1 Vedtak fra tidlegare år som gjeld utan tidsavgrensing

Garantifullmakt

Stortinget samtykker i at Olje- og energidepartementet1 kan gi Gassco AS garanti innanfor ei samla ramme på inntil 1 mrd. kroner for skadar og tap ved mottaksterminalane på kontinentet som har oppstått som følge av forsettlege handlingar hos leiande personell i Gassco AS, jf. St.prp. nr. 69 (2006–2007) og Innst. S. nr. 230 (2006–2007), vedtak V, og St.prp. nr. 1 (2007–2008) og Budsjett-innst. S. nr. 9 (2007–2008), vedtak VII.

Oppheving av generalforsamlingsklausulen

Stortinget samtykker i at generalforsamlingsklausulen skal kunne opphevast for gitte løyve og erstattast av ein vetorett i tråd med konsesjonsdirektivet og petroleumsforskrifta § 12, dersom rettshavarane skulle ønske det. Olje- og energidepartementet2 skal i så fall godkjenne dette i kvart enkelt tilfelle, jf. St.prp. nr. 1 (2002–2003), vedtak XI og Budsjett-innst. S. nr. 9 (2002–2003), vedtak VIII.

Fullmakt til å delta i eigarselskap mv.

Stortinget samtykker i at Olje- og energidepartementet3 kan delta gjennom eit eigarselskap eigd av Gassnova SF og eit driftsselskap med delt ansvar (DA) og dekke 100 prosent av eigarselskapets og inntil 80 prosent av dei årlege utgiftene til driftsselskapet ved Teknologisenter Mongstad (TCM). Staten, eller den staten peikar ut, kan invitere andre selskap som medeigarar i driftsselskapet, noko som vil redusere statens andel i selskapet, jf. Prop. 129 S (2016–2017) og Innst. 401 S (2016–2017), vedtak XXXXI.

Fullmakt til å inngå forpliktingar i samband med TCM

Stortinget samtykker i at Olje- og energidepartementet4 kan pådra staten forpliktingar utover gitt løyving under kap. 1840 CO2-handtering5, post 71 Teknologisenter Mongstad, som kjem som følge av riving av anlegga ved TCM når dette eventuelt blir sett i verk, jf. Prop. 129 S (2016–2017) og Innst. 401 S (2016–2017), vedtak XXIV.

Fullmakt til å inngå avtalar og pådra staten forpliktingar for Langskip (fangst og lagring av CO2)

Stortinget samtykker i at Olje- og energidepartementet6 kan:

  1. inngå avtalar med Norcem7 og Northern Lights om å etablere og drive sine andelar av Langskip (fangst og lagring av CO2) innanfor ei samla kostnadsramme på

    1. 14 700 mill. 2021-kroner i investeringar (CAPEX)

    2. 6 700 mill. 2021-kroner i driftsutgifter (OPEX) i inntil ti år

  2. inngå avtalar der utgiftene skal delast mellom staten, Norcem8 og Northern Lights i tråd med prinsippa som er omtalte nærmare under kap. 1840 CO2-handtering9, post 72 Langskip – fangst og lagring av CO2 og i Meld. St. 33 (2019–2020) Langskip – fangst og lagring av CO2, der statens andel maksimalt utgjer inntil

    1. 11 100 mill. 2021-kroner i investeringar (CAPEX)

    2. 5 200 mill. 2021-kroner i driftsutgifter (OPEX) i inntil ti år med tillegg av eventuell tilleggsstøtte for fanga CO2 som ikkje er kvotepliktig, tilsvarande kvoteprisen per tonn CO2 fråtrekt eventuell CO2-avgift per tonn

  3. inngå avtale med Northern Lights om å pådra staten forpliktingar for kostnader ved eventuelle utslepp av CO2 med inntil 80 prosent av kvoteprisen opp til og med 40 euro per tonn og 100 prosent av den delen av kvoteprisen som overstig 40 euro per tonn CO2, for den forholdsmessige andelen fanga CO2 i støtteperioden på inntil ti år frå Norcem10 og eventuelt Fortum Oslo Varme11 av totalt lagra mengd CO2 i lageret

  4. inngå avtale med Northern Lights om å pådra staten forpliktingar i støtteperioden på inntil ti år for inntil 80 prosent av utgiftene til eventuelle preventive og korrektive tiltak for avtalt årleg lagringsvolum på 1,5 millionar tonn av total lagringskapasitet for CO2 dersom det skulle oppstå ekstraordinære hendingar med fare for lekkasje av CO2 frå lageret eller skadar på miljøet eller liv og helse

