Del 1
Innleiande del
1 Landbruks- og matpolitikken til regjeringa
Alle samfunn har grunnleggjande behov for både nok og trygg mat. I møte med ei uroleg verd er det avgjerande å oppretthalde nasjonal matproduksjon og beredskap. Regjeringa legg difor vekt på å styrkje norsk matproduksjon og føre ein politikk som aukar matsikkerheita.
Dette ligg til grunn for regjeringa sine prioriteringar for jordbruket i framlegget til statsbudsjett for 2027. I vår regjeringsperiode har løyvingane til jordbruket auka med nær 97 prosent.
Regjeringa vil ha eit aktivt og berekraftig jordbruk over heile landet. Samfunnsoppdraget til jordbruket er å produsere nok og trygg mat basert på norske naturressursar. Det gir arbeidsplassar og verdiskaping. Dyrevelferda skal vere god, og bøndene skal ha rammevilkår som gjer at dei kan utnytte potensialet for inntekt på garden best mogleg. Mangfaldet og dei gode produksjonsmiljøa i jordbruket, reindrifta og skognæringa må utviklast vidare.
Regjeringa la i Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket, fram ein strategi for å auke sjølvforsyninga av jordbruksvarer. Dette skal mellom anna skje gjennom å leggje til rette for auka inntektsmoglegheiter i jordbruket og auka planteproduksjonen til mat og fôr på ein måte som styrkjer konkurransekrafta for norsk mat mot import. Konkurransekraft i matsektoren er avgjerande for å oppretthalde ein høg marknadsdel i heimemarknaden. For regjeringa er dette ein sentral del av arbeidet med å styrkje beredskapen. Regjeringa la i Meld. St. 10 (2024–2025) Prinsipper for tallgrunnlag m.m. i jordbrukspolitikken, fram ein avtale om prinsippa for talgrunnlaget og for nokre andre spørsmål i jordbrukspolitikken. Gjennom handsaminga av denne meldinga ligg prinsippa for talgrunnlaget for opptrappinga fast. I samsvar med Regjeringens plan for Norge 2025–2029 vidarefører regjeringa gjennom årets jordbruksavtale innsatsen for å styrkje sjølvforsyninga av mat og føreseielege inntektsmoglegheiter i jordbruket.
Gjentakande ekstremvêr med tørke, flaum, storm og beitekriser har vist kor avgjerande det er med god beredskap for å tryggje jordbruksproduksjonen, reindrifta og skogbruket. Vi må difor vere budde på klimatilpassingar i landbruket i åra som kjem. Dette er ein del av beredskapsarbeidet til regjeringa.
All mat som blir omsett i Noreg skal vere trygg. Dette er sentralt for Noreg som matnasjon. Produksjon av trygg mat skaper tillit, og bidreg til avsetnad av varer og legitimitet for landbruket og for næringsmiddelindustrien. God dyre- og plantehelse er avgjerande for mattryggleik, kostnadseffektivitet og ein langsiktig og berekraftig matproduksjon. God dyrevelferd er eit mål i seg sjølv, samstundes som det er eit gode for samfunnet og eit konkurransefortrinn for norsk mat.
Regjeringa gjer framlegg om å auke Mattilsynets budsjett med 20,0 mill. kroner til oppfølging av EØS-avtalen. Dette vil óg gjere Mattilsynet betre i stand til å følgje regelverksprosessar i EU for å vareta norske interesser, og vere ein betre rettleiar for dei som skal forstå og følgje regelverket.
Reindriftsnæringa nyttar marginale utmarksressursar, og næringa er avgjerande for å bevare samisk kultur og språk. Reindrifta er ein kulturell og økonomisk berebjelke i samiske område. I tillegg er reindrifta ein viktig aktør i norsk matberedskap. Reindrifta som beredskapsaktør vil særleg vere aktuell i dei nordlege delane av landet. Regjeringa sitt framlegg til endringar i reindriftslova, som skal bidra til å sikre ei berekraftig reindrift, er vedteke av Stortinget. Tilgjengelege areal og eit reintal tilpassa beitegrunnlaget er ein føresetnad for ei berekraftig reindrift. Regjeringa arbeider no med oppfølging av staten si forplikting etter meklingsavtalane i Fosen-saka, og med å vurdere Håmmålsfjellet-Sålekinna som vinterbeite for Fosen reinbeitedistrikt. I dette området har det over tid vore konflikt mellom reindrift og jordbruk. Landbruks- og matdepartementet etablerte difor eit utval som skulle føreslå tiltak for betre sameksistens mellom dei to næringane i dette området. Utvalet la fram sin rapport i juni 2026. Regjeringa gjer framlegg om å vidareføre løyvinga til oppfølging av tiltak som utvalet har føreslått med 15,0 mill. kroner. Løyvinga skal mellom anna dekkje ei midlertidig ordning for tilskott til konfliktforebyggjande tiltak som skal gå over fem år.
Ansvarleg og langsiktig forvaltning av skogen er ein føresetnad for å ta vare på skogressursane i landet og produsere kvalitetstømmer. Gjennom dette bidreg skogen til lokal og nasjonal verdiskaping. Skogen kan bidra til å løyse klimautfordringane gjennom opptak av CO2 og lagring av karbon i biomasse og skogsjord, og ved at biomasse kan erstatte materiale med høgare klimagassutslepp.
Måla for landbruks- og matpolitikken skal byggje på miljømessig, økonomisk og sosial berekraft. Regjeringa har sett ned eit ekspertutval som mellom anna skal gjere greie for moglegheiter, utfordringar og dilemma i det norske matsystemet, komme med tilrådingar og tiltak som kan styrkje berekrafta i det norske matsystemet framover i tid, og bidra til at det globale matsystemet blir meir berekraftig. Matsystemutvalet vil levere ein NOU i november 2026.
Arbeidet med å redusere klimagassutsleppa frå landbruket skal førast vidare. Opptaket av karbon skal styrkjast, samstundes som vi aukar sjølvforsyninga og tilpassar produksjonen til eit endra klima. Målet er å redusere utsleppa per produsert eining. Variert bruksstruktur tilpassa naturressursar og geografi, er avgjerande for å produsere mat på ein berekraftig og klimavenleg måte. Reduksjon av matsvinn er òg eit tiltak for å redusere utsleppa. Stortinget vedtok lov om forebygging og reduksjon av matsvinn (matsvinnlova) i 2025, og det blir no utarbeidd ei forskrift som skal utfylle lova. Lova og forskrifta skal tre i kraft samtidig. Regjeringa har òg sett i gang eit arbeid for å revidere bransjeavtalen for reduksjon av matsvinn.
Regjeringa har desse måla for ein berekraftig landbruks- og matsektor:
Figur 1.1 Målstrukturen for Landbruks- og matdepartementet
I del II av proposisjonen er det gjort nærare greie for resultata knytte til dei landbruks- og matpolitiske måla. Programkategorien der rapportering på mål finst, er vist i parentes etter kvart mål i figuren. Enkelte mål og tverrgåande mål kan rette seg mot fleire programkategoriar, sjølv om rapporteringa er samla under éin programkategori. Ein berekraftig landbruks- og matsektor er eit gjennomgåande omsyn for alle dei landbruks- og matpolitiske måla. Det kan vere ulike omsyn som må balanserast både i sjølve målstrukturen til Landbruks- og matdepartementet og opp mot andre samfunnsmål.
Prioriteringar i landbruks- og matpolitikken
Regjeringa sin plan for Noreg
I 2025 la regjeringa fram Regjeringens plan for Norge 2025–2029. Denne planen peikar ut dei områda der regjeringa skal gjennomføre reformar og fornye samfunnet. Planen vil bli revidert kvart år, og måloppnåinga avheng av det økonomiske handlingsrommet. Regjeringa vil vidareføre innsatsen for å styrkje sjølvforsyninga av mat, og med å gi føreseielege inntektsmoglegheiter i jordbruket.
Sjølvforsyning og beredskap
Den geopolitiske situasjonen er krevjande. Noreg står i den mest alvorlege sikkerheitspolitiske situasjonen sidan andre verdskrig. Verda er meir uroleg, meir uforutsigbar og farlegare. Krigen i Midtausten har mellom anna gitt ny usikkerheit knytt til prisutvikling på energi og gjødsel, og dermed til kostnadene med matproduksjon. Landbruks- og matdepartementet skal bidra til at Noreg har god matvareberedskap. Matsystemet er komplekst med ei lang rekkje heilt naudsynte funksjonar som kompetanse, teknologi, organisasjon, logistikk og innsatsfaktorar. Matvareberedskapen byggjer på nasjonal produksjon, fungerande handelssystem og ivaretaking av produksjonsgrunnlaget. Meld. St. 9 (2024–2025) Totalberedskapsmeldingen. Forberedt på kriser og krig, peikar på potensialet for å leggje om produksjon og forbruk i ein krisesituasjon.
Regjeringa vil fortsetje arbeidet med å auke sjølvforsyninga av jordbruksprodukt, jf. strategien som blei lagt fram i Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket. Hovudstrategien er å forbetre og auke produksjonen av planteprodukt, både til mat og til fôr, på ein måte som styrkjer jordbruket si konkurransekraft mot import. Auka sjølvforsyning må anten komme som følgje av auka innanlandsk produksjon av varer med låg sjølvforsyningsgrad, endring i det innanlandske forbruket, endring i norskdel i fôr og fôrråvarer, eller ein kombinasjon av desse. Regjeringa sin strategi er delt inn i tiltak retta mot auka konkurransekraft, auka planteproduksjon til mat og fôr, og tiltak for å oppretthalde dagens høge sjølvforsyningsgrad av husdyrprodukt. Alle tiltak i jordbrukspolitikken framover må vurderast opp mot korleis tiltaka påverkar målet som er sett om auka sjølvforsyning korrigert for import.
For primærprodusentar i jordbruket og veksthusnæringa blei det etablert ei ordning med straumstøtte frå desember 2021. Formålet med ordninga er å bidra til at norsk matproduksjon og produksjon i veksthus kan halde fram trass i dei ekstraordinære, høge utgiftene til straum. Ordninga med straumstøtte til jordbruk, veksthus og vatningslag er vidareført ut 2029, noko som gir føreseielege rammer for næringa og bidreg til å sikre norsk matproduksjon framover.
Klimaendringar og meir ekstremvêr i framtida kan påverke tilgangen på mat og gjere forsyningstryggleiken frå verdsmarknaden meir utfordrande. Uro i verdikjedene for matvarer og sikkerheitspolitiske kriser kan òg gjere matforsyninga meir utrygg. I tråd med ambisjonane til regjeringa blei det etablert beredskapslager for matkorn i 2024. Dette skal bidra til at befolkninga i Noreg har tilgang til forsyning av matkorn i ein krisesituasjon. Staten skal eige kornet, og kornet skal vere integrert i det kommersielle lagerhaldet til marknadsaktørane. Lagera skal byggjast opp så raskt som råd med inntil 15 000 tonn korn per år. Målet er at det skal vere nok korn på lager til tre månaders forbruk innan 2029.
