Del 1
Innleiande del
1 Hovudprioriteringar
Ein godt utforma familie- og oppvekstpolitikk legg til rette for at alle barn og unge har gode oppvekstvilkår og god livskvalitet, og at dei har like høve til å delta på viktige samfunnsarenaer. Ein politikk som støttar opp om familiane, skal òg sikre gode levekår og medverke til å redusere skilnadene i samfunnet, vareta barn sine rettar og gi dei høve til å utvikle ressursane sine. Familieordningane skal støtte opp om tilknyting til arbeidslivet og hjelpe familiane med å kombinere omsorg for barn med eit aktivt yrkesliv. Godt og effektivt innretta familieordningar og oppvekstpolitikk gir samfunnsøkonomiske vinstar, både i dag og i framtida.
Regjeringa er oppteken av å styrkje økonomien i barnefamiliane og å motverke at barn veks opp i familiar med varig låg inntekt. Universelle velferdsordningar er styrkte, som auka barnetrygd og billegare barnehage. Universelle ordningar bidreg til omfordeling, støttar opp om velferdsstaten og sørgjer for insentiv til arbeid. Å sjå til at fleire kjem i arbeid og aktivitet, er avgjerande for å redusere fattigdom blant barnefamiliar. Regjeringa har derfor styrkt innsatsen for å få fleire inn i arbeidslivet gjennom auka satsing på arbeidsmarknadstiltak. For å redusere utanforskap er det òg viktig å styrkje deltaking i barnehage, utdanning og fritidsaktivitetar.
Regjeringa vil gi barn, unge og familiar gode føresetnader til å leve gode og sjølvstendige liv. Dei fleste barn og ungdommar i Noreg har gode oppvekstvilkår. Ein del opplever likevel utfordringar som pregar livet deira, og som inneber ein risiko for å hamne utanfor på sikt. Regjeringa har derfor lagt fram Meld. St. 28 (2024–2025) Tro på framtida – uansett bakgrunn. Hovudmåla er at alle barn skal ha ein god start på livet, ha gode oppvekstvilkår, og at dei skal kunne utvikle seg, lære, meistre og skape seg eit godt liv, uavhengig av sosial bakgrunn.
Regjeringa vil styrkje det førebyggjande arbeidet mot barne- og ungdomskriminalitet. Kriminaliteten rammar særleg andre barn og ungdommar og skaper utryggleik i nærmiljøa der dei oppheld seg. Ungdommane som står attom gjenteken og alvorleg kriminalitet, kan ha utrygge familietilhøve. Førebyggjande tiltak må rettast mot både barnet og ungdommen det gjeld, og familie og miljø rundt. Regjeringa har føreslått midlar til ein-til-ein-oppfølging i ti kommunar frå 2026.
Regjeringa vil leggje til rette for at foreldre får hjelp til å handtere utfordringar og løyse konfliktar, slik at dei kan vere gode omsorgspersonar for barna sine. Regjeringa la 10. april 2025 fram Prop. 117 (2024–2025) Lov om barn og foreldre (barnelova), ei ny lov tilpassa samfunnsutviklinga og som styrkjer barn sine rettar. Lova er tydeleg på at foreldre har ansvar for å finne gode løysingar for sitt barn og sin familie og som sikrar barna og dei grunnleggjande rettane dei har.
Regjeringa vil gi barn og unge ein trygg, aktiv og deltakande digital oppvekst og la i juni 2025 fram Meld. St. 32 (2024–2025) Trygg oppvekst i et digitalt samfunn. Arbeidet med tilsyn med kommersielle aktørar er styrkt, og det er utarbeidd nasjonale råd for skjermbruk. Meldinga skal medverke til ein meir heilskapleg politikk på feltet.
Regjeringa vil arbeide for at barnevernet oppfyller ansvaret sitt om å gi naudsynt hjelp, omsorg og vern til barn og unge som lever under tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira. Retten barnet har til vern, og prinsippet om det beste for barnet er grunnleggjande i det vidare arbeidet. Barn og unge som treng hjelp frå barnevernet, skal få tidleg og tverrfagleg hjelp som møter behova deira, og som bidreg til positiv endring for barnet. Foreldre skal få hjelp og støtte til å yte god omsorg for barna sine. Tilliten til barnevernet skal aukast gjennom meir openheit om arbeidsprosessar og avgjerder og ved å involvere barn og foreldre betre i sakshandsaminga.
Barn, unge og familiane deira skal møte kommunale tenester som i tråd med barnevernsreforma gir tidleg hjelp. Dei skal òg møte eit kommunalt barnevern som sørgjer for gode og rettstrygge prosessar der barn og foreldre blir involverte og lytta til, og som evnar å gi rett hjelp til barn og familiar som er i ein vanskeleg livssituasjon. Regjeringa la 4. april 2025 fram Prop. 83 L (2024–2025) Endringer i barnevernsloven mv. (kvalitetsløftet i barnevernet), som inkluderer ein meldingsdel. Tiltaka skal gi eit kvalitetsløft i barnevernet og særleg styrkje tilbodet til barn som ikkje kan bu heime hos foreldra. Saman med dei overordna måla om å oppfylle bistandsplikta og ha god kostnadskontroll, er oppfølging av områdegjennomgangen og kvalitetsløftet med ei ny retning for institusjonstilbodet hovudprioriteringane på institusjonsområdet framover.
Regjeringa ønskjer eit livssynsope samfunn, der alle har respekt for og kunnskap om trua og livssynet til andre. Det vart 24. juni lagt fram ein strategi for eit livssynsope samfunn fram mot Nasjonaljubileet i 2030. Trus- og livssynssamfunna er viktige både for einskildmenneske og for storsamfunnet. For mange menneske utgjer dei viktige trusfellesskap, og dei skaper tilhøyrsle og identitet. Retten til å skipe trus- og livssynssamfunn er ein grunnleggjande del av både religionsfridommen og forsamlingsfridommen og ein føresetnad for eit fritt og demokratisk samfunn.
Noreg har ei kristen kulturhistorie som også kjem til uttrykk gjennom kyrkjene og gravplassane i landet. Kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg skal vere i forsvarleg stand, og staten skal bidra med tilskot til istandsetjing i tråd med Bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kirkebygg og tilhøyrande forskrift om tilskudd til kulturhistorisk verdifulle kirkebygg. Dei offentlege gravplassane skal vere for alle, og dei skal haldast i hevd og forvaltast i tråd med eigenarten sin.
Forbrukarpolitikken skal ta hand om og styrkje interessene, vernet og tryggleiken til forbrukarane. Han skal leggje til rette for at forbrukarane kjenner rettane sine og veit kva dei kan gjere dersom dei får problem med varer og tenester dei har kjøpt. Forbrukarpolitikken skal òg leggje til rette for at forbrukarane kan ta informerte val og kunne velje varer og tenester basert på kunnskapar om konsekvensane produksjonen og bruken kan ha for til dømes helse, miljø, klima og arbeidstilhøve. For at forbrukarane skal kjenne tryggleik og ha tillit til marknadene, er det avgjerande at opplysingane dei får om prisar og vilkår for ulike varer og tenester, er korrekte og forståelege. Korrekte og forståelege prisar kan òg medverke til betre konkurransevilkår, slik at forbrukarane får eit betre vareutval og lågare prisar.
Reglane som skal verne forbrukarane, medrekna regelverket som tek hand om forbrukarvernet til barn i digitale medium, skal utviklast og innrettast slik at dei kan møte utfordringane som følgjer av mellom anna nye digitale marknadsføringsmetodar og handel med personopplysingar. Marknadsføring som kan vere skadeleg eller er ulovleg, skal motverkast, og barn skal vernast mot kommersielt press.
1.1 Familie og oppvekst
Regjeringa vil føre ein familie- og oppvekstpolitikk som bidreg til gode oppvekstvilkår uavhengig av inntekt og kvar ein bur. Regjeringa er oppteken av å vidareutvikle dei universelle ordningane og tenestene som sikrar alle barn og unge, og som ikkje svekker insentiva foreldra har til å arbeide og til å kunne forsørgje familien med eiga inntekt. At foreldra er i arbeid, er viktig for norsk økonomi, for å halde ved lag velferdsstaten og for å finansiere ytingar og tenester til barnefamiliane over tid. Familie- og oppvekstpolitikken skal gjere det mogleg å kombinere familie, jobb og fritidsaktivitetar i kvardagen. Barn som veks opp i Noreg, skal få trygg og god omsorg og ha høve til å utvikle seg. Det er eit mål at ingen barn skal oppleve vald og overgrep. Politikken skal styrkje foreldre i foreldrerolla deira og skal gi støtte og hjelp før utfordringane veks til alvorlege problem som rammar barnet.
Dette har vore viktige tiltak for barn, unge og familiar i 2024 og så langt i 2025:
-
Prop. 117 L (2024–2025) Lov om barn og foreldre (barnelova) er lagd fram for Stortinget.
-
Prop. 122 L (2024–2025) Endringar i krisesenterlova (tydeleggjering av det kommunale ansvaret og grunnlag for behandling av personopplysningar m.m.) er lagd fram for Stortinget.
-
Prop. 141 L (2024–2025) Lov om undersøkelser av offentlige virksomheters arbeid i saker om drap, vold, overgrep og omsorgssvikt mot barn (barnevoldsundersøkelsesloven) er lagd fram for Stortinget.
-
Melding om trygg digital oppvekst – Meld. St. 32 (2024–2025) Trygg oppvekst i et digitalt samfunn er lagd fram for Stortinget.
-
Oppvekstmeldinga – Meld. St. 28 (2024–2025) Tro på framtida – Uansett bakgrunn er lagd fram for Stortinget.
-
Barnetrygda til barn over 6 år vart styrkt med 256 kroner per månad i 2024, slik at barnetrygda igjen er éin og same sats per barn. I 2025 vart barnetrygda ytterlegare auka med 202 kroner. Barnetrygda for alle barn 0–18 år er no 1 968 kroner per månad.
-
Det er gitt eit tillegg i barnetrygda på 500 kroner per månad til stønadsmottakarar busette i Finnmark, Svalbard og Nord-Troms (Karlsøy, Kvænangen, Kåfjord, Lyngen, Nordreisa, Skjervøy og Storfjord) frå 1. oktober 2025. Dette svarer til 6 000 kroner per barn per år.
-
I 2024 vart foreldrepengeordninga utvida for dei som vel 80 prosent dekkingsgrad, frå 59 veker (295 dagar) til 61,2 veker (306 dagar), slik at den samla utbetalinga av foreldrepengar er lik ved 100 prosent og 80 prosent dekkingsgrad.
-
I 2024 vart fedrar og medmødrer sin sjølvstendige rett til foreldrepengar styrkt ved at retten deira til å ta ut foreldrepengar utan omsyn til kravet til aktivitet hos mor vart utvida frå åtte til ti veker.
-
Arbeidet mot vald og overgrep vart styrkt i både 2024 og 2025:
-
I 2024 var det over 100 mill. kroner i auka løyving til tiltak i opptrappingsplanen mot vald i nære relasjonar og vald og overgrep mot barn. Det vart mellom anna tildelt 10 mill. kroner til tilskotsordninga Foreldrestøttande tiltak og 10 mill. kroner til etableringa av ei undersøkingsordning for saker som gjeld vald, overgrep og omsorgssvikt mot barn.
-
I 2025 vart innsatsen ytterlegare styrkt med om lag 140 mill. kroner, mellom anna 20 mill. kroner til å etablere ei tilskotsordning for å stimulere kommunar til å betre, fornye eller utvide krisesentera sine. Regjeringa har i 2025 òg ført vidare 8 mill. kroner til tilskot til ulike hjelpetenester i regi av frivillige organisasjonar og tilskot til Alternativ til Vold som vart løyvd i samband med RNB 2024.
-
-
Regjeringa har styrkt innsatsen mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vald. Det vart mellom anna tildelt 6 mill. kroner i 2024 og 4 mill. kroner i 2025 til fleire mangfaldsrådgivarar i skulane.
-
Det er frå 1. januar 2025 etablert ei undersøkingsordning i Statens helsetilsyn for saker som gjeld drap, vald, overgrep og omsorgssvikt mot barn.
-
Grunnstøtta til barne- og ungdomsorganisasjonar vart auka med 10 mill. kroner i 2024.
-
Tilskotsordninga Tilskot til å inkludere barn og unge er auka med 50 mill. kroner i 2024, der delar vart prioriterte til utstyrssentralar og lokale fritidskassar.
-
Eit samfunnsoppdrag for å inkludere barn og unge i utdanning, arbeids- og samfunnsliv vart starta opp i 2025. I samband med samfunnsoppdraget har Noregs forskingsråd i 2025 utlyst 117 mill. kroner til samarbeidsprosjekt for å inkludere fleire i utdanning, arbeids- og samfunnsliv.
-
Det vart i 2025 gitt 7 mill. kroner til tiltak for ein tryggare digital oppvekst for barn og unge, irekna arbeid mot negative effektar av sosiale medium.
-
Ny opplæringslov tok til å gjelde hausten 2024.
