Del 3
Omtale av særlege tema

6 Samfunnstryggleik og beredskap

Matsikkerheit er grunnleggjande for alle samfunn. I tryggingspolitiske kriser og i krig kan tilgangen til energi, mat og vatn bli redusert. Meld. St. 9 (2024–2025) Totalberedskapsmeldingen peikar på at dagens matforsyning er sårbar dersom importen av matvarer ikkje kan oppretthaldast. Det er difor viktig å føre ein politikk som sikrar at mest mogleg matjord er i bruk, og at det blir produsert mat i heile landet.

Matforsyning er utpeika som ein kritisk samfunnsfunksjon, som skal sikre dei grunnleggjande behova til befolkninga for nok trygg mat under alle forhold, inkludert kriser, krig og pandemiar. Heile verdikjeda utgjer denne kritiske samfunnsfunksjonen.

Primærproduksjonen dannar eit viktig grunnlag for matsikkerheita, og eit tett samarbeid mellom styresmakter, næringsliv og primærprodusentar er avgjerande for å oppretthalde drift i alle situasjonar.

Den skjerpa tryggingssituasjonen krev òg at norske verksemder tek ansvar gjennom førebyggjande tiltak og risikoreduserande arbeid. Verda er prega av befolkningsvekst, konfliktar, ustabile forsyningar av mat og energi, stigande råvareprisar og store klima- og miljøutfordringar. Import av kraftfôr, gjødsel, drivstoff og teknologi gjer heile systemet sårbart for alvorlege hendingar, og beredskapslager av innsatsvarer må difor vurderast. Også i Noreg ser vi kor viktig eit aktivt jordbruk og ein berekraftig matproduksjon er for å sikre ei trygg framtid.

Klimaendringane er ei av dei største utfordringane i vår tid. Gjentakande ekstremvêr med tørke og flaum har vist kor sårbar matproduksjonen kan vere. Stormar, skogbrannar, beitekriser, planteskadegjerarar og andre ekstremvêrhendingar kan skape store utfordringar for jordbruket, skogbruket og reindrifta.

For å sikre god matberedskap er det avgjerande å ta vare på produksjonsgrunnlaget. Mest mogleg matjord over heile landet må haldast i aktiv drift og inngå i den løpande nasjonale matproduksjonen. Vidare er det viktig med mattryggheit i heile verdikjeda for mat, mellom anna må dyrehelsa, plantehelsa og dyrevelferda vere god.

Vi må utnytte dei nasjonale ressursane betre, ta vare på mangfaldet i næringane, og styrkje dei gode produksjonsmiljøa innan jordbruk, reindrift og skogbruk. Det er òg naudsynt å auke sjølvforsyninga og tilpasse produksjonen til eit klima i endring. Satsinga på drenering i jordbruket er eit konkret døme på dette arbeidet.

Det finst òg eit potensial for å leggje om både kosthald og matproduksjon i møte med større kriser. Som oppfølging av totalberedskapsmeldinga skal regjeringa gjennomføre ein analyse av dette potensialet.

Det viktigaste verkemiddelet regjeringa har for å styrkje norsk jordbruk og matproduksjon er jordbruksforhandlingane. Desse legg til rette for medverknad og felles utforming av rammevilkår for næringa. Resultata frå jordbruksoppgjera bidreg til auka matproduksjon, betre mattryggleik og berekraftig bruk av naturressursane.

Landbruks- og matdepartementet skal bidra til at Noreg har god matberedskap. Matsystemet er samansett og avhengig av mellom anna kompetanse, teknologi, organisering, logistikk og tilgang på innsatsfaktorar. Jordbruket er òg viktig for busetjing i heile landet. Ei spreidd busetjing styrkjer beredskapen og gjer samfunnet meir robust i krisesituasjonar.

Beredskapslager for matkorn er eit viktig tiltak for å styrkje matforsyninga og redusere sårbarheita ved ekstraordinære forsyningskriser. Målet er at det innan 2029 skal vere etablert eit beredskapslager på 82 500 tonn matkorn. Kornet skal eigast av staten, mens kommersielle aktørar står for lagringa. Lageret vil vere ein viktig tryggleik dersom naturhendingar eller tryggingspolitiske kriser fører til alvorlege forstyrringar i verdikjedene for mat.

Reindrifta er ein viktig beredskapsaktør, særleg i Nord-Noreg der anna landbasert matproduksjon er avgrensa. Den desentraliserte driftsforma gir ekstra robustheit dersom transportårer eller forsyningsliner sviktar.

Skogbruket har òg ei viktig rolle i beredskapen. Ved straumbrott eller energimangel kan skogen bidra med energi til oppvarming, matlaging og koking av drikkevatn. Ved naturhendingar som skogbrann, storm og store trefall, er skogsvegnettet viktig for å handtere situasjonen og avgrense skadar. Maskinkapasiteten i skogbruket kan dessutan vere ein viktig ressurs under beredskapshendingar. I situasjonar der offentlege vegar blir stengde, kan skogsvegnettet mange stader fungere som alternative transportårer for person- og varetransport.

Landbruks- og matdepartementet og underliggjande verksemder

Landbruks- og matdepartementet har ansvar for eigen beredskap og skal vere førebudd på å delta i den sentrale handteringa av nasjonale kriser. Departementet skal kunne handtere både kriser som råkar eigen sektor og hendingar som direkte gjeld departementet.

For å sikre god krisehandtering byggjer departementet arbeidet på eit oppdatert beredskapsplanverk, arbeid med grunnleggjande nasjonale funksjonar (GNF) og tett dialog med underliggjande verksemder. Dette skal bidra til at sektoren er best mogleg førebudd på ulike typar hendingar og kriser.

