Olympiatoppen.

Skular med tilbod om toppidrett som er godkjende av Olympiatoppen, blir ikkje automatisk omfatta av ordninga med særskilt toppidrettstilskot. I 2021 blei tre private vidaregåande skular godkjende som toppidrettsgymnas av Olympiatoppen: Norges Toppidrettsgymnas Bergen, Wang Romerike og Metis videregående skole i Bergen. Desse skulane mottek ikkje toppidrettstilskot. Ordninga omfattar heller ikkje fylkeskommunale tilbod med toppidrett som er godkjente av Olympiatoppen.

Departementet vil fram mot statsbudsjettet for 2024 vurdere tilskotet til toppidrett. Vurderinga vil omfatte offentlege tilbod om toppidrett, inkludert landslinjer. På grunnlag av dette vil det bli vurdert om fleire skular skal takast inn i ordninga med tilskot til toppidrett.

Mål for 2023

Målet med tilskotet er at dei skulane som er omfatta av ordninga, kan legge til rette for at toppidrettsutøvarar kan kombinere trening med vidaregåande opplæring.

Tilskotet skal òg bidra til Olympiatoppens arbeid med å behandle søknader om kvalitetssikring av toppidrettsdelen av tilbodet ved skular godkjende etter privatskulelova § 2-1 andre ledd bokstav d.

Resultat i 2021

Hausten 2021 var det totalt 2 862 toppidrettselevar ved dei 13 skulane som fekk tilskot til toppidrett, og det er 428 fleire enn i 2020. I tillegg fekk Wang Romerike eit eingongstilskot på 1 mill. kroner i samband med behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2021. Ved denne skulen var det 251 toppidrettselevar.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 77,7 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår 359 000 kroner til eit forvaltningstilskot til Olympiatoppen. Løyvinga er redusert med 1,7 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2022.

Tabell 4.17 Fordeling av tilskot over kap. 228, post 79

(i 1 000 kr)

Skular som får toppidrettstilskot

Særtilskot 2023

Haugesund Toppidrettsgymnas AS

7 020

Norges Toppidrettsgymnas Bodø AS

2 590

Norges Toppidrettsgymnas Bærum AS

9 751

Norges Toppidrettsgymnas Geilo AS

2 609

Norges Toppidrettsgymnas Kongsvinger AS

4 122

Norges Toppidrettsgymnas Lillehammer AS

7 431

Norges Toppidrettsgymnas Tromsø AS

3 598

Stiftelsen Telemark Toppidrett gymnas

6 441

Wang AS (Oslo)

12 807

Wang Fredrikstad AS

4 947

Wang Hamar AS

5 560

Wang Toppidrett Stavanger AS

5 111

Wang Tønsberg AS

5 369

Sum

77 356

Post 81 Elevutveksling til utlandet

Tilskotsordninga gjeld utveksling til utlandet for elevar ved tre private vidaregåande skular med rett til statstilskot. Dei private vidaregåande skulane som er godkjende for å bli tildelte slikt tilskot, er

  • Danielsen videregående skole i Bergen

  • Heltberg Private Gymnas i Oslo

  • Drottningborg videregående skole i Grimstad

Det ordinære statstilskotet skulane får etter privatskulelova, kan ikkje nyttast til elevutveksling til utlandet. Skulane kan søke om støtte til administrasjon, oppfølging av og tilrettelegging for elevutveksling. Tilskotet kan bli gitt til godkjende samarbeidsprosjekt mellom norske private vidaregåande skular med rett til statstilskot og utanlandske skular.

Mål for 2023

Målet med tilskotsordninga er å stimulere dei skulane som er omfatta av ordninga, til å tilby elevutveksling til utlandet for elevane ved skulane.

Resultat i 2021

På grunn av covid-19-pandemien blei svært få elevar sende på utveksling skuleåret 2020–21. Berre 2 elevar utløyste tilskot, ein reduksjon frå 32 elevar skuleåret 2019–20. Kvar av skulane fekk eit basistilskot på 112 600 kroner. Samla blei det utbetalt 446 000 kroner i 2021.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 2,2 mill. kroner på posten.

Regjeringa vil satse på den offentlege fellesskulen. Det inneber at ressursinnsatsen må rettast mot den offentlege skulen. Departementet vil avvikle det ulovfesta tilskotet over posten frå skuleåret 2023–24. Det inneber at løyvinga blir avvikla frå 2024-budsjettet. Departementet vurderer at det ikkje er rimeleg at tre private vidaregåande skular får eit særtilskot frå staten til administrasjon, oppfølging av og tilrettelegging for elevutveksling. Løyvinga for 2023 gjeld elevutveksling i skuleåret 2022–23.

Post 82 Kapitaltilskot til privatskular, kapital- og husleigetilskot

Mål for 2023

Målet med tilskotsordninga er å medverke til at private skular i Noreg skal kunne finansiere vedlikehald og rehabilitering av bygg og husleige.

Resultat i 2021

I 2021 fekk private skular 113,3 mill. kroner i kapitaltilskot. Tilskotet er ei rammestyrt ordning og blei fordelt på grunnlag av elevtal mellom dei private grunn- og vidaregåande skulane i Noreg som får driftstilskot over kap. 228, post 70 og 71.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 72,6 mill. kroner på posten, som er det same nivået som i 2022.

Post 84 Redusert foreldrebetaling i skulefritidsordninga ved private skular

Ordninga tok til å gjelde frå 1. august 2021 og innebar at elevar på 1.–4. trinn frå familiar med låg inntekt i SFO ved privatskular kan få tilbod om redusert foreldrebetaling. Tilbodet om redusert foreldrebetaling i SFO ved privatskular inneber at foreldrebetalinga maksimalt utgjer 6 pst. av hushaldets samla personinntekt etter skattelova kapittel 12 og skattepliktig kapitalinntekt.

Frå hausten 2022 blei 12 timar gratis SFO per veke for elevar på 1. trinn innlemma i den same tilskotsordninga for redusert foreldrebetaling i SFO ved private skular. Dei 12 gratistimane på 1. trinn gjeld for alle førsteklassingar, uavhengig av inntekta til foreldra.

Mål for 2023

Målet med tilskotsordninga er å medverke til at skulefritidsordninga (SFO) ved private skular kan tilby redusert foreldrebetaling i SFO på same måte som i SFO ved offentlege skular.

Resultat i 2021

I 2021 blei det løyvd 3 mill. kroner for at dei private grunnskulane skulle kunne tilby redusert foreldrebetaling på SFO for elevar på 1.–4. trinn frå familiar med låg inntekt. Tilskotet tok til å gjelde hausten 2021, og det kom inn 31 søknader. Det blei innvilga redusert betaling for 97 elevar, og berre 0,65 mill. kroner av løyvinga blei nytta.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 40,2 mill. kroner på posten. Dette skal gå til lågare foreldrebetaling for elevar frå familiar med låg inntekt på 1.–4. trinn og til å gi 12 timar gratis SFO for førsteklassingar.

Post 85 Kompensasjon for meirutgifter knytte til covid-19

Ordninga omfatta private grunnskular og vidaregåande skular som er godkjende med heimel i privatskulelova, Den tysk-norske skolen i Oslo, Den franske skolen i Oslo og United World College i Fjaler. Ordninga skulle bidra til at privatskulane blei kompenserte for økonomiske konsekvensar av covid-19-pandemien på om lag same nivå som kommunesektoren. Ordninga er ikkje vidareført, og det er dermed inga løyving på posten i 2023.

Resultat i 2021

I 2021 blei det utbetalt 56 mill. kroner for å kompensere privatskulane for meirutgifter som følgde av covid-19-pandemien. Smittevernrettleiarar for skulane førte i nokre tilfelle til at undervisninga blei organisert i mindre grupper enn normalt. Fleire skular hadde òg meirutgifter ved å gi eit godt opplæringstilbod til elevar som var heime med milde symptom. Meirutgiftene dreidde seg særleg om eit auka behov for vikarar og overtid.

Kap. 229 22. juli-senteret

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Driftsutgifter

22 067

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 01

30 600

Sum kap. 229

52 667

Departementet foreslår å flytte løyvingane til 22. juli-senteret frå kap. 251 under programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring til programkategori 07.20 Grunnopplæringa i statsbudsjettet for 2023. Sjå under kap. 251 for omtale av resultat for 2021.

22. juli-senteret formidlar kunnskap om terrorangrepet i Regjeringskvartalet og på Utøya 22. juli 2011. Senteret skal gjennom utstillingar, undervisning og andre pedagogiske opplegg forvalte minnet om terrorangrepet og setje det inn i både ein historisk og ein dagsaktuell kontekst. Senteret skal legge til rette for diskusjon og refleksjon om 22. juli 2011 og tema som hat, vald og ekstremisme, nasjonalt og globalt. Målgruppa for senteret er skuleklassar frå ungdomsskuletrinna og oppover, lærarar og lærarstudentar og allmenta.

Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 01

Mål for 2023

Måla for 22. juli-senteret for 2023 er:

  • Elevar, lærarar og lærarstudentar lærer om og reflekterer over terrorangrepet 22. juli 2011 og tilgrensande tematikk

  • Læringsressursane til 22. juli-senteret er tilgjengelege for befolkninga i heile landet

  • 22. juli-senteret dokumenterer, bevarer og formidlar relevante perspektiv og gjenstandar knytte til terrorangrepet 22. juli 2011

  • 22. juli-senteret skal arbeide for at eit permanent senter blir utforma slik at det blir eit godt nasjonalt minne- og læringssenter for besøkande

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 22,1 mill. kroner på post 01 og 30,6 mill. kroner på post 45.

For å møte auka etterspurnad etter undervisningstilbodet frå senteret, og behovet for å styrke kompetansen knytt til drift av senteret i dei komande åra, foreslår departementet å auke løyvinga til senteret med 4 mill. kroner. Løyvinga på post 01 er redusert med 15 000 kroner som følge av at det i saldert budsjett 2022 vart utrekna for høg kompensasjon ved innføring av ny premiemodell i Statens pensjonskasse, jf. nærare omtale i del I, kap. 1.

I statsbudsjettet for 2022 blei det gitt ei startløyving for å reetablere 22. juli-senteret permanent i tilknyting til tidlegare lokale ved Høgblokka i regjeringskvartalet. Byggeprosjektet har ei samla kostnadsramme på 490,2 mill. kroner (2023-kroner). Midlane til byggeprosjektet blir løyvde under budsjettet til Kommunal- og distriktsdepartementet, kap. 2445, post 33. I tillegg kjem ei samla løyving på 82 mill. kroner til inventar og brukarutstyr og til å etablere utstilling over kap. 229, post 45. Departementet foreslår å løyve 30,6 mill. kroner av dette i 2023.

Kap. 230 Statleg spesialpedagogisk teneste

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Driftsutgifter

618 634

619 786

587 286

21

Særskilde driftsutgifter

26 513

25 000

25 659

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

9 545

9 910

10 108

Sum kap. 230

654 692

654 696

623 053

Statped er direkte underlagd Kunnskapsdepartementet og skal bidra til at sektormåla for barnehagen og grunnopplæringa blir nådd. Statped er ei statleg støtteteneste for kommunar og fylkeskommunar i arbeidet for at barn, unge og vaksne med varige og omfattande behov for særskild tilrettelegging får gode, tilpassa barnehage- og opplæringstilbod i inkluderande fellesskap.

Fram til 2024 er Statped i ein omstillingsprosess som ein del av oppfølginga av Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO. Gjennom omstillinga skal Statped bli ei statleg støtteteneste for kommunar og fylkeskommunar i arbeidet deira for at barn, unge og vaksne med varige og omfattande behov for særskild tilrettelegging, får gode, tilpassa barnehage- og opplæringstilbod i inkluderande fellesskap. I omstillingsperioden blir det arbeidd vidare med å konkretisere kva endringane inneber for oppgåvene og tenestene til Statped, slik at det blir tydelegare kva for tenester kommunar og fylkeskommunar kan få bistand til frå Statped.

Post 01 Driftsutgifter, post 21 Særskilde driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvingane gjeld drift av Statped, inkludert ventelønn og lønn etter rettsvilkårsavtalen for overtalige. I tillegg blir det over post 01 gitt midlar til internasjonalt samarbeid o.a., dekning av utgifter til medlemskap i og nasjonal koordinator for The European Agency for Special Needs and Inclusive Education, tilskot til kompetansetenester frå Signo og Briskeby og utgifter til å følgeevaluere omstillinga i Statped.

Mål for 2023

  • Kommunar og fylkeskommunar får tenester og støtte til kompetanseutvikling som fremjar læring, utvikling og deltaking i eit inkluderande fellesskap til barn og elevar med varige og komplekse spesialpedagogiske behov

  • Barn og elevar med rett til opplæring i og på teiknspråk er inkluderte både i eit norsk/samisk og eit norsk teiknspråkleg fellesskap

  • Kommunar og fylkeskommunar har tilrettelagde læremiddel og pedagogisk materiell som fremjar læring, utvikling og deltaking for teiknspråklege, blinde og sterkt svaksynte barn og elevar i eit inkluderande fellesskap

Resultat i 2021

I 2021 overtok Statped ansvaret for å implementere omstillinga som blei varsla i Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO. Statped har blitt mykje brukt som drøftingspartnar knytt til kompetanseløftet og gav tenester der partnarskapet av kommunar og universitet/høgskular bad om det. Det har vore viktig for Statped å halde oppe relasjonar i sektoren, og det har vore arbeidd bevisst for å vidareutvikle relasjonen til samarbeidspartnarar som kommunar, fylkeskommunar, Statsforvaltar og KS. Det har vore tett og nyttig samarbeid med brukarorganisasjonar og ungdomspanel, og representantar for brukarane blei trekte inn i omstillingsprogrammet med deltaking i ei ekstern referansegruppe.

Covid-19-pandemien påverka verksemda også i 2021. Gjennom året var det varierande smittetrykk, og tiltaka varierte i barnehagar og skular. Statped tilpassa seg lokale smittevernreglar og gav brukarar og samarbeidspartnarar støtte der det var mogleg. På det viset gjekk drifta bra i 2021. Fysiske tenester blei gitt der det var nødvendig, og kompenserte med digitale tenester ved behov. I tillegg heldt dei fram med å utvikle digitale tenester, med mål om å kome raskt i gang med arbeidet og nå fleire brukarar og samarbeidspartnarar.

Barnehage- og skuleeigarar får målretta tenester på det spesialpedagogiske området

Saksbehandlings- og ventetida gjekk ned i 2021, både i individ- og systemsaker. Statped følgde systematisk opp rutinar for å behandle søknader. Sårbare brukarar blei prioriterte. Brukarane fekk stort sett hjelp tidleg, trass i covid-19-pandemien. Men pandemien gjorde òg at tenestene blei mindre optimale i dei tilfella der det er best å vere fysisk til stades. Statped erfarte at på grunn av pandemien, var PP-tenesta mindre til stades i barnehagar og skular, og dette gjorde at talet på søknader til Statped gjekk ned samanlikna med føregåande år. Det er ein fare for at fleire barn og unge ikkje har fått den støtta og hjelpa dei har behov for, slik Koronakommisjonen har peika på, og at det vil kome mange fleire søknader om tenester framover.

Statped ytte tenester til over 95 pst. av kommunane. Spør oss-tenesta er eit tiltak for å bidra til tidleg innsats, som eit lågterskeltilbod om rådgiving frå Statped. Covid-19-pandemien førte til auka interesse for dei digitale løysingane til Statped.

Den ideelle organisasjonen HLF Briskeby, eigd av Hørselshemmedes landsforbund (HLF) og Stiftelsen Signo, får tilskot til kompetansetenester som kompletterer tenester frå Statped. I 2021 blei det utbetalt 28,6 mill. kroner til Signo og 6,6 mill. kroner til HLF Briskeby over kap. 230, post 01.

Barnehage- og skuleeigarar har tilsette med kunnskap og kompetanse som fremjar utvikling og inkludering

Covid-19-pandemien gjorde at Statped tenkte nytt og fann effektive arbeidsmåtar med meir bruk av Statped.no og digitale kurs, slik at dei tilsette i barnehagar og skular fekk tilgang til spesialpedagogisk kompetanse. Talet på ordinære deltakarar på kurs og konferansar gjekk opp, frå 210 kurs med 6 096 deltakarar i 2020, til 275 kurs med 18 135 deltakarar i 2021. Den store auken i talet på deltakarar kjem av at digitale kurs gjorde det lettare å delta. Tilbakemeldingar frå samarbeidspartnarar og talet på førespurnader i 2021 viste at lågterskeltilbod som Spør oss-tenesta, moglegheiter for direkte kontakt med rådgivarar og strakstilbod blei verdsette. Auken i talet på sidevisningar på statped.no viste òg at Statped møtte behovet for ressursar til sektoren på ein god måte. Dei digitale støtte- og rettleiingsressursane til Statped er eit viktig bidrag til kompetanseutviklinga.

Statped har hatt ei aktiv rolle i innføringa av kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande opplæring. I 2021 hadde Statped eit breitt samarbeid med kommunar, fylkeskommunar, universitet og høgskular. I samband med kompetanseløftet fekk Statped òg meir kontakt med statsforvaltaren.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 587,3 mill. kroner på kap. 230, post 01.

Fordi rammene for verksemda til Statped er blitt avgrensa, foreslår departementet å flytte 40 mill. kroner frå posten til kap. 226, post 21 som skal gå til kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis.

Departementet foreslår å flytte 1 mill. kroner frå posten til kap. 201, post 21 og til Senter for spesialpedagogisk forsking og inkludering.

Grunna avvikling av Lydbokavtalen og oppretting av ei ny kompensasjonsordning for produksjon av litteratur, foreslår departementet å flytte 130 000 kroner frå posten til kap. 337, post 71. Sjå meir omtale i Kultur- og likestillingsdepartementets Prop. 1 S (2022–2023).

Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 4 mill. kroner som følge av endra jobbreisevanar. Løyvinga på posten er redusert med 1 mill. kroner som følge av at det i saldert budsjett 2022 vart utrekna for høg kompensasjon ved innføring av ny premiemodell i Statens pensjonskasse, jf. nærare omtale i del I, kap. 1.

HLF Briskeby og Stiftelsen Signo får tilskot til kompetansetenester som kompletterer tenester frå Statped, og 35 mill. kroner av løyvinga over kap. 230, post 01 skal gå til dette. Departementet foreslår ei vidareføring av tilskotet på same nivå medan omstillinga av Statped blir gjennomført. Deretter vil omfang og innretting på tilskotet bli vurdert opp mot behovet for vidare tenester, dette i dialog med HLF Briskeby og Signo.

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3230, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Departementet foreslår å løyve høvesvis 25,7 og 10,1 mill. kroner på kap. 230, post 21 og post 45.

Kap. 3230 Statleg spesialpedagogisk teneste

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Inntekter frå oppdrag

26 513

25 000

25 750

02

Salsinntekter o.a.

5 465

7 295

7 514

Sum kap. 3230

31 978

32 295

33 264

Post 01 gjeld oppdragsverksemd som Statped utfører for kommunar, fylkeskommunar, høgskular, universitet og andre.

Post 02 gjeld sal av læremiddel, utleige av lokale og inntekter frå kurs.

Programkategori 07.30 Barnehagar

Utgifter under programkategori 07.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

231

Barnehagar

694 238

765 963

1 089 563

42,2

Sum kategori 07.30

694 238

765 963

1 089 563

42,2

Innleiing

Regjeringa ønsker eit samfunn med mindre skilnader og betre moglegheiter for alle. Forskinga har vist at innsats retta mot barn i barnehagealder er særleg verksamt både for å utjamne skilnader her og no, men også for å førebygge større skilnader på sikt. Derfor skal innsatsen aukast i småbarnsfasen, ein periode i livet som betyr mykje for barnas utvikling. Regjeringa vil satse meir på dei barna som har størst behov.

Barnehageforliket i 2003 var ein viktig milepåle for barnehagesektoren. Maksimalpris for foreldrebetaling og rett til barnehageplass har bidrege til høg barnehagedeltaking og til å gi fleire barn ein god start. Regjeringa har ambisjon om at alle barn skal få moglegheit til å ta del i det fellesskapet barnehagen gir. Det er derfor viktig å halde foreldrebetalinga låg.

Barnehagesektoren i Noreg blei i løpet av kort tid bygd ut til eit av dei mest omfattande barnehagetilboda i verda. Det har ført til høg sysselsetjing samstundes som vi er eit av verdas mest likestilte land. Men no er sektoren inne i ei brytningstid, og vi er på veg mot ein barnehage med større deltaking og meir likeverdig kvalitet over heile landet.

Barnehagen skal vareta barnas behov for omsorg og leik og fremje læring og danning. Barna skal møte nok trygge vaksne med rett kompetanse. God og relevant kompetanse er like viktig for tilsette i barnehagen som for tilsette i det vidare utdanningsløpet, og det er avgjerande for at barnehagen skal kunne medverke til sosial utjamning. Det å auke ressursinnsatsen i dei tidlegaste åra er ei god investering for framtida, både for det einskilde barnet og for samfunnet. Derfor vil regjeringa ha fleire barnehagelærarar og barne- og ungdomsarbeidarar i barnehagen og legge til rette for at alle tilsette skal få styrkt kompetansen sin. Dei tilsette skal få tillit til å bruke tid og fagkunnskap saman med barna. Regjeringa vil styrke moglegheitene for tidlegare innsats og sosial utjamning gjennom å auke ressursane der behova er størst.

Regjeringa vil bevare og bygge vidare på det som er bra med barnehagane i Noreg. Då treng vi eit meir moderne styrings- og finansieringssystem som styrker kvaliteten og kompetansen i barnehagane. Private barnehagar skal vere ein naturleg del av det kommunale velferdstilbodet, og ikkje oppfattast som eit investeringsobjekt for kommersielle interesser. Kommunane treng derfor dei riktige verktøya for å drive god styring av både private og kommunale barnehagar. Det nye nasjonale økonomiske tilsynet har starta sitt arbeid, regelverket for private barnehagar er stramma inn for å sikre meir openheit, og departementet har sett i gang eit større arbeid for å sjå på styring og finansiering av private barnehagar. Barna skal vere i sentrum, og likeverdige barnehagetilbod krev at finansieringa må tilpassast behova i barnegruppene.

Regjeringa legge til grunn følgande sektormål som skal gjelde for barnehagane i 2023:

  • Sterkare felles opplærings- og utdanningsmiljø fremjar inkludering, motivasjon og meistring

  • Ein meir samordna og tidlegare innsats for alle barn og unge

  • Kunnskapssektoren har tilbod av høgare kvalitet

  • Medarbeidarane i kunnskapssektoren har meir relevant kompetanse

Barnehagane er i hovudsak finansierte gjennom dei frie midlane til kommunane, det vil seie rammetilskotet og skatteinntektene. I tillegg kjem foreldrebetalinga, som utgjer om lag 15 pst. av finansieringa. Barnehageeigaren har det overordna ansvaret for at barnehagen blir driven i samsvar med gjeldande lover og regelverk, jf. barnehagelova § 7. Kommunen som barnehagemyndigheit skal gi rettleiing og sjå til at barnehagane blir drivne i samsvar med regelverket, jf. barnehagelova § 8. Statsforvaltaren kan føre tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit og med einskilde barnehagar i særskilde tilfelle. Utdanningsdirektoratet har ansvar for å føre økonomisk tilsyn med private barnehagar.

For statistikk og informasjon om ressursbruk, sjå del III, kap. 7 Nøkkeltal for barnehagesektoren. Sjå òg omtale i del I, kap. 3 Oppfølging av oppmodingsvedtak.

Hovudprioriteringar for 2023

Regjeringa har som mål å styrke pedagogtettleiken i barnehagen ved å stille krav om at minst 50 pst. av dei tilsette er barnehagelærarar, og auke delen fagarbeidarar med mål om 25 pst. Regjeringa prioriterer i 2023 å styrke kompetansetiltak for tilsette i barnehagane. Departementet foreslår å auke løyvinga til kompetanseutvikling i barnehagen med 180 mill. kroner. Departementet foreslår å løyve 50 mill. kroner til auka kvalitet i barnehagelærarutdanninga. Departementet foreslår vidare å auke løyvinga til auka pedagogtettleik i levekårsutsette område med 45 mill. kroner til totalt 80 mill. kroner i 2023. Dette er ei solid satsing som vil gi barnehagane som treng det mest, fleire kvalifiserte tilsette og moglegheit til raskare å nå målet om 50 pst. barnehagelærarar. Samla sett foreslår departementet å bruke 740 mill. kroner til tiltak for å fremje kvaliteten og kompetansen i barnehagane, ei auke på 275 mill. kroner.

Departementet foreslår å auke tilskotet til tiltak for å styrke den språklege utviklinga for minoritetsspråklege barn med 45 mill. kroner i 2023. Departementet foreslår å auke løyvinga til kunnskapsgrunnlaget om barnehage, om sosial utjamning og trivsel i barnehage.

Departementet foreslår å redusere maksimalprisen for foreldrebetaling i barnehage, slik at maksimalprisen vert fastsett til 3 000 kroner per månad frå 1. januar 2023. Departementet foreslår i tillegg å innføre gratis barnehage frå 1. august 2023 for tredje barn i familien som går i barnehage samstundes. Regjeringa foreslår også å gi gratis barnehage for alle 1–5-åringar i tiltakssona i Finnmark og Nord-Troms frå 1. august 2023.

Departementet foreslår å vidareføre moderasjonsordninga med eit nasjonalt minstekrav til foreldrebetaling, som inneber at ingen skal betale meir enn 6 pst. av samla skattbar inntekt for ein barnehageplass, med maksimalprisen som øvre grense. Departementet foreslår å vidareføre ordninga med 20 timar gratis kjernetid i barnehage per veke for barn i alderen 2–5 år i familiar med låg inntekt. Departementet foreslår å fastsetje inntektsgrensa for ordninga til 615 590 kroner frå 1. august 2023.

Covid-19-pandemien og tiltak som gjeld barnehagane

Under covid-19-pandemien vart det innført tiltak i barnehagane for å hindre smittespreiing og for at barnehagane skulle kunne halde ope sjølv i periodar med mykje smitte. At barnehagane har vore opne, har òg vore viktig for å halde arbeidslivet i gang. Samstundes skapte smitteverntiltaka praktiske utfordringar for barnehagetilbodet. Kohortinndeling gjorde mellom anna at barna i mindre grad kunne velje aktivitetar og kven dei ville vere saman med, men vi har framleis avgrensa kunnskap om i kva grad tiltaka har påverka barnehagebarna negativt. Vinteren 2021–22 var mange barnehagar råka av store bemanningsutfordringar, og som følge av dette såg fleire barnehagar seg nøydde til å redusere tilbodet i kortare periodar.

I statsbudsjettet for 2022 blei det løyvd 216 mill. kroner til tiltak mot tapt fagleg og sosial læring, og i tillegg vart det i behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2022 løyvd 75 mill. kroner for å motverka negative konsekvensar av pandemien. Sjå meir omtale i programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Den mellombelse lova om tilpassingar i barnehagelova, opplæringslova og privatskulelova er av beredskapsomsyn vidareført ut 2022. I lova er det ei rekke reglar om kva rettar som gjeld når barnehagar er stengde eller har avgrensa drift, mellom anna om kven som uansett skal ha eit tilbod i barnehagen, og reglar om foreldrebetalinga.

Sosial utjamning og inkludering av alle barn

Økonomiske hindringar for å delta i barnehage

Under Solberg-regjeringa steig maksimalprisen for foreldrebetaling i barnehage, slik at det blei dyrare for familiar å ha barn i barnehage. Dette er i strid med intensjonen i barnehageforliket frå 2003. Støre-regjeringa ser på barnehage som ein del av utdanningsløpet og meiner at prisen bør vere låg for alle. Tidlegare undersøkingar om barnetilsyn viser at prisen for ein barnehageplass har noko å seie for bruken av barnehage blant familiar med låg inntekt. Dei nasjonale moderasjonsordningane som er innførte dei seinare åra, blir heller ikkje nytta av alle som har rett til dei. Departementet anslår at 10 000 av barna med rett til moderasjon i barnehagen ikkje nytta denne retten i 2021.

Redusert maksimalpris, gratis barnehage i nord og betre moderasjonsordningar

Regjeringa har i statsbudsjettet for 2022 redusert maksimalprisen for foreldrebetalinga i barnehagen til nivået frå barnehageforliket. I august 2022 blei maksimalprisen redusert til 3 050 kroner per månad, det same som nivået som blei lagt til grunn etter inngåinga av barnehageforliket i 2003. Dette gav ein reduksjon på 265 kroner per månad. Departementet foreslår å redusere maksimalprisen ytterlegare i 2023. Departementet foreslår at maksimalprisen for eit ordinært heiltidstilbod i 2023 blir fastsett til 3 000 kroner per månad og 33 000 kroner per år frå 1. januar 2023, jf. forslag til vedtak VI nr. 1.

Departementet foreslår å innføre gratis barnehage frå tredje barn i familien som går i barnehage samstundes frå 1. august 2023. I dag har desse barna rett til reduksjon i foreldrebetalinga på 50 pst. Regjeringa foreslår å gi gratis barnehage for alle 1-5 åringar i tiltakssona i Finnmark og Nord-Troms frå 1. august 2023. Dette vil bidra til å gjere tiltakssona til ein meir attraktiv region å bo og arbeide i. For samla omtale av tiltak for tiltakssona i Finnmark og Nord-Troms, sjå Prop. 1 S (2022–2023) for Kommunal- og distriktsdepartementet.

Departementet foreslår å vidareføre det nasjonale minstekravet til redusert foreldrebetaling, som gjer at ingen familiar må betale meir enn 6 pst. av samla skattbar inntekt for ein barnehageplass, med maksimalprisen som ei øvre grense. Fordi denne regjeringa prioriterer å halde maksimalprisen låg, betyr det at færre har behov for særskild moderasjon.

Departementet foreslår å vidareføre den nasjonale ordninga med gratis kjernetid 20 timar per veke for barn i alderen 2–5 år frå familiar med låg inntekt. Ordninga vidareførast på same reelle nivå slik at inntektsgrensa blir sett til 615 590 kroner frå 1. august 2023, jf. forslag til vedtak VI nr. 2.

Regjeringa vil i samsvar med Hurdalsplattforma gjennomgå og forbetre dei behovsprøvde moderasjonsordningane som gjeld barnehage.

Eit forslag til forskriftsregulering av bruk av heilautomatiserte avgjerder i kommunar når dei behandlar søknader om moderasjon i foreldrebetalinga for barnehagar og for skulefritidsordningar (SFO), blei sendt på høyring våren 2022, og regelverksendringa tok til å gjelde 1. august 2022. Dette vil gjere saksbehandlinga i kommunen enklare og dermed bidra til at familiar med låg inntekt får dei moderasjonsordningane dei har rett til.

For å få meir kunnskap om bruk av barnehage blant ulike sosioøkonomiske grupper i samfunnet har departementet bestilt ei ny barnetilsynsundersøking frå SSB. Undersøkinga vil bli lagd fram i 2023 og ta utgangspunkt i barnetilsynsundersøkingar som har vore gjorde tidlegare, seinast i 2016.

Vi treng systematisk kunnskap om korleis barnehagar, skular og SFO verkar inn på sosial utjamning. Barne- og familiedepartementet har i august 2022 oppnemnt ei ekspertgruppe som skal foreslå tiltak som både gir betre levekår for barn som veks opp i fattigdom, og som i tillegg skal førebygge at fattigdom går i arv. Kunnskapsdepartementet vil hausten 2022 oppnemnde ei ekspertgruppe som skal gi eit kunnskapsgrunnlag og tilrådingar om korleis barnehagar, skular og SFO kan vere med på å jamne ut sosiale skilnader. Departementet foreslår å løyve 2 mill. kroner i 2023 til å innhente meir kunnskap om hindringar for sosial utjamning i barnehagesektoren, jf. omtale under kap. 231, post 21.

Minoritetsspråklege barn har lågare deltaking i barnehage

86,9 pst. av minoritetsspråklege barn i alderen 1–5 år gjekk i barnehage i 2021. Tilbake i 2011 var talet 73 pst., så det har vore ei positiv utvikling det siste tiåret. Til samanlikning gjekk 95,2 pst. av andre barn i barnehage i 2021. Skilnaden i bruk av barnehage er større dess yngre barna er. For meir statistikk om minoritetsspråklege barn i barnehage, sjå del III kap. 7.

Minoritetsspråklege barn har i gjennomsnitt gått færre år i barnehage før dei begynner på skulen, sjølv om det store fleirtalet av minoritetsspråklege barn har gått i barnehage før skulestart. Dette kan medverke til at dei har eit svakare norskspråkleg grunnlag når dei kjem på skulen, noko som kan gjere opplæringa vanskelegare. Årsakene til lågare bruk av barnehage er samansette. Familieøkonomien er éi årsak, og her kan tiltaka for å fjerne økonomiske hindringar vere nyttige, jf. omtale over. Andre årsaker kan vere av kulturell og/eller praktisk art. Ei viktig årsak kan vere at foreldra er usikre på kva barnehagetilbodet har å seie for barna deira, til dømes når det gjeld læring av norsk i tillegg til morsmålet familien snakkar heime.

Informasjon og støtte til minoritetsspråklege barnefamiliar

Som eit ledd i å nå ut til minoritetsspråklege familiar med mellom anna informasjon om barnehagetilbodet og hjelp til å søke om plass, har Utdanningsdirektoratet sidan 2018 forvalta eit øyremerkt tilskot til auka barnehagedeltaking for minoritetsspråklege barn, jf. omtale under kap. 231, post 66. Kommunane står fritt til å bruke midlane slik det passar best lokalt for å nå målet, mellom anna til open barnehage, som er rekna som ein god rekrutteringsarena.

Levekårsutsette område og sårbare barn

Levekårsutsette område er kjenneteikna av ei opphoping av ulike levekårsproblem, jf. NOU 2020: 16 Levekår i byer – Gode lokalsamfunn for alle. Dette kan mellom anna gjelde låg sysselsetjing og låg familieinntekt med tilhøyrande barnefattigdom, noko som kan føre til ein risiko for nedgåande spiralar som over tid fører til at områda sakkar ytterlegare akterut i forhold til andre område i same kommune. Barnefamiliar med låg inntekt i kombinasjon med andre utfordringar er særleg sårbare, og dei har behov for gode tilbod som kan medverke til at barna får utvikle seg positivt.

Styrking av barnehagar i levekårsutsette område

Staten deltek i eit samarbeid med fleire kommunar om områdesatsingar i levekårsutsette område. Gjennom områdesatsingane i delar av Oslo med samansette levekårsutfordringar bidreg Kunnskapsdepartementet med støtte til barnehagar innanfor delprogrammet Oppvekst og utdanning, jf. omtale i programkategori 07.20 Grunnopplæringa og Prop. 1 S (2022–2023) for Kommunal- og distriktsdepartementet.

I 2022 blei det oppretta eit øyremerkt tilskot til auka pedagogtettleik i barnehagar i levekårsutsette område. Regjeringa foreslår å auke dette tilskotet med 45 mill. kroner til totalt 80 mill. kroner i 2023. Tilskotet er eit ledd i arbeidet med å styrke satsinga på barnehagar i område med integrerings-, språk- og levekårsutfordringar, jf. omtale i Hurdalsplattforma.

Tidlegare innsats for trivsel og utvikling for alle barn i barnehagen

Dei fleste barn har eit trygt og godt psykososial barnehagemiljø

Utdanningsdirektoratet har ei årleg foreldreundersøking som for 2021 viser at 97 pst. av foreldre i stor grad er svært tilfredse med korleis barna trivst i barnehagen, og kor god tryggleiken er. 1,5 pst. av foreldra seier at dei er misnøgde med barnets trivsel. Direktoratet viser også til ei spørjeundersøking frå 2021 blant eit utval av barnehagetilsette om 3–6-åringar i barnehage der dei fleste tilsette meiner at barna får dekt dei grunnleggande behova for trivsel, men 7,6 pst. meiner at deira barnehage ikkje er god nok til dette.

Retten til eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø

1. januar 2021 fekk barnehagen eit nytt regelverk for psykososialt barnehagemiljø i barnehagelova kapittel VIII. Dei nye lovføresegnene pålegg barnehagen fleire plikter for å sikre at alle barn har eit trygt og godt barnehagemiljø. Funn frå spørjeundersøkinga i Barnehage-Noreg i 2021 viser at dei fleste barnehagestyrarar og barnehageeigarar har fått informasjon om endringane i regelverket. Spørjeundersøkinga viser òg at både barnehagestyrarar og barnehageeigarar bruker planleggingsdagar og fellesmøte i barnehagen som arena for å gjere innhaldet i lova kjent for medarbeidarane.

Departementet foreslår å setje av 1 mill. kroner til å auke kunnskapsgrunnlaget om barns trivsel i barnehagen og barnehagens arbeid med å følge opp føresegna om eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø, jf. omtale under kap. 231, post 21.

Ikkje alle barn med behov for særskild tilrettelegging får eit godt nok tilbod

Barnehagen er ein viktig arena for arbeidet med tidleg innsats og inkluderande fellesskap, men ikkje alle barn får eit godt tilpassa og inkluderande pedagogisk tilbod i barnehagen, slik regelverket tilseier, jf. Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO.

Alle barn i barnehagen skal ifølge rammeplanen få eit tilpassa allmennpedagogisk tilbod etter deira behov og føresetnader. Barn under opplæringspliktig alder med særleg behov for spesialpedagogisk hjelp har rett til slik hjelp etter § 31 i barnehagelova. Retten gjeld uavhengig av om barnet går i barnehage. Kommunen skal oppfylle retten, og den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) er sakkunnig instans som vurderer behovet. I 2021 fekk 3,6 pst. av barna i barnehage spesialpedagogisk hjelp. Det har vore ein svak, men jamn auke i prosentdelen av barn som får slik hjelp. For meir statistikk, sjå del III, kap. 7 Nøkkeltal for barnehagesektoren.

Auka kompetanse for å gi eit betre tilbod til barn med behov for særskild tilrettelegging

Regjeringa vil at alle barn, uavhengig av ulike føresetnader og behov, skal få delta i fellesskapet barnehagen utgjer, og få den oppfølginga dei treng. Departementet følger opp fleire tiltak som skal bidra til å gi eit betre pedagogisk tilbod til alle barn, inkludert barn med behov for særskild tilrettelegging. Dette omfattar mellom anna vidareutdanning for barnehagelærarar i spesialpedagogikk og fagskuletilbod for barne- og ungdomsarbeidarar i barnehage med temaet «barn med særskilde behov», jf. omtale under kap. 231, post 21. Kompetanseløftet i spesialpedagogikk og inkluderande praksis er under oppbygging, og i 2021 deltok over 200 kommunar i ordninga, sjå omtale i programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Tverrfagleg samarbeid fungerer ikkje godt nok

Det er godt dokumentert, mellom anna i Tett på-meldinga, at tverrfagleg samarbeid er utfordrande og ofte ikkje fungerer godt nok, noko som kan føre til at viktig og nødvendig informasjon ikkje kjem fram til dei som treng det. Det kan føre til at barna ikkje får den hjelpa dei treng i tide, eller ikkje i det heile teke. Sjå òg omtale i programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Tiltak som gjeld tverrfagleg samarbeid

1. august 2022 tok fleire lovendringar om samarbeid mellom velferdstenestene til å gjelde. Endringane omfattar 14 velferdstenestelover og inneber mellom anna at reglane om samarbeid og individuell plan er harmoniserte og styrkte, at det er innført ei samordningsplikt for kommunen ved yting av velferdstenester og ein rett til barnekoordinator, jf. Innst. 58 L (2020–2021) og Prop. 100 L (2020–2021) Endringar i velferdstenestelovgivinga (samarbeid, samordning og barnekoordinator). Formålet med endringane er å styrke oppfølginga av utsette barn og unge og familiane deira gjennom auka samarbeid mellom velferdstenestene. Lovendringane blir følgeevaluerte i perioden 2022–27. Arbeids- og velferdsdirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet har i fellesskap utarbeidd ein rettleiar for samarbeids- og samordningsreglane som er publisert hausten 2022. Sjå òg omtale i programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Kjernegruppe er ei arbeidsform mellom departementa som skal vareta samordna utvikling og gjennomføring av tverrgåande politikk på komplekse område. Det er oppretta ei tverrdepartemental kjernegruppe for samordning av arbeidet for utsette barn og unge, jf. meir omtale i programkategori 07.20 Grunnopplæringa og i Prop. 1 S (2022–2023) for Barne- og familiedepartementet.

Barnehagen har ei utfordring i å gi minoritetsspråklege barn eit godt norskspråkleg grunnlag før skulestart

Tidlegare undersøkingar har vist at sjølv om barn med eit anna morsmål enn norsk har gått i barnehage før skulestart, så er det ikkje sikkert dei har fått eit godt nok norskspråkleg grunnlag til å kunne følge ordinær undervisning på 1. trinn. I nokre område med mange innbyggarar med innvandrarbakgrunn er det ein stor del av elevane på 1. trinn som får vedtak om særskild norskopplæring. Manglande norskferdigheiter treng ikkje vere eit problem i seg sjølv dersom barna får god støtte, men forskingsfunn frå Institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo viser at ordforrådet i fireårsalderen varierer sterkt frå barn til barn, og at ulikskapen i ordforråd kan vare ved og eventuelt auke gjennom skuleåra, noko som utgjer ei stor utfordring for læringa i skulen og moglegheitene for den einskilde eleven. Barnehagen er derfor ein viktig arena for å få lagt eit så godt norskspråkleg grunnlag som mogleg for barn med eit anna morsmål. Tidlegare rapportar frå områdesatsinga i Oslo viser variasjon i språkarbeidet i barnehagar og mellom avdelingar i same barnehage. Årsakene kan vere mange, og omfattar mellom anna både kompetanse, systematikk og ressursar. Fleire minoritetsspråklege barn startar seinare i barnehage enn andre barn, slik at dei oftare har færre år der før dei kjem på skulen.

Tiltak som gjeld tilbodet til minoritetsspråklege barn i barnehagen

Alle barnehagar som har minoritetsspråklege barn, skal i samsvar med rammeplanen støtte barna i å bruke morsmålet sitt, samstundes som barnehagen aktivt skal fremje og utvikle barnas norskspråklege kompetanse. Regjeringa foreslår å styrke dette arbeidet gjennom å auke tilskotet til tiltak for å styrke den språklege utviklinga for minoritetsspråklege barn med 45 mill. kroner i 2023, jf. omtale under kap. 231, post 63.

Departementet vil fram mot 2024-budsjettet sjå nærare på samanhengen mellom tilskotet til å styrke den språklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage og tilskotet til auka barnehagedeltaking for minoritetsspråklege barn. Departementet vil vurdere i kva grad innrettinga på desse tilskota bør endrast for å få betre måloppnåing.

I 2021 fekk Utdanningsdirektoratet i oppdrag å utvikle tiltak for å støtte personalet i barnehagen i å fremje og utvikle den norskspråklege – og eventuelt samiskspråklege – kompetansen til dei fleirspråklege barna. Arbeidet er i gang, og tiltaka skal vere ferdig utvikla innan 1. mars 2023.

Kvaliteten på barnehagetilbodet

Variasjonen i kvaliteten på barnehagetilbodet er for stor

Undersøkingar og forsking har gjennom fleire år vist at det er stor variasjon i kvaliteten på barnehagetilbodet, både mellom barnehagar og innanfor kvar barnehage. Dette er eit problem, både fordi ein del barn ikkje får det tilbodet dei har rett til og fordi det er med på å auke dei sosiale skilnadene i samfunnet. Det er også eit problem at foreldre vil oppleve at dei får eit ulikt tilbod sjølv om dei betaler det same.

God kompetanse hos alle tilsette er avgjerande for god kvalitet i barnehagetilbodet. Per desember 2021 var kravet om pedagogtettleik oppfylt i 71 pst. av alle ordinære barnehagar utan bruk av dispensasjon. Det manglar litt over 2 200 årsverk for å oppfylle kravet om pedagogtettleik i alle barnehagar utan bruk av dispensasjon. Trass i at det har vore ein auke i prosentdelen av barnehagelærarar og av barne- og ungdomsarbeidarar dei siste åra, er det framleis 25,5 pst. av dei tilsette i grunnbemanninga som ikkje har registrert relevant barnehagefagleg kompetanse.

Regjeringa vil sikre god kvalitet i alle barnehagar

Støtte til barnehagane i det pedagogiske arbeidet

Ny rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen kom i 2017. Utdanningsdirektoratet har ansvaret for å støtte barnehagane i forståinga og bruken av rammeplanen, og det er utvikla rettleiings- og støttemateriell som barnehagane fritt kan bruke. I perioden 2018–23 gjennomfører Utdanningsdirektoratet ei evaluering av korleis rammeplanen blir praktisert, fortolka, operasjonalisert og erfart i sektoren. Første delrapport viste at det varierer korleis rammeplanen er teken i bruk i ulike barnehagar og i kva for grad planen blir brukt aktivt av heile personalet. Sluttrapporten kjem i juni 2023.

Eit treårig pilotprosjekt for ekstern rettleiing av barnehageeigarar for å styrke kvalitetsutviklinga i utvalde fylke pågår i perioden 2021–23. Piloten omfattar 30 barnehageeigarar med geografisk spreiing og storleik, halvparten private og halvparten kommunale. OsloMet leiar arbeidet i samarbeid med Telemarksforsking, Dronning Mauds Minne Høgskole og Høgskolen i Østfold. Piloten har tre delar: rettleiing, kunnskapssamanstilling på barnehagekvalitet og utvikling av eit indikatorsett. Neste statusrapport kjem hausten 2022, og sluttrapporten kjem hausten 2023.

Vidareutvikling og deling av kunnskapsgrunnlaget

Utdanningsdirektoratet skal støtte opp om kvalitetsutviklinga i barnehagesektoren. Dette blir løyst både ved å gjere relevant kunnskapsgrunnlag tilgjengeleg gjennom ulike plattformer og ved å tilby støtte, verktøy og rettleiing. Direktoratet jobbar for å vidareutvikle kunnskapsgrunnlaget, det gjeld både forsking, analysar og statistikk om barnehagane. Ein føresetnad for systematisk kvalitetsutvikling i barnehagane og i barnehagesektoren er at kunnskapsgrunnlaget blir teke i bruk aktivt som grunnlag for utviklingsprosessar. Direktoratet har derfor prioritert formidling og brukarinvolvering. Arbeidet med publikasjonane Utdanningsspegelen og Vetuva, og ekstra datainnhentingar og forsking i samband med covid-19-pandemien er døme på dette.

Direktoratet har også fleire større utviklingsoppgåver i 2022 som skal medverke til å fornye kunnskapsporteføljen ytterlegare og gjere denne endå meir brukartilpassa. Døme på større prosjekt er det nye verktøyet analysebrett, som skal vise tal og statistikk på ein meir brukarvenleg måte gjennom ei eiga samanstilling av statistikk for barnehage og vidareutvikling av formidling av statistikk og forsking på udir.no. Utdanningsdirektoratet gjennomfører også kvart år ei foreldreundersøking som kan nyttast av dei barnehagane som ønsker det. I 2023 foreslår departementet å løyve 4 mill. kroner til utvikling av refleksjons- og ståstadsanalyse for barnehagane, 2 mill. kroner til meir kunnskap om hinder for sosial utjamning og 1 mill. kroner til å auke kunnskapsgrunnlaget om barns trivsel i barnehagen og barnehagens arbeid med å følge opp føresegna om eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø.

Ny strategi for kvalitet i barnehagen

Trass i viktige reformer i barnehagesektoren som har gitt maksimalpris, rett til plass og høg barnehagedekning, viser eit oppdatert kunnskapsgrunnlag at det framleis er skilnader både i barnehagedeltakinga og i kvaliteten og tilrettelegginga av tilbodet. Det er også utfordringar når det gjeld styringa og finansieringa av private barnehagar. Regjeringa vil hausten 2022 legge fram ein strategi for kvalitet i barnehagesektoren for perioden fram mot 2030. Målet er at barnehagane skal vere inkluderande og tilgjengelege, og at barnehagane har god og relevant kompetanse og ei bemanning som medverkar til at alle barn, uavhengig av føresetnader og kvar dei bur, opplever høg og likeverdig kvalitet i barnehagetilbodet. Kommunane skal få meir demokratisk styring og kontroll med barnehagesektoren.

I tillegg til barnehagestrategien skal Kunnskapsdepartementet legge fram ein ny strategi for digital kompetanse og infrastruktur. Strategien skal gjelde for barnehagar, grunnskular og vidaregåande opplæring i perioden 2023–30. For nærare omtale, sjå programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Fleire tilsette skal ha relevant kompetanse for å jobbe i barnehagen

Regjeringa har som mål å styrke pedagogtettleiken i barnehagen slik at minst 50 pst. av dei tilsette er barnehagelærarar. I tillegg vil regjeringa arbeide for at fleire styrarar og barnehagelærarar har mastergrad.

Barnehagelærarane er spesielt utdanna for å sikre eit systematisk pedagogisk arbeid. Kvaliteten i barnehagane blir styrkt når det er fleire barnehagelærarar. Både styraren og barnehagelærarane må ha fagleg og analytisk-metodisk kompetanse til å gjennomføre systematisk vurdering av barnehagens praksis, og i tillegg kompetanse til å utvikle og endre denne praksisen. Ein større del barnehagelærarar med mastergrad vil òg medverke til å styrke kvalitetsutviklinga i barnehagane.

Regjeringa har eit mål om å auke delen barne- og ungdomsarbeidarar til 25 pst. og vil gjennom å styrke den regionale ordninga for kompetanseutvikling gjere det mogleg å prioritere lokalt at fleire tilsette tek fagbrev som barne- og ungdomsarbeidarar gjennom praksiskandidatordninga.

I 2022 blei 100 mill. kroner av veksten i kommunanes frie inntekter grunngitt med å legge til rette for fleire barnehagelærarar i grunnbemanninga, og at dette skulle sjåast i lys av ambisjonen om at 50 pst. av dei tilsette i barnehagen skal vere barnehagelærarar innan 2025. Vidare blei veksten i kommunanes frie inntekter grunngitt med kommunanes kostnader til auka grunnbemanning og fleire pedagogar dei siste åra.

Styrking av kompetanseutviklingstiltaka i barnehagen

Hausten 2022 har departementet lagt fram ein revidert og oppdatert kompetansestrategi som skal gjelde for perioden 2023–25. Strategien skal bidra til at alle tilsette skal få høve til kompetanseutvikling. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til kompetanseutvikling i barnehagen med 180 mill. kroner i 2023, jf. omtale under kap. 231, post 21. Revidert kompetansestrategi må òg sjåast i samanheng med den langsiktige barnehagestrategien som regjeringa vil legge fram hausten 2022.

NOU 2022: 13 Med videre betydning. Et helhetlig system for kompetanse- og karriereutvikling i barnehage og skole blei lagd fram hausten 2022. Departementet vil vurdere forslaga i god dialog med aktørane i sektorane.

Regjeringa ønsker å styrke vidareutdanningstilbodet til barnehagelærarane i tråd med den nye strategien. Regjeringa vil òg styrke den regionale ordninga for kompetanseutvikling i barnehagen, som inngår i tilskotsordninga for lokal kompetanseutvikling. Tilskotsordninga gir støtte til kollektiv kompetanseutvikling med utgangspunkt i lokale vurderingar av kompetansebehov i barnehagar og skular, og gjennom partnarskap med universitet eller høgskule. For nærare omtale, sjå programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Inntil 30 pst. av midlane til regional ordning kan nyttast til å sikre ein barnehagefagleg grunnkompetanse hos assistentar. Det er barnehageeigarane sitt ansvar å sørge for at desse får ei innføring i barnehagens samfunnsmandat, ansvar og innhald. Tiltaket skal vere i tråd med nasjonale rammer for barnehagefagleg grunnkompetanse, som vil vere klare frå 2023. Det er under utvikling eit interaktivt e-læringstilbod i barnehagefagleg grunnkompetanse som vil bli gratis og tilgjengeleg for bruk frå 2023.

Fagskuleutdanning i oppvekstfag er ei vidareutdanning for barne- og ungdomsarbeidarar og assistentar med minimum fem års erfaring frå arbeid med barn i barnehage. Tiltaket gir moglegheit for auka kompetanse innanfor tre område: barn med behov for særskild tilrettelegging, arbeid med språk, fleirspråklegheit og kulturell kompetanse og arbeid med dei yngste barna (0–3 år) i barnehagen.

