4 Orientering
4.1 Arbeidet med statleg plan for Fensfeltet
Fensfeltet inneheld den største dokumenterte førekomsten av sjeldne jordartar i Europa. Tilgang til produkt som inneheld sjeldne jordartar, har stor økonomisk og strategisk betydning og vert særleg nytta i produksjon av magnetar, som vert nytta i bilindustri, energiproduksjon, datasenter, forsvarsmateriell mv. Staten tok etter ynskje frå Nome kommune over planprosessen i april 2026. I september blei det kunngjort at Kommunal- og distriktsdepartementet er planmyndigheit og at Nærings- og fiskeridepartementet skal vere forslagsstillar.
Nærings- og fiskeridepartementet vil etablere ein prosjektorganisasjon i departementet som skal utføre oppgåvene som følgjer av rolla som forslagsstillar. Rolla som forslagsstillar inneber å utarbeide planprogram, gjennomføre konsekvensutgreiing og å utarbeide områderegulering. Arbeidet vil innebere omfattande kommunikasjons- og koordineringsarbeid og kontakt med lokale interesser, Nome kommune, miljøorganisasjonar, bedriftene og offentlege etatar. Prosjektorganisasjonen vil arbeide i 2027 og 2028, med mål om at regjeringa kan vedta områderegulering i 2028.
Departementet anslår behovet til 30 mill. kroner, fordelt på 15 mill. kroner til bemanning av prosjektorganisasjonen og 15 mill. kroner til konsekvensutgreiingar og kartlegging for å sikre god framdrift i prosessen. Det er satt av midlar for å starte opp arbeidet på kap. 900, post 21. Departementet vil kome tilbake med eventuelle behov for auka løyving til arbeidet med statleg plan i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2027.