Prop. 1 S (2023–2024)

FOR BUDSJETTÅRET 2024 — Utgiftskapittel: 800–883, 2530, 2531 Inntektskapittel: 3841, 3842, 3847, 3855, 3856, 3858, 3868, 5706

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiande del

1 Hovudprioriteringar

Regjeringa vil arbeide for gode levekår for barn og unge og gi dei høve til å delta på viktige samfunnsarenaer i oppveksten. Ein godt utforma familiepolitikk legg til rette for gode oppvekstvilkår, betre livskvalitet for den einskilde og deltaking i samfunnslivet. Ein politikk som støttar opp om familiane, skal òg kunne bidra til å redusere skilnadene i samfunnet og ta i vare barn sine rettar. Dette kan gi samfunnsøkonomiske vinstar, både i dag og i framtida.

Familien er grunnleggjande i livet til barnet. Regjeringa vil arbeide for ein trygg barndom for alle barn og unge. Eit trygt familieliv gir grunnlag for god livskvalitet, helse og utvikling. Det er til det beste for barnet at foreldre som treng det, får støtte i foreldreskapen sin og hjelp med familiekonfliktar. Regjeringa vil gi adopterte og familiane deira betre hjelp og oppfølging og gjere ein ekstern gjennomgang av systema for utanlandsadopsjonar.

Dei fleste barn i Noreg har gode oppvekstvilkår. Samstundes er det familiar som lever med vedvarande låg inntekt. Svak økonomi over tid er ei belasting og heng ofte saman med andre levekårsutfordringar. Det pregar livet til barna her og no, men påverkar òg føresetnadene dei har til å delta i samfunnslivet på ein fullverdig måte seinare. For regjeringa er det viktig at økonomien til den einskilde familien ikkje står i vegen for at barn skal bli ein del av fellesskapen. Derfor er det naudsynt med ein god og treffsikker politikk, som betrar oppvekstvilkåra til barn i låginntektsfamiliar på kort sikt, reduserer talet på og delen barn som veks opp i fattige familiar, i tillegg til å førebyggje at fattigdom går i arv på lengre sikt. For å finne dei treffsikre løysingane er vi avhengige av oppdatert kunnskap og ei god forståing av effekten av tiltaka. Regjeringa har derfor sett ned ei ekspertgruppe som i oktober 2023 skal komme med tilrådingar til korleis innsatsen for barn i fattige familiar bør innrettast.

Barne- og familiedepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet har starta eit felles arbeid om sosial mobilitet og sosial utjamning, med vekt på barn, unge og familiane deira. Gir vi barn ein god oppvekst, reduserer vi òg risikoen for utanforskap. Å delta aktivt i samfunnet gir barn og unge betre føresetnader for å vekse opp til å bli sjølvstendige menneske, som kan forme sitt eige liv. Fritidsaktivitetar er døme på samfunnsarenaer der barn og unge får oppleve meistring, inkludering og det å vere del av ein fellesskap. Det å vere del av noko gir vern og byggjer opp sjølvtilliten og er ein del av grunnlaget for ein god oppvekst. Regjeringa vil derfor halde fram med å arbeide for å inkludere alle barn og unge i fritidsaktivitetar.

Talet på fødslar i Noreg går ned trass i ei stadig aukande befolkning. Kvinner får barn seinare enn før. Økonomisk tryggleik er viktig for barnefamiliar. Barne- og familiedepartementet har ansvaret for overføringsordningane (foreldrepengar, barnetrygd, kontantstøtte og eingongsstønad) til barnefamiliane. Regjeringa vil føre ein politikk som gir tryggleik og fleksibilitet, slik at familiar kan ha trygge rammer, høve til å tilpasse kvardagen etter eigne behov og få dei barna dei ønskjer.

Vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar er eit alvorleg samfunnsproblem som fører til store lidingar for den einskilde og store utgifter for samfunnet. Regjeringa vil styrkje innsatsen og legg hausten 2023 fram ein opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar.

Barnevernet gir god hjelp og omsorg til mange familiar og har stor merksemd retta mot behova og rettane til barnet og familien. Samstundes har tilsyns- og forskingsrapportar påvist at det òg er svikt og manglande kvalitet i arbeidet til kommunalt og statleg barnevern. Det er behov for tiltak som kan styrkje føresetnadene barnevernstenestene har for å gi barn og foreldre hjelpetiltak tilpassa behova deira og som bidreg til positiv endring. Det er vidare behov for tiltak som kan gi barn og unge som av ulike grunnar ikkje kan bu saman med foreldra sine, eit trygt, stabilt og godt tilbod frå barnevernet. Høg kvalitet i tilbodet er viktig for å gi einskilde barn god hjelp og omsorg.

Regjeringa har starta opp eit arbeid med ei kvalitetsreform som tek mål av seg å svare ut mange av utfordringane i barnevernet. Det er ønskjeleg å styrkje det førebyggjande arbeidet, arbeid med meldingar og undersøkingar, hjelpetiltak og ettervern. I tillegg skal kvalitetsreforma sjå på kapasiteten i barnevernet, og bidra til meir medverknad og større tillit i møte mellom barnevernet og barn og foreldre. Kvalitetsreforma vil mellom anna byggje på tilrådingar frå Barnevernsutvalet i NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid. Gjennomgang av rettssikkerheten for barn og foreldre i barnevernet.

Fleire rapportar og tilsyn har gjort det tydeleg at det er utfordringar knytte til barnevernsinstitusjonane. Det er særleg krevjande å gi eit godt tilbod til barn med store og samansette utfordringar når det gjeld helse, rus og kriminalitet. Regjeringa vil særleg styrkje beredskapen og kapasiteten i det offentlege tilbodet for barna med samansette behov. Regjeringa vil òg leggje til rette for meir bruk av ideelle aktørar. Institusjonsbarnevernet vil òg bli ein del av kvalitetsreforma til regjeringa. Regjeringa vil i arbeidet med kvalitetsreforma vurdere tilrådingar frå Barnevernsinstitusjonsutvalet, eit utval regjeringa sette ned i 2022 for å greie ut og føreslå naudsynte endringar i barnevernsinstitusjonane. Utvalet skal hausten 2023 leggje fram tydelege tilrådingar som gjer at barn som i dag blir flytta til institusjon, får betre hjelp. Fleire spesialiserte fosterheimar vil medverke til at fleire barn slepp lang ventetid på ein meir varig bustad i fosterheim. Auken i talet på spesialiserte fosterheimsplassar skal skje ved kjøp av fosterheimar frå både ideelle aktørar og ved fleire statlege spesialiserte fosterheimar. Fleire ideelle spesialiserte fosterheimar vil bidra til å auke omfanget av ideelle aktørar i barnevernet. Helsesatsinga i barnevernet, med Nasjonalt forløp for barnevern – kartlegging og utredning av psykisk, somatisk og seksuell helse, tannhelse og rus, tverrfagleg helsekartlegging og helsekompetanse i barnevernet, blir ført vidare.

Retten til å skipe trus- og livssynssamfunn er ein grunnleggjande del av både religionsfridommen og forsamlingsfridommen og ein føresetnad for eit fritt og demokratisk samfunn. Regjeringa ønskjer eit livssynsope samfunn, der alle har respekt for og kunnskap om livssynet til andre. Trus- og livssynssamfunna er viktige både for einskildmenneske og for storsamfunnet. For mange menneske utgjer dei viktige fellesskapar, og dei skaper tilhøyrsel og identitet.

Staten er 1. januar 2023 blitt eigar av ei rekkje eigedelar som historisk har vore forvalta av Opplysningsvesenets fond, mot at verdiane som tidlegare er anslått til å vere i storleiksorden 10 mrd. kroner, blir brukte til eit statleg bidrag for istandsetjing av kyrkjer. Det blir lagt til grunn at forpliktinga om å føre tilbake verdien av staten sin del av Ovf til kyrkjebygg skal gjerast over ein periode på 20–30 år, med ei opptrapping dei fyrste åra til 500 mill. kroner årleg. Regjeringa vil leggje fram ein bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg hausten 2023, som gir rammer for satsinga. Vidare skal det skipast ein administrasjon i Trondheim for arbeidet med å gjennomføre bevaringsstrategien. Dei statlege utgiftene til bevaringsstrategien vil bli finansierte gjennom eit kyrkjebevaringsfond som består av inntekter til staten frå Opplysningsvesenets fond. I dei åra kyrkjebevaringsfondet er for lite til å dekkje den årlege utbetalinga til bevaringsprogramma, blir det i tillegg løyvd midlar frå statsbudsjettet.

Forbrukarpolitikken skal styrkje stillinga til forbrukarane, sikre dei gode rettar og eit sterkt vern dersom rettane ikkje blir oppfylte. Forbrukarane skal kjenne rettane sine og vete kva dei kan gjere dersom dei er misnøgde med varer og tenester dei har kjøpt. Ved tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande eller mellom forbrukarar knytte til handel med varer og tenester skal partane ha tilgang til eit effektivt system for å løyse desse på ein rimeleg og god måte.

I situasjonen med høgare prisar skal forbrukarane framleis ha eit sterkt vern, som gir dei grunnlag for tryggleik i og tillit til marknadene. Informasjonen om prisar og vilkår skal vere korrekt og forståeleg. Forbrukarane, medrekna barn og unge, skal vernast mot svindel og ulovleg marknadsføring. Forbrukarvernet skal møte utfordringar knytte til mellom anna nye digitale marknadsføringsmetodar og personopplysingar som næringsdrivande får frå kundane.

Forbrukarpolitikken skal òg leggje til rette for at forbrukarane skal kunne velje varer og tenester ut frå kunnskapar om kva konsekvensar produksjonen og bruken av dei kan ha for til dømes helse, miljø/klima og arbeidstilhøve. Forbrukarane skal få betre føresetnader for eit meir berekraftig forbruk.

Det er òg ein viktig del av forbrukarpolitikken å motverke at privatpersonar får betalingsproblem som kan utvikle seg til alvorlege gjeldsproblem. For personar som har fått alvorlege gjeldsproblem, skal det finnast ordningar som kan hjelpe dei med å få kontroll over økonomien.

1.1 Familie og oppvekst

Ein godt utforma familie- og oppvekstpolitikk inkluderer alle barnefamiliane, varetek barn sine rettar, gir auka velferd og har vinstar for heile samfunnet. Gode levekår, ei aktiv og meiningsfull fritid og høve til å delta i fellesskapar skal fremje tillit mellom innbyggjarane, høg grad av samhandling og ei stabil samfunnsutvikling. Det vil medverke til ein velfungerande økonomi, som familiane og det norske velferdssamfunnet er avhengige av. Eit trygt familieliv gir grunnlag for god livskvalitet, helse og utvikling. Familieordningane skal leggje til rette for at familiar får kvardagen til å gå opp, og for foreldre skal det vere mogleg å kombinere arbeid, fritid og familieliv.

Dette har vore viktige tiltak for barn, unge og familiar i 2022 og fyrste halvåret 2023:

  • Særfrådraget til einslege forsørgjarar i skattesystemet blei avvikla, og den utvida barnetrygda blei auka tilsvarande eit maksimalt frådrag. I tillegg blei satsen for utvida barnetrygd auka med 5 000 kroner. Endringane tok til å gjelde 1. mars 2023.

  • Alle satsane i barnetrygda blei prisjusterte frå 1. mars 2023 og ekstraordinært prisjusterte frå 1. juli 2023.

  • Barnetrygda for barn mellom 6 og 18 år blei frå 1. juli 2023 auka med 200 kroner i månaden.

  • Inntektsgrensa i forskoteringsordninga er auka frå 1. juli 2023.

  • Tilskotsordninga Tilskot til å inkludere barn og unge er styrkt med 85 mill. kroner i 2022 og 96 mill. kroner 2023, der 20 mill. kroner blei prioriterte til utstyrssentralar.