Innsats for å få utdanna fleire barnehagelærarar og få fleire til å bli i yrket

Høg kvalitet i barnehagelærarutdanninga (BLU) er ein føresetnad for å sikre kompetansen til barnehagelærarane. Fleire rapportar har peika på vedvarande utfordringar i utdanninga, mellom anna korleis dei tverrfaglege kunnskapsområda har fungert, og kva plass og rolle pedagogikken skal ha. Barnehagelærarutdanninga har i tillegg rekrutteringsutfordringar, og det har vore ein særleg stor nedgang i 2022. Søkartala våren 2022 viste ein nedgang på 25,6 pst. Ved opptaket var det i år 27 pst. færre studentar som fekk tilbod om studieplass enn året før. Dette er langt større nedgang enn dei andre lærarutdanningane. Departementet vil sjå nærare på den store nedgangen i rekrutteringa til barnehagelærarutdanninga i 2022 og vurdere kva som gjerast for å snu trenden.

Som eit ledd i regjeringas styrking av barnehagen foreslår departementet å løyve 50 mill. kroner til auka kvalitet i barnehagelærarutdanninga. Gode barnehagelærarar er ein nøkkel for god pedagogisk kvalitet i barnehagane. Det er derfor viktig med ei barnehagelærarutdanning som har høg kvalitet, som er godt forankra i forsking og nært knytt til praksisfeltet. Auka ressursar til BLU vil gjere lærarutdannarar ved universitet/høgskular og i barnehagar med praksis i stand til å utvikle BLU til den tverrfaglege, krevjande utdanninga som var intensjonen med reforma i 2012/2013. Ei tydeleg satsing på BLU vil også bidra til rekruttering og vere eit svar på låge søkartal i 2022.

Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU) er eit tilbod til erfarne assistentar og barne- og ungdomsarbeidarar som ønsker å utdanne seg til barnehagelærar. Regjeringa vil vidareføre denne moglegheita for å kombinere jobb og studiar, fordi det bidreg til å rekruttere studentar som ikkje ville valt ei heiltidsutdanning. Undersøkingar har vist at dei barnehagelærarane som har teke ABLU, i større grad blir i yrket i åra etterpå.

Eit viktig tiltak for å bidra til at barnehagelærarane blir i yrket er å gi rettleiing til nyutdanna nytilsette lærarar. Regjeringa vil samarbeide med partane på feltet, slik at fleire nyutdanna nytilsette lærarar får rettleiing. I 2022 har departementet saman med partane sett ned ei arbeidsgruppe som har justert dokumentet Prinsipper og forpliktelser for veiledning av nyutdannede nytilsatte lærere i barnehage og skole.

Styring og finansiering av private barnehagar

Utfordringar når det gjeld regelverket for private barnehagar

Etter den store barnehageutbygginga på 2000-talet, der private aktørar bidrog til at det blei full barnehagedekning, har det vore ei utvikling der det er tydeleg at regelverket ikkje lenger er tilpassa situasjonen i dag.

Dei private barnehagane er finansierte gjennom tilskot frå det offentlege og foreldrebetaling. Dette talar for at staten har eit ansvar for å sørge for at pengane går til formålet. Det er ei utfordring at mange private barnehagar er organisert i eit rettssubjekt som driv fleire barnehagar eller andre verksemder, og at dei derfor ikkje fører fullstendig rekneskap for den einskilde barnehagen. Det er dermed ein risiko for at offentlege tilskot og det foreldra betaler for barnehageplassane, blir nytta til å dekke kostnader som er knytte til anna verksemd enn barnehagedrifta. Det er behov for betre og meir transparent rekneskapsinformasjon frå private barnehagar for at offentlege myndigheiter skal kunne kontrollere at tilskotet og foreldrebetalinga går til formålet. I tillegg kan betre og meir transparent rekneskapsinformasjon frå private barnehagar ha ein førebyggande effekt ved at det reduserer risikoen for at private barnehagar brukar tilskot og foreldrebetaling i strid med regelverket. Det kan vidare medverke til å sikre god kvalitet i alle barnehagar ved at meir av pengane blir nytta til barna og dei tilsette i barnehagen, sjølv om det krev noko meir administrativt arbeid frå barnehagen si side. Openheit om bruken av tilskot og foreldrebetaling er også nødvendig for å gi kommunane og staten eit betre grunnlag for å styre barnehagesektoren, og det er viktig for at foreldra og befolkninga elles skal kunne ha tillit til at pengane går til formålet.

Ei anna utfordring er at det er høg gjeldsgrad i den private delen av sektoren. Høg gjeldsgrad aukar risikoen for konkurs. Den høge gjeldsgraden i sektoren kan òg tyde på at nokre private barnehagar har teke opp lån til andre formål enn barnehagedrift.

For at kommunen skal kunne dimensjonere barnehagetilbodet på ein god måte, treng kommunen oversikt over kor mange barnehageplassar som til kvar tid blir tilbydd i barnehagane, og kven som er barnehageeigar. Det er derfor behov for at dei private barnehagane rapporterer om dei organisatoriske endringane dei gjennomfører.

Kommunen manglar i dag gode nok styringsverktøy for å sikre ein heilskapleg oppvekstpolitikk der både kommunale og private barnehagar er ein naturleg del av diskusjonen. Alle barna i kommunen må få ta del i kommunens barnehagesatsingar, uavhengig av om barnet går i privat eller kommunal barnehage. Regjeringa ønsker derfor å gi kommunane meir demokratisk styring over barnehagesektoren.

Private barnehagar står overfor dei same kvalitetskrava som kommunale barnehagar og må derfor ha dei same økonomiske føresetnadene som kommunale barnehagar for å oppfylle desse krava. Økonomisk likebehandling er derfor framleis nødvendig for at alle barn, uavhengig av kva for barnehage dei går i, får likeverdige barnehagetilbod. Men det treng ikkje bety at kvar private barnehage skal få det same tilskotet. Det kan vere barnehagar som kostar meir enn andre fordi ulike barnegrupper har ulike behov. Dagens finansieringssystem medfører at auka kostnader til nokre kommunale barnehagar som har stort ressursbehov, inngår i tilskotsgrunnlaget til alle private barnehagar i kommunen. Dette er ei lite ressurseffektiv løysing, og det er eit hinder for at alle barn får tilgang til eit likeverdig barnehagetilbod.

Den private delen av barnehagesektoren har utvikla seg sterkt dei siste åra, med mellom anna større grad av kommersialisering og oppkjøp av private barnehagar. Sjølv om private barnehagar får same tilskot per barn i sin kommune, viser kunnskapsgrunnlaget at det er store variasjonar i lønnsemd mellom ulike typar private barnehagar. Over tid har norskeigde større konsern hatt høg driftsmargin, medan ideelle barnehagar har vore dei minst lønnsame. Nedgangen i talet på ideelle barnehagar vitnar om at ulike driftsvilkår over tid gir ein reduksjon i talet på einskildståande barnehagar, og inviterer til konsolidering av barnehagesektoren. Velferdstenesteutvalet konkluderte også med at barnehagesektoren er den mest lønnsame sektoren blant private aktørar som produserer offentlege velferdstenester. Utvalet konkluderte vidare med at den høge lønnsemda i private barnehagar kan tilseie at kommunane samla sett har utbetalt unødvendig mykje i offentlege tilskot til private barnehagar. Kommunar som ønsker å tilby barnehagar i område med liten folkesetnad eller gjere ein forsterka innsats i område med levekårsutfordringar, opplever at finansieringssystemet legg hindringar for slike tilbod. Det gjeld både i kommunale og private barnehagar. Regjeringa ønsker at finansieringssystemet skal legge til rette for kostnadseffektiv drift, og at private barnehagar ikkje skal kompenserast for kostnader dei ikkje har.

Regjeringa meiner at private barnehagar skal vere ein integrert del av kommunens velferdstilbod. Finansieringssystemet kan ha bidrege til å skape manglande tillit mellom private barnehagar og kommunen, mellom anna som følge av usemje om tilskotsvedtak. Det er relativt stor variasjon i kor mykje kommunane bruker på barnehagar, men det er også tilsvarande variasjon i andre kommunale tenestetilbod. Kostnadsvariasjonen i barnehagesektoren, og særleg følgene dette får for tilskota til dei private barnehagane, får mykje merksemd. Det blir gjerne trekt fram som eit stort problem at det er skilnader i kor mykje kommunane gir i tilskot til private barnehagar. Samstundes er dette formålet med rammefinansiering – at kommunane sjølv skal kunne gjere prioriteringar og tilpasse kostnadsnivået til dei ulike kommunale tenestene ut frå geografi, demografi og lokalpolitiske vurderingar.

Det er kommunane som har ansvaret for å oppfylle retten til barnehageplass for sine innbyggarar. Retten kan oppfyllast ved at barna får tilbod om ein plass i ein kommunal eller privat barnehage. Den private barnehagen utfører dermed ei teneste på vegner av kommunen. Når private eigarar har fått gunstige vilkår for bygging og drift av eigedom, er det fordi dei skal ha grunnlag for å tilby og drive ei pedagogisk verksemd som oppfyller krava i barnehagelova. Det er likevel svært lite regulering av barnehageeigedom i barnehagelova.

Dei siste åra har det vore ei utvikling der eigarane sel barnehagebygga og beheld drifta av barnehagane. Barnehagane leiger i staden bygga av den nye eigaren. Kapitaltilskotet er laga slik at private eigarar skal få tilskot til å bidra og dekke kostnader til eigne bygg. Ved overgang frå eige til leige viser rekneskapstal at kostnadene til bygg aukar betydeleg, sjølv om kapitaltilskotet ikkje dekker dei nye og høgare kostnadene til husleige. Utfordringa er at dette gjer at ein større del av barnehagens inntekter ikkje nødvendigvis går til barna, men til eigarar av næringsbygg. Vidare er ikkje storleiken på husleiga regulert utover at husleige betalt til nærståande partar må vere til marknadspris, jf. barnehagelova § 23 andre ledd. Konserna bruker ein større del av tilskota til å dekke kostnader til bygg og ein mindre del til å dekke personalkostnader samanlikna med andre barnehagar. Dette kan vere ei optimal tilpassing for eigarar av næringsbygg, men det er negativt for barnehagen som pedagogisk verksemd. Det framtidige tilskotssystemet må derfor legge til rette for at offentlege tilskot og foreldrebetaling går til drift av barnehagar, og at det gir incentiv til kvalitetsutvikling i barnehagen.

Tiltak for å endre regelverket for private barnehagar

Gjennomgang av regelverket for private barnehagar i løpet av 2023

Departementet har sett i gang eit større arbeid for å sjå på styring og finansiering av private barnehagar, og tek sikte på å ha ein gjennomgang klar i løpet av 2023. Viktige føringar for arbeidet vil vere at alle barn i heile landet skal ha tilgang på eit likeverdig barnehagetilbod av høg kvalitet. Det er behova til barna som skal stå i sentrum når kommunen skal avgjere ressursbruken i den einskilde barnehagen. Kommunane må derfor ha tilstrekkeleg demokratisk styring og kontroll med sektoren. Offentlege tilskot og foreldrebetaling skal gå til drift av barnehagar og stimulere til kvalitetsutvikling over tid. I Hurdalsplattforma slår regjeringa fast at eit nytt regelverk skal setje ein stoppar for utviklinga der kommersielle aktørar eig stadig fleire barnehagar. Grunnleggjande velferdstenester skal ikkje kommersialiserast. Regjeringa vil gi små privateigde og ideelle barnehagar betre rammevilkår gjennom mellom anna å gi kommunane høve til å prioritere desse barnehagane. Sjå også omtale i del I, kap. 3 Oppfølging av oppmodingsvedtak, vedtaka 461 og 802 frå sesjonen 2017–2018 og vedtaka 44 og 45 frå sesjonen 2021–2022.

Lovendringar våren 2022

Våren 2022 behandla Stortinget eit lovforslag om innstrammingar i regelverket for private barnehagar, jf. Innst. 403 L (2021–2022) og Prop. 82 L (2021–2022) Endringer i barnehageloven (selvstendig rettssubjekt, forbud mot annen virksomhet, meldeplikt m.m.). Dei fire hovudgrepa er

  • krav om at private barnehagar skal vere eit eige rettssubjekt, altså eit eige selskap som leverer fullstendig rekneskap. Barnehagar med færre enn 30 barn er unnatekne dette kravet i denne omgang

  • forbod mot å drive anna verksemd i same selskap som barnehagen, til dømes reinhaldsbyrå eller eigedomsdrift

  • forbod mot å ta opp lån på andre måtar enn gjennom bank, til dømes risikofylte obligasjonslån

  • meldeplikt til kommunen og Utdanningsdirektoratet ved nedlegging, eigarskifte eller andre organisatoriske endringar, dette for at kommunen skal få betre høve til å dimensjonere barnehagetilbodet

Forbodet mot å ta opp lån på andre måtar enn gjennom bank tok til å gjelde 1. juli 2022, medan dei andre lovkrava trer i kraft 1. januar 2023. Desse regelverksendringane vil gi større openheit om pengebruken og sikre at pengane kjem barna til gode og ikkje resulterer i profitt til eigarane.

Som ei oppfølging av lovproposisjonen som blei lagd fram våren 2022, har departementet hatt ny økonomiforskrift på offentleg høyring. Formålet er å få på plass ei økonomiforskrift som er tilpassa dei nye lovreglane, og som støttar opp under formålet med lovendringane. Departementet har også hatt på høyring forslag om å gjeninnføre kommunens høve til å halde dyre kommunale barnehagar utanfor tilskotsgrunnlaget til kommunale barnehagar. Formålet med føresegna er at det skal bli enklare og meir kostnadseffektivt for kommunen å tilby barnehageplassar i distrikta og forsterke innsatsen i barnehagar i levekårsutsette områder. Dei nye reglane skal etter planen tre i kraft 1. januar 2023.

Endringar i tilsynet med private barnehagar frå 2022

Ansvaret for økonomisk tilsyn med private barnehagar blei overført frå kommunane til Utdanningsdirektoratet 1. januar 2022. Direktoratet har dermed ansvaret for å føre kontroll og tilsyn med at offentlege tilskot og foreldrebetalinga blir nytta i samsvar med krava og tilhøyrande reguleringar. Lovendringane som kom på plass våren 2022, sikrar direktoratet nødvendig dokumentasjon i samband med tilsyn, og dei seier òg kva for reaksjonar direktoratet kan bruke. Ansvarsfordelinga inneber at kommunen framleis er tilsynsmyndigheit for andre reguleringar i barnehagelova og forskrifter.

Departementet foreslår å løyve 4 mill. kroner i 2023 til utviklingsarbeid hos det nasjonale tilsynet, jf. omtale under kap. 231, post 21. Midlar til drift av tilsynet er overført til kap. 220, post 01.

Kap. 231 Barnehagar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast

468 779

531 839

788 994

63

Tilskot til tiltak for å styrke språkutviklinga blant minoritetsspråklege barn i barnehage

144 331

144 549

204 278

66

Tilskot til auka barnehagedeltaking for minoritetsspråklege barn

17 342

17 342

22 008

70

Tilskot til symjing i barnehagane

63 786

72 233

74 283

Sum kap. 231

694 238

765 963

1 089 563

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Midlane på posten skal medverke til å heve kvaliteten på barnehagetilbodet i både kommunale og private barnehagar. Midlane finansierer ei rekke kompetansetiltak for alle grupper tilsette. Vidare blir midlane nytta til andre kvalitetstiltak, tilretteleggingsmidlar til barnehageeigarar som har tilsette som deltek på studietilbod, auka kunnskapsgrunnlag om barnehagen og forvaltning av ulike tiltak.

Mål for 2023

Å auke kvaliteten på barnehagetilbodet og få meir kunnskap om barnehagen.

Resultat i 2021

Samla blei det nytta 468,8 mill. kroner over posten i 2021. Av dette gjekk 397,5 mill. kroner til kompetansetiltak for tilsette i barnehagane for å følge opp strategien Kompetanse for fremtidens barnehage. Revidert strategi for kompetanse og rekruttering 2018–2022.

Oppfølging av kompetansestrategien

Departementet legg til grunn at kompetansetiltak for alle grupper tilsette medverkar til høgare kvalitet på barnehagetilbodet, og at tiltaka er viktige verkemiddel i arbeidet med å utvikle praksisen i barnehagen i samsvar med rammeplanen. Tabell 4.18 gir ei oversikt over dei ulike kompetansetiltaka som er ein del av kompetansestrategien.

Tabell 4.18 Fordeling av midlar til oppfølging av kompetansestrategien for barnehagar i 2021

(i mill. kr)

Type kompetansetiltak

Beløp

Den regionale ordninga for kompetanseutvikling

210,9

Vidareutdanning for barnehagelærarar, tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk og rettleiarutdanning for praksislærarar, inkludert tilretteleggingsmidlar

99,7

Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU) – fire kull som går over fire skuleår – midlar til studieplassar

21,7

Leiarutdanning for barnehagestyrarar

49,0

Fagskuleutdanning i oppvekstfag – tre kull som går over to skuleår

12,9

Rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar

3,1

Totalt

397,5

Den regionale ordninga for kompetanseutvikling

I 2021 gjekk 210,9 mill. kroner til den regionale ordninga for kompetanseutvikling som statsforvaltarembeta har ansvaret for å administrere.

Av dette vart om lag 159 mill. kroner nytta til barnehagebaserte kompetansetiltak. Meir enn halvparten av alle barnehagane i Noreg har delteke i barnehagebaserte kompetansetiltak i 2021. Dei fleste tiltaka har vore innanfor to av dei fire satsingsområda i kompetansestrategien:

  • barnehagen som pedagogisk verksemd

  • eit inkluderande miljø for omsorg, leik, læring og danning

Dei resterande 51,9 mill. kronene blei nytta anten til tilretteleggingsmidlar for lokal prioritering (1 317 deltakarar), fagbrev gjennom praksiskandidatordninga (106 deltakarar i fire fylke), kompetansehevingsstudiar for assistentar og barne- og ungdomsarbeidar (213 deltakarer i tre fylke) eller barnehagefagleg grunnkompetanse for assistentar utan kompetanse og erfaring frå barnehage (569 deltakarar i fire fylke).

Følgeevalueringa av kompetansestrategien, delrapport 6 (SINTEF 2021), hevdar at regional ordning på eit overordna nivå støttar opp under strategien på ein god måte.

Vidareutdanning for barnehagelærarar, tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk og rettleiarutdanning for praksislærarar, inkludert tilretteleggingsmidlar

I 2021 fekk 1 014 barnehagelærarar og andre pedagogar som søkte tilleggsutdanning for å kvalifisere seg til arbeid som pedagogisk leiar, tilbod om vidareutdanning. Deltakarundersøkinga frå 2021 viser at barnehagelærarar som har delteke på vidareutdanninga, meiner at kvaliteten på studiet var god, og at utdanninga har gitt godt fagleg utbyte som har medverka til å utvikle pedagogisk praksis i barnehagen. Undersøkinga viser òg at deltakarane var motiverte for å delta på studium trass i koronasituasjonen.

Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU)

Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU) er eit tilbod til assistentar og barne- og ungdomsarbeidar som ønsker å utdanne seg til barnehagelærar. Deltidsstudiet går over fire år, samstundes som ein jobbar i barnehage. Tiltaket er forankra i kompetansestrategien.

Leiarutdanning for barnehagestyrarar

I 2021 blei det nytta 38,6 mill. kroner på leiarutdanning for barnehagestyrarar. Det er òg inngått avtalar med universitet og høgskular om å tilby modulbasert vidareutdanning for styrarar. Modulane er felles med skuleleiarane og blei sett i gang i 2021. Det blei nytta 10,4 mill. kroner til modulane i 2021. Tilbodet legg vekt på å styrke og gjere styraren trygg i rolla som leiar. Evalueringa frå Fafo viser at deltakarane har nytte av studiet i eigen kvardag. Det har endra måten styrarane arbeider på og det har vore positivt for samarbeidet i barnehagen.

Fagskuleutdanning i oppvekstfag – tre kull som går over to skuleår

Fagskulane rapporterte at det var utfordringar knytte til rekruttering av deltakarar til studiet på grunn av koronasituasjonen. Det blei inngått avtalar med to nye fagskular om gjennomføring av studium innanfor fire fagområde i perioden frå våren 2022 til og med hausten 2023.

Rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar

Tiltaket er samordna med rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar i skulen, sjå rapport for tiltaket under kap. 226, post 21.

Andre tiltak for å auke kvaliteten på barnehagetilbodet

I 2021 blei det nytta 71,3 mill. kroner på posten til andre tiltak for å auke kvaliteten på barnehagetilbodet, sjå nærare omtale i tabell 4.19. Fordeling av midlar til andre tiltak for å auke kvaliteten på barnehagetilbodet i 2021.

Tabell 4.19 Fordeling av midlar til andre tiltak for å auke kvaliteten på barnehagetilbodet i 2021

(i mill. kr)

Type tiltak

Kort om tiltaket

Beløp

Kunnskapsgrunnlaget

System for å følge med på og betre kvaliteten i barnehagesektoren, inkludert statistikkinnhenting, analysar og forsking. Omfattar mellom anna foreldreundersøkinga, ståstadsanalysen, kostnadsanalysen, forsking på covid-19-pandemien i barnehagane, evaluering av implementering av rammeplanen, LÆRERMOD, rapportar knytte til regulering av private barnehagar o.a.

9,7

Støtte til bruk av rammeplanen

Revidering og vidareutvikling av støtteressursar til barnehagane sitt arbeid med å utvikle praksis i samsvar med rammeplanen.

5,7

Pilot om rettleiing av barnehageeigarar for å styrke barnehagekvaliteten

OsloMet leiar dette tredelte oppdraget. 1) Samanstilling av forsking på barnehagekvalitet med vekt på eigarrolla. 2) Rettleiing av 31 eigarar. 3) Utvikling av kriteriesett til bruk for å identifisere eigarar som treng bistand.

5,0

Stine Sofie barnehagepakke

Opplæringsprogram som skal gjere barnehagetilsette betre rusta til å avdekke vald og overgrep mot barn så tidleg som mogleg.

5,0

Inkluderande barnehagemiljø

Midlane inkluderer læringsmiljøprosjektet og samlingsbaserte tilbod med nettundervisning. Dette er tiltak som skal førebygge mobbing og bidra til at alle barn blir inkluderte i fellesskapet.

4,9

Kvensk barnehagetilbod – oppfølging av planen for vidare innsats for kvensk språk i perioden 2017–21

Det er tildelt midlar til språkprosjekt i barnehagar for å gi kvenske/norsk-finske barn moglegheit til å lære og utvikle det kvenske språket i tidleg alder. Formålet er å bidra til å bevare og styrke kvensk språk. Prosjekta har bidrege til at stadig fleire barn blir introduserte for det kvenske språket i tidleg alder, og det er ein auke i talet på barn som deltek, noko som er positivt for rekrutteringa av elevar som vil ta kvensk som fag i skulen.

0,9

Støtte til samiske formål

Midlane gjekk til statsforvaltarens arbeid med å støtte samiske barnehagar og samisk innhald i barnehagen.

0,8

Anna

Midlar til oppbygging av eining for tilsyn med private barnehagar, til statsforvaltarane for tilsyn, klagebehandling og utvikling i sektoren, hurtigarbeidande utval om finansiering av private barnehager o.a.

39,3

Totalt

71,3

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 789 mill. kroner på posten til ulike tiltak for kvalitetsutvikling i barnehagesektoren og innhenting av kunnskap.

I løyvingsforslaget er det teke omsyn til følgande flyttinga av midlar til og frå posten:

  • 150 mill. kroner til posten frå kap. 226, post 22 for å styrke etter- og vidareutdanningstilbodet i barnehagane

  • 28 mill. kroner frå posten til kap. 220, post 01 for oppgåva med å føre tilsyn med økonomien i private barnehagar

  • Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 0,1 mill. kroner som følge av endra jobbreisevanar. Løyvinga på posten er redusert med 28 000 kroner som følge av at det i saldert budsjett 2022 vart utrekna for høg kompensasjon ved innføring av ny premiemodell i Statens pensjonskasse, jf. nærare omtale i del I, kap. 1.

Tabell 4.20 Budsjettforslag for 2023, kap. 231, post 21

(i mill. kr)

Type tiltak

Kort om tiltaket

Beløp

Tiltak for å følge opp kompetansestrategien og strategi for barnehagekvalitet

Kompetansetiltak retta mot ulike tilsette i barnehagane, inkl. 4,2 mill. kroner til rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar. Departementet foreslår å opprette 420–630 fleire vidareutdanningsplassar for barnehagelærarar.

335

Regional ordning for kompetanseutvikling

Ordninga blei vidareutvikla i 2018 som ein del av oppfølginga av strategien Kompetanse for fremtidens barnehage. Revidert strategi for kompetanse og rekruttering 2018–2022. Departementet foreslår å styrke ordninga med 60 mill. kroner.

260

Auka pedagogtettleik i utsette byområde

Som eit ledd i målet om å auke til 50 pst. barnehagelærarar, er det oppretta eit eige øyremerkt tilskot for å auke pedagogtettleiken i levekårsutsette område. For å auke kompetansen i dei mest utsette områda først, foreslår departementet å styrke tilskotet med 45 mill. kroner.

80

Auka kvalitet i barnehagelærarutdanninga

Auka ressursar til BLU vil gjere lærarutdannarar ved universitet/høgskular og i barnehagen i stand til å utvikle BLU til den tverrfaglege, krevjande utdanninga som var intensjonen med reforma i 2012/2013.

50

Utviklingsmidlar til statsforvaltarane

Midlar til oppfølging av kompetansestrategien for barnehage med vekt på statsforvaltarane sitt arbeid med regional ordning for kompetanseutvikling.

10,9

Inkluderande barnehagemiljø

Dette er tiltak som skal bidra til at barn i barnehagen har trygge og gode barnehagemiljø. Må sjåast i samanheng med midlar over kap. 226, post 21.

10,3

Tilsyn og klagebehandling hos statsforvaltarane

Statsforvaltarane har faste tilsynsoppgåver som følger av barnehagelova. Det inneber å føre tilsyn direkte med einskilde barnehagar dersom det viser seg at kommunens tilsyn ikkje fungerer etter intensjonen.

9

Rettleiing av barnehageeigarar

Vidareføring av eit treårig pilotprosjekt for perioden 2021–23.

5

Økonomisk tilsyn med private barnehagar

Utviklingsmidlar til det nye nasjonale tilsynet som vert oppretta 1. januar 2022.

4

Kvensk barnehagetilbod

Midlane går til språkprosjekt i barnehagar for å gi kvenske/norsk-finske barn sjansen til å lære og utvikle det kvenske språket sitt i tidleg alder.

0,8

Anna

Kunnskapsgrunnlag, støtteressursar til rammeplanen o.a. Dette inkluderer 4 mill. kroner til utvikling av refleksjons- og ståstadsanalyse for barnehagane, 2 mill. kroner til meir kunnskap om hindringar for sosial utjamning i barnehagesektoren og 1 mill. kroner til å auke kunnskapsgrunnlage om barns trivsel i barnehagen og barnehagens arbeid med å følge opp føresegna om eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø.

24

Totalt

789

Midlane på posten skal nyttast til ulike tiltak i samsvar med målet for posten. Utdanningsdirektoratet får fullmakt til å vurdere disponeringa av midlane på posten i samråd med departementet, innanfor den ramma som er foreslått over, og i samsvar med tiltaka i kompetansestrategien og andre prioriterte område. Regjeringa vil etablere fleire vidareutdanningsplassar, men det er ein del uvisse om kapasiteten i universitets- og høgskulesektoren. Dersom det ikkje er mogleg å etablere så mange nye plassar allereie frå hausten 2023, vil midlar i hovudsak bli omfordelte til regional ordning. Departementet vil ved behov omdisponere midlar mellom dei ulike satsingane på posten.

Post 63 Tilskot til tiltak for å styrke den språklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage

Utdanningsdirektoratet tildeler tilskotet til kommunar som oppfyller følgande to kriterium: at minst 10 pst. av barnehagebarna i kommunen er definerte som minoritetsspråklege, og at dette må utgjere minst 50 barn. Definisjonen omfattar barn med ein annan språk- eller kulturbakgrunn enn norsk, samisk, svensk, dansk og engelsk. Kommunane står fritt til å bruke midlane slik det passar best lokalt for å nå målet for posten.

Namnet på posten blei endra frå tilskot for å «betre språkforståinga» generelt til «norskspråkleg utvikling» av Solberg-regjeringa. Det følger av rammeplanen at barnehagen skal fremje kommunikasjon og ei heilskapleg språkutvikling for barna. Departementet foreslår derfor å endre namnet på posten til «Tilskot til tiltak for å styrke den språklege utviklinga blant minoritetsspråklege barn i barnehage», fordi det gir ei betre beskriving av formålet med tilskotet.

Mål for 2023

Målet med tilskotsordninga er å styrke den språklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage.

Departementet vil fram mot 2024-budsjettet sjå nærare på samanhengen mellom tilskotet til å styrke den språklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage og tilskotet til auka barnehagedeltaking for minoritetsspråklege barn. Departementet vil vurdere i kva grad innrettinga på desse tilskota har behov for endring for å få betre måloppnåing.

Resultat i 2021

Ordninga blei lagd om frå 1. januar 2017 slik at berre dei kommunane som har størst utfordringar, får tilskot. I 2021 omfatta dette 118 kommunar, mot 123 kommunar i 2020, og 85 pst. av alle minoritetsspråklege barn i barnehage, same del som i 2020. Kommunane har ikkje rapporteringsplikt for bruken av tilskotet.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å tilbakeføre 10,9 mill. kroner frå kap. 226, post 64 på grunn av avslutning av pilot for programfinansiering. Vidare foreslår departementet å styrke tilskotet med 45 mill. kroner. Departementet foreslår at det samla blir løyvd 204,3 mill. kroner på posten.

Post 66 Tilskot til auka barnehagedeltaking for minoritetsspråklege barn

Tilskotsordninga blei oppretta i 2018. Midlane skal gå til aktivt informasjons- og rekrutteringsarbeid i kommunar som har særlege utfordringar med å få minoritetsspråklege barn til å begynne i barnehagen. Dei kommunane som får midlar, står fritt til å bruke midlane slik det passar best lokalt for å nå målet. Kommunar med 80 eller fleire minoritetsspråklege barn som ikkje gjekk i barnehage, får tilbod om å søke om tilskot.

Mål for 2023

Målet med tilskotsordninga er at fleire minoritetsspråklege barn skal få gå i barnehage.

Departementet vil fram mot 2024-budsjettet sjå nærare på samanhengen mellom tilskotet til å styrke den språklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage og tilskotet til auka barnehagedeltaking for minoritetsspråklege barn. Departementet vil vurdere i kva grad innrettinga på desse tilskota har behov for endring for å få betre måloppnåing.

Resultat i 2021

21 kommunar oppfylte kriteriet for tilskotet, og av desse var det 18 kommunar som søkte. Dei fekk innvilga tilskot for totalt 5 259 barn som ikkje gjekk i barnehage. Satsen per barn blei dermed 3 297 kroner. I 2020 fekk 20 kommunar tilskot for 5 794 barn, og satsen per barn var 2 993 kroner.

Kommunane står fritt til å bruke midlane slik det passar best lokalt for å nå målet, mellom anna til open barnehage, som er rekna som ein god rekrutteringsarena. Det er vanskeleg å seie om barnehagebruken for minoritetsspråklege barn har auka som følge av akkurat dette tilskotet, mellom anna fordi kommunane kan bruke midlane på mange ulike måtar, men også fordi det er mange faktorar som spelar saman når foreldre vel om barnet skal gå i barnehage. Barnehagebruken for minoritetsspråklege barn har auka frå 80,3 pst. i 2017 til 86,9 pst. i 2021. Auken har vore størst for dei yngste barna, til dømes har prosentdelen minoritetsspråklege 1-åringar i barnehage gått frå 44,6 pst. i 2017 til 58,2 pst. i 2021. Sjå meir statistikk i del III, kap. 7 Nøkkeltal for barnehagesektoren.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å tilbakeføre 4,2 mill. kroner frå kap. 226, post 64 på grunn av avslutning av pilot for programfinansiering. Samla foreslår departementet å løyve 22 mill. kroner på posten.

Post 70 Tilskot til symjing i barnehagane

Tilskotsordninga blei oppretta i 2015, blir forvalta av statsforvaltarane og skal medverke til at kommunar, frivillige organisasjonar og barnehagar kan gjennomføre tiltak for å nå målet.

Mål for 2023

Det overordna målet med ordninga er at barnehagebarn i alderen 4–6 år skal bli trygge i vatnet, slik at dei får eit godt grunnlag for å lære å symje.

Resultat i 2021

Av ei løyving på 72,2 mill. kroner i 2021 blei 63,8 mill. kroner nytta til ordninga, og det blei tildelt midlar i alle fylke. Tilskotet gjorde at 33 300 barn fekk tilbod om symjeopplæring i barnehagetida, mot 28 600 barn i 2020. Mindreforbruket på 8,4 mill. kroner kjem delvis av at bassenga var stengde på grunn av covid-19-pandemien, og delvis av vanskar med å få tildelt bassengtid i opningstida til barnehagane, dette fordi symjing for skuleelevar blir prioritert framfor barnehagar. Departementet forventar at midlane på posten vil bli nytta meir i samsvar med budsjettet når det ikkje lenger er hindringar, til dømes manglande tilgang til basseng på grunn av covid-19-pandemien.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 74,3 mill. kroner på posten.

Programkategori 07.40 Høgare yrkesfagleg utdanning

Utgifter under programkategori 07.40 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

240

Fagskular

1 041 973

1 181 527

1 249 623

5,8

241

Felles tiltak for fagskular

36 160

22 754

23 354

2,6

242

Noregs grøne fagskule – Vea

34 400

32 181

32 757

1,8

Sum kategori 07.40

1 112 533

1 236 462

1 305 734

5,6

Inntekter under programkategori 07.40 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

3242

Noregs grøne fagskule – Vea

8 309

6 449

6 640

3,0

Sum kategori 07.40

8 309

6 449

6 640

3,0

Innleiing

Regjeringa har store ambisjonar for høgare yrkesfagleg utdanning. Fagskulane er viktige for arbeidet med livslang læring og tilgang til utdanning i heile landet. Regjeringa foreslår derfor midlar til 500 fleire studieplassar til fagskulane i statsbudsjettet for 2023.

Fagskulane skal vere solide med sterke fagmiljø. Dei skal kunne svare raskt på nye kompetansebehov og bidra til å tette kompetansegap i arbeidslivet. Høgare yrkesfagleg utdanning skal møte behovet den einskilde har for kortare og arbeidslivsretta utdanningstilbod som er godt tilpassa ulike livssituasjonar.

Følgande overordna mål er særleg relevante for løyvingane under programkategori 07.40:

  • Kompetanseheving og livslang læring er meir tilgjengeleg for alle over heile landet

  • Kunnskapssektoren har tilbod av høgare kvalitet

  • Opplæring og utdanning som gir fleire relevant kvalifisering

  • Medarbeidarar i kunnskapssektoren har meir relevant kompetanse

Kunnskapsdepartementet har sett i gang ei evaluering av innføringa og verknaden av tiltaka i Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden – Fagskoleutdanning. Evalueringsrapporten blir lagd fram i 2023. Som del av evalueringa har Deloitte gått gjennom finansieringssystemet for fagskular, og rapporten Evaluering av fagskolemeldingen. Andre delrapport – finansieringssystemet har vore på høyring i 2022. Våren 2022 la Kompetansebehovsutvalet fram ein rapport om høgare yrkesfagleg utdanning, Fremtidige kompetansebehov: Høyere yrkesfaglig utdanning for et arbeidsliv i endring. Regjeringa skal våren 2023 legge fram ei melding til Stortinget om kompetansebehova i arbeidslivet, mellom anna for høgare yrkesfagleg utdanning. Desse dokumenta gir viktig kunnskap for å utvikle høgare yrkesfagleg utdanning vidare.

Hovudprioriteringar for 2023

Regjeringa vil at fleire skal ta høgare yrkesfagleg utdanning, og foreslår 20 mill. kroner til 500 nye studieplassar til fagskulane. I tillegg kjem utgifter til utdanningsstøtte over programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Som ei følge av den store auken i talet på fagskulestudentar dei siste åra, er det behov for midlar for å kunne vidareføre og sikre relevansen i høgare yrkesfagleg utdanning. Departementet foreslår derfor 52 mill. kroner til tilskotsordninga for utviklingsmidlar til fagskulane.

Samla foreslår departementet 1,3 mrd. kroner til høgare yrkesfagleg utdanning i 2023.

Kapasitet i høgare yrkesfagleg utdanning

Samfunnet treng fleire fagskulekandidatar

Det har vore ein stor auke i talet på fagskulestudentar dei siste åra, jf. figur 4.3. Hausten 2021 var det registrert 28 200 fagskulestudentar, noko som er ein vekst på nesten 5 000 studentar frå hausten 2020, ifølge Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2022, som er utarbeidd av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Det er auke i dei fleste fagområda, og det er størst vekst i økonomi- og administrasjonsfag, som no er eit av dei tre største fagområda saman med tekniske fag og helse- og velferdsfag.

Figur 4.3 Utvikling i talet på fagskulestudentar, haust 2016–21

Figur 4.3 Utvikling i talet på fagskulestudentar, haust 2016–21

Kjelde: Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2022

I rapporten Fremtidige kompetansebehov: Høyere yrkesfaglig utdanning for et arbeidsliv i endring frå 2022 peikar Kompetansebehovsutvalet på at den prosentvise veksten i talet på fagskulestudentar er større enn i andre delar av det norske utdanningssystemet. Ifølge utvalet viser det samla kunnskapsgrunnlaget at etterspurnaden etter fagskuleutdanna er stor i arbeidslivet, og større enn tilgangen til arbeidskraft med høgare yrkesfagleg utdanning. Dette gjeld særleg i privat sektor og innanfor tekniske fag.

Kompetansebehovsutvalet slår fast at høgare yrkesfagleg utdanning har gode føresetnader for å møte ein stigande etterspurnad etter kompetanse driven av trendar. Dette gjeld innanfor til dømes IKT-utdanningar og tilbod retta mot grøne næringar, i tillegg til helse- og omsorgsfag. Søkinga til fagskuletilbod innanfor helsefag og tekniske fag aukar, og dette er fagområde med stor etterspurnad etter kompetanse. Gjennomgangen utvalet har gjort av kunnskapsgrunnlaget, viser god tilpassing til arbeidsmarknaden for fagskuleutdanna frå dei største fagområda.

Fleire studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning

Regjeringa ønsker at fagskulesektoren skal halde fram med å vekse, og foreslår derfor midlar til 500 nye studieplassar frå hausten 2023. Midlar til nye studieplassar til fagskulane skal fordelast på bakgrunn av lokale, regionale og nasjonale kompetansebehov og kapasitet i fagskulane. Fylkeskommunane søker Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse om midlar til nye studieplassar etter ein gjennomgang av kompetansebehov og kapasitet i fagskulane i eige fylke. Systemet bygger opp under fylkeskommunane som kompetansepolitiske aktørar og at fagskulane skal tilby utdanningar som arbeidslivet etterspør. Fordelinga av studieplassar skal skje i eit samspel mellom arbeidsliv, fagskular og styresmakter for å sikre at nye studieplassar treffer kompetansebehova i arbeidslivet best mogleg. Nasjonale styresmakter kan legge føringar for fordelinga av studieplassar for å sikre at det blir teke omsyn til nasjonale behov.

Tilgang til høgare yrkesfagleg utdanning

Det er behov for fagskuletilbod i heile landet

Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2022 viser at det hausten 2021 var god geografisk spreiing av dei 160 studiestadene ved dei 61 offentlege og private fagskulane. Dei offentlege fagskulane er i større grad lokaliserte rundt om i landet enn dei private fagskulane, noko som dels heng saman med at dei aller fleste av dei offentlege fagskulane er eigde av fylkeskommunane. Dei private fagskulane ligg stort sett i byar i Sør-Noreg, og dei har ein høgare del nettbaserte utdanningstilbod som er tilgjengelege over heile landet. Det at fagskulane er geografisk fordelte og når ut over heile landet, gjer at utdanningane er godt tilpassa yrkesfagutdanningar i vidaregåande opplæring. Slik kan fagskulane bidra til gode utdanningsvegar for fagarbeidarar.

Over halvparten av fagskulestudentane er mellom 30 og 50 år, og om lag 70 pst. av fagskulestudentane studerer på deltid. Innanfor fagområda helse og velferd, tekniske fag og økonomi og administrasjon er ei stor overvekt av utdanningstilboda på deltid, og innanfor helse og velferd er det nesten berre deltidsstudium. Samferdselsfaga og dei kreative faga har i stor grad heiltidsstudium.

Om lag 61 pst. av utdanningstilboda i høgare yrkesfagleg utdanning var stadbaserte i 2021, om lag 21 pst. var nettbaserte med samlingar, og 18 pst. var heilt nettbaserte. Delen nettbaserte studietilbod har auka dei siste åra. Utviklinga med meir nettbasert undervisning har skote fart under covid-19-pandemien, og fagskulane har vore flinke til å tilpasse seg behov og etterspurnad. Samla hadde 57 pst. av fagskulestudentane i 2021 nettbasert eller nett- og samlingsbasert undervisning. Utviklinga med meir nettbasert undervisning gjer at utdanninga blir meir attraktiv og tilgjengeleg for folk i arbeid uavhengig av kvar dei bur.

Ifølge rapporten Fremtidige kompetansebehov: Høyere yrkesfaglig utdanning for et arbeidsliv i endring meiner Kompetansebehovsutvalet at nettbasert og samlingsbasert undervisning framleis bør vere sentralt i høgare yrkesfagleg utdanning for å nå breiare ut geografisk. Dei vektlegg at dette må vere basert på etterspurnad, og at nett- og samlingsbasert undervisning ikkje må gå ut over arbeidslivsrelevans og praksisnærleik.

Fagskulane må vere synlege og tilgjengelege for dei som vil søke utdanning, og derfor må dei offentlege fagskulane vere med i det samordna opptaket. Dei private fagskulane kan velje om dei vil vere med. I 2022 er fagskulane med i Samordna opptak for tredje gong, og 23 fagskular deltek med totalt 377 utdanningar. Det var 12 200 søkarar til Samordna opptak for høgare yrkesfagleg utdanning i 2022. Det var om lag like mange søkarar som fekk tilbod om studieplass gjennom hovudopptaket samanlikna med året før. Frå juni er det teke opp studentar i supplerande opptak. Dei fleste private fagskulane er ikkje med i Samordna opptak og er derfor ikkje med i desse tala.

Tiltak for å utvikle nye fagskuletilbod

Regjeringa legg vekt på at høgare yrkesfagleg utdanning skal vere tilgjengeleg i heile landet. Med fleksible og tilgjengelege utdanningar i skal fagskulane bidra til at arbeidslivet får nødvendig kompetanse. Fagskulane skal tilby og utvikle grunnutdanningar, men òg fleksible vidareutdanningstilbod, slik at dei som er i arbeid, kan oppdatere og utvikle kompetansen sin.

For at fagskular, høgskular og universitet skal ha tilbod over heile landet, har regjeringa styrkt satsinga på desentraliserte og fleksible utdanningstilbod og oppretta ei ny ordning for studiesenter. I 2022 har seks fagskular fått tildelt 27 mill. kroner til desentraliserte og fleksible utdanningar. Regjeringa foreslår å helde fram med satsinga i 2023, jf. omtale i programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking.

Fagskulane kan òg søke om midlar til å utvikle nye utdanningstilbod gjennom tilskotsordningane for utviklingsmidlar til fagskulane og treparts bransjeprogram for livslang læring. I rapporten Evaluering av fagskolemeldingen. Andre delrapport – finansieringssystemet konkluderer Deloitte med at etableringa av tilskotsordninga for utviklingsmidlar totalt sett har vore eit vellukka tiltak. Ordninga har god søking og fører til auka merksemd på kvalitetsarbeidet i fagskulane. Eit par utfordringar som blir trekte fram, er at nokre tilbod som blir utvikla med midlar gjennom ordninga, ikkje får driftstilskot i etterkant, og at søknadsprosessen og rapporteringa krev ein del ressursar for fagskulane. Treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling er ei av ordningane i Kompetanseprogrammet. Ordninga har blitt evaluert av Fafo Institutt for arbeidslivs- og velferdsforskning, som leverte rapporten Evaluering av trepart bransjeprogram for kompetanseutvikling vinteren 2022. Evalueringa viser mellom anna at samarbeidet mellom partane i bransjeprogrammet har fungert etter intensjonen, men også at det kan vere utfordrande for partane å kjenne kompetansebehova til bransjane og derfor krevjande å mobilisere verksemder og deltakarar. Sjå programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring for omtale av Kompetanseprogrammet.

Ei fagområdeakkreditering gir fagskulen høve til sjølv å opprette nye utdanningar og gjere endringar i eksisterande utdanningar innanfor det akkrediterte fagområdet. Per 1. august har åtte fagskular akkreditering for til saman 15 fagområde. Ein fagskule som får akkreditert eit fagområde, har vist at kompetanse og rutinar er på plass, slik at fagskulen sjølv er i stand til å akkreditere utdanningar innanfor fagområdet. Fagområdeakkreditering er eit kvalitets- og tillitsstempel. Dette bidreg til at fagskulane blir meir robuste, dei får større sjølvråderett i å legge planar for vidareutvikling og i å styre ressursane, og dei kan raskare omstille utdanningstilbodet ut frå behov i arbeidslivet. Det er derfor viktig at fleire fagskular arbeider for og oppnår fagområdeakkreditering. I tillegg vil dette kunne legge grunnlaget for vidare vekst i fagskulesektoren utan at kapasiteten i Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) til å akkreditere einskildutdanningar blir pressa ytterlegare. Departementet vil vurdere forslag om mogleg institusjonsakkreditering for fagskular som eit langsiktig mål, noko som inneber at fagskular sjølv kan akkreditere høgare yrkesfaglege utdanningstilbod innanfor alle fagområda.

Relevant høgare yrkesfagleg utdanning

Fagskulane må gi studentane relevant kompetanse av høg kvalitet

Det er mange faktorar som påverkar relevansen i høgare yrkesfagleg utdanning. Det gjeld mellom anna innhaldet i utdanningstilboda, samspelet med arbeids- og næringslivet og kompetansen til dei tilsette. Digitalisering og raske teknologiske endringar stiller krav til kontinuerleg endring i utdanningstilboda, slik at dei er relevante for studentane og arbeidslivet. Dette gjeld særleg høgare yrkesfagleg utdanning, som skal vere fleksibel og yrkesretta og gi kompetanse for oppgåver som arbeidslivet treng. Utdanningane skal gi studentane erfaring med korleis faget fungerer i praksis, og må vere relevante i møte med kompetansebehova i framtida.

Kompetansebehovsutvalet peikar i rapporten frå 2022 på at høgare yrkesfagleg utdanning fyller behov i eit samfunnsperspektiv ved å gi gode moglegheiter for utdanning utover vidaregåande opplæring til grupper som er svakare representerte i universitets- og høgskulesektoren. Fagskulane kan bidra til fleire karrierevegar og omskulerings- og vidareutdanningsmoglegheiter for personar med yrkesfagleg kompetanse, jf. rapporten Fremtidige kompetansebehov: Høyere yrkesfaglig utdanning for et arbeidsliv i endring.

Ifølge Kompetansebehovsutvalet er arbeidslivsrelevansen for høgare yrkesfagleg utdanning generelt høg, men han er vurdert som noko lågare for kreative fag og til ein viss grad også økonomiske og administrative fag. Det er indikasjonar på at studentane opplever at arbeidsrelevansen til høgare yrkesfagleg utdanning har falle litt dei siste åra, samstundes som talet på studieplassar har auka kraftig. Utvalet meiner dette gir grunn til å stille spørsmål ved om høgare yrkesfagleg utdanning klarer å nå målet om å vere tett på arbeidslivet når sektoren er i kraftig vekst. Utvalet peikar på at det er viktig å halde oppe og styrke arbeidslivsrelevansen til utdanningane ved ei vidare oppskalering i sektoren.

På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet har Statistisk sentralbyrå i 2021 utført ei levekårsundersøking blant studentane, og fagskulestudentane er inkludert i undersøkinga for første gong. Studenters levekår 2021 viser mellom anna at fagskulestudentane oftare enn andre studentar er i arbeid som er relevant for studiet. Eldre studentar er oftare deltidsstudentar og i gang med kompetanseheving innanfor det yrket dei allereie har.

Det er vesentleg for kvaliteten i høgare yrkesfagleg utdanning at det blir stilt høge krav til den faglege og pedagogiske kompetansen til fagskulelærarane. Ei kartlegging gjennomført i 2021 av analyseselskapet Ideas2evidence viser at ein firedel av fagskulelærarane som underviser på nett, har formell nettpedagogisk kompetanse. Dei fleste av dei som underviser på nett, ønsker meir opplæring i nettpedagogikk, jf. rapporten Kvalitet på nett – Kartlegging av føresetnader for gode nett- og samlingsbaserte utdanninger i HYU (6:2021).

Tiltak for ei meir relevant høgare yrkesfagleg utdanning av høg kvalitet

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse har i 2022 lyst ut midlar til etablering av to forsøksordningar med senter for framifrå høgare yrkesfagleg utdanning. Målet med ordninga er å auke statusen til høgare yrkesfagleg utdanning og stimulere til utvikling av framifrå kvalitet i utdanningane. Fagskulane kan søke om inntil 3 mill. kroner per år over fire år. Innan utgangen av 2022 vil det vere klart kva for prosjekt som får tildelt midlane. Ei evaluering av ordninga etter tre år vil vere grunnlag for å bestemme om ordninga skal vidareførast.

Frå 2017 har det blitt tildelt statlege tilskot til prosjekt som skal utvikle høgare yrkesfagleg utdanning, og midlane har mellom anna finansiert kompetansetiltak i fagskulane. I 2022 har 15 prosjekt fått midlar for å bidra til digital kompetanseheving for tilsette. Departementet foreslår å vidareføre digital kompetanseheving for tilsette som ei av prioriteringane for tildeling av utviklingsmidlar. Tilskotsordninga for utviklingsmidlar til fagskulane er den einaste statlege tilskotsordninga for fagskulane for utvikling av kvalitet.

Nordisk institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) utfører på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet kandidatundersøkinga for høgare yrkesfagleg utdanning. Undersøkinga kartlegg sysselsetjingsstatusen til personar som fullførte høgare yrkesfagleg utdanning i 2019 og 2020. Departementet ønsker også å vite om utdanningane er relevante for stillingane kandidatane har i arbeidslivet og om korleis kandidatane har finansiert utdanninga. Rapporten med resultata blir levert departementet innan utgangen av 2022.

Kunnskapsdepartementet gav i 2020 NOKUT i oppdrag å evaluere nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR). NKR beskriv læringsutbyte for norske utdanningar og kvalifikasjonsnivå etter fullført utdanning. Technopolis Group har utarbeidd rapporten Utredning om mulig parallell struktur i nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring, som inngår i kunnskapsgrunnlaget for evalueringa av NKR. NOKUT skal levere endeleg rapport om evalueringa av NKR i desember 2022.

Hausten 2019 blei det lovfesta at fagskulestudentane skal ha tilgang til eit studentombod, som skal gi råd og hjelp i spørsmål som gjeld studiesituasjonen. Det er styret ved den einskilde fagskulen som skal sørge for at studentane har tilgang til eit studentombod. Departementet har motteke ei utgreiing av ordninga frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse og vil på bakgrunn av rapporten vurdere om det bør opprettast eit nasjonalt studentombod.

