2 Omtale av forslag til utgiftsendringar

Kap. 900 Nærings- og fiskeridepartementet

Post 01 Driftsutgifter

Ansvaret for klagesaker der Fiskeridirektoratet er førsteinstans blei i september 2024 overført frå Fiskeridirektoratets klagesakseining til Nærings- og fiskeridepartementet. Det er venta at utgiftene knytt til dette ansvaret vil vere noko høgare enn budsjettert. På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å auke løyvinga med 0,2 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 917, post 01.

Som følgje av overføringa av oppgåver og tilsette frå Nærings- og fiskeridepartementet til Utanriksdepartementet gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga med 5,4 mill. kroner i 2026. Beløpet svarar til utgifter til løn, reiser, overtid mv. for perioden frå 17. august til 31. desember 2026.

Vidare gjer departementet framlegg om å auke løyvinga med 0,3 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 900, post 21. Omdisponeringa skal dekkje nødvendige tenestereiser for politisk leiing resten av året.

Samla gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga med 4,9 mill. kroner.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 0,3 mill. kroner, mot ei tilsvarande auke på kap. 900, post 01. Omdisponeringa skal dekkje nødvendige tenestereiser for politisk leiing resten av året.

Post 26 Forvalting av grunneigedom på Svalbard, kan overførast

Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 1,5 mill. kroner mot ei tilsvarande auke på kap. 3900, post 03 som følgje av auke i talet på fakturerbare leigeavtalar.

Post 27 Etablering av støtteregister, kan overførast

Brønnøysundregistera satt første leveranse av støtteregister i produksjon i januar 2026. I påvente av avklaringar om endringar i forskrift, har det vore låg aktivitet i prosjektet. Endringar i regelverket skal etter planen tre i kraft i midten av desember, og Brønnøysundregistera planlegg å setje nye løysingar i støtteregistera i produksjon i starten av 2027. Det blei overført 5,9 mill. kroner frå 2025. Gjenståande midlar på posten blir foreslått overført til 2027, jf. framlegg til vedtak II.

Post 71 Miljøtiltak Raufoss

Departementet gjer framlegg om å redusere løyving med 2,4 mill. kroner. På denne posten fører ein refusjon av utgifter til pålagde miljøtiltak ved opprydding av historisk forureining i Raufoss og Mjøsa. Basert på oppdatert informasjon vil dei samla utbetalingane utgjere 4,1 mill. kroner i 2026. Hovudårsaka til reduksjonen er endringar i framdrift slik at utgiftene vil bli fordelt over fleire år.

Post 81 Tilskot til Leverandørutviklingsprogrammet, kan overførast

I saldert budsjett 2026 løyvde Stortinget 5,4 mill. kroner i tilskot til Leverandørutviklingsprogrammet (LUP). I revidert nasjonalbudsjett for 2026 auka løyvinga med 5 mill. kroner, til 10,4 mill. kroner.

Departementa har i løpet av 2026 gjennomført ei støtterettsleg vurdering av tilskota til LUP, jf. omtale i Prop. 26 S (2025–2026), Innst. 75 S (2025–2026), Prop. 96 S (2025–2026) og Innst. 450 S (2025–2026). I påvente av desse vurderingane har det ikkje vore mogleg å starte utbetalingane til LUP før i andre halvdel av 2026, og LUP har difor ikkje kunna halde den opphavleg planlagde framdrifta i arbeidet.

På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om at stikkordet «kan overførast» føyast til post 81, jf. framlegg til vedtak II.

Kap. 902 Justervesenet

Post 01 Driftsutgifter

Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 2 mill. kroner. Dette skuldast mellom anna sjukefråvær og omstillingsaktivitet i tilsynsverksemda, som har påverka aktiviteten. Reduksjonen motsvarast mot tilsvarande reduksjon under kap. 3902, post 01.

Kap. 903 Norsk akkreditering

Post 01 Driftsutgifter

Departementet gjer framlegg om å auka løyvinga med 5,6 mill. kroner mot ein tilsvarande auka under kap. 3903, post 01. Endringa kjem som følgje av at Norsk akkreditering forventar fleire vidarefakturerbare utgifter samanlikna med tidlegare prognosar.

Kap. 904 Brønnøysundregistera

Post 01 Driftsutgifter

Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 3,5 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 3904, post 02. Endringa skuldast lågare inntekter enn først venta.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Prosjektet for ny registerplattform i Brønnøysundregistera (BRsys) klarar ikkje å levere som planlagt. Prosjektet har hatt vesentleg lågare kapasitet enn planlagt, blant anna som følgje av at fleire ressursar enn opphavleg planlagt må arbeide med forvalting av løysingar som er satt i drift på ny plattform. Samanlikna med gjeldande budsjett, har BRsys eit mindreforbruk på 14 mill. kroner.

Prosjektet for brukarvennlege registertenester (BVR) er avhengig av BRsys-prosjektet, særleg sidan ein del av løysingane for BVR må innførast etter at BRsys er ferdig. Samanlikna med gjeldande budsjett, har BVR eit mindreforbruk på 5,3 mill. kroner.

Samla gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga med 19,3 mill. kroner, mot ei tilsvarande auke av løyvinga seinare i prosjektperioden.

