Del 3
Omtale av særlege tema

5 Forsking og utvikling

Departementet treng god kjennskap til eigen sektor, til korleis eigne tiltak verkar, og til kva sektoren treng av kunnskap. Midlane til forsking må nyttast effektivt, det vil seie at departementet må prioritere naudsynte kunnskapsbehov. Til dømes må departementet prioritere forsking som er viktig for å utvikle effektiv og treffsikker politikk. Barne- og familiedepartementet (BFD) arbeider med å innrette forskingsmidlane på feltet godt.

Sektoransvaret til BFD omfattar mellom anna levekåra for barnefamiliar, sårbare familiar, barn og unge, vald og overgrep, og barnevernet. Ansvarsområdet til departementet omfattar òg forbrukarpolitikken, lovverk og tilskotsordningar på trus- og livssynsfeltet og gravplassektoren.

Forsking og utvikling skal bidra til at departementet får den naudsynte kunnskapen til å utvikle effektive og treffsikre tiltak og tenester, slik at barn, unge og familiar som har behov for det, kan få den hjelpa dei treng. Vi treng òg å kjenne til kva for verknader dei store overføringane til barnefamiliane har, og om kva for tiltak som er effektive og gir samfunnsøkonomiske vinstar. BFD har vidare koordineringsansvaret for barnekonvensjonen og arbeider for å sikre at barn sine rettar blir tekne hand om. Til dette treng vi kunnskap om korleis politikk verkar på barn, og kva for tiltak som trengst for å ta vare på barna. Kunnskapsgrunnlaget skal òg bidra til å gi barn og unge ein best mogleg start på livet, slik at dei, så langt råd er, får like høve til å utvikle seg og delta i samfunnet.

Innanfor forbrukarsektoren gir kunnskap om utfordringane norske forbrukarar møter, eit grunnlag for utforminga av forbrukarpolitikken. Målet er at forskinga skal gi god informasjon om prioriterte saker og medverke til kunnskap om tema som er aktuelle for forbrukarpolitikken. På tru- og livssynsfeltet følgjer ein mellom anna med på verknadene av lovgivinga som tok til å gjelde i 2021, for å sjå om ho verkar i tråd med føremåla.

BFD har utarbeidd ein eigen forskingsstrategi for perioden 2022–2026. Strategien tek utgangspunkt i fleire identifiserte utfordringar: Forskingsmiljøa på områda til BFD er små og fragmenterte, datagrunnlaget er relativt sett svakt, og det er for lite internasjonalt forskingssamarbeid.1 Det er heller ikkje nok forsking på tvers av sektorar.2 Hovudmålet til strategien er at arbeidet til BFD med forsking skal bidra til heilskapleg og langsiktig kunnskapsutvikling for utforminga av politikk, tenester og lovverk.

5.1 Langtidsplanen frå regjeringa og samfunnsoppdraget om barn og unge

Regjeringa la fram ein ny Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2023–2032 i oktober 2022. Langtidsplanen legg føringar for måla og prioriteringane til regjeringa på forskingsområdet. I langtidsplanen presenterte regjeringa mellom anna planane for eit målretta samfunnsoppdrag om inkludering av barn og unge i utdanning, arbeids- og samfunnsliv.

Ungt utanforskap er ei stor og samansett samfunnsutfordring. I dag står for mange barn og unge i Noreg utanfor skule, jobb eller andre sosiale arenaer. Dette har kostnader, både for den einskilde og for samfunnet. For å møte denne utfordringa er det naudsynt å få betre kunnskap om kvifor barn og unge fell utanfor, og om tenester og tiltak retta mot dei er innretta på ein god nok måte. Det er òg naudsynt med ein samla og koordinert innsats der kunnskapen blir teken i bruk for å skape endring. I denne samanhengen er det mellom anna viktig med eit tett samarbeid mellom forsking, høgare utdanning og tenester som møter barn og unge som har det vanskeleg.

Etter ein innleiande fase med utgreiing og involvering sette regjeringa i gang samfunnsoppdraget for inkludering av barn og unge i 2025. Dette skal vere eit 10-årig arbeid med ein visjon om «Ingen barn og unge utanfor», med eit overordna mål om ein tydeleg reduksjon i utanforskap blant barn og unge innan 2035. For å nå målet har regjeringa invitert kommunar, fylkeskommunar, frivilligheit, partane i arbeidslivet, forskingsinstitusjonar med fleire til eit samla krafttak for inkludering. Regjeringa vil òg intensivere arbeidet med å finne dei effektive, kunnskapsbaserte og innovative inkluderingstiltaka. Som ein del av arbeidet i 2025 vert det etablert ei partnarskapsgruppe med deltaking frå kommunal og frivillig sektor, i tillegg til representantar frå partane i arbeidslivet. Det skal òg bli etablert ei innsatsgruppe med Forskingsrådet som vertskap.

BFD har koordineringsansvar for samfunnsoppdraget om å inkludere fleire barn og unge, i tett samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet.

5.2 Kunnskapsgrunnlag om barn og unge

BarnUnge21-strategien er eit viktig dokument i arbeidet departementet gjer med forsking og kunnskapsutvikling om utsette barn og unge. Strategien vart lagd fram i februar 2021. Strategien konkluderte mellom anna med at kunnskapsgrunnlaget om utsette barn og unge har vesentlege svakheiter, at tenestene ikkje i tilstrekkeleg grad tek i bruk kunnskapsbaserte tiltak, og at ei vellukka forbetring av tenestene er avhengig av at ein byggjer betre kunnskap og sikrar at denne blir teken i bruk. Strategien gir sju tilrådingar til korleis ein kan styrkje forskinga for ein meir heilskapleg og kunnskapsbasert oppvekstpolitikk. Ei av tilrådingane handlar om å etablere eit nytt forskings- og innovasjonsprogram om utsette barn og unge.

BFD etablerte, saman med Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet, ei forskings- og innovasjonssatsing om utsette barn og unge i 2023. Noregs forskingsråd har ansvaret for å administrere satsinga. I november 2024 la Forskingsrådet ut ei ny utlysing om forsking for inkludering av barn og unge med søknadsfrist i mars 2025. Utlysinga var på 117 mill. kroner, og søknader skal handsamast i løpet av 2025. Utlysinga blir òg sett i samanheng med samfunnsoppdraget for inkludering av barn og unge.

Regjeringa vil føre vidare forskings- og innovasjonssatsinga om utsette barn og unge i 2026.

Bufdir leier eit samarbeid mellom 13 etatar under «Kjernegruppe for utsette barn og unge» (KUBU), som består av sju departement. Føremålet med arbeidet er å samordne politikkutviklinga og tenestene til utsette barn og unge betre. For at tiltak retta mot utsette barn og unge skal vere effektive og treffsikre, er ein avhengig av eit godt kunnskapsgrunnlag og at kunnskapen blir teken i bruk i utdanningar, tenester og politikk.

Ei viktig oppgåve for KUBU er å koordinere innsatsen til departementa for å førebyggje barne- og ungdomskriminalitet. Regjeringa føreslår å auke løyvinga til forsking om barne- og ungdomskriminalitet med 8 mill. kroner i 2026. For å sikre at tiltaka mot barne- og ungdomskriminalitet er målretta, er det mellom anna naudsynt med ny kunnskap om omfang og årsaker til barne- og ungdomskriminalitet og om kva for verkemiddel som er effektive for å førebyggje slik kriminalitet.

Etatssamarbeidet under KUBU har fått i oppdrag å vurdere ansvaret kommunane har for det breie førebyggjande arbeidet. Oppdraget skal ferdigstillast i 2026. I desember 2024 leverte etatane eit kunnskapsgrunnlag. Undersøkinga viser at det er stor variasjon i korleis kommunane forstår og utøver det førebyggjande ansvaret sitt. Regjeringa vil byggje vidare på det eksisterande kunnskapsgrunnlaget og har gitt etatssamarbeidet eit tilleggsoppdrag. Sjå nærare omtale i del II, programkategori 11.10.

5.3 Rolla til Forskingsrådet

Noregs forskingsråd er eit viktig verkemiddel for å nå dei forskingspolitiske måla til regjeringa. Den samla måloppnåinga for verksemda og økonomisituasjonen i Forskingsrådet er omtalt i budsjettproposisjonen frå Kunnskapsdepartementet for 2026.

Forskingsrådet er òg ein viktig samarbeidspartnar for BFD i arbeidet med å styrkje kunnskapsgrunnlaget på områda til departementet. Relevante forskingstema er vald i nære relasjonar, barnevern, psykisk helse, sosial ulikskap og arv, fertilitet og inkludering av barn og unge.

Dei siste åra har løyvinga til Forskingsrådet under BFD auka. Forskingsrådet har òg spelt ei sentral rolle i arbeid med BarnUnge21-strategien og er viktig for gjennomføringa av samfunnsoppdraget om inkludering av barn og unge. Løyvinga frå BFD til Forskingsrådet er samla på éin budsjettpost, sjå omtale under kap. 800, post 70, programkategori 11.00.

Det sektorpolitiske området til BFD blir òg styrkt gjennom andre utlysingar i Forskingsrådet. Forskingsrådet lyste til dømes ut 90 mill. kroner til forskingssenter for utvalde profesjonsutdanningar retta mot utsette barn og unge i 2023. Utlysinga, som var særleg retta mot lærarutdanninga og relevante helse- og velferdsutdanningar, resulterte i tre nye forskingssenter innanfor temaet utsette barn og unge. Nord universitet, VID vitenskaplige høgskole og Universitetet i Tromsø vart i 2024 tildelt midlar til å etablere kvart sitt forskingssenter på området.

Framover blir utlysinga på 117 mill. kroner til samarbeidsprosjekt for å inkludere fleire barn og unge i utdanning, arbeids- og samfunnsliv viktig. Forsking på dette feltet er sentralt for utviklinga av effektive tiltak, og prosjekta er viktige for samfunnsoppdraget, sjå omtale ovanfor.

Forskingsrådet har i 2025 òg utlyst midlar til samarbeidsprosjekt for å førebyggje og motverke vald i nære relasjonar med søknadsfrist 12. november 2025. Prosjekta skal bidra til heilskapleg og samordna innsats mot vald og overgrep i nære relasjonar og må òg omfatte justissektoren. Relevante forskingstema er samanhengen mellom vald og overgrep i oppveksten og seinare kriminalitet og samarbeid mellom etatar/sektorar for å førebyggje og avdekkje vald i nære relasjonar. Dette er i tråd med Opptrappingsplanen mot vold og overgrep mot barn og vold i nære relasjoner (2024–2028).

