Prop. 144 L (2019–2020)

Endringar i burettslagslova mv. (rett til å setje opp ladepunkt for elbil, samanslåing av eigarseksjonssameige)

Til innhaldsliste

3 Laderett i burettslag og eigarseksjonssameige

3.1 Gjeldande rett

3.1.1 Høve til å setje opp ladepunkt

Burettslagslova

Burettslagslova har ikkje reglar om lading av elbil. Ein andelseigar har derfor etter gjeldande rett ikkje krav på – eller ein individualrett til – å setje opp ladepunkt.

Sjølv om den enkelte andelseigaren ikkje har nokon individualrett, står sjølvsagt burettslaget fritt til å vedta at det skal setjast opp eit eller fleire ladepunkt. Nokre gonger vil det å setje opp ladepunkt krevje ei oppgradering av straumnettet, og det kan då blir spørsmål om kva krav til fleirtal lova stiller til eit slik vedtak. Departementet meiner det normalt vil vere tilstrekkeleg med alminneleg fleirtal på generalforsamlinga for å vedta at straumnettet skal oppgraderast. Unntaksvis kan det tenkjast at det er nødvendig med kvalifisert fleirtal, for eksempel i mindre burettslag med få bustader. I slike situasjonar vil ein kunne komme til at det å oppgradere straumnettet ikkje er «vanleg forvaltning».

Eigarseksjonslova

Etter eigarseksjonslova § 25 har den enkelte seksjonseigaren krav på å anlegge ladepunkt:

«En seksjonseier kan med samtykke fra styret anlegge ladepunkt for elbil og ladbare hybrider i tilknytning til en parkeringsplass seksjonen disponerer, eller andre steder som styret anviser. Styret kan bare nekte å samtykke dersom det foreligger en saklig grunn.»

Stortinget vedtok regelen etter innspel frå blant andre Norsk elbilforening. Sidan regelen ikkje blei foreslått av departementet, har han ikkje vore på offentleg høyring og er ikkje omtalt i Prop. 39 L (2016–2017) Lov om eierseksjoner. Føresegna er berre kort omtalt i kommunal- og forvaltningskomiteens innstilling (Innst. 308 L (2016–2017) punkt 3.18), og det har oppstått ein del spørsmål om korleis retten skal praktiserast.

Det er uklart om retten til å anlegge ladepunkt tilkjem alle seksjonseigarane eller berre dei som disponerer ein parkeringsplass.

Når det gjeld kvar ladepunktet kan plasserast, går det fram av føresegna at det kan setjast opp «i tilknytning til en parkeringsplass seksjonen disponerer, eller andre steder som styret anviser». Komiteen skriv at det ofte vil vere mest naturleg å plassere ladepunktet på eller i tilknyting til den parkeringsplassen som seksjonseigarane disponerer. Samtidig meiner komiteen at det kan vere tilfelle der det er naturleg å etablere ladepunkt på ein annan del av fellesområdet, slik at dei blir tilgjengelege for fleire. Komiteen meiner derfor at «bestemmelsen […] bør åpne for begge deler, og at styret er mest nærliggende å bestemme plassering der det ikke er aktuelt å plassere i parkeringsanlegg».

Det er ikkje regulert korleis kostnadene knytte til å anlegge ladepunkt skal fordelast mellom den enkelte seksjonseigaren og sameiget (fellesskapet). Komiteen uttaler at «[d]et vil heller ikke påføre andre sameiere kostnader, siden den som ønsker infrastrukturen selv må betale for installeringen». Det er nærliggjande å forstå det slik at komiteen har tenkt seg at kostnadene for å få på plass infrastruktur, for eksempel føringsvegar for elektriske kablar, for å mogleggjere lading og installering av sjølve ladepunktet, kviler på den enkelte. Om dette også omfattar eventuell oppgradering av straumnettet, er uklart.

Etter føresegna kan styret nekte ein seksjonseigar å anlegge ladepunkt dersom det ligg føre «sakleg grunn». Komiteen har ikkje sagt noko om korleis uttrykket skal forståast, eller gitt eksempel på kva som kan vere ein sakleg grunn.

Nokre gonger vil det å anlegge ladepunkt krevje oppgradering av straumnettet. Departementet meiner at det normalt vil vere tilstrekkeleg med alminneleg fleirtal på årsmøtet for å vedta dette. I mindre sameige med få bustader, går departementet ut frå at det unntaksvis kan vere krav om kvalifisert fleirtal, under tilvising til at det å oppgradere straumnettet ikkje er «vanleg forvaltning».

3.1.2 Organisering av parkeringsplassar

Burettslag

I eit burettslag vil parkeringsplassar som hovudregel vere organiserte som ein del av fellesareala. Unntaksvis blir det ved stiftinga av burettslaget fastsett at ein parkeringsplass er knytt til bustaden.1

Andelseigarane har rett til å «nytte fellesareal til det dei er tenkte eller vanleg brukte til, og til anna som er i samsvar med tida og tilhøva», jf. burettslagslova § 5-1. Det inneber at alle andelseigarane som hovudregel har lik rett til å nytte fellesareala, under dette til parkeringsplassar på fellesareal.

Burettslagslova regulerer ikkje om ein andelseigar kan få ein eksklusiv rett (einerett) til å bruke delar av fellesarealet, for eksempel ein parkeringsplass. Det er likevel lagt til grunn i rettspraksisen at slike ordningar kan aksepterast. Ein føresetnad er at burettslaget følgjer alminnelege prinsipp om likebehandling og misbruk av avgjerdsmakt. I rettspraksis har det vore lagt vekt på om det aktuelle vedtaket på generalforsamlinga framstår som sakleg og inneber ei fornuftig ordning som alt i alt er til gagn for burettslaget, jf. Rt.1966 s. 70.

Burettslaget kan derfor normalt inngå ein avtale med den enkelte andelseigaren om at andelseigaren skal få eksklusiv bruksrett til ein parkeringsplass. Departementet kjenner til at det i praksis varierer om slike avtalar er formaliserte gjennom vedtekter, ordensreglar eller ein leigeavtale. Dette har innverknad på kor godt rettsleg vern bruksretten har. Vidare vil innhaldet i avtalen ha innverknad. Ein bruksrett til ein parkeringsplass som burettslaget kan seie opp med éin månads varsel, gir for eksempel eit svakt vern.

Eigarseksjonssameige

Eigarseksjonslova § 7 første ledd bokstav d set som vilkår for seksjonering at «[…] det er avsatt tilstrekkelig parkeringsareal til å sikre det antallet parkeringsplasser som følger av byggetillatelsen».

Reguleringa av parkering i dagens eigarseksjonslov er ny samanlikna med 1997-lova. Bakgrunnen for den nye reguleringa var eit ønske om å leggje til rette for meir fleksible løysingar for organisering av parkeringsareal. Regelen inneber at kommunen i seksjoneringssaka berre skal kontrollere at det er oppretta så mange parkeringsplassar som plangrunnlaget og byggjeløyvet krev. Utanom det er den klare hovudregelen at det er opp til utbyggjaren å avgjere korleis parkeringsplassane skal organiserast, fordelast og disponerast.

