Del 1
Innleiande del

1 Energipolitikken til regjeringa

Regjeringa vil føre ein politikk som bidrar til å skape verdiar, styrke norsk konkurransekraft og legge grunnlaget for lønnsame og attraktive arbeidsplassar i heile Noreg. Politikken skal fremme trygg tilgang på rikeleg og rimeleg energi for både folk og næringsliv. Å vareta samfunnssikkerheit og nasjonal sikkerheit på kontinentalsokkelen og i kraftforsyninga er ei prioritert oppgåve for regjeringa.

Etter fleire år med ein ekstraordinær situasjon i dei europeiske energimarknadene har straumprisane gått vesentleg ned. Prisane er likevel høgare i dei sørlege prisområda for straum i Noreg og meir variable enn før. Regjeringa har lagt stor vekt på å skjerme folk mot høge straumkostnader gjennom ei god straumstønadsordning. Med innføringa av Noregspris 1. oktober 2025 blir straumrekningane enda meir føreseielege.

Regjeringa har også innført tiltak for å få ned nettleiga. Frå 1. oktober 2025 er elavgifta redusert. I statsbudsjettet for 2026 foreslår regjeringa å redusere elavgifta ytterlegere. Samtidig blir det brukt flaskehalsinntekter til å halde nettleiga nede i område med høge kraftprisar.

Regjeringa vil føre ein politikk som legg til rette for at tilgang på rikeleg, rein og rimeleg kraft kan vere eit konkurransefortrinn for norsk industri og eit gode for norske forbrukarar også i framtida. Noreg har i dag god forsyningssikkerheit, og i år med normale vêrforhold har vi eit kraftoverskot. Regjeringa vil føre dette vidare gjennom å auke tilgangen på fornybar energi, styrke overføringsnettet og arbeide for energieffektivisering.

Tilgang på rimeleg kraft har vore eit viktig konkurransefortrinn for Noreg gjennom heile den moderne historia vår og vil framleis vere ein føresetnad for norsk konkurransekraft. Nye næringsmoglegheiter og behov for å kutte klimagassutslepp skaper behov for meir fornybar kraftproduksjon. Det siste året har investeringane i kraftbransjen auka, og veksten er venta å halde fram i 2026. Energiprosjekt krev ofte store ressursar og har lang leietid og levetid. Det er derfor avgjerande med effektive og gode konsesjonsprosessar, og rammevilkår som er gode, stabile og føreseielege.

Norsk sokkel skal utviklast, ikkje avviklast. Petroleumssektoren er den mest inntektsbringande i Noreg og er også viktig for verdiskaping, velferd og sysselsetting. Noreg er den største leverandøren av olje og gass til Europa og bidrar til energisikkerheit i EU og Storbritannia. I 2024 nådde gasseksporten frå Noreg eit rekordnivå. Regjeringa har som mål at Noreg framleis skal vere ein stabil og langsiktig leverandør av olje og gass til Europa. Aktivitetsnivået i petroleumssektoren har vore stabilt høgt over fleire år. Gjennom stabile rammevilkår, jamleg tildeling av nye leiteløyve og tilgang til nytt areal vil regjeringa bidra til å halde oppe leiteaktiviteten og dempe den venta nedgangen i petroleumsproduksjonen på norsk sokkel.

Regjeringa legg til rette for nye næringar som kan bidra til energiomstillinga, og satsar derfor på havvind og CO2-handtering. I 2024 blei den første auksjonen for prosjektområde for havvind på norsk kontinentalsokkel gjennomført, da Sørlege Nordsjø II blei tildelt Ventyr. I 2025 lyste regjeringa ut Utsira Nord, som består av tre prosjektområde på 500 MW kvar. Søknadsfristen var 15. september 2025, og departementet fekk inn to søknader.

Noreg har ein leiande posisjon internasjonalt innanfor CO2-handtering, og regjeringa har sett i verk eit breitt spekter av aktivitetar og tiltak for å fremme utviklinga på området. Med Langskip i drift demonstrerer Noreg ei komplett verdikjede frå fangst via transport til lagring. Prosjektet inneber etablering av ein operativ infrastruktur for CO2-lagring, som allereie er tilgjengeleg for industriverksemd i både Noreg og Europa.

Ei berekraftig, forsvarleg og lønnsam havbotnmineralverksemd kan føre til ei ny og viktig havnæring for Noreg og samtidig bidra til å sikre forsyninga av viktige metall. Regjeringa vil følge opp forvaltningsstrategien som blei vedtatt i Stortinget i 2024.

Regjeringa vil bidra til å utvikle dei samla energiressursane våre, slik at Noreg kan bidra aktivt til og dra nytte av den globale energiomstillinga. Utviklinga av nye næringar som havvind, havbotnmineral og CO2-handtering kan bygge på og vidareutvikle kompetanse frå dei etablerte næringane. Noreg har gode føresetnader for å lykkast i omstillinga til eit lågutsleppssamfunn samtidig som vi vidareutviklar eksisterande industri og etablerer nye næringar og ny industri på ein måte som kjem heile landet til gode.

EØS-avtalen ligg til grunn for arbeidet til regjeringa. Noreg er del av EUs indre energimarknad gjennom EØS-avtalen, og behandling og vurdering av nye EU-reglar er ei viktig oppgåve. Regjeringa arbeider for å påverke utviklinga av nye EU-reglar i ein tidleg fase og vere ein aktiv deltakar i det europeiske ordskiftet. Når nye EU-reglar er vedtatt i Brussel, er det viktig å vurdere konsekvensane for Noreg og behovet for eventuelle tilpassingar i ein EØS-samanheng.

1.1 Petroleum m.m.

Petroleum

Hovudmålet for petroleumspolitikken er å legge til rette for lønnsam produksjon av olje og gass i eit langsiktig perspektiv. Ressursforvaltninga skal gi Noreg inntekter og bidra til å sikre sysselsetting og velferd for noverande og framtidige generasjonar. Regjeringa vil halde fram med å utvikle petroleumspolitikken og legge til rette for at norsk kontinentalsokkel framleis skal vere ein stabil og langsiktig leverandør av olje og gass til Europa og verda elles.

Ein aktiv leitepolitikk vil bidra til dette. Tilgang på nye leiteområde er nødvendig for å gjere nye funn og halde oppe verdiskaping, sysselsetting og statlege inntekter på lang sikt. Regjeringa vil føre vidare konsesjonssystemet. Det skal framleis tildelast løyve til å leite etter olje og gass gjennom den årlege konsesjonsrunden med tildeling i førehandsdefinerte område (TFO). Dette gir næringa tilgang på nye og attraktive leiteareal. Departementet har starta førebuingane til den 26. konsesjonsrunden ved at Sokkeldirektoratet gjennomfører ein nominasjonsprosess. Alle konsesjonsrundar skal gjennomførast innanfor rammene i forvaltningsplanane for norske havområde.

Sentralt for å nå måla i petroleumspolitikken er å oppretthalde eit føreseieleg, effektivt og heilskapleg rammeverk som er basert på kunnskap og fakta. Det er avgjerande å ha eit mangfald av rettshavarar som kan og vil hente ut verdiane i bakken på ein sikker og effektiv måte.

Petroleumsressursane skal forvaltast innanfor forsvarlege rammer når det gjeld helse, miljø og sikkerheit. Regjeringa vil legge til rette for at norsk petroleumsindustri framleis skal vere leiande også innanfor helse, miljø og sikkerheit. Rolla som petroleumsprodusent skal utøvast i tråd med måla i klima- og miljøpolitikken. Regjeringa skal – i samarbeid med næringa – jobbe for å redusere utsleppa frå olje- og gassproduksjonen på norsk sokkel ytterlegare. Det blir gitt ei årleg statusoppdatering for utsleppsutviklinga i petroleumsverksemda, jf. kapittel 6.3 Status for utsleppsutviklinga i petroleumsverksemda i del III av proposisjonen.

Det skal leggast til rette for god sameksistens på havet, der både olje- og gassverksemda og andre havnæringar blir vidareutvikla.

I 2024 blei det produsert totalt 241 millionar Sm3 o.e.1, noko som svarer til i overkant av 4 millionar fat o.e. per dag. Oljeproduksjonen i Noreg er i dag vesentleg lågare enn for 20 år sidan, medan den norske gassproduksjonen no er på platå. Det har aldri tidlegare blitt levert så mykje gass frå norsk kontinentalsokkel som i 2024. Totalt blei det produsert og selt om lag 124 milliardar standard kubikkmeter (Sm3) gass, ein auke på rundt 7 prosent frå 2023.

Petroleumsressursane tilhøyrer fellesskapen, og verksemda er viktig for finansieringa av velferdsstaten. Innteninga frå kontinentalsokkelen har vore på særleg høge nivå dei seinaste åra. Netto kontantstraum til staten frå petroleumsverksemda i 2024 var 702 milliardar kroner. I 2025 er det anslått at han vil vere på 664 milliardar kroner, medan anslaget for 2026 er 521 milliardar kroner.

Felta i Noreg dekker om lag 2–3 prosent av olje- og gassbruken i verda og 30 prosent av den samla gassbruken i EU og Storbritannia. Etter at mesteparten av dei russiske gassleveransane til Europa gjennom røyrleidningar har falle bort, har norsk gass blitt enda viktigare for energiforsyninga i EU og Storbritannia.

Petroleumsverksemda er Noregs største næring målt i verdiskaping, statlege inntekter, investeringar og eksportverdi. Det har ho vore dei siste tiåra, og det vil ho truleg vere i mange år framover også. I 2024 stod petroleumsverksemda for rundt 22 prosent av all verdiskaping i landet og 48 prosent av eksportverdiane.

Den samla etterspørselen frå petroleumsverksemda på norsk kontinentalsokkel mot fastlandsnæringane ligg på eit høgt nivå og bidrar til økonomisk aktivitet og sysselsetting over heile landet. I 2024 stod petroleumsverksemda for 22 prosent av dei totale investeringane i produksjonskapital i Noreg. Både utbygging og drift har store ringverknader på fastlandet. Menon Economics (2025) har berekna den totale sysselsettinga knytt til næringa i 2023. I overkant av 210 000 personar busette over heile landet var direkte eller indirekte tilknytte næringa.

Regjeringa har lagt fram sin politikk for å vidareutvikle norsk petroleumsindustri i Meld. St. 11 (2021–2022) og Prop. 97 S (2022–2023). Hovudmålet er å legge til rette for lønnsam produksjon av olje og gass i eit langsiktig perspektiv. Vidareutviklinga av petroleumssektoren vil bidra til å styrke norsk næringsliv og den industrielle utviklinga i landet. I forvaltninga skal det takast nødvendige omsyn til det ytre miljøet, distriktspolitiske interesser og anna verksemd. Energimarknadene går gjennom store endringar på både kort og lang sikt. Norsk petroleumsnæring, som ei høgkompetent og teknologitung næring, er godt rusta til å handtere endringane vi no står overfor. Regjeringa vil legge til rette for eit stabilt aktivitetsnivå i olje- og gassverksemda på norsk sokkel.

Forvaltning av havbotnmineralressursar

Hovudmålet for forvaltninga av norske havbotnmineralressursar er å legge til rette for undersøking og utvinning av mineralførekomstar på kontinentalsokkelen i samsvar med samfunnsmessige mål, slik at omsynet til verdiskaping, miljø, sikkerheit ved verksemda, anna næringsverksemd og andre interesser blir varetatt. Noreg vil ha ei stegvis, forsvarleg og kunnskapsbasert utvikling av mineralverksemda på norsk kontinentalsokkel. Det skal takast omsyn til miljø og sikkerheit i alle fasar av verksemda.

Det er eit aukande globalt behov for utvinning av mineral for å sikre tilgangen på nødvendige metall. Havbotnmineral kan bli ei ny kjelde til å diversifisere tilgangen på metall som verda vil trenge framover, og norske ressursar kan bli ei kjelde til ny utvinning av mineral i Vesten.

Departementet vil følge opp strategien for utvikling av ei havbotnmineralnæring i Meld. St. 25 (2022–2023) Mineralverksemd på norsk kontinentalsokkel – opning av areal og strategi for forvaltning av ressursane, jf. Innst. 162 S (2023–2024). Det inkluderer å vidareføre statleg ressurs- og miljøkartlegging og å utvikle eit heilskapleg rammeverk for havbotnmineralverksemd. For tildeling av utvinningsløyve vil departementet legge ei stegvis og kunnskapsbasert tilnærming til grunn. Departementet har fastsett forskrifter under havbotnminerallova som tredde i kraft 1. september 2025. Departementet har også hatt forslag til utlysing av areal på offentleg høyring.

Boks 1.1 Forslag til løyvingar til forvaltning av petroleums- og havbotnmineralressursar

Energidepartementet foreslår å løyve 709,6 millionar kroner til Sokkeldirektoratet. Direktoratet har som hovudmål å bidra til størst mogleg verdi for samfunnet frå petroleumsverksemda på norsk kontinentalsokkel, gjennom ei effektiv og forsvarleg ressursforvaltning som tek omsyn til helse, miljø, sikkerheit, utslepp av klimagassar og andre brukarar av havet. Direktoratet har òg ansvar for forvaltning av undersjøiske reservoar for lagring av CO2 og havbotnmineralressursar. Løyvingane omfattar i hovudsak:

  • 454,6 millionar kroner til drift av Sokkeldirektoratet. Midlane skal dekke den ordinære verksemda knytt til direktoratets samla ansvarsområde, inkludert forvaltning av petroleumsressursar, CO2-lagring og havbotnmineral.

  • 165 millionar kroner til studiar, analysar og kartleggingar av petroleums- og mineralressursane på havbotnen på norsk kontinentalsokkel. Det er behov for meir kunnskap om mineralressursane, og natur- og miljøforhold i djuphavet i alle delar av kontinentalsokkelen. Vidare er det behov for å kartlegge regionale og lokale straumforhold.

  • 40 millionar kroner til Sokkeldirektoratets digitaliseringsprogram. Programmet omfattar etablering av ny arkitektur, deling av data og forbetring og vidareutvikling av prosessar og funksjonalitet som skal betre samhandlinga internt og overfor næringa.

1.2 Sikkerheit og arbeidsmiljø i petroleumsverksemda og anna industriverksemd til havs

Regjeringa har som ambisjon at norsk petroleumsverksemd skal vere verdsleiande innanfor helse, miljø og sikkerheit (HMS). Denne ambisjonen gjeld også for dei nye industrinæringane på kontinentalsokkelen.

Departementet vil gjennom etatsstyringa av Havindustritilsynet, og ved gjennomføring av konsesjonsrundar og godkjenning av utbyggingsplanar, arbeide for aktiv oppfølging av næringa og bidra til å halde oppe eit høgt HMS-nivå på norsk sokkel. Departementet vil også legge vekt på at Havindustritilsynet, i samarbeid med næringa, held fram med å legge til rette for eit godt partssamarbeid og for kunnskapsutvikling og dokumentasjon av HMS-arbeidet i petroleumsnæringa.

Det er ei prioritert oppgåve for regjeringa å vareta samfunnssikkerheit og nasjonal sikkerheit på kontinentalsokkelen. Både myndigheitene og næringa følger med på utviklinga i risiko- og trusselbiletet. Myndigheitene forventar at næringa følger opp og tilpassar sikringstiltak og beredskap til det risikobiletet som til kvar tid gjeld, i tråd med regelverket.

Samarbeidet mellom næringa og relevante myndigheiter er styrkt dei siste åra, og det er lagt til rette for betre samhandling mellom nasjonale myndigheiter. Noreg har også styrkt samarbeidet med andre land.

Sikkerheits- og beredskapsarbeid og arbeidet med oppfølging av sikkerheitslova er mellom anna omtalt i kapittel 7 Sikkerheit- og beredskapsarbeid i del III av proposisjonen.

