Del 1
Innleiing

1 Innleiing

1.1 Generelt om Svalbard

Svalbardtraktaten vart underteikna 9. februar 1920 og tok til å gjelde 14. august 1925. Same dag tok Svalbardlova (lov 17. juli 1925 nr. 11 om Svalbard) til å gjelde. Svalbard har sidan den dagen vore ein udeleleg og uavhendeleg del av Kongeriket Noreg.

Svalbard er den nordlegaste delen av Noreg, og omfattar øyene Spitsbergen, Prins Karls Forland, Nordaustlandet, Kong Karls Land, Barentsøya, Edgeøya, Hopen, Bjørnøya og alle holmar og skjer innanfor koordinatane 10° og 35° austleg lengd og 74° og 81° nordleg breidd. Svalbard har eit landareal på 61 022 km2 og utgjer 16 pst. av det totale landarealet i kongeriket. Øya Spitsbergen er den største øya i Noreg, om lag på storleik med Nordland og Troms fylke til saman. Det meste av Svalbard består av store og urørte villmarksområde.

Det bur folk eller er fast aktivitet eller verksemd på sju plassar på Svalbard. Det var registrert 2 914 personar busette på Svalbard 1. januar 2026. Ein person blir rekna for å bu på Svalbard når han eller ho har tatt opphald på øygruppa og har til hensikt å opphalde seg der i minst seks månader.

Longyearbyen er det største lokalsamfunnet og det administrative senteret på Svalbard. Det finst ikkje veg mellom samfunna på Svalbard. Ny-Ålesund har ein kortbaneflyplass med flysamband til og frå Longyearbyen. Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at folketalet i Longyearbyen og Ny-Ålesund 1. januar 2026 var 2 512, ein nedgang på 44 personar sidan 1. januar 2025.

I Barentsburg og Pyramiden var det registrert til saman 392 fastbuande i 1. januar 2026. Ved den polske forskingsstasjonen i Hornsund var det registrert ti busette på same tidspunkt.

Utanom på øya Spitsbergen bur det folk ved dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya.

Tabell 1.1 Folketal i Longyearbyen og Ny-Ålesund, per 1. januar

År

2019

2020

2021

2022

2023

2024

2025

2026

Personar

2 258

2 428

2 459

2 504

2 530

2 617

2 556

2 512

Kjelde: SSB.

1.2 Bakgrunnen for eit eige svalbardbudsjett

Justis- og beredskapsdepartementet fremmar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon samstundes med statsbudsjettet. Midlar blir overførte til Svalbard både over sjølve svalbardbudsjettet og over dei ulike fagdepartementa sine kapittel på statsbudsjettet. Eit eige svalbardbudsjett gir ei samla oversikt over inntekter og utgifter på Svalbard. Forslag til løyvingar for 2027 er omtalte nærare under punkt 4 nedanfor, jf. òg vedlegg 1 og 2.

Kvart år blir det gitt eit tilskot frå statsbudsjettet til dekning av underskotet på svalbardbudsjettet, jf. Prop. 1 S (2026–2027) for Justis- og beredskapsdepartementet, kap. 480, post 50. Tilskotet er inntektsført på svalbardbudsjettet kap. 3035.

Svalbardbudsjettet finansierer i hovudsak den statlege administrasjonen av Svalbard, både verksemd knytt til Justis- og beredskapsdepartementet og verksemd som er underlagd andre fagdepartement. Longyearbyen lokalstyre får løyvingane sine over svalbardbudsjettet.

Proposisjonen gir vidare ei oversikt over regjeringa sine forslag til satsingar og prioriteringar på Svalbard og ei årleg oppsummering av utviklinga på øygruppa.

Regjeringa vil halde fram med ordninga med eit eige svalbardbudsjett, noko Stortinget har slutta seg til, jf. Meld. St. 26 (2023–2024) Svalbard og Innst. 36 S (2024–2025).

1.3 Prioriteringar i 2027

1.3.1 Oppfølging av melding til Stortinget om Svalbard

Regjeringa la 31. mai 2024 fram ei melding til Stortinget om Svalbard, Meld. St. 26 (2023–2024). Stortinget behandla meldinga jf. Innst. 36 S (2024–2025) og voterte over ho 21. november 2024. Sjå nærare omtale av meldinga under punkt 2.2.1.

Meldinga inneheld to gjennomgåande tema som eit einstemmig Storting har slutta seg til:

  • sterkare statleg styring og nasjonal kontroll på Svalbard

  • styrking av Longyearbyen for å halde oppe det norske familiesamfunnet

Regjeringa vil i 2027 og framover prioritere å følgje opp tiltak som mellom anna er omtalte i meldinga til Stortinget om Svalbard.

1.3.2 Satsingar 2027

Det er foreslått å auke løyvinga til Longyearbyen lokalstyre med til saman 16,7 mill. kroner til fleire tiltak.

  • 2,8 mill. kroner til delvis dekking av vedlikehaldskostnadar av skredsikringstiltak i Longyearbyen

  • 3,5 mill. kroner til planlegging, organisering og forvaltning i samband med planlagt oppgradering av infrastruktur i Longyearbyen samt utvikling av IT-system

  • 10,4 mill. kroner i husleigekompensasjon i samband med overføring av bustadar frå Longyearbyen lokalstyre til Statsbygg

Regjeringa har som mål at Longyearbyen skal vere ein attraktiv stad å bu for norske familiar. Regjeringa foreslår difor å vidareføre ordninga med Svalbardpris. Regjeringa foreslår difor å auke løyvinga til Svalbard Energi AS med 33,7 mill. kroner til 152,5 mill. kroner. Løyvinga legg til rette for ein pris til privatpersonar og frivillige organisasjonar på 1,26 kr/kWt for straum og 0,63 kr/kWt for fjernvarme. Løyvinga skal òg bidra til reduserte energiprisar for næringslivet i Longyearbyen.

Det er forslått å auke løyvinga til Sysselmeisteren på Svalbard med 3,5 mill. kroner til ressursar til planlegging, organisering og forvaltning i samband med planlagt oppgradering av infrastruktur i Longyearbyen samt utvikling av IT-system.

Det er foreslått å vidareføre den auka løyvinga til Svalbard kyrkje i tråd med budsjettforliket for 2026. Det er difor foreslått å auke løyvinga med 1,5 mill. kroner samanlikna med Gul Bok for 2026.

1.3.3 Langsiktige investeringar

1.3.3.1 Energiforsyning i Longyearbyen

Energiforsyninga i Longyearbyen er organisert i selskapet Svalbard Energi AS (SEAS). Eigarskapet til SEAS vart i januar 2026 overført frå Longyearbyen lokalstyre til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (Store Norske), eit heileigd selskap under Nærings- og fiskeridepartementet. Store Norske vil som eigar av SEAS oppgradera energiforsyninga i Longyearbyen. Energioppgraderinga er eit komplekst prosjekt som går over om lag ti år. Sjå omtale i punkt 2.2.5.1 og i Prop. 1 S (2026–2027) for Nærings- og fiskeridepartementet for nærare omtale.

1.3.3.2 Nytt sjøfibersamband mellom Svalbard, Jan Mayen og fastlandet

Regjeringa foreslo i Prop. 47 S (2024–2025) å gi Nærings- og fiskeridepartementet fullmakt til å skaffe nytt sjøfibersamband til Svalbard og Jan Mayen frå Space Norway AS, innanfor ei kostnadsramme på 2 835 mill. 2025-kroner. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 174 S (2024–2025).

Dagens sjøfibersamband mellom Harstad og Longyearbyen når slutten av si estimerte tekniske levetid i 2028, og må erstattast for at stabilt telekommunikasjonssamband til Svalbard skal kunne oppretthaldast. Arbeidet med å etablere sambandet er i gang. Sambandet skal vere operativt frå 2028. Sjå nærare omtale under punkt.

1.3.3.3 Bustadbygging i Longyearbyen

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har gitt Statsbygg i oppdrag å starte opp ein avklaringsfase for første byggetrinn for utskifting av statlege bustadar i Longyearbyen. Gjennom avklaringsfasen vil ein utarbeide eit avgjerdsgrunnlag for å vurdere om ein skal gå vidare med konseptet, jf. krav i Finansdepartementet sitt rundskriv R-108 Statens prosjektmodell – Krav til utredning, planlegging og kvalitetssikring av store investeringsprosjekter i staten. Konseptet som blir greia ut er at Statsbygg over ein 30-årsperiode erstattar bustadar bygd før 2018/19 med nybygg.

1.3.3.4 Svalbard lufthamn

Samferdselsdepartementet ga i mars 2026 Avinor i oppdrag å setje i gang eit arbeid med ei konseptvalutgreiing (KVU) for Svalbard lufthamn. Ein skal greie ut ulike konsept som sørgjer for at lufthamna framleis er eit robust transport- og beredskapstilbod. Konseptvalutgreiinga skal etter planen vere ferdig i 2027.

1.4 Offentlege myndigheiter på Svalbard

1.4.1 Sysselmeisteren på Svalbard

Sysselmeisteren på Svalbard er den øvste representanten for regjeringa på Svalbard og tek vare på dei statlege interessene der. Sysselmeisteren er politimeister og har same mynde som ein statsforvaltar. Kjerneoppgåvene til Sysselmeisteren er ansvaret for rednings- og beredskapsarbeidet, politi- og påtalemakta og miljøforvaltninga. Sysselmeisteren deltek i utforminga, utøvinga og oppfølginga av svalbardpolitikken.

Som politimeister leier Sysselmeisteren påtalemakta og verksemda elles i politiet og har same ansvar og mynde som politimeistrane på fastlandet. Sysselmeisteren har ei sentral rolle i å handtere hendingar som oppstår på samfunnstryggleiks- og beredskapsområdet. Sjå punkt 2.2.4 om beredskap på Svalbard for nærare omtale av Sysselmeisteren si rolle i arbeidet.

I eigenskap av rolla som statsforvaltar utfører Sysselmeisteren ei rekkje sivile oppgåver som er delegerte frå ulike departement. Sysselmeisteren er regional statleg miljøvernmyndigheit på Svalbard. Sysselmeisteren har ansvaret for å handheve miljøregelverket og for oppsynet med at regelverket blir følgt.

Til saman gir dei samla oppgåvene til Sysselmeisteren det mogleg å ha ei god fagleg forvaltning av enkeltsaker, godt informasjonsarbeid og effektiv etterforsking av miljøkriminalitet.

1.4.2 Longyearbyen lokalstyre

Longyearbyen lokalstyre har som formål å utøve eit funksjonsdyktig lokalt folkestyre i Longyearbyen. Det rettslege rammeverket for Longyearbyen lokalstyre følgjer av Svalbardlova. Myndigheitsområdet til lokalstyret er Longyearbyen arealplanområde. Longyearbyen lokalstyre har oppgåver av same type som kommunane på fastlandet. Samstundes har Longyearbyen lokalstyre eit snevrare ansvarsområde og yter færre velferdstenester. Som for kommunane følgjer oppgåver og ansvar av særlover, mens ansvaret for infrastruktur er lagt til Longyearbyen lokalstyre direkte gjennom Svalbardlova.

Longyearbyen lokalstyre skal utøve mynda og verksemda si og sikre ei rasjonell og effektiv forvaltning av fellesinteressene innanfor nasjonale rammer og ramma av norsk svalbardpolitikk.

Justis- og beredskapsdepartementet og Longyearbyen lokalstyre har kontaktmøte to til tre gonger i året. Dialogen departementet har med lokalstyret er viktig for å sikre ei utvikling av samfunnet i Longyearbyen i tråd med dei overordna måla i svalbardpolitikken.

Longyearbyen lokalstyre har ei generell beredskapsplikt, jf. sivilvernlova §§ 14, 15 og 29 med forskrift. Formålet med ei generell beredskapsplikt er at kommunane og Longyearbyen lokalstyre skal sjå heile arbeidet med tryggleik i samanheng og planleggje ut frå dette. Longyearbyen lokalstyre er ansvarleg for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap og skal vurdere om det trengst særskilde førebuingar. Sysselmeisteren på Svalbard fører tilsyn med korleis Longyearbyen lokalstyre følgjer opp pliktene.

1.4.3 Andre aktørar

På svalbardbudsjettet blir det løyvd midlar til fleire statlege aktørar som er styrte av dei respektive fagdepartementa:

  • Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

  • Kystverket

  • Statsbygg Svalbard

  • Skattekontoret på Svalbard

  • Norsk Polarinstitutt

  • Meteorologisk institutt

Svalbard Museum, Svalbard kyrkje og Svalbard Energi AS får òg løyvingar over svalbardbudsjettet.

