Prop. 117 LS (2022–2023)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga m.m. og forskotteringsloven (behovsprøving av bidragsforskott)

Til innhaldsliste

1 Innleiing

I dette reviderte budsjettet foreslår regjeringa enkelte endringar i skatte- og avgiftsreglane. Følgjande framlegg til endringar i skatte- og avgiftsreglane har provenyverknad for 2023:

  • Å redusere skatten på pensjon slik at dei med låge pensjonar får redusert skatt i 2023. Framlegget vert rekna å redusere provenyet med om lag 1 375 mill. kroner påløpt i 2023. Provenytapet vert bokført i 2024.

  • Å auke satsen for skattefri dekking av kost for langtransportsjåførar og for pendlar- og yrkesopphald på brakker mv. Satsendringane vil gjelde frå 1. september 2023. Framlegget vert rekna å redusere provenyet med om lag 40 mill. kroner i heilårsverknad og 5 mill. kroner bokført i 2023.

Regjeringa tek sikte på å setje i verk fritaket for elavgift for eigenprodusert fornybar kraft frå 1. oktober med ei avgrensing til anlegg med installert effekt på inntil 1 000 kW per eigedom. Iverksetjinga vil gje eit provenytap på om lag 4 mill. kroner påløpt og 0 kroner bokført i 2023. Heilårsverknaden er eit provenytap på 16 mill. kroner. I tillegg vert budsjetteringa endra som følgje av utsett iverksetjing av differensierte satsar i avgifta på forbrenning av avfall fordi regelverksprosessen i EU har teke meir tid enn lagt til grunn i haust. Utsetjinga vil redusere provenyet med om lag 80 mill. kroner påløpt og bokført i 2023. Det vert synt til framlegg til løyvingsvedtak i Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023.

Etter saldert budsjett har regjeringa foreslått endringar som krev løyvingsvedtak for 2023. Det gjeld framlegg i Prop. 30 L (2022–2023) om å innføre ein særregel for formuesverdsetjing av oppdrettsløyve i ikkje-børsnoterte selskap for inntektsåret 2022, og framlegg i Prop. 78 LS (2022–2023) om å auke avgifta på produksjon av laks, aure og regnbogeaure og å innføre ein verdsetjingsrabatt for akvakulturløyve i formuesskatten. Det vert synt til framlegg til løyvingsvedtak i Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023.

Samla vert nye framlegg til endringar i skattar og avgifter rekna å redusere provenyet med om lag 1 490 mill. kroner påløpt og om lag 275 mill. kroner bokført i 2023 samanlikna med saldert budsjett for 2023. Heilårsverknaden av framlegga er eit provenytap på 1 420 mill. kroner. I tillegg inneber utsett ikraftsetjing av grunnrenteskatten for landbasert vindkraft at bokført provenyverknad av forslaget vert forskyvd frå 2024 til 2025. Departementet vil kome attende til dette til hausten. Dette påverkar ikkje bokført proveny i 2023.

Regjeringa foreslår òg enkelte andre endringar på skatte- og avgiftsområdet:

  • Produktavgifta i fiskerinæringa vert redusert til 1,9 pst. frå 1. juli 2023.

  • Endring i skattebetalingsloven slik at avgifter og eventuell tollavgift på varer med verdi til og med 3 000 kroner som vert deklarerte ved bruk av ordninga for samlefortolling, kan betalast den 18. i månaden etter varen vart deklarert.

Vidare foreslår regjeringa enkelte endringar som ikkje gjeld skatt og avgift:

  • Endringar i forskotteringsloven om å heve inntektsgrensene.

Det vert òg vist til følgjande saker som er omtalte i kapittel 4 i Meld. St. 2 (2022–2023) Revidert nasjonalbudsjett 2023:

  • NOU 2022: 20 Et helhetlig skattesystem

  • Meirverdiavgift for elektroniske aviser – oppfølging av oppmodingsvedtak nr. 120 (2022–2023)

I denne proposisjonen gjer departementet framlegg om:

  • lov om endring i petroleumsskatteloven

  • lov om endringar i forskotteringsloven

  • lov om endringar i skatteloven

  • lov om endringar i skattebetalingsloven

  • lov om oppheving av lov 15. desember 2006 nr. 85 om endringer i lov 17. juni 2005 nr. 67 om betaling og innkreving av skatte- og avgiftskrav

  • lov om endringar i merverdiavgiftsloven

  • lov om endring i folkeregisterloven

  • lov om endringar i vareførselsloven

  • lov om endringar i tollavgiftsloven

  • vedtak om endring i stortingets vedtak om om skatt av inntekt og formue mv. for inntektsåret 2023 (Stortingets skattevedtak)

  • vedtak om endring i stortingsvedtak om produktavgift til folketrygda for fiskeri-, kval- og selfangstnæringane

Til forsida