Departementet arbeider òg for ei meir heilskapleg og styrkt tilnærming til tryggleiks- og beredskapsarbeidet i landbruks- og matsektoren. I 2025 etablerte difor departementet eit tryggleiks- og beredskapsforum for toppleiinga i landbruks- og matforvaltninga, med formål om å vareta samvirke, dialog og informasjonsdeling i landbruks- og matforvaltninga innanfor tema knytte til samfunnstryggleik- og beredskap. Forumet skal mellom anna bidra til å byggje felles situasjonsforståing, byggje motstandsevne og redusere sårbarheit i sektoren, fremje koordinering av verksemdene i sektoren, og dessutan styrkje departementet og underliggjande verksemder si evne til å handtere meir alvorlege hendingar.

Samfunnstryggleik- og beredskap er òg eit fast tema i styringsdialogen med underliggjande verksemder. Arbeidet blir følgt opp gjennom krav og forventningar som blir formidla i tildelingsbrev, hovudinstruksar og gjennom styringsdialogen. Slik blir tryggleiks- og beredskapsarbeidet gitt systematisk merksemd på alle nivå i sektoren.

Landbruksdirektoratet

Landbruksdirektoratet har viktige oppgåver knytte til sikkerheit og beredskap i landbruk og matforsyning. Oppgåvene omfattar handtering av hendingar og kriser innanfor matforsyning, skog, reindrift, naturskadar og avlingsskadar. Landbruksdirektoratet har ansvaret for drift av Landbruks- og matCERT, der Mattilsynet, Norsk institutt for bioøkonomi og Veterinærinstituttet inngår. Landbruks- og matCERT er registrert partnar av Nasjonalt cybersikkerhetssenter (NCSC).

Mattilsynet

Mattilsynet har ei sentral rolle i arbeidet med å sikre forbrukarane tilgang til trygg mat. Mattilsynet har eit stort ansvar for å sikre beredskapen i samfunnet innan mat- og drikkevassforsyning, dyre- og plantehelse og dyrevelferd. Mattilsynet handterer beredskapshendingar, samarbeider med andre aktørar, og har beredskapsplanar for å kunne handtere kriser. Mattilsynet arbeider for å førebyggje uønskte hendingar gjennom tilsyn, kontroll og regelverk. Mattilsynet har ei viktig rolle i Totalforsvaret, og er mellom anna fast medlem i Kriseutvalet for atomberedskap. Mattilsynet møter òg som fast aktør i fylkesberedskapsråda.

Veterinærinstituttet

Veterinærinstituttet er eit biomedisinsk forskingsinstitutt, og Noregs leiande kunnskapsleverandør for nasjonal beredskap innan fiskehelse, dyrehelse, dyrevelferd og fôr- og mattryggleik. Instituttet har ein viktig funksjon innanfor beredskap og kompetanseutvikling for å avverje og kjempe mot helsetrugslar hos dyr, fisk og menneske gjennom diagnostikk, overvaking, risikovurdering, rådgiving og formidling.

Norsk institutt for bioøkonomi

Norsk institutt for bioøkonomi er eit nasjonalt leiande institutt for forsking og utvikling av kunnskap om bioøkonomi. Instituttet skal bidra til matsikkerheit, berekraftig ressursforvaltning, innovasjon og verdiskaping innanfor verdikjeda for mat, skog og andre biobaserte næringar. Verksemda har òg ein viktig funksjon ved å ha beredskap innan viktige samfunnsområde som trygg mat, fôrtryggheit og plantehelse. Sistnemnde dekkjer både jord og skog.

7 Likestilling

Overordna om departementet sitt arbeid med å fremje likestilling og hindre diskriminering

Arbeidet med likestilling i departementet er basert på dei krava og rettleiingar som er gitte i likestillings- og diskrimineringslova. Departementet har utarbeidd ein eigen policy for arbeidet med likestilling som skal gi retning for alt arbeid i verksemda, og i alt arbeid og tenesteyting på myndigheitsområdet til departementet.

Likestilling og mangfald i underliggjande etatar

Departementet sine underliggjande verksemder er Mattilsynet, Landbruksdirektoratet, Norsk institutt for bioøkonomi og Veterinærinstituttet. For informasjon om status på likestillings- og mangfaldsarbeidet i desse verksemdene, viser departementet til dei respektive årsrapportane med vedlegg. Av dei underliggjande verksemdene er det Landbruksdirektoratet og Mattilsynet som utøver myndigheit etter § 24 i likestillings- og diskrimineringslova. Veterinærinstituttet og Norsk institutt for bioøkonomi har ikkje slike oppgåver.

Likestilling i jordbruket

Det følgjer av likestillings- og diskrimineringslova at alle uansett kjønn, alder, etnisitet, religion med meir, skal ha dei same moglegheitene til å drive næringsverksemd innanfor landbruk og landbruksbaserte næringar. Haldningsskapande arbeid, utdanning, rådgiving, økonomiske verkemiddel og gode, funksjonelle velferdsordningar er vesentlege for å bidra til likestilling og rekruttering til landbruket over heile landet.

Gode velferdsordningar i landbruket er grunnleggjande for å bidra til rekruttering og landbruk over heile landet. Tilskott til avløysing ved sjukdom hos barn blir utvida for foreldre som mottek pleie- og/eller opplæringspengar frå NAV. For å prioritere ei økonomisk styrking av bønder som får barn, fjernast med verknad frå og med 2027 samordninga for tilskott til avløysing ved svangerskap, fødsel, adopsjon og omsorgsovertaking knytt til mellom anna løn og ytingar frå NAV. For avløysartilskottet aukar maksimalbeløpet frå 139 110 kroner til 146 055 kroner per føretak. Dette vil gi auka økonomisk tryggleik ved sjukdom og skade, og gi betre moglegheit for å ta ut ferie og meir fritid gjennom året.