Kap. 240 Fagskular

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

60

Driftstilskot til fagskular

1 003 890

1 130 826

1 197 585

61

Utviklingsmidlar til fagskular, kan overførast

38 083

50 701

52 038

Sum kap. 240

1 041 973

1 181 527

1 249 623

Som del av evalueringa av tiltaka i Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden – Fagskoleutdanning er finansieringssystemet for fagskulane gjennomgått av Deloitte i 2021, jf. oppmodingsvedtak nr. 643, 2. mai 2017 i del I. Tilskotsordninga for driftsmidlar til fagskulane er ein sentral del av denne gjennomgangen. Rapporten slår fast at endringane som blei innførte i finansieringa av høgare yrkesfagleg utdanning i oppfølginga av fagskulemeldinga frå 2016, har vore formålstenlege. I rapporten kjem det mellom anna fram at fagskulane ønsker meir føreseielege vilkår og meir ressursar til å utvikle seg. Deloitte har i rapporten lagt fram ei rekke forslag med bakgrunn i hovudfunna i rapporten. Dette er forslag som gjeld ordninga for driftstilskot til fagskulane, forvaltninga til fylkeskommunane og samspelet mellom dei ulike tilskotsordningane. Tilrådingane i evalueringsrapporten har vore på høyring med frist 1. september 2022. Departementet vil med bakgrunn i rapporten og høyringsinnspela vurdere endringar i finansieringssystemet.

Post 60 Driftstilskot til fagskular

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse forvaltar ordninga for driftstilskot til fagskular. Direktoratet fordeler tilskotet til fylkeskommunane, som tildeler tilskot vidare til fylkeskommunale og private fagskuletilbod i eige fylke. Tilskotet til fylkeskommunane blir justert årleg ut frå oppnådde studiepoeng ved utdanningstilbod som har fått offentleg tilskot. Tilskotsordninga omfattar tilskot til nokre fagskular som er i ei særstilling, mellom anna fordi dei er små, har eit nasjonalt nedslagsfelt og tidlegare var godkjende etter privatskulelova kap. 6A. Ordninga inkluderer òg midlar til om lag 500 studieplassar til vidareutdanningstilbod innanfor industri og bygg gjennom ordninga Industrifagskolen. Midlane blir fordelte av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse etter søknad.

Kunnskapsdepartementet vil saman med Helse- og omsorgsdepartementet følge utviklinga for helsefaga i høgare yrkesfagleg utdanning gjennom den årlege Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning, som blir utarbeidd av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Departementa vil vurdere tiltak dersom talet på fagskulestudentar i helsefag ikkje samsvarer med kompetansebehova i arbeidslivet.

Mål for 2023

Følgande mål gjeld for høgare yrkesfagleg utdanning som er omfatta av løyvinga over kap. 240, post 60:

  • Høg kvalitet i høgare yrkesfagleg utdanning

  • Relevant høgare yrkesfagleg utdanning som svarer på kompetansebehova i arbeidslivet

  • God tilgang til høgare yrkesfagleg utdanning i heile landet

  • Effektiv og solid fagskulesektor

Resultat i 2021

I 2021 fekk fylkeskommunane til saman 987,6 mill. kroner til drift av fagskular, og 16,3 mill. kroner over posten blei tildelt gjennom ordninga Industrifagskolen. Tilskotet på posten auka med 5,3 mill. kroner frå 2020 som følge av resultatbasert utteljing.

38 fagskular fekk driftstilskot over posten i 2021, og det var 26 private og tolv offentlege fagskular. Rapporteringa som følger, gjeld utdanningstilboda som har fått driftstilskot ved desse fagskulane.

Studiepoengproduksjonen ved fagskular med driftstilskot held fram med å auke, og frå 2020 til 2021 var auken på 10 pst., mot 13 pst. året før og 4,5 pst. to år tidlegare.

Delen av studentar som tek høgare yrkesfagleg utdanning på deltid, kan vise om fagskuletilboda er attraktive og tilgjengelege for folk i arbeid. Det same gjeld korleis undervisninga er organisert. Hausten 2021 var 80 pst. av fagskulestudentane på offentleg finansierte tilbod deltidsstudentar. Over halvparten av studentane følgde nett- og samlingsbasert undervisning.

Talet på studentar per fagskule aukar både i dei private og i dei offentlege fagskulane. Dette kan forklarast med ein sterk vekst i talet på studentar på same tid som det blir færre fagskular. Når nye, større einingar har blitt oppretta, blir ofte dei gamle einingane vidareførte som studiestadar. Det er ei tilsikta utvikling med større fagskular, som gir større fagleg tyngde og kapasitet i fagmiljøa, noko som på sikt vil bidra til auka kvalitet i utdanninga, jf. Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden – Fagskoleutdanning.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 1,2 mrd. kroner til drift av høgare yrkesfagleg utdanning. I løyvinga inngår ein auke på 16,9 mill. kroner på bakgrunn av auke i studiepoeng som er oppnådde ved fagskuletilbod med offentleg tilskot i 2021.

For å få fleire til å ta høgare yrkesfagleg utdanning foreslår departementet 20 mill. kroner til 500 nye studieplassar til fagskulane. I tillegg kjem utgifter til utdanningsstøtte over programkategori 07.80 Utdanningsstøtte. I forslaget har departementet lagt til grunn toårige studieplasser, og i 2023 er det lagt inn midlar til halvårseffekt for desse studieplassane.

Post 61 Utviklingsmidlar til fagskular, kan overførast

Fagskular kan søke om tilskot til tiltak og prosjekt som skal auke kvaliteten i fagskulane, vidareutvikle dagens utdanningstilbod og utvikle nye utdanningstilbod. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse forvaltar tilskotsordninga.

Mål for 2023

Høg kvalitet i utdanningstilboda og godt samsvar mellom utdanningstilboda og den kompetansen arbeidslivet etterspør.

Resultat i 2021

2021 var det femte året midlar til kvalitetsutvikling blei lyste ut til fagskulane. Til den ordinære utlysinga kom det inn 79 søknader om totalt 78 mill. kroner. Det blei tildelt midlar til 60 prosjekt ved 27 offentlege og private fagskular over heile landet. Mange fagområde er representerte blant prosjekta som fekk støtte, mellom anna maritime fag, helsefag og byggfag.

Midlane blei tildelte prosjekt som bidreg til

  • utvikling av nye utdanningar i samarbeid med lokalt og regionalt arbeidsliv

  • bruk av digital teknologi for læring

  • digital kompetanseheving for tilsette for å møte behov for omstilling i arbeidslivet

I tillegg gjekk midlane til eingongsinvesteringar i utstyr og infrastruktur for å auke kvaliteten på utdanningane.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 52 mill. kroner på posten og at følgande prioriteringar gjeld for utviklingsmidlane i 2023:

  • utvikling av nye utdanningar i samarbeid med lokalt, regionalt og nasjonalt arbeidsliv

  • bruk av digital teknologi for læring

  • auka profesjonsfagleg digital kompetanse for faglærarane

  • eingongsinvesteringar i utstyr og infrastruktur

Kap. 241 Felles tiltak for fagskular

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast

36 160

22 754

23 354

Sum kap. 241

36 160

22 754

23 354

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Posten omfattar midlar til prosjekt for fagskulesektoren.

Mål for 2023

God kunnskap om fagskulesektoren, høg kvalitet i høgare yrkesfagleg utdanning og ein tilgjengeleg og synleg fagskulesektor.

Resultat i 2021

Det er i 2021 sett i gang ei rekke tiltak for å bidra til å nå måla for løyvinga på posten. Dette gjeld mellom anna utvikling og gjennomføring av eit samordna opptak til høgare yrkesfagleg utdanning, gjennomføring av Studiebarometeret for fagskulestudentar og arbeid med kvalitetsutvikling i fagskulesektoren. I 2021 blei det tildelt midlar til fagskular for å halde oppe studieprogresjonen og lønne studentar for å gi fagleg oppfølging av andre studentar under covid-19-pandemien.

I 2021 var det eit mindreforbruk på posten. Dette kjem mellom anna av at fagskulane ikkje fekk brukt alle dei tildelte midlane over posten som følge av covid-19-pandemien, og at pandemien førte til at nokre av dei andre tiltaka finansierte over posten, blei utsette.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 23,4 mill. kroner på posten. Midlane vil mellom anna gå til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) for å gjennomføre Studiebarometeret for fagskulestudentar og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse for å arbeide med tiltak som skal utvikle kvaliteten i høgare yrkesfagleg utdanning og kunnskapsgrunnlaget for fagskulesektoren. Midlane til forsøksordninga med to senter for framifrå høgare yrkesfagleg utdanning vil bli vidareførte i 2023. Det vil òg bli tildelt midlar til utvikling av eit nasjonalt utdanningsregister med alle godkjende utdanningar i Noreg. I fagskulesektoren er det i dag ikkje noko heilskapleg register over akkrediterte utdanningar. Ei samla oversikt over alle utdanningstilboda og den formelle statusen for dei ulike tilboda vil vere viktig for mange aktørar i utdanningssektoren, som mellom anna Lånekassen og NOKUT.

Kap. 242 Noregs grøne fagskule – Vea

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Driftsutgifter

34 043

30 843

31 392

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

357

1 338

1 365

Sum kap. 242

34 400

32 181

32 757

Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga på kap. 242 går til drift av Noregs grøne fagskule – Vea. Fagskulen har studentar på mellom anna blomsterdekoratør-, gartnar- og anleggsgartnarfaglege studieprogram. Vea er akkreditert for grøne design- og miljøfag. I tillegg til høgare yrkesfagleg utdanning gir Vea tilbod om vaksenopplæring på vidaregåande nivå for elevar frå ulike fylke når fylkeskommunen betaler for det, jf. kap. 3242, post 61.

Mål for 2023

Noregs grøne fagskule – Vea skal arbeide etter følgande mål:

  • Høg kvalitet i høgare yrkesfagleg utdanning

  • Relevant høgare yrkesfagleg utdanning som svarer på kompetansebehova i arbeidslivet

  • God tilgang til høgare yrkesfagleg utdanning i heile landet

  • Effektiv og solid fagskulesektor

Resultat i 2021

Noregs grøne fagskule – Vea hadde gode resultat i 2021, trass i utfordringa med covid-19-pandemien. Ved utgangen av 2021 hadde skulen 15 fagskuletilbod og to tilbod i vidaregåande opplæring, i tillegg til korte kurs. Talet på studentar og elevar ved skulen held fram med å auke. Hausten 2021 var det 259 studentar og elevar ved skulen, og av desse var 155 fagskulestudentar og 104 vaksne elevar i vidaregåande opplæring. I tillegg har 303 studentar gjennomført einskildemne på fagskulenivå. Det har vore ein auke i talet på søkarar per studieplass frå 2020 til 2021, både til tilboda i vidaregåande opplæring og til fagskuletilboda. Skulen er ein attraktiv samarbeidspartnar, både nasjonalt og internasjonalt, og har god kontakt med yrkesfeltet i faga dei tilbyr. I 2021 gjennomførte skulen kompetanseheving av tilsette stort sett gjennom nettkurs og webinar på grunn av covid-19-pandemien.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 31,4 mill. kroner på post 01 og 1,4 mill. kroner på post 45.

Noregs grøne fagskule – Vea har gått over til grunnteneste frå Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) for rekneskapsområdet. Departementet foreslår derfor å overføre driftskostnaden for tenestene på 53 000 kroner frå kap. 242, post 01 til kap. 1605, post 01 over Finansdepartementets budsjett.

Løyvinga på posten er redusert med 42 000 kroner som følge av at det i saldert budsjett 2022 blei utrekna for høg kompensasjon ved innføring av ny premiemodell i Statens pensjonskasse, jf. nærare omtale i del 1, kap. 1.

Forslaget omfattar òg ein reduksjon på 67 000 kroner på post 01 som følge av endra jobbreisevanar etter covid-19-pandemien.

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3242, post 02 og 61, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3242 Noregs grøne fagskule – Vea

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

02

Salsinntekter o.a.

8 309

5 108

6 261

61

Refusjon frå fylkeskommunar

1 341

379

Sum kap. 3242

8 309

6 449

6 640

Post 02 gjeld inntekter frå mellom anna semesteravgift, sal frå kantine, hybelutleige og kortare kurs. Post 61 gjeld betaling frå fylkeskommunar for kjøp av opplæringsplassar ved skulen.

Departementet foreslår å løyve 6,3 mill. kroner på post 02 og 0,4 mill. kroner på post 61. Noregs grøne fagskule – Vea reduserer tilbodet innanfor vidaregåande opplæring, medan fagskuletilbodet aukar. Dette fører til at refusjonen frå fylkeskommunane blir redusert, og at salsinntektene aukar. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på post 61 med 1 mill. kroner og auke løyvinga tilsvarande på post 02.

Programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring

Utgifter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

251

22. juli-senteret

15 538

27 695

–100,0

253

Folkehøgskular

993 308

1 045 730

1 066 257

2,0

254

Studieforbund o.a.

72 430

74 313

76 236

2,6

256

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

132 774

364 659

441 943

21,2

257

Kompetanseprogrammet

333 542

313 123

208 695

–33,4

258

Tiltak for livslang læring

254 465

148 424

129 317

–12,9

Sum kategori 07.50

1 802 057

1 973 944

1 922 448

–2,6

Inntekter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

3256

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

3 564

5 220

29 757

470,1

Sum kategori 07.50

3 564

5 220

29 757

470,1

Innleiing

Eit høgt kompetansenivå i befolkninga, tilpassa behova til arbeidslivet, bidreg til brei deltaking, nyskaping, omstilling og vekst i norsk nærings- og arbeidsliv. Det er no eit stort udekt kompetansebehov i store delar av arbeidslivet. Mange verksemder får ikkje tak i den kompetansen dei treng for å skape verdiar og levere gode tenester til innbyggarane. Samstundes endrar trendar som digitalisering og automatisering, aldring og det grøne skiftet kompetansebehova i samfunnet. Høge krav til kompetanse i arbeidsmarknaden gjer at dei med lite utdanning kan få problem med å få seg arbeid.

Regjeringa vil våren 2023 legge fram ei melding til Stortinget om kompetansebehova i arbeidslivet, på kort og lang sikt. Meldinga skal gi eit grunnlag for tiltak for å bidra til å dekke kompetansebehova framover og for at innbyggarane skal ha tilgang til utdanning i heile landet.

Kunnskapsdepartementet har ansvaret for å samordne kompetansepolitikken, men dei kompetansepolitiske verkemidla går på tvers av departement, sektorar og forvaltningsnivå. Over programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring blir nokre av dei sentrale verkemidla finansierte, mellom anna Kompetanseprogrammet. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse blir finansiert over programkategorien.

Tilskot til folkehøgskulane og studieforbund blir òg finansierte over denne programkategorien.

Følgande overordna mål for Kunnskapsdepartementet er særleg relevante for løyvingane under programkategori 07.50:

  • Samfunnet og arbeidslivet har tilgang på relevant kompetanse

  • Kompetanseheving og livslang læring er meir tilgjengeleg for alle over heile landet

  • Opplæring og utdanning som gir fleire relevant kvalifisering

Hovudprioriteringar for 2023

Ei rekke av dei viktigaste kompetansepolitiske satsingane til regjeringa for å bidra til livslang læring i heile landet blir finansierte over andre programkategoriar under Kunnskapsdepartementet:

  • 302,3 mill. kroner for at fleire utan lovfesta rett til opplæringa skal kunne fullføre vidaregåande opplæring, sjå programkategori 07.20

  • 148,9 mill. kroner til tilbod om å ta eit fagbrev for personar allereie har studie- eller yrkeskompetanse frå vidaregåande opplæring, sjå programkategori 07.20

  • 60 mill. kroner til ordninga Fagbrev på jobb, sjå programkategori 07.20

  • 26,2 mill. kroner til 500 nye studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning, inkludert utgifter til utdanningsstøtte, sjå programkategori 07.40

  • 199,6 mill. kroner til desentraliserte og fleksible utdanningstilbod, sjå programkategori 07.60

  • 10 mill. kroner for å legge til rette for meir fleksible utdanningsstøtteordningar for vaksne i jobb, sjå programkategori 07.80

Bransjeprogramma for kompetanseutvikling som blei oppretta i 2020 i møte med covid-19-pandemien, skal etter planen fasast ut i 2023. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga til Kompetanseprogrammet, der bransjeprogramma inngår, med 60 mill. kroner. Innanfor Kompetanseprogrammet foreslår regjeringa å redusere løyvinga til Kompetansepluss med 50 mill. kroner.

Kompetansebehov i arbeidslivet

Mange verksemder får ikkje tak i personar med relevant kompetanse

Våren 2022 var arbeidskraftmangelen på det høgaste sidan før finanskrisa i 2008. Ifølge bedriftsundersøkinga til Nav manglar bedriftene i 2022 over 70 000 personar, mot 46 000 i 2021. Helse- og sosialtenestene manglar flest folk og står for 22 pst. av den samla arbeidskraftmangelen. Det er òg stor mangel på arbeidskraft i bygge- og anleggsnæringa og i overnattings- og serveringsnæringa. Dei fleste næringar manglar folk.

Det er dei mest folkerike fylka Viken og Oslo som manglar mest arbeidskraft. Samstundes er det verksemdene i Nord-Noreg, Møre og Romsdal og Vestfold og Telemark som har størst rekrutteringsproblem når ein tek omsyn til folketal.

Yrka med størst mangel er sjukepleiar, tømrar og IT-utviklar. I tillegg er det stor mangel på legar og fagarbeidarar med utdanning frå vidaregåande opplæring eller fagskule i bygg-, industri- og restaurantfag. Sjukepleiar har kvart år sidan 2015 vore yrket med størst mangel på arbeidskraft, ifølge bedriftsundersøkinga til Nav.

Dagens utdanningstilbod er ikkje godt nok tilpassa behova til dei som ønsker kompetanseutvikling, noko som særleg gjeld dei som er sysselsette, både i byane og i distrikta.

Kompetansebehova endrar seg med omstilling av næringslivet og offentleg sektor

Trendar som digitalisering og automatisering, aldring og det grøne skiftet endrar kompetansebehova i samfunnet. Etter- og vidareutdanningsutvalet (NOU 2019: 12) og Sysselsetjingsutvalet (NOU 2021: 2) konkluderer med at behovet for etter- og vidareutdanning er stort, mellom anna som følge av desse endringane.

Digitalisering og automatisering reduserer etterspurnaden etter nokre yrke og arbeidsoppgåver og endrar innhaldet i andre yrke. Samstundes skaper utviklinga nye jobbar. Utrekningar viser at det er ein mindre del av jobbane i Noreg som vil bli automatiserte, enn i mange andre land i OECD. Dette kan henge saman med at det norske arbeidslivet allereie har automatisert bort mange jobbar, mellom anna på grunn av eit relativt høgt lønnsnivå og ein samanpressa lønnsstruktur. Den teknologiske utviklinga har dei siste tiåra favorisert høgt utdanna arbeidskraft og fortrengt arbeidskraft med låg og middels utdanning. Den digitale utviklinga har skote fart under covid-19-pandemien.

Den demografiske utviklinga der stadig færre yrkesaktive står bak kvar pensjonist, endrar kompetansebehova. Talet på eldre over 80 år er venta å doble seg fram mot 2040. Fleire eldre aukar behovet for helse- og omsorgstenester, særleg i distrikta, der mangelen på arbeidskraft i kommunale helse- og omsorgstenester er stor.

Det grøne skiftet inneber at kompetansen til arbeidstakarar må tilpassast omstillinga til eit lågutsleppssamfunn. Meir enn halvparten at NHO-bedriftene melder at kompetansebehova deira i stor eller nokon grad blir påverka av klima- og miljøomsyn. Det er likevel utfordrande å føreseie kva type og kor mange jobbar som vil falle bort eller kome til med det grøne skiftet.

Kompetanseprogrammet

Kompetanseprogrammet består av fleire tiltak for kompetanseutvikling i tråd med behova til arbeidslivet. Kompetanseprogrammet har tre programområde:

  1. treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling

  2. utprøving av insentivordningar for livslang læring

  3. Kompetansepluss

Bransjeprogramma er ein viktig del av kompetansereforma for livslang læring, som regjeringa har varsla i Hurdalsplattforma. Ordninga er eit spleiselag der staten finansierer utvikling og drift av relevante kompetansetilbod for bransjar med særleg stort behov for kompetanseutvikling for å møte endra kompetansebehov. Bedriftene og dei tilsette bidreg med tida dei bruker på kompetanseutvikling. Saman med partane i arbeidslivet etablerte regjeringa tidleg i 2022 tre nye bransjeprogram for bransjar med behov for kompetanseutvikling. Desse er:

  • Avfalls- og gjenvinningsbransjen

  • Jordbruks-, skogbruks- og gartnarnæringa

  • Industri- og byggenæringa

Med desse programma er det no elleve bransjeprogram. Dei andre programma blei etablerte i 2020 og 2021 for å svare på auken i arbeidsløyse og mange permitteringar etter utbrotet av covid-19-pandemien. Programma kan i utgangspunktet vare i maksimalt tre år, og desse programma skal derfor i utgangspunktet fasast ut i 2023, med unntak av programmet for den maritime næringa, som vart starta tidleg i 2021. Regjeringa foreslår ei løyving i 2023-budsjettet som gjer det mogleg å vidareføre minst eitt av bransjeprogramma som vart etablert i 2020 eller å starte minst eitt nytt bransjeprogram.

Fleire studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning

Fagskulane har ei viktig rolle i satsinga til regjeringa på livslang læring. Fagskulane skal gi korte og yrkesretta utdanningstilbod i heile landet, og dei skal kunne svare raskt på nye kompetansebehov og bidra til å tette kompetansegap i arbeidslivet. Regjeringa vil styrke høgare yrkesfagleg utdanning. Derfor foreslår regjeringa midlar til 500 nye studieplassar frå hausten 2023. Sjå omtale under programkategori 07.40 Høgare yrkesfagleg utdanning.

Desentralisert utdanning ved fagskular, høgskular og universitet

Regjeringa vil at studietilbod skal bli endå meir tilgjengelege for folk i heile landet. I 2022 blei satsinga på desentraliserte og fleksible utdanningstilbod styrkt, og det blei oppretta ei ny ordning for støtte til studiesenter. Satsinga held fram i budsjettforslaget for 2023, jf. omtale under programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking.

Utdanningsstøtteordningar tilpassa vaksne i arbeid

Høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning skal bli meir tilgjengeleg ved at ein tilbyr fleire korte og moduliserte utdanningar som er tilpassa behova til den einskilde og til arbeidslivet. Regjeringa vil utvide utdanningsstøtteordningane slik at kortare utdanningstilbod kan gi rett til lån frå studieåret 2024–25. Sjå omtale av tiltaket under programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesutdanning

Faglært arbeidskraft frå utlandet kan bidra til å gi arbeidslivet kompetansen det er behov for. Godkjenningsordninga for utanlandsk fag- og yrkesopplæring blei etablert i 2016 og gjeld i dag for utvalde fag- og sveinebrev frå fem europeiske land. Det er krevjande å vurdere utanlandsk fag- og yrkesopplæring i nivå, omfang og fagleg innhald. Det har derfor vore utfordrande å utvide godkjenningsordninga. I Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden blei det varsla ei vidareutvikling av ordninga, og dette fekk støtte i stortingsbehandlinga. NOKUT har hausten 2022 fått i oppdrag å vurdere endringar i godkjenningsordninga og å lage eit forslag til forskrift og ein plan for å utvide ordninga.

Kompetansen i befolkninga – personar med lite utdanning

Det blir stadig vanskelegare for dei med lite utdanning å klare seg i arbeidsmarknaden

Sysselsetjingsutvalet (NOU 2021: 2) viser at etterspurnaden etter personar med lite utdanning er låg i Noreg samanlikna med mange andre land. Delen sysselsette i lågkvalifikasjonsyrke er mykje lågare enn EU-gjennomsnittet. Fullført vidaregåande opplæring blir stadig viktigare for ei varig tilknyting til arbeidsmarknaden. Sysselsetjingsgapet mellom dei som har vidaregåande opplæring, og dei som ikkje har det, har auka over tid, jf. NOU 2021: 2. Ifølge SSB har 480 000 personar i alderen 25–59 år ikkje fullført grunnskule eller vidaregåande opplæring, eller har ukjent utdanning. Om lag ein tredel av desse er innvandrarar. Av dei om lag 600 000 vaksne som står utanfor arbeid og utdanning, har 44 pst. ikkje fullført noka utdanning utover grunnskulen.

Vaksne som vil ta vidaregåande opplæring, anten det er på eiga hand, gjennom Nav-tiltak eller gjennom introduksjonsordninga, opplever hindringar, anten ved mangel på tilbod eller i form av måten regelverket er utforma på. I NOU 2019: 25 Med rett til å mestre – Struktur og innhold i videregående opplæring blir det mellom anna peika på utfordringar med manglande koordinering av kunnskap og ressursar, mange aktørar og lite samordna regelverk.

Vaksne i Noreg tek utdanning og opplæring i større grad enn i dei fleste andre land, men mindre enn i dei andre nordiske landa. Sjølv om mange utan vidaregåande opplæring stiller svakt på arbeidsmarknaden, er det få av desse som deltek i opplæring for å ta fagbrev. Mange som har erfaring med ikkje å lykkast i skulen, har låg motivasjon for å ta meir utdanning.

Forsøket med modulstrukturert opplæring for vaksne held fram

Ved behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden slutta Stortinget seg til at modulstrukturert opplæring skal bli hovudmodell for all opplæring for vaksne. Det betyr at opplæringa skal vere betre tilpassa livssituasjonen til vaksne, og at opplæringa kan gjennomførast på ulike arenaer, som innanfor introduksjonsprogrammet, i arbeidsmarknadstiltak, i bedrifter og i skule. Nye modulstrukturerte læreplanar skal etter planen takast i bruk frå skuleåret 2024–25. Det er sett i gang eit forsøk med modulstrukturert opplæring for vaksne. Den nye opplæringa skal bygge vidare på erfaringane i forsøket. Regjeringa vil vidareføre forsøket fram til modulstrukturert opplæring blir hovudmodell for vaksenopplæringa og dei nye læreplanane er innførte.

Tilskotet til ordninga Fagbrev på jobb blir styrkt

I 2020 blei det etablert eit tilskot for å stimulere til auka bruk av ordninga Fagbrev på jobb, slik at fleire kan ta eit fagbrev i kombinasjon med arbeid. Fylkeskommunane melder om stor etterspurnad etter ordninga og at opplæringa treffer målgruppa på ein god måte. Departementet foreslår derfor å auke tilskotet i 2023. Sjå omtale av tiltaket under programkategori 07.20 Grunnopplæringa, kap. 225, post 69.

Tilbod om å fullføre vidaregåande opplæring for personar som ikkje har rett til opplæringa

Det er etablert eit tilskot for at personar som i dag ikkje har rett til vidaregåande opplæring, likevel skal få eit tilbod. Tilskotet legg til rette for å finansiere ein utvida rett til vidaregåande opplæring, som Stortinget slutta seg til ved behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021), jf. Innst. 585 S (2020–2021), og som blei send til høyring hausten 2021. Regjeringa tek sikte på å legge fram forslag til ny opplæringslov våren 2023, som vil inkludere ein fullføringsrett i vidaregåande opplæring. Departementet foreslår å vidareføre tilskotet i statsbudsjettet for 2023. Sjå omtale av tiltaket under programkategori 07.20 Grunnopplæringa, kap. 225, post 69.

Tilbod om å ta eit fagbrev for personar som allereie har studie- eller yrkeskompetanse

Fullført vidaregåande opplæring gir ikkje alle ei varig og god tilknyting til arbeidslivet. Mange med fullført vidaregåande opplæring har behov for å rekvalifisere seg gjennom ei fagutdanning. Dette gjeld både personar som er studieførebudde, og personar som allereie har ei fagutdanning frå vidaregåande opplæring. I statsbudsjettet for 2021 blei det etablert eit tilskot for å gi personar som har studie- eller yrkeskompetanse frå vidaregåande opplæring, tilbod om å ta eit fagbrev (yrkesfagleg rekvalifisering). I forslaget til ny opplæringslov som blei sendt til høyring hausten 2021, blir det foreslått å innføre ein rett til yrkesfagleg rekvalifisering. Tilskotet legg til rette for å finansiere denne lovendringa, som departementet tek sikte på å fremje forslag om å innføre i forslag til ny opplæringslov våren 2023. Tilskotet blir trappa opp gradvis i tråd med den forventa lengda på opplæringsløpa til personane som er i målgruppa for tilskotet. Sjå omtale av tiltaket under programkategori 07.20 Grunnopplæringa, kap. 225, post 69.

Utdanningstilbod for arbeidsledige, permitterte og personar med nedsett arbeidsevne

Regjeringa vil gi arbeidsledige og permitterte betre moglegheiter til å ta utdanning. Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet har starta eit arbeid for å betre samarbeidet mellom fylkeskommunane og Nav for at ledige og personar med nedsett arbeidsevne skal få betre tilgang til fag- og yrkesopplæring. I statsbudsjettet for 2023 foreslår regjeringa midlar til å vidareføre arbeidet. Arbeids- og velferdsdirektoratet, Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet har fått eit felles oppdrag om kompetansetiltak for ledige, permitterte og utsette grupper på arbeidsmarknaden, i tråd med realkompetansen deira. Sjå Prop. 1 S (2022–2023) for Arbeids- inkluderingsdepartementet for meir omtale om utdanningstiltak for ledige og permitterte.

Kap. 251 22. juli-senteret

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Driftsutgifter

15 538

17 695

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 01

10 000

Sum kap. 251

15 538

27 695

Departementet foreslår å flytte løyvingane til 22. juli-senteret til kap. 229 under programkategori 07.20 Grunnopplæringa i statsbudsjettet for 2023. Sjå under kap. 229 for omtale av mål og budsjettforslag for 2023.

Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 01

Resultat i 2021

Hovudprioritet for 22. juli-senteret i 2021 var undervisning og formidling til elevar og allmenta i mellombelse lokale som opna i 2020. Senteret hadde ei sentral og aktiv rolle i fleire arrangement rundt tiårsmarkeringar etter terroråtaka i 2011, i samarbeid med støttegruppa etter 22. juli og AUF.

Talet på elevar som besøker senteret, har vore stigande sidan opninga i 2015, men koronapandemien og smittevernrestriksjonar har resultert i låge besøkstal i både 2020 og 2021, jf. tabellen under. 22. juli-senteret har, i dei periodane det har vore mogleg, prioritert skulebesøk på kvardagar og andre besøkande i helgene. For å møte utfordringa med bortfall av eit fysisk tilbod, har senteret utvida det digitale tilbodet til skular og elevar. Dette har medverka til å nå skuleelevar over heile landet. 22. juli-senteret har i 2021 gjennomført seminar og foredrag for lærarstudentar.

I 2021 har senteret opna utstillinga 10 år etter. Utstillinga har som mål å utvide og inkludere fleire i den offentlege samtalen om 22. juli og opne for refleksjonar om årsakene, konsekvensane og livet etter terroråtaka. 22. juli-senteret har vidareutvikla filmprosjektet Historier om de vi mistet, der etterlatne blir intervjua om korleis det er å leve med konsekvensane av 22. juli i dag.

Tabell 4.21 Talet på besøkande ved 22. juli-senteret i perioden 2017–21

2017

2018

2019

2020

2021

Elevar

7 014

11 646

9 636

801

2 832

Andre besøkande

25 762

30 331

31 432

3 035

12 711

Totalt

32 776

41 977

41 068

3 836

15 5431

1 Som i 2020 var senteret stengt i store delar av 2021 på grunn av covid-19-pandemien.

Kjelde: 22. juli-senteret

Kap. 253 Folkehøgskular

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

70

Tilskot til folkehøgskular

987 051

1 039 311

1 059 818

71

Tilskot til Folkehøgskolerådet

5 549

5 693

5 692

72

Tilskot til Nordiska folkhögskolan

708

726

747

Sum kap. 253

993 308

1 045 730

1 066 257

Post 70 Tilskot til folkehøgskular

Folkehøgskular er eit skuleslag der den faglege, personlege og sosiale utviklinga til elevane står i sentrum. I dag er det 85 folkehøgskular fordelte på alle fylka i landet. Tilboda er hovudsakleg eittårige, og elevane bur på internat på skulen. Folkehøgskulane har fagleg og pedagogisk fridom og bestemmer sitt eige verdigrunnlag.

Trass i at folkehøgskulane speler ei viktig rolle i utdanningstilbodet, er det lite systematisert kunnskap om innhaldet og kvaliteten i folkehøgskulane og om elevane som går der. Våren 2021 blei det sett ned eit offentleg utval som skal gå gjennom heile folkehøgskulesektoren. Regjeringa utvida mandatet til utvalet hausten 2021 for å følge opp ambisjonane på folkehøgskulefeltet i Hurdalsplattforma. Utvalet skal levere rapport innan 31. oktober 2022. Departementet vil kome tilbake til korleis rapporten bør følgast opp.

Mål for 2023

Målet med tilskotet er å fremje allmenndanning og folkeopplysning.

Resultat i 2021

Det var i hovudsak normal drift ved folkehøgskulane i 2021 trass i utfordringane som covid-19-pandemien skapte.

Tabellen nedanfor viser utviklinga i talet på folkehøgskuleelevar frå 2018 til 2021. Etter ein auke i elevtalet ved folkehøgskulane dei siste åra har talet på elevar gått noko ned frå 2019. I 2021 gjekk totalt 7 520 elevar på folkehøgskule. Det utgjer om lag 12 pst. av eit årskull. Talet på elevar på langkurs har halde seg om lag på same nivå som tidlegare år, medan talet på elevar på kortkurs har gått monaleg ned. Nedgangen kjem i hovudsak av endra forskrift til folkehøgskulelova frå 2021, som førte til at berre eit fåtal av kortkursa gir rett til statstilskot frå 2021.

Tabell 4.22 Elevtal i folkehøgskulane 2018–21

2018

2019

2020

2021

Årselevar langkurs (16,5–33 veker)

7 632

7 775

7 703

7 469

Årselevar kortkurs (2–94 dagar)

526

497

227

51

Sum årselevar1

8 158

8 272

7 930

7 520

1 Sum årselevar er det samla talet teljande heiltidselevar per kalenderår. Tala er korrigerte for dobbeltteljande elevar og det maksimale elevtalet til skulane. Tala er også korrigerte med ein omrekningsfaktor.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 1 060 mill. kroner på posten. Løyvinga inneber at det ordinære tilskotet til skulane blir vidareført på om lag same nominelle nivå som i 2022.

Stavanger Urban Folkehøgskole og Øyrekka folkehøgskole starta opp med tilskot hausten 2022. Tilskotet får heilårseffekt i 2023. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga med 9,2 mill. kroner til Stavanger Urban Folkehøgskole og 7,3 mill. kroner til Øyrekka folkehøgskole.

Svalbard folkehøgskole får eit ekstratilskot fordi det er dyrare å drive folkehøgskule på Svalbard enn på fastlandet. Departementet foreslår å auke ekstratilskotet til Svalbard folkehøgskole med 4 mill. kroner i 2023. Av dette er 1,8 mill. kroner ei reell styrking for å dekke ekstraordinære utgifter til skuledrift, medan 2,2 mill. kroner er ei vidareføring av midlane skulen tidlegare har fått gjennom husleigetilskotet. Departementet legg til grunn at ekstratilskotet, med den foreslåtte auken, reflekterer behovet til skulen også i åra framover.

Departementet fekk inn ni søknader om godkjenning av nye folkehøgskular i 2022, for oppstart hausten 2023:

  • Jappe Ippes Folkehøgskole

  • Sjunkhatten folkehøgskole

  • Røros Folkehøgskole

  • Campus BLÅ Folkehøgskole

  • Dale Oen Folkehøgskole AS

  • Færder folkehøgskole

  • Lyngen Folkehøgskole

  • Rendalen Folkehøyskole

  • MIN (Mestring–Individ–Nærvær) Folkehøyskole

Sidan 2013 har åtte nye folkehøgskular blitt godkjende for oppstart. Dette er eit høgt tal historisk. Veksten har vore lite planmessig, og det er usikkert om det er behov for fleire nye folkehøgskular. Nokre av dei eksisterande folkehøgskulane har fleire elevar enn dei får tilskot for, medan andre skular ikkje fyller opp plassane. Folkehøgskuleutvalet skal mellom anna vurdere kva prinsipp som bør ligge til grunn for eventuell vekst i folkehøgskulesektoren. I påvente av rapporten frå utvalet har regjeringa ikkje prioritert midlar til nye folkehøgskular i 2023.

I 2020 førte covid-19-pandemien til fleire avlyste kortkurs. I 2022 vart det omfordelt om lag 2,6 mill. kroner for å kompensere for avlyste kortkurs ved folkehøgskulane i 2020. Justeringa vil inngå i tilskotsgrunnlaget for 2023 og 2024. Departementet vil ikkje kompensere for avlyste kortkurs ved folkehøgskulane i 2021.

Post 71 Tilskot til Folkehøgskolerådet

Folkehøgskolerådet er ein interesseorganisasjon for folkehøgskulane. Rådet har eit fast sekretariat. Folkehøgskolerådet tek hand om fellesoppgåver for folkehøgskulane og koordineringsoppgåver for Utdanningsdirektoratet.

Mål for 2023

Folkehøgskolerådet skal fremje kunnskap om og utvikling av folkehøgskulane.

Resultat i 2021

Det blei gitt eit tilskot på 5,5 mill. kroner til Folkehøgskolerådet i 2021. Rådet hadde fellesoppgåver for folkehøgskulane og koordineringsoppgåver for Utdanningsdirektoratet. Folkehøgskolerådet fremjar utvikling av folkehøgskulane mellom anna gjennom eit godt samarbeid med departementet og andre offentlege aktørar.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 5,7 mill. kroner på posten.

Post 72 Tilskot til Nordiska folkhögskolan

Nordiska folkhögskolan i Kungälv blei etablert i 1947 for å fremje demokratiske verdiar og styrke samhaldet i Norden.

Mål for 2023

Tilskotet skal bidra til drift av nordisk folkehøgskuleverksemd.

Resultat i 2021

Det blei gitt eit tilskot på 708 000 kroner til skulen i 2021 for å støtte drifta av Nordiska folkhögskolan, inkludert utgifter til norske gjestelærarar. Drifta ved skulen var framleis påverka av covid-19-pandemien, slik at store delar av undervisninga i 2021 blei gitt som fjernundervisning.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 747 000 kroner på posten.

Kap. 254 Studieforbund o.a.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

70

Tilskot til studieforbund

68 920

70 712

72 719

73

Tilskot til vaksenopplæringsorganisasjonar

3 510

3 601

3 517

Sum kap. 254

72 430

74 313

76 236

Post 70 Tilskot til studieforbund

Tilskotet bidreg til å finansiere opplæring i regi av frivillig sektor og skal redusere opplæringskostnadene for deltakarane.

Frå og med 2021 får Akademisk Studieforbund, Studieforbundet AOF Norge, Studieforbundet Livslang Læring og Studieforbundet næring og samfunn tilskot over budsjettet til Kunnskapsdepartementet, medan dei andre ti studieforbunda får tilskot over budsjettet til Kulturdepartementet. Studieforbunda som får tilskot frå Kunnskapsdepartementet tilbyr kurs for mellom anna primærnæringane, fagforbund og humanitære organisasjonar.

Ein mindre del av tilskotet kan nyttast til å refundere kostnader til opplæring i samisk språk som blir gjennomført av godkjende studieforbund eller nettskular, jf. forskrift til samelova om rett til opplæring i samisk.

Mål for 2023

Målet med tilskotet er at vaksne skal få tilgang til fleksibel og brukartilpassa opplæring også utanfor det formelle utdanningssystemet, jf. § 1 i lov om vaksenopplæring. Tilskotet skal bidra til å redusere utanforskap og fremje inkludering.

Tilskotet skal bidra til at studieforbunda kan drive opplæringsaktivitet i samsvar med eitt eller fleire av dei overordna måla for studieforbundsordninga, jf. vaksenopplæringslova § 4.

Resultat i 2021

Aktiviteten i dei fire studieforbunda var lågare enn vanleg i 2020 og 2021 på grunn av covid-19-pandemien. Ein større del av kursa blei gjennomførte digitalt. Studieforbundet Livslang Læring rapporterte om flest kurstimar i 2021 (150 535 timar).

Av alle deltakarane i 2021 var 27 pst. i aldersgruppa 14–29 år, 41 pst. i aldersgruppa 30–49 år, medan 32 pst. var 50 år og eldre. Studieforbunda framhevar at dei har god måloppnåing på opplæring retta mot spesielle målgrupper, til dømes tilbod til ufaglærte.

Tabell 4.23 Aktivitet og deltaking i studieforbunda 2016–21

2016

2017

2018

2019

2020

2021

Deltakarar

198 037

203 648

194 280

185 147

149 596

167 265

Kurs

14 397

13 084

12 031

11 579

9 181

8 687

Kurstimar

450 280

434 697

403 865

386 296

268 759

231 516

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 72,7 mill. kroner på posten. Berekninga av tilskot til det einskilde studieforbundet vil bli justert for å ta omsyn til at aktiviteten i studieforbunda var sterkt påverka av smittevernrestriksjonane i 2020 og 2021.

Post 73 Tilskot til vaksenopplæringsorganisasjonar

Fleksibel utdanning Norge (FuN) er fellesorganet for dei offentleg godkjende nettskulane og andre institusjonar på feltet fleksibel utdanning og digitale læringsformer.

Mål for 2023

FuN skal arbeide for meir kunnskap om og utvikling av fleksibel og nettbasert utdanning som blir gitt gjennom medlemsorganisasjonane. Dette inkluderer òg fellesoppgåver for nettskular og medlemsorganisasjonar.

Resultat i 2021

FuN har til saman 56 medlemmer på feltet fleksibel utdanning og digitale læringsformer. Medlemmene er godkjende nettskular, universitet, høgskular og andre verksemder. I 2021 gav FuN ut ei rettleiing om kvalitet i nettbasert og fleksibel utdanning, i tillegg til at organisasjonen handterte ei rekke andre fellesoppgåver for medlemmene.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 3,5 mill. kroner på posten til Fleksibel utdanning Norge.

Kap. 256 Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Driftsutgifter

130 875

352 728

433 017

21

Særskilde driftsutgifter

1 899

11 931

8 926

Sum kap. 256

132 774

364 659

441 943

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) blei oppretta 1. juli 2021. HK-dir har eit heilskapleg ansvar innanfor sitt sektorområde. Sektorområdet er all opplæring og utdanning retta mot vaksne, det vil seie på kompetansefeltet, i grunnopplæringa, norsk- og samfunnskunnskap for innvandrarar, høgare yrkesfagleg utdanning og høgare utdanning. På nokre område, som internasjonalisering og karriererettleiing, er direktoratet sitt verkeområde breiare. Direktoratet har nasjonalt, tverrsektorielt systemansvar for karriererettleiing, og pådrivar- og samordningsansvar for deling av data og for fellestenester innanfor forsking. Frå 1. januar 2023 vil HK-dir ha ansvar for godkjenning av utanlandsk utdanning, sjå nærare omtale under kap. 271.

Løyvingane over kap. 256 finansierer ordinære driftsoppgåver i HK-dir. I tillegg kjem oppgåver som direktoratet har ansvar for, men som blir finansierte over andre budsjettkapittel. HK-dir har ansvaret for å forvalte tilskotsordningar og tiltak under kap. 225, 240, 241, 254, 257, 258, 270 og 272 og ordningar under budsjetta til Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Kulturdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet.

Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter

Mål for 2023

Departementet har fastsett nye mål frå 2023, som varsla i statsbudsjettet for 2022.

Gjennom følgande mål skal Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse arbeide for eit berekraftig og omstillingsdyktig samfunn:

  • Utdanningsinstitusjonar og opplæringstilbydarar har tilbod av høg kvalitet

  • Den einskilde har god kunnskap om og tilgang til utdanning, karriererettleiing og livslang læring

  • Dokumentasjon av utdanning, kompetanse og kvalifikasjonar gir den einskilde tilgang til utdanning og arbeid

  • Kompetansepolitikken er godt samordna og stimulerer til kompetanseutvikling og samarbeid mellom arbeidsliv og utdanning

  • Myndigheiter, institusjonar og aktørane i arbeidslivet har eit godt kunnskapsgrunnlag for avgjerdene sine om utdanning, forsking og kompetanseutvikling

Resultat i 2021

HK-dir blei oppretta gjennom ei samanslåing av Kompetanse Noreg, Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning, Universell og delar av Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking og nokre oppgåver frå Norsk senter for forskingsdata. Rapporteringa nedanfor gjeld Kompetanse Noreg for våren 2021. Rapportering for andre tidlegare verksemder som inngår i HK-dir, står under kapitla og postane for desse verksemdene. Hausten 2021 har HK-dir arbeidd med ein intern organisasjonsutviklingsprosess. Direktoratet har i den interne organiseringa og i prioriteringar lagt vekt på styrking av analysemiljø, fagmiljø for tryggleik og beredskap, og det juridiske fagmiljøet. Samarbeidet med NOKUT og interimsorganisasjonen for Kunnskapssektorens tenesteleverandør (Sikt) har vore godt i samband med prosessar for ansvars- og rolledeling i kunnskapssektoren.

Kompetansepolitikken er heilskapleg og samordna

I 2021 jobba HK-dir med å gjere kompetansepolitikken meir samordna og samarbeidet mellom aktørane meir forpliktande. HK-dir har gjennom 2021 samarbeidd tett med partane i arbeidslivet, mellom anna i arbeidet med bransjeprogram, som bidrog til at bransjane og dei tilsette skulle stå betre rusta etter pandemien. Sjå rapportering for kap. 257, post 70.

Pandemien ramma befolkninga skeivt, ikkje minst avhengig av utdanninga og yrket til den einskilde. Livslang læring retta mot utsette grupper var derfor eit prioritert område for HK-dir i 2021.

Livslang læring er tilgjengeleg for alle uavhengig av kompetansenivå og behov

Gjennom treparts bransjeprogram, fleksible vidareutdanningstilbod og tilskot til fylkeskommunane for at fleire skal fullføre vidaregåande opplæring, har HK-dir i 2021 vidareutvikla ei rekke tilbod som skal gjere det enklare å styrke kompetansen, for både ledige, permitterte og sysselsette. Som i 2020 var det eit stort behov for god karriererettleiing og utdannings- og yrkesinformasjon i 2021. HK-dir har vidareutvikla og betra både kvaliteten på og tilgangen til desse tenestene. I 2020 overtok Kompetanse Noreg ansvaret for den mest brukte nettstaden for informasjon om utdanning og yrke, utdanning.no. Utdanning.no hadde 9,8 mill. vitjingar og 30 mill. sidevisningar i 2021.

Nykomne innvandrarar får læringstiltak som bidreg til auka deltaking i arbeids- og samfunnslivet

Integreringslova tok til å gjelde 1. januar 2021. HK-dir har vore ein sentral aktør i arbeidet med implementering av lova. Dette gjeld særleg iverksetjing av revidert læreplan i norsk og samfunnskunnskap, iverksetjing og vidareutvikling av standardiserte element i introduksjonsprogrammet og digital ressurs med lett tilgjengelege kvalitetsstandardarar, faglege anbefalingar og verktøy til nytte for kommunane. Under pandemien har HK-dir, i samarbeid med IMDi, sørga for informasjon og rettleiing til kommunane og fylkeskommunane om integreringspakkane og mellombels lov om tilpassingar i introduksjonslova og integreringslova. Covid-19-pandemien påverka norskopplæringa også i 2021, og bruk av nettbaserte læremiddel var sentralt for å gi deltakarane eit godt læringsutbytte.

Høg kvalitet i gjennomføringa av norskprøvar, prøven i samfunnskunnskap og statsborgarprøven er avgjerande for pålitelegheita og statusen til prøvane, og for rettssikkerheita til kandidaten. I 2021 har delen av kandidatane som fekk nivå B1 eller høgare i norsk, auka i delprøven for munnleg kommunikasjon, leseforståing og skriftleg framstilling, medan det var ein marginal reduksjon i delen som fekk B1 eller høgare i lytteforståing. For prøven i samfunnskunnskap var det lik del som bestod prøven i 2021 som i 2020. Fleire bestod statsborgarprøven i 2021 enn i 2020.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 433 mill. kroner på post 01 og 8,9 mill. kroner på post 21.

Løyvinga er foreslått auka med 50 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon på kap. 271, post 01 som følge av endringane i oppgåvene mellom NOKUT og HK-dir frå 1. januar 2023, jf. Prop. 74 L (2021–2022).

Departementet foreslår å auke løyvinga med 1,4 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon på kap. 285, post 55 for administrasjonsmidlar for INTPART-programmet.

Departementet foreslår ein reduksjon på 3 mill. kroner fordi det er lagt til grunn ein økonomisk gevinst for delar av forventa effektivisering i samband med etableringa av direktoratet. Resterande gevinstar blir att i direktoratet for å styrke prioriterte oppgåver og funksjonar. Departementet foreslår ein reduksjon på 2,0 mill. kroner som følge av endra jobbreisevanar etter covid-19-pandemien og ein reduksjon på 0,6 mill. kroner som følge av at den forventa reduksjonen i pensjonspremien ved innføring av ny premiemodell i Statens pensjonskasse blei underestimert i saldert budsjett 2022, jf. nærare omtale i del I, kap. 1.

HK-dir har inngått avtale med Direktoratet for forvaltning og økonomistyring om bruk av løysing for rekneskap og lønn. Som følge av dette foreslår Kunnskapsdepartementet å overføre 0,8 mill. kroner til kap. 1605, post 01 under Finansdepartementet.

Som følge av omorganiseringa av den sentrale forvaltninga under Kunnskapsdepartementet og flytting av oppgåver mellom verksemdene er estimatet for salsinntekter til HK-dir justert opp med 27,7 mill. kroner. Departementet foreslår å auke løyvinga på post 01 med 27,7 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 3256, post 02.

Som følge av omorganiseringa er estimatet for HK-dirs inntekter frå oppdrag redusert med 3,3 mill. kroner. Departementet foreslår å redusere inntektsløyvinga på kap. 3256, post 01 med 3,3 mill. kroner og redusere utgiftsløyvinga på kap. 256, post 21 tilsvarande.

Departementet foreslår at løyvinga på kap. 256, post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3256, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3256 Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Inntekter frå oppdrag

1 529

4 824

1 649

02

Inntekter frå refusjonar o.a.

2 035

396

28 108

Sum kap. 3256

3 564

5 220

29 757

Inntektene på post 01 gjeld oppdragsverksemd for HK-dir. Inntektene på post 02 gjeld hovudsakleg refusjon av kostnader til administrasjon av Erasmus+, EU og Nordisk ministerråd. Departementet foreslår å redusere løyvinga på post 01 med 3,3 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 256, post 21. Departementet foreslår å auke løyvinga på post 02 med 27,2 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 256, post 01.

Kap. 257 Kompetanseprogrammet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

21

Særskilde driftsutgifter

7 250

7 442

70

Tilskot, kan overførast

333 542

305 873

201 253

Sum kap. 257

333 542

313 123

208 695

Programområda i Kompetanseprogrammet er

  1. treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling

  2. utprøvingar av insentivordningar for livslang læring

  3. Kompetansepluss

Treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling

Treparts bransjeprogram er eit samarbeid mellom staten og partane i arbeidslivet. Målet med bransjeprogramma er at fleire skal delta på kurs og i vidareutdanning i dei bransjane som til kvar tid inngår i ordninga. Permitterte og ledige kan òg delta i kompetanseutvikling innanfor bransjeprogramma. Ordninga skal bidra til at bransjane får tilgang til relevant kompetanseutvikling. Bransjeprogramma skal normalt vare i maksimalt tre år.

Utprøvingar av insentivordningar for livslang læring

Kompetanseprogrammet legg til rette for utprøvingar av ulike insentivordningar for å auke etterspurnaden etter livslang læring. I første omgang blir det prøvd ut eit vidareutdanningsstipend for fagarbeidarar. Fagarbeidarar tek mindre del i kompetanseutvikling enn høgt utdanna. Samstundes tyder forsking på at effekten av ordningar for kompetanseutvikling er større for dei som ikkje har høgare utdanning, og at det er gunstig å målrette slike ordningar mot personar med fagutdanning. Forsøket med vidareutdanningsstipend for fagarbeidarar starta opp i 2021 og skal gå over to år. Midlane til stipenda blir løyvde under programkategori 07.80 Utdanningsstøtte, medan midlar til forsking og administrasjon av forsøket blir løyvde under kap. 257.

Kompetansepluss

Kompetansepluss er ei tilskotsordning for opplæring i grunnleggande ferdigheiter i lesing/skriving, rekning, IKT, munnlege ferdigheiter og norsk eller samisk, slik at deltakarane får styrkt moglegheitene sine til å delta i arbeids- og samfunnslivet.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, og post 70 Tilskot, kan overførast

Post 21 finansierer utgifter til forsking på forsøket med vidareutdanningsstipend for fagarbeidarar og administrasjon av Kompetanseprogrammet i HK-dir, særleg arbeidet med bransjeprogramma. Post 70 finansierer sjølve programmet.

