1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Arbeids- og inkluderingsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar i dei følgande lovene:
-
Lov 28. juli 1949 nr. 26 om Statens pensjonskasse
-
Lov 26. juni 1953 nr. 11 om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv.
-
Lov 22. juni 1962 nr. 12 om pensjonsordning for sykepleiere
-
Lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd
-
Lov 10. juni 2005 nr. 44 om forsikringsvirksomhet
-
Lov 18. desember 2009 nr. 131 om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen
-
Lov 12. februar 2010 nr. 4 om pensjonsordning for oppdragstaker i beredskapshjem eller spesialisert fosterhjem
-
Lov 27. mai 2016 nr. 14 om skatteforvaltning
-
Lov 10. juni 2025 nr. 31 om endringer i lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover
Det blir foreslått endringar i folketrygdlova kapittel 12 for blant anna å gjere det meir lønsamt å kombinere arbeid og uføretrygd. Vidare blir det foreslått å endre sosialtenestelova § 18 slik at kommunane kan ta omsyn til barnetrygd ved vurderinga av søknader om økonomisk stønad. Desse to forslaga følger opp tiltak som er fremma i forslaget til statsbudsjettet for 2026.
Forslaget om endringar i folketrygdlova § 4-8 gjeld etablering av ein ny heimel for å gi forskrifter om innhaldet i meldeplikta for dagpengemottakarane, mens forslaget til endring av folketrygdlova § 4-19 gjer at lova gir betre uttrykk for gjeldande rett.
Forslaget i lov om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv. og lov om pensjonsordning for sykepleiere inneber at aldersgrensa på 70 år, som gjeld for alle medlemmane i apotekpensjonslova og for overordna sjukepleiarar i sjukepleiarpensjonslova, blir heva til 72 år. Jf. § 6 andre ledd i apotekpensjonslova og § 6 første ledd første punktum i sjukepleiarpensjonslova. Forslaget er ei harmonisering til kva som er den normale aldersgrensa i arbeidslivet, jf. at den alminnelege aldersgrensa i staten blir heva frå 70 til 72 år frå 1. januar 2026. Forslaget vil også innebere at 70-årsgrensa blir heva til 72 år i lov 10. juni 2025 nr. 31 om endringer i lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover (nye pensjonsregler for personer med særaldersgrense) med endringar i sjukepleiarpensjonslova.
Dei andre forslaga gjeld rettingar, presiseringar og endringar av teknisk karakter.