Satsing på berekraftig landbruk, sirkulær- og bioøkonomi og teknologiutvikling i, og i tilknyting til landbruket, vil vere viktig i framtida og krevje ny type kompetanse utover den tradisjonelt landbruksfaglege. Regjeringa vil skape interesse og gode forhold for alle som kan støtte opp om ei positiv utvikling i landbruket og reindrifta.

Landbruks- og matdepartementet har dei seinare åra hatt god tilgang på statistikk for kjønnsbalanse og likestilling innanfor landbruket og reindrifta. Det er under dei ulike velferdsordningane det finst mest informasjon om mellom anna kjønn, alder og geografisk fordeling.

Resultatkontrollen for gjennomføringa av landbrukspolitikken er ei årleg utgreiing og publikasjon frå Budsjettnemnda for jordbruket. Resultatkontrollen viser utviklinga i jordbruket i forhold til dei mål og retningsliner Stortinget har trekt opp. Resultatkontrollen inneheld statistikk for mellom anna kjønns- og aldersfordelinga innan landbruket, og viser i tillegg historisk utvikling for kjønn, alder og utdanning på dette området.

Dei siste åra har talet på kvinnelege eigarar av landbrukseigedommar auka noko. I følgje tal frå SSB for 2025, var det 182 241 landbrukseigedommar med minst 5 dekar eigd jordbruksareal og/eller minst 25 dekar produktivt skogareal. På 66 pst. av eigedommane var det mannleg eigar, mens kvinner eigde 27 pst. av eigedommane. For dei resterande eigedommane var eigaren til dømes eit aksjeselskap, anna selskap, ein utanlandsk eigar eller at eigaren ikkje var oppgitt.

Statistikk frå søknad om produksjonstilskott viser at det i 2025 var nær 34 794 enkeltpersonføretak (verksemder med personleg brukar) i jordbruket. Over tid har delen jordbruksføretak drivne av kvinner auka, og i 2025 var 18 pst. kvinner. I 2024 var talet på 17,6 pst., mens det var på 12,9 pst. i 1999 og 14,4 pst. i 2010. Denne statistikken gir likevel ikkje eit fullstendig bilete av kvinnene si samla deltaking i drifta av norske jordbruksføretak. Ei årsak til dette er at det berre er éin person som kan stå oppført som søkjar per enkeltpersonføretak. Det er òg mange kvinner som deltek i drifta på gardsbruk som ikkje er drivne som enkeltpersonføretak. For slike verksemder har ein ikkje informasjon om det er menn eller kvinner som deltek i drifta.

Arbeidstid i jordbruket går ned både for kvinner og menn, men reduksjonen er størst for kvinner. I 2023 utførte kvinner 24 pst. av arbeidet på garden, mot 26 pst. i 1990.

Tal frå 2024 viser at gjennomsnittsalderen for kvinnelege eigarar er litt lågare enn for menn, høvesvis 50,0 år og 53,3 år. Gjennomsnittsalderen for kvinner som driv jordbruksverksemder er gjennomgåande litt lågare enn for menn. Gjennomsnittsalderen for aktive kvinnelege brukarar var i 2024 på 48 år, noko som var rundt 3,3 år lågare enn for menn. Det kan over tid sjå ut til at kvinner i mindre grad tek over jordbruksverksemder for å drive jordbruk sjølve. Det er i mange samanhengar òg peika på at gardsoverdragingar til kvinner ofte gjeld enker som eig garden i ein overgangsperiode.

Tal for 2024 viser at høg utdanning blant nye eigarar er meir vanleg blant kvinner enn blant menn, og det er størst del kvinner med lang utdanning blant dei yngste. Blant kvinnene i den yngste aldersgruppa (under 39 år) har 66,2 pst. utdanning på universitets- og høgskulenivå. Hos menn har 21,1 pst. i denne aldersgruppa høgare utdanning. Når det gjeld den eldste aldersgruppa som overtok gard i 2024, har 28,0 pst. av mennene og 27,3 pst. av kvinnene høgare utdanning.

Innanfor dei ulike driftsformene er kvinnedelen høgast blant bønder med driftsforma «andre grovfôretande dyr», med 28,6 pst. For sau er delen 20,8 pst. Kvinnedelen er lågast blant produsentar som driv med storfe, mjølk og kjøtt. Kvinner driv generelt jordbruksverksemder med mindre areal enn menn, men delen kvinner har auka for alle arealgruppene.

Landbrukssektoren har over tid arbeidd målretta med å få fleire kvinner til å etablere seg i næringa. Fleire verkemiddel i jordbruksavtalen er innretta slik at dei skal stimulere til rekruttering, næringsutvikling, fleire nyetableringar og vekstbedrifter. Midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket (IBU-midlar) er eit særleg viktig økonomisk verkemiddel for å nå målet om næringsutvikling i, og i tilknyting til, landbruket. Kvinner er særleg aktive innan andre landbruksbaserte næringar, til dømes lokalmat, reiseliv og aktivitetstilbod på garden som «Inn på tunet». Desse områda krev ofte anna kompetanse enn den tradisjonelle landbruksfaglege kompetansen. I 2025 blei i underkant av 40 pst. av IBU-midlane tildelt kvinner, noko som er ein auke frå om lag 34 pst. i 2024. Delen tildelingar innan andre landbruksbaserte næringar til kvinner ligg høgare, med om lag 62 pst. i 2025.