-
I 2025 vart bustøtta til barnefamiliar styrkt med om lag 46 mill. kroner for å hindre at auken i barnetillegga til dagpengar, arbeidsavklaringspengar og kvalifiseringsstønad gir redusert bustøtte. – Kommunal- og distriktsdepartementet
-
I 2025 vart det gitt 450 mill. kroner til førebygging av barne- og ungdomskriminalitet, mellom anna
-
145 mill. kroner til auka kapasitet for mindreårige i kriminalomsorga – Justis- og beredskapsdepartementet
-
67 mill. kroner til forbetring av straffereaksjonane ungdomsstraff og oppfølging av ungdom og etablering av raskare behandling, «hurtigspor», i Oslo – Justis- og beredskapsdepartementet
-
20 mill. kroner til kriminalitetsførebyggjande foreldrestøttande tiltak – sjå omtale under «Familie og oppvekst»
-
20 mill. kroner til utrulling av RISK i politidistrikt – Justis- og beredskapsdepartementet
-
12 mill. kroner til ein-til-ein-oppfølging av ungdom som gjer seg skuldig i gjenteken kriminalitet eller står i fare for å gjere seg skuldig i gjenteken og alvorleg kriminalitet
-
10 mill. kroner til områdesatsingane i Oslo sør og Oslo indre aust, for å styrkje den førebyggjande innsatsen mot barne- og ungdomskriminalitet – Arbeids- og inkluderingsdepartementet
-
-
690 mill. kroner til tiltak for å få fleire i arbeid i 2025, mellom anna
-
68 mill. kroner til å styrkje Jobbsjansen – Arbeids- og inkluderingsdepartementet
-
17 mill. kroner til lågterskeltilbod for unge med samansette utfordringar – Arbeids- og inkluderingsdepartementet
-
500 mill. kroner for å auke løyvinga til arbeidsmarknadstiltak, inkludert personellressursar i Nav, for å få fleire i arbeid og færre på trygd – Arbeids- og inkluderingsdepartementet
-
75 mill. kroner til driftsløyvinga i Nav for å styrkje den arbeidsretta oppfølginga på Nav-kontora – Arbeids- og inkluderingsdepartementet
-
I 2024 vart det løyvd 36 mill. kroner til å prisjustere barnetillegga for arbeidsavklaringspengar, kvalifiseringsstønad og dagpengar. Per 1. januar 2025 utgjorde satsen 37 kroner per barn. – Arbeids- og inkluderingsdepartementet
-
Hausten 2025 vart det sett i gang eit forsøk med arbeidsretta ungdomsprogram. I statsbudsjettet for 2025 vart det løyvd 30 mill. kroner til ei ny løysing for sakshandsaming i Arbeids- og velferdsetaten for å starte opp forsøket. I revidert nasjonalbudsjett for 2025 vart det løyvd 20 mill. kroner til ungdomsprogramytinga – Arbeids- og inkluderingsdepartementet
-
-
760 mill. kroner til tiltak innan psykisk helse, rus og helsestasjons- og skulehelsetenesta i 2024 og 2025, mellom anna
-
300 mill. kroner til psykisk helse og rus som ein del av veksten i rammetilskotet til kommunane – Helse- og omsorgsdepartementet
-
136 mill. kroner til etablering av nye tryggleiksbustader, overgangsbustader, ambulante tryggleiksteam og tryggleikspsykiatrisk tilbod til barn og unge – Helse- og omsorgsdepartementet
-
-
Maksimalprisen i barnehage er redusert frå 3 000 kroner til 2 000 kroner per månad frå 1. august 2024 og ytterlegare til 1 200 kroner per månad frå 1. august 2025 – Kunnskapsdepartementet
-
I kommunar med ein sentralitetsindeks på 5 og 6 er maksimalprisen redusert til 1 200 kroner per månad frå 1. august 2024 og ytterlegare til 700 kroner per månad frå 1. august 2025 – Kunnskapsdepartementet
-
Handlingsplanen «Alle inkludert! 2024–2026» er lansert for å sikre like høve til å delta i kultur-, idretts- og friluftsaktivitetar – Kultur- og likestillingsdepartementet
Hovudprioriteringar i 2026
Regjeringa vil gi barn, unge og familiar gode føresetnader til å leve eit godt liv. Ein del barn og unge opplever utfordringar som pregar livet deira, og som inneber ein risiko for å hamne utanfor på sikt. Barnehage, skule, SFO og sosiale aktivitetar er viktige arenaer i oppveksten til barn og unge og familiane deira. Regjeringa har lagt fram ei oppvekstmelding som skal forsterke politikken retta mot å redusere sosiale skilnader og motverke at dårlege levekår går i arv. Dette krev betre samanheng i politikkutviklinga og at tiltak som har effekt, blir prioriterte.
Regjeringa vil prioritere arbeidet med å følgje opp samfunnsoppdraget for å redusere delen barn og unge utanfor utdanning, arbeid og samfunnsliv. Samfunnsoppdraget er eit tiårig prosjekt og vart sett i gang våren 2025. Arbeidet skal skje i samhandling med mellom anna det frivillige, kommunane og partane i arbeidslivet. Regjeringa vil òg etablere ei tilskotsordning for den førebyggjande innsatsen kommunane gjer for barn og unge, gjennom å slå saman eksisterande og sektorvise tilskotsordningar til kommunane. Målet er å leggje til rette for at kommunane i større grad kan prioritere ressursar til førebyggjande tiltak for barn og unge ut frå der behova er størst, på tvers av ulike sektorar.
Når foreldra har utfordringar, kan det ha alvorlege, negative konsekvensar for barn. Det skal derfor leggjast godt til rette for at foreldre får hjelp til å handtere utfordringar og løyse konfliktar. Familiar skal få støtte og hjelp før utfordringane veks til alvorlege problem som rammar barnet. Det foreldrestøttande tilbodet frå kommunane og foreldrehverdag.no står sentralt når det gjeld råd og rettleiing til foreldre. Familieverntenesta kan gi hjelp der utfordringar blir til vanskar, konfliktar eller kriser i familien.
Regjeringa la fram Meld. St. 32 (2024–2025) Trygg oppvekst i et digitalt samfunn i juni 2025. Regjeringa har òg sendt eit lovforslag om aldersgrense for sosiale medium på høyring. I 2026 vil regjeringa følgje opp stortingsmeldinga og høyringa.
Regjeringa la fram forslag til ny barnelov 10. april 2025, som Stortinget vedtok 16. juni 2025. Ny lov styrkjer barn sine rettar og er tilpassa tida vi lever i. Før lova kan ta til å gjelde, må det mellom anna på plass ei ny forskrift om mekling og det må på plass god informasjon om lovendringane til tenester og andre. Regjeringa vil sjå dette i samband med arbeidet med ny lov om familievernet, som departementet skal arbeide vidare med i 2026. Ei ny lov skal gi familieverntenesta eit tydelegare føremål, målgruppe og oppgåver. Tenesta bør betre fange opp saker med vald eller annan risiko, og det bør vere betre systematikk i å få slike saker handterte i domstol, barnevern eller politi – alt etter tilhøva i den einskilde saka.
Arbeidet med å førebyggje vald og overgrep krev kontinuerleg innsats frå ei rekkje verksemder og tenester. Målet er òg å gi god hjelp og støtte til valdsutsette. Regjeringa vil i 2026 føre vidare arbeidet med å følgje opp tiltaka i opptrappingsplanen mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar, som Stortinget slutta seg til i mai 2024. Regjeringa la fram ein lovproposisjon i mai 2025 for saker som gjeld drap, vald, overgrep eller omsorgssvikt mot barn, og som regulerer rammene for undersøkingsordninga i Statens helsetilsyn. BFD føreslår å auke løyvingar knytte til lova i 2026.
Regjeringa har sett i gang ei ekstern gransking som skal sjå nærare på om systemet for utanlandsadopsjonar har vore forsvarleg. Utvalet legg fram rapporten sin i juni 2026. Regjeringa vil følgje opp rapporten og halde fram med arbeidet for å sikre god oppfølging av adopterte og familiane deira i 2026.
Det samla fruktbarheitstalet i Noreg var i 2023 lågare enn nokon gong tidlegare. Regjeringa meiner det er naudsynt å få meir kunnskap om årsakene til utviklinga i fødselstala og kva for konsekvensar det kan få for samfunnet. Regjeringa har derfor sett ned eit utval som skal sjå på dette og komme med tilrådingar om tiltak og verkemiddel som, om mogleg, kan medverke til å støtte opp om auka fødselstal i Noreg. Utvalet har levert ein delrapport våren 2025 og skal levere den endelege rapporten i 2026.
Regjeringa vil mellom anna prioritere desse tiltaka i 2026:
-
519,8 mill. kroner til ei ny tverrsektoriell tilskotsordning for den førebyggjande innsatsen kommunane gjer for barn og unge, gjennom å slå saman eksisterande og sektorvise tilskotsordningar til kommunane
-
90 mill. kroner til auka innsats mot barne- og ungdomskriminalitet i kommunane
-
13 mill. kroner til nytt sakshandsamingssystem for familievernet, FADO
-
4 mill. kroner til auka driftstilskot til LNU, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede
-
setje i gang arbeidet med systematisk utprøving av tiltak for inkludering i fritidsaktivitetar
-
2,5 mill. kroner i auka løyving til undersøkingsordninga i Statens helsetilsyn for saker som gjeld drap, vald, overgrep eller omsorgssvikt mot barn, og 2,5 mill. kroner til statsforvaltaren som får ei ny meldeplikt etter barnevaldsundersøkingslova
-
4,7 mill. kroner til kompetansemiljø for barn og unge sin medverknad
-
Familieytingane skal støtte opp om deltaking i arbeidslivet, og eingongsstønaden blir knytt nærare til kostnader ved å ha barn det fyrste leveåret. Ein reduksjon av eingongsstønaden til 60 000 kroner gir ei innsparing på 134 mill. kroner i 2026.
-
172 mill. kroner til forsøk med arbeidsretta ungdomsprogram – Arbeids- og inkluderingsdepartementet
-
125,5 mill. kroner til rekrutteringsprogram til helse- og omsorgssektoren spesielt for unge – Arbeids- og inkluderingsdepartementet
-
220 mill. kroner til jobbpakke for å få fleire i arbeid, mellom anna
-
17 mill. kroner til forsøk med «Eit enklare Nav» – Arbeids- og inkluderingsdepartementet
-
23 mill. kroner til Jobbsjansen – Arbeids- og inkluderingsdepartementet
-
15 mill. kroner til tettare samarbeid mellom Nav og næringslivet for å få unge raskare i jobb – Arbeids- og inkluderingsdepartementet
-
69 mill. kroner til arbeidsmarknadstiltak, inkludert personellressursar i Arbeids- og velferdsetaten – Arbeids- og inkluderingsdepartementet
-
-
Det blir føreslått å endre sosialtenestelova slik at kommunane ikkje lenger er forplikta til å halde barnetrygda utanfor når dei måler ut økonomisk stønad. Dette inneber ei mindreutgift for kommunane på om lag 650 mill. kroner i 2026. Det blir føreslått at innsparinga blir brukt til å auke dei rettleiande satsane for økonomisk stønad, i hovudsak til familiar med barn – Arbeids- og inkluderingsdepartementet
-
140 mill. kroner til tiltak i Opptrappingsplan for psykisk helse – Helse- og omsorgsdepartementet
-
30 mill. kroner til auka aldersgrense t.o.m. 17 år frå 1. august 2026 for eigenbetalingar hos fastlege/lege – Helse- og omsorgsdepartementet
-
10 mill. kroner til støtte for etableringa av Tenk – senter for kjeldemedvit. Senteret skal fremje kritisk tenking og kjeldemedvit i møte med digitale informasjonskjelder, særleg blant barn og unge – Kultur- og likestillingsdepartementet
-
Føre vidare tilskotet på 15,5 mill. kroner til auka bemanning på skular i levekårsutsette område. – Kunnskapsdepartementet
-
Maksimalprisen i barnehage blir ført vidare nominelt, slik at prisen for eit ordinært heiltidstilbod i frå 1. januar held fram med å vere 1 200 kroner nasjonalt og 700 kroner for dei mest spreiddbygde kommunane – Kunnskapsdepartementet
1.2 Barnevernet
Barnevernet skal gi naudsynt hjelp, omsorg og vern til dei aller mest sårbare barna. Dette stiller store krav til kvaliteten på arbeidet og tiltaka i barnevernet og til at rettstryggleiken til barn og unge blir handsama på ein god måte. Det blir gjort mykje godt arbeid i barnevernet, og mange tilsette i både kommunalt og statleg barnevern opplever arbeidet som meiningsfullt, men òg krevjande. Sjølv om mange barn og foreldre er nøgde med hjelpa dei får, viser rapportar at det er kvalitetsutfordringar, systemutfordringar og utfordringar med rettstryggleiken på fleire område både i statleg og kommunalt barnevern. Utfordringane blir omtalte nærare i del II.
Dei siste åra har det blitt sett i gang mange og til dels store tiltak og endringsprosessar for å møte utfordringane. Det har vore ei prioritert oppgåve for regjeringa å styrkje rettstryggleiken for barn og familiar og å heve kvaliteten på sakshandsaminga, avgjerdsprosessane og tenestetilbodet i barnevernet. Målet er at barn og ungdom som treng omsorg og støtte frå barnevernet, skal få hjelpa dei treng, når dei treng ho.
Dette har vore dei viktigaste tiltaka på barnevernsområdet i 2024 og så langt i 2025:
-
Det er lagt fram meldingar og ein lovproposisjon som vil danne grunnlaget for det vidare arbeidet i barnevernet:
-
Meld. St. 29 (2023–2024) Fosterheim – ein trygg heim å bu i
-
Prop. 83 L (2024–2025) Endringer i barnevernsloven mv. (kvalitetsløftet i barnevernet)
-
-
Institusjonsbarnevernet er styrkt:
-
I 2025 vart det løyvd 57,7 mill. kroner til å prøve ut ei ny innretning av institusjonstilbodet på fire stader i landet, i tråd med strategien Vårt felles ansvar – ny retning for barnevernets institusjonstilbud og Prop. 83 L (2024–2025). Føremålet er å gi barn god, tverrfagleg og samordna hjelp i meir fleksible einingar som kan bli tilpassa behova til barna, òg når desse endrar seg under opphaldet.
-
For å ha eit tilstrekkeleg dimensjonert institusjonstilbod og for å oppfylle bistandsplikta vart det prioritert midlar til å auke og å utnytte kapasiteten best mogleg. I saldert budsjett for 2024 vart løyvinga til det statlege barnevernet styrkt med om lag 700 mill. kroner. Dette inkluderte mellom anna 60 mill. kroner til oppbygging av dei statlege institusjonane. I tillegg vart løyvinga i løpet av 2024 ytterlegare auka med om lag 600 mill. kroner for å møte auka behov for private plassar.
-
I budsjettet for 2025 vart det prioritert 433 mill. kroner for å ha kapasitet til å gi eit institusjonstilbod som tek hand om barna sine behov, og for å kompensere for auka prisar hos private leverandørar. Dette vart auka med ytterlegare 585 mill. kroner i revidert budsjett for 2025. Regjeringa har i tillegg prioritert 119 mill. kroner i budsjettet for 2025 til auka kapasitet gjennom å etablere fleire statlege institusjonsplassar til barn med store og samansette behov og å betre utnytte den noverande kapasiteten.
-
-
Det er sett i gang utgreiingar som skal gi kunnskap om tiltak for betre kostnadskontroll og god forvalting av institusjonsbarnevernet:
-
Regjeringa gjennomførte i 2024 ein områdegjennomgang av det statlege institusjonsbarnevernet. Det har i 2025 vore ei prioritert oppgåve å følgje opp områdegjennomgangen.
-
Det vart i desember 2024 utnemnt eit ekspertutval som fekk i oppgåve å gjennomgå organiseringa av det statlege barnevernet. Ekspertutvalet leverte rapporten sin 1. oktober 2025.
-
-
Styrkt innsats for barn som gjer seg skuldig i alvorleg eller gjenteken kriminalitet:
-
I august 2024 sette regjeringa ned ei ekspertgruppe med mandat om å vurdere tiltak for barn som gjer seg skuldig i alvorleg eller gjenteken kriminalitet. Ekspertgruppa leverte utgreiinga si til Justis- og beredskapsdepartementet og Barne- og familiedepartementet, med 20 forslag til tiltak, 13. mars 2025. Utgreiinga vart send på høyring med frist for innspel 15. september 2025. Departementet har starta arbeidet med å følgje opp rapporten.
