Prop. 157 L (2014–2015)

Lov om konsortium for europeisk forskingsinfrastruktur (ERIC-lova)

Til innhaldsliste

1 Samandrag

Regjeringa legg med dette fram forslag til lovregulering av ERIC-organisasjonsforma.

ERIC-forordninga blei bindande for Noreg ved EØS-komiteens vedtak nr. 72/2015 av 20. mars 2015 om innlemming av forordning (EF) nr. 723/2009 i protokoll 31 til EØS-avtalen, jf. Stortingets vedtak 21. mai 2015 på grunnlag av Prop. 80 S (2014–2015) Samtykke til godkjennelse av EØS-komiteens beslutning nr. 72/2015 av 20. mars 2015 om innlemmelse i EØS-avtalen av forordning (EF) nr. 723/2009 om Fellesskapets rettslige ramme for et konsortium for en europeisk forskningsinfrastruktur (ERIC-konsortium).

Innlemminga av forordninga gir eit rettsleg rammeverk for norsk deltaking i det europeiske forskingsinfrastruktursamarbeidet, på lik linje med dei andre statane som deltek i EUs rammeprogram for forsking (noverande program er Horisont 2020). Europeiske forskingsinfrastrukturar er og vil bli etablert i mange land i Europa, og mange av desse brukar eller vil ta i bruk ERIC som organisasjonsform. For å kunne bruke ERIC-forma også i Noreg, treng vi lovgiving som gjennomfører forordninga i norsk rett.

Forordninga etablerer ei ny type organisasjonsform, som skal vere eit alternativ til det tunge instrumentet internasjonal organisasjon etablert ved traktat. Dette vil vere ei nyskaping også i norsk rett. Eit ERIC skal vere eit eige rettssubjekt med rettsleg handleevne. Eit viktig kjenneteikn ved eit ERIC er at det er sterk knytt til det offentlege som eit verkty i den offentlege forskingspolitikken. Det skal berre brukast for offentleg initierte og eigde, felleseuropeiske forskingsinfrastrukturar. Medlemmene i eit ERIC er i all hovudsak statar, og det er Noreg som stat som vil vere norsk medlem. Eit ERIC i Noreg vil bli oppretta etter søknad frå Noreg. Det norske bidraget til finansieringa vil kome frå offentlege midlar.

Kunnskapsdepartementet ønskjer å tilby bruk av ERIC-forma for organisering av – for tida – to felleseuropeiske infrastruktursamarbeid der Noreg har tilbode vertskap. Bruk av ERIC-forma vil lette samarbeidet mellom Noreg og EU-statar. Slik vil norske deltakarar (forskingsinstitusjonar) i samarbeidet få same rammevilkår som samarbeidspartar i andre land, og muligheit til å posisjonere Noreg som vertsstat for felleseuropeisk forskingsinfrastruktur. Det å kunne tilby vertskap for infrastrukturar er viktig for å vere ein fullverdig partnar og bidragsytar til samarbeidet.

Kunnskapsdepartementet foreslår at det blir vedteke ei eiga ERIC-lov. Lovstrukturmessig er det ikkje heldig med små lover. På den andre sida er det ikkje bra å leggje saman lover som ikkje har noko felles. Det fins inga generell «organisasjonslov», heller ikkje ei «forskingslov». Organisasjonsforma ERIC kan, fordi det har medlemmer og ikkje eigarar, kanskje best samanliknast med eit samvirke. Det skal arbeide til beste for medlemmene, men har ikkje eit økonomisk føremål. Den sterke tilknytinga til det offentlege er ein vesentleg forskjell frå samvirka. Det er ikkje naturleg å regulera ERIC i same lov som samvirke. Det er derfor behov for ei eiga lov.

Til forsida