I tillegg har ei rekkje andre statlege aktørar verksemd på Svalbard, som blir finansiert utanfor svalbardbudsjettet. Det gjeld mellom anna:

  • Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS

  • Miljødirektoratet

  • Riksantikvaren

  • Nav

  • Avinor

  • Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS)

  • Universitetssjukehuset Nord-Noreg HF ved Longyearbyen sjukehus

  • Statens kartverk

  • Svalbard globale frøkvelv

  • Norsk helsenett SF

  • Forbrukartilsynet

  • Tolletaten

  • Nærings- og fiskeridepartementet, som forvaltar grunneigedom på Svalbard direkte, med lokalt tilsette

2 Mål for norsk svalbardpolitikk

2.1 Overordna mål

Det er lang tradisjon for brei politisk semje om hovudlinjene i svalbardpolitikken. Svalbardpolitikken er samansett av ulike politikkområde som alle er ramma inn av dei fem overordna måla for svalbardpolitikken. Måla vart første gong formulerte i samband med Stortinget si behandling av meldinga til Stortinget om Svalbard frå 1985, og har lege fast sidan då. Måla er:

  • ei konsekvent og fast handheving av suvereniteten

  • å overhalde Svalbardtraktaten på korrekt måte og føre kontroll med at traktaten blir etterlevd

  • bevaring av ro og stabilitet i området

  • bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området

  • å halde oppe norske samfunn på øygruppa

Måla vart sist stadfesta av Stortinget i samband med behandlinga av Meld. St. 26 (2023–2024) Svalbard, jf. Innst. 36 S (2024–2025). Semja om hovudlinjene i svalbardpolitikken gir ei langsiktig forvaltning av øygruppa, noko som medverkar til tryggleik for befolkninga på øygruppa og til stabilitet og ei føreseieleg utvikling i regionen.

2.2 Justis- og beredskapsdepartementet sitt mål for polarpolitikken: Godt forvalta polarområde

Alle departementa har i dag ei rolle i gjennomføringa og utforminga av svalbardpolitikken og er involverte i arbeidet med å nå måla. Sjå omtalen under punkt 4. Sektoransvaret til departementa gjeld på Svalbard som på fastlandet. Statsrådane er konstitusjonelt ansvarlege for fagområda til departementa sine på Svalbard på same måte som i resten av landet.

God forvaltning av Svalbard føreset god koordinering av svalbardsaker mellom departementa og på tvers av forvaltningsnivå. Justis- og beredskapsdepartementet har ansvaret for å samordne polarsaker i statsforvaltninga og er tildelt eit eige ansvar for å koordinere norsk svalbardpolitikk.

Utover måla som er fastsette av Stortinget, har Justis- og beredskapsdepartementet eit eige mål for politikken i Arktis og Antarktis: Godt forvalta polarområde.

«Godt forvalta polarområde» inneber at polarområda skal forvaltast slik at samordning og styring byggjer opp under dei overordna måla for Svalbard og andre polare strøk.

2.2.1 Meld. St. 26 (2023–2024) Svalbard

Meld. St. 26 (2023–2024) er nummer seks i rekkja av heilskaplege meldingar til Stortinget om Svalbard (svalbardmeldingar) sidan 1975. Svalbardmeldingane signaliserer regjeringa sine mål og ambisjonar for forvaltninga av Svalbard, og blir forankra i Stortinget gjennom behandlinga der.

Longyearbyen har endra seg frå å vere eit samfunn basert på kolverksemd til å bli eit meir moderne familiesamfunn med eit differensiert næringsliv. Samstundes har befolkninga auka og befolkningssamansetjinga endra seg. Svalbard er prega av auka aktivitet, og interessa for bruk av Svalbard i samband med forsking aukar. Med eit varmare klima er kystområda på Svalbard lettare tilgjengelege for ulike typar fartøy. Vidare er den tryggingspolitiske situasjonen globalt og i Noreg sine nærområde prega av eit større alvor og er meir uføreseieleg enn då den førre svalbardmeldinga vart lagd fram i 2016.

Regjeringa varsla i Meld. St. 26 S (2023–2024) at ein vil styrkje statleg styring og nasjonal kontroll på Svalbard i tråd med utviklingstrekka som er omtalte ovanfor. Regjeringa varsla òg at ein vil styrkje det norske familiesamfunnet i Longyearbyen. Andre tiltak som var varsla er besøksbidrag frå reisande til Longyearbyen, betre bustadar innanfor ramma av bustadmassen som var der før skreda i 2015 og 2017, gjere allmenngjeringslova gjeldande på Svalbard, etablering av eit eige Svalbard forskingskontor og regulering av omfanget av cruiseaktiviteten.

Under behandlinga av meldinga slutta eit einstemmig Storting seg nok ein gong til å vidareføre dei overordna måla for svalbardpolitikken som er omtalte under punkt 2.1.

2.2.2 Oppmodingsvedtak

Stortinget fatta to oppmodingsvedtak i samband med behandlinga av meldinga:

«I
Stortinget ber regjeringen utrede hvilke tiltak som kan innføres for å styrke det psykiske helsetilbudet i Longyearbyen.
II
Stortinget ber regjeringen sørge for at flyfraktkapasitet mellom fastlandet og Svalbard opprettholdes inntil en permanent løsning er på plass.»
2.2.2.1 Psykisk helsevern

Helse- og omsorgsdepartementet er ansvarleg departement for oppfølginga av oppmodingsvedtak om psykisk helsevern. Sjå omtale under punkt 4.6.2.

2.2.2.2 Flyfraktkapasitet

Justis- og beredskapsdepartementet følgde opp oppmodingsvedtak om flyfraktkapasitet gjennom eit ekstraordinært omstillingstilskot. Hensikten var å sørge for at Longyearbyen lokalstyre kunne skaffe til vegs nødvendig flyfraktkapasitet i 2025, inntil dei lokale aktørane har komme fram til ei langsiktig løysing. Stortinget slutta seg til forslaget. Sjå Prop. 18 S (2024–2025) og Innst. 80 S (2024–2025). Regjeringa skreiv på den bakgrunn i Meld. St. 4 (2025–2026) Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2024–2025 at vedtaket har blitt følgt opp.

Stortinget skreiv så i Innst. 125 S (2025–2026) at «Komiteens flertall, medlemmene fra Fremskrittspartiet, Høyre, Senterpartiet, Rødt og Kristelig Folkeparti mener vedtaket ikke kan utkvitteres nå.»

Regjeringa foreslo difor i samband med revidert nasjonalbudsjett i 2026 å vidareføre løyvinga med 10,0 mill. kroner. Stortinget slutta seg til forslaget. Sjå Prop. 96 S (2025–2026) og Innst. 450 S (2025–2026).

Justis- og beredskapsdepartementet har bedt Longyearbyen lokalstyre bruke noko av løyvinga til å evaluere bruken av midla samt greie ut forslag til varig løysing. Justis- og beredskapsdepartementet vil fortsette å rapportere på oppfølginga. Sjå òg omtale i punkt 2.2.5.4.

2.2.3 Koordinering av norsk polarpolitikk

2.2.3.1 Det interdepartementale polarutvalet

Det interdepartementale polarutvalet (Polarutvalet) er eit koordinerande og konsultativt organ for behandlinga av polarsaker i sentraladministrasjonen. Utvalet arbeider etter instruks for behandling av polarsaker og for Det interdepartementale polarutvalg (polarutvalgsinstruksen). Utvalet skal vere eit særleg rådgivande organ for regjeringa i slike saker. Samstundes gjeld avgjerdsmynda til fagdepartementa og det konstitusjonelle ansvaret til den aktuelle statsråden for dei ulike sakene. Utvalet har møte om lag ti gonger i året. Sysselmeisteren møter fast.

2.2.3.2 Lovgiving

Lovgiving er eit sentralt verkemiddel for å styre samfunnsutviklinga innanfor ramma av måla for svalbardpolitikken. Svalbardlova § 2 slår fast at norsk privatrett og strafferett og norsk lovgiving om rettspleie gjeld for Svalbard når ikkje anna er fastsett. Andre lover gjeld ikkje for Svalbard utan når det er fastsett særskilt. Det kan òg bli gitt særskilde forskrifter for Svalbard.

Det rettslege rammeverket for Svalbard skal vere mest mogleg likt rammeverket for fastlandet. Ny lovgiving for fastlandet skal som hovudregel takast i bruk for Svalbard, om ikkje særlege forhold taler mot det eller det er behov for unntak eller tilpassingar. Lovverket skal gjelde for heile øygruppa og handhevast likt overalt. Samstundes kan ikkje ny lovgiving alltid takast i bruk for Svalbard utan at det blir gjort tilpassingar. Det kan vere behov for overgangsordningar eller at lova tek til å gjelde for Svalbard på eit seinare tidspunkt. Andre former for å fase inn lovverk kan òg vere nødvendig, til dømes fordi lokale verksemder har behov for omstilling. Tilpassingar kan vere nødvendige pga. til dømes folkerettslege, klimamessige, geografiske eller administrative forhold. Døme på det siste kan vere at det ikkje finst lokale instansar eller forvaltningsnivå på Svalbard som motsvarer dei på fastlandet.

På nokre område er det gitt eigne lover eller forskrifter som er spesielt tilpassa forholda på Svalbard. Døme på dette er svalbardmiljølova og skattelova for Svalbard. I tillegg kan det vere formålstenleg å innføre lover som av praktiske og økonomiske årsaker berre gjeld for Longyearbyen arealplanområde.

EØS-avtalen gjeld ikkje for Svalbard. Svalbard inngår ikkje i Schengen-samarbeidet.

FNs tryggingsråd kan vedta sanksjonar mot statar, personar eller einingar, med folkerettsleg bindande verknad. EU vedtek òg sanksjonar, som Noreg har slutta opp om med nokre få unntak. EU-sanksjonar som Noreg har slutta opp om, gjeld på Svalbard med mindre noko anna er angjeve i den relevante forskrifta. Det er særleg sanksjonane mot Russland som er relevante på Svalbard. Det er innført sanksjonar mot russiske personar og verksemder og mot handel og interaksjonar med russiske motpartar. Sanksjonane mot Russland blir mellom anna gjennomførte i forskrift om restriktive tiltak vedrørende handlinger som undergraver eller truer Ukrainas territorielle integritet, suverenitet, uavhengighet og stabilitet («sanksjonsforskrift Ukraina»).

Eksportkontrollova gjeld for Svalbard. Eksportkontrollova med forskrift regulerer utførsel av visse varer, teknologi og tenester frå Noreg. Dette omfattar òg visse forskingsdata. Slik utførsel, enten han skjer fysisk, elektronisk eller er omfattande krev lisens frå Direktoratet for eksportkontroll og sanksjoner (DEKSA).

2.2.3.3 Endringar i regelverk

Dei stortingsforankra måla for svalbardpolitikken krev at regelverk og rammer for Svalbard og Longyearbyen blir vurderte og tilpassa etter samfunnsutviklinga.

Allmenngjeringslova vart gjort gjeldande for Longyearbyen og Ny-Ålesund 1. juli 2025. Sjå punkt 4.1.2. Lovendringa vil bidra til at utanlandske og norske arbeidstakarar på Svalbard får likeverdige løns- og arbeidsvilkår.

Forskrift om tryggleik i felt på Svalbard vart vedteke 6. juni 2025 og tok til å gjelde 1. januar 2026. Hensikten er å sikre ei framleis forsvarleg utvikling av reiselivet i ei tid med auka og raske klimaendringar. Forskrifta inneheld mellom anna ei godkjenningsordning for guidar som er under utarbeiding og vil ta til å gjelde på eit seinare tidspunkt. Sjå punkt 2.2.4.2.

Stortinget vedtok 10. juni 2025 ny lov om besøksbidrag. Lova inneheld ein heimel for å gi forskrift om besøksbidrag for Longyearbyen. Lova trådde i kraft 1. juli 2026

Justis- og beredskapsdepartementet sende 3. mars 2026 ut forslag til forskrift om besøksbidrag for Longyearbyen på alminneleg høyring. Høyringsfristen var 3. juni 2026. Sjå punkt 2.2.5.7.

Energidepartementet sende 25. mars 2026 forslag til forskrift om regulering av energiforsyninga i Longyearbyen på høyring. Høyrigsfristen var 31. juli 2026. Sjå nærare omtale under punkt 2.2.5.1.

Stortinget vedtok 16. juni 2023 ny vallov. I Prop. 45 L (2022–2023) er det uttalt at den nye vallova skaper eit behov for å vedta ny forskrift om lokalstyreval i Longyearbyen. Forskrifta er heimla i Svalbardlova § 34. Forskrifta vil bli utforma etter modell av vallova, og skal tre i kraft før lokalstyrevalet hausten 2027. Justis- og beredskapsdepartementet arbeider med eit høyringsnotat.

Klima- og miljødepartementet sende 26. mai 2026 på høyring forslag til endringar i forskrifter heimla i svalbardmiljølova for å kunne bruke lovbrotsgebyr som sanksjonsform. Departementet foreslo heimlar for å gi lovbrotsgebyr, både for brot på forskriftsføresegner og for brot på vilkår og plikter i enkeltvedtak, med heimel i desse forskriftene. Høyringsfristen var 15. september 2026.

Justis- og beredskapsdepartementet sende 8. juli 2026 på høyring forslag om endringar i forskrift om kontroll av reisande til og frå Svalbard og forslag om innføring av ei visitasjonsheimel i same forskrift. Høyringsfristen er 15. oktober 2026. Sjå punkt. 2.2.4.7.

Regjeringa foreslo i Prop. 1 LS (2025–2026) Skatter og avgifter 2026 å innføre eit fribeløp for ungdom i aldersgruppa 13 til 19 år frå 2026. Fribeløpet er på 100 000 kroner (likt som fastlands-Noreg). Stortinget slutta seg til forslaget.