Likestilling i skogbruket

Det er fleire menn enn kvinner som arbeider innanfor skog- og trenæringa. Det blir difor lagt vekt på å rekruttere og leggje til rette for å behalde fleire kvinner i næringa. Sentralt i arbeidet er mellom anna å synleggjere mangfaldet i bransjen og tiltak for å gjere arbeidsplassar og arbeidsoppgåver meir attraktive for kvinner.

Kvinner i skogbruket er ein uavhengig, landsomfattande organisasjon som har til formål å motivere kvinner til deltaking og engasjement på alle plan innanfor skogbruket, og som legg vekt på samhald og samarbeid. Organisasjonen har etablert kontakt med og deltek i nordiske og internasjonale forum på området. Landbruks- og matdepartementet har løyvd midlar til Kvinner i skogbruket over kap. 1138, post 70 Støtte til organisasjonar, over fleire år.

Velg Skog arbeider med rekruttering, kompetanse og omdømmebygging for skognæringa. Næringa sitt behov for betre likestilling er ein del av dette arbeidet. Velg Skog blir mellom anna finansiert over jordbruksavtalen kap. 1150, post 50, Landbrukets utviklingsfond.

Likestilling i reindrifta

Arbeidet med likestilling i reindrifta i Noreg krev ein samla innsats frå fleire aktørar, både frå det offentlege, frå næringa sjølv og frå organisasjonar i næringa.

I 2025 hadde 16 pst. av alle siidaandelane kvinneleg leiar. Dette er på same nivå som i 2024. 18 pst. av siidaandelane var felles siidaandelar.

262 årsverk blei utførte av kvinner i 2025. Dette utgjer 27 pst. av alle årsverk i reindrifta dette året. I 2025 hadde kvinner 26 pst. av det samla reintalet i Noreg, noko som er ein reduksjon frå 27 pst. i 2024.

I reindriftsavtalen 2019/2020 blei det etablert eit særskilt driftstilskott til kvinner som er leiar av siidaandel, og som har reindrift som hovudnæring. I tillegg kan kvinneretta tiltak få støtte over Reindriftens utviklingsfond. Norske Reindriftsamers Landsforbund kan òg søkje om midlar til utviklingsprosjekt for å fremje likestilling. Det kan vidare søkjast om tilskott for å støtte opp om den familiebaserte reindrifta, som ektefelle-/sambuartillegg og tilskott til felles siidaandelar.

Norske Reindriftsamers Landsforbund skal ta omsyn til kjønnsfordeling ved val av styre og lokallag. Avtalepartane er òg samde om at styra for reinbeitedistrikta, så langt det er mogleg, bør ha kjønnsbalanse.

Likestilling og mangfald i Landbruks- og matdepartementet

Ved utgangen av 2025 var det 120 tilsette i departementet, der 57 pst. av desse var kvinner. Kvinnene er i fleirtal i sakshandsamargruppa og blant leiarane. Kvinnene utgjer 83,3 pst. av toppleiarane og 50 pst. av mellomleiarane og 60 pst. av leiarane samla sett. Det er like mange menn og kvinner i mellomleiarposisjonar med personalansvar.

Per 31. desember 2025 var gjennomsnittsalderen i departementet 51,2 år. Gjennomsnittsalderen er 51 år for kvinner og 52 år for menn, og har vore stabil dei siste fem åra.

Tabell 7.1 Relativ og absolutt kjønnsfordeling i dei ulike stillingsgruppene per 31. desember 2025

Relative

Absolutte

Stillingsgruppe

Andel kvinner (pst.)

Andel menn (pst.)

Tal kvinner

Tal menn

Totalt

Departementsråd

100

0

1

0

1

Ekspedisjonssjef

75

25

3

1

4

Kommunikasjonssjef

100

0

1

0

1

Avdelingsdirektør1

47

53

8

9

17

Underdirektør

50

50

1

1

2

Fagdirektør

43

57

13

17

30

Spesialrådgivar

33

67

1

2

3

Prosjektleiar

100

0

1

0

1

Seniorrådgivar

60

40

26

17

43

Rådgivar

69

31

9

4

13

Førstekonsulent

50

50

1

1

2

Utgreiingsleiar

100

0

3

0

3

Totalt

57

43

68

52

120

1 Det er ikkje alle avdelingsdirektørar som har personalansvar.

Gjennomsnittsløn etter kjønn

Det er ingen vesentleg lønsforskjell mellom kjønna. Ved utgangen av 2025 var delen av kvinner si løn samanlikna med mennene si løn 100,8 pst, noko som er ein auke frå 99,5 pst. i 2024 og frå 98,1 pst. i 2023.

Mellombelse tilsetjingar

Mellombelse tilsetjingar blir i hovudsak brukte der det er behov for å ta inn vikar for å løyse oppgåver ved permisjonar og anna fråvær. Ved utgangen av 2025 utgjorde mellombelse tilsetjingar 2,5 pst. (alle kvinner), mot 3,2 pst. i 2024. Bruken av mellombelse stillingar blir årleg drøfta med dei tillitsvalde. I løpet av 2025 har ein mellombels mannleg tilsett gått over i fast stilling.

Sjukefråvær

I 2025 var sjukefråværet 3,1 pst. Dette er det lågaste som nokon gong er registrert sidan år 2000. Sjukefråværet blant kvinner er framleis høgare enn sjukefråværet blant menn. Sjukefråværet er eit fast tema i arbeidsmiljøutvalet i departementet, og i dialogen med Bedriftshelsetenesta for å vurdere relevante tiltak.

Permisjonar

I 2025 blei det teke ut to foreldrepermisjonar (ein mann og ei kvinne).