Kap. 906 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

Post 32 Miljøtiltak Folldal, kan overførast

Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 24 mill. kroner. Endringa kjem som følgje av lågare kostnader i arbeidet med grøftesystem, som har gitt ein betydeleg reduksjon av kostnader samanlikna med opphavleg plan.

Kap. 907 Norsk nukleær dekommisjonering

Post 01 Driftsutgifter

I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2026 vart løyvinga på posten auka med 8,1 mill. kroner for å auke bemanninga til å gjennomføre verksemdsoverdraging av atomanlegga på Kjeller og å erstatte konsulentar med faste tilsette. Tilsetjingsprosessane for desse stillingane har teke lenger tid enn føresett. Nærings- og fiskeridepartementet gjer difor framlegg om å redusere løyvinga med 6 mill. kroner.

Post 30 Opprydding Søve, kan overførast

Fase 1 av prosjektet, som inneberer aktivitetar som planlegging og utarbeiding av søknader, blei fullført i første halvdel av 2026. Fase 2 bli sett i verk når nødvendige løyve er godkjende. Departementet gjer difor framlegg om å redusere løyvinga på posten med 27 mill. kroner.

Kap. 908 Institutt for energiteknikk

Post 71 Tilskot til sikring av atomanlegg

Ein del planlagde sikringstiltak ved atomanlegget på Kjeller er utsett til 2027, i hovudsak som følgje av arbeidet med forsert overføring av anlegga til staten. Nærings- og fiskeridepartementet gjer difor framlegg om å redusere løyvinga med 14,9 mill. kroner.

Post 72 Lån til flytting av laboratorium og infrastruktur

I 2022 blei det inngått avtale mellom staten og IFE om eit lån til IFE for å finansiere flytting av laboratorium og infrastruktur ut av det nukleære området på Kjeller. Gjenståande låneramme er tenkt brukt til delfinansiering av eit nytt laboratoriebygg for IFE. Prosjektet har hatt lågare framdrift enn venta, og det vil ikkje bli utbetaling av lån i 2026. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 78,5 mill. kroner, til 0.

Kap. 909 Tiltak for sysselsetjing av sjøfolk

Post 73 Tilskot til sysselsetjing av sjøfolk, overslagsløyving

Tilskotsordninga for sysselsetjing av sjøfolk er ei regelstyrt og rettighetsbasert ordning. Løyvinga under ordninga er avhengig av talet på sjøfolk og løna deira. Tilskotet blir utbetalt etterskotsvis over seks terminar, og i budsjettåret 2026 står det att utbetaling for éin termin.

Det er uvisse knytt til utbetalinga for 4. termin, då terminen etter røynsle har høgast aktivitet. Overslagsløyvinga blir difor foreslått auka med 30 mill. kroner grunna jamt høgt tal på sjøfolk i ordninga og høgt lønsnivå.

Kap. 911 Konkurransetilsynet

Post 01 Driftsutgifter

I oppfølginga av den såkalla prisjegersaka har Konkurransetilsynet hatt behov for å kjøpe sakkunnig bistand. Saka blir no handsama i rettssystemet. På grunn av omfanget og dei prinsipielle sidene ved saka, har behovet for sakkunnig bistand vore større enn i andre konkurransesaker som blir handsama i rettssystemet. Nærings- og fiskeridepartementet gjer difor framlegg om tilleggsløyving på 3 mill. kroner.

Kap. 912 Klagenemndssekretariatet

Post 21 (ny) Særskilde driftsutgifter

Stortinget har samtykka i at Nærings- og fiskeridepartementet kan overskride løyvinga for å dekkje eventuelle saksomkostningar knytt til endring av innklaga vedtak til fordel for ein part i medhald av forvaltingslova § 36, i saker som handsamast av nemnder Klagenemndssekretariatet betener. Det er ikkje løyvd midlar til ordninga i saldert budsjett 2026. Det er venta at dei samla sakskostnadene for året vil utgjere 2 mill. kroner. Det er overført 0,7 mill. kroner frå 2025 på posten. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å løyve 1,3 mill. kroner.

Kap. 915 Regelrådet

Post 01 Driftsutgifter

Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 2 mill. kroner. Endringa kjem som følgje av ekstraordinære utgifter i samband med nedlegginga av Regelrådet. Meirutgiftene ligg innanfor overskridingsfullmakta på inntil 2 mill. kroner som blei gjeve på grunn av usikkerheit knytt til utgiftene ved avviklinga av verksemda.

Kap. 917 Fiskeridirektoratet

Post 01 Driftsutgifter

Ansvaret for klagesaker der Fiskeridirektoratet er førsteinstans, blei i september 2024 ført over frå Fiskeridirektoratet si klagesakseining til Nærings- og fiskeridepartementet. Det er venta at innsparinga hos Fiskeridirektoratet blir noko større enn budsjettert. Departementet gjer difor framlegg om å redusere løyvinga med 0,2 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke under kap. 900, post 01.

Post 22 Fiskeriforsking og -overvaking, kan overførast

På bakgrunn av endra anslag for inntektene frå fiskeriforskingsavgifta, gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 18,8 mill. kroner til 164,5 mill. kroner. Det visast også til omtale under kap. 5574, post 74.