2.2.3.4 Statleg eigarskap på Svalbard

Dei særlege rammene for Svalbard og svalbardpolitikken gjer at ein nyttar verkemiddel på Svalbard som ein ikkje nødvendigvis nyttar på same vis på fastlandet. Eit av dei viktigaste verkemidla i samfunnsutviklinga på Svalbard er ulike former for statleg eigarskap, mellom anna til eigedom, grunn og infrastruktur. Det har alltid vore knytt sterke nasjonale interesser til forvaltninga av øygruppa, og det er lang tradisjon for statleg eigarskap på Svalbard.

Statsbygg er ei forvaltningsverksemd underlagt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, og forvaltar ei rekke statlege eigedomar og meir enn 400 bustadar i Longyearbyen, sjå punkt 2.2.5.5.

Staten eig direkte eller indirekte fleire selskap på Svalbard, mellom anna Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (Store Norske), Svalbard Energi AS (heileigd dotterselskap av Store Norske), Kings Bay AS, Bjørnøen AS, Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) og Svalbard Lufthavn AS. Bakgrunnen for staten sitt eigarskap i desse selskapa er mellom anna å bidra til å nå måla for svalbardpolitikken.

Staten eig vidare delar av andre selskap med aktivitet på Svalbard, til dømes halvparten av Kongsberg Satellite Services (KSAT) indirekte, gjennom Space Norway AS (som er heileigd av Nærings- og fiskeridepartementet). Den andre halvparten er eigd av Kongsberg Gruppen ASA, kor staten eig 50,004 pst. Staten eig òg 54 pst. av aksjane i Telenor ASA, som har verksemd på Svalbard gjennom dotterselskapet Telenor Svalbard AS.

Staten, ved Nærings- og fiskeridepartementet, er den største grunneigaren på Svalbard som eig 98,75 pst. av all grunn direkte. Nærings- og fiskeridepartementet legg gjennom forvaltninga av eigarskapen til grunnen til rette for aktivitet som støttar opp om måla for svalbardpolitikken. I tillegg eig staten, ved Klima- og miljødepartementet, 0,75 pst. av grunnen indirekte gjennom eigarskapen i Kings Bay AS.

Regjeringa foreslo i samband med revidert nasjonalbudsjett 2025 å avvikle Bjørnøen AS. Formålet med avviklinga var å samle den statlege forvaltinga av grunnen på Svalbard i Nærings- og fiskeridepartementet. Stortinget ga regjeringa fullmakt til å avvikle Bjørnøen AS. Sjå Prop. 146 S (2024–2025), Innst. 540 S (2024–2025) og Stortingets vedtak av 20. juni 2025.

Sjå punkt 4.12.1 for nærare omtale av grunnforvaltninga på Svalbard.

2.2.4 Beredskap på Svalbard

2.2.4.1 Naudmeldeteneste

Justis- og beredskapsdepartementet har oppgradert naudmeldetenesta på Svalbard. Troms politidistrikt støttar frå januar 2026 operasjonssentralen til Sysselmeisteren i den daglege drifta. Ved større eller samtidige hendingar kan Troms politidistrikt forsterke og avlaste Svalbard. Alle naudoppkallingar til politiet blir automatisk sette over til Troms politidistrikt dersom dei ikkje blir svara raskt nok på Svalbard. I tillegg er det gjort fleire tekniske og praktiske forbetringar i samband, telefoni, varslingssystem og kartstøtteverktøy.

2.2.4.2 Ny forskrift om tryggleik i felt

Ny forskrift om tryggleik i felt på Svalbard tok til å gjelde 1. januar 2026, med unntak av reglane om godkjenningsordning for guidar som vil ta til å gjelde på eit seinare tidspunkt.

Formålet med forskrifta er å sikre ei framleis forsvarleg utvikling av reiselivet i ei tid med aukande aktivitet og raske klimaendringar. Forskrifta inneheld mellom anna ei godkjenningsordning for guidar. Den nye forskrifta er på fleire punkt ei forskriftsfesting av gjeldande rett og praksis, men det er òg nokre nye element:

  • Innføring av godkjenningsordning for svalbardguidar og krav om bruk av slike guidar i turistverksemd og feltverksemd.

  • Innføring av definisjon av «feltverksemd».

  • Krav om løyve til ferdsel, aktivitet eller opphald for turistverksemd, feltverksemd og forskings- og utdanningsverksemd, samt reglar for søknadsfristar.

  • Innføring av krav til internkontroll for turistverksemd, feltverksemd og forskings- og utdanningsverksemd.

  • Standardisering og forenkling av forsikringssystemet.

  • For forskings- og utdanningsverksemd er det innført forsikringsplikt og krav om kommunikasjonsutstyr ved ferdsel, aktivitet eller opphald utanfor ferdselsområdet.

  • Meldeplikt til Svalbard skattekontor for turistverksemd og feltverksemd.

2.2.4.3 Beredskapslager på Svalbard

Regjeringa foreslo i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2026 å opprette eit beredskapslager på Svalbard. Stortinget slutta seg til forslaget. Sjå Prop. 96 S (2025–2026) og Innst. 450 S (2025–2026). Lageret vil gi økt beredskap for å handtere hendingar og kriser på øygruppa.

Både sivile naud- og beredskapsaktørar og Forsvaret vil kunne nytte lageret, i tråd med det norske totalforsvarskonseptet. Lageret vil vere underlagt mynda til Sysselmeisteren, som i kraft av å ha same mynde som ein statsforvaltar, har det koordinerande ansvaret for samfunnstryggleik og beredskap på Svalbard.

2.2.4.4 Organisering av beredskapen på Svalbard

Dei naturgitte og geografiske føresetnadene til Svalbard gir særskilde utfordringar for samfunnstryggleik og beredskap. Sektorprinsippet gjeld på Svalbard som elles i landet. Den enkelte sektoren har ansvar for å vurdere risiko, sårbarheit og for eventuelle tiltak.

Den lokale beredskapen er god. Dei etablerte ressursane, lokalbefolkninga, næringslivet og andre aktørar på Svalbard har stor evne og vilje til å handtere hendingar. Samstundes er ikkje beredskapen dimensjonert for å handtere større hendingar eller hendingar som skjer samstundes over lang tid. I tilfelle større hendingar legg ein difor til rette for tilførsel av ressursar frå fastlandet.

Sysselmeisteren er den sentrale instansen for planlegging og gjennomføring av tiltak innanfor samfunnstryggleik og beredskap på øygruppa. Sysselmeisteren er leiar for beredskapsrådet for Svalbard i eigenskap av å ha mynde som statsforvaltar. Rådet skal medverke til ei felles forståing av risiko og sårbarheit, med mål om ein samordna beredskap som gir befolkninga på Svalbard størst mogleg tryggleik.

Sysselmeisteren har ansvaret for redningstenesta og er som politimeister leiar for redningsleiinga ved den lokale redningssentralen (LRS) på Svalbard. Medlemmene i redningsleiinga overlappar i nokon grad med medlemmene i beredskapsrådet.

Sysselmeisteren utarbeider ein risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) for eige ansvarsområde som blir oppdatert kvart år. Sysselmeisteren har utarbeidd ein heilskapleg plan for oppfølging av analysen, med oversikt over risikoreduserande tiltak, ansvarsavklaringar og statusbeskrivingar. Inneverande Svalbard-ROS gjeld for perioden 2022–2026. Sysselmeisteren skal revidere Svalbard-ROS for 2027-2031. Sysselmeisteren har òg planverk for forsyningstryggleik m.m.

For dei fleste praktiske formål vil det vere tilførsel av ressursar og tenester frå verksemder som er etablerte på fastlandet, som vil bli nytta under ei forsyningskrise. Styresmaktene vil kunne nytte næringsberedskapslova til å påleggje næringsliv på fastlandet å levere varer og tenester til Svalbard i ein slik situasjon.

Beredskapslova gjeld på Svalbard. Etter forskrift om sivilbeskyttelseslovens anvendelse på Svalbard og om beredskapsplikt for Longyearbyen lokalstyre, har Sysselmeisteren her same mynde som ein statsforvaltar. Longyearbyen lokalstyre har same mynde som ein kommune på dette feltet.

2.2.4.5 Klimaendringar og auka aktivitet

Longyearbyen vil i framtida truleg få meir nedbør i form av regn, og auka snø- og bresmelting1. Endringane vil føre til fleire og større flaumar. Snø- og sørpeskred vil skje oftare. Varmare vêr og meir nedbør gir auka slitasje på bygg og infrastruktur, som i større grad må bli sikra mot erosjon og skred.

Mindre is rundt Svalbard inneber at seglingssesongen rundt Svalbard blir lengre, og området som er farbart for skip, blir større. Operasjonsområdet for søk og redning blir forstørra parallelt. Risikoen for skipsulukker i fjerntliggjande område aukar som følgje av auka aktivitet. Samstundes aukar risikoen og behovet for medisinsk evakuering frå fartøy som seglar langt unna Longyearbyen. Veksten i aktivitet på og rundt Svalbard inneber at det til tider er langt fleire menneske der enn det som tilgjengelege beredskapsressursar er dimensjonerte for. I ROS-analysen til Sysselmeisteren er risikoen for ulukker til sjøs vurdert som høg. Sysselmeisteren peiker i ROS-analysen på fleire tiltak som kan redusere risikoen, mellom anna regulering av cruiseverksemda rundt Svalbard, og tilsyn og kontroll med fartøy.

Regjeringa arbeider nå med å regulere cruiseverksemda, sjå punkt 2.2.5.7. Justis- og beredskapsdepartementet sende i juni 2026 ut eit forslag om innføring av ei føresegn om visitasjon av fartøy, sjå punkt 2.2.4.7.

Tabell 2.1 Redningsoppdrag som Sysselmeisteren har gjennomført

År

2020

2021

2022

2023

2024

2025

Talet på redningsoppdrag

24

32

70

86

62

51

Kjelde: Sysselmeisteren

2.2.4.6 Skred og flaum

Longyearbyen har vore råka av store snøskred i nyare tid. I etterkant av skreda har store ressursar vore nytta for å hindre nye skredulukker i sentrumsområdet i Longyearbyen.

NVE gjennomfører regional snøskredvarsling for regionen Nordenskiöld Land kor mellom anna Longyearbyen ligg. Longyearbyen lokalstyre har samstundes ansvar for ei lokal skredvarslingsteneste for Longyearbyen. Sysselmeisteren, i rolla som politimeister, tek avgjerder om evakuering og forbod mot ferdsel ved skredfare, basert på skredfaglege råd.

Konsekvensane av skred i Longyearbyen kan bli spesielt store for delar av sentrumsområdet nedanfor området Lia, nedanfor Sukkertoppen og i området langs Vannledningsdalen. Desse områda var særleg utsette for høvesvis snø- og sørpeskred. På bakgrunn av dette har områda blitt prioriterte for skredsikring. Sikringstiltaka mot sørpeskred frå Vannledningsdalen vart sette i gang i 2022 og fullførte i 2025, til ein kostnad av 105 mill. kroner. Fleire bustadar under fjellet Sukkertoppen let seg ikkje sikre med fysiske installasjonar, og har blitt eller må rivast.

Andre delar av Longyearbyen er òg utsette for skred. Risikoen er størst for bygg i Nybyen og for delar av hamneområdet. Det er av fleire årsaker ikkje ønskjeleg å leggje til rette for personopphald og bustadar i Nybyen. Nybyen vil dermed ikkje bli prioritert for skredsikringstiltak.

Det har tidlegare vore utfordringar med flaum og erosjon langs Longyearelva. Elva er masseførande ved flaumvassføringar, og det har årleg blitt gjort grave- og dosearbeid for å hindre at elva lager løp der ho gjer skade. NVE gjorde i 2025 ferdig eit sikringsanlegg langs Longyearelva for å hindre flaum og erosjon og for å handtere massane som kjem med elva.

Sjå elles omtale under punkt 4.4.1.

2.2.4.7 Kontroll med reisande til og frå Svalbard

Sysselmeisteren handhever forskrift om kontroll av reisende til og fra Svalbard og gjennomfører personkontroll. Reisande til og frå Svalbard kan bli kontrollerte når dei kjem til Svalbard. Reisande kan òg bli kontrollerte der dei melder seg eller blir trefte på, og i territorialfarvatnet om bord i sjøfartøy på veg til hamn eller indre farvatn på Svalbard. Sysselmeisteren kan overvake territorialfarvatnet og stadane der reisande kan kontrollerast for å motverke at personar unndrar seg inn- og utreisekontroll. Ein legg opp til at kontrollen med tida kan utviklast og avpassast med behovet for kontroll, basert på erfaringane ein har danna seg sidan innføringa av kontrollen.

Justis- og beredskapsdepartementet sende 8. juli 2026 på høyring forslag om endringar i forskrift om kontroll av reisande til og frå Svalbard og forslag om å innføra ein visitasjonsheimel i same forskrift. Høyringsfristen er 15. oktober 2026.

2.2.4.8 Kontroll med vareførselen til og frå Svalbard

Svalbard vart eige tollområde i mai 2022. Tolletaten er etablert med ei eiga eining for kontroll med vareførselen til og frå Svalbard.

Tolletaten gjennomfører fysisk kontroll med varer som blir førte inn til eller ut frå øygruppa. Tolletaten gjennomfører òg vareførselskontroll på skip som kjem til Svalbard.

Målet er at vareførselskontrollen med tida i størst mogleg grad skal samsvare med kontrollen på fastlandet, med dei pliktene det inneber for aktørane i vareførselen, med eventuelle tilpassingar til dei lokale forholda.

