Prop. 144 L (2019–2020)

Endringar i burettslagslova mv. (rett til å setje opp ladepunkt for elbil, samanslåing av eigarseksjonssameige)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Kommunal- og moderniseringsdepartementet fremjar i denne proposisjonen forslag om å innføre ein ny regel i burettslagslova. Føresegna vil gi andelseigarar i burettslag rett til – på visse vilkår – å setje opp ladepunkt for elbil. Departementet foreslår samtidig å presisere den tilsvarande føresegna i eigarseksjonslova.

Proposisjonen inneheld òg forslag om å senke kravet for å kunne slå saman to eller fleire eigarseksjonssameige, frå semje til to tredels fleirtal på årsmøtet. Formålet med forslaget er å gjere det enklare for eigarseksjonssameige å slå seg saman til meir formålstenlege driftseiningar.

I kapittel 2 står det om bakgrunnen for lovforslaga. Kapittelet omtaler Stortingets oppmodingsvedtak om ladepunkt for andelseigarar i burettslag, og gjer kort greie for eit ekspertutvals mandat og forslag knytte til redusert krav til fleirtal på årsmøtet for samanslåing av eigarseksjonssameige. Vidare blir høyringa av begge forslaga omtalt.

Kapittel 3 handlar om forslaget om å innføre ein regel i burettslagslova og presisere ei føresegn i eigarseksjonslova, som – på visse vilkår – gir bustadeigarar i burettslag og eigarseksjonssameige rett til å setje opp ladepunkt for elbil.

I kapittel 4 foreslår departementet å lovfeste eit krav om to tredels fleirtal på årsmøte i det enkelte sameiget for å vedta samanslåing av ett eller fleire eigarseksjonssameige.

Kapittel 5 inneheld departementets vurdering av dei økonomiske og administrative konsekvensane av dei forslaga som blir fremja i denne proposisjonen, mens kapittel 6 inneheld merknader til dei enkelte paragrafane i lovforslaget.

Til forsida