Overtid

Totalt blei det registrert 4 101 timar med overtid i departementet i 2025. Dette utgjer 1,82 pst. av den avtalte arbeidsinnsatsen. Overtid knytt til gjennomføringa av dei årlege jordbruksforhandlingane, utgjer ein vesentleg del av den totale overtida.

Deltid

Alle som blei tilsette fast i departementet i 2025 gjekk inn i heiltidsstilling. Seks tilsette (tre menn og tre kvinner) har hatt deltidsstilling i 2025, der to av desse (ein mann og ei kvinne) har slutta i løpet av året.

Inkludering og mangfald

Departementet og sektoren har utarbeidd handlingsplanar for inkludering og mangfald. Det blei i 2025 tilsett ni personar i departementet, fire menn og fem kvinner. Av dei mellombels tilsette er det ei kvinne. Den yngste tilsette var 28 år og den eldste 54 år.

Tabell 7.2 viser nytilsette fordelte etter stillingsgrupper i ordinære tilsetjingsprosessar i 2025.

Tabell 7.2 Nytilsette

Stillingsgruppe

Kvinner

Menn

Totalt

1218 Avdelingsdirektør

1

1

1534 Fagdirektør

1

1

2

1364 Seniorrådgivar

3

1

4

1436 Rådgivar

1

1

2

Departementet oppmodar alle kvalifiserte til å søkje ledige stillingar i departementet uansett alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk bakgrunn, seksuell legning eller hol i CV. Departementet legg til rette for medarbeidarar som har nedsett funksjonsevne.

Mobbing og trakassering

Arbeidet med haldningar for å motarbeide mobbing og diskriminering har merksemd i departementet. Eigne varslingsrutinar er utarbeidde, og departementet har system for å vareta varslarar.

8 Oppfølging av FNs berekraftsmål

Berekraftsagendaen set ambisiøse mål for arbeidet med økonomisk, sosial og miljømessig utvikling fram mot 2030, og er ei overbygning for regjeringa sin politikk nasjonalt og internasjonalt. Våren 2025 la regjeringa fram Meld. St. 35 (2024–2025) Norges arbeid med bærekraftsmålene – status, utfordringer og veien videre. Meldinga omfattar ei samla omtale av status for Noregs arbeid med berekraftsmåla, og vektlegg særskilt dei områda der Noreg har eit forbetringspotensial. Meldinga gjer vidare greie for regjeringa sin politikk på desse områda, irekna område som omfattar landbruks- og matpolitikken.

Dei fire hovudmåla for landbruks- og matpolitikken; matsikkerheit og beredskap, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar, skal bidra til å nå fleire av berekraftsagendaen sine målsetjingar. I tillegg til at landbruks- og matpolitikken skal sikre eiga befolkning nok og trygg mat med tydelege miljø- og klimaambisjonar, omfattar måla òg ambisjonar knytte til eit berekraftig skogbruk, arealbruk, ivaretaking av kulturlandskap, og busetjing og sysselsetjing med utgangspunkt i landbruket sine ressursar. Målbiletet speglar eit multifunksjonelt landbruk.

Mål 2 Utrydde svolt

Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for å koordinere det nasjonale arbeidet med berekraftsmål 2 om å utrydde svolt. Målet har fleire dimensjonar, mellom anna å oppnå matsikkerheit og betre ernæring, og fremje berekraftig matproduksjon. Status i Noreg for berekraftsmål 2 er i all hovudsak god, men det er utfordringar knytte til overvekt og for lite fysisk aktivitet i delar av befolkninga. Det er generelt for høgt inntak av salt, sukker og metta feitt, og for lite inntak av frukt, bær, fullkorn og fisk. Det å auke berekrafta i landbruket nasjonalt, er òg sentralt for å nå mål 2, og der jordbruksavtalen er det sentrale verkemiddelet.

Delmål 2.1) Innan 2030 utrydde svolt og sikre alle menneske, særleg fattige og personar i utsette situasjonar, spesielt spedbarn, tilgang til nok, trygg og sunn mat heile året.

I ein situasjon med uro i internasjonale marknader for mat og energi, har regjeringa lagt vekt på å sikre nasjonal matproduksjon. Dette omsynet ligg òg til grunn for jordbruksavtalen i 2026, med ei tydeleg prioritering av sjølvforsyning, klima og miljø. Sjå omtale av prioriteringar i landbruks- og matpolitikken i del I av proposisjonen. Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmulighetene i jordbruket, ligg til grunn for å nå målet om ein sjølvforsyningsgrad av mat på 50 pst., korrigert for import av fôr. Regjeringa sin hovudstrategi er å forbetre og auke produksjonen av planteprodukt, både til mat og fôr, på ein måte som styrkjer konkurransekraft mot import, slik at etterspørselen etter norske jordbruksvarer aukar.

Noreg har høg sjølvforsyning av husdyrprodukt og relativt låg sjølvforsyning for energirike plantevekstar til mat. Regjeringa held fram arbeidet med å etablere beredskapslagring for korn, der målet er at det innan 2029 skal vere på plass eit beredskapslager tilsvarande 3 månaders forbruk av matkorn.

Delmål 2.2) Innan 2030 utrydde alle former for feilernæring, og innan 2025 nå dei internasjonalt avtalte måla som gjeld veksthemjing og avmagring hos barn under fem år, og skjøtte ernæringsbehova til unge jenter, gravide, ammande kvinner og eldre personar.