Desse alternativa er aktuelle måtar å organisere parkering på:

Plassane kan vere på fellesareal dersom utbyggjaren ønskjer at dei skal vere til felles bruk for alle seksjonseigarane. Parkeringsplassar på fellesareal kan eventuelt fordelast mellom seksjonseigarane ved at éin eller fleire seksjonseigarar får ein mellombels einerett til å bruke visse parkeringsplassar. Etablering av slik bruksrett kan setjast for inntil 30 år, og må gjerast i vedtektene, jf. eigarseksjonslova § 25 femte ledd.

Parkeringsplassane kan òg organiserast slik at seksjonseigaren får eksklusiv og evigvarande einerett til ein fast parkeringsplass. Ein slik einerett kan sikrast anten ved at parkeringsplassen blir organisert som ein næringsseksjon, eller ved at han blir lagd som ein tilleggsdel til ein bustadseksjon eller næringsseksjon. Ein næringsseksjon kan seljast fritt, mens ein tilleggsdel vil følgje bustad- eller næringsseksjonen.

Parkering på annan eigedom

Det er ikkje uvanleg at parkeringsplassar er plasserte på ei anna tomt enn den som tilhøyrer eigarseksjonssameiget eller burettslaget. Eigarseksjonslova og burettslagslova er ikkje gjeldande for desse parkeringsplassane.

3.2 Departementets høyringsforslag

Departementet foreslo ei ny føresegn i burettslagslova som, på visse vilkår, gir den enkelte andelseigaren rett til å setje opp eit ladepunkt for lading av elbil. Departementet foreslo samtidig presiseringar i den eksisterande regelen i eigarseksjonslova, med sikte på mest mogleg lik regulering i dei to lovene.

Departementet viste til at talet på elektriske bilar i Norge har auka kraftig dei siste åra. Departementet meinte at bebuarar i eigarseksjonssameige og burettslag – i tråd med denne utviklinga – burde få høve til å lade der dei bur.

Forslaget gjekk ut på at alle som har rett til å parkere på eigedommen til sameiget eller burettslaget, skulle få rett til å setje opp eit ladepunkt. Departementet foreslo at den som disponerer ein fast parkeringsplass, skulle få rett til å setje opp ladepunkt der. Departementet foreslo vidare at det skulle vere opp til styret å avgjere plassering dersom den som krev å setje opp ladepunkt, berre har ein rett til å parkere på fellesareal.

Departementet foreslo at fordelinga av kostnadene til eventuell oppgradering av straumnett lokalt og etablering av infrastruktur skulle følgje dei alminnelege reglane om fordeling av felleskostnader i eigarseksjonslova § 29 og burettslagslova § 5-19. Dette inneber ein hovudregel om fordeling etter sameigebrøk (i sameige) og fordelingsnøkkel (i burettslag).

Når det gjaldt kven som skulle betale for sjølve ladepunktet, meinte departementet at det må skiljas mellom om ladepunktet blir sett opp på ein plass som bebuaren har eksklusiv bruksrett til, eller på ein stad som er til felles bruk. Dersom ladepunktet blir sett opp på eit område der alle seksjonseigarar eller andelseigarar har tilgang til det, meinte departementet at det er naturleg å rekne det som eit felles gode for bebuarane. Departementet meinte derfor at installasjonen skulle betalast av fellesskapet. Motsetningsvis meinte departementet at eit ladepunkt som blir plassert på ein parkeringsplass som andelseigaren eller seksjonseigaren har einerett til, skulle betalast av den enkelte. Straumforbruket måtte, etter departementets syn, betalast av den enkelte.

Departementet la til grunn at retten til å setje opp ladepunkt ikkje kan gjelde utan atterhald. Departementet foreslo derfor ei føresegn som var eigna til å sikre dei saklege motførestillingane andre bebuarar kan ha. Departementet var inne på at kostnader normalt vil vere den mest relevante grunnen andre bebuarar kan ha for å motsetje seg eit initiativ om å leggje til rette for lading. Departementet viste til at det å setje opp eit ladepunkt kan bli svært kostbart for sameiget eller burettslaget, særleg dersom det blir nødvendig å forsterke det eksisterande straumnettet. Departementet foreslo derfor at føresegna sette eit tak (halvparten av grunnbeløpet i folketrygda) for kor store kostnader éin seksjonseigar eller andelseigar kan påføre kvar av dei andre bebuarane. Etter forslaget skulle styret avslå eit krav om å setje opp ladepunkt dersom utgiftene oversteig kostnadstaket.

Departementet foreslo – i tillegg til kostnadstaket – å gi styret høve til å nekte oppsetjing av ladepunkt basert på ei konkret saklegvurdering. Som eksempel på kva som kunne vere sakleg grunn, nemnde departementet at det ikkje finst ein eigna plass for å setje opp ladepunktet på fellesarealet, eller dokumentert auka brannfare.

Departementet foreslo vidare å presisere i føresegna at berre styret skulle ha kompetanse til å gjere dei vedtaka som er nødvendige for å setje opp ladepunktet, under dette oppgradere straumnettet. Departementet viste til at styret måtte ha avgjerdsmakt åleine i desse spørsmåla for å sikre gjennomføring av retten.

3.3 Innspel frå høyringsinstansane

3.3.1 Hovudsynspunkt

31 høyringsinstansar har uttalt seg om realiteten i forslaget om laderett. Av desse er eit fleirtal positive til høyringsforslaget. Dette gjeld Advokatforeningen, Asker og Bærum Boligbyggelag, Birger Torgersrud, Brauten Eiendom, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, EL og IT Forbundet, Helsedirektoratet, Huseiernes Landsforbund, Kristiansund kommune, NELFO, Norges Bygg- og Eiendomsforening, Norges Eiendomsmeglerforbund, Norges Parkeringsforening og Norsk elbilforening.

Ti instansar er negative, og resten kan teljast som verken positive eller negative.

Fleire av dei positive instansane peiker på at utviklinga i samfunnet og bilparken tilseier at det må leggjast til rette for ladehøve der folk bur. Vidare framhevar fleire at forslaget vil gi tydelegare reglar.

Brauten Eiendom meiner at ei oppgradering av straumnettet, infrastrukturen og i visse tilfelle sjølve ladepunktet vil kunne representere auka verdiar for fellesskapet i burettslaget eller eigarseksjonssameiget. Brauten Eiendom peiker på at dette gjerne vil komme den enkelte burettslagsandelen eller eigarseksjonen til gode i form av ein høgare verdi på andelen eller seksjonen. NBBL peiker på at eigedomsmeklarar i område der elbildelen er stor, har rapportert om at bustader i burettslag og sameige utan tilfredsstillande ladehøve har færre interessentar enn bustader med gode ladehøve.

NBBL skriv at bustadselskapa er i ulike fasar i «lademodenhet» avhengig av prosentdelen elbilar i området. NBBL meiner at det er i område der elbildelen er låg at det kan vere behov for den foreslåtte lovføresegna. NBBL meiner vidare at ladeinfrastruktur vil bli noko sjølvsagt etter kvart som elbildelen blir stor i heile landet, og at det då ikkje lenger vil vere eit behov for spesialreglar om laderett. OBOS er inne på det same.

EL og IT Forbundet meiner at etablering av ladepunkt vil gi auka tryggleik. Forbundet skriv at dei kjenner til at mellombels skøyteleidningar og provisoriske innretningar er ei utfordring fleire stader der burettslag ikkje har lagt til rette for ladepunkt.

