Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 1 S (2016–2017)

FOR BUDSJETTÅRET 2017 — Utgiftskapitler: 1300–1380 Inntektskapitler: 4300–4380, 5577, 5618, 5619, 5622 og 5624

Til innholdsfortegnelse

Del 1
Innleiing og oversikt

1 Mål og hovudprioriteringar

1.1 Regjeringa sine mål med samferdselspolitikken

Å forbetre og fornye transportinfrastrukturen i landet er ei prioritert oppgåve for regjeringa. Reduserte transportkostnader betrar konkurranseevna for næringslivet og legg til rette for eit velfungerande arbeidsmarknad over heile landet.

Regjeringa vil leggje til rette for eit moderne transportnett i Noreg med riks- og fylkesvegar, jernbane og anna kollektivtransport, og infrastruktur for luft- og sjøtransport som tek omsyn til framkome, miljø, transporttryggleik og tilgjenge. Løyvingane til veg, jernbane og kystformål er auka, og regjeringa overoppfyller planrammene i Nasjonal transportplan 2014–2023 for dei første fire åra av planperioden. Med budsjettforslaget er rammene overoppfylte med 9 mrd. kr etter fire år.

Større effektivitet og samfunnsøkonomisk lønnsemd er eit mål for regjeringa. I tillegg til auka løyvingar til ny infrastruktur og til å redusere vedlikehaldsetterslepet på eksisterande infrastruktur, gjennomfører regjeringa viktige tiltak for å utnytte ressursane i sektoren betre. Nye Veier AS er etablert for å medverke til meir effektiv vegutbygging, og i 2017 legg regjeringa til rette for å gjennomføre jernbanereforma. Føremålet med reforma er ein betre styringsstruktur, ei meir forretningsmessig organisasjonsform, betre kundeorientering og tydelegare mål, for å utnytte dei store investeringane i jernbaneinfrastruktur dei seinare åra. Regjeringa legg opp til at infrastrukturføretaket, Bane NOR SF, og Jernbanedirektoratet skal vere operative frå 1. januar 2017.

Innkrevjing av bompengar kan og bør bli meir effektiv. Arbeidet med bompengereforma held fram, m.a. er fylkeskommunane i gang med å etablere regionale bompengeselskap. Regjeringa har eit mål om å redusere bompengebelastinga for bilistane og foreslår eit årleg tilskot på 500 mill. kr for å redusere takstane utanfor byområda.

Regjeringa vil leggje til rette for at meir av godstrafikken skal gå på sjøen. Under Kystverket blir det foreslått å opprette ei treårig forsøksordning med tilskot til overføring av gods frå veg til sjø.

Folketalet i byområda aukar og er venta å vekse kraftig i åra som kjem. Dette får konsekvensar for samferdselspolitikken. Regjeringa vil gjennomføre ei kraftig satsing på bygging av infrastruktur i og rundt dei største byane. Vidare vil regjeringa leggje betre til rette for at fleire kan reise kollektivt, sykle eller gå. Staten har inngått ein bymiljøavtale med Trondheim kommune og Sør-Trøndelag fylkeskommune, og det blir forhandla med fleire byar om bymiljøavtalar.

Den nye postlova legg til rette for at brukarar over heile landet skal få tilgang til gode og framtidsretta posttenester og eit likeverdig tilbod av leveringspliktige tenester til overkommeleg pris. På stader der det ikkje er eit ordinært avisbodnett har Samferdselsdepartementet inngått ein avtale om distribusjon av aviser i abonnement på laurdagar.

Elektronisk kommunikasjon og internett er ein viktig innsatsfaktor i næringslivet, forvaltninga og ikkje minst i kvardagen for folk flest. Løysingar i ekomsektoren vil påverke korleis helsevesen, utdanning og arbeidsdag blir organisert i framtida. Noreg har allereie god dekning for breiband og er langt framme i bruk av elektronisk kommunikasjon i heile samfunnet. Høghastigheitsbreiband, både mobilt og fast, gjer ein stor forskjell når det gjeld korleis elektronisk kommunikasjon kan takast i bruk og utnyttast.

Samfunnet blir stadig meir avhengig av elektronisk kommunikasjon og IKT-system for å fungere godt til dagleg og ved større hendingar. Dei kommersielle ekomtilbydarane investerer mykje i meir robuste nett og tryggleik, og norske nett held bra kvalitet. I tillegg har regjeringa sett krav til forsvarleg tryggleik i ekomtenestene og løyvd midlar til forsterka ekom i utsette kommunar.

1.2 Hovudprioriteringane i budsjettet for 2017

Utgifter fordelt på programkategori

(i 1 000 kr)

Prg.kat..

Betegnelse

Regnskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

21.10

Administrasjon m.m.