Det blir arbeidd på fleire måtar for å auke kunnskapen og kompetansen om sunt kosthald, bruk av råvarer, mat og matkultur i befolkninga generelt og målretta mot barn, unge og eldre spesielt. Organisasjonsstøtte til stiftinga Geitmyra Matkultursenter for barn og Norges Bygdekvinnelag bidreg til å støtte opp om dette. Opplysningskontoret for frukt og grønt har ei sentral rolle i arbeidet med å fremje forbruk av norsk frukt og grønt, og eit sunt og berekraftig kosthald til barn og unge, og blir finansiert av midlar over jordbruksavtalen. Opplysningskontoret mottek òg støtte til å leie prosjektet Det store norske Grøntløftet, som har som mål å leggje til rette for auka etterspørsel etter norsk frukt, grønt, bær og poteter. Dette vil både gi høgare norskdel og høgare sjølvforsyningsgrad, og vil kunne bidra til betre folkehelse. Landbruks- og matdepartementets bidrag til delmål 2.2, er nærare omtalt under overskrifta Sunt kosthald og gode matopplevingar i programkategori 15.10 Matpolitikk.

Delmål 2.3) Innan 2030 doble produktiviteten og inntektene til småskala matprodusentar, særleg kvinner, urfolk, familiebruk, husdyrnomadar og fiskarar, mellom anna gjennom sikker og lik tilgang til jord, andre produksjonsressursar og innsatsmiddel, kunnskap, finansielle tenester, marknader og moglegheiter for verdiauke og for sysselsetjing utanfor landbruket.

Dei årlege jordbruksforhandlingane mellom staten og næringsorganisasjonane i jordbruket skal sikre medverking og moglegheiter for å utforme rammevilkåra for jordbruket i fellesskap. Verkemiddel og løyvingar skal bidra til at måla for landbrukspolitikken blir nådde. Omsynet til økonomisk og sosial berekraft ligg til grunn òg for jordbruksavtalen i 2026, med ei tydeleg prioritering av sjølvforsyning, klima og miljø. Ein vesentleg del av midlane i avtalen er avsett til utviklings- og omstillingstiltak i landbruket gjennom Landbrukets utviklingsfond. Prioriterte tiltak er knytte til omstilling og utvikling i primærproduksjon og innanfor tilleggsnæringar i landbruket, verkemiddel knytte til rekruttering, kompetanseheving og forsking og miljø- og klimaretta tiltak. Investeringsverkemidla er eitt av dei mest sentrale verktøya for å stimulere til omstilling og rekruttering i landbruket. Den samla auken for investeringsverkemidla har meir enn dobla seg sidan 2021. Innovasjon Norge si rapportering på verkemiddelbruken for dei bedriftsretta tiltaka, viser at kvinner mottek ein stor del av tilskotta som blir løyvde til andre landbruksbaserte næringar enn tradisjonelt landbruk, med i overkant av 60 pst. av tilskotta. Sjå elles omtale av prioriteringar for landbruks- og matpolitikken i del I av proposisjonen.

Dei årlege forhandlingane mellom staten og Norske Reindriftsamers Landsforbund skal leggje til rette for ei utvikling av reindriftsnæringa innanfor dei måla som er sette for reindriftspolitikken. Hovudmålet for reindriftspolitikken er ei berekraftig reindrift, med delmåla økologisk, økonomisk og kulturell berekraft. Gjennom reindriftsavtalen blir dei økonomiske verkemidla for å nå måla vidareutvikla. Sjå omtale av prioriteringar for reindriftspolitikken i Del II i proposisjonen.

Delmål 2.4) Innan 2030 sikre at det finst berekraftige system for matproduksjon, og innføre robuste metodar som gir auka produktivitet og produksjon, som bidreg til å halde oppe økosystema, som styrkjer evna til å tilpasse seg til klimaendringar, ekstremvêr, tørke, flaumar og andre katastrofar, og som gradvis fører til betre kvalitet på areal og jord.

Det blir arbeidd på fleire måtar for å bidra til eit meir berekraftig system for matproduksjon. Dei årlege næringsavtalane med jordbruket og reindrifta er dei mest sentrale verktøya frå regjeringa si side knytt til den landbaserte matproduksjonen, og der dialog og samarbeid med næringa står sentralt. Dialog og samarbeid med heile verdikjeda for mat er naudsynt for å gjere matsystemet meir berekraftig. Rapporten Bærekraft i det norske matsystemet samanfattar nokre hovudliner i regjeringa sitt arbeid på området. I tillegg la Landbruks- og matdepartementet i 2024 fram ein eigen rapport om departementet sitt arbeid med berekraftige matsystem. Matsystemutvalet, som blei nedsett av regjeringa i 2025, er eit ekspertutval som skal greie ut om framtidas matsystem og presentere tilrådingar som kan styrkje berekrafta i det norske matsystemet. Folkehelse, klima, natur og landbruks-, havbruks-, fiskeri- og matpolitikk blir her sett i samanheng. Utvalet skal levere ei utgreiing i form av ein NOU i november 2026.

Klimaendringane og andre miljømessige utfordringar vil påverke norsk matproduksjon. Regjeringa har difor lagt til rette for berekraftig og langsiktig forvaltning av naturressursane gjennom ein heilskapleg landbruks- og matpolitikk. Intensjonsavtalen som er inngått mellom staten og organisasjonane i jordbruket er eit konkret døme på korleis det blir arbeidd systematisk og i fellesskap for å nå måla. Målet i intensjonsavtalen er å arbeide for å redusere utsleppa og auke opptaka knytte til jordbruket tilsvarande 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar samla for perioden 2021–2030. Som oppfølging av Meld. St. 26 (2022–2023) Klima i endring – sammen for et klimarobust samfunn, er det etablert ei arbeidsgruppe som skal gjennomgå klimatilpassing i landbruket, og korleis landbruket kan rustast for meir krevjande forhold som kan følgje av klimautviklinga. Rapporten frå arbeidsgruppa blir levert hausten 2026.