-
Det vart i 2025 prioritert 20 mill. kroner til å prøve ut eit forsterka institusjonstilbod for barn som utset utviklinga si for fare, særleg gjennom gjentakande eller alvorleg kriminalitet. Hovudelementa i tilbodet er robuste bygg, tett bemanning og ei familie- og nærmiljøbasert tilnærming, som òg inneber tett samarbeid med andre tenester.
-
Det vart i 2025 tildelt 26 mill. kroner til å utvide behandlingstilbodet Multisystemisk terapi (MST) med tre team retta mot familiar med ungdom mellom 12–18 år som har alvorlege vanskar med til dømes kriminalitet eller rusmisbruk.
-
-
Som oppfølging av fosterheimsmeldinga vart det i 2025 løyvd 50 mill. kroner til å styrkje fag- og tiltaksstøtta til kommunane, styrkje ordninga med læringsnettverk og auke bruken av familieråd. Det vart òg løyvd 63,5 mill. kroner til å kompensere frikjøpte fosterforeldre for manglande opptening av tenestepensjon.
Hovudprioriteringar i 2026
Betre kvalitet på sakshandsaminga, avgjerdsprosessane og tenestetilbodet i barnevernet krev kontinuerleg innsats på fleire område. Departementet vil følgje opp allereie påbyrja endringsprosessar og tiltak i kommunalt og statleg barnevern. Dei påbyrja tiltaka har eit stort potensial til å forbetre kvaliteten på arbeidet, slik at barn, unge og familien deira får rett hjelp til rett tid. Fleire sentrale satsingar blir evaluerte, slik at departementet kan følgje med på effektane av tiltak og justere kurs ved behov.
Det vil vere ei prioritert oppgåve å følgje opp lovendringane og tiltak i meldingsdelen i kvalitetsløftet i barnevernet, jf. Prop. 83 L (2024–2025) og Innst. 524 L (2024–2025). Fleire av dei vedtekne lovendringane vil bli følgde opp gjennom endringar i forskrifter og oppdatering av rundskriv. Departementet tek sikte på at dei fleste lovendringane skal gjelde frå 1. januar 2026.
Arbeidet med hjelpetiltak i den kommunale barnevernstenesta vil bli styrkt gjennom vidare implementering av allereie utvikla faglege verktøy og rettleiingar, til dømes barnevernsfagleg kvalitetssystem og grunnmodell for hjelpetiltak. Som følgje av endra kompetansekrav i det kommunale barnevernet, som no blir avgrensa til leiar og avløysar for leiar, har regjeringa varsla ein ny overordna kompetansemodell for det kommunale barnevernet, der ein større del av kompetanseutviklinga kan skje etter at ein har starta i jobb. Bufdir har sett i gang eit arbeid med å kartleggje kompetansebehovet i barnevernet, som grunnlag for å omstille eksisterande opplæringsprogram og utvikle nye tilbod.
Barn som treng tiltak utanfor heimen, skal få eit behovstilpassa og føreseieleg tilbod. Det er sett i gang fleire større prosessar som skal bidra til at barn får eit godt og rett institusjonstilbod og -opphald. Strategien Vårt felles ansvar – ny retning for barnevernets institusjonstilbud og Prop. 83 L (2024–2025) gir retning for å utvikle institusjonstilbodet vidare. Utprøving av dei nye måtane å innrette institusjonstilbodet på vil halde fram i 2026. Det gjeld òg det forsterka institusjonstilbodet for barn som utset utviklinga si for fare, særleg gjennom gjentakande eller alvorleg kriminalitet.
Regjeringa vil prioritere tiltak for å oppfylle bistandsplikta og ha betre kostnadskontroll i det statlege barnevernet. Løyvinga til barnevernet er auka som følgje av fleire einskildkjøp, auka prisar på einskildkjøp og forventa auke i utgifter til dei private rammeavtalane. På bakgrunn av dette skal Bufdir innrette innkjøpa sine på fagleg grunnlag for å oppnå mest mogleg føremålstenlege og kostnadseffektive tenester. Vidare oppbygging av statleg kapasitet skal prioriterast. Regjeringa ønskjer eit langsiktig og betydeleg innslag av ideelle aktørar. Det er òg behov for private kommersielle aktørar i statleg barnevern framover, og det skal leggjast til rette for at aktørane kan byggje langsiktig kapasitet.
Områdegjennomgangen av det statlege institusjonsbarnevernet kjem med ei rekkje tilrådingar om tiltak for betre kostnadskontroll og effektiv nytting av ressursane. Oppfølging av områdegjennomgangen og kvalitetsløftet med ei ny retning for institusjonstilbodet blir saman med måla om å oppfylle bistandsplikta og ha god kostnadskontroll hovudprioriteringane på institusjonsområdet framover.
Det er òg ei prioritert oppgåve for regjeringa å følgje opp tiltak som bidreg til betre rammer for fosterheimar. Dette inneber å følgje opp tiltak varsla i stortingsmeldinga om fosterheimar, jf. Meld. St. 29 (2023–2024), og lovforslag som vart lagde fram i kvalitetsløftet for barnevernet. Måla for tiltaka er mellom anna å bidra til at barn og unge med behov for ein fosterheim får det når dei treng det, at dei får ein trygg og stabil omsorgssituasjon, og at dei ikkje opplever unaudsynte flyttingar og brot i fosterheimen. Det er òg tiltak som er med på å gjere omsorgsutøvinga enklare for fosterforeldre. Fosterforeldre skal få større mynde over avgjerder som gjeld fosterbarnet, og meir føreseielege økonomiske rammevilkår ved at plikta barnevernstenesta har til å gi fosterforeldre godtgjersle og utgiftsdekking, er teken inn i lova.
Regjeringa vil mellom anna prioritere desse tiltaka i 2026:
-
Følgje opp målet til regjeringa for ny innretting av institusjonsbarnevernet, jf. Prop. 83 L (2024–2025) om kvalitetsløftet i barnevernet, og arbeide for betre kostnadskontroll, organisering og auka kvalitet i det statlege tilbodet av institusjonstiltak. Pilotering av ny innretting blir vidareført med heilårseffekt frå 2026.
-
Styrkje dei regionale helseføretaka med 40 mill. kroner til betre helsehjelp til barn på institusjon, med det mål at alle barnevernsinstitusjonar skal vere knytte til eit ambulant helseteam frå spesialisthelsetenesta, sjå Prop. 1 S (2025–2026) for Helse- og omsorgsdepartementet.
-
Auke løyvinga til det statlege barnevernet med 534 mill. kroner på grunn av høgare prisar i institusjon og fordi det er venta at fleire barn har behov for institusjonsplassering i 2026.
-
Løyve 98,2 mill. kroner til kommunar, statleg barnevern og statsforvaltar, til oppfølging av lovendringar i Prop. 83 L (2024–2025) om kvalitetsløftet i barnevernet
-
Auke tilskotet til vidareutdanning i det kommunale barnevernet med 10 mill. kroner
-
Auke løyvinga til statsforvaltaren med 18 mill. kroner til statsforvaltaren sitt tilsyn med institusjonsbarnevernet. Sjå òg kap. 1520, post 01, i Prop. 1 S (2025–2026) for Digitaliserings- og forvaltingsdepartementet.
1.3 Stillinga til forbrukarane
Forbrukarpolitikken skal ta hand om og styrkje interessene, vernet og tryggleiken til forbrukarane. Forbrukarane står ofte overfor kommersielle aktørar med betre informasjon og kunnskapar om produkt, avtalevilkår og marknadstilhøve. Forbrukarpolitikken skal vege opp for denne ubalansen.
I kjøpssituasjonar skal forbrukarane setjast i stand til å ta informerte val, kjenne rettane sine og vete kva dei kan gjere dersom dei får problem med varer og tenester dei har kjøpt. Forbrukarane, medrekna barn og unge, skal vernast mot svindel og ulovleg marknadsføring. Reglane som skal verne forbrukarane, medrekna regelverket som tek hand om forbrukarvernet til barn i digitale medium, skal utviklast og innrettast slik at dei kan møte utfordringane som følgjer av mellom anna nye digitale marknadsføringsmetodar og handel med personopplysingar. Marknadsføring som kan vere skadeleg eller er ulovleg, skal motverkast, og barn skal vernast mot kommersielt press. Ved tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande, eller mellom privatpersonar ved kjøp og sal, skal partane ha tilgang til eit effektivt system for å løyse desse på ein rimeleg og god måte. Sakshandsamingstida skal vere kort.
Dette har vore dei viktigaste tiltaka på forbrukarområdet i 2024 og fyrste halvåret 2025:
-
Tilskotet til Forbruksforskingsinstituttet SIFO ved OsloMet vart i 2024 auka for at referansebudsjettet for hushaldsutgifter framover kan haldast ved lag og vidareutviklast.
-
For å halde handsamingstida kort og sørgje for at ressursane kan nyttast på sakene som har mest å seie for forbrukarane, vart det frå 1. juli 2024 innført handsamingsgebyr for sakene til mekling i Forbrukartilsynet og sakene til Forbrukarklageutvalet.
-
Gjeldsordningslova vart med verknad frå 1. januar 2025 endra for at personar med alvorlege betalingsproblem skal få betre og raskare hjelp.
-
Løyvinga til Forbrukartilsynet vart i 2025 auka for å styrkje tilsynet med forbrukarvernet til barn i digitale medium.
-
For å leggje til rette for ei tryggare og meir inkluderande russetid har Forbrukartilsynet i 2024 og 2025 sett nærare på avtalevilkår og marknadsføring som unge blir utsette for i russetida.
-
Marknadsføringslova er endra slik at det med verknad frå 1. juli 2025 vart strengare sanksjonar for brot på reglane om god marknadsføringsskikk overfor barn.
-
BFD la i juni 2025 fram ein evalueringsrapport om erfaringane med openheitslova.
Hovudprioriteringar i 2026
Høgare prisar på mange varer og tenester skaper utfordringar for mange forbrukarar. Regjeringa er oppteken av at forbrukarane – både i denne situasjonen og generelt – skal ha eit sterkt vern som gir grunnlag for tryggleik og tillit til marknadene. Opplysingane forbrukarane får om prisane på og vilkåra for ulike varer og tenester, skal vere korrekte og forståelege. Korrekte og forståelege prisar kan òg medverke til betre konkurransetilhøve, slik at forbrukarane får eit betre vareutval og lågare prisar. Dette er særleg viktig i daglegvaremarknaden, der få aktørar dominerer.
Regjeringa vil leggje til rette for at forbrukarane kan velje varer og tenester ut frå kunnskap om konsekvensane produksjonen og bruken av dei kan ha for til dømes helse, miljø, klima og arbeidstilhøve. Forbrukarane skal få betre føresetnader for eit meir berekraftig forbruk. Som ein del av dette arbeidet skal regelverk frå EU som kan medverke til at forbrukarane får betre informasjon om mellom anna miljøaspekt ved produkt, følgjast opp. BFD vil òg vurdere innspel til regelverksforslag der det trengst for å ta vare på interessene til norske forbrukarar.
Handel gjennom digitale medium kan forenkle kvardagen til mange forbrukarar, men òg by på utfordringar. Forbrukarvernet blir mellom anna utfordra av nye digitale marknadsføringsmetodar og handel med personopplysingar. For regjeringa er det viktig at reglane som skal verne forbrukarane, blir utvikla og innretta slik at dei kan møte nye utfordringar. Barn og unge er særleg utsette på digitale plattformer og vil få ekstra merksemd.
Interessene til forbrukarane skal takast vare på gjennom eit effektivt og målretta tilsyn med at reglane som skal verne forbrukarane, blir etterlevde. Handsamingstida for forbrukarklager skal ned og haldast låg over tid.
Regjeringa vil motverke at privatpersonar får betalingsproblem som kan utvikle seg til alvorlege gjeldsproblem.
Regjeringa vil mellom anna prioritere desse tiltaka i 2026:
-
Auka løyving til Forbrukartilsynet med 15 mill. kroner for å styrkje tilsynet med forbrukarvernet til barn i digitale medium med bruk av digitale tilsynsverktøy
-
Auka løyving til Forbrukarrådet for å styrkje kapasiteten rådet har til å representere forbrukarsida i bransjevise klagenemnder
-
Utvide ordninga med gjeldsinformasjon til òg å omfatte bustadgjeld og anna pantesikra gjeld
-
Støtte Fairtrade Norge for å fremje rettferdig handel og ei meir berekraftig utvikling
-
Arbeide for rett og forståeleg prisinformasjon i daglegvaremarknaden
-
Kartleggje korleis fordelsprogramma til aktørane i daglegvaremarknaden påverkar evna forbrukarane har til å orientere seg og få prisinformasjon
-
Følgje opp evalueringa av openheitslova
1.4 Tru og livssyn
Målet for trus- og livssynspolitikken er å leggje til rette for at trus- og livssynsfridommen kan utøvast i praksis. Regjeringa ønskjer eit livssynsope samfunn, der alle har respekt for og kunnskap om livssynet til andre.
Den norske kyrkja skal vere ei landsdekkjande, sjølvstendig og demokratisk folkekyrkje. Staten set naudsynte rammer for verksemda til kyrkja gjennom lov, men kyrkja har stor grad av fridom til å fastsetje eigne reglar i kyrkjeordninga. Den norske kyrkja blir finansiert gjennom tilskot frå både stat og kommune.
Tilskota til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja skal om lag svare til det Den norske kyrkja får i tilskot frå stat og kommune per medlem. Eit viktig mål for den offentlege støtta er å anerkjenne og støtte opp under mangfaldet av trus- og livssynssamfunn. Alle trus- og livssynssamfunn som fyller visse vilkår, kan krevje offentleg støtte.
Regjeringa har lagt fram ein bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg og forskriftsfesta eit tilskotsregelverk som gir rammer for satsinga. Vidare er det skipa ein administrasjon i Trondheim for arbeidet med å gjennomføre bevaringsstrategien og forvalte tilskotsordninga. Dei statlege utgiftene til bevaringsstrategien vil bli delvis finansierte gjennom eit kyrkjebevaringsfond som består av utbytte til staten frå Allstad AS. I dei åra Kyrkjebevaringsfondet er for lite til å dekkje den årlege utbetalinga til bevaringsprogramma, blir det i tillegg løyvd midlar frå statsbudsjettet. Når forpliktinga på 10 mrd. 2024-kroner er oppfylt, skal utbyttet frå verdiane i selskapet framleis vere øyremerkte til bevaringsarbeid på dei kulturhistorisk verdifulle kyrkjene.
Dei viktigaste tiltaka på trus- og livssynsområdet i 2024 og fyrste halvåret 2025 har vore desse:
-
Ei auka satsing på kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg.
-
Bevaringsstrategien for historisk verdifulle kyrkjebygg vart lansert i februar 2024. Denne dannar grunnlag for å bruke inntil 500 mill. 2024-kroner årleg på kyrkjevedlikehald dei neste 20–30 åra, innanfor ei samla ramme på 10 mrd. 2024-kroner.