  • Ei ny, mellombels tilskotsordning Tilskot til lokale fritidskassar i 2023 på 15 mill. kroner

  • Regjeringa har sett ned ei ekspertgruppe om barn i fattige familiar, som skal levere ei utgreiing hausten 2023.

  • Nedsette utvalet som skal gjennomgå utanlandsadopsjonar

  • 3,5 mill. kroner til auka løyvingar til etteradopsjonstiltak, mellom anna kurs for adoptivforeldre og bistand til å søkje etter eige biologisk opphav

  • 10,9 mill. kroner til Digital ungdomsportal

  • 18,6 mill. kroner til å etablere ei forskings- og innovasjonssatsing om utsette barn og unge på tvers av sektorane

  • Den nasjonale grunnstøtta til barne- og ungdomsorganisasjonar er styrkt med 4 mill. kroner.

  • 80 mill. kroner blei tildelte for å auke bemanninga og pedagogtettleiken i barnehagar i levekårsutsette område – Kunnskapsdepartementet.

  • 15 mill. kroner til å auke bemanninga på skular i levekårsutsette område – Kunnskapsdepartementet

  • 12 timar gratis SFO for elevar på 1. trinn frå hausten 2022 og for elevar på 2. trinn frå hausten 2023 – Kunnskapsdepartementet

  • Gratis barnehage for det 3. barnet i barnehagen samstundes, frå 1. august 2023 – Kunnskapsdepartementet

  • Maksimalprisen i barnehage sett ned til 3 000 kroner per månad frå 1. januar 2023 – Kunnskapsdepartementet

  • 45 mill. kroner i auka tilskot til den språklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage – Kunnskapsdepartementet

  • Auka løyvingar til områdesatsingar med ytterlegare 20 mill. kroner – Kommunal- og distriktsdepartementet

  • Endring i sosialtenestelova om å halde barnetrygda utanfor ved vurdering av økonomisk sosialhjelp til familiar – Arbeids- og inkluderingsdepartementet

  • Auka barnetillegg for mottakarar av dagpengar, arbeidsavklaringspengar og kvalifiseringsstønad – Arbeids- og inkluderingsdepartementet

  • Regjeringa innførte ein ny ungdomsgaranti i Arbeids- og velferdsetaten frå 1. juli 2023, for at unge mellom 16–30 år som ikkje kjem i jobb på eiga hand får tidleg innsats, tett og individuelt tilpassa oppfølging så lenge det er nødvendig – Arbeids og inkluderingsdepartementet.

  • 150 mill. kroner blei tildelte til tiltak på feltet psykisk helse og rus og for helsestasjons- og skulehelsetenesta – Helse- og omsorgsdepartementet.

  • Ungdom og Fritids fond til fritidsklubbar blei styrkt med 15 mill. kroner i RNB 2023 – Kultur- og likestillingsdepartementet.

  • Momskompensasjon på over 2 mrd. kroner er løyvd til frivillige organisasjonar i 2023 – Kultur- og likestillingsdepartementet.

Hovudprioriteringar i 2024

Regjeringa vil gi barn, unge og familiar gode føresetnader til å forme gode liv for seg og sine. Dei fleste norske barn og ungdommar har gode oppvekstvilkår. Ein del barn og unge lever likevel i familiar med utfordringar som pregar livet deira, og som inneber ein risiko for å hamne utanfor på sikt. Barnehage, skule, SFO og sosiale aktivitetar er viktige arenaer i oppveksten til barn og unge. Regjeringa vil leggje fram ei stortingsmelding om sosial utjamning og sosial mobilitet for barn og unge. Føremålet med meldinga er å synleggjere og gi retning til politikken for å redusere sosiale skilnader og motverke at dårlege levekår går i arv.

Det er i dag fleire barn og unge som ikkje deltek i fritidsaktivitetar. Regjeringa føreslår å auke grunnstøtta til barne- og ungdomsorganisasjonane. Regjeringa føreslår også 10 mill. kroner til å følgje opp tiltak i Kultur- og likestillingsdepartementet sin handlingsplan for deltaking i kultur-, idretts- og friluftsaktivitetar.

Barnehage er ei viktig teneste for barn og unge og kan ha særleg positive konsekvensar for utviklinga til barn frå fattige familiar. Regjeringa vil halde foreldrebetalinga for barnehage låg og føreslår å redusere maksimalprisen for barnehage til 2 000 kroner per månad i 2024. Barn frå familiar med vedvarande låg inntekt har òg auka risiko for å vekse opp i levekårsutsette område. Regjeringa føreslår å styrkje ordninga med områdesatsingar, noko som skal bidra til å styrkje levekåra og livskvaliteten til barn og unge som bur i desse områda.

Regjeringa føreslår å føre vidare kontantstøtta for barn mellom 13 og 19 månader og å redusere kontantstøtta med fire månader, ved å avvikle kontantstøtta for barn frå og med 20 månader til og med 23 månader. Regjeringa vil ikkje innføre ei småbarnsstøtte, men kontantstøtta blir vidareført ein månad lenger enn varsla i Hurdalsplattforma. Foreldrepengar bidreg til at foreldre ikkje mistar inntekt medan dei er heime med heilt små barn. Ordninga er ein viktig del av velferdstilbodet til småbarnsforeldre og gjer det mogleg for foreldre både å få barn og å delta i arbeidslivet. Regjeringa føreslår å utvide stønadsperioden med 80 prosent dekkingsgrad slik at den samla utbetalinga om lag svarer til utbetalinga ved 100 prosent dekkingsgrad. Ei slik utviding vil gi betre høve til å vere heime med barnet lenger, er betre tilpassa at ikkje alle har rett på barnehageplass frå barnet er ett år og legg òg betre til rette for amming. Omlegginga vil truleg òg redusere ulønt permisjonsuttak. I 2022 fekk fedre sjølvstendig uttakrett for åtte veker. Regjeringa føreslår no å utvide den sjølvstendige uttaksretten til fedrane med ytterlegare to veker frå 2. august 2024. For å finansiere utvidinga, føreslår regjeringa å redusere nivået på ytinga til 90 prosent for åtte av desse ti vekene.

Vald og overgrep mot barn og vaksne fører til store lidingar for den einskilde og store utgifter for samfunnet. Arbeidet med å førebyggje vald og overgrep krev kontinuerleg innsats frå ei rekkje verksemder og tenester. Målet er òg å gi god hjelp og støtte til valdsutsette. Hausten 2023 legg regjeringa fram ein ny opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar. Arbeidet med ein undersøkingskommisjon for saker som gjeld vald, overgrep eller grov omsorgssvikt mot barn og ungdom, vil bli prioritert i 2024. Barn og unge som blir utsette for omsorgssvikt, vald og overgrep, har eit særskilt behov for gode offentlege tenester. Det same gjeld andre barn og unge som opplever ulike utfordringar i oppveksten. Dette kan vere barn som veks opp i fattige familiar, eller som har foreldre med andre levekårsutfordringar. Fleire barn og unge får likevel ikkje den hjelpa dei treng. Det er ei utfordring at det ikkje finst systematisk og forskingsbasert kunnskap om individtilpassa og treffsikre tiltak. Det er naudsynt med eit betre kunnskapsgrunnlag på feltet som bidreg til systematikk og likeverdige tiltak i tenestene. Regjeringa har derfor oppretta ei forskings- og innovasjonssatsing om utsette barn og unge med oppstart i 2023. Regjeringa føreslår å styrkje forskings- og innovasjonssatsinga i 2024. Eit styrkt kunnskapsgrunnlag på tvers av sektorar skal gi betre tenester som førebyggjer marginalisering og utanforskap.

Det har komme fram opplysingar om alvorlege tilhøve i granskingar som andre land har gjort av adopsjonssystemet, og i einskilde utanlandsadopsjonar til Noreg. Regjeringa har derfor sett i gang ei ekstern gransking som skal gå gjennom systemet for utanlandsadopsjonar. Regjeringa vil òg ha eit betre etteradopsjonstilbod, som mellom anna skal omfatte ei forsterka teneste for bistand til søk etter biologisk opphav.

Regjeringa vil mellom anna prioritere desse tiltaka i 2024:

  • Forlengje foreldrepengeperioden med 80 prosent dekkingsgrad frå 59 veker (295 dagar) til 61,2 veker (306 dagar)

  • Utvide fedrar sin sjølvstendige uttaksrett frå åtte til ti veker, mot ein reduksjon i ytinga til 90 prosent for åtte veker

  • 2 mill. kroner til etteradopsjonstiltak. Samla styrking til etteradopsjonstiltak i 2023 og 2024 er på 5,5 mill. kroner.

  • Over 100 mill. kroner i auka løyving til tiltak i opptrappingsplanen mot vald i nære relasjonar og vald og overgrep mot barn, mellom anna 10 mill. kroner til tilskotsordninga Foreldrestøttande tiltak og 10 mill. kroner til å starte etableringa av ein undersøkingskommisjon for saker som gjeld vald, overgrep eller grov omsorgssvikt mot barn og ungdom

  • 10 mill. kroner til grunnstøtta til barne- og ungdomsorganisasjonane

  • 6 mill. kroner til Forskings- og innovasjonssatsing for utsette barn og unge

  • Redusere maksimalprisen i barnehage frå 3 000 kroner til 2 000 kroner per månad frå 1. august 2024. Regjeringa føreslår ein ytterlegare reduksjon i maksimalprisen for foreldrebetaling for barn som bur i kommunar med sentralitetsindeks 5 og 6, slik at desse frå 1. august 2024 får ein maksimalpris på 1 500 kroner – Kunnskapsdepartementet

  • 10 mill. kroner til oppfølging av tiltak i handlingsplan for deltaking i kultur-, idretts- og friluftsaktivitetar – Kultur- og likestillingsdepartementet

  • 35 mill. kroner til å styrkje ordninga med områdesatsingar – Kommunal- og distriktsdepartementet

  • 100 mill. kroner til tiltak innan psykisk helse, rus og helsestasjons- og skulehelsetenesta i 2024 – Helse- og omsorgsdepartementet

1.2 Barnevernet

Retten barnet har til vern, og prinsippet om det beste for barnet er eit grunnleggjande omsyn i norsk rett og i arbeidet til barnevernet. Barnevernet har òg plikt til å vareta og støtte opp om retten barn og foreldre har til familieliv med kvarandre. Det har i 2022 og fyrste halvåret 2023 vore satsa på fleire viktige tiltak på barnevernsområdet:

  • Barnevernsreforma tok til å gjelde frå 1. januar 2022. Reforma skal styrkje ansvaret kommunane har for barnevernet, og føre til at fleire barn og familiar får hjelpa dei treng, på eit tidleg tidspunkt.

  • Ei ny barnevernslov tok til å gjelde 1. januar 2023. Fleire forskrifter, rundskriv, retningslinjer og anna rettleiingsmateriell til den gamle lova er revidert. Lova skal bidra til auka vekt på førebyggjande arbeid og tidleg innsats, styrkje rettstryggleiken for barn og foreldre og medverke til betre barnevernsfagleg arbeid.

  • Eit kompetanseløft i barnevernet blei ført vidare i 2023 med mål om å styrkje føresetnadene for å løyse arbeidsoppgåvene i barnevernet på ein god måte. I kompetanseløftet inngår mellom anna eit samlingsbasert tenestestøtteprogram for kommunal barnevernsteneste, og eit eige opplæringstilbod til tilsette i kommunale barnevernstenester, statlege fosterheimstenester og barnevernsinstitusjonar om arbeid med barn og familiar med minoritetsbakgrunn. Seks vidareutdanningar for tilsette i barnevernet blei førte vidare i 2023.

  • Betre tverrfagleg helsehjelp til barn i barnevernet. Mellom anna tok ein heimel til å tilby tverrfagleg helsekartlegging til å gjelde i juni 2022.

  • Barnevernsutvalet, som har vurdert korleis barnevernet kan sørgje for betre kvalitet og rettstryggleik i alle ledda av arbeidet barnevernet gjer, leverte utgreiinga si 20. mars 2023. Utgreiinga har vore på offentleg høyring.