Opptrapping av inntektsmoglegheitene
Gode inntektsmoglegheiter er eit viktig verkemiddel for å nå målet om auka sjølvforsyning og dei andre måla i jordbrukspolitikken. I tillegg til å vere eit verkemiddel for å nå dei andre måla i jordbrukspolitikken, er også gode inntektsmoglegheiter eit mål i seg sjølv. I Meld. St. 11 (2023–2024), la regjeringa fram ein opptrappingsplan som legg opp til å auke inntektsmoglegheitene, med sikte på å lukke den gjennomsnittlege inntektsforskjellen til eit justert gjennomsnitt av løn for arbeidstakarar fram til 2027. Då Stortinget handsama Meld. St. 10 (2024–2025) i april 2025, blei det vedteke at talgrunnlaget skal nyttast slik det blei utarbeidd til forhandlingane i 2024. Det gjaldt med unntak for tal timar per årsverk i jordbruket, som skal reduserast i to trinn til 1 700 timar i 2027. Jordbruksavtalepartane nytta desse prinsippa for talgrunnlaget ved forhandlingane i 2025 og 2026. Jordbruksavtalen, som blei vedteken i juni 2026, legg opp til at inntektsmålet, korrigert for jordbruket sitt økonomiske ansvar for overproduksjon, kan bli nådd i 2027. Ved handsaminga av jordbruksoppgjeret i 2025 vedtok Stortinget at inntektsgapet mellom bønder og andre grupper i samfunnet skal vere tetta framover.
Jordbruksavtalen styrkjer norsk matproduksjon
Den 16. mai 2026 blei staten samd med Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag om ein jordbruksavtale. Jordbruksavtalen blei fremja for Stortinget i Prop. 98 S (2025–2026) Endringer i statsbudsjettet 2026 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2026), og vedteken 19. juni 2026. Avtalen inneber ein auke i inntektsmoglegheitene i jordbruket på 3 660 mill. kroner, der 3 237 mill. kroner er auka løyvingar på statsbudsjettet. Etter avtalen blei inngått er det òg gjort volumjusteringar i samsvar med nye prognoser for leveransar av jordbruksråvarer frå næringa i 2027, noko som aukar løyvingane med omkring 100 mill. kroner. Nivået på budsjettoverføringane over jordbruksavtalen, inkludert volumjusteringar, er prognosert til 33 421 mill. kroner i 2027. Regjeringa Støre har gjennom jordbruksoppgjera bidrege til eit stort inntektsløft for bøndene, og har auka løyvingane til jordbruket med nær 97 pst. Bøndene får kompensert for den prognoserte kostnadsveksten i 2027, men får ikkje kompensert inntektssvikt som følgje av overproduksjon. I jordbruksavtalen blei det semje om å fjerne all samordning for alle typar inntekter ved svangerskap og fødsel.
Rammevilkåra for produksjon av sau og ammeku er styrkte, og inntektsmoglegheitene som gir grunnlag for å betre og auke produksjonen av frukt, grønt, korn og grovfôr er auka. Natur-, miljø- og klimatiltak er sterkt prioritert, og det blir tildelt om lag 12 400 mill. kroner til desse ordningane.
Auka berekraft i verdikjeda for mat
Regjeringa styrkjer berekrafta i verdikjeda for mat gjennom verkemiddel både i og utanfor jordbruksavtalen. Særleg viktige område er jordvern, klima- og miljøarbeidet i jordbruket, berekraftige fôrråvarer, plante- og dyrehelse, dyrevelferd og mattryggleik.
Sosial, økonomisk og miljømessig berekraft heng tett saman og skal bidra til å oppnå FNs berekraftsmål. Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for å koordinere det nasjonale arbeidet med berekraftsmål 2; Utrydde svolt, og har delansvar under fleire andre mål, mellom anna berekraftsmål 12; Ansvarleg forbruk og produksjon og mål 15; Livet på land. Status og nasjonal oppfølging av FNs berekraftsmål er omtalt i del III av proposisjonen.
Landbruks- og matdepartementet har òg ei koordinerande rolle nasjonalt med oppfølging av det FN-initierte arbeidet med utvikling av eit meir berekraftig matsystem. Regjeringa deltek aktivt i globale fora for matsikkerheit og berekraftige matsystem for å fremje internasjonalt samarbeid og å utveksle erfaringar om arbeid som skjer nasjonalt. Utgreiinga frå Matsystemutvalet, som skal leverast til regjeringa i november 2026, vil bidra til meir heilskapleg kunnskap om status, vurderingar og tilrådingar knytt til heile det norske matsystemet frå både hav og land.
Eit berekraftig landbruk
Dei fire hovudmåla i landbrukspolitikken utgjer samla sett målsetjingane for berekraft i det norske landbaserte matsystemet, og er tufta på gjensidige band mellom miljømessig, økonomisk og sosial berekraft.
Målet om eit aktivt landbruk over heile landet bidreg til busetjing og sysselsetjing, og er ein føresetnad for å vareta kulturlandskapet med eit stort mangfald av naturtypar, biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø. I tillegg til matsikkerheit og beredskap bidreg landbruket med ei rekkje fellesgode til samfunnet. Landbruksproduksjonen gir òg ringverknadar i form av verdiskaping og arbeidsplassar i næringsmiddel- og leverandørindustrien i heile landet.
Klima- og miljøpolitikken til regjeringa byggjer på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine, og for å medverke til at vi når dei nasjonale klima- og miljømåla. For ei samla omtale av prioriteringar innan klima og miljø, sjå Prop. 1 S (2026–2027) frå Klima- og miljødepartementet.
Miljø- og klimasatsinga i jordbruksavtalen skal bidra til å halde ved lag kulturlandskapet og redusere miljøbelastninga. Regjeringa sin intensjonsavtale med organisasjonane i jordbruket om å arbeide for reduserte utslepp og auka opptak av karbon i jordbruket, ligg til grunn for klimaarbeidet i sektoren. Gjennom Bionova har regjeringa styrkt arbeidet med klimatiltak i landbruket og utviklinga av den sirkulære bioøkonomien.
I jordbruksoppgjeret 2026 blei natur-, miljø- og klimainnsatsen i jordbruket styrkt ytterlegare. Denne satsinga skal bidra til å følgje opp klimaavtalen mellom regjeringa og organisasjonane i jordbruket, og til arbeidet med å nå andre miljømål, til dømes innan vassmiljø og kulturlandskap, bruk av beite og artsmangfald. Oppfølging av planen Helhetlig tiltaksplan for en ren og rik Oslofjord med et aktivt friluftsliv, er òg prioritert i forhandlingane dei siste åra. Partane er samde om at Oslofjordplanen må byggje på eit oppdatert og heilskapleg kunnskapsgrunnlag, og at god medverknad frå næringa er ein føresetnad for måloppnåing. Det er viktig at arbeidet blir basert på heilskapleg og relevant kunnskap om tilførslar av næringsstoff, særleg nitrogen, og effektane av ulike tiltak.
Regjeringa fastsette nytt gjødselregelverk i januar 2025. Nye krav til spreietidspunkt og spreiemengd tek til å gjelde frå høvesvis 2027 og 2028. Landbruksdirektoratet arbeider no med å etablere forvaltningsverktøy til hjelp for at næring og forvaltning kan gjennomføre pliktene sine.
Jordbruksavtalen er eitt av dei viktigaste verkemidla for å bidra til å styrkje den økonomiske og sosiale berekrafta i jordbruket. Føreseielege rammevilkår og inntektsutvikling er føresetnader for at jordbruksproduksjonen kan oppnå lønsemd og økonomisk berekraft, og sikre god rekruttering til næringa. Med jordbruksavtalen 2026 er det lagt opp til at inntektsmålet kan bli nådd i 2027, i tillegg til at det mellom anna blei gjort viktige grep innan velferdsordningane.
Klimatilpassing i landbruket er ein viktig del av beredskapsarbeidet til regjeringa. Tilpassa plantesortar, agronomi, driftsoperasjonar og dyrehald er ein del av det som må til for at jordbruk, skogbruk og reindrift skal meistre nye klimatiske forhold. I jordbruksavtalen 2026 er det prioritert midlar til sorts- og avlsutvikling, jordhelse, vasshandtering og andre tiltak for at driftssystem og areal skal vere rusta for endra klima. Klimaendringar kan gi grobotn for nye sjukdommar og skadegjerarar. Arbeid med dyre- og plantehelse og gode plantevernstrategiar er difor eit pågåande arbeid. Som oppfølging av Meld. St. 27 (2023–2024) Tryggare framtid – førebudd på flaum og skred, vil Norsk institutt for bioøkonomi i 2026 skaffe betre oversikt over hydrotekniske anlegg i jordbruket, som grunnlag for å prioritere innsats med utbetring og istandsetjing av slike anlegg. I 2026 har Landbruksdirektoratet oppdatert Normalar for landbruksvegar med auka vekt på klimatilpassing og riktig dimensjonering for å redusere skadar, sikre tilkomst og gi lågare vedlikehaldskostnader over tid. Reindriftsavtalen 2026/2027 har klimatilpassing og beredskap som ei av hovudprioriteringane. Dette omfattar blant anna ei styrking av systemet for beredskap i reindrifta, som mellom anna skal gi grunnlag for at reindrifta kan handtere beitekriser.
Førebygging og reduksjon av matsvinn
Førebygging og reduksjon av matsvinn er òg eit sentralt tiltak for auka berekraft og reduksjon av klimautslepp. Stortinget vedtok i 2025 ei ny lov om førebygging og reduksjon av matsvinn. Formålet med lova er å betre utnyttinga av ressursane ved å hindre at næringsmiddel går ut av verdikjeda. Det er vedteke fleire krav som skal bidra til å førebyggje og redusere matsvinnet. Det blir no arbeidd med å utarbeide utfyllande reglar i ei forskrift, og lova og forskrift vil tre i kraft samtidig. Regjeringa har òg sett i gang eit arbeid for å styrkje Bransjeavtalen om reduksjon av matsvinn.
Meir berekraftig fôr
Regjeringa sitt målretta samfunnsoppdrag om berekraftig fôr har som mål at alt fôr til oppdrettsfisk og husdyr skal komme frå berekraftige kjelder og bidra til å redusere klimagassutsleppa i matsystema innan 2034. Samfunnsoppdraget skal bidra til å bevare naturmangfald, utvikle ein sterk fôringrediensindustri og auke forsyningssikkerheita i Noreg.