5.4 Arbeidet til Bufdir med forsking

BFD gir midlar til forsking som Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) forvaltar på vegner av departementet. Bufdir har laga ein langsiktig plan for forsking og evaluering. Saman med BFDs forskingsstrategi dannar han eit godt fundament for den felles, langsiktige utviklinga av kunnskapsgrunnlaget for barne- og familiepolitikken. Bufdir har dessutan, på oppdrag frå BFD, greidd ut korleis data på fagområda til Bufdir kan gjerast tilgjengelege og bli lagde til rette for forsking av høg kvalitet og relevans. Bufdir har ansvar for å følgje opp forslaga til tiltak i denne utgreiinga, og BFD har sidan 2024 tildelt midlar for å auke kapasiteten til Bufdir på området.

BFD ønskjer at fleire av forskingsprosjekta direktoratet har ansvar for, skal kunne utforske større og meir tverrgåande problemstillingar. Mellom anna har direktoratet eit fleirårig prosjekt om barn som veks opp i fattigdom, og kva tiltak som er mest effektive for å redusere og førebyggje fattigdom blant barn, og eit prosjekt der føremålet er å utvikle likeverdige og verksame tiltak mot vald og diskriminering mot fleire grupper i samfunnet, som blir avslutta i 2025.

I 2026 vil regjeringa prioritere å setje i gang arbeidet med ei systematisk utprøving av inkluderingstiltak på fritidsfeltet, sjå omtale under programkategori 11.10.

Bufdir forvaltar BFD sin del av grunntilskotet til Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS). I 2025 er tilskotet på 6,19 mill. kroner. NKVTS skal mellom anna føre vidare arbeidet til senteret for å få kunnskap om omfang av vald og overgrep blant barn og unge i Noreg og styrkje forskinga om det førebyggjande arbeidet i kommunane, sjå omtale under kap. 840, post 70.

5.5 Forsking og utvikling i forbrukarsektoren

BFD har eit ansvar for forsking og utvikling i forbrukarsektoren. Målet er å ha solid kunnskap om utfordringane norske forbrukarar møter, som eit grunnlag for utforminga av forbrukarpolitikken.

Forskingsmidlane BFD har til forbrukarsektoren, går i hovudsak til Forbruksforskingsinstituttet SIFO (SIFO) ved OsloMet. SIFO er ein sentral kunnskapsleverandør på forbrukarområdet. Gjennom 2024 og 2025 har SIFO utført fleire oppdrag for BFD for å styrkje kunnskapsgrunnlaget om aktuelle forbrukarpolitiske område. Det gjeld tema som den økonomiske situasjonen til forbrukarane, den digitale kvardagen til forbrukarane og berekraftig forbruk. Referansebudsjettet er eit årleg oppdrag SIFO får av BFD. Det gir eit mål på økonomiske levekår basert på forbruk og blir brukt av både offentleg og privat sektor til økonomiske rådgiving for å rekne ut alminnelege levekostnader. Budsjettet er òg grunnlaget for å fastsetje barnebidrag og kostnader knytte til å halde ved lag eit definert forbruks- og levekårsnivå for ulike hushaldssamansetjingar. Referansebudsjettet vart oppdatert i både 2024 og i 2025 og vil vere viktig å vidareutvikle framover.

SIFO vil òg i 2026 få midlar til forsking om tema som er aktuelle for forbrukarpolitikken. BFD hentar òg inn kunnskap om forbruk og forbrukarutfordringar frå andre kjelder, som Forbrukarrådet, Forbrukartilsynet, EU-kommisjonen og Statistisk sentralbyrå.

5.6 Forsking og utvikling på trus- og livssynsfeltet

I juni 2025 la departementet fram ein strategi for det livssynsopne samfunn, sjå òg omtale under programkategori 11.50. Strategien inneheld fleire forskings- og utviklingstiltak på trus- og livssynsfeltet, mellom anna knytt til trus- og livssynsdialogen, utdanning av religiøse leiarar (jf. omtale av oppmodingsvedtak 142 (2023–2024) i Del I) og trus- og livssynssamfunna som del av forsking på sivilsamfunn og frivilligheit.

I takt med samfunnsutviklinga med større mangfald på gravplassane, endra forventingar frå innbyggjarane og befolkningsframskrivingar av auke i dødstala dei neste tiåra, er det viktig å ha kunnskap om korleis gravplassane blir drifta og forvalta, mellom anna som grunnlag for å lage til eit tenleg regelverk og digitale tenester.

6 Oppfølging av krava i likestillings- og diskrimineringslova om å gjere greie for likestilling

Barne- og familiedepartementet (BFD) har ansvar for ei rekkje område som er viktige for likestilling. Desse områda omfattar mellom anna stønadsordningar til barnefamiliar, og tiltak for å fremje deltaking og inkludering for alle barn og unge. Departementet forvaltar òg lovverk som påverkar likestillinga. Dette gjeld mellom anna barnelova, ekteskapslova og krisesenterlova. Arbeidet mot vald i nære relasjonar er òg ein viktig del av innsatsen for å fremje likestilling.

Departementet ser det som viktig at likestillingspolitikken i størst mogleg grad blir gjennomført innanfor den einskilde sektoren, i ordinære system og i ordinære tiltak. Denne politikken følgjer òg av internasjonale føringar som Noreg har slutta seg til. Målet er å fremje likestilling og likeverdige offentlege tenester på alle område departementet har ansvar for.

Arbeidet departementet gjer for å fremje likestilling og hindre diskriminering som offentleg styresmakt, blir mellom anna følgt opp i nasjonale handlingsplanar og strategiar på dei fagfelta departementet har ansvar for. Både departementet og Bufdir arbeider med å få betre kunnskap om likestilling og ikkje-diskriminering på fagområda sine gjennom FoU-oppdrag, statistikkutvikling og undersøkingar blant organisasjonar, kommunar og brukarar av tenestene på områda.

Bufdir har på oppdrag frå Kultur- og likestillingsdepartementet òg eit sektorovergripande ansvar for oppfølging av aktivitets- og utgreiingsplikta på likestillingsområdet og skal vere ein rollemodell for alle arbeidsgivarar og offentlege styresmakter på aktivt likestillingsarbeid.

Arbeidet til Barne- og familiedepartementet for å fremje likestilling både som arbeidsgivar og som styresmakt vil halde fram i 2026.

6.1 Familie- og oppvekstområdet

Regjeringa la i juni 2025 fram Meld. St. 28 (2024–2025) Tro på framtida – uansett bakgrunn. Meldinga peiker ut vidare retning for å redusere sosiale skilnader og bidra til like høve for barn og unge, uavhengig av familiebakgrunn.

Regjeringa la i desember 2024 fram Strategi for likestilling mellom kvinner og menn 2025–2030. Strategien skal sikre heilskap og samanheng i likestillingspolitikken. Det er utvikla eit indikatorsett som årleg skal følgje utviklinga på hovudmåla i strategien. Kultur- og likestillingsdepartementet koordinerer arbeidet med strategien.

Eit av delmåla i likestillingsstrategien er God familie-jobb-balanse. To av indikatorane seier noko om korleis foreldre planlegg og tilpassar bruken av foreldrepengeperioden: i) det gjennomsnittlege talet på foreldrepengedagar for menn samanlikna med kvinner og ii) omfanget av ulønt permisjon etter fullført foreldrepengeperiode, fordelt etter kjønn.

Eit anna mål i likestillingsstrategien er Eit samfunn utan vald, valdtekt, seksuell trakassering og netthets. Vald i nære relasjonar og valdtekt er eit alvorleg likestillingsproblem. Både kvinner og menn kan bli utsette for vald i nære relasjonar, men langt fleire kvinner enn menn er utsette for alvorleg vald frå partnaren. Seksuelle overgrep rammar særleg kvinner og jenter. Tal frå krisesenterstatistikken viser at det fyrst og fremst er kvinner og barn som bur på krisesentera. I 2024 budde 2 340 vaksne på krisesentera. Av dei var 210 menn. I tillegg budde det 1 704 barn på sentera. 61 prosent av bebuarane hadde innvandrarbakgrunn. 10 prosent av mennene og 19 prosent av kvinnene hadde budd på eit krisesenter tidlegare.

Regjeringa la våren 2025 fram forslag til ny lov om barn og foreldre (barnelova), jf. Prop. 117 L (2025–2025), jf. Innst. 526 L (2024–2025). Stortinget vedtok lova 11. juni 2025. Sjå nærare omtale av ny barnelov under programkategori 11.10. Lova inneber fleire tiltak som skal bidra til at foreldra får eit meir likestilt utgangspunkt når dei ved samlivsbrot skal inngå avtale om korleis dei framover skal organisere familielivet med barna.

Den 16. juni 2025 vedtok Stortinget endringar i krisesenterlova, jf. Prop. 122 L (2024–2025) og Innst. 439 L (2024–2025). Føremålet med endringane i krisesenterlova er å styrkje krisesentertilbodet slik at kvinner, menn og barn utsette for vald i nære relasjonar får eit heilskapleg tilbod som er tilpassa behova og livssituasjonen deira. Regjeringa skal i 2026 halde fram med arbeidet med å vidareutvikle krisesentertilbodet.

Nokre krisesenter manglar universell utforming og tilpassing til personar med funksjonsnedsetjing. Det er også eit mangelfullt krisesentertilbod til valdsutsette personar i aktiv rus og med alvorleg psykiske lidingar. Bufdir forvaltar eit tilskot til utviklingsprosjekt for å styrkje krisesentertilbodet til særleg utsette grupper. Dette tilskotet kan kommunane søkje på. Alle som renoverer eller byggjer nye senter, skal dessutan sørgje for at sentera er utforma slik at dei er tilgjengelege for alle. Regjeringa etablerte òg ei ny tilskotsordning i 2025 for å stimulere kommunar til å oppgradere, fornye eller utvide krisesentera sine. Målet med tilskotsordninga er at fleire krisesenter har bygg som er eigna til føremålet. Tilskotsordninga blir ført vidare i 2026.

Nasjonalt samisk kompetansesenter (NASAK) har som føremål å styrkje kvaliteten på tilbodet for samiske barn, vaksne og familiar i kommunalt og statleg barnevern, familievernet og krisesentera. NASAK har ansvar for opplæring og rettleiing av desse tenestene og skal bidra til å utveksle kunnskap og faglege føringar for praksis. Ei følgjeevaluering av NASAK som Nordlandsforskning har gjort, har mellom anna sett på korleis senteret oppfyller mandatet sitt, og om organisering av senteret med tilsette lokaliserte i dei ulike samiske områda er tenleg. Studien vart lagd fram i 2025 og blir følgd opp vidare. NASAK har ei eiga nettside med informasjon om mellom anna rettane til den samiske befolkninga og pliktene til tenesteapparatet på Bufdir.no.