OBOS og NBBL støttar at lovene får reglar om laderett, men har fleire innvendingar mot lovforslaget. Vidare er det fleire høyringsinstansar som det er naturleg å kategorisere som verken for eller mot forslaget. Også desse har innspel til forslaget, som det vil bli gjort greie for nedanfor.

3.3.2 Kven retten skal tilkomme, og kvar ladepunktet kan setjast opp

OBOS er usikre på om retten til å setje opp ladepunkt bør tilkomme bebuarar som ikkje disponerer ein fast parkeringsplass. OBOS og NBBL er av den oppfatning at ein rett til lading på fellesareal i praksis vil kunne skli over til å bli ein einerett til å bruke den aktuelle plassen. OBOS meiner at burettslaget eller eigarseksjonssameiget i slike tilfelle, som eit minimum, må kunne stille strenge vilkår. NBBL meiner at det heller bør utformast ei generell føresegn, slik at bustadselskapet får større påverknadskraft på organiseringa og utviklinga av ladeinfrastrukturen.

Larvik kommune skriv at det bør presiserast at omdisponering av areal til parkering må skje i tråd med formålet arealet er regulert til etter plan- og bygningslova.

Asker og Bærum Boligbyggelag og ein privatperson spør korleis forslaget om laderett skal tilpassast føresegna i eigarseksjonslova som gir ein person med nedsett funksjonsevne rett til å byte til seg ein tilrettelagd parkeringsplass. Dei meiner at den som blir pålagd å byte bort ein plass det er investert i ladepunkt på, må bli kompensert for dette. Asker og Bærum Boligbyggelag meiner det bør takast inn ei føresegn om dette i eigarseksjonslova.

OBOS, NBBL, Birger Torgersrud og Kjell Tore Wirum peiker på ulike måtar å organisere parkering på og stiller spørsmål om kva tilfelle forslaget er meint å gjelde for.

NBBL skriv at dei foreslåtte føresegnene ikkje vil gjelde dersom parkeringa er organisert i ein eigen parkeringseigedom (anleggseigedom). OBOS peiker på at dette er ei utbreidd organiseringsform, men som ikkje er regulert av bustadlovene, og at rettar og plikter i stor utstrekning er uavklarte. OBOS legg vidare til grunn at dersom parkeringa er organisert som ein eigen «parkeringsseksjon» i same eigarseksjonssameige, vil forslaget om laderett gjelde. NBBL skriv at det er uklart kva reglar som gjeld dersom parkeringa er etablert i ein eigen parkeringsseksjon som er eigd i eit tingsrettsleg sameige eller andelslag med eigne styringsorgan.

Birger Torgersrud peiker på at føresegna i eigarseksjonslova har eit avgrensa verkeområde, og at dette kan føre til at utbyggjarar vel å organisere parkeringa slik at den enkelte seksjonseigaren mistar retten lova gir.

Madlamark 2 borettslag meiner forslaget vil vere konkurransevridande. Burettslaget meiner det favoriserer elbilar framfor andre klimavennlege bilar, for eksempel bilar som bruker hydrogen, biogass, biodiesel og eventuelt bensin/diesel seld med avtale om karbonfangst og lagring. Burettslaget meiner derfor at forslaget bør utformast teknologinøytralt.

3.3.3 Kostnadsfordelinga

Fleire høyringsinnspel knyter seg til kostnadsfordelinga. Huseiernes Landsforbund, som er positive til forslaget, opplever at mange av deira medlemmer utan rett til parkeringsplass, allereie reagerer sterkt på forslaget om at denne gruppa må vere med å dekkje kostnader til oppgradering av straumnettet. Huseiernes Landsforbund trur det vil bli sterke protestar frå desse dersom dei også må vere med på å dekkje kostnadene for infrastruktur, og i nokre tilfelle også for sjølve ladepunktet. Madlamark 2 borettslag, Kjell Tore Wirum og seks (anonyme) privatpersonar meiner det er urettvist at alle bebuarane skal betale for noko som berre kjem bebuarar med parkeringsplass til gode.

Fleire av høyringsinstansane tek til orde for at kostnadene for å etablere infrastruktur fram til ladepunktet, og installasjon av sjølve ladepunktet, heller bør fordelast mellom dei som har ein fast parkeringsplass. Enkelte høyringsinstansar meiner at kostnadene berre bør fordelast på dei som har bil, eller på dei som har elbil.

Når det gjeld straumforbruket, meiner Kjell Tore Wirum at burettslaget eller eigarseksjonssameiget ikkje må setje prisen så lågt at det blir å rekne som ei «subsidiering». Wirum har også innspel til kva kostnader som kan inngå ved prising av straumforbruket. Madlamark 2 borettslag meiner at burettslaget må ha rett til å ta ein forhøgd pris for lading, slik at investeringa i ladepunkt over tid kan betalast tilbake.

LO skriv at dei føreset at kostnadene blir fordelte over tid, som ein del av husleiga.

3.3.4 Kompetansen til å avgjere kravet om å setje opp ladepunkt

Fleire høyringsinstansar uttaler seg om forslaget om at styret åleine skal ha kompetanse til å gjere dei vedtaka som er nødvendige for å setje opp ladepunkt.

NBBL meiner at det er ein dårleg idé å ta frå generalforsamlinga og årsmøtet sjansen til å behandle saker om etablering av ladeinfrastruktur. NBBLs vurdering er at styret ofte ønskjer ei behandling på generalforsamling eller årsmøte, sidan det gjerne vil vere tale om store investeringar og ulike løysingsalternativ. NBBL skriv:

«At alle eierne får mulighet til å påvirke denne typen avgjørelser kan være viktig av demokratihensyn, og en sak vil ofte få en langt bedre forankring dersom alle har hatt en mulighet til å påvirke utfallet.»

I tillegg opplyser NBBL at mange bankar krev vedtak på generalforsamling eller årsmøte for å gi lån, og at det kan vere krav om vedtak med to tredels fleirtal ved lånefinansiering av tiltaket. NBBL meiner det vil vere unaturleg og upraktisk å behandle vedtaking av sjølve tiltaket og finansieringa åtskilt.

LO meiner at denne typen større investeringar bør vere gjenstand for generalforsamlingsbehandling og ikkje overlatast til styret åleine.

OBOS meiner at det er overflødig med ei føresegn som eksplisitt avskjer generalforsamlinga frå å ta avgjerder. OBOS viser til at lovgivaren ikkje har gjort tilsvarande grep i andre føresegner som gir andelseigarane individualrettar, og at det ikkje har skapt nokon problem i praksis.

3.3.5 Når skal og kan styret avslå eit krav om ladepunkt

OBOS og NBBL er negative til forslaget om at styret skal avslå eit krav om å setje opp ladepunkt dersom utgiftene overstig det foreslåtte kostnadstaket. Dei meiner at regelen blir for rigid. Dei peiker på at regelen både gir éin enkeltperson høve til å tvinge gjennom kostbare oppgraderingar mot alle andre sin vilje, og at han kan føre til at nokre få personar kan sperre for ei utbygging som eit stort fleirtal ønskjer (i dei tilfella kostnadene går over taket). Det siste omtaler NBBL som ein vetorett, mens OBOS meiner det medfører at føresegna i røynda blir ein regel om at vedtaket må vere samrøystes.