Mål for 2023

Fleire lærer heile livet, slik at dei kan stå lenger i arbeid.

Resultat i 2021

Tilskot til fleksible vidareutdanningstilbod

I 2021 lyste Kompetanse Noreg ut 40 mill. kroner til fleksible vidareutdanningstilbod. Det blei gitt tilsegn om til saman 34,5 mill. kroner til utvikling og pilotering av 17 utdanningstilbod. Ordninga overlappa delvis med Program for fleksible utdanningstilbod, forvalta av Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning, noko som kan forklare at det kom relativt få søknader. Frå 2022 er dei to tilskotsordningane samordna i HK-dir. Kompetanse Noreg og Diku lyste i 2021 ut 139 mill. kroner for å oppskalere eksisterande fleksible utdanningstilbod på alle utdanningsnivå. Tilbodet skulle særleg tilpassast nyutdanna, unge utan særleg jobberfaring som står heilt eller delvis utanfor arbeidslivet, og ledige og permitterte. Til saman blei det delt ut i underkant av 114 mill. kroner til i alt 133 utdanningstilbod.

Treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling

Det var totalt ti bransjeprogram i 2021. I tillegg blei det sett i gang eit kompetanseløft for utsette industriklynger og for luftfarten. I 2021 blei det gitt tilsegn på om lag 215 mill. kroner til 434 kurs/utdanningstilbod i dei ti bransjeprogramma. På grunn av stor etterspurnad har mange av utdanningstilboda i bransjeprogramma blitt gjennomførte fleire gongar. I 2021 er det gitt tilsegn til 14 500 deltakarplassar med oppstart i 2021 og 2022. Fafos evaluering av bransjeprogramma, som vart publisert i mars 2022, viser gode resultat og at samarbeidet mellom partane i bransjeprogrammet har fungert etter siktemålet. Alle bransjeprogramma ser ut til å ha møtt behova i bransjane.

Forsøk med vidareutdanningsstipend for fagarbeidarar

HK-dir gjennomførte i 2021 ei første utprøving av forsøket med ekstra utdanningsstøtte til fagarbeidarar. I samarbeid med Lånekassen, SSB og forskarar frå Frisch-senteret og Fafo blei utprøvinga gjennomført som planlagt. Om lag 5 000 fagarbeidarar, som blei delte inn i to grupper, fekk informasjon om vidareutdanning, karriererettleiing og ekstra utdanningsstøtte til fagarbeidarar. Hovudforsøket starta i 2022, og om lag 62 000 fagarbeidarar har fått tilbod om ekstra utdanningsstøtte for studieåret 2022–23, medan om lag 200 000 fagarbeidarar har fått informasjon om utdanningsmoglegheitene deira. Kunnskap om effektane av stipend og informasjon vil ligge føre i 2023.

Kompetansepluss

Tabell 4.24 Kompetansepluss arbeid 2013–21 (beløp i mill. kroner)

2013

2014

2015

2016

2017

2018

2019

2020

2021

Omsøkt beløp

182,7

186,2

200,7

293,8

311,2

304,1

324,8

265,5

274,2

Tildelt beløp

104,3

141,8

162,0

220,2

197,0

184,0

154,1

162,4

156,3

Talet på søknader

461

600

651

947

1 135

1 050

1 220

945

787

Talet på innvilga søknader

348

503

561

734

715

620

541

580

413

Talet på deltakarar

7 781

10 853

11 291

14 793

13 761

10 833

7 249

5 1921

2 0231

Tabellen omfattar søknader og tildelingar etter ordinær utlysing og særskilde satsingar. Det tildelte beløpet er for fleire av dei siste åra høgare enn løyvinga på posten. Det er finansiert med overføring frå løyvinga for tidlegare år.

1 Deltakarregistreringa er ikkje sluttført.

Kjelde: HK-dir

Tabell 4.25 Kompetansepluss frivilligheit 2017–21 (beløp i mill. kroner)

2017

2018

2019

2020

2021

Omsøkt beløp

47,4

57,3

55,4

27,5

36,8

Tildelt beløp

24,9

12,4

11,2

10,4

9,8

Talet på søknader

146

193

188

88

86

Talet på innvilga søknader

79

38

45

35

32

Talet på deltakarar

2 768

1 143

843

3711

1591

1 Deltakarregistreringa er ikkje sluttført.

Kjelde: HK-dir

Tabell 4.26 Prøveordning med fagopplæring i Kompetansepluss 2018–21 (beløp i mill. kroner)

2018

2019

2020

2021

Ombeløp

22,3

25,0

40,6

33,7

Tildelt beløp

10,5

16,3

35,6

22,9

Talet på søknader

77

78

86

87

Talet på innvilga søknader

34

52

73

68

Talet på deltakarar

458

630

3251

2721

1 Deltakarregistrering ikkje sluttført.

Kjelde: HK-dir

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 7,4 mill. kroner på post 21 og 201,3 mill. kroner på post 70.

Departementet vil vidareføre programområda i Kompetanseprogrammet. HK-dir kan prioritere mellom programområda etter kva slags behov som er viktigast.

Våren 2020 blei det etablert seks nye bransjeprogram som svar på auka arbeidsløyse og mange permitteringar etter utbrotet av covid-19-pandemien. I tillegg blei det etablert eit bransjeprogram for olje-, gass- og leverandørindustrien hausten 2020. Den maksimale lengda på bransjeprogramma er normalt tre år. Desse programma skal derfor i utgangspunktet fasast ut i 2023, og løyvinga er redusert med 60 mill. kroner som følge av dette. Dei tre bransjeprogramma som blei etablerte i år, skal vidareførast, i tillegg til programmet for maritim næring, som vart starta tidleg i 2021. HK-dir skal i november i år tilrå kva for bransjeprogram som vart etablert i 2020, som bør vidareførast til 2023. Innanfor løyvingsforslaget er det i utgangspunktet rom for å vidareføre minst éitt av desse bransjeprogramma.

Departementet foreslår å redusere løyvinga på post 70 med 50 mill. kroner ved å redusere tilskotet til Kompetansepluss.

Kap. 258 Tiltak for livslang læring

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast

254 465

148 424

129 317

Sum kap. 258

254 465

148 424

129 317

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Løyvinga finansierer tiltak innanfor kompetansepolitikken, inkludert grunnopplæring for vaksne. Størstedelen av løyvinga blir tildelt Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).

Løyvinga på posten kan òg bli nytta til drift av tidsavgrensa arbeid i utval, departement og direktorat og til tilskot til aktørar som blir involverte i kompetansepolitikken og vaksenopplæring.

Mål for 2023

Fleire lærer heile livet, slik at dei kan stå lenger i arbeid.

Resultat i 2021

Rapporteringa nedanfor gjeld nokre av dei største tiltaka som det er tildelt midlar til over posten i 2021. Det vart òg utbetalt midlar til eit tilskot for å ta igjen tapt progresjon i grunnopplæringa for vaksne, i tillegg til at det i 2021 blei utbetalt midlar til tiltak i Kompetanseprogrammet over posten, sjå kap. 257, post 70.

Forsøk med modulstrukturert opplæring for vaksne

Modulforsøket består av tre forsøk og blir gjennomført i fleire kommunar og fylkeskommunar. Innanfor forsøket med modulstrukturert førebuande vaksenopplæring (opplæring på grunnskulenivå for vaksne) har talet på deltakarar auka frå 3 483 i mai 2018 til 4 228 i juni 2021. Dei aller fleste av deltakarane er minoritetsspråklege. Innanfor delforsøket med modulstrukturert fag- og yrkesopplæring blei det rapportert om 348 deltakarar ved utgangen av 2021 og 117 beståtte fagprøvar. Kombinasjonsforsøket gir vaksne moglegheit til å kombinere opplæring i førebuande vaksenopplæring med modulstrukturert fag- og yrkesopplæring. Fire fylkeskommunar er med i forsøket, som hadde 86 deltakarar ved utgangen av 2021.

Følgeevalueringa for forsøket med modulstrukturert opplæring for vaksne vil halde på til 2023, og resultat- og effektevalueringa vil halde på til 2026.

Nasjonal digital karriererettleiingsteneste og nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriererettleiing

Den nasjonale digitale karriererettleiingstenesta karriereveiledning.no består av ein nettstad med informasjon og tilgang til profesjonell rettleiing via chat og telefon. Tenesta får gode tilbakemeldingar frå brukarane, og den supplerer lokale, fysiske karriererettleiingstenester. Nettstaden hadde 374 386 sidevisningar og 165 313 vitjingar i 2021. I 2021 blei det gjennomført over 15 000 karriererettleiingar. Av desse var om lag 85 pst. på chat og 15 pst. på telefon.

Kompetanse Noreg (HK-dir frå 1. juli 2021) har i 2021 arbeidd vidare med utvikling og implementering av eit nasjonalt, tverrsektorielt kvalitetsrammeverk for karriererettleiing. Det blei utvikla nye verktøy og innhald på nettstaden Kvalitet i karriereveiledning.

Kompetanseutvikling for lærarar i vaksenopplæringa

I samarbeid med opplæringsstadane i kommunar og fylke, universitet og høgskular fordelte statsforvaltarane i 2021 midlar til etterutdanning av lærarar som underviser vaksne etter integrerings- og opplæringslova. Ordninga bidreg til oppbygging av tilpassa regionale kompetansetilbod.

Kartleggingsverktøy og nettbasert opplæringstilbod i grunnleggande ferdigheiter

Nettstaden til Kompetanse Noreg for grunnleggande ferdigheiter blei i 2021 supplert med Nettbanksimulatoren, i tillegg til kartleggingsverktøy og e-læring i grunnleggande lesing, skriving, rekning og munnlege og digitale ferdigheiter. Ressursane inngår i det pedagogiske opplegget for opplæring i grunnleggande ferdigheiter i arbeidslivet, ved opplæringsinstitusjonar og i regi av Nav.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 129,3 mill. kroner på posten.

Departementet foreslår å flytte 0,3 mill. kroner frå posten til kap. 201, post 21 for å samle midlane til utdanningsmodellen ADMOD i Statistisk sentralbyrå på éin post.

Under er dei største tiltaka som vil bli finansierte av løyvinga på posten, omtala.

Om lag 60 mill. kroner skal gå til forsøket med modulstrukturert opplæring for vaksne. Som svar på covid-19-pandemien blei forsøket utvida med 15 mill. kroner i utvalde lærefag i fag- og yrkesopplæringa. Denne auken blir no fasa ut med halvårseffekt på 7,5 mill. kroner i budsjettforslaget for 2023. I tillegg kjem ein reduksjon i utgiftsnivået på om lag 15 mill. kroner som følge av eit venta mindrebehov i 2023.

Om lag 13 mill. kroner vil gå til tilskot til fylkeskommunar i samband med drifta av den nasjonale digitale karriererettleiingstenesta karriereveiledning.no.

Departementet vil setje av midlar til digitale verktøy for vaksne som ønsker å ta fagutdanning. Tiltaket skal bidra til at fleire vaksne tek ei fagutdanning og til betre karriererettleiing for vaksne.

Løyvinga vil òg finansiere ei rekke andre tiltak, som kompetanseutvikling for lærarar i vaksenopplæringa, utgifter til drift av Kompetansebehovsutvalet, til kvalitetsrammeverket for karriererettleiing og til deltaking i PIAAC (ei internasjonal undersøking av ferdigheitene til vaksne).

Departementet vil ved behov omdisponere midlar mellom dei ulike satsingane på posten.

Programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking

Utgifter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

260

Universitet og høgskular

40 849 415

41 437 895

42 801 762

3,3

270

Studentvelferd

309 149

1 065 746

1 094 714

2,7

271

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga

178 311

166 569

119 342

–28,4

272

Tiltak for internasjonalisering og høgare utdanning

268 754

711 893

605 775

–14,9

273

Kunnskapssektorens tenesteleverandør – Sikt

223 101

179 008

182 910

2,2

274

Universitetssenteret på Svalbard

40 032

158 265

158 265

0,0

275

Tiltak for høgare utdanning og forsking

514 604

225 363

263 601

17,0

284

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane

18 361

19 823

20 119

1,5

285

Noregs forskingsråd

5 141 414

5 141 824

5 229 094

1,7

286

Regionale forskingsfond

194 982

159 012

122 087

–23,2

287

Grunnløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

223 756

228 426

234 990

2,9

288

Internasjonale samarbeidstiltak

3 252 420

4 296 520

5 016 256

16,8

289

Vitskaplege prisar

44 969

46 138

46 047

–0,2

Sum kategori 07.60

51 259 268

53 836 482

55 894 962

3,8

Inntekter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

3271

Nasjonalt organ for kvalitet

i utdanninga

5 255

4 646

4 785

3,0

3275

Tiltak for høgare utdanning og forsking

10

10

0,0

3288

Internasjonale samarbeidstiltak

17 367

17 441

16 414

–5,9

Sum kategori 07.60

22 622

22 097

21 209

–4,0

Innleiing

Alle delar av samfunnet dreg stor nytte av kunnskap som er skapt og formidla gjennom forsking og høgare utdanning. Kvaliteten i kunnskapssektoren og ei langsiktig satsing i breidda av ulike fag- og temaområde er avgjerande for å nå dei samla måla til regjeringa på tvers av alle departement og politikkområde. Dei overordna måla for Kunnskapsdepartementet er beskrivne i kap. 1 Hovudinnleiinga, og løyvingane under kategori 07.60 er relevante for alle desse.

Hovudprioriteringar for 2023

Regjeringa legg fram langsiktige mål og prioriteringar for politikken for forsking og høgare utdanning i den nye langtidsplanen for forsking og høgare utdanning (2023–2032).

Regjeringa foreslår å auke løyvingane til universitet og høgskular med 543,1 mill. kroner for å utvide kapasiteten, der 329,2 mill. kroner er opptrapping av midlar for studieplassar Stortinget løyvde midlar til i budsjetta for 2019–22, og 207,8 mill. kroner er resultatbasert utteljing for auken på indikatorane i finansieringssystemet. Regjeringa foreslår òg midlar til 40 nye studieplassar i nukleære fag og 30 nye studieplassar i medisin.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til dei søknadsbaserte ordningane for studiesenter og desentralisert og fleksibel utdanning over heile landet gjennom Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse med 10 mill. kroner, til 199,6 mill. kroner.

Regjeringa foreslår 53,7 mill. kroner i 2023 for å utvikle ei ny teknisk plattform for Samordna opptak.

Gratisprinsippet i norsk høgare utdanning ligg fast, men Noreg er eitt av få land der òg internasjonale studentar får gratis utdanning. Regjeringa meiner at norske universitet og høgskular har så høg kvalitet i tilboda at dei kan rekruttere utanlandske studentar uavhengig av om tilbodet er gratis. Regjeringa foreslår at universiteta og høgskulane skal krevje minst kostnadsdekkande studieavgift frå studentar utanfrå EØS/Sveits frå og med haustsemesteret 2023. Løyvinga er redusert med 74,4 mill. kroner som følge av ein forventa auke i inntektene frå studieavgifter. Departementet anslår at dersom institusjonane får betalande studentar frå tredjeland på om lag 30 pst. av nivået i dag, vil det samla inntektsnivået til institusjonane ikkje gå ned. Det gir institusjonane ei god moglegheit til å auke sine samla inntektsrammer. Basert på erfaringane frå Sverige og Danmark legg regjeringa til grunn at det med studieavgift vil bli færre søkarar frå tredjeland. Ein nedgang på 70 pst. vil grovt anslått frigjere kapasitet tilsvarande 2 600 toårige studieplassar hausten 2023 og gjere det mogleg å tilby plass til fleire studiesøkarar frå Noreg og andre EØS-land. Budsjetteffekten ville ha vore 225 mill. kroner i 2023 og 900 mill. kroner fullt opptrappa i 2025 dersom denne kapasiteten skulle vore dekt av ei opptrapping av løyvinga til universitet og høgskular.

I løpet av dei siste 20 åra har løyvinga til universitet og høgskular til saman blitt auka med om lag 2,8 mrd. kroner for å få fleire stipendiatar og postdoktorar. Talet på årsverk i desse rekrutteringsstillingane har vakse frå 2 500 til 8 000. Regjeringa foreslår å fjerne øyremerkinga av midlane i rammeløyvinga til rekrutteringsstillingar. Det gir institusjonane meir fridom og tillit til å vurdere behovet for rekrutteringsstillingar opp mot andre stillingar og bidreg til å gi institusjonane meir handlingsrom til å føre ein heilskapleg kompetanse- og tilsettpolitikk.

Regjeringa foreslår at 25 mill. kroner av løyvinga til Noregs forskingsråd skal nyttast til forsking på kjernefysikk og kjernekjemi, jf. Stortingets vedtak om revidert budsjett for 2022.

Regjeringa foreslår tilsegner om tilskot til 1 650 nye studenthyblar i 2023 og vil samstundes heve den øvre kostnadsramma for å kunne få tilskot til å bygge studentbustadar til 1 450 000 kroner per hybeleining. Tilskotssatsane blir justerte med forventa prisvekst. Regjeringa foreslår 141,5 mill. kroner til ei tilskotsordning for energitiltak i studentbustadar.

Regjeringa foreslår 1 450 mill. kroner til livsvitskapsbygget og 525 mill. kroner til nytt vikingtidsmuseum, begge ved Universitetet i Oslo, og 259 mill. kroner til Blått bygg ved Nord universitet. Vidare foreslår regjeringa 73 mill. kroner til vidare prosjektering av NTNU Campussamling. Midlane blir i all hovudsak løyvde over Kommunal- og distriktsdepartementets budsjett.

Regjeringa vil setje ramma for Retur-EU til 500 mill. kroner frå og med 2023 for å støtte opp om dei norske institutta si deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europa.

Det økonomiske handlingsrommet i statsbudsjetta for å dekke kostnader og nye satsingar vil bli redusert i åra framover. Det er nødvendig å omprioritere innanfor gjeldande budsjettrammer. Som følge av dette foreslår regjeringa reduksjonar over ulike kapittel under kategori 07.60 på totalt 568,3 mill. kroner for å frigjere midlar til nye satsingar og omprioriteringar innanfor sektoren høgare utdanning og forsking. Samla sett er det ein netto auke i løyvinga over kategori 07.60 på 2,1 mrd. kroner samanlikna med 2022 og med 8,5 mrd. kroner samanlikna med 2019, året før covid-19-pandemien. Samla er løyvingsforslaget til universiteta og høgskulane nominelt 1,4 mrd. kroner høgare enn i 2022. Det er ein auke på 0,3 pst. utover justering for prisvekst. Det er ein reduksjon i løyvinga på 65,4 mill. kroner i programma for internasjonal samhandling og kvalitet i høgare utdanning forvalta av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, ein reduksjon i løyvinga til regionale forskingsfond på 41,4 mill. kroner, ein reduksjon i løyvinga til verksemdskostnadene til Noregs forskingsråd på 62,8 mill. kroner og ein reduksjon i tilskotet til studentsamskipnadene på 31 mill. kroner. Regjeringa foreslår ein reduksjon i løyvinga til alle statlege verksemder som følge av endra jobbreisevanar, og denne utgjer samla 199 mill. kroner under kategori 07.60.

Overordna rammer i politikken for forsking og høgare utdanning

Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning 2023–2032

Regjeringa legg fram ein ny langtidsplan samstundes med årets budsjettproposisjon: Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning (2023–2032). Det er stor kontinuitet i måla og prioriteringane mellom den nye planen og den førre, men òg nokre viktige endringar for å løfte fram berekraft, helse, samfunnssikkerheit og tillit på ein tydelegare måte. Dei tre måla er:

  • styrkt konkurransekraft og innovasjonsevne

  • miljømessig, sosial og økonomisk berekraft

  • høg kvalitet og tilgjenge i forsking og høgare utdanning

I tillegg til måla har regjeringa seks prioriterte område:

  • hav og kyst

  • helse

  • klima, miljø og energi

  • mogleggjerande og industrielle teknologiar

  • samfunnssikkerheit og beredskap

  • tillit og fellesskap

Planen lanserer samfunnsoppdrag som eit nytt verkemiddel for å finne løysingar på definerte problem innan ei viss tidsramme. Planen tek også for seg temaet tillit til forskingsbasert kunnskap og akademisk fridom, og varslar ei stortingsmelding om forskingssystemet. Nærare omtale er å finne i del III, kap. 5.

Ny universitets- og høgskulelov

Departementet har følgt opp universitets- og høgskuleutvalet (NOU 2020: 3) med nokre forslag til endringar i lova, jf. Prop. 111 L (2020–2021), jf. Innst. 517 L (2020–2021) og Prop. 74 L (2021–2022), jf. Innst. 287 L (2021–2022). Departementet gjer no ein heilskapleg gjennomgang av lova og tek sikte på å legge fram forslag til ny universitets- og høgskulelov i 2023. Der vil også lovendringsforslaga frå NOU 2022: 2 Akademisk ytringsfrihet bli vurderte.

Finansieringssystemet for universiteta og høgskulane

Under Regjeringa Solberg sette Kunnskapsdepartementet ned eit ekspertutval 9. september 2021 for å gjennomgå finansieringa av universitet og høgskular. Utvalet fekk eit revidert mandat under Regjeringa Støre 5. november 2021. Regjeringa la vekt på at finansieringssystemet skal fremje det breie samfunnsoppdraget til lærestadane, vareta ein desentralisert struktur og bidra til betre studiekvalitet og livslang læring. Hatlen-utvalet foreslo å vidareføre hovudtrekka i systemet for fastsetjing av rammeløyvinga, men forenkle systemet for resultatbasert utteljing og legge større vekt på utviklingsavtalar i styringa. Utvalet foreslo å behalde indikatorane for avlagde studiepoeng og doktorgradar og å redusere talet på finansieringskategoriar frå dagens seks til mellom to og fire, men overlét til Kunnskapsdepartementet å greie ut ei konkret avgrensing av kategoriane og storleiken på satsane. Kunnskapsdepartementet vil i løpet av 2022 greie ut finansieringskategoriane vidare i dialog med sektoren, med utgangspunkt i at talet bør reduserast. Regjeringa vil vurdere heilskapen i finansieringssystemet, inkludert moglege endringar i kategoriane, før det blir gjort endringar i systemet. Regjeringa vil ikkje knyte finansiering til utviklingsavtalane med dei statlege universiteta og høgskulane. Avtalane skal vere eit verktøy for å forbetre styringa og måloppnåinga til institusjonane innanfor dei budsjettrammene som gjeld til kvar tid, ikkje for å fastsetje rammene. Sjå nærare omtale av Hatlen-utvalets vurderingar i del III, kap. 13.

Utdanning i tråd med samfunnsbehova

Det er aukande mangel på kompetent arbeidskraft

God tilgang på høgare utdanning er avgjerande for at den einskilde og samfunnet skal få kompetansen som trengst for å løyse oppgåvene samfunnet står overfor. Dette gjeld både dei unge som søker ein solid og fleksibel grunnkompetanse som rustar dei for morgondagens arbeidsliv, og arbeidstakarar i alle aldrar som vil vidareutvikle eller omstille seg i takt med samfunnsbehova. Arbeidsgivarar i heile landet er avhengige av å få tilsett meir høgt utdanna personell for å utvikle verksemdene sine. Kompetansebehova innanfor helse- og omsorgssektoren aukar, og mangel på spesialisert kompetanse kan bli ein flaskehals for utvikling av berekraftig industri og andre høgproduktive verksemder som Noreg treng framover. Skal vi dekke behova til både utdanningssøkarar og samfunnet i stort, treng vi fleire gode og relevante utdanningar som er tilgjengelege der folk bur.

Arbeidsløysa er låg i dag. Framskrivingane viser at ein mindre del av befolkninga framover vil vere i arbeidsfør alder, og det kan bli vanskelegare å rekruttere arbeidskraft frå utlandet. Det blir derfor endå viktigare framover å prioritere utdanningstilbodet slik at det best mogleg passar med behova i samfunnet.

Kapasitet til utdanning og forsking ved universitet og høgskular

Regjeringa foreslår å auke løyvingane til universitet og høgskular med til saman 543,1 mill. kroner for å utvide kapasiteten. Løyvinga blir fordelt gjennom tildeling av midlar til studieplassar og resultatbasert utteljing for resultata på indikatorane i finansieringssystemet. Av auken er 108,4 mill. kroner ei opptrapping for ordinære tildelingar til studieplassar i budsjetta for 2019–22. Løyvinga er vidare auka med 49,2 mill. kroner for mellombels utdanningskapasitet for flyktningar frå Ukraina, jf. Innst. 270 S (2021–2022) og Prop. 78 S (2021–2022). Den resultatbaserte utteljinga er på 207,8 mill. kroner.

I 2020 løyvde Stortinget midlar tilsvarande 4 000 fleire studieplassar i høgare utdanning i samband med den høge arbeidsløysa under covid-19-pandemien. I budsjettforslaget for 2020 la regjeringa då til grunn at den samla kapasiteten i høgare utdanning skulle normaliserast i takt med konjunkturane. Løyvingane blei trappa opp i 2021 og 2022 for å vidareføre opptaket for desse plassane. Mesteparten av plassane i 2020 blei tildelt som fireårige plassar. Det vil seie at institusjonane kunne ta opp både til ordinære to- eller treårige utdanningar og integrerte utdanningar på fem eller seks år, og at ein rekna at den gjennomsnittlege lengda ville vere fire år. I det faktiske opptaket har den gjennomsnittlege lengda for gradsutdanningar vore nærare tre år, og under tre år dersom ein reknar med ikkje-gradsgivande utdanningar. Løyvingsforslaget for universitet og høgskular i 2023 inneber ein realvekst på 0,3 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2022, og på 2,2 pst. samanlikna med 2019. Regjeringa legg vidare til grunn at innføringa av studieavgift for studentar utanfrå EØS/Sveits vil redusere pågangen av søkarar frå desse landa. Dette vil gjere fleire plassar tilgjengelege for norske søkarar og andre EØS-borgarar. Eit grovt anslag er at det kan bli frigjort kapasitet til denne gruppa tilsvarande 2 600 toårige studieplassar hausten 2023. Budsjetteffekten ville ha vore 225 mill. kroner i 2023 og 900 mill. kroner fullt opptrappa i 2025 dersom denne kapasiteten skulle vore dekt av ei opptrapping av løyvinga til universitet og høgskular. Regjeringa legg til grunn at den samla opptakskapasiteten kan vidareførast på om lag same nivå i 2023 som i 2022.

Økonomien er no i ein sterk oppgangskonjunktur, og arbeidsløysa er svært låg. Ut frå situasjonen i dag er det derfor grunn til å framover trekke ut midlar til plassane grunngitte i situasjonen på arbeidsmarknaden. Løyvinga er derfor redusert med 19 mill. kroner for plassane tildelte i 2020 særleg til korte utdanningar. Regjeringa vurderer årleg behova for kapasiteten i høgare utdanning ut frå den gjeldande situasjonen, og dei endelege rammene for 2024 vil bli fastsette i dei ordinære budsjettprosessane.

Regjeringa ser behov for at fleire legar blir utdanna i Noreg. Regjeringa foreslår derfor til saman 26 mill. kroner til 30 nye studieplassar i medisin og som opptrapping for dei 80 plassane tildelte i 2020. Det er også behov for meir kompetanse innanfor nukleære fag mellom anna for å bidra til trygg nedbygging av atomanlegga i Noreg og for styrkt beredskap for mogleg spreiing av radioaktive stoff frå utlandet. Regjeringa foreslår derfor midlar til 40 nye studieplassar i nukleære fag.

Fleksibel og desentralisert utdanning

Regjeringa vil at studietilbod skal bli endå meir tilgjengelege for folk i heile landet som av ulike årsaker ikkje kan studere ved ein av dei faste studiestadane til fagskular, universitet og høgskular. Meir tilgjengeleg utdanning i distrikta medverkar til å mobilisere verksemder og innbyggarar lokalt til å ta meir utdanning. Gjennom søknadsbaserte ordningar tildelte Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) 184 mill. kroner i 2022 for å styrke fleksibel og desentralisert utdanning, inkludert den søknadsbaserte ordninga for studiesenter som blei oppretta i 2022. Studiesentera spelar ei viktig rolle i å legge til rette for og stimulere til at folk i distrikta kan ta ei utdanning som arbeidslivet i regionen har behov for. Regjeringa vil halde fram å prioritere satsinga på desentralisert og fleksibel utdanning og studiesenter i 2023.

I tillegg er det frå og med hausten 2022 på ny tilbod om barnehage- og grunnskulelærarutdanning på Nesna. Kunnskapsdepartementet tildelte 60 mill. kroner til Nord universitet og 4 mill. kroner til Studentinord i 2022, og desse tildelingane blir vidareførte.

Stortingsmelding om kompetansebehov

Regjeringa vil legge fram ei melding til Stortinget om kompetansebehov på kort og lang sikt. Meldinga vil kartlegge kva for utdanningstilbod det er nødvendig å prioritere høgast ved universitet, høgskular, fagskular og vidaregåande opplæring, korleis arbeidsstyrken kan få oppdatert kompetansen sin, og korleis fleire kan bli inkluderte i arbeidsstyrken.

Profesjonsutdanningane

Profesjonsutdanningar av høg kvalitet er viktige for å gi tilstrekkeleg tilgang på høg kompetanse i både offentlege og private tenester til innbyggarane. I takt med at samfunnet og yrkeskrava endrar seg, må også utdanningane endre seg. Regjeringa ønsker sterke profesjonsutdanningar av høg kvalitet i heile landet og vil legge fram ei stortingsmelding om profesjonsutdanningane i 2024.

Det er behov for fleire sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar. I 2022 bad regjeringa fleire av universiteta og høgskulane om å ta opp fleire til desse utdanningane, tilsvarande 500 studieplassar. Dei fekk finansiering tilsvarande 300 plassar og måtte utover det omprioritere til denne kapasitetsauken i sjukepleiarutdanningane innanfor uendra rammeløyving. Mangel på praksisplassar er ei utfordring både for sjukepleiarutdanningane og for fleire av dei andre profesjonsutdanningane. Regjeringa har derfor inngått ein bilateral samarbeidsavtale med KS om kvalitets- og kapasitetsauke i praksis for helse- og sosialfagstudentar. Partane vil vere pådrivarar for å få til meir og betre samarbeid mellom universitet og høgskular og kommunar for å bidra til meir praksis for helse- og sosialfagstudentar i den kommunale helse- og omsorgstenesta. Det er også behov for å ta i bruk fleire praksisplassar i kommunar med avstand frå campus. For 2022 endra derfor Kunnskapsdepartementet innrettinga av ordninga i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse for kommunal praksis i helse- og sosialfagutdanningane som blei oppretta i 2019. Midlane i 2022 skulle brukast til bu- og reisestønad til studentane og andre tiltak som støttar opp under kvalitet og kapasitet i praksis i kommunar som ligg langt frå campus.

Regjeringa fører vidare strategien Lærarutdanning 2025 og set no i gang eit arbeid med å redusere rammeplanstyringa av lærarutdanningane. Eitt av måla er at det samla kvalitetsutviklingsarbeidet i lærarutdanningane, med god nasjonal koordinering og styrkt samarbeid med praksisfeltet, gjer det mogleg å redusere rammeplanstyring til eit minimum.

Regjeringa foreslår ei ny løyving på 50 mill. kroner til auka kvalitet i barnehagelærarutdanninga, og å vidareføre ei løyving på 10 mill. kroner for å rekruttere fleire kvalifiserte søkarar til lærarutdanningane. Sjå omtale under høvesvis kap. 231, post 21 og kap. 226, post 22.

Studieavgift for internasjonale studentar

Noreg er eit av få land som tilbyr gratis utdanning til alle internasjonale studentar. Samstundes må norske studentar i dei fleste tilfelle betale studieavgift for å studere i land utanfor EØS. Danmark og Sverige innførte studieavgift for studentar utanfrå EØS/Sveits i høvesvis 2006 og 2011. Det er ein internasjonal marknad for høgare utdanning med høg betalingsvilje. I Noreg har det over lang tid vore arbeidd målretta med at høgare utdanning skal halde høg internasjonal kvalitet. Norske institusjonar er dermed godt rusta til å rekruttere internasjonale studentar basert på kvaliteten i tilboda, og ikkje med grunnlag i at dei er gratis. Regjeringa foreslår derfor at universiteta og høgskulane skal krevje minst kostnadsdekkande studieavgift frå studentar utanfrå EØS/Sveits frå og med haustsemesteret 2023. Regjeringa kjem ikkje til å foreslå studieavgifter for norske studentar og rokke ved gratisprinsippet i høgare utdanning.

Regjeringa reduserer løyvinga til universitet og høgskular ut frå eit overslag på kva dei kan få i auka inntekter frå studieavgifter frå internasjonale studentar. Overslaget er lågt samanlikna med talet på internasjonale studentar i dag, og tek høgde for at det kan bli færre søkarar utanfrå EØS etter innføring av studieavgift. Dette gir institusjonar med høg kvalitet eit høve til å utvide dei samla rammene sine gjennom inntektene dei får frå internasjonale studentar, og regjeringa vil ikkje inndra ytterlegare midlar frå institusjonar som lykkast med å skaffe større inntekter enn departementet har lagt til grunn for reduksjonen. Ressursar som blir ledige frå eit auka inntektsnivå eller frå ein lågare pågang av studentar frå tredjeland, vil betre kapasiteten til å utdanne studiesøkarar frå Noreg og andre EØS-land. Eit grovt anslag er at det kan bli frigjort kapasitet til denne gruppa tilsvarande 2 600 toårige studieplassar hausten 2023. Budsjetteffekten ville ha vore 225 mill. kroner i 2023 og 900 mill. kroner fullt opptrappa i 2025 dersom denne kapasiteten skulle vore dekt av ei opptrapping av løyvinga til universitet og høgskular.

Kunnskapsdepartementet vil legge fram eit lovforslag som gjer det mogleg for dei statlege institusjonane å krevje studieavgift frå dei aktuelle studentane, og sender dette på høyring hausten 2022. Endringa vil ikkje gjelde internasjonale studentar som kjem på utveksling innanfor utvekslingsavtalar med norske institusjonar eller på nasjonalt nivå. Av utvekslingsstudentane kjem dei aller fleste innanfor slike nasjonale eller institusjonelle avtalar som inneber gjensidig utveksling. Forslaget vil derfor i liten grad påverke studentutvekslinga med tredjeland, inkludert dei prioriterte samarbeidslanda i Panorama-strategien. Ettersom utveksling gjennom dei bilaterale utviklingsavtalane til institusjonane er unnateke for studieavgift, vil endringa heller ikkje påverke moglegheitene for norske studentar til å dra på utveksling i utlandet.

Bygg for undervisning og forsking

Regjeringa avgjorde våren 2022 å redefinere prosjektet for NTNU Campussamling slik at det blir konsentrert om å flytte fagmiljøa på Dragvoll til Gløshaugen. Dette er ei forenkling av det opphavlege prosjektet, med ein reduksjon i areala for nybygg og rehabilitering på om lag 30 pst. og om lag halvert forventa kostnad. Sjå omtale under kap. 260, og kap. 530 i Prop. 1 S (2022-2023) for Kommunal- og distriktsdepartementet.

Det blei gitt startløyving til rehabilitering og utbygging av Vikingtidsmuseet i 2020. I starten av 2022 varsla Statsbygg om at dei eksisterande planane ikkje kan bli realiserte innanfor kostnadsramma, og det har vore nødvendig å gjere endringar i gjennomføringa av prosjektet, jf. omtale i Prop. 115 S (2021-2022). Nokre av løysingane i prosjektet er tekne ut, og det reduserer kostnadene med om lag 250 mill. kroner. Eit arbeid er i gang for å berekne og kvalitetssikre kostnadsramma for det reviderte prosjektet på nytt, og regjeringa vil kome tilbake til Stortinget med forslag til ny kostnadsramme. For å unngå unødvendige forseinkingar i prosjektet har regjeringa gitt Statsbygg klarsignal til å gå i gang med gjennomføringa av prosjektet, avgrensa til nødvendig grunnarbeid og sikring av objekt, før Stortinget har vedteke ny kostnadsramme.

Dei siste åra har betydelege investeringsmidlar gått til arbeidet med eit nytt bygg for livsvitskap ved Universitetet i Oslo. Prosjektet fekk startløyving i 2018, men blei endra hausten 2020 og våren 2021, då det blei vedteke at bygget også skulle omfatte lokale for Klinikk for laboratoriemedisin ved Oslo universitetssjukehus.

I statsbudsjettet for 2022 blei det gitt startløyving til Blått bygg i Bodø for Nord universitet, og bygginga er sett i gang. Regjeringa foreslår i 2023 midlar til å halde fram prosjektering av og arbeid med Livsvitskapsbygget, Vikingtidsmuseet, NTNU Campussamling og Blått bygg.

Vedlegg 3 gir ei samla oversikt over prosjekt under bygging eller prosjektering i sektoren. Regjeringa greier ut alternativ for betre insentiv i vurderinga og gjennomføringa av nye bygg ved dei sjølvforvaltande institusjonane i universitets- og høgskulesektoren gjennom kapitalbelastning og vil kome tilbake til saka overfor Stortinget på ein eigna måte. Regjeringa vil òg greie ut og eventuelt teste ut alternativ til den noverande modellen for statlege byggeprosjekt i statleg sivil sektor, herunder prosjekt i universitets- og høgskulesektoren.

Studentvelferd

Studentbustadar

I tilskotsordninga for studentbustadar fastset Kunnskapsdepartementet ei øvre kostnadsramme per hybeleining som prosjekta må halde seg innanfor for å kunne få tilskot. Etter 2020 har studentsamskipnadene hatt utfordringar med å bygge studentbustadar innanfor denne ramma. Samskipnader som har fått tilsegn om tilskot, utset prosjekta eller leverer tilbake tilsegn. I 2022 blei det lyst ut tilskot til 1 650 nye hybeleiningar. Samskipnadene har dei siste åra søkt om færre tilskot enn tidlegare år. I 2021 leverte studentsamskipnadene tilbake 1 076 tilsegner om tilskot som dei fekk i åra 2017–21. Ifølge Husbanken er det risiko for at bygging av 1 000 planlagde studenthyblar ikkje blir sett i gang på grunn av for låge kostnadsrammer. Dei seinare prosjekta viser i tillegg at det ikkje er store skilnader i kostnadene ved å bygge studentbustadar mellom ulike delar av landet. Frå 2021 har tomtekostnader kunna haldast utanfor berekninga av kostnadsgrunnlaget. Regjeringa har som mål at det blir bygd 3 000 nye studentbustadar årleg. For at samskipnadene skal klare å bygge fleire nye bustadar, vil regjeringa setje ei kostnadsramme på 1 450 000 kroner per hybeleining som skal gjelde for heile landet. Til no har byggeprosjekta måtta halde seg innanfor den nominelle kostnadsramma frå tidspunktet dei får tilsegn om tilskot. Det gjer det utfordrande å handtere oppgang i prisane undervegs i prosjekta. Prosjekt som er ferdige innan fire år etter tilsegna om tilskot, skal heretter måtte halde seg innanfor den prisjusterte ramma som gjeld når bygget står ferdig. Kunnskapsdepartementet forventar at studentsamskipnadene med dette greier å bygge dei tilsegnene som blir lyste ut og utan at det fører til vesentleg auke i husleiga. Det er òg sett i gang eit arbeid med å vurdere forslag til endringar i plan- og bygningslova om å gi studentbustadar eit eige formål i kommunale arealplanar.

Regjeringa foreslår til saman 480 mill. kroner årleg til energitiltak gjennom Husbanken og som ledd i dette også opprette ei tilskotsordning for energitiltak i studentbustadar.

Psykisk helse

Levekårsundersøkinga blant studentar for 2021 viser at prosentdelen studentar med god helse har gått ned frå 89 pst. til 69 pst. frå førre undersøking i 2010. Tre av ti studentar er lite tilfredse med livet. Dei unge heiltidsstudentane er dei som er mest einsame og slit med psykiske plager. Regjeringa tek denne utviklinga på alvor og ønsker å styrke arbeidet i regi av kommunar og studentsamskipnader for den psykiske helsa til studentar. Regjeringa vil nytte Levekårsundersøkinga blant studentar og Studentenes helse og trivselsundersøkelse (ShoT) saman med anna informasjonsgrunnlag, mellom anna Folkehelsebarometeret og Ungdata, som grunnlag for å vurdere framtidige tiltak.

Digitalisering

Samordna opptak

Samordna opptak står for gjennomføringa av opptaket til høgare utdanning, som i 2022 gjaldt over 130 000 søkarar. Dei digitale systema for behandling av søknader blei utvikla på 1990-talet og tidleg på 2000-talet og er i dag utdaterte. Dei har høg driftsrisiko, er lite brukarvennlege og oppfyller ikkje lovkrava til datasystem. Arbeidet med å planlegge eit nytt system er allereie i gang, og frå 2023 skal Kunnskapssektorens tenesteleverandør (Sikt) og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) starte utviklinga av eit nytt datasystem og bygge ei framtidsretta løysing. Målet med prosjektet er å utvikle eit sikkert, påliteleg og framtidsretta system, slik at opptaket til høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning kan gjennomførast også i komande år. Planane legg til grunn at bruksområdet for systema kan bli utvida til å omfatte opptak til fleire typar utdanning i framtida.

Digital omstilling

Digital omstilling i undervisning, forsking og innovasjon blir avgjerande for universiteta og høgskulane når dei skal møte regionale kompetansebehov og skape eit innovativt næringsliv i heile landet. Den nasjonale strategien for digital omstilling i universitets- og høgskulesektoren 2021–25 skal gi retning for arbeidet med å utnytte digital teknologi. Strategien handlar mellom anna om å gi fleire tilgang til utdanning uavhengig av bustad og livssituasjon, om undervisningskvalitet og studentaktive læringsformer, om i kva grad studietilboda gir nødvendig yrkestilpassa digital kompetanse, og om open forsking og deling av data og andre digitale ressursar. Universiteta og høgskulane er i gang med å følge opp den nye digitaliseringsstrategien gjennom eigne strategiar og eige utviklingsarbeid. HK-dir har i samarbeid med universitets- og høgskulesektoren sett i gang arbeidet med ein handlingsplan for å følge opp strategien, som etter planen blir lansert i november 2022.

Rapporten Digital tilstand 2021 – Støttemiljøers arbeid med digitalisering og utdanningskvalitet ved universiteter og høyskoler frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) viser at oppgåvene og arbeidsmåtane i støttemiljøa blei svært påverka av covid-19-pandemien. Mange støttemiljø har opplevd at meir digital kompetanse hos fagtilsette har skapt større rom for utforsking av pedagogiske moglegheiter. NIFU-rapporten Pedagogisk bruk av digital teknologi i høyere utdanning viser at bruk av digital teknologi i høgare utdanning kan bidra til meir studentaktiviserande undervisningsformer, pedagogisk utvikling særleg i praksisnære fag og betre tilgang til høgare utdanning. Dette føreset at teknologien inngår i eit heilskapleg lærings- og undervisningsdesign, og at undervisarar og studentar har forståing for og kompetanse i pedagogisk bruk av digitale verktøy.

Eit tiltak i Nasjonal strategi for digital sikkerhetskompetanse er å «styrke arbeidet med digital sikkerhet i ingeniør- og teknologiutdanningene». UHRs fagstrategiske eining for matematikk, naturvitskap og teknologi, UHR-MNT, har på oppdrag frå departementet laga eit forslag til korleis institusjonane kan gjennomføre dette for desse faga. Rapporten kom i november 2021. Kunnskapsdepartementet ber universiteta og høgskulane om å følge opp dette arbeidet, og i tillegg vurdere korleis dei kan integrere læring om digital tryggleik også i andre relevante utdanningar.

Internasjonalt samarbeid og utveksling

EU-programma for forsking og utdanning

Noreg kan ikkje møte dei store samfunnsutfordringane åleine, og vi er avhengige av internasjonalt samarbeid og dialog på tvers av landegrensene. Noregs deltaking i EUs langtidsprogram for forsking og innovasjon (Horisont Europa) og for utdanning, opplæring, ungdom og idrett (Erasmus+) er vesentleg for å utvikle dei norske forskings-, innovasjons- og utdanningsmiljøa. Deltakinga i langtidsprogramma saman med ei brei og god involvering i dei europeiske områda for utdanning (EEA) og for forsking (ERA) gjer det mogleg å knyte saman utdanning og forsking og møte dei store globale utfordringane i fellesskap.

Regjeringa vil setje ramma for Retur-EU til 500 mill. kroner frå og med 2023 for å støtte opp om dei norske institutta si deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europa. Sjå nærare omtale under kap. 285, post 53.

Panorama-strategien

Samarbeid med leiande internasjonale kunnskapsmiljø bidreg til å auke kvaliteten i norske fagmiljø, og regjeringa er oppteken av eit sterkt utdannings- og forskingssamarbeid med strategisk viktige land utanfor EU/EØS. Gjennom oppfølging av Panorama – strategi for høyere utdannings- og forskningssamarbeid med Brasil, Canada, India, Japan, Sør-Korea, Kina, Russland, Sør-Afrika og USA (2021–2027) bidreg utdannings- og forskingsmiljøa til etablering, bygging og vidareutvikling av strategiske partnarskapar av framifrå kvalitet gjennom støtte til internasjonale koplingar mellom høgare utdanning, forsking og innovasjon.

Ansvarleg internasjonalt samarbeid

Regjeringa er oppteken av å få til ein god balanse mellom ein framleis open og internasjonalt orientert høgare utdannings- og forskingssektor og behovet for auka varsemd slik at norsk kunnskap og teknologi ikkje blir misbrukt i strid med våre tryggleiks- og forsvarspolitiske interesser. Dette er eit tema som i dag blir diskutert i dei fleste vestlege land. Bakteppet er den geopolitiske utviklinga, som også påverkar rammevilkåra for internasjonalt kunnskapssamarbeid.

For å bidra til meir kunnskap og medvit om ansvarleg internasjonalt samarbeid har Kunnskapsdepartementet etablert Rundebord for akademisk samarbeid med Kina som ein fast møteplass for informasjonsutveksling mellom myndigheitene og norske høgare utdannings- og forskingsinstitusjonar. I tillegg har Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse og Noregs forskingsråd i 2022 fått i felles oppdrag å utvikle nasjonale retningslinjer for ansvarleg internasjonalt samarbeid. Retningslinjene skal vere eit praktisk verktøy som rustar institusjonane til å gjere gode vurderingar av konkrete samarbeid, slik at nasjonale interesser blir ivaretekne.

Utanriksdepartementet jobbar for tida med endringar i eksportkontrollregelverket, mellom anna med innføring av ei lisensordning. Dette vil få praktiske konsekvensar for høgare utdannings- og forskingssektoren, og Kunnskapsdepartementet følger opp prosessen i tett dialog med sektoren. Det er viktig for Kunnskapsdepartementet at regelverket blir følgt, og samstundes at den nye lisensordninga ikkje skaper urimelege hinder for sektoren og det internasjonale samarbeidet.

Innovasjon

Strategi for at forsking og utviklingsarbeid i næringslivet skal utgjere to pst. av BNP innan 2030

Evna til å utvikle og ta i bruk ny kunnskap er blant dei viktigaste konkurransefaktorane for norsk næringsliv. Det er avgjerande både for omstilling i eksisterande næringar og som eit grunnlag for nye næringar. Næringslivet står for den største delen av Noregs samla innsats innanfor forsking og utviklingsarbeid (FoU), og det har vore ei positiv utvikling i FoU-investeringane i næringslivet dei seinare åra. Samstundes er det framleis slik at norsk næringsliv samla investerer litt mindre i FoU enn gjennomsnittet for OECD-landa.

Noreg har til no i stor grad lykkast med ambisjonen om at offentlege utgifter til FoU skal tilsvare éin pst. av BNP, medan vi framleis ligg langt unna målet om at FoU-innsatsen samla skal tilsvare tre pst. av BNP. Nivået samla i 2020 tilsvarte 2,28 pst. av BNP, og 1,08 pst. for forskinga og utviklingsarbeidet utført i næringslivet.

Gitt betydninga av FoU for Noregs framtidige omstillings- og verdiskapingsevne er det ikkje godt nok at Noreg presterer middels på FoU-investeringane i næringslivet. Regjeringa vil derfor utvikle ein strategi for korleis det offentlege kan legge best mogleg til rette for ei styrking av FoU-innsatsen til næringslivet.

Kap. 260 Universitet og høgskular

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

50

Statlege universitet og høgskular

38 917 577

39 361 248

40 600 307

70

Private høgskular

1 931 838

2 076 647

2 201 455

Sum kap. 260

40 849 415

41 437 895

42 801 762

Post 50 Statlege universitet og høgskular og post 70 Private høgskular

Mål for 2023

Følgande overordna mål gjeld for universitet og høgskular som får løyving frå Kunnskapsdepartementet over kap. 260:

  • Høg kvalitet i utdanning og forsking

  • Berekraftig samfunnsutvikling, velferd og innovasjon

  • God tilgang til utdanning, forsking og kompetanse i heile landet

Måla er fastsette etter innspel frå sektoren og for å reflektere dei aktuelle politiske hovudprioriteringane for universitet og høgskular. Måla er òg sette i samanheng med måla i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning som gjeld uavhengig av sektor.

Departementet har utviklingsavtalar med kvart av dei statlege universiteta og kvar av høgskulane. Avtalane inneheld differensierte mål og styringsparametrar som gjer greie for strategiske prioriteringar som den einskilde institusjonen har for å bidra til å nå dei nasjonale sektormåla. Departementet har ein prosess med institusjonane i 2022 for å fastsetje nye utviklingsavtalar for perioden 2023–26. Utviklingsavtalane inngår i tildelingsbreva til institusjonane. Departementet har ikkje utviklingsavtalar med dei private høgskulane, men følger opp mål og resultat som del av tilskotsforvaltninga.

Resultat i 2021

God tilgang til utdanning

Hausten 2021 var det om lag 304 000 registrerte studentar ved norske universitet og høgskular med finansiering frå Kunnskapsdepartementet. Auken på 12 000 samanlikna med året før er om lag like stor som den rekordstore auken i 2020. Omrekna til heiltidsekvivalentar var studenttalet 264 000. SSBs tal viser at det var rundt 13 000 norske studentar ved universitet og høgskular i utlandet i 2021. Dette talet har gått ned kvart år sidan 2014 då det var rundt 16 000.

I 2021 var 38 pst. i aldersgruppa 19–24 år studentar i Noreg eller i utlandet. Talet har stige ganske jamt sidan 2008. Blant dei med minst éin forelder med høgare utdanning steig prosentdelen med nesten 4 prosenteiningar frå 2008, til 50 pst. i 2021. Blant dei med foreldre utan høgare utdanning steig det med over 6 prosenteiningar, til 27 pst.

I 2021 var nesten 10 pst. av alle studentane registrerte på tilbod med nettbasert eller desentralisert undervisning. Dei siste ti åra har det blitt mellom 500 og 2 000 fleire studentar i året på nettbaserte tilbod. I 2020 og 2021 var auken klart høgare, med høvesvis 4 300 og 3 500 fleire studentar på slike tilbod. Høyskolen Kristiania stod for 58 pst. av auken i den nettbaserte undervisninga i sektoren samanlikna med 2019. Trenden med at desentralisert undervisning går tilbake medan det nettbaserte aukar, heldt fram i 2021, men biletet er ulikt mellom institusjonane.

Høg kvalitet i utdanning og forsking

Utdannings- og forskingsmiljø

Kvaliteten i forsking og utdanning blir avgjort av i kva grad fagmiljøa skaffar fram ny kunnskap og får studentane til å lære, og korleis denne kunnskapen bidreg til samfunnsutviklinga. Kunnskap gir nytte for samfunnet over svært lang tid, men lèt seg ikkje tallfeste direkte. Kvaliteten kan derfor ikkje avgjerast kvantitativt eller på kort sikt. Kvantitative rapportar kan likevel gi relevant informasjon om kvalitetsutviklinga, sjølv om dei ikkje gir eit heilskapleg bilde.