Stortinget vedtok i mai 2024 opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar, jf. Prop. 36 S (2023–2024) og Innst. 259 S (2023–2024). Ni departement har samarbeidd om planen. Planen inneheld over 100 tiltak for å styrkje innsatsen mot vald og overgrep. Planen har eit eige kapittel om vald og overgrep i samiske samfunn. Regjeringa vil føre vidare arbeidet med å følgje opp opptrappingsplanen i 2026. Sjå omtale i programkategori 11.10 Familie og oppvekst.

Regjeringa la fram Meld. St. 32 (2024–2025) Trygg oppvekst i et digitalt samfunn i juni 2025. Gutar og jenter bruker digitale einingar, sosiale medium og dataspel ulikt og blir ramma ulikt av risikoane på nett. Til dømes speler jenter mindre dataspel enn gutar og er samstundes meir utsette for nokre former for risiko på nett, som kjønna hets og digitale overgrep. Marknadsføring og innhald som fremjar usunne kroppsideal, påverkar mange barn og unge. Regjeringa vil føre ein heilskapleg politikk for ein trygg digital oppvekst, som mellom anna adresserer utfordringar kring at gutar og jenter deltek på ulike vis og opplever ulik risiko på nett.

6.2 Barnevernsområdet

Barn og unge i Noreg som lever under tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira, skal få hjelp og støtte uavhengig av faktorar som kjønn, religion, landbakgrunn og opphaldsstatus, funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk og kvar i landet dei bur.

Tal frå barnevernsstatistikken til Statistisk sentralbyrå for 2024 viser at det var fleire gutar enn jenter som fekk tiltak frå barnevernet. Gjennom heile 2024 var det rundt 53 prosent gutar og 47 prosent jenter som fekk barnevernstiltak. Kjønnsfordelinga har vore stabil dei siste åra.

Den same kjønnsfordelinga gjeld om ein skil mellom tiltak i og utanfor heimen. For enkelte typar tiltak er det likevel større kjønnsskilnader. For barn og unge som er plasserte utanfor heimen, var det ein tendens til at fleire gutar enn jenter budde i ein bustad med oppfølging eller i ein spesialisert fosterheim, og at fleire jenter enn gutar budde i beredskapsheim. Vidare hadde gutar oftare enn jenter hjelpetiltaka MST, PMTO, deltaking i ansvarsgruppe/samarbeidsteam og støttekontakt, medan fleire jenter enn gutar får psykisk helsehjelp for barn og unge og økonomisk hjelp til eigen bustad/hybel.

Blant dei tilsette i barnevernet (kommunale barnevernstenester og institusjonar) er fleirtalet kvinner. Delen menn har i perioden frå 2008 til 2024 vore om lag ein fjerdedel, men med ein liten nedgåande trend dei siste åra. Delen tilsette i barnevernet med innvandrarbakgrunn har auka jamt dei siste åra, frå 4,7 prosent i 2008 til 11,5 prosent i fjerde kvartal 2024. Endringa dei tre siste åra har vore lita. Blant tilsette i barnevernet med innvandrarbakgrunn i 2024 var 48,2 prosent menn. Det er ein auke på tre prosentpoeng samanlikna med 2023.

I utviklinga av barnevernstiltaka tek departementet og Bufdir omsyn til tilrettelegging for gutar og jenter der det er behov for det. For barnevernsinstitusjonane gjeld dette til dømes i arbeidet med internkontroll, kvalitetsarbeid og utviklinga av behandlingsmetodar.

Bufdir har fleire tiltak som skal medverke til meir likeverdige barnevernstenester, mellom anna ei vidareutdanning og eit opplæringsprogram om minoritetar. Sistnemnde skal bli erstatta av eit breiare etterutdanningstilbod om mangfaldskompetanse som skal gi forståing og gode strategiar for mangfaldige utfordringar og behov. Gjennom fleire år har direktoratet òg jobba målretta for at barn i barnevernet skal få naudsynt helsehjelp når dei treng det. Denne innsatsen er viktig for å sikre rettane til barn og unge med fysiske eller psykiske funksjonsnedsetjingar. I tillegg til helsesatsinga vurderer Bufdir at det i åra framover kan vere behov for meir kompetanse i barnevernet om ulike former for funksjonsnedsetjingar. For å bidra til styrkt kompetanse om kjønns- og seksualitetsmangfald i barnevernet finansierer Bufdir mellom anna prosjektet Rosa kompetanse barnevern. Dette er kurs for tilsette i alle delar av barnevernet og for studentar. Kursa tek opp tema som normer, kjønn, seksualitet, identitet, minoritetsstress, samansett diskriminering og inkluderande praksis. Departementet har gitt Bufdir i oppdrag å utarbeide forslag til tiltak for å rekruttere fleire menn i barnevernet og for å auke delen tilsette med minoritetsbakgrunn. Dette gjeld både på kommunalt nivå og i barnevernsinstitusjonane. På oppdrag frå departementet leverte Bufdir i 2024 ein gjennomgang av ordninga med brubyggjarar/linkarbeidarar. Tilrådinga var ikkje å innføre ei ordning med sertifisering. Det vart i staden peikt på behov for meir kunnskap om arbeidet til barnevernet med etniske minoritetar, i tillegg til at ein må utarbeide råd om anskaffingane barnevernstenestene gjer av brubyggjarar. Når det gjeld kunnskap om arbeidet til barnevernet med barn og unge utsette for vald, er det i 2025 lyst ut eit todelt forskingsprosjekt på 10 mill. kroner om Vold og høy konflikt etter samlivsbrudd og barnevernets arbeid med æresrelatert vold. Det er fleire tiltak for kompetanseheving i ny Handlingsplan mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vold og dessutan i Strategi mot menneskehandel, som begge vart lanserte i mai 2025.

6.3 Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn

Lov om tros- og livssynssamfunn (trussamfunnslova) gjeld for både Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn. Lova slår fast at alle registrerte trus- og livssynssamfunn skal få økonomisk støtte frå staten som om lag summerer seg til ein lik sum per medlem. Lova tydeleggjer òg grunnlaget for i nokre tilfelle å kunne nekte eller trekkje tilbake tilskot. Brot på lovfesta diskrimineringsforbod er eit slikt grunnlag. Det same gjeld om trus- eller livssynssamfunn oppmodar til, eller gir støtte til, brot på diskrimineringsforbod. Om eit trus- eller livssynssamfunn gjer skilnad på til dømes homofile eller kvinner og det er grunngitt i den teologiske forankringa eller religiøse læra til trussamfunnet, kan det likevel vere lovleg, jf. likestillings- og diskrimineringslova § 9. Sjå nedanfor om krav til rapportering om slik praksis.

Stortinget vedtok 28. januar 2025 endringar i trussamfunnslova som inneber at trus- og livssynssamfunna må stadfeste når dei krev tilskot, at dei vil arbeide for å oppnå minst 40 prosent kvinner og 40 prosent menn i styrande organ som forvaltar statstilskotet. Dette er ikkje eit krav om faktisk samansetjing, men eit krav om aktivitet. Stillingar og verv som fyller vilkåra for å lovleg gjere skilnad på grunn av kjønn, er ikkje omfatta av aktivitetskravet. Samfunna får vidare ei plikt til å greie ut om tilstand og tiltak i årsrapporten. Kravet er òg gjort gjeldande for Den norske kyrkja. Lovendringane blir sette i verk 1. januar 2026.

Ut over dette skal samfunna òg gjere greie for tilstand og tiltak når det gjeld kjønnslikestilling i trus- eller livssynssamfunnet og for å eventuelt gjere skilnad når det gjeld tilgang til aktivitetar, styrande organ, verv og stillingar.

Alle registrerte trus- og livssynssamfunn må sende ein årleg rapport om verksemda til statsforvaltaren. Trus- og livssynssamfunna skal mellom anna gjere greie for den faktiske tilstanden når det gjeld kjønnslikestilling i samfunnet, og for eventuelle tiltak dei har sett i verk og planlegg å setje i verk for å fremje kjønnslikestilling. Samfunna skal òg gjere greie for avgrensingar dei har eller praktiserer når det gjeld tilgang til eigne aktivitetar, styrande organ, verv eller stillingar som har samanheng med eitt eller fleire diskrimineringsgrunnlag, og for eventuelle segregerte aktivitetar eller tilbod i samfunnet. Den digitale løysinga for innsending av krav om tilskot og rapportar legg framleis ikkje til rette for å hente ut rapportar på aggregert nivå om kjønnsfordeling i styrande organ, men det ligg til rette for at ein over tid kan vidareutvikle løysinga slik at dette kan bli mogleg.

Den norske kyrkja arbeider systematisk for å fremje likestilling og hindre diskriminering når det gjeld kjønn, funksjonsevne, etnisitet og seksuell orientering. Dette blir synleggjort mellom anna gjennom ei mangfaldserklæring, oppretting av eit råd for personar med funksjonsnedsetjingar og eit LHBT-utval. Likestilling får òg vekt ved rekruttering og lønning av medarbeidarar.

Av 12 biskopar var halvparten kvinner per august 2025. Delen kvinnelege prostar og biskopar (geistlege leiarstillingar) var i 2024 på 36,3 prosent, ein oppgang på 1,1 prosentpoeng frå 2023. På bispedømmekontora og i sekretariatet til Kyrkjerådet var 40 prosent av leiarane kvinner, ein nedgang på 0,8 prosentpoeng frå 2023. 62,7 prosent av dei andre tilsette på bispedømmekontora og i sekretariatet til Kyrkjerådet er kvinner. I 2023 var delen 61,6 prosent. Blant faste medlemmer i det valde Kyrkjerådet (2024–2028) er det sju kvinner og ti menn. Både leiaren og nestleiaren er mann.

Ser vi på prestetenesta åleine, viser tala at det framleis er flest menn som har desse stillingane. Kvinnedelen blant prestane har auka jamt dei siste 25 åra, men viste ein liten nedgang frå 42,5 prosent i 2023 til 42 prosent i 2024. Delen kvinnelege prestar aukar jo yngre aldersgruppene er. Når det gjeld likelønn, tente kvinnelege prestar i 2024 97,5 prosent av det mennene tente. I 2023 var tilsvarande tal 97,7 prosent. Kvinnelege biskopar tente i 2024 98,7 prosent av det mennene tente, mot 100,1 prosent i 2023. I årsrapporten frå Kyrkjerådet står det at kapellanar, sokneprestar og prostiprestar har ansiennitetsstigar, og at det er grunnlag for å seie at lønnsskilnadene har samanheng med at det framleis er fleire menn som er på topp i ansiennitetsstigen.

6.4 Forbrukarområdet

Kjønnsstereotyp marknadsføring kan skape urealistiske ideal og skadelege forventingar til utsjånad, interesser og åtferd – både hos gutar og jenter, kvinner og menn. Slik påverknad kan avgrense livsutfalding og valfridom, både som forbrukarar og samfunnsborgarar.