Post 23 Prisråd for havbruk

Nye overslag frå Fiskeridirektoratet viser lågare ressursbruk enn føresett. Årsaka er mellom anna lågare kostnader til løn, både i klagesakseininga og i sekretariatet. Vidare har Stortinget sitt oppmodingsvedtak om avvikling, redusert behovet for å utvikle nye rapporteringsløysingar. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 3,4 mill. kroner.

Kap. 919 Ymse fiskeriføremål

Post 60 Tilskot til kommunar og fylkeskommunar, kan overførast

Kommunar og fylkeskommunar med oppdrettsverksemd får utbetalt 55 pst. av inntektene frå sal av nye oppdrettsløyve, i tillegg til produksjonsavgifta på laks, aure og regnbogeaure i sin heilskap. Produksjonsavgifta utbetalast etterskotsvis.

Nærings- og fiskeridepartementet har hausten 2026 selt nye oppdrettsløyve mot betaling. Dette har førebels gitt inntekter på 842 mill. kroner, derav 55 pst. som skal utbetalast til kommunar og fylkeskommunar med oppdrettsverksemd. Ein viser også til omtale under kap. 3917, post 13. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 463,1 mill. kroner.

Det går framleis føre seg noko sakshandsaming i Fiskeridirektoratet knytt til sal av unntaksvekst i samband med tildelingsrunden. Ettersom det kan kome ytterlegare inntekter frå dette salet, gjer departementet framlegg om at posten blir tilført stikkordet «kan overførast», jf. forslag til vedtak II. Vidare gjer departementet framlegg om ei utvida meirinntektsfullmakt slik at 55 pst. av eventuelt seint innbetalte meirinntekter frå tildelingsrunden i 2026 kan bli utbetalt til kommunar og fylkeskommunar i 2027, jf. forslag til vedtak V.

Post 73 Tilskot til kompensasjon for CO2-avgift

Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga på posten med 1,8 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga i 2027. Auken kjem som følgje av ein sakshandsamingsfeil.

Post 74 Erstatningar, kan overførast

Utbetaling av erstatningar til fiskarar varierer mykje frå år til år. Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga på posten med 1,5 mill. kroner, på bakgrunn av endra estimat på forventa utbetalingar i inneverande år.

Post 76 Tilskot til fiskeriforsking, kan overførast

På bakgrunn av endra anslag for inntektene frå fiskeriforskingsavgifta, gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 1 mill. kroner. Det visast til omtale under kap. 5574, post 74.

Kap. 920 Noregs forskingsråd

Post 70 Tilskot til næringsretta forsking, kan overførast

Oppdraget frå Nærings- og fiskeridepartementet til Forskingsrådet knytt til mineralstrategien er gjennomført. Det kravde mindre ressursar enn føresett. På bakgrunn av dette gjer departementet framlegg om å auke post 70 med 1,6 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon under Kunnskapsdepartementet sitt kap. 285, post 21.

Vidare gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 330 mill. kroner. Innføring av etterskotsvis fakturering og bruttobudsjettering har ført til at store delar av utbetalingane for nye prosjekt kjem seinare enn det som var lagt til grunn i budsjettet, noko som fører til at mange utbetalingar blir forskyvd frå 2026 til 2027.

På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om ein samla reduksjon av løyvinga med 328,4 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om å auke tilsegnsfullmakta med 330 mill. kroner, frå 2 933,1 mill. kroner til 3 263,1 mill. kroner, jf. framlegg til vedtak III.

Post 72 Tilskot til marin og maritim forsking, kan overførast

Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 153 mill. kroner. Innføring av etterskotsvis fakturering og bruttobudsjettering har ført til at store delar av utbetalingane for nye prosjekt kjem seinare enn det som var lagt til grunn i budsjettet, noko som fører til at mange utbetalingar blir forskyvd frå 2026 til 2027. I tillegg er det ei forskyving i utbetalingane knytt til maritimt forskingssenter for kunstig intelligens.

Departementet foreslår samtidig å auke tilsegnsfullmakta med 153 mill. kroner til 1 675,5 mill. kroner, jf. framlegg til vedtak III. For meir utførleg omtale blir det vist til Prop. 27 S (2026–2027) Endringar i statsbudsjettet 2026 under Kunnskapsdepartementet.

Kap. 922 Romverksemd

Post 51 Eigenkapital Andøya Space, kan overførast

Stortinget vedtok i samband med handsaminga av Prop. 127 S (2019–2020) eit vilkårsbunden tilsegn om inntil 282,6 mill. kroner i eigenkapital til etablering av Andøya Spaceport, post 51, og eit vilkårsbunden tilsegn om inntil 83 mill. kroner i regionalstøttetilskot til Andøya Space AS, post 76. Begge tilsegna var knytt til etablering av Andøya Spaceport.

Regjeringa avgjorde i oktober 2021 at vilkåret for tilsegna var oppfylt. Det er inngått ei investeringsavtale mellom Andøya Space AS og eigarane Nærings- og fiskeridepartementet og Kongsberg Defence & Aerospace, og kapitalen blir utbetalt til selskapet i fleire transjer på grunnlag av framdrifta i prosjektet. Nærings- og fiskeridepartementet har hittil tilført Andøya Space 209,6 mill. kroner av eigenkapitalen og 56,5 mill. kroner av tilskotet. Det står no att totalt 99,5 mill. kroner, fordelt med 73 mill. kroner i eigenkapital og 26,5 mill. kroner i tilskot.