I november 2025 leverte styringsgruppa for samfunnsoppdraget ein rapport med 20 forslag til tiltak som skal bidra til å nå måla som regjeringa har sett seg for samfunnsoppdraget. Fleire av dei føreslåtte tilrådingane innanfor grøn sektor blei følgde opp i samband med jordbruksoppgjeret 2026. Måla som er sette for samfunnsoppdraget er ein kombinasjon av ambisjonar og kva som er forventa mogleg.
Importvern er avgjerande for norsk matproduksjon
Regjeringa har ambisiøse mål for norsk landbruk og matindustri. Eit solid importvern er ein føresetnad for å nå måla om auka sjølvforsyning, betre inntektsmoglegheiter og landbruk over heile landet. Regjeringa forhandlar om rammevilkår for handel med jordbruksvarer i WTO, med EU under EØS-avtalen, og som ein del av EFTA. I slike forhandlingar legg regjeringa vekt på at det ikkje blir gitt konsesjonar for sensitive norske jordbruksvarer, som til dømes meieri- og kjøttvarer. Regjeringa legg vidare vekt på retten til å innføre tiltak som påverkar handelen av omsyn til folke-, plante- og dyrehelse.
Jordvern er beredskap
Regjeringa vil at matjorda skal brukast til matproduksjon, og vil leggje til rette for eit levande landbruk i heile landet gjennom verkemidla i eigedomslovgivinga. Departementet vil i 2027 halde fram med lovutviklingsarbeidet som er sett i gang, mellom anna i jordlova, jordskiftelova og konsesjonslova.
Dyrka mark er ein knapp ressurs. Ved å ta vare på dyrka mark, styrkjer ein beredskapen. Ein ny nasjonal jordvernstrategi blei lagt fram i Prop. 121 S (2022–2023) Endringer i statsbudsjettet 2023 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2023 m.m.). Strategien fastset at målet for omdisponering av dyrka mark skal vere maksimalt 2 000 dekar per år innan 2030. Målet blei nådd for første gong i 2025. Regjeringa vil i 2027 fortsetje å følgje opp strategien for å halde omdisponeringa låg.
Dyrehelse, plantehelse og dyrevelferd har høg prioritet
Dyrehelsa, plantehelsa og dyrevelferda skal vere god. Dette er avgjerande for at bøndene skal kunne produsere trygg mat og for at matproduksjonen skal ha eit godt omdømme.
Regjeringa legg i dyrevelferdsmeldinga, Meld. St. 8 (2024–2025), opp til at arbeidet med dyrevelferd kan utviklast vidare på ein kunnskapsbasert måte, samstundes som ein tek omsyn til næringane sine behov for føreseielege rammevilkår. Mattilsynet har ei viktig rolle med å overvake dyrevelferda og å utvikle regelverket. Innsatsen på dette området har blitt styrkt dei siste åra.
Helsesituasjonen i norsk husdyrhald er god. Samtidig har det dei siste åra vore fleire utbrott av smittsam dyresjukdom. Utbrotta viser behovet for kontinuerleg arbeid, overvaking og god beredskapsevne. Også plantehelsa er god, men òg her har det vore utbrott av smittsame sjukdommar. Meir import av planter og plantemateriale aukar risikoen for nye sjukdommar og skadegjerarar. Tilsyn med kontrollrutinane hos importørane er difor viktig. Mattilsynet arbeider med å utvikle planverk og tiltak, og overvakar og handterer hendingar på plante- og dyrehelseområdet. Dette arbeidet er avgjerande for å styrkje og bevare den gode plante- og dyrehelsa vi har i Noreg.
Det er utfordringar med tilgang på veterinærtenester i jordbruket. Tilstrekkeleg tilgang på slike tenester er vesentleg av omsyn til dyrehelsa, dyrevelferda, mattryggleiken og er ein føresetnad for å kunne produsere mat i heile landet. Som oppfølging av Landbruks- og matdepartementets utgreiing om veterinærtenester er det gjennomført eit pilotprosjekt som skal bidra til å få nyutdanna til å etablere seg i produksjonsdyrpraksis i distrikta. Mentorordninga for veterinærar skal vidareførast som ei nasjonal ordning.
Næringsmiddelindustrien og jordbruket
Den landbruksbaserte næringsmiddelindustrien består av om lag 2 900 bedrifter med om lag 39 000 sysselsette. Verksemdene er spreidde over heile landet, og har stor verdi for verdiskaping, sysselsetjing og busetjing i mange kommunar.
Jordbruket er avhengig av ein livskraftig næringsmiddelindustri for å kunne foredle råvarer. Samtidig er industrien avhengig av norske råvarer i produksjonen. Regjeringa la våren 2025 fram Meld. St. 16 (2024–2025) Industrien – konkurransekraft for en ny tid. Meldinga gav ei oppdatert omtale av dei samla utfordringane og moglegheitene for heile industrien, og inneheld tiltak innanfor rammevilkåra som har størst innverknad for industrien. For å bidra til vidare vekst vil regjeringa føre ein aktiv næringspolitikk som bidreg til auka verdiskaping, leggje til rette for lønsame private investeringar og eit meir omstillingsdyktig næringsliv. I tråd med Meld. St. 11 (2023–2024), la regjeringa fram eit vegkart for næringsmiddelindustrien i juni 2025. Vegkartet skal bidra til å leggje til rette for ein robust, innovativ og marknadsretta industri som avtakar av norske råvarer. Dei aller fleste tiltaka i vegkartet er gjennomførte eller i prosess.
Importvernet for jordbruksvarer bidreg til å oppretthalde ein levedyktig industri. Auka konkurranse stiller samtidig krav til omstillingsevne, effektivisering og innovasjon i verksemdene. Jordbruksavtalen har ordningar som skal kompensere for prisforskjellar på jordbruksråvarer mellom Noreg og utlandet, slik at næringsmiddelindustrien her til lands kan produsere og omsetje industrielt foredla jordbruksvarer basert på norskproduserte jordbruksråvarer.
Fleire skal velje matfag
Landbruket er ein kompetansekrevjande sektor, der god kompetanse og oppdatert kunnskap er naudsynt blant næringsdrivande, i rådgivingsapparatet og i forvaltninga. Det er difor behov for gode utdanningstilbod innan landbruk og andre relevante fagområde på alle nivå. Dette legg grunnlag for rekruttering til næringa, og er i tillegg ein føresetnad for rekruttering til forsking innanfor landbruk og mat. Fylkeskommunane har ei sentral rolle innan opplæring og næringsutvikling. Vaksenagronomen er eit døme på regjeringa sin ambisjon om livslang læring og regional utvikling der kompetansebygging og rekruttering blir sett i samanheng.
Interessa for matfaga i vidaregåande skule og i høgare utdanning har gått jamt nedover over tid. Med støtte til rekrutteringsprosjekt i regi av bransjen sjølv og prosjekt til matfagleg utdanning finansiert over jordbruksavtalen, ser det ut til at nedgangen er snudd til ein viss auke i søkjartal. Målretta tiltak skal bidra til å styrkje kompetansebygginga av kokkar som profilerer norske råvarer og lyfter fram kor viktig det er med lokal og regional tilhøyrsle.
For at primærlandbruket, lokalmatprodusentar, reiselivsbedrifter og næringsmiddelindustrien skal levere nok mat av god kvalitet, og saman byggje Matnasjonen Noreg, er ein avhengig av rekruttering til utdanning og næring i alle delar av denne verdikjeda.
Matnasjonen Noreg
Matnasjonen Noreg er ei felles ramme for arbeid med næringsutvikling og verdiskaping innan verdikjeda for mat, basert på ressursar frå hav og land. Arbeidet med Matnasjonen Noreg skal styrkje norsk matproduksjon, synleggjere norsk matkultur og -tradisjonar, fremje berekraft i heile verdikjeda og styrkje samarbeidet mellom aktørane.
Mykje av arbeidet med Matnasjonen Noreg skjer regionalt. Ei av dei sentrale nasjonale satsingane, deltaking på Grüne Woche i Berlin, kor nettverks- og omdømmebygging har vore sentralt, er avvikla frå og med 2027. Den nasjonale innsatsen framover vil primært vere å støtte opp under initiativ innanlands. I tillegg til å støtte opp under den regionale innsatsen, vil dette mellom anna skje ved å leggje til rette for nettverksbygging, kunnskapsdeling og målretta omdømmeaktivitetar. Departementet skal i det vidare arbeidet bidra til ei tydeleg retning for utviklinga av Matnasjonen Noreg, og for god samanheng mellom den nasjonale og den regionale innsatsen.
Berekraftig bruk av skogressursane
Regjeringa har som ambisjon at Noreg skal vere i fremste rekkje i vidare utvikling av berekraftig skogbruk. Skogen bidreg til lokal, regional og nasjonal verdiskaping, arbeidsplassar og velferd. Skogen kan òg bidra i arbeidet med klimautfordringane og er sentral for å ta vare på jord- og vassressursar og biologisk mangfald.
Lønsam, innanlands foredlingsindustri kan auke verdiskapinga. Samstundes er løysingar som balanserer omsynet til verdiskaping og sysselsetjing, biologisk mangfald og friluftsliv, sentrale for å nå dei skogpolitiske måla. Staten trekkjer opp rammer og retning gjennom lov- og forskriftsverket og dei økonomiske verkemidla, mens næringa følgjer opp gjennom mellom anna Norsk PEFC Skogstandard. Gjennom målretta verkemiddel for skogtiltak, utvikling av gode miljø- og kartdata og god bruk av teknologi i skogforvaltninga, vil regjeringa leggje til rette for eit berekraftig og verdiskapande skogbruk som bidreg til grøn omstilling, auka verdiskaping og berekraftig ressursbruk. Målretta tiltak skal bidra til at skognæringa kan tilby unge inngang i arbeidslivet og motivere dei til å ta del i utviklinga av skogbruk og naturbruk framover.
Regjeringa har som mål å auke CO2-opptaket i norsk skog. Klimatiltak i skog og på andre areal som er sette i verk eller planlagde, er omtalte i Regjeringas klimastatus og plan. Tettare planting, ungskogpleie og skogplanteforedling er sentrale tiltak. Det er særleg behov for å prioritere ungskogpleie, sidan tiltaket både styrkjer karbonopptaket i skogen og bidreg til ein meir klimatilpassa skog som toler klimapåkjenningar betre. Meld. St. 25 (2024–2025) Klimamelding 2035 – på vei mot lavutslippssamfunnet, ligg elles til grunn for klimapolitikken for skog- og arealbrukssektoren.