  • Arbeidet med å gjere dei statlege barnevernsinstitusjonane betre i stand til å ta vare på barna med dei største og mest samansette behova starta i 2022 og blei vidareført i 2023. Det blei lagt til rette for å kunne auke bruken av ideelle aktørar og redusere kjøp frå kommersielle aktørar.

  • Det blei i 2022 satt ned eit utval som skal vurdere mandat, målgruppe og måten institusjonstilbodet er innretta på i barnevernet. Utvalet leverer utgreiinga si i oktober 2023.

  • Det blei starta opp ein gjennomgang av fosterheimsområdet der målet er å føreslå tiltak som bidreg til å auke stabiliteten i, og tilgangen på, fosterheimar. I 2023 blei det òg lansert ein tiltaksplan for å rekruttere fosterheimar. Målet med planen er å raskare finne fosterheim til barn som har venta lenge på fosterheim.

Hovudprioriteringar i 2024

Regjeringa vil arbeide vidare for eit betre barnevern som bidreg til at fleire barn og unge får gode og trygge oppvekstvilkår. I tillegg skal regjeringa arbeide for å auke medverknaden frå barn og auka tilliten i møte mellom barnevernstenesta og barn og foreldre. Dette skjer mellom anna gjennom arbeidet med å leggje fram ei kvalitetsreform for både det kommunale og det statlege barnevernet, i tråd med regjeringsplattforma. Regjeringa tek sikte på å leggje fram ein proposisjon med meldingsdel våren 2025.

Regjeringa vil gjere dei statlege barnevernsinstitusjonane og fosterheimane betre i stand til å ta vare på dei barna dei har omsorg for. Målet er at barna skal ha eit stabilt og godt opphald på institusjon eller i fosterheim, ha positiv utvikling og ikkje oppleve utilsikta flyttingar. Regjeringa vil mellom anna føre vidare arbeidet med å styrkje samarbeidet mellom barnevernet og helsetenesta, og arbeide for tiltak som kan gi betre helsehjelp til barn i barnevernet. Regjeringa vil òg føre vidare arbeidet med å gjere dei statlege barnevernsinstitusjonane betre i stand til å ta vare på barna med dei største og mest samansette behova, og auke bruken av ideelle aktørar. Dette kjem i tillegg til ei styrking av løyvinga til det statlege barnevernet, som følgje av at det har vore ein auke i talet på barn med behov for institusjonstiltak, i barna sine behov og i prisane på tiltak frå private leverandørar. Regjeringa vil òg auke talet på spesialiserte fosterheimar ytterlegare ved kjøp av fosterheim frå både ideelle aktørar og ved fleire statlege spesialiserte fosterheimar. Det blir teke sikte på å leggje fram ei melding til Stortinget i 2024 om arbeidet til regjeringa for å gi meir føreseielege rammer for fosterfamiliar og barn som bur i fosterheim. Regjeringa vil òg styrkje løyvinga til dei statlege omsorgssentera for einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år. Dette er for å vareta dei auka omsorgsbehova denne gruppa barn har.

I 2024 vil regjeringa mellom anna prioritere:

  • 70 mill. kroner til å styrkje og omstille dei statlege barnevernsinstitusjonane og til å auke talet på ideelle institusjonsplassar

  • 570 mill. kroner til å møte kostnadsauken og halde ved lag tilbodet i det statlege barnevernet

  • 5 mill. kroner til tverrfagleg helsekartlegging av barn i barnevernet

  • 59 mill. kroner til vidareføring av auka kjøp av spesialiserte fosterheimsplassar

  • 338,5 mill. kroner til auka kapasitet i omsorgssentera for einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år, inkludert auka einingskostnad i dei statlege omsorgssentera

  • auka tilskot til Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge med 7,5 mill. kroner for å halde i gang arbeidet med hjelpetiltak, inkludert dei spesialiserte hjelpetiltaka.

1.3 Stillinga til forbrukarane

Forbrukarpolitikken skal styrkje stillinga til forbrukarane, sikre dei gode rettar og eit sterkt vern dersom rettane ikkje blir oppfylte. Ofte står forbrukarane overfor kommersielle aktørar med betre informasjon og kunnskap om produkta, avtalevilkåra og marknadstilhøva. Forbrukarpolitikken skal vege opp for denne ubalansen.

I kjøpssituasjonar skal forbrukarane vere i stand til å ta informerte val, kjenne rettane sine og vete kva dei kan gjere dersom dei er misnøgde med varer og tenester dei har kjøpt. Forbrukarane, medrekna barn og unge, skal vernast mot svindel og ulovleg marknadsføring. Oppstår det tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande eller mellom forbrukarar knytte til handel med varer og tenester, skal partane ha tilgang til eit effektivt system for å løyse desse på ein rimeleg og god måte.

Dette har vore dei viktigaste tiltaka på forbrukarområdet i 2022 og fyrste halvåret 2023:

  • Løyvinga til marknadsportalar i Forbrukarrådet er styrkt for at straumprisportalen (strømpris.no) skal gjere det enklare for forbrukarane å samanlikne pris og avtalevilkår i straumavtalar.

  • Marknadsføringslova er endra, slik at annonsørar frå 1. juli 2022 fekk plikt til å merkje reklame der kroppsfasong, kroppsstorleik eller hud er endra ved retusjering eller anna manipulering.

  • Openheitslova, som skal fremje respekten verksemder har for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve, og sikre allmenta tilgang til informasjon om kva verksemdene gjer med dette, tok til å gjelde 1. juli 2022.

  • Løyvinga til Forbrukartilsynet er auka for å styrkje arbeidet med å handsame forbrukarklager og følgje opp tilsynet med openheitslova.

  • Ved endringar i prisopplysingsforskrifta og forskrifta om kraftomsetnad og nettenester blei krava til prisinformasjon ved sal av straum og informasjon på straumfakturaer skjerpte frå 1. november 2022.

  • I revidert nasjonalbudsjett for 2023 fekk Forbrukartilsynet auka løyvinga for å styrkje kapasiteten til regelverksutvikling og tilsyn med straummarknaden.

Det er i 2023 òg sett i gang ein heilskapleg gjennomgang av forbrukarvernet til barn i digitale medium, der BFD og andre departement vurderer om relevante regelverk og handhevinga av desse kan forbetrast.

Hovudprioriteringar i 2024

Forbrukarane opplever for tida høgare prisar på mange varer og tenester. Dette skaper utfordringar for mange og særleg for dei som er i ein vanskeleg økonomisk situasjon frå før. Regjeringa er oppteken av at forbrukarane i denne meir krevjande situasjonen framleis skal ha eit sterkt vern som gir dei grunnlag for tryggleik i og tillit til marknadene. Opplysingane forbrukarane får om prisar og vilkår, skal vere korrekte og forståelege.

Regjeringa vil leggje til rette for at forbrukarane skal kunne velje varer og tenester ut frå kunnskapar om kva konsekvensar produksjonen og bruken av dei kan ha. Forbrukarane skal mellom anna sikrast betre føresetnader for eit berekraftig forbruk. EU-kommisjonen har lagt fram fleire forslag til nye regelverk som kan medverke til dette. BFD vil i 2024 følgje handsaminga av forslaga i EU og vurdere innspel der det trengst for å ta vare på norske interesser.

Handel gjennom digitale medium kan gjere kvardagen til forbrukarane enklare, men òg by på utfordringar. Forbrukarvernet blir mellom anna utfordra av nye digitale marknadsføringsmetodar og handel med personopplysingar som næringsdrivande får frå kundane. For regjeringa er det viktig at forbrukarvernet blir utvikla slik at det kan møte nye utfordringar. Barn og unge er særleg utsette på digitale flater og vil få ekstra merksemd.

Interessene til forbrukarane skal varetakast gjennom eit effektivt og målretta tilsyn med forbrukarvernreglane og eit godt offentleg system for klagehandsaming. Handsamingstida for forbrukarklager skal ytterlegare ned og haldast stabilt låg over tid.

Regjeringa vil òg motverke at privatpersonar får betalingsproblem som kan utvikle seg til alvorlege gjeldsproblem. For personar som har fått alvorlege gjeldsproblem, skal det finnast ordningar som kan hjelpe dei med å få kontroll over økonomien.

Regjeringa vil mellom anna prioritere desse tiltaka i 2024:

  • Vurdere ytterlegare regelverksendringar som kan gjere det enklare og tryggare for forbrukarane å kjøpe straum

  • Vurdere om ordninga for gjeldsinformasjon («gjeldsregister») bør utvidast med fleire typar gjeld

  • Vurdere korleis aktuelle endringar i gjeldsordningslova best kan gjennomførast. Endringane skal mellom anna gjere fleire i stand til å gjennomføre ei gjeldsordning

  • Vurdere det digitale forbrukarvernet til barn og unge

  • Sikre at ressursane til klagehandsaming blir brukte på sakene som har mest å seie for forbrukarane

  • Styrkje arbeidet med referansebudsjettet for hushaldsutgifter

  • Følgje opp regelverksprosessar i EU, knytte til mellom anna å betre føresetnadene for eit meir berekraftig forbruk

1.4 Tru og livssyn

Målet for trus- og livssynspolitikken er å leggje til rette for at trus- og livssynsfridommen kan utøvast i praksis. Regjeringa ønskjer eit livssynsope samfunn, der alle har respekt for og kunnskap om livssynet til andre.

Den norske kyrkja skal vere ei landsdekkjande, sjølvstendig og demokratisk folkekyrkje. Staten set naudsynte rammer for verksemda til kyrkja gjennom lov, men kyrkja har stor grad av fridom til å fastsetje eigne reglar i kyrkjeordninga. Den norske kyrkja blir finansiert gjennom tilskot frå både stat og kommune.

Tilskota til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja skal om lag svare til det Den norske kyrkja får i tilskot frå stat og kommune per medlem. Eit viktig mål for den offentlege støtta er å anerkjenne og støtte opp under mangfaldet av trus- og livssynssamfunn. Alle trus- og livssynssamfunn som fyller visse vilkår, kan krevje offentleg støtte.

Noreg har ei kristen kulturhistorie som fyrst og fremst kjem til uttrykk gjennom kyrkjene og gravplassane i landet. Nær 1 000 kyrkjer er utpeikte av Riksantikvaren som kulturhistorisk verdifulle, og om lag 700 av dei 2 200 gravplassane i landet ligg omkring ei freda eller listeført kyrkje. Det er derfor eit uttalt mål for trus- og livssynspolitikken at ein må sikre dei kulturhistoriske verdiane som desse kyrkjestadene representerer, og balansere omsynet til bruk og vern. Kulturhistorisk viktige kyrkjebygg skal vere i forsvarleg stand og dei offentlege gravplassane skal vere for alle, og dei skal haldast i hevd og forvaltast i tråd med eigenarten sin.

Opplysningsvesenets fond har opphav i eigedommar som frå eldre tid låg til det einskilde presteembetet og var meinte til underhald av presten. Eigedommane fordeler seg mellom prestebustader, jord- og skogeigedommar, festetomter og kontoreigedommar. Det er no vedteke at verdiane i fondet skal delast mellom staten og Den norske kyrkja i samsvar med Meld. St. 29 (2018–2019), jf. Innst. 209 S (2019–2020). Vilkåret for at staten blir eigar av dei verdiane som ikkje blir overførte til kyrkja, er at staten aukar innsatsen for å bevare dei kulturhistorisk viktige kyrkjebygga i eit omfang som svarer til verdien av dei eigedelane i fondet som staten blir eigar av. Det skal skipast eit kyrkjebevaringsfond med midlar mellom anna frå Opplysningsvesenets fond. Dette og status i delingsprosjektet mellom staten og kyrkja er omtalte nedanfor.