-
Det er skipa eit Kyrkjebevaringsfond og etablert eit programstyre og eit programsekretariat i Trondheim til å forvalte midlane i tråd med bevaringsstrategien. I tillegg er det etablert eit nasjonalt fagråd for ordninga.
-
Det er vedteke eit tilskotsregelverk (forskrift om tilskudd til kulturhistorisk verdifulle kirkebygg) og gjennomført to utlysingsrundar. Ramma for tilskot var 100 mill. kroner i 2024 og 300 mill. kroner i 2025. 162 kyrkjer har til no fått tilskot gjennom ordninga.
-
Endringar i trussamfunnslova vedtekne av Stortinget i januar 2025, jf. Prop. 116 L (2023–2024) Endringer i trossamfunnsloven (antallskrav og aktivitetsplikt) og Innst. 111 L (2024–2025).
-
Det er utarbeidd ein strategi for eit livssynsope samfunn, som skal verke fram mot Nasjonaljubileet 2030.
-
Rapport frå eit ekspertutval med alternative modellar for finansiering av trus- og livssynssamfunn er motteken i august 2025.
Hovudprioriteringar i 2026
Arbeidet med bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg held fram og skjer i samarbeid med Den norske kyrkja, Riksantikvaren, kommunar og kyrkjeeigarar. Løyvinga til tilskott blir auka med 100 mill. kroner, samanlikna med Saldert budsjett 2025.
Regjeringa vil føre vidare eit stabilt rammetilskot til Den norske kyrkja, slik at ho kan halde fram med å vere ei landsdekkjande, sjølvstendig og demokratisk folkekyrkje. Regjeringa vil òg føre ein politikk som medverkar til eit livssynsope samfunn, ved at tilskota til trus- og livssynssamfunna blir førte vidare og forvalta effektivt. Dialog er naudsynt, både mellom dei ulike trus- og livssynssamfunna og ikkje minst med ulike aktørar i samfunnet elles, både private og offentlege. Departementet ser det som viktig å gi støtte til det brubyggjararbeidet som organisasjonane driv, og til andre tiltak som kan styrkje trus- og livssynsdialogen.
Regjeringa vil fremje bruk av digitale verktøy på gravplassområdet og bidreg derfor med midlar til å vidareutvikle og rulle ut prosjektet Digital gravferdsmelding.
Regjeringa vil prioritere desse tiltaka i 2026:
-
400 mill. kroner til å setje i stand dei kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygga, i samarbeid med Den norske kyrkja, Riksantikvaren, kommunar og kyrkjeeigarar, basert på bevaringsstrategien for dei kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygga og tilhøyrande tilskotsforskrift.
-
Følgje opp Kyrkjebevaringsfondet og administrasjonen for bevaringsarbeidet som er lagd til Trondheim.
-
Følgje opp strategien for eit livssynsope samfunn.
-
Setje i kraft endringar i trussamfunnslova når det gjeld representasjon av begge kjønn i dei administrative organa som forvaltar offentlege tilskot til trus- og livssynssamfunna, og til krav til tal på medlemmer for å få tilskot.
-
Bruke 15,3 mill. kroner til å utvikle og rulle ut Digital gravferdsmelding som ein del av livshendinga dødsfall og arv.
-
Auke støtta til den breie dialogen mellom ulike trus- og livssynssamfunn.
2 Oversikt over budsjettforslaget
2.1 Forslag til utgifter og inntekter fordelte på kapittel og postgrupper
Utgifter fordelte på kapittel
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Kap. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
Endring i pst. |
|
Administrasjon og forsking |
|||||
|
800 |
Barne- og familiedepartementet |
233 054 |
237 646 |
243 553 |
2,5 |
|
Sum kategori 11.00 |
233 054 |
237 646 |
243 553 |
2,5 |
|
|
Familie og oppvekst |
|||||
|
840 |
Tiltak mot vald og overgrep |
339 008 |
374 043 |
390 157 |
4,3 |
|
841 |
Samliv og konfliktløysing |
26 498 |
30 071 |
31 153 |
3,6 |
|
842 |
Familievern |
686 595 |
724 072 |
761 946 |
5,2 |
|
843 |
Adopsjonsstønad |
3 563 |
6 228 |
4 300 |
-31,0 |
|
844 |
Kontantstøtte |
1 005 514 |
719 100 |
724 600 |
0,8 |
|
845 |
Barnetrygd |
25 628 748 |
28 687 000 |
29 700 000 |
3,5 |
|
846 |
Familie- og oppveksttiltak |
1 159 441 |
1 126 342 |
1 749 119 |
55,3 |
|
847 |
EUs ungdomsprogram |
17 487 |
17 450 |
18 023 |
3,3 |
|
848 |
Barneombodet |
24 458 |
25 040 |
25 843 |
3,2 |
|
Sum kategori 11.10 |
28 891 312 |
31 709 346 |
33 405 141 |
5,3 |
|
|
Barnevernet |
|||||
|
853 |
Barneverns- og helsenemndene |
263 868 |
264 464 |
272 602 |
3,1 |
|
854 |
Tiltak i barne- og ungdomsvernet |
387 358 |
546 751 |
562 832 |
2,9 |
|
855 |
Statleg forvalting av barnevernet |
8 872 172 |
9 067 988 |
9 932 250 |
9,5 |
|
856 |
Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar |
535 652 |
567 564 |
453 873 |
-20,0 |
|
858 |
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet |
678 117 |
696 691 |
721 559 |
3,6 |
|
Sum kategori 11.20 |
10 737 167 |
11 143 458 |
11 943 116 |
7,2 |
|
|
Forbrukarpolitikk |
|||||
|
860 |
Forbrukarrådet |
124 539 |
128 976 |
136 106 |
5,5 |
|
862 |
Stiftinga Miljømerking i Noreg |
16 580 |
17 210 |
17 830 |
3,6 |
|
865 |
Forbrukarpolitiske tiltak |
20 738 |
21 858 |
23 911 |
9,4 |
|
868 |
Forbrukartilsynet |
134 374 |
141 212 |
158 250 |
12,1 |
|
Sum kategori 11.30 |
296 231 |
309 256 |
336 097 |
8,7 |
|
|
Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn |
|||||
|
880 |
Den norske kyrkja |
2 687 578 |
2 788 264 |
2 885 609 |
3,5 |
|
881 |
Tilskot til trussamfunn m.m. |
1 110 689 |
1 257 687 |
1 336 096 |
6,2 |
|
882 |
Kyrkjebygg og gravplassar |
175 422 |
123 471 |
111 531 |
-9,7 |
|
883 |
Kyrkjebevaringsfondet |
85 750 |
321 267 |
426 162 |
32,7 |
|
Sum kategori 11.50 |
4 059 439 |
4 490 689 |
4 759 398 |
6,0 |
|
|
Sum programområde 11 |
44 217 203 |
47 890 395 |
50 687 305 |
5,8 |
|
|
Stønad ved fødsel, adopsjon og bidragsforskott |
|||||
|
2530 |
Foreldrepengar |
27 333 506 |
28 808 000 |
30 653 000 |
6,4 |
|
2531 |
Bidragsforskott |
690 184 |
710 000 |
735 000 |
3,5 |
|
Sum kategori 28.50 |
28 023 690 |
29 518 000 |
31 388 000 |
6,3 |
|
|
Sum programområde 28 |
28 023 690 |
29 518 000 |
31 388 000 |
6,3 |
|
|
Sum utgifter |
72 240 893 |
77 408 395 |
82 075 305 |
6,0 |
Inntekter fordelte på kapittel
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Kap. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
Endring i pst. |
|
Familie og oppvekst |
|||||
|
3841 |
Samliv og konfliktløysing |
27 693 |
26 259 |
28 240 |
7,5 |
|
3842 |
Familievern |
757 |
898 |
930 |
3,6 |
|
3847 |
EUs ungdomsprogram |
7 252 |
5 964 |
5 964 |
0,0 |
|
Sum kategori 11.10 |
35 702 |
33 121 |
35 134 |
6,1 |
|
|
Barnevernet |
|||||
|
3853 |
Barneverns- og helsenemndene |
320 |
850 |
881 |
3,6 |
|
3855 |
Statleg forvalting av barnevernet |
2 662 035 |
2 697 943 |
3 088 617 |
14,5 |
|
3856 |
Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar |
281 118 |
280 083 |
236 558 |
-15,5 |
|
3858 |
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet |
9 781 |
590 |
611 |
3,6 |
|
Sum kategori 11.20 |
2 953 254 |
2 979 466 |
3 326 667 |
11,7 |
|
|
Forbrukarpolitikk |
|||||
|
3868 |
Forbrukartilsynet |
4 352 |
5 849 |
5 024 |
-14,1 |
|
Sum kategori 11.30 |
4 352 |
5 849 |
5 024 |
-14,1 |
|
|
Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn |
|||||
|
3883 |
Kyrkjebevaringsfondet |
90 000 |
100 000 |
-100,0 |
|
|
Sum kategori 11.50 |
90 000 |
100 000 |
-100,0 |
||
|
Sum programområde 11 |
3 083 308 |
3 118 436 |
3 366 825 |
8,0 |
|
|
Stønad ved fødsel, adopsjon og bidragsforskott |
|||||
|
5706 |
Bidragsforskott |
176 559 |
182 000 |
192 000 |
5,5 |
|
Sum kategori 28.50 |
176 559 |
182 000 |
192 000 |
5,5 |
|
|
Sum programområde 28 |
176 559 |
182 000 |
192 000 |
5,5 |
|
|
Sum inntekter |
3 259 867 |
3 300 436 |
3 558 825 |
7,8 |
Utgifter fordelte på postgrupper
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Post- gr. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
Endring i pst. |
|
01–29 |
Statens eigne driftsutgifter |
11 363 973 |
11 703 565 |
12 564 308 |
7,4 |
|
30–49 |
Nybygg, anlegg o.a. |
2 180 |
30 261 |
31 320 |
3,5 |
|
50–89 |
Overføringar til andre |
60 874 740 |
65 674 569 |
69 479 677 |
5,8 |
|
Sum under departementet |
72 240 893 |
77 408 395 |
82 075 305 |
6,0 |
Inntekter fordelte på postgrupper
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Post- gr. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
Endring i pst. |
|
01–29 |
Sal av varer og tenester |
339 485 |
325 323 |
283 066 |
-13,0 |
|
50–89 |
Overføringar frå andre |
2 920 382 |
2 975 113 |
3 275 759 |
10,1 |
|
Sum under departementet |
3 259 867 |
3 300 436 |
3 558 825 |
7,8 |
Meirinntektsfullmakter
Stortinget samtykkjer i at Barne- og familiedepartementet i 2026 kan
|
overskride løyvinga under |
mot tilsvarande meirinntekt under |
|---|---|
|
kap. 842, post 01 |
kap. 3842, post 01 |
|
kap. 847, post 01 |
kap. 3847, post 01 |
|
kap. 853, post 01 |
kap. 3853, post 01 |
|
kap. 855, post 01 |
kap. 3855, postane 01, 02 og 60 |
|
kap. 856, post 01 |
kap. 3856, post 60 |
|
kap. 858, post 01 |
kap. 3858, post 01 |
|
kap. 868, post 01 |
kap. 3868, post 02 |
Meirinntekt som gir grunnlag for overskriding, skal òg dekkje meirverdiavgift knytt til overskridinga og gjeld derfor òg kap. 1633, post 01, for dei statlege forvaltingsorgana som inngår i nettoordninga for meirverdiavgift.
Meirinntekter og eventuelle mindreinntekter blir tekne med i utrekninga av overføring av ubrukt løyving til neste år.
3 Oppfølging av oppmodings- og utgreiingsvedtak
Nedanfor er ei oversikt over oppfølginga av oppmodingsvedtak under BFD. Oversikta inkluderer alle vedtaka frå stortingssesjonen (2024–2025) og vedtaka frå tidlegare stortingssesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 216 (2024–2025) meinte ikkje var utkvitterte.
I tabellen nedanfor står det om departementet reknar rapporteringa om oppmodingsvedtaket som avslutta, eller om departementet òg vil rapportere konkret om vedtaket i budsjettforslaget neste år.