Avskogingsforordninga
Avskogingsforordninga blei vedteken i EU i 2023. Etter fleire utsetjingar og forenklingar av regelverket er planen at forordninga skal takast i bruk i EU 30. desember 2026 for dei fleste verksemder. Forordninga erstattar tømmerforordninga, som er gjennomført i norsk rett, der Landbruksdirektoratet er ansvarleg for innanlands produksjon og omsetning av tømmer, og Miljødirektoratet er ansvarleg for import. Målet med avskogingsforordninga er å redusere EU sitt bidrag til utslepp av klimagassar og tap av biologisk mangfald. Forordninga skal sikre at produkt som blir omsett i EU eller eksportert til land utanfor, ikkje bidreg til avskoging og skogforringing. Regjeringa har tidlegare lagt til grunn at forordninga skal innlemmast i EØS-avtalen for dei varene som er omfatta av avtalen. I Noreg er det no avklart at også den delen av forordninga som gjeld forbod mot eksport av varer som er omfatta av EØS-avtalen til tredjeland, kan innlemmast, sjølv om slik eksport fell utanfor EØS-avtalen. Det blir arbeidd med ein felles posisjon om dette frå EFTA-landa. Det vil bli lagt fram for Stortinget ein samtykkeproposisjon og forslag til forskriftsheimel i jordlova. Forskriftsheimelen vil saman med naturmangfaldlova vere heimel for gjennomføring av forordninga som forskrift i norsk rett. På bakgrunn av statusen i EØS-prosessen er det no lite sannsynleg at forordninga vil bli innlemma i EØS-avtalen samstundes som ho tek til å gjelde i EU. Norske styresmakter arbeider for at innlemminga skal skje så raskt som mogleg.
Haustbare viltressursar
Regjeringa vil leggje til rette for ei berekraftig forvaltning av dei haustbare viltartane og gode rammer for jakt og fangst. Ny viltressurslov, jf. Prop. 78 L (2024–2025) Lov om jakt, fangst og felling av vilt mv. (viltressursloven) og Innst. 301 L (2024–2025), tredde i kraft 1. juli 2026. Arbeidet med å følgje opp den nye lova held fram i 2027.
Ei berekraftig reindriftsnæring
Reindriftsnæringa nyttar marginale utmarksressursar og er avgjerande for å bevare samisk kultur og språk. Utviklinga i prisen per kilo kjøtt til reineigaren var svært god over ein lenger periode fram til 2022, men marknadssituasjonen for reinkjøtt har i dei siste åra blitt meir krevjande. I denne situasjonen er det avgjerande at ein nyttar dei etablerte ordningane over reindriftsavtalen på ein god måte for å leggje til rette for ei god utvikling i marknaden til reinkjøtt. Potensialet for auka inntening i og i tilknyting til reindrifta, er framleis stort. Dette gjeld særleg innanfor vidareforedling av reinkjøtt, det reindriftsbaserte reiselivet og lærings- og omsorgsbaserte tenester.
Reindriftsavtalen 2026/2027 legg til rette for vidareutvikling av ei berekraftig næring. Dei viktigaste prioriteringane er auka lønsemd og produksjon, eit reintal som er tilpassa beitegrunnlaget, dei direkte tilskotta, klimatilpassing og beredskap og ivaretaking av reindrifta sine areal. Avtalepartane vil framleis prioritere dei som har reindrift som hovudverksemd.
Ei berekraftig reindrift er avhengig av naudsynte areal. Areal er ein knapp ressurs, og det er aukande konkurranse om areala. Konfliktnivået mellom reindrift og utbyggingsinteresser, til dømes fornybar energi, har dei siste åra vore høgt. Særleg har dette vore tydeleg etter Høgsterett sin dom i Fosen-saka. Regjeringa arbeider vidare med å følgje opp tiltaka i tiltakspakka for reindrift og energi.
Reindrifta er ei næring som i stor grad blir påverka av klimaendringane. Årlege hendingar med låste beite i store område gir eit behov for langsiktig klimatilpassing i reindrifta, samstundes som ein må handtere beitekrisene som oppstår. Dette er avgjerande for å nå målet om ei berekraftig reindrift som har god produksjon og lønsemd. Avtalepartane har sett i gang eit arbeid med å sjå nærmare på konkrete tiltak for klimatilpassing.
Dei genetiske ressursane må forvaltast godt
Dei genetiske ressursane hos husdyr og matvekstar er ein vesentleg del av det biologiske grunnlaget for auka matproduksjon, for å tilpasse den til klimaendringar og styrkje beredskapen. For å ta vare på det genetiske forrådet for mat- og landbruksproduksjonen i framtida, vil departementet fortsetje å følgje opp Nasjonal tiltaksplan for bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar for mat og landbruk. Omstrukturering av bevaringsarbeidet er ei høgt prioritert oppgåve. Klonbankar for potet, frukt, bær og grønsaker er nå etablerte.
Landbruk i nord gir god beredskap
Landbruk og næringsmiddelindustri i Nord-Noreg er sentral for totalberedskapen. Regjeringa har over fleire år prioritert landbruket i Nord-Noreg. Jordbruksavtalen inngått i 2026 byggjer vidare på denne satsinga gjennom ei styrking av tilskotta som direkte bidreg til betre produsentøkonomi, auka distriktstilskott, tiltak for auka rekruttering, og styrking av foredlingsleddet gjennom tilskott til næringsmiddelbedrifter i Troms og Finnmark.
Det blei for 2026 sett av ei eiga rekrutteringskvote på kumjølk i Troms og Finnmark. Denne ordninga er vidareført for 2027, med ei rekrutteringskvote på inntil 2 mill. liter kumjølk.
For investeringsverkemidla blir tilskott til ressursavklaring gjort tilgjengeleg for investeringar i saueproduksjon Nord-Noreg. I tillegg er satsinga på bærekraftig matproduksjon og verdiskaping i nord, vidareført.
Sterkare kunnskapsgrunnlag
Landbruks- og matforskinga skal byggje opp under næringa sine kunnskapsbehov, og bidra til at dei landbruks- og matpolitiske hovudmåla blir nådde. I tillegg til løyvingar til forsking via Noregs forskingsråd og forskingsmidlane for jordbruk og matindustri (FFL/JA), gir midlar til kunnskapsutvikling hos dei landbruks- og matfaglege forskingsinstitutta viktige bidrag til utvikling av relevant kunnskap til næring og forvaltning.
Forsking, teknologiutvikling og ny kunnskap skal bidra til auka sjølvforsyning i tråd med ambisjonane i Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket. Samtidig skal landbruket tilpassast eit klima i endring, klimagassutsleppa frå jordbruket reduserast, opptaket av karbon aukast og miljøet varetakast. Kunnskap og teknologiutvikling legg òg grunnlaget for best mogleg utnytting av tilgjengelege ressursar og auka verdiskaping i dei landbaserte bionæringane. Regjeringa arbeider med ein agritekstrategi og tek sikte på å ferdigstille strategien hausten 2026, jf. oppmodningsvedtak nr. 715, 22. mai 2025.
Internasjonalt samarbeid
Dei store globale utfordringane med ustabile forsyningar, regionale konfliktar, geopolitisk spenning og klima- og miljøkriser, krev eit forpliktande internasjonalt samarbeid for å finne gode løysingar. Noreg er aktivt med i ei rekkje internasjonale forum på landbruks- og matområdet, blant anna innanfor FN-systemet, i OECD og i WTO.
Noreg har eit ansvar for å bidra til global matsikkerheit, både gjennom eigen produksjon og ved å støtte opp om internasjonalt arbeid på området. Regjeringa har dei globale berekraftsmåla som utgangspunkt for sitt internasjonale engasjement. Ei ny stortingsmelding om utviklingspolitikken er under arbeid og skal fastsetje prioriteringar.
Mandatet for FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) omfattar global matsikkerheit, reduksjon av fattigdom og berekraftig bruk og forvaltning av skog- og naturressursar. Auka utfordringar for matsikkerheit globalt inneber stor merksemd på FAOs mandat. Betra resultatbasert styring og prioritering av kjerneoppgåver er sentrale tema i arbeidet med styring i FAO. Noreg følgjer aktivt opp arbeidet i organisasjonen. FN er inne i ein periode med omfattande reform og med vesentleg press på budsjettet. FN80-initiativet skal gjere FN meir effektivt, samordna og resultatorientert.
Innanfor skogområdet deltek Noreg i FNs skogforum (UNFF) som har fastsett mål for forvaltning av skogane i verda, og som legg overordna premissar for berekraftig skogforvaltning globalt. Noreg deltek òg i det pan-europeiske skogpolitiske samarbeidet gjennom Forest Europe, i FNs økonomiske kommisjon for Europa og den europeiske skogkommisjonen under FAO.
Noreg har vidare slutta seg til ei rekkje internasjonale avtalar som dekkjer mellom anna handel, mattryggleik, plante- og dyrehelse, genetiske ressursar, skog, klima og forsking.
Noreg deltek i WTO/SPS-avtalen som regulerer medlemsstatane si moglegheit til å vedta tiltak for å verne om folke-, dyre- og plantehelse, og i dei standardsetjande organa Codex Alimentarius Commission (Codex), Verdas dyrehelseorganisasjon (WOHA) og i Verdas plantehelseorganisasjon (IPPC).
God dialog med interessentar og effektivt EØS-arbeid
EØS-avtalen er Noregs viktigaste internasjonale avtale og grunnmuren i samarbeidet med EU. Gjennom avtalen er det etablert eit omfattande harmonisert regelverk for mattryggleik, dyrehelse og -velferd og innsatsvarer. Om lag 40 pst. av alt EØS-regelverket som blir innlemma i norsk rett, gjeld desse områda. EØS-regelverket på matområdet er difor av stor strategisk betydning for Noreg. I ei tid prega av geopolitisk uro, auka merksemd om beredskap og meir sårbare verdikjeder, er eit velfungerande og harmonisert regelverk grunnlag for å bidra til god folkehelse, forsyningstryggleik og føreseielege vilkår for norsk næringsliv. Aktiv norsk deltaking i regelverksutviklinga er viktig for å vareta norske interesser og bidra til at regelverk med stor betydning for folkehelse, matproduksjon, dyrehelse og -velferd og handel tek omsyn til norske forhold og behov.
Departementet legg vekt på god dialog med interessentar gjennom møteplassar, informasjonsutveksling og involvering i regelverksprosessar. Arbeidet omfattar rettidig påverknad av EU-regelverk, effektiv innlemming i EØS-avtalen og gjennomføring i norsk rett, og god rettleiing og forvaltning av regelverket. Det store omfanget av regelverk og stadig meir komplekse EU-prosessar stiller høge krav til kvalitet, kapasitet og koordinering. Eit målretta og effektivt EØS-arbeid er avgjerande for å vareta norske interesser, føreseielege rammevilkår og bidra til å redusere EØS-etterslepet. Departementet vil halde fram arbeidet med å styrkje kompetanse, samhandling og prioritering på EØS-området for å møte framtidige utfordringar og moglegheiter.
Landbrukspolitikken er ikkje omfatta av EØS-avtalen. Samtidig blir landbrukspolitikken i aukande grad påverka av EØS-avtalen. Utviklinga i EU mot meir sektorovergripande regelverk gjer at regelverk for blant anna klima, miljø, handel, digitalisering, beredskap og energi også får betydning og påverkar Landbruks- og matdepartementets ansvarsområde.