I statsbudsjettet for 2027 er det føreslått å omdisponere resten av løyvinga frå kap. 922, postane 51 og 76 til vidareutvikling av oppskytingsverksemda ved Andøya Spaceport. Det er i tillegg føreslått å setje av 223,5 mill. kroner over Forsvarsdepartementets budsjett på kap. 1760, post 45. Den samla kostnaden for tiltaka er venta å vere 646 mill. kroner (styringsramme P50) fordelt på 2027 og 2028.

På denne bakgrunn gjer departementet framlegg om at postane 51 og 76 får stikkordet «kan overførast», jf. framlegg til vedtak II.

Post 70 Kontingent i European Space Agency (ESA)

Kontingenten i ESA blir utbetalt i euro. Valutakursen blei lågare enn den som var lagt til grunn i revidert nasjonalbudsjett for 2026. Samtidig har pensjonskostnadar i ESA auka meir enn det som blei i lagt til grunn i revidert nasjonalbudsjett for 2026.

På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga med 0,9 mill. kroner.

Post 71 Internasjonal romverksemd

Norske utbetalingar til ESA blir betalt i euro. Valutajusteringar for utbetaling til ESA har ført til lågare kostnad samanlikna med det som låg til grunn i revidert nasjonalbudsjett for 2026.

På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga med 3,7 mill. kroner.

Post 73 EU sine romprogram

Kontingent for norsk deltaking i romprogramma til EU blir utbetalt i euro. Rekneskapen for romprogrammet blir gjort opp to år etter det gjeldande året, og medfører eit mindre løyvingsbehov for 2026. I tillegg blei eurokurs lågare enn lagt grunn i revidert nasjonalbudsjett for 2026.

På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga med 9 mill. kroner.

Post 76 Tilskot Andøya Space, kan overførast

Ein viser til omtalen under post 51. Departementet gjer framlegg om at post 76 også får stikkordet «kan overførast», jf. framlegg til vedtak II.

Kap. 923 Havforskingsinstituttet

Post 22 Fiskeriforsking og -overvaking, kan overførast

På bakgrunn av endra anslag for inntektene frå fiskeriforskingsavgifta, gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 33,8 mill. kroner, til 296,2 mill. kroner. Det visast også til omtale under kap. 5574, post 74.

Kap. 924 Internasjonale samarbeidsprogram

Post 70 Tilskot

Løyvinga dekker Noreg sin del av utgiftene til EU sitt investeringsprogram InvestEU og dei samla utgiftene for deltaking i programdelane som Nærings- og fiskeridepartementet er ansvarlege for under EU sitt program for den indre marknaden. Utanriksdepartementet utbetalar programmidlar til EU og ber om refusjon frå dei ansvarlege departementa i etterkant. Dei totale utbetalingane til dei to programma utgjer om lag 374 mill. kroner. Av dette går 332,1 mill. kroner til InvestEU fondet. Dei resterande midlene på lag 41,4 mill. kroner går til program for den indre marknaden, inkludert deltaking i InvestEU portalen og tilhøyrande administrasjonskostnader.

Departementet gjer difor framlegg om å redusere løyvinga med 18,9 mill. kroner.

Kap. 951 Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS

Post 71 Tilskot til energitiltak, kan overførast

I saldert budsjett for 2026 er det løyvd 374 mill. kroner i lån til Svalbard Energi AS (SEAS) til oppgraderinga av energiforsyninga i Longyearbyen. Lånet er løyvd med lik fordeling, 187 mill. kroner, på post 71 og post 90.

Det har teke lengre tid enn planlagt å få dei nødvendige løyva, slik at grunnarbeidet kunne starte som planlagt i 2026. Enkelte av tiltaka som blei planlagde gjennomført i 2026 tilknytt oppgraderinga av energiforsyninga er difor utsett og 131 mill. kroner av det samla lånet (65,5 mill. kroner på kvar av postane 71 og 90) er ikkje utbetalt til SEAS i 2026. I tråd med justert framdriftsplan skal desse tiltaka gjennomførast i 2027, slik at mindreforbruket i 2026 berre har ein mellombels periodiseringseffekt.

På dette grunnlag gjer departementet framlegg om at post 71 og 90 får stikkordet «kan overførast», slik at unytta låneramme på 131 mill. kroner i 2026 kan nyttast til planlagde tiltak i 2027, jf. framlegg til vedtak II.

Post 90 Lån, kan overførast

Grunna blant anna høgare inntekter enn tidlegare lagt til grunn i samband med oppryddinga etter koldrift i Longyearbyen, har Store Norske i 2026 ikkje hatt behov for å nytta seg av den kortsiktige lånefasiliteten staten stilte til disposisjon. Departementet gjer difor framlegg om å redusere løyvinga med 57 mill. kroner.

Stortinget vedtok 17. desember 2021, jf. Innst. 78 S og Prop. 27 S (2021–2022), fullmakt til at Nærings- og fiskeridepartementet i seinare budsjetterminar kan:

  1. gje tilsegn om lån for inntil 72 mill. kroner ut over løyvinga på kap. 950 Forvalting av statleg eigarskap, post 92 Lån til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS, knytt til kjøpet av Hurtigruten Svalbard si bygningsmasse i Longyearbyen, og

  2. gje tilsegn om eigenkapital for inntil 47,8 mill. kroner ut over løyvinga på kap. 950 Forvalting av statleg eigarskap, post 95 Eigenkapitalinnskot til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS, knytt til kjøpet av Hurtigruten Svalbard si bygningsmasse i Longyearbyen.