Boks 1.2 Forslag til løyvingar til sikkerheit og arbeidsmiljø i petroleumsverksemda og anna industriverksemd til havs

Energidepartementet foreslår å løyve 415,3 millionar kroner til Havindustritilsynet for å sikre at tilsynet kan utøve sitt ansvar for å følge opp arbeidsmiljø, sikkerheit, beredskap og sikring i petroleumsverksemda og annan industriverksemd til havs.

1.3 Energi og vassressursar

Energi- og vassressurspolitikken skal legge til rette for ei effektiv, sikker og miljøvennleg energiforsyning. Det inneber lønnsam utbygging av fornybar energi og nett, effektiv bruk av energi, ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassressursane og forbetring av evna til å handtere flaum- og skredrisiko.

Sikker tilgang på kraft er avgjerande for verdiskaping og velferd og nødvendig for dei fleste samfunnsfunksjonar. Etter ein periode med ein ekstraordinær situasjon i dei europeiske energimarknadene har kraftprisane gått betydeleg ned frå dei rekordhøge nivåa i 2022. Regjeringa har lagt stor vekt på å skjerme folk mot høge straumkostnader gjennom ei god straumstønadsordning. Med innføringa av Noregspris på straum og fjernvarme 1. oktober 2025 blir straum- og fjernvarmerekningane enda meir føreseielege.

Noreg har store energiressursar og god tilgang på fornybar energi, særleg i form av vasskraft og vindkraft. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) vurderer kraftoverskotet i dag til å vere om lag 18 TWh2 i eit år med normale vêrforhold. Det er venta at kraftoverskotet vil bli mindre i åra framover, men at kraftbalansen vil halde seg positiv.

Den store andelen fornybar energi gir låge utslepp av klimagassar. Noreg har dermed eit anna utgangspunkt enn land som må erstatte fossil kraft med fornybar energi. Noreg har ein stor kraftintensiv industri, og vi nyttar elektrisitet til oppvarming av bygg i større grad enn andre land gjer. Dei seinare åra har elektrisitet også blitt tatt i bruk i nye sektorar og på nye område. I transportsektoren speler elektrisitet ei stadig viktigare rolle. Elektrifisering og utvikling av industri kan innebere at det raskt blir etablert nytt, stort forbruk i ulike delar av landet. Det er også forventa at det kan komme datasenter med eit stort kraftbehov.

Det er nødvendig å styrke arbeidet med dei langsiktige utfordringane i norsk kraftforsyning. Regjeringa vil føre ein energipolitikk som bygger på at tilgang på rikeleg med fornybar energi skal vere eit gode for norske forbrukarar og eit konkurransefortrinn for norsk industri og gi grunnlag for industriutvikling og verdiskaping i åra framover. For å lykkast med det treng vi meir fornybar kraftproduksjon, raskare utbyggingstakt for nett og meir energieffektivisering. Energiprosjekt krev ofte store ressursar og har lang leietid og levetid. Det er derfor avgjerande med effektive og gode konsesjonsprosessar, og rammevilkår som er gode, stabile og føreseielege. Ressursane til behandling av konsesjonar er vesentleg styrkte, og NVE gjer eit viktig arbeid med å bidra til digitalisering og effektivisering av prosessane. Ei raskare utvikling av nettet krev eit nært samarbeid mellom myndigheitene, nettselskapa og andre aktørar.

Det er utfordrande at det ofte tar lang tid å etablere ny produksjon og nytt nett. Etablering av energianlegg inneber ofte interessekonfliktar og er underlagd eit omfattande regelverk som skal sikre mange ulike omsyn. Det fører til lang saksbehandling og dermed lang leietid. Regjeringa er opptatt av å korte ned tidsbruken der det er mogleg, samtidig som vedtaka må vere forsvarlege og stå seg over tid.

Sidan det tar tid å etablere nye nettanlegg, er det viktig å utnytte kapasiteten i det eksisterande straumnettet best mogleg. Regjeringa har gjennomført handlingsplanen for raskare nettutbygging og betre utnytting av nettet. Nettselskapa arbeider også med å betre nettdrifta og auke fleksibiliteten for å utnytte nettet meir effektivt. Regjeringa har god dialog med nettselskapa om dette arbeidet.

Det er framleis store moglegheiter for å bygge ut fornybar kraftproduksjon i Noreg. Regjeringa vil i konsesjonsbehandlinga – gjennom gode vurderingar av lønnsemd og verknader for miljø og andre viktige samfunnsinteresser – legge til rette for nytt nett og ny fornybar kraftproduksjon. Dei fornybare energiressursane våre skal forvaltast slik at dei kjem lokalsamfunn, heile landet og framtidige generasjonar til gode.

Den regulerbare vasskrafta vil spele ei stadig viktigare rolle etter som behovet for regulerbar og fleksibel kraftproduksjon aukar i åra framover. Regjeringa vil legge til rette for ei forsvarleg utnytting av det attverande potensialet for ny vasskraft. I konsesjonsbehandlinga av ny vasskraft skal det leggast vekt på evna til å produsere når etterspørselen er størst. Samtidig vil regjeringa legge til rette for miljøforbetringar i allereie utbygde vassdrag. Miljøforbetringane må vegast opp mot tapt kraftproduksjon og reguleringsevne.

Regjeringa har sendt på høyring eit forslag om å redusere den nedre grensa i grunnrenteskatten og naturressursskatten for vasskraftverk til 1 500 kVA3. Det er lagt opp til at endringa skal tre i kraft frå 1. januar 2027. Grunnrenteskatten på vasskraft er utforma slik at han verkar nøytralt på investeringsinsentiva. Vasskraftverk med installert merkeyting under 10 000 kVA er i dag fritatt for grunnrenteskatt. Dagens grense gir selskapa insentiv til å installere lågare yting i kraftverka eller dele vassressursar mellom fleire kraftverk for å sleppe skatt. Gjennomførte utbyggingar viser at selskapa aktivt gjer slike skattemessige tilpassingar, noko som fører til at samfunnet går glipp av verdifull fornybar kraftproduksjon. Det blir vist til omtale i Prop. 1 LS (2025–2026) Skatter og avgifter 2026 kapittel 24.

Noreg har svært gode vindressursar, og vindkraft på land er i dag blant dei teknologiane som har lågast utbyggingskostnad. Regjeringa vil legge til rette for ei langsiktig utvikling av lønnsam vindkraft og har styrkt kommunane si rolle i prosessen når det gjeld vindkraft på land. Lokalsamfunn som stiller naturressursane sine til disposisjon for utbygging, skal ha ein føreseieleg del av verdiskapinga. Regjeringa vil også legge til rette for solkraft og har innført ei delingsordning tilpassa næringsområde der fleire kan dele på straumen som blir produsert. Det er vidare vedtatt at solkraftverk under 10 MW4 ikkje er konsesjonspliktige og berre underlagde kommunal behandling.

Regjeringa er i gang med å greie ut ei ordning for forskottering av inntekter frå avgift på vindkraft til vertskommunane. Vertskommunane får betydelege inntekter frå vindkraft, mellom anna gjennom produksjonsavgift og eigedomsskatt. Men desse inntektene kjem først fleire år etter at kommunane har stilt seg positive til utbygging av vindkraft. Formålet med ordninga er å medverke til lokal aksept for utbygging av vindkraft på land.

I tillegg til vindkraft på land satsar regjeringa på havvind for å auke den fornybare kraftproduksjonen i Noreg. Det første prosjektområdet for havvind på norsk kontinentalsokkel blei tildelt våren 2024. I 2025 blei prosjektområde til flytande havvind i Utsira Nord lyst ut og departementet fekk inn to søknader. Prosjekta vil bli kopla til Fastlands-Noreg og gi meir fornybar kraft i Sør-Noreg.

Regjeringa har styrkt arbeidet med energieffektivisering betydeleg. Handlingsplanen som regjeringa la fram hausten 2023, presenterte fleire verkemiddel som vil bidra til å utløyse meir energieffektivisering, inkludert særskilde krav og målretta informasjonstiltak. Verkemidla i handlingsplanen er i all hovudsak gjennomførte eller blir følgde opp gjennom løpande oppgåver. Energieffektiviseringstiltak kan bidra til å redusere maksimalbelastninga i nettet og dermed behovet for nettutbyggingar. Det er viktig for å unngå kostnader og unødige naturinngrep. Regjeringa vil arbeide for eit betre samspel mellom kraftsystemet, fjernvarmesystemet og moglegheitene for fleksibilitet i bruken av energi.

Kraftoverskotet i Noreg gir eit godt utgangspunkt for å ta i bruk den fornybare krafta til elektrifisering av samfunnet, men vi treng likevel meir ny kraft framover. Eit høgare kraftforbruk enn i dag vil måtte dekkast også i periodar der vêrforholda i Noreg og Norden gir lågare vind- og vasskraftproduksjon enn normalt. Det er derfor viktig at elektrifiseringa skjer på ein måte som ikkje utfordrar forsyningssikkerheita eller påfører kraftforsyninga og forbrukarane for store kostnader.

Samtidig med godkjenninga av Snøhvit Future-prosjektet lanserte regjeringa ein ambisjon om betydeleg utbygging av kraftproduksjon og nett i Finnmark. Manglande kapasitet i straumnettet kan hindre vekst og utvikling i fylket, særleg i Aust-Finnmark. Regjeringa prioriterer framleis å følge opp utviklinga av kraftinfrastruktur i regionen. Konsesjonen til kraftleidningen Skaidi-Lebesby som blei gitt 15. august 2025, er ein viktig milepæl.

Prosjekt for nett og kraft skal ikkje gå utover rettane reindrifta har etter artikkel 27 i FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar. Dette er eit heilt sentralt spørsmål i konsesjonsbehandlinga i område med reindrift.

Boks 1.3 Forslag til løyvingar til forvaltning av energi- og vassressursane

Energidepartementet foreslår å løyve om lag 1 308 millionar kroner til energimyndigheitene og forvaltninga deira av energi- og vassressursane. Løyvingane omfattar i hovudsak

  • 1 031,8 millionar kroner til drift av Noregs vassdrags- og energidirektorat, som har ansvar for forvaltning av dei innanlandske energi- og vassressursane og for å vareta statlege oppgåver innanfor førebygging av flaum- og skredskadar.

  • 96,3 millionar kroner til Reguleringsmyndigheita for energi, som skal fremme ein samfunnsøkonomisk effektiv kraftmarknad og eit velfungerande kraftsystem.

  • 70 millionar kroner til digitaliseringsprogrammet i NVE, som omfattar oppgradering og vidareutvikling av IKT-systema, inkludert digitalisering av arbeidsprosessar for å effektivisere konsesjonsbehandlinga og digitalisering innanfor analyse- og naturfareområdet.

  • 40,5 millionar kroner til utvikling av forvaltningskompetanse, kvalitet og regelverk i NVE, og til forbetring av analysar og utvikling av kraftmarknadsmodellar og IKT-sikkerheit i kraftforsyninga.

Stønads- og overføringsordningar på energiområdet

For å gi norske hushald føreseielege straumutgifter i ei tid med volatile og tidvis svært høge straumprisar, har regjeringa ført vidare straumstønadsordninga for hushald og burettslag med ein terskelverdi på 77 øre per kWh (prisomrekna) ekslusiv meirverdiavgift.

Regjeringa har også lagt fram forslag om Noregspris for hushald som bruker straum og fjernvarme, som ei valfri ordning i staden for straumstønad. Regjeringa foreslår, i tråd med Stortingets vedtak, ein Noregspris på 40 øre per kWh eksklusiv meirverdiavgift som ei statleg finansiert ordning.

Regjeringa foreslår også at inntekter frå avgift på landbasert vindkraft skal overførast til vertskommunane. For 2025 er avgiftssatsen 2,37 øre per kWh, og inntektene frå avgifta blir fordelte til vertskommunane året etter at avgifta er innbetalt.

Boks 1.4 Forslag til løyvingar til stønads- og overføringsordningar på energiområdet

Energidepartementet foreslår å løyve om lag 11 900 millionar kroner til stønads- og overføringsordningar, fordelte slik:

  • 9 100 millionar kroner til Noregspris for straum.

  • 1 900 millionar kroner til å føre vidare straumstønadsordninga for hushald.

  • 500 millionar kroner til Noregspris for fjernvarme.

  • 360 millionar kroner til fordeling av inntektene frå avgifta på landbasert vindkraft til vertskommunane.

  • 39,5 millionar kroner til straumstønadsordningar for fjernvarme- og nærvarmeanlegg.

Flaum- og skredførebygging

Flaum- og skredhendingar fører til store kostnader i form av helseskadar, tap av liv og materielle skadar på eigedom, infrastruktur og miljø. Dei siste åra har Noreg opplevd fleire flaum- og skredhendingar med omfattande skadar. Farekartlegging har avdekt fleire fareområde og bidratt til større merksemd i samfunnet om risikoen slike hendingar utgjer. Klimaendringar vil gi meir ekstremvêr og fleire flaum- og skredhendingar.

Våren 2024 la regjeringa fram Meld. St. 27 (2023–2024) Tryggare framtid – førebudd på flaum og skred, jf. Innst. 123 S (2024–2025). Regjeringa vil styrke det førebyggande arbeidet for å auke sikkerheita for folk, med tiltak innanfor kartlegging, arealplanlegging, sikring, overvaking og varsling. NVE hjelper kommunane med å førebygge flaum- og skredskadar.

Boks 1.5 Forslag til løyvingar til flaum- og skredførebygging

I tillegg til driftsløyvingar til forvaltningsoppgåvene NVE har innanfor førebygging av flaum- og skredskadar, foreslår Energidepartementet å løyve 782 millionar kroner til sikringstiltak og andre førebyggande tiltak mot flaum- og skredskadar, fordelte slik:

  • 570 millionar kroner til gjennomføring av sikringstiltak og kartlegging av flaum- og skredfare.

  • 150 millionar kroner til krise- og hastetiltak etter flaum- og skredhendingar, inkludert oppfølging av ekstremvêret Hans. I tillegg foreslår departementet ei bestillingsfullmakt på 350 millionar kroner, der 300 millionar kroner skal dekke gjennomføringa av hastetiltaka i Nesbyen sentrum etter ekstremvêret Hans.

  • 62 millionar kroner til drift og investeringar i det hydrologiske stasjonsnettet og til fjellskredovervaking av ustabile fjellparti.

Energieffektivisering og energiomlegging

Energieffektivisering er viktig for å redusere veksten i energiforbruket. Verknaden er ofte størst om vinteren, når behovet for kraft er størst. Energieffektivisering og fleksibelt elektrisitetsforbruk som reduserer forbrukstoppane, kan over tid føre til lågare investeringsbehov i straumnettet. Det kan også dempe behovet for andre tiltak for å sikre effektbalansen delar av året.

Regjeringa har styrkt arbeidet med energieffektivisering betydeleg og la hausten 2023 fram ein handlingsplan som set retninga for korleis myndigheiter og andre skal jobbe med energieffektivisering. Tiltaka i handlingsplanen er i hovudsak gjennomførte eller blir følgde opp gjennom løpande oppgåver.

Boks 1.6 Forslag til løyvingar til energieffektivisering og -omlegging

Energidepartementet foreslår å løyve 1 614 millionar kroner til energieffektivisering og -omlegging. Midlane omfattar mellom anna:

  • 1 300 millionar kroner i samla overføring til Klima- og energifondet, inkludert 690 millionar kroner i inntekter frå påslaget på nettariffen. Klima- og energifondet blir forvalta av Enova SF. Av den samla overføringa skal om lag 600 millionar kroner nyttast til energieffektivisering i hushaldssektoren.

  • 300 millionar kroner til Husbankens tilskotsordning for energitiltak i kommunale bygg, som skal bidra til gjennomføring av energieffektiviseringstiltak i utleigebustader, omsorgsbustader og sjukeheimar. I tillegg foreslår departementet ei tilsegnsfullmakt på 150 mill. kroner, som følge av at det tar tid å fullføre tiltak det blir gitt tilsegn om.

1.4 Klima, industri og teknologi

Energi har lenge vore sentral for norsk verdiskaping – som grunnlag for kraftkrevjande industri og utviklinga av ein petroleumsindustri, med store ringverknader på land. Desse næringane speler ei sentral rolle i overgangen til lågutsleppssamfunnet.