520 241

562 816

572 400

1,7

21.20

Luftfartsformål

1 025 664

1 097 386

1 137 200

3,6

21.30

Vegformål

26 660 229

30 727 098

33 619 600

9,4

21.40

Særskilte transporttiltak

42 104 839

32 365 700

2 602 500

-92,0

21.50

Jernbaneformål

20 411 661

21 530 486

25 615 600

19,0

21.60

Kystforvaltning

2 572 229

2 693 474

2 626 800

-2,5

Sum programområde 21

93 294 863

88 976 960

66 174 100

-25,6

22.10

Post og telekommunikasjoner

772 101

786 776

656 000

-16,6

Sum programområde 22

772 101

786 776

656 000

-16,6

Sum utgifter

94 066 964

89 763 736

66 830 100

-25,5

Korrigert for div. omlegginger

59 763 636

62 387 633

4,4

Hovudprioriteringane i budsjettforslaget for Samferdselsdepartementet er:

  • Overoppfylle rammene i Nasjonal transportplan 2014-2023.

  • Vidare opptrapping av løyvingane til Nye Veier AS til 5 mrd. kr i 2018

  • Gjennomføre jernbanereforma ved å opprette Jernbanedirektoratet og Bane NOR SF

  • Tilskot for å redusere bompengetakstane utanfor byområda

  • Ny forsøksordning med tilskot for overføring av gods frå veg til sjø.

Regjeringa foreslår å løyve 66,8 mrd. kr til Samferdselsdepartementet. For å kunne samanlikne tal med saldert budsjett 2016 ekskl. lånetransaksjonar, må det gjerast fleire korreksjonar. Frå 2017 er det lagt til grunn at den einskilde verksemda skal betale pensjonspremie til Statens pensjonskasse. Jernbanereforma inneber fleire nye typar utgifter, m.a. er det lagt inn om lag 4,2 mrd. kr i meirverdiavgift i kjøp av infrastrukturtenester frå Bane NOR SF. Korrigert for slike utgifter er samferdselsbudsjettet på om lag 62,4 mrd. kr, ein auke på 2,6 mrd. kr eller 4,4 pst. frå saldert budsjett 2016. Til vegformål er det avsett 400 mill. kr til ei tiltakspakke retta mot Sør- og Vestlandet til dekkelegging og gang- og sykkelvegar.

Satsing på transportinfrastruktur, både drift og vedlikehald og investeringar, er kjernen i samferdselsbudsjettet. For første gang på fleire tiår er vedlikehaldsetterslepet på riksveg og jernbane stansa og redusert dei siste åra. Med budsjettforslaget for 2017 vil etterslepet gå ned med 1,6 mrd. kr for riksvegar, og det vil ikkje auke for jernbane.

Til vegformål er det avsett 33 mrd. kr, ekskl. pensjonspremie, ein auke på 2,3 mrd. kr eller 7,3 pst. 29,9 mrd. kr skal gå til Statens vegvesen. Det er lagt til grunn statlege midlar som gir rom for oppstart av tre nye store riksvegprosjekt, E39 Rogfast, E39 Bjørset–Skei og E16 Bjørum–Skaret. I tillegg er det lagt opp til oppstart av skredsikringsprosjektet rv 13 Vik–Vangsnes. Avsett beløp til skredsikring er om lag som i 2016. Det er lagt opp til uendra riksvegferjetilbod og 5 pst. realtakstauke. Det er avsett 3,1 mrd. kr til Nye Veier AS.

Som ein del av det grøne skiftet er det foreslått 502,8 mill. kr til ei tilskotsordning for å redusere bompengetakstane utanfor byane.

Det er avsett 25,6 mrd. kr til jernbaneformål. Jernbanereforma gjer at jernbanebudsjettet er lagt om. Med gamal modell (Jernbaneverket) er budsjettet til jernbaneinfrastrukturen om lag uendra, dvs. om lag 18,2 mrd. kr. Det er m.a. avsett 776 mill. kr til planlegging av dei første InterCity-prosjekta, dvs. Venjar-Eidsvoll-Langset og Kleverud-Sørli på Dovrebanen, og prosjektet Sandbukta-Moss-Såstad på Østfoldbanen. Det er i alt foreslått nærmare 1,5 mrd. kr til planlegging av nye investeringsprosjekt. Nivået på kjøp av persontransport med tog følgjer opp inngåtte avtalar.

Innanfor kystformål er det foreslått å innføre ei treårig forsøksordning med tilskot for overføring av gods frå veg til sjø med ei løyving på 30 mill. kr. Elles blir vedlikehald og fornying prioritert.

Regjeringa vil styrkje kollektivtransporten i byområda. Det blir foreslått å løyve 937,7 mill. kr til belønningsordninga for betre kollektivtransport mv. For å følgje opp bymiljøavtalar blir det foreslått 229,8 mill. kr til store kollektivprosjekt og 170 mill. kr i belønningsmidlar til bymiljøavtalar.

Tilsyna og Statens havarikommisjon for transport er styrkt. Vegtilsynet vil bli oppretta som eigen etat.

Regjeringa foreslår ein ny investeringsramme på 3 mrd. kr til rentekompensasjon for transporttiltak i fylka.