Trass i at landbruk i utgangspunktet ikkje er omfatta av EØS-avtalen, regulerer artikkel 19 og protokoll 3 handelen med høvesvis basis- og bearbeidde landbruksvarer mellom Noreg og EU.
2 Oversikt over budsjettframlegget for Landbruks- og matdepartementet
Utgifter fordelte på programkategoriar
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Kat. |
Nemning |
Rekneskap 2025 |
Saldert budsjett 2026 |
Budsjettets stilling pr 1. halvår |
Forslag 2027 |
|
15.00 |
Administrasjon m.m. |
210 069 |
215 427 |
215 427 |
220 553 |
|
15.10 |
Matpolitikk |
1 722 722 |
1 721 152 |
1 724 152 |
1 792 177 |
|
15.20 |
Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling |
1 040 005 |
1 058 382 |
1 029 682 |
1 064 448 |
|
15.30 |
Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak |
31 315 232 |
31 994 727 |
32 191 328 |
35 418 446 |
|
Sum programområde 15 |
34 288 028 |
34 989 688 |
35 160 589 |
38 495 624 |
Inntekter fordelte på programkategoriar
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Kat. |
Nemning |
Rekneskap 2025 |
Saldert budsjett 2026 |
Budsjettets stilling pr 1. halvår |
Forslag 2027 |
|
15.00 |
Administrasjon m.m. |
30 |
151 |
151 |
36 |
|
15.10 |
Matpolitikk |
265 941 |
245 722 |
245 722 |
252 884 |
|
15.20 |
Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling |
21 437 |
|||
|
15.30 |
Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak |
406 840 |
403 817 |
403 817 |
425 566 |
|
15.40 |
Forretningsdrift |
58 269 |
34 000 |
121 800 |
32 200 |
|
Sum programområde 15 |
752 517 |
683 690 |
771 490 |
710 686 |
For detaljert omtale av alle programkategoriane. sjå del II av budsjettproposisjonen.
Programkategori 15.00
Programkategori 15.00 Administrasjon m.m. omfattar drift av Landbruks- og matdepartementet og diverse andre løyvingar forvalta av departementet. Forslag til utgiftsløyving under denne kategorien utgjer 220,6 mill. kroner, noko som er ein auke på 2,4 pst. frå saldert budsjett 2026. Endringane gjeld stort sett løns- og prisjusteringar.
Programkategori 15.10
Programkategori 15.10 Matpolitikk omfattar løyving til Mattilsynet. Forslag til utgiftsløyving under denne kategorien utgjer 1 792,2 mill. kroner, noko som er ein auke på 4,1 pst. frå saldert budsjett 2026. Endringane gjeld stort sett løns- og prisjusteringar og flytting av midlar frå programkategori 15.20 gjeldande 3R-senter. I tillegg kjem auke i Mattilsynets budsjett på 20,0 mill. kroner til oppfølging av EØS-avtalen.
Programkategori 15.20
Programkategori 15.20 Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling omfattar løyving til Veterinærinstituttet, Norsk institutt for bioøkonomi, forskingsaktivitet i regi av Forskningsrådet og andre løyvingar til forsking og innovasjon i landbruks- og matsektoren. Forslag til utgiftsløyving under denne kategorien utgjer 1 064,4 mill. kroner som er ein auke på 0,6 pst. frå saldert budsjett 2026. Frå 2027 er det flytta 8,0 mill. kroner frå programkategori 15.20 til programkategori 15.10 gjeldande oppretting av 3R-senter.
Programkategori 15.30
Programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak er den største programkategorien under Landbruks- og matdepartementet. Programkategorien omfattar løyvingane til gjennomføring av jordbruksavtalen og reindriftsavtalen. Andre større område som inngår er løyving til drift av Landbruksdirektoratet og diverse tilskottsordningar forvalta av direktoratet, løyving til Bionova og løyving til naturskadeerstatningar. Forslag til løyving under denne kategorien utgjer 35 418,4 mill. kroner, noko som er ein auke på 10,7 pst. frå saldert budsjett 2026. Auken gjeld stort sett inngått jordbruksavtale og reindriftsavtale, i tillegg til løns- og prisjusteringar. Det er òg estimert større behov for løyving til straumstøtte i 2027. I motsett retning trekk redusert behov for løyving til kompensasjon ved avvikling av pelsdyrhald og eit estimert lågare behov for løyving til erstatning for naturskade i 2027.
Programkategori 15.40
Programkategori 15.40 Forretningsdrift omfattar inntektsløyvingar frå avdrag, renter og utbytte i Statskog SF.
Utgifter fordelte på postgrupper
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Post- gr. |
Nemning |
Rekneskap 2025 |
Saldert budsjett 2026 |
Forslag 2027 |
Endring i pst. |
|
01–29 |
Statens eigne driftsutgifter |
2 368 666 |
2 431 366 |
2 508 979 |
3,2 |
|
30–49 |
Nybygg, anlegg o.a. |
14 830 |
16 216 |
16 682 |
2,9 |
|
50–89 |
Overføringar til andre |
31 904 532 |
32 542 106 |
35 969 963 |
10,5 |
|
Sum under departementet |
34 288 028 |
34 989 688 |
38 495 624 |
10,0 |
Inntekter fordelte på postgrupper
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Post- gr. |
Nemning |
Rekneskap 2025 |
Saldert budsjett 2026 |
Forslag 2027 |
Endring i pst. |
|
01–29 |
Sal av varer og tenester |
304 113 |
299 140 |
308 436 |
3,1 |
|
30–49 |
Inntekter i samband med nybygg, anlegg o.a. |
21 437 |
0,0 |
||
|
50–89 |
Overføringar frå andre |
416 967 |
374 550 |
392 250 |
4,7 |
|
90–99 |
Attendebetalingar o.a. |
10 000 |
10 000 |
10 000 |
0,0 |
|
Sum under departementet |
752 517 |
683 690 |
710 686 |
3,9 |
3 Oppfølging av oppmodings- og utgreiingsvedtak
Tabell 3.1 viser ei oversikt over oppfølginga av oppmodings- og utgreiingsvedtak under Landbruks- og matdepartementet. Oversikta inkluderer alle vedtak frå stortingssesjonen 2025–2026, i tillegg til dei vedtaka frå tidlegare stortingssesjonar som Kontroll- og konstitusjonskomiteen meinte ikkje var kvitterte ut, jf. Innst. 125 S (2025–2026).
I siste kolonne i tabellen nedanfor går det fram om departementet legg opp til at rapporteringa på oppmodingsvedtaket no blir avslutta, eller om departementet òg vil rapportere på vedtaket i budsjettproposisjonen for neste år.
Tabell 3.1 Oversikt over oppmodings- og utgreiingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer
|
Sesjon |
Vedtak nr. |
Stikkord |
Rapportering blir avslutta (Ja/Nei) |
|---|---|---|---|
|
2025–2026 |
1058 |
Norsk økologisk mjølk |
Nei |
|
2025–2026 |
1033 |
Utvikle ei robust veterinærvaktordning |
Nei |
|
2025–2026 |
882 |
Informasjon om opphav for kjøtt og fisk på serveringsstader |
Nei |
|
2025–2026 |
879 |
Strengare straff for dyrekriminalitet |
Nei |
|
2025–2026 |
875 |
Einskapleg nasjonal praksis ny gjødselforskrift |
Nei |
|
2025–2026 |
874 |
Balansegjødsling i ny gjødselforskrift |
Nei |
|
2025–2026 |
873 |
Ny gjødselforskrift og økologisk produksjon |
Nei |
|
2025–2026 |
872 |
Ny gjødselforskrift og tidsløp |
Ja |
|
2025–2026 |
871 |
Bruk av termisk kikkertsikte ved hjortejakt |
Ja |
|
2025–2026 |
731 |
Gjennomgang av naturskadeordninga |
Nei |
|
2025–2026 |
564 |
Erstatningsordning for kadmium i lauk |
Ja |
|
2025–2026 |
493 |
Metanreduserande fôrråvare og husdyrtilskott |
Ja |
|
2025–2026 |
432 |
Grenseverdiar av kadmium i lauk |
Ja |
|
2024–2025 |
1122 |
Rammevilkår for lokalmatproduksjon og agroturisme |
Ja |
|
2024–2025 |
1121 |
Opphavsmerking av produkt |
Nei |
|
2024–2025 |
1120 |
Reduksjon av nitrogentilførsel i Oslofjorden |
Ja |
|
2024–2025 |
1116 |
Rammevilkår for miljøvenleg gjødsel, jordforbetring og bioenergi |
Ja |
|
2024–2025 |
1095 |
Vidareføre straumstøtte for jordbruks- og veksthusnæringa |
Ja |
|
2024–2025 |
746 |
Bruk av termiske siktemiddel ved hjortejakt |
Ja |
|
2024–2025 |
744 |
Krav om merking av feller ved bruk av jegernummer |
Ja |
|
2024–2025 |
715 |
Strategi for å styrkje innovasjon og agritek i norsk landbruk |
Ja |
|
2024–2025 |
700 |
Reindriftslova og tvangsmulkt |
Nei |
|
2024–2025 |
566 |
Naturleg lys i fjørfefjøs |
Nei |
|
2024–2025 |
565 |
Fiksering av svin |
Ja |
|
2024–2025 |
564 |
Fødebingar for svin |
Ja |
|
2024–2025 |
563 |
Gjennomgå og endre forskrift om hald av svin |
Nei |
|
2022–2023 |
700 |
Strengare straff for alvorleg dyrekriminalitet |
Nei |
|
2022–2023 |
519 |
Innsamling, registrering og kontroll av viktige naturverdiar i norsk skog |
Nei |
|
2021–2022 |
382 |
Dyrevelferda i svinenæringa |
Nei |
3.1 Stortingssesjonen 2025–2026
Norsk økologisk mjølk
Vedtak nr. 1058, 19. juni 2026
«Stortinget ber regjeringen, sammen med faglagene, vurdere tiltak som kan bidra til økt tilførsel av norsk økologisk melk, på kort og lang sikt, slik at etterspørselen blir dekket.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 98 S (2025–2026) Endringer i statsbudsjettet 2026 under Landbruks- og matdepartementet (jordbruksoppgjøret 2026), jf. Innst. 452 S (2025–2026).
Regjeringa vedtok i 2025 ein ny nasjonal strategi for økologisk jordbruk. Nasjonal ressursgruppe for økologisk jordbruk skal i løpet av 2026 leggje fram tiltaksplanar for mellom anna økologisk mjølk, som ei oppfølging av denne strategien. I dei siste jordbruksoppgjera er fleire tilskott til økologisk mjølk og areal auka for å stimulere til auka produksjon.