Barn og unge blir utsette for kjønnsdelt marknadsføring, mellom anna i reklame for leiketøy og spel. Målretta reklame og innhald i sosiale medium ser ut til å vere ein viktig grunn til at barn og unge opplever kroppspress og utviklar skadelege kroppsideal.3

Frå 1. juli 2022 er det krav om å merkje reklame der kropp eller hud er endra ved retusjering eller anna manipulering. All slik reklame skal merkjast, og marknadsføring som medverkar til kroppspress, er forbode etter kravet om god marknadsføringsskikk overfor barn. Forbrukartilsynet fører tilsyn med og gir rettleiing om denne merkjeplikta og arbeider for å fremje bruken av standardmerke som skal nyttast.

Merkjeplikta har ein likestillingsdimensjon, sidan jenter oftare enn gutar kjenner på kroppspress, og ved at retusjert reklame i større grad er retta mot jenter enn mot gutar.4 Det finst likevel ikkje dokumentasjon på kva effekt merkjeplikta har hatt.

Merkjeplikta har blitt kritisert fordi ho omfattar endringar som ofte blir gjorde i vanleg foto- og bilethandsaming. Etter at merkjeplikta tok til å gjelde, har òg KI-genererte bilete blitt vanlege. Slike bilete er ikkje omfatta av merkjeplikta, men kan likevel medverke til kroppspress og skadelege kroppsideal. Det er i tillegg i gang diskusjonar og regelverksutvikling om merking av KI-generert innhald generelt, som på sikt kan få noko å seie for merkjeplikta.

Derfor har BFD i 2025 gitt Forbruksforskingsinstituttet SIFO i oppdrag evaluere effekten av merkjeplikta. SIFO skal mellom anna undersøkje korleis reglane verkar og blir opplevde i praksis – særleg blant unge forbrukarar. Oppdraget skal vere avslutta innan utgangen av 2025.

6.5 Status i departementet og dei underliggjande verksemdene for 2024

Barne- og familiedepartementet

Tabell 6.1 Barne- og familiedepartementet (kjønn, lønn, stilling) per 31. desember 2024. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Kvinner (%)

Menn (%)

Personar (N)

Årsverk (N)

Lønn2

Totalt i verksemda1

66

34

150

145,1

100

Toppleiing (dep.råd., kom.sjef og e.sjef)

67

33

6

6,0

101

Mellomleiing m/personalansvar (avdelingsdirektørar, kontorsjef, kontorleiar)

85

15

13

13,0

91

Rådgivar nivå 1 (fagdir., fagrådgiv. mv.)

54

46

35

35,0

101

Rådgivar nivå 2 (seniorrådgivar)1

68

32

66

61,3

100

Rådgivar nivå 3 (rådg. fyrstekons.)

70

30

20

20,0

98

Administrasjon (fyrstekonsulent, seniorkonsulent, rådg.)

60

40

10

9,8

102

1 Utan tilsette i ulønt permisjon 3 år eller meir. Alle tilsette i 100 % ulønt permisjon er i tilsettgruppe «Rådgivar nivå 2 – seniorrådgivar».

2 Lønn kvinner i prosent av lønna til menn

Tabell 6.2 Barne- og familiedepartementet (deltid, tilsetjingstilhøve, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2024. Prosent.

Deltid1

Mellombels tilsette1

Foreldrepermisjon 2

Legemeldt sjukefråvær %

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

-

9,1

10

7

0,2

4,1

3,0

5,4

1 Delen innanfor kvart kjønn gjeld «Mellombels tilsette» og «Foreldrepermisjon».

2 Gjennomsnittstal på veker innanfor kvart kjønn: kvinner 12, menn 3

Barne- og familiedepartementet legg vekt på å vere ein likestilt og inkluderande organisasjon. Departementet har ei partssamansett arbeidsgruppe som kartlegg, analyserer og føreslår tiltak for å fremje likestilling og motverke diskriminering.

Departementet legg vekt på å følgje opp og sikre at eksisterande rutinar blir etterlevde. Det er utarbeidd rutinar for å førebyggje trakassering og fremje likestilling i departementet. Mellom anna finst det rutinar for oppfølging av gravide og tilsette med omsorgsansvar i heimen. Det er òg mogleg å nytte heimekontor som eit tilretteleggingstiltak.

Departementet skal vurdere om dei eksisterande tilretteleggingstiltaka er gode nok for tilsette med gradert sjukmelding, slik at dei kan nytte restarbeidsevna og unngå full sjukmelding på grunn av for høg aktivitet og arbeidspress.

Det er lagt vekt på tiltak for å få fleire kvalifiserte søkjarar med minoritetsbakgrunn og nedsett funksjonsevne. Barne- og familiedepartementet (BFD) har arbeidd for å betre profilen sin på sosiale medium og har delteke på fleire karrieredagar ved studiestader. Dei siste åra har delen søkjarar med oppgitt innvandrarbakgrunn vore stabil og låg i 2024 på mellom 10 og 12 prosent. Delen søkjarar som har oppgitt nedsett funksjonsevne, har auka frå 2 prosent i 2023 til 3,5 prosent i 2024.

I 2024 rekrutterte departementet ein ny trainee gjennom traineeprogrammet i staten. Dette programmet skal gi personar med nedsett funksjonsevne og/eller hòl i CV-en relevant arbeidserfaring. Departementet har nytta denne ordninga i fleire år og har hatt gode erfaringar.

Departementet har arbeidd for å betre kjønnsbalansen og rekruttere fleire menn, då det har vore eit fleirtal kvinner tilsette. Delen mannlege tilsette har auka med eitt prosentpoeng det siste året. Departementet utarbeider lønnsstatistikk to gonger i året og har ikkje funne lønnsskilnader som kan knytast til kjønn.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)

Tabell 6.3 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (kjønn, lønn, stilling) per 31. desember 2024. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Personar (N)

Årsverk (N)

Lønn

Totalt i verksemda

28

72

496

425,3

97

Direktørar, avdelingsdirektørar fagdirektørar

33

67

48

47,3

95

Seniorrådgivarar, spesialrådgivarar, rådgivarar, prosjektleiarar

25

75

418

360,6

94

Konsulent, fyrste- og seniorkonsulentar

41

59

30

17,4

101

Tabell 6.4 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (deltid, tilsetjingstilhøve, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2024. Prosent.

Deltid

Mellombels tilsette1

Foreldrepermisjon2

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

2,1

3,1

9,9

7,1

0,0

3,4

7,5

4,3

1 Av alle tilsette.

2 Både lønt og ulønt fråvær pga. foreldrepermisjon.

Ved inngangen til 2025 hadde Bufdir 496 tilsette, der kvinner utgjorde 72 prosent. Det er størst skilnader på kjønn i stillingskodane seniorrådgivar, rådgivar og fyrste- og seniorkonsulent. Bufdir har gjennomført ulike analysar av lønns- og arbeidsvilkår. Det vart ikkje avdekt utilsikta skilnader eller store skilnader som ikkje kan forklarast.

Arbeidet med likestilling, inkludering og mangfald er eit viktig bidrag til å vidareutvikle Bufdir som arbeidsgivar. Målsetjingar for arbeidet er nedfelte i personalpolitikk i Bufdir og i ei rekkje arbeidsprosessar, rutinar og malar på lønns- og personalfeltet.

Bufdir deltek i det statlege mangfaldsnettverket. I 2024 har nettverket jobba mykje med erfaringsdeling og har gjennomført eit toppleiarmøte om menn og mannsperspektivet.

Mangfald og ikkje-diskriminering er viktige fokusområde for Bufdir, ikkje minst i rekrutteringsprosessar. I alle utlysingstekster blir det fremja mangfald, og stillingsutlysingane oppmodar kandidatar med ulike typar bakgrunn å søkje på dei ledige stillingane. Det er framleis stor skilnad på kjønnsfordelinga av søkjarane til Bufdir. Tala for 2024 viser at det er flest kvinnelege søkjarar til stillingane i Bufdir. Direktoratet vil halde fram med å ha merksemd om å jamne ut denne skilnaden framover.

Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat)

Tabell 6.5 Barne-, ungdoms- og familieetaten (kjønn, lønn, stilling) per 31. desember 2024. Prosent og tal (N)

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Personar1 (N)

Årsverk (N)

Lønn2

Totalt i verksemda1

37

63

6 165

3 796

107

Toppleiing: divisjonsdirektør, avdelingsdirektør, regiondirektør

37

63

30

27,9

96

Mellomleiing 1: seksjonssjef, informasjonssjef, leiar

32

68

137

133,1

99

Mellomleiing 2: avdelingsleiar i institusjon, ass. leiar

21

79

219

203,5

101

Fagstillingar 1: psykolog, spesialpsykolog, psykologspesialist

24

76

267

207,5

94

Fagstillingar 2: spesialiserte med fagutdanning lågare grad og klinisk sosionom, barnevernspedagog mfl.

28

72

1 284

838,6

101

Sakshandsamar 1: seniorrådgivarar, rådgivarar og prosjektleiarar

18

82

700

584,8

98

Sakshandsamar 2: konsulentar, fyrste- og seniorkonsulentar

11

89

151

122,3

102

Fagstillingar 3: høgskule lågare grad

42

58

2 346

1244,9

99

Fagstillingar 4: miljøarbeidarar mfl.

61

39

1 016

425,8

101

Drift og merkantile

40

60

15

7,6

94

1 Talet personar inklusive 1 792 timelønte på rammeavtale, Bufdir er ikkje med.

2 Lønna til kvinner i prosent av lønna til menn.

Tabell 6.6 Barne-, ungdoms- og familieetaten (deltid, tilsetjingstilhøve, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2024. Prosent.

Deltid1

Mellombels tilsette2

Foreldrepermisjon3

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

32,5

19,8

7,0

6,2

1,6

2,3

5,1

6,9

1 Tilsette i stilling mindre enn 100 prosent og med unntak av tilsette på timelønn. Det er 1 792 tilsette på timelønn.

2 Av alle tilsette og med unntak av tilsette på timelønn. Det er 1 792 tilsette på timelønn.

3 Både lønte og ulønte fråvær pga. foreldrepermisjon med unntak av tilsette på timelønn

Kvinnene utgjorde 63 prosent av dei tilsette per 31. desember 2024. Bufetat har eit uttalt mål om balanse mellom kjønna i dei ulike stillingskategoriane på alle nivåa i verksemda, men òg sett i samanheng med kjønnsfordelinga i kvar eining.