I 2017 er det lagt inn 1 420 mill. kr i overføringane til fylkeskommunane til å dekkje utgifter til opprusting og fornying av fylkesvegar. Dette er ein auke på 200 mill. kr frå 2016.

Forslaga til løyving i 2017 innanfor dei ulike programkategoriane er kort omtala nedanfor.

Administrasjon, forsking og utvikling

Samla budsjettforslag til administrasjon m.m. er på 572,4 mill. kr. Løyvinga på kap. 1300 utgjer til saman 408,1 mill. kr og går til drifta av departementet, kontingentar mv. til internasjonale organisasjonar, tilskot til trafikktryggleiksformål, samferdselsberedskap og Redningsselskapet, løyving til miljøbase/oljevernbase i Lofoten/Vesterålen og midlar til utgreiingar, lønn og andre driftsutgifter i samband med arbeidet med transportreforma.

Vidare omfattar programkategorien løyvingar til forsking og utgreiingar, der det samla er foreslått å løyve 164,3 mill. kr. Løyvinga vil i hovudsak gå til transportforsking og forsking på elektronisk kommunikasjon i regi av Norges forskningsråd.

Luftfartsformål

Samla budsjettforslag til luftfartsformål er 1 137,2 mill. kr.

Det er budsjettert med 815,4 mill. kr til kjøp av flytransport. Til ordninga med driftstilskot til ikkje-statlege flyplassar er det foreslått å løyve 29,3 mill. kr.

Til Luftfartstilsynet er det foreslått å løyve 220,4 mill. kr og til Statens havarikommisjon for transport 72,1 mill. kr.

Vegformål

Til vegformål er det i alt foreslått å løyve 33,6 mrd. kr.

Det er budsjettert med 30,5 mrd. kr til Statens vegvesen og nærmare 3,1 mrd. kr til Nye Veier AS.

Det er foreslått 11,5 mrd. kr til drift og vedlikehald av riksvegar og trafikant- og køyretøytilsyn m.m. På post 30 Riksveginvesteringar er det foreslått å løyve 14,6 mrd. kr. I tillegg kjem investeringsmidlar til skredssikring, og til prosjekta E16 over Filefjell, E6 vest for Alta og vegutbygging i Bjørvika, som er førte på eigne postar. Til saman utgjer dette 16,1 mrd. kr til investeringar på riksvegane over Statens vegvesen sitt budsjett. I tillegg kjem løyvinga til Nye Veier AS.

Dei statlege midlane til store vegprosjekt i 2017 vil i hovudsak bli brukt til å følgje opp vedtekne riksvegprosjekt. Det er i 2017 lagt opp til anleggsstart med statlege midlar av prosjektet E39 Bjørset–Skei.

Det er òg lagt til grunn statlege midlar som gir rom for førebuande arbeid og anleggsstart i 2017 på desse prosjekta:

  • E39 Rogfast i Rogaland

  • E16 Bjørum–Skaret i Akershus og Buskerud.

Endeleg kostnads- og styringsramme for desse prosjekta er ikkje vurdert. Ny informasjon vil kunne føre til endringar i den samla prosjektporteføljen. Regjeringa legg opp til å komme tilbake til Stortinget med endeleg innretting og forslag til godkjenning av bompengefinansiering når prosjekta er vurderte nærmare.

Det er sett av statlege midlar til førebuande arbeid i 2017 på dei to OPS-prosjekta:

  • Rv 3/25 Ommangsvollen–Grundset/Basthjørnet i Hedmark

  • Rv 555 Sotrasambandet i Hordaland.

Desse prosjekta med kostnad over 100 mill. kr er venta opna for trafikk i 2017:

  • Rv 110 Ørebekk–Simo i Østfold

  • E18 Riksgrensen–Ørje i Østfold

  • Rv 4 Lunner grense–Jaren inkl. Lygna sør i Oppland

  • E18 Bommestad–Sky i Vestfold

  • E39 Hove–Sandved i Rogaland

  • Rv 509 Sømmevågen i Rogaland

  • Rv 509 Sømmevågen–Sola skole i Rogaland

  • E6 Sørkjosfjellet i Troms.

Den samla innsatsen til tunnelar er om lag 2 535 mill. kr, som er ein auke på om lag 350 mill. kr frå 2016. Med forslaget til løyving til fornying vil etterslepet i vedlikehaldet på riksvegnettet bli redusert med om lag 1 600 mill. kr i 2017.

Skredsikring er viktig for å gjere vegane meir pålitelege og trygge. Det er foreslått å løyve 659 mill. kr til skredssikring på riksvegar og 687,8 mill. kr på fylkesvegar. Skredsikringsprosjektet rv 13 Vik–Vangsnes startar opp i 2017.

Det er foreslått 477,1 mill. kr i statlege midlar til tiltak for gåande og syklande. Vidare er det foreslått 200 mill. kr til bymiljøavtalar. Til trafikktryggleikstiltak er det foreslått 551,1 mill. kr.