I saldert budsjett 2026 er det løyvd 72 mill. kroner i lån til Store Norske for å ivareta oppfølginga av den første delen av fullmakta frå 2021 knyta til kjøpet av Hurtigruten Svalbard si bygningsmasse i Longyearbyen.

Tilleggsbeløpet som Store Norske var avtaleplikta til å betale til Hurtigruten Svalbard blei totalt 72,2 mill. kroner inkl. renter. I tråd med Stortingets tidlegare tilslutning blei 60 pst. av tilleggsbeløpet (43,3 mill. kroner) finansiert med tilførsel av lån og 40 pst. med ny eigenkapital (28,9 mill. kroner) til Store Norske, jf. også omtale under post 96. Dette inneberer at låneutbetalinga for 2026 var 43,3 mill. kroner og departementet gjer difor framlegg om å redusere løyvinga med 28,7 mill. kroner.

Samla gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga på post 90 med 85,7 mill. kroner.

I saldert budsjett 2026 er det løyvd til saman 316 mill. kroner i lån til Svalbard Energi AS og Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (Store Norske) på post 90. Dette omfattar 187 mill. kroner i lån til SEAS til oppgraderinga av energiforsyninga i Longyearbyen, 57 mill. kroner i lån til Store Norske for å finansiere eit kortsiktig likviditetsbehov i samband med oppryddinga etter koldrifta i Longyearbyen og 72 mill. kroner i lån til Store Norske til å finansiere tilleggsbeløp knytt til kjøp av Hurtigruten Svalbard si bygningsmasse i Longyearbyen i 2021.

Det visast til omtale under post 71. Det tilrådast å tilføre posten stikkordet «kan overførast», jf. framlegg til vedtak II, slik at unytta del av låneramma (65,5 mill. kroner) til SEAS løyvd på post 90 til oppgraderinga av energiforsyninga i Longyearbyen kan nyttast i 2027 i tråd med den justerte framdriftsplanen for prosjektet.

Post 96 Aksjar

I saldert budsjett 2026 er det løyvd 47,8 mill. kroner i eigenkapital til Store Norske for å ivareta oppfølginga av den andre delen av fullmakta frå 2021 knyta til kjøpet av Hurtigruten Svalbard si bygningsmasse i Longyearbyen, jf. også omtale under post 90.

40 pst. av tilleggsbeløpet, 28,9 mill. kroner, blei finansiert med tilførsel av ny eigenkapital til Store Norske. Departementet gjer difor framlegg om å redusere løyvinga på post 96 med 18,9 mill. kroner.

Kap. 952 Investinor AS

Post 50 (ny) Risikokapital

Forslaget inneber å auke Investinor sine rammer under mandatet for fonds- og matching-investeringar som følgje av tilbakebetaling frå pre-såkornordninga, jf. forslag under kap. 3952, post 55.

Ordninga med pre-såkornfond blei overført frå Innovasjon Noreg til Investinor i 2020, og det blei oppretta eit nytt mandat for fonds- og matchinginvesteringar i Investinor. Stortinget vedtok i 2020 at det ikkje skulle opprettast nye fond under den opphavelege pre-såkornordninga, og at det nye mandatet i Investinor mellom anna kunne ivareta føremålet med ordninga med pre-såkornfond framover. Det blei lagt til grunn at tilbakebetalte utlån frå pre-såkornfond kunne nyttast som inndekking for løyvingar til risikokapital til det nye mandatet i Investinor. Nærare omtale er gitt i Prop. 1 S (2019–2020) under «Saker i tilknytning til enkeltselskaper» og under kap. 950, post 54 om Investinor sitt mandat for forvalting av fonds- og matchinginvesteringar. Tilbakeførte pre-såkornmidlar er såleis blitt konvertert til risikokapital i mandatet for fonds- og matchinginvesteringar både i 2021, 2023, 2024 og 2025.

Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å nytte tilbakebetaling frå pre-såkorn-ordninga til å løyve 15 mill. kroner til risikokapital i Investinor. Ein viser også til omtale under post 95 der det i tillegg blir gjort framlegg om å auke løyvinga til kapitalinnskot til mandatet med 28 mill. kroner, i tråd med etablert budsjettpraksis der 35 pst. av midlane blir løyvd på ein tilskotspost (såkalla «over streken»), medan 65 pst. blir løyvd som formuesplassering (90-post, såkalla «under streken»). Mandatet blir med dette tilført totalt 43 mill. kroner i 2026.

Post 52 (ny) Investeringar i fond retta mot Ukrainsk forsvarsindustri

Regjeringa har vedteke at det skal opprettast ei ordning som opnar for statleg deltaking i norske fond retta mot ukrainsk forsvarsindustri, med ei ramme på 1 mrd. kroner som blir tilført dei næraste åra. Formålet er å bidra til utviklinga av ukrainsk forsvarsindustri og styrking av europeisk og norsk sikkerheit. Ordninga kan også bidra til at norske investeringsmiljø byggjer kompetanse og nettverk som gjer dei betre til å investere i og utvikle innovative forsvarsbedrifter.