Ein aktiv bruk av og eit sterkt vern om arealressursane er ein føresetnad for å nå måla i landbruket. Regjeringa følgjer opp jordvernstrategien frå 2023 med eit langsiktig jordvernmål om maksimal omdisponering på 2 000 dekar dyrka mark årleg. Ein var under 2 000 dekar for første gong i 2025. Det blir òg arbeidd systematisk med å halde den gode statusen for dyrehelse og dyrevelferd ved lag. Regjeringa la i desember 2024 fram Meld. St. 8 (2024–2025) Dyrevelferd, som peikar ut ei retning på arbeidet med å styrkje dyrevelferda ytterlegare. Det er òg arbeidd med å vareta arealgrunnlaget for reindrifta, og leggje til rette for auka produksjon og lønsemd i næringa, mellom anna gjennom reindriftsavtalen. Ved å leggje til rette for urbant landbruk i samsvar med nasjonal strategi frå 2021, kan dyrkbare areal som er ueigna for storskala jordbruk haldast i hevd, og kunnskapen om dyrking vil haldast oppe i ein større del av befolkninga. Landbruksdirektoratet har utarbeidd utkast til ein rettleiar for urbant landbruk i lokal arealplanlegging, som ei oppfølging av strategien, som skal ferdigstillast i løpet av 2027. Rettleiaren skal gi oversikt over relevante planverktøy og verkemiddel, og er særleg retta mot kommunale plan- og landbruksetatar. Norsk institutt for bioøkonomi har òg utarbeidd ein rettleiar for urbant landbruk i areal som er opne for ålmenta, i tillegg til eit landsdekkjande grønstrukturkart som gir detaljert informasjon om grøne areal og som kan brukast til å identifisere moglege dyrkingsareal. Kartfesta informasjon om jordbruksareal som kan vere ute av drift gir òg nyttig informasjon.

Nasjonalt miljøprogram for jordbruket er innretta for å følgje opp målet om eit berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar. Dei siste års jordbruksoppgjer har lagt vekt på å styrkje natur-, miljø- og klimaarbeidet i jordbruket, med ei særskild satsing retta mot klimagassreduserande tiltak og tiltak som skal betre situasjonen i Oslofjorden.

Bionova blei oppretta i 2023 som ei eining under Innovasjon Norge. Bionova er eit verktøy for å nå Noreg sine klimamål for 2030 og 2035 og målet om å vere eit lågutsleppssamfunn i 2050 ved å bidra til reduserte klimagassutslepp og auka karbonopptak og -lagring. Bionova skal òg bidra til auka verdiskaping gjennom overgang til ein meir sirkulær bioøkonomi basert på fornybare ressursar frå hav og land. Satsingsområde slik som utvikling innan bioøkonomi og sirkulær økonomi, styrkjer jordbruket sitt bidrag til gjenvinning av restråstoff og sidestraumar frå næringa og frå andre delar av samfunnet, som eit ledd i det grøne skiftet.

Delmål 2.5) Innan 2020 halde oppe det genetiske mangfaldet av frø, kulturplanter, husdyr og ville artar som er i slekt med dei, mellom anna gjennom veldrivne og rikhaldige frø- og plantesamlingar nasjonalt, regionalt og internasjonalt, og fremje tilgang til og ei rettferdig og likeverdig fordeling av dei goda som følgjer av bruk av genressursar og tilhøyrande tradisjonell kunnskap, i tråd med internasjonal semje.

Bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar for mat og landbruk, er avgjerande for å tilpasse matproduksjonen til eit endra klima, nye plantesjukdommar og skadegjerarar. I 2024 starta arbeidet med gjennomføring av tiltaksplanen som set i verk strategien Forråd av gener – muligheter og beredskap for framtidas landbruk ved å gjere greie for kva for genressursar som er bevaringsverdige i Noreg, etablere eit heilskapleg nasjonalt bevaringsprogram for desse, og dessutan identifisere tiltak for berekraftig bruk, auka kunnskap og formidling, og samarbeid med andre land.

Svalbard globale frøhvelv som blei etablert av den norske regjeringa i 2008, bidreg til global matsikkerheit gjennom å sikre mangfaldet av frø innan matplanter. I 2025 sende 47 genbankar 46 781 nye frøprøver til frøkvelvet, åtte av desse for første gong. Ved utgangen av 2025 sikrar kvelvet på Svalbard 1 378 238 sikkerheitskopiar av frø frå i alt 131 institusjonar verda over.

Mål 12 Ansvarleg forbruk og produksjon

Delmål 12.3) Innan 2030 halvere matsvinn per innbyggjar på verdsbasis, både i detaljhandelen og blant forbrukarane, og redusere svinn i produksjons- og forsyningskjeda, inkludert svinn etter innhausting.

I 2017 signerte staten ein bransjeavtale med aktørane i verdikjeda for mat, der målet er å halvere matsvinnet innan 2030. Første hovudrapportering frå partane til avtalen viser at matsvinnet blei redusert med om lag 10 pst. i perioden 2015–2020. Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet nedsette i februar 2023 eit utval for å utgreie tiltaks- og verkemiddelbruk for å nå målet om halvering av matsvinnet innan 2030, og vurdere korleis ei matkastelov skal inngå i ein samla verkemiddelbruk. Utvalet leverte si utgreiing 3. januar 2024, og regjeringa er i gang med å følgje opp utgreiinga. Lov om forebygging og reduksjon av matsvinn (matsvinnloven) blei vedteken av Stortinget 20. mai 2025, jf. Innst. 373 L (2024–2025). Det er sett i gang utgreiingsarbeid for å få på plass utfyllande forskrifter med sikte på at desse trer i kraft i løpet av 2026. Regjeringa har òg teke initiativ til ein revisjon av bransjeavtalen for reduksjon av matsvinn.