Hausten 2021 blei Studiebarometeret gjennomført for niande gong. Undersøkinga viser at dei fleste studentane er nøgde. På ein skala frå 1 til 5 er gjennomsnittet 4,0 for spørsmålet om studentane er einige i påstanden om at dei alt i alt er nøgde med studieprogrammet sitt. Det er det same som i 2020, men lågare enn 4,1, som det har vore tidlegare. Om lag 10 pst. var ikkje einige i påstanden, ein auke frå mellom 7 og 8 pst. før 2020. At auken ikkje er større, kan tyde på at grepa universiteta og høgskulane har teke for å motverke dei negative effektane av pandemien, i stor grad har fungert. Samstundes seier studentane at dei to siste åra har vore tøffe for dei, både sosialt og fagleg. Over halvparten meiner at kvaliteten på utdanninga over nett ikkje har vore like god som han kunne ha vore ved fysisk undervisning.

Fagleg rettleiing og tilbakemeldingar på studentarbeid er eit område i Studiebarometeret der studentane over tid har vore mindre nøgde enn i svara på mange av dei andre spørsmåla, og resultata gjekk òg noko ned i 2021. På ein skala frå 1 til 5 svarte like under halvparten 4 eller 5 på om dei var nøgde med evna dei fagleg tilsette hadde til å gi konstruktive tilbakemeldingar. I undervisarundersøkinga til NOKUT frå 2021 svarte 12 pst. av undervisarane at studentane på deira emne berre i liten grad fekk tilbakemelding om den faglege utviklinga si, og 40 pst. svarte at det i liten grad var nok tid til å gi fagleg rettleiing og tilbakemelding.

I den europeiske studentundersøkinga Eurostudent VII skil respondentane frå Noreg seg ikkje ut når det gjeld kor einige dei er i at dei tilsette gir nyttige tilbakemeldingar. Fleire i Noreg enn gjennomsnittet svarer midt på skalaen, og noko færre svarer at dei er heilt usamde i påstanden. Dei norske svara er også rundt snittet når det gjeld kor gode forelesarane er til å forklare, og kor motiverande dei er. Svara er over gjennomsnittet når det gjeld om respondentane ville anbefalt studieprogrammet sitt til andre.

I undervisarundersøkinga frå 2021 svarte 16 pst. at dei ikkje hadde nokon formell pedagogisk kvalifikasjon. I undersøkinga frå 2017 var denne delen 27 pst. Undervisarane med formelle pedagogiske kvalifikasjonar svarer i større grad at dei bruker undervisningsmetodar der studentane deltek aktivt, eller som er forankra i forsking om læring. Dei svarer også at dei i større grad utviklar undervisninga i samarbeid med studentane eller kollegaer.

I 2021 blei det gjennomført 46,9 studiepoeng per registrerte student i haustsemesteret. Dette er over nivået dei siste ti åra, som stort sett har vore mellom 45 og 46 studiepoeng per student. Det er likevel noko lågare enn i 2020, som var særleg høgt, på 47,2 studiepoeng per student. Endra rammevilkår for studiar og eksamensvurdering under pandemien kan ha bidrege til dette. Strykprosenten var som i 2020 på 5,8 pst., som er lågare enn det vanlege nivået for dei siste åra, mellom 7 og 8 pst. Ein langvarig trend med betre fullføring av utdanningane heldt fram i 2021. Fullføringsgraden gjekk opp for kulla som etter normert tid skulle fullføre bachelor eller master i 2021samanlikna med kulla som starta året før. For bachelorutdanningar var auken på 3,0 prosenteiningar, og 55 pst. fullførte på normert tid i 2021. For toårige og femårige masterutdanningar var endringane på høvesvis 3,3 og 4,4 prosenteiningar, og fullføringsgraden i 2021 var høvesvis 57 og 44 pst. For dei som etter normert tid skulle fullført i 2020, var det 15 pst. som fullførte i 2021.

Den nasjonale statistikken til SSB viser kor mange av studentane som har oppnådd ein grad innan åtte år etter at dei starta, uavhengig av lærestad og type grad. Av studentane som starta i 2001, var det 55 pst. som hadde oppnådd ein grad innan åtte år. Talet har stige til 66 pst. for dei som starta i 2013. Dei siste fem åra har det berre vore marginale endringar. For studentar som var 20 år eller yngre då dei starta, har prosentdelen vore stabil på 78 pst. i det siste. Det er store skilnader mellom kjønna. Blant dei nye studentane i 2013 hadde 59 pst. av mennene oppnådd ein grad innan åtte år, mot 72 pst. av kvinnene. For dei mannlege studentane har prosentdelen gått ned dei siste åra, etter han var 61 pst. for startkullet frå 2009.

I 2021 blei det avlagt 1 601 doktorgradar, 33 færre enn i 2020. Blant dei som blei tekne opp på doktorgradsprogram i 2015, hadde 68 pst. fullført innan seks år. Dette er 2,1 prosenteiningar lågare enn året før.

Det er eit positivt teikn for kvaliteten på norsk forsking når mange forskarar får stipend frå Det europeiske forskingsrådet (ERC), som er ein finansieringsarena med høg konkurranse og vekt på framifrå vitskapleg kvalitet. Til utlysingane for dei ordinære ERC-stipenda i 2021 var det både rekordmange søknader og rekordmange innvilga søknader frå universitets- og høgskulesektoren i Noreg. Suksessraten er likevel lågare enn i Danmark, og det er framleis færre søknader per forskar i universitets- og høgskulesektoren enn i dei andre nordiske landa. I Noreg er det flest søknader til vurderingspanela for humaniora og samfunnsfag, og desse søknadene lykkast også best. Dei siste tre åra har om lag 15 pst. av desse blitt innvilga i første runde. For søknadene til vurderingspanela for realfag/teknologi og livsvitskap har den tilsvarande suksessraten vore høvesvis 10 pst. og 6 pst.

Noreg er blant dei mest forskingsintensive landa målt etter talet på vitskaplege publikasjonar i høve til folketalet, men bak nokre svært høgt presterande land som Sveits og Danmark. Indikatorrapporten frå Noregs forskingsråd frå 2021 viser at bidraget til den vitskaplege publiseringa frå Noreg auka med 12 pst. frå 2016 til 2020, som er høgare enn for nesten alle andre europeiske land. Det er eit stort spenn i omfanget av vitskapleg publisering mellom universiteta og høgskulane, frå 0,34 til 2,36 publiseringspoeng per fagleg tilsett i 2021.

Internasjonalt samspel

Den internasjonale studentutvekslinga blei nesten halvert i 2020 samanlikna med året før, men tok seg samla sett noko opp i 2021. Dei rundt 7 000 innreisande utvekslingsstudentane i 2021 utgjorde 80 pst. av talet i 2019. Talet som reiste på utveksling frå Noreg, gjekk derimot vidare ned i 2021, og dei rundt 2 800 studentane utgjorde 37 pst. av talet i 2019. SSBs tal på ordinære internasjonale studentar i Noreg var om lag 13 200 i 2021, uavhengig av lærestad. Det er om lag 3 pst. høgare enn både i 2019 og i 2020.

Stadig fleire vitskaplege publikasjonar av forskarar ved universitet og høgskular i Noreg blir publiserte i samarbeid med internasjonale forfattarar. Prosentdelen internasjonale sampublikasjonar var 57 pst. i 2020 og 58 pst. i 2021, slik at utviklinga held fram med jamn stiging frå 48 pst. i 2016.

Norske universitet og høgskular hadde rekordhøg deltaking i det første året av rammeprogrammet Horisont Europa. Dei siste tala viser at dei norske institusjonane deltok på 3,8 pst. av alle søknadene på utlysingane i 2021, og på 4,3 pst. av prosjekta som blei innstilte til finansiering. Dei norske institusjonane var innstilte til å ta imot 1,2 pst. av den samla finansieringa i desse utlysingane. Ingen av tala har nokosinne vore høgare.

Bygg for undervisning og forsking

Dei norske studentane lèt til å vere meir nøgde med studentfasilitetane samanlikna med andre land i Eurostudent VII-undersøkinga, og 35 pst. av dei norske studentane er heilt nøgde med tilgangen til fasilitetar som bibliotek, lesesal og datamaskiner. Dei er også meir nøgde med støttetenester enn gjennomsnittet i undersøkinga, men berre 12 pst. av dei norske studentane meiner at desse tenestene er fullstendig tilstrekkelege.

Fleire brukarfinansierte prosjekt blei ferdige i 2021. Dette er prosjekt der institusjonane dekker investeringskostnaden gjennom statens husleigeordning og innanfor uendra rammeløyving. Dette gjeld mellom anna nybygg for mediefag ved Høgskulen i Volda og rehabilitering av Bygg B ved Universitetet i Søraust-Noreg sin campus i Porsgrunn. Same år blei det òg sett i gang ombygging av Hagbart Lines hus ved Universitetet i Stavanger og oppføring av ny brønnpark og energisentral ved Nord universitets campus i Bodø som brukarfinansierte prosjekt.

Institusjonar som forvaltar eigedommane sine sjølve, hadde i perioden 2015–21 høve til å søke Kunnskapsdepartementet om midlar til oppgraderings- og ombyggingsprosjekt. I 2021 blei det tildelt 119,1 mill. kroner gjennom ordninga, fordelte på ti institusjonar og til saman 17 prosjekt. Totalt er det i perioden 2015–21 tildelt 871 mill. kroner gjennom denne ordninga, og ho har medverka til å betre tilstanden i utvalde universitets- og høgskulebygg og skape lokale for nye læringsformer.

Forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

Innovasjon, verdiskaping og samspel med omverda

I Studiebarometeret 2021 svarer om lag halvparten av studentane at dei i nokon eller stor grad får god informasjon om arbeidslivsrelevansen for utdanninga. Om lag fire av ti svarer det same om at representantar frå arbeidslivet bidreg i undervisninga, og om lag ein av tre om at det er mogleg å jobbe med prosjekt i samarbeid med arbeidslivet. Samla er resultata for spørsmåla om tilknytinga til arbeidslivet noko lågare enn i tidlegare år. I undervisarundersøkinga til NOKUT frå 2021 svarer 75 pst. av undervisarane at det i nokon eller stor grad blir lagt til rette for samarbeid mellom studentar og aktørar frå arbeidslivet. I Eurostudent VII-undersøkinga svarte over halvparten at dei var godt eller svært godt førebudde for den nasjonale arbeidsmarknaden, som er rundt gjennomsnittet blant landa i undersøkinga.

Open tilgang til forsking er høgt prioritert, og dei siste åra har stadig fleire av dei vitskaplege artiklane blitt gjorde ope tilgjengelege, anten i heilopne tidsskrift, på artikkelbasis eller gjennom tilgjengeleggjering av manuskripta i kunnskapsarkiv. I 2021 var det derimot inga endring i prosentdelen av artiklane som var blitt gjorde ope tilgjengelege.

Universiteta og høgskulane leverte 176 patentsøknader i 2021, som er 16 fleire søknader enn året før, medan inngåtte kontraktar for utlisensiering av oppfinningar heldt seg på om lag same nivå. Over halvparten av søknadene kjem frå Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

I 2021 utgjorde oppdragsinntekter og bidragsinntekter utanom Forskingsrådet og EU 165 000 kroner per fagleg tilsett i gjennomsnitt for statlege universitet og høgskular. For tiårsperioden 2012–21 er dette det høgaste i nominelle verdiar. Som del av totale driftsinntekter utgjorde desse inntektene 7,46 pst. i 2021, som også er noko høgare enn snittet på 7,24 pst. for tiårsperioden.

Universitetsmusea

Fem universitet har eit særskilt ansvar for å ta hand om vitskaplege samlingar og drive museum med publikumsutstillingar. I 2021 var det fleire av musea som kunne drive som ordinært, etter å ha vore stengde under covid-19-pandemien. Det samla besøkstalet var på 1,2 mill. besøkande, med ein ambisjon om ytterlegare 10 pst. vekst i 2022.

Forsking er grunnlag for utstillingar og formidlinga ved universitetsmusea. Den vitskaplege publiseringa var på same nivå som ved universiteta elles i 2021, med eit gjennomsnitt på 1,38 publiseringspoeng per fagleg tilsett. Det er likevel store skilnader mellom musea, med eit spenn frå 2,03 til 0,56 publiseringspoeng.

Lærarutdanningane og helse- og sosialfagutdanningane

I 2021 blei det uteksaminert om lag 5 540 kandidatar frå lærarutdanningane retta mot barnehage eller skule. Det var ein forventa nedgang frå dei fire føregåande åra, då det blei uteksaminert mellom 7 000 og 8 000 kandidatar årleg, som er det høgste vi kjenner til. Nedgangen i 2021 kjem i hovudsak av at det ikkje blei utdanna eit ordinært kull frå grunnskulelærarutdanninga dette året. I tillegg er det lågare kandidatproduksjon frå praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). I 2021 blei det tildelt 10 mill. kroner til nasjonale rekrutteringstiltak i grunnskulelærarutdanningane. Sjå omtale under kap. 226, post 22.

Frå helse- og sosialfaglege utdanningar blei det i 2021 uteksaminert 8 200 kandidatar på dei utdanningane som har kandidatmåltal. Det er ein nedgang frå 8 450 i 2020. Nedgangen kan kome av at nokre av studieprogramma ikkje har opptak, og dermed heller ikkje kandidatar, kvart år. Samstundes blei det utdanna om lag 4 250 sjukepleiarar, som er 80 fleire enn i 2020.

Effektiv, mangfaldig og solid høgare utdanningssektor og forskingssystem

Tabell 4.27 Indikatorar for aktiviteten ved universitet og høgskular. 2011–21

60-studiepoengeiningar

Studentar

Publikasjonsdelar

Totale årsverk

Faglege årsverk

2011

159 200

218 900

10 600

32 100

18 500

2012

164 200

227 900

11 400

32 500

18 700

2013

167 900

234 900

11 100

33 000

18 900

2014

172 600

239 200

11 600

33 900

19 300

2015

177 500

246 400

11 600

35 300

20 100

2016

182 700

256 300

12 100

36 500

21 000

2017

186 200

260 800

12 700

37 500

21 900

2018

187 600

264 200

12 900

38 400

22 800

2019

189 900

267 500

13 500

39 500

23 500

2020

201 100

274 900

13 500

40 400

24 000

2021

206 700

288 900

14 600

42 100

25 000

Tala er avrunda til næraste hundre og gjeld institusjonar med tildeling frå Kunnskapsdepartementet. Talet for studentar er eit gjennomsnitt av registrerte studentar i vår- og haustsemesteret. Publikasjonsdelar er vitskaplege publikasjonar justerte for talet på forfattarar. Faglege årsverk er årsverk i utvalde forskings- og undervisningsstillingar.

Kjelde: Database for statistikk om høgare utdanning

Effektiv drift og forvaltning

Universitet og statlege høgskular hadde 50,6 mrd. kroner i driftsinntekter i 2021. Løyvinga over kap. 260, post 50 utgjorde 76,9 pst. av dette, med 38,9 mrd. kroner.

Universiteta og dei statlege høgskulane hadde samla avsetningar frå løyvingar frå Kunnskapsdepartementet på 4,4 mrd. kroner ved utgangen av 2021. Av desse var 2,9 mrd. kroner avsetningar til investeringar (7,3 pst. av løyvinga frå Kunnskapsdepartementet) og 1,5 mrd. kroner avsetningar til andre formål (3,8 pst. av løyvinga frå Kunnskapsdepartementet). I tråd med regelverket for avsetningar som gjeld frå og med 2021, er det ei øvre grense på 5 pst. av løyvinga frå Kunnskapsdepartementet for avsetningar til andre formål. Det er ikkje ei slik grense for avsetningar til investeringar, men institusjonane må dokumentere planlagde investeringar overfor departementet. Det var to institusjonar som hadde avsetningar til andre formål over grensa på 5 pst., sjå tabell 4.18 i vedlegg 4.

Frå 2020 til 2021 har dei samla avsetningane frå løyvingar frå Kunnskapsdepartementet auka med 674 mill. kroner. Det utgjorde 11 pst. for institusjonane sett under eitt, men variasjonen mellom institusjonane er frå 3 til 34 pst., sjå tabell 4.18 i vedlegg 4.

Private høgskular fekk tilskot på 1,9 mrd. kroner over kap. 260, post 70 i 2021. Dei hadde driftsinntekter på i overkant av 4,6 mrd. kroner, ein auke på 13,4 pst. frå 2020. Det samla driftsresultatet for desse institusjonane var 295 mill. kroner i 2021, og det er ein auke på 55 pst. i høve til 2020. På bakgrunn av rekneskapane frå 2021 ser departementet det slik at fleirtalet av dei private institusjonane har god eller middels god økonomi. To private institusjonar har svak økonomi. Departementet vil følge med på utviklinga hos desse institusjonane.

Etter ein jamn reduksjon i nokre år gjekk talet på avlagde studiepoeng per fagleg tilsett opp i 2020. I 2021 blei det avlagt 477 studiepoeng per fagleg tilsett, som er ein liten nedgang frå 2020, men likevel på same nivå som i 2018.

Rekruttering, kompetanse og karriere

75,5 pst. av årsverka i undervisnings- og forskarstillingar i 2021 var i stillingar som krev doktorgrad eller tilsvarande kompetanse. Dette var det same som i 2020, etter ein jamn auke over fleire år tidlegare. Totalt var det 42 070 årsverk i sektoren, og av desse var om lag 26 400 faglege årsverk og 10 100 administrative årsverk. Forholdstalet mellom faglege og administrative tilsette var 2,6 for sektoren sett under eitt i 2021, noko som er lågare enn i 2018–19, men høgare enn i åra før det.

Prosentdelen mellombels tilsette i universitets- og høgskulesektoren auka i 2021 etter ein jamn reduksjon over fleire år og ein stor nedgang i 2020. I 2021 var det 12,7 pst. mellombels tilsette i undervisnings- og forskarstillingar. Åremålsstillingar inngår ikkje i utrekninga. I andre stillingstypar er fleire fast tilsette, og prosentdelen mellombels tilsette var 11,8 pst. i 2021 når ein også inkluderer administrative stillingar og støttestillingar.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve til saman 42,8 mrd. kroner på kapittelet, fordelte med 40,6 mrd. kroner til universitet og statlege høgskular over post 50 og 2,2 mrd. kroner til private høgskular over post 70. Det er lagt til grunn ei prisjustering på 3 pst., tilsvarande som for andre 50- og 70-postar på statsbudsjettet. Samla sett er løyvingsforslaget til universiteta og høgskulane nominelt 1,4 mrd. kroner høgare enn i 2022 og 5,6 mrd. kroner høgare enn i 2019. Realveksten frå 2022 er 0,3 pst. og 2,2 pst. frå 2019. Forslaget omfattar ein reduksjon på 254,4 mill. kroner for å frigjere midlar til satsingar og prioriterte tiltak innanfor høgare utdanning og forsking. Heilårseffekten i 2024 vil innebere ein ytterlegare reduksjon på 349,3 mill. kroner. Reduksjonen er fordelt pro rata på alle institusjonane med løyving over kap. 260, men er justert noko opp for dei private som i utgangspunktet ikkje har fått reduserte løyving som følge av endra jobbreisevanar og redusert konsulentbruk, slik at reduksjonen samla sett skal vere jamt fordelt i sektoren.

Kapasitet til utdanning og forsking

Regjeringa foreslår å auke løyvingane til universitet og høgskular med til saman 335,3 mill. kroner som vil bli tildelte for å finansiere studieplassar. Av dette er 294,3 mill. kroner over post 50 og 40,9 mill. kroner over post 70. Til saman 108,4 mill. kroner av midlane er ei opptrapping for ordinære tildelingar til studieplassar i budsjetta for 2019–22.

I 2020 løyvde Stortinget midlar tilsvarande 4 000 fleire studieplassar i høgare utdanning i samband med den høge arbeidsløysa under covid-19-pandemien. I budsjettforslaget for 2020 la regjeringa då til grunn at den samla kapasiteten i høgare utdanning skulle normaliserast i takt med konjunkturane. Løyvingane blei trappa opp i 2021 og 2022 for å vidareføre opptaket for desse plassane. Mesteparten av plassane i 2020 blei tildelt som fireårige plassar. Det vil seie at institusjonane kunne ta opp både til ordinære to- eller treårige utdanningar og integrerte utdanningar på fem eller seks år, og at ein rekna at den gjennomsnittlege lengda ville vere fire år. I det faktiske opptaket har den gjennomsnittlege lengda for gradsutdanningar vore nærare tre år, og under tre år dersom ein reknar med ikkje-gradsgivande utdanningar. Regjeringa legg vidare til grunn at innføringa av studieavgift for studentar utanfrå EØS/Sveits vil redusere pågangen av søkarar frå desse landa. Dette vil gjere fleire plassar tilgjengelege for norske søkarar og andre EØS-borgarar. Eit grovt anslag er at det kan bli frigjort kapasitet til denne gruppa tilsvarande 2 600 toårige studieplassar hausten 2023. Budsjetteffekten ville ha vore 225 mill. kroner i 2023 og 900 mill. kroner fullt opptrappa i 2025 dersom denne kapasiteten skulle vore dekt av ei opptrapping av løyvinga til universitet og høgskular. Regjeringa legg til grunn at den samla opptakskapasiteten kan vidareførast på om lag same nivå i 2023 som i 2022.

Økonomien er no i ein sterk oppgangskonjunktur, og arbeidsløysa er svært låg. Ut frå situasjonen i dag er det derfor grunn til å framover trekke ut midlar til plassane grunngitte i situasjonen på arbeidsmarknaden. Løyvinga er derfor redusert med 19 mill. kroner for plassane tildelte i 2020 særleg til korte utdanningar. Regjeringa vurderer årleg behova for kapasiteten i høgare utdanning ut frå den gjeldande situasjonen, og dei endelege rammene for 2024 vil bli fastsette i dei ordinære budsjettprosessane.

I 2022 løyvde Stortinget midlar tilsvarande 1 000 studieplassar retta mot studentar som følge av krigen i Ukraina. Løyvinga er førebels og skal fasast ut med normal studieprogresjon eller dersom plassane ikkje blir brukte, jf. Innst. 270 S (2021–2022) og Prop. 78 S (2021–2022). Førebelse tal på studentar som har fått tilbod, og nye anslag på talet på flyktningar frå Ukraina tyder på at behovet i 2023 kan vere lågare. Regjeringa foreslår derfor ei løyving for 2023 på 49,2 mill. kroner, tilsvarande 500 plassar. Regjeringa vil kome tilbake i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2023 med forslag om å justere løyvinga opp inntil 1 000 plassar dersom talet på studentar blir høgare, og justere ned løyvinga dersom studieplassane ikkje blir brukte.

Regjeringa foreslår 4,1 mill. kroner til 30 nye studieplassar i medisin til Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet og 21,9 mill. kroner som opptrapping for dei til saman 80 studieplassane i medisin tildelte i 2020.

Regjeringa foreslår 1 mill. kroner kvar til Universitetet i Oslo og til Noregs miljø- og biovitskaplege universitet til 20 studieplassar kvar i femårige utdanningar i nukleære fag. Saman med prioriteringa av forsking i kjernefysikk og kjernekjemi, jf. kap. 285, post 53, skal midlane bidra til å bygge fagmiljø som kan gi spesialkompetanse for mellom anna trygg nedbygging av atomanlegga på Kjeller og i Halden, for å handtere hendingar med spreiing av radioaktive stoff som kan ramme Noreg frå utlandet og for arbeid innanfor radiofarmasi.

Resultatbasert utteljing

Forslaget omfattar resultatbasert utteljing på 207,8 mill. kroner som følge av betre resultat på indikatorane i finansieringssystemet. Av dette er 144,5 mill. kroner over post 50 og 63,3 mill. kroner over post 70.

Ikkje øyremerking av rekrutteringsstillingar

I fleire tilfelle har Stortinget løyvd midlar for å utvide talet på rekrutteringsstillingar (stipendiat- og postdoktorstillingar). Samla har løyvinga blitt auka med om lag 2,8 mrd. kroner med denne grunngivinga i perioden 2003–22. Sjølv om Kunnskapsdepartementet kan sjå behov for fleire rekrutteringsstillingar på eit gitt tidspunkt, gjer ikkje departementet løpande vurderingar av tilsettporteføljane og behova for einskilde stillingstypar ved kvar institusjon. Det gjer det uklart kva handlingsrom institusjonane har til å tilpasse fordelinga av dei tilsette på ulike stillingar ut frå situasjonen i dag. Kunnskapsdepartementet vil derfor gjere det klart for institusjonane at dei frå og med 2023 ikkje er pålagde eit bestemt tal rekrutteringsstillingar. I tråd med tillitsreforma til regjeringa inneber det at institusjonane får meir fridom og tillit til å gjere eigne budsjettprioriteringar og sjølve ha ein meir målretta rekrutterings- og karrierepolitikk. Institusjonane er best skikka til å vurdere kor mange rekrutteringsstillingar dei har behov for til kvar tid.

Studieavgift for studentar utanfrå EØS og Sveits

Noreg er eit av få land som tilbyr gratis utdanning til alle internasjonale studentar. Samstundes må norske studentar i dei fleste tilfelle betale studieavgift for å studere i land utanfor EØS. Det er ein internasjonal marknad for høgare utdanning med høg betalingsvilje for utdanning av høg kvalitet. Norske universitet og høgskular har over lang tid arbeidd målretta med høg internasjonal kvalitet i utdanningane. Dei kan dermed rekruttere internasjonale studentar basert på kvaliteten i tilboda, og ikkje med grunnlag i at dei er gratis. Regjeringa foreslår derfor at universiteta og høgskulane skal krevje minst kostnadsdekkande studieavgift frå studentar utanfrå EØS/Sveits frå og med haustsemesteret 2023. Internasjonale studentar er generelt eit positivt bidrag til eit mangfaldig studiemiljø. Å krevje studieavgifter på linje med det som er normalen internasjonalt, vil òg innebere at institusjonane må halde fram med kvalitetsutviklinga i tilboda for å vere attraktive for internasjonale studentar. Det vil likevel truleg bli færre internasjonale studentar når dei må betale studieavgift. På den andre sida inneber det at innføringa vil frigjere studieplassar til studiesøkarar frå Noreg og andre EØS-land.

Kunnskapsdepartementet vil legge fram eit lovforslag for å gjere det mogleg for dei statlege institusjonane å krevje studieavgift og sender dette på høyring hausten 2022. Institusjonane skal krevje studieavgift frå studentar som ikkje er EØS-borgarar eller på anna grunnlag har rett til utdanningsstøtte frå Lånekassen. Studieavgifta skal vere minst kostnadsdekkande, og institusjonane vil behalde differansen mellom avgifta dei set og reduksjonen dei får i løyvinga som følge av denne endringa. Dette opnar ei ny inntektsmoglegheit for institusjonane på den internasjonale utdanningsmarknaden i og med at inntektene frå studieavgifta vil tilfalle institusjonane.

Studentar som er tekne opp til studieprogram før haustsemesteret 2023, vil få fullført desse utan å betale studieavgift. Internasjonale studentar som kjem på utveksling innanfor utvekslingsavtalar med norske institusjonar eller på nasjonalt nivå, skal ikkje trenge å betale studieavgift. Dette gjeld om lag 97 pst. av utvekslingsstudentane som i dag kjem utanfrå EØS. Forslaget vil derfor i liten grad påverke studentutvekslinga med tredjeland, inkludert dei prioriterte samarbeidslanda i Panorama-strategien. Ettersom utveksling gjennom dei bilaterale utviklingsavtalane til institusjonane er unnateke for studieavgift, vil endringa heller ikkje påverke moglegheitene for norske studentar til å dra på utveksling i utlandet

Departementet foreslår ein reduksjon i løyvinga på 74,4 mill. kroner, ettersom universiteta og høgskulane frå og med haustsemesteret 2023 vil få auka inntekter i samband med endringa. Reduksjonen er fordelt med 68,6 mill. kroner på kap. 260, post 50 og 5,8 mill. kroner på kap. 260, post 70. Reduksjonen er basert på eit overslag for kor mykje institusjonane vil få i auka inntekter frå kostnadsdekkande studieavgifter frå internasjonale studentar. Det er lagt til grunn at talet på nye studentar utanfrå EØS/Sveits vil gå ned. Då Danmark og Sverige innførte studieavgift for studentar frå tredjeland i høvesvis i 2006 og 2011, gjekk talet på nye studentar frå desse landa kraftig ned. I Sverige var reduksjonen omtrent 80 pst. og i Danmark noko mindre. Det er lagt til grunn at dei internasjonale studentane i gjennomsnitt tek ei toårig utdanning. Reduksjonen i løyvinga vil derfor bli trappa opp over to år etter som det blir teke opp eit nytt kull som betaler full studieavgift. Det inneber ein ytterlegare reduksjon i rammeløyvinga på 148,8 mill. kroner i 2024 som følge av forslaget. Frå og med 2025 vil reduksjonen samla vere på 297,7 mill. kroner.

Departementet anslår at dersom institusjonane får betalande studentar frå tredjeland på om lag 30 pst. av nivået i dag, vil det samla inntektsnivået til institusjonane ikkje gå ned. Det gir institusjonane ei god moglegheit til å auke sine samla inntektsrammer. Det grove anslaget inneber at ein nedgang i studentar frå tredjeland på om lag 70 pst. vil frigjere kapasitet tilsvarande 2 600 toårige studieplassar og gjere det mogleg å tilby plass til fleire studiesøkarar frå Noreg og andre EØS-land. Budsjetteffekten ville ha vore 225 mill. kroner i 2023 og 900 mill. kroner fullt opptrappa i 2025 dersom denne kapasiteten skulle vore dekt av ei opptrapping av løyvinga til universitet og høgskular. Anslaga er usikre av fleire grunnar: Departementet har ikkje nøyaktige tal for kor mange som i dag er i gruppa som framover må betale studieavgift, eller dei faktiske kostnadene for studia dei går på. Det er også usikkert korleis rekrutteringa vil bli endra etter innføringa av studieavgift.

Bygg for undervisning og forsking

Løyvingar til byggeprosjekt blir foreslått på Kommunal- og distriktsdepartementets budsjett. Regjeringa foreslår 1 450 mill. kroner til bygging og utstyr til livsvitskapsprosjektet ved Universitetet i Oslo i 2023.

I 2022 kom det fram at dei eksisterande planane for nytt vikingtidsmuseum ikkje kan bli realiserte innanfor den gjeldande kostnadsramma, jf. omtale i Prop. 115 S (2021–2022). Regjeringa foreslår at bygging, rehabilitering og anskaffing av utstyr til nytt vikingtidsmuseum ved Universitetet i Oslo held fram, og foreslår ei løyving til prosjektet på 525 mill. kroner i 2023. Regjeringa vil kome attende med forslag om endra kostnadsrammer for prosjektet etter at nye rammer er kvalitetssikra.

Etter at regjeringa har behandla vidare retning for NTNU Campussamling, held forprosjektet fram og skal etter planen ferdigstillast i løpet av 2023. Regjeringa foreslår 73 mill. kroner til forprosjektet i 2023.

Regjeringa foreslår 238 mill. kroner for å vidareføre byggeprosjektet for Blått bygg ved Nord universitet. Regjeringa foreslår òg å auke løyvinga over kap. 260, post 50 til brukarutstyrsprosjektet med 20,6 mill. kroner i 2023. For ei nærare forklaring av løyving per kapittel og post for byggeprosjekta, sjå Kommunal- og distriktsdepartementets Prop. 1 S (2022–2023).

Endra jobbreisevanar

Pandemien har ført til auka bruk av digitale møte og gjort det mogleg for statlege verksemder å redusere reiseomfanget på kort og lang sikt. Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) har gjennomført ei spørjeundersøking blant statlege verksemder som viser at mange av dei vil ha varig redusert reiseaktivitet framover. Regjeringa foreslår ein reduksjon i løyvinga til alle statlege verksemder som følge av dette. Forslaget inneber ein samla reduksjon på 192,9 mill. kroner for universiteta og dei statlege høgskulane.

Andre saker

Departementet foreslår å auke løyvinga til Noregs idrettshøgskole med 10 mill. kroner.

Barratt Due musikkinstitutt (BD) har over fleire år samarbeidd med Noregs musikkhøgskole (NMH) om ei mastergrad i utøvande musikk. NMH har vore gradsgivande institusjon og fått resultatbasert utteljing for avlagde studiepoeng og kandidatar. BD og NMH planlegg ein ny samarbeidsmodell der arbeidsdelinga i større grad inneber at BD rettar større merksemd nedover i alder, medan NMH vidarefører sine tilbod på både lågare og høgare grads nivå. Som ein del av denne omlegginga blir 1,4 mill. kroner flytta frå rammeløyvinga til NMH over post 50 til statstilskotet til BD over post 70. Samstundes vil BD frå 2023 ikkje lenger vere omfatta av ordninga med resultatbasert utteljing. Med den planlagde endringa i profil og arbeidsdeling på feltet meiner departementet at ordninga med resultatbasert utteljing ikkje lenger er like eigna for denne institusjonen. Forslaget inneber at BD frå 2023 får eit samla statstilskot som kan nyttast til heile breidda i verksemda.

Løyvingane til dei statlege institusjonane blei endra i 2022 tilsvarande differansen mellom utgiftene i den gamle og den nye premiemodellen i Statens pensjonskasse slik at den nye modellen skulle vere om lag budsjettnøytral i innføringsåret. Differansen blei noko overvurdert fordi det ikkje blei teke omsyn til at einskilde inntekter blir reduserte i takt med pensjonskostnadene, og løyvinga blei justert i revidert budsjett, jf. Innst. 450 S (2021–2022) og Prop. 115 S (2021–2022). Samstundes blei differansen noko undervurdert fordi anslaget på utgiftene i den gamle modellen ikkje var oppjustert med lønnsveksten gjennom året, jf. nærare omtale i del I, kap. 1. Dei to korreksjonane er om lag like store, og departementet foreslår å redusere løyvinga med 1 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2022.

Departementet foreslår å flytte 61,8 mill. kroner frå kap. 272, post 52 for verksemda til Nord universitet på Nesna, jf. Innst. 450 S (2021–2022) og Prop. 115 S (2021–2022).

Departementet foreslår å auke løyvinga med 12,2 mill. kroner til Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet i samband med overdraginga av verksemda til Nordland kunst- og filmhøyskole. Forslaget inneber ein heilårseffekt av og flytting av løyvinga som i 2022 blei gitt over kap. 272, post 52, jf. Innst. 450 S (2021–2022) og Prop. 115 S (2021–2022).

Universitetet i Stavanger, Høgskulen i Volda, Høgskolen i Østfold, Høgskolen i Molde, vitskapleg høgskole i logistikk og Kunsthøgskolen i Oslo har inngått avtale med Direktoratet for forvaltning og økonomistyring om bruk av løysing for lønn, tilsetjing og arbeidskontrakt. Som følge av dette foreslår Kunnskapsdepartementet å overføre 1,1 mill. kroner til kap. 1605, post 01 på Finansdepartementets budsjett.

I dei salderte budsjetta for 2021 og 2022 fekk Steinerhøyskolen til saman 5,7 mill. kroner til å gjennomføre det femte året i grunnskulelærarutdanninga, men studentane startar på det femte året av utdanninga først i 2023, og det blei også lagt til grunn eit for høgt kandidattal. I samband med revidert budsjett for 2022 blei midlane trekte ut av løyvinga til Steinerhøyskolen. For 2023 foreslår departementet å løyve 1 mill. kroner til det femte året av grunnskulelærarutdanninga ved Steinerhøyskolen, som aukar til 2 mill. kroner i 2024.

Departementet foreslår midlar til universiteta og høgskulane retta mot lærarutdanningane over andre programkategoriar. Sjå omtale av ei løyving på 50 mill. kroner til auka kvalitet i barnehagelærarutdanninga under kap. 231, post 21 og 10 mill. kroner for å forbetre rekrutteringa av søkarar til alle lærarutdanningane under kap. 226, post 22.

Kap. 270 Studentvelferd

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

74

Tilskot til velferdsarbeid o.a.

123 380

106 588

81 846

75

Tilskot til bygging av studentbustadar, kan overførast

185 769

959 158

871 368

76

Tilskot til energitiltak i studentbustadar

141 500

Sum kap. 270

309 149

1 065 746

1 094 714

Post 74 Tilskot til velferdsarbeid o.a.

Posten omfattar tilskot til det generelle velferdsarbeidet til studentsamskipnadene og tilskot til landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar.

Mål for 2023

God studentvelferd og studentorganisasjonar som er dyktige til å fremje studentane sine interesser.

Velferdsarbeidet til studentsamskipnadene skal supplere det generelle velferdstilbodet elles i samfunnet og vere integrert i læringsmiljøet ved utdanningsinstitusjonane.

Resultat i 2021

Tilskotet har gått til studentvelferdstenester som kantine, bustad, trening, helsetenester, barnehage, rådgiving og sosiale, faglege og kulturelle tiltak. Velferdsarbeidet har vore viktig for studentane som har hatt ein annleis studiekvardag under covid-19-pandemien. For å vareta studentane både fagleg og sosialt har studentsamskipnadene gjennomført ei rekke tiltak, ofte i samarbeid med utdanningsinstitusjonane og studentorganisasjonane. Dei har organisert sosiale samkomer og tilbode psykisk helsehjelp og samtalar til studentane som har trunge nokon å snakke med. Dei nasjonale studentorganisasjonane har fremja interessene til studentane gjennom mellom anna deltaking i styre og råd og i offentlege høyringar og debattar.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 81,8 mill. kroner på posten. Av dette er 63,1 mill. kroner tilskot til velferdsarbeidet til studentsamskipnadene, inkludert 4,1 mill. kroner til studentsamskipnaden Studentinords tilbod til studentane ved Nord universitet på Nesna, og 18,8 mill. kroner er tilskot til landsomfattande studentorganisasjonar. Forslaget omfattar å ta ned nivået på tilskotet til studentsamskipnadene med 31 mill. kroner.

Tilskota til dei landsomfattande studentorganisasjonane blir forvalta av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) på vegner av Kunnskapsdepartementet. Det blir gjort ein områdegjennomgang av tilskot til namngitte mottakarar der utgangspunktet er at tilskot i størst mogleg grad skal lysast ut gjennom tilskotsordningar på grunnlag av opne søknadsprosessar og kjende tildelingskriterium. Kunnskapsdepartementet vil vidareføre tilskota til dei landsomfattande studentorganisasjonane som i dag får tilskot, men dei får ein reduksjon på 1 mill. kroner samla sett. HK-dir har vurdert om det er mogleg å opprette ei tilskotsordning for tildeling av midlane. Dei fem organisasjonane er såpass få og har kvar for seg særskilde studentgrupper dei er retta mot. Det er derfor ikkje mogleg å setje opp felles tildelingskriterium. Ei tilskotsordning vil ikkje bidra til større kostnads- eller måleffektivitet. Departementet foreslår følgande tilskot til landsomfattande studentorganisasjonar:

  • Association of Norwegian Students Abroad: 10,2 mill. kroner

  • Norsk studentorganisasjon: 4 mill. kroner

  • Organisasjon for norske fagskolestudenter: 2,5 mill. kroner

  • International Students’ Union of Norway: 1,9 mill. kroner

  • Stipendiatorganisasjonene i Norge: 0,3 mill. kroner

Post 75 Tilskot til bygging av studentbustadar, kan overførast

Posten omfattar midlar til studentsamskipnadene, og i særskilde tilfelle studentbustadstiftingar, til kjøp, ombygging, oppføring og rehabilitering av studentbustadar. Studentbustadane skal vere eit supplement til den private bustadmarknaden. Husbanken forvaltar tilskota for Kunnskapsdepartementet.

Mål for 2023

Rimelege og tilgjengelege bustadar for studentar.

Resultat i 2021

I 2021 gav Kunnskapsdepartementet tilsegn om tilskot til 1 650 hybeleiningar. Alle tilsegnene var til bygging av nye studentbustadar i regi av studentsamskipnadene.

I dei siste ti åra har det vore ein jamn auke i talet på nye studentbustadar. Det er i gjennomsnitt bygd nær 1 300 nye studenthyblar årleg frå 2012, og samla sett 12 955 nye hyblar i perioden 2012–21. Eit fleirtal på 59 pst. av bustadane som samskipnadane bygde i åra 2019–21 var hyblar for éin person med eige bad og kjøkken. 23 pst. var hyblar der fleire deler bad og kjøkken, 9 pst. var hyblar for par og 8 pst. var familiebustadar.

I 2021 blei det ferdigstilt 857 nye hybeleiningar, og 194 hybeleiningar blei oppgraderte. Det har over tid kome færre søknader om tilskot til å bygge studentbustadar. I 2020 var det søknader om tilskot til 2 475 nye hybeleiningar, medan det i 2021 og 2022 var søknader om tilskot til høvesvis 1 707 og 1 664 nye hybeleiningar. Kvart år må studentsamskipnadene gi tilbakemelding om tilsegner dei ikkje klarer å nytte. Hausten 2021 leverte studentsamskipnadene tilbake 1 076 tilsegner om tilskot som dei fekk i åra 2017–21. Ei årsak til at talet på søknader har falle og tilsegner har blitt leverte tilbake, er at samskipnadene ikkje klarer å bygge med den gjeldande kostnadsramma eller på grunn av kommunale reguleringsplanar. I tillegg kjem at høgare materialprisar og ein strammare arbeidsmarknad gir lågare kapasitet til nye prosjekt.

I 2021 var det til saman 43 393 hybeleiningar. For heile landet var dekningsgraden på studentbustadar 16 pst. i 2021, ifølge tal frå Database for statistikk om høgare utdanning. Dekningsgraden varierer mellom studiestadane. Til dømes er dekningsgraden i Oslo og Akershus på 15 pst., medan han på Ås er 35 pst. Det er ikkje eit mål å ha like stor dekningsgrad alle stadar, sidan behovet vil variere avhengig av tilbodet på den private leigemarknaden. Bygging av studentbustadar skal gi rimelege bustadar for studentar. Gjennomsnittleg husleige for ei hybeleining i 2021 var 4 341 kroner.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 871,4 mill. kroner på posten som skal dekke forventa utbetaling til både gamle og nye tilsegner. Midlane til eit prosjekt blir normalt betalte ut over tre år. Løyvinga gir rom for tilsegner om tilskot til 1 650 hybeleiningar i 2023.

Sidan 2020 har ikkje justering med forventa prisvekst vore i samsvar med utviklinga i kostnader til bygging av studentbustadar. Kostnadene i bygg og anleggsnæringa har auka meir enn for andre varer og tenester. Samskipnadene slit derfor med å klare å bygge nye studentbustadar innanfor kostnadsramma. I tillegg er det ikkje store skilnader i kostnadene ved å bygge studentbustadar mellom ulike delar av landet. Frå 2021 har tomtekostnader kunna bli haldne utanfor berekninga av kostnadsgrunnlaget. Departementet vil heve kostnadsramma til 1 450 000 kroner per hybeleining og bruke denne både i dei områda som er definert som pressområde, og utanfor pressområda. Til no har byggeprosjekta måtta halde seg innanfor den nominelle kostnadsramma frå tidspunktet dei får tilsegn om tilskot. Det gjer det utfordrande å handtere oppgang i prisane undervegs i prosjekta. Prosjekt som er ferdige innan fire år etter tilsegna om tilskot, skal heretter måtte halde seg innanfor den prisjusterte ramma som gjeld når bygget får mellombels bruksløyve eller ferdigattest. Departementet forventar at studentsamskipnadene med dette greier å bygge dei tilsegnene som blir lyste ut og utan at det fører til vesentleg auke i husleiga. Departementet vil også framover i tid vurdere kostnadsrammene og gjere ytterlegare endringar dersom det er nødvendig for å oppnå formålet med tilskotsordninga. Tilskotssatsane blir justerte med forventa prisvekst. I 2023 vil tilskotssatsen vere 393 700 kroner i pressområda og 336 000 kroner utanfor pressområda.

Departementet foreslår ei tilsegnsfullmakt på 1 693 mill. kroner knytt til posten, jf. forslag til vedtak III nr. 1.

Post 76 Tilskot til energitiltak i studentbustadar

Regjeringa vil frå 2023 gi Husbanken i oppdrag å forvalte tilskot til energitiltak i studentbustadar og foreslår å opprette ein ny post for tilskotsordninga. Sjå også omtale under kap. 581, post 60 for tilsvarande ordning for utleigebustadar, omsorgsbustadar og sjukeheimar i Prop. 1 S (2022–2023) for Kommunal- og distriktsdepartementet.

Mål for 2023

Redusere energibehovet i studentbustadar eigde eller disponerte av studentsamskipnadar og studentbustadstiftingar.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 141,5 mill. kroner på posten. Reglar for tilskotsordninga vil bli fastsette i forskrift.

Kap. 271 Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Driftsutgifter

173 056

162 569

115 236

21

Særskilde driftsutgifter

5 255

4 000

4 106

Sum kap. 271

178 311

166 569

119 342

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar driftsutgifter for Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT), eit statleg forvaltningsorgan som er fagleg uavhengig på fleire område. NOKUT har ansvar for akkreditering og tilsyn med kvaliteten i høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning og for godkjenning av utanlandsk utdanning.

Stortinget har vedteke lovendringar som inneber at NOKUT frå 1. januar 2023 ikkje lenger skal ha ansvar for godkjenning av utanlandsk utdanning etter universitets- og høgskulelova, fagskulelova og opplæringslova, jf. Prop. 74 L (2021–2022) Endringer i opplæringsloven, universitets- og høyskoleloven og fagskoleloven (endring av NOKUTs oppgaver, studentrettigheter mv.) og Innst. 287 L (2021–2022). Som gjort greie for i Prop. 74 L (2021–2022) tek departementet sikte på å delegere desse oppgåvene til Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). Departementet meiner det vil skape eit endå meir slagkraftig miljø for kunnskap, informasjon og godkjenning av utdanning og yrkeskvalifikasjonar frå utlandet. Samstundes vil det føre til at NOKUT blir reindyrka som akkrediterings-, kvalitetssikrings- og tilsynsorgan.

Mål for 2023

  • Norsk høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning har god kvalitet

  • NOKUTs verkemiddel for ekstern kvalitetssikring er treffsikre og bidreg til utvikling

  • Samfunnet er godt informert om kvaliteten i norsk høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning

Resultat i 2021

Det var fleire søknader om akkreditering i 2021, særleg for masterutdanningar. Med eit par unntak blei søknader frå universitet og høgskular behandla innan NOKUTs eige mål om maksimalt 6 og 14 månaders saksbehandlingstid på høvesvis bachelor-/masternivå og ph.d.-nivå. NOKUT fekk i 2021 fem søknader om akkreditering av profesjonsutdanningar i psykologi og rettsvitskap, etter at regjeringa opna for å gi fleire institusjonar rett til å tildele visse gradar med vilkår om NOKUT-akkreditering (cand.psychol., cand.theol. og master i rettsvitskap). Eit stort omfang av søknader om akkreditering av nye fagskuleutdanningar og eit rekordhøgt tal på endringsmeldingar gjorde at saksbehandlingstida for fagskulane blei tregare enn målet.

I perioden 2017–24 gjennomfører NOKUT den tredje runden av tilsyn med det systematiske kvalitetsarbeidet ved universitet og høgskular. NOKUT rapporterer at institusjonane i det store og heile no er vel budde når NOKUT kjem, og at institusjonane bruker tida før dei periodiske tilsyna til å auke kunnskapen om regelverket og hente inspirasjon til arbeidet med kvalitetsutvikling. NOKUT arbeider òg med erfaringsdeling og rettleiing overfor institusjonane. I 2021 gjennomførte NOKUT tilsyn ved ti institusjonar, og sju av dei oppfylte krava til kvalitetsarbeidet utan manglar.

Blant fagskulane er tilsynet med det systematiske kvalitetsarbeidet eit nytt verkemiddel. I 2021 fekk berre to av ni fagskular vedtak om tilfredsstillande kvalitetsarbeid, og erfaringa er at fagskulane har behov for meir rettleiing, erfaringsdeling og oppfølging rundt regelverket for kvalitetsarbeidet enn universiteta og høgskulane.

Under covid-19-pandemien har NOKUT også gjort ein stor innsats som kontaktpunkt for fagskulane og fagskulestudentane.

Oppgåva med økonomiske tilsyn med dei private høgskulane er delegert til NOKUT, og dei gjennomførte slikt tilsyn ved fire høgskular i 2021. Der vurderte dei mellom anna økonomistyringa, læringsmiljøet, rettsstillinga til studentane og likestillingsarbeidet. Det blei funne avvik i alle tilsyna, med pålegg om oppretting innan 2022. NOKUT kontrollerer også økonomiforvaltninga og arbeidet med samfunnstryggleik ved dei statlege universiteta og høgskulane og andre verksemder under Kunnskapsdepartementet og har gitt departementet råd om oppfølgingstiltak til etatsstyringa av desse.

NOKUT har fire ordningar for godkjenning av utanlandske utdanningar og yrkeskvalifikasjonar: for fag- og yrkesopplæring, fagskuleutdanning, universitets- og høgskuleutdanning og yrkeskvalifikasjonar som lærar i skulen eller styrar eller pedagogisk leiar i barnehage. Over tid har talet på søknader til NOKUT om godkjenning av utanlandsk universitets- og høgskuleutdanning gått ned, medan det har auka for dei andre ordningane. Totalt blei 5 741 utanlandske utdanningar på universitets- og høgskulenivå eller fagskulenivå vurderte som likestilte med norske kvalifikasjonar i nivå og omfang. NOKUTs mål for saksbehandlingstida blei nådd i alle ordningane unnateke for universitets- og høgskuleutdanning.

NOKUT gjennomførte i 2021 undersøkingar blant studentar ved både fagskular og universitet og høgskular og blant undervisarar ved universitet og høgskular. Undersøkingane gir både departementet, institusjonane og andre nyttig informasjon om kvaliteten i sektoren.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 115,2 mill. kroner på posten. I forslaget inngår ein reduksjon på 713 000 kroner som følge av endra jobbreisevanar etter covid-19-pandemien og ein reduksjon på 251 000 kroner som følge av at den forventa reduksjonen i pensjonspremien ved innføring av ny premiemodell i Statens pensjonskasse blei underestimert i saldert budsjett 2022, jf. nærare omtale i del I, kap. 1.

Løyvinga er redusert med 50 mill. kroner mot tilsvarande auke over kap. 256, post 01 som følge av endringane i oppgåvene mellom NOKUT og HK-dir frå 1. januar 2023, jf. Prop. 74 L (2021–2022).

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3271, post 02. Sjå forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Posten omfattar utgifter til oppgåver der NOKUT får midlar frå eksterne kjelder. Utgifter utover løyvinga på kap. 271, post 21 føreset meirinntekt på kap. 3271, post 01.

Resultat i 2021

Det blei i 2021 ført ei meirutgift på 5,3 mill. kroner på posten, som blir dekt av meirinntekta på kap. 3271, post 01, jf. meirinntektsfullmakta.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 4,1 mill. kroner på posten, som kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt på kap. 3271, post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 2.

Kap. 3271 Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Inntekter frå oppdrag

5 255

4 000

4 120

02

Salsinntekter o.a.

646

665

Sum kap. 3271

5 255

4 646

4 785

Løyvingane gjeld inntekter NOKUT får frå prosjektverksemd, kurs og konferansar.

Kap. 272 Tiltak for internasjonalisering og høgare utdanning

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

50

Verksemdskostnader

131 645

51

Tiltak for internasjonalisering, kan overførast, kan nyttast under post 71

85 252

113 562

96 547

52

Tiltak for høgare utdanning, kan overførast, kan nyttast under post 72

51 857

359 119

263 228

71

Tilskot til tiltak for internasjonalisering, kan overførast, kan nyttast under post 51

122 395

125 868

72

Tilskot til tiltak for høgare utdanning, kan overførast, kan nyttast under post 52

116 817

120 132

Sum kap. 272

268 754

711 893

605 775

Post 50 Verksemdskostnader

Løyvinga blei flytta i budsjettet for 2022, i hovudsak til kap. 256, post 01. Resten av løyvinga blei flytta til kap. 272, post 52, 71 og 72 for fleksible utdanningstilbod og den nordiske avtalen om gjensidig tilgang til høgare utdanning. Sjå desse postane for mål og budsjettforslag for 2023.