Dei viktigaste tiltaka på trus- og livssynsområdet i 2022 og fyrste halvåret 2023 har vore desse:

  • Prop. 144 L (2020–2021) Lov om Opplysningsvesenets fond blei lagd fram for Stortinget i april 2021, jf. Innst. 623 L (2020–2021). Lova tok til å gjelde 1. januar 2022.

  • Prop. 65 L (2021–2022) Endringar i gravplassloven (teieplikt og arkiv m.m.) blei lagd fram for Stortinget i mars 2022, jf. Innst. 347 L (2021–2022). Lova tok til å gjelde 1. juli 2022.

  • Prop. 55 L (2022–2023) Endringar i gravplassloven m.m. (digitalisering av gravferdsmeldinga og behandling av personopplysningar) blei lagd fram for Stortinget i mars 2023, jf. Innst. 356 L (2022–2023). Nokre av endringane tok til å gjelde 1. juli 2023.

  • Ei auka satsing på kulturhistorisk viktige kyrkjebygg er godt i gang. Til saman har det dei siste fem åra vore løyvd om lag 240 mill. kroner til bevaring av kulturhistorisk viktige kyrkjebygg.

  • Det er vedteke at 158 prestebustader og 8 bispebustader i tillegg til Oslo bispegård skal førast over frå Opplysningsvesenets fond til Den norske kyrkja. Der prestebustaden er del av ein større eigedom, til dømes ein landbrukseigedom, er det ein føresetnad at det blir gitt løyve til å dele bustaden frå eigedommen. Det blir no arbeidd med å søkje frådeling for dei aktuelle eigedommane.

  • Trussamfunnslova § 6 andre ledd, som fastslår at trus- eller livssynssamfunn som tek imot bidrag frå statar som ikkje respekterer retten til trus- og livssynsfridom, kan nektast tilskot, tok til å gjelde 1. januar 2022. Nærare føresegner er fastsette i trussamfunnsforskrifta.

Hovudprioriteringar i 2024

Regjeringa vil føre vidare eit stabilt rammetilskot til Den norske kyrkja, slik at ho kan halde fram med å vere ei landsdekkjande, sjølvstendig og demokratisk folkekyrkje. Regjeringa vil òg føre ein politikk som bidreg til eit livssynsope samfunn, ved at tilskota til trus- og livssynssamfunna blir førte vidare og forvalta effektivt.

Arbeidet med å følgje opp lov om Opplysningsvesenets fond vil ha høg prioritet framover. Det gjeld mellom anna å vurdere den framtidige forvaltinga av fondet og storleiken på summen Den norske kyrkja skal få til å setje i stand og drifte eigedommane ho tek over.

Staten er 1. januar 2023 blitt eigar av ei rekkje eigedelar som historisk har vore forvalta av Opplysningsvesenets fond, mot at verdiane blir brukte til eit statleg bidrag for istandsetjing av kyrkjer. Inntekter frå Ovf blir øyremerkte bevaring av kulturhistorisk viktige kyrkjer. Vidare skal det skipast ein administrasjon for arbeidet med å gjennomføre ein bevaringsstrategi for dei kulturhistorisk viktige kyrkjebygga. Administrasjonen skal lokaliserast i Trondheim. Kyrkjebevaringsarbeidet vil ha ei årleg ramme på 500 mill. kroner. I dei åra der utbyttet frå Opplysningsvesenets fond er mindre enn løyvingsbehovet til kyrkjebygga, vil resterande beløp bli løyvd over statsbudsjettet. Dette gjeld fram til den statlege forpliktinga er nådd. Etter dette blir det statlege bidraget inntekter frå Ovf. Regjeringa vil komme attende til etableringa av kyrkjebevaringsfondet.

Innanfor programkategorien er det òg naudsynt å følgje opp og gjere endringar i regelverket på fleire område, mellom anna kriteria for støtta til trus- og livssynssamfunna.

Regjeringa vil prioritere desse tiltaka i 2024:

  • føre vidare arbeidet med å dele eigedommane til Opplysningsvesenets fond mellom staten og Den norske kyrkja

  • setje i stand dei kulturhistorisk viktige kyrkjebygga, i samarbeid med Den norske kyrkja, Riksantikvaren, kommunar og kyrkjeeigarar, basert på ein bevaringsstrategi for dei kulturhistorisk viktige kyrkjebygga

  • etablere eit kyrkjebevaringsfond og skipe ein administrasjon for bevaringsarbeidet i Trondheim

  • følgje opp framlegget om endringar i trussamfunnslova som er på høyring. Framlegget inneheld endringar i støtta til trus- og livssynssamfunn, mellom anna krav om å ikkje motarbeide den demokratiske styreforma og representasjon av begge kjønn i dei administrative organa som forvaltar offentlege tilskot på vegner av trus- og livssynssamfunna, i tillegg til krav til tal på medlemmer for å få tilskot.

2 Oversikt over budsjettforslaget

2.1 Forslag til utgifter og inntekter fordelte på kapittel og postgrupper

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

Administrasjon

800

Barne- og familiedepartementet

165 895

211 480

231 121

9,3

Sum kategori 11.00165 895211 480231 1219,3

Familie og oppvekst

840

Tiltak mot vald og overgrep

332 626

307 154

338 976

10,4

841

Samliv og konfliktløysing

26 110

700 557

26 215

-96,3

842

Familievern

665 407

659 320

697 965

5,9

843

Adopsjonsstønad

6 987

9 500

7 900

-16,8

844

Kontantstøtte

1 169 506

1 216 510

913 710

-24,9

845

Barnetrygd

18 154 012

20 230 000

23 819 000

17,7

846

Familie- og oppveksttiltak

989 802

1 026 545

1 112 169

8,3

847

EUs ungdomsprogram

15 832

16 081

16 968

5,5

848

Barneombodet

22 606

23 092

24 344

5,4

Sum kategori 11.1021 382 88824 188 75926 957 24711,4

Barnevernet

853

Barneverns- og helsenemndene

265 878

243 331

256 524

5,4

854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

382 802

387 550

406 244

4,8

855

Statleg forvalting av barnevernet

7 146 723

7 021 769

8 123 917

15,7

856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

176 784

122 986

468 235

280,7

858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten

652 968

634 558

673 234

6,1

Sum kategori 11.208 625 1558 410 1949 928 15418,0

Forbrukarpolitikk

860

Forbrukarrådet

114 153

116 166

124 539

7,2

862

Stiftinga Miljømerking i Noreg

11 264

15 583

16 580

6,4

865

Forbrukarpolitiske tiltak

16 334

18 152

21 057

16,0

868

Forbrukartilsynet

128 377

128 388

134 849

5,0

Sum kategori 11.30270 128278 289297 0256,7

Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn

880

Den norske kyrkja

2 434 616

2 506 265

2 687 578

7,2

881

Tilskot til trussamfunn m.m.

978 148

1 038 539

1 130 772

8,9

882

Kyrkjebygg og gravplassar

85 249

171 154

125 824

-26,5

883

Kyrkjebevaringsfondet

20 636

100,0

Sum kategori 11.503 498 0133 715 9583 964 8106,7

Sum programområde 1133 942 07936 804 68041 378 35712,4

Stønad ved fødsel, adopsjon og bidragsforskott

2530

Foreldrepengar

24 056 362

26 091 000

25 601 000

-1,9

2531

Bidragsforskott

690 000

100,0

Sum kategori 28.5024 056 36226 091 00026 291 0000,8

Sum programområde 2824 056 36226 091 00026 291 0000,8

Sum utgifter

57 998 441

62 895 680

67 669 357

7,6

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

Familie og oppvekst

3841

Samliv og konfliktløysing

215 381

26 498

-87,7

3842

Familievern

689

828

865

4,5

3847

EUs ungdomsprogram

5 910

5 964

5 964

0,0

Sum kategori 11.106 599222 17333 327-85,0

Barnevernet

3853

Barneverns- og helsenemndene

783

0,0

3855

Statleg forvalting av barnevernet

2 030 759

2 574 236

2 648 996

2,9

3856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

170 226

121 979

455 569

273,5

3858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten

9 690

544

568

4,4

Sum kategori 11.202 211 4582 696 7593 105 13315,1

Forbrukarpolitikk

3868

Forbrukartilsynet

3 177

2 629

2 745

4,4

Sum kategori 11.303 1772 6292 7454,4

Sum programområde 112 221 2342 921 5613 141 2057,5

Stønad ved fødsel, adopsjon og bidragsforskott

5706

Bidragsforskott

195 000

100,0

Sum kategori 28.50195 000100,0

Sum programområde 28195 000100,0

Sum inntekter

2 221 234

2 921 561

3 336 205

14,2

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

01–29

Statens egne driftsutgifter

9 072 791

8 997 330

10 569 509

17,5

30–49

Nybygg, anlegg o.a.

13 396

2 000

2 164

8,2

50–89

Overføringar til andre

48 912 254

53 896 350

57 097 684

5,9

Sum under departementet

57 998 441

62 895 680

67 669 357

7,6

Meirinntektsfullmakter

Stortinget samtykkjer i at Barne- og familiedepartementet i 2024 kan

overskride løyvinga under

mot tilsvarande meirinntekt under

kap. 842 post 01

kap. 3842 post 01

kap. 847 post 01

kap. 3847 post 01

kap. 855 post 01

kap. 3855 postane 01, 02 og 60

kap. 856 post 01

kap. 3856 post 01

kap. 858 post 01

kap. 3858 post 01

kap. 868 post 01

kap. 3868 post 02

Meirinntekt som gir grunnlag for overskriding, skal òg dekkje meirverdiavgift knytt til overskridinga og gjeld derfor òg kap. 1633, post 01, for dei statlege forvaltingsorgana som inngår i nettoordninga for meirverdiavgift.

Meirinntekter og eventuelle mindreinntekter blir tekne med i utrekninga av overføring av ubrukt løyving til neste år.

3 Oppmodingsvedtak

Nedanfor er ei oversikt over oppfølginga av oppmodingsvedtak under Barne- og familiedepartementet. Oversikta inkluderer alle vedtaka frå stortingssesjonen (2022–2023) og vedtaka frå tidlegare stortingssesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 186 S (2022–2023) meinte ikkje var utkvitterte.

I tabellen nedanfor står det om departementet reknar rapporteringa om oppmodingsvedtaket som avslutta, eller om departementet òg vil rapportere konkret om vedtaket i budsjettforslaget neste år.

