Prop. 9 L (2016–2017)

Endringar i lov om trudomssamfunn og ymist anna og i lov om tilskott til livssynssamfunn (om statstilskott til Den norske kyrkja til pensjonspremie og eigenkapital)

Til innhaldsliste

5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Lovforslaga har ikkje andre økonomiske og administrative konsekvensar enn dei som er omtalt ovanfor. Med bakgrunn i estimatet for den ordinære premien som Den norske kyrkja skal betale til SPK i 2017, vil lovforslaga bety at grunnlaget for tilskott til andre trus- og livssynssamfunn i 2017 aukar med 105,1 mill. kroner, inklusive arbeidsgjevaravgifta av premien. Budsjettverknaden for statstilskottet til trus- og livssynssamfunna vil vere på nær 17 mill. kroner (16 pst. som budsjetteringsgrunnlag). Dette er innarbeidd i forslaget til statsbudsjett for 2017, sjå Prop. 1 S (2016–2017) kap. 341, post 70 Tilskudd til tros- og livssynssamfunn.

Om også heile endringspremien til Den norske kyrkja, inklusive arbeidsgjevaravgifta, skulle ha vore rekna med i tilskottsgrunnlaget, slik mange av høyringsinstansane tek til orde for, ville statstilskottet til samfunna i 2017 auka med 11,7 mill. kroner i tillegg.