Prop. 117 LS (2022–2023)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga m.m. og forskotteringsloven (behovsprøving av bidragsforskott)

Til innhaldsliste

5 VOEC-ordninga og endringar i skattebetalingsloven

5.1 Innleiing og samandrag

Eit framlegg om endringar i tollavgift-, vareførsels- og skattebetalingsregelverket for å leggje til rette for å avvikle det mellombelse deklareringsunntaket for varer med verdi under 350 kroner, har vore på høyring. Føremålet med framlegget i høyringa var å leggje til rette for ein auka del av korrekt merka VOEC-sendingar, og å forenkle prosessen med å deklarere dei varene som ikkje er merkte med VOEC-nummer. I sum vil tiltaka leggje til rette for at det mellombelse deklareringsunntaket for varer med verdi under 350 kroner kan avviklast.

Høyringsinstansane er i det vesentlege positive til avviklinga av det mellombelse deklareringsunntaket for varer med verdi under 350 kroner, tiltaka for å leggje til rette for ein auka del av korrekt merkte VOEC-sendingar og å forenkle deklareringsprosessen for varene som ikkje er merkte med eit VOEC-nummer. Ingen av høyringsinstansane har gått imot framlegget i høyringsnotatet om ei ny månadleg betalingsordning for varer under 3 000 kroner, som vert tollbehandla av speditørar mv. i ein samledeklarasjon.

Departementet gjer framlegg om endringar i skattebetalingsloven slik at avgifter og eventuell tollavgift på varer med verdi til og med 3 000 kroner som vert deklarerte ved bruk av ordninga for samlefortolling, kan betalast den 18. i månaden etter varen vart deklarert. I dag må tollavgift og andre avgifter på varer som vert samlefortolla betalast dagen etter varen vart deklarert, gjennom den såkalla dagsoppgjersordninga, jf. skattebetalingsloven §§ 10-41 og 14-20.

Departementet syner til framlegg til endringar i skattebetalingsloven § 10-41 fyrste og andre ledd og § 14-20 overskrifta og andre ledd. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde 1. januar 2024.

5.2 Gjeldande rett

Tollavgift og andre avgifter som oppstår ved innførsel, forfell etter hovudregelen i loven samtidig med at plikta til å berekne tollavgift oppstår, jf. skattebetalingsloven § 10-41 fyrste ledd. Etter skattebetalingsloven § 14-20 kan dei som står for tollbehandling på vegner av andre, til dømes speditørar, innvilgast kreditt for tollbehandlingar som vert gjennomførte i løpet av ein dag (dagsoppgjer). Krav som oppstår på bakgrunn av dagsoppgjersordninga, forfell til betaling fyrste verkedag etter frigjering for prosedyren overgang til fri disponering (fortolling), jf. skattebetalingsloven § 10-41 tredje ledd.

I utgangspunktet kan ein tolldeklarasjon berre innehalde varer til eitt subjekt (privatperson eller verksemd). Speditørar kan få løyve til å samle varer til fleire privatpersonar i ein tolldeklarasjon (samlefortolling), jf. vareførselforskrifta § 4-1-5 fyrste ledd.

Ordninga med samlefortolling vart innført for å hjelpe mot ein aukande trend med lågverdisendingar til privatpersonar. Samlefortolling er meint for store transportørar og speditørar der talet på lågverdisendingar er så høgt at vanleg deklarering er vanskeleg å følgje opp innanfor tidsfristane som gjeld. Ordninga har som føremål å gje ein effektiv vareflyt og skjerme toll- og speditørsystema for store mengder data. Gjeldande ordning med samlefortolling gjeld for innførsel av varer til privatpersonar, med ein verdi til og med 3 000 kroner. Sendingane kan ikkje innehalde varer som er forbodne, underlagt restriksjonar eller pålagde særavgifter.

5.3 Høyringa

I høyringa gjorde departementet framlegg om ei ny ordning for å betale avgift for varesendingar med låg verdi, det vil seie til og med 3 000 kroner, som vert tollbehandla av speditørar mv. i ein samledeklarasjon. Den nye ordninga omfatta speditørar som kan søkje om at tollavgift og andre avgifter som oppstår for slike varer i ein månad, kan betalast den 18. i neste månad.

Departementet gjorde framlegg om at ordninga med månadleg oppgjer elles skal ha dei same vilkåra for bruk som gjeldande ordning med dagsoppgjer. Dette gjeld til dømes krava til søknad, kredittverdigheit og tilbakekalling av løyve til å nytte ordninga. Varesendingar med verdi over 3 000 kroner eller varer som ikkje er omfatta av ordninga for samlefortolling, til dømes varer pålagde særavgifter, var ikkje meint omfatta av ordninga.