Tabell 3.1 Oversikt over oppmodingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapportering avslutta (ja/nei)

2022–2023

80

langsiktige avtalar med ideelle aktørar i barnevernet

Ja

2022–2023

89

kompensasjonsgradar i foreldrepengeordninga

Ja

2022–2023

138

meldeplikt til barnevernstenesta

Nei

2022–2023

562

nasjonalt høve til å klage for barn

Nei

2022–2023

563

delkostnadsnøkkel for barnevern

Nei

2022–2023

782

krisesentertilbodet til utsette grupper

Nei

2022–2023

783

rettleiingar om krisesentertilbod

Nei

2022–2023

936

oppgradere krisesenterbygg

Nei

2021–2022

404

offentleg plikt til å tilby tverrfagleg helsekartlegging

Nei

2021–2022

592

krisesentertilbod til den samiske urbefolkninga

Nei

2021–2022

620

utvide ordninga for gjeldsinformasjon («gjeldsregister»)

Nei

2020–2021

48

forbod mot søskenbarnekteskap

Nei

2020–2021

445

involvere foreldre når barn gjer lovbrot

Nei

2020–2021

714

strengare reaksjonar mot samværshindring

Nei

2020–2021

715

justering av barnebidragsreglane for å hindre samværshindring

Nei

2020–2021

918

obligatorisk prisinformasjon på straum

Ja

2020–2021

954

hindre fritidsaktivitetar for barn og unge som kan bidra til radikalisering

Nei

2020–2021

972

eigendel for mat i krisesentera

Nei

2020–2021

1124

tverrfagleg kompetanse på rus og vald i krisesentera

Nei

2020–2021

1195

krav om autorisasjon for tilsette som skal jobbe med omsorgsovertakingar

Nei

2020–2021

1197

ordning med andrehandsvurdering av akuttvedtak

Nei

2020–2021

1198

alternativt omgrep til «åtferd» i barnevernslova

Nei

2020–2021

1201

oppfølging av tilrådingane frå rettstryggleiksutvalet på barnevernsområdet

Nei

2019–2020

498

forbod mot etter-skule-tilbod for barn med overnatting

Nei

2019–2020

500

oppdeling av Opplysningsvesenets fond

Nei

2019–2020

501

Opplysningsvesenets fond – fondseigedommane staten tek over

Nei

2019–2020

502

utbetring av verneverdige kyrkjebygg

Nei

2019–2020

637

FN-konvensjonen om barnerettane – ny barnevernslov og ny barnelov

Nei

2016–2017

491

evaluering av felles foreldreansvar

Nei

2016–2017

606

politiattest for yrkesgrupper som er i kontakt med barn

Ja

Stortingssesjon (2022–2023)

Langsiktige avtalar for ideelle verksemder og plan for å fase ut kommersielle aktørar i barnevernet

Vedtak 80, 1. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen om å sikre ideelle virksomheter i barnevernet langsiktige avtaler med det offentlige og senest i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2023 legge fram en plan for å fase ut store kommersielle aktører fra barnevernet.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 1 (2022–2023) Nasjonalbudsjettet 2023, jf. Innst. 2 S (2022–2023). Det er i 2022 inngått nye avtalar med dei ideelle leverandørane av institusjonsplassar i barnevernet. Resultatet er at talet på plassar har auka frå 193 til om lag 215. Delen med garanterte kjøp er auka frå om lag 60 prosent til 83 prosent. Avtalane er langsiktige, i den forstand at dei er utan tidsavgrensing og gjeld til dei blir oppsagde av ein av partane.

Det visast til «Plan for ideell vekst og utfasing av kommersielle aktører i institusjonsbarnevernet» i Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023. Her omtalte regjeringa status for institusjonstilbodet i dag og kva som er målet til regjeringa i det vidare arbeidet. Det er ønskjeleg å styrkje og omstille dei statlege institusjonane slik at dei i større grad kan vareta barn med store og samansette utfordringar, og med ein auke i bruken av ideelle leverandørar. For at Bufetat kan vareta bistandsplikta, krev ei utfasing av kommersielle leverandørar at kapasiteten i dei statlege og ideelle institusjonane er tilstrekkeleg til å erstatte dei kommersielle plassane. Planen omtalte ei rekkje aktivitetar og tiltak for å oppnå dette. Tiltaka vil ha økonomiske konsekvensar som vil bli handsama i samband med dei ordinære budsjettprosessane. Det er viktig for regjeringa at omstillinga sikrar at tilbodet til barna til ei kvar tid vert varetatt. Difor vil det saman med oppbygging av tilbod i offentleg og ideell regi framleis kunne vere behov for andre private aktørar i tida framover.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Alternativ til noverande kompensasjonsgradar i foreldrepengeordninga

Vedtak 89, 1. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen raskt utrede alternativer til dagens kompensasjonsgrader i foreldrepengeordningen. Utredningen skal inneholde en vurdering av å innføre 90 prosent kompensasjonsgrad og provenynøytral omlegging. Forslag til mulige alternativer legges fram i statsbudsjettet for 2024.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 1 (2022–2023) Nasjonalbudsjettet 2023, jf. Innst. 2 S (2022–2023).

Etter gjeldande reglar er foreldrepengeperioden 49 veker (245 stønadsdagar) med 100 prosent dekking eller 59 veker (295 stønadsdagar) med 80 prosent dekking, jf. folketrygdlova § 14-9. Mor skal i begge tilfella kunne ta ut foreldrepengar frå og med tre veker før termin.

Med 100 prosent dekkingsgrad er foreldrepengeperioden etter termin på 46 veker og delt inn i ein mødre- og fedrekvote på 15 veker og ein fellesdel på 16 veker. Ved 80 prosent dekkingsgrad er perioden etter termin på 56 veker og delt inn i ein mødre- og fedrekvote på 19 veker og ein fellesdel på 18 veker. Foreldra vel dekkingsgraden ved starten av stønadsperioden. Den valde dekkingsgraden er bindande for uttaket av ytinga for begge foreldra og gjennom heile stønadsperioden.

Tredelinga av foreldrepengane bør førast vidare fordi ho er viktig for likestillinga. Eventuelle endringar i kompensasjonsgradane bør derfor vere innretta slik at stønadsperioden følgjer tredelinga.

Regjeringa føreslår å utvide stønadsperioden med 80 prosent kompensasjonsgrad i 2024 og meiner det er ei løysing som bidreg til auka fleksibilitet i ordninga. Endringa utliknar skilnaden mellom 80 og 100 prosent dekkingsgrad som i dag inneber at ein forelder ved å velje 100 prosent dekkingsgrad og ulønt permisjon i 12,25 veker til saman får meir i foreldrepengar fordi permisjonen då blir både lengre og samla utbetaling om lag er lik 100 prosent dekkingsgrad.

Det har det siste tiåret vore ein nedgang i foreldre som vel 80 prosent dekkingsgrad. Foreldre som ønskjer lengre tid heime, tek ofte ulønt permisjon kombinert med 100 prosent kompensasjonsgrad. Ei forlenging av 80 prosent vil derfor kunne bidra til å gjere dette til eit betre alternativ for foreldra. Forslaget vil òg sikre at foreldre ikkje mistar andre rettar, som pensjonsrettar og sjukepengar, slik tilfellet er ved ulønt permisjon. Det er særleg kvinner som tek ulønt permisjon. Vidare vil endringa leggje til rette for amming i noko lengre tid.

Ein kan innføre 90 prosent kompensasjonsgrad i foreldrepengeordninga. Fleire kompensasjonsgradar gir foreldre betre høve til å tilpasse foreldrepengeuttaket etter eigne ønske og behov. Samstundes vil nye kompensasjonsgradar gi større lovmessige og administrative endringar enn det å utlikne skilnaden mellom 80 og 100 prosent dekkingsgrad. Det er derfor behov for å greie ut dette nærare og kva verknader det vil ha, før dette eventuelt blir innført.

Innføring av 90 prosent kompensasjonsgrad tilsvarande samla foreldrepengeutbetaling ved 100 prosent vil ikkje vere provenynøytralt med gjeldande regelverk fordi det er grunn til å tru at ein del mottakarar ville gått frå 80 prosent til 90 prosent kompensasjonsgrad. Dersom skilnaden mellom 80 og 100 prosent dekkingsgrad blir utlikna fyrst, kan det innførast 90 prosent dekkingsgrad med ei lengd på 54 veker utan ekstra meirutgifter og med lik samla stønadsutbetaling som ved dei andre alternativa.

I dag kan ein gradere foreldrepengane mot arbeid. Ei alternativ løysing er å innføre såkalla fri gradering, det vil seie at foreldra sjølve vel uttaksgraden. Dette er ei stor omlegging av ordninga som må greiast ut nærare for å vurdere effektane på arbeidstilbod og andre velferdstilbod. Ei slik endring må òg bli send på høyring.

BFD meiner den føreslåtte endringa i 80 prosent kompensasjonsgrad er ei løysing som bidreg til å auke fleksibiliteten i ordninga og gjer henne til eit meir reelt alternativ til 100 prosent kompensasjonsgrad. BFD meiner den føreslåtte endringa møter eit behov fleire foreldre har, ho vil redusere bruken av ulønt permisjon og gir betre høve til å amme. BFD legg derfor ikkje opp til at det blir ein ny kompensasjonsgrad innført på 90 prosent eller fri gradering i foreldrepengeordninga no. Begge alternativa er meir omfattande endringsforslag som krev meir utgreiing, men som den føreslåtte endringa i 80 prosent dekkingsgrad kan gjere det enklare å innføre på eit seinare tidspunkt.

Basert på omtalen ovanfor reknar departementet vedtaket som følgt opp.

Barnevernets meldeplikt til politiet om barn på skjult og sperra adresse

Vedtak 138, 6. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen sørge for at regelverket om barnevernets meldeplikt til politiet om barn på skjult og sperret adresse klargjøres, og at det sikres nødvendige rutiner for informasjonsutveksling.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om å betre førebyggje og få slutt på partnardrap, jf. Dok. 8:218 S (2021–2022) og Innst. 64 S (2022–2023).

Departementet vurderer korleis vedtaket kan følgjast opp, og vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Nasjonalt høve til å klage for barn

Vedtak 562, 28. mars 2023

«Stortinget ber regjeringen iverksette et arbeid for å sikre barns nasjonale klagemuligheter samt bedre informasjonen til barn og unge om retten til å klage i enkeltsaker og de klagerettigheter som finnes.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om å sikre forsvarlege barnevernstenester, jf. Dok. 8:22 S (2022–2023) og Innst. 207 S (2022–2023).

Barne- og familiedepartementet har i samarbeid med aktuelle departement kartlagt høva barn har til å klage på felta sine. Ei interdepartemental arbeidsgruppe for styrkt ivaretaking av barn sine rettar, leidd av Barne- og familiedepartementet, har òg vore involvert. Bufdir har i tildelingsbrev for 2023 fått i oppdrag å forbetre informasjonen til barn og unge om retten til å klage i einskildsaker og å nytte DigiUng-samarbeidet til å samle informasjon om barn og unge sine klageordningar på ung.no.

Arbeidet med høva barn har til å klage er i gang, og departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Forbetringar i delkostnadsnøkkelen for barnevern

Vedtak 563, 28. mars 2023

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag om forbedringer i delkostnadsnøkkelen for barnevern, basert på anbefalingene i NOU 2022:10, med mål om å gjøre den mer treffsikker.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om å sikre forsvarlege barnevernstenester, jf. Dok. 8:22 S (2022–2023) og Innst. 207 S (2022–2023).

Utgreiinga frå utvalet som har sett på inntektssystemet for kommunane, blei levert til regjeringa i august 2022 og sendt på offentleg høyring. Utvalet har komme med forslag til mindre endringar i delkostnadsnøkkelen for barnevernet. Utvalet tilrår òg at delkostnadsnøkkelen for barnevernet blir analysert på nytt når verknadene av barnevernsreforma er komne inn i datagrunnlaget for delkostnadsnøkkelen. Kommunal- og distriktsdepartementet og Barne- og familiedepartementet vil vurdere korleis tilrådingane frå utvalet og innspel frå høyringsfråsegnene på dette området kan bli følgde opp, og legg opp til å omtale dette i Kommunal- og distriktsdepartementet si melding til Stortinget om inntektssystemet våren 2024.

Tydeleggjere ansvaret kommunane har for krisesentertilbodet til utsette grupper

Vedtak 782, 7. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om endringer i krisesenterlova, der kommunens ansvar for krisesentertilbudet til utsatte grupper tydeliggjøres.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om krisesentertilbodet for kvinner i aktiv rus, jf. Dok. 8:168 S (2022–2023) og Innst. 474 S (2022–2023).

Krisesenterlova gir kommunane plikt til å sikre eit krisesentertilbod til alle som er i målgruppa for lova, også utsette grupper. Det kjem fram av førearbeida til krisesenterlova at kvar brukar skal få ei individuell vurdering av behova sine. Dei som av ulike årsaker ikkje kan opphalde seg på krisesenter, skal få eit anna tilbod. Departementet utarbeider eit høyringsnotat om endringar i krisesenterlova og utvikling av krisesentertilbodet som etter planen skal sendast på høyring i løpet av 2023. Sjå omtale under programkategori 11.10 Familie og oppvekst. I dette arbeidet skal departementet mellom anna drøfte endringar i lova for å sjå på korleis vi kan auke kvaliteten i tilbodet, også til utsette grupper. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Krisesentertilbodet til utsette grupper – oppdatere rettleiingar

Vedtak 783, 7. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen oppdatere veilederen til krisesenterlova slik at den tydeligere omhandler krisesentertilbudet til utsatte grupper. Dette arbeidet forutsettes igangsatt straks endringer i krisesenterlova er vedtatt.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om krisesentertilbodet for kvinner i aktiv rus, jf. Dok. 8:168 S (2022–2023) og Innst. 474 S (2022–2023).