Resultat i 2021

Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) blei ein del av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) 1. juli 2021. I 2021 førte HK-dir vidare eit prosjekt for standardisering og effektivisering av forvaltninga av tilskota i porteføljen til direktoratet. Resultata av prosjektet vil bli nytta til å etablere ein sams tilskotsforvaltingsmodell for heile HK-dir. HK-dir utvikla i 2021 også ein fleirårig evalueringsplan for ulike program og ordningar og bidrog til den nasjonale Erasmus+-strategien.

HK-dir har fornya formidlinga av kunnskap og erfaringar frå prosjekt som har fått tilskot, mellom anna ved å flytte dette over på digitale flater under covid-19-pandemien. Ein nettmøteserie, fleire arrangement og podkasten Kvalitetstid – en podkast for deg som jobber med utdanning har vore viktige kanalar og arenaer for formidling av resultat og god praksis retta mot alle nivå i utdanningssektoren. Pandemien har særleg påverka arbeidet med internasjonalisering. Dette blei analysert i rapporten Krise og kreativitet: covid-19-pandemiens konsekvenser for internasjonalt utdanningssamarbeid (2021) som handla om både grunnopplæring og høgare utdanning. Varigheita på pandemien gjorde at verdien og relevansen til kunnskapen som var skaffa fram i dette arbeidet, auka og bidrog til å støtte opp under innsatsen for å halde oppe internasjonalt samarbeid i ei krevjande tid. Innlemminga i HK-dir av Universell, som har som oppgåve å vere pådrivar for universell utforming, har gjort det enklare å få til tilrettelegging i både internasjonalt samarbeid og nasjonale kvalitetsprogram.

Post 51 Tiltak for internasjonalisering, kan overførast, kan nyttast under post 71

Posten blir forvalta av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). Løyvinga kan nyttast under kap. 272, post 51 når midlane går til statlege aktørar, og under kap. 272, post 71 Tiltak for internasjonalisering for tilskot til ikkje-statlege aktørar.

Mål for 2023

  • Deltakinga til norske opplæringsaktørar i internasjonalt samarbeid bidreg til å oppfylle kvalitetsmål i grunnopplæringa

  • Norske elevar og studentar tek del i eit internasjonalt læringsmiljø

Resultat i 2021

Delar av løyvinga har i 2021 vore nytta til samarbeidsprogramma NORPART og UTFORSK. Løyvinga til dei to programma bidreg til at Noreg deltek aktivt i internasjonalt samarbeid innanfor utdanning og forsking, og til at det er gode koplingar mellom forsking og høgare utdanning i arbeidet. Begge skal òg medverke til auka kvalitet i høgare utdanning.

Det er stor interesse i sektoren for dei to programma. I UTFORSK blei det i 2021 tildelt støtte til 35 nye fireårige prosjekt (tildelingsrate 43 pst.), og det var rekordstor interesse for NORPART-utlysinga i 2021, med 151 søknader fordelte på 19 norske institusjonar. Dei nordiske landa har ein avtale om å gi innbyggarane sine gjensidig tilgang til høgare utdanning, med ein fastsett kompensasjon mellom landa. I 2021 betalte Noreg 60,8 mill. kroner i samband med avtalen. Avtalen sikrar at norske søkarar til høgare utdanning i andre nordiske land blir behandla likt med nasjonale søkarar ved opptak. Det same gjeld andre nordiske statsborgarar som søker opptak til høgare utdanning i Noreg. I 2021 var det 2 733 norske heilgradsstudentar i andre nordiske land, og 1 192 nordiske studentar i Norege.

Delar av løyvinga har i 2021 vore nytta til Fulbright-programmet, som er eit stipendprogram som støttar særleg kvalifiserte søkarar til studium på mastergrads- og doktorgradsnivå i USA og tilsvarande studentar frå USA som vil studere i Noreg. I tillegg blir det gitt stipend til forskarar frå Noreg og USA. Til saman 36 nordmenn fekk i 2021 stipend over dette programmet, 23 på master- eller ph.d.-nivå, og 13 fekk forskarstipend. I tillegg fekk fem forskarar oppstart i 2021 etter at stipendutbetalinga var blitt utsett frå 2020. Samstundes fekk 31 amerikanske stipendmottakarar finansiert opphald i Noreg i 2021.

HK-dir tildelte i 2021 9,8 mill. kroner til fire lærarutdanningsprosjekt i programmet NOTED (Norwegian Partnership Programme for International Teacher Education). Prosjekta går over fire år.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår ei samla løyving for post 51 og 71 på 222,4, mill. kroner, fordelt med 96,5 mill. kroner på post 51 og 125,9 mill. kroner på post 71.

Løyvinga på post 51 og 71 går til programma HK-dir forvaltar for internasjonalisering i utdanning. Dette gjeld mellom anna:

  • partnarskapsprogram for globalt akademisk samarbeid (NORPART)

  • programmet UTFORSK (oppfølging av Panorama-strategien)

  • tilskot til internasjonalt samarbeid og utveksling i grunn- og vidaregåande skule

  • ordninga Noregskunnskap i utlandet

  • den nordiske avtalen om gjensidig tilgang til høgare utdanning

  • Det europeiske ungdomsparlamentet

  • United World College

Departementet foreslår å løyve 9,3 mill. kroner til Fulbright-programmet i 2023. Sett i lys av behovet for å gi rom for andre prioriteringar foreslår departementet å redusere løyvinga på post 51 og 71 med samla sett 20,6 mill. kroner.

Som følge av reduksjonen tilrår departementet å avvikle NOTED-programmet og ordning for samarbeid med Russland frå og med 2023 og OFNEC (Caen) frå 2024. Departementet tilrår også å redusere løyvinga til UTFORSK og NORPART.

Post 52 Tiltak for høgare utdanning, kan overførast, kan nyttast under post 72

Posten blir forvalta av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). Løyvinga kan nyttast under kap. 272, post 52 når midlane går til statlege aktørar, og under kap. 272, post 72 Tiltak for høgare utdanning for tilskot til ikkje-statlege aktørar.

Mål for 2023

Dei uteksaminerte kandidatane frå høgare utdanning er svært kompetente og dekker kompetansebehova i arbeidslivet og samfunnet.

Resultat i 2021

Kvalitetsprogramma er ei samlenemning på program som er innretta mot kvalitet i høgare utdanning. Programma gir universiteta og høgskulane høve til å utvikle og spreie gode undervisningsmetodar og utdanningstilbod. I 2021 var det tiårsmarkering for etableringa av det første programmet, senter for framifrå utdanning. Ordninga har i løpet av åra bidrege til meir status og fart på kvalitetsarbeidet, ved at framifrå utdanningsmiljø arbeider langsiktig med innovasjon i utdanning og bygger kultur for å diskutere læring og undervisning i fagmiljøa. Det står sentralt i ordninga at sentera skal arbeide for å spreie resultata sine og bidra med kompetansen sin til kvalitetsutvikling ved andre institusjonar for å løfte breidda i norsk høgare utdanning.

I 2021 tildelte HK-dir til saman 151 mill. kroner til 34 prosjekt som skal styrke arbeidslivsrelevans og studentaktive læringsformer i høgare utdanning. Dei førstnemnde prosjekta skal føre til forskingsbasert kunnskap om auka arbeidslivsrelevans, kunnskapsflyt og studentlæring basert på utprøving og evaluering i prosjektperioden. Program for studentaktiv læring gir støtte til prosjekt som utviklar, prøver ut og evaluerer studentaktive lærings- og vurderingsformer for å styrke studentane si læring. Programma er attraktive, og det er høg konkurranse om midlar. I Program for studentaktiv læring fekk 24 pst. av søknadene midlar, medan 34 pst. av dei som søkte om midlar frå Tiltak for økt arbeidsrelevans, fekk innvilga prosjekta.

HK-dir tildelte 139 mill. kroner i 2021 til 49 prosjekt i universitets- og høgskulesektoren gjennom Program for fleksible utdanningstilbod. Ordninga blei open for alle fagområde i 2021, noko som medførte større interesse og variasjon i fag- og fokusområde i prosjekta. Sektoren er oppteken av behovet for langsiktig satsing når dei skal jobbe vidare med kvaliteten i fleksible utdanningstilbod og i tillegg halde oppe robuste fagmiljø samstundes som tilboda over tid skal kunne variere både mellom fagområde og kvar i landet dei blir tilbodne. Derfor er prosjektperioden utvida frå to til fire år for å kunne gi større fleksibilitet i lengda på prosjekta

I 2021 blei lærebokordninga monaleg styrkt og vidareutvikla for å medverke betre til meir bruk og utvikling av norsk fagspråk. Søknader på fagområde med stort domenetap til engelsk og bøker på samisk og nynorsk har fått auka prioritet i ordninga. Større vektlegging av norsk fagspråk i høgare utdanning kan føre til at det blir produsert og publisert fleire læremiddel på norsk og samisk framover.

Covid-19-pandemien har gitt verdifull erfaring og kompetanse i bruk av digitale verktøy i undervisning, vurdering og læring som det er viktig å bygge vidare på. Fleirtalet av prosjekta som har fått støtte frå HK-dir dei seinare åra, inkluderer utvikling og pedagogisk bruk av digitale verktøy. Prosjekta tek i bruk digitale verktøy anten for å fremje meir studentaktivitet i undervisnings- og læringsprosessen eller for å gjere undervisninga meir praksisnær.

Program for kunstnarleg utviklingsarbeid (PKU) har eit nasjonalt ansvar for å stimulere og legge til rette for kunstnarleg utviklingsarbeid i Noreg. PKU gir prosjektmidlar til kunstnarlege utviklingsprosjekt og driv den nasjonale forskarskulen i dei skapande og utøvande kunstfaga. PKU er sentralt for å utvikle doktorgradsutdanningane på dette området. 82 stipendiatar er knytte til forskarskulen. Covid-19-pandemien har påverka framdrifta også for desse stipendiatane, og berre 7 stipendiatar sluttførte i 2021. Mange stipendiatar er i sluttfasen av arbeidet, og det er venta fleire disputasar i 2022. På oppdrag frå HK-dir gjennomførte Ideas2evidence i 2021 ei kandidatundersøking om stipendiatprogrammet og doktorgradsprogram i kunstnarleg utviklingsarbeid. Undersøkinga viser at kandidatane etter fullført program for det meste raskt finn relevant arbeid, og at nesten alle kandidatane i dag har ein relevant jobb.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår ei samla løyving for post 52 og 72 på 383,4 mill. kroner: fordelt med 263,2 mill. kroner på post 52 og 120,1 mill. kroner på post 72.

Løyvinga på post 52 og 72 går til ulike program og tiltak retta mot høgare utdanning:

  • senter for framifrå utdanning

  • fleksible utdanningstilbod

  • ulike program og tiltak for utvikling av praksisstudiar og auka arbeidslivsrelevans i utdanningane

  • program for kunstnarleg utviklingsarbeid

  • program for studentaktiv læring

  • lærebokordninga for høgare utdanning

  • program for maritim kompetanse

  • støtteordninga for opne norskspråklege tidsskrift innanfor humaniora og samfunnsvitskap

  • utdanningskvalitetsprisen for høgare utdanning

Departementet foreslår å løyve 2,95 mill. kroner til International Council for Open and Distance Education (ICDE) i 2023.

Sett i lys av behovet for å gi rom for andre prioriteringar foreslår departementet å redusere løyvinga på post 52 og 72 samla sett med 44,8 mill. kroner.

På grunn av reduksjonen vil departementet redusere tildelinga til einskilde av programma og ordningane. Det gjeld følgande ordningar:

  • program for maritim kompetanse

  • senter for framifrå utdanning

  • lærebokordninga for høgare utdanning, tilsvarande mindreforbruk i 2022

  • støtteordninga for opne norskspråklege tidsskrift innanfor humaniora og samfunnsvitskap, tilsvarande mindreforbruk i 2022

  • program for studentaktiv læring og tiltak for auka arbeidsrelevans slås saman til eitt program, og den samla ramma vert redusert.

Regjeringa foreslår å auke løyvingane til dei søknadsbaserte ordningane for desentralisert og fleksibel utdanning over heile landet med 10 mill. kroner, til 199,6 mill. kroner.

Regjeringa foreslår å flytte 68 mill. kroner frå kap. 272, post 52 til kap. 260, post 50 for Nord universitets studietilbod på Nesna og overdraginga av verksemda Nordland kunst- og filmhøgskole til Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet, jf. tilsvarande flytting for 2022 i Innst. 450 S (2021–2022) og Prop. 115 S (2021–2022). Regjeringa foreslår vidare å flytte 4,1 mill. kroner til kap. 270, post 74 for studentsamskipnaden Studentinords tilbod til studentane ved Nesna.

Post 71 Tilskot til tiltak for internasjonalisering, kan overførast, kan nyttast under post 51

Sjå omtale under kap. 272, post 51.

Post 72 Tilskot til tiltak for høgare utdanning, kan overførast, kan nyttast under post 52

Sjå omtale under kap. 272, post 52.

Kap. 273 Kunnskapssektorens tenesteleverandør – Sikt

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

50

Verksemdskostnader

223 101

179 008

182 910

Sum kap. 273

223 101

179 008

182 910

Post 50 Verksemdskostnader

Posten omfattar løyvinga til Kunnskapssektorens tenesteleverandør (Sikt), som er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter under Kunnskapsdepartementet. Sikt har ansvar for felles digitale tenesteleveransar til kunnskapssektoren.

Mål for 2023

  • Kunnskapssektoren har god tilgang til infrastruktur og fellestenester av høg kvalitet

  • Kunnskapssektoren deler data for auka kunnskapsutvikling, innovasjon og verdiskaping

  • God informasjonstryggleik og godt personvern i kunnskapssektoren

Resultat i 2021

Rapporteringa gjeld løyvinga i 2021, som gjekk til Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking. Som følge av omorganisering av den sentrale forvaltninga av høgare utdanning, høgare yrkesfagleg utdanning og kompetansefeltet blei Unit 1. januar 2022 lagt ned og oppgåvene overførte til dei nye forvaltningsorgana Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) og Kunnskapssektorens tenesteleverandør (Sikt).

Behovet for brukarvennlege, sikre og pålitelege digitale undervisings- og vurderingstenester blei forsterka som følge av det større omfanget av nettundervisning under pandemien. Unit leverte i tett samarbeid med universitets- og høgskulesektoren fellestenester som læringsplattform, videotenester og digital eksamen. Unit har i 2021 medverka i viktige utgreiingar både om konsekvensar for avlyst eksamen for vidaregåande skular og endring i opptakskrav for lærarutdanninga.

Det samordna opptaket til grunnutdanningar ved universitet og høgskular blei gjennomført etter planen trass i utfordringar med opptaksreglar ved avlyste eksamenar og rekordmange søkarar som følge av pandemien. Samordna opptak opplevde òg vanskar med IT-systema, og desse var til tider nede. Opptaksplattforma bygger på gammal teknologi og har no eit stort behov for modernisering.

Nasjonal vitnemålsdatabase (NVB) er ei nasjonal fellesteneste som inneheld vitnemål frå vidaregåande opplæring. NVB er avgjerande for automatiseringsgraden i det samordna opptaket til høgare utdanning, og det er samstundes ei sjølvstendig teneste. I 2021 starta Unit utvikling av ei nettbasert teneste for automatisert kvalitetssikring av vitnemål, ein såkalla kontrollmotor. Dei vidaregåande skulane brukar nettenesta både til kontroll av fagvala til elevane, for å sikre at dei vel fag som oppfyller krava til vitnemål, og ved utferding av vitnemål. På sikt er målet at vitnemål frå alle typar utdanningar kan lagrast i NVB.

Gjennom fellestenesta Vitnemålsportalen kan alle som har høgare utdanning frå Noreg, sjølve hente ut vitnemåla og karakterutskriftene sine og dele dei med studiestadar, moglege arbeidsgivarar og andre. Vitnemålsportalen sikrar at resultata som blir delte, er korrekte. I 2021 er det gjort ytterlegare forbetringar med digitalisering av eksamen og påfølgande resultat og vitnemål. Digitale vitnemål blir no gjorde tilgjengelege for studentane gjennom Vitnemålsportalen.

Dåverande Uninett AS etablerte i 2021 Cybersikkerheitssenter for forsking og utdanning, som er ei fellesteneste for betre å avdekke, analysere og handtere truslar og dermed redusere risiko i informasjonstryggleik og personvern i høgare utdanning og forsking. Cybersikkerheitssenteret har òg ansvaret for oppgåva som sektorvist responsmiljø (SRM) som skal dekke alle dei underliggande verksemdene i sektor for høgare utdanning og forsking.

Unit har i 2021 halde fram med å forhandle og reforhandle avtalar om open forsking med dei store forlaga på vegner av universitet, høgskular, forskingsinstitutt og sjukehus, avtalar som gir lesetilgang til alle tidsskrifta til forlaga og høve til å publisere forskingsartiklar utan ekstra kostnader. Unit har òg gjort eit stort arbeid for å informere biblioteka og forskarane om korleis dei kan publisere ope, og lanserte i 2021 nettstaden openscience.no. Nettstaden gir generell informasjon om open forsking, særleg open tilgang, og rettleiing til forskarar og institusjonar om korleis dei kan publisere, finansiere og få tilgang til forskingsresultat.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 182,9 mill. kroner på posten. I forslaget inngår ein reduksjon på 904 000 kroner som følge av endra jobbreisevanar etter covid-19-pandemien og ein reduksjon på 339 000 kroner som følge av at den forventa reduksjonen i pensjonspremien ved innføring av ny premiemodell i Statens pensjonskasse blei underestimert i saldert budsjett 2022, jf. nærare omtale i del I, kap. 1.

Kap. 274 Universitetssenteret på Svalbard

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

70

Tilskot til Universitetssenteret på Svalbard

40 032

158 265

158 265

Sum kap. 274

40 032

158 265

158 265

Post 70 Tilskot til Universitetssenteret på Svalbard

Posten omfattar tilskot til Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS). UNIS er eit statleg aksjeselskap underlagt Kunnskapsdepartementet. UNIS blei etablert i 1993 som ein høgare utdannings- og forskingsinstitusjon for å gi utdanning på universitetsnivå i arktiske studiar og bidra til å utvikle Svalbard som internasjonal forskingsplattform.

Mål for 2023

Høg kvalitet i utdanning og forsking knytt til Svalbards plassering i eit høgarktisk område.

Resultat i 2021

UNIS har studietilbod på universitetsnivå som eit supplement til den undervisninga som blir gitt ved institusjonane på fastlandet. Den geografiske plasseringa gir spesielle fortrinn gjennom bruk av naturen som laboratorium og arena for observasjonar, innsamling og analyse av data. I vårsemesteret 2021 blei dei aller fleste master- og ph.d.-emna ved UNIS avlyste, og maksimalt studenttal måtte reduserast på grunn av smitteverntiltaka. Derfor blei det berre utført 162 studentårsverk ved senteret i 2021. Det er fleire enn i 2020, men lågare enn måltalet på 220 årsverk. UNIS har i 2020 og 2021 nytta det økonomiske handlingsrommet sitt til investeringar for å kunne gi betre kvalitet på utdanning, forsking og administrative tenester i åra framover. Det gjer at senteret står betre rusta til å handtere ein ny normal etter covid-19-pandemien.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 158,3 mill. kroner på posten.

Det blir gjort ein områdegjennomgang av tilskot til namngitte mottakarar der utgangspunktet er at tilskot i størst mogleg grad skal lysast ut gjennom tilskotsordningar på grunnlag av opne søknadsprosessar og kjende tildelingskriterium. Sjå nærare omtale i del I, kap. 1. Kunnskapsdepartementet meiner at UNIS ikkje kan behandlast som enkeltståande tilskotsmottakar. Verksemda ved UNIS blei opphavleg organisert som ei stifting, stifta av universiteta i Noreg i 1994, og i 2002 omdanna til eit aksjeselskap eigd av Kunnskapsdepartementet, jf. St.prp. nr. 1 (2002–2003) Svalbardbudsjettet. UNIS fungerer for alle praktiske formål som ei underliggande verksemd til Kunnskapsdepartementet.

Kap. 275 Tiltak for høgare utdanning og forsking

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

160 355

143 290

186 077

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

119 142

70

Tilskot, kan nyttast under post 21

235 107

82 073

77 524

Sum kap. 275

514 604

225 363

263 601

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

Løyvinga til ulike tiltak og prosjekt innanfor høgare utdanning og forsking kan nyttast under kap. 275, post 21 når midlane er til statlege aktørar, og under kap. 275, post 70 for tilskot til ikkje-statlege aktørar.

Delar av løyvinga kan nyttast til lønn og andre utgifter for tilsette i Kunnskapsdepartementet.

Mål for 2023

Høg kvalitet og samordning innanfor høgare utdanning og forsking.

Resultat i 2021

I 2021 tildelte Kunnskapsdepartementet til saman 84 mill. kroner over kap. 275, post 21 og 70, til kvalitetsutvikling i lærarutdanningane. Partnarskapssamarbeid om praksis blei tildelt 65,8 mill. kroner. HK-dir (Diku) fekk 15 mill. kroner til praksisprosjekt. Praksissatsingane er viktige for å få til samarbeid og kunnskapsutvikling om kvalitet i praksis, slik at studentane kan få eit betre læringsutbyte. Fagleg råd for lærarutdanning fekk tildelt 0,9 mill. kroner over kap. 275 og ytterlegare 0,9 mill. kroner over kap. 226, post 21. I 2021 starta rådet eit arbeid med å sjå på korleis arbeida med bachelor- og masteroppgåvene i lærarutdanning bidreg i yrkeskvalifiseringa og til kunnskapsdeling i utdanningane. Noregs idrettshøgskole tok dette året opp studentar til den femårige lærarutdanninga i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13 (LUPE) for første gong. Det var fem søkarar per studieplass. Ytterlegare fem institusjonar lyser ut utdanninga i 2022 og 2023. I 2021 blei det gitt 2,5 mill. kroner til institusjonar som arbeider med å førebu implementeringa av denne utdanninga. Kunnskapsdepartementet starta i 2017 arbeidet med å utvikle nasjonale retningslinjer for helse- og sosialfagutdanningane som vil erstatte dei tidlegare rammeplanane for desse utdanningane (RETHOS-prosjektet). Det er sett av 5,3 mill. kroner årleg til prosjektet. Retningslinjene blir utarbeidde av programgrupper som departementet nemner opp. Det er til no utarbeidd retningslinjer for totalt 21 grunnutdanningar og 11 master- og vidareutdanningar. I 2021 blei det mellom anna fastsett retningslinje for samisk sjukepleiarutdanning. I 2022 er retningslinjer for fleire masterutdanningar under utvikling.

Kunnskapsdepartementet tildelte 37,5 mill. kroner til MARKOM2020, som er eit samarbeidsprosjekt for maritim kompetanse. Ei evaluering utført av ideas2evidence viser at MARKOM2020 i prosjektperioden sin har bidrege til eit løft for dei maritime profesjonsutdanningane. Prosjektet har mellom anna lykkast med å utvikle eit meir heilskapleg utdanningsløp frå fagskule til ph.d., utstyrsparken er oppgradert, samarbeidet mellom utdanningsinstitusjonane er styrkt, og det er gjennomført ei omfattande kompetanseheving blant tilsette i maritime utdanningar. Evalueringa peikar på at utdanningane må følge opp endra behov i næringa, som auka digitalisering, ny teknologi og grønt skifte. Dette er tema som HK-dir i 2021 fekk i oppdrag å følge opp i det nye prosjektet MARKOM II frå 2022. HK-dir fekk tildelt 1 mill. kroner i 2021 for å starte opp dette arbeidet.

OsloMet – storbyuniversitetet og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet fekk 4,4 mill. kroner til å utvikle og drive kompletterande utdanning, primært for flyktningar med høgare utdanning frå heimlandet. Dei tilbyr lærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Det er god søking til utdanningane, men kravet til norskkunnskapar er ei utfordring. OsloMet har integrert noko norskopplæring i lærarutdanninga. Det er framleis viktig å arbeide for betre rekruttering, særleg til ingeniørutdanningane, og å få på plass gode praksisplassar. OsloMet har vedteke å utvide tilbodet på helsefagsida, og frå hausten 2022 vil dei også tilby kompletterande utdanning for bioingeniørar.

Opptaksutvalet skal gjere ein heilskapleg gjennomgang av regelverket for opptak og foreslå eventuelle endringar i dette regelverket. Utvalet skal levere sin rapport 1. desember 2022.

Departementet tildelte midlar til fleire evalueringar og utgreiingsoppdrag som har bidrege til eit betre grunnlag for å nå måla for posten.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 186,1 mill. kroner på posten. Midlane skal gå til mellom anna følgande formål:

  • Partnarskapssamarbeid mellom lærarutdanningsinstitusjonar og skule- og barnehageeigarar: 65,8 mill. kroner

  • Nytt digitalt system for gjennomføring av opptaket til høgare utdanning 53,7 mill. kroner

  • Prosjekt for å styrke kvaliteten i praksis i lærarutdanningane: 15 mill. kroner

  • Utvikling av nasjonale retningslinjer for helse- og sosialfagutdanningane: 5,5 mill. kroner

  • Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) for å spreie forskingsbasert informasjon om internasjonale tilhøve, særleg til barn og unge: 5,5 mill. kroner

  • Sikt for arbeid med sektorvist responsmiljø (SRM): 3,8 mill. kroner

  • Institusjonar som planlegg for femårig lærarutdanning i praktiske og estetiske fag: 2,5 mill. kroner

  • HK-dir for arbeid med styringsmodell for informasjonstryggleik: 3,8 mill. kroner

  • Fagleg råd for lærarutdanning 2025: 0,9 mill. kroner

I tillegg foreslår departementet midlar over kap. 275, post 21 til mellom anna geologiprogrammet GoNorth, stortingsmelding om profesjonsutdanning, den europeiske studentundersøkinga Eurostudent VIII, arbeidet med forskingsprisar og andre mindre tiltak.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 53,7 mill. kroner for å finansiere eit nytt digitalt system for gjennomføring av opptaket til høgare utdanning. I samband med revidert budsjett for 2021 løyvde Stortinget 6 mill. kroner til utgreiing og planlegging av ei full modernisering av IT-løysingane som Samordna opptak bruker for å gjennomføre opptaket. Utgreiinga har vist at IT-systema er forelda, ikkje oppfyller lovkrav til datasystem, har høg driftsrisiko og er lite brukarvennlege. Det er derfor nødvendig å kome i gang med utviklinga av eit nytt system. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget med ei endeleg kostnadsramme for prosjektet i samband med revidert budsjett for 2023. Målet med prosjektet er å utvikle eit sikkert, påliteleg og framtidsretta system, slik at opptaket til høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning kan gjennomførast også i komande år.

Departementet foreslår ein reduksjon i løyvinga på 10 mill. kroner for å finansiera andre tiltak på Kunnskapsdepartementets budsjett. Departementet foreslår ein reduksjon i løyvinga på 895 000 kroner som følge av endra jobbreisevanar etter covid-19-pandemien.

Departementet foreslår å flytte 0,3 mill. til kap. 201, post 21 for å samla løyvinga til ADMOD på ein post.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

I statsbudsjettet for 2022 blei posten avvikla.

Resultat i 2021

Fram til 2020 omfatta posten midlar til investeringar i utstyr og vedlikehald i universitets- og høgskulesektoren, og i 2021 også midlar til oppgradering og tilpassing av universitets- og høgskulebygg. I revidert budsjett for 2021 vedtok Stortinget å omdisponere til saman 10,9 mill. kroner frå posten til Universitetssenteret på Svalbard og nybyggprosjekt for Studentersamfundet i Trondhjem. Det stod etter det 119,1 mill. kroner attende på posten, som departementet etter søknad tildelte til 17 ulike oppgraderings- og ombyggingsprosjekt ved Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger, Universitetet i Agder, Noregs miljø- og biovitskaplege universitet, Noregs musikkhøgskole, Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde, vitskapleg høgskole i logistikk.

Post 70 Tilskot, kan nyttast under post 21

Mål for 2023

Høg kvalitet og samordning innanfor høgare utdanning og forsking.

Resultat i 2021

Kunnskapsdepartementet utbetalte til saman 235,1 mill. kroner over kap. 275, post 70:

  • Studentsamskipnadene til oppfølging av studentane under koronapandemien: 128,5 mill. kroner, inkludert 50 mill. kroner for å lønne studentar som skal sørge for gode sosiale tilbod til andre studentar. Studentsamskipnadene betalte tilbake om lag 15,7 mill. kroner i ubrukte midlar

  • Norsk senter for forskingsdata (NSD) for Database for statistikk om høgare utdanning (DBH): 25,2 mill. kroner

  • Senter for grunnforsking (CAS): 23,1 mill. kroner til den generelle verksemda og 1,8 mill. kroner til senterets Young CAS Fellow-ordning

  • Universitets- og høgskolerådet (UHR): 22,5 mill. kroner til den generelle verksemda, og til arbeidet i Komité for kjønnsbalanse og mangfald i forsking, og til arbeidet i Det nasjonale publiseringsutvalet. 2 mill. kroner til arbeidet med retningslinjer for lærarutdanningane

  • Studentersamfundet i Trondhjem for finansiering av nybygg: 10 mill. kroner

  • Det Norske Videnskaps-Akademi: 9,9 mill. kroner

  • Høgskolesenteret i Kristiansund: 8,7 mill. kroner

  • Det Kongelige Norske Videnskabers Selskap: 3,4 mill. kroner

  • Dronning Mauds Minne Høgskole for barnehagelærerutdanning for partnerskapar i barnehagelærarutdanning: 3 mill. kroner

  • Nordisk institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning for kandidatundersøkinga: 2,8 mill. kroner

  • NLA Høgskolen for partnarskapar i grunnskulelærarutdanninga: 2,4 mill. kroner

  • Akademiet for yngre forskarar: 2,3 mill. kroner

  • Nord-Troms Studiesenter: 1,5 mill. kroner

  • Den internasjonale kreftforskingsorganisasjonen (IARC): 1,5 mill. kroner

  • Studiesenter Lister kompetanse: 1 mill. kroner

  • Forskningsinstituttenes fellesarena: 0,6 mill. kroner

  • Centre International de Mathématiques Pures et Appliquées (CIMPA): 0,3 mill. kroner

  • MF vitenskapelig høyskole for partnarskapar i grunnskulelærarutdanning: 0,2 mill. kroner

  • Barratt Due musikkinstitutt for partnarskapar i grunnskulelærarutdanning: 0,1 mill. kroner

Løyvinga har finansiert fleire tiltak som har gitt eit viktig grunnlag for informasjon om høgare utdanning og forsking som både departementet og aktørane i sektoren treng for å heve kvaliteten. I tillegg har løyvinga finansiert tiltak, i regi av studentsamskipnadene, for å ta hand om den psykiske helsa til studentane under covid-19-pandemien. Løyvinga har også gått til tre studiesenter som har bidrege til tilgang til studietilbod lokalt. Rapporteringa for 2021 viser at alle institusjonane har halde fram med den faglege verksemda og den psykososiale oppfølginga på ein tilfredsstillande måte.

Det var ei særleg stor løyving over posten i 2021 som følge av særskilte tiltak i møte med covid-19-pandemien.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 77,5 mill. kroner på posten.

Det blir gjort ein områdegjennomgang av tilskot til namngitte mottakarar der utgangspunktet er at tilskot i størst mogleg grad skal lysast ut gjennom tilskotsordningar på grunnlag av opne søknadsprosessar og kjende tildelingskriterium. Sjå nærare omtale i del I, kap. 1. Det blei i 2022 oppretta ei søknadsbasert ordning i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse for tilskot til drift av studiesenter, der mellom anna Lister kompetanse AS og Campus Nord-Troms AS (tidlegare Nord-Troms studiesenter) fekk midlar. I tillegg fekk dei direkte tilskot frå Kunnskapsdepartementet. Departementet foreslår at dei får tilskota sine gjennom ordninga i HK-dir frå og med 2023, inkludert tilskotet dei i 2022 fekk direkte over Kunnskapsdepartementets budsjett. Høgskolesenteret i Kristiansund har sidan 2015 fått direkte tilskot over Kunnskapsdepartementets budsjett. I tråd med at det no er oppretta ei søknadsbasert ordning forvalta av HK-dir, foreslår departementet at også Høgskolesenteret i Kristiansund søker gjennom ordninga i HK-dir frå og med 2024.

Kunnskapsdepartementet foreslår å vidareføre dei andre einskildståande tilskota fordi det er aktørar med unike formål. Det vil ikkje vere effektiv bruk av offentlege ressursar å opprette tilskotsordningar for dei einskilde mottakarane.

Til dømes er Universitets- og høgskolerådet (UHR) den einaste medlems- og interesseorganisasjonen som omfattar nær alle universiteta og høgskulane som får løyving over statsbudsjettet, 32 av institusjonane er medlemmar. Arbeidet som UHR gjer, sparer forvaltninga og sektoren for tid og ressursar i prosessar der det er behov for samarbeid mellom partane eller innspel frå sektoren.

Dei vitskaplege akademia som får tilskot over posten, er særeigne på sine felt. Til dømes er Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS) Noregs eldste vitskaplege institusjon, Akademiet for yngre forskarar (AYF) er det einaste vitskaplege akademiet i Noreg for yngre forskarar og Det Norske Videnskaps-Akademi (DNVA) er ein av dei eldste vitskaplege organisasjonane i landet som i tillegg er landsomfattande og omfattar alle vitskaplege disiplinar.

Senter for grunnforsking (CAS) er ein unik institusjon for å fremje forvitenskapsdrevet, framifrå forsking for godt etablerte og yngre forskarar. Forskaropphald på CAS gir forskarar ei eineståande moglegheit til å jobbe uforstyrra og samanhengande med forsking.

Forskningsinstituttenes fellesarena (FFA) representerer forskingsinstitutta med statleg grunnløyving. Dei skal bidra med råd til forvaltninga og andre aktørar i saker som særlig gjeld forsking og forskingsbasert innovasjon. FFA skal vidare vere høyringsinstans på vegner av medlemsinstitutta overfor departement og andre offentlege myndigheiter. Departementet foreslår følgande tilskot:

  • Senter for grunnforsking (CAS), inkludert Young CAS Fellow: 25 mill. kroner

  • Universitets- og høgskolerådet (UHR), inkludert Kif-komiteen og Det nasjonale publiseringsutvalet: 24,6 mill. kroner

  • Det Norske Videnskaps-Akademi: 9,9 mill. kroner

  • Høgskolesenteret i Kristiansund: 8,5 mill. kroner

  • Det Kongelige Norske Videnskabers selskap: 3,5 mill. kroner

  • Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning for den europeiske kandidatundersøkinga: 2,9 mill. kroner

  • Akademiet for yngre forskarar: 2,4 mill. kroner

  • Forskningsinstituttenes fellesarena: 0,7 mill. kroner

Departementet foreslår ein reduksjon i løyvinga på 6,2 mill. kroner for å finansiere andre tiltak på Kunnskapsdepartementets budsjett.

Kap. 3275 Tiltak for høgare utdanning og forsking

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Inntekter frå oppdrag

10

10

Sum kap. 3275

10

10

Kap. 284 Dei nasjonale forskingsetiske komiteane

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Driftsutgifter

18 361

19 823

20 119

Sum kap. 284

18 361

19 823

20 119

Post 01 Driftsutgifter

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (FEK) er eit forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet. Løyvinga dekker arbeidet i administrasjonen, granskingsutvalet og dei tre nasjonale forskingsetiske komiteane for høvesvis medisin og helsefag, samfunnsvitskap og humaniora, og naturvitskap og teknologi. Oppgåvene er fastsette i forskingsetikklova, som også slår fast at komiteane og utvala er fagleg uavhengige organ.

Mål for 2023

Det overordna samfunnsmålet med FEK er etisk god og ansvarleg forsking. Måla med verksemda er at

  • forskarar og forskingsinstitusjonar fremjar etisk god og ansvarleg forsking

  • andre aktørar tek omsyn til forskingsetikk i arbeidet sitt

  • samfunnet har tillit til forsking

Resultat i 2021

Riksrevisjonen konkluderte i 2021 med at dei statlege universiteta og høgskulane ikkje gjer nok for å sikre at forsking skjer i tråd med forskingsetikklova og forskingsetiske normer. FEK har i 2021 prioritert arbeidet med å revidere og ferdigstille faglege retningslinjer og rettleiarar, rådgiving og formidling for å legge til rette for at institusjonane og forskarar fremjar etisk god og ansvarleg forsking. Ei anna prioritert oppgåve har vore å styrke samarbeidet mellom komiteane, utval og sekretariatet og velje ut fagleg prioriterte tema å jobbe saman om. I 2021 var tema institusjonane sitt ansvar og pandemiforsking. FEK har òg arbeidd med å vidareføre relevante møteplassar for erfaringsutveksling og diskusjon om spørsmål rundt institusjonane sitt ansvar for forskingsetikk.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 20,1 mill. kroner på posten. I forslaget inngår ein reduksjon på 96 000 kroner som følge av endra jobbreisevanar etter covid-19-pandemien og ein reduksjon på 22 000 kroner som følge av at det i saldert budsjett 2022 blei utrekna for høg kompensasjon ved innføring av ny premiemodell i Statens pensjonskasse, jf. nærare omtale i del I, kap. 1.

Kap. 285 Noregs forskingsråd

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

52

Langsiktig, grunnleggande forsking

1 724 871

1 708 476

1 757 574

53

Sektoroverskridande og strategiske satsingar

1 838 499

1 885 508

1 939 694

54

Forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse

771 195

765 607

787 609

55

Verksemdskostnader

806 849

782 233

744 217

Sum kap. 285

5 141 414

5 141 824

5 229 094

Noregs forskingsråd er ein sentral aktør i det norske forskings- og innovasjonssystemet og eit viktig verkemiddel for å nå dei forskingspolitiske måla til regjeringa. Sjå omtalen av mål under post 55.

I tråd med sektorprinsippet for norsk forsking, som inneber at kvart departement har ansvar for å finansiere forsking innanfor sine ansvarsområde, bidreg løyvingar frå mange departement til å nå dei måla regjeringa har sett for forskingspolitikken. Ei oversikt over dei største tildelingane til Forskingsrådet frå andre departement i 2022 og 2023 er presentert i del III, kap. 5.

Kunnskapsdepartementet har ansvaret for etatsstyringa av Forskingsrådet og for at rådet når dei måla som er sette for verksemda. Eit felles styringssystem for Forskingsrådet samordnar styringssignala frå dei ulike departementa til Forskingsrådet.

I tillegg til midlane over kap. 285 får Forskingsrådet løyvingar over følgande andre kapittel og postar på Kunnskapsdepartementets budsjett:

  • kap. 201, post 21 (utdanningsforsking og forsking på forskings- og innovasjonspolitikk)

  • kap. 226, post 71 (tilskot til vitensenter)

  • kap. 287, post 57 (grunnløyving til dei samfunnsvitskaplege institutta)

  • kap. 288, post 21 (oppfølging av internasjonalt samarbeid)

Sjå nærare omtale av desse løyvingane under dei respektive postane.

Nokre av løyvingane til Forskingsrådet er øyremerkte tilskot til institusjonane i tabell 4.28.

Tabell 4.28 Øyremerkte tilskot gjennom Noregs forskingsråd

(i 1 000 kr)

Organisasjon

Kap.post

Forslag 2023

Simula AS

285.52

80 525

Uninett Sigma2 AS1

285.54

50 000

1 Løyvinga til Uninett Sigma 2 er ei snittløyving for den komande avtaleperioden.

Økonomisituasjonen i Noregs forskingsråd

Kunnskapsdepartementet viser til omtalen av økonomisituasjonen i Noregs forskingsråd i Prop. 1 S (2021–2022) for Kunnskapsdepartementet og Prop. 115 S (2021–2022) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2022.

Bakgrunn for saka

Forskingsrådet mottek i 2022 om lag 10,8 mrd. kroner frå 46 ulike budsjettpostar fordelte på 15 ulike departement. Den samla løyvinga finansierer om lag 5 600 aktive forskings- og innovasjonsprosjekt. Forskingsrådet er nettobudsjettert og kan overføre ubrukte midlar ved utgangen av eit år til neste år. Avsetningane i Forskingsrådet har over fleire år vore høge. Med avsetningane meiner ein midlar som er overførte frå eitt år til eit anna. Ein stor del av desse er knytte til allereie igangsett aktivitet i form av tildelte prosjekt, medan ein mindre del skal tildelast i det komande året. Ved inngangen til 2021 var avsetningane på om lag 4 mrd. kroner samla sett, ein auke på 800 mill. kroner frå året før. I perioden 2017–21 vedtok Stortinget ei rekke eingongskutt på budsjettpostar under fleire departement på til saman om lag 1,7 mrd. kroner. Formålet var å redusere avsetningane, slik at utbetalingane kom meir i balanse med løyvingsnivået. Forskingsrådet har òg auka omfanget på utlysingar og tildelingane for å bygge ned avsetningane i same periode.

I Prop. 1 S (2021–2022) for Kunnskapsdepartementet blei Stortinget orientert om årsakene til avsetningssituasjonen. Det blei mellom anna peika på at store avsetningar ikkje er i tråd med kontantprinsippet og eittårsprinsippet i løyvingsreglementet. Budsjettet og statsrekneskapen reflekterer derfor ikkje fullt ut den faktiske forskingsaktiviteten som staten finansierer i budsjettåret. Vidare blei det gjort greie for likviditetsstyringa i Forskingsrådet og varsla at departementet ville gjennomgå Forskingsrådets praksis for bruk av avsetningane for å sikre ivaretakinga av økonomiregelverket og løyvingsreglementet.

Hausten 2021 bad Kunnskapsdepartementet og Finansdepartementet Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) gjennomgå Forskingsrådets praksis for bruk av avsetningane. DFØs gjennomgang syner at Forskingsrådet i all hovudsak følger økonomiregelverket og løyvingsreglementet. I 2021 har likevel Forskingsrådet på nokre få postar i statsbudsjettet utbetalt meir enn summen av årets løyving og avsetningane på posten frå førre år. Dette har i hovudsak vore på postar under Kunnskapsdepartementet. DFØ viser til at løyvingsreglementet § 5 betyr at løyvingane er bundne til den einskilde utgiftsposten i statsbudsjettet med beløp og formål. Dette gjeld både løyvingane og disponeringa av eventuelle ubrukte midlar frå tidlegare år, for Forskingsrådet i form av avsetningar. DFØ peikar på at Forskingsrådet ikkje kan omfordele midlar slik at avsetningane for vedkomande post samla blir negative ved utgangen av året. Dette vil tilsvare ei overskriding av disponible løyvingar. Den avgrensa tilgangen nettobudsjetterte verksemder har til å ha negative avsetningar er knytt til «særskilde grunnar» og opnar ikkje for planlagde opplegg, slik ei aktiv likviditetsstyring, som Forskingsrådet har framstilt det, kan innebere.

Kunnskapsdepartementet la fram vurderingane til DFØ for Stortinget i Prop. 115 S (2021–2022). Samstundes varsla departementet Stortinget om at Forskingsrådet i tidlegare år har tildelt midlar som dei næraste åra vil innebere utbetalingar som ligg monaleg over gjeldande løyvingsnivå. Dette inneber at Forskingsrådet utan ytterlegare tiltak i åra framover vil ha negative avsetningar samla sett og på einskilde postar. Anslaga er uvisse, og endeleg status ved årsslutt vil avhenge av framdrifta i prosjekta og kva tiltak Forskingsrådet gjennomfører.

Regjeringa varsla samstundes at ho ville be Forskingsrådet om å setje i gang ein ekstern gjennomgang for å kartlegge situasjonen og kvalitetssikre talgrunnlaget, og dessutan kome tilbake til Stortinget med oppdatert status og forslag til ytterlegare tiltak i samband med statsbudsjettet for 2023.

I Innst. 450 S (2021–2022) samtykte Stortinget i at Forskingsrådet i 2022 kan nytte løyvingar som er overførte til Forskingsrådet til forskingsformål i 2022 eller tidlegare budsjettår, til å dekke forpliktingar til forskingsprosjekt med andre formål i Forskingsrådets portefølje innafor ei samla ramme på 2 mrd. kroner.

Økonomisituasjonen per august 2022

Riksrevisjonen leverte ei ny revisjonsmelding om Noregs forskingsråd 16. juni 2022. Rapporten konkluderte med at rekneskapen manglar tilstrekkeleg informasjon om dei økonomiske konsekvensane av store framtidige forpliktingar til forskingsprosjekt. Riksrevisjonen støttar òg den tidlegare vurderinga til DFØ om at løyvingsreglementet er brote.

På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet bad styret i Forskingsrådet KPMG om å gjennomføre ein ekstern gjennomgang av økonomisystemet. KPMG leverte rapporten sin 25. juni 2022. KPMG finn ikkje vesentlege feil i prognosen frå Forskingsrådet per mars 2022 og stadfestar at Forskingsrådet utan tiltak styrte mot eit samla nivå for negative avsetningar på 262 mill. kroner ved utgangen av 2022, og 1,8 mrd. kroner og 2,7 mrd. kroner ved utgangen av høvesvis 2023 og 2024. KPMG konkluderer vidare med at hovudårsaka til situasjonen er at Forskingsrådet har mangla aggregert styringsinformasjon som kunne medverke til å sikre balanse mellom tildelingar frå departementa og utbetalingar/forpliktingar. Det blir likevel understreka at økonomistyringa på detaljnivå, til dømes budsjettfordeling, søknadsprosess og val av forskingsprosjekt, har vore god.

Vidare har mangelen på eit tydeleg skilje mellom ulike typar avsetningar òg medverka til at det er brukt positive avsetningar til andre formål, utan at det har vore klart kva konsekvensar det ville føre til på lang sikt. Det har derfor vore gjennomført tiltak for å redusere avsetningane ved at det mellom anna blei tildelt meir midlar til forskingsprosjekta enn det som var løyvd frå departementa. På bakgrunn av dette viser KPMG til at «[d]et har vorte gjennomført for sterke tiltak, for hurtig, for å redusere overføringa». KPMG meiner òg at «det er mangelfullt at Forskingsrådet ikkje har gjort meir konkrete vurderingar av innretninga av økonomistyringa opp mot gjeldande regelverk».

Det nye styret til Forskingsrådet har i juni 2022 vedteke å gjennomføre fleire tiltak for å handtere situasjonen, mellom anna kutt i tildelingar i 2022, inga tildeling til FRIPRO i 2023 og forskyving av utbetaling til nye og igangsette prosjekt. Tiltaka har ein anslått samla effekt på 1,4 mrd. kroner i 2022–25. Tiltaka vil føre til at Forskingsrådet ikkje har samla negative avsetningar ved utgangen av 2022. Prognosane syner framleis totale negative avsetningar i perioden 2023–25, anslått til om lag 350 mill. kroner ved utgangen av 2023. Det vil i perioden 2022–25 også kunne vere store negative avsetningar på einskildpostar, særleg over budsjetta til Kunnskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Negative avsetningar på postnivået er utan tiltak anslått til om lag 3,1 mrd. kroner ved utgangen av 2023. For Kunnskapsdepartementets kap. 285 er anslaget for negative avsetningar utan tiltak på om lag 2,75 mrd. kroner, men 1,75 mrd. kroner med tiltak ved utgangen av 2025. Det er uvisse i prognosane. Det er venta at dei tiltaka som er vedtekne sette i verk av styret, vil ha effekt og redusere negative avsetningar både samla sett og på dei einskilde postane. Forskingsrådet har likviditet til å handtere pliktige utbetalingar fordi ein del av eit års utgifter vil kome til utbetaling neste år, og då delvis blir dekte av løyvinga for neste år.

Vidare oppfølging

Det følger av regelverket for økonomistyring i staten at alle verksemder skal etablere rutinar om system mellom anna for å sikre at beløpsmessige rammer ikkje blir overskridne, og at økonomistyringa er organisert på ein forsvarleg måte og i samsvar med gjeldande regelverk, jf. økonomireglementet § 14. Kunnskapsdepartementet forventar følgeleg at Forskingsrådet framleis set i verk dei vedtekne tiltaka for å bli ved med å redusere dei negative avsetningane. Departementet føreset at Forskingsrådet innrettar verksemda slik at situasjonen med negative avsetningar kan verte løyst utan tilleggsløyvingar. Nye søknadsrundar og tildelingar i rådet skal gjennomførast i tråd med dette. Departementet forventar òg at Forskingsrådet forbetrar økonomistyringa framover og har bede Forskingsrådet følge opp KPMG-rapporten og gjere greie for kva tiltak verksemda vil setje i verk for å sørge for formålstenleg internkontroll, slik at relevant regelverk og rammevilkår blir følgde og etterlevd, og slik at det blir utarbeidd tilstrekkeleg, relevant og korrekt styringsinformasjon.

I statsbudsjettet 2023 er det anslått ein mindre nominell nedgang i den samla løyvinga til Noregs forskingsråd, samanlikna med saldert budsjett for 2022. Nedgangen skriv seg frå mellom anna reduserte løyvingar over budsjetta til Olje- og energidepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet. Det er ikkje foreslått reduksjon i løyvingane til forsking gjennom Forskingsrådet over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Forslag til løyving for 2023 kan føre til endra prognosar for avsetningane på dei einskilde postane.

Regjeringa erkjenner at økonomisituasjonen i Forskingsrådet har skapt utryggleik i norsk forsking, også hos internasjonale samarbeidspartnarar. Regjeringa har store ambisjonar for ei rekke politikkområde der forsking og produksjon av ny kunnskap er heilt avgjerande, slik langtidsplanen for forsking og høgare utdanning uttrykker. Prognosane for den økonomiske situasjonen i Forskingsrådet viser at det framleis er viktig å gi Forskingsrådet tilstrekkeleg tid og fleksibilitet til å handtere situasjonen og gradvis ta ned aktivitetsnivået til rammene for løyvingane, slik at norsk forsking og forskingsmiljø blir skjerma i størst mogleg grad.

Regjeringa meiner vidare at einskilde postar må kunne ha negative avsetningar fram til forslag til ny budsjettmodell for Forskingsrådet kan leggast fram for Stortinget i samband med statsbudsjettet for 2024. Regjeringa foreslår òg at Stortinget samtykker i at Forskingsrådet i 2023 kan nytte løyvingar som er overførte til Forskingsrådet til forskingsformål i 2023 eller tidlegare budsjettår, til å dekke forpliktingar til forskingsprosjekt med andre formål i Forskingsrådets portefølje innanfor ei samla ramme på 3,5 mrd. kroner jf. forslag til vedtak VIII. Det blir ikkje teke avgjerd om varige omprioriteringar for 2023-budsjettet no.

Post 52 Langsiktig, grunnleggande forsking

Kunnskapsdepartementet har eit særskilt ansvar for å finansiere forsking som ikkje er øyremerkt særskilde tema eller formål. Løyvinga over kap. 285, post 52 skal finansiere langsiktig, grunnleggande forsking, bidra til å betre den vitskaplege kvaliteten i forskingsmiljø eller på einskilde forskingsområde og bidra til å utvikle fagmiljø av framifrå kvalitet.

Mål for 2023

Langsiktig, grunnleggande forsking av høg kvalitet, uavhengig av fagområde.

Resultat i 2021

Dei målretta verkemidla for auka vitskapleg kvalitet, til dømes forskarprosjekt for fornying, forskarprosjekt for unge talent og forskingssenter, har blitt styrkte og vidareutvikla i dei siste åra. Satsinga på langsiktig, grunnleggande forsking har medverka til å gi dei beste forskarane i alle fag gode høve til å drive framifrå forsking og utvikle forskarkarrieren sin. Rekrutteringa er god, og unge forskartalent tek del i framifrå forsking. Prosjekt støtta av Forskingsrådet er av god kvalitet, og blir publiserte og siterte på høgde med eller over landsgjennomsnittet. På nokre få postar i statsbudsjettet, hovudsakleg over Kunnskapsdepartementets budsjett, har Forskingsrådet utbetalt meir enn summen av årets løyvingar og avsetningane på posten frå tidlegare år. Styret i Forskingsrådet har til dømes i perioden 2020–22 utlyst og tildelt 956 mill. kroner meir til fri prosjektstøtte (FRIPRO) enn løyvingsnivået. Dette medfører at utbetalingane i ein periode vil vere høgare enn løyvinga. På grunn av dei for høge tildelingane har fleire søknader fått tildeling. Det er likevel ei vedvarande utfordring at mange klart støtteverdige forskingssøknader får avslag.