Framlegget vart sendt på høyring 22. november 2022 til departementa og 43 høyringsinstansar.

Det kom inn seksten høyringssvar. Fjorten høyringsinstansar har gjeve substansielt svar i høyringa:

  • Arbeidsgiverforeningen Spekter

  • DHL Express (Norway) AS

  • Forbrukertilsynet

  • Framtiden i våre hender

  • Hovedorganisasjonen Virke

  • Landbruks- og matdepartementet

  • M. Koch

  • Magnum no AS

  • Naturvernforbundet

  • NHO Service og Handel

  • Norges Naturvernforbund

  • Posten Norge AS

  • Skatteetaten

  • Statistisk sentralbyrå

Forsvarsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet har gjeve svar utan merknader.

Høyringsinstansane er i det vesentlege positive til avviklinga av det mellombelse deklareringsunntaket for varer med verdi under 350 kroner. DHL Express (Norway) AS, Arbeidsgiverforeningen Spekter og Posten Norge AS ber om at avviklinga av det mellombelse deklarasjonsunntaket for varer under 350 kroner vert utsett til 1. januar 2024, medan NHO Service og Handel meiner at det er viktig å overhalde den varsla datoen for ikraftsetjing. Det har samtidig kome ein del innspel til avviklinga. Departementet vil ta desse innspela med i vurderinga når ein arbeider med å endre forskriftene på området.

Ingen av instansane som har gjeve substansielle svar på høyringa, har gått imot framlegget om ei ny månadleg betalingsordning for varer til og med 3 000 kroner, som vert tollbehandla av speditørar mv. i ein samledeklarasjon. Posten Norge AS har synspunkt på korleis framlegget til endringar i skattebetalingslova § 14-20 skal tydast. Departementet syner til merknaden under i punkt 5.3.1.

Fleire instansar har nytta høyringa til å kome med syn på spørsmål som ikkje var omfatta av høyringa. Departementet vil ta desse innspela med i vurderinga i det vidare arbeidet med å betre skatte- og avgiftsregelverket på området.

5.4 Departementets vurdering

5.4.1 Innleiing

I 2020 vart 350-kronersgrensa for toll- og avgiftsfri innførsel av varer avvikla. For varer med verdi til og med 3 000 kroner er plikta til å berekne og betale meirverdiavgift lagd på den utanlandske tilbydaren (seljaren) av varen gjennom VOEC-ordninga. På bakgrunn av at Stortinget bad om ei overgangsordning for VOEC-ordninga, vart det vedteke eit mellombels unntak frå deklareringsplikta for varesendingar med verdi under 350 kroner. Det mellombelse unntaket gjeld ikkje for næringsmiddel, restriksjonslagde varer og varer som vert pålagde særavgifter. For slike varer vart 350-kronersgrensen avvikla 1. januar 2020.

Etter departementet sitt syn bør det mellombelse generelle unntaket frå deklareringsplikta for varesendingar med verdi under 350 kroner, avviklast frå 1. januar 2024. Når det mellombelse unntaket frå deklareringsplikta for VOEC-varer vert oppheva, er det pårekna at talet på varer som må deklarerast ved innførselen vil auke. Varer under 350 kroner der tilbydaren ikkje har berekna og betalt meirverdiavgift, eller der VOEC-nummeret til tilbydaren ikkje vert levert til tollmyndigheitene ved innførselen, må etter avviklinga deklarerast på ordinær måte. Tiltaka i høyringsnotatet har som føremål å lette byrdene for aktørane i vareføringa når det mellombelse unntaket vert avvikla. Regjeringa har tidlegare gjort greie for nokre av endringane i Meld. St. 2 (2021–2022) Revidert nasjonalbudsjett 2022 punkt 4.7.

Eit av tiltaka i høyringa var at transportørane pliktar å gje opplysningar om VOEC-nummeret til sendinga digitalt til tollmyndigheitene. I dag er det ikkje noka regulering av korleis VOEC-nummeret skal leverast til tollmyndigheitene. Erfaringa er at dette medfører ein risiko for feil og misbruk av ordninga, unødig opphald i vareførselen, og at VOEC-varer vert tollbehandla på ordinær måte. Dette gjer at privatpersonar risikerer dobbel skattlegging og unødige gebyr. Departementet legg opp til å vedta endring i samsvar med framlegget i høyringsnotatet ved endringar i forskrifta til vareførselsloven med verknad frå 1. januar 2024.