Regjeringa vil følgje opp vedtaket og komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Utvikle ei robust veterinærvaktordning
Vedtak nr. 1033, 16. juni 2026
«Stortinget ber regjeringen utrede tiltak for å utvikle en robust veterinærvaktordning for fremtiden. Arbeidet skal gjennomføres i tett samarbeid med berørte parter. Regjeringen bes komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 94 S (2025–2026) Kommuneproposisjonen 2027, jf. Innst. 448 S (2025–2026).
Regjeringa vil følgje opp vedtaket og komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Informasjon om opphav for kjøtt og fisk på serveringsstader
Vedtak nr. 882, 5. juni 2026
«Stortinget ber regjeringen raskt starte arbeidet med sikte på å innføre regler om opprinnelsesinformasjon for kjøtt og fisk som serveres på serveringssteder i Norge.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:193 S (2025–2026) Representantforslag om meir norsk mat, jf. Innst. 345 S (2025–2026).
Regjeringa vil følgje opp vedtaket og komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Strengare straff for dyrekriminalitet
Vedtak nr. 879, 5. juni 2026
«Stortinget ber regjeringen igangsette den varslede utredningen om endret strafferamme for grove brudd på dyrevelferdsloven innen utgangen av 2026, og i den forbindelse gjøre en helhetlig vurdering av straffebestemmelsene i dyrevelferdsloven.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:184 S (2025–2026) Representantforslag om strengere straff for dyrekriminalitet, jf. Innst. 378 S (2025–2026).
Regjeringa vil følgje opp vedtaket og komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Einskapleg nasjonal praksis ny gjødselforskrift
Vedtak nr. 875, 5. juni 2026
«Stortinget ber regjeringen sikre enhetlig nasjonal praksis for håndheving av ny gjødselforskrift, gjennom tydelige styringssignaler til statsforvalterne, slik at dispensasjon, tilsyn og balansegjødsling praktiseres likt i hele landet.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:195 S (2025–2026) Representantforslag om fleksibel innføring av ny gjødselforskrift, jf. Innst. 427 S (2025–2026).
Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet vil følgje opp vedtaket i styringsdialogen med statsforvaltarane og gjennom pågåande arbeid hos Landbruksdirektoratet med å utarbeide rettleiing, retningsliner og forvaltningsverktøy for praktisering av gjødselregelverket. Regjeringa vil med det setje næring og forvaltning i stand til ei meir einskapleg praktisering av dispensasjon, tilsyn og balansegjødsling.
Regjeringa vil følgje opp vedtaket vidare og komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Balansegjødsling i ny gjødselforskrift
Vedtak nr. 874, 5. juni 2026
«Stortinget ber regjeringen sikre at ordningen med balansegjødsling innføres fleksibelt, slik at det er et reelt alternativ til de absolutte grensene for gjødsling.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:195 S (2025–2026) Representantforslag om fleksibel innføring av ny gjødselforskrift, jf. Innst. 427 S (2025–2026).
Regjeringa ser på fosforbalansegjødsling som ein viktig del av heilskapen i nytt regelverk, og ser det som viktig at ei slik ordning er eit reelt alternativ til dei generelle fosforgrensene. Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet la i mai 2026 fram ei utgreiing som tilrådde at ordninga bør utformast som krav om balanse mellom fosformengder i gjødsling og avling på areala hos dei enkelte føretaka. Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet førebur no reglar om ei slik løysing. Reglane vil ikkje vere klare i tide til gjennomføring i 2027, jf. vedtak nr. 872. Departementa vil likevel halde tempoet med dei nye reglane oppe slik at føretaka kan gjere seg kjend med dei og førebu seg før dei tek til å gjelde. Regjeringa vektlegg at ordninga med balansegjødsling er ei nyvinning med det nye regelverket. I oppstartsfasen må det vere ein viss aksept og fleksibilitet for å prøve ut ordninga og hauste erfaringar.
Regjeringa vil med det følgje vedtaket opp vidare og komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Ny gjødselforskrift og økologisk produksjon
Vedtak nr. 873, 5. juni 2026
«Stortinget ber regjeringen legge til rette for at nytt gjødselregelverk ikke går på bekostning av avlingsnivå og areal i økologisk produksjon, herunder vurdere om økoprodusenter bør ha videre adgang til å nytte flere valgmuligheter i gjødselbrukforskriftens bestemmelser.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:195 S (2025–2026) Representantforslag om fleksibel innføring av ny gjødselforskrift, jf. Innst. 427 S (2025–2026).
Regjeringa vil sørgje for eit godt fungerande gjødselregelverk òg innan økologisk produksjon, noko som handlar om best mogeleg utnytting av tilgjengelege næringskjelder frå mellom anna husdyrgjødsel og belgvekstar. I det vidare arbeidet vil ein følgje med på om dette fungerer godt og vurdere om økoprodusentar bør ha høve til å nytte fleire valmoglegheiter i regelverket.
Regjeringa vil med det følgje vedtaket opp vidare og komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Ny gjødselforskrift og tidsløp
Vedtak nr. 872, 5. juni 2026
«Stortinget ber regjeringen vurdere om det er hensiktsmessig å utsette innføringen av nye grenseverdier til 1. januar 2028 og forskyve gjennomføringsplanen med ett år, dersom et effektivt system for balansegjødsling ikke er på plass.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:195 S (2025–2026) Representantforslag om fleksibel innføring av ny gjødselforskrift, jf. Innst. 427 S (2025–2026).
Landbruks- og matdepartementet, saman med Klima- og miljødepartementet, førebur reglar om balansegjødsling, jf. vedtak nr. 874. Reglane vil vere ute på høyring hausten 2026, men vil ikkje vere klare i tide til gjennomføring i 2027. Dagens fosforgrenser blir difor forlenga ut 2027, i tråd med oppmodingsvedtaket.
Departementet legg til grunn at vedtak nr. 872, 5. juni 2026, med dette er følgt opp.
Bruk av termisk kikkertsikte ved hjortejakt
Vedtak nr. 871, 4. juni 2026
«Stortinget viser til anmodningsvedtak nr. 746 i behandlingen av viltressursloven om fortsatt tillatt bruk av termisk kikkertsikte til hjortejakt, og ber regjeringen legge til grunn merknader i Innst. 301 L (2024–2025), samt våre forpliktelser etter Bernkonvensjonen, for utarbeidelse av forskrift som viderefører lovlig bruk av termisk kikkertsikte ved hjortejakt uten unødvendig byråkrati og ulemper for kommunene.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 64 L (2025–2026) Endringer i viltressursloven (endring av krav om merking av feller og bruk av drone ved ettersøk av storvilt med jakttid), jf. Innst. 343 L (2025–2026).
Regjeringa har følgt opp vedtaket gjennom ei endring i forskrift av 22. mars 2002 nr. 313 om utøving av jakt, felling og fangst § 29a. Forskriftsendringa gjeld frå 1. juli 2026. Endringa gir kommunane høve til å opne for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort for å avverje alvorleg skade på natur- eller samfunnsinteresser. Kvar kommune kan opne for dette gjennom ei lokal forskrift.
Departementet legg til grunn at vedtak nr. 871, 4. juni 2026, med dette er følgt opp, jf. òg vedtak nr. 746, 26. mai 2025.
Gjennomgang av naturskadeordninga
Vedtak nr. 731, 19. mai 2026
«Stortinget ber regjeringen gjennomgå naturskadeordningen med mål om forenkling, effektivisering og økt grad av lokal forvaltning.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dok. 8:134 S (2025–2026) om naturskadeordninga, jf. Innst. 258 S (2025–2026).
Regjeringa vil gjennomgå regelverket rundt naturskadeordninga med sikte på tilpassing som kan byggje opp under formålet med vedtaket. Arbeidet startar hausten 2026. Landbruksdirektoratet vil bli involvert i arbeidet på eigna måte. Det kan bli aktuelt med eit eige oppdrag til direktoratet for å få ei heilskapleg tilnærming til gjennomgangen av regelverket, og ei grundig vurdering rundt moglegheitene for økt grad av lokal forvaltning. Landbruksdirektoratet si evaluering av oppfølging etter ekstremvêret Hans i 2023, vil vere viktig bakgrunnsmateriale til det vidare arbeidet.
Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Erstatningsordning for kadmium i lauk
Vedtak nr. 564, 19. mars 2026
«Stortinget ber regjeringen innføre en erstatningsordning for løkprodusenter med minst 95 pst. kompensasjonsgrad for avviste partier med løk som overstiger grenseverdiene for kadmium. Ordningen skal gjelde for vekstsesongen 2026, settes til Landbruksdirektoratets produsentpris for den aktuelle løktypen den uken det kasserte partiet ble pakket, ikke ha maksimaltak per produsent og være uavhengig av produksjonssviktordningen. Målet med ordningen skal være å gjøre produsentene mest mulig skadesløse dersom partier av løk overstiger de nye grenseverdiene.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:99 S (2025–2026) Representantforslag om kompensasjonsordning for grønnsaksprodusenter som rammes av nye grenseverdier for kadmium, jf. Innst. 163 S (2025–2026).
Regjeringa har følgt opp vedtaket, og forskrifta om ei mellombels kompensasjonsordning som følgje av innføring av lågare grenseverdiar for kadmium i lauk, tredde i kraft for vekstsesongen 2026.
Departementet legg til grunn at vedtak nr. 564, 19. mars 2026, med dette er følgt opp.
Metanreduserande fôrråvare og husdyrtilskott
Vedtak nr. 493, 26. februar 2026
«Stortinget ber regjeringa leggje til grunn at bruk av metanreduserande fôrråvare ikkje skal vere eit krav for å motta husdyrtilskot, slik det er varsla i sluttprotokollen for jordbruksavtalen 2025.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:57 S (2025–2026) Representantforslag om å ikke bruke metanhemmere i norsk landbruk, jf. Innst. 132 S (2025–2026).
Oppmodinga blei lagt til grunn i jordbruksoppgjeret i 2026. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 493, 26. februar 2026, med dette er følgt opp.
Grenseverdiar av kadmium i lauk
Vedtak nr. 432, 29. januar 2026
«Stortinget ber regjeringen om å innføre EU-kommisjonsforordning 2023/915 punkt 3.2.3.1 i vedlegg 1, om nye lavere grenseverdier av kadmium i løk i neste møte i EØS-komiteen, og samtidig, for å ivareta hensynet til næringen, komme tilbake senest i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett med forslag om støtte til ytterligere kartlegging av kadmium i berørte områder samt en vurdering av andre midlertidige tiltak for å avhjelpe løkprodusenter ved inntektsbortfall.»
Vedtaket blei fatta i samband med næringsministeren si handelspolitiske utgreiing. Regjeringa har følgt opp vedtaket, og forskrifta om ei mellombels kompensasjonsordning som følgje av innføring av lågare grenseverdiar for kadmium i lauk, tredde i kraft før sommaren 2026.