Sjå punkt 4.5.3 for nærare omtale.

2.2.4.9 Kritisk infrastruktur

Kritisk infrastruktur er ein grunnleggjande føresetnad for aktivitet og opphald på Svalbard. Den fysiske infrastrukturen i Longyearbyen bidrar på den måten til å halde oppe norske samfunn på øygruppa. Svalbard er ei øygruppe utan større energi- eller vassystem. Den lokale tilgangen av slike tenester er avgjerande for annan grunnleggjande infrastruktur. Forsyningstryggleik er difor spesielt viktig på Svalbard. Offentleg kontroll med infrastruktur og eigedom legg til rette for god forsyningstryggleik for til dømes energi, vatn og mat. Sjå punkt 2.2.5.9 for omtale av kritisk infrastruktur i Longyearbyen.

2.2.5 Longyearbyen – eit norsk lokalsamfunn

Eit av hovudmåla i svalbardpolitikken er å halde ved lag norske samfunn på Svalbard. Målet fekk brei omtale i Meld. St. 26 (2023–2024) Svalbard.

Målet blir oppfylt gjennom familiesamfunnet i Longyearbyen. Longyearbyen skal vere eit samfunn som medverkar til å støtte opp under dei overordna måla i svalbardpolitikken. Regjeringa gir i svalbardmeldinga greie for tiltak for å sikre at utviklinga held fram i tråd med målet om å halde oppe norske samfunn på øygruppa.

Avsluttinga av gruveverksemda til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS har medført omstilling for Longyearbyen. Longyearbyen har i dag eit differensiert næringsliv med verksemder innanfor ei rekkje næringar. Longyearbyen er, og skal vere, eit livskraftig norsk lokalsamfunn og administrasjonssenter. Det er eit mål at Longyearbyen skal vere ein attraktiv stad for norske familiar, og at ein slik kan bidra til å oppfylle målet om norske samfunn på øygruppa.

Ifølgje SSB var det registrert 2 512 innbyggjarar i Longyearbyen og Ny-Ålesund 1. januar 2026. Sjå omtale i punkt 1.1.

Statlege organ og Longyearbyen lokalstyre legg til rette for velferds- og tenestetilbod i Longyearbyen. Regjeringa ser, med utviklinga ein har sett i seinare år når det gjeld befolkningssamansetjinga, behov for å skilje i større grad mellom innbyggjarar med tilknyting til fastlandet og innbyggjarar som kjem direkte frå utlandet til Svalbard.

2.2.5.1 Energiomstilling

Dei overordna rammene for etablering og drift av ei ny energiløysing i Longyearbyen går fram av Prop. 1 S (2021–2022) Svalbardbudsjettet, som Stortinget har slutta seg til, jf. Innst. 117 S (2021–2022). Der heiter det mellom anna at «Regjeringa sitt forslag til rammer for ein energiplan for Longyearbyen legg grunnlaget for at kolkraftverket blir avvikla til fordel for ei sikrare og meir klimavenleg energiløysing. Løysinga skal vere basert på eit nytt kraftvarmeverk i kombinasjon med fornybar energi og auka satsing på energieffektivisering.»

Energiverket i Longyearbyen vart omdanna til eit eige AS frå 1. januar 2023, Svalbard Energi AS (SEAS). Energiverket gjekk då frå å vere ei integrert eining i Longyearbyen lokalstyre til å bli eit heileigd AS under Longyearbyen lokalstyre.

Kolkraftverket som forsynte Longyearbyen med kraft og varme vart stengt ned i oktober 2023. Ein gjekk då over til energiproduksjon med diesel som energiberar.

I Prop. 1 S (2025–2026) Svalbardbudsjettet vart det omtalt at ansvaret for energiforsyninga i Longyearbyen skulle bli overført frå Longyearbyen lokalstyre til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (Store Norske) ved at Store Norske overtek eigarskapet til Svalbard Energi AS (SEAS) frå lokalstyret. Regjeringa skreiv samstundes at gjelda som SEAS hadde til Longyearbyen lokalstyre vart ettergitt, ved at lokalstyret mottok eit tilskot tilsvarande størrelsen på lånet ved årsslutt. Dette var eit vilkår Longyearbyen lokalstyre og Store Norske satt for transaksjonen. Regjeringa foreslo difor i Prop. 15 S (2025–2026) å løyve 312,2 mill. kroner til lokalstyret for at lokalstyret kunne slette gjelda SEAS hadde til Longyearbyen lokalstyre. Slettinga av gjelda hadde som formål at SEAS sin balanse vart styrka. Stortinget slutta seg til forslaget jf. Innst. 75 S (2025–2026).

SEAS vart på bakgrunn av ovanemnde overført frå Longyearbyen lokalstyre til Store Norske i januar 2026. Store Norske overtok samstundes ansvaret for energiforsyninga i Longyearbyen. Overføringa av SEAS er eit døme på auka nasjonal kontroll med kritisk infrastruktur på Svalbard.

Energidepartementet sende 25. mars 2025 ut forslag til regulering av energiforsyninga i Longyearbyen på høyring. Høyringsfrist var 31. juli 2026. Det var behov for å sjå på kva rammer som skal gjelde for energiforsyninga i Longyearbyen etter at kolkraftverket i Longyearbyen vart nedlagt, og i samband med at det blir etablert ny energiforsyning.

Store Norske vil som ny eigar av SEAS oppgradere energiforsyninga i Longyearbyen, basert mellom anna på behova som vart avdekka i samband med ei tilstandsvurdering Store Norske fekk gjennomført i 2024 og 2025.

Energioppgraderinga er eit komplekst prosjekt som går over om lag ti år. Prosjektet er delt i to arbeidspakkar (pakke 1 og pakke 2). Pakke 1 utgjer nytt dieselhovudkraftverk for straum og varme og tankanlegg på Hotellneset, to nye fyrhus, servicebygg samt utbetring og omlegging av nødvendig infrastruktur. Pakke 2 utgjer fornying av distribusjonsinfrastrukturen for straum og varme. Pakke 1 og 2 er delvis planlagt gjennomført i parallell der dei mest kritiske tiltaka i pakke 2 òg blir gjort tidleg i prosjektperioden. Tiltaka i pakke 1 og 2 er venta ferdige i høvesvis 2031 og 2035. Tidspunktet for når tiltaka i pakke 2 er ferdig er usikkert, og Store Norske arbeider med å sjå på løysingar som gjer at ein blir ferdig tidlegare.

Oppdatert styringsunderlag for oppgraderinga vart kvalitetssikra eksternt første halvår 2026. Kvalitetssikrar finn framleis at det er tidskritisk å gjennomføre tiltak for å auke forsyningstryggleiken av straum og varme i Longyearbyen. Sjå Prop. 1 S (2026–2027) for Nærings- og fiskeridepartementet for nærare omtale av oppgraderinga av energiforsyninga i Longyearbyen, styrings- og kostnadsramme for arbeidspakke 1 og forslag til eigenkapital og lån til SEAS for arbeidet med oppgraderinga i 2027.

2.2.5.2 Svalbardpris på energi i Longyearbyen

Regjeringa gjorde i Prop. 96 S (2025–2026) greie for innføring Svalbardpris på straum og fjernvarme i Longyearbyen. Gjennom Svalbardpris vart prisen for hushald og frivillige organisasjonar i Longyearbyen sett til 1,20 kr/ kWt for straum og 0,60 kr/kWt for fjernvarme.

Regjeringa foreslår å prisjustere prisane for straum og fjernvarme innanfor Svalbardpris til ein gjennomsnittleg pris på høvesvis 1,26 kr/kWt og 0,63 kr/kWt i 2027 for hushald og frivillige organisasjonar.

Regjeringa foreslår på bakgrunn av dette eit tilskot til Svalbard Energi AS på 152,5 mill. kroner.

Svalbardpris gjeld ikkje for næringsliv og offentlege verksemder. Løyvinga skal samstundes nyttast til å redusere pris på straum og fjernvarme for andre kundar, dvs. næringslivet og offentleg verksemd, i tillegg til å leggje til rette for Svalbardpris.

2.2.5.3 Svalbard lufthamn

Svalbard lufthamn legg til rette for passasjer- og godstransport, helseberedskap og handtering av naudsituasjonar. Lufthamna er avgjerande for ei kontinuerleg forsyning av kritisk personell og materiell til Svalbard.

Klimaendringar fører til tining av permafrosten som Svalbard lufthamn er bygd på, noko som gir skadar på rullebane og bygningar og auka driftskostnader. Samstundes er infrastrukturen aldrande og sårbar for ytre påkjenningar. Dette understrekar behovet for heilskapleg planlegging for å sikre ei trygg, stabil og kostnadseffektiv drift og oppfylling av dei gjeldande krava til tryggleik og kontroll.

Samferdselsdepartementet bad i mars 2026 Avinor setje i gang eit arbeid med ei konseptvalutgreiing (KVU) for Svalbard lufthamn. Utgreiinga skal greie ut ulike konsept som sørgjer for at lufthamna framleis er eit robust transport- og beredskapstilbod. Konseptvalutgreiinga skal etter planen vere ferdig i 2027.

2.2.5.4 Fraktstøtte

Regjeringa foreslo i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2026 å løyve 10,0 mill. kroner, som støtte til fraktkapasitet mellom Svalbard og fastlandet. Stortinget slutta seg til forslaget. Sjå Prop. 96 S (2025–2026) og Innst. 450 S (2025–2026). Løyvinga var meint som eit ekstraordinært omstillingstilskot for å sørgje for at Longyearbyen lokalstyre kunne skaffe nødvendig fraktkapasitet i 2026, inntil dei lokale aktørane har kome fram til ei langsiktig løysing.

Midlane skulle setje Longyearbyen lokalstyre i stand til å skaffe nødvendig fraktkapasitet i 2026 som ei mellombels løysing fram til ei meir varig ordning var på plass. Det skulle kunne bli tilbudd kapasitet til alle aktørar som treng frakt på marknadsvilkår, tilsvarande kjøp av same kapasitet frå kommersielle rutefly. Midla skal kunne bli brukt både til flytransport og andre transportmiddel, med sikte på å sikre mest mogleg effektiv bruk av midla. Longyearbyen lokalstyre er bedt om å bruke delar av løyvinga til å evaluere ordninga samt utreie forslag til varig løysing. Sjå òg omtale i punkt 2.2.2.2.

2.2.5.5 Bustadar

Formålet med bustadpolitikken er å leggje til rette for ei utvikling av Longyearbyen innafor måla og rammene i svalbardpolitikken. Det er ikkje eit mål at Longyearbyen skal vekse. Bustadmassen i Longyearbyen skal difor ikkje vekse utover nivået før skreda i 2015 og 2017. Dette blei slått fast gjennom Meld. St. 26 (2023–2024) Svalbard og Innst. 36 S (2024–2025).

Tilgangen til bustadar er ein grunnleggjande føresetnad for å kunne jobbe og bu i Longyearbyen. Etter skreda i 2015 og 2017 vart ein del skredutsette bustadar sanert, og arbeidet med å erstatte disse bustadane starta.

Det er naudsynt med noko overkapasitet av bustadar i Longyearbyen, for å kunne gjennomføre nødvendig rehabilitering av bustadane. I tillegg kan det vere behov for å etablere midlertidig innkvartering for å huse handtverkarar med vidare, i dei tilfella der ein ikkje kan leige på korttid. Overkapasitet bør i så fall skje i regi av dei statlege bustadforvaltarane i Longyearbyen. Det er eit mål at talet på familiebustadar ikkje blir redusert ved erstatning av skredutsette bustadar

Statsbygg har gjennomført ei konseptvalsutgreiing (KVU) for sine bustadar i Longyearbyen. Utgreiinga anbefaler eit konsept med størst grad av nybygg.

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har difor gitt Statsbygg i oppdrag å starte opp ein avklaringsfase for første byggetrinn for bygging av nye statlege bustadar i Longyearbyen, i tråd med rundskriv R-108 Statens prosjektmodell.

Statsbygg forvaltar bustadar i Longyearbyen som kan leigast av statlege arbeidsgivarar og Longyearbyen lokalstyre. Regjeringa foreslo i nysalderinga for 2025 å auke tilskotet til Longyearbyen lokalstyre med 59,3 mill. kroner, for å leggje til rette for at Longyearbyen lokalstyre sine 123 bustadar kunne bli overførte til Statsbygg. 49,2 mill. kroner av løyvinga gjekk til å innfri gjeld som Longyearbyen lokalstyre hadde i samband med bustadane. 10,1 mill. kroner av den økte løyvinga er husleigekompensasjon til Longyearbyen lokalstyre. Stortinget slutta seg til forslaget. Sjå Prop. 26 S (2025–2026) og Innst. 75 S (2025–2026).

Longyearbyen lokalstyre overførte på bakgrunn av dette 123 bustadar til Statsbygg i 2026. Statsbygg har dermed overteke heile ansvaret for å tilby bustadar til tilsette i Longyearbyen lokalstyre.

Statsbygg forvaltar no over 400 bustadar i Longyearbyen. I tillegg leiger Statsbygg 35 bustadar frå andre.

2.2.5.6 Opprydding av kolkraftverket i Longyearbyen

Kolkraftverket i Longyearbyen vart stengt 19. oktober 2023. Etter nedlegginga er det nødvendig å rydde opp og sanere området, mellom anna i tråd med forpliktingar etter svalbardmiljølova.