Både OBOS og NBBL meiner at forslaget vil føre til at samanliknbare tiltak vil bli behandla på ulik måte. Dei peiker blant anna på at mange bustadblokker har måtta forsterke straumnettet på bakgrunn av auka straumbehov i bustadene, og at slike vedtak er gjorde med alminneleg fleirtal (i ytste fall to tredels fleirtal). Organisasjonane peiker på at det derfor er lite logisk at ei oppgradering av straumnettet for å leggje til rette for elbillading skal krevje samtykke frå den enkelte.

NBBL synest òg det er urimeleg at nokre skal få høve til veto med den følgje at bustadene til andre eigarar kan få lågare salsverdi.

NBBL meiner at dei alminnelege reglane for kompetanse og maktmisbruk gir eit godt nok rammeverk for å stanse uheldige tiltak, og at det derfor ikkje trengst eit kostnadstak. Både OBOS og NBBL meiner at det vil vere betre med ei skjønnsmessig føresegn, der det kjem an på ei samla vurdering om det skal givast løyve eller ikkje.

Norges Eiendomsmeglerforbund meiner det må vurderast grundig om det skal takast inn ei absolutt kostnadsgrense, og om ei slik grense bør liggje så høgt som halvparten av grunnbeløpet i folketrygda.

Birger Torgersrud foreslår at det blir presisert i lova at kostnadstaket knyter seg til etableringskostnadene til infrastruktur for kvar garasjeplass.

Fleire av høyringsinstansane peiker på at det er svært kostbart, sjølv med det foreslåtte kostnadstaket, å leggje til rette for elbillading. Éin privatperson meiner at forslaget tek lite omsyn til at det finst mange økonomisk ressurssvake. Ein annan privatperson meiner at andelseigarar i burettslag gjennomgåande har svakare økonomi enn seksjonseigarar i eigarseksjonssameige, og at kostnadstaket ikkje bør vere likt i dei to lovene. Denne personen ber om at kostnadstaket blir sett lågare for andelseigarar.

Fleire av desse høyringsinstansane etterlyser offentlege støtteordningar. LO og EL og IT Forbundet, som er positive til høyringsforslaget, meiner òg at det bør vurderast å innføre økonomiske støtteordningar til burettslag som får store utgifter. Samtidig framhevar fleire instansar, også LO og EL og IT Forbundet, at fleire bedrifter tilbyr gode løysingar som gjer at økonomi i svært liten grad er eit argument for å ikkje montere ladepunkt. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap peiker på at ladeanlegg med laststyring vil redusere behovet for kostbar oppgradering av det lokale straumnettet (unngår anleggsbidrag) ved at systemet utnyttar tilgjengeleg kapasitet i eksisterande nett.

Advokatforeningen, som støttar forslaget om eit kostnadstak, tilrår departementet å presisere at den enkelte seksjons- og andelseigaren har rett til å ta på seg større kostnadsdekning, og at kostnadstaket då ikkje vil vere til hinder for å gjennomføre tiltaket.

Når det gjeld forslaget om at styret kan avslå eit krav om å setje opp ladepunkt etter ei konkret saklegvurdering, saknar OBOS fleire eksempel på kva som kan utgjere ein sakleg grunn. Vidare stiller OBOS spørsmål ved korleis individualretten til andels- eller seksjonseigaren skal balanserast mot andre legitime omsyn. OBOS nemner som eksempel at ein andelseigar i år éin ønskjer å etablere ladepunkt. Dette føreset ei oppgradering av anlegget som burettslaget først planlegg i år tre, fordi andre vedlikehaldsbehov blir vurderte som meir nødvendige og påkravde. OBOS spør om burettslaget er forplikta til straks å oppgradere anlegget, eller om det kan vente.

Éin privatperson skriv at det i mange burettslag allereie er etablert felles ladestasjonar med god kapasitet. Denne personen spør om eksistensen av slike felles ladestasjonar, etter omstenda, vil kunne utgjere ein «sakleg grunn» til å gi avslag.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap og Norsk elbilforening har innspel knytte til departementets omtale av branntryggleiken ved brann i elbil i lukka rom, og til om branntryggleik kan vere ein sakleg nektingsgrunn. Direktoratet viser til at brann- og redningsvesenet sidan 2016 har rapportert om totalt 3260 tilfelle av brann i personbil. Statistikken viser at det brenn langt sjeldnare i elbilar enn i bilar som går på fossilt drivstoff. Det er dessutan svært sjeldan at det er batteriet som er årsaka til brann i elbil eller til at batteriet brenn. Direktoratet ber om at omtalen av branntryggleik blir oppdatert med tilvising til denne statistikken, og at det blir vist til ein ny rapport frå RISE frå 2019. Rapporten konkluderer med at elbil ikkje medfører auka brannfare i eit garasjeanlegg så lenge ladinga skjer etter direktoratets regelverk. Rapporten konkluderer òg med at det ikkje er grunnlag for å krevje spesielle branntekniske tiltak for elbilar samanlikna med for fossildrevne bilar.

NBBL meiner det bør presiserast i lova at styret kan stille saklege vilkår dersom det blir gitt samtykke. Det kan for eksempel vere vilkår om plassering av ladepunkt på ein viss stad dersom det skal vere på eit fellesareal, vilkår knytte til tryggleik, eller vilkår om bruk av ein viss type ladeboks slik at ein kan byggje ut eit smart straumstyringssystem for heile bustadselskapet.

3.3.6 Negative til forslaget

Ni privatpersonar og eitt burettslag er negative til forslaget. Desse opplever at forslaget er urettvist. Urettvisa knyter seg særleg til at alle seksjons- og andelseigarar skal betale for noko som berre kjem dei som har parkeringsplass og/eller elbil til gode. Fleire peiker på at det ofte ikkje er nok parkeringsplassar til alle bebuarane, særleg i eldre burettslag. Det blir særleg urimeleg, ifølgje éin av privatpersonane, dersom parkeringsplassane er omsetjelege. Det vil då skje ei overføring av fellesskapets midlar til den aktuelle parkeringsplasseigaren, som kan realiserast gjennom sal av parkeringsplassen. Fleire av desse privatpersonane meiner at kostnadene for å etablere ladepunkt berre bør fordelast på dei som har ein fast parkeringsplass.

Fleire av dei negative høyringsinstansane peiker på at det heller bør etablerast felles ladestasjonar, og at det bør vere opp til det enkelte eigarseksjonssameiget eller burettslaget korleis den nærmare organiseringa skal vere. Éin av privatpersonane uttaler at «[f]elles ladestasjoner vil være billigere, mer fleksibelt, gi best ressursutnyttelse og vil komme langt flere til gode, også de som ikke har økonomi til å bekoste eget ladepunkt».

Éin privatperson meiner det ikkje bør etablerast ein individualrett, men at det heller bør vere opp til generalforsamlinga å gjere vedtak om å etablere ladepunkt. Madlamark 2 borettslag meiner at forslaget om ein individualrett vil gjere kollektive løysingar vanskeleg, for eksempel samlokalisering av ladepunkt med bildelingsløysingar.

I forlenginga av dette meiner éin av privatpersonane at det er sløsing med ressursar å leggje til rette for individuelle løysingar når samfunnet elles oppfordrar til delingsøkonomi. Madlamark 2 borettslag er inne på det same. Burettslaget peiker også på at individuelle løysingar kan føre til effektproblem i det lokale straumnettet, som blant anna kan gjere fellesløysingar for lading vanskeleg.