Matsvinn i jordbrukssektoren kan kome av at produkta ikkje held høg nok kvalitet, eller har feil, skadar, sjukdommar med meir. Det blir arbeidd kontinuerleg med mellom anna forsking og utvikling, dyrehelse, plantehelse og mattryggleik i dei ulike sektorane, som òg bidreg til høgare kvalitet på produksjonane og lågare matsvinn.

Landbruksdirektoratet har levert eit kunnskapsgrunnlag om årsaker til matsvinn og føreslått tiltak for å redusere matsvinnet i primærleddet i grøntsektoren. Rapporten blei levert til jordbruksoppgjeret 2024.

Mål 15 Livet på land

Landbruks- og matdepartement har medansvar for å følgje opp delmål under mål 15 Livet på land.

Delmål 15.2) Innan 2020 fremje innføringa av ei berekraftig forvaltning av all slags skog, stanse avskoging, byggje opp att forringa skogar, og i vesentleg grad auke atterreising og nyplanting av skog på globalt nivå.

Om lag 40 pst. av Noregs landareal er dekt av skog. Det er eit krav at det skal leggjast til rette for at det kjem opp ny skog etter hogst, slik at skogarealet si produksjonsevne kan bli utnytta i eit langsiktig perspektiv. Skogen er òg viktig for å binde karbon. Skog i vekst tek opp CO2, og aktiv skogskjøtsel, med hogst, planting, gjødsling og ungskogspleie, bidreg til ein vesentleg klimagevinst. Jordbruksavtalen bidreg til å styrkje innsatsen på dette området. Kommunane kontrollerer skogeigarane sin innsats for forynging årleg. Det blir gjort miljøregistreringar på skogareal der det blir drive skogbruk for å skaffe eit godt kunnskapsgrunnlag om livsmiljø for artar og andre miljøverdiar. Gode avvegingar mellom næringsverksemd og miljøomsyn, og mellom bruk og vern står sentralt i ein berekraftig skogpolitikk.

Delmål 15.3) Innan 2030 motarbeide ørkenspreiing, restaurere forringa land og matjord, inkludert landområde som er ramma av ørkenspreiing, tørke og flaum, og arbeide for ei verd utan landforringing.

Noreg har lite matjord, og jordvernet har difor høg prioritet. Oppdatert jordvernstrategi frå juni 2023 set mål om at årleg omdisponering av dyrka mark ikkje skal overstige 2 000 dekar innan 2030. Ein var under 2 000 dekar for første gong i 2025. Nasjonalt jordprogram blei lansert i 2020, jf. rapporten Nasjonalt program for jordhelse. Fleire element i jordprogrammet er no implementert. Nasjonalt Miljøprogram og Regionale miljøprogram har fått jord og jordhelse som eige miljøtema med tilhøyrande nye jordhelsefremjande tiltak. Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har sett i gang overvaking av jordsmonn i skog og beitemark. Utfordringar med forringa jord er truleg mindre i Noreg enn i mange andre land, men kunnskapen er mangelfull. God kunnskap og overvaking av jordsmonn er naudsynt for å avdekkje kva problem vi har og tiltak som trengst. NIBIO har òg etablert JordVAAK, eit jordovervakingsprogram der det skal samlast inn data og overvake utviklinga av tilstanden til jordsmonnet, og endring i lagring og utslepp av karbon frå jordbruksjord. Som omtalt under delmål 2.4 ovanfor, er det sett i gang arbeid med å gå gjennom klimatilpassingar i landbruket. Korleis drift og areal kan innrettast for å motstå tørke og flaum, vil vere ein del av gjennomgangen.

Delmål 15.4) Innan 2030 bevare økosystem i fjellområde, inkludert det biologiske mangfaldet der, slik at dei skal bli betre i stand til å yte viktige bidrag til ei berekraftig utvikling.

Arealgrunnlaget for reindrifta har hatt stor merksemd i dei årlege forhandlingane om reindriftsavtalen, og er også eit prioritert område i reindriftsavtalen 2026/2027. Ivaretaking av areal i reinbeiteområde er ei prioritert oppgåve på alle nivå i reindriftsforvaltninga, og det blir arbeidd med å gjere kommunane meir bevisste på omsynet til reindrift i arealplanlegginga. Regjeringa la i 2023 fram ei tiltakspakke for reindrift og energi som skal leggje til rette for å nå måla om auka utbygging av fornybar energi og berekraftig reindrift. Sjå nærare omtale i del I av proposisjonen. Den særskilde satsinga over jordbruksavtalen for å styrkje grunnlaget for berekraftig verdiskaping i fjellandbruket med vekt på seter og utmark blei vidareført i samband med jordbruksoppgjeret i 2026. I tillegg blei det etablert ei ny ordning med tilskott til investeringar i setrer med mjølkeproduksjon, som skal bidra til langsiktig seterdrift og å ta i vare Noreg sine forpliktingar i samband med at den norske seterkulturen er på UNESCOs liste over immateriell kulturarv.

Delmål 15.6) Fremje ei rettferdig og likeverdig deling av goda som er knytte til bruk av genressursar, og fremje formålstenleg tilgang til slike ressursar i tråd med internasjonal semje.

Noreg gir årlege bidrag til fondet til plantetraktaten for fordelsdeling og gir tilgang til plantegenetiske ressursar for mat og landbruk i tråd med føresegnene til traktaten.

9 Oversikt over lønsvilkåra til leiarar i heileigde statlege verksemder

Tabell 9.1 Statskog SF

Utgifter 2025

Kroner

Løn, adm. direktør

2 187 000

Pensjonsutgifter

180 000

Anna godtgjersle

20 000