Departementet utarbeider eit høyringsnotat om endringar i krisesenterlova og utvikling av krisesentertilbodet som etter planen skal sendast på høyring i løpet av 2023. Sjå omtale under programkategori 11.10 Familie og oppvekst. Når endringane i lova er vedtekne, vil det vere behov for å oppdatere eksisterande rettleiingar for å støtte dei som skal ta i bruk lova. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Oppgradering av krisesenter

Vedtak 936, 16. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen senest i statsbudsjettet for 2025 foreslå en ordning som støtter utbygging og bygningsmessig oppgradering av krisesentre etter modell av Husbankens ordning med investeringstilskudd til omsorgsboliger og sykehjemsplasser.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett 2023, jf. Meld. St. 2 (2022–2023) og Innst. 490 S (2022–2023).

Departementet vil greie ut ei ordning for å støtte utbygging og oppgradering av krisesenterbygg og komme tilbake til Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket i samband med statsbudsjettet for 2025.

Stortingssesjon (2021–2022)

Offentleg plikt til å tilby tverrfagleg helsekartlegging

Vedtak 404, 3. mars 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede at det offentlige skal ha en plikt til å tilby tverrfaglig helsekartlegging når kommunen ber om dette, og raskt komme tilbake til Stortinget på egnet vis.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 222 L (2020–2021) Endringer i barnevernloven mv. (tverrfaglig helsekartlegging), jf. Innst. 166 L (2021–2022).

Bufdir og Helsedirektoratet har gjennomført eit prosjekt med utprøving av tverrfagleg helsekartlegging. Utprøvingsprosjektet blei ferdig i september 2022. Direktorata har i 2023 fått likelydande oppdrag om i samarbeid å greie ut ei lovfesta statleg plikt til å tilby tverrfagleg, spesialisert helsekartlegging når kommunane ber om det. Fyrste delleveranse blei levert 15. september 2023, medan fristen for fullstendig leveranse er 31. desember 2023. Ei offentleg plikt føreset at tilbodet om helsekartlegging er dimensjonert for målgruppa, som på årsbasis er på om lag 1 500 til 2 000 barn. Ein slik auke i kapasiteten vil ta tid å byggje opp og vil vere avhengig av både budsjetta i åra som kjem, og tilgangen på kvalifiserte fagfolk til teama. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Krisesentertilbod til den samiske urbefolkninga

Vedtak 592, 30. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen se til at krisesentertilbudet til den samiske urbefolkningen bedres, og orientere Stortinget på egnet vis.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om eit styrkt, likeverdig, heilårsope og døgnbemanna krisesentertilbod over heile landet, jf. Dok. 8: 135 S (2021–2022) og Innst. 339 S (2021–2022).

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har sidan nedlegginga av krisesentertilbodet i Karasjok vore i tett dialog med Karasjok kommune for å få oppretta tilbodet på ny. Kommunen har fått prosjektmidlar i 2019, 2021 og 2023, til saman om lag 2,1 mill. kroner, frå direktoratet for å greie ut og etablere ei løysing for eit varig krise- og incestsentertilbod tilpassa den samiske befolkninga. Det har òg vore møte mellom Barne- og familiedepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet og kommunane i det samiske forvaltingsområdet, Statsforvaltaren i Troms og Finnmark, Nasjonalt samisk kompetansesenter for kommunalt og statleg barnevern, familievern og krisesentertilbod og Sametinget i 2022 for å kartleggje utfordringar og drøfte løysingar.

Karasjok kommune har gitt KPMG i oppdrag å greie ut ei løysing. KPMG leverte ein rapport hausten 2022 der dei føreslår ei satellittløysing der ein samarbeider med eit av dei eksisterande krisesentera og har samiskspråklege stillingsressursar i Karasjok. Tilskotet som Bufdir gav i 2023, skal nyttast til å etablere ei slik løysing.

Departementet utarbeider eit høyringsnotat om endringar i krisesenterlova og utvikling av krisesentertilbodet som etter planen skal sendast på høyring i løpet av 2023. Sjå omtale under programkategori 11.10 Familie og oppvekst. I dette arbeidet skal krisesentertilbodet til den samiske befolkninga bli greidd ut. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Utvide ordninga for gjeldsinformasjon («gjeldsregister»)

Vedtak 620, 31. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen utvide Gjeldsregisteret slik at det inneholder alle typer gjeld, både med og uten sikkerhet. Regjeringen må samtidig gjøre grundige utredninger som sikrer personvernet, og vurdere om enkelte typer gjeld av den grunn ikke skal innlemmes.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om å ta sosialt ansvar og hjelpe folk med gjeldsproblem gjennom å styrkje og utvide gjeldsregisteret, jf. Dok. 8:203 S (2021–2022), jf. Innst. 361 S (2021–2022).

Departementet sende ei sak om å utvide ordninga for gjeldsinformasjon med ulike former for pantesikra gjeld (mellom anna bustad- og bilgjeld) på høyring sommaren 2022. Ei slik endring kan gjerast i forskrift. BFD arbeider vidare med saka. Ei utviding kan berre gjerast dersom ho er forsvarleg med omsyn til personvernet, noko som må vurderast nøye. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Stortingssesjon (2020–2021)

Forbod mot søskenbarnekteskap

Vedtak 48, 3. november 2020

«Stortinget ber regjeringen legge frem et lovforslag om å forby søskenbarnekteskap.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 66 L (2019–2020) Endringer i straffeloven mv. (avvergingsplikt, utenomrettslig tvangsekteskap, diskrimineringsvern, skyting mot politiet mv.), jf. Innst. 41 L (2020–2021).

Retten til å inngå ekteskap og retten til familieliv er sentrale menneskerettar. Det har derfor vore naudsynt å gjere grundige vurderingar av eit lovforbod. Under dette arbeidet har departementet mellom anna bede Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar om å greie ut det menneskerettslege handlingsrommet som gjeld for arbeidet med å følgje opp vedtaket. Prosjektet til Folkehelseinstituttet om helsekonsekvensar for barn der foreldra er søskenbarn, er òg eit viktig kunnskapsgrunnlag.

Departementet har hatt på høyring eit forslag til endring i ekteskapslova om lovforbod mot søskenbarnekteskap og tek sikte på å leggje fram ein lovproposisjon for Stortinget innan utgangen av 2023.

Involvere foreldre når barn gjer lovbrot

Vedtak 445, 18. desember 2020

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan foreldre i større grad kan involveres og ansvarliggjøres for gjentatte lovbrudd som er begått av deres barn som er under den kriminelle lavalder, og fremme forslag om dette.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om tiltak mot ungdoms- og gjengkriminalitet, jf. Dok. 8:115 S (2019–2020) og Innst. 147 S (2020–2021).

Barnevernet kan vere ein viktig bidragsytar for å involvere og hjelpe foreldre til barn som gjentekne gonger bryt lova. Oppfølging av vedtaket krev vurderingar med utgangspunkt i både justissektoren og barnevernet. Bufdir blei bede om å greie ut korleis vedtaket kan følgjast best mogleg opp. Rapporten blei levert i desember 2022. Bufdir føreslår fleire tiltak med det overordna målet om at barn og unge som gjer, eller står i fare for å gjere, handlingar som i utgangspunktet er straffbare, kjem ut av denne risikosona. Tiltaka har som mål at foreldre til barn i risikosona får god og tilpassa støtte og rettleiing. Departementet vil med utgangspunkt i utgreiinga til Bufdir på eigna vis komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket.

Strengare reaksjonar mot samværshindring

Vedtak 714, 9. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen ved oppfølgingen av NOU 2020: 14 Ny barnelov – Til barnets beste, utrede strengere reaksjoner som kan motvirke samværshindring.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om samværshindring, jf. Dok. 8:40 S (2020–2021) og Innst. 264 S (2020–2021).

Departementet har i denne samanheng sett nærare på fleire spørsmål knytte til samværshindring, også korleis økonomi speler inn i saker om samvær og samværshindring. Departementet arbeider vidare med dette i samband med oppfølginga av NOU 2020: 14 Ny barnelov. Bufdir har i 2023 fått i oppdrag å vurdere behov for å følgje opp rapporten deira om stans i samvær og å setje i verk tiltak ved behov.

Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Justering av barnebidragsreglane for å hindre samværshindring

Vedtak 715, 9. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen ved oppfølgingen av NOU 2020: 14 Ny barnelov – Til barnets beste, utrede om det er behov for å gjøre justeringer i barnebidragsreglene for å sikre at økonomi ikke blir en drivende faktor for samværshindring.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om samværshindring, jf. Dok. 8:40 S (2020–2021) og Innst. 264 S (2020–2021).

Departementet ser oppfølginga av dette vedtaket i samanheng med oppfølginga av vedtak nr. 714 av 9. mars 2021, sjå omtale under dette vedtaket. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Obligatorisk prisinformasjon på straum

Vedtak nr. 918, 11. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen innføre en ny obligatorisk prisinformasjon/enhetspris på strøm, slik at forbruker enkelt kan sammenligne priser på tvers av alle avtaletyper, og dermed sikre at forbrukerne kan ta informerte valg.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om forenkling av straummarknaden, jf. Dok. 8:126 S (2020–2021) og Innst. 394 S (2020–2021).

I samråd med Olje- og energidepartementet har Barne- og familiedepartementet innhenta ei vurdering frå Reguleringsmyndigheita for energi (RME) av korleis ein einingspris kan innrettast.

Målet med ein einingspris på straum må vere at forbrukarane enklare skal kunne samanlikne prisen på ulike avtalar og avtaletypar. Departementet og RME har vurdert tre ulike modellar for å berekne ein einingspris for straum. Berekningane viser at det er teknisk mogleg å lage ein slik einingspris, som både kan brukast til å samanlikne dei same typane avtalar (til dømes ein spotprisavtale med ein annan spotprisavtale) og ulike avtalar (fastprisavtalar og spotprisavtalar). Modellane vil måtte basere seg på ein kombinasjon av kjende og usikre priselement, som estimert forbruk eller referanseforbruk og estimert framtidig områdepris eller historisk områdepris. Dei tre ulike modellane blir konkretiserte nedanfor. Departementet gjer fyrst greie for modellane for deretter å komme med si vurdering.

Modell 1: Effektivt påslag oppgitt i øre/kWt

Ein einingspris basert på eit effektivt påslag inneber at alle påslag straumleverandørar tek i tillegg til områdeprisen for det området avtalen gjeld, blir rekna inn i prisen.

For spotprisavtalar kan straumleverandøren enkelt identifisere kva priselement i avtalen dei krev i tillegg til områdeprisen. For andre typar avtalar, til dømes fastprisavtalar, må straumleverandøren søkje å identifisere differansen mellom områdeprisen og fastprisen i avtalen. Sidan områdeprisane ikkje er kjende, må påslaget reknast ut basert på prognosar av den framtidige straumprisen eller ved å nytte historiske prisar for området. Eventuelle faste beløp per månad må reknast inn og justerast etter estimert forbruk for kvar avtale.

Modell 2: Totalpris oppgitt i øre/kWt

Å framstille einingsprisen på straum som totalprisen i øre/kWt inneber at alle priselementa i ein avtale blir summerte og utgjer kva ein forbrukar totalt kan forvente å betale for éin kWt.

For fastprisavtalar vil dette truleg ikkje krevje omfattande og usikre berekningar fordi desse avtalane har ein prismodell der prisen per kWt er kjend på marknadsføringstidspunktet. For spotprisavtalar er ikkje områdeprisane fram i tid kjende, og ein einingspris som viser totalprisen per kWt, må reknast ut basert på prognosar av den framtidige straumprisen eller ved å nytte historiske prisar. Eventuelle faste beløp per månad må reknast om basert på estimert forbruk.