3.4 Departementets vurdering

3.4.1 Behovet for ei føresegn om laderett

Utviklinga i prosentdelen elbilar har gått frå å utgjere mindre enn 1 prosent av bilparken i Noreg til 10 prosent på under ti år. I 2019 var 42 prosent av alle nye selde personbilar elbilar. Hybridbilar utgjorde 26 prosent av nybilsalet.

Den sterke auken i prosentdelen elbilar tilseier etter departementets syn at det bør leggjast til rette for at folk kan lade der dei bur.

Eigarseksjonssameige og burettslag byggjer på ein modell der generalforsamling og årsmøte er øvste avgjerdsmakt, og der viktige avgjerder skal takast av fellesskapet. Det er derfor i utgangspunktet opp til det enkelte sameiget og burettslaget korleis elbillading skal organiserast. Forslaget om å gi den enkelte seksjons- og andelseigaren rett til å etablere ladepunkt er meint som ein tryggleiksventil for den enkelte bebuar i dei tilfella fleirtalet i burettslaget eller sameiget er imot eit slikt forslag.

Utviklinga med fleire elbilar vil truleg medføre at ladeinfrastruktur blir meir vanleg i heile landet, slik OBOS og NBBL framhevar. I dag varierer det sterkt både om det er eit fleirtal av bebuarane som har bil, og om dei i så fall har elbil. Høyringa viser at det er eit konfliktpotensial knytt til det å etablere ladepunkt, særleg når det gjeld kostnadsfordelinga. Departementet meiner derfor det trengst reglar som sikrar mindretalet i slike tilfelle.

Departementet presiserer at lovforslaget ikkje er meint å vere til hinder for at det blir etablert felles ladestasjonar, slik fleire høyringsinstansar meiner er ei betre løysing. Departementet deler til ein viss grad bekymringa til Madlamark 2 borettslag om at ein individualrett kan gjere kollektive løysingar vanskeleg. Departementet vil likevel framheve at dersom det finst, eller det innanfor eit rimeleg tidsrom bli planlagt for, eit fullgodt tilbod om å lade på ein felles ladestasjon i sameiget eller burettslaget, vil styret kunne ha «sakleg grunn» til å nekte den enkelte å setje opp eit privat ladepunkt, jf. punkt 3.4.5.

Departementet foreslår etter dette å gå vidare med forslaget som blei sendt på høyring, men med enkelte presiseringar som vil bli utdjupa nedanfor.

3.4.2 Kven retten skal tilkomme, og kvar ladepunktet skal setjast opp

Departementet meiner at alle som har rett til å parkere på eigedommen til eigarseksjonssameiget eller burettslaget, i utgangspunktet bør ha rett til å setje opp ladepunkt. Utviklinga med fleire ladbare bilar tilseier etter departementets syn at retten til å lade heime ikkje bør vere berre for dei som har ein fast parkeringsplass.

Parkering kan organiserast på mange ulike måtar som gir den enkelte bebuaren ulik grad av rettsleg vern for retten til parkering. Retten til å setje opp ladepunkt må etter departements syn tilpassast kva slags rett den enkelte har til å parkere.

Departementet meiner at den som har eksklusiv bruksrett til ein viss parkeringsplass, som utgangspunkt bør ha rett til å setje opp ladepunktet i tilknyting til denne plassen. Dette utgangspunktet er likevel ikkje til hinder for avtalar med styret om ei anna plassering, for eksempel der det er eit ønske om å etablere ei fellesløysing for lading.

Departementet meiner vidare at ein seksjons- eller andelseigar som har rett til parkering på fellesareal, men utan fast plass, også skal omfattast av forslaget. I slike tilfelle vil retten bestå i at den enkelte kan krevje at det blir sett opp eit ladepunkt, slik at vedkommande får høve til å lade bilen sin. I desse tilfella vil det likevel vere opp til styret å avgjere kvar ladepunktet skal plasserast. Ein slik regel gir det enkelte sameiget og burettslaget stor grad av fleksibilitet til å organisere ladepunkta, slik at dette blir tilpassa dei lokale forholda.

Departementet har forståing for at OBOS og NBBL er urolege for at ein rett til å krevje at det blir sett opp ladepunkt på fellesareal, vil kunne føre til at den som bruker ladepunktet i røynda får ein einerett til å bruke den aktuelle plassen. Departementet presiserer at retten til å krevje at det blir etablert ladepunkt, ikkje inneber at det ladepunktet som blir sett opp, skal vere det private ladepunktet til vedkommande. I desse tilfella vil det bli opp til styret å finne formålstenlege ordningar. For eksempel kan styret fastsetje at parkeringsplassane framfor ladepunktet er reserverte for elbilar i sameiget eller burettslaget, eller lage ei rulleringsordning. Departementet er einig med OBOS i at styret i slike tilfelle bør kunne stille strenge vilkår. At den enkelte får ein lovbestemt rett til å krevje at det blir etablert ladepunkt, må ikkje bli ein «snarveg» til å skaffe seg fast parkeringsplass. Departementet har endra ordlyden i lovforslaget for å gjere dette tydeleg.

Departementet presiserer at retten til (sjølv) å setje opp ladepunkt, eller retten til å krevje at det blir etablert ladepunkt på fellesareal, i alle tilfelle er avgrensa til å gjelde areal som allereie er sette av til parkeringsformål. Det inneber at ingen kan krevje omdisponering av for eksempel grøntareal til parkeringsplass for å setje opp ladepunkt. Ei slik omdisponering av areal må eventuelt først godkjennast av årsmøtet eller generalforsamlinga, jf. eigarseksjonslova § 49 andre ledd bokstav a og burettslagslova § 8-9 nr. 1. Det er vidare eit premiss, slik Larvik kommune framhevar, at ei eventuell omdisponering er i tråd med det formålet arealet er regulert til etter plan- og bygningslova.

Asker og Bærum Boligbyggelag og éin privatperson meiner at ein seksjonseigar som har installert eit ladepunkt på sin plass og deretter blir pålagd å byte plass med ein person med nedsett funksjonsevne etter eigarseksjonslova § 26 andre ledd, må bli kompensert for dette. Departementet er einig i det. Departementet har i ei tolkingsfråsegn 24. oktober 2019 komme til at alminnelege rimelegsynsmåtar må føre til at den som får bytt til seg ein plass med eit ladepunkt, må betale for at eit tilsvarande ladepunkt blir sett opp på plassen han gir frå seg (jf. sak 19/4647). Tolkingsfråsegna er følgd opp i underrettspraksis.2 Departementet er ikkje einig med Asker og Bærum Boligbyggelag i at det er grunn til å regulere dette særskilt.

Madlamark 2 borettslag meiner at forslaget bør utformast teknologinøytralt. Burettslaget meiner forslaget vil verke konkurransevridande fordi det favoriserer elbilar framfor andre klimavennlege bilar. Departementet presiser at det er auken i talet på ladbare bilar som har ført til behov for ei føresegn om rett til å setje opp ladepunkt. Av den grunn er ikkje forslaget utforma teknologinøytralt.

Fleire høyringsinstansar spør om forslaget også er meint å gjelde når parkeringsplassane ligg i ein eigen anleggseigedom. Departementet presiserer at eigarseksjonslova og burettslagslova berre gjeld for parkering på eigedommen til sameiget eller burettslaget. Dette inneber at regelen om laderett gjeld dersom parkeringa er etablert i ein eigen næringsseksjon i same eigarseksjonssameige, men ikkje om parkeringa er organisert i ein eigen parkeringseigedom (anleggseigedom).