Energiverket i Longyearbyen vart omdanna til eit eige AS frå 1. januar 2023, jf. omtale over. Samstundes vart pliktene knytt til opprydding og sanering etter kolkraftverket og tilhøyrande avfallsdeponi liggjande i Longyearbyen lokalstyre, i hovudsak som følgje av selskapstekniske vurderingar.

Som ein del av avtalen mellom Longyearbyen lokalstyre og Store Norske, skulle pliktene Longyearbyen lokalstyre hadde til sanering og opprydding etter kolkraftverket og tilhøyrande deponi overførast til SEAS, under føresetnad av at pliktene blir finansierte av staten. Regeringa foreslo difor i Prop. 1 S (2025–2026) Justis- og beredskapsdepartementet at departementet kunne pådra staten forpliktingar utover budsjettåret til sanerings- og oppryddingstiltak ved kolkraftverket i Longyearbyen på inntil 134 mill. 2026-kroner, dvs. kostnadsramma (P85). Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst 17 S (2025–2026). Fullmakta dekker både avslutning av slagg- og askedeponiet ved Gruve 3 og sanering av sjølve kolkraftverkstomta.

Longyearbyen lokalstyre gjennomførte i 2026 opprydding av eit anna deponi i Adventdalen i Longyearbyen. Ein fann då ut at det var mogleg med samdeponering knytt til dei to oppryddingsprosjekta. Samdeponeringa ville kunne gjere sanerings- og oppryddingstiltak ved kolkraftverket billigare. Styringsramma (P50) for sanering av kolkraftverket vart dermed redusert frå 112 mill. kroner til 54 mill. 2026-kroner.

Regjeringa foreslo difor i samband med revidert nasjonalbudsjett i 2026 å løyve 19,0 mill. kroner til arbeidet med oppryddinga i allereie 2026. Stortinget slutta seg til forslaget. Sjå Prop. 96 S (2025–2026) og Innst. 450 S (2025–2026).

2.2.5.7 Reiseliv, besøksbidrag og cruise

Reiselivsnæringa er blant dei største næringane på Svalbard. Næringa kjøper i stor grad varer og tenester frå andre næringar.

Talet på gjestedøgn ved kommersielle gjestestader var 180 000 i 2025 samanlikna med 168 000 i 2024 (SSB). 70 500 gjestar kom via Longyearbyen hamn i 2025, av desse 38 000 frå konvensjonelle cruiseskip og 28 600 frå ekspedisjonscruiseskip.

Regjeringa vurderer at det er behov for at reisande til Svalbard i større grad bidrar til å finansiere utgifter til infrastruktur og anna offentleg tenesteyting som er ein føresetnad for reiseliv i Longyearbyen. Sjå omtale i Meld. St. 26 (2023–2024) Svalbard punkt 4.5.2. Regjeringa la difor 10. april 2025 fram Prop. 96 L (2024–2025) Lov om besøksbidrag. Stortinget vedtok lova 20. juni 2025 jf. Innst. 452 L (2024–2025). Lova tok til å gjelde 1. juli 2026. Lova inneheld ein heimel for å gi forskrift om besøksbidrag for Longyearbyen. Besøksbidraget skal betalast til Longyearbyen lokalstyre, og blir nytta til offentleg infrastruktur og offentlege tenester som er ein føresetnad for reiselivsaktivitet i Longyearbyen, og andre tenester for reiselivet.

Justis- og beredskapsdepartementet sende 3. mars 2026 ut forslag til forskrift om besøksbidrag for Longyearbyen på alminneleg høyring. Høyringsfristen var 3. juni 2026. Justis- og beredskapsdepartementet hadde to alternative forslag knytt til overnatting. Det eine forslaget var at den som skal overnatte ved ein overnattingsverksemd i Longyearbyen skal betale eit besøksbidrag på 60 kroner pr. overnattingsdøgn. Det andre forslaget var ei avgift på 3 pst. av vederlaget for overnatting. Betalingsplikta blei foreslått gjort gjeldande både for kommersielle overnattingsstadar og privat utleie. Vidare vart det foreslått at personar som går i land frå, eller om bord i konvensjonelle cruiseskip eller ekspedisjonscruiseskip i Longyearbyen, skal betale eit besøksbidrag på 180 kroner, første gong ein går i land eller om bord. Betalingsplikta er foreslått til å gjelde innafor Longyearbyen arealplanområde. Saka er til behandling i departementet.

Regjeringa gjorde i Meld. St. 26 (2023–2024) Svalbard greie for at ein vil vurdere omfanget av cruiseverksemda på Svalbard. Regjeringa vil innføre ei avgrensing på talet på personar om bord på cruiseskip i territorialfarvatnet ved Svalbard. I tillegg vil det bli vurdert å avgrense talet på cruiseskip som seglar i territorialfarvatnet rundt øygruppa. Arbeidet med å utforme slike reguleringar er i gang. Departementa vil involvere mellom anna reiselivsnæringa i dette arbeidet.

2.2.5.8 Hamn

Kapasiteten på hamneinfrastrukturen i Longyearbyen er avgrensa. Kystverket har, i tråd med Nasjonal transportplan 2025–2036, kartlagd behova for hamnefasilitetar, og vil gjere ei ny vurdering av omfanget av, innretninga på og tidsplanen for eit eventuelt nytt hamneprosjekt i statleg regi i Longyearbyen. Eventuelle forslag til konkrete tiltak vil vere ein del av Kystverket sitt innspel til neste stortingsmelding om Nasjonal transportplan.

2.2.5.9 Investeringar i kritisk infrastruktur i Longyearbyen

Tilgang på grunnleggjande infrastruktur er ein føresetnad for å halde oppe samfunnet på Svalbard, gjennom å leggje til rette for næringsaktivitet og verdiskaping, tryggleik og beredskap og god samfunnsutvikling. Den fysiske infrastrukturen i Longyearbyen bidrar på den måten til å halde oppe norske samfunn på øygruppa, eit av måla for svalbardpolitikken.

Regjeringa foreslo i Meld. St. 26 (2023–2024) Svalbard å gjennomgå ansvaret for kritisk infrastruktur i Longyearbyen. Svalbard er ei øygruppe utan til dømes større energi- eller vassystem, og den lokale tilgangen til slike tenester er avgjerande for annan grunnleggjande infrastruktur. Forsyningstryggleik er difor spesielt viktig på Svalbard. Kontroll med infrastruktur og eigedom legg til rette for god forsyningstryggleik for t.d. energi, vatn og mat. I kontroll med infrastruktur inngår mellom anna gjennomgang av kven som har ansvaret og korleis kritisk infrastruktur blir forvalta, som er nærare omtalt i Totalberedskapsmeldinga.

Mykje av infrastrukturen i Longyearbyen vart anlagt på 1950-, 1960- og 1970-talet, og er dermed planlagt for ei anna tid, eit anna samfunn og ein annan bruk og utnytting enn det som er tilfellet i dag. Deler av infrastrukturen begynner som følgje av relativt lang levetid å bere preg av slitasje eller vedlikehaldsetterslep, noko som blir forsterka mellom anna av klimaendringane, som tining av permafrosten. Rehabilitering av bygningar og infrastruktur kan i fleire tilfelle vere nær like kostbart som å byggje nytt.

Longyearbyen lokalstyre har gjennom Svalbardlova ansvar for infrastruktur i Longyearbyen som ikkje ligg til staten eller andre. Større investeringar på Svalbard kan i fleire tilfelle vere meir kostbare enn tilsvarande investeringar på fastlandet, då infrastruktur på ei arktisk øygruppe med store avstandar har andre føresetnader. Vidare er befolkninga i Longyearbyen relativt lita, noko som inneber at det er færre brukarar å dele ein investeringskostnad på i dei tilfella kor heile eller delar av kostnadane skal betalast av brukar.

Stortinget peika i sin behandling av Meld. St. 26 (2023–2024) på at dei nasjonale interessene knytte til Svalbard tilseier eit sterkt statleg engasjement på øygruppa jf. Innst. 36 S (2024–2025). I meldinga varsla regjeringa at ein vil arbeide vidare med vurderingar av behov for investeringar i kritisk infrastruktur i Longyearbyen, inkludert spørsmål om finansiering. Det er samstundes viktig å understreke at det ikkje er sjølvsagt at det er staten som skal bere heile kostnaden for alle investeringar i infrastruktur på Svalbard, og dette er vurderingar som må gjerast i kvart einskild tilfelle.

Regjeringa ønskjer ikkje å leggje til rette for vekst i Longyearbyen som utløyser nye behov for større infrastrukturinvesteringar. Det er samstundes klart at det på kort og mellomlang sikt vil bli behov for investeringar for å halde oppe nivået på dagens infrastruktur. Døme på dette er energiforsyninga, drikkevatnforsyninga, lufthamna, bustadmassen, samt sjøfibersambandet til fastlandet. Investeringsbehovet for dei ulike infrastrukturelementa kan vise seg å vere dels samanfallande i tid, mellom anna fordi mykje av infrastrukturen vart anlagt samtidig. Det vil bli behov for å gjennomføre vesentlege investeringar i perioden fram mot 2035 og seinare. Delar av dette er allereie sett i gang, mellom anna gjennom investeringane i energiforsyning og sjøfibersamband.

Det samla investeringsbehovet i kritisk infrastruktur i Longyearbyen er omfattande, både med tanke på kostnadane og på arbeidet og prosessane som må gjennomførast. Difor er det nødvendig å sjå heile investeringsbehovet under eitt. Longyearbyen er ein plass med avgrensa areal og folk, omkransa av sårbar og i mange tilfelle verna natur, og vil ikkje ha kapasitet til å absorbere alle prosessane og prosjekta samstundes. Investeringsbehovet må difor bli periodisert på ein hensiktsmessig måte. Alle potensielle investeringar må utgreiast, og må prioriterast mot andre utgifter. Som omtala må det òg gjerast vurderingar av kven som bør stå for finansieringa av det einskilde prosjektet. Det er nødvendig å vurdere dei ulike investeringane i kritisk infrastruktur på Svalbard ut ifrå fleire kriterium, som:

  • Korleis funksjonen bidrar til å halde opp Longyearbyen som eit norsk samfunn på øygruppa

  • Funksjonen sin noverande tilstand, restlevetid og redundans

  • Samfunnsøkonomisk lønnsamheit og usikkerheit

  • Mognad og lokal kapasitet til å handtere eventuelle prosjekt

Dei ulike investeringane i infrastruktur varierer stort med omsyn til korleis dei skårar på dei ulike vurderingskriteria. Sjøfibersamband er døme på investering kor avgjerd om finansiering er vedteke og arbeid sett i gang. Energiforsyning er døme på investering kor avgjerd om rammer og investeringar blir sette i samband med budsjettet for 2027, jf. Prop. 1 S (2026–2027) for Nærings- og fiskeridepartementet. Drikkevatnforsyninga og lufthamna er døme på infrastruktur kor høvesvis Longyearbyen lokalstyre og Avinor gjennomfører utreiingar for eventuelle framtidige investeringar.

Regjeringa arbeider vidare med vurderingar for investeringar i kritisk infrastruktur i Longyearbyen, inkludert spørsmål om finansiering, jf. Meld. St. 26 (2023–2024). Ei oppgradering av infrastrukturen i Longyearbyen bør og skal skje på ein måte som gir handlefriheit, føreseielege og oversiktlege prosessar og best mogleg utnytting av offentlege ressursar der kor det er aktuelt med statleg eller annan offentleg finansiering. Løysingane skal vere tilpassa dei rådande forholda og tilgjengeleg kunnskap, og stå seg over tid. Ei oppgradering av infrastrukturen bør skje på ein måte som tillét endringar i prioriteringar og periodisering, mellom anna som følgje av at ny kunnskap om forhold som til dømes restlevetid, tilstanden i grunnen mv. til stadigheit blir tilgjengeleg.

2.2.6 Strategi for forsking og høgare utdanning på Svalbard og strategi for Ny-Ålesund forskingsstasjon

Regjeringa la 4. mars 2026 fram ein oppdatert Strategi for forsking og høgare utdanning på Svalbard. Strategien har som hovudmål å vidareutvikle Svalbard som ein internasjonal forskingsarena i verdsklasse, samstundes som den sårbare naturen blir ivareteken og norsk forskingsleiing blir styrkt. All aktivitet skal ta utgangspunkt i Svalbards unike naturgitte fortrinn. Samstundes blir det understreka at Svalbard er ein avgrensa ressurs. Forsking og undervisning må gå føre seg på ein måte som minimerer samla miljøbelastning og skjer innanfor gjeldande regelverk.

Regjeringa vil, med utgangspunkt i den overordna forskingsstrategien, Meld. St. 26 (2023–2024) Svalbard og Meld. St. 14 (2024–2025) Sikker kunnskap i en usikker verden, leggje fram ein oppdatert strategi for Ny-Ålesund forskingsstasjon hausten 2026. Strategien for Ny-Ålesund forskingsstasjon erstattar Forskingsrådet sin strategi frå 2019. Formålet med strategien er å vidareutvikle Ny-Ålesund som ein forskingsstasjon for internasjonalt naturvitskapeleg samarbeid under tydeleg norsk forskingsleiing. Strategien set tydelege rammer for aktiviteten ved stasjonen og konsekvensar av å ikkje følgje opp strategiens krav og ambisjonar. Norsk Polarinstitutt har ansvar for å implementere og følgje opp strategien lokalt. Sjå omtale av strategiane i punkt 4.10.5.