Til riksvegferjedrifta er det foreslått å løyve 1 140,9 mill. kr.

Det blir foreslått å løyve nærmare 3,1 mrd. kr til Nye Veier AS i 2017. Løyvinga vil gå til å finansiere utbygginga av:

  • E18 Tvedestrand–Arendal i Aust-Agder

  • E18 Rugtvedt–Dørdal i Telemark

  • E6 Kolomoen–Moelv i Hedmark.

Vegtilsynet bli skilt ut som eigen etat i 2017. Det er foreslått å løyve 20,8 mill. kr til tilsynet.

Særskilde transporttiltak

Det er foreslått eit samla budsjett på 2,6 mrd. kr til særskilde transporttiltak.

Til belønningsordninga for betre kollektivtransport mv. i byområda er det foreslått å løyve 939,7 mill. kr. Det er vidare foreslått å løyve 170 mill. kr i belønningsmidlar i bymiljøavtalar til å dekkje den statlege delen av bymiljøavtalen med Trondheim i 2017.

Det er foreslått 229,8 mill. kr i statleg tilskot til store kollektivprosjekt. Løyvinga er fordelt som følgjer:

  • Fornebubanen i Oslo og Akershus om lag 50 mill. kr

  • Superbussløsning i Trondheim om lag 42 mill. kr

  • Bybanen i Bergen om lag 50 mill. kr

  • Bussveien på Nord-Jæren om lag 85 mill. kr.

Det er foreslått å løyve 78,3 mill. kr til særskilt tilskot til kollektivtransport som omfattar ordninga med forvaltning av system for nasjonal reiseplanleggar og elektronisk billettering og utvida ordning for betra TT-tilbod til brukarar med særlege behov.

For å vidareføre avtalen mellom Samferdselsdepartementet og Hurtigruten ASA for sjøtransporttenester på strekninga Bergen–Kirkenes er det foreslått å løyve 681,8 mill. kr. Avtalen sikrar daglege seglingar heile året mellom Bergen og Kirkenes og til 32 hamner på strekninga.

Det er foreslått å løyve 502,8 mill. kr i tilskot for reduserte bompengetakstar utanfor byområda.

Innskota i infrastrukturfondet i 2013-2016 på i alt 100 mrd. kr gir ei avkastning på 2 053 mill. kr. Avkastninga frå innskota i 2013, 2014 og 2015 er fordelt med:

  • 479 mill. kr til fornying av riksvegnettet

  • 389 mill. kr til Nye Veier AS

  • 305 mill. kr til fornying av jernbanenettet

  • 248 mill. kr til drift og vedlikehald av jernbanenettet

  • 87 mill. kr til kystformål

  • 71 mill. kr for å finansiere reduksjon av sektoravgifter for Kystverket.

Avkastninga på 474 mill. kr frå innskotet i 2016 på 30 mrd. kr er foreslått fordelt til Nye Veier AS.

Jernbaneformål

Det er foreslått å løyve 25,6 mrd. kr til jernbaneformål. Løyvinga er inkludert meirverdiavgift på Jernbanedirektoratets kjøp av infrastrukturtenester frå Bane NOR SF på om lag 4,2 mrd. kr og forsikring på 100 mill. kr.

Regjeringa legg opp til at Jernbanedirektoratet og Bane NOR SF vil vere operative frå 1. januar 2017. Jernbanedirektoratet tek over ansvaret for kjøp av persontransporttenester med tog og løyvinga til dette inngår i budsjettet til Jernbanedirektoratet. Direktoratet skal også kjøpe infrastrukturtenester frå Bane NOR SF, som i dag blir løyvd over budsjettet til Jernbaneverket. Det gjeld drift og vedlikehald av jernbanenettet, planlegging og investeringar.

For 2017 foreslår regjeringa å løyve 372,1 mill. kr i driftsutgifter til Jernbanedirektoratet. Løyvinga omfattar drifta av direktoratet, inkludert Norsk jernbaneskole og Norsk jernbanemuseum. Det er foreslått 200 mill. kr i spesielle driftsutgifter, som gjeld direktoratet sine utgifter til planlegging og utredning av nye jernbaneprosjekter i tidleg fase mv.

Det er foreslått å løyve 6,8 mrd. kr til kjøp av drift og vedlikehald, inkl. Gardermobanen. Løyvinga inneber at etterslepet på vedlikehaldet av jernbanenettet ikkje aukar i 2017. Det er foreslått 544 mill. kr til å vidareføre ERTMS-prosjektet.

Det er foreslått å løyve 8,8 mrd. kr til kjøp av investeringar i jernbaneinfrastruktur, og det er avsett 4,9 mrd. kr til Follobanen. Forslaget gir rasjonell gjennomføring av dette prosjektet og dei andre store pågåande store investeringsprosjekta i 2017.