Kampen mot klimaendringane aukar etterspørselen etter og verdien av løysingar som kan bidra til lågare klimagassutslepp. Noreg har industriell, teknologisk og vitskapleg kompetanse, store fornybarressursar, infrastruktur og erfaring frå produksjon og foredling av energi. Dette gir Noreg og norske aktørar eit godt utgangspunkt for å gripe moglegheitene omstillinga til lågutsleppsamfunnet gir.

Regjeringa fører ein ambisiøs politikk for utsleppsreduksjonar, grøn vekst, arbeidsplassar og verdiskaping i heile landet. Det er sett ambisiøse klimamål for 2030, 2035 og 2050. Overgangen til lågutsleppssamfunnet krev forsking og teknologiutvikling, effektiv ressursbruk, tilgang på kapital og andre sentrale innsatsfaktorar, og føreseielege rammevilkår. Energiomstillinga er eit langsiktig arbeid der staten og næringslivet må spele på lag. Regjeringa legg til rette for nye næringar som havvind og CO2-handtering. Dette er næringar der Noreg har gode føresetnader for industriutvikling, fornybar kraftproduksjon og utsleppsreduksjonar.

Energi – eksport, forsking og utvikling

Det har over mange år vore satsa store offentlege ressursar på å utvikle ny kunnskap, ny teknologi og nye løysingar for å auke verdiskapinga og redusere klimagassutsleppa frå energi- og petroleumsverksemda. Denne langsiktige satsinga har vore viktig for utviklinga av energi- og petroleumsnæringa i Noreg. Den langsiktige og omfattande satsinga på forsking og utvikling innanfor energi og petroleum har resultert i internasjonalt konkurransedyktige bedrifter og forskings- og teknologimiljø i Noreg.

Regjeringa vil halde fram med å satse på energi- og petroleumsforsking mellom anna for å kunne nå måla om reduserte klimagassutslepp i Noreg og for å nå måla om omstilling, nye, grøne næringar og auka eksportinntekter. I tillegg skal satsinga bidra til å utvikle næringane vidare og gjere dei lønnsame også i framtida. Satsinga skal dessutan bidra til å utvikle kunnskapsgrunnlaget om sikkerheit, sikring, arbeidsmiljø, arbeidshelse og risikoforhold i petroleumsnæringa.

Boks 1.7 Forslag til løyving og tilsegnsfullmakt til Noregs forskingsråd

Hovuddelen av aktiviteten til Noregs forskingsråd er knytt til finansiering av fleirårige forskingsprosjekt. Aktiviteten i Forskingsrådet omfattar dei samla forpliktingane til å finansiere forskingsprosjekt, enten i inneverande eller i framtidige budsjettår. Dette blir omtalt som aktivitetsramma, og ho må ha dekning i form av løyving eller tilsegnsfullmakt. Sidan prosjekta i hovudsak er fleirårige, er størstedelen av aktiviteten basert på forpliktingar inngått i tidlegare budsjettår.

Energidepartementet foreslår ei løyving på 1 085 millionar kroner og ei tilsegnsfullmakt på 4 155 millionar kroner til Forskingsrådet. Midlane skal nyttast til å vidareføre og styrke forsking og utvikling innanfor energi, petroleum, CO2-handtering og havbotnmineralutvinning, i tråd med ein samla FoU-strategi for energiområdet.

Forslaget til løyving og tilsegnsfullmakt inneber ei samla tilsegnsramme på 1 340 millionar kroner til nye utlysingar og øyremerkte tilskot i 2026.

Nye næringar baserte på energiressursane

Regjeringa legg til rette for nye næringar som havvind og CO2-handtering som ein del av omstillinga til eit lågutsleppssamfunn. Eit velfungerande og sikkert kraftsystem er grunnleggande for å møte den aukande overgangen frå fossil energi til elektrisitet og for å legge til rette for ny, grøn industri. Samtidig er det å auke bruken av elektrisk kraft til fleire formål ein viktig del av klimapolitikken. Å nå desse måla og ambisjonane vil krevje betre overføringskapasitet i straumnettet, auka kraftproduksjon og eit kraftsystem som har evne til å møte forbruket i periodar med høg belastning.

CO2-handtering

Noreg er verdsleiande innanfor industrielle løysingar for CO2-handtering. Denne teknologien er nødvendig for å nå klimamåla og redusere dei globale klimagassutsleppa på ein kostnadseffektiv måte. Regjeringa vil halde fram med å fremme CO2-fangst og -lagring som eit viktig klimatiltak internasjonalt.

Langskip er Europas første komplette verdikjede for CO2-handtering – frå fangst via transport til lagring – og utgjer ein sentral del av regjeringa sin politikk for CO2-handtering. I august 2025 blei dei første voluma med CO2 injiserte i Northern Lights sitt lager under havbotnen på norsk sokkel. Langskip demonstrerer at CO2-handtering er både teknisk mogleg og trygt, og legg til rette for læring og kostnadsreduksjonar for etterfølgande prosjekt. Utbygging av fleire anlegg i Europa og globalt vil vere avgjerande for at CO2-handtering skal utvikle seg til eit effektivt og konkurransedyktig klimatiltak.

Regjeringa vil halde fram med å fremme CO2-handtering som eit viktig bidrag til å kutte utslepp. I 2024 fekk Gassnova, Enova og Miljødirektoratet i oppdrag frå Energidepartementet og Klima- og miljødepartementet å greie ut mellombelse verkemiddel for å redusere barrierar og marknadssvikt i CCS-verdikjeda. Gassnova har også fått i oppdrag frå Energidepartementet å utarbeide eit vegkart for korleis CO2-handtering kan bidra til å redusere utslepp frå landbasert industri og avfallsforbrenning fram mot 2050. Desse kunnskapsgrunnlaga blir viktige i utviklinga av regjeringas politikk framover. Regjeringa tar sikte på å legge fram forslag om ei ordning i statsbudsjettet for 2027 som gir rett til eit fast tilskot per tonn CO2 for negative utslepp, det vil seie fangst av biogene utslepp eller fangst av CO2 direkte frå atmosfæren.

Hovudmålet for forvaltninga av undersjøiske reservoar på kontinentalsokkelen til lagring av CO2 er å bidra til berekraftig energi- og industriproduksjon, ved å legge til rette for miljøsikker lagring av CO2 som eit tiltak for å motverke klimaendringar. Regjeringa vil legge til rette for kommersiell CO2-lagring på norsk kontinentalsokkel gjennom å tildele lagringsareal til selskap med konkrete industrielle planar og lagringsbehov. Det er utlyst areal for storskala, kommersiell CO2-lagring etter lagringsforskrifta i totalt åtte omgangar. I alt er det tildelt 14 løyve – eitt utnyttingsløyve til Northern Lights og 13 leiteløyve. Tre av desse er tildelte i 2025.

Noreg har signert intensjonsavtalar om grensekryssande transport og lagring av CO2 med Belgia, Danmark, Nederland, Sverige, Frankrike og Finland. Avtalane gjer det mogleg å importere CO2 for lagring på norsk sokkel. Noreg samarbeider også nært med EU om CO2-handtering i Europa.

Boks 1.8 Forslag til løyvingar til CO2-handtering

I tillegg til aktivitetsramma til Noregs forskingsråd til forsking og utvikling innanfor CO2-handtering, foreslår Energidepartementet å løyve 2 154 millionar kroner til tiltak innanfor CO2-handtering. Midlane skal bidra til teknologiutvikling, kompetansebygging og gjennomføring av det norske fullskalaprosjektet for CO2-handtering, og omfattar

  • 1 900 millionar kroner til Langskip, det norske fullskalaprosjektet for CO2-handtering, som omfattar ei heil kjede for fangst, transport og lagring av CO2.

  • 105 millionar kroner til Gassnova SF, som skal fremme teknologiutvikling og kompetanseoppbygging for kostnadseffektive og framtidsretta løysingar for CO2-handtering.

  • 80 millionar kroner til Fond for CO2-handtering som skal vere ei føreseieleg og langsiktig finansieringskjelde for utvikling og demonstrasjon av teknologi for CO2-handtering gjennom CLIMIT-programmet og Teknologisenter Mongstad.

  • 69 millionar kroner til Teknologisenter Mongstad, som bidrar til teknologiutvikling og kvalifisering av teknologi for breiare bruk av CO2-fangst globalt, og til å redusere kostnader og risiko ved fullskala CO2-fangst.

Havvind

Havvindsatsinga til regjeringa er ein viktig del av innsatsen for å auke den fornybare kraftproduksjonen i Noreg. Havvindarbeidet skal også utvikle industri og legge til rette for innovasjon og teknologiutvikling som kan få ned kostnadene i framtidige prosjekt. Regjeringa er godt i gang med å følge opp ambisjonane for havvind.

Sørlege Nordsjø II blei tildelt Ventyr i 2024 og har kapasitet på opptil 1 500 MW. I 2025 lyste regjeringa ut Utsira Nord, som består av tre prosjektområde på 500 MW kvar. Søknadsfristen var 15. september 2025, og departementet fekk inn to søknader.

NVE har, saman med ei direktoratsgruppe, gjennomført ei strategisk konsekvensutgreiing av 20 område som kan eigne seg for havvind. Utgreiinga er send på offentleg høyring, og regjeringa vil utarbeide ein plan for utviklinga av havvind framover, mellom anna basert på utgreiinga og høyringsinnspela. Regjeringa legg vidare opp til jamlege utlysingar av areal og støttekonkurransar. Statsstøtte vil bli vurdert og tatt stilling til i samband med utlysingsrundane.

Boks 1.9 Forslag til løyvingar til havvind

I tillegg til aktivitetsramma til Noregs forskingsråd, som også skal bidra til å tette kunnskapshòl når det gjeld effektane av havvind på natur og miljø, foreslår Energidepartementet å løyve 113 millionar kroner til havvindrelaterte tiltak. Midlane skal støtte kunnskapsinnhenting, styrking av kompetansemiljø og lokal verdiskaping, og omfattar:

  • 70 millionar kroner til arbeid med havvind og innhenting av kunnskap om effektane havvind har på natur og miljø i områda som er aktuelle for utlysing.

  • 30 millionar kroner til kartlegging av sjøfugl gjennom sjøfuglprogramma SEAPOP og SEATRACK, som skal gi betre kunnskap om utbreiing, tilstand og utvikling i norske sjøfuglbestandar i lys av menneskeleg aktivitet i havområda og kystsona.

  • 10 millionar kroner i tilskot for å styrke kompetansemiljø for havvind.

  • 3 millionar kroner i tilskot til Utsira kommune og ei tilsegnsfullmakt på 6 millionar kroner. Tilskotet er ei særordning for Utsira kommune grunngitt i den særeigne geografiske plasseringa og størrelsen til kommunen. Tilskotet legg til rette for at kommunen i større grad kan handtere konsekvensar og gripe moglegheiter knytte til havvind. Tilskotet er avhengig av tildeling av prosjektområde og vidare utvikling av havvindprosjekta. Regjeringa vil komme tilbake til kor lenge tilskotet skal vare, når tidspunktet for igangsetting av produksjon av flytande havvind på Utsira Nord er nærmare avklart.

Hydrogen

Regjeringa har ambisjon om å bidra til å bygge opp samanhengande verdikjeder for hydrogen produsert utan eller med låge utslepp, der produksjon, distribusjon og bruk blir utvikla parallelt. Regjeringa ønsker også å bidra til utviklinga av ein marknad for hydrogen i Europa, mellom anna gjennom å delta i relevante samarbeidsforum, europeisk regelverksutforming, forskingssamarbeid og bilateralt samarbeid med relevante land og gjennom å skape ein nasjonal marknad for hydrogen.

For å nå desse ambisjonane bidrar staten med eit breitt spekter av verkemiddel, frå støtte til forsking, teknologiutvikling og demonstrasjon, til marknadsetablering og utvikling av infrastruktur. Krav i offentlege innkjøpsprosessar er også viktige verkemiddel. Norske aktørar kan i tillegg søke støtte frå europeiske verkemiddel, mellom anna den europeiske hydrogenbanken. Utviklinga av ein europeisk hydrogenmarknad har gått seinare enn venta. Regjeringa har derfor ei trinnvis og behovsstyrt tilnærming til vidare utvikling og ei satsing som tar omsyn til marknadsutviklinga, teknologisk framgang og internasjonale rammevilkår.

2 Oversikt over budsjettforslaget

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

Endring i pst.

Administrasjon

1800

Energidepartementet

312 712

342 891

368 764

7,5

Sum kategori 18.00

312 712

342 891

368 764

7,5

Petroleum m.m.

1810

Sokkeldirektoratet

512 000

650 000

709 600

9,2

Sum kategori 18.10

512 000

650 000

709 600

9,2

Energi og vassressursar

1820

Noregs vassdrags- og energidirektorat

5 709 187

7 066 600

13 989 200

98,0

1825

Energieffektivisering og -omlegging

1 165 039

1 841 000

1 614 000

-12,3

Sum kategori 18.20

6 874 226

8 907 600

15 603 200

75,2

Klima, industri og teknologi

1850

Klima, industri og teknologi

3 326 197

3 529 500

3 354 000

-5,0

Sum kategori 18.30

3 326 197

3 529 500

3 354 000

-5,0

Sikkerheit og arbeidsmiljø i petroleumsverksemda og anna industriverksemd til havs

1860

Havindustritilsynet

386 850

403 500

415 300

2,9

Sum kategori 18.60

386 850

403 500

415 300

2,9

Sum programområde 18

11 411 985

13 833 491

20 450 864

47,8

Sum utgifter

11 411 985

13 833 491

20 450 864

47,8

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2024

Saldert budsjett 2025

Forslag 2026

Endring i pst.

Administrasjon

4800

Energidepartementet

2 296

2 200

2 200

0,0

5582

Sektoravgifter under Energidepartementet

481 501

1 251 400

1 316 400

5,2

Sum kategori 18.00

483 797

1 253 600

1 318 600

5,2

Petroleum m.m.

4810

Sokkeldirektoratet

80 907

79 400

83 000

4,5

Sum kategori 18.10

80 907

79 400

83 000

4,5

Energi og vassressursar

4820

Noregs vassdrags- og energidirektorat

90 880

90 000

90 300

0,3

5680

Statnett SF

793 000

1 660 000

-100,0

Sum kategori 18.20

883 880

1 750 000

90 300

-94,8

Sikkerheit og arbeidsmiljø i petroleumsverksemda og anna industriverksemd til havs

4860

Havindustritilsynet

93 750

93 000

96 312

3,6

Sum kategori 18.60

93 750

93 000

96 312

3,6

Sum programområde 18

1 542 334

3 176 000

1 588 212

-50,0

Sum inntekter

1 542 334

3 176 000

1 588 212

-50,0

3 Oppfølging av oppmodings- og utgreiingsvedtak

Nedanfor følger ei oversikt over oppfølginga av oppmodings- og utgreiingsvedtak under Energidepartementet. Oversikta omfattar alle vedtak frå stortingssesjonen 2024–2025 og dei vedtaka frå tidlegare stortingssesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 216 S (2024–2025), innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om oppmodnings- og utgreiingsvedtak i stortingssesjonen 2023–2024, har vurdert som ikkje kvitterte ut.

I oversikta går det fram om departementet planlegg å avslutte rapporteringa knytt til det enkelte vedtaket no, eller om departementet vil rapportere vidare på vedtaket i budsjettproposisjonen for neste år.

