Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 4 L (2018–2019)

Endringar i folketrygdlova (tredeling av foreldrepengeperioden ved 80 prosent uttak)

Til innhaldsliste

4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet legg til grunn at forslaget om å utvide dei delane av stønadsperioden som er reservert for kvar av foreldra, ikkje har konsekvensar for utgiftene til foreldrepengar. Arbeids- og velferdsdirektoratet har sett på det tidlegare uttaksmønsteret, og går ut frå at endringa vil føre til at fedrane tar ut fleire foreldrepengedagar og at mødrene tar ut færre.

Fedrar har framleis eit noko høgare oppteningsgrunnlag enn mødrer, og vil difor i gjennomsnitt få utbetalt meir i foreldrepengar. Isolert sett inneber dette at utgiftene til foreldrepengar vil auke. Om vi ser på det tidlegare uttaksmønsteret, går departementet ut frå at ein auke i den delen av stønadsperioden som er øyremerkt fedrar, vil føre til at talet på foreldrepengedagar vert redusert, og at utgiftene til foreldrepengar vil gå ned. Grunnen til dette er at ein viss del av fedrane ikkje tar ut sin øyremerkte del av stønadsperioden, og at andre berre tar ut delar av den. Foreldrepengedagane i fellesperioden vert derimot tekne ut bortimot fullt ut. Arbeids- og velferdsdirektoratet går ut frå at desse to effektane vil vege kvarandre opp, og at ein auke i kvotane difor ikkje vil ha budsjettverknad på sikt.

Viss omlegginga fører til at foreldra skyver uttaket av foreldrepengar ut i tid, kan det føre til ein reduksjon i utbetalingane av foreldrepengar i 2019. Basert på tidlegare endringar meiner direktoratet det er lite truleg at vi vil få ein slik effekt.

Utvidinga av dei øyremerkte delane av stønadsperioden krev administrative tilpassingar og endringar i IKT-systema i Arbeids- og velferdsetaten.

Alle endringane krev administrative tilpassingar og endringar i IKT-systema i Arbeids- og velferdsetaten. Endringane kan tre i kraft 1. januar 2019. Departementet legg til grunn at dei administrative meirkostnadene kan verte handert innanfor gjeldande budsjettrammer.

Dei føreslåtte endringane kan altså verte gjennomført innanfor rammene av regjeringa sitt forslag til budsjettramme for 2019 på kap. 2530 Foreldrepengar og kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten.

Departementet legg altså til grunn at forslaga i denne proposisjonen ikkje vil ha innverknad på budsjettet.