Ordninga senter for framifrå forsking (SFF) bidreg til at dei beste forskingsmiljøa får betre og meir føreseielege rammer, og at vitskapleg kvalitet blir prioritert på institusjonane. Ordninga blei evaluert våren 2020, og evalueringskomiteen konkluderte med at ordninga var ein suksess, og tilrådde at ho blei vidareført.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 1 757,6 mill. kroner på posten.

Forskingsrådet har i løpet av åra 2020–22 utlyst og løyvd midlar for langt over nivået på løyvinga på posten. Dette gjer at forpliktingane på posten er høgare enn den samla løyvinga. Etter bestilling frå regjeringa har Forskingsrådet vurdert og sett i gang tiltak på kap. 285, post 52 for å løyse problemet. Eitt av tiltaka fører til at det ikkje blir tildelt midlar til nye FRIPRO-prosjekt i 2023. Etter tiltak som allereie er gjennomførte i 2022, i tillegg til stans i tildelingar til FRIPRO i 2023, estimerer Forskingsrådet negative avsetningar på om lag 850 mill. kroner på kap. 285, post 52 ved utgangen av 2023 utan ytterlegare tiltak. I dette anslaget er inkludert handsaminga av ei løyvingsfullmakt på 37,5 mill. kroner. Fullmakta blei avvikla i statsbudsjettet for 2013, men i seinare år vidareført som negative avsetning på posten. Forskingsrådet må handsame den negative avsetninga som følger av løyvingsfullmakta som ein del av handsaminga av den samla økonomisituasjonen for posten. Sjå òg innleiinga på kap. 285.

Post 53 Sektoroverskridande og strategiske satsingar

I rapporten frå områdegjennomgangen av Forskingsrådet blei det foreslått å reindyrke denne posten som ein finansieringsmekanisme som skal vareta endringsbehov, sektoroverskridande område og lange tidsperspektiv i forskingssystemet. Regjeringa har konkludert med at løyvinga på denne posten skal fordelast i tråd med følgande prinsipp:

  • bidra til oppfølging av dei forskingspolitiske prioriteringane til regjeringa i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning

  • gi fleksibilitet til å gjennomføre langsiktige endringar i forskingssystemet. Midlar på posten kan til dømes verke saman med satsingar frå andre departement i ein startfase. Posten skal verke mobiliserande, ikkje kompenserande

  • støtte og bygge opp forsking av høg vitskapleg kvalitet og forsking med høg relevans

Mål for 2023

Sektoroverskridande forsking av høg kvalitet og forsking med høg relevans som bidreg til å følge opp prioriteringane i langtidsplanen og til å gjennomføre langsiktige endringar i forskingssystemet.

Resultat i 2021

Midlane på posten skal sørge for ei god oppfølging av langtidsplanen for forsking og høgare utdanning. På grunn av den koordinerande rolla til Kunnskapsdepartementet i forskingspolitikken finansierer posten mange ulike område og aktivitetar i Forskingsrådets portefølje. Midlane skal også bidra til å auke forskingskapasitet på viktige område og støtte opp om sektorprinsippet. Det er størst innsats retta inn mot mogleggjerande og industrielle teknologiar, dernest klima, miljø og miljøvennleg energi og fornying i offentleg sektor og betre offentlege tenester.

Løyvinga på posten finansierer stimuleringsordningar for auka deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon. Midlane går til ei rekke tiltak, i hovudsak i Forskingsrådet, men òg i Innovasjon Noreg. Horisont 2020 blei avslutta i 2020, men dei endelege resultata blei ikkje kjende før i 2021. I løpet av heile programperioden har norske forskings- og innovasjonsmiljø, næringsliv og offentlege verksemder og helseføretak henta heim om lag 2,53 pst. av dei konkurranseutsette midlane, godt over ambisjonsnivået på 2 pst. Dette utgjer om lag 16,2 mrd. kroner. For Horisont Europa blei også dei første resultata klare for 2021. Norske fagmiljø har i løpet av det første driftsåret henta tilbake rekordhøge 3,26 pst. av midlane, noko som utgjer 1,8 mrd. kroner. Av dei norske miljøa som deltek, står næringslivet for 19 pst., universitets- og høgskulesektoren for 26 pst. og instituttsektoren for 37 pst.

Brorparten av dei konkurranseutsette midlane til polarforsking blei òg finansiert over denne posten. 67 mill. kroner blei fordelte over polarforskingsprogrammet. I underkant av 30 pst. av alle midlar fordelte til polarforsking over Forskingsrådets budsjett var Svalbard-relevante.

Andre sentrale satsingar som har fått finansiering over denne posten, er senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) og forskingssenter for miljøvennleg energi (FME). SFI-ane bidreg til å fremje utvikling av næringsretta forskingsmiljø som ligg i den internasjonale forskingsfronten. Sentera legg godt til rette for eit nært samarbeid mellom bedrifter og forskingsgrupper. Styret i Forskingsrådet utlyste og tildelte 532 mill. kroner meir til SFI-ane i 2020 enn løyvingsnivået. Dette medfører at utbetalingane har vore høgare enn løyvingsnivået og vil fortsette å vere det i ein periode.

Midlane på posten finansierer òg programmet for forskingsbasert nyskaping, FORNY. Å bidra til nyskaping og verdiskaping frå forskingsinstitusjonane er ein del av Forskingsrådets oppdrag. Forskingsrådets støtte til tidlegfase-kommersialisering frå utdannings- og FoU-institusjonane er viktig for å verifisere idear og prosjekt. Støtte gjennom FORNY-programmet skal bidra til at forskingsresultata frå offentleg finansierte forskingsinstitusjonar kjem til nytte og skaper verdiar i samfunnet. Universitets- og høgskulesektoren er gjennom universitets- og høgskulelova pålagd ansvar for å ta kunnskapen i bruk og for kommersialisering av idéar frå forsking, ofte omtala som teknologioverføring. Teknologioverføringsfunksjonen (TTO-funksjonen) omfattar arbeid med kommersialisering og innovasjon av forskingsresultat og vert vanlegvis utført av TTO-ar (Technology Transfer Office).

Forskingsrådet rapporterer om god utvikling i økosystemet for nyskaping i og rundt utdannings- og FoU-institusjonane, men det er etter deira vurdering for låg søking til og for smal involvering i innovasjons- og nyskapingsinnsatsen. Det er ifølge Forskingsrådet høg kvalitet på søknadene og fleirtalet av prosjekta blir vidareutvikla etter avslutta prosjektperiode gjennom bedriftsetableringar som tiltrekker seg investorkapital og midlar frå verkemiddelapparatet og EU.

I perioden mellom 2019 og 2020 la Forskingsrådet om kommersialiseringsstøtta frå FORNY til løpande søknadsmottak og månadlege vedtak om tildeling, medan det tidlegare var éin eller to årlege utlysingar. Talet på søknader i 2021 viser ein oppgang frå 2020, men enno er ikkje søknadsnivået for verifiseringsmidlar tilbake til nivået før covid-19-pandemien. Årsakene til dette er nok samansette.

Forskingsrådet har i 2020 og 2021 finansiert seks felles kompetanseprosjekt for TTO-ane, med formål om å auke kompetansen om og profesjonalisere prosessen for teknologioverføring og samspelet mellom forskingsinstitusjonar og næringsliv. Prosjekta har mellom anna styrkt potensialet for samarbeid mellom TTO-ane og deling av beste praksis-erfaringar. Som del i arbeidet på dette området har Kunnskapsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet mellom anna vurdert rolla til TTO-ane, insentiv og verkemiddel som støttar opp under kommersialiseringsarbeidet, medrekna FORNY. Dette blei signalisert i statsbudsjettet for 2022. Planlagde endringar i FORNY-programmet blir omtalt nærare under budsjettforslag for 2023.

Forskingsrådet rapporterer at det har vore ei god utvikling for næringsretta forsking i 2021, med auka søking om tilskot, høg prosjektkvalitet og god breidde i næringsområde, bedriftsstorleik og geografisk fordeling.

Tal frå SSB viser at FoU-investeringane i næringslivet særleg skjer innanfor havbruk, energi-effektivisering og -omlegging, helse og omsorg, klimateknologi og fornybar energi, jf. SSB tal for FoU i næringslivet. Dette fell i stor grad saman med den tematiske fordelinga av Forskingsrådets samla innsats for å styrke forskinga i næringslivet i 2021.

Innanfor teknologi og digital omstilling er det òg ei positiv utvikling, men Forskingsrådet trekker òg fram behovet for å auke kapasiteten i og kompetansen på digitale teknologiar, nye verdikjeder og nye samarbeidsformer. Forskingsrådet peikar vidare på at dreiinga mot grøn omstilling og digitalisering må forsterkast ytterlegare for å bygge fleire norske verdikjeder med gode koplingar til dei ulike ordningane i EU.

Deltakinga frå norsk næringsliv i EUs rammeprogram Horisont 2020 auka monaleg i perioden 2014–20. Norske forskings- og innovasjonsmiljø har gjort det godt i Horisont Europas nye innovasjonssatsing, EIC. Forskingsrådet peikar på at den norske suksessen i høg grad er basert på unge teknologibedrifter i samspel med solide fagmiljø på universitet og forskingsinstitutt. Departementet er nøgd med at Forskingsrådet har medverka til det gode resultatet.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 1 939,7 mill. kroner på posten.

Kap. 285, post 53 er ein av postane med negative avsetningar på grunn av den økonomiske situasjonen i Forskingsrådet. Sjå òg innleiinga på kap. 285. Forskingsrådet har etter bestilling frå regjeringa vurdert og sett i gang tiltak som kan bidra til å løyse situasjonen, mellom anna reduserte nivå på tildelingar til forskingsprosjekt, forskyvingar i oppstart av nye prosjekt og forlenging av allereie igangsette prosjekt. Dette er tiltak som vil ramme verkemiddel med tildelingar frå kap. 285, post 53. Forskingsrådet er i dialog med sektoren om gjennomføring av tiltaka. Forskingsrådet estimerer negative avsetningar på om lag 400 mill. kroner på posten ved utgangen av 2023 utan ytterlegare tiltak.

Dei økonomiske stimuleringsmidlane for å auke Noregs deltaking i Horisont Europa går til ei rekke tiltak i Noregs forskingsråd og i Innovasjon Noreg, mellom anna prosjektetableringsstøtte (PES) og stimuleringsmidlar for instituttsektoren, Stim-EU. Departementet endrar frå 2023 namnet på ordninga frå Stim-EU til Retur-EU for å synleggjere at ordninga bidreg til auka retur av dei konkurranseutsette midlane frå EU. Ramma for Retur-EU blir frå og med 2023 sett til 500 mill. kroner for å støtte opp om dei norske institutta si deltaking i Horisont Europa. For prosjekt etablert i 2022 og seinare vil Retur-EU utbetalingane til forskingsinstitutta skje i tre like ratar, i starten av kvart av dei påfølgande åra. Regjeringa kjem tilbake med forslag til korleis løyvingsbehovet for auka ramme for Retur-EU skal løysast i samband med statsbudsjettet for 2025.

26,6 mill. kroner av løyvinga på posten går til Innovasjon Noreg for å finansiere arbeid med mobilisering til god norsk deltaking i Horisont Europa. Dette inkluderer også Innovasjon Noreg sin representant ved Kunnskapskontoret i Brussel.

25 mill. kroner av løyvinga på posten skal nyttast til forsking i kjernefysikk og kjernekjemi, for å styrke Noregs kunnskapsberedskap på det nukleære området, jf. omtale i Prop. 115 S (2021–2022). Dette er ei vidareføring av satsinga på nukleær forsking som Noregs forskingsråd har sett i gang etter Stortingets vedtak i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2022.

I tråd med signala gitt i statsbudsjettet for 2022 er Kunnskapsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Forskingsrådet i dialog om utviklinga av verkemidla for kommersiell utnytting av forskingsresultat frå offentleg finansiert forsking. Dette inkluderer utviklinga av programmet for forskingsbasert nyskaping (FORNY2020), som til no har finansiert den tidlege verksemda til TTO-ane gjennom ordninga med lokale prosjektmidlar. Departementa føreslår at ordninga i FORNY-programmet med lokale prosjektmidlar til TTO-ane blir erstatta i 2023 med ei søkbar ordning i Forskingsrådet retta mot forskingsinstitusjonar, dvs. universitet og høgskular, forskingsinstitutt og regionale helseføretak. Ordninga skal bidra til å finansiere den tidlege fasen av teknologioverføringsprosessen («TTO-funksjonen»), dvs. arbeid med evaluering, sikring av rettar og utvikling av idéar og kunnskap, inkludert etablering av nye selskap der dette er den mest relevante forma for kunnskapsutnytting. Det er viktig at FoU-institusjonane sjølve tek ansvar for kommersialiseringsarbeidet i tidleg fase. Departementa legg derfor til grunn at forskingsinstitusjonane bidreg med eigne midlar til dette arbeidet. Forskingsrådet skal fastsetje nærare innretning av ordninga, i dialog med Nærings- og fiskeridepartementet, Kunnskapsdepartementet og andre aktuelle departement. Ordninga skal ivareta TTO-funksjonen og realisere målet om auka kommersialisering av offentleg finansiert forsking. Omlegginga skal vurderast etter ei tid.

Post 54 Forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse

Mål for 2023

Relevant og oppdatert forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse som understøttar forsking av høg kvalitet for eit innovativt og berekraftig samfunn.

Resultat i 2021

Forskingsrådet innvilga 22 nye prosjekt for forskingsinfrastruktur og tildelte midlar til laboratorium, utstyr, databasar og annan forskingsinfrastruktur over heile landet med til saman 1,4 mrd. kroner. Prosjekta som fekk støtte, skal gi infrastruktur som forskings- og innovasjonsmiljø over heile landet kan nytte. Om lag halvparten av prosjekta er nye, medan resten av prosjekta skal styrke eksisterande forskingsinfrastruktur. Mange av prosjekta er relevante for næringsutvikling, og einskilde handlar om å gi norske forskings- og innovasjonsmiljø tilgang til internasjonal forskingsinfrastruktur.

Forskingsrådet har framleis arbeidd for open forsking, og rådet spelar ei viktig rolle som pådrivar for god datahandtering og gode koplingar til europeisk infrastruktur gjennom European Strategy Forum on Research Infrastructure og European Open Science Cloud.

Styret i Forskingsrådet utlyste og tildelte 238 mill. kroner meir til nasjonal e-infrastruktur i 2020 enn løyvingsnivået. Dette medfører at utbetalingane har vore høgare enn løyvingsnivået og vil fortsette å vere det i ein periode.

Budsjettforslag for 2023

Midlane på posten skal gå til å finansiere Forskingsrådets ordning Nasjonal satsing på infrastruktur. I tillegg skal løyvinga finansiere følgande særskilde formål:

  • norsk bidrag til dei internasjonale infrastrukturprosjekta CESSDA ERIC, Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System og European Spallation Source

  • basisløyvinga til Sigma2 AS. Kunnskapsdepartementet foreslår at denne blir vidareført i 2023

Departementet foreslår å løyve 787,6 mill. kroner på posten.

Kap. 285, post 54 er ein av postane med store negative avsetningar på grunn av den økonomiske situasjonen i Forskingsrådet. Sjå òg innleiinga på kap. 285. Forskingsrådet estimerer negative avsetningar på om lag 500 mill. kroner på posten ved utgangen av 2023 utan ytterlegare tiltak. Forskingsrådet, i dialog med Kunnskapsdepartementet og sektoren, arbeider med tiltak for å betre situasjonen på kap. 285, post 54.

Post 55 Verksemdskostnader

Løyvinga omfattar midlar til drift av Forskingsrådet, det vil seie alle løyvingar som ikkje går til FoU. Utgifter til utlysing av forskingsmidlar, evaluering av søknader, utvikling av porteføljeplanar og så vidare blir i hovudsak finansierte over denne posten. Det same gjeld utgifter til Forskingsrådets arbeid med rådgiving, møteplassfunksjon og særskild tenesteyting for alle departementa som løyver forskingsmidlar gjennom Forskingsrådet. Nasjonale fag-, tema- og institusjonsevalueringar blir finansierte gjennom FoU-løyvingane frå det einskilde departementet.

Mål for 2023

  • auka vitskapleg kvalitet

  • auka verdiskaping i næringslivet

  • å møte store samfunnsutfordringar

  • eit velfungerande forskingssystem

  • god rådgiving

Resultat i 2021

Forskingsrådet har arbeidd med å vidareutvikle porteføljestyringa i 2021 og særleg med å revidere porteføljeplanane gjennom dialog med forskingsmiljø og andre interessentar. Dei har sett i gang ei undervegsevaluering av porteføljestyringa for å sikre ei formålstenleg gjennomføring av porteføljestyring. Det er gjennomført fem verkemiddelevalueringar i 2021.

Basert på tilbakemeldingar frå brukarundersøkingar, porteføljestyra og eigne tilsette har Forskingsrådet arbeidd med forbetringspunkt for søknadsbehandlinga. Formålet med endringane er å gi betre informasjon til søkarane, høgare kvalitet i vurderingane til ekspertpanela og meir effektiv ressursbruk.

Det er heilt avgjerande med eit kompetent nasjonalt støtteapparat i Forskingsrådet for at Noreg skal oppnå gode resultat i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon. EUs niande rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europa, starta opp 1. januar 2021. Forskingsrådet har tilpassa søknadstypane og vurderingskriteria til det som gjeld for rammeprogrammet.

I 2021 har Forskingsrådet sett i verk fleire av tiltaka i Forskingsrådets policy for åpen forskning. Frå og med 2021 stiller Forskingsrådet krav i tråd med Plan S for nye utlysingar.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 744,2 mill. kroner på posten. Forslaget omfattar ein reduksjon på 62,8 mill. kroner. Det inneber at Forskingsrådet må gjennomføre effektiviseringar og vurdere andre kostnadsreduserande tiltak innanfor alle verksemdsområda sine. Det kan mellom anna innebere redusert rådgivings- og dialogverksemd overfor departementa og forskingsaktørane og omlegging av verkemidla for å få færre utlysingar og søknader å behandle. Forslaget omfattar også ein reduksjon på 3,5 mill. kroner som følge av endra jobbreisevanar etter covid-19-pandemien.

Løyvinga er redusert med 1,4 mill. kroner mot tilsvarande auke over kap. 256, post 01 for administrasjonsmidlar for INTPART-programmet.

Nærings- og fiskeridepartementet har lagt ansvaret for sekretariat knytt til Prosess 21 til Noregs forskingsråd. Arbeidet vil halde fram til og med 2024, og departementet foreslår å overføre 3,1 mill. kroner frå Nærings- og fiskeridepartementets budsjett til kap. 285, post 55 i 2023.

Forskingsrådet har saman med Innovasjon Noreg og Eksportfinansiering Noreg fått i oppdrag å etablere ein digital inngang til verkemiddelapparatet, Ei dør inn. Departementet foreslår å overføre 1,5 mill. kroner frå Nærings- og fiskeridepartementet til kap. 285, post 55 i 2023.

Departementet foreslår å overføre 1,5 mill. kroner frå Klima- og miljødepartementet til kap. 285, post 55 i 2023. Midlane skal dekke Forskingsrådets oppfølging av satsing på grøn skipsfart.

Kap. 286 Regionale forskingsfond

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

60

Regionale forskingsfond, tilskot til forsking

194 982

159 012

122 087

Sum kap. 286

194 982

159 012

122 087

Post 60 Regionale forskingsfond, tilskot til forsking

Dei regionale forskingsfonda skal styrke forskingsevna i regionane gjennom tilskot til forsking og innovasjon og gjennom mobilisering av regionale aktørar til auka FoU-innsats.

Mål for 2023

Dei regionale forskingsfonda skal styrke forsking for regional innovasjon og utvikling gjennom å medverke til at bedrifter og offentlege verksemder oppnår auka kompetanse, innovasjonsevne og verdiskaping. Fonda skal vidare mobilisere bedrifter og offentlege verksemder til å delta i nasjonal og internasjonal forsking. Tilskotet på posten blir fordelt til fylkeskommunane, som lyser ut og tildeler prosjektmidlane.

Resultat i 2021

Om lag 80 pst. av tildelingane frå dei regionale forskingsfonda (RFF) gjekk til kvalifiseringsprosjekt og regionale innovasjonsprosjekt i næringslivet. Rapporteringa frå fylkeskommunane syner at dei har prioritert fondsmidlane på ulik måte. Til dømes tildelte RFF Arktis berre midlar til regionale kvalifiseringsprosjekt, medan RFF Agder og RFF Innlandet nytta meir enn halvparten av midlane til regionale kompetanse- og samarbeidsprosjekt med ein FoU-institusjon som mottakar. Av midlane på posten fekk næringslivet meir enn to tredelar, og offentleg sektor og FoU-institusjonar tok imot resten. Hovudparten av dei samla midlane gjekk til forsking og innovasjon innanfor miljø og marine område.

Budsjettforslag for 2023

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 122,1 mill. kroner på posten. Løyvinga er redusert med 41,4 mill. kroner frå 2022. Regjeringa foreslår vidare å styrke distriktsprofilen i fondsordninga. Fondsregion Oslo blir avvikla, og fondsregionane Trøndelag, Vestland og Viken får ein særleg reduksjon i tilskotet på 2 mill. kroner kvar. Dei fire fylka har ved sida av Troms og Finnmark høgast prosentdel forskingsmidlar rekna per innbyggar.

Fylkeskommunane skal nytte tilskotet til dei regionale forskingsfonda i samverknad med FORREGION-midlane, som vert tildelte over budsjettet til Kommunal- og distriktsdepartementet.

Tabell 4.29 Fordeling av midlane til regionale forskingsfond i 2023

(i 1 000 kr)

Fylkeskommune

Beløp

Agder

12 532

Innlandet

11 152

Møre og Romsdal

10 064

Nordland

12 851

Oslo

-

Rogaland

12 335

Troms og Finnmark (RFF Arktis)

12 867

Trøndelag

10 215

Vestfold og Telemark

11 706

Vestland

11 941

Viken

18 424

Totalt

122 087

Kap. 287 Grunnløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

57

Grunnløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

223 756

228 426

234 990

Sum kap. 287

223 756

228 426

234 990

Post 57 Grunnløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

Dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta driv i hovudsak forsking på felta arbeidsliv, energi og miljø, globale utviklingsutfordringar, helse, migrasjon, offentleg økonomi, regional utvikling, sosialpolitikk, utanriks- og tryggingspolitikk, utdanning og innovasjon, og velferd. Alle institutta har ein tverrfagleg profil.

Mål for 2023

Målet med løyvinga er at Noreg skal ha ein sterk samfunnsvitskapleg instituttsektor som tilbyr næringsliv og offentleg sektor relevant kompetanse og forskingstenester av høg internasjonal kvalitet. Til liks med andre institutt som får statleg grunnløyving, skal også dei samfunnsvitskaplege institutta bidra til berekraftig utvikling og omstilling.

Resultat i 2021

Driftsinntektene til dei 17 samfunnsvitskaplege institutta var om lag 1,45 mrd. kroner.

Grunnløyvinga til desse institutta utgjorde om lag 16 pst. av driftsinntektene, det same talet som i 2020. I tillegg kjem STIM EU-inntekter på 13,5 mill. kroner. Talet på forskarårsverk har auka med 30 til 798 årsverk i 2021, og kvinner stod for 53 pst. av forskarårsverka.

Tabell 4.30 Grunnløyvinga til dei samfunnsvitskaplege institutta

(1000 kr)

Grunnløyving 2021

Pst. endring 2019–21 (nominell)

Chr. Michelsens Institutt (CMI)

18 859

5,0

Forskningsstiftelsen FAFO

23 691

4,7

Fridtjof Nansens Institutt (FNI)

8 603

0,7

Institutt for fredsforskning (PRIO)

22 478

5,9

Institutt for samfunnsforskning (ISF)

13 321

6,2

Møreforsking AS

7 741

9,2

NORCE Norwegian Research Centre AS, samfunnsvitskapleg aktivitet

34 100

3,5

Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU)

17 394

5,0

Nordlandsforskning AS

5 550

8,2

Norsk institutt for bærekraftsforskning AS (NORSUS)

5 861

14,4

Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI)

16 894

–0,5

NTNU Samfunnsforskning AS

13 487

8,2

Samfunns- og næringslivsforskning AS (SNF)

8 112

2,3

Stiftelsen Frischsenteret for samfunnsøkonomisk forskning

3 819

16,2

Stiftelsen SINTEF, samfunnsvitskapleg aktivitet1

26 055

28,0

Telemarksforsking

7 038

14,1

Vestlandsforsking

4 853

–0,8

Totalsum

237 856

7,8

1 Trøndelag Forskning og Utvikling (TFoU) gjekk inn i SINTEF-konsernet 1. januar 2021 og er teke ut av tabellen. Grunnløyvinga til TFoU vart overført til SINTEF-konsernet frå same tidspunkt.

Kjelde: Noregs forskingsråd

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 235 mill. kroner på posten. I tillegg kjem grunnløyvinga til Chr. Michelsens Institutt på 20,2 mill. kroner. Denne løyvinga blir gitt over kap. 161, post 71 på budsjettet til Utanriksdepartementet. 5,2 mill. kroner av løyvinga på posten gjeld Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (Nordapt) i Sogndal.

10 pst. av grunnløyvinga til dei samfunnsvitskaplege institutta skal fordelast mellom institutta etter oppnådde resultat på dei indikatorane som er fastsette i retningslinjene for grunnløyving til forskingsinstitutt og forskingskonsern.

Institutta skal nytte grunnløyvinga til langsiktig kunnskaps- og kompetanseoppbygging. Løyvinga skal mellom anna stimulere den vitskaplege kvaliteten til institutta, publisering og internasjonalisering og samarbeid. Innanfor desse rammene avgjer institutta sjølve bruken av grunnløyvinga.

Kap. 288 Internasjonale samarbeidstiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

21

Særskilde driftsutgifter

51 860

53 307

48 317

72

Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar

306 602

299 268

312 386

73

EUs rammeprogram for forsking og innovasjon

2 215 583

3 310 007

3 657 681

74

EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett

651 827

607 032

972 334

75

UNESCO-kontingent

22 308

22 556

21 057

76

UNESCO-formål

4 240

4 350

4 481

Sum kap. 288

3 252 420

4 296 520

5 016 256

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Løyvinga går til internasjonalt samarbeid for å heve kvaliteten nasjonalt innanfor ansvarsområda til departementet, inkludert bilateralt samarbeid med prioriterte land. Løyvinga dekker mellom anna kontingenten til Senter for utdanningsforsking (CERI) og Global Science Forum under OECD. Mindre delar vil òg kunne nyttast til Noregs hus i Cité Internationale Universitaire de Paris (CIUP) og prosjekt i regi av Europarådet og UNESCO.

Mål for 2023

Noreg deltek aktivt i internasjonalt samarbeid innanfor utdanning og forsking, og det er gode koplingar mellom forsking og høgare utdanning i arbeidet.

Resultat i 2021

Covid-19-pandemien har ramma det internasjonale utdannings- og forskingssamarbeidet også i 2021. Ein del av aktivitetane har stoppa opp eller blitt utsette, og det er først og fremst den fysiske mobiliteten som har blitt ramma hardt. Aktivitetar som i utgangspunktet ikkje krev omfattande reiseverksemd, har òg blitt ramma.

Hovuddelen av løyvinga har i 2021 vore nytta til samarbeidsprogrammet INTPART.

INTPART er eit av hovudtiltaka for å følge opp den reviderte versjonen av Panorama – strategi for høyere utdannings- og forskningssamarbeid med Brasil, Canada, India, Japan, Kina, Russland, Sør-Afrika, Sør-Korea og USA (2021–2027). Ordninga bidreg til etablering, bygging og vidareutvikling av strategiske partnarskapar av framifrå kvalitet gjennom støtte til koplingar mellom høgare utdanning, forsking og innovasjon. INTPART blir forvalta av Noregs forskingsråd i samarbeid med Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). Ordninga lanserte si sjuande utlysing i 2021 og vil tildele om lag 80 mill. kroner til nye prosjekt i oktober 2022. Ein del av løyvinga har i 2021 gått til Europarådets prosjekt The European Qualifications Passport for Refugees og UNESCOs prosjekt UQP. Det blei òg gitt ei løyving på 1,5 mill. kroner til UNESCOs mellomstatlege havforskingskommisjon (IOC). Løyvinga er støtte til havforskingskommisjonens koordinering av FNs havforskingstiår (2021–30). Tiåret bidreg til auka havkompetanse både nasjonalt og internasjonalt, og norske forskingsmiljø deltek aktivt.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår ei samla løyving på posten på 48,3 mill. kroner for 2023. Midlane på posten går mellom anna til oppfølging av Panorama-strategien og til ei satsing på verdsleiande fagmiljø på 19 mill. kroner til INTPART, som blir vidareført. Dessutan kan det bli gitt støtte til særskilde prosjekt i internasjonale organisasjonar, til dømes i UNESCO, OECD og Europarådet, som er særleg retta mot å nå Noregs mål for internasjonalt forskings- og utdanningssamarbeid, mellom anna bidrag til å oppnå FNs berekraftsmål 4 om god utdanning til alle. I 2023 vil delar av løyvinga gå til UNESCOs Intergovernmental Oceanographic Commission. Delar av løyvinga går òg til spesialutsendingar for høgare utdanning og forsking i prioriterte samarbeidsland.

Kunnskapsdepartementet foreslår å overføre 10,3 mill. kroner frå kap. 288, post 21 til Utanriksdepartementets kap. 100, post 01 for å dekke utgifter til spesialutsendingane.

Post 72 Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar

Løyvinga dekker norsk deltaking i Den europeiske organisasjonen for kjerneforsking (CERN), Det europeiske molekylærbiologiske laboratoriet (EMBL), Den europeiske konferansen for molekylærbiologi (EMBC), Det europeiske synkrotronstråleanlegget (ESRF) og Den internasjonale kreftforskingsorganisasjonen (IARC).

Mål for 2023

Medlemskapen i internasjonale grunnforskingsorganisasjonar skal medverke til global kunnskapsutvikling og til å nå overordna forskingspolitiske mål om høg kvalitet og internasjonalisering.

Resultat i 2021

Alle dei internasjonale grunnforskingsorganisasjonane Noreg deltek i, medverkar til global kunnskapsutvikling og driv verdsleiande forsking innanfor fagfelta sine. Medlemskapen i organisasjonane gjer det mogleg for norske forskarar å delta på linje med forskarar frå andre medlemsland og bidra til global kunnskapsutvikling og forsking av høg kvalitet. Til dømes deltek drygt 100 nordmenn i ALICE- og ATLAS-eksperimenta ved CERN, der forskarane studerer dei minste byggesteinane i universet og kreftene som held dei saman. Det er forventa at det vil kome nye, viktige resultat no når Large Hadron Collider-maskinen er oppgradert til å levere protonstrålar med den høgaste energien som nokosinne har blitt oppnådd.

Forskarane får kjennskap til ny teknologi og tilgang til ei rekke infrastrukturtenester og held seg oppdaterte om og bidreg i forskingsfronten. Gjennom kurs og opplæring ved grunnforskingsorganisasjonane hentar norske forskarar heim kunnskap til nytte for det norske forskingsmiljøet. Medlemskap i desse organisasjonane bidreg òg til å utvikle det felleseuropeiske forskingsområdet. Noreg har delegatar som sit i dei styrande organa til organisasjonane.

Dei siste åra har det skjedd gjennombrot i bruk av kunstig intelligens til å føreseie den tredimensjonale strukturen til einskildprotein. Sjølv om verktøya har blitt gjorde tilgjengelege, er det krevjande å bruke dei. EMBL har i 2021 gjort tilgjengeleg strukturmodellar for nær éin million protein, i hovudsak frå menneske, frå sjukdomsframkallande organismar og frå artar som blir brukte som modellorganismar.

ESRF var i løpet av 2021 tilbake i full drift etter bygginga av den nye maskinen som gir meir enn 100 gongar betre kvalitet på synkrotronstrålen enn tidlegare. ESRF verkar som eit «supermikroskop» som kan filme plasseringa av og rørsla til atom i faste og levande materiale innanfor mange fagfelt, som kjemi, materialfysikk, arkeologi og kulturarv, biologi, medisin, miljøvitskap med fleire. Kvart år mottek ESRF 9000 vitskaplege besøk, og det blir publisert 2000 vitskaplege artiklar basert på resultata frå ESRF.

IARC er WHOs spesialiserte kreftforskingsbyrå, som fremjar internasjonalt kreftforskingssamarbeid og særleg førebygging av kreft. I 2021 har IARC produsert mykje forsking av høg kvalitet basert på internasjonalt samarbeid med mellom andre norske forskarar. I tillegg har IARC halde fram arbeidet for kartlegging av konsekvensar av covid-19-pandemien på kreftpasientar og samarbeidd med WHO om ein global handlingsplan for førebygging og kontroll av ikkje-smittsame sjukdommar.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 312,4 mill. kroner på posten. Kontingentane for dei einskilde medlemslanda blir fastsette ut frå ein avtalefesta berekningsnøkkel der bruttonasjonalproduktet eller liknande er ein hovudfaktor. Kontingentkrava for 2023 er enno ikkje fastsette for alle organisasjonane. Budsjettforslaget for 2023 tek for dei fleste organisasjonane derfor utgangspunkt i dei kontingentane som blei vedtekne for 2022.

Tabell 4.31 Norske kontingentbidrag til internasjonale grunnforskingsorganisasjonar i 2023

Organisasjon

Kontingent i lokal valuta (i 1000)

CHF

Euro

1 000 kr

CERN

26 636

259 610

EMBC

637

6 396

EMBL

2 840

28 524

ESRF

1 040

10 444

IARC

738

7 412

Sum

312 386

Post 73 EUs rammeprogram for forsking og innovasjon

Løyvinga dekker Noregs kontingent til deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europa (2021–27), og midlar til EUs tiltakspakke for gjenoppbygging etter covid-19-pandemien, «Next Generation EU», som blir kanaliserte gjennom Horisont Europa. I tillegg dekker posten etterbetalingar for Horisont 2020 (2014–20).

Mål for 2023

Måla for løyvinga er:

  • høg kvalitet i norsk forsking og fleire framifrå og innovative miljø,

  • auka verdiskaping, styrkt konkurranse- og innovasjonsevne og bidrag til omstilling, at Noreg kan handtere store samfunnsutfordringar betre, bidra til å nå berekraftsmåla og ei berekraftig samfunnsutvikling,

  • utvikling av forskings- og innovasjonspolitikken

  • nye samarbeidsmønster på tvers av landegrenser, sektorar og fag.

Resultat i 2021

Horisont 2020 blei avslutta i 2020, men først i 2021 vart dei endelege resultata kjende. Norske forskings- og innovasjonsmiljø, næringsliv og offentlege verksemder og helseføretak har totalt sett henta heim om lag 2,53 pst. av dei konkurranseutsette midlane, godt over ambisjonsnivået på 2 pst. Omrekna til norske kroner utgjer dette om lag 16,2 mrd. kroner. Dei siste resultata frå EUs «grøne giv» var spesielt gode. Norske aktørar, med instituttsektoren i spissen, henta tilbake over 500 mill. kroner frå denne utlysinga, noko som utgjer heile 4,9 pst. i retur. I Horisont Europa har norske fagmiljø i løpet av det første driftsåret henta tilbake rekordhøge 3,26 pst. av midlane, noko som utgjer 1,8 mrd. kroner. Samla sett gir dette norske prosjektdeltakarar tilgang til prosjektmidlar til ein total verdi av 17 mrd. kroner.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 3,66 mrd. kroner på posten. Løyvingsbehovet for Noregs bidrag i 2023 er basert på Europakommisjonens budsjett for 2023.

Post 74 EUs utdannings-, opplærings-, ungdoms- og idrettsprogram

Løyvinga på posten dekker kontingenten for norsk deltaking i EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett, Erasmus+ (2021–27).

Resultat i 2021

Det er lansert fleire nye tiltak i det nye programmet, som Erasmus+ Lærarakademi, europeiske universitet, der norske institusjonar deltek i åtte av alliansane, og senter for framifrå yrkesfag, der aktørar i Trøndelag deltek. Nokre tiltak er endra for å spegle behova og endringane i samfunnet, til dømes innovasjonsalliansar og framtidsretta prosjekt. Programmet er no tydelegare knytt til viktige samfunnsutfordringar som berekraft, inkludering og digitalisering, som er tverrgåande prioriteringar i alle tiltak. Interessa for den første søknadsrunden i 2021 var god, trass i pandemien. Særleg var det stor interesse for studentmobilitet. Etter den kraftige nedgangen i 2020 er det ein positiv korreksjon i 2021, men framleis på eit like lågt nivå som då programmet starta. Utreisande studentar heldt seg i stor grad til Europa hausten 2021, noko som gir store utslag på dei samla tala for utreisande studentar samanlikna med før pandemien.

Målet med den norske deltakinga i Erasmus+ er styrkt kvalitet, relevans og attraktivitet i det norske utdanningssystemet og høgare kompetanse hos den einskilde deltakaren. Deltakinga skal bidra til å handtere store samfunnsutfordringar, styrkt samarbeid mellom utdanning, opplæring og arbeids- og samfunnsliv, at fleire deltek i eit internasjonalt læringsmiljø, og det skal vere eit bidrag til utviklinga av politikk og rammevilkår.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 972,3 mill. kroner på posten. Løyvingsbehovet for Noregs bidrag i 2023 er basert på Europakommisjonens budsjett for 2023.

Post 75 UNESCO-kontingent

Løyvinga dekker den norske kontingenten til UNESCO, FNs særorganisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon. UNESCO har i hovudoppgåve å medverke til fred og tryggleik ved å fremje internasjonalt samarbeid på fagområda til organisasjonen.

Mål for 2023

Norsk deltaking i UNESCO skal medverke til at UNESCO arbeider for ei god gjennomføring av og tek ei leiarrolle i koordineringa av FNs berekraftsmål nr. 4 om utdanning. Deltakinga skal òg medverke til at UNESCO følger opp den globale konvensjonen for godkjenning av kvalifikasjonar i høgare utdanning, og at organisasjonen kan få eit betre kunnskapsgrunnlag for hav og klima, ikkje minst ved å ha ei leiande rolle i gjennomføringa av FN-tiåret for havforsking (2021–30). I tillegg skal UNESCO verne og styrke verdas kultur- og naturarv, styrke presse- og ytringsfridommen og arbeide for meir open tilgang til forskingsresultat. I dei styrande organa til UNESCO har Noreg som mål å styrke resultatrapporteringa, å betre samarbeidet med andre relevante FN-organisasjonar og å konsentrere innsatsen der organisasjonen har dei største fortrinna sine.

Resultat i 2021

Berekraftsmåla (SDG-ane) og Agenda 2030 er førande for arbeidet til UNESCO. UNESCO har hovudansvaret for SDG 4 – utdanningsmålet – i FN. UNESCO arbeider kontinuerleg med berekraftsmål nr. 4. UNESCOs 41. generalkonferanse blei arrangert hausten 2021. Generalkonferansen vedtok ny strategi for UNESCO for 2022–29, nytt program for 2022–25 og nytt budsjett for 2022–23. På generalkonferansen blei det vedteke ein Recommendation on the Ethics of Artificial Intelligence og ein Recommendation on Open Science. UNESCO arbeider aktivt og systematisk med implementeringa av global konvensjon for godkjenning av kvalifikasjonar innanfor høgare utdanning, som Noreg var den første staten til å ratifisere. Dette er det første globale normative dokumentet innanfor høgare utdanning frå UNESCO nokon gong. Den mellomstatlege havforskingskommisjonen (IOC) leiar arbeidet med gjennomføring av FNs tiår for havforsking, der norske forskingsmiljø òg gir viktige bidrag. IOC har vidare gitt viktig kunnskap om samanhengen mellom tilstanden i hava og klimaendringar og kva havet har å seie for dei andre berekraftsmåla. Noreg var medlem av Verdsarvkomiteen i perioden 2017–21 og ei aktiv og tydeleg stemme for å verne om og fremje verdas kultur- og naturarv. Noreg følger opp UNESCOs arbeid og mandat for presse- og ytringsfridom. Saman med dei andre nordiske landa arbeider Noreg kontinuerleg med å gjere UNESCO meir effektivt og resultatorientert og med å få innført eit meir kjønnsnøytralt språk og meir straumlinjeforma vedtaksstrukturar i organisasjonen.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 21,1 mill. kroner til medlemskontingenten i UNESCO i 2023.

Post 76 UNESCO-formål

Løyvinga på posten går til tilskotsordninga til UNESCO-formål, som blir forvalta av Den norske UNESCO-kommisjonen. UNESCO-kommisjonen er eit rådgivande organ for norske myndigheiter og fungerer som eit bindeledd mellom myndigheitene og fagmiljø på ansvarsområda til UNESCO. Drifta av UNESCO-kommisjonen blir finansiert over kap. 200, post 21.

Mål for 2023

Tilskotsordninga skal styrke arbeidet og ansvarsområda til UNESCO, gjere UNESCO meir kjend i Noreg og understøtte dei vedtekne satsingsområda til Den norske UNESCO-kommisjonen.

Resultat i 2021

20 ulike prosjekt fekk støtte frå tilskotsordninga.

Prosjekta låg innanfor satsingsområda til Den norske UNESCO-kommisjonen: presse- og ytringsfridom, berekraftig utvikling, immateriell kulturarv, verdsarv og dokumentarv, og demokratiutvikling. Prosjekta er spreidde ut i Noreg, og ordninga har dermed medverka til å gjere ansvarsområda til UNESCO meir kjende i fleire delar av landet.

Ein del av løyvinga gjekk i 2021 til å sikre vidare støtte til UNESCOs skulenettverk, Associated School Program Network (ASPnet). ASPnet er eit globalt nettverk av meir enn 11 500 utdanningsinstitusjonar i 180 land som arbeider for å fremje verdiane og måla til UNESCO, mellom anna delmål 4.7 i Agenda 2030 om utdanning for å fremje berekraftig utvikling. I 2021 var det 36 medlemsskular i Noreg. FN-sambandet er nasjonal koordinator for ASPnet i Noreg.

Budsjettforslag for 2023

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 4,5 mill. kroner på posten. Dette inkluderer ei særskild løyving på 700 000 kroner til UNESCOs skulenettverk ASPnet.

Kap. 3288 Internasjonale samarbeidstiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

17 367

17 441

16 414

Sum kap. 3288

17 367

17 441

16 414

Løyvinga på post 04 gjeld refusjon av utgifter til UNESCO-kontingenten, som etter statistikkdirektiva til OECD blir definerte som offentleg utviklingshjelp.

Kap. 289 Vitskaplege prisar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

51

Holbergprisen

17 341

17 492

17 474

71

Abelprisen

16 288

17 011

16 968

72

Kavliprisen

11 340

11 635

11 605

Sum kap. 289

44 969

46 138

46 047

Dei internasjonale forskingsprisane til regjeringa blir delte ut for å anerkjenne framifrå vitskapleg arbeid og auke merksemda kring forsking i samfunnet.

Det blir gjort ein områdegjennomgang av tilskot til namngitte tilskotsmottakarar for å vurdere om dei er i tråd med regelverket for økonomistyring i staten, mellom anna med mål om å redusere omfanget av enkeltståande tilskot. Områdegjennomgangen inkluderer òg ein reduksjon i tilskot til namngitte mottakarar. Reduksjonen i tilskot til namngitte mottakarar på kap. 289 gjeld for post 71 og 72, men departementet foreslår at reduksjonen blir fordelt pro rata på alle postar under kapittelet. Les meir om områdegjennomgangen i Del I, kap. 1 Hovudinnleiing.

Post 51 Holbergprisen

Mål for 2023

Formålet med Holbergprisen er å verdsetje banebrytande forsking innanfor humaniora, samfunnsvitskap, jus og teologi. Prisen skal skape merksemd i samfunnet om fagfelta og føre til interesse for dei blant barn og unge.

Resultat i 2021

I 2021 fekk professor Martha C. Nussbaum, University of Chicago, Holbergprisen for banebrytande forsking innanfor filosofi og rettsvitskap. Holbergprisen blir delt ut årleg av Universitetet i Bergen. Prisen er på 6 mill. kroner. I samband med Holbergprisen blir også Nils Klim-prisen delt ut. Nils Klim-prisen er ein pris til framifrå yngre forskarar i eller frå Norden innanfor dei same fagfelta som Holbergprisen omfattar. I 2021 gjekk prisen til Daria Gritsenko, førsteamanuensis (assistant professor) i russiske og eurasiske studium ved Helsingfors universitet, for monalege forskingsbidrag i kryssingsfeltet mellom statsvitskap, miljøstudium og digital humaniora. Prisen er på 500 000 kroner. På grunn av covid-19-pandemien blei prisane for både 2020 og 2021 delte ut i 2021, og prisvinnarane fekk diplom og medaljar i dei respektive heimlanda ved hjelp av norske ambassadar.

I tillegg til å dekke prisbeløpet til vinnarane blir løyvinga nytta til ulike arrangement i samband med priskomitéarbeidet og prisutdelinga og til aktivitetar som skal auke interessa for fagfelta blant barn og unge og i samfunnet elles. Holbergprisen i skulen er ein nasjonal forskarkonkurranse for elevar i vidaregåande skule innanfor humanistiske og samfunnsvitskaplege fag. Kvart år deltek 20 skular med mellom 700 og 1 000 elevar frå heile landet. I 2021 var det Amalie Skram vidaregåande skule som vann Holbergprisen i skulen.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 17,5 mill. kroner på posten.

Post 71 Abelprisen

Mål for 2023

Formålet med Abelprisen er å verdsetje banebrytande forsking innanfor matematikk. Prisen skal skape merksemd i samfunnet og auke interessa for matematikk blant barn og unge.

Resultat i 2021

I 2021 blei Abelprisen delt ut til László Lovász frå Eötvös Loránd-universitetet i Ungarn og Avi Wigderson frå Institute for Advanced Study i Princeton i USA, for grunnleggande bidrag til teoretisk datavitskap og diskret matematikk og rolla deira i å gjere desse felta til sentrale felt i moderne matematikk. På grunn av covid-19-pandemien blei prisane for både 2020 og 2021 delte ut under Abelprisveka 2021, og prisvinnarane fekk prisen i dei respektive heimlanda ved hjelp av norske ambassadar.

Abelprisen blir delt ut årleg av Det Norske Videnskaps-Akademi (DNVA). Løyvinga dekker prisbeløpet og fleire arrangement i samband med prisutdelinga og priskomitéarbeidet. Gjennom Abelprisen finansierer DNVA ei rekke tiltak som skal stimulere interessa for matematikk blant barn og unge. I 2021 nådde dei ei brei målgruppe frå grunnskule til vidaregåande skule og lærarar, gjennom støtte til mellom anna frivillige studentorganisasjonar og ulike formidlingsprosjekt. I tillegg støttar DNVA mellom anna Abelkonkurransen for elevar i vidaregåande skule, Unge Abel lagkonkurranse for ungdomstrinnet, og Holmboeprisen, som årleg blir delt ut til éin eller fleire matematikklærarar.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 17 mill. kroner på posten.

Post 72 Kavliprisen

Mål for 2023

Formålet med Kavliprisen er å anerkjenne banebrytande forsking innanfor astrofysikk, nanovitskap og nevrovitskap. Prisen skal skape merksemd i samfunnet om fagfelta og føre til internasjonalt samarbeid mellom forskarar.

Resultat i 2021

Kavliprisen er eit samarbeid mellom Det Norske Videnskaps-Akademi, The Kavli Foundation og Kunnskapsdepartementet. Kavliprisen blir delt ut annakvart år for framifrå vitskapleg arbeid innanfor fagfelta astrofysikk, nanovitskap og nevrovitskap. I 2021 blei ikkje prisen delt ut, men det blei gjennomført fleire internasjonale arrangement for å auke merksemda om prisen og stimulere til internasjonalt samarbeid. På grunn av covid-19-pandemien er prisutdelingsseremonien for 2020-vinnarane flytta til 2022.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 11,6 mill. kroner på posten.

Programkategori 07.80 Utdanningsstøtte

Utgifter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

2410

Statens lånekasse for utdanning

50 064 897

50 788 954

54 714 987

7,7

Sum kategori 07.80

50 064 897

50 788 954

54 714 987

7,7

Inntekter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Endring i pst.

5310

Statens lånekasse for utdanning

19 217 916

20 191 769

21 421 541

6,1

5617

Renter frå Statens lånekasse for utdanning

3 260 505

4 795 128

9 714 332

102,6

Sum kategori 07.80

22 478 421

24 986 897

31 135 873

24,6

Innleiing

Utdanningsstøtteordninga er ei velferdsordning som skal medverke til at alle har eit godt grunnlag for livsopphald under utdanninga, uavhengig av kvar dei bur, alder, kjønn, funksjonsevne og sosiale og økonomiske tilhøve. Utdanningsstøtta skal òg legge til rette for at elevar og studentar kan arbeide effektivt og med gode resultat, slik at samfunnet og arbeidslivet får tilgang på kompetanse.

Nivået på utdanningsstøtta i Noreg er i internasjonal samanheng god. Studentar i Europa får i snitt 14 pst. av inntektene sine frå offentleg støtte, jf. undersøkinga Eurostudent VII frå 2019. I Noreg er delen offentleg støtte 32 pst. Det siste året har prisane stige meir enn normalt. Dette påverkar kvardagen til studentane, slik det også påverkar andre i samfunnet.

Lånekassen fyller 75 år i 2022 og har sidan etableringa medverka til at høgare utdanning har vore tilgjengeleg for alle samfunnslag. I studieåret 1947–48 fekk 2 200 studentar lån. I 2021 hadde Lånekassen om lag 1,2 mill. kundar, nær 22 pst. av befolkninga. Lånekassen har gjennom fleire år arbeidd for å utvikle enkle og brukarvennlege tenester for alle. Lånekassen har høg grad av maskinell behandling og er ei røynd IT-verksemd som på ein god måte handterer endringar i utdanningsstøtteordningane og ein stor kundemasse.

Følgande overordna mål er særleg relevante for løyvingane under programkategori 07.80:

  • Kunnskap legg grunnlag for demokrati, velferd, omstilling og berekraft

  • Samfunnet og arbeidslivet har tilgang på relevant kompetanse

  • Kunnskapssektoren utjamnar sosiale og geografiske skilnader

  • Kompetanseheving og livslang læring er meir tilgjengeleg for alle over heile landet

  • Opplæring og utdanning som gir fleire relevant kvalifisering

Hovudprioriteringar for 2023

Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2023 fleire tiltak for å avhjelpe situasjonen med auka levekostnadar. Som del av denne satsinga foreslår regjeringa å auke bortebuarstipendet og utstyrsstipendet til elevar i vidaregåande opplæring.

Mange ungdommar i distrikta må flytte heimanfrå for å få den vidaregåande opplæringa dei ønsker seg. Det å bu borte, gir familien auka utgifter til livsopphald. For å bidra til at geografi og privatøkonomi ikkje skal vere eit hinder for at unge får den opplæringa dei ønsker seg, foreslår regjeringa å styrke bortebuarstipendet med 57,3 mill. kroner.

Regjeringa vil at det skal vere betre samsvar mellom utstyrsstipendet frå Lånekassen og utgiftene elevar i vidaregåande opplæring har til nødvendig utstyr i opplæringa. For å bidra til at fleire har råd til å ta yrkesfaglege utdanningsprogram, foreslår regjeringa å styrke utstyrsstipendet med 50,1 mill. kroner med ein heilårseffekt på 51 mill. kroner i 2024.

Personar som bur og er yrkesaktive i tiltakssona i Finnmark og Nord-Troms, kan få sletta gjeld i Lånekassen. Ordninga er eit viktig verkemiddel for å rekruttere kompetanse til regionen. Regjeringa vil styrke ordninga ved å auke maksimumsbeløpet og delen gjeld som årleg kan slettast. Tiltaket aukar løyvingsbehovet med 41,1 mill. kroner.

Dei siste åra er det gjennomført fleire endringar i utdanningsstøtteordningane som vil gi større fleksibilitet og betre vilkår for vaksne som tek utdanning. Regjeringa vil i 2023 halde fram arbeidet med å gjere Lånekassen betre tilpassa vaksne som treng økonomisk støtte for å ta korte utdanningar. Departementet foreslår derfor å løyve 10 mill. kroner til å halde fram IT-utviklinga i Lånekassen.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga på utdanningsstøttepostane med 85,3 mill. kroner i 2023. Auka kjem av at det for studieåret 2023–24, i motsetnad til tidlegare år, er lagt til grunn eit KPI-anslag som er utrekna så nær budsjettframlegginga som mogleg.