3.4.3 Kostnadsfordelinga

Departementet meiner at fordelinga av kostnader som kan oppstå når det skal leggjast til rette for lading, i utgangspunktet bør følgje dei alminnelege reglane i eigarseksjonslova og burettslagslova, jf. eigarseksjonslova § 29 og burettslagslova § 5-19. Hovudregelen er at felleskostnader skal fordelast etter sameigebrøken (i eigarseksjonssameige) eller fordelingsnøkkelen (i burettslag). Kostnadskrevjande tiltak blir normalt finansierte gjennom ein auke i felleskostnadene.

Fleire høyringsinstansar opplever den foreslåtte kostnadsfordelinga som urettvis. Urettvisa er knytt til at det kan vere dyrt å anlegge ladepunkt, og at det i mange tilfelle ikkje vil komme alle bebuarane til gode.

Departementets utgangspunkt er at bebuarar i burettslag og eigarseksjonssameige, i tråd med hovudregelen, må vere med og dekkje utgifter til fellestiltak. Det gjeld også tiltak den enkelte ikkje ønskjer å nytte. For eksempel må bebuarar utan barn akseptere at kostnadene til å lage til ein leikeplass blir fordelte på alle. Det avgjerande er at tiltaket etter sin karakter kjem fellesskapet til gode.

Eigarseksjonslova og burettslagslova har likevel reglar om at enkelte kostnader skal fordelast etter nytten for den enkelte brukseininga eller bustaden, jf. eigarseksjonslova § 29 første ledd og burettslagslova § 5-19 første ledd. Det må vere «særlege grunnar» for å krevje fordeling etter nytte. Unntaksregelen er aktuell der det er klart at det vil vere rimeleg å fråvike hovudregelen om fordeling etter sameigebrøk eller fordelingsnøkkel. Høgsterett har i Rt. 2013 s. 1508 lagt til grunn at unntaksregelen må tolkast snevert. Fordeling etter nytte kan skje såframt det er tale om ei utgift til eit tiltak som visse seksjons- eller andelseigarar ikkje kan ha nytte av.

Departementet vil i det følgjande gi føringar for kostnadsfordelinga for dei mest typiske utgiftspostane.

Det kan for det første oppstå kostnader for å oppgradere det lokale straumnettet. Departementet meiner at dette er eit tiltak som kan komme alle bebuarane til gode. Som framheva av Kjell Tore Wirum vil oppgradert straumnett kunne gi betre kapasitet også til bustadene. Departementet meiner derfor det er naturleg at oppgraderinga som den klare hovudregelen blir betalt av fellesskapet som ei fellesutgift – uavhengig av om den enkelte disponerer ein parkeringsplass eller ikkje. Å oppgradere straumnettet kan bli svært kostbart, særleg dersom nettselskapet krev anleggsbidrag for å dekkje kostnadene ved forsterking av nettet.3 Dersom kostnadene blir svært høge, kan styret avslå eit krav om å etablere ladepunkt, jf. punkt 3.4.5.

For det andre vil det normalt oppstå kostnader til etablering av infrastruktur fram til ladepunktet. Dette gjeld blant anna føringsvegar for elektriske kablar. Etablering av ladeinfrastruktur inneber at det blir lagt til rette for elbillading. Dette vil normalt føre til at bebuarar som disponerer ein parkeringsplass, får høve til å kople seg på den etablerte infrastrukturen og setje opp eit ladepunkt. Men for å kunne nytte dette høvet må bebuaren ha ein rett til å parkere på eigedommen. Forslaget om laderett vil i all hovudsak vere relevant for eldre eigarseksjonssameige og burettslag. Som framheva av fleire av høyringsinstansane er det ofte knapt med parkeringsplassar i eldre sameige og burettslag. Departementet har forståing for at dei som ikkje har rett til å parkere, opplever det som urettvist at dei skal betale for ladeinfrastruktur. Departementet meiner at det kan vere aktuelt at dei som ikkje har eller vil kunne få ein rett til å parkere på eigarseksjonssameigets eller burettslagets eigedom når tiltaket blir vedteke, blir haldne utanfor når kostnadene skal fordelast. Dette må likevel vurderast konkret. Kostnadene til ladeinfrastruktur bør då fordelast på dei andelseigarane eller seksjonseigarane som kan ha nytte av at det blir lagt til rette for elbillading. Dette inneber motsetningsvis at departementet ikkje er einig med dei privatpersonane som meiner at dei som ikkje har bil, eller elbil, skal haldast utanfor kostnadsfordelinga. Såframt den enkelte har eller vil kunne få ein rett til å parkere, vil vedkommande ha høve til å gjere seg nytte av tiltaket.

For det tredje vil det komme kostnader til innkjøp av sjølve ladepunktet og montering av dette. Når det gjeld kven som skal betale for innkjøp og installasjon av sjølve ladepunktet, meiner departementet at det bør skiljast mellom om ladepunktet blir sett opp på ein plass som bebuarane har eksklusiv bruksrett til, eller på ein stad som er til felles bruk. Dersom ladepunktet blir sett opp på eit område som alle seksjons- eller andelseigarane har tilgang til, er dette eit felles gode for bebuarane. Ladepunktet må då betalast av fellesskapet og blir ein del av felleskostnadene. Departementet meiner likevel, som nemnt over, at det kan vere aktuelt at dei som ikkje har eller vil kunne få ein rett til å parkere, haldast utanfor når kostnadene skal fordelast. Dersom ladepunktet blir sett opp på ein parkeringsplass som den enkelte har eksklusiv bruksrett til, meiner departementet at installasjonen må betalast av den enkelte.

For det fjerde vil det komme kostnader til forbruk av straum ved lading. Straumforbruket vil vanlegvis knyte seg til den enkelte brukseininga eller bustaden, og det vil derfor måtte betalast av den enkelte. Dette kan for eksempel organiserast ved at det blir avtalt eit fast beløp kvar månad, eller ved at seksjons- eller andelseigaren blir fakturert direkte for faktisk forbruk.

Departementet har merka seg innspelet frå Kjell Tore Wirum om at prisen ikkje må setjast så lågt at det blir å rekne som ei «subsidiering», og innspelet frå Madlamark 2 borettslag om at burettslaget må ha rett til å ta ein forhøgd pris på ladinga, slik at investeringa i ladepunkt kan betalast tilbake. Departementet meiner at det i utgangspunktet må vere opp til det enkelte sameiget eller burettslaget å finne ei løysing på slike problemstillingar. Det same gjeld kva kostnader som skal inngå i prisinga av straumforbruket. Løysninga må likevel ikkje brukast til å omgå føresegnene om kostnadsfordeling, for eksempel ved at kostnader som etter lova skal berast av fellesskapet, blir belasta den enkelte gjennom forhøgd ladepris.

3.4.4 Kompetansen til å avgjere krav om å setje opp ladepunkt

Departementet meiner at kompetansen til å avgjere eit krav om å setje opp ladepunkt bør liggje hos styret. Dei høyringsinstansane som støttar forslaget om ein individualrett, støttar også dette.

Departementet foreslo i høyringsnotatet at det skulle presiserast i føresegna at styret åleine skulle ha kompetanse til å gjere alle nødvendige vedtak knytte til å setje opp ladepunktet, også om å oppgradere straumnettet.