Det er ei overvekt av kvinner i alle stillingskategoriane i Bufetat, bortsett frå i kategorien miljøarbeidarar, der det er 60 prosent menn. Delar av institusjonsområdet har tilnærma balansert kjønnssamansetjing. Barnevernsinstitusjonane og omsorgssentera for einslege mindreårige asylsøkjarar har ei fordeling på rundt 55 prosent kvinner og 45 prosent menn. Størst skeivfordeling finn ein i senter for foreldre og barn, der 91 prosent av dei tilsette er kvinner. På områda heimebaserte tenester og i familievernet er delen kvinner på 76 prosent og 79 prosent, medan det i inntak og fosterheimstenestene er meir enn 80 prosent kvinner.

Fleire regionar har gjennomført ulike analysar av lønns- og arbeidsvilkår. Det vart ikkje avdekt utilsikta lønnsskilnader eller uforklarlege skilnader.

Bufetat har i 2024 halde fram med å følgje opp likestillings- og ikkje-diskrimineringsperspektivet i personal- og rekrutteringsarbeidet. Arbeidet med likestilling, inkludering og mangfald er viktig inn i ei profesjonell rekruttering av nye tilsette, men òg i arbeidet med å redusere gjennomstrøyming. I 2026 er det ei ønskt utvikling at det er fleire menn som søkjer på dei utlyste stillingane.

Samarbeid mellom partane for å fremje likestilling, inkludering og mangfald blir løyst gjennom eksisterande samarbeidsforum, som informasjons-, drøftings- og forhandlingsutval, AMU og det partssamansette likestillings-, inkluderings- og mangfaldsutvalet, som har representantar frå alle regionar og Bufdir. Utvalet skal bidra til å spreie gode døme for å fremje likestilling, inkludering og mangfald i verksemda.

Sjukefråværet for kvinner har frå tidlegare år vore høgare enn for menn. Det er det framleis. I 2024 minkar langtidsfråværet for begge grupper samla, og årsakene er samansette. I 2024 vart sjukefråværet rekna ut utan å korrigere for ferie, det er ei av årsakene. God og stabil leiing, målretta arbeidsmiljøarbeid, tidleg innsats og tilrettelegging er faktorar som er grunnleggjande i sjukefråværsarbeidet. Det er lagt ned atskilleg med ressursar i arbeidet med å auke nærværet og redusere sjukefråværet i alle regionar.

Barneverns- og helsenemnda

Tabell 6.7 Barneverns- og helsenemnda (kjønn, lønn, stilling) per 31. desember 2024. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Personar (N)

Årsverk1 (N)

Lønn2

Totalt i verksemda

28,1

71,9

128

125,05

81,8

Daglege leiarar / nemndleiarar inkludert konstituerte daglege leiarar

41,6

58,4

12

12

99,8

Direktør

0

100

1

1,0

-

Fagdirektør

0

100

1

1

-

Fyrstekonsulentar

3,3

96,7

30

28,05

103,2

Kontorsjefar

100

1

1,0

100

Nemndleiarar

39,3

60,7

61

61

100

Rådgivarar

100

0

2

2

100

Seniorkonsulentar

0

100

11

9,1

100

Seniorrådgivarar

37,5

62,5

8

8

102,1

Avdelingsdirektør

100

0

1

1,0

-

1 Årsverk i heile 2024.

2 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene.

Tabell 6.8 Barneverns- og helsenemnda (deltid, tilsetjingstilhøve, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2024.

2023

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon1

Legemeldt sjukefråvær1

Totalt i verksemda

0

7

1

1

0,2

0,6

4,0

7,6

1 Prosent rekna ut ifrå årsverk per 2023.

Per 31. desember 2024 var 24,6 prosent av dei tilsette i verksemda menn. I stillingsgruppa for nemndleiarar var 38,8 prosent av dei tilsette menn.

Barneverns- og helsenemnda har ingen lønnsskilnader som kan knytast til kjønn. Alle nemndleiarar har same lønna, uavhengig av kjønn. Dei som er daglege leiarar, i tillegg til stillinga som nemndleiar, har eit lønnstillegg som mellom anna blir regulert av kor mange tilsette det er i nemnda dei leier.

Barneverns- og helsenemnda arbeider aktivt for å oppfylle krava om aktivitetsplikt i lova om likestilling og forbod mot diskriminering. Det går fram av årsrapporten at Barneverns- og helsenemnda ønskjer å vere ein mangfaldig og inkluderande arbeidsplass. Vidare ønskjer nemnda å leggje til rette for at alle brukarane får dei same høva, og at ingen opplever diskriminering på bakgrunn av kjønn, alder, etnisitet, religion, seksuell orientering eller ein kombinasjon av desse. Det blir lagt til rette for dette mellom anna gjennom personal- og lønnspolitikk og rutinar for rekruttering. Nemnda har som mål at alle lokala deira skal vere universelt utforma og tilgjengelege for alle.

Forbrukartilsynet

Tabell 6.9 Forbrukartilsynet (kjønn, lønn, stilling) per 31. desember 2024. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Personar (N)

Årsverk (N)

Lønn1

Totalt i verksemda

32,3

67,7

130

127,7

105,5

Toppleiing (direktør og avdelingsdirektørar)

0

100

3

3

0,00

Mellomleiing (juridiske direktørar, fagdirektørar, underdirektørar)

30,8

69,2

13

13

99,7

Seniorrådgivarar

35,3

64,7

51

51

101,4

Rådgivarar

32,7

67,3

55

54,5

103,8

Fyrstekonsulent

25

75

8

6,2

118,5

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene.

Tabell 6.10 Forbrukartilsynet (deltid, tilsetjingstilhøve, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2024. Prosent.

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon1

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

2,4

3,4

2,4

2,3

1,0

2,8

1,9

4,2

1 Prosentdelen av dagar i permisjon av avtalte dagsverk i heile 2024.

Per 31. desember 2024 hadde Forbrukartilsynet 130 tilsette. 32,3 prosent var menn, 67,7 prosent var kvinner. I toppleiargruppa var det tre kvinner, og ei av desse fungerte som direktør (ingen var tilsett i stillinga som direktør). Tilsynet hadde 13 underdirektørar. Av desse var 4 (30,8 prosent) menn og 9 (69,2 prosent) kvinner.

Kvinnene i Forbrukartilsynet tente i 2024 i snitt 105,5 prosent av det mennene tente. Dette er ein auke samanlikna med 2023, då snittet var 101,2 prosent. Generelt var årslønnene til kvinnene og mennene likevel nokså like.

Forbrukartilsynet arbeider for ei meir inkluderande rekruttering av tilsette. Når ledige stillingar blir lyste ut, blir kvalifiserte kandidatar oppmoda om å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemjing, hòl i CV-en, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

Til ledige stillingar vart det lagt vekt på å tilsetje menn, men blant dei kvalifiserte søkjarane var delen kvinner atskilleg høgare enn delen menn. Forbrukartilsynet tilsette 15 nye medarbeidarar i 2024. Av desse var 6 menn.

Blant totalt 168 søkjarar på ledige stillingar i 2024 var 41 prosent menn. Ingen søkjarar informerte om funksjonsnedsetjing. 15 søkjarar (8,9 prosent) informerte om innvandrarbakgrunn og 3 søkjarar (1,8 prosent) om hòl i CV-en. Blant søkjarane med innvandrarbakgrunn vart to tilsette. Ingen med hòl i CV-en vart tilsett.

Barneombodet

Tabell 6.11 Barneombodet (kjønn, lønn) per 31. desember 2024. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Personar (N)

Årsverk (N)

Lønn1

Totalt i verksemda

26

74

19

18

96,2

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene

Tabell 6.12 Barneombodet (deltid, tilsetjingstilhøve, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2024. Prosent.

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt

Sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda1

-

-

-

-

0,8

0,9

1,8

4,5

1 Fordi Barneombodet er ei lita verksemd, blir det ikkje oppgitt tal for deltidstilsette og mellombels tilsette.

Barneombodet har gjennom fleire år hatt eit fleirtal av kvinner blant dei tilsette. Per 31. desember 2024 var 74 prosent av dei tilsette kvinner. Av dei tre medlemmene i leiargruppa er det éin mann og to kvinner. Det er framleis ønskjeleg med ein betre kjønnsbalanse, og Barneombodet er merksam på dette i rekrutteringsprosessane sine.

Barneombodet har ingen lønnsskilnader som kan knytast til kjønn. Kvinner tener 96,2 prosent av lønna til menn på kontoret. Dette må ein sjå i samanheng med at dei har éin mannleg mellomleiar, og at det er to fyrstekonsulentar som er kvinner. Barneombodet har òg ein kvinneleg konsulent i 20 prosent studentstilling. Av dei tilsette ved kontoret har 11 prosent ikkje-vestleg bakgrunn.

Barneombodet arbeider aktivt for å oppfylle krava om aktivitetsplikt i lova om likestilling og forbod mot diskriminering, i tett samarbeid med tillitsvalde og verneombod på jamlege møte gjennom året. Det er ingen tilsette som har svart at dei ufrivillig har ei deltidsstilling. Barneombodet held fram med å oppmode personar med hòl i CV-en og funksjonsnedsetjingar om å søkje på ledige stillingar som blir utlyste.

Andre kommentarar til omtalen

Forbrukarrådet rapporterer i sin eigen årsrapport.

7 FN sine berekraftsmål

Noreg har slutta seg til arbeidet med FN sine berekraftsmål. Dette rammeverket omfattar 17 mål og 169 delmål. Berekraftsmåla er ein felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, førebyggje ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Måla skal fungere som ei felles global retning for land, næringsliv og sivilsamfunn.

Regjeringa la våren 2025 fram Meld. St. 35 (2024–2025) Norges arbeid med bærekraftsmålene – Status, utfordringer og veien videre. Meldinga legg særleg vekt på dei områda der Noreg kan bli betre. Digitaliserings- og forvaltingsdepartementet koordinerte arbeidet.

Barne- og familiedepartementet har ikkje koordineringsansvar for mål, men bidreg til fleire av delmåla. Sjå omtale nedanfor.

FN sitt berekraftsmål nr. 1: utrydde alle former for fattigdom i heile verda

Delmål 1.2: innan 2030 og i samsvar med nasjonale definisjonar minst halvere prosentdelen menn, kvinner og barn i alle aldrar som lever i fattigdom

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har hovudansvaret for å følgje opp dette delmålet.

I BFD er arbeidet for barn som veks opp i fattige familiar, knytt opp til dette delmålet.

Dei siste 20 åra har det vore ein auke i kor stor del barn som bur i hushald med vedvarande låginntekt, men dei siste tre åra har det vore ein nedgang i tala. I treårsperioden 2021–2023 var talet 9,9 prosent, mot 11,7 prosent i perioden 2018–2020. Auken i barnetrygda og auka butid blant innvandrarar er to medverkande årsaker til nedgangen. Under regjeringsperioden har barnetrygda for dei yngste barna auka frå 1 654 kroner i månaden til 1 968 kroner i månaden og for dei eldste frå 1 054 kroner i månaden til 1 968 kroner i månaden. Sjå nærare omtale av barnetrygda under programkategori 11.10.