I 2017 blir utbygginga av desse store prosjekta vidareført:

  • nytt dobbeltspor Oslo–Ski (Follobanen)

  • dobbeltspor Langset–Kleverud (Fellesprosjektet Dovrebanen-E6)

  • dobbeltspor på Vestfoldbanen (strekningane Holm–Holmestrand–Nykirke og Farriseidet–Porsgrunn)

  • moderniseringa av Trønder- og Meråkerbanen (Hell-Værnes) og Vossebanen (Bergen-Arna).

Det blir sett av nærmare 1,5 mrd. kr til vidare planlegging, der InterCity-strekningar, inkludert Ringeriksbanen, Alnabru godsterminal og elektrifisering av Trønderbanen er prioritert.

Til Bane NOR SF er det òg foreslått å løyve 150 mill. kr i driftskreditt og 150 mill. kr for å dekkje omstillingskostnader.

Det er foreslått å løyve om lag 3,2 mrd. kr til statleg kjøp av persontransporttenester med tog.

Til Statens jernbanetilsyn er det foreslått å løyve 91,5 mill. kr. I løyvinga inngår tilsynet med tau- og kabelbaner og tivoli og moroparkar.

For å leggje til rette for nødvendig kapitalisering i samband med omdanninga av NSB AS er det foreslått ikkje å budsjettere med utbytte frå selskapet i 2017.

Kystforvaltning

Til kystforvaltning er det foreslått å løyve om lag 2,6 mrd. kr.

Det er foreslått om lag 1,7 mrd. kr til Kystverkets driftsutgifter. Her inngår, i tillegg til drift av Kystverket, m.a. navigasjonsinfrastruktur, sjøtrafikksentralar, transportplanlegging, losordninga, beredskap mot akutt forureining og tilskot til kystkultur.

Det er foreslått å løyve 52,9 mill. kr til spesielle driftsutgifter i 2017. Av dette er 40 mill. kr foreslått til vidare arbeid med miljøtiltak for U-864.

Det er foreslått 408,8 mill. kr til nyanlegg og større vedlikehald. Midlane er fordelte med 242,1 mill. kr til utbetringar av farleier og 110,6 mill. kr til fiskerihamneprosjekt. I tillegg blir det sett av 53,1 mill. kr til navigasjonsinfrastruktur.

Til større kjøp og vedlikehald er det foreslått å løyve 217 mill. kr. Innanfor løyvinga er det sett av 83,9 mill. kr til å byggje eit fjerde multifunksjonsfartøy til Kystverket. Det er foreslått 30,2 mill. kr til Barents Watch.

Det er budsjettert med 60,5 mill. kr i tilskot til fiskerihamneanlegg. Vidare er det budsjettert med 10,3 mill. kr i tilskot til hamnesamarbeid, der formålet er å stimulere hamnene til betre utnytting av infrastrukturen. Til ei forsøksordning i tre år med tilskot til overføring av gods frå veg til sjø blir det foreslått å løyve 30 mill. kr. Ordninga må godkjennast av ESA.

Til drift av Samfunnet Jan Mayen og utgifter i samband med avviklinga av navigasjonssystemet Loran-C er det foreslått å løyve 47,4 mill. kr. Det er sett av 5,5 mill. kr til å utbetre infrastruktur på Jan Mayen.

Post og telekommunikasjonar

Til post og telekommunikasjonar samla er det budsjettert med utgifter på 656 mill. kr. Det er foreslått å løyve 272 mill. kr til kjøp av post- og banktenester. Løyvinga omfattar 177 mill. kr til Posten Norge AS og 95,2 mill. kr til distribusjon av aviser i abonnement på laurdagar på stader utan ordinært avisbodnett.

Til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit er det foreslått å løyve 383,8 mill. kr.

For å gjere ekomnetta meir robuste og styrkje beredskapsevna er det foreslått å løyve 80,2 mill. kr i tilskot til teletryggleik og beredskap. Ekomtilbydarane byggjer ut infrastrukturen på kommersielt grunnlag. Ordninga med tilskot til breibandsutbygging er foreslått vidareført for å auke kapasiteten og betre dekninga i område der marknaden ikkje fungerer tilfredsstillande. Det blir foreslått å løyve 93,7 mill. kr i tilskot til breibandsutbygging.

2 Diverse omtaler

2.1 Forenkla modell for premiebetaling til Statens pensjonskasse

Frå 2017 innfører regjeringa ein forenkla modell for premiebetaling til Statens pensjonskasse for dei verksemdene som i dag ikkje betaler premie. Dette vil i større grad gjere verksemdene ansvarlege for sine pensjonskostnader. Berre ei av tre statlege verksemder betaler i dag pensjonspremie til Statens pensjonskasse. Dette kan føre til at verksemdene tilset meir personale enn dei ville ha gjort med ei rettare prising av innsatsfaktorane. Investeringar i digitale løysingar eller kjøp av tenester frå private vil bli meir aktuelt og svare seg om staten har ein rettare pris på arbeidskrafta.