Under ordninga kan Investinor investere i ulike fond som har verksemd i Noreg som hovudsakleg gjer investeringar retta mot ukrainsk forsvarsindustri. Investeringane skal rettast mot fond som investerer i venturekapitalfasane og ekspansjonsfasen. For fond som investerer i fleire land skal minst ein del lik Investinor sin eigardel i fonda, investerast i ukrainske forsvarsverksemder.

Ordninga skal byggje på kjende innretningar som blir brukt i både det europeiske og det norske verkemiddelapparatet for investeringar i tråd med marknadsinvestorprinsippet i statsstøtteretten, mellom anna at investeringar alltid blir gjort på like vilkår som private medinvestorar, og at private investorar bidreg med meir enn 50 pst. av midla i fonda. Det vil vere opp til Investinor å avgjere kva fond det skal investerast i, og med kva beløp. Investinor sine kostnader knytt til forvalting av ordninga dekkast av kapitalen i ordninga.

Ordninga skal finansierast gjennom den militære delen av Nansen-programmet, og liggje under Nærings- og fiskeridepartementet. Det leggjast opp til at midlane rammeoverførast frå Forsvarsdepartementet sitt kap. 1750, post 79 til Nærings- og fiskeridepartementet sitt kap. 952, post 52 i den ordinære budsjettprosessen. Forvaltingskostnader i tilknyting til ordninga dekkjast av den tilførte kapitalen til ordninga. Eventuell avkasting og tilbakebetaling frå fonda skal førast tilbake til staten.

Det blir difor føreslått å rammeoverføre 333 mill. kroner frå kap. 1750, post 79 til kap. 952, post 52.

Post 95 (ny) Kapitalinnskot

Ein viser til omtale under post 50. Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga på post 95 med 28 mill. kroner, i tråd med etablert budsjettpraksis der 65 pst. av midlane blir løyvd som lånetransaksjon (såkalla «under streken»).

Kap. 2421 Innovasjon Noreg

Post 50 Tilskot til etablerarar og bedrifter, inkl. tapsavsetjingar

I samband med verksemdsoverdraginga frå Siva til Innovasjon Noreg 1. april 2026, er det avdekt ei samla underdekning på 6,1 mill. kroner knytt til styrings- og rapporteringssystemet Fleirbedriftsportalen. Systemet har vore utvikla i samarbeid mellom Innovasjon Noreg og Siva. Desse kostnadane inneber eit finansieringsbehov utover dei opphavlege anslaga for verksemdsoverdraginga, og Innovasjon Noreg har ikkje tilgjengelege midlar til å handtere kostnadane.

På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å auke løyvinga på kap. 2421, post 50 med 6,1 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon i løyvinga på kap. 2426, post 71.

Post 70 Basiskostnader

I Prop. 1 S (2026–2027) er det gjort framlegg om å avvikle Miljøteknologiordninga i Innovasjon Noreg frå og med 2027, og om at det ikkje blir lagt opp til ei utlysing av nye prosjekt under Grøn plattform i 2027. Det er også gjort framlegg om reduksjonar i løyvingane til tilskot til etablerarar og verksemder og til basiskostnadene til Innovasjon Noreg. Samla blir løyvingane under kap. 2421 reelt sett reduserte med 259,5 mill. kroner i 2027.

Endringane vil føre til eit lågare aktivitetsnivå i Innovasjon Noreg og mindre rammer for selskapet til å tilby finansiering og tenester til næringslivet. Det gjer det nødvendig for Innovasjon Noreg å gjennomføre organisatoriske endringar for å sikre ei kostnadseffektiv utføring av dei reduserte oppdraga. Endringane vil mellom anna innebere ein reduksjon i talet på medarbeidarar. Organiseringa av verksemda ligg til selskapet sjølv, og det er styret som skal gjere prioriteringane i omstillingsprosessen.

Innovasjon Noreg har ikkje eigenkapital til å dekkje omstillingskostnadene, og oppdragsgjevarane er ansvarlege for forpliktingane til verksemda, jf. lov om Innovasjon Noreg og § 9 i vedtektene for Innovasjon Noreg. Avsetjing til nedbemanning og omstilling må gjerast i rekneskapen til Innovasjon Noreg det året avgjerda blir teken. Tilsvarande løysing blei vald ved omstillinga som følgde av budsjettframlegget for 2026, då det blei løyvd 125 mill. kroner til omstilling i Innovasjon Noreg i samband med nysalderinga av statsbudsjettet for 2025, jf. Prop. 24 S (2025–2026) og Innst. 75 S (2025–2026).

Det er førebels uvisst kor store dei endelege omstillingskostnadene blir. Det blir lagt til grunn at beløpet som blir sett av til omstilling, blir avgrensa til det som er nødvendig for å dekkje forpliktingar som følgjer av løyvingsreduksjonane. Det vil bli stilt krav om sluttrapport for omstillingsarbeidet, og beløp som ikkje går til omstilling, vil bli tilbakeførte til statskassa.

