Prop. 145 L (2020–2021)

Endringar i opplæringslova, friskulelova og barnehagelova (behandling av personopplysningar, fjernundervisning o.a.)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Departementet legg med dette fram forslag til endringar i barnehagelova, opplæringslova og friskulelova. Forslaga gjeld særleg to område. Det første er regulering av behandling av personopplysningar innan barnehage og grunnopplæringa. Det andre gjeld gjennomføring av opplæringa som fjernundervisning.

Punkt 2.3 handlar om personopplysningar i barnehagesektoren. Departementet foreslår ei generell føresegn om at kommunar, fylkeskommunar og private barnehagar skal kunne behandle personopplysningar så langt det er nødvendig for å utføre oppgåver etter lova. Vidare foreslår departementet å lovfeste at deling av personopplysningar mellom barnehagar og frå barnehage til skule kan gjerast så langt foreldra gir løyve til det. Utdanningsdirektoratets innsamling, behandling og deling av personopplysningar til bruk i forsking, analyse og statistikk blir foreslått klargjort.

Punkt 2.4 handlar om personopplysningar i grunnopplæringa (grunnskule og vidaregåande skule). Departementet foreslår ei generell føresegn om at dei som driv skule, skal kunne behandle personopplysningar så langt det er nødvendig for å utføre oppgåver etter opplæringslova og friskulelova. Vidare foreslår departementet regulering av deling av personopplysningar ved skulebyte og ved overgang frå grunnskule til vidaregåande opplæring. Utdanningsdirektoratets innsamling, behandling og deling av personopplysningar til bruk i forsking, analyse og statistikk blir foreslått klargjort. Dette omhandlar blant anna innhenting av alle vitnemålopplysningar frå 10. klasse, resultat for alle elevar i vidaregåande opplæring og opplysningar frå nasjonale prøver og undersøkingar. Departementet foreslår å lovregulere nasjonal vitnemålsdatabase som verktøy for opptak til høgare utdanning og for lagring av og tilgang til digitale vitnemål frå vidaregåande opplæring, friskular, fagskular og andre kompetansebevis.

I punkt 2.5 vurderer departementet behov for behandling av personopplysningar ved klagebehandling, tilsyn og tilskotsforvaltning, og for nokre andre skuleslag. Departementet foreslår å lovfeste eit supplerande rettsgrunnlag i friskulelova kapittel 6A for diverse skular som tilbyr yrkesretta utdanningar, si behandling av personopplysningar. Vidare foreslår departementet ein ny forskriftsheimel i friskulelova § 6-1 femte ledd, for å kunne regulere Utdanningsdirektoratets innhenting av opplysningar for kontroll av elevtal.

I punkt 3 foreslår departementet endringar i opplæringslova og friskulelova som gjeld gjennomføring av opplæring med tekniske hjelpemiddel utan at læraren er til stades saman med elevane (fjernundervisning). Føresegnene departementet foreslår, regulerer i kva utstrekning og på kva vilkår det i ein normalsituasjon vil vere høve til å bruke fjernundervisning i offentlege grunnskular og vidaregåande skular og i skular godkjende etter friskulelova.

Forslaget inneber at det blir opna generelt for fjernundervisning på visse vilkår. Vilkåra er at skuleeigaren kan godtgjere at det er gode grunnar til å organisere opplæringa slik, og at det er trygt og pedagogisk forsvarleg. I tillegg må læraren og elevane kunne kommunisere effektivt. Forslaget inneber at elevane som hovudregel må få fjernundervisning på skulen, men at læraren kan vere ein annan stad. I særlege tilfelle kan elevane få fjernundervisning andre stader enn på skulen, og i vidaregåande skular kan dette avtalast mellom den enkelte eleven og rektor.

Departementet foreslår i punkt 4 ei mindre endring i opplæringslova for å vareta rettane til ungdom som har gått Vg3 påbygging skuleåra 2020–2021 og 2021–2022.

Til forsida av dokumentet