Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 45 L (2015–2016)

Endringar i kommuneloven (avvikling av samkommunemodellen)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

I denne proposisjonen gjer Kommunal- og moderniseringsdepartementet framlegg om endringar i kommuneloven ved å oppheve tilgangen til å opprette samkommunar. Det er føreslått at endringa blir sett i verk så raskt som mogleg. Departementet føreslår vidare at eksisterande samkommunar må vere avvikla seinast 1. januar 2020. Dei lovføresegnene i kommuneloven og særlovgivninga som handlar om samkommunen, vil halde fram med å gjelde for dei eksisterande samkommunesamarbeida fram til avviklinga er gjennomført.

Til toppen
Til forsida av dokumentet