Tabell 3.1 Oversikt over oppmodings- og utgreiingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer
|
Sesjon |
Vedtak nr. |
Stikkord |
Rapportering avslutta (ja/nei) |
|---|---|---|---|
|
2024–2025 |
88 |
oppbygging av det statlege barnevernet |
Ja |
|
2024–2025 |
439 |
dobbeltmedlemskap i trus- og livssynssamfunn |
Ja |
|
2024–2025 |
440 |
stanse samvær som ikkje er til det beste for barnet i barnevernet |
Nei |
|
2024–2025 |
441 |
styrkje partsrettane til fosterbarn og fosterforeldre |
Nei |
|
2024–2025 |
472 |
ein-til-ein-oppfølging av unge i faresona for kriminalitet |
Ja |
|
2024–2025 |
477 |
tilpassa bu- og rehabiliteringstilbod for barn som gjer seg skuldig i alvorleg kriminalitet |
Nei |
|
2024–2025 |
514 |
tilgang til informasjon i saker om samvær |
Nei |
|
2024–2025 |
515 |
personar dømde for overgrep mot barn skal ikkje ha samvær med egne barn |
Nei |
|
2024–2025 |
516 |
opplysingar om vald og overgrep i foreldretvistsaker etter modell i Sverige |
Nei |
|
2024–2025 |
589 |
føreseieleg finansiering av prosjektet «LNU Trygg!» |
Ja |
|
2024–2025 |
1000 |
praksisorienterte tverrfaglege team |
Nei |
|
2024–2025 |
1001 |
ny organisering av det statlege barnevernet |
Nei |
|
2024–2025 |
1004 |
partsrettar til barn frå 12 år |
Nei |
|
2024–2025 |
1005 |
elektroniske kommunikasjonsmiddel og internett |
Ja |
|
2024–2025 |
1006 |
arbeidserfaring til fagleg personell i barnevernsinstitusjonar |
Ja |
|
2024–2025 |
1007 |
motverke samværshindring |
Nei |
|
2024–2025 |
1008 |
moment ved det-beste-for-barnet-vurderingar |
Nei |
|
2024–2025 |
1009 |
fastsetjing av medmorskap |
Nei |
|
2024–2025 |
1010 |
innhaldet i omsorgsplikta og foreldreansvaret |
Nei |
|
2024–2025 |
1011 |
innhaldet i «dagleg myndigheit» |
Nei |
|
2024–2025 |
1012 |
prioritere tidlegare oppmodingsvedtak om å sikre barn mot vald, overgrep og risiko |
Nei |
|
2024–2025 |
1013 |
lovendringar om samvær i saker med vald i nære relasjonar |
Nei |
|
2024–2025 |
1014 |
lovendringar om samvær for barn på krisesenter |
Nei |
|
2024–2025 |
1015 |
betre avdekking og handsaming av vald, overgrep og annan alvorleg risiko mot barn |
Nei |
|
2024–2025 |
1016 |
tverrfagleg vurdering i foreldretvistsaker |
Nei |
|
2024–2025 |
1017 |
krav til kompetanse for tilsette ved krisesentera |
Nei |
|
2024–2025 |
1018 |
universell utforming av krisesenter |
Ja |
|
2024–2025 |
1019 |
kunnskapsgrunnlag om felles butilbod på krisesenter |
Ja |
|
2024–2025 |
1020 |
vidareføring av forsøk med krisesentermodellar |
Ja |
|
2024–2025 |
1021 |
barn sine rettar på krisesenter |
Ja |
|
2024–2025 |
1022 |
gratis transport for barn i krisesentertilbodet |
Nei |
|
2024–2025 |
1023 |
tilbod til valdsutsette med kjæledyr |
Ja |
|
2024–2025 |
1212 |
melding til Stortinget om fødselstal |
Nei |
|
2023–2024 |
142 |
godkjend religiøs tilleggsutdanning |
Nei |
|
2023–2024 |
611 |
verne barn mot vald og seksuelle overgrep i saker om samvær og omsorg |
Ja |
|
2023–2024 |
615 |
reisekostnader til krisesenter |
Nei |
|
2022–2023 |
138 |
meldeplikt om barn på skjult og sperra adresse |
Ja |
|
2022–2023 |
782 |
krisesentertilbod til utsette grupper |
Ja |
|
2022–2023 |
783 |
rettleiingar om krisesentertilbod |
Ja |
|
2021–2022 |
404 |
offentleg plikt til å tilby tverrfagleg helsekartlegging |
Ja |
|
2021–2022 |
592 |
krisesentertilbod til den samiske urbefolkninga |
Ja |
|
2021–2022 |
620 |
utvide ordninga for gjeldsinformasjon («gjeldsregister») |
Nei |
|
2020–2021 |
715 |
justering av barnebidragsreglane for å hindre samværshindring |
Ja |
|
2020–2021 |
972 |
eigendel for mat i krisesentera |
Ja |
|
2020–2021 |
1124 |
tverrfagleg kompetanse på rus og vald i krisesentera |
Ja |
|
2020–2021 |
1195 |
krav om autorisasjon for tilsette som skal jobbe med omsorgsovertakingar |
Ja |
|
2020–2021 |
1197 |
ordning med andrehandsvurdering av akuttvedtak |
Ja |
|
2020–2021 |
1198 |
alternativt omgrep til «åtferd» i barnevernslova |
Ja |
|
2020–2021 |
1201 |
oppfølging av tilrådingane frå rettstryggleiksutvalet på barnevernsområdet |
Ja |
|
2019–2020 |
637 |
FNs konvensjonen om barnerettane – ny barnevernslov og ny barnelov |
Ja |
|
2016–2017 |
491 |
evaluering av felles foreldreansvar |
Ja |
3.1 Stortingssesjon (2024–2025)
Oppbygging av det statlege barnevernet
Vedtak 88, 5. desember 2024
«Stortinget ber regjeringen i kvalitetsmeldingen for barnevernet foreslå tiltak for oppbygging av det statlige barnevernet, som gir økt kapasitet og beredskap, og som skal kunne bidra til å redusere behovet for dyre enkeltkjøp.»
Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 1 S (2024–2025), jf. Innst. 2 S (2024–2025).
Vedtaket er omtalt i Prop. 83 L (2024–2025) om kvalitetsløftet i barnevernet i kapittelet om ei framtidig innretting av institusjonstilbodet. Under tiltaket Et fleksibelt og individuelt tilpasset institusjonstilbud i avsnitt 8.4.3 skriv BFD følgjande:
«En omstilling fra institusjoner inndelt etter målgrupper til mer fleksible institusjoner, kan gi en mer effektiv ressursbruk i institusjonsbarnevernet. Mer fleksible og robuste institusjoner er ventet å føre til færre flyttinger og redusert behov for enkeltkjøp, jf. anmodningsvedtak nr. 88 av 5. desember 2024 […].»
Ein ny måte å innrette institusjonstilbodet på, i tråd med tiltaka i kvalitetsløftet, blir no prøvd ut i pilotar i fire av regionane til Bufetat. Føremålet med alle pilotane er å prøve ut institusjonar som er tilstrekkeleg fleksible til å gi eit tilpassa og føreseieleg tilbod til alle barn i målgruppa for barnevernsinstitusjon. I tillegg er det etablert ein femte pilot: eit forsterka institusjonstilbod for barn med store og samansette behov, inkludert barn som står attom gjentakande eller alvorleg kriminalitet.
Det er vidare løyvd om lag 350 mill. kroner til arbeidet med å styrkje og omstille tilbodet i perioden 2022–2025. Det er etablert fleire behandlingsplassar i Bufetat, og plassar har blitt forsterka og omstilte. Kapasitetsutnyttinga i institusjonane til Bufetat er auka. Styrkinga har skjedd ved å auke bemanninga, etablere støtteteam og oppgradere eksisterande institusjonsbygg. Midlane har òg blitt nytta til å styrkje det ideelle tilbodet.
I same periode er det løyvd om lag 1 mrd. kroner til Bufetat, for å dekkje utgiftsvekst, i hovudsak på grunn av auka prisar, fleire einskilde kjøp og auka løyving til private rammeavtalar. Dette for å oppfylle bistandsplikta og sikre langsiktig kapasitetsbygging. Med bakgrunn i behovet for å oppfylle bistandsplikta, samstundes som ressursane blir brukte på ein effektiv måte og med betre kostnadskontroll, skal Bufdir innrette innkjøpa sine på fagleg grunnlag for å oppnå mest mogleg føremålstenlege og kostnadseffektive tenester. Vidare oppbygging av statleg kapasitet skal bli prioritert. Regjeringa ønskjer eit langsiktig og betydeleg innslag av ideelle aktørar. Det er òg behov for private kommersielle aktørar i statleg barnevern framover, og det skal leggjast til rette for at aktørane kan byggje langsiktig kapasitet. Behovet for privat kapasitet òg på lang sikt er formidla tydeleg til leverandørane og Bufdir, og skal takast omsyn til i dialogen direktoratet har med marknaden, og i dei konkrete anskaffingane.
Departementet reknar vedtaket som følgt opp.
Dobbeltmedlemskap i trus- og livssynssamfunn
Vedtak 439, 14. januar 2025
«Stortinget ber regjeringa greie ut og kome attende til Stortinget på eigna måte om tiltak for enklare opprydding av uønskte dobbeltmedlemskap i trus- og livssynssamfunn og tiltak for å styrke den einskilde si innsikt i og kontroll over eigne medlemskap.»
Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av lovproposisjon om endringar i trussamfunnslova, jf. Prop. 116 L (2023–2024) og Innst. 111 L (2024–2025).
Departementet har gitt Brønnøysundregistra i oppdrag å utvikle ei digital ordning for innsyn i personopplysingane dei handsamar i samband med den årlege kontrollen av medlemslistene til trus- og livssynssamfunna. Målet er at løysinga skal lanserast innan 31. desember 2025.
Departementet reknar vedtaket som følgt opp.
Stanse samvær som ikkje er til det beste for barnet i barnevernet
Vedtak 440, 14. januar 2025
«Stortinget ber regjeringen utrede hvordan man kan senke terskelen for at barnevernet kan stanse samvær som ikke er til barnets beste.»
Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 29 (2023–2024) Fosterheim – ein trygg heim å bu i, jf. Innst. 110 S (2024–2025).
Stortinget har ved handsaminga av Prop. 83 L (2024–2025) vidare slutta seg til forslaget frå departementet om ein heimel for mellombels stans av skadeleg samvær. I tillegg varslar departementet i lovproposisjonen ei utgreiing av regelverksendringar og andre tiltak for å ivareta barn som har sterk motstand mot samvær.
Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.
Styrkje partsrettane til fosterbarn og fosterforeldre
Vedtak 441, 14. januar 2025
«Stortinget ber regjeringen utrede hvordan man kan styrke partsrettighetene til fosterbarn og fosterforeldre ved flytting og/eller tilbakeføring.»
Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 29 (2023–2024) Fosterheim – ein trygg heim å bu i, jf. Innst. 110 S (2024–2025).
Stortinget har ved handsaminga av Prop. 83 L (2024–2025) slutta seg til forslag som gir fosterforeldre og fosterbarn rett til å klage på vedtak om flytting frå fosterheimen. Departementet vil vurdere nærare korleis rettane til fosterforeldre kan bli styrkte i saker som gjeld tilbakeføring til foreldra.
Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis. Sjå òg oppfølging av vedtak 1 004 av 11. juni 2025.
Kommunale samarbeidsprosjekt for ein-til-ein-oppfølging av unge i faresona for kriminalitet
Vedtak 472, 20. februar 2025
«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet for 2026 initiere tiltak for å realisere flere kommunale samarbeidsprosjekter for én-til-én-oppfølging av unge i faresonen for kriminalitet.»
Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om ein forsterka kamp mot ungdomskriminalitet, jf. Dok. 8:7 S (2024–2025).
I Revidert nasjonalbudsjett i 2025 vart det løyvd 12 mill. kroner til kommunane Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger for å starte arbeidet med ein-til-ein-oppfølging. I budsjettforslaget for 2026 er det føreslått å styrkje arbeidet ytterlegare med 90 mill. kroner, sjå nærare omtale under programkategori 11.10.
Departementet reknar vedtaket som følgt opp.
Tilpassa bu- og rehabiliteringstilbod for barn som gjer seg skuldig i alvorleg kriminalitet
Vedtak 477, 20. februar 2025
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag om et tilpasset bo- og rehabiliteringstilbud for barn under den strafferettslige lavalderen som begår gjentatt og alvorlig kriminalitet.»
Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om ein forsterka kamp mot ungdomskriminalitet, jf. Dok. 8:7 S (2024–2025).
I vente på ekspertutgreiinga om tiltak retta mot gruppa som gjer seg skuldig i gjenteken eller alvorleg kriminalitet, vart det sett av 20 mill. kroner i 2025 til å pilotere eit forsterka institusjonstilbod for barn med store og samansette behov, inkludert barn med gjenteken eller alvorleg kriminalitet. Den 7. mars 2025 opna eit nytt institusjonstilbod i Vestby kommune som ein pilot. Tilbodet er retta mot barn som barnevernstenesta vurderer har behov for eit institusjonsopphald på bakgrunn av at barnet utset utviklinga si for alvorleg fare. Piloten gir barna i målgruppa eit forsterka tilbod innanfor rammene til barnevernet og i tett samarbeid med relevante samarbeidspartnarar. Piloten er i fyrste omgang eit tilbod til barn frå deltakarkommunane Fredrikstad, Lillestrøm, Bærum og Nordre Follo.
Det blir lagt opp til tett samarbeid med aktuelle aktørar rundt barna og ungdommane, heimkommunane deira og systematisk arbeid med familie og nettverk. Det blir òg lagt opp til høgare bemanningstettleik i institusjonen og ei tverrfagleg samansetjing av bemanninga. Arbeidet legg til rette for at endringsarbeidet barnet gjer under opphaldet i institusjonen, kan halde fram òg etter opphaldet.
Straff og samfunnsvern er ikkje barnevernet si oppgåve. Men regjeringa ser at det er naudsynt med eit tilbod som er meir tilpassa enn dagens barnevernsinstitusjonar når det gjeld fysisk utforming av bygg, bemanning og kompetanse, og der kvart barn får tett oppfølging av eit team med tverrfagleg kompetanse.
Det er planlagt at perioden for pilotering skal vare frå 2025 til 2028, og det blir planlagt systematisk kunnskapsinnhenting undervegs. Departementet legg til grunn at piloten i Vestby kommune svarar til den type institusjonar utvalet tilrår å pilotere for barn i høg risiko.
Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.
Tilgang til informasjon i saker om samvær
Vedtak 514, 18. mars 2025
«Stortinget ber regjeringen utrede hvordan det i saker om samvær kan sikres at barnevernet, domstolene og sakkyndige alltid innhenter og får tilgang til all relevant informasjon som omhandler vold og overgrep mot barn og unge, om det bør innføres en varslingsplikt for påtalemyndigheten, samt om andre enn foreldre, f.eks. barnevernet, kan gis søksmålskompetanse for å styrke barns rettssikkerhet i spørsmål om barnefordeling og samvær.»
Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om samværsrett, jf. Dok 8:15 S (2024–2025) og Innst. 154 S (2024–2025). Stortinget vedtok ny barnelov den 16. juni 2025. Oppmodingsvedtaket kom for seint til å bli følgt opp i Prop. 117 L (2024–2025) Lov om barn og foreldre (barnelova). BFD vil sjå oppfølginga av vedtaket i samband med nye oppmodingsvedtak frå då Stortinget handsama ny barnelov. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.
Beskytte barn og unge mot vald og overgrep i samband med samvær
Vedtak 515, 18. mars 2025
«Stortinget ber regjeringen sikre at barn og unges rett til beskyttelse mot vold og overgrep styrkes i ny barnelov, samt sørge for en gjennomgang av, og ved behov foreslå nødvendige endringer i annet relevant lovverk, slik at personer dømt for overgrep mot barn normalt ikke skal ha samvær med egne barn.»
Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om samværsrett, jf. Dok 8:15 S (2024–2025) og Innst. 154 S (2024–2025). Stortinget vedtok ny barnelov den 16. juni 2025.
Oppmodingsvedtaket kom for seint til å bli følgt opp i Prop. 117 L (2024–2025) Ny barnelov. BFD viser til omtale av vedtak 611 frå 7. mai 2024 om å verne barn mot vald og seksuelle overgrep i saker om samvær og omsorg i ny barnelov, som departementet reknar som følgd opp. Med same grunngjeving reknar departementet den fyrste delen av dette vedtaket som gjeld å styrkje barn og unge sin rett til beskyttelse mot vald og overgrep i ny barnelov, som følgd opp. BFD vil elles sjå oppfølginga av vedtaket i samband med nye oppmodingsvedtak frå då Stortinget handsama ny barnelov. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.
Undersøkje korleis domstolane handsamar foreldretvistsaker om vald
Vedtak 516, 18. mars 2025
«Stortinget ber regjeringen gjennomføre en undersøkelse av hvordan norske domstoler innhenter, benytter og vurderer opplysninger om vold og andre overgrep i foreldretvistsaker, etter modell av arbeidet i Sverige.»
Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om samværsrett, jf. Dok 8:15 S (2024–2025) og Innst. 154 S (2024–2025). Stortinget vedtok ny barnelov den 16. juni 2025.
Oppmodingsvedtaket kom for seint til å bli følgt opp i Prop. 117 L (2024–2025) Lov om barn og foreldre (barnelova). BFD vil sjå oppfølginga av vedtaket i samband med nye oppmodingsvedtak frå Stortinget si handsaming av ny barnelov. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.