3 Forslag til svalbardbudsjett for 2027

Forslaget til budsjettramme for svalbardbudsjettet for 2027 er på 902,4 mill. kroner, samanlikna med 805,5 mill. kroner i det vedtekne budsjettet for 2026. Dette er ein auke på 96,9 mill. kroner, dvs. ei endring på 12,0 pst.

Underskotet på svalbardbudsjettet for 2027 er stipulert til 648,1 mill. kroner og blir dekt inn gjennom eit tilskot på Justis- og beredskapsdepartementet sitt budsjett, kap. 480, post 50 Tilskot.

Tilskotet til svalbardbudsjettet i saldert budsjett for 2026 var 571,1 mill. kroner.

For å oppnå balanse i svalbardbudsjettet har ein foreslått å auke løyvinga på kap. 480, post 50 med 77,1 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2026.

Bortsett frå løyvinga på kap. 480, post 50 er skattar og avgifter frå Svalbard den største inntektsposten, jf. omtalen under kap. 3030. Skatteinntektene er budsjetterte til 250,2 mill. kroner. Anslaget for 2026 var på 230,4 mill. kroner. Sjå kap. 3030 for nærare omtale av forventa skatteinntekter i 2027. Inntekta frå skattar og avgifter utgjer 27,7 pst. av dei samla inntektene på svalbardbudsjettet.

Ei oversikt over inntekter og utgifter og ei oversikt over utgiftene fordelte på postnivå er gitt i punkt 5 nedanfor. I del II er dei enkelte budsjettkapitla omtalt nærare.

4 Forslag til løyvingar til svalbardformål frå andre departement over statsbudsjettet (jf. vedlegg 1 og 2)

For 2027 blir det foreslått å løyve netto 2 472 mill. kroner på statsbudsjettet til svalbardformål. Dette talet omfattar tilskotet til svalbardbudsjettet på kap. 480 på budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet og utgiftene til Svalbard som blir dekte over budsjetta til dei andre departementa, jf. vedlegg 1. Inntektene frå Svalbard som går inn på budsjetta til dei andre departementa, er trekte frå, jf. vedlegg 2. Tilsvarande tal i 2026 var 2 764 mill. kroner.

4.1 Arbeids- og inkluderingsdepartementet

4.1.1 Helse, miljø og tryggleik

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvaret for mellom anna forvaltninga av arbeidsmiljølova med tilhøyrande helse-, miljø- og tryggleiksforskrifter. Departementet har òg etatsstyringsansvaret for Arbeidstilsynet.

Arbeidstilsynet følgjer opp verksemder på Svalbard, der sysselsetjinga av norske og utanlandske arbeidstakarar er underlagd lover og forskrifter som gjeld på Svalbard.

Arbeidstilsynet utfører dei same oppgåvene på Svalbard som på fastlandet, men aktiviteten blir tilpassa verksemdene på Svalbard. Arbeidstilsynet rettar innsatsen mot aktuelle tema og bransjar i tråd med endringar i næringsstrukturen på Svalbard. Arbeidstilsynet vil framover rette aktiviteten sin meir mot reiseliv, sidan gruvedrifta er kraftig redusert samstundes som turismen aukar.

4.1.2 Allmenngjeringslova

Stortinget har vedteke endringar i allmenngjeringslova slik at ho blir gjeldande på Svalbard. Sjå Prop. 38 L (2024–2025) og Innst. 145 L (2024–2025). Endringane tok til å gjelde for Longyearbyen og Ny-Ålesund 1. juli 2025.

Allmenngjeringslova har som formål å sikre utanlandske arbeidstakarar løns- og arbeidsvilkår som er likeverdige med dei vilkåra som norske arbeidstakarar har.

Om det er grunnlag for allmenngjering i ein gitt bransje eller eit nærare fastsett geografisk område, avheng av ei konkret vurdering av om vilkåra i allmenngjeringslova § 5 er oppfylte. Tariffnemnda vil i samband med nye allmenngjeringsvedtak og ved vidareføring av allmenngjeringsvedtak ta stilling til om dei nye forskriftene skal gjelde for Svalbard.

4.2 Barne- og familiedepartementet

4.2.1 Forbrukartilsynet

Forbrukartilsynet er etablert med kontor i Longyearbyen. Kontoret er organisatorisk og budsjettmessig ein del av tilsynet sitt kontor i Tromsø. Dei tilsette ved kontoret i Longyearbyen er del av ei hospiteringsordning. For tida er det fire hospitantar ved kontoret i Longyearbyen, som medverkar i den samla tenesteproduksjonen til Forbrukartilsynet.

4.2.2 Barnevernet

Forskrift om barnevernslovens anvendelse på Svalbard regulerer korleis barnevernslova gjeld på Svalbard. Vidare regulerer forskrifta fordelinga av ansvar og dekning av utgifter til barnevernstiltak for barn og unge som oppheld seg på Svalbard. Staten gir refusjon for dekning av utgifter til barnevernstiltak som blir sette i verk på fastlandet jf. forskrifta § 6. I all hovudsak er det Longyearbyen lokalstyre som har utgifter for Svalbard.

Krav om refusjon skal fremmast for Statsforvaltaren i Troms og Finnmark. Utgiftene til refusjon for barnevernsutgifter for Svalbard er i 2027 estimert til 1,0 mill. kroner på kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet, post 21 Spesielle driftsutgifter.

4.2.3 Kontantstønad

Kontantstøttelova gjeld for personar som er busette på Svalbard, og som er medlemmer i folketrygda, jf. kontantstøttelova § 2 tredje ledd og folketrygdlova § 2-3. Det er i 2027 venta 600 000 kroner i utgifter til kontanstønad for barn som er busette på Svalbard på kap. 844 Kontantstøtte, post 70 Tilskot.

4.2.4 Barnetrygd

Barnetrygd blir utbetalt til personar som oppheld seg på Svalbard, og som er medlemmer av folketrygda, jf. barnetrygdlova § 3 og folketrygdlova § 2-3. Ifølgje tal frå SSB var det registrert 416 barn busette på Svalbard 1. januar 2026. I tillegg til ordinær barnetrygd er det frå 1. oktober 2025 innført eit tillegg i barnetrygda til stønadsmottakarar busette mellom anna på Svalbard, no på 512 kroner. I 2027 er det venta at utgifter til barnetrygd for barn som er busette på Svalbard, vil utgjere om lag 12,6 mill. kroner på kap. 845 Barnetrygd, post 70 Tilskot.

4.3 Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet

4.3.1 Bygg og eigedommar

Dei fleste av dei statlege eigedommane som Statsbygg forvaltar i Longyearbyen, inngår i den statlege husleigeordninga over kap. 2445 Statsbygg. Desse eigedommane er Sysselmeistergarden, Statens hus i Longyearbyen, bustadar, Kjell Henriksen-observatoriet, Svalbard globale frøkvelv, Svalbard forskingspark, Sysselmeisteren sitt administrasjonsbygg, Svalbard kyrkje og nokre lagerbygg. Dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya og forskingsbygget til Norsk Polarinstitutt (Sverdrupstasjonen) i Ny-Ålesund, inngår òg i husleigeordninga.

Statsbygg tok 1. april 2026 over 123 bustadar frå Longyearbyen lokalstyre, og forvaltar no meir enn 400 bustadar i Longyearbyen. I tillegg leiger Statsbygg om lag 35 bustadar i marknaden for å dekke opp behovet i bustadpoolen. Sjå omtale i punkt 2.2.5.5.

Statsbygg Svalbard har kontor i Longyearbyen. Løyvinga til drift av Statsbygg Svalbard skjer delvis over svalbardbudsjettet, kap. 0020. Kontoret har 13 tilsette. Tre av desse stillingane blir dekte over svalbardbudsjettet.

4.3.2 Tilsyn med satellittjordstasjonar

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit gir frekvensløyve for all bruk av radiofrekvensar og fører særleg tilsyn med satellittjordstasjonar på Svalbard. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit samarbeider med Sysselmeisteren på Svalbard.

4.4 Energidepartementet

4.4.1 Førebygging av flaum- og skredskadar

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har statlege forvaltningsoppgåver innan førebygging av flaum- og skredskadar. NVE kan gi fagleg og økonomisk stønad til førebygging av naturfare. NVE må kvart år prioritere kva tiltak og område som kan få støtte innanfor den gjeldande løyvinga. Ansvarsområdet til NVE på Svalbard vart avklart som ei oppfølging av Meld. St. 15 (2011–2012) Hvordan leve med farene – om flom og skred.

NVE har regional varslingsteneste for regionen Nordenskiöld Land. Longyearbyen lokalstyre har ansvaret for den lokale skredvarslinga.

Longyearbyen lokalstyre har etter forskrift om sivilbeskyttelseslovens anvendelse på Svalbard og om beredskapsplikt for Longyearbyen lokalstyre eit ansvar for tryggleiken til innbyggjarane i Longyearbyen. Når den lokale skredvarslinga vurderer at det er fare for at skred kan råke bygg eller infrastruktur, blir lokalstyret og Sysselmeisteren kontakta for at dei skal vurdere oppfølgingstiltak, til dømes auka overvaking eller evakuering. Skredfagleg konsulent gir faglege råd. NVE gir bistand ved behov. Sysselmeisteren hjelper lokalstyret med gjennomføringa av tiltaka når det er nødvendig. Sysselmeisteren vedtek og set i verk ferdselsforbod dersom det er aktuelt.

Sjå elles omtale under punkt 2.2.4.6.

4.4.2 Regulering av energiforsyninga i Longyearbyen

Etter at kolkraftverket i Longyearbyen vart nedlagt, og i samband med at det blir etablert ny energiforsyning, var det behov for å sjå på kva rammer som skal gjelde for energiforsyninga i Longyearbyen. Energilova med tilhøyrande forskrifter er ikkje gjort gjeldande på Svalbard. I dag blir det ikkje stilt sektorspesifikke krav til energiforsyninga i Longyearbyen. Energidepartementet sende ut forslag til regulering av energiforsyninga i Longyearbyen 25. mars 2026 med høyringsfrist 31. juli 2026. Sjå omtale i punkt 2.2.5.1.

4.5 Finansdepartementet

4.5.1 Skatt

Det er ei eiga skattelov for Svalbard, jf. lov om skatt til Svalbard (svalbardskattelova). Svalbardskattelova gjer Svalbard skatteteknisk til eit eige skatteområde.

På Svalbard gjeld to former for skattlegging; lønnstrekk og ordinær skattlegging. Etter ordninga med lønnstrekk skal arbeidsgivaren halde tilbake ein prosentvis del av brutto lønn og pensjon som endeleg skatteoppgjer. Anna inntekt enn lønn og pensjon blir skattlagd på ordinært vis, etter mange av dei same reglane som gjeld på fastlandet, men med lågare satsar. På Svalbard blir lønn og pensjon skattlagd etter ein sats på 8 pst. opp til 12 G, og med 22 pst. for inntekt over 12 G. I tillegg kjem trygdeavgift for tilsette som er medlem av den norske folketrygda. Anna inntekt, som til dømes kapital- og næringsinntekt, blir som utgangspunkt skattlagd med 16 pst.

Det er viktig at skattesystemet på Svalbard er tilpassa forholda på øygruppa og byggjer på løysingar som sikrar konkurransedyktige rammevilkår.

Frå 2026 er det innført eit fribeløp for ungdom i aldersgruppa 13 til 19 år. Fribeløpet er på 100 000 kr (likt som fastlands-Noreg), jf. Prop. 1 LS (2025–2026) Skatter og avgifter 2026.

Selskap med monnaleg overskot som ikkje er avkastning av aktivitet eller investering på Svalbard, blir skattlagde etter same skattesats som gjeld på fastlandet (22 pst.) for slike overskot. Formålet er mellom anna å hindre at nokon utnyttar det gunstige skattenivået på Svalbard for å spare skatt på avkastning av investeringar som er gjorde utanfor Svalbard, og som ikkje gir aktivitet og sysselsetjing på øygruppa.

4.5.2 Svalbard skattekontor

Løyvingane til skattekontoret går over svalbardbudsjettet. Sjå omtale under kap. 0022 Skattekontoret Svalbard. Svalbard skattekontor har mellom anna følgjande oppgåver:

  • å fastsetje skatt etter svalbardskattelova

  • å kontrollere personlege skattytarar, næringsdrivande og verksemder

  • å administrere registeret over befolkninga på Svalbard, jf. forskrift om register over befolkninga på Svalbard

  • å behandle krav om refusjon av innbetalt avgift til Svalbards miljøvernfond til fastbuande, sjå omtale under punkt 4.7.2

  • å rekne ut kolavgift etter lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kull, jordoljer og andre mineraler og bergarter som utføres fra Svalbard

4.5.3 Tolletaten

Svalbard er eige tollområde. Tolletaten gjennomfører fysisk kontroll med varesendingar på Svalbard.