I 2022 sette regjeringa ned ei ekspertgruppe om barn i fattige familiar som vurderte korleis innsatsen bør prioriterast for å styrkje oppvekstvilkåra til barna på kort sikt og førebyggje framtidig fattigdom. Regjeringa nyttar tilrådingane frå ekspertgruppa om barn i fattige familiar i den vidare innsatsen for å motverke og førebyggje fattigdom blant barnefamiliar. Regjeringa har ført vidare samarbeidsstrategien for barn og ungdom i låginntektsfamiliar i 2024, og 6. juni 2025 la regjeringa fram Meld. St. 28 (2025–2026) Tro på framtida – uansett bakgrunn.

Deltaking i fritidsaktivitetar er ein viktig del av oppveksten for barn og unge. Gjennom slike aktivitetar får dei oppleve samkjensle, meistring og sosial tilhøyrsle. Samstundes viser undersøkingar at barn som veks opp i fattigdom, deltek i mindre grad enn andre. Gjennom ordninga Tilskot til å inkludere barn og unge kan kommunar, frivillige organisasjonar og andre ideelle aktørar få støtte til tiltak som ferie- og fritidsaktivitetar, opne møteplassar og sommar- og deltidsjobbar for ungdom. I 2025 er ordninga på om lag 758 millionar kroner, ein auke på 231 millionar kroner i denne regjeringsperioden.

Det er òg sett i gang fleire tiltak for å førebyggje barne- og ungdomskriminalitet. Mellom anna er det i budsjettet for 2026 føreslått 90 millionar kroner til arbeid med ein-til-ein-oppfølging i kommunane Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand, Skien, Drammen, Sandefjord, Lørenskog og Lillestrøm. Sjå nærare omtale av arbeidet til regjeringa for å førebyggje barne- og ungdomskriminalitet under programkategori 11.10 Familie og oppvekst.

Arbeidet er omtalt nærare i programkategori 11.10 Familie og oppvekst. Sjå òg budsjettproposisjonen til Arbeids- og inkluderingsdepartementet når det gjeld korleis regjeringa følgjer opp berekraftsmål nr. 1.

FN sitt berekraftsmål nr. 5: likestilling mellom kjønna

Delmål 5.2: avskaffe alle former for vald mot alle jenter og kvinner, både i offentleg og privat sfære, mellom anna menneskehandel, seksuell utnytting og andre former for utnytting

Justis- og beredskapsdepartementet har hovudansvaret for å følgje opp dette delmålet.

Ein studie frå 2023 frå NKVTS om omfang viser at vald og overgrep framleis er eit stort samfunnsproblem. Det er òg eit stort likestillingsproblem. Kvinner er mykje meir utsette for alvorleg partnarvald og valdtekt enn menn. I ein analyse har Menon Economics rekna med at dei samfunnsøkonomiske kostnadene ved vald i nære relasjonar utgjorde 92,7 mrd. kroner i 2021. Regjeringa prioriterer arbeidet med å førebyggje og avdekkje vald og seksuelle overgrep, mellom anna gjennom å følgje opp fleire handlingsplanar på feltet.

Stortinget vedtok i mai 2024 Prop. 36 S (2023–2024) Opptrappingsplan mot vold og overgrep mot barn og vold i nære relasjoner (2024–2028) Trygghet for alle, jf. Innst. 259 S (2023–2024).

Opptrappingsplanen legg til rette for meir målretta førebygging, betre hjelp og vern av utsette og meir effektiv straffeforfølging og oppfølging av utøvarar.

Stortinget vedtok i juni 2025 endringar i krisesenterlova, jf. Prop. 122 L (2024–2025) Endringar i krisesenterlova (tydeleggjering av det kommunale ansvaret og grunnlag for behandling av personopplysningar m.m.) og Innst. 439 L (2024–2025).

Føremålet med endringane er å styrkje krisesentertilbodet slik at målgruppa for lova – kvinner, menn og barn utsette for vald i nære relasjonar – får eit heilskapleg tilbod som er tilpassa behova og livssituasjonen deira.

Arbeidet til BFD med vald og overgrep er omtalt nærare i programkategori 11.10 Familie og oppvekst. Sjå òg budsjettproposisjonen til Justis- og beredskapsdepartementet når det gjeld korleis regjeringa følgjer opp delmål 5.2.

Delmål 5.3: avskaffe all skadeleg praksis, som barneekteskap, tidlege ekteskap, tvangsekteskap og kvinneleg kjønnslemlesting

Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID) har ansvar for å følgje opp dette delmålet. Sjå nærare omtale i budsjettproposisjonen til AID. I 2024 rettleidde det nasjonale kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald i 1 402 saker, noko som er ein auke på 23 prosent frå 2023. Dette er det høgaste talet på saker til Kompetanseteamet nokon gong. Dette kan tyde på at fleire tenester har meir merksemd og kjennskap til desse utfordringane.

Eit lovutval har i NOU 2024: 13 Lov og frihet greidd ut dei samla juridiske problemstillingane i saker som gjeld negativ sosial kontroll, æresrelatert vald, tvangsekteskap, kjønnslemlesting og psykisk vald. Utgreiinga er eit viktig grunnlag for arbeidet til regjeringa på feltet. Regjeringa har òg brukt rapporten i arbeidet med den nye handlingsplanen mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vald Sjef i eget liv – styrket innsats mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vold (2025–2028), som vart lagd fram i mai 2025.

Det er ei absolutt 18-årsgrense for å inngå ekteskap i Noreg. Etter ei lovendring våren 2021 er det vedteke at ekteskap som er inngått før partane er 18 år etter utanlandsk rett, som ein klar hovudregel ikkje vil bli anerkjende i Noreg. Endringa trådde i kraft 1. januar 2025.

Stortinget vedtok i juni 2024 endringar i ekteskapslova med forbod mot ekteskap mellom nære slektningar, jf. Prop. 99 L (2023–2024) og Innst. 427 L (2023–2024). Forbodet gjeld ekteskap mellom søskenbarn og mellom onkel eller tante og niese eller nevø, som er nærare slektningar enn søskenbarn. Grunngivinga for forbodet er å unngå helseskadar hos barn, men forbodet kan òg ha positive verknader når det gjeld å motverke tvangsekteskap og negativ sosial kontroll. Lova trådde i kraft 1. januar 2025.

FN sitt berekraftsmål nr. 12: ansvarleg forbruk og produksjon

Delmål 12.3: innan 2030 halvere matsvinnet per innbyggjar på verdsbasis, både i detaljhandelen og blant forbrukarar. Svinn i produksjons- og forsyningskjeda skal òg reduserast, inkludert svinn etter innhausting

Klima- og miljødepartementet (KLD) har hovudansvaret for å følgje opp dette delmålet.

Sidan 2017 har BFD delteke i ein bransjeavtale om matsvinn saman med KLD, Landbruks- og matdepartementet (LMD), Helse- og omsorgs-departementet (HOD), Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) og tolv bransjeorganisasjonar. Målet er at svinnet i heile verdikjeda for mat innan 2030 skal halverast samanlikna med 2015, i samsvar med FN sitt berekraftsmål 12.3 om matsvinn.

Eit ekspertutval leverte ein rapport til KLD i 2024 med forslag til korleis Noreg kan nå reduksjonsmåla. KLD og LMD har i 2024 og 2025 arbeidd med oppfølginga av rapporten. LMD overtok ansvaret frå KLD for matsvinnarbeidet i 2024, og i 2025 la regjeringa fram eit forslag til ei matsvinnlov5. Lova vart vedteken i juni 2025. For å motverke matsvinn og anna svinn fastsette BFD òg hausten 2024 endringar i prisopplysingsforskrifta § 9 a, som inneber at det frå 1. januar 2025 vart innført eit unntak frå krav om å informere om førpris ved salsmarknadsføring av varer med kort haldbarheit. Unntaket frå førpriskravet er nærare omtalt under overskrifta «Reglar og rammevilkår» under programkategori 11.30.

Sidan halvparten av matsvinnet kjem frå private hushald, er det viktig for BFD å støtte opp om tiltak som kan redusere svinnet. BFD har derfor over mange år gitt tilskot til organisasjonen Matvett AS, som arbeider for å redusere matsvinn. I 2024 støtta BFD mellom anna utviklinga av ein kartleggingsrapport Norsk institutt for bærekraftsforskning (NORSUS) har gjennomført. Rapporten viser at matsvinnet på forbrukarleddet er redusert med 18 prosent frå 2016 til 2023, med den største reduksjonen i perioden 2020–2023. BFD vil i 2026 halde fram med å støtte tiltak som legg til rette for at forbrukarane får større medvit om å redusere matsvinnet.

BFD har i mange år hatt eit samarbeid med Universitetet i Innlandet og Ungt Entreprenørskap som skal medverke til å gi barn og unge god opplæring om berekraftig utvikling og ansvarleg forbruk. BFD vil halde fram med samarbeidet i 2026.

Delmål 12.6: stimulere selskap, særleg store og fleirnasjonale selskap, til å ta i bruk berekraftige metodar og integrere informasjon om si eiga berekraft i rapporteringsrutinane sine

Klima- og miljødepartementet har hovudansvaret for å følgje opp dette delmålet.

Openheitslova tok til å gjelde 1. juli 2022 og byggjer på internasjonale prinsipp og retningslinjer for ansvarleg næringsliv. Lova vil medverke positivt i arbeidet til Noreg med å nå FN sitt berekraftsmål, særleg berekraftsmål 12 om ansvarleg forbruk og produksjon, men òg berekraftsmål 8 om anstendig arbeid og økonomisk vekst. Openheitslova pålegg større verksemder å mellom anna utføre aktsemdvurderingar knytte til grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve og offentleg gjere greie for desse. Forbrukartilsynet rettleier verksemdene og fører tilsyn med etterlevinga av lova.

I førearbeida til openheitslova vart det varsla at lova skulle evaluerast etter at ho hadde verka i ein periode. BFD la i juni 2025 fram ein evalueringsrapport om kva for erfaringar ulike aktørar har hatt med openheitslova sidan ho tok til å gjelde. Evalueringa viste mellom anna at lova har ført til auka merksemd om, og meir systematisk arbeid med, aktsemdsvurderingar i verksemdene som er omfatta av regelverket.

Sjå òg budsjettproposisjonen til Klima- og miljødepartementet for informasjon om korleis regjeringa følgjer opp berekraftsmål 12.