Føreseieleg finansiering av prosjektet «LNU Trygg!»
Vedtak 589, 24. april 2025
«Stortinget ber regjeringa arbeide for ei føreseieleg finansiering av prosjektet ‘LNU Trygg!’.»
Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 7 (2024–2025), jf. Innst. 223 S (2024–2025).
Departementet viser til at regjeringa i Prop. 1 S (2025–2026) føreslår å auke driftstilskotet til LNU, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede med 4 mill. kroner under kap. 846, post 70. Auken i driftstilskotet vil bidra til at prosjektet LNU Trygg kan finansierast som ein del av den ordinære drifta til LNU.
Med denne auken i driftstilskot reknar departementet vedtaket som følgt opp.
Praksisorienterte tverrfaglege team
Vedtak 1000, 11. juni 2025
«Stortinget ber regjeringa i eit samarbeid med KS legge til rette for at kommunar og barnevernstenester som ønskjer det, i 2026 kan sette i gang forsøk med praksisorienterte tverrfaglege team med spisskompetanse som kan få fram naudsynt fagleg, klinisk kunnskap om utsette barn og familiars problem, ressursar og behov. Stortinget skal informerast om forsøka på eigna måte.»
Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 83 L (2024–2025), jf. Innst. 524 L (2024–2025). Departementet vurderer den nærare utforminga av forsøket i samarbeid med KS. Det finst fleire modellar for tverrfagleg og tverretatleg samarbeid. Nokre av desse er alt i gang med å bli prøvde ut og vidareutvikla i kommunane. Utgangspunktet til departementet er at det bør byggjast vidare på desse i arbeidet. Det bør òg takast omsyn til endringar i kompetansemodellen for barnevernet og relevante tiltak innanfor ansvarsområdet til Helse- og omsorgsdepartementet. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.
Ny organisering av det statlege barnevernet
Vedtak 1001, 11. juni 2025
«Stortinget ber regjeringa fremme forslag om ny organisering av det statlege barnevernet, med bakgrunn i ekspertutvalets rapport, der det er eit tydeleg skilje mellom fagdirektorat og etatsstyring.»
Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 83 L (2024–2025), jf. Innst. 524 L (2024–2025). Ekspertutvalet leverte rapporten sin 1. oktober 2025. Departementet vil komme tilbake til Stortinget med ei vurdering av rapporten og om oppfølging av forslaga på eigna vis.
Partsrettar til barn frå 12 år
Vedtak 1004, 11. juni 2025
«Stortinget ber regjeringa fremje lovendringsforslag som gir barn frå 12 år partsrettar i barnevernssaker frå 1. januar 2028.»
Vedtaket vart gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 83 L (2024–2025), jf. Innst. 524 L (2024–2025). Vidare oppfølging vil krevje eit utgreiingsarbeid og eit høyringsnotat om partsrettar og barnevennlege prosessar og dessutan ein lovproposisjon for Stortinget.
Departementet vil komme tilbake til Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.
Elektroniske kommunikasjonsmiddel og internett
Vedtak 1005, 11. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen tydeliggjøre at varigheten av inngrep i barns bruk av elektroniske kommunikasjonsmidler og internett ikke må utgjøre et urimelig inngrep i barnets rettigheter, og at det må stilles strenge krav til inngrepets nødvendighet. Dette må fremkomme tydelig i rundskriv og veileder til barnevernsloven.»
Vedtaket vart gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 83 L (2024–2025), jf. Innst. 524 L (2024–2025). Departementet har gitt Bufdir i oppdrag å utarbeide nytt rundskriv om rettar og inngrep overfor barn på barnevernsinstitusjon.
Departementet reknar vedtaket som følgt opp.
Arbeidserfaring til fagleg personell i barnevernsinstitusjonar
Vedtak 1006, 11. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen sørge for at barnevernsinstitusjonen også kan ansette faglig personell som kan dokumentere minst tre års arbeidserfaring tilsvarende heltidsstilling fra barnevernsinstitusjon, andre barnevernstiltak med døgnbemanning eller andre tilsvarende omsorgstiltak etter annet lov- og regelverk enn barnevernsloven.»
Vedtaket vart gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 83 L (2024–2025), jf. Innst. 524 L (2024–2025). Departementet har gitt Bufdir i oppdrag å sørgje for at rundskriv og anna rettleiande materiale tydeleg viser korleis kravet til kompetanse skal forståast, inkludert korleis kravet til talet på års erfaring skal operasjonaliserast.
Departementet reknar vedtaket som følgt opp.
Motverke samværshindring
Vedtak 1007, 11. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen utrede ytterligere tiltak for å motvirke samværshindring, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»
Vedtaket vart gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 117 L (2024–-2025), jf. Innst. 526 S (2024–2025). Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis. Sjå også omtale under oppmodingsvedtak nr. 715 (2020–2021).
Moment ved det-beste-for-barnet-vurderingar
Vedtak 1008, 11. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen om å vurdere hvordan momenter som bør legges til grunn ved ‘barnets beste’-vurderinger, kan tydeliggjøres i arbeidet med forskrifter til barneloven og i relevant veiledningsmateriell.»
Vedtaket vart gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 117 L (2024–2025), jf. Innst. 526 S (2024–2025). Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.
Fastsetjing av medmorskap
Vedtak 1009, 11. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen utrede endringer i barnelova § 2-3 om medmorskap, med sikte på å fremme et lovforslag som innebærer at medmorskap fastsettes på samme vis som farskap etter reglene i §§ 2-4 om ekteskap og reglene om erklæring i §§ 2-5 flg.»
Vedtaket vart gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 117 L (2024–2025), jf. Innst. 526 S (2024–2025). Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.
Innhaldet i omsorgsplikta og foreldreansvaret
Vedtak 1010, 11. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen vurdere hva som er innholdet i omsorgsplikten, og hvordan foreldreansvaret kan tydeliggjøres i arbeidet med forskrifter til barnelova og i relevant veiledningsmateriell.»
Vedtaket vart gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 117 L (2024–2025), jf. Innst. 526 S (2024–2025). Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.
Innhaldet i «dagleg myndigheit»
Vedtak 1011, 11. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen tydeliggjøre gjennom veiledning hva som er innholdet i begrepet ‘daglig myndighet’ som utøves overfor barn etter samlivsbrudd, og vurdere om det er behov for særreguleringer.»
Vedtaket vart gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 117 L (2024–2025), jf. Innst. 526 S (2024–2025). Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.
Prioritere tidlegare oppmodingsvedtak om å sikre barn mot vald, overgrep og risiko
Vedtak 1012, 11. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen prioritere oppfølging av Stortingets anmodningsvedtak nr. 514, 515, 516 og 517 (2024–2025), slik at barn og unge sikres mot vold, overgrep og risiko. Regjeringen bes snarest mulig komme tilbake til Stortinget på egnet måte med plan for det videre arbeidet.»
Vedtaket vart gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 117 L (2024–2025), jf. Innst. 526 S (2024–2025). Vi viser til omtalen under av oppmodingsvedtak nr. 514, 515 og 516. Ansvaret for nr. 517 ligg til Justis- og beredskapsdepartementet. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.
Lovendringar om samvær i saker med vald i nære relasjonar
Vedtak 1013, 11. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag til lovendringer som sikrer at barn som har vært utsatt for eller vært vitne til vold i nære relasjoner som utøves av en forelder, i utgangspunktet ikke skal ha samvær med den voldsutøvende forelderen. Barn gis rett til å midlertidig stanse samvær dersom de opplever det som utrygt eller belastende.»
Vedtaket vart gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 117 L (2024–2025), jf. Innst. 526 S (2024–2025). Vidare oppfølging vil krevje eit utgreiingsarbeid, og må sjåast i samanheng med naudsynt arbeid i samband med at ny barnelov skal ta til å gjelde, og vidare arbeid med ny familievernlov. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.
Lovendringar om samvær for barn på krisesenter
Vedtak 1014, 11. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag til lovendringer som sikrer at barn som oppholder seg på krisesenter, ikke skal ha samvær med en forelder som har utøvd vold mot den andre forelderen, og at barn gis rett til å nekte samvær dersom de opplever det som utrygt eller belastende.»
Vedtaket vart gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 117 L (2024–2025), jf. Innst. 526 S (2024–2025). Vidare oppfølging vil krevje eit utgreiingsarbeid og må sjåast i samanheng med naudsynt arbeid i samband med at ny barnelov skal ta til å gjelde, og vidare arbeid med ny familievernlov. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.
Betre avdekking og handsaming av vald, overgrep og annan alvorleg risiko mot barn
Vedtak 1015, 11. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen utrede om det bør etableres mer forpliktende kontakt og samarbeid mellom ulike tjenester mv. for bedre å kunne avdekke og håndtere vold, overgrep og annen alvorlig risiko mot barn, og tilfeller med risiko for uberettiget brudd i kontakt mellom barn og forelder.»
Vedtaket vart gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 117 L (2024–2025), jf. Innst. 526 S (2024–2025). Vidare oppfølging vil krevje eit utgreiingsarbeid, og må sjåast i samanheng med naudsynt arbeid i samband med at ny barnelov skal ta til å gjelde, og vidare arbeid med ny familievernlov. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.
Tverrfagleg vurdering i foreldretvistsaker
Vedtak 1016, 11. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen utrede forslag til hvordan det kan sikres tverrfaglig vurdering i foreldretvistsaker der det er mistanke om eller risiko for vold, seksuelle overgrep eller at barnet på annet vis blir behandlet slik at den fysiske eller psykiske helsa utsettes for skade eller fare.»
Vedtaket vart gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 117 L (2024–2025), jf. Innst. 526 S (2024–2025). Vidare oppfølging vil krevje eit utgreiingsarbeid, og må sjåast i samanheng med naudsynt arbeid i samband med at ny barnelov skal ta til å gjelde, og vidare arbeid med ny familievernlov. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.
Krav til kompetanse for tilsette ved krisesentera
Vedtak 1017, 11. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen utrede behovet for krav til kompetanse for ansatte ved krisesentre, og vurdere hvordan slike krav best kan reguleres og følges opp.»
Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 122 L (2024–2025), jf. Innst. 439 L (2024–2025).
Krisesenterlova gir heimel til å gi forskrift om krav til kompetanse til tilsette ved krisesentera. Departementet sende 14. juni 2024 forslag til endringar i krisesenterlova på offentleg høyring. I høyringsnotatet bad departementet om høyringsinstansane sitt syn på behovet for ei slik forskrift. Høyringsinstansane var delte i synet på om det bør utarbeidast ei forskrift med krav til kompetanse, og kva for krav til kompetanse det i så tilfelle bør stillast. Nokre høyringsinstansar peikte òg på at det underliggjande problemet er behovet for kvalifiserte tilsette, og ei forskriftsfesting av krav til kompetanse vil ikkje løyse dette. Departementet må vurdere saka nærare i lys av høyringsfråsegna.
Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.
Universell utforming av krisesenter
Vedtak 1018, 11. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen utrede tiltak for å sikre universell utforming og bedre tilrettelegging ved krisesentre og skjerming av særlig utsatte beboere samt utrede kommunenes handlingsrom vedrørende disse kravene.»
Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 122 L (2024–2025), jf. Innst. 439 L (2024–2025).
Tilskotsordninga til oppgradering av krisesenterbygg som vart etablert i 2025, opnar for finansiering av prosjekt der føremålet er at lokala er betre tilrettelagde for personar med funksjonsnedsetjingar. Dette vil bidra til universell utforming av krisesentera.
Vidare følgjer det av krisesenterlova § 3 fyrste ledd at kommunen skal sørgje for at tilbodet så langt råd er blir lagt til rette slik at det kjem dei individuelle behova til brukarane i møte, til dømes behov for universell utforming. Departementet har i Prop. 122 L (2024–2025) teke stilling til formuleringa «så langt råd er» og fastslått at det er ei erkjenning av at ei fullstendig tilrettelegging for kvar einskilde brukar i praksis vil vere svært vanskeleg og i einskilde tilfelle ikkje mogleg. Bufdir vil oppdatere både Veileder til krisesenterloven og den faglege rettleiinga for innhaldet i krisesentertilbodet og understreke det ansvaret kommunane har til å leggje til rette for brukarane, uansett kva livssituasjon dei er i.
Departementet reknar vedtaket som følgt opp.
Kunnskapsgrunnlag om felles butilbod på krisesenter
Vedtak 1019, 11. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen styrke kunnskapsgrunnlaget om felles botilbud på krisesenter ved å legge til rette for at de kommunene som ønsker det, kan gjennomføre forsøk med integrert krisesenter etter bestemmelsene i forsøksloven, og komme tilbake til Stortinget på egnet vis.»
Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 122 L (2024–2025), jf. Innst. 439 L (2024–2025).
Nokre kommunar har teke kontakt med Bufdir for å høyre om høve til å gjennomføre forsøk med integrert krisesenter. Direktoratet gir informasjon til dei aktuelle kommunane om kva som er krava som følgjer av forsøkslova. Departementet vil handsame eventuelle søknader i tråd med forsøkslova. Evaluering av forsøket ved Romerike krisesenter har medverke til å styrkje kunnskapsgrunnlaget om felles butilbod på krisesenter. Fleire forsøk vil på sikt styrkje kunnskapsgrunnlaget ytterlegare, sjå òg omtale av vedtak 1 020 av 11. juni 2025 under om vidareføring av forsøk med krisesentermodellar. Departementet er kjent med at Romerike krisesenter vil søkje om vidareføring av forsøket.
Departementet reknar vedtaket som følgt opp.
Vidareføring av forsøk med krisesentermodellar
Vedtak 1020, 11. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen sørge for at allerede igangsatte forsøksprosjekter med ulike krisesentermodeller får fortsette.»
Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 122 L (2024–2025), jf. Innst. 439 L (2024–2025).
Romerike krisesenter fekk i 2021 godkjent eit forsøk om integrert krisesentertilbod for kvinner og menn. Forsøket er godkjent innanfor ramma av forsøkslova. Departementet er kjent med at Romerike krisesenter har positive erfaringar med forsøket, som medverkar til å styrkje kunnskapsgrunnlaget om felles butilbod på krisesenter. Departementet har i brev informert Romerike krisesenter om at dei kan søkje om vidareføring av forsøket, og er kjent med at dei vil fremje ein slik søknad. Ein søknad om vidareføring vil bli handsama i tråd med forsøkslova.
Departementet reknar vedtaket som følgt opp.
Barn sine rettar på krisesenter
Vedtak 1021, 11. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen legge til rette for at beslutninger som angår barn på krisesenter, skal ta utgangspunkt i barnets beste, og at barna selv må få mulighet til å uttrykke seg i saker som angår dem.»
Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 122 L (2024–2025), jf. Innst. 439 L (2024–2025).