  5. inngå avtale med Northern Lights om å pådra staten forpliktingar etter opphøyr av drifta av CO2-lageret, for den forholdsmessige andelen fanga CO2 i støtteperioden på inntil ti år frå Norcem12 og eventuelt Fortum Oslo Varme13 av totalt lagra mengd CO2 i lageret, med inntil 80 prosent av utgiftene til

    1. eventuelle preventive og korrektive tiltak dersom det skulle oppstå ekstraordinære hendingar med fare for lekkasje av CO2 frå lageret eller skade på miljøet eller liv og helse

    2. avslutning, overvaking og fjerning etter nedstenging av lageret

Jf. Prop. 1 S (2020–2021) og Innst. 9 S (2020–2021), vedtak XVI.

Fullmakt til å inngå avtale og pådra staten forpliktingar for Langskip (fangst og lagring av CO2)

Stortinget samtykker i at Energidepartementet kan inngå revidert avtale med Hafslund Celsio under føresetnad av tilstrekkeleg eigenfinansiering eller finansiering frå andre kjelder og at avtalen er i tråd med prinsippa som er omtalte nærmare under kap. 1850 CO2-handtering, post 72 Langskip – fangst og lagring av CO2, der statens maksimale støtte kan utgjere inntil:

  1. 2 000 mill. 2024-kroner i investeringar (CAPEX). Energidepartementet får fullmakt til å pris- og valutajustere investeringstilskotet i åra som kjem.

  2. 900 mill. 2024-kroner i eit oppstartstilskot som blir utbetalt når fangstprosjektet er sett i drift. Energidepartementet får fullmakt til å prisjustere oppstartstilskotet i åra som kjem og renteberekne den delen av investeringstilskotet som er gjort om til oppstartstilskot. Av oppstartstilskotet blir inntil 350 mill. 2024-kroner trappa ned for kvar dag som ferdigstillinga av fangstprosjektet blir forseinka frå og med 1. oktober 2029. Nedtrappinga er 0,5 mill. kroner per dag til og med 31. mars 2030 og 1 mill. kroner per dag frå og med 1. april 2030.

  3. 1 500 mill. 2024-kroner i driftsutgifter (OPEX) i inntil ti år frå driftsoppstart. Energidepartementet får fullmakt til å pris- og straumprisjustere driftstilskotet i åra som kjem.

Det blir gitt tilleggsstøtte for fanga CO2 som ikkje er kvotepliktig, tilsvarande kvoteprisen per tonn CO2 fråtrekt forbrenningsavgifta, i ti år frå driftsoppstart, jf. Prop. 17 S (2024–2025) og Innst. 93 S (2024–2025), vedtak II.

Fullmakt til å inngå ein tosidig differansekontrakt for støtte til fornybar energiproduksjon til havs frå første fase av Sørlege Nordsjø II

Stortinget samtykker i at Olje- og energidepartementet14 kan inngå ein tosidig differansekontrakt for støtte til fornybar energiproduksjon for første fase av Sørlege Nordsjø II, men slik at dei samla statlege forpliktingane ikkje overstig ei kostnadsramme på 23 mrd. kroner. Olje- og energidepartementet15 får fullmakt til å prisjustere kontraktsprisen, minsteprisen og kostnadsramma med verknad frå 1. kvartal 2023 fram til det første kvartalet havvindparken er sett i drift, jf. Prop. 93 S (2022–2023) og Innst. 496 S (2022–2023).

Støtteprogram for flytande havvind i Vestavind F og Vestavind B

Stortinget samtykker i at Energidepartementet kan inngå forpliktingar om støtte til flytande havvind i Vestavind F og Vestavind B, men slik at dei samla statlege forpliktingane ikkje overstig ei kostnadsramme på 35 mrd. kroner (2025-kroner). Energidepartementet får fullmakt til å prisjustere kostnadsramma, jf. Prop. 1 S (2024–2025) og Innst. 9 (2024–2025).

Fotnotar

1

No Energidepartementet

2

No Energidepartementet

3

No Energidepartementet

4

No Energidepartementet

5

Nytt kap. 1850 Klima, industri og teknologi frå og med statsbudsjettet for 2023

6

No Energidepartementet

7

No Heidelberg Materials

8

No Heidelberg Materials

9

Nytt kap. 1850 Klima, industri og teknologi frå og med statsbudsjettet for 2023

10

No Heidelberg Materials

11

No Hafslund Celsio

12

No Heidelberg Materials

13

No Hafslund Celsio

14

No Energidepartementet

15

No Energidepartementet