Departementet legg til grunn at vedtak nr. 432 av 29. januar 2026 med dette er følgt opp.
3.2 Stortingssesjonen 2024–2025
Rammevilkår for lokalmatproduksjon og agroturisme
Vedtak nr. 1122, 18. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen styrke rammevilkårene for lokalmatproduksjon og agroturisme for å bidra til økt regional verdiskaping og bosetting.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 149 S (2024-2025) Endringer i statsbudsjettet 2025 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2025).
Regjeringa arbeider kontinuerleg med å styrkje rammevilkåra for både lokalmatprodusentar og for turisme basert på garden sine ressursar, mellom anna gjennom oppfølging av Oppskrift for meir lokalmat og -drikke. Det er sett i gang prosjekt gjennom Innovasjon Norge som skal bidra til auka omsetnad av lokalmat og -drikke, mellom anna ein pilot på offentlege innkjøp. Innovasjon Norge har òg fått i oppdrag å setje i gang ein eller fleire pilotar som skal sjå på moglegheiter og løysingar for enklare logistikk og distribusjon av lokalmat og -drikke gjennom produsentnettverk. Pilotane skal ha nasjonal nytteverdi.
Regjeringa sende i juni 2026 på høyring eit forslag til endringar i alkohollova og alkoholforskrifta som gjeld ei utvida ordning for avgrensa sal av alkoholholdig drikke direkte frå produsent. Forslaget skal bidra til meir heilskaplege reiselivsopplevingar, mellom anna knytt til produsentar av alkoholhaldig drikke i landbruket.
I tillegg er løyvingane til relevante aktørar auka gjennom jordbruksavtalen både i 2025 og 2026, til dømes dei regionale kompetansenettverka for lokalmat, Stiftinga Norsk Mat, Bondens Marked Norge og Norsk Gardsost. Aktørane byggjer opp under produksjonen av lokalmat og bruken av landbruket sine ressursar i reiselivssamanheng.
Departementet legg til grunn at vedtak nr. 1122 av 18. juni 2025, med dette er følgt opp.
Opphavsmerking av produkt
Vedtak nr. 1121, 18. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen innføre krav om opprinnelsesmerking av produkter slik at forbrukerne kan ta opplyste valg.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 149 S (2024-2025) Endringer i statsbudsjettet 2025 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2025).
Regjeringa viser til at Stortinget i vedtak nr. 882 av 5. juni 2026 bad regjeringa raskt starte arbeid med sikte på å innføre reglar om opphavsinformasjon for kjøtt og fisk som blir servert på serveringsstader i Noreg. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Reduksjon av nitrogentilførsel i Oslofjorden
Vedtak nr. 1120, 18. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen sikre at det i arbeidet med «Helhetlig plan for bærekraftig bruk av nitrogen i jordbruket» foreslås løsninger som raskt reduserer nitrogentilførselen i Oslofjorden.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 149 S (2024-2025) Endringer i statsbudsjettet 2025 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2025).
Helhetlig plan for bærekraftig bruk av nitrogen i jordbruket blei lagt fram 15. mars 2026. Planen omfattar forslag til tiltak og verkemiddel som kan redusere tilføring av nitrogen til Oslofjorden. Fleire av forslaga til tiltak og verkemiddel er følgde opp i jordbruksavtalen, jf. Prop. 98 S (2025–2026) Endringer i statsbudsjettet 2026 under Landbruks- og matdepartementet (jordbruksoppgjøret 2026) og i høyringsframlegget til ny helhetlig Oslofjordplan 2026–2030.
Departementet legg til grunn at vedtak nr. 1120 av 18. juni 2025, med dette er følgt opp.
Rammevilkår for miljøvenleg gjødsel, jordforbetring og bioenergi
Vedtak nr. 1116, 18. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen bedre rammevilkårene for utvikling av miljøvennlig gjødsel, jordforbedring og bioenergi.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 149 S (2024-2025) Endringer i statsbudsjettet 2025 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2025).
Regjeringa arbeider med gode rammevilkår for miljøvenleg gjødsel, jordforbetring og bioenergi. Det siste året har arbeidet omfatta iverksetjing av nytt gjødselregelverk, og auka løyvingar over jordbruksavtalen for tilskott til mellom anna miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel, levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg, og bruk av fangvekstar som bidreg til jordforbetring. Regjeringa arbeider òg for meir sirkulær bruk av næringshaldig materiale, mellom anna som gjødsel og jordforbetring, noko som er ein del av samfunnsoppdraget om sirkulærøkonomi.
Departementet legg til grunn at vedtak nr. 1116 av 18. juni 2025, med dette er følgt opp.
Vidareføre straumstøtte for jordbruks- og veksthusnæringa
Vedtak nr. 1095, 16. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen om å videreføre strømstøtteordningen for jordbruks- og veksthusnæringen til 31. desember 2029»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 148 L (2024–2025) Lov om Norgespris og strøm-stønad til husholdninger.
Regjeringa har følgt opp dette gjennom midlertidig forskrift om støtte som følge av ekstraordinære utgifter til elektrisk kraft for jordbruksforetak, veksthus og vanningslag, der § 2 slår fast at «Forskriften gjelder strømforbruk i perioden fra og med april 2022 til og med desember 2029.»
Departementet legg til grunn at vedtak nr. 1095 av 16. juni 2025, med dette er følgt opp.
Bruk av termiske siktemiddel ved hjortejakt
Vedtak nr. 746, 26. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen raskt utforme forskrift som fortsatt tillater bruk av termisk sikte i hjortejakt.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 78 L (2024–2025) Lov om jakt, fangst og felling av vilt mv. (viltressursloven).
Regjeringa har følgt opp vedtaket gjennom ei endring i forskrift av 22. mars 2002 nr. 313 om utøving av jakt, felling og fangst § 29a. Forskriftsendringa gjeld frå 1. juli 2026. Endringa gir kommunane høve til å opne for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort for å avverje alvorleg skade på natur- eller samfunnsinteresser. Kvar kommune kan opne for dette gjennom ei lokal forskrift.
Departementet legg til grunn at vedtak nr. 746, 26. mai 2025, med dette er følgt opp, jf. òg vedtak nr. 871, 4. juni 2026.
Krav om merking av feller ved bruk av jegernummer
Vedtak nr. 744, 26. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til nødvendige endringer i viltressursloven § 25 slik at det innføres krav om merking av feller ved bruk av jegernummer. Merkingen skal sikre oppsynets mulighet for identifisering og at eiers navn blir unntatt offentlighet.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 78 L (2024–2025) Lov om jakt, fangst og felling av vilt mv. (viltressursloven).
Regjeringa har følgt opp vedtaket gjennom endring i viltressurslova § 25 andre ledd, vedteken av Stortinget 8. juni 2026.
Departementet legg til grunn at vedtak nr. 744, 26. mai 2025, med dette er følgt opp.
Strategi for å styrkje innovasjon og agritek i norsk landbruk
Vedtak nr. 715, 22. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen utarbeide en egen strategi for hvordan Norge kan lykkes med agritech, herunder styrke utvikling, forskning, økt kommersialisering av agritech i Norge og økt adapsjon i landbruket.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:234 S (2024–2025) Representantforslag om å styrkje innovasjon og agritech i norsk landbruk, jf. Innst. 293 S (2024–2025). Regjeringa følgjer opp vedtaket og har starta arbeidet med å utarbeide ein strategi.
Strategien skal vise retning for korleis Noreg kan lukkast med agritek tilpassa norske forhold, mellom anna styrkt FoU og innovasjon, auka bruk av teknologi i landbruket, vidareutvikling og forenkling av regelverket, og kommersialisering og eksport. Strategien vil omfatte både eksisterande og nye typar teknologi som kan nyttast i primærproduksjon, mellom anna i jordbruket (inkl. drivhusteknologi), i skogbruket og innanfor reindrifta. I tillegg vil strategien omfatte bioteknologi i form av nye avlsmetodar og sortsutvikling.
Strategien skal etter planen ferdigstilles i 2026. Departementet reknar rapporteringa på dette oppmodingsvedtaket som avslutta.
Reindriftslova og tvangsmulkt
Vedtak nr. 700, 20. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til nødvendige lov- og forskriftsendringer som medfører at det er Landbruksdirektoratet eller statsforvalteren, og ikke reindriftsstyret, som har kompetanse til å fatte vedtak om pålegg etter reindriftsloven § 75 og ilegge tvangsmulkt etter reindriftsloven § 76 i konfliktsaker mellom reindrift og landbruk som gjelder ulovlig beiting, herunder på innmark. Dette inkluderer nødvendige lov- og forskriftsendringer som medfører at Landbruks- og matdepartementet er klageinstans for Landbruksdirektoratets vedtak i slike saker.».
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 63 L (2024–2025) Endringer i reindriftsloven og jordskiftelova (distriktsstyring, reintallsreduksjon, erstatning og tilgjengeliggjøring av jordskiftelova på interne forhold i reindriften), jf. Innst. 256 L (2024–2025).
Regjeringa vil følgje opp vedtaket og komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Naturleg lys i fjørfefjøs
Vedtak nr. 566, 10. april 2025
«Stortinget ber regjeringen innføre krav om naturlig lys i eksisterende fjørfefjøs og alle nye fjørfefjøs. I eksisterende fjørfefjøs kan LED-lys med dagslysspekter erstatte naturlig lys.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Meld. St. 8 (2024–2025) Dyrevelferd, jf. Innst. 200 S (2024–2025).
Regjeringa følgjer opp vedtaket og vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Fiksering av svin
Vedtak nr. 565, 10. april 2025
«Stortinget ber regjeringen avvikle unntakene om fiksering av svin og avslutte bruken av fiksering senest innen utgangen av 2027.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Meld. St. 8 (2024–2025) Dyrevelferd, jf. Innst. 200 S (2024–2025).
Vedtaket er følgt opp gjennom at ei forskriftsendring har vore på høyring og er forventa fastsett i løpet av 2026.
Departementet reknar rapporteringa på dette oppmodingsvedtaket som avslutta.
Fødebingar for svin
Vedtak nr. 564, 10. april 2025
«Stortinget ber regjeringen endre totalareal i fødebinger for svin slik at det fastsettes til minst 7,5 m 2 for nybygg.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Meld. St. 8 (2024–2025) Dyrevelferd, jf. Innst. 200 S (2024–2025).
Vedtaket er følgt opp gjennom at ei forskriftsendring har vore på høyring og er forventa fastsett i løpet av 2026.
Departementet reknar rapporteringa på dette oppmodingsvedtaket som avslutta.
Gjennomgå og endre forskrift om hald av svin
Vedtak nr. 563, 10. april 2025
«Stortinget ber regjeringen snarest gjennomgå og endre forskrift om hold av svin for å øke dyrevelferden i svinenæringen, med formål om å innføre økt krav til areal og krav til mykt underlag og bedre miljøberikelse og stille strengere krav til dyrevelferd ved oppgraderinger av driftsbygninger eller ved nybygg.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Meld. St. 8 (2024–2025) Dyrevelferd, jf. Innst. 200 S (2024–2025).
