Prop. 133 S (2016–2017)

Finansiering av prosjekt og tiltak på fv 714 Stokkhaugen – Sunde i Sør-Trøndelag, trinn 2

I proposisjonen blir det lagt fram forslag om finansiering av prosjekt og tiltak på fylkesveg 714 Stokkhaugen – Sunde i Sør-Trøndelag, trinn 2. Finansieringa er basert på bompengar og fylkeskommunale midlar. Trinn 1 vil etter planen vere nedbetalt i 2018. Det er lagt opp til anleggsstart for prosjekta i trinn 2 hausten 2017, med fullføring i 2020.

Les dokumentet

Følg proposisjonen på Stortinget