1 Tilsetjingsvilkåra for leiarane i heileigde statlege føretak

1.1 Noregs Bank

Ida Wolden Bache har vore sentralbanksjef sidan 1. mars 2022. Sentralbanksjefen leier òg hovudstyret i Noregs Bank og komiteen for pengepolitikk og finansiell stabilitet.

Årsløna til sentralbanksjef Ida Wolden Bache var i 2025 på 2 863 742 kroner og verdien av andre ytingar utgjorde 23 791 kroner.

Sentralbanksjefen er medlem i Noregs Banks eigne pensjonsordning med mellom anna maksimalt pensjonsgrunnlag 12 ganger Folketrygdens grunnbeløp (12 G). Den eiga pensjonsordninga for sentralbanksjef og visesentralbanksjef tek no ikkje opp nye medlemar.

1.2 Folketrygdfondet

Folketrygdfondet er eit særlovselskap, jf. lov 29. juni 2007 nr. 44 om Folketrygdfondet.

Årsløna til administrerande direktør Kjetil Houg var i 2025 på 5 050 000 kroner og andre ytingar utgjorde 59 000 kroner.

Administrerande direktør må fråtre si stilling seinast ved fylte 70 år. Oppseiingstida er seks månader. Administrerande direktør har rett til etterløn tilsvarande seks månaders løn, rekna frå utgangen av oppseiingstida, dersom han blir oppsagd eller sjølv seier opp etter avtale med styret. Det er ikkje knytt rett til feriepengar eller pensjon til etterløna.

Folketrygdfondet har ein avtale om innskottsbasert pensjonsordning for dei tilsette. Dersom administrerande direktør i perioden frå han er 65 til 67 år tek imot yting knytt til sjukdom eller arbeidsuførleik, frå Nav og/eller tenestepensjonsordningar, vil desse ytingane kome til frådrag i pensjonen frå Folketrygdfondet i denne perioden. Pensjon for administrerande direktør vil bli samordna med alderspensjon frå folketrygda, oppsett rettighet i Statens pensjonskasse og innskottspensjon frå 67 år.