Modell 3: Totalpris oppgitt i kroner per månad

Totalpris oppgitt i kroner per månad kan vere enklare for forbrukarar å forstå enn øre/kWt og vil derfor kunne medverke til å forenkle straummarknaden for forbrukarane. For å lage ein einingspris som kroner per månad bør ein ta utgangspunkt i totalprisen for øre/kWt, som omtalt under modell 2. Deretter må dette multipliserast med det månadlege forbruket ein legg til grunn. Dette inneber å bruke dei same usikre prisprognosane som i modell 1.

Vurderinga til departementet

Departementet meiner at det primære føremålet med å innføre ein einingspris for straum må vere at forbrukarane skal få betre høve til både å samanlikne avtalar av same typen (spotpris med spotpris) og ulike avtalar (spotprisavtalar med fastprisavtalar) i straummarknaden. For at ein einingspris skal vere føremålstenleg, må løysinga både vere eigna for slike samanlikningar og samstundes ikkje villeie forbrukarane.

Departementet vurderer nytten av ein einingspris basert på dei tre utrekningsmetodane som svært usikker og sannsynlegvis låg. Alle dei tre modellane krev at selskapa presenterer ein pris for den einskilde straumavtalen som baserer seg på svært usikre estimat om forbruket til kunden, referanseverdiar og forventa eller historisk straumpris. Departementet meiner dette gjer nytteverdien av å innføre ei plikt om einingspris til bruk i marknadsføring svært usikker. Det er stor risiko for at ein einingspris vil verke meir villeiande enn rettleiande.

Departementet viser til at Forbrukarrådet har utvikla ei form for einingspris som alle som nyttar den offentlege straumprisportalen (strømpris.no), kan bruke. Funksjonen for samanlikning av straumavtalar er basert på at kvar einskilde forbrukar legg inn straumforbruket sitt. Funksjonen viser deretter den totale prisen omgjord til øre/kWt. Denne løysinga gir eit vesentleg betre samanlikningsgrunnlag enn dei tre modellane omtalte over fordi forbrukarane kan ta utgangspunkt i eige forbruk for å vurdere einingsprisen. Denne løysinga er òg mindre inngripande for straumleverandørane enn ei regelfesta innføring av ein einingspris i all marknadsføring med kjøpsoppmodingar. Departementet viser til at endringar i prisopplysingsforskrifta og avrekningsforskrifta frå 1. november 2022 krev at alle straumselskap skal vise til strømpris.no ved oppmodingar om kjøp av straumavtalar, i prislistene til selskapa (prisopplysingsforskrifta § 20 bokstav h og § 21) og på fakturaen (avrekningsforskrifta § 7-2 andre ledd bokstav c).

Departementet meiner den nyleg innførte plikta til å vise til strømpris.no i marknadsføringa og på fakturaen, og høvet i denne tenesta til å få tilgang til ei form for einingspris for kvar einskilde avtale, gir god rettleiing for forbrukarane i straummarknaden som ønskjer å sjå ein einingspris. Departementet legg til grunn at dette varetek intensjonen i vedtaket.

Departementet reknar derfor vedtaket som følgt opp.

Hindre fritidsaktivitetar for barn og unge som kan bidra til radikalisering

Vedtak nr. 954, 20. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag som gir kommunene bedre virkemidler til å hindre fritidsaktiviteter for barn og unge som kan bidra til radikalisering eller være i strid med barns rettigheter eller likestillings- og diskrimineringsloven, herunder:
  • en forpliktende samfunnskontrakt for integrering i samarbeid med tros- og livssynssamfunnenes organisasjoner

  • mulighet til å kartlegge og føre tilsyn med fritidsaktiviteter for barn og unge som omfatter religiøs undervisning.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om å gi kommunen ein klar lovheimel til å hindre organisasjonar og trussamfunn i å drive klart integreringshemjande aktivitet, jf. Dok. 8:135 S (2020–2021) og Innst. 406 S (2020–2021).

Departementet greier ut moglege verkemiddel i eit samarbeid med fleire departement og ser oppfølginga av dette vedtaket i samanheng med oppfølginga av vedtak 498 av 14. april 2020. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaka på eigna vis.

Eigendel for mat i krisesentera

Vedtak nr. 972, 25. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen gå gjennom lov om kommunale krisesentertilbud og legge opp til at det ikke tas egenandel for mat fra den enkelte.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om eit styrkt og gratis krisesentertilbod for valdsutsette, jf. Dok. 8:134 S (2020–2021) og Innst. 427 S (2020–2021).

Krisesenterlova fastset at krisesentertilbodet skal vere gratis. I førearbeida til lova går det fram at det ikkje skal krevjast betaling for opphaldet, med unntak av eventuelle utgifter til mat til kostpris. Det er ulik praksis for korleis krisesentera organiserer mat og måltid. Dei fleste sentera legg opp til at bebuarane kjøper og lagar mat sjølve. Nokre få krisesenter dekkjer maten, slik at bebuarane ikkje har nokon matutgifter under opphaldet, eller dei opererer med ein eigendel for matutgifter. Departementet utarbeider eit høyringsnotat om endringar i krisesenterlova og utvikling av krisesentertilbodet som etter planen skal sendast på høyring i løpet av 2023. Sjå omtale under programkategori 11.10 Familie og oppvekst. I dette arbeidet skal bruken av eigendelar bli greidd ut. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Tverrfagleg kompetanse på rus og vald i krisesentera

Vedtak nr. 1124, 3. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen sikre at òg personer i aktiv rus har tilgang til et krisesentertilbud med ansatte som har tverrfaglig kompetanse på rus og vold, enten i tilknytning til eksisterende krisesentre eller som selvstendig tilbud.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om ei førebyggings- og behandlingsreform på rusfeltet, jf. Dok. 8:119 S (2020–2021) og Innst. 578 S (2020–2021).

Krisesenterstatistikken til Bufdir viser at sju krisesenter for kvinner og åtte senter for menn ikkje gir tilbod om opphald til utsette med ein kjend rusproblematikk. I tillegg er det personar i aktiv rus som ikkje oppsøkjer krisesentera. Departementet utarbeider eit høyringsnotat om endringar i krisesenterlova og utvikling av krisesentertilbodet som etter planen skal sendast på høyring i løpet av 2023. Sjå omtale under programkategori 11.10 Familie og oppvekst. I dette arbeidet skal utfordringar med krisesentertilbodet til personar i aktiv rus drøftast. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Krav om autorisasjon for tilsette som skal jobbe med omsorgsovertakingar

Vedtak nr. 1195, 10. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede krav om autorisasjon for de som skal jobbe med omsorgsovertakelser.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 133 L (2020–2021) Lov om barnevern (barnevernsloven) og lov om endringer i barnevernloven, jf. Innst. 625 L (2020–2021).

I arbeidet med Prop. 133 L (2020–2021) om ny barnevernslov vurderte departementet innføring av ei autorisasjonsordning i barnevernet. Med bakgrunn i ei utgreiing frå Bufdir fann departementet at innføring av kompetansekrav og endringar i masterutdanningane, med auka vekt på praksisnærleik og relevans og betre tilgang til rettleidd praksis under studia, vil vere meir treffsikre og eigna tiltak for å auke tilliten til barnevernet og sørgje for at dei tilsette har tilstrekkeleg og naudsynt kompetanse.

Vedtaket frå Stortinget peiker på ei autorisasjonsordning for dei som arbeider med omsorgsovertakingar, og er eit meir avgrensa forslag enn det som tidlegare er greidd ut. Departementet endra i desember 2021 mandatet til Barnevernsutvalet, med eit punkt om at utvalet skulle greie ut «ordninger for offentlig godkjenning av personell, herunder […] autorisasjon for de i barnevernet som skal jobbe med omsorgsovertakelse […]». Utvalet har levert utgreiinga NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid. Fleirtalet i utvalet har ikkje føreslått ei autorisasjonsordning. Utgreiinga har vore på offentleg høyring. Departementet vurderer innspel frå høyringa og vil på eigna vis komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket.

Ordning med andrehandsvurdering av akuttvedtak

Vedtak nr. 1197, 10. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede og fremme forslag om å innføre en ordning med annenhåndsvurdering av akutt-/hastevedtak.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 133 L (2020–2021) Lov om barnevern (barnevernsloven) og lov om endringer i barnevernloven, jf. Innst. 625 L (2020–2021).

Departementet viser til at Barnevernsutvalet har levert utgreiinga NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid. Utvalet har ikkje føreslått å innføre ei ordning med andrehandsvurdering av akuttvedtak. Utgreiinga har vore på offentleg høyring. Departementet vurderer innspel frå høyringa og vil på eigna vis komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket.

Alternativt omgrep til «åtferd» i barnevernslova

Vedtak nr. 1198, 10. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen arbeide videre med å finne et alternativt begrep til atferdsbegrepet i barnevernsloven.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 133 L (2020–2021) Lov om barnevern (barnevernsloven) og lov om endringer i barnevernloven, jf. Innst. 625 L (2020–2021).

I arbeidet med Prop. 133 L (2020–2021) om ny barnevernslov vurderte departementet omgrepet åtferd og alternativ til det. Departementet føreslo ingen endringar fordi det var vanskeleg å finne eit nytt omgrep som er tilstrekkeleg presist til å heimle inngripande tiltak om tvang. Som fyrste del av oppfølginga av vedtaket er omgrepet «atferdsinstitusjon» erstatta med omgrepa «barnevernsinstitusjon» eller «institusjon» i ny barnevernslov, jf. Prop. 86 L (2021–2022) og Innst. 391 L (2021–2022). Bufdir har arbeidd vidare med å finne alternative omgrep og har gitt ei tilråding. Det blei òg levert ei menneskerettsleg utgreiing om rettar og tvang på barnevernsinstitusjonar i juni 2023, som mellom anna vurderer omgrepet. Barnevernsinstitusjonsutvalet ser òg på spørsmål som har noko å seie for vurderinga. Departementet vil ta ei samla vurdering av dei ulike innspela og tilrådingane og vil komme tilbake til Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Oppfølging av tilrådingar frå rettstryggleiksutvalet på barnevernsområdet

Vedtak nr. 1201, 10. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen følge opp rettsikkerhetsutvalgets anbefalinger på barnevernsområdet uten ubegrunnet opphold.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 133 L (2020–2021) Lov om barnevern (barnevernsloven) og lov om endringer i barnevernloven, jf. Innst. 625 L (2020–2021).

Utvalet som skulle vurdere tiltak for å styrkje kvaliteten og rettstryggleiken i barnevernet, leverte 20. mars 2023 utgreiinga NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid. Utgreiinga har vore på offentleg høyring. Departementet har starta opp arbeidet med ei kvalitetsreform som mellom anna vil byggje på tilrådingar frå dette utvalet. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av tilrådingane frå utvalet på eigna vis.

Stortingssesjon (2019–2020)

Forbod mot faste etter-skule-tilbod for barn med overnatting

Vedtak 498, 14. april 2020

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til nødvendige lovendringer med sikte på å forby faste etter-skole-tilbud med overnatting over lengre tid for å forhindre segregering, parallellsamfunn, negativ sosial kontroll eller radikalisering.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 130 L (2019–2020) Lov om tros- og livssynssamfunn, jf. Innst. 208 S (2019–2020).

Departementet har gjort ei førebels utgreiing av dei menneskerettslege spørsmåla, mellom anna retten til privatliv, trus- og livssynsfridom og til å skipe foreiningar. Moglege verkemiddel blir greia ut i samarbeid med andre departement. Departementet ser oppfølginga av dette vedtaket i samanheng med oppfølginga av vedtak 954 av 20. mai 2021, og vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Oppdeling av Opplysningsvesenets fond

Vedtak nr. 500, 14. april 2020

«Stortinget ber regjeringen i arbeidet med oppdelingen av Opplysningsvesenets fond ivareta følgende:
  • 1. Staten og kirken skal være likeverdige parter i prosessen som skal avklare hvilke bygninger kirken skal overta, og det legges til grunn at staten kommer til enighet med Den norske kirke om dette.