Den delen av statens pensjonsutgifter som i dag ikkje blir finansiert av premieinntekter, blir dekt sentralt av staten over kap. 612 Tilskot til Statens pensjonskasse og kap. 613 Arbeidsgivaravgift til folketrygda. Modellen som blir innført vil medføre auka premieinntekter til Statens pensjonskasse og dermed reduserte tilskot til Statens pensjonskasse. I budsjettforslaget er verksemdene kompenserte ut frå overslag for auka utgifter. Modellen er samla sett provenynøytral på omleggingstidspunktet. Nærmare omtale er gitt i Gul bok 2017.

Tabellen under viser kompensasjonen for departementet og etatane på 01-postar og ev. andre postar.

Kap.

(i 1 000 kr)

1300

Samferdselsdepartementet

18 556

1313

Luftfartstilsynet

17 472

1314

Statens havarikommisjon for transport

5 483

1320

Statens vegvesen

638 354

1323

Vegtilsynet

1 103

1352

Jernbanedirektoratet

18 000

1354

Statens jernbanetilsyn

6 923

1360

Kystverket

54 065

1380

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet

13 011

2.2 Digital post

Alle statlege verksemder skal i 2016 ta i bruk digital post til innbyggjarane. Dette gjeld sending av post til innbyggjarar som har valt digital postkasse og som ikkje har reservert seg. Altinn skal brukast for digital post frå forvaltninga til næringsdrivande. Overgangen frå å sende post på papir til digital post vil gi statlege verksemder innsparingar, m.a. reduserte portokostnader. For å realisere delar av desse gevinstane foreslår regjeringa ein samla reduksjon på 193,3 mill. kr i 2017. For Samferdselsdepartementet og etatane er det trekt ut om lag 1,5 mill. kr i alt.

3 Oversikt over budsjettforslaget mv.

3.1 Utgifter og inntekter fordelt på kapittel

Tabellane under viser løyvingane som blir foreslått til samferdselsområdet fordelt på utgifts- og inntektskapittel.

Utgifter fordelt på kapitler

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

Administrasjon m.m.

1300

Samferdselsdepartementet

361 997

402 130

408 100

1,5

1301

Forskning og utvikling mv.

158 244

160 686

164 300

2,2

Sum kategori 21.10

520 241

562 816

572 400

1,7

Luftfartsformål

1310

Flytransport

727 236

811 400

815 400

0,5

1311

Tilskudd til regionale flyplasser

36 670

28 500

29 300

2,8

1313

Luftfartstilsynet

197 279

194 112

220 400

13,5

1314

Statens havarikommisjon for transport

64 479

63 374

72 100

13,8

Sum kategori 21.20

1 025 664

1 097 386

1 137 200

3,6

Vegformål

1320

Statens vegvesen

26 603 129

29 427 098

30 523 600

3,7

1321

Nye Veier AS

57 100

1 300 000

3 075 200

136,6

1323

Vegtilsyn

20 800

Sum kategori 21.30

26 660 229

30 727 098

33 619 600

9,4

Særskilte transporttiltak

1330

Særskilte transporttiltak

2 104 839

2 365 700

2 602 500

10,0

1331

Infrastrukturfond

40 000 000

30 000 000

-100,0

Sum kategori 21.40

42 104 839

32 365 700

2 602 500

-92,0

Jernbaneformål

1350

Jernbaneverket

17 284 152

18 202 044

-100,0

1351

Persontransport med tog

3 047 901

3 249 900

-100,0

1352

Jernbanedirektoratet

25 224 100

1354

Statens jernbanetilsyn

79 608

78 442

91 500

16,6

1356

Bane NOR SF

100

300 000

299 900,0

Sum kategori 21.50

20 411 661

21 530 486

25 615 600

19,0

Kystforvaltning

1360

Kystverket

2 529 206

2 631 766

2 579 400

-2,0

1361

Samfunnet Jan Mayen og Loran-C

43 023

61 708

47 400

-23,2

Sum kategori 21.60

2 572 229

2 693 474

2 626 800

-2,5

Sum programområde 21

93 294 863

88 976 960

66 174 100

-25,6

Post og telekommunikasjoner

1370

Posttjenester

418 000

403 000

272 200

-32,5

1380

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet

354 101

383 776

383 800

0,0

Sum kategori 22.10

772 101

786 776

656 000

-16,6

Sum programområde 22

772 101

786 776

656 000

-16,6

Sum utgifter

94 066 964

89 763 736

66 830 100

-25,5

Inntekter fordelt på kapitler

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

Administrasjon m.m.