NBBL meiner det er ein dårleg idé å ta frå generalforsamlinga og årsmøtet høvet til å behandle saker om etablering av ladeinfrastruktur. NBBL peiker på at det gjerne vil vere tale om store investeringar og ulike løysingsalternativ, og at styret derfor ofte vil ønskje å forankre vala. LO er inne på det same. NBBL peiker òg på at det vil vere upraktisk dersom vedtakinga av sjølve tiltaket og finansieringa må behandlast åtskilt.

Departementet er samd med NBBL og LO i at det kan vere gode grunnar til å behandle spørsmål knytte til elbillading på årsmøte eller generalforsamling. Det kan vere nyttig at fellesskapet av bebuarane diskuterer ulike alternative løysingar, og at tiltaket gjennom dette blir godt forankra.

Departementet vil likevel presisere at den som etter lovforslaget har rett til å setje opp ladepunkt, har ein individualrett. Årsmøtet eller generalforsamlinga kan derfor som hovudregel ikkje gjere om eit styrevedtak som slår fast at den enkelte har rett til å setje opp ladepunkt. Unntak gjeld dersom styret har gått ut over avgjerdsmakta si.

Årsmøtet eller generalforsamlinga kan derimot gjere om eit negativt styrevedtak. Ein seksjonseigar eller andelseigar som får eit negativt vedtak, kan derfor løfte saka til årsmøtet eller generalforsamlinga, som i kraft av den alminnelege instruksjonsmakta si kan vedta at styret skal medverke til at den lovbestemte retten blir gjennomført.

Departementet har vore i tvil om styret bør ha ein eksklusiv kompetanse til å behandle og avgjere alle spørsmål og usemjer som måtte oppstå knytte til praktiseringa av laderetten. Departementet har likevel komme til, i tråd med innspelet frå OBOS, at det ikkje er nødvendig å lovregulere dette særskilt. Lovforslaget gir rett til å etablere eit fungerande ladepunkt, noko som inneber at seksjons- eller andelseigaren i utgangspunktet også kan krevje utført nødvendig arbeid for å oppnå dette. Generalforsamlinga eller årsmøtet kan ikkje motsetje seg dette. Individualretten omfattar derfor ein rett til å få oppgradert straumnettet og etablert infrastruktur dersom dette er nødvendig for at ladepunktet skal vere operativt. Som departementet kjem til i punkt 3.4.5 under, kan likevel kostnadsnivået etter omstenda utgjere ein «sakleg grunn» til å nekte bebuaren å setje opp ladepunkt.

3.4.5 Når kan styret nekte den enkelte å setje opp ladepunkt – «sakleg grunn»

Ei føresegn som gir enkeltpersonar rett til å setje opp ladepunkt, må etter departementets syn også sikre dei andre bebuarane sine saklege motførestillingar. Ein rett til å setje opp ladepunkt kan gjere store investeringar nødvendige, og kostnader vil derfor normalt vere den mest relevante motførestillinga til eit initiativ om å leggje til rette for lading.

Departementet foreslo i høyringsnotatet eit tak for når det å etablere ladepunktet blir så kostbart at den som blir påført utgiftene, må gi samtykke for at tiltaket skal kunne gjennomførast. Forslaget var at taket skulle liggje på halvparten av grunnbeløpet i folketrygda på vedtakstidspunktet – om lag kr 50 000.

OBOS og NBBL er negative til forslaget om eit kostnadstak. Dei meiner at regelen blir for rigid, og peiker på at han på den eine sida gir éin enkeltperson høve til å tvinge gjennom kostbare oppgraderingar mot alle andre sin vilje. På den andre sida kan regelen føre til at nokre få personar kan sperre for ei utbygging som eit stort fleirtal ønskjer. Både OBOS og NBBL meiner det er betre med ei føresegn der det kjem an på ei skjønnsmessig og samla vurdering om det skal givast løyve eller ikkje.

Departementet er einig i at eit kostnadstak kan verke rigid, og at det vil kunne få utilsikta verknader. Ein vilkårslaus rett til å krevje sin vilje gjennom opp til eit visst tak, gjer det for eksempel ikkje mogleg å ta omsyn til økonomien i det enkelte eigarseksjonssameiget eller burettslaget. Eit tak vil følgjeleg kunne ramme sameige og burettslag som allereie har ei høg gjeldsbelastning, uforholdsmessig hardt.

Departementet deler vidare synet til NBBL og OBOS om at det er uheldig om eit lite mindretal kan sperre for eit vedtak om ladepunkt som det er eit klart fleirtal for. Både samfunnsutviklinga med stadig fleire ladbare bilar, og at liknande tiltak ikkje krev tilslutning frå den enkelte, taler mot ein slik regel.

Samtidig meiner departementet at eit økonomisk ansvar for den enkelte seksjons- eller andelseigaren opptil kr 50 000 er høgt. Særleg med tanke på at dette er ein individualrett som ikkje har grunnlag i ei fleirtalsavgjerd på generalforsamlinga eller årsmøtet. Vidare vil ei beløpsgrense vere ein enkel regel å praktisere, og det vil sikre føreseielege forhold for bebuarane og for styret.

Etter ei fornya vurdering har departementet komme til ikkje å gå vidare med forslaget om eit kostnadstak. Departementet legg særleg vekt på at ein regel om eit kostnadstak ikkje gir høve til å leggje vekt på dei lokale forholda i det enkelte sameiget eller burettslaget. Samtidig er det departementets syn at formålet med å etablere eit kostnadstak – å ta omsyn til økonomien til dei andre bebuarane – vil bli sikra gjennom regelen om at styret kan avslå eit krav om å setje opp ladepunkt dersom det ligg føre ein «sakleg grunn».

Departementet held derfor på forslaget om at styret kan avslå eit krav om ladepunkt basert på ei konkret saklegvurdering. At tiltaket kan bli kostbart, vil etter departementets syn vere den mest relevante nektingsgrunnen. Halvparten av grunnbeløpet i folketrygda på vedtakingstidspunktet, altså om lag kr 50 000, i samla økonomisk ansvar for den enkelte andels- eller seksjonseigaren, vil vere retningsgivande for når departementet meiner styret vil ha sakleg grunn til å nekte. Departementet meiner dette er ei kostnadsramme som i utgangspunktet balanserer omsynet til den enkelte bebuarens økonomi mot omsynet til interessa i å setje opp ladepunkt.

Styret må likevel gjere ei konkret vurdering der kostnadene ved tiltaket må vegast mot andre relevante moment. Andre relevante moment kan for eksempel vere om sameiget eller burettslaget har god økonomi eller ikkje, om tiltaket vil auke marknadsverdien til eigedommen på ein slik måte at det kjem alle bebuarane til gode, og om bebuarane vil ha andre positive effektar av tiltaket. Eit eksempel på det siste kan vere auka straumkapasitet i den enkelte bueininga. Vurderinga kan medføre at kostnadene kan vere både lågare og høgare enn halvparten av grunnbeløpet, før det ligg føre ein sakleg grunn til å nekte.

Fleire høyringsinstansar har spelt inn at det er svært kostbart å leggje til rette for elbillading, og at forslaget ikkje tek omsyn til den økonomiske situasjonen til enkeltpersonar. Fleire av desse høyringsinstansane etterlyser offentlege støtteordningar for å etablere ladeinfrastruktur i burettslag og eigarseksjonssameige.

