2 Andre saker

Oppfølging av oppmodingsvedtak

Innføring av profesjonsnøytrale takstar i fastlegeordninga

I samband med Stortingets behandling av Meld. St. 23 (2024–2025) Fornye, forsterke, forbedre – Framtidens allmennlegetjenester og akuttmedisinske tjenester utenfor sykehus blei det fatta følgjande vedtak:

Vedtak 906

Stortinget ber regjeringen utrede innføring av profesjonsnøytrale takster i hele fastlegeordningen. Utredningen skal foreligge innen mars 2026.

I tråd med Meld. St. 23 greier Helsedirektoratet ut ny heilskapleg finansieringsmodell for fastlegeordninga. Som oppfølging av Stortingets vedtak har Helsedirektoratet levert ei delutgreiing om profesjonsnøytrale takstar i fastlegeordninga. Utgreiinga viser at korleis pasientbehandling utført av andre helsepersonellgrupper i fastlegekontor bør finansierast, er avhengig av andre sider ved regulering og finansiering av fastlegeordninga. Profesjonsnøytrale takstar må difor sjåast i samanheng med mellom anna arbeidet med ny heilskapleg finansieringsmodell. Regjeringa kjem tilbake til Stortinget på eigna måte.