I tillegg vart det i høyringa foreslått å forenkle vilkåra for samlefortolling slik at fleire aktørar kan nytte seg av ordninga med samlefortolling. Samlefortolling inneber at fleire varer vert deklarerte samla i éin deklarasjon, noko som forenklar oppgåvene med å deklarere varer for overgang til fri disponering (fortolling). Departementet legg opp til å vedta endring i samsvar med framlegget i høyringsnotatet ved endringar i forskrifta til skattebetalingsloven med verknad frå 1. januar 2024.

Tiltaket i høyringsnotatet om ei ny månadleg oppgjersordning for varer av mindre verdi som kan deklarerast via ordninga for samlefortolling krev endringar i skattebetalingslova, sjå punkt 5.4.2.

5.4.2 Månadleg oppgjersordning for varer som vert samlefortolla

For speditørane er det nokre praktiske utfordringar knytte til å måtte betale avgifter av varer med mindre verdi dagen etter tollbehandlinga. Ein del varer som vert tollbehandla vert ikkje henta av mottakaren av varen, og må returnerast. Konsekvensane av at varen vert returnert er at den innleverte deklarasjonen må endrast, og det oppstår eit krav på tilbakebetaling av innbetalt toll- og meirverdiavgift. Sjølv om samlefortolling er ei forenkla ordning, og det vil verte gjorde tilpassingar i denne, trengst det ytterlegare forenklingar for å leggje til rette for ein effektiv vareflyt med låge gebyr for forbrukarane.

Departementet meiner at ordninga med betaling for speditørar mv. bør endrast frå dagsoppgjer til månadsoppgjer for varer av låg verdi (til og med 3 000 kroner). EU har innført forenklingstiltak for den alternative måten å krevje opp avgifter (såkalla «Special Arrangements»). Desse rettar seg mot speditørane og går ut på at forbrukaren betaler meirverdiavgifta til speditøren, som igjen betaler inn meirverdiavgifta i månadlege avgiftsoppgjer. Departementet meiner det trengst ei tilsvarande ordning i Noreg. Dette vil mellom anna gje ei enklare og meir fleksibel handtering av varereturar og refusjonskrav.

Behovet for ei månadsoppgjersordning gjeld særleg varesendingar med verdi lågare enn 350 kroner, når det mellombelse unntaket frå deklarering vert avvikla. Ved ei ny ordning med månadsoppgjer, vil ein unngå ein del tilbakebetalingar for varer som vert returnerte rett etter tollbehandlinga. For varesendingar med verdi over 350 kroner legg departementet til grunn at dagens ordning for dagsoppgjer kan fungere tilfredsstillande. Det er likevel praktiske utfordringar for Skatteetaten ved å ha to ulike løysingar for betaling av krav som oppstår på bakgrunn av samlefortolling. Ei ny ordning med månadsoppgjer bør difor omfatte alle krav som vert deklarerte via ordninga for samlefortolling.

Departementet foreslår difor ei ny betalingsordning for varesendingar med låg verdi, det vil seie til og med 3 000 kroner, som vert deklarerte av speditørar i ein samledeklarasjon. Departementet foreslår at speditørar kan søkje om at tollavgift og andre avgifter som oppstår for slike varer, kan betalast den 18. neste månad.

Departementet foreslår at ordninga med månadleg oppgjer elles har dei same vilkåra for bruk som dagsoppgjersordninga. Dette gjeld til dømes krava til søknad, kredittverdigheit og tilbakekalling av løyve til å nytte ordninga. Departementet vil fastsetje nærare føresegner om dette i forskrift til skattebetalingsloven. Varesendingar med verdi over 3 000 kroner eller varer som ikkje vert omfatta av ordninga for samlefortolling, til dømes særavgiftspliktige varer, vert ikkje omfatta av endringa.

Departementet foreslår at ordninga lovteknisk vert heimla på same måte som dagsoppgjersordninga. Skattebetalingsloven § 10-41 fyrste og andre ledd har reglar om forfall av tollavgift, meirverdiavgift og særavgifter som oppstår ved innførselen. Ordninga med at månadsoppgjer forfell til betaling den 18. i neste månad er foreslått teke inn i skattebetalingsloven § 10-41 andre ledd. I skattebetalingsloven § 10-41 fyrste ledd vert det klargjort at hovudregelen om at slike krav forfell til betaling samtidig med plikta til å berekne avgifter oppstår, ikkje skal gjelde for dags- eller månadsoppgjer. Skattebetalingsloven § 14-20 har nærare føresegner om tollkreditt og dagsoppgjersordninga. Departementet foreslår at ordninga med månadsoppgjer vert teken inn i andre ledd og at overskrifta vert endra i samsvar med dette.

