1 Endra takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar
1.1 Innleiing
Staten og KS forhandlar med Den norske legeforeningen, Norsk Psykologforening og dei tre fysioterapeutorganisasjonane Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund om endringar i basistilskot, driftstilskot og folketrygdrefusjonar for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi som sikrar desse gruppene inntektsauke. Det blir i denne proposisjonen fremma nødvendige løyvingsendringar som følge av desse forhandlingane.
1.2 Fastsetting av basistilskot, driftstilskot og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar
Basistilskot, driftstilskot og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar blir fastsett for perioden 1. juli til 30. juni påfølgjande år.
Forhandlingane med Den norske legeforening og staten, KS og dei regionale helseføretaka om basistilskot, driftstilskot og takstar tok til 12. mai 2026. Forhandlingane er ikkje avslutta. Budsjettmessige konsekvensar vil difor ikkje fremjast i vårsesjonen. Regjeringa gjer difor framlegg om at det blir gitt fullmakt til å gjere nødvendige endringar i budsjettet som følgje av forhandlingane, samt endre forskrifter. Løyvingssakene vil bli lagt fram for Stortinget seinare.
Forhandlingane mellom fysioterapeutorganisasjonane og staten og KS om driftstilskot og takstar starta 18. mai. Forhandlingane er ikkje avslutta. Budsjettmessige konsekvensar vil difor ikkje fremjast i vårsesjonen. Regjeringa gjer framlegg om at det blir gitt fullmakt til å gjere nødvendige endringar i budsjettet som følgje av forhandlingane, samt endre forskrifter. Løyvingssakene vil bli lagt fram for Stortinget seinare.
Forhandlingane om driftstilskot og takstar mellom Norsk Psykologforening og staten og dei regionale føretaka starta 11. mai. Det blei inngått avtale med psykologforeininga 29. mai.
1.3 Løyvingsendringar
Kap. 2711 Spesialisthelseteneste mv.
Post 71 Psykologhjelp
Avtala med psykologforeininga medfører ein auke i honorarinntekta til psykologane tilsvarande 4,7 prosent. Dette gir ein auke i folketrygdas utgifter til refusjonar mv. til psykologane på 14,6 mill. kroner i 2026.