  • 2. Kirkens verdier skilles ut først, deretter bør staten gjøre egne vurderinger av forvaltning av de verdier som ligger igjen i fondet.

  • 3. Betingelsen for delingen av fondet er at staten øker sin innsats for bevaring av de kulturhistorisk viktige kirkebyggene i et omfang som svarer til de verdiene som staten blir eier av på et bestemt tidspunkt. Når eiendelene i Opplysningsvesenets fond er endelig fordelt mellom staten og kirken, må det gjøres beregning av den reelle verdien. Den reelle verdien skal komme de kulturhistorisk viktige kirkebyggene til gode ved istandsetting og sikring av kirkene. Statens økte innsats for bevaring av kirkene må over tid minst svare til denne verdien (inflasjonsjustert).

  • 4. Statens økte innsats overfor kirkebyggene skal ikke avløse kommunenes økonomiske ansvar for kirkebyggene eller komme til erstatning for andre tiltak eller ordninger som finnes på området.

  • 5. I samråd med kirkelige instanser, antikvariske myndigheter mfl. igangsettes arbeidet med bevaringsprogrammer for ulike kategorier av kulturhistorisk viktige kirkebygg, for eksempel ved å kategorisere kirkebyggene etter alder, verneverdi eller vedlikeholdstilstand.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 29 (2018–2019) Opplysningsvesenets fond, jf. Innst. 209 S (2019–2020).

Den 14. juni 2021 vedtok Stortinget ny lov om Opplysningsvesenets fond, jf. Prop. 144 L (2020–2021) Lov om Opplysningsvesenets fond og Innst. 623 L (2020–2021). Lova følgjer opp Innst. 209 S (2019–2020) og skal leggje det rettslege grunnlaget for deling av Opplysningsvesenets fond mellom Den norske kyrkja og staten, i samsvar med stortingsvedtaka. I proposisjonen blir det lagt til grunn at Den norske kyrkja og staten er likeverdige partar i delingsarbeidet. Etter innspel frå partane er det no bestemt kva eigedommar som skal overførast til kyrkja. Det blir no arbeidd med å gjennomføre overføringane og vilkåra for dette. Opplysningsvesenets fond blei statleg frå 1. januar 2023. Staten overtok med dette verdiar som tidlegare er anslått til å vere i storleiksorden 10 mrd. kroner. Departementet har fått innspel frå antikvariske styresmakter og Den norske kyrkja som grunnlag for å utarbeide ein bevaringsstrategi for å bevare kulturhistorisk viktige kyrkjer. Departementet arbeider med å ferdigstille ein strategi til føremålet. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Opplysningsvesenets fond – fondseigedommane staten tek over

Vedtak nr. 501, 14. april 2020

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med sak om fondseiendommene staten overtar etter at Opplysningsvesenets fond er oppdelt. Det bes om at regjeringen belyser spørsmål som angår det statlige fondets formål, dets samfunnsansvar, organisering, vilkår for salg av eiendommer, sikkerhetsspørsmål ved eventuelle salg til utenlandske aktører samt andre forhold som er av betydning for forvaltningen av det gjenværende fondet staten overtar.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 29 (2018–2019) Opplysningsvesenets fond, jf. Innst. 209 S (2019–2020).

Den 14. juni 2021 vedtok Stortinget ny lov om Opplysningsvesenets fond, jf. Prop. 144 L (2020–2021) Lov om Opplysningsvesenets fond og Innst. 623 L (2020–2021). Lova legg det rettslege grunnlaget for å dele Opplysningsvesenets fond mellom Den norske kyrkja og staten. Regjeringa tek sikte på å gjere Opplysningsvesenets fond om til eit aksjeselskap og at utøvinga av eigarskapen deretter vil bli overført til Nærings- og fiskeridepartementet. Regjeringa tek vidare sikte på at forvaltninga av selskapet skal byggje på kontinuitet, særleg knytt til Opplysningsvesenets fond sine rammer i dag. Selskapet skal som grunneigar framleis ta vare på og vidareutvikle verdiar i porteføljen med eigedommar og bygg over heile landet på forretningsmessig måte og innanfor kommersielle rammer framleis medverke til utvikling lokalt med langsiktige og miljøriktige løysingar. Forventningar til berekraft, samfunnsansvar, leiarlønn mm. vil følgje av Meld. St. 6 (2022–2023) (eierskapsmeldingen). Kulturhistoriske eigedommar vil bli forvalta i samsvar med kulturminnelovgjevinga mm. så lenge selskapet eig desse. Staten har ingen særskilde grunnar for eigarskapen, og staten sitt mål er høgast mogleg avkasting over tid innanfor berekraftige rammer for den kommersielle og største delen av verksemda, og dessutan berekraftig og kostnadseffektiv forvalting av høg kvalitet for dei kulturhistorisk viktige bygga, eigedommane og landbrukseigedommane som er att i selskapet. Det vil bli lagt til grunn at sal av eigedelar skal skje på marknadsvilkår, men jord- og skogeigedommar skal berre seljast til aktørar som konsesjonslovgivinga gjeld for, eller som er kontrollerte av det offentlege. Tidlegare skogbruks- og jordbrukseigedommar som er omregulerte av kommunar, NVE eller andre, skal framleis kunne seljast kommersielt. Det er ikkje teke stilling til tidspunktet for omgjeringa.

Regulering er det primære verkemiddelet for å vareta omsyna til nasjonal tryggleik, samfunnstryggleik og beredskap. Det er derfor ikkje lagt opp til særskilde føringar for avhending ut frå slike omsyn.

Departementet vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Utbetring av verneverdige kyrkjebygg

Vedtak nr. 502, 14. april 2020

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en plan for utbedring av verneverdige kirkebygg.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 29 (2018–2019) Opplysningsvesenets fond, jf. Innst. 209 S (2019–2020).

Barne- og familiedepartementet har saman med Klima- og miljødepartementet gitt Riksantikvaren i samarbeid med Den norske kyrkja i oppdrag å utarbeide utkast til framtidige verneprogram og strategi for istandsetjing av verneverdige kyrkjebygg. Regjeringa vil i løpet av hausten leggje fram ein strategi for arbeidet. Sjå meir om hovudtrekka i arbeidet under programområde 11.50. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

FN-konvensjonen om barnerettane – ny barnevernslov og ny barnelov

Vedtak 637, 28. mai 2020

«Stortinget ber regjeringen sikre at forslagene til ny barnevernlov og ny barnelov er i tråd med FNs barnekonvensjons prinsipper om barns rett til informasjon, til å bli hørt, beslutninger til barnets beste og barns rett til privatliv.»

Vedtaket blei gjort i samband med orienteringa om situasjonen i barnevernet som barne- og familieministeren la fram for Stortinget 26. mai 2020.

Departementet har lagt fram forslag til ny barnevernslov i Prop. 133 L (2020–2021). Lova blei vedteken av Stortinget 9. juni 2021 og tok til å gjelde 1. januar 2023. Ny barnevernslov inneheld fleire endringar som styrkjer barn sine rettar, og lova er i tråd med FN-konvensjonen om barnerettane. Det grunnleggjande omsynet for barnevernet skal vere det beste for barnet, og dette er framheva i ei ny overordna føresegn i barnevernslova. Andre grunnleggjande rettar og prinsipp er òg tekne inn i lova, slik som retten barn har til omsorg og vern, og retten til familieliv. Departementet reknar den delen av vedtaket som gjeld ny barnevernslov, som følgt opp.

Barnelovutvalet leverte utgreiinga NOU 2020: 14 Ny barnelov 4. desember 2020. Utgreiinga blei send på høyring med høyringsfrist 1. mai 2021. Departementet arbeider no med å følgje opp høyringa med sikte på å leggje fram ein lovproposisjon i 2024 og vil i dette arbeidet på vanleg måte ta omsyn til menneskerettane, irekna barnekonvensjonen. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av denne delen av vedtaket på eigna vis.

Stortingssesjon (2016–2017)

Evaluering av felles foreldreansvar

Vedtak nr. 491, 7. mars 2017

«Stortinget ber regjeringen evaluere felles foreldreansvar fra fødsel, etter at loven har virket tre år.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 161 L (2015–2016) Endringer i barnelova mv. (likestilt foreldreskap), jf. Innst. 195 L (2016–2017).

Lovendringa om felles foreldreansvar tok til å gjelde 1. januar 2020 og har no verka i tre år. Som ei følgje av ei endring i barnelova § 35 får alle foreldre no automatisk felles foreldreansvar for barn dei får saman, uavhengig av om dei er ektefellar, sambuarar eller ikkje bur saman.

Lovendringa blei grunngitt med at fleire barn vil få to foreldre med foreldreansvar frå starten av livet, og at det vil vere positivt for mange av dei. Departementet vil som del av arbeidet med ny barnelov gjennomføre ei intern evaluering for å finne svar på:

  • om det er ein auke i talet på tilfelle der barn som er fødde etter lovendringa, har foreldre med felles foreldreansvar, når foreldra ikkje bur saman

  • om talet på tilfelle der far blir oppgitt som ukjend, har auka etter lovendringa

  • om tilfelle der mor har sperra adresse, blir varetekne på ein god måte

  • om lovendringa har ført til auka konfliktnivå mellom foreldre

Departementet vil nytte erfaringane frå lovendringa om felles foreldreansvar i det vidare arbeidet med ny barnelov og vil orientere Stortinget om evalueringa gjennom omtale i lovproposisjonen om ny barnelov.

Politiattest for yrkesgrupper som er i kontakt med barn

Vedtak nr. 606, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen vurdere behovet for å kreve politiattest for yrkesgrupper som er i kontakt med barn, men som ikke faller inn under særlovgivningen.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) og Innst. 247 S (2016–2017).

For å følgje opp vedtaket blei det i 2018 sett ned ei interdepartemental arbeidsgruppe som vurderte om ein burde innføre krav til politiattest for nye grupper eller endre eksisterande heimlar for å førebyggje overgrep mot mindreårige. Arbeidsgruppa blei leidd av dåverande Barne- og likestillingsdepartementet, og fire andre departement deltok. Arbeidsgruppa leverte rapporten sin i 2019, og dei føreslåtte endringane fekk brei støtte i den etterfølgjande høyringa.

Dei fleste av forslaga frå arbeidsgruppa er i dag følgde opp, og ein arbeider med dei resterande forslaga i dei aktuelle departementa, i tillegg til å vurdere einskilde andre innspel som kom inn i høyringsrunden.

Som eit ledd i oppfølginga fremja departementet våren 2023 Prop. 79 L (2022–2023) Endringer i barnelova mv. (krav om barneomsorgsattest). Dette gjeld krav om politiattest for tilsette ved familievernkontora og Barneombodet, eksterne meklarar etter barnelova og ekteskapslova og sakkunnige som blir oppnemnde av det offentlege i saker etter barnelova og barnevernslova. Som vist til i dei innleiande merknadene i Prop. 79 L (2022–2023) vurderer departementet at oppmodingsvedtaket er ferdig følgt opp med framlegginga av proposisjonen. Stortinget gjorde lovvedtak 5. juni 2023, og lova tok til å gjelde 1. september 2023. I tillegg fremja departementet Prop. 64 L (2022–2023) Endringer i barnevernsloven m.m. (formidling av opplysninger, meldinger om ufødte barn, politiattest), der ein mellom anna føreslår eit krav om at eigarar av private barnevernsinstitusjonar legg fram barneomsorgsattest. Stortinget gjorde lovvedtak 5. juni 2023, og lova tek til å gjelde 1. januar 2024.

Departementet reknar oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Til forsida