Prop. 117 LS (2022–2023)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga m.m. og forskotteringsloven (behovsprøving av bidragsforskott)

Til innhaldsliste

4 Endring av produktavgifta i fiskerinæringa

Fiskarane betaler ei trygdeavgift på 7,9 pst., som er lågare enn trygdeavgifta på næringsinntekt elles. Produktavgifta i fiskerinæringa skal forutan å dekkje mellomlegget mellom 7,9 pst. og 11,1 pst. i trygdeavgifta på næringsinntekt, òg dekkje kollektiv medlemspremie til yrkesskadetrygd, kollektiv forsikring for tilleggssjukepengar for manntalsførte fiskarar og utgifter til stønad til arbeidslause i næringa. I statsbudsjettet for 2023 vart det vedteke å setje produktavgifta til 2,0 pst. for 2023.

Produktavgifta er berekna på bakgrunn av innhenta prognosar for komande års fyrstehandsverdi av fisket og prognosar for utgiftene som produktavgifta er meint å dekkje. Uvisse i prognosane gjer det vanskeleg å fastsetje riktig sats for komande år.

Nærings- og fiskeridepartementet har innhenta reviderte prognosar på mellom anna førstehandsverdien av fisket i 2023. Dei legg til grunn at denne vert høgare enn det ein tidlegare rekna med. I tillegg er det forventa at utbetalte dagpengar til fiskarane vil gå ned i 2023, samanlikna med 2022. Nærings- og fiskeridepartementet tilrår difor at satsen for andre halvår 2023 vert sett til 1,9 pst.

Departementet foreslår å redusere produktavgifta til 1,9 pst. frå 1. juli 2023 i tråd med tilrådinga frå Nærings- og fiskeridepartementet.

Departementet syner til framlegg om endring i Stortingets vedtak om produktavgift til folketrygda for fiskeri-, kval- og selfangstnæringane for 2023.

Til forsida