4300

Samferdselsdepartementet

2 409

2 594

2 600

0,2

5577

Sektoravgifter under Samferdselsdepartementet

846 889

749 000

986 000

31,6

Sum kategori 21.10

849 298

751 594

988 600

31,5

Luftfartsformål

4312

Avinor AS

444 370

444 400

444 400

0,0

4313

Luftfartstilsynet

129 495

129 446

137 200

6,0

5619

Renter av lån til Avinor AS

95 124

74 000

50 300

-32,0

5622

Aksjer i Avinor AS

500 000

500 000

500 000

0,0

Sum kategori 21.20

1 168 989

1 147 846

1 131 900

-1,4

Vegformål

4320

Statens vegvesen

816 278

643 400

718 300

11,6

4322

Svinesundsforbindelsen AS

5 000

25 000

190 000

660,0

5624

Renter av Svinesundsforbindelsen AS

14 476

28 000

20 000

-28,6

Sum kategori 21.30

835 754

696 400

928 300

33,3

Særskilte transporttiltak

4331

Infrastrukturfond

870 088

1 579 000

2 053 000

30,0

Sum kategori 21.40

870 088

1 579 000

2 053 000

30,0

Jernbaneformål

4350

Jernbaneverket

793 393

700 250

-100,0

4352

Jernbanedirektoratet

31 000

4354

Statens jernbanetilsyn

13 298

13 674

14 000

2,4

5611

Aksjer i NSB AS

753 000

595 000

-100,0

Sum kategori 21.50

1 559 691

1 308 924

45 000

-96,6

Kystforvaltning

4360

Kystverket

10 081

11 378

11 700

2,8

4361

Samfunnet Jan Mayen og Loran C

7 117

5 490

5 700

3,8

Sum kategori 21.60

17 198

16 868

17 400

3,2

Sum programområde 21

5 301 018

5 500 632

5 164 200

-6,1

Post og telekommunikasjoner

4380

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet

183 065

177 876

600

-99,7

5618

Aksjer i Posten Norge AS

300 000

320 000

120 000

-62,5

Sum kategori 22.10

483 065

497 876

120 600

-75,8

Sum programområde 22

483 065

497 876

120 600

-75,8

Sum inntekter

5 784 083

5 998 508

5 284 800

-11,9

3.2 Bruk av stikkordet «kan overførast»

Oversikten under viser dei postane utanom postgruppe 30–49 som i 2016 har stikkordet «kan overførast».

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2016

Forslag 2017

1301

50

Samferdselsforsking

108

143 200

1310

70

Kjøp av innanlandske flyruter

15 274

815 400

1311

71

Tilskot til ikkje-statlege flyplassar

6 366

29 300

1320

23

Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m.

39 746

11 539 400

1320

29

Vederlag til OPS-prosjekt

2 590

519 000

1320

62

Skredsikring fylkesvegar

48 225

687 800

1320

63

Tilskot til gang- og sykkelvegar

56 245

100 000

1320

72

Kjøp av riksvegferjetenester

75 967

1 140 900

1330

60

Særskilt tilskot til kollektivtransport

52 914

78 300

1330

61

Belønningsordninga for betre kollektivtransport mv. i byområda

0

939 700

1330

63

Særskilt tilskot til Fornebubanen1

25 000

229 800

1350

23

Drift og vedlikehald2

0

0

1350

25

Drift og vedlikehald av Gardermobanen2

4 714

0

1351

70

Kjøp av persontransport med tog3

227 569

0

1360

21

Spesielle driftsutgifter

134 427

52 900

1360

60

Tilskot til fiskerihamneanlegg

52 669

60 500

1360

71

Tilskot til hamnesamarbeid

2 672

10 300

1380

70

Tilskot til teletryggleik og -beredskap

7 856

80 200

1380

71

Tilskot til breibandsutbygging

802

93 700

1 Posten skifta i 2016 namn til Tilskot til store kollektivprosjekt, jf. Prop. 122 S (2015–2016)/Innst. 400 S (2015–2016). Stikkordet galdt for 2016, jf. Prop. 19 S (2015–2016) og Innst. 132 S (2015–2016).

2 Omorganiseringa av jernbanesektoren gjer at posten ikkje blir vidareført i 2017.

3 Omorganiseringa av jernbanesektoren gjer at kapitlet ikkje blir vidareført i 2017.

3.3 Endringar i statsbudsjettet etter saldert budsjett 2016

Oversiktene under viser endringane i statsbudsjettet etter saldert budsjett 2016 for utgifter og inntekter.

Endring i utgifter fordelt på kapittel

(i 1000 kr)

Kap.

Post

Prop. S

Innst. S

Saldert budsjett 2016

Endring

Revidert budsjett

1300

01

122

400

173 354

-160

173 194

1300

74

122

400

83 500

10 000

93 500

1310

70

122

400

811 400

-15 300

796 100

1320

23

122

400

10 502 030

25 000

10 527 030

1320

30

122

400

14 514 000

35 000

14 549 000

1320

34

122

400

339 900

-40 000

299 900

1320

37

122

400

357 600

-20 000

337 600

1320

72

122

400

984 300

-30 000

954 300

1330

63

122

400

100 000

90 000

190 000

1350

23

122

400

8 093 094

94 500

8 187 594

1350

30

122

400

5 824 600

32 000

5 856 600

1357

96

122

400

0

100

100

1358

96

122

400

0

100

100

1359

96

122

400

0

100

100

1360

01

122

400

1 709 430

2 000

1 711 430

1360

21

122

400

51 736

-15 000

36 736

1360

30

122

400

553 200

25 000

578 200

1360

45

122

400

197 300

15 000

212 300

Endring i inntekter fordelt på kapittel

(i 1000 kr)

Kap.