Det følgjer av krisesenterlova at kommunen har plikt til å sørgje for å ta vare på barn på ein god måte, som er tilpassa dei særskilde behova deira, og slik at dei får rettane sine etter anna regelverk oppfylt. Barn har sjølvstendige rettar, og foreldra skal i kraft av foreldreansvaret ta hand om rettane og interessene til barna. Barn har mellom anna rett til medverknad og krav på vern. Det følgjer av Grunnlova og FNs konvensjon om barnerettane, jf. også barnelova §§ 31 og 33. Foreldre på krisesenter vil ofte ha behov for støtte for å kunne ta seg av barna. I den faglege rettleiinga frå Bufdir om innhaldet i krisesentertilbodet er det ein omfattande omtale av korleis barn bør følgjast opp på krisesenter, og kva dei har av rettar. Departementet har gitt direktoratet i oppdrag å oppdatere rettleiinga. Direktoratet skal vurdere om og eventuelt korleis prinsippet om det beste for barnet og barn sin rett til å si meininga si, kan tydeleggjerast endå meir i rettleiinga.
Departementet reknar vedtaket som følgt opp.
Gratis transport for barn i krisesentertilbodet
Vedtak 1022, 11. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen utrede løsninger for at alle barn på krisesenter får rett til gratis og trygg transport til tilbud som fritidsaktiviteter, skolefritidsordning og barnehage.»
Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 122 L (2024–2025), jf. Innst. 439 L (2024–2025).
Proposisjonen omfattar ein meldingsdel der mellom anna utfordringar med dekking av reiseutgifter er drøfta. Å greie ut gratis og trygg transport for barn til fritidsaktivitetar, skulefritidsordning og barnehage må sjåast saman med dette, slik at ein ikkje etablerer ulike overlappande løysingar. Sjå òg omtale av oppfølging av oppmodingsvedtak 615 av 7. mai 2024 om å dekkje reisekostnader til krisesenter nedanfor.
Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.
Tilbod til valdsutsette med kjæledyr
Vedtak 1023, 11. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen utarbeide en veiledning til krisesentrene om at de skal legge til rette for egne tilbud til voldsutsatte med kjæledyr, eller at de skal inngå avtaler med lokale aktører som kan tilby et trygt og tilgjengelig tilbud for dyrene.»
Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 122 L (2024–2025), jf. Innst. 439 L (2024–2025).
Tilskotsordninga til oppgradering av krisesenterbygg som vart etablert i 2025, opnar for finansiering av prosjekt der føremålet er å leggje lokala betre til rette for brukarar med kjæledyr òg. I tillegg har departementet gitt Bufdir i oppdrag å oppdatere den faglege rettleiinga for innhaldet i krisesentertilbodet slik at behovet for å ta seg av valdsutsette med kjæledyr kjem betre fram.
Departementet reknar vedtaket som følgt opp.
Melding til Stortinget om fødselstal
Vedtak 1212, 20. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen legge frem en stortingsmelding etter at Fødselstallsutvalgets utredning er levert.»
Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 146 S (2024–2025), jf. Innst. 540 S (2024–2025). Utvalet om fødselstal og velferdsordningar for barnefamiliar vil ferdigstille arbeidet og levere endeleg NOU vinteren 2026. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.
3.2 Stortingssesjon (2023–2024)
Godkjend religiøs tilleggsutdanning
Vedtak 142, 12. desember 2023
«Stortinget ber regjeringen utrede og fremme forslag om insentiver for å sikre at flere religiøse ledere eller andre nøkkelpersoner i trossamfunn gjennomfører godkjent religiøs tilleggsutdanning i Norge.»
Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om betre førebygging av og meir kunnskap om valdeleg ekstremisme og radikalisering, jf. Dok. 8:246 S (2022–2023) og Innst. 93 S (2023–2024).
Det finst fleire kurs- og utdanningstilbod til religiøse leiarar med utanlandsk bakgrunn. Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo (TF) tilbyr ein master i «lederskap, etikk og samtalepraksis». I tillegg tilbyr universitetet kurset «Å være religiøs leder i Norge», som departementet gir tilskot til. Kurset er eit etter- og vidareutdanningstilbod og kan takast med og utan studiepoeng. Målgruppa er religiøse leiarar med utanlandsk bakgrunn. Nærare 200 religiøse leiarar har til no teke kurset. TF har på oppdrag frå BFD fått utført ei evaluering av kurset, som også har noko å seie om rekruttering.
Departementet har gitt Forskningsstiftelsen Fafo eit forskings- og utgreiingsoppdrag om kva som kan bidra til at fleire religiøse leiarar og nøkkelpersonar i trus- og livssynssamfunn gjennomfører tilleggsutdanning i samband med rolla som trus- og livssynsleiar i Noreg.
Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.
Verne barn mot vald og seksuelle overgrep i saker om samvær og omsorg
Vedtak 611, 7. mai 2024
«Stortinget ber regjeringen vurdere grep som kan styrke barnets rett til beskyttelse mot vold og seksuelle overgrep i saker om samvær og omsorg, og melde tilbake til Stortinget i forbindelse med de varslede endringene i barneloven.»
Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av ein opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar, jf. Prop. 36 S (2023–2024) og Innst. 259 S (2023–2024).
I Prop. 117 L (2024–2025) Lov om barn og foreldre (barnelova) er det tydeleggjort at barn og foreldre sin gjensidige rett til samvær ikkje er vilkårslaus, og at barn har rett til beskyttelse mot vald og overgrep. Det vil seie at det ikkje alltid skal vere samvær. I proposisjonen er det uttalt at risiko for vald eller overgrep typisk vil vere situasjonar der det ikkje vil vere til det beste for barnet med samvær. Det kan òg omfatte situasjonar der barnet er vitne til vald mellom foreldre og vald mot søsken. Samvær skal vere trygt for barnet, og det må vurderast konkret om det skal vere samvær, og i så fall av kva omfang. Det er òg andre endringar i ny lov som er skal gi barn betre beskyttelse mot vald. Det gjeld mellom anna føresegna i det innleiande kapittelet om barn sine rettar, som gir barn rett til omsorg, utvikling og vern mot vald. I tillegg kjem endringar i reglane om sakshandsaming for domstolane, som legg til rette for at saker blir betre opplyste, til dømes gjennom ei ny føresegn om innhenting av dokument frå politiet og at det er innført ein frist på seks veker for retten til å ta mellombels avgjerd etter krav frå ein part der det er påstand om vald eller annan risiko. Stortinget vedtok ny barnelov 16. juni.
Departementet reknar vedtaket som følgt opp.
Reisekostnader til krisesenter
Vedtak 615, 7. mai 2024
«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett for 2024 utrede og fremme forslag til tilstrekkelige lovhjemler som sikrer at kostnader knyttet til reiser til og fra krisesenter blir dekket.»
Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av ein opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar, jf. Prop. 36 S (2023–2024) og Innst. 259 S (2023–2024). Kontroll- og konstitusjonskomitéen har hatt følgjande merknad til saka i innstillinga til Meld. St. 4 (2024–2025):
«Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til omtalen av vedtaket i Meld. St. 4 (2024–2025). Flertallet mener at regjeringen skal følge opp vedtaket ved å utrede og fremme forslag til tilstrekkelige lovhjemler som sikrer at kostnader knyttet til reiser til og fra krisesenter blir dekket i forbindelse med arbeidet med revidert krisesenterlov i løpet av våren 2025. Flertallet mener arbeidet med revidert krisesenterlov skal prioriteres i 2025.»
Arbeidet med krisesenterlova har blitt prioritert i 2025, og regjeringa la 10. april fram Prop. 122 L (2024–2025) Endringar i krisesenterlova (tydeleggjering av det kommunale ansvaret og grunnlag for behandling av personopplysningar m.m.). Proposisjonen omfattar ein meldingsdel der mellom anna utfordringar med den geografiske tilgjengelegheita til krisesentertilbodet blir drøfta. Det er i proposisjonen gjort greie for problemstillingar som må greiast ut før eit forslag til lovendring kan blir høyrt. Oppfølging av oppmodingsvedtaket må i tillegg sjåast i samanheng med oppfølging av vedtak 1022 av 11. juni 2022, slik at det ikkje blir etablert overlappande løysingar for å dekkje kostnader til transport.
Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.
3.3 Stortingssesjon (2022–2023)
Meldeplikta barnevernet har til politiet om barn på skjult og sperra adresse
Vedtak 138, 6. desember 2022
«Stortinget ber regjeringen sørge for at regelverket om barnevernets meldeplikt til politiet om barn på skjult og sperret adresse klargjøres, og at det sikres nødvendige rutiner for informasjonsutveksling.»
Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om å betre førebyggje og få slutt på partnardrap, jf. Dok. 8:218 S (2021–2022) og Innst. 64 S (2022–2023).
Stortinget har ved handsaminga av Prop. 83 L (2024–2025) slutta seg til forslaget frå departementet om at barnevernstenesta utan hinder av teieplikt skal gi informasjon til politiet så snart som mogleg når det blir vurdert, gjort, endra eller oppheva vedtak om skjult eller sperra adresse. Departementet tek sikte på at lovendringa skal gjelde frå 1. januar 2026.
Departementet reknar vedtaket som følgt opp.
Tydeleggjere ansvaret kommunane har for krisesentertilbodet til utsette grupper
Vedtak 782, 7. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om endringer i krisesenterlova, der kommunens ansvar for krisesentertilbudet til utsatte grupper tydeliggjøres.»
Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om krisesentertilbodet for kvinner i aktiv rus, jf. Dok. 8:168 S (2022–2023) og Innst. 474 S (2022–2023).
Den 16. juni 2025 vedtok Stortinget endringar i krisesenterlova, jf. Prop. 122 L (2024–2025) Endringar i krisesenterlova (tydeleggjering av det kommunale ansvaret og grunnlag for behandling av personopplysningar m.m.) og Innst. 439 L (2024–2025).
Endringa i krisesenterlova § 3 inneber mellom anna at det blir tydeleggjort at kommunen har plikt til å sørgje for likeverdige alternative krisesentertilbod for brukarar som ikkje kan nytte det vanlege butilbodet ved krisesenteret fordi tilrettelegging ikkje er mogleg. Dette vil omfatte brukarar som på grunn av eigen eller andre sin tryggleik, individuelle behov eller av omsyn til andre brukarar ikkje kan vere på krisesenter. Lovendringa tek til å gjelde frå 1. januar 2026.
Departementet reknar vedtaket som følgt opp.
Krisesentertilbodet til utsette grupper – oppdatere rettleiingar
Vedtak 783, 7. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen oppdatere veilederen til krisesenterlova slik at den tydeligere omhandler krisesentertilbudet til utsatte grupper. Dette arbeidet forutsettes igangsatt straks endringer i krisesenterlova er vedtatt.»
Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om krisesentertilbodet for kvinner i aktiv rus, jf. Dok. 8:168 S (2022–2023) og Innst. 474 S (2022–2023).
Departementet viser til Prop. 122 L (2024–2025) Endringar i krisesenterlova (tydeleggjering av det kommunale ansvaret og grunnlag for behandling av personopplysningar m.m.). Det kjem fram av meldingsdelen at aktuelle rettleiingar skal oppdaterast. Departementet har gitt Bufdir i oppdrag å oppdatere Veileder til krisesenterloven før lovendringane tek til å gjelde frå 1. januar 2026. Rettleiinga vil tydeleg omhandle krisesentertilbodet til utsette grupper og kva ansvar kommunen har når det gjeld å leggje til rette for eit likeverdig tilbod til særleg utsette grupper.
Departementet reknar vedtaket som følgt opp.
3.4 Stortingssesjon (2021–2022)
Offentleg plikt til å tilby tverrfagleg helsekartlegging
Vedtak 404, 3. mars 2022
«Stortinget ber regjeringen utrede at det offentlige skal ha en plikt til å tilby tverrfaglig helsekartlegging når kommunen ber om dette, og raskt komme tilbake til Stortinget på egnet vis.»
Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 222 L (2020–2021) Endringer i barnevernloven mv. (tverrfaglig helsekartlegging), jf. Innst. 166 L (2021–2022).
I regjeringsstrategien Vårt felles ansvar – ny retning for barnevernets institusjonstilbud og i omtale av saka i Prop. 83 L (2024–2025) Endringer i barnevernsloven mv. (kvalitetsløftet i barnevernet) går det fram at regjeringa arbeider for å betre rette inn tverrfagleg helsekartlegging, og at det blir planlagt for å overføre ansvar frå Bufetat til helsesektoren. Det står vidare at Barne- og familiedepartementet, i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet, vil vurdere behovet for endringar i barnevernslova og eventuell forankring i helse- og omsorgslovgivinga, som følgje av forslag til ny måte å innrette tverrfagleg helsekartlegging på, jf. Prop. 222 L (2020–2021). Konsekvensane av overføring skal greiast ut, og føremålet skal endrast frå sakkunnig oppdrag til helsehjelp.
Departementet reknar vedtaket som følgt opp.
Krisesentertilbod til den samiske urbefolkninga
Vedtak 592, 30. mai 2022
«Stortinget ber regjeringen se til at krisesentertilbudet til den samiske urbefolkningen bedres, og orientere Stortinget på egnet vis.»
Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om eit styrkt, likeverdig, heilårsope og døgnbemanna krisesentertilbod over heile landet, jf. Dok. 8:135 S (2021–2022) og Innst. 339 S (2021–2022).
Bufdir forvaltar tilskotsordninga Tilskot til tiltak mot vald og overgrep. Tilskotsordninga har mellom anna bidrege til å etablere eit samarbeid mellom Karasjok kommune og Alta kommune der vaksne og barn frå Karasjok kan nytte seg av krisesentertilbodet i Alta, samstundes som det blir etablert eit dagtilbod med samiskspråklege stillingsressursar i Karasjok.
Departementet viser i tillegg til at Stortinget 16. juni 2025 vedtok endringar i krisesenterlova, jf. Prop. 122 L (2024–2025) Endringar i krisesenterlova (tydeleggjering av det kommunale ansvaret og grunnlag for behandling av personopplysningar m.m.) og Innst. 439 L (2024–2025). Lovendringane gjeld mellom anna ei lovfesting av at dei særskilde rettane til den samiske befolkninga skal takast vare på i krisesentertilbodet. Føremålet med føresegna er å bidra til å auke merksemda om samar både som individ og gruppe, og med det gi eit betre krisesentertilbod til samiske kvinner, menn og barn, i tråd med både nasjonal lovgiving og internasjonale konvensjonar Noreg er forplikta etter. Lovendringa tek til å gjelde frå 1. januar 2026.
Departementet reknar vedtaket som følgt opp.
Utvide ordninga for gjeldsinformasjon («gjeldsregister»)
Vedtak 620, 31. mai 2022
«Stortinget ber regjeringen utvide Gjeldsregisteret slik at det inneholder alle typer gjeld, både med og uten sikkerhet. Regjeringen må samtidig gjøre grundige utredninger som sikrer personvernet, og vurdere om enkelte typer gjeld av den grunn ikke skal innlemmes.»
Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om å ta sosialt ansvar og hjelpe folk med gjeldsproblem gjennom å styrkje og utvide gjeldsregisteret, jf. Dok. 8:203 S (2021–2022), jf. Innst. 361 S (2021–2022).
BFD hadde i 2022 på høyring eit forslag om å utvide ordninga for gjeldsinformasjon med ulike typar pantesikra gjeld. Vurderinga til BFD etter dette var at personvernomsyn gjer at ordninga ikkje kan utvidast til å omfatte pantesikra gjeld utan at føremålet til gjeldsinformasjonslova blir endra. Lite tyder på at det er på grunn av at bustad- og bilgjeld ikkje er omfatta av informasjonsordninga, at kredittvurderingar sviktar og einskilde får gjeldsproblem. Ei utviding av ordninga må derfor grunngivast med noko anna enn å skulle motverke gjeldsproblem.
BFD sende 3. april 2025 eit framlegg om å utvide gjeldsinformasjonsordninga med mellom anna pantegjeld. Høyringsfristen var 3. juli 2025. Departementet er i gang med å vurdere innspela frå høyringa og vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.
3.5 Stortingssesjon (2020–2021)
Justering av barnebidragsreglane for å hindre samværshindring
Vedtak 715, 9. mars 2021
«Stortinget ber regjeringen ved oppfølgingen av NOU 2020: 14 Ny barnelov – Til barnets beste, utrede om det er behov for å gjøre justeringer i barnebidragsreglene for å sikre at økonomi ikke blir en drivende faktor for samværshindring.»
Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om samværshindring, jf. Dok. 8:40 S (2020–2021) og Innst. 264 S (2020–2021).
Departementet har greidd ut og vurdert om det er behov og høve for å justere i gjeldande regelverk for barnebidrag for å sikre at økonomi ikkje blir ein drivande faktor for samværshindring. Regelverket for offentleg fastsett barnebidrag og samvær er i stor grad regulert på forskriftsnivå. Departementet har særleg sett på om det er mogleg å gjere endringar på forskriftsnivå for å motverke at den bidragspliktige må yte barnebidrag for periodar den bidragspliktige ikkje har samvær etter avtale, og der manglande samvær skriv seg frå at bidragsmottakaren hindrar samværet. Høgsterett har nyleg stadfesta innhaldet i barnelova § 67 om barnebidrag og gjort det klart at barnet sin rett til å bli forsørgd er avgjerande. Høgsterettsdommen tydleggjer den uomtvistelege retten barnet har til å bli økonomisk forsørgd uavhengig av kvar barnet bur, og at barnet har rett på barnebidrag frå den forelderen det ikkje bur saman med, sjølv om bustaden til barnet er i strid med avtale eller dom. Forskriftsendringar som gjer at den bidragspliktige må yte mindre i bidrag på grunn av samværshindring, kan føre til at barnet i mindre grad blir forsørgd. På den bakgrunn meiner departementet at dei vurderte endringane på forskriftsnivå kan føre til at forskrift blir i strid med barnelova. Departementet har derfor sett i gang ein gjennomgang av regelverket, der departementet òg vil sjå nærare på korleis regelverket i størst mogleg grad kan innrettast for å unngå at økonomi kan bli ein drivande faktor for samværshindring.
Departementet reknar vedtaket som følgt opp.
Eigendel for mat i krisesentera
Vedtak 972, 25. mai 2021
«Stortinget ber regjeringen gå gjennom lov om kommunale krisesentertilbud og legge opp til at det ikke tas egenandel for mat fra den enkelte.»
Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om eit styrkt og gratis krisesentertilbod for valdsutsette, jf. Dok. 8:134 S (2020–2021) og Innst. 427 S (2020–2021).
Departementet viser til Prop. 122 L (2024–2025) Endringar i krisesenterlova (tydeleggjering av det kommunale ansvaret og grunnlag for behandling av personopplysningar m.m.). I proposisjonen har departementet presisert at det er grunnleggjande at krisesentertilbodet skal vere eit lågterskeltilbod. Vidare har departementet peikt på at dersom eigendelar til utgifter til mat til kostpris gjer at einskilde valdsutsette av økonomiske grunnar ikkje søkjer vern på krisesenteret, vil tilbodet ikkje lenger vere eit reelt lågterskeltilbod. Sjølv om det er høve til å ta eigendel til utgifter til mat til kostpris, må kommunane derfor vurdere om eigendelar i praksis vil innebere ei hindring for at valdsutsette oppsøkjer hjelp. Desse føringane etter gjeldande rett tek etter departementet si vurdering hand om både omsynet til valdsutsette og det kommunale sjølvstyret. Departementet har gitt Bufdir i oppdrag å oppdatere Veileder til krisesenterloven i tråd med dette.
Departementet reknar vedtaket som følgt opp.
Tverrfagleg kompetanse på rus og vald i krisesentera
Vedtak 1124, 3. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen sikre at òg personer i aktiv rus har tilgang til et krisesentertilbud med ansatte som har tverrfaglig kompetanse på rus og vold, enten i tilknytning til eksisterende krisesentre eller som selvstendig tilbud.»
Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om ei førebyggings- og behandlingsreform på rusfeltet, jf. Dok. 8:119 S (2020–2021) og Innst. 578 S (2020–2021).
Den 16. juni 2025 vedtok Stortinget endringar i krisesenterlova, jf. Prop. 122 L (2024–2025) Endringar i krisesenterlova (tydeleggjering av det kommunale ansvaret og grunnlag for behandling av personopplysningar m.m.) og Innst. 439 L (2024–2025).
Endringa i krisesenterlova § 3 inneber mellom anna at det er tydeleggjort i lova at kommunen har plikt til å sørgje for likeverdige alternative krisesentertilbod for brukarar som ikkje kan nytte det vanlege butilbodet ved krisesenteret. Dette vil omfatte brukarar som på grunn av eigen eller andre sin tryggleik, individuelle behov eller av omsyn til andre brukarar ikkje kan vere på krisesenter, til dømes brukarar med rusmiddelproblem. Lovendringa tek til å gjelde frå 1. januar 2026. Det skal leggjast til at det allereie følgjer av krisesenterlova at kommunen skal sørgje for god kvalitet på tilbodet, mellom anna ved at dei tilsette har kompetanse til å ta hand om dei særskilde behova til brukarane, jf. krisesenterlova § 2 fjerde ledd, som vil gjelde på vanleg måte. I den faglege rettleiinga for innhaldet i krisesentertilbodet frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet går det vidare fram at krisesentera bør ha kunnskap om vald som rammar personar med alvorlege rusproblem, og om individuell tilrettelegging for denne gruppa.
Departementet reknar vedtaket som følgt opp.
Krav om autorisasjon for tilsette som skal jobbe med omsorgsovertakingar
Vedtak 1195, 10. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen utrede krav om autorisasjon for de som skal jobbe med omsorgsovertakelser.»
Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 133 L (2020–2021) Lov om barnevern (barnevernsloven) og lov om endringer i barnevernloven, jf. Innst. 625 L (2020–2021).
Barnevernsutvalet fekk i mandat å greie ut «ordninger for offentlig godkjenning av personell, herunder […] autorisasjon for de i barnevernet som skal jobbe med omsorgsovertakelse […]». Fleirtalet i utvalet uttalte i NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid at dei meinte at dette ikkje var ei god løysing, og føreslo ikkje ei autorisasjonsordning. Eit mindretal på ein medlem ville gå vidare med ei autorisasjonsordning. Utgreiinga har vore på offentleg høyring som gav støtte til tilrådinga frå fleirtalet. I Prop. 83 L (2024–2025) går det fram at departementet ikkje går vidare med eit forslag om ei autorisasjonsordning. Stortinget slutta seg til dette då dei handsama proposisjonen.
Departementet reknar vedtaket som følgt opp.
Ordning med andrehandsvurdering av akuttvedtak
Vedtak 1197, 10. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen utrede og fremme forslag om å innføre en ordning med annenhåndsvurdering av akutt-/hastevedtak.»
Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 133 L (2020–2021) Lov om barnevern (barnevernsloven) og lov om endringer i barnevernloven, jf. Innst. 625 L (2020–2021).
Departementet viser til at Barnevernsutvalet har levert utgreiinga NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid. Utvalet vart bede om å vurdere spørsmålet, men føreslo ikkje å innføre ei ordning med andrehandsvurdering av akuttvedtak. Utvalet meinte mellom anna at systemet vi har i dag, allereie inneheld ei form for andrehandsvurdering. Utgreiinga har vore på offentleg høyring. Få høyringsinstansar uttalte seg om spørsmålet. I Prop. 83 L (2024–2025) går det fram at departementet ikkje vil føreslå ei ny andrehandsvurdering av akuttvedtak. Ved handsaminga av proposisjonen slutta Stortinget seg til forslaget frå departementet om å styrkje rettstryggleiken i slike saker gjennom einskilde presiseringar i reglane om legalitetskontrollen nemnda gjer av akuttvedtak, i barnevernslova.
Departementet reknar vedtaket som følgt opp.
Alternativt omgrep til «åtferd» i barnevernslova
Vedtak nr. 1198, 10. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen arbeide videre med å finne et alternativt begrep til atferdsbegrepet i barnevernsloven.»
Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 133 L (2020–2021) Lov om barnevern (barnevernsloven) og lov om endringer i barnevernloven, jf. Innst. 625 L (2020–2021).
I ny barnevernslov vart omgrepet «åtferdsinstitusjon» erstatta med omgrepa «barnevernsinstitusjon» eller «institusjon», jf. Prop. 86 L (2021–2022) og Innst. 391 L (2021–2022). Vidare har Stortinget ved handsaminga av Prop. 83 L (2024–2025) slutta seg til forslaget frå departementet om å innføre alternative omgrep til omgrepet «åtferd» i barnevernslova. Omgrepet «alvorlege åtferdsvanskar» blir erstatta med «utset utviklinga si for alvorleg fare».
Departementet reknar vedtaket som følgt opp.
Oppfølging av tilrådingar frå rettstryggleiksutvalet på barnevernsområdet
Vedtak 1201, 10. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen følge opp rettsikkerhetsutvalgets anbefalinger på barnevernsområdet uten ubegrunnet opphold.»
Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 133 L (2020–2021) Lov om barnevern (barnevernsloven) og lov om endringer i barnevernloven, jf. Innst. 625 L (2020–2021).
Utvalet som skulle vurdere tiltak for å styrkje kvaliteten og rettstryggleiken i barnevernet, leverte 20. mars 2023 utgreiinga NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid. Utgreiinga vart send på offentleg høyring våren 2024. Lovforslag og fleire andre tiltak frå NOU 2023: 7 er lagde fram for Stortinget i Prop. 83 L (2024–2025) Endringer i barnevernsloven (kvalitetsløftet i barnevernet). Dette gjeld mellom anna tiltak for betre tillit og meir openheit i barnevernet, lovforslag om klagerett for barn på vedtak om flytting, tiltak for å styrkje oppfølginga av foreldre etter omsorgsovertaking og andre tiltak for betre rettstryggleik for barn og foreldre når barn har tiltak utanfor heimen.
Departementet reknar vedtaket som følgt opp.
3.6 Stortingssesjon (2019–2020)
FNs konvensjon om barnerettane – ny barnevernslov og ny barnelov
Vedtak 637, 28. mai 2020
«Stortinget ber regjeringen sikre at forslagene til ny barnevernlov og ny barnelov er i tråd med FNs barnekonvensjons prinsipper om barns rett til informasjon, til å bli hørt, beslutninger til barnets beste og barns rett til privatliv.»
Vedtaket vart gjort i samband med orienteringa om situasjonen i barnevernet som barne- og familieministeren heldt for Stortinget 26. mai 2020.
Departementet reknar den delen av vedtaket som gjeld ny barnevernslov, som følgd opp i forslaget til ny barnevernslov som vart lagt fram for Stortinget i Prop. 133 L (2020–2021). Stortinget vedtok lova 9. juni 2021, og lova tok til å gjelde 1. januar 2023.
Stortinget vedtok ny barnelov 16. juni 2025. Regjeringa meiner ny barnelov er i samsvar med og balanserer dei menneskerettslege pliktene våre. Menneskerettane set krav både til utforming av reglar og handsaming av konkrete saker. Den nye lova har eit innleiande kapittel om barns grunnleggjande rettar, irekna barnets beste og barns rett til medverknad. Det er òg ei ny føresegn om barnet sin rett til personvern. Den nye lova understrekar vidare dei forventningar som fyrst og fremst ligg på foreldra når det gjeld å vareta barn sine grunnleggjande rettar i det daglege, som til dømes retten til beskyttelse, omsorg og medverknad som følgjer mellom anna av FNs barnekonvensjon. Myndigheitene har òg ansvar for å oppfylle barn sine rettar på fleire område, og til å gripe inn når det er nødvendig. Barnelova skal òg vareta barnet sin og foreldra sin rett til å bevare familielivet ved samlivsbrot, og foreldra sine rettar og deira rettstryggleik. I nokre tilfelle vil barn og foreldre sine interesser vere motstridande. Det kan til dømes handle om at ein forelder sin rett til familieliv står i motstrid til barnet sin rett til beskyttelse, og dette kan kome på spissen i ein sak om samvær. Det er fleire føresegner i ny lov som skal gje barn vern mot vald og overgrep. Departementet har i forarbeida òg uttalt at risiko for vald eller overgrep typisk vil vere situasjonar der samvær ikkje vil vere til barnet sitt beste. Regjeringa meiner den nye barnelova balanserer dei menneskerettslege pliktane på ein forsvarleg måte, og legg til rette for at barnets rettar blir følgde opp i praksis i konkrete saker.
Departementet reknar vedtaket som følgt opp.
3.7 Stortingssesjon (2016–2017)
Evaluering av felles foreldreansvar
Vedtak 491, 7. mars 2017
«Stortinget ber regjeringen evaluere felles foreldreansvar fra fødsel, etter at loven har virket tre år.»
Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 161 L (2015–2016) Endringer i barnelova mv. (likestilt foreldreskap), jf. Innst. 195 L (2016–2017).
Lovendringa om felles foreldreansvar tok til å gjelde 1. januar 2020 og har no verka i tre år. Som ei følgje av ei endring i barnelova § 35 fekk alle foreldre automatisk felles foreldreansvar for barn dei får saman, uavhengig av om dei er ektefellar, sambuarar eller ikkje bur saman.
Departementet har gjort ei intern evaluering av lovendringa om felles foreldreansvar, og har nytta erfaringane i arbeidet med ny barnelov. Det er gjort greie for verknaden av lovendringa om felles foreldreansvar uavhengig av samlivsstatusen til foreldra i Prop. 117 L (2024–2025) Lov om barn og foreldre (barnelova) under punkt 6.4.4. Stortinget vedtok ny barnelov 16. juni 2025.
Departementet reknar vedtaket som følgt opp.