Tabell 3.1 Oversikt over oppmodings- og utgreiingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer

Sesjon

Vedtak

Stikkord

Rapporteringa blir avslutta (ja/nei)

2024–2025

78

Strengare krav om utnytting av spillvarme

Ja

2024–2025

90

Vegkart for CO2-handtering frå industri- og avfallshandtering

Ja

2024–2025

91

Støtteprogram for å kutte CO2-utslepp innanfor industri og avfallshandtering

Ja

2024–2025

98

Gruvedrift på havbotnen – ingen konsesjonsrunde i 2024/2025

Ja

2024–2025

165

Tiltak mot høge straumprisar i NO2

Ja

2024–2025

543

Gjennomgang av Noregs føresetnader for kjernekraft med IAEA

Ja

2024–2025

605

Prioritering av nasjonale sikkerheitsinteresser i straumnettet

Ja

2024–2025

640

Forsterke samarbeidet mellom kraftsektoren og ekomsektoren når det gjelder beredskap og krisehandtering

Ja

2024–2025

647

Planar for styrkt beredskap i kraftsystemet

Ja

2024–2025

654

Framdrift i prosjekt for kraft til Melkøya

Ja

2024–2025

658

Førebuande arbeid for 26. konsesjonsrunde

Ja

2024–2025

833

Frigjere nettkapasitet til forsvarsindustrien

Ja

2024–2025

834

Forbetre tilgangen på straum for forsvarsindustrien

Ja

2024–2025

855

Analyse av fjernvarmepotensialet

Nei

2024–2025

856

Avlaste kraftnettet ved bruk av fjernvarme

Nei

2024–2025

857

Havbotnmineral – balansert utvikling

Ja

2024–2025

858

Havbotnmineral – regulering og tilsyn

Ja

2024–2025

917

Alexander L. Kielland-ulykka – etablere ei kompensasjonsordning

Nei

2024–2025

983

Gjenbruk av spillvarme

Ja

2024–2025

1077

Eksportløysing for gass frå Barentshavet

Ja

2024–2025

1078

Status for og vurdering av NZIA-forordninga frå EU

Nei

2024–2025

1079

Reform av nettreguleringa

Ja

2024–2025

1080

Endringar i energilova for tidlegare planlegging av nytt nett m.m.

Ja

2024–2025

1090

Forbrukstak for Noregspris

Ja

2024–2025

1091

Forbrukstak for straumstønad

Ja

2024–2025

1096

Tiltak for lågare og meir stabile straumprisar i NO2

Ja

2024–2025

1213

Utnytting av overskotsvarme

Ja

2024–2025

1256

Sikre tilstrekkeleg krafttilgang i heile Finnmark

Ja

2024–2025

1257

Rask saksbehandling av søknaden om utbygging av transmisjonsnettet Skaidi–Lebesby–Varangerbotn

Ja

2023–2024

96

Havvind – opne eit område i nord

Nei

2023–2024

717

Nye datasenter – utnytting av spillvarme og eigenproduksjon av energi- og energilagringsløysingar

Ja

2023–2024

910

Energipartnarskap med olje- og gassnæringa

Ja

2023–2024

913

Fjerne konsesjonsplikt for solparkar opp til 10 MW

Ja

2022–2023

813

Inkludere bakkemonterte solenergianlegg i plan- og bygningslova

Ja

2022–2023

841

Havvind – auka vekting av berekraftskriteria og positive lokale ringverknader

Ja

2022–2023

923

Solenergi – mål om 8 TWh innan 2030

Ja

2022–2023

924

Solkraft – deling med høgare grense enn 1 MW

Ja

2022–2023

925

Solenergiparkar – fjerne konsesjonsplikt for enkeltprosjekt med lågt konfliktnivå

Ja

2022–2023

926

Solenergiparkar – fjerne konsesjonsplikt opp til 1 MW

Ja

2021–2022

703

Havvind – tildeling av areal

Ja

2021–2022

716

Havvind – vurdere å fastsette delmål for arealtildeling innan 2030

Ja

2021–2022

727

Mål om auka energisparing – greie ut ulike ordningar med energisparesertifikat

Ja

3.1 Stortingssesjon 2024–2025

Strengare krav om utnytting av spillvarme

Vedtak 78, 5. desember 2024

«Stortinget ber regjeringen stille strengere krav om at spillvarme utnyttes fra prosesser som avgir mye varme, for eksempel fra industrianlegg, avfallsforbrenning, datasentre, hydrogenproduksjon og energiproduksjonsanlegg der det ligger til rette for dette, og komme tilbake til Stortinget så raskt som mulig.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:176 S (2023–2024) og Innst. 64 S (2024–2025).

I 2023 blei det fastsett krav i energilova om å gjennomføre kost-nytteanalyse for aktørar som bygger eller oppgraderer anlegg med stort energibehov, med sikte på å utnytte overskotsvarme. Departementet har konkretisert reglane i forskrift om kost-nytteanalyse av mulighetene for å utnytte overskuddsvarme (forskrift om overskotsvarme), som trådde i kraft 1. april 2025. Forskrifta omfattar mellom anna industrianlegg og anlegg for energiproduksjon med over 20 MW tilført varmeeffekt, datasenter med over 2 MW tilført elektrisk effekt, og andre anlegg med tilført elektrisk effekt på over 20 MW. Etter gjeldande regelverk kan NVE – for utvalde anlegg – gjere enkeltvedtak om at eit anlegg ikkje kan byggast eller oppgraderast utan at overskotsvarmen blir utnytta.

Departementet har også greidd ut om det er grunnlag for å stille strengare krav til utnytting av overskotsvarme. I september 2025 sende departementet ut eit høyringsforslag om endringar i energilova §§ 7-2 til 7-4 som skjerpar krava til utnytting av overskotsvarme.

Departementet meiner at det ligg til rette for å utnytte overskotsvarme dersom fordelane er større enn kostnadene, og foreslår å innføre ein hovudregel om at overskotsvarmen skal utnyttast i slike tilfelle. I dag kan NVE pålegge utnytting for utvalde anlegg, men ikkje for datasenter og andre anlegg med tilført elektrisk effekt. I tillegg foreslår departementet å senke effektgrensene for kva anlegg som blir omfatta av reglane. Departementet foreslår å senke grensa frå 20 MW til 10 MW for termiske kraftverk, frå 20 MW til 8 MW for industrianlegg, frå 2 MW til 1 MW for datasenter og frå 20 MW til 7 MW for andre anlegg. Vidare foreslår departementet at kost-nytteanalysen også skal omfatte ei vurdering av å dekke eige varmebehov med overskotsvarme frå eiga verksemd og frå nærliggande anlegg og datasenter.

Forslaga til endringar inneber at fleire anlegg fell inn under krava, og at ulike energikjelder blir meir likestilte enn dei er i dag. Høyringsforslaget om utnytting av overskotsvarme er nærmare omtalt i kapittel 10.2 Verkemiddel retta mot industri, næringsliv og det offentlege i del III av proposisjonen.

Departementet reknar rapporteringa på dette oppmodingsvedtaket som avslutta.

Vegkart for CO2-handtering frå industri- og avfallshandtering

Vedtak 90, 5. desember 2024

«Stortinget ber regjeringen gi Gassnova et tilleggsoppdrag til det pågående arbeidet med et veikart for CO2-håndtering fra industri- og avfallshåndtering. Tilleggsoppdraget skal legge opp til at Gassnova, sammen med Siva og andre aktuelle virkemiddelaktører, innen juni 2025 utreder barrierer og legger frem en plan for utvikling av regionale industriklynger med fellesløsninger for fangst, transport og lagring av CO2. Det skal vurderes om det er behov for statlig koordinert anskaffelse av transport- og lagertjenester for å få tilstrekkelig volum til å kunne utløse flere norske prosjekter for fangst av CO2. Regjeringen bes videre om å legge frem forslag til tiltak og virkemidler som oppfølging av dette arbeidet i forbindelse med statsbudsjettet 2026.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 1 S (2024–2025) og Innst. 2 S (2024–2025).

I 2024 fekk Gassnova SF i oppdrag frå Energidepartementet å utarbeide eit vegkart for korleis CO2-handtering kan bidra til å redusere utslepp frå landbasert industri og avfallsforbrenning fram mot 2050. Gassnova planlegg å ferdigstille arbeidet med vegkartet hausten 2025.

Arbeidet heng saman med eit tilleggsoppdrag frå Energidepartementet og Klima- og miljødepartementet til Gassnova, Enova og Miljødirektoratet om å greie ut mellombelse verkemiddel for å redusere barrierar og marknadssvikt i CCS-verdikjeda. Tilleggsoppdraget til arbeidet med vegkartet blei gitt 20. desember 2024, og med det blei også Siva inkludert i arbeidet. Utgreiinga av moglege mellombelse verkemiddel blei levert 20. juni 2025. Som del av utgreiinga er det kartlagt kva som kan vere barrierar for utvikling av regionale industriklynger med felles CO2-løysingar.

Samordna transportløysingar kan utløyse fleire mindre prosjekt fram mot 2040, og tidleg investering i felles infrastruktur kan gi skalafordelar. Stor geografisk spreiing av utsleppspunkt i Noreg gjer det svært krevjande å utløyse samfunnsøkonomiske gevinstar gjennom etablering av felles infrastruktur. Investeringar i overkapasitet er kostbare og inneber risiko.

Regjeringa vil arbeide vidare med støtteordningar for CO2-handtering og tar sikte på å legge fram forslag i statsbudsjettet for 2027 om ei ordning som gir rett til eit fast tilskot per tonn CO2 for negative utslepp. Negative utslepp omfattar fangst av biogene utslepp eller fangst av CO2 direkte frå atmosfæren. I motsetning til fossile utslepp, som i dag er omfatta av EUs kvotemarknad og CO2-avgift, finst det ikkje prisar for negative utslepp. Ei ordning med tilskot per tonn CO2 for negative utslepp vil bidra til at fangst av alle typar CO2-utslepp blir prisa. Å sette ein pris på dei negative utsleppa vil vere den mest effektive måten å handtere ein marknadssvikt knytt til fråvær av priser. Ei slik ordning kan dessutan vere administrativt effektiv, for både staten og for støttemottakarane.

Ordninga vil bli tilpassa EUs kvotesystem dersom dette på sikt opnar for å inkludere negative utslepp. Departementet vil gå i dialog med ESA for å avklare spørsmål om statsstøtte. Departementet tar sikte på å komme tilbake med forslag til ei ordning som gir rett til eit fast tilskot per tonn CO2 for negative utslepp i statsbudsjettet for 2027.

Departementet reknar rapporteringa på dette oppmodingsvedtaket som avslutta.

Støtteprogram for å kutte CO2-utslepp innan industri og avfallshandtering

Vedtak 91, 5. desember 2024

«Stortinget ber regjeringen utforme et støtteprogram som en serie med auksjoner for å kutte store utslipp og oppnå negative CO2-utslipp innen industri og avfallshåndtering og komme tilbake til dette i statsbudsjettet for 2026. Stortinget ber regjeringen se hen til auksjonsmodellene i Danmark, Sverige, Tyskland, Nederland og Frankrike i arbeidet med å utvikle auksjonsprogrammet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 1 S (2024–2025) og Innst. 2 S (2024–2025).

Noreg har gjennom mange år fremma CO2-handtering, mellom anna gjennom støtte til forsking, teknologiutvikling og internasjonalt samarbeid. Vi har lang erfaring med trygg lagring av CO2 frå Sleipner og Snøhvit, og med Langskip viser vi ei komplett og sikker verdikjede frå fangst til lagring. Dette har gitt viktig læring og legg til rette for vidare utbygging av CO2-handteringsprosjekt i Europa og globalt. Vidare utbygging globalt er avgjerande for at CO2-handtering skal bli eit effektivt klimatiltak.

I 2024 fekk Gassnova SF i oppdrag frå Energidepartementet og Klima- og miljødepartementet å greie ut verkemiddel for å fremme utvikling og bruk av CO2-handtering i Noreg. Enova, Miljødirektoratet og andre relevante statlege aktørar skulle involverast i arbeidet. Våren 2025 presiserte departementa at utgreiinga skal prioritere fangst og lagring av negative utslepp, det vil seie fjerning av biogen CO2 eller CO2 frå lufta (DACCS).

Det heng saman med at negative utslepp i dag ikkje er omfatta av reguleringar som reflekterer samfunnsnytta ved å fjerne CO2 frå karbonkrinsløpet, sjølv om klimaeffekten er den same som ved fossile utslepp, som er prissett gjennom EUs kvotemarknad og CO2-avgifta. Negative utslepp kan reknast med i måloppnåinga til Noreg under Parisavtalen, men er førebels ikkje inkluderte i klimaavtalen med EU. Dermed finst det ingen pris på negative utslepp i dag, med unntak av prising gjennom ein liten, frivillig marknad for karbonkredittar. Slik manglande prising utgjer derfor ein marknadssvikt.

Det er anslått at det er potensial for å fjerne om lag 500 000 tonn CO2 frå eksisterande anlegg med berre biogene utslepp innan 2035, med tilsvarande potensial i framtidige anlegg. I tillegg kan direkte fangst frå lufta bli aktuelt. Prosjekt med blanda utslepp, det vil seie både fossile og biogene, som avfallsforbrenning og produksjon av ferrolegering, har potensial til ein utsleppsreduksjon på 5 millionar tonn årleg innan 2035.

Å sette ein pris på dei negative utsleppa vil vere den mest effektive måten å handtere ein marknadssvikt knytt til fråvær av prisar. Regjeringa tar derfor sikte på å legge fram forslag i statsbudsjettet for 2027 om ei ordning som gir rett til eit fast tilskot per tonn CO2 for negative utslepp, det vil seie fangst av biogene utslepp eller fangst av CO2 direkte frå atmosfæren.

Ei slik ordning, ofte kalla «omvend avgift», inneber at alle kvalifiserte aktørar får eit fast beløp per tonn biogen CO2 som blir fanga og lagra, tilsvarande for eksempel CO2-avgift eller kvotepris. Dette sørger for at det også blir insentiv for reduksjon av biogene utslepp. I tillegg kan den vere administrativt effektiv for både staten og støttemottakarar. Ordninga gir ei føreseieleg støtte som legg til rette for eit normalt prosjektmodningsløp, og vil kunne utløyse samfunnsøkonomisk effektive prosjekt.

Ei ordning som gir rett til eit fast tilskot per tonn CO2 for negative utslepp, vil vere eit tillegg til EUs kvotemarknad og CO2-avgifta. Ordninga vil bli tilpassa EUs kvotesystem dersom dette på sikt opnar for å inkludere negative utslepp. Departementet vil gå i dialog med ESA for å avklare spørsmål om statsstøtte.

Departementet reknar rapporteringa på dette oppmodingsvedtaket som avslutta.

Gruvedrift på havbotnen – ingen konsesjonsrunde i 2024/2025

Vedtak 98, 5. desember 2024

«Stortinget ber regjeringen om å ikke lyse ut første konsesjonsrunde for gruvedrift på havbunnen i 2024/2025.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 1 S (2024–2025) og Innst. 2 S (2024–2025).

Etter at areal på norsk kontinentalsokkel blei opna for mineralverksemd i april 2024, starta departementet arbeidet med første konsesjonsrunde. Departementet har mellom anna hatt forslag til areal på offentleg høyring. Som følge av einigheita om statsbudsjettet for 2025 blei ikkje konsesjonsrunden lyst ut i førre stortingsperiode.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Tiltak mot høge straumprisar i NO2

Vedtak 165, 13. desember 2024

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med ekstraordinære tiltak som kan innføres i NO2 (for eksempel bruk av flaskehalsinntekter) for å kompensere for ekstraordinært høye strømpriser i dette prisområdet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 9 L (2024–2025), Innst. 78 L (2024–2025) og Lovvedtak 28 (2024–2025).

Regjeringa har eit klart mål om at vi skal ha rikeleg tilgang på rein og rimeleg energi over heile landet, og at det ikkje skal vere store og langvarige prisforskjellar mellom ulike bodområde.

Regjeringa innfører Noregspris. Med Noregspris kan folk velje ein fast pris på straum på 40 øre per kWh ekslusiv meirverdigavgift, heime og på hytta. Dei som ikkje vel Noregspris heime, vil framleis få straumstønad. Det er også lagt til rette for fastprisavtalar for næringslivet gjennom eit kontraktsunntak for standardiserte fastprisavtalar i grunnrenteskatten for vasskraft. Dermed kan også bedrifter enklare sikre seg føreseielege straumprisar. I august 2025 kunne bedrifter i NO2 (Sør) inngå fastprisavtale ned mot 69 øre per kWh.