Post

Prop. S

Innst. S

Saldert budsjett 2016

Endring

Revidert budsjett

4322

90

122

400

25 000

20 000

45 000

5618

85

122

400

320 000

-320 000

0

5623

85

122

400

8 300

-8 300

0

5624

80

122

400

28 000

14 700

42 700

4 Oppmodingsvedtak

Tabell 4.1 gir ei oversikt over dei oppmodingsvedtaka som Stortinget har vedteke for sesjonen 2015–2016 som gjeld Samferdselsdepartementet, og vedtak frå sesjonane 2014–2015 og 2013–2014 som Stortinget ikkje har kvittert ut. Departementet gjer greie for oppfølginga av vedtaka i del III, pkt. 7.5.

Tabell 4.1 Oppmodingsvedtak ordna etter sesjon og nummer

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

2015–2016

52

Redusere CO2-utslepp i ferjesektoren

2015–2016

53

Standardisere ferjekontraktar

2015–2016

54

Ny teknologi i offentlege anbod

2015–2016

55

Krav til støy og NOX- og partikkelutslepp i anbodsprosessane

2015–2016

58

Ferjeanbod

2015–2016

59

Fylkeskommunale og kommunale ferjer og ruter i eigenregi – låg- eller nullutsleppsteknologi

2015–2016

71

Rentekompensasjonsordning for bompengeselskap

2015–2016

78

Landingsavgifter for fly

2015–2016

80

Låg- og nullutsleppsteknologi for offentlege køyretøy og drosjer, ferjer, rutebåtar og dieseltog

2015–2016

102

Redningsselskapet

2015–2016

320

Redningsselskapet

2015–2016

321

Tungbilkontroll

2015–2016

322

Tilskots- og finansieringsordningane til fiskerihamnene

2015–2016

447

Rusmiddelmisbruk i luftfarten

2015–2016

448

Alkoholmisbruk i luftfarten

2015–2016

449

Promilletesting av pilotar og kabinpersonale

2015–2016

451

Barnas transportplan

2015–2016

530

Retningslinjer for avvikling av sykkelritt

2015–2016

531

Mobile vakter ved gjennomføring av sykkelritt

2015–2016

532

Mellombelse føresegner for å gjennomføre sykkelritt i 2016

2015–2016

636

Fiberkablar til utlandet

2015–2016

720

Rammevilkåra for nærskipsfarten

2015–2016

721

Flytte transportarbeid over på sjø eller bane

2015–2016

722

Stimulere vareeigarar til å nytte sjøvegen

2015–2016

723

Nasjonal transportplan 2018–2029 – logistikknutepunkt

2015–2016

725

Nasjonal hamneplan – konkurransevilkår for skipsfarten

2015–2016

726

Nasjonal hamneplan – innhald

2015–2016

727

Tilskotsordning for hamner

2015–2016

730

Berekningsteknisk rente i prosjektet E18 Tvedestrand – Arendal i Aust-Agder

2015–2016

732

Flyplasskapasiteten i det sentrale Austlandsområdet

2015–2016

733

Ein meir miljøvennleg og berekraftig luftfartssektor med god kapasitetsutnytting

2015–2016

735

Nasjonal transportplan 2018–2029 – organisering av ferjesektoren

2015–2016

871

Nasjonal transportplan 2018–2029 – måltal for låg- og nullutsleppskøyretøy

2015–2016

873

Utviklingskontraktar for hydrogenferjer

2015–2016

874

Nasjonal transportplan 2018–2029 – bruk av hydrogen på jernbanestrekningar som ikkje er elektrifiserte

2015–2016

879

Fornybart drivstoff i innanriks luftfart

2015–2016

880

Null- og lågutsleppsteknologi for supplyfartøy på norsk sokkel

2015–2016

881

Nasjonal transportplan 2018–2029 – landstrømtilbod i norske hamner

2015–2016

906

Takstdifferanse mellom NSB og kollektivselskapa

2015–2016

909

Berekningsteknisk rente i prosjektet E18 Rugtvedt – Dørdal i Telemark

2015–2016

912

Berekningsteknisk rente i prosjektet E6 Kolomoen – Moelv i Hedmark

2015–2016

913

Bom på sideveg fv 84 ved Snarud og Rudshøgda

2015–2016

1000

Flyplassar, m.a. framtidig rolle for dei ikkje-statlege flyplassane i Austlandsområdet

2014–2015

96

Handlingsplan for trafikktryggleik på veg

2014–2015

459

Lågutsleppsoner – heimel i vegtrafikkloven

2014–2015

582

Alkolås

2013–2014

400

Nasjonal plan for elektronisk kommunikasjon

Til toppen
Til dokumentets forside