Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 134 L (2015–2016)

Endringar i burettslagslova mv. (omfanget av legalpanteretten)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Kommunal- og moderniseringsdepartementet fremjar i denne proposisjonen framlegg til ei mindre endring av reglane om legalpanterett i burettslagslova og eigarseksjonslova. Burettslag og eigarseksjonssameige har legalpanterett for ubetalte krav som spring ut av lagsforholdet og sameigeforholdet. Lovframlegget presiserer rekkjevidda av panteretten. Departementet føreslår å klargjere at panteretten også omfattar krav på felleskostnader som skulle vore betalte etter at det har kome inn krav til myndigheitene om tvangsdekning.

I tillegg føreslår departementet å rette to inkuriar, éin i husbanklova og éin i inndelingslova.

Til toppen
Til forsida av dokumentet