FN sitt berekraftsmål nr. 16: fred, rettferd og velfungerande institusjonar

Delmål 16.2: stanse overgrep, utnytting og menneskehandel og alle former for vald mot og tortur av barn

Justis- og beredskapsdepartementet har hovudansvaret for å følgje opp dette delmålet.

BFD følgjer opp delmålet gjennom oppfølging av tiltak i fleire handlingsplanar på valdsfeltet. Stortinget vedtok Prop. 36 S (2023–2024) Opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar (2024–2028) i mai 2024. Arbeidet med å følgje opp tiltaka i planen blir ført vidare i 2026. Sjå nærare omtale av opptrappingsplanen under programkategori 11.10 Familie og oppvekst.

Regjeringa har i 2025 etablert ei undersøkingsordning i Statens helsetilsyn om drap, vald, overgrep og omsorgssvikt mot barn. Ein lovproposisjon vart fremja våren 2025 med forslag til regulering av ordninga, jf. Prop. 141 L (2024–2025) Lov om undersøkelser av offentlige virksomheters arbeid i saker om drap, vold, overgrep og omsorgssvikt mot barn (barnevoldsundersøkelsesloven). Undersøkingsordninga vil vere i full drift frå 2026. Føremålet med ordninga er å bidra til å avdekkje systemsvikt og til læring og forbetring i verksemder gjennom undersøking av alvorlege saker og handlingar mot barn. Undersøkingane skal bidra til risikoreduserande tiltak for å førebyggje at slike alvorlege handlingar skjer i framtida.

Innsatsen mot internettrelaterte overgrep er koordinert av Justis- og beredskapsdepartementet. Opptrappingsplanen mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar omhandlar òg internettrelaterte overgrep på nett.

Store delar av kvardagen til barn og unge er digital. Regjeringa fremja Meld. St. 32 (2024– 2025) Trygg oppvekst i et digitalt samfunn for Stortinget juni 2025, sjå omtale under programkategori 11.10 Familie og oppvekst.

8 Klima- og miljøprofil

Klima- og miljøpolitikken til regjeringa byggjer på at alle sektorar av samfunnet har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til at dei nasjonale klima- og miljømåla blir nådde. For ei oversikt over dei viktigaste klima- og miljøtiltaka til regjeringa, sjå del III av fagproposisjonen til Klima- og miljødepartementet.

Omtale av klima- og miljørelevante saker på forbrukarområdet

Eit mål for forbrukarpolitikken er at forbrukarane skal kunne ta medvitne val når dei handlar. Betre informasjon om konsekvensane produksjonen og bruken av varer og tenester kan ha, vil gjere det enklare for forbrukarane å velje produkt som belastar miljøet og ressursane mindre. Ved å spørje mykje meir etter slike varer og tenester kan forbrukarane òg påverke næringsdrivande til i større grad å ta omsyn til berekraft ved avgjerder om investeringar og produksjon.

Barne- og familiedepartementet (BFD) arbeider for å leggje til rette, forenkle og standardisere informasjon om miljøaspekta og dei etiske sidene ved forbruk. Viktige verkemiddel er dei offisielle miljømerka den nordiske Svana og EU-miljømerket (EU Ecolabel), som blir forvalta av Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking). Svana og EU-miljømerket (EU Ecolabel) formidlar standardisert og kvalitetssikra informasjon om varer og tenester som er blant dei minst miljøskadelege på marknaden. Begge merka er verkemiddel som gjer det enklare for forbrukarane å ta meir miljømedvitne og berekraftige val. Miljømerking arbeider for å auke talet på produkt med miljømerke i Noreg og informerer om at desse er blant dei minst miljøskadelege på marknaden.

Utvalet av svanemerkte produkt auka innanfor fleire produktgrupper i 2024. Størst auke var det innanfor gruppa «utemøblar, leike- og parkutstyr». Samstundes var det nedgang i andre grupper og særleg innanfor produktgruppene «møblar og innreiingar» og «tekstilar». Samla gjekk talet på svanemerkte produkt på den norske marknaden ned med 16 prosent frå 2023 til 2024 – frå 34 492 til 29 134 produkt. Nedgangen hadde hovudsakleg samanheng med bortfall av lisensar som følgje av reviderte og skjerpa krav og endringar i måten ein tel dei svanemerkte produkta på.

Miljømerking undersøkjer årleg kjennskapen til Svana og EU Ecolabel. I 2024 svarte 96 prosent av respondentane at dei hadde kjennskap til Svana, mot 97 prosent i 2023. 24 prosent svarte at dei hadde kjennskap til EU Ecolabel, mot 18 prosent i 2023. Den breie kjennskapen tyder på at mange veit at miljømerka gir god rettleiing om kva forbruksval som er mindre miljøbelastande og meir berekraftige.

Miljømerking vil i 2026 halde fram innsatsen for å auke talet på miljømerkte produkt på den norske marknaden. Dei vil òg spreie informasjon til både forbrukarar og profesjonelle innkjøparar om at miljømerkte produkt er enkle og trygge miljøval. Dei strenge krava for å miljømerkje varer og tenester tek omsyn til miljøpåverknaden gjennom heile livssyklusen. I tråd med dette skal Miljømerking synleggjere Svana som verktøy for ein meir sirkulær og berekraftig økonomi.

I august 2024 lanserte Forbrukarrådet nettstaden Forbrukerrådets miljøveileder (ei informasjonsteneste tidlegare kjend som Kontaktpunkt for forbrukarmakt i det grøne skiftet). Nettstaden er utvikla for å hjelpe forbrukarar med å ta berekraftige val og redusere miljøpåverknaden sin. Tenesta gir informasjon om produkt, framhevar relevante testar og deler idear og metodar som fremjar sirkulær økonomi. Frå januar 2025 kan forbrukarane òg rekne ut sitt eige klimafotavtrykk med Klimatesten (klimatesten.no). Testen er tilpassa norske tilhøve og gir skreddarsydde råd om korleis brukarane kan redusere klima- og miljøfotavtrykket sitt. I 2026 blir det viktig å gjere nettstaden godt kjend og brukt blant forbrukarane. Vidare utvikling og vedlikehald av nettstaden vil òg vere viktig.

Det grøne skiftet har høg prioritet i EU. Våren 2023 la EU-kommisjonen fram eit forslag til direktiv (Green Claims Directive), som mellom anna inneber strenge krav til dokumentasjon og underbygging av miljøpåstandar i marknadsføring og merke. Forslaget vil utfylle og skjerpe krava i direktivet om styrkt forbrukarvern i det grøne skiftet (sjå omtale av dette nedanfor). Føremålet er å leggje endå betre til rette for gode miljøval for forbrukarane og å sikre meir rettferdig konkurranse mellom næringsdrivande som nyttar miljøpåstandar og -merke. BFD har i 2025 følgt prosessen i EU tett og gitt innspel – særleg med tanke på å sikre at det fellesnordiske miljømerket Svana ikkje blir pålagt urimelege administrative byrder som følgje av det nye regelverket. Det er uvisst når – eller om – direktivet vil bli vedteke.

Direktivet om styrkt forbrukarvern i det grøne skiftet vart formelt vedteke i EU i februar 2024. Føremålet med direktivet er å gjere det enklare for forbrukarane å ta meir berekraftige kjøpsval. Det inneber endringar i det gjeldande direktivet om urimeleg handelspraksis (direktiv 2005/29/EU) og direktivet om forbrukarrettar (direktiv 2011/83/EU). Direktivet stiller strenge krav til dokumentasjon ved bruk av miljøpåstandar i marknadsføring. Det inneheld reglar om bruk av standardiserte etikettar og meldingar som skal gi forbrukarane tydeleg informasjon om kommersielle garantiar – altså garantiar som produsenten gir, og som går lenger enn dei lovpålagde krava til varer og tenester. BFD sende før sommaren 2025 eit forslag om å gjennomføre direktivet i norsk rett på høyring.

Inn i 2026 vil BFD òg følgje med på lovprosessane i EU knytte til direktivet om tilbørleg aktsemd for berekraft for føretak (aktsemdsdirektivet). Direktivet vart vedteke i mai 2024, men EU-kommisjonen føreslo å endre det i februar 2025 for å styrkje konkurransekrafta til verksemder i den indre marknaden. Direktivet, som byggjer på dei same internasjonalt anerkjende prinsippa og retningslinjene som den norske openheitslova, inneber mellom anna ei plikt for føretak til å utføre aktsemdsvurderingar knytte til menneskerettar, anstendige arbeidstilhøve og miljø.

Skulen er ein viktig arena for å skape forståing for ressurs- og klimaproblem og reflekterte haldningar til forbruk. BFD førte i 2024 og inn i 2025 vidare arbeidet med å fremje undervising i forbrukaremne som òg tok opp spørsmål knytte til dette. BFD samarbeidde med Universitetet i Innlandet og Ungt Entreprenørskap om desse spørsmåla. Departementet vil i 2026 arbeide vidare med å fremje undervising i forbrukaremne som tek opp spørsmål knytte til berekraftig forbruk og utvikling.

Sidan 2017 har BFD delteke i ein bransjeavtale om matsvinn saman med Klima- og miljødepartementet (KLD), Landbruks- og matdepartementet (LMD), Helse- og omsorgsdepartementet (HOD), Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) og tolv bransjeorganisasjonar. Målet er at svinnet i heile verdikjeda for mat innan 2030 skal halverast samanlikna med 2015, i samsvar med FN sitt berekraftsmål 12.3 om matsvinn.

Sidan halvparten av matsvinnet kjem frå private hushald, er det viktig for BFD å støtte opp om tiltak som kan redusere svinnet. BFD har derfor over mange år gitt tilskot til organisasjonen Matvett AS, som arbeider for å redusere matsvinn. I 2024 støtta BFD mellom anna utviklinga av ein kartleggingsrapport Norsk institutt for bærekraftsforskning (NORSUS) har gjennomført. Rapporten viser at matsvinnet på forbrukarleddet er redusert med 18 prosent frå 2016 til 2023, med den største reduksjonen i perioden 2020–2023.

For å motverke matsvinn og anna svinn fastsette BFD hausten 2024 endringar i prisopplysingsforskrifta § 9 a, som inneber at det frå 1. januar 2025 vart innført eit unntak frå krav om å informere om førpris ved salsmarknadsføring av varer med kort haldbarheit – til dømes ferske brødvarer som blir selde til lågare pris mot slutten av dagen.

BFD vil i 2026 halde fram med å støtte tiltak som kan leggje til rette for at forbrukarane får større medvit om å redusere matsvinnet.

BFD har ikkje grunnlag for å seie noko om dei totale klima- og miljøeffektane av tiltaka over. Det er likevel gjort utrekningar som viser at kvalifiseringar for miljømerket Svana har gunstige verknader på mellom anna utsleppa av klimagassar.