Regjeringa har også innført tiltak for lågare nettleiga. Frå 1. oktober 2025 blei elavgifta ytterlegare redusert, noko som gir eit årleg avgiftskutt på om lag 3 milliardar kroner for folk og næringsliv i heile landet. I statsbudsjettet for 2026 foreslår regjeringa å innføre ein felles sats på 4,18 øre per kWh i elavgift, noko som kuttar avgiftene med om lag 4 milliardar kroner til. Samtidig blir flaskehalsinntekter brukte til å halde nettleiga nede i område med høge kraftprisar. Sidan ordninga kom på plass, er det utbetalt om lag 10 milliardar kroner til redusert nettleige. Ordninga er knytt til prisnivået i dei enkelte prisområda, og det inneber at det er nettkundane som har dei høgaste kostnadene knytte til sitt kraftforbruk som får dei største overføringane frå ordninga. Følgeleg er det kundane i prisområde NO2 (Sør) som har blitt mest kompensert.

Det viktigaste tiltaket for å redusere prisforskjellane på lang sikt er å sikre meir kraftproduksjon, betre nettkapasitet og meir effektiv bruk av det eksisterande nettet. Det er regjeringa godt i gang med å gjennomføre.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Gjennomgang av Noregs føresetnader for kjernekraft med IAEA

Vedtak 543, 1. april 2025

«Stortinget ber regjeringen i oppfølgingen av Kjernekraftutvalgets rapport vurdere å sende en forespørsel til IAEA om å foreta en gjennomgang av Norges forutsetninger for å etablere kjernekraft (en INIR-revisjon).»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:57 S (2024–2025) og Innst. 185 S (2024–2025).

Ved kongeleg resolusjon 21. juni 2024 blei det oppnemnt eit utval som skal greie ut kjernekraft som ei mogleg kraftkjelde i Noreg. Utvalet skal levere rapport innan 1. april 2026. Deretter vil departementet vurdere å sende ein førespurnad til IAEA om å gå gjennom Noregs føresetnader for å etablere kjernekraft.

Departementet reknar rapporteringa på dette oppmodingsvedtaket som avslutta.

Prioritering av nasjonale sikkerheitsinteresser i straumnettet

Vedtak 605, 6. mai 2025

«Stortinget ber regjeringen iverksette nødvendige tiltak for at forsvarsindustrien og andre kritiske samfunnsfunksjoner med betydning for nasjonale sikkerhetsinteresser kan gis særskilt prioritering av strømnett. Dersom dette ikke er mulig med dagens lovgivning, bes regjeringen om å fremme nødvendige forslag slik at slik prioritering lar seg gjøre, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:106 S (2024–2025) og Innst. 224 S (2024–2025).

Energidepartementet har nyleg hatt på høyring eit forslag til endringar i energilova som opnar for å prioritere nasjonale sikkerheitsinteresser ved tilknyting til straumnettet. Forslaget inneber at Kongen kan gjere vedtak overfor nettselskapa om å prioritere ein bestemt uttakskunde når det er nødvendig av omsyn til nasjonale sikkerheitsinteresser. Departementet har foreslått at definisjonen av nasjonale sikkerheitsinteresser i sikkerheitslova skal leggast til grunn. Forslaget rammar inn moglegheita til å prioritere, samtidig som det i størst mogleg grad opprettheld grunnleggande prinsipp i energilova om at nettselskapa skal opptre objektivt og ikkje-diskriminerande. Energidepartementet går no gjennom høyringsinnspela og tar sikte på å sende ein lovproposisjon om endringane til Stortinget så snart som mogleg.

Departementet reknar rapporteringa på dette oppmodingsvedtaket som avslutta.

Forsterke samarbeidet mellom kraftsektoren og ekomsektoren når det gjeld beredskap og krisehandtering

Vedtak 640, 6. mai 2025

«Stortinget ber regjeringen forsterke samarbeidet mellom infrastruktureiere og tilbydere i kraftsektoren og ekomsektoren når det gjelder beredskap og krisehåndtering.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 9 (2024–2025) og Innst. 242 S (2024–2025).

Øving og samarbeid er avgjerande for å styrke sikkerheita og beredskapen i åra som kjem, jf. den nasjonale digitaliseringsstrategien «Fremtidens digitale Norge» frå 2024.

Som del av oppfølginga av ein rapport om styrkt samarbeid om beredskap mellom ekom- og kraftsektoren frå 2022, har det mellom anna blitt arrangert fagdagar for dei to sektorane. I tillegg blei det gjennomført EkomKraft-øvingar i både 2024 og 2025. Her var mellom anna informasjonsdeling mellom sektorane tema. Det er også gjennomført eit pilotprosjekt om standardiserte statusvarslingar ved straumbrot. Fleire anbefalte tiltak i rapporten vil bli følgde opp framover.

Energidepartementet og Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet vil involvere underliggande etatar og forsterke eksisterande samarbeid om beredskap mellom sektorane. Det er også viktig at dei to sektorane styrker eigenberedskapen sin, for eksempel ved å sette inn tiltak som gjer at kraftforsyninga kan fungere så lenge som mogleg uavhengig av kommersiell ekom (jf. krav i kraftberedskapsforskrifta), og at ekom kan fungere så lenge som mogleg ved brot i straumforsyninga.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Planar for styrkt beredskap i kraftsystemet

Vedtak 647, 6. mai 2025

«Stortinget ber regjeringen utarbeide planer for styrket beredskap i kraftsystemet og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 9 (2024–2025) og Innst. 242 S (2024–2025).

I Meld. St. 9 (2024–2025) Totalberedskapsmeldinga – forberedt på kriser og krig, peikar regjeringa på at alle sivile sektorar må vere førebudde på situasjonar som ligg høgt i krisespekteret, inklusiv væpna konflikt og i verste fall krig. Dette gjeld også kraftsektoren. Departementet har i brev til NVE tydeleggjort at totalberedskapsmeldinga set ei ny og tydeleg retning for beredskapsfokuset i alle sektorar, også kraftsektoren. Sivile sektorar, mellom dei kraftsektoren som ein viktig del av totalforsvaret, må førebu seg på situasjonar høgt i krisespekteret. Departementet har gitt NVE i oppdrag å følge opp totalberedskapsmeldinga og den nasjonale sikkerheitsstrategien til regjeringa. Her har departementet mellom anna bedt NVE om å gjere bodskapen frå meldinga og strategien kjend i sektoren.

Arbeidet med sikkerheit og beredskap i kraftforsyninga er høgt prioritert, og beredskapen i kraftforsyninga er god. Samtidig kan ho alltid bli betre. Sjølv om beredskapsarbeidet etter den kalde krigen har vore meir retta mot hendingar som for eksempel ekstremvær og teknisk svikt, kan beredskapsplanane som selskapa pliktar å ha, også vere anvendelege i situasjonar høgare opp i krisespekteret. Bakgrunnen for det er mellom anna at regelverket stiller krav om risiko- og sårbarheitsanalysar, beredskapsplanverk, reparasjonsberedskap, øvingar m.m. Samtidig gjer dagens alvorlege sikkerheitspolitiske situasjon det nødvendig å gjere nye og grundige vurderingar.

Både departementet og særleg NVE har tett kontakt med bransjen når det gjeld sikkerheit og beredskap i kraftsektoren. NVE skal kartlegge den samla reparasjonsberedskapen i kraftforsyninga, sjå på mandatet til distriktssjefane i kraftforsyninga (KDS) og vurdere krava til fysisk sikring av kraftanlegg.

Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte med resultata frå arbeidet. Departementet reknar rapporteringa på dette oppmodingsvedtaket som avslutta.

Framdrift i prosjekt for kraft til Melkøya

Vedtak 654, 6. mai 2025

«Stortinget ber regjeringen sørge for at omsøkte prosjekter som kan gi tilstrekkelig kraft til Melkøya sikres fremdrift og deretter realitetsbehandling, slik at de potensielt kan være i drift innen 2030, og øke tempoet for realisering av kraftløftet.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 1 S (2024–2025) og Innst. 221 S (2024–2025).

Departementet er ikkje kjent med at det er søkt om konsesjon til andre vindkraftprosjekt i Finnmark enn Davvi vindkraftverk, men fleire prosjekt har sendt inn melding. Statkraft Energi AS planlegg eit nytt aggregat 3 i Alta kraftverk og sendte søknad til NVE i september 2025. Tiltaket vil kunne auke den installerte effekten med om lag 120 MW og den årlege produksjonen med mellom 100 og 150 GWh.

Departementet viser til svar på skriftleg spørsmål nr. 2651 (2024–2025). I svaret er det vist til at departementet 26. juni 2025 sende eit felles brev til Grenselandet DA og Folkeaksjonen mot Davvi vindkraftverk, med kopi til både NVE og Lebesby kommune. Brevet svarer på førespurnader og brev som kom på bakgrunn av oppmodingsvedtaket.

Departementet legg til grunn at NVE vil behandle konsesjonssøknaden for Davvi vindkraftverk i tråd med gjeldande rett, slik som forvaltningslova § 11 a første ledd. NVE må vurdere om konsesjonssøknaden slik han ligg føre, er godt nok opplyst, eller om det trengst ytterlegare utgreiing eller høyring av saka før NVE kan gjere vedtak. Samtidig må NVE sjå den vidare behandlinga av Davvi vindkraftverk i lys av den samla behandlinga av nett- og vindkraftprosjekt i Finnmark. Den nærmare oppfølginga av denne saka ligg til NVE.

I statsråd 15. august 2025 fekk Statnett løyve etter energilova og oreigningslova til å bygge, eige og drive ny 420 kV-leidning frå Skaidi til Lebesby og det blei gitt løyve til å bygge nye Lebesby transformatorstasjon. Den nye leidninga vil styrke forsyningssikkerheita til Aust-Finnmark. Tiltaket legg også til rette for auka kraftproduksjon som kan knytast til nye Lebesby stasjon. Saman med andre investeringar, kan tiltaket også legge til rette for auka forbruk i Aust-Finnmark. Same dag som Statnett fekk konsesjon til tiltaket Skaidi-Lebesby, bad departementet NVE og Statnett om å lage ein felles framdriftsplan for behandlinga av konsesjonssøknaden om ny 420 kV kraftleidning vidare austover i Finnmark, frå Lebesby til Seidafjellet, med ny Seidafjellet stasjon. Framdriftsplanen skal mellom anna synleggjere moglegheitsrom og barrierar for å kunne sette ei eventuell ny leidning i drift i 2032, utan å foregripe vurderinga av spørsmålet om konsesjon eller legge føringar for NVEs vurderingar av den samla samfunnsnytta til prosjektet. Statnett prioriterer også arbeidet med utgreiing, søknad og eventuell etablering av ei ny styringseining som gjer det mogleg å utnytte den eksisterande 220 kV leidningen mellom Aust-Finnmark og Finland betre. Dette tiltaket legg til rette for nytt og auka forbruk i Aust-Finnmark.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Førebuande arbeid for 26. konsesjonsrunde

Vedtak 658, 6. mai 2025

«Stortinget ber regjeringa setje i verk førebuande arbeid for 26. konsesjonsrunde med sikte på ei mogleg utlysing av runden tidleg i 2026.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 1 S (2024–2025) og Innst. 237 S (2024–2025).

Den 8. august 2025 gav Energidepartementet Sokkeldirektoratet i oppdrag å gjennomføre ein nominasjonsprosess for ein 26. konsesjonsrunde. Nominasjonsprosessen dannar grunnlag for ei mogleg utlysing av 26. konsesjonsrunde.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Frigjere nettkapasitet til forsvarsindustrien

Vedtak 833, 2. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen gå i dialog med både nye og eksisterende aktører som har reservert stor nettkapasitet i områder hvor det også skal bygges ut forsvarsindustri, for å undersøke om de har umiddelbart behov for all kapasiteten de har reservert, eller har mulighet til å frigjøre noe kapasitet til forsvarsindustrien midlertidig inntil mer kraft og nett er på plass.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:132 S (2024–2025) og Innst. 251 S (2024–2025).

Etter energilova er nettselskapa ansvarlege for å utvikle straumnettet slik at samfunnet har tilgang til nødvendige nettenester. Det er også nettselskapa som følger opp både eksisterande og nye straumkundar. I ein situasjon der kundane har bedt om meir kapasitet enn det finst tilgjengeleg mange plassar, har regjeringa prioritert å legge til rette for at det skal gå raskare å etablere nettanlegg i framtida, og at nettkapasiteten skal utnyttast mest mogleg effektivt. Regjeringens handlingsplan for raskere nettutbygging og bedre utnyttelse av strømnettet frå 2023 understrekar at nettselskapa bør forvalte kapasiteten i straumnettet aktivt, slik at kapasiteten til nytt og auka forbruk er så stor som råd. Nettselskapa bør ikkje reservere eller tildele meir kapasitet enn det kundane faktisk har bruk for. Frå 1. januar 2025, pliktar nettselskapa å vurdere om eit prosjekt er tilstrekkeleg modent før det får reservere kapasitet i nettet.

Dersom prosjekt i forsvarindustrien har behov for straum raskare enn det nettselskapet i utgangspunktet kan tilby, er det viktig at dei går i dialog med nettselskapet for å finne løysingar. Det kan for eksempel vere aktuelt å kontakte andre kundar som har fått reservere kapasitet. Nettselskapet pliktar uansett å følge opp prosjekt som har fått reservere kapasitet. Prosjekt som ikkje opprettheld tilstrekkeleg framdrift, kan miste heile eller delar av den reserverte kapasiteten sin, og denne kan i staden fordelast til andre, meir modne prosjekt. Dette er særleg viktig i område der det står mange aktørar i kø og det vil ta lang tid å auke nettkapasiteten.

Energidepartementet har også nyleg hatt på høyring eit forslag til endringar i energilova som opnar for å prioritere nasjonale sikkerheitsinteresser ved tilknyting til straumnettet. Forslaget inneber at Kongen kan gjere vedtak overfor nettselskapa om å prioritere ein bestemt uttakskunde når det er nødvendig av omsyn til nasjonale sikkerheitsinteresser, som forsvarsindustri og kritiske samfunnsfunksjonar. Energidepartementet går no gjennom høyringsinnspela og tar sikte på å sende ein lovproposisjon om endringane til Stortinget så snart som mogleg.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Forbetre tilgangen på straum for forsvarsindustrien

Vedtak 834, 2. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen forbedre forsvarsindustriens tilgang på strøm, for eksempel ved å la sikkerhetspolitiske hensyn overgå modenhetskriteriet ved forespørsel om nettilknytning, eller ved å definere forsvarsindustri som del av såkalt «vanlig forbruk» til nødvendige samfunnsfunksjoner.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:132 S (2024–2025) og Innst. 251 S (2024–2025).

Energidepartementet har nyleg hatt på høyring eit forslag til endringar i energilova som opnar for å prioritere nasjonale sikkerheitsinteresser ved tilknyting til straumnettet. Forslaget inneber at Kongen kan gjere vedtak overfor nettselskapa om å prioritere ein bestemt uttakskunde når det er nødvendig av omsyn til nasjonale sikkerheitsinteresser. Departementet har foreslått at definisjonen av nasjonale sikkerheitsinteresser i sikkerheitslova skal leggast til grunn. Forslaget rammar inn moglegheita til å prioritere, samtidig som det i størst mogleg grad opprettheld grunnleggande prinsipp i energilova om at nettselskapa skal opptre objektivt og ikkje-diskriminerande. Energidepartementet går no gjennom høyringsinnspela og tar sikte på å sende ein lovproposisjon om endringane til Stortinget så snart som mogleg.