Dagens kontroll er basert på ei minimumsløysing utan mellom anna dei varslings-, melde- og opplysningspliktene som gjeld på fastlandet. Målet er at kontrollen med tida i størst mogleg grad bør svare til kontrollen på fastlandet, med enkelte moglege tilpassingar til dei lokale forholda på Svalbard, med dei pliktene det inneber for aktørane i vareførselen. Dette arbeidet vil gå over fleire år, og vil krevje endringar i eksisterande regelverk. Etaten vil i 2027 fortsette arbeidet med å utvikle systemstøtte for tollområdet Svalbard.

Det er inga øyremerkt løyving på Tolletatens kapittel (kap. 1610) til vareførselskontroll på Svalbard. Om lag 15 mill. kroner vil gå til arbeidet på Svalbard i 2027.

4.5.4 Statistisk sentralbyrå

Statistisk sentralbyrå (SSB) har ansvar for statistikk på Svalbard og har etablert tidsseriar for befolknings- og næringsutvikling og for offentleg sektor, som jamleg blir oppdaterte. I tillegg er Svalbard dekt som eigen region i ei rekkje regionalfordelte statistikkar. Statistikkane som dekker Svalbard, er samla under eit eige emne på ssb.no. SSB leier statistikkarbeidet gjennom rådgivande utval for Svalbard-statistikk.

4.6 Helse- og omsorgsdepartementet

4.6.1 Helsetenester

Helse Nord RHF og Universitetssjukehuset i Nord-Noreg HF (UNN) har ansvar for helsetenestene og helseberedskapen på Svalbard. Helse Nord RHF får løyving på Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjett, kap. 732 Regionale helseforetak, post 75 Basisbevilgning Helse Nord RHF. Løyvinga dekker òg UNN si drift av helsetenestene på Svalbard.

UNN ved Longyearbyen sjukehus skal sørgje for akuttmedisinsk beredskap og andre helsetenester på Svalbard, tilpassa dei lokale forholda. Dette gjeld likevel ikkje helsetenester som arbeidsgivaren pliktar å sørgje for, etter Bergverksordning for Svalbard. Longyearbyen sjukehus sørger òg for akuttmedisinske tenester til andre som er på øygruppa og i havområda omkring. Det same gjeld vern mot smittsame sjukdommar, i samarbeid med Sysselmeisteren og Longyearbyen lokalstyre, jf. smittevernlova og folkehelselova. I Barentsburg er det ei eiga helseteneste i regi av det russiske gruveselskapet. Longyearbyen sjukehus kan hjelpe til ved behov.

Longyearbyen sjukehus har akuttberedskap 24 timar i døgnet for akutte skadar og sjukdommar som krev observasjon, diagnostikk og behandling. Det blir utført poliklinisk utgreiing og behandling og unntaksvis små og mellomstore kirurgiske inngrep. Sjukehuset har seks senger for innlegging og observasjon. Lengda på innleggingane blir vanlegvis avgrensa til tida det tek å avklare om sjukehuset skal skrive ut pasienten eller overføre pasienten til anna medisinsk tilbod på fastlandet.

Longyearbyen sjukehus har eit samarbeid med UNN Tromsø om mellom anna videobasert akuttmedisinsk konferanse, som gjer det mogleg med medisinsk konsultasjon og bistand når pasientar blir vurderte og behandla.

Det akuttmedisinske tilbodet på Svalbard består av medisinsk naudmeldeteneste (AMK Tromsø), akutt hjelp, ambulanseteneste, bemanning på Sysselmeisteren sine redningshelikopter med anestesilege frå Akuttmedisinsk klinikk ved UNN, og flyambulanse til fastlandet ved behov. Sjukehuset har ein beredskapsplan for større hendingar, som omfattar utviding av eigen kapasitet, mottak av støtte frå UNN Tromsø og medisinsk evakuering av pasientar. Longyearbyen sjukehus er knytt til naudkommunikasjonssystemet til Sysselmeisteren, men ikkje til naudnettet på fastlandet.

Longyearbyen sjukehus yter òg nokre tenester som på fastlandet ligg til primærhelsetenesta, mellom anna allmennlegeteneste, jordmor- og helsesjukepleiarteneste, fysioterapiteneste og smittevern. Sjukehuset har tannlegeteneste. Longyearbyen sjukehus har ikkje pleie- og omsorgsfunksjonar eller andre tenester innan den kommunale omsorgstenesta. Dei som har behov for slike tenester, skal få desse i heimkommunen sin på fastlandet eller i heimlandet.

Helse Nord RHF er representert i arbeidet i EPPR (Emergency Prevention, Preparedness and Response), eit arktisk samarbeid for å skape større redundans på behandling i arktiske forhold på tvers av landa i staden for å evakuere pasientane til fastlandet.

4.6.2 Det psykiske helsetilbodet

Stortinget fatta i samanheng med behandling av Meld. St. 26 (2023–2024) Svalbard følgjande oppmodingsvedtak, «Stortinget ber regjeringen utrede hvilke tiltak som kan innføres for å styrke det psykiske helsetilbudet i Longyearbyen.» Sjå Innst. 36 S (2024–2025) og vedtak 46 av 21. november 2024.

Helse Nord RHF og Universitetssjukehuset Nord-Norge HF (UNN) har ansvar for å vurdere lokale forhold på Svalbard. Helse- og omsorgsdepartementet ga i supplerande oppdragsdokument for 2025 Helse Nord RHF i oppdrag å gjere greie for tilbodet til menneske som oppheld seg på Svalbard og som har behov for psykisk helsehjelp, og om tilbodet blir vurdert som tilstrekkeleg sett opp mot registrerte behov. UNN har på oppdrag frå Helse Nord RHF kartlagt og vurdert dagens tilbod.

Utgreiinga er gjennomført med bidrag frå Longyearbyen sjukehus, Longyearbyen lokalstyre og ei rekkje relevante aktørar på Svalbard. Det har mellom anna vore dialog med representantar for barn og unge, Sysselmeisteren, Svalbard kyrkje, familieverntenesta, utdanningsinstitusjonar, frivillige organisasjonar og relevante fagmiljø ved UNN. Informasjonsinnhentinga har gitt eit godt grunnlag for å skildre tilbodet i dag og vurdere behovet for eventuelle tiltak.

Utgreiinga viser at det psykiske helsetilbodet i Longyearbyen i hovudsak er godt utbygd og tilpassa storleiken på og behova til befolkninga. Tilbodet til barn og unge blir vurdert som særleg godt. Det blir mellom anna framheva at den ambulante oppfølginga frå psykisk helsevern barn og unge (BUP) gir eit tilbod som på enkelte område er betre enn det som er vanleg i samanliknbare fastlandskommunar. Utgreiinga konkluderer ikkje med behov for å opprette faste psykolog- eller psykiatrarstillingar i Longyearbyen. Samstundes identifiserer utgreiinga fleire tiltak som kan bidra til vidare utvikling av tilbodet. For barn og unge blir det tilrådd at den prosjektfinansierte 100 pst.-stillinga som helsesjukepleiar ved Longyearbyen sjukehus blir vidareført og vurdert gjort permanent etter at prosjektperioden er over. Stillinga skal bidra til å styrkje det førebyggjande og helsefremjande arbeidet, og kan òg rettast mot vaksne og familiar.

For vaksne er tilbodet vidareutvikla gjennom etableringa av ein medisinskfagleg rådgivar ved Longyearbyen sjukehus. Utgreiinga peikar vidare på moglegheiter for å styrkje samhandlinga med spesialisthelsetenesta gjennom meir strukturert digital rådgiving og rettleiing, betre utnytting av eksisterande digitale behandlingstilbod og vurdering av auka digital oppfølging av pasientar som oppheld seg på Svalbard.

Helse Nord RHF sluttar seg til vurderingane og tilrådingane i utgreiinga. Dette omfattar mellom anna støtte til tilrådinga om vidareføring av helsesjukepleiarstillinga. RHF-et viser til etableringa av medisinskfagleg rådgivar ved Longyearbyen sjukehus og vil vurdere behovet for vidare utvikling av digitale tilbod. Det blir føresett at tiltaka blir gjennomført innanfor dei eksisterande budsjett- og styringsrammene til det regionale helseføretaket. Regjeringa vurderer at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom den gjennomførte utgreiinga, som har kartlagt dagens tilbod, vurdert behova og identifisert aktuelle tiltak.

4.6.3 Helseberedskap

Ambulanseflya til Luftambulansetenesta dekkjer Svalbard. Tenesta er eigd, organisert og finansiert av dei regionale helseføretaka. Som ein del av den sivile beredskapen til EU, RescEU, er det etablert eit ambulansefly med fast base i Tromsø. Jetflyet vil, når det ikkje er på oppdrag i EU, bidra i beredskapen knytt til Svalbard. Luftambulansetenesta har òg eit jetfly stasjonert på Gardermoen som kan bidra i oppdrag på Svalbard. Helsedirektoratet kan ved større ulykker løyse ut avtalane Helsedirektoratet har om forsterkingsressursar frå Forsvaret, sivil luftfart og andre land, for å transportere medisinsk utstyr og personell frå fastlandet og evakuere skadde pasientar frå Longyearbyen.

4.6.4 Norsk helsenett

Norsk helsenett SF har ei eiga eining i Longyearbyen, med fem medarbeidarar. Norsk helsenett SF har i samarbeid med UNN og Helse Nord IKT knytt Longyearbyen sjukehus til stamnettet, noko som har styrka kapasiteten, tryggleiken og beredskapen vesentleg.

Norsk helsenett skal mellom anna sørge for ein sikker og trygg infrastruktur for effektiv samhandling mellom aktørane i helse- og omsorgssektoren.

4.7 Klima- og miljødepartementet

4.7.1 Miljøforvaltninga på Svalbard

Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for miljøforvaltninga på Svalbard. Miljødirektoratet, Norsk Polarinstitutt og Riksantikvaren er ytre etatar og Sysselmeisteren på Svalbard er regionalt apparat. Longyearbyen lokalstyre har fått delegert kompetanse etter svalbardmiljølova på nokre avgrensa område innanfor Longyearbyen planområde.

Miljøforvaltninga på Svalbard skal følgje opp tre nasjonale miljømål:

  • Omfanget av villmarksprega område på Svalbard skal haldast ved lag.

  • Naturmangfaldet på Svalbard skal bevarast tilnærma upåverka av lokal aktivitet.

  • Eit mangfald av kulturmiljø på Svalbard skal takast vare på som grunnlag for kunnskap, oppleving og bruk.

Departementet har oppdatert det nasjonale målet for kulturmiljø på Svalbard. Formålet er å betre reflektere dei nasjonale måla som elles gjeld på kulturmiljøfeltet, om kulturmiljø som grunnlag for kunnskap, oppleving og bruk. Den nye formuleringa gjer det tydeleg at det òg i kulturmiljøforvaltninga på Svalbard må prioriterast med dette som utgangspunkt.

Dei særskilde miljømåla for øygruppa er omtala i Meld. St. 26 (2023–2024) Svalbard. Miljøforvaltninga har som ei prioritert oppgåve å ta vare på den særeigne villmarksnaturen på Svalbard, og skal føre vidare noverande restriktive praksis for løyve til større naturinngrep utanfor planområda. Arbeid med forvaltningsplanar for verneområda og retningslinjer for ilandstigningslokalitetar skal førast vidare i 2027. Revisjon av motorferdselforskrifta skal vurderast i lys av endra naturforhold, ferdselsmønster og ferdselsformer.

Miljøforvaltninga har som prioritert oppgåve å kartleggje og vurdere tiltak i lokalitetar med forureining i grunnen, og arbeide for å redusere anna lokal forureining og mengda av avfall. Kulturmiljøforvaltninga vil i 2027 følgje opp den nye kulturmiljøplanen for Svalbard. Oppdatert kunnskap om effektar av klimaendringar, aktivitet og ferdsel er viktig som grunnlag for miljøforvaltninga. Det er prioritert å styrkje kunnskapsgrunnlaget om effekten av ferdsel som grunnlag for å vurdere tiltak.

4.7.2 Svalbards miljøvernfond

Svalbards miljøvernfond gir tilskot til tiltak som har til formål å beskytte miljøet på Svalbard. Fondet skal ikkje brukast til å dekkje dei ordinære administrative utgiftene og oppgåvene til miljøforvaltninga eller ordinær drift. Fondet får i hovudsak inntekter frå ei miljøavgift på 150 kroner for reisande til Svalbard, jf. forskrift om miljøavgift for tilreisende til Svalbard. Sysselmeisteren er sekretariat for fondet.

Regjeringa foreslår for 2027 ei løyving på kap. 1472, post 50 Svalbards miljøvernfond på 19,3 mill. kroner.

Kap. 1472, post 50 skal nyttast til overføring av inntektene frå kap. 5578, post 70 Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond.

4.7.3 Norsk Polarinstitutt

Norsk Polarinstitutt er den sentrale statsinstitusjonen for kartlegging, miljøovervaking og forvaltingsretta forsking i Arktis. Instituttet gir råd til sentralforvaltninga, Miljødirektoratet og Sysselmeisteren på Svalbard.

Norsk Polarinstitutt skal bidra til å fremme norske interesser på Svalbard, i Polhavet og i dei nordlege havområda. Norsk Polarinstitutt skal ta vare på infrastruktur og strukturar for forskingssamarbeid i nord- og polarområda. Norsk Polarinstitutt har ei omfattande verksemd på Svalbard, som omfattar mellom anna forsking, miljøovervaking, topografisk og geologisk kartlegging, forskingsservice, drift av infrastruktur for forskinga, oppdrag knytte til drift, vedlikehald og etablering av navigasjonsinnretningar, miljøretta kunnskapsformidling og informasjon.