9 Oversikt over einskildståande tilskot

I tabellen er ei oversikt over einskilde tilskot på budsjettet til BFD. Tilskota er omtalte nærare under postomtalane.

Kap./post

Namn

840/70

Stiftelsen Alternativ til Vold

840/70

Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS)

840/70

Mental Helse (Foreldresupport)

840/70

Incestsenteret i Vestfold (Hjelpetelefonen for seksuelt misbrukte)

840/70

Oslo Røde Kors (Røde Kors-telefonen om negativ sosial kontroll og æresrelatert vald)

840/70

Krisesentersekretariatet (Valds- og overgrepslinja)

840/70

Selvhjelp for innvandrere og flyktninger (SEIF)

840/70

Regionale ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS-ane)

840/73

Stine Sofies Stiftelse

842/70

Stiftelsen Kirkens Familievern (SKF)

846/61

Blå Kors

846/61

Stiftelsen Kirkens Bymisjon

846/61

BUA

846/61

Norges Røde Kors

846/61

Den Norske Turistforening (DNT)

846/61

MOT Norge

846/62

Oslo, Bergen, Kristiansand, Trondheim, Drammen, Stavanger, Skien, Sandefjord, Lørenskog og Lillestrøm

846/70

Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede

846/71

Ungdom mot Vold

846/71

Blå Kors

846/71

Norges Røde Kors (Kors på halsen)

846/71

Stiftelsen Barnevakten

846/71

Adopsjonsforum

846/71

International Social Service

846/71

Technical Assistance Program – Haagkonferansen for internasjonal privatrett

846/79

Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede

846/79

Barentssekretariatet IKS

846/79

Det europeiske ungdomsfondet i Europarådet (EYF)

854/61

Oslo kommune

854/61

Barneverntenestene i Ringsaker; Hamar; Midt-Agder; Sola; Hammerfest og Måsøy; Kristiansund, Averøy og Gjemnes

854/61

Barneverntenestene i Narvik; Harstad; Haugesund og Utsira; Øvre Telemark; Midt-Telemark; Vest-Telemark; Lørenskog; Aurskog-Høland; og Nordstrand bydel i Oslo

854/61

Sandnes, Kristiansand, Bergen, Trondheim og bydel Gamle Oslo

854/61

Kristiansand kommune (Alarmtelefonen for barn og unge)

854/61

Barnevernsvaktene. Landskonferanse mellom barnevernsvakter og politi

854/71

Children at Risk (CAR)

854/71

Landsforeningen for barnevernsbarn

854/72

Universitet og høgskular og VID vitenskapelige høgskole (tilskot til rettleidd praksis til barnevernsstudentar)

854/72

Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge

854/72

Regionale senter for barn og unge (RKBU) Nord, Vest og Midt-Noreg, Regionsenter for barn og unge si psykiske helse (RBUP) Aust og Sør, Regionalt ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging Sør (RVTS Sør)

854/72

OsloMet, Universitetet i Innlandet, Høgskulen i Østfold, Universitetet i Søraust-Noreg, Universitetet i Agder, NTNU Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Nord Universitet og Høgskulen på Vestlandet

862/70

Stiftinga Miljømerking i Noreg

865/70

Standard Norge

865/70

Ungt entreprenørskap Norge

865/70

Matvett AS

865/70

Fairtrade Norge

880/70

Den norske kyrkja

880/71

Sjømannskirken – Norsk kirke i utlandet

881/77

Museene Arven AS

881/77

Nidaros bispedømme

881/77

Nordic Voices

881/77

Nordmørsmusea AS ved Regionalt pilegrimssenter Smøla

881/77

Norges Kristne Råd

881/77

Pilegrimsfellesskapet Sandefjord

881/77

Museene for Kystkultur og gjenreising i Finnmark IKS

881/77

Nordenfjeldske kunstindustrimuseum

881/77

Fortidsminneforeningen

881/77

Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn

881/77

Sanden Media AS

881/78

Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn

881/78

Norges Kristne Råd

881/78

Muslimsk Dialognettverk

882/70

Hovedorganisasjon KA

882/70

Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU)

10 Standardiserte nøkkeltal for nettobudsjetterte verksemder

10.1 Forbrukarrådet

Tabell 10.1 Utgifter og inntekter etter art – Forbrukarrådet

Utgifter/inntekter

Rekneskap

Budsjett

Beløp i NOK

2022

2023

2024

2025

Utgiftsart

Driftsutgifter

Lønnsutgifter

70 064 032

75 062 196

77 232 432

84 300 000

Varer og tenester

35 808 125

40 602 110

33 163 344

36 503 796

Sum driftsutgifter

105 872 157

115 664 306

110 395 776

120 803 796

Investeringsutgifter

Investeringar, større utstyrsinnkjøp og vedlikehald

19 645 301

10 755 647

9 131 755

10 900 000

Sum utgifter til større utstyrsinnkjøp og vedlikehald

19 645 301

10 755 647

9 131 755

10 900 000

Overføringar frå verksemda

Utbetalingar til andre statlege rekneskapar

0

0

0

0

Andre utbetalingar

0

0

0

0

Sum overføringar frå verksemda

0

0

0

0

Finansielle aktivitetar

Kjøp av aksjar og eigardelar

0

0

0

0

Andre finansielle utgifter

288

748

2 194

0

Sum finansielle aktivitetar

288

748

2 194

0

Sum utgifter

125 517 746

126 420 701

119 529 725

131 703 796

Inntektsart

Driftsinntekter

Inntekter frå sal av varer og tenester

0

0

0

0

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

0

0

0

0

Refusjonar

0

0

0

0

Andre driftsinntekter

0

410 694

1 079 172

0

Sum driftsinntekter

0

410 694

1 079 172

0

Inntekter frå investeringar

Sal av varige driftsmiddel

0

0

0

0

Sum investeringsinntekter

0

0

0

0

Overføringar til verksemda

Inntekter frå statlege løyvingar

113 561 855

119 247 884

124 539 000

128 976 000

Andre innbetalingar

6 255 558

500 000

280 000

0

Sum overføringar til verksemda

119 817 413

119 747 884

124 819 000

128 976 000

Finansielle aktivitetar

Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar

0

0

0

0

Andre finansielle innbetalingar

0

0

0

0

Sum finansielle inntekter

0

0

0

0

Sum inntekter

119 817 413

120 158 578

125 898 172

128 976 000

Netto endring i kontantbehaldninga

-5 700 333

-6 262 123

6 368 447

-2 727 796

Tabell 10.2 Inntekt etter inntektskjelde – Forbrukarrådet

Inntektskjelde

Rekneskap

Budsjett

Beløp i NOK

2022

2023

2024

2025

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartementet

114 453 000

118 803 000

124 539 000

128 976 000

Løyvingar frå andre departement

3 000 000

0

0

0

Løyvingar frå andre statlege forvaltingsorgan

0

500 000

280 000

0

Tildelingar frå Noregs forskingsråd

0

0

0

0

Sum løyvingar til statsoppdraget

117 453 000

119 303 000

124 819 000

128 976 000

Offentlege og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

0

0

0

0

Bidrag frå private

0

0

0

0

Tildelingar frå internasjonale organisasjonar

0

0

0

0

Sum bidrag

0

0

0

0

Oppdragsinntekter mv.

Oppdrag frå statlege verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå private

0

0

0

0

Refusjonar

0

0

0

0

Andre inntekter

2 364 413

855 578

1 079 172

0

Sum oppdragsinntekter mv.

2 364 413

855 578

1 079 172

0

Sum inntekter

119 817 413

120 158 578

125 898 172

128 976 000

Tabell 10.3 Kontantbehaldninga til verksemda per 31. desember, med spesifikasjon av dei føremåla kontantbehaldninga skal nyttast til – Forbrukarrådet

Balansedag 31. desember

2022

2023

2024

Endring

Beløp i NOK

2023–2024

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjerskonto i Noregs Bank

29 427 880

23 165 757

29 534 205

6 368 447

Behaldning på andre bankkonti

0

0

0

0

Andre kontantbehaldningar

0

0

0

0

Sum kontantar og kontantekvivalentar

29 427 880

23 165 757

29 534 205

6 368 447

Avsetjingar til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår

Feriepengar mv.

6 140 934

6 644 981

6 406 545

-238 436

Skattetrekk og offentlege avgifter

4 948 715

5 887 053

5 666 204

-220 849

Gjeld til leverandørar

4 810 803

2 841 763

3 808 985

967 222

Gjeld til oppdragsgivarar

0

0

0

0

Anna gjeld med forfall i neste budsjettår

2 221 945

662 245

1 959 986

1 297 741

Sum til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår

18 122 397

16 036 042

17 841 720

1 805 678

Avsetjing til dekking av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår

Prosjekt finansierte av Noregs forskingsråd

0

0

0

0

Større fleirårige investeringsprosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Konkrete, ikkje-fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Andre avsetjingar til vedtekne føremål som ikkje er sette i gang

0

0

0

0

Konkrete, ikkje-fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Sum avsetjingar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

0

0

0

0

Andre avsetjingar

Avsetjingar til andre føremål / ikkje-spesifiserte føremål

0

0

0

0

Fri verksemdskapital

11 305 485

7 239 940

11 802 710

4 562 770

Ikkje inntektsført løyving

Sum andre avsetjingar

11 305 485

7 239 940

11 802 710

4 562 770

Langsiktig gjeld (netto)

Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar

0

0

0

0

Anna langsiktig gjeld

-1

-110 225

-110 225

0

Sum langsiktig gjeld

-1

-110 225

-110 225

0

Sum netto gjeld og forpliktingar

29 427 880

23 165 757

29 534 205

6 368 447

Fotnotar

1

BFD (2022) Forskningsstrategi 2022–2026.

2

Forskningsrådet (2021) Ut av blindsonene – strategi for et samlet kunnskapsløft for utsatte barn og unge (BarnUnge21).

3

Steinnes K.K og Mainsah H (2019). Søte jenter og tøffe gutter. En kunnskapsoppsummering om barn som forbrukere i et kjønnsperspektiv. SIFO-rapport nr. 1-19. Steinnes, K.K. Teigen, H.M.F. og Bugge, A.B. (2019). Photoshop, fillers og falske glansbilder? En studie blant ungdom om kropp, kjønn og markedsføring i sosiale medier. SIFO-rapport nr. 3-19.

4

Steinnes, K.K., Teigen, H.M.F. og Bugge, A.B. (2019). Photoshop, fillers og falske glansbilder? En studie blant ungdom om kropp, kjønn og markedsføring i sosiale medier. SIFO-rapport nr. 3-19.

5

Lov om forebygging og reduksjon av matsvinn (matsvinnloven) Prop. 130 L (2024–2025).