Endringane i oppdraget til Innovasjon Noreg får verknad frå 2027, medan omstillinga i verksemda vil ta noko tid. Departementet legg til grunn at den delen av løyvingane til Grøn plattform og miljøteknologiordninga som går til administrasjon og gjennomføring, også kan nyttast til å dekkje delar av omstillingskostnadene som følgjer av endringane i desse ordningane i 2027. Dersom omstillinga fører til større organisatoriske endringar, til dømes i kontorstrukturen, vil departementet eventuelt kome tilbake til behovet for midlar i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2027.

På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å auke løyvinga med 25 mill. kroner.

Post 90 Lån frå statskassa til utlånsverksemd, overslagsløyving

Innovasjon Noreg finansierer si utlånsverksemd ved å ta opp innlån i statskassa til valfri løpetid og med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Innovasjon Noreg refinansierer sin utlånsportefølje ved å ta opp korte og langsiktige lån i statskassa med tilbakebetalingstid frå to månader til fleire år, avhengig av rentebindingstid på utlåna. Innlån og avdrag blir bruttoført, dvs. at beløpa blir utgifts- og inntekts ført kvar gong Innovasjon Noreg tek opp eller til bakebetalar eit lån i statskassa, og akkumulert. Løyvinga vil variere som følgje av kor ofte ein refinansierer innlåna, men vil også vere avhengig av endringar i utlånsvolum. Avdrag på innlåna blir inntektsført under kap. 5325 og rentene på kap. 5625.

Løyvingsendringane på statsbudsjettet for 2026 er basert på anslag om marknadsutvikling, fordeling av flytande/faste lån, portefølje utvikling og innbetalingar av avdrag og renter frå kundar. Innlåna er anslått å bli lågare enn det som låg til grunn ved saldert budsjett 2026. Departementet gjer også framlegg om å auke avdraga, jf. omtale under kap. 5325, post 90. På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga med 1,5 mrd. kroner.

Kap. 2426 Siva SF

Post 71 Tilskot til testfasilitetar

Det visast til omtale under kap. 2421, post 50 om gjennomføringskostnader etter verksemdsoverdraginga frå Siva til Innovasjon Noreg 1. april 2026. Departementet foreslår at kostnadane blir dekt gjennom å redusere løyvinga på post 71 med 6,1 mill. kroner, mot ei tilsvarande auke i løyvinga på kap. 2421, post 50.

Kap. 2429 Eksportkredittordninga

Post 90 Utlån

I revidert nasjonalbudsjett for 2026 blei løyvinga for utlån under Eksportkredittordninga endra til 7 mrd. kroner. I siste prognose er utbetalinga av lån i løpet av 2026 estimert til å bli 7,5 mrd. kroner.

Departementet gjer difor framlegg om å auka løyvinga med 500 mill. kroner frå 7 mrd. kroner til 7,5 mrd. kroner.

Kap. 2440/5540 Staten sitt direkte engasjement i petroleumsverksemda

Tabell 2.1 Staten sitt direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda1

(i mill. kr)

Kap./post/ underpost

Nemning

Gjeldande løyving2

Forslag til ny løyving

Endring

Kap. 2440

Post 30

Investeringar

35 500

33 500

-2 000

Post 31 (ny)

Kjøp av eigardelar

0

100

100

Sum kap. 2440

35 5000

33 600

-1 900

Kap. 5440

U.post 24.1

Driftsinntekter

347 500

396 900

49 400

U.post 24.2

Driftsutgifter

-47 100

-51 000

-3 900

U.post 24.3

Leite- og feltutviklingsutgifter

-2 100

-2 700

-600

U.post 24.4

Avskrivingar

-43 800

-43 800

0

U.post 24.5

Renter av staten sin kapital

-5 600

-5 600

0

Post 24

Driftsresultat

248 900

293 800

44 900

Post 30

Avskrivingar

43 800

43 800

0

Post 80

Renter av staten sin kapital

5 600

5 600

0

Sum kap. 5440

298 300

343 200

44 900

SDØE sin kontantstraum:

Innbetalingar3

347 500

396 900

49 400

Utbetalingar4

-84 700

-87 300

-2 600

Netto kontantstraum frå SDØE

262 800

309 600

46 800

1 Beløpa i tabellen er runda av til nærmaste 100 mill. kroner. Det kan difor førekomme avvik når tala summerast

2 Revidert budsjett jf. Prop. 96 S (2025–2026) og Innst. 450 S (2025–2026)

3 Innbetalingar = driftsinntekter

4 Utbetalingar = driftsutgifter + leite- og feltutviklingsutgifter + investeringar + kjøp av eigardelar

Overslaget for kap. 2440, post 30 Investeringar er redusert med 2 mrd. kroner, til 33,5 mrd. kroner. Reduksjonen på post 30 skuldast i hovudsak endring i prosjektporteføljen på fleire felt, samt tilbakebetaling av tidlegare investeringar grunna redetermineringen på Johan Sverdrup.