Regjeringa vil følgje opp vedtaket og komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
3.3 Stortingssesjonen 2022–2023
Strengare straff for alvorleg dyrekriminalitet
Vedtak nr. 700, 25 mai 2023
«Stortinget ber regjeringen fremme lovforslag om å inkludere dyrevelferdsloven § 37 i opplistingen i straffeprosessloven § 216 b første ledd bokstav b.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:219 S (2022–2023) Representantforslag om strengare straff for alvorleg dyrekriminalitet, jf. Innst. 369 S (2022–2023).
Dyrevelferdskriminalitet og strafferamma etter dyrevelferdslova, er omtalt i Meld. St. 8 (2024–2025) Dyrevelferd. Det er varsla i meldinga at regjeringa vil greie ut ein auke i strafferamma ved grove brott på dyrevelferdslova. Vidare går det fram at ei eventuell utviding av strafferamma vil kunne få innverknad på høvet til å treffe tiltak etter straffeprosesslova § 216 b.
Stortinget vedtok 5. juni 2026 å be regjeringa setje i gang den varsla utgreiinga om endra strafferamme for grove brott på dyrevelferdslova innan utgangen av 2026, og i den samanheng å gjere ei heilskapleg vurdering av straffeføresegna i dyrevelferdslova.
Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Innsamling, registrering og kontroll av viktige naturverdiar i norsk skog
Vedtak nr. 519, 14. mars 2023
«Stortinget ber regjeringen gjennomgå dagens metode for innsamling, registrering og kontroll av viktige naturverdier i norsk skog, og vurdere tiltak for å sikre at intensjonen med miljøregistrering er ivaretatt, og at miljøregistreringen har tilstrekkelig kvalitet.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:40 S (2022–2023) Representantforslag om ein ny skogpolitikk, jf. Innst. 191 S (2022–2023).
Landbruks- og matdepartementet gav i mai 2023 Landbruksdirektoratet i oppdrag å setje i gang ein feltkontroll av miljøregistreringar i skog. Landbruksdirektoratet har, saman med Landsskogtakseringa ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), utvikla eit kontrollopplegg. Opplegget blei starta opp i feltsesongen 2024 og sluttført i 2025. Landbruksdirektoratet og NIBIO har òg gått gjennom instruksen for miljøregistreringar i skog med sikte på å kunne evaluere både instruksen og oppfølginga av den etter over 20 år med miljøregistreringar. Landbruksdirektoratet har starta med analysane av dei innsamla feltregistreringane og får fagleg bistand frå NIBIO til dette. Landbruksdirektoratet skal etter planen rapportere om resultata i ein rapport og komme med eventuelle forslag til tiltak innan utgangen av 2026.
Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte når arbeidet er sluttført.
3.4 Stortingssesjonen 2021–2022
Dyrevelferda i svinenæringa
Vedtak nr. 382, 15. februar 2022
«Stortinget ber regjeringen se på insentiver som vil øke dyrevelferden i svinenæringen, særlig med hensyn til areal, underlag og miljøberikelse, og stille strengere krav til dyrevelferd ved oppgraderinger av driftsbygninger eller nybygg.»
Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:25 S (2021–2022) Representantforslag om å styrkje dyrevelferda for produksjonsdyr, jf. Innst. 130 S (2021–2022).
I Meld. St. 8 (2024–2024) Dyrevelferd, blir det varsla fleire tiltak for å betra dyrevelferda i svinenæringa, mellom anna å greie ut korleis areal og kvaliteten på areal til svin kan aukast og utviklast for framtidas driftssystem i svineproduksjonen. Det blir gjort framlegg om å innføre forbod mot fiksering av purker i fødebingar etter ei overgangstid for eksisterande driftsbygningar.
Landbruks- og matdepartementet arbeider med å følgje opp dette. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
4 Oversiktstabellar for budsjettet
Utgifter fordelte på kapittel
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Kap. |
Nemning |
Rekneskap 2025 |
Saldert budsjett 2026 |
Forslag 2027 |
Endring i pst. |
|
Administrasjon m.m. |
|||||
|
1100 |
Landbruks- og matdepartementet |
210 069 |
215 427 |
220 553 |
2,4 |
|
Sum kategori 15.00 |
210 069 |
215 427 |
220 553 |
2,4 |
|
|
Matpolitikk |
|||||
|
1115 |
Mattilsynet |
1 722 722 |
1 721 152 |
1 792 177 |
4,1 |
|
Sum kategori 15.10 |
1 722 722 |
1 721 152 |
1 792 177 |
4,1 |
|
|
Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling |
|||||
|
1135 |
Veterinærinstituttet |
115 994 |
124 494 |
116 302 |
-6,6 |
|
1136 |
Norsk institutt for bioøkonomi |
278 450 |
279 378 |
278 609 |
-0,3 |
|
1137 |
Forsking og innovasjon |
645 561 |
654 510 |
669 537 |
2,3 |
|
Sum kategori 15.20 |
1 040 005 |
1 058 382 |
1 064 448 |
0,6 |
|
|
Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak |
|||||
|
1138 |
Støtte til organisasjonar m.m. |
77 631 |
69 214 |
65 749 |
-5,0 |
|
1139 |
Genressursar, miljø- og ressursregistreringar |
35 189 |
34 558 |
35 726 |
3,4 |
|
1140 |
Haustbare viltressursar – forvaltning og tilskott til viltformål (Viltfondet) m.m. |
72 107 |
85 890 |
90 390 |
5,2 |
|
1141 |
Haustbare viltressursar – jegerprøve, tilskott til organisasjonar m.m. |
12 596 |
13 565 |
14 086 |
3,8 |
|
1142 |
Landbruksdirektoratet |
1 059 400 |
877 948 |
1 037 042 |
18,1 |
|
1148 |
Naturskade – erstatningar |
122 535 |
173 100 |
134 300 |
-22,4 |
|
1149 |
Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket |
110 129 |
168 932 |
95 111 |
-43,7 |
|
1150 |
Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. |
29 410 990 |
30 083 683 |
33 420 538 |
11,1 |
|
1151 |
Til gjennomføring av reindriftsavtalen |
229 244 |
250 000 |
275 000 |
10,0 |
|
1152 |
Innovasjon Norge |
150 718 |
204 000 |
217 444 |
6,6 |
|
1161 |
Myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn |
34 693 |
33 837 |
33 060 |
-2,3 |
|
Sum kategori 15.30 |
31 315 232 |
31 994 727 |
35 418 446 |
10,7 |
|
|
Sum utgifter programområde 15 |
34 288 028 |
34 989 688 |
38 495 624 |
10,0 |
Inntekter fordelte på kapittel
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Kap. |
Nemning |
Rekneskap 2025 |
Saldert budsjett 2026 |
Forslag 2027 |
Endring i pst. |
|
Administrasjon m.m. |
|||||
|
4100 |
Landbruks- og matdepartementet |
30 |
151 |
36 |
-76,2 |
|
Sum kategori 15.00 |
30 |
151 |
36 |
-76,2 |
|
|
Matpolitikk |
|||||
|
4115 |
Mattilsynet |
265 941 |
245 722 |
252 884 |
2,9 |
|
Sum kategori 15.10 |
265 941 |
245 722 |
252 884 |
2,9 |
|
|
Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling |
|||||
|
4136 |
Norsk institutt for bioøkonomi |
21 437 |
0,0 |
||
|
Sum kategori 15.20 |
21 437 |
0,0 |
|||
|
Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak |
|||||
|
4141 |
Haustbare viltressursar – jegerprøve, tilskott til organisasjonar m.m. |
5 089 |
4 900 |
5 100 |
4,1 |
|
4142 |
Landbruksdirektoratet |
52 393 |
55 367 |
57 416 |
3,7 |
|
4150 |
Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. |
946 |
1 050 |
1 050 |
0,0 |
|
5576 |
Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet |
348 412 |
342 500 |
362 000 |
5,7 |
|
Sum kategori 15.30 |
406 840 |
403 817 |
425 566 |
5,4 |
|
|
Forretningsdrift |
|||||
|
4162 |
Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap |
10 000 |
10 000 |
10 000 |
0,0 |
|
5652 |
Statskog SF – renter og utbytte |
48 269 |
24 000 |
22 200 |
-7,5 |
|
Sum kategori 15.40 |
58 269 |
34 000 |
32 200 |
-5,3 |
|
|
Sum inntekter programområde 15 |
752 517 |
683 690 |
710 686 |
3,9 |
Under Landbruks- og matdepartementet blir stikkordet «kan overførast» foreslått knytt til desse postane utanom postgruppe 30–49.
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Kap. |
Post |
Nemning |
Overført til 2026 |
Forslag 2027 |
|
1100 |
21 |
Spesielle driftsutgifter |
16 065 |
21 284 |
|
1137 |
70 |
Innovasjonsaktivitet m.m. |
0 |
3 085 |
|
1137 |
71 |
Forskingsaktivitet – Noregs forskingsråd |
25 663 |
190 500 |
|
1138 |
71 |
Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar |
371 |
836 |
|
1139 |
71 |
Tilskott til genressursforvaltning og miljøtiltak |
30 |
10 027 |
|
1140 |
21 |
Spesielle driftsutgifter |
9 135 |
34 900 |
|
1140 |
71 |
Tilskott til viltformål |
4 784 |
40 590 |
|
1141 |
23 |
Jegerprøve m.m. |
1 568 |
5 100 |
|
1142 |
71 |
Tiltak for berekraftig reindrift |
2 985 |
6 080 |
|
1142 |
77 |
Tilskott til kompensasjon ved avvikling av pelsdyrhald |
255 000 |
10 000 |
|
1142 |
78 |
Tilskott til omstilling ved avvikling av pelsdyrhald |
20 792 |
0 |
|
1149 |
71 |
Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket |
1 682 |
26 800 |
|
1149 |
73 |
Tilskott til skog- og klimatiltak |
43 |
57 763 |
|
1150 |
21 |
Spesielle driftsutgifter |
14 937 |
32 000 |
|
1150 |
70 |
Marknadstiltak |
7 122 |
407 750 |
|
1150 |
74 |
Direkte tilskott |
20 196 |
19 590 306 |
|
1150 |
77 |
Utviklingstiltak |
19 208 |
520 797 |
|
1150 |
78 |
Velferdsordningar |
32 623 |
2 256 442 |
|
1151 |
75 |
Kostnadssenkande og direkte tilskott |
4 541 |
166 650 |
|
1151 |
79 |
Velferdsordningar |
37 |
6 400 |
|
1152 |
70 |
Tilskott til bioøkonomi og klimatiltak i jordbruket |
27 457 |
205 000 |