Regjeringa foreslår å redusere stipenddelen i den ordinære skulepengestøtta ved utdanning utanfor Norden, til 40 pst. for alle studentar frå og med studieåret 2023–24. Med dette blir stipenddelen den same som for basislånet i Lånekassen. Departementet anslår at tiltaket vil gi ei innsparing på 119,4 mill. kroner i 2023. Likviditeten til studentane som er i utdanning, blir ikkje endra med forslaget, men dei vil få noko høgare gjeld når dei er ferdige med utdanninga.

Lånekassen er ei viktig finansieringskjelde til livsopphald

Like moglegheiter til utdanning

Utdanningsstøtta er ei viktig inntektskjelde for norske studentar og for elevar som treng støtte for å ta vidaregåande opplæring. Fleirtalet av studentane og elevane nyttar utdanningsstøtteordningane gjennom Lånekassen. Statistisk sentralbyrå har i 2021 utført ei levekårsundersøking blant studentane. Ifølge Studenters levekår 2021 opplyser meir enn 8 av 10 heiltidsstudentar at dei får lån og stipend frå Lånekassen. Blant heiltidsstudentane svarar 63 pst. at Lånekassen er hovudinntektskjelda deira. Utdanningsstøtteordningane fungerer godt for dei fleste elevane og studentane, og Noreg har i internasjonal samanheng svært gode ordningar for støtte til utdanning både i Noreg og utanfor landet. I takt med auken i talet på studentar ved universitet, høgskular og fagskular har det blitt fleire som får lån og stipend til utdanning.

Utdanningsstøtteordningane er innretta slik at heiltidsutdanning kan kombinerast med noko arbeid. I levekårsundersøkinga opplyser 66 pst. av heiltidsstudentane i universitets- og høgskuleutdanning at dei hadde jobb haustsemesteret 2021. Ifølge Studiebarometeret til NOKUT frå 2021 brukar ein heiltidsstudent i gjennomsnitt 8,8 timar i veka på betalt arbeid. I levekårsundersøkinga har SSB skilt ut dei studentane som har arbeid undervegs i haustsemesteret, og finn at dei i gjennomsnitt brukar 14,9 timar i veka på jobb. Regjeringa meiner at arbeid ved sida av utdanninga kan gi studentar viktig arbeidserfaring. I levekårsundersøkinga svarer 34 pst. av heiltidsstudentane at dei har jobb fordi dei ønsker arbeidserfaring. Nær seks av ti heiltidsstudentar svarar at dei har jobb som er relevant for utdanninga.

Regjeringa ønsker å legge til rette for at studentane skal kunne gjennomføre utdanninga på normert tid. Då er mellom anna nivået på utdanningsstøtta viktig. Dei seinare åra har utdanningsstøttesatsane vore justerte etter forventa vekst i konsumprisindeksen (KPI). Justeringa skal bidra til å halde oppe kjøpekrafta til studentane. Det vil vere avvik mellom forventa KPI og faktisk KPI einskilde år, men over tid vil dette normalt jamne seg ut.

I 2022 er likevel prisveksten uventa høg, mellom anna som følge av høge straumprisar og krigen i Ukraina. Våren 2022 kunne studentar og vaksne elevar i vidaregåande opplæring med dokumenterte utgifter til straum søke om eit særskilt stipend på 3 000 kroner frå Lånekassen. Stipendet bidrog til å hjelpe mange studentar i ein periode då prisane steig meir enn forventa, og kom i tillegg til den ordinære straumstøtteordninga til hushalda som også mange studentar blir omfatta av. Over tid bør det vere godt samsvar mellom veksten i utdanningsstøtta og den generelle prisveksten i samfunnet. Departementet vil derfor vurdere mekanismane for prisjustering av utdanningsstøttesatsane, slik at avviket frå faktisk prisvekst blir minst mogleg.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga på utdanningsstøttepostane med 85,3 mill. kroner i 2023. Auka kjem av at det for studieåret 2023–24, i motsetnad til tidlegare år, er lagt til grunn eit KPI-anslag som er utrekna så nær budsjettframlegginga som mogleg. I Meld. St. 1 (2022–2023) Nasjonalbudsjettet 2022, er anslått KPI-vekst for 2023 og 2024 høvesvis 2,8 pst. og 2,4 pst. Utdanningsstøttesatsane er justerte med 2,8 pst. for heile studieåret 2023–24. Basislånet for 2023–24 blir om lag 1 500 kroner høgare enn om eit tidlegare anslag hadde blitt lagt til grunn.

Betydeleg skilnad mellom kostnader til utstyr og utstyrsstipendet

Utstyrsstipendet for elevar i vidaregåande opplæring skal bidra til at alle, uavhengig av økonomi, får lik rett til vidaregåande opplæring. Ein rapport frå Rambøll i 2019 viser at det er stor skilnad mellom kostnadene einskilde elevar har til utstyr, og utstyrsstipendet frå Lånekassen. Det gjeld særleg for dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Dette kan føre til at ikkje alle har råd til å ta yrkesfaglege utdanningsprogram. Det er uheldig for den einskilde eleven, men også for samfunnet som treng fleire med yrkesfagleg kompetanse.

Auka utstyrsstipend for elevar på yrkesfag

Utgiftene elevane har til nødvendig utstyr i opplæringa, varierer frå utdanningsprogram til utdanningsprogram. Utdanningsprogramma er derfor fordelte på fire ulike stipendsatsar i ordninga. Regjeringa foreslår å styrke utstyrsstipendet for elevar på yrkesfaglege utdanningsprogram frå undervisningsåret 2023–24. Utvidinga skjer ved at den lågaste satsen berre blir for studieførebuande program, og at yrkesfaga på denne satsen blir flytta til sats to. Vidare blir yrkesfaga på sats fire flytta til ein ny sats som er 25 pst. høgare enn dagens sats fire, medan dei eksisterande satsane to og tre blir justerte med 25 pst. for alle utdanningsprogram på desse satsane. Denne innretninga gjer at det meste av styrkinga går til elevar på yrkesfaglege utdanningsprogram. Regjeringa foreslår 50,1 mill. kroner til denne satsinga i 2023.

Kundane har meir gjeld no enn tidlegare

Kundane i Lånekassen har meir gjeld no enn tidlegare. I 2021 var gjennomsnittleg gjeld etter avslutta utdanning 378 000 kroner. I 2011 var gjennomsnittleg gjeld 246 000 kroner. Ein del av auken kan forklarast med opptrappinga til elleve månader med utdanningsstøtte og høgare låneramme til skulepengar for studentar i utlandet, i tillegg til den generelle prisauken i samfunnet.

Dei siste åra har utdanningsstøtteordninga også blitt endra slik at ho er betre tilpassa behova til fleire studentgrupper, mellom anna med ei auka låneramme for studentar over 30 år og studentar med barn. For dei fleste grupper er betre tilgang på lån til utdanning eit gode. Samstundes er det uheldig om studentar får for stor gjeldsbyrde tidleg i utdanningsløpet, til dømes vaksne som tek grunnskule eller vidaregåande opplæring. Høg gjeld kan for desse gruppene bli ei fattigdomsfelle, og det kan gjere det vanskelegare å få støtte til vidare utdanning. Samla sett har stadig færre kundar i Lånekassen betalingsproblem, mellom anna som følge av at tilbodet om betalingsutsetjing har vore utvida dei siste to åra.

Tilgang til utdanning i heile landet

Demografiske utfordringar i Distrikts-Noreg

Delar av Distrikts-Noreg står overfor store demografiske utfordringar i åra som kjem, jf. NOU 2020: 15 Det handler om Norge. Kombinasjonen av nedgang i folketalet, ei aldrande befolkning og spreidd busetnad vil gjere det krevjande å halde oppe gode velferdstenester i delar av landet. Ein del av utfordringa er mangel på kompetent arbeidskraft til å dekke behova til både privat og offentleg sektor.

Det å få fleire til å fullføre vidaregåande opplæring i distrikta vil vere avgjerande for å sikre at folk kan halde fram med å bu i heile landet. I delar av Noreg er det så store avstandar eller lang reisetid at elevar i vidaregåande opplæring må bu på hybel for å få vidaregåande opplæring. Det er heller ikkje elevgrunnlag til å kunne tilby alle utdanningsprogram ved alle vidaregåande skular i landet.

Den einskilde familien har fostringsplikt for eigne barn til dei er 18 år eller ferdige med vanleg vidaregåande opplæring. Hushald med elevar som ikkje kan bu heime, har høgare utgifter enn andre. Bortebuande elevar må til dømes betale for husrom og mat. Elevar har i mindre grad enn studentar moglegheit til å arbeide ved sida av opplæringa. Elevar som må flytte heimanfrå, kan derfor søke om eit bortebuarstipend i Lånekassen. For skuleåret 2022–23 er stipendet på 4 979 kroner i månaden.

Det å flytte heimanfrå i ung alder er i seg sjølv vanskeleg for mange. Dersom den økonomiske børa i tillegg blir for stor, kan det føre til at einskilde ikkje kan velje det utdanningsprogrammet dei ønsker. Det kan igjen gjere det vanskelegare å fullføre vidaregåande opplæring. På sikt vil dårlege moglegheiter til å ta vidaregåande opplæring gjere det mindre attraktivt å bu i distrikta.

Auka bortebuarstipend

Bortebuarstipendet skal bidra til å dekke buutgiftene ein familie får når ein elev må bu vekke for å ta vidaregåande opplæring. Stipendet er viktig for dei som får opplæring langt unna heimstaden, særleg i distrikta. Regjeringa vil styrke bortebuarstipendet i Lånekassen med 57,3 mill. kroner, slik at stipendet blir 5 639 kroner i månaden frå skuleåret 2023–24. Satsinga skal bidra til at geografi og privatøkonomi ikkje skal vere til hinder for at alle kan få den opplæringa dei ønsker seg.

Sletting av gjeld i tiltakssona

Personar som bur i og er yrkesaktive i tiltakssona i Finnmark og Nord-Troms, kan få 10 pst. av studielånet sletta per år, men ikkje med meir enn 25 000 kroner eller mindre enn 2 000 kroner per år. Ordninga er eit viktig verkemiddel for å rekruttere kompetanse til regionen. Regjeringa vil derfor styrke ordninga ved å auke maksimumsbeløpet og delen gjeld som årleg kan slettast. Regjeringa foreslår å auke maksimumsbeløpet til 30 000 kroner og at ein kan få sletta 20 pst. av studielånet per år frå og med 2023. Departementet anslår at tiltaket aukar løyvingsbehovet med 41,1 mill. kroner i 2023.

Med auka bruk av heimekontor er den fysiske arbeidsplassen i einskilde tilfelle utanfor tiltakssona. Så lenge personen bur i og betaler skatt til ein kommune i tiltakssona, har Stortinget i handsaminga av statsbudsjettet for 2022 vedteke at kravet skal endrast slik at sletting av gjeld skjer uavhengig av kvar den fysiske arbeidsplassen til personen er. Tiltaket aukar løyvingsbehovet med 2,1 mill. kroner og blir innført frå og med 2023.

I handsaminga av Prop. 129 S (2016–2017) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet for 2017, jf. Innst. 401 S (2016–2017), vedtok Stortinget å etablere ei mellombels ordning for å slette studiegjeld for lærarar som arbeider i grunnskulen i tiltakssona. Ordninga inneber at kvalifiserte lærarar som er yrkesaktive i grunnskulen i utvalde kommunar i Nord-Troms og Finnmark, kan få sletta 20 000 kroner av studiegjelda per år. Ordninga kjem i tillegg til sletting av gjeld for dei som bur i og er yrkesaktive i tiltakssona i Finnmark og Nord-Troms. Ein må ha arbeidd som lærar i grunnskulen i ein oppteningsperiode på 12 månader før ein søker. Ordninga blei fasa ut i statsbudsjettet for 2022. Det er framleis behov for kvalifiserte lærarar i tiltakssona, og regjeringa foreslår derfor å vidareføre ordninga.

Utdanningsstøtte for vaksne i utdanning

Mange har ikkje råd til å ta utdanning som vaksne

Behovet for å veksle mellom arbeid og utdanning gjennom heile karrieren vil bli større framover. Redusert inntekt under utdanning kan føre til at fleire ikkje har råd til å vidareutdanne eller omskulere seg, jf. Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet og Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. Funn frå Studentenes helse- og trivselsundersøkelse i 2022 kan tyde på at eldre studentar har større problem med å handtere løpande utgifter enn yngre.

Utdanningsstøtteordningane i Lånekassen er ei viktig kjelde til livsopphald for dei som ønsker å kombinere arbeid med utdanning. Utdanningsstøtta fungerer ikkje godt som erstatning for arbeidsinntekt over ein kortare periode, jf. Meld. St. 16 (2020–2021) Utdanning for omstilling – Økt arbeidslivsrelevans i høyere utdanning. Ordningane i Lånekassen har i liten grad vore tilpassa behova til sysselsette med bustadlån og forsørgaransvar som tek utdanning. Slik ordningane er lagde opp i dag, kan ein mellom anna ikkje få lån og stipend til kortare utdanningar.

Utdanningsstøtteordningar tilpassa nye grupper

Det er allereie gjennomført fleire endringar i utdanningsstøtteordningane som gir meir fleksibilitet og betre vilkår for vaksne som har behov og motivasjon for å ta meir utdanning. Mellom anna er tidsramma for lån og stipend endra, slik at utdanningsstøtta kan takast ut fleksibelt over lengre tid enn åtte år om ein studerer på deltid. Det er innført tilleggslån for personar over 30 år og for vaksne med forsørgaransvar for barn under 16 år.

Høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning skal bli meir tilgjengelege ved at ein tilbyr fleire korte og moduliserte utdanningar som er tilpassa behova både til den einskilde og til arbeidslivet. Korte vidareutdanningar gir i dag ikkje rett til utdanningsstøtte. Kunnskapsdepartementet vil derfor utvide utdanningsstøtteordningane slik at kortare utdanningstilbod kan gi rett til lån frå 2024–25. Med innføring frå 2024–25 skal vaksne i kort modulisert utdanning få tilgang til lån utan stipenddel, med løpande rente. Lånet blir tilgjengeleg uavhengig av inntekta til den einskilde. Storleiken på lånet vil vere avhengig av omfanget av utdanninga i studiepoeng og ikkje av kor lang tid ein bruker på utdanninga. Denne låneordninga vil også vere tilgjengeleg som eit alternativ for personar som tek lengre utdanningar.

Saksbehandlingssystemet til Lånekassen må endrast for å ta høgde for støtte til kortare utdanningar og ei ny målgruppe. Departementet foreslår derfor å løyve midlar til IT-utvikling i Lånekassen i 2023.

Utdanning spesielt tilrettelagd for brukarar av Nav kan gi rett til lån og stipend

Frå hausten 2021 er utdanningsstøtteordningane endra, slik at deltakarar i program som Menn i helse, får rett til lån og stipend i periodane utan livsopphaldsytingar frå Nav. Dagpengar og utdanningsstøtte skal kunne kombinerast utan restriksjonar basert på at stipendet frå Lånekassen blir behovsprøvd. Stortinget vedtok i handsaminga av statsbudsjettet for 2022 at også anna utdanning spesielt tilrettelagd for brukarar av Nav kan gi rett til lån og stipend frå hausten 2024. Endringa gjeld vidaregåande opplæring for vaksne.

Utvida rett til vidaregåande opplæring

Regjeringa tek sikte på å legge fram eit forslag om ein fullføringsrett i vidaregåande opplæring våren 2023, jf. programkategori 07.20 Grunnopplæringa. Ein fullføringsrett inneber at ein bør endre grensa mellom stipendbasert utdanningsstøtteordning for unge og den lånebaserte utdanningsstøtta for vaksne. Den stipendbaserte ordninga for unge i vidaregåande opplæring er allereie i dag dårleg eigna for vaksne utan fullført vidaregåande opplæring. I dag får personar som er under 25 år og har ungdomsrett, vurdert søknaden om lån og stipend opp mot inntekta til foreldra. Regelverket for utdanningsstøtte er basert på den lovfesta retten ungdom i dag har til vidaregåande opplæring, og bør endrast for at endringar i retten ikkje skal gi urimelege og utilsikta utslag for vaksne. Kunnskapsdepartementet tek derfor sikte på å endre utdanningsstøtteordninga frå og med studieåret 2024–25 slik at vaksne over 21 år som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, får tilgang til den lånebaserte ordninga. Tiltaket har ein utviklingskostnad på 5,6 mill. kroner i 2023.

Kap. 2410 Statens lånekasse for utdanning

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

01

Driftsutgifter

429 701

407 192

418 306

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 01

8 447

8 162

15 610

50

Avsetning til utdanningsstipend, overslagsløyving

8 496 390

8 346 941

8 509 308

70

Utdanningsstipend, overslagsløyving

3 638 170

3 763 822

3 773 257

71

Andre stipend, overslagsløyving

566 261

660 491

531 804

72

Rentestøtte, overslagsløyving

823 534

1 346 441

2 720 001

73

Avskrivingar, overslagsløyving

843 668

885 537

918 015

74

Tap på utlån

373 017

415 500

415 500

90

Auka lån og rentegjeld, overslagsløyving

34 885 709

34 954 868

37 413 186

Sum kap. 2410

50 064 897

50 788 954

54 714 987

Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 01

Statens lånekasse for utdanning (Lånekassen) er eit statleg forvaltningsorgan som tilbyr lån og stipend til utdanning i Noreg og utlandet. Løyvingane under kap. 2410, post 01 finansierer ordinære driftsoppgåver i verksemda. Løyvingane under post 45 finansierer større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, til dømes særskild IT-utvikling i Lånekassen.

Mål for 2023

Kunnskapsdepartementet har sett følgande mål for Lånekassen:

  • Like moglegheiter til utdanning gjennom finansiering av kompetansebehova til den einskilde og samfunnet

  • Ein enklare kvardag for alle i utdanning og alle med utdanningslån

Resultat i 2021

Lånekassen er ei velfungerande verksemd med fleire kundar enn nokosinne. Hovuddelen av søknadene om lån og stipend blir behandla maskinelt, noko som mellom anna skal sikre at kundane får lån og stipend til rett tid. Lånekassen hadde 1,2 mill. kundar i 2021 og fekk 968 000 søknader om utdanningsstøtte, betalingsutsetjing, sletting av renter og sletting av lån. Talet på kundar med betalingsproblem heldt fram med å minke i 2021, og talet på kundar med oppsagde lån var redusert med om lag 2 700 samanlikna med 2020. Det har vore ein gradvis nedgang dei siste åra, og det er færre som mislegheld utdanningslånet sitt. Dette kan kome av at mange kundar har nytta seg av ekstra betalingsutsetjingar som tiltak i samband med covid-19-pandemien.

Våren 2020 utvikla og iverksette Lånekassen ekstraordinære tiltak for dei som blei råka av covid-19-pandemien. Tiltaka gjaldt for både elevar, studentar og dei som betaler tilbake på lånet sitt. Desse tiltaka blei vidareførte i 2021. Samstundes administrerte Lånekassen dei ordinære ordningane for eit nytt studieår. Talet på søknader om lån og stipend og om betalingslette auka med 18 pst. i 2020. Auken kjem som følge av søknader om tilleggslån og at fleire søkte om å få utsett tilbakebetaling av lån under covid-19-pandemien. I 2021 er talet på søknader redusert med 4 pst., i hovudsak som følge av ein reduksjon i talet på søknader om betalingslette. Det har òg vore mange kundar som har kontakta Lånekassen, og det har lagt press på saksbehandlinga under pandemien. Lånekassen har på ein god måte handtert tiltak som følge av covid-19-pandemien og ordinær drift, men det har i 2021 vore lengre saksbehandlingstid og svartid til kundane enn det Kunnskapsdepartementet har sett som krav.

Lånekassen rapporterte for første gong på nye hovudmål og styringsparameter i 2021. Dei nye måla har merksemda retta mot samfunnseffektar og legg større vekt på forventningane Kunnskapsdepartementet har til Lånekassen som direktorat. Som del av å utvikle seg som fagdirektorat bygger Lånekassen opp eit fagmiljø for å analysere studiestøtteordningane og jobbe meir systematisk med kunnskap om utdanningsstøtte. Førebuingane til å utvikle nye ordningar som blir sentrale som verkemiddel i kompetansereforma, har også hatt stor merksemd i 2021.

Budsjettforslag for 2023

Departementet foreslår å løyve 418,3 mill. kroner på post 01 og 15,6 mill. kroner på post 45.

Løyvinga på post 01 blir redusert med 0,4 mill. kroner som følge av at utviklingskostnader i samband med forskriftsendringar tidlegare år, blir fasa ut.

Departementet foreslår å auke løyvinga på post 01 med 2,7 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på post 45 til drift av nytt saksbehandlingssystem i Lånekassen.

Departementet foreslår å auke løyvinga på post 01 med 0,5 mill. kroner til utviklingskostnader som følge av endringar i satsane for utstyrsstipend for yrkesfag.

Departementet foreslår å redusere løyvinga på post 01 med 0,5 mill. kroner som følge av endra jobbreisevanar etter covid-19-pandemien.

Departementet foreslår å løyve 10 mill. kroner på post 45 til å halde fram arbeidet med ein ny teknisk modul i Lånekassen, slik at systemet er betre tilpassa vaksne som treng økonomisk støtte for å ta korte utdanningstilbod. IT-systema i Lånekassen er i dag ikkje utforma for å handtere slike endringar i utdanningsstruktur/-tilbod som går på tvers av dagens tradisjonelle utdanningar. Utviklinga i IT-systema er omfattande og krev større endringar i Lånekassen. Kostnadsramme for den nye modulen er estimert til 50 mill. kroner fordelt over åra 2022–24. Forvaltningskostnadene til drift av dagens tekniske løysningar er anslått til å auke i åra framover. Dette prosjektet, saman med anna fornying av IT-systema, vil bidra til å redusere framtidige forvaltningskostnader og gi betre tenester for fleire målgrupper.

Kap. 2410, post 50–90, kap. 5310 og kap. 5617

Løyvingane på desse kapitla og postane dekker dei ulike delane av utdanningsstøtteordningane til Lånekassen. Endringar i ordningane gjennom Lånekassen har som regel effekt på fleire budsjettpostar under kap. 2410, kap. 5310 og kap. 5617. Budsjettet for utdanningsstøtte blir derfor omtala samla. I tillegg blir dei einskilde postane omtala kvar for seg.

Mål for 2023

Dei overordna måla for programkategori 07.80 Utdanningsstøtte går fram av kategoriinnleiinga.

Resultat i 2021

Av dei 1,2 mill. kundane i Lånekassen i 2021 var 63 pst. tilbakebetalarar, medan 37 pst. var mottakarar av lån og stipend.

Den samla tildelinga av utdanningsstøtte var for undervisningsåret 2021–22 på 37,8 mrd. kroner. Av dette blei 4,8 mrd. kroner betalte ut som stipend, sjå fordelinga på dei ulike stipendformene i tabell 4.34. Resten blei betalte ut som lån.

I kalenderåret 2021 blei 4,2 mrd. kroner betalt ut som stipend. I tillegg blei 7,2 mrd. kroner gjort om frå lån til stipend under konverteringsordninga. Dei samla stipendutgiftene i 2021 blei dermed 11,4 mrd. kroner.

I tabellane under er det gitt ei oversikt over utviklingstrekk i hovudtala for mottakarar av lån og stipend og tilbakebetalarar i Lånekassen.

Tabell 4.32 Hovudtal for tildeling til elevar i vidaregåande opplæring med ungdomsrett

2018–19

2019–20

2020–21

2021–22

Tal på elevar/lærlingar i vidaregåande opplæring1

241 955

241 810

243 041

248 041

Tal på elevar/lærlingar med ungdomsrett

213 193

213 770

216 486

216 525

Tal på mottakarar av lån og stipend med ungdomsrett

164 293

163 551

163 595

164 888

Sum stipend (i mill. kroner)

2 082

2 136

2 105

2 082

Gjennomsnittsstipend (i kroner)

12 701

13 095

12 895

12 648

Sum lån (i mill. kroner)

156

178

232

172

Gjennomsnittslån (i kroner)

25 823

26 245

33 1522

29 997

1 Talet er henta frå SSB og syner alle elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring.

2 Auka gjennomsnittslån kjem i hovudsak av tilleggslån for våren 2021 og innføringa av tilleggslån for elevar som forsørger barn.

Tabell 4.33 Hovudtal for tildeling til høgare utdanning m.m.

2018–19

2019–20

2020–21

2021–22

Talet på studentar i høgare utdanning1

291 528

294 561

305 879

318 146

Talet på mottakarar av lån og stipend i høgare utdanning

198 291

199 493

206 488

209 815

Talet på andre mottakarar av lån og stipend2

51 739

55 317

57 553

56 494

Sum lån inkl. omgjeringslån (i mill. kroner)

26 776

29 614

32 523

32 810

Gjennomsnittslån (i kroner)

109 516

118 042

124 8133

125 453

Utbetalt konverteringsstipend4 (i mill. kroner)

7 308

6 448

5 6295

1 7035

Sum andre stipend (i mill. kroner)

2 086

2 345

2 296

2 678

1 Talet på studentar i høgare utdanning kjem frå Database for statistikk om høgare utdanning (DBH) og tal frå Lånekassen på studentar i utlandet.

2 Tala gjeld studentar i fagskular, folkehøgskular, bibelskular og korte yrkesretta utdanningar og vaksne elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring utan ungdomsrett.

3 Auka gjennomsnittslån kjem i hovudsak av innføringa av tilleggslån for studentar over 30 år og studentar som forsørger barn.

4 Utbetalt stipend etter at behovsprøving mot inntekt og formue er gjennomført. Status per august 2022.

5 Omgjering frå lån til stipend skjer samstundes som behovsprøvinga mot inntekt og formue blir gjennomført. Behovsprøvinga for 2021 er i hovudsak gjennomført, og ein stor del av konverteringsstipendet for dette året er derfor utbetalt. For 2022 er det enno ikkje utbetalt konverteringsstipend.

Tabell 4.34 Fordeling av ulike stipendformer i dei to siste undervisningsåra

Talet på stipend

Stipend i mill. kroner

2020–21

2021–22

2020–21

2021–22

Inntektsavhengig stipend

16 197

16 489

441

462

Bortebuarstipend

23 889

24 519

991

1 035

Utstyrsstipend

158 721

159 781

312

322

Flyktningstipend1

11 932

9 066

976

712

Stipend til skulepengar i utlandet

10 617

11 744

361

388

Utvida stipend til skulepengar i utlandet

1 188

1 458

79

89

Valutajustering (netto) av stipend og utvida stipendtil skulepengar i utlandet

10 665

10 468

–26

1

Stipend til skulepengar ved utanlandske eller internasjonale vidaregåande skular

366

655

33

53

Språkstipend

95

460

2

10

Tilleggsstipend til tilrettelagd utdanning i Frankrike og Tyskland

46

28

1

0,6

Reisestipend, Noreg og Norden

7 847

8 085

15

16

Reisestipend, utanfor Norden

12 401

17 519

32

28

Sjukestipend2

628

902

23

35

Foreldrestipend2

2 610

2 881

191

215

Barnestipend1

26 155

26 394

578

607

Stipend til søkarar med nedsett funksjonsevne eller funksjonshemming2

9 382

10 544

364

419

Straumstipend

122 800

368

Totalt

292 739

423 793

4 373

4 762

1 Stipendet blir i ettertid behovsprøvd mot inntekt og formue. Ein del av det som opphavleg blei tildelt som stipend, vil derfor på eit seinare tidspunkt kunne bli gjort om til lån.

2 Ved sjukdom og fødsel vil lån bli omgjort til stipend i ettertid. Det betyr at det ikkje ligg føre endelege tal for desse tiltaka ved utløpet av undervisningsåret. For undervisningsåret 2020–21 blei det endelege resultatet for omgjering ved sjukdom 68,3 mill. kroner og for omgjering ved fødsel 250,1 mill. kroner.

Tabell 4.35 Hovudtal for lån og renter i dei siste fire åra

(i 1 000 kr)

2018

2019

2020

2021

Tal på tilbakebetalande låntakarar1

695 194

718 675

728 942

748 274

Renteberande lån

130 388

138 988

145 416

154 936

Betalte renter

2 725

2 955

2 958

2 234

Avdrag

8 690

9 164

9 212

9 992

Ettergitt lån og renter

691

861

868

844

Rentestøtte

1 074

1 142

1 204

824

Uteståande lån

182 173

192 770

206 978

222 787

Uteståande renter

1 690

1 799

1 922

1 872

1 Ikkje oppgitt i 1 000 kroner

Tildeling av lån og stipend

Omgjering av lån til stipend etter privatisteksamen

Tidlegare kunne vaksne som avslutta vidaregåande opplæring med privatisteksamen, få omgjering av lån til stipend ved bestått eksamen, sjølv om dei tidlegare hadde bestått det same faget som elev med ungdomsrett. Retten til slik omgjering blei oppheva frå og med studieåret 2021–22. Privatistordninga var opphavleg for vaksne utan vidaregåande opplæring, men har i aukande grad utvikla seg til ei ordning for personar som ønsker å forbetre karakterar i allereie beståtte fag. Det er enno for tidleg å seie kva effektar denne innstramminga har hatt.

Redusert stipend til reiser

Stipendet for reiser for elevar og studentar i land utanfor Norden blei frå studieåret 2021–22 endra. Alle får 35 pst. stipend til ei tur–retur-reise, medan dei som er ute meir enn seks månader, får lån til ytterlegare ei tur–retur-reise. 11 700 personar fekk i snitt 1 500 kroner mindre i stipend til reiser som følge av regelendringa, medan 5 700 mottakarar fekk det same reisestipendbeløpet som dei ville fått før endringa.

Meir fleksibel utdanningsstøtteramme for dei som tek utdanning på deltid

Tidlegare kunne studentar og elevar som tek anna utdanning enn vidaregåande opplæring med ungdomsrett, få lån og stipend i åtte år, uavhengig av om dei tok utdanninga på heiltid eller på deltid. Denne tidsbaserte støtteramma blei frå 2021–22 endra til ei studiepoengbasert støtteramme, slik at lån og stipend kan takast ut fleksibelt over lengre tid enn åtte år dersom ein studerer på deltid. Tiltaket kan på sikt gi ein viss auke i utdanningsstøttekostnadene.

Forsøksordning med vidareutdanningsstipend for fagarbeidarar

I februar 2021 blei det sett i gang ei forsøksordning med eit eige vidareutdanningsstipend for fagarbeidarar, der målet er å få kunnskap om korleis økonomiske insentiv kan påverke deltaking i vidareutdanning for fagarbeidarar, og kva det har å seie for tilknytinga til arbeidsmarknaden. Det var 33 personar som fekk støtte frå Lånekassen under utprøvinga som blei gjennomført i 2021–22. Hovudforsøket, med fleire deltakarar, skal gjennomførast i studieåret 2022–23.

Rett til lån og stipend for deltakarar i programmet Menn i helse og liknande prosjekt

Etter forskrift om godkjenning for utdanningsstøtte i Noreg blir det ikkje gitt lån og stipend til søkarar som tek utdanning som er sett i gang av eller i samråd med Nav. Frå hausten 2021 gjeld det, med bakgrunn i programmet Menn i helse, eit unntak frå denne føresegna. For opplæringsprogram som er lagde opp på den måten at deltakarane periodevis ikkje får livsopphaldsytingar frå Nav, skal deltakarane likevel kunne få lån og stipend frå Lånekassen i slike periodar.

Det er vanskeleg å talfeste kor mange som er omfatta av denne regelendringa, sidan desse søkarane blir registrerte som vanlege deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne. Endringa gjeld truleg ikkje så mange, sidan det er svært få slike utdanningsopplegg som er blitt godkjende for utdanningsstøtte.

Mellombelse tilpassingar i utdanningsstøtteordningane i møte med covid-19-pandemien

Utviding av talet på betalingsutsetjingar

I 2020 blei det gjort ei endring slik at låntakarar som søkte om betalingsutsetjing, kunne få dette sjølv om dei hadde brukt opp den vanlege kvota på 36 utsetjingar. Dette blei gjort for å lette på likviditetsutfordringar for låntakarar med betalingsproblem i samband med covid-19-pandemien. Endringa er ført vidare i 2021 og 2022. Det er ikkje mogleg å talfeste kor mange låntakarar som har hatt nytte av tiltaket i 2021, men Lånekassen har observert ein kraftig auke i bruken av betalingsutsetjingar generelt i løpet av pandemiperioden. Talet på låntakarar som fekk betalingsutsetjing, var noko lågare i 2021 enn i 2020, men framleis langt høgare enn i åra før pandemien.

Mellombels unntak frå behovsprøving av stipend for einskilde studentar

Det blei gjort unntak frå inntektsgrensene for studentar som hadde inntekt frå arbeid i einskilde yrke i 2021. Unntaket gjeld inntektsgrenser for studentar som hadde inntekt frå arbeid i helse- og omsorgssektoren, Heimevernet eller Sivilforsvaret, eller politistudentar som hadde inntekt frå polititeneste eller beredskapsarbeid. For desse studentane blei slik inntekt ikkje rekna med i behovsprøvinga av stipend dersom studentane sende inn dokumentasjon om dette. Unntaket er ei vidareføring av det same unntaket som blei innført i store delar av 2020.

Det er for tidleg å vurdere effekten av unntaket for 2021. Men for den første perioden med unntak, frå 1. mars 2020 til 31. desember 2020, er fleirtalet av sakene som kjem inn under unntaksregelen, avgjorde. Resultata for denne perioden tyder på at om lag 5 400 studentar får behalde meir stipend enn dei elles ville ha gjort. I gjennomsnitt ser det ut til at dei får behalde om lag 24 000 kroner meir i stipend enn dei ville gjort utan dette unntaket.

Mellombelse tilpassingar i regelverket for studentar i utlandet

Unntak frå kravet om at utdanning i utlandet må vere stadbasert for å gi rett til lån og stipend, som har gjeldt sidan våren 2020, blei ført vidare i studieåret 2021–22. For den same gruppa blei det òg gjort unntak frå kravet om at ein må vere bortebuar for å kunne få stipend, men det har samstundes vore lagt til grunn at studentane reiser tilbake til studiestaden så snart forholda ligg til rette for å gjere det. I vårsemesteret 2021 gjaldt unntaket for bortebuarstatus også for dei som tok utdanning i Noreg.

Tilleggslån våren 2021

Våren 2021 blei det gitt tilbod om tilleggslån til studentar og einskilde elevar med ungdomsrett som blei råka økonomisk av covid-19-pandemien. Lånetilbodet var på 26 000 kroner, og av dette beløpet kunne 10 400 kroner gjerast om til stipend i etterkant for dei som dokumenterte redusert inntekt i perioden frå juni 2020 til juni 2021 som følge av pandemien.

Det var om lag 41 700 personar som tok opp lånet, og av desse hadde 2 300 ungdomsrett til vidaregåande opplæring. Av søkarane som var i utdanning våren 2021, og som hadde høve til å søke, søkte 16 pst. om tilleggslån. Om lag 43 pst. av mottakarane har fått godkjent den innsende dokumentasjonen og fått gjort om 40 pst. av lånet til stipend.

Rett til lån og stipend i eitt ekstra semester til studentar i utlandet i sitt 16. semester

Studentar i utlandet som var i sitt 16. og siste semester med rett til lån og stipend i 2021, og som blei forseinka på grunn av covid-19-pandemien, fekk rett til lån og stipend i eitt (og i visse tilfelle to) semester ekstra for å fullføre utdanninga. Dette var ei vidareføring av ein mellombels unntaksregel som blei innført våren 2020. Det er vanskeleg å talfeste kor mange studentar som har hatt nytte av tiltaket, men truleg gjeld dette svært få søkarar.

Budsjettforslag for 2023

Ettersom ein del av undervisningsåret 2023–24 ligg utanfor budsjettåret 2023, er det behov for to tilsegnsfullmakter. Sjå forslag til vedtak III nr. 3 og 4.

Grunnlaget for forslaget til løyvingane på kap. 2410, post 50–90, kap. 5310 og kap. 5617 er

  • oppdaterte overslag over talet på mottakarar av lån og stipend i ulike kategoriar og nye overslag over gjennomsnittleg tildeling innanfor kvar einskild kategori. Regjeringa foreslår midlar til 500 nye studieplassar til fagskulane i statsbudsjettet for 2023. Fleire studieplassar aukar behovet for lån og stipend.

  • prisvekstjustering på 2,8 pst. av alle utdanningsstøttesatsar for studieåret 2023–24

  • lønnsvekstjustering av alle inntekts- og formuesgrenser som blir nytta i samband med behovsprøving av stipend og sletting av renter og gjeld

  • renteprognose på 4 pst. (årleg effektiv rente ekskl. gebyr) for 2023 og oppdaterte overslag over storleiken på den rentefrie og den renteberande delen av utlånsporteføljen til Lånekassen i 2023. Renteprognosen fører til eit høgare anslag for rentestøtte og renteinntekter samanlikna med tidlegare år.

  • berekna effektar av endringar som blei vedtekne i statsbudsjettet for 2022

  • forslag til regelendringar og nye tiltak i 2023 som vil påverke løyvingsbehovet. Nokre av desse inneber at driftsbudsjettet til Lånekassen må aukast. Sjå oversikt over kva endringar som gir slikt behov, under kap. 2410, post 01 og 45.

Auka utstyrsstipend for yrkesfag

Departementet foreslår å auke utstyrsstipendet for dei yrkesfaglege utdanningsprogramma i vidaregåande opplæring med 49,6 mill. kroner frå undervisningsåret 2023–24. Nokre av utdanningsprogramma blir flytta til ein høgare sats, og nokre satsar blir justerte opp med 25 pst.

Auka bortebuarstipend

Departementet foreslår å auke bortebuarstipendet med 57,3 mill. kroner frå undervisningsåret 2023–24. Stipendet aukar då frå 4 979 kroner i månaden i studieåret 2022–23 til 5 639 kroner i månaden i studieåret 2023–24.

Sletting av gjeld i tiltakssona

Departementet foreslår å styrke ordninga for sletting av gjeld i tiltakssona i Finnmark og Nord-Troms med 41,1 mill. kroner. Styrkinga skjer ved at maksimumsbeløpet som årleg kan slettast blir auka til 30 000 kroner og delen av gjelda som kan slettast årleg blir auka til 20 pst.

Stortinget har i handsaminga av statsbudsjettet for 2022 vedteke at sletting av gjeld skjer uavhengig av kvar den fysiske arbeidsplassen er. Tiltaket aukar løyvingsbehovet med 2,1 mill. kroner og blir innført frå og med 2023.

Departementet foreslår å vidareføre ordninga for å slette studiegjeld i Lånekassen for kvalifiserte lærarar som arbeider i grunnskulen i tiltakssona. Tiltaket har ein budsjetteffekt på 3,6 mill. kroner i 2023 og heilårseffekt i 2024 på 6 mill. kroner.

Redusert stipenddel på lån og stipend til dekning av skulepengar utanfor Norden

Studentar som tek utdanning i land utanfor Norden får undervisningsåret 2022–23 ein del av dei første 72 729 kronene dei betalar i skulepengar, som stipend. Bachelorstudentar, fagskulestudentar og elevar som tek yrkesfagleg opplæring får 50 pst. som stipend, medan master-, ph.d- og utvekslingsstudentar får 70 pst. som stipend.

Departementet foreslår å redusere stipenddelen på lån og stipend til dekning av skulepengar utanfor Norden til 40 pst. for alle studentar og elevar frå og med studieåret 2023–24. Endringa gir ei anslått innsparing på 119,4 mill. kroner.

Verkeleg verdi

For å rekne ut den verkelege verdien av utlånsporteføljen til Lånekassen er det laga ein modell som skil mellom kostnader som er knytte til dei utdanningspolitiske og sosiale tiltaka i utdanningsstøtteordningane, og kostnader knytte til kredittrisiko. Lånekassen hadde ein portefølje av uteståande lån og renter på 224,7 mrd. kroner ved utgangen av 2021. Den verkelege verdien av porteføljen er lågare enn den bokførte porteføljen. Dette kjem av både dei ulike utdanningspolitiske og sosiale ordningane som er knytte til utdanningsstøtteordningane i Lånekassen, og forventa tap som kjem av at kundane ikkje oppfyller betalingspliktene sine.

Tabell 4.36 syner kva for element det er justert for når ein har rekna ut verkeleg verdi av porteføljen. Det er lagt til grunn at låna i gjennomsnitt er rentefrie i noko under tre år. På grunnlag av modellen og ein føresetnad om ei rente på 2,5 pst. er den verkelege verdien av porteføljen ved utgangen av 2021 rekna ut til 196,4 mrd. kroner. Differansen mellom bokført verdi og berekna verkeleg verdi er 28,2 mrd. kroner. Den verkelege verdien er berekna til 88 pst. av dei samla fordringane per 31. desember 2021.

Tabell 4.36 Verkeleg verdi av utlånsporteføljen til Lånekassen

Verdi i mill. kroner per 31. desember 2020

Verdi i mill. kroner per 31. desember 2021

Opphavleg låneportefølje

  • tilbakebetalarar

146 640

156 809

  • studentar

62 260

67 849

Sum opphavleg låneportefølje

208 900

224 658

  • omgjering til stipend

10 621

11 597

Portefølje etter omgjering til stipend

198 279

213 061

Neddiskontert portefølje

151 957

163 286

Neddiskonterte renteinntekter

46 823

50 314

Neddiskontert portefølje inkl. renteinntekter

198 780

213 600

Justeringar

  • rentestøtte studentar

2 638

2 873

  • sletting av renter tilbakebetalarar

1 854

1 992

  • ettergitt gjeld

6 636

7 130

Sum justeringar

11 127

11 996

Justert låneportefølje

187 653

201 604

  • nedskriving lån og renter

4 757

5 112

  • over-/underkurs

182

–60

Verdi

183 077

196 432

Ved å legge til grunn dei same føresetnadene som ved berekning av verkeleg verdi av porteføljen kan ein berekne noverdien av nye utlån i Lånekassen. Tabell 4.37 syner at staten kan forvente å få tilbake om lag 66 øre for kvar ny krone som blir lånt ut frå Lånekassen.

Tabell 4.37 Noverdien av 1 krone i nytt utlån i Lånekassen

Verdi i kroner per 31. desember 2020

Verdi i kroner per 31. desember 2021

Opphavleg låneportefølje

  • tilbakebetalarar

0,000

0,000

  • studentar

1,000

1,000

Justeringar

  • forventa omgjering til stipend

0,254

0,251

Portefølje etter omgjering til stipend

0,745

0,749

Neddiskontert låneportefølje etter omgjering

0,565

0,568

Renteinntekter

0,176

0,177

Justeringar

  • rentestøtte studentar

0,038

0,038

  • sletting av renter tilbakebetalarar

0,007

0,007

  • ettergitt gjeld

0,025

0,025

Sum justeringar

0,070

0,070

Justert låneportefølje

0,671

0,675

Nedskriving lån og renter

0,018

0,018

Verdi

0,654

0,657

Post 50 Avsetning til utdanningsstipend, overslagsløyving

Inntil 40 pst. av basislånet til studentar i høgare utdanning m.m. kan bli konvertert frå lån til stipend. Løyvinga på post 50 dekker avsetning til eit fond (konverteringsfondet) som Lånekassen trekker midlar frå etter kvart som lån blir gjorde om til stipend.

Det er budsjettert med at det vil bli gitt 11,1 mrd. kroner i omgjeringslån i 2023. Heile dette beløpet kan bli gjort om til utdanningsstipend. Tre faktorar bidreg til at det likevel ikkje er behov for å setje av eit så høgt beløp i konverteringsfondet. For det første blir utdanningsstipendet behovsprøvd mot inntekt og formue, og derfor vil ein del av det som kunne blitt gjort om til stipend, likevel ikkje bli omgjort. For det andre vil ein del av den utdanninga det blir gitt støtte til, ikkje bli bestått og derfor ikkje gi rett til omgjering. Og for det tredje vil ein del av den høgare utdanninga det blir gitt støtte til, ikkje føre fram til ei avlagd grad og dermed ikkje gi rett til omgjering på grunnlag av oppnådd grad. Samla er det estimert at desse tre faktorane reduserer avsetningsbehovet med 23,4 pst., og forslaget til løyving på posten utgjer 76,6 pst. av anslaget for nye omgjeringslån i 2023.

Post 70 Utdanningsstipend, overslagsløyving

Løyvinga på posten gjeld inntektsavhengig stipend, utstyrsstipend, og bortebuarstipend til elevar og lærlingar i vanleg vidaregåande opplæring, stipend til søkarar i høgare utdanning m.m. med nedsett funksjonsevne eller funksjonshemming, og flyktningstipend, foreldrestipend, sjukestipend og barnestipend for alle grupper.

Post 71 Andre stipend, overslagsløyving

Løyvinga på posten gjeld ulike stipend til dekking av reiseutgifter og skulepengar i innland og utland. Ho gjeld òg stipend til språkkurs og eit tilleggsstipend til spesielt tilrettelagd ingeniør- og økonomiutdanning i Frankrike og Tyskland.

Post 72 Rentestøtte, overslagsløyving

Løyvinga på posten dekker kostnaden ved at utdanningslån er rentefrie i utdanningstida, og er eit uttrykk for kor mykje staten subsidierer lånedelen av støtteordningane med. Løyvingsbehovet på posten varierer med rentenivået.

Post 73 Avskrivingar, overslagsløyving

Avskrivingane på posten omfattar mellom anna avskriving på grunn av sjukdom og død. Vidare er det eigne ordningar for avskriving for visse lærarutdanningar og for personar som er busette og arbeider i Finnmark og utvalde kommunar i andre fylke. I tillegg blir restgjeld automatisk avskriven når gjelda er under det som er sett som minimumsbeløpet for innkrevjing.

Oversikta under viser dei elementa som utgjer post 73 Avskrivingar:

Tabell 4.38 Avskrivingselement i Lånekassen

(i 1 000 kr)

Element

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

Avskriving ved sjukdom

483 196

532 278

502 718

Avskriving ved død

73 938

64 285

73 938

Automatisk avskriving

450

523

450

Avskriving for lærarutdanning

25 346

36 456

34 469

Avskriving Finnmarks-ordninga

128 170

128 186

173 922

Avskriving kvoteordninga

24 301

3 473

6 480

Sletting av renter

108 267

120 337

126 039

Sum

843 668

885 537

918 015

Av samla avskriving på 918 mill. kroner er det berekna at 743,5 mill. kroner vil vere avskriving av det opphavlege utdanningslånet. Dei resterande avskrivingane fordeler seg på 54,8 mill. kroner frå renter i 2023 og 119,7 mill. kroner frå renter frå tidlegare år.

Post 74 Tap på utlån

Løyvinga på posten dekker avskriving av grovt eller vedvarande misleghaldne utdanningslån. Låna blir avskrivne i rekneskapane som tap i Lånekassen når dei blir overførte permanent til Statens innkrevjingssentral (SI).

Oversikta nedanfor viser dei hovudelementa som utgjer post 74 Tap på utlån:

Tabell 4.39 Tapselement i Lånekassen

(i 1 000 kr)

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

SI-permanent

305 100

355 000

355 000

Lån etter gjeldsordning

61 163

55 500

55 500

Andre forhold

6 754

5 000

5 000

Sum

373 017

415 500

415 500

Tap på hovudstolen er berekna til å vere 290,9 mill. kroner, medan tap på renter frå tidlegare periodar er 110 mill. kroner i 2023. Årets renter på taps-/kostnadsfordringane er berekna til å vere 14,7 mill. kroner i 2023.

Personar som ikkje har betalt etter tredje varsel om betaling, får lånet førebels overført til SI. Dersom arbeidet til SI fører fram og personen kjem à jour med betalingar, blir saka ført tilbake til Lånekassen. Lånekassen eig kravet, men SI handterer gjeldsordningssaker i denne perioden. Det er først når lånet blir permanent overført til SI, normalt når gjelda har vore oppsagd i tre år, at kravet i rekneskapssamanheng blir overført til SI.

Frå 1996 til og med 2021 har om lag 72 500 kundar fått gjelda permanent overført til SI, med eit samla beløp på 9,1 mrd. kroner. Av dette er det fram til i dag kravd inn 5 mrd. kroner. Innkrevjingsresultatet i 2021 for permanent overførte utdanningslån var på 262 mill. kroner, medan det i 2020 var 227 mill. kroner. I 2023 er innkrevjingsresultatet berekna til å bli 304 mill. kroner. Det blei overført lån permanent frå Lånekassen til SI på 305,3 mill. kroner i 2021, mot 464 mill. kroner i 2020. Overføringa til SI i 2023 er berekna til 355 mill. kroner.

Post 90 Auka lån og rentegjeld, overslagsløyving

Løyvinga på posten dekker samla nye utlån frå Lånekassen i 2023 og berekna renter i løpet av året som ikkje er betalte ved utgangen av året.

Nye utlån til kundar og omgjeringar av stipend til lån er berekna til å utgjere 35 mrd. kroner, medan nettoutlån til ubetalte renter er berekna til 2,4 mrd. kroner. Den samla løyvinga på posten blir då 37,4 mrd. kroner i 2023

Kap. 5310 Statens lånekasse for utdanning

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

03

Diverse inntekter

793

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

16 978

6 300

5 000

29

Termingebyr

2 077

1 161

1 938

89

Purregebyr

70 746

92 913

78 555

90

Redusert lån og rentegjeld

11 925 457

12 806 848

13 410 403

93

Omgjering av utdanningslån til stipend

7 201 865

7 284 547

7 925 645

Sum kap. 5310

19 217 916

20 191 769

21 421 541

Kapittelet gjeld inntekter til Lånekassen, i hovudsak innbetalingar frå kundane, innbetaling frå konverteringsfondet og ulike refusjonar.

Post 04 gjeld ettergiving av utdanningslån for kvotestudentar frå utviklingsland som flyttar til heimlandet og buset seg der varig. Visse innanlandske kostnader kan etter statistikkdirektivet i OECD bli definerte som offentleg utviklingshjelp.

Post 29 gjeld gebyr for rekning ved terminforfall. Kundar som nyttar eFaktura eller AvtaleGiro, blir ikkje belasta med rekningsgebyr.

Post 89 gjeld gebyr på 280 kroner ved første purring og 490 kroner ved andre purring (varsel om oppseiing).

Post 90 gjeld innbetalte avdrag og betalte berekna renter frå tidlegare år. Avskrivne og betalte renter er splitta opp i avskrivne og betalte renter i inneverande og tidlegare budsjettperiodar.

Tilbakebetaling av hovudstolen er berekna til 11,2 mrd. kroner i 2023. Tilbakebetaling av rentegjeld frå tidlegare periodar er berekna til 1 mrd. kroner i 2023. Tilbakebetaling frå taps-/kostnadsløyvingar utgjer 1,2 mrd. kroner og omfattar både hovudstol og berekna renter frå tidlegare periodar, spesifisert på kap. 2410, post 73 og 74.

Post 93 omfattar innbetaling frå konverteringsfondet til Lånekassen basert på konvertering av lån til stipend. Sjå omtale under kap. 2410, post 50.

Verksemder med mellomvære med statskassa vil ha eit unntak frå kontantprinsippet, jf. forslag til vedtak VII.

Kap. 5617 Renter frå Statens lånekasse for utdanning

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2021

Saldert budsjett 2022

Forslag 2023

80

Renter

3 260 505

4 795 128

9 714 332

Sum kap. 5617

3 260 505

4 795 128

9 714 332

Løyvinga på posten gjeld renter til staten for alle utlån til Lånekassens kundar. Dette gjeld renter som er belasta kundar i tilbakebetalingsfasen, og renter som er løyvde på tilskotspostar til å dekke kostnadene staten har på lån som er rentefrie under utdanninga (rentestøtta), og lån som er avskrivne.

Brutto rentestøtte er berekna til 3,2 mrd. kroner, medan opptente og innbetalte renter frå kundane er berekna til 4,1 mrd. kroner i 2023. Anslaget for opptente ikkje-betalte renter frå kundane er 2,4 mrd. kroner, medan anslaget for årets renter frå taps-/kostnadsløyvingar er 69,5 mill. kroner i 2023.

Til forsida av dokumentet