Auken på kap. 2440, post 31 skuldast forventa oppgjer for Equinor sin attverande eigardel i Polarled.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.1 Driftsinntekter er auka med 49,4 mrd. kroner, til 396,9 mrd. kroner. Auka kjem av høgare prisføresetnader for olje og gass i 2026. Prisen på gass er auka frå 5,1 kr/Sm3 til 6,6 kr/Sm3, medan prisen på olje er auka frå 882,5 kroner per fat til 938,7 kroner per fat.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.2 Driftsutgifter er auka med 3,9 mrd. kroner, til 51,0 mrd. kroner. Dette kjem i hovudsak av auka kraftprisar og transportkostnadar.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.3 Leite- og feltutviklingsutgifter er auka med 600 mill. kroner, til 2,7 mrd. kroner, som følgje fleire brønnar og boredagar.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.4 Avskrivingar og 24.5 Renter av staten sin kapital er uendra.

Endringane fører samla til at driftsresultatet for SDØE er auka med 44,9 mrd. kroner, til 293,8 mrd. kroner.

Netto kontantstraum frå SDØE er rekna til 309,6 mrd. kroner, ein auke på 46,8 mrd. kroner.

Tabell 2.2 Prisføresetnader

Produkt

Gjeldande føresetnader for 2026

Nye føresetnader for 2026

Olje (NOK/fat) – laupande

882,5

938,74

Olje (USD/fat) – laupande

91,3

97,5

Gass (NOK/Sm3) – laupande

5,1

6,6

Kondensat (NOK/Sm3) – laupande

5 551,2

5 409,0

NGL (NOK/tonn) – laupande

6 342,8

6 119,6

Valutakurs (NOK/USD)

9,7

9,63

Auka eigarskap i Polarled

Energidepartementet har, på vegne av staten, inngått ein avtale med M Vest Energy AS som inneberer at staten overtek M Vest Energy AS sin eigardel på 5 pst. i Polarled i byte mot ein eigardel på 3,6 pst. i Draugen-feltet. Avtalen inneberer at staten beheld disponeringsforpliktelsen knytt til den aktuelle delen i Draugen-feltet. Det betyr at staten er ansvarleg for avslutningskostnadene knytte til den aktuelle delen, avgrensa til eit førehandsavtalt beløp.

Avtalen er inngått med bakgrunn i staten sitt mål om å oppnå heilstatleg eigarskap i dei sentrale delane av det norske gasstransportsystemet. Energidepartementet reknar avtalen som verdinøytral. Verdsetjinga i transaksjonen med M Vest er basert på same metodikk som låg til grunn for staten sitt kjøp av delar i Polarled som blei gjennomført i 2024.

Gjennomføring av transaksjonen føreset at avtalte vilkår blir oppfylte, deriblant nødvendige godkjenningar frå styresmakter og tredjepartar. Transaksjonen er også avhengig av Stortinget sitt samtykke. Det føreliggjande forslaget til romartalsvedtak gjeld sal av 1,8 pst. i løyve til anlegg og drift av kraft frå land til Draugen- og Njordfelta og sal av 1,8 pst. i Draugen Njord Eiendom DA. Resterande delar av transaksjonen dekkast av Nærings- og fiskeridepartementet si fullmakt til å godkjenne overdraging (sal, kjøp eller byte) av deltakardelar for Petoro AS, jf. romartalsvedtak XXIII i Prop. 1 S (2025–2026) og Innst. 9 S (2025–2026).

Avtalen har økonomisk verknad frå 1. januar 2026. Ein tek sikte på å gjennomføre avtalen innan utgangen av 2026.

Ved Stortinget si handsaming av nysalderinga av statsbudsjettet for 2025, jf. Prop. 24 S (2025–2026) og Innst. 75 S (2025–2026), blei det gjeve fullmakt til kjøp av Equinor sin 5 pst. eigardel i Polarled. Fullmakta blei vidareført for 2026, jf. Prop. 96 S (2025–2026) og Innst. 450 S (2025–2026).

Staten har, etter avtalen om kjøp av delar frå Equinor i 2024, rett til å kjøpe selskapet sine delar i Polarled dersom Equinor blir siste private eigar. Energidepartementet har varsla Equinor om at staten vil nytte seg av denne retten, og ein tek sikte på å gjennomføre kjøp av Equinor sin 5 pst. eigardel i Polarled innan utgangen av 2026 med 1. januar i år som effektiv økonomisk dato, jf. kap. 2440, post 31 Kjøp av eigardelar. Det vert nytta tilsvarande metodikk og verdsetjing for denne delen, og storleiken på vederlaget er om lag 110 mill. kroner etter skatt.

Ved gjennomføring av transaksjonane vil staten også kompensere for noverdien av attverande skattebalansar i petroleumsskatteregimet knytt til Polarled-eigardelane. Det vil bli gjennomført eit pro et contra-oppgjer for kontantstraumar mellom effektiv dato og dato for gjennomføring av transaksjonane. Vederlaget og pro et contra-oppgjeret vil, på same måte som for transaksjonane som blei gjennomført i 2024, bli utgiftsført netto under kap. 2440, post 31 Kjøp av eigardelar, jf. forslag til vedtak IV. Nettoeffekten er anslått til 50 mill. kroner. I tabell 2.1 er dette runda opp til 100 mill. kroner, under post 31.

Når begge desse transaksjonane er gjennomført vil staten oppnå 100 pst. eigarskap i Polarled gjennom SDØE-ordninga.

Kap. 2540 Stønad under arbeidsløyse til fiskarar og fangstmenn

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga på posten med 15 mill. kroner, som følgje av endra estimat på forventa utbetalingar i inneverande år.