Posten Norge AS har i sitt svar skildra framlegget til skattebetalingslova § 10-41 andre ledd slik at deklarasjonar som kan inngå i ordninga med samlefortolling for ein månad, skal leverast den 18. i påfølgande månad. Framlegget til skattebetalingslova § 10-41 regulerer berre betalingsordninga for krav som er omfatta av ordninga med samlefortolling. Ordninga med samlefortolling, mellom dette når tolldeklarasjonen skal leverast, er regulert av vareførselsloven med forskrifter. Departementet finn grunn til å peike på at høyringa ikkje omfatta framlegg til endra fristar for å levere tolldeklarasjonane under ordninga for samlefortolling.

Posten skriv videre at dersom dei har forstått framlegget feil, ber dei om endringar i regelverket for levering av samlefortolling, slik at samlefortolling for ein månad skal leverast den 18. i påfølgande månad. Posten uttaler at ei slik løysing sikrar høve for korreksjonar i grunnlaget for samlefortollinga fram til forfallsdato, særleg knytt til retur av sendingar eller omrekning som følgje av dobbeltfakturering. Departementet synar til at ei samlefortolling kan korrigerast fleire gonger, slik at korreksjon som fylgje av retur av sendingar, som vert levert ein kalendermånad, vil kunne kome til frådrag i beløpet som fell til betaling den 18. i påfølgjande månad. Skatteetaten og Tolletaten vurderer forenklingar knytt til korreksjon av samlefortolling som fylgje av retur av sendingar som ikkje vert henta av mottakar av sendinga.

Departementet gjer framlegg om at månadleg oppgjersordning tek til å gjelde samtidig med at det mellombelse unntaket frå plikten til å levere deklarasjon for varer med verdi under 350 kroner vert oppheva, sjå punkt 5.4.3.

Departementet syner til framlegg om endring i skattebetalingsloven § 10-41 fyrste og andre ledd og § 14-20 overskrifta og andre ledd. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde frå 1. januar 2024.

5.4.3 Avvikling av det mellombelse unntaket for varer under kroner 350

Departementet gjorde i høyringa framlegg om at det mellombelse unntaket frå plikten til å levere deklarasjon for varer med verdi under 350 kroner vart oppheva frå 1. oktober 2023. På bakgrunn av innspela i høyringa, meiner departementet at 1. januar 2024 vil vere eit meir hensiktsmessig tidspunkt for avvikling. Det gjev aktørar i vareførselen betre tid til å førebu seg på endringa. Tilstrekkeleg tid for aktørane i vareførselen er truleg naudsynt for å hindre at avviklinga inneber at det hopar seg opp med varer med låg verdi som må deklarerast på vanleg måte.

Og Tolletaten har gitt uttrykk for at 1. januar 2024 vil være eit betre tidspunkt for endringa.

Departementet legg opp til at det mellombelse unntaket for varer med verdi under 350 kroner vert avvikla 1. januar 2024, og vil følgje dette opp ved endringar i forskrifta til vareførselsloven.

5.4.4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Delar av tilpassingane inngår som ein del av ei større digital omlegging som Tolletaten er i gang med. For Tolletaten har framlegga difor mindre økonomiske og administrative konsekvensar.

Konsekvensar for Skatteetaten vil vere systemutvikling som byggjer på noko gjenbruk av etablert funksjonalitet i systema til etaten, i tillegg til noko nyutvikling. Det må på ulike måtar leggjast til rette for å kunne tilby og ta i bruk ny månadleg oppgjersordning, og dessutan sikre oppfølging og etterleving av ordninga. Utvikling og tilrettelegging vil verte prioritert innanfor det gjeldande budsjettet til etaten.

Framlegget om månadleg oppgjersordning vil lette byrdane for næringslivet, og innebere ein viss likviditetsgevinst. Samtidig vil avviklinga av det mellombelse unntaket frå deklareringsplikten auke omfanget av sendingar som vert tollbehandla på ordinær måte. Det inneber at speditørar vil få meir arbeid med sendingar som til no har vorte utleverte til mottakaren utan vidare handtering.

Mengda sendingar under 350 kroner som det ikkje vert betalt meirverdiavgift for på grunn av det mellombelse unntaket frå plikten til å levere deklarasjon, er venta å verte redusert ved avvikling av deklarasjonsunntaktet. Kor stor effekten eventuelt vil vere, er særs usikkert. Endringane som vart foreslått i høyringa, vil hjelpe til å sikre inntektene til staten frå ordninga. Ved at segmentet 350–3 000 kroner vil inngå i ei månadleg oppgjersordning, vert innbetalingane utsette samanlikna med dagens løysing med dagsoppgjer. Dette inneber eit avgrensa rentetap for staten.

Til forsida