Frå 1. juli 2025 pliktar også nettselskapa å halde av kapasitet i regional- og transmisjonsnettet til kundar med eit samla maksimalt effektuttak under gitte terskelverdiar, såkalla vanleg forbruk. I regionalnettet er terskelverdien 1 MW, medan han i transmisjonsnettet er 5 MW og 20 GWh per år. Formålet med å halde av kapasitet til vanleg forbruk er at hushald, mindre næringar og tenester som er nødvendige for at eit samfunn skal fungere, ikkje skal måtte vente på tilknyting som følge av manglande kapasitet i regional- og transmisjonsnettet. Plikta til å halde av kapasitet til vanleg forbruk varetar også mange kritiske samfunnsfunksjonar med betydning for nasjonale sikkerheitsinteresser.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Analyse av fjernvarmepotensialet

Vedtak 855, 3. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en analyse av fjernvarmepotensialet, som innebærer foreslåtte lokasjoner, og av energikilder som anses å ha størst potensial.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:164 S (2024–2025) og Innst. 387 S (2024–2025).

Som oppfølging av vedtaket vil departementet gjere ei utgreiing. Det er venta at utgreiingsarbeidet blir ferdigstilt i løpet av 2026.

Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Avlaste kraftnettet ved bruk av fjernvarme

Vedtak 856, 3. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en utredning av hvordan Norge kan avlaste kraftnettet ved bruk av fjernvarme, samt utrede hvor stor avlastning man kan oppnå, og hvilke besparelser dette kan resultere i for strømnettinvesteringer.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:164 S (2024–2025) og Innst. 387 S (2024–2025).

Som oppfølging av vedtaket vil departementet gjere ei utgreiing. Det er venta at utgreiingsarbeidet blir ferdigstilt i løpet av 2026.

Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Havbotnmineral – balansert utvikling

Vedtak 857, 3. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen sikre at konsesjonsprosessen for leting etter og eventuell utvinning av havbunnsmineraler på norsk kontinentalsokkel legger til rette for en balansert utvikling av næringen, hvor det stilles tilstrekkelige krav til bærekraft, miljøhensyn og teknologisk innovasjon.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:206 S (2024–2025) og Innst. 354 S (2024–2025).

I konsesjonsrunden som skal lysast ut i neste stortingsperiode, vil det bli lagt til rette for leiting etter og mogleg utvinning av havbotnmineral samtidig som omsynet til miljøet blir varetatt i alle fasane av verksemda. Utvinning vil berre bli godkjend dersom rettshavaren har ein utvinningsplan som dokumenterer at den planlagde utvinninga kan skje på berekraftig og forsvarleg vis. Dei første eventuelle planane for utvinning vil bli lagde fram for Stortinget.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Havbotnmineral – regulering og tilsyn

Vedtak 858, 3. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen vurdere behovet for ytterligere regulering og tilsynsordninger for å sikre at utvinning av havbunnsmineraler skjer i tråd med internasjonale miljøstandarder og Norges forpliktelser til bærekraftig havforvaltning.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:206 S (2024–2025) og Innst. 354 S (2024–2025).

Havbotnminerallova trådde i kraft 1. juli 2019 og er ei omfattande og heilskapleg lov for havbotnmineralverksemd. Havbotnmineralverksemd på norsk kontinentalsokkel under havbotnminerallova vil til kvar tid bli gjennomført innanfor relevante internasjonale forpliktingar som Noreg har slutta seg til.

Departementet har utarbeidd tre forskrifter under havbotnminerallova. Sokkeldirektoratet, som har fått delegert myndigheit til å gi meir detaljerte forskrifter innanfor enkelte område, har også utarbeidd ei forskrift. Alle forskriftene trådde i kraft 1. september 2025.

Havindustritilsynet, som har fått delegert myndigheit etter havbotnminerallova til å gi forskrifter om sikkerheit, helse og arbeidsmiljø, arbeider med ei forskrift innanfor sitt ansvarsområde. Havindustritilsynet er peikt ut til å vere tilsynsmyndigheit, slik dei også er for petroleumsverksemd, havvind og CO2-lagring på kontinentalsokkelen. Miljødirektoratet følger opp forureiningslova og relevante regler overfor aktørane på vanleg måte.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Alexander L. Kielland-ulykka – etablere ei kompensasjonsordning

Vedtak 917, 5. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen etablere en særskilt kompensasjonsordning for de overlevende og etterlatte etter Alexander L. Kielland-ulykken. På bakgrunn av rapportene «Studie om overlevende og pårørende etter Alexander L. Kielland-ulykken» og «Empirisk undersøkelse av myndighetenes oppfølging av ansvar etter Alexander L. Kielland-ulykken» må Riksrevisjonen avklare myndighetenes ansvar for at ulykken kunne skje, og myndighetenes manglende oppfølging av overlevende og etterlatte. Riksrevisjonens nye undersøkelse skal gjennomføres og fremlegges innen utgangen av 2025.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:162 S (2024–2025) og Innst. 417 S (2024–2025).

Som oppfølging av vedtaket har Riksrevisjonen i brev datert 17. juni 2025 informert departementet om at dei er i gang med å planlegge undersøkinga.

Når det gjelder etablering av en særskilt kompensasjonsordning for dei overlevande og etterlatne etter Alexander L. Kielland-ulykka, vil departementet komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Gjenbruk av spillvarme

Vedtak 983, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan man kan stille krav til gjenbruk av spillvarme fra industri, avfallsforbrenning, datasentre og hydrogenproduksjon der det ligger til rette for dette.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 25 (2024–2025) og Innst. 520 S (2024–2025).

Departementet har vurdert korleis ein kan stille krav til gjenbruk av spillvarme, jf. oppfølging av oppmodingsvedtak 78 av 5. desember 2024, vedtak 1213 av 20. juni 2025 og nærmare omtale i kapittel 10.2 Verkemiddel retta mot industri, næringsliv og det offentlege i del III av proposisjonen. I september 2025 sende departementet ut eit høyringsforslag om endringar i energilova §§ 7-2 til 7-4 som skjerpar krava til utnytting av overskotsvarme. Departementet meiner at det ligg til rette for å utnytte overskotsvarme dersom fordelane er større enn kostnadene, og foreslår å innføre ein hovudregel om at overskotsvarmen skal utnyttast i slike tilfelle.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Eksportløysing for gass frå Barentshavet

Vedtak 1077, 13. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen fremskynde arbeidet med å utarbeide en eksportløsning for gass fra Barentshavet for å legge til rette for økt gasseksport fra området.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:270 S (2024–2025) og Innst. 504 S (2024–2025).

Det følger av den etablerte ansvars- og rollefordelinga mellom stat og næringsliv at petroleumsprosjekt skal drivast fram av selskapa, med utgangspunkt i kommersielle vurderingar.

Gassco har mellom anna i oppgåve å vurdere vidareutvikling av oppstraums gassrøyrleidningsnett og tilknytte anlegg med sikte på å oppnå heilskaplege transport- og behandlingsløysingar for petroleumsverksemda («arkitektrolla» til Gassco). Selskapet leverte i 2023 ei vurdering til departementet som viste at det, med gitte føresetnader, kan vere lønnsamt å auke kapasiteten for gasseksport frå Barentshavet.

Etter at vurderinga blei levert, har Gassco og selskapa som har ressursar i området, sett på moglegheitene for å gå vidare med konkret modning av eit prosjekt for auka gasseksportkapasitet. Å planlegge og forprosjektere store infrastrukturprosjekt kostar fleire hundre millionar kroner. Skal eit slikt prosjekt utviklast vidare, må det derfor drivast fram av kommersielle selskap med behov for gasstransport.

Til no har det ikkje vore stor nok interesse blant selskapa for å gå vidare med ein slik prosess. Det er viktig å vite kor store gassressursar som treng eksportløysinga. Derfor satsar næringa no på å få meir informasjon om dette gjennom boring av leitebrønnar.

Regjeringa legg til rette for dette arbeidet ved å tildele prospektivt leiteareal gjennom konsesjonsrundar. Dei årlege TFO-rundane omfattar i dag størstedelen av det opne, tilgjengelege arealet for tildeling av utvinningsløyve, inkludert store område i Barentshavet. Som del av den breie satsinga for å påvise ytterlegare petroleumsressursar har departementet også starta arbeidet med utlysinga av den 26. konsesjonsrunden. Alt areal som er ope og tilgjengeleg for tildeling av utvinningsløyve på kontinentalsokkelen og ikkje inngår i TFO-området, kan nominerast.

Framtidige leiteresultat vil vere éin av fleire faktorar som avgjer om auka gasseksportkapasitet i Barentshavet kan realiserast. Det er næringa sjølv som må vedta boring av leitebrønnar, kva funn som skal utviklast, og eventuelle prosjekt for etablering av ny infrastruktur. Ved å gjennomføre konsesjonsrundar legg regjeringa til rette for at lønnsame ressursar kan påvisast og vinnast ut, og gjennom arkitektrolla til Gassco er det etablert rammer for ei tidsriktig utvikling av ei eventuell løysing for auka gasseksport frå Barentshavet.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Status for og vurdering av NZIA-forordninga frå EU

Vedtak 1078, 13. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en redegjørelse for status og vurdering av NZIA-direktivet fra EU angående pålegget om CCS-lagre samt redegjøre for regjeringens intensjoner i videre behandling og dialog med EU.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:270 S (2024–2025) og Innst. 504 S (2024–2025).

Regjeringa vurderer no om NZIA-forordninga bør innlemmast i EØS-avtalen. I den samanhengen arbeider departementet med å avklare korleis Noreg skal stille seg til føresegnene om CO2-lagring. I dialogen med EU er departementet opptatt av å vareta norske interesser.

Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Reform av nettreguleringa

Vedtak 1079, 13. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen igangsette arbeidet med en reform av nettreguleringen som skal sikre mer nett raskere, økt kapasitet i nettet og at man raskere får tilgang på økt kapasitet, og komme tilbake til Stortinget med en sak om hvordan man skal oppnå dette.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:208 S (2024–2025) og Innst. 503 S (2024–2025).

Regjeringa har sett i verk fleire tiltak for å møte behovet for raskare nettutbygging, raskare tilgang til kapasitet og meir effektiv utnytting av straumnettet. Arbeidet er følgt opp både gjennom endringar i reguleringa og styrking av kapasiteten hos energimyndigheitene.

Reguleringsmyndigheita for energi (RME) har endra inntektsreguleringa for å legge til rette for raskare tilknyting av kundar. Endringane inneber at nettselskapa får dekt utgreiingskostnader i ein tidleg fase av tilknytingsprosessen, og at inntektsramma kan aukast når kundar blir tilknytte og selskapa tilbyr meir kapasitet. Tiltaka skal bidra til raskare tilgang til nettkapasitet og betre utnytting av eksisterande nett.

Stortinget har vedtatt endringar i energilova som regjeringa har fremt for å effektivisere og modernisere konsesjonsbehandlinga. Endringane inneber mellom anna at NVE får heimel til å avslutte behandlinga av eit prosjekt på eit tidleg stadium dersom det er openbert at prosjektet ikkje vil få konsesjon. Det er innført henteplikt for områdekonsesjonærar ved tilknyting opp til og med 22 kV5, og maksimal varigheit for nye anleggskonsesjonar er utvida frå 30 til 50 år. Det er også gjort endringar i søknads- og kunngjeringsreglane, og detaljplanfasen er lovfesta. Endringane skal bidra til raskare framdrift i viktige prosjekt og betre ressursutnytting i konsesjonsprosessane.

Departementet har gjennomført ein møteserie med RME, bransjeorganisasjonar og nettselskap, der temaa har vore korleis inntektsreguleringa kan bidra til meir effektiv utnytting av nettet, og kva insentiv nettselskapa har til å bygge ut nytt nett. RME vurderer jamleg om det er formålstenleg å justere reguleringa for å styrke insentiva til effektiv drift og utnytting av nettet. Som del av oppfølginga av handlingsplanen for raskare nettutbygging og betre utnytting av nettet held departementet halvårlege statusmøte med representantar for nettbransjen. Eit naturleg tema i desse møta er tiltak som kan bidra til betre utnytting av nettinfrastrukturen.

Departementet har også nettopp fastsett ei forskriftsendring som skal sikre at vanleg straumforbruk ikkje må vente på nettinvesteringar. Tiltaket inneber at nettselskapa skal halde av kapasitet i regionalnettet til kundar med effektuttak under 1 MW6, og i transmisjonsnettet til kundar med effektuttak under 5 MW og eit årleg forbruk under 20 GWh7. Formålet med endringa er å sikre at hushald, mindre verksemder og nødvendige samfunnsfunksjonar skal sleppe å stå i tilknytingskø, og få raskare tilgang til straumnettet.

Departementet har også vedtatt forskriftsendringar som skal sikre at nettselskapa er opne om vurderingane dei gjer når dei skal avgjere om det er driftsmessig forsvarleg å gi tilknyting. Endringane gir også nettselskapa moglegheit til å redusere det maksimalt tillatne effektuttaket for ein kunde i særlege tilfelle. Desse endringane skal bidra til betre utnytting av straumnettet.

Regjeringa har også styrkt energimyndigheitene med auka ressursar, og satsar på digitalisering for å effektivisere konsesjonsbehandling og reguleringsarbeid. Dette skal bidra til raskare saksbehandling og betre koordinering mellom aktørane i kraftsystemet.

Nettselskapa planlegg investeringar i straumnettet på om lag 170 milliardar kroner i perioden 2024–2030. Dette reflekterer eit betydeleg løft i kapasiteten og utbyggingstakten og vil truleg bidra til å møte auka etterspørsel og sikre tilstrekkeleg kapasitet i kraftsystemet.

RME har også innført nye krav til tilknyting og bruk av nettet, gjeldande frå 1. juli 2025. Desse krava inneber mellom anna at nettselskapa skal halde av kapasitet til mindre kundar i regional- og transmisjonsnettet. Formålet er å sikre at også mindre aktørar får tilgang til nettet på ein effektiv og føreseieleg måte.

Departementet vil halde fram arbeidet med å vurdere tiltak og eventuelle regelverksendringar som kan føre til raskare nettutbygging, betre tilgang til kapasitet og meir effektiv utnytting av straumnettet.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Endringar i energilova for tidlegare planlegging av nytt nett m.m.

Vedtak 1080, 13. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag til nødvendige endringer i energiloven og gjøre endringer i tilhørende forskrifter slik at nettselskapene kan utrede og planlegge for nytt nett tidligere og starte konsesjonsbehandlingen for å få innvilget betinget konsesjon i områder hvor det er stor sannsynlighet for etablering av nytt forbruk.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:208 S (2024–2025) og Innst. 503 S (2024–2025).

Det er ingenting i dagens energiregelverk som hindrar nettselskapa i å ligge i forkant med nettplanlegging. Regjeringens handlingsplan for raskere nettutbygging og bedre utnyttelse av nettet frå 2023 oppmodar også nettselskapa om å vere i forkant med å greie ut og søke konsesjon for tiltak når det er formålstenleg og nettselskapa har kapasitet til det. Handlingsplanen understreka også at nettselskapa både kan og bør søke om såkalla vilkårsbunden konsesjon når det er formålstenleg, og vurdere moglegheitene for trinnvise utbyggingar når dei planlegg tiltak i straumnettet.

I statsråd 29. september 2023 fekk Statnett konsesjon til å bygge, eige og drive ein ny 420 kilovolts leidning mellom Blåfalli og Gismarvik i Vestland og Rogaland fylke. Konsesjonen blei gitt med vilkår om at Statnett måtte ha signert avtale om anleggsbidrag med minst éin stor kunde før føretaket kunne begynne å bygge leidningen.

I statsråd 15. august 2025 fekk Statnett konsesjon til å bygge, eige og drive ein ny 420 kilovolts leidning mellom Skaidi og Lebesby i Finnmark fylke. I denne konsesjonen blei det presisert at tiltaket kan byggast ut trinnvis, ved at heile eller delar av anlegget kan driftast på 132 kilovolt i ein avgrensa periode, dersom Statnett vurderer det som rasjonelt. Slike grep gjer at nødvendige nettanlegg kan etablerast raskt når behovet oppstår, men sikrar samtidig at det ikkje blir etablert nettanlegg som det ikkje er behov for.