Departementet har forståing for synspunktet om at det er kostbart å leggje til rette for elbillading. Departementet vil likevel presisere at det stadig blir utvikla nye metodar som reduserer behovet for kostbar nettutbygging. Som påpeikt av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, vil sameiget eller burettslaget gjennom å etablere eit ladeanlegg med laststyring kunne utnytte tilgjengeleg kapasitet i det eksisterande nettet og på den måten redusere behovet for ei oppgradering av det lokale straumnettet.

Når det gjeld offentlege støtteordningar, legg departementet til grunn at den vidare utbygginga av ladeinfrastruktur for elbilar i Noreg stort sett skjer ved kommersiell etablering av ladestasjonar. I den tidlege fasen der det framleis er nødvendig med støtte til offentleg tilgjengelege hurtigladarar vil Enova vere statens verkemiddel. Enova har allereie medverka til å få etablert ein grunnleggjande nasjonal ladeinfrastruktur. Enkelte kommunar og fylkeskommunar har støtteordningar for elbillading i burettslag og sameige. Fleire slike prosjekt har motteke støtte frå Klimasats.

Departementet er elles samd med NBBL i at reglane om misbruk av avgjerdsmakt i ytste konsekvens vil kunne hindre urimelege vedtak.

OBOS har etterlyst fleire eksempel på kva anna enn økonomi som kan utgjere ein sakleg grunn. Fleire høyringsinstansar har skissert ulike scenario og stilt spørsmål ved om styret vil ha sakleg grunn til å nekte i eit skissert tilfelle.

Kva som er sakleg grunn, må vurderast konkret. Norma gir rom for at eigarseksjonssameiget eller burettslaget kan ta omsyn til fleire forhold. Den saklege grunnen må likevel knyte seg til det å setje opp ladepunkt. Som nemnt ser departementet for seg at økonomi vil vere den mest relevante nektingsgrunnen. Departementet vil i det følgjande peike på enkelte andre forhold som etter omstenda vil kunne gi grunnlag for å nekte.

Dersom oppsetjing av ladepunkt ikkje tilfredsstiller gjeldande tryggleiksnormer, vil dette normalt vere ein sakleg grunn til å nekte. Som framheva av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap viser dagens kunnskapsgrunnlag (RISE rapport 2019:123) at elbil ikkje medfører auka brannfare i eit garasjeanlegg, så lenge lading skjer i samsvar med direktoratets regelverk. Departementet legg på denne bakgrunnen til grunn at brannfare normalt ikkje vil kunne utgjere ein sakleg grunn for styret til å nekte. Styret må i så fall kunne dokumentere ein reell brannfare. Styret må likevel kunne stille vilkår om at ladepunktet blir etablert i samsvar med gjeldande tryggleiksnormer.

Departementet meiner vidare at det vil kunne vere ein sakleg nektingsgrunn at burettslaget eller sameiget allereie har eit fullgodt ladetilbod. Formålet med ein individualrett er å sikre den enkelte høve til å kunne lade heime. Dersom det er etablert felles ladestasjonar, vil ikkje den enkelte kunne krevje at fellesskapet betaler for ladeinfrastruktur for å kunne setje opp eit privat ladepunkt på parkeringsplassen til bebuaren. Om ladetilbodet som sameiget eller burettslaget tilbyr, er godt nok til å utgjere ein sakleg grunn til å nekte, må vurderast konkret. Den enkelte kan ikkje forvente uavgrensa tilgang, slik ein vil ha til eit privat ladepunkt. På den andre sida kan ikkje tilgangen vere så sjeldan at ein ikkje får ladd bilen tilstrekkeleg til normal bruk.

Madlamark 2 borettslag skriv at individuelle løysingar kan føre til effektproblem i det lokale straumnettet, som blant anna kan gjere fellesløysingar for lading vanskeleg. At ein må oppgradere det lokale straumnettet, er i seg sjølv ikkje ein sakleg nektingsgrunn. Det må likevel vurderast kva konsekvensane blir dersom ein oppgraderer. Dersom oppgraderinga medfører uforholdsmessig høge kostnader, vil det som nemnt ovanfor kunne vere høve til å nekte. Konkrete planar om å byggje ut felles ladestasjonar vil også kunne utgjere ein sakleg nektingsgrunn.

Departementet meiner vidare at det vil kunne utgjere ein sakleg grunn dersom det ikkje ligg føre ein eigna plass til å setje opp ladepunktet på fellesarealet.

OBOS har stilt spørsmål ved korleis individualretten skal balanserast mot andre legitime omsyn, og nemner som eksempel at det å etablere ladepunkt vil krevje ei oppgradering av straumnettet, noko burettslaget planlegg å gjere først om tre år, fordi andre vedlikehaldsbehov er vurdert som meir nødvendig og påkravd. Det er ikkje mogleg å svare generelt på korleis individualretten skal balanserast mot andre legitime omsyn. Norma om sakleg grunn er brukt nettopp for at andre legitime omsyn kan vektleggjast. I det nemnde eksempelet kan det tenkjast at kostnadsbelastninga for sameiget eller burettslaget blir for stor dersom straumnettet må oppgraderast samtidig som det er andre planlagde vedlikehaldsarbeid som det er påkravd å ta samtidig. Dette må likevel vurderast konkret.

NBBL meiner at det bør presiserast i lova at styret kan stille saklege vilkår dersom det blir gitt samtykke. NBBL nemner som eksempel plassering av ladepunkt på ein viss stad dersom det skal vere på eit fellesareal, vilkår knytte til tryggleik eller vilkår om bruk av ein viss type ladeboks, slik at ein kan byggje ut eit smart straumstyringssystem for heile bustadselskapet. Departementet meiner at styret kan stille vilkår så lenge individualretten blir sikra. Vilkåret kan altså ikkje avgrense retten den enkelte har til å setje opp eit fungerande ladepunkt. Vilkåret må knyte seg til gjennomføringa av retten, for eksempel må styret i utgangspunktet kunne stille vilkår om bruk av ein viss type ladeboks slik at det kan byggjast ut eit smart straumstyringssystem. Dette følgjer allereie av at individualretten ikkje gir rett til ein viss ladeboks, men eit fungerande ladepunkt. Vidare vil styret kunne stille vilkår dersom det er grunnlag for å avslå kravet om vilkåret ikkje er oppfylt. Dette kan for eksempel gjelde vilkår om å oppfylle tryggleikskrav.

At det er opp til styret å avgjere kvar på fellesarealet den enkelte kan setje opp ladepunkt, følgjer elles eksplisitt av lovforslaget. Departementet ser det ikkje som nødvendig å lovregulere styrets høve til å stille vilkår ytterlegare.

Fotnotar

1.

Bruksretten vil då gå fram av byggje- og finansieringsplanen eller andre dokument som ligg til grunn for etableringa av burettslaget.

2.

Asker og Bærum tingrett, dom av 14.01.2020 (19-077474TVI-AHER/1).

3.

NVE har vedteke endringar for reglane om anleggsbidrag i forskrift om kontroll av nettverksemd. Blant anna er det vedteke ei endring som sikrar at kunden i praksis alltid berre skal betale sin forholdsmessige del av investeringskostnadene dei utløyser i nettanlegg med fleire kundar. Tidlegare har det vore høve til å belaste den kunden som utløyser behovet for forsterkninga, for heile anleggskostnaden. Endringane tok til å gjelde 1. januar 2019.

Til forsida