RME har også gjort endringar i inntektsreguleringa av nettselskapa som legg til rette for at selskapa kan ligge i forkant med nettplanlegginga. Frå og med rekneskapsåret 2024 får nettselskap dekt kostnader til tidlege nettutgreiingar i regional- og transmisjonsnettet.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Forbrukstak for Noregspris

Vedtak 1090, 16. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen sette forbrukstaket for Norgespris til 5000 kWh for husholdninger i måneden og 1000 kWh for fritidsboliger i måneden.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 148 L (2024–2025), Innst. 535 L (2024–2025) og Lovvedtak 135 (2024–2025).

Departementet viser til at Noregspris er innført med eit forbrukstak på 5 000 kWh per månad per målepunkt for hushald og 1 000 kWh per månad per målepunkt for fritidsbustadar i statsbudsjettet for 2025, og at desse grensene blir vidareførte i statsbudsjettet for 2026, jf. forskrift om Norgespris.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Forbrukstak for straumstønad

Vedtak 1091, 16. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen sette forbrukstaket for strømstøtten til 5000 kWh i måneden.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 148 L (2024–2025), Innst. 535 L (2024–2025) og Lovvedtak 135 (2024–2025).

Departementet viser til at forbrukstaket for straumstønadsordninga på 5 000 kWh per månad per målepunkt er vidareført i statsbudsjettet for 2025 og i statsbudsjettet for 2026, jf. forskrift om strømstønad.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Tiltak for lågare og meir stabile straumprisar i NO2

Vedtak 1096, 16. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen med bakgrunn i den krevende situasjonen for Agder, Rogaland og deler av Telemark utrede konkrete tiltak med mål om å sikre lavere og mer stabile strømpriser i NO2.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 148 L (2024–2025), Innst. 535 L (2024–2025) og Lovvedtak 135 (2024–2025).

Regjeringa har eit klart mål om at vi skal ha rikeleg tilgang på rein og rimeleg energi over heile landet, og at det skal vere tilstrekkeleg overføringskapasitet mellom regionar slik at det ikkje blir langvarige store prisforskjellar mellom ulike bodområde.

Straumprisutvalet vurderte ei rekke tiltak for lågare og meir stabile kraftprisar. Utvalet leverte rapporten sin, Balansekunst, i oktober 2023. Ein hovudkonklusjon frå utvalet var at alternativ til dagens marknadsmodell ikkje ser ut til å gi betre ressursutnytting eller større samfunnsøkonomisk overskot. Utvalet kom også fram til at tiltak for omfordeling bør settast inn i sluttbrukarmarknaden framfor i engrosmarknaden.

På bakgrunn av utgreiinga frå Straumprisutvalet har regjeringa lagt vekt på tiltak i sluttbrukarmarknaden. Regjeringa har innført ei rekke tiltak for å sikre hushald og næringsliv lågare og meir stabile straumkostnader. Regjeringa har etablert ei straumstønadsordning for hushald for å sikre dei mot høge straumprisar. Regjeringa har også etablert Noregspris på straum, som gir hushald moglegheit til å velje ein fast pris per kWh som eit alternativ til straumstønadsordninga. Det er også lagt til rette for fastprisavtalar for næringslivet gjennom eit kontraktsunntak for standardiserte fastprisavtalar i grunnrenteskatten for vasskraft. Dermed kan også bedrifter enklare sikre seg føreseielege straumprisar. I august 2025 kunne bedrifter i NO2 inngå fastprisavtale ned mot 69 øre per kWh.

Regjeringa har også innført tiltak for lågare nettleige. Frå 1. oktober 2025 blei elavgifta redusert ytterlegare, noko som gir eit årleg avgiftskutt på om lag 3 milliardar kroner for folk og næringsliv over heile landet. I budsjettet for 2026 foreslår regjeringa å innføre ein felles sats på 4,18 øre per kWh i elavgift, noko som kuttar avgiftene med om lag 4 milliardar kroner til. Samtidig blir flaskehalsinntekter brukte til å halde nettleiga nede i område med høge kraftprisar. Sidan ordninga kom på plass, er det utbetalt om lag 10 milliardar kroner til redusert nettleige.

Det viktigaste vi kan gjere for å redusere prisforskjellane på lang sikt, er å sørge for meir kraft, meir nett og meir effektiv bruk av det eksisterande nettet. Det er regjeringa godt i gang med.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Utnytting av overskotsvarme

Vedtak 1213, 20. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget våren 2026 med forslag om krav til utnyttelse av overskuddsvarme i industrien, datasenter og nye virksomheter.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 2 (2024–2025) og Innst. 540 L (2024–2025).

Departementet viser til oppfølginga av oppmodingsvedtak 78 frå 5. desember 2024 og oppmodingsvedtak 983 frå 11. juni 2025, og nærmare omtale av overskotsvarme i kapittel 10.2 Verkemiddel retta mot industri, næringsliv og det offentlege i del III av proposisjonen.

Departementet reknar rapporteringa på dette oppmodingsvedtaket som avslutta.

Sikre tilstrekkeleg krafttilgang i heile Finnmark

Vedtak 1256, 20. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen gjøre tiltak for sikre tilstrekkelig krafttilgang til hele Finnmark, herunder også å oppgradere og utvide produksjonen i eksisterende vannkraftverk.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:175 S (2024–2025) og Innst. 541 S (2024–2025).

Regjeringa er opptatt av god framdrift og høg kvalitet i arbeidet med ny kraftproduksjon og nytt kraftnett i Finnmark, mellom anna i lys av kraft- og industriløftet for Finnmark. Høg prioritering av søknader om nett og ny produksjon i Finnmark er framheva som ei særskild oppgåve for NVE i tildelingsbrevet for 2025.

NVE gjennomførte fleire informasjons- og folkemøte om konsesjonsprosessane i Finnmark i 2024. Den 24. april 2024 fastsette NVE konsekvensutgreiingsprogram for elleve vindkraftprosjekt i Finnmark. Den 25. juni 2025 fastsette NVE krav om utgreiing av konsekvensar for reindrift for dei same elleve vindkraftprosjekta, og utgreiingsprogram for dei to 132 kV-kraftleidningane Skaidi–Smørfjord–Honningsvåg og Adamselv–Kjøllefjord–Mehamn. Tiltakshavarane har no ansvar for å gjennomføre utgreiingar i tråd med programma, og desse blir eit viktig underlag for framtidige konsesjonssøknader.

Statkraft Energi AS planlegg eit nytt aggregat 3 i Alta kraftverk og sendte søknad til NVE i september 2025. Tiltaket vil kunne auke den installerte effekten med om lag 120 MW og den årlege produksjonen med mellom 100 og 150 GWh.

I statsråd 15. august 2025 fekk Statnett løyve etter energilova og oreigningslova til å bygge, eige og drive ein ny 420 kV-leidning frå Skaidi til Lebesby og løyve til å bygge nye Lebesby transformatorstasjon. Den nye leidningen vil styrke forsyningssikkerheita i Aust-Finnmark. Tiltaket legg også til rette for auka kraftproduksjon som kan knytast til nye Lebesby stasjon. Saman med andre investeringar kan tiltaket også legge til rette for auka forbruk i Aust-Finnmark. Same dag som Statnett fekk konsesjon til tiltaket Skaidi–Lebesby, bad departementet NVE og Statnett om å lage ein felles framdriftsplan for behandlinga av konsesjonssøknaden om ein ny 420 kV-kraftleidning vidare austover i Finnmark, frå Lebesby til Seidafjellet, med ein ny stasjon på Seidafjellet. Framdriftsplanen skal mellom anna synleggjere moglegheiter og barrierar for å kunne sette ein ny leidning i drift i 2032, utan å føregripe vurderinga av spørsmålet om konsesjon eller legge føringar for NVE sine vurderingar av den samla samfunnsnytta til prosjektet. Statnett prioriterer også arbeidet med å greie ut, søke om og eventuelt etablere ei ny styringseining som gjer det mogleg å utnytte den eksisterande 220 kV-leidningen mellom Aust-Finnmark og Finland betre. Dette tiltaket legg til rette for nytt og auka forbruk i Aust-Finnmark.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Rask saksbehandling av søknaden om utbygging av transmisjonsnettet Skaidi–Lebesby–Varangerbotn

Vedtak 1257, 20. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen prioritere rask saksbehandling av søknaden om utbygging av transmisjonsnettet fra Skaidi til Lebesby og videre til Varangerbotn for å styrke nettkapasiteten og energisikkerheten.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 8:175 S (2024–2025) og Innst. 541 S (2024–2025).

I statsråd 15. august 2025 fekk Statnett løyve etter energilova og oreigningslova til å bygge, eige og drive ein ny 420 kV-leidning frå Skaidi til Lebesby og løyve til å bygge nye Lebesby transformatorstasjon. Den nye leidningen vil styrke forsyningssikkerheita i Aust-Finnmark. Tiltaket legg også til rette for auka kraftproduksjon som kan knytast til nye Lebesby stasjon. Saman med andre investeringar kan tiltaket også legge til rette for auka forbruk i Aust-Finnmark.

Høg prioritering av søknader om mellom anna nett i Finnmark er framheva som ei særskild oppgåve for NVE i tildelingsbrevet for 2025. Same dag som Statnett fekk konsesjon til tiltaket Skaidi–Lebesby, bad departementet NVE og Statnett om å lage ein felles framdriftsplan for behandlinga av konsesjonssøknaden om ein ny 420 kV-kraftleidning vidare austover i Finnmark, frå Lebesby til Seidafjellet, med ein ny stasjon på Seidafjellet. Framdriftsplanen skal mellom anna synleggjere moglegheiter og barrierar for å kunne sette ein ny leidning i drift i 2032, utan å føregripe vurderinga av spørsmålet om konsesjon eller legge føringar for NVE sine vurderingar av den samla samfunnsnytta til prosjektet. Statnett prioriterer også arbeidet med å greie ut, søke om og eventuelt etablere ei ny styringseining som gjer det mogleg å utnytte den eksisterande 220 kV-leidningen mellom Aust-Finnmark og Finland betre. Dette tiltaket legg til rette for nytt og auka forbruk i Aust-Finnmark.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

3.2 Stortingssesjon 2023–2024

Havvind – opne eit område i nord

Vedtak 96, 4. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen åpne et område i nord for havvind som kan utlyses senest i 2027, og der det skal legges vekt på at konsekvensene for sameksistens med fiskeri, natur og miljø kan ivaretas på en god måte.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 1 (2023–2024) og Innst. 2 S (2023–2024).

Før eit område kan opnast, må det gjennomførast ei strategisk konsekvensutgreiing. NVE leverte strategiske konsekvensutgreiingar for områda som er aktuelle for utlysing framover, inkludert fleire område i nord, i juni 2025. Utgreiingane vurderer mellom anna sameksistensen med andre næringar og omsynet til natur og miljø, og gir viktig informasjon for avgjerder om framtidige opningar og utlysingar.

Utgreiingane er sende på høyring med frist 1. oktober. Departementet vil utarbeide ein plan for vegen vidare for havvind, mellom anna basert på utgreiingane og høyringsinnspela. Departementet planlegg å lyse ut nye område for havvind jamleg framover.

Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Nye datasenter – utnytting av spillvarme og eigenproduksjon av energi- og energilagringsløysingar

Vedtak 717, 6. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen utarbeide krav til nye datasentre som omhandler utnyttelse av spillvarme og egenproduksjon av energi- og energilagringsløsninger der det ligger til rette for dette.»

I 2023 blei det fastsett krav i energilova om å gjennomføre kost-nytteanalyse av moglegheitene for å utnytte overskotsvarme for aktørar som bygger eller oppgraderer anlegg med stort energibehov. Departementet har konkretisert reglane i forskrift om kost-nytteanalyse av mulighetene for å utnytte overskuddsvarme (forskrift om overskotsvarme). Forskrifta trådde i kraft 1. april 2025. Krava omfattar mellom anna oppføring av datasenter med over 2 MW tilført elektrisk effekt. Etter dagens regelverk kan NVE – for utvalde anlegg – gjere enkeltvedtak om at eit anlegg ikkje kan byggast eller oppgraderast utan at overskotsvarmen blir utnytta.

Departementet har også greidd ut om det er grunnlag for å stille strengare krav til utnytting av overskotsvarme. I september 2025 sende departementet ut eit høyringsforslag om endringar i energilova §§ 7-2 til 7-4 som skjerpar krava til utnytting av overskotsvarme.

Departementet meiner at det ligg til rette for å utnytte overskotsvarme dersom fordelane er større enn kostnadene, og foreslår å innføre ein hovudregel om at overskotsvarmen skal utnyttast i slike tilfelle. I tillegg foreslår departementet å senke effektgrensene for kva anlegg som blir omfatta av reglane. For datasenter foreslår regjeringa å senke grensa frå 2 MW til 1 MW. Plikta til å gjennomføre kost-nytteanalyse ved oppgradering vil departementet utvide til å inkludere mellom anna datasenter. Høyringsforslaget om utnytting av overskotsvarme er nærmare omtalt i kapittel 10.2 Verkemiddel retta mot industri, næringsliv og det offentlege i del III av proposisjonen.

Eigenproduksjon av energi og energilagring er begge potensielle etterspørselspunkt for overskotsvarmen. Blir krava til utnyttinga av overskotsvarme skjerpa, vil det resultere i at potensielle etterspørselspunkt, slik som eigenproduksjon og energilagring, også blir vurderte. I tillegg har det etter oppmodingsvedtaket komme fleire nye føresegner i norsk regelverk som legg til rette for eigenproduksjon av energi og energilagring. Etter forskrift om overskotsvarme, som trådde i kraft 1. april 2025, skal energilagring vurderast som avtakar av overskotsvarmen. Her seier § 9 at kost-nytteanalysen skal ta omsyn til «[…] alle aktuelle eksisterende eller potensielle etterspørselspunkter for varme som kan forsynes fra anlegget». Vidare skal det i kost-nytteanalysen «[…] gjøres en vurdering av om kraftproduksjon er en aktuell mulighet, og eventuelt beskrive lønnsomheten i dette». Forskrift om energikartlegging, som trådde i kraft 1. oktober 2024, stiller krav om at alle føretak med eit årleg gjennomsnittleg energibruk i Noreg på minst 2,5 GWh skal gjennomføre regelmessige energikartleggingar. Etter energikartleggingsforskrifta § 4 skal kartlegginga identifisere «[…] muligheter for kostnadseffektiv produksjon av fornybar energi».

Departementet viser også til oppfølginga av oppmodingsvedtak 78 av 5. desember 2024, -vedtak 983 av 11. juni 2025, -vedtak 1213 av 20. juni 2025 og nærmare omtale i kapittel 10.2 Verkemiddel retta mot industri, næringsliv og det offentlege i del III av proposisjonen.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Energipartnarskap med olje- og gassnæringa

Vedtak 910, 21. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen videreføre dialogen og konkretisere innholdet i et energipartnerskap med olje- og gassnæringen, vedtatt i forbindelse med oljeskattepakken, i tråd med omtalen i Revidert nasjonalbudsjett 2024, med sikte på fortsatte utslippsreduksjoner i næringen for å bidra til å nå klimamålet i 2030. Et viktig premiss for partnerskapet er at olje- og gassnæringen innenfor det finanspolitiske rammeverket skal bidra mer til finansieringen av flytende havvind enn de gjør i dag, ved at CO2-avgiften på sokkelen skal økes frem mot 2030.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 2 (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024).

I Innst. 216 S (2024–2025) viser fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen til ei fråsegn frå fleirtalet i energi- og miljøkomiteen, som viser til omtalen av vedtaket i Meld. St. 4 (2024–2025). Fleirtalet er einige om at rapporteringa på vedtaket ikkje kan avsluttast no.

Departementet har gjort greie for oppfølginga av oppmodingsvedtaket i kapittel 6.3 Status for utsleppsutviklinga i petroleumsverksemda i del III av proposisjonen.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Fjerne konsesjonsplikt for solparkar opp til 10 MW

Vedtak 913, 21. juni 2024

«Stortinget ber regjeringen i løpet av vårsesjonen 2025 fjerne konsesjonsplikt for solparker opp til 10 MW lokalisert på industritomter, næringsarealer, flystriper eller lignende, slik at tillatelser gis av kommunene etter plan- og bygningsloven.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 2 (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024).

I Innst. 216 S (2024–2025) viser fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen til ei fråsegn frå fleirtalet i energi- og miljøkomiteen, som viser til at forslaget har vore på høyring, men meiner at vedtaket ikkje kan kvitterast ut før konsesjonsplikta for solparkar opp til 10 MW lokalisert på industritomter, næringsareal, flystriper eller liknande er fjerna, slik at løyve blir gitt av kommunane etter plan- og bygningslova.

Departementet har fastsett ei effektgrense på 10 MW for konsesjonsplikt for solkraftanlegg. Solkraftanlegg med installert effekt på 10 MW eller mindre treng ikkje konsesjon etter energilova. Denne effektgrensa gjeld generelt for alle solkraftanlegg, også såkalla grå areal. Regelendringa blei sett i kraft 1. juli 2025.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

3.3 Stortingssesjon 2022–2023

Inkludere bakkemonterte solenergianlegg i plan- og bygningslova

Vedtak 813, 9. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen fremme et forslag til hvordan bakkemonterte solenergianlegg kan inkluderes i plan- og bygningsloven, senest innen utgangen av 2023.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 111 L (2022–2023), Innst. 483 L (2022–2023) og Lovvedtak 120 (2022–2023).

Energidepartementet, i samråd med Kommunal- og distriktsdepartementet, hadde ved årsskiftet 2023/2024 på høyring eit forslag om å krevje områdereguleringsplan etter plan- og bygningslova for konsesjonspliktige solkraftanlegg. Det er no fastsett ei effektbasert konsesjonspliktgrense på 10 MW for solkraftanlegg etter energilova, og regjeringa meiner denne endringa gir ein god balanse og varetar omsyna til både kommunane og NVE. Solkraftanlegg med installert effekt på 10 MW eller mindre skal ikkje behandlast av NVE og treng berre løyve frå kommunane etter plan- og bygningslova. Regjeringa har derfor annonsert at ein ikkje vil gå vidare med forslaget om krav om områdereguleringsplan etter plan- og bygningslova for konsesjonspliktige solkraftanlegg.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Havvind – auka vekting av berekraftskriteria og positive lokale ringverknader

Vedtak 841, 14. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen vurdere økt vekting av bærekraftskriteriene og positive lokale ringvirkninger ved framtidige havvindutbygginger og rapportere tilbake til Stortinget på egnet vis.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 93 S (2022–2023) og Innst. 496 S (2022–2023).

I mai 2025 lyste departementet ut Utsira Nord for flytande havvind. Utsira Nord består av tre prosjektområde på 500 MW kvar. Søkarar i konkurransen om tildeling av område blir vurderte ut frå fem kvalitative kriterium: 1) kostnadsnivå, realisme og modenskap, 2) innovasjon og teknologiutvikling, 3) gjennomføringsevne, 4) berekraft og 5) positive ringverknader. Dei kvalitative kriteria legg til rette for at prosjektområde blir tildelte aktørar som er godt eigna til å realisere flytande havvind til lågast mogleg kostnad, og bidrar til at vi når dei måla vi har sett for havvindsatsinga.

Dette er første gongen prosjektområde blir tildelte basert på kvalitative kriterium i Noreg. Det viktigaste verktøyet for å sikre berekraft er likevel konsekvensutgreiinga og den vidare konsesjonsbehandlinga. Departementet vil vurdere kriteria og ein modell for framtidige utlysingar av område for havvind for kvar enkelt utlysing.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Solenergi – mål om 8 TWh innan 2030

Vedtak 923, 16. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen sette et mål for ny solenergi på 8 TWh innen 2030 og utarbeide en konkret handlingsplan som gjør det mulig å realisere målet innen revidert nasjonalbudsjett i 2024. Tiltak og virkemidler skal ikke være til hinder for rasjonell nettutvikling.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 2 (2022–2023) og Innst. 490 S (2022–2023).

I Innst. 216 S (2024–2025) viser fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen til Meld. St. 4 (2024–2025) og til merknad i Innst. 447 S (2023–2024), som seier at regjeringa har levert ei løypemelding om korleis ein skal nå målet om 8 TWh solenergi. Fleirtalet meiner eit mål om 8 TWh solenergi innan 2030 krev konkrete tiltak og verkemiddel. Fleirtalet ber regjeringa i løpet av våren 2025 rapportere om statusen for arbeidet med konkrete tiltak og verkemiddel for å styrke solkraftproduksjonen.

På bakgrunn av eit skriftleg spørsmål frå Stortinget rapporterte energiministeren i juni 2025 om statusen på målet for solkraft. I rapporteringa viste ministeren til at den installerte solkraftkapasiteten har auka dei siste åra, og at det kjem stadig fleire søknader om bakkemontert solkraft.

Regjeringa ønsker å bidra til at fleire byggeigarar vel å installere solenergianlegg, og tilskotsordningar for solenergi gjennom Enova og Husbanken er viktige i dette arbeidet. Støtteordninga gjennom Husbanken blei etablert av regjeringa i 2023 og Husbanken har per august gitt 237 millionar kroner i støtte til solceller og solvarmekollektorar. I same periode har Enova gitt 408 millionar kroner i støtte til bygningsmonterte solcelleanlegg. Enova har også gitt 420 millionar kroner i støtte til energitiltak i bygg som har inkludert solkraft.

Regjeringa har også fastsett ei delingsordning for lokal fornybar energiproduksjon tilpassa næringsområde som vil gi aktørar større insentiv til å investere i fornybar kraft på utbygd areal. Ein tar sikte på at ordninga trer i kraft 1. januar 2026. Vidare er det fastsett ei effektgrense for kva solkraftanlegg som krev konsesjon etter energilova. Denne effektgrensa blei innført 1. juli 2025. Solkraftanlegg med installert effekt på 10 MW eller mindre treng no berre ei avklaring av kommunen etter plan- og bygningslova og krev ikkje lenger konsesjon frå NVE.

Departementet viser til «Plan for tiltak for økt utbygging av solenergi og lokal energiproduksjon», som blei lagd fram i Prop. 104 S (2023–2024) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2024, punkt 2.16 Energidepartementet, Andre saker, side 145–149. Her går det fram at regjeringa vil legge ambisjonen om 8 TWh ny solenergi innan 2030 til grunn for vidare arbeid, men at fordelar og ulemper ved tiltak og verkemiddel som blir sette i verk, må vegast opp mot andre samfunnsomsyn.

I kapittel 8 Regjeringa si oppfølging av Energikommisjonen og Straumprisutvalet med meir, i del III av Prop. 1 S (2024–2025), er det gitt ei samla framstilling av korleis regjeringa har følgt opp forslaga frå og høyringa av Energikommisjonen og Straumprisutvalet, mellom anna solkraft.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Solkraft – deling med høgare grense enn 1 MW

Vedtak 924, 16. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen lage en delingsordning tilpasset næringsområder som muliggjør deling av solkraft med høyere grense enn 1 MW.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 2 (2022–2023) og Innst. 490 S (2022–2023).

I Innst. 216 S (2024–2025) viser fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen til ei fråsegn frå fleirtalet i energi- og miljøkomiteen, som er positive til at grensa blir heva til 5 MW, men meiner at vedtaket ikkje kan kvitterast ut før delingsordninga er innført.

Den 1. juli 2025 fastsette Energidepartementet og Finansdepartementet forskriftsendringar som gjer det mogleg å dele overskotsproduksjon av fornybar straum frå anlegg på inntil 5 MW innanfor eit næringsområde. Ordninga vil stimulere til ny fornybar kraftproduksjon utan naturinngrep og kan hjelpe næringsaktørar med å få ned straumrekninga si. Ein tar sikte på at delingsordninga for fornybar straum tilpassa næringsområde trer i kraft 1. januar 2026.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Solenergiparkar – fjerne konsesjonsplikt for enkeltprosjekt med lågt konfliktnivå

Vedtak 925, 16. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen gi NVE mulighet til å unnta enkeltprosjekter med solparker med lavt konfliktnivå i grå areal fra konsesjonsplikt, slik at tillatelser kan gis av kommunene etter plan- og bygningsloven.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 2 (2022–2023) og Innst. 490 S (2022–2023).

I Innst. 216 S (2024–2025) viser fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen til ei fråsegn frå fleirtalet i energi- og miljøkomiteen, som gir uttrykk for at vedtaket ikkje kan kvitterast ut før NVE har høve til å frita enkeltprosjekt med solparkar med lågt konfliktnivå i grå areal frå konsesjonsplikt. Rapporteringa blir derfor ikkje avslutta.

Departementet har fastsett ei effektgrense på 10 MW for konsesjonsplikt for solkraftanlegg. Solkraftanlegg med installert effekt på 10 MW eller mindre treng ikkje konsesjon etter energilova. Denne effektgrensa gjeld generelt for alle solkraftanlegg og er ikkje avgrensa til såkalla grå areal. Regelendringa blei sett i kraft 1. juli 2025.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Solenergiparkar – fjerne konsesjonsplikt opp til 1 MW

Vedtak 926, 16. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen i løpet av 2023 fjerne konsesjonsplikt for solparker opp til 1 MW på grå areal, slik at tillatelser gis av kommunene etter plan- og bygningsloven.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 2 (2022–2023) og Innst. 490 S (2022–2023).

I Innst. 216 S (2024–2025) viser fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen til ei fråsegn frå fleirtalet i energi- og miljøkomiteen, som viser til at regjeringa har hatt på høyring eit forslag om å innføre ei effektgrense for konsesjonsplikt for solkraftanlegg, og at regjeringa arbeider med ei endringsforskrift. Fleirtalet meiner at rapporteringa ikkje kan avsluttast før forskrifta er lagd fram.

Departementet har fastsett ei effektgrense på 10 MW for konsesjonsplikt for solkraftanlegg. Solkraftanlegg med installert effekt på 10 MW eller mindre treng ikkje konsesjon etter energilova. Denne effektgrensa gjeld generelt for alle solkraftanlegg, også såkalla grå areal. Regelendringa blei sett i kraft 1. juli 2025.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

3.4 Stortingssesjon 2021–2022

Havvind – tildeling av areal

Vedtak 703, 10. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen sørge for at neste tildeling av havvindareal etter Sørlige Nordsjø II og Utsira Nord i nye områder skjer senest i løpet av 2025. Stortinget ber om at dette er en større utlysning som legger til rette for skalering og teknologiutvikling og nye industrielle muligheter og at utlysningen sikrer god sameksistens og tar hensyn til viktige naturverdier.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 36 (2020–2021), Meld. St. 11 (2021–2022) og Innst. 446 S (2021–2022).

I 2023 lyste departementet ut området Sørlege Nordsjø II, og området blei tildelt Ventyr SN II AS i april 2024. Ventyr er no i gang med si prosjektspesifikke konsekvensutgreiing for det 1 500 MW store prosjektet.

I mai 2025 lyste departementet ut tre prosjektområde på 500 MW for flytande havvind i Utsira Nord. Utsira Nord legg til rette for auka fornybar kraftproduksjon og teknologiutvikling, og opnar nye moglegheiter for leverandørindustrien.

I juni 2025 fekk departement ei strategisk konsekvensutgreiing av område som er aktuelle for havvind frå NVE. Utgreiinga er send på høyring, og departementet vil – mellom anna basert på utgreiinga og høyringsinnspela – utarbeide ein plan for vegen vidare for havvind i Noreg. Regjeringa planlegg å lyse ut nye område for havvind jamleg framover.

Departementet reknar dette oppmodingsvedtaket som følgt opp.

Havvind – vurdere å fastsette delmål for arealtildeling innan 2030

Vedtak 716, 10. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen i lys av erfaringer og evalueringen som gjøres fra de første tildelingene, vurdere å fastsette et delmål for arealtildeling innen 2030.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 36 (2020–2021), Meld. St. 11 (2021–2022) og Innst. 446 S (2021–2022).

I juni 2025 leverte NVE ei strategisk konsekvensutgreiing av område som er aktuelle for havvind, til departementet. Utgreiinga er send på høyring med frist 1. oktober. Departementet vil i 2026 utarbeide ein plan for den framtidige utviklinga av havvind i Noreg, mellom anna basert på utgreiinga og høyringsinnspela. Målet er å etablere eit godt grunnlag for vidare områdeutpeiking og utlysingar. Noreg har ein ambisjon om at det innan 2040 skal tildelast område for 30 000 MW havvindproduksjon. Departementet legg opp til å lyse ut nye område for havvind jamleg framover.

Departementet reknar rapporteringa på dette oppmodingsvedtaket som avslutta.

Mål om auka energisparing – greie ut ulike ordningar med energisparesertifikat

Vedtak 727, 10. juni 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede ulike ordninger med energisparesertifikater for å utløse mål om økt energisparing med mest mulig effekt.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 36 (2020–2021), Meld. St. 11 (2021–2022) og Innst. 446 S (2021–2022).

I Innst. 216 S (2024–2025) viser fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen til ei fråsegn frå fleirtalet i energi- og miljøkomiteen om at oppmodingsvedtak 727 (2021–2022) ikkje er gjennomført, og at rapporteringa derfor ikkje kan avsluttast.

Energidepartementet har vurdert ordningar med energisparesertifikat for å utløyse mål om auka energisparing. Energisparesertifikat kan minne om ETS-systemet for klimakvotar, der aktørar blir pålagde å redusere forbruket eller dekke opp forpliktingane sine med sertifikat. Det er fleire måtar å innretta ei ordning for energisparesertifikat på, men det er vanleg at kraftselskap eller nettselskap får plikt til å sette i verk årlege energisparetiltak tilsvarande ein viss prosent av den totale energileveransen sin. Kraft- eller nettselskapa blir pålagde å kjøpe sertifikat tilsvarande dei pålagde energispareforpliktingane sine. Kostnadene ved å kjøpe sertifikata blir så fordelte på kundane, enten gjennom høgare nettleige eller gjennom høgare straumpris. Ein pålegg også private nett- eller kraftselskap ei administrativ byrde som i utgangspunktet fell utanfor kjerneverksemda deira.

Ordningar med energisparesertifikat krev svært mykje administrasjon. Det må utarbeidast ei omfattande predefinert liste over tiltak som kvalifiserer til å få utskrive sertifikat. Det må også fastsettast kor mange sertifikat kvart tiltak klassifiserer til. Det vil vere utfordrande å komme fram til generelle energiinnsparingar knytte til eit bestemt tiltak. Det same tiltaket kan gi ulike energiinnsparingar avhengig av kvar og korleis det blir gjennomført.

Formålet med ei ordning med energisparesertifikat er å stimulere til auka energieffektivisering. Regjeringa har lagt fram ein handlingsplan for energieffektivisering i alle delar av norsk økonomi og har styrkt arbeidet med energieffektivisering dei siste åra. Departementet reknar det ikkje som formålstenleg å greie ut ulike ordningar for energisparesertifikat vidare, sidan det er ein type støtteordning som i stor grad overlappar med dei eksisterande verkemidla på området.

Departementet reknar rapporteringa på dette oppmodingsvedtaket som avslutta.

Fotnotar

1

Standard kubikkmeter oljeekvivalentar.

2

Terawattime er ei eining for å måle elektrisk energi, særleg store mengder. Éin terawattime (TWh) svarar til éin milliard kilowattimar (kWh), som er den eininga straumen blir målt i.

3

kilovolt-ampere er ei eining som måler tilsynelatande effekt, noko som representerer den totale elektriske krafta som er tilgjengeleg i kraftverk.

4

Megawatt er ei måleeining for effekt, produksjonskapasiteten til et anlegg eller kraftverk.

5

Kilovolt – måleenhet for elektrisk spenning

6

Megawatt, ei måleeining for effektuttak.

7

Gigawatttime, ei måleeining for energiforbruk.