Norsk Polarinstitutt har ansvaret for leiinga av Ny-Ålesund forskingsstasjon. Instituttet har ansvar for å implementere og følgje opp forskingsstrategien for Ny-Ålesund forskingsstasjon og vere kontaktpunktet der for aktivitet knytt til forskinga. Sjå omtale av forskingsstrategien under punkt 2.2.6.

Regjeringa ga Norsk Polarinstitutt og Noregs forskingsråd i oppdrag å opprette Svalbard forskingskontor for å styrkje norsk forskingsleiing på Svalbard. Kontoret vart oppretta i 2026 og skal leggje til rette for, koordinere og ha oversikt over forskingsaktiviteten, og følgje opp «Strategi for forskning og høyere utdanning på Svalbard». Sjå omtale under punkt 4.10.4.

Regjeringa foreslår ei løyving på kap. 1471 Norsk Polarinstitutt på 762,6 mill. kroner. Om lag 104 mill. kroner av forslaget til løyving er relatert til Svalbard, jf. vedlegg 1. I tillegg kjem tilskotet frå svalbardbudsjettet, jf. omtale av kap. 0017.

4.7.4 Kings Bay AS og Ny-Ålesund

Kings Bay AS er eit heileigd statleg selskap som har ansvar for drift og utvikling av Ny-Ålesund. Kings Bay AS eig grunnen, infrastrukturen og dei fleste bygningane. Klima- og miljødepartementet utøver eigarinteressene til staten i selskapet. Eigarskapen medverkar til å støtte opp om dei overordna måla i norsk svalbardpolitikk og føringane for Ny-Ålesund.

Utviklinga og forvaltninga av bygningsmassen, infrastrukturen og tenestetilbodet i Ny-Ålesund skal byggje opp under føringane i Meld. St. 26 (2023–2024) Svalbard og forskingsstrategien for Ny-Ålesund forskingsstasjon. Sjå omtale av forskingsstrategien under punkt 2.2.6.

Hovudoppgåva til Kings Bay AS er å leggje til rette for forskingsmiljøa i Ny-Ålesund, i tett dialog med Norsk Polarinstitutt. Kings Bay AS leiger ut 14 forskingsbygg til forskingsinstitusjonar frå ulike nasjonar. Om lag 20 forskingsinstitusjonar har kvart år forskingsprosjekt i Ny-Ålesund. Kings Bay AS eig og held ved like den største samlinga av automatisk freda bygningar på Svalbard.

Regjeringa foreslår å løyve 88,3 mill. kroner til Kings Bay AS på Klima- og miljødepartementet sitt budsjett, kap. 1473, post 70.

4.7.5 Meteorologiske tenester

Klima- og miljødepartementet finansierer drifta av dei meteorologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen over budsjettet til Meteorologisk institutt (kap. 1412, post 50). For 2027 blir det foreslått å nytte 20,8 mill. kroner til formålet. jf. vedlegg 1. I tillegg kjem tilskotet på svalbardbudsjettet, jf. omtale av kap. 0019.

4.8 Kommunal- og distriktsdepartementet

4.8.1 Geodetisk observatorium i Ny-Ålesund

Statens kartverk driftar eit geodetisk jordobservatorium i Ny-Ålesund. Målingane er ein del av eit globalt forskingssamarbeid. Observatoriet inneheld geodetiske instrument som skal gjere nøyaktige tidsmålingar og målingar mot kvasarar og måle endringar i det lokale tyngdefeltet og nøyaktig avstand til satellittar i polare baner. Observatoriet måler endringar på jorda og jordplateforskyvingar frå verdsrommet. Dette gir òg grunnlag for å overvake havis som smeltar og endringar i havnivået. I 2025 vart det gjennomført 186 målingssesjonar ved observatoriet.

Prosjektperioden blir avslutta i 2026 og observatoriet går over i full drift i 2027. Regjeringa foreslår difor å flytte løyvinga til observatoriet frå kap. 595 Statens kartverk, post 30 Geodesiobservatoriet til post 01 Driftsutgifter.

Regjeringa foreslår ei løyving på 28,5 mill. kroner på post 01 Driftsutgifter, jf. vedlegg 1.

4.8.2 Kartlegging og sjømåling

Statens kartverk har ansvar for matrikkelføringa av eigedommar på Svalbard. Statens kartverk har vidare ansvaret for sjømåling rundt Svalbard. Kartverket målte i 2025 i sjøen i utvalde område rundt Spitsbergen, ved innseglinga til Bellsund, Leidefjorden, Vibebukta, Bockfjorden, Kinnvika, Lågøya, St. Jonsfjorden, Nordfjorden, Verlegenhuken og farleier knytte til Hinlopenstretet.

Kartverket har for 2027 planlagt sjømålingsaktivitet i 10 veker, tilsvarande 70 måledøgn, avhengig av isforholda. Hovudvekta vil bli lagd på prioriterte område rundt Spitsbergen. Kostnaden per måledøgn er om lag 218 000 kroner. Sjømåling på Svalbard er avhengig av gode vêr- og isforhold.

Midlar til sjømåling blir løyvde på kap. 595 Statens kartverk. Om lag 15,2 mill. kroner av løyvinga skal nyttast til sjømåling og til å prosessere og gi ut kart i 2027, jf. vedlegg 1.

4.9 Kultur- og likestillingsdepartementet

4.9.1 Svalbard Museum

Svalbard Museum er eit natur- og kulturhistorisk museum lokalisert i Svalbard forskingspark i Longyearbyen. Museet er innlemma i Det nasjonale museumsnettverket. I tillegg til løyvinga over svalbardbudsjettet kap. 0004 Svalbard Museum får museet midlar over Kultur- og likestillingsdepartementet sitt budsjett, kap. 328, post 70 Det nasjonale museumsnettverket.

I 2025 hadde Svalbard Museum om lag 60 000 besøkande.

Regjeringa foreslår ei løyving på 3,0 mill. kroner til Svalbard Museum over Det nasjonale museumsnettverket, jf. vedlegg 1.

4.9.2 Nordnorsk Kunstmuseum

Nordnorsk Kunstmuseum viste i 2025 to større utstillingar i lokala til kunstsenteret Nordover i Longyearbyen. Nordnorsk kunstmuseum får løyvinga si over Kap. 328, post 70 Det nasjonale museumsnettverket.

4.9.3 Stiftinga Artica Svalbard

Formålet med stiftinga er mellom anna å utvikle det norske kunst- og kulturfeltet og å styrkje den kulturelle og kreative næringa på Svalbard. Regjeringa foreslår ei løyving på 3,3 mill. kroner til Artica Svalbard på Kultur- og likestillingsdepartementet sitt budsjett, kap. 325 Allmenne kulturformål, post 72 Kultursamarbeid i nordområda, jf. vedlegg 1.

4.9.4 Andre tilskot

Regjeringa foreslår ei løyving på 250 000 kroner til kulturtiltak på Svalbard på kap. 325 Allmenne kulturformål, post 72 Kultursamarbeid i nordområda, jf. vedlegg 1. Tilskotet blir kanalisert gjennom Longyearbyen lokalstyre.

Svalbardposten får mediestøtte frå Medietilsynet på kap. 335, post 71 etter reglane i forskrift om produksjonstilskudd til nyhets- og aktualitetsmedier. Tilskotet blir rekna ut etter opplagstala. Svalbardposten fekk 1,8 mill. kroner i produksjonstilskot i 2025.

4.9.5 Insentivordning for film- og serieproduksjonar

Stortinget handsama i 2025 eit representantforslag Dokument 8:154 S (2024–2025) Representantforslag om å innlemme Svalbard i Norsk filminstitutts forskrifter, jf. Innst. 383 S (2024–2025). Som ledd i behandlinga vedtok eit fleirtal i Stortinget oppmodingsvedtak nr. 862. Oppmodingsvedtaket lyder:

«Stortinget ber regjeringen endre virkeområdet for Norsk filminstitutts relevante forskrifter om støtte til film- og serieproduksjon til også å omfatte Svalbard, slik at kostnader påløpt på Svalbard regnes som kostnader påløpt i Norge.»

Kultur- og likestillingsdepartementet følgjer opp oppmodingsvedtaket på vanleg måte i budsjettproposisjonen for 2027.

4.10 Kunnskapsdepartementet

4.10.1 Barnehageverksemd, grunnskule og vidaregåande opplæring i Longyearbyen

Barnehage- og grunnopplæringsverksemda i Longyearbyen er regulert i høvesvis forskrift om barnehagevirksomhet i Longyearbyen og forskrift om grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring i Longyearbyen.

Barn og unge i Longyearbyen skal ha eit barnehage- og skuletilbod av god kvalitet. Samstundes gir svalbardpolitikken føresetnader som inneber at tilbodet og rettane i Longyearbyen er avgrensa samanlikna med fastlandet.

Forskrift om barnehagevirksomhet i Longyearbyen regulerer mellom anna ansvaret til Longyearbyen lokalstyre, plikta Longyearbyen lokalstyre har til å ha eit barnehagetilbod og i kva utstrekning barnehagelova med forskrifter gjeld for barnehagetilbodet i Longyearbyen.

Forskrift om grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring i Longyearbyen regulerer mellom anna ansvaret til Longyearbyen lokalstyre, rett og plikt til grunnskuleopplæring og i kva utstrekning opplæringslova med forskrifter gjeld for opplæringstilbodet i Longyearbyen. Forskriftene gjeld for barnehage- og grunnopplæringsverksemd innanfor Longyearbyen arealplanområde.

Frå 1. august 2025 vart maksimalprisen for barnehage i Longyearbyen redusert til 1 200 kroner per månad. Maksimalprisen vart nominelt vidareført frå 1. januar 2026. Regjeringa foreslår å vidareføre maksimalprisen nominelt på same nivå frå 1. januar 2027.

Midlar til drift av barnehagar og skular på Svalbard er innlemma i svalbardbudsjettet kap. 0003 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre.

4.10.2 Universitetssenteret på Svalbard

Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) er eit statleg eigd aksjeselskap under Kunnskapsdepartementet. UNIS vart etablert i 1993 som ein høgare utdannings- og forskingsinstitusjon for å gi utdanning på universitetsnivå i arktiske studiar og til å bidra til å utvikle Svalbard som internasjonal forskingsplattform. Senteret medverkar òg til å representere og sikre norske interesser i Arktis og til å skape eit stabilt heilårssamfunn i Longyearbyen, med studentar og fastbuande forskarar med familiar. Stortinget har med behandlinga av svalbardmeldinga frå 2024 fastslått at UNIS skal vere den einaste tilbydaren av høgare utdanning på Svalbard.

Målet med tilskotet over budsjettet til UNIS er høg kvalitet i utdanning og forsking med utgangspunkt i at Svalbard ligg i eit høgarktisk område. Det vart utført 215 studentårsverk i 2025, som er elleve fleire enn i 2024. Ved utgangen av 2025 var det 17 stipendiatar og to postdoktorar ved UNIS, og det var totalt 124 tilsette. UNIS har vedteke å starte opp ei ordning med Master of Polar Science, som legg til grunn at studentane har minst eit heilt semester ved UNIS, i samråd med Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo og Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet. Målet er å utdanne arktiske ekspertar til forsking og forvalting, og å styrkje rekrutteringa til realfaga.

Regjeringa foreslo i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2026 å auke løyvinga til UNIS med 10 mill. kroner som følge av høge utgifter til mellom anna straum, husleige og oppvarming. Stortinget slutta seg til forslaget. Sjå Prop. 96 S (2025–2026) og Innst. 450 S (2025–2026).

Regjeringa foreslår å løyve 200,9 mill. kroner til UNIS på Kunnskapsdepartementet sitt budsjett, kap. 274, post 70, jf. vedlegg 1. UNIS har over noko tid opplevd stor auke i utgiftene mellom anna til straum, husleige og fiberleige. Forslaget omfattar ei eittårig tilleggsløyving på 3,1 mill. kroner for 2027.

4.10.3 Dei tidlegare studentbustadene i Nybyen i Longyearbyen

Dei nye studentbustadene på Elvesletta vart opna i 2021. Desse bustadene erstatta dei tidlegare studentbustadene, som ligg i eit skredutsett område i Nybyen.

I påvente av ei avklaring av situasjonen for dei tidlegare studentbustadene i Nybyen blir Noregs arktiske studentsamskipnad kompensert for meirkostnader knytte til drift av desse bustadene sidan dei ikkje lenger omfattar studentvelferd, jf. Prop. 1 S (2026–2027) for Kunnskapsdepartementet, kap. 270, post 74. Budsjettforslaget omfattar 0,6 mill. kroner som eit særskilt tilskot til Noregs arktiske studentsamskipnad for å dekke meirkostnader til drift av dei tidlegare studentbustadene.

Norges arktiske studentsamskipnad har sett i gang ein planprosess for å avklare om det er mogleg å sanere bygningane. Det krev ein arealplanprosess, fordi bygningane i Nybyen er sette til bevaring i arealplan for Longyearbyen. Kunngjering av planoppstart og høyring av planprogram starta i april 2026. Planen vil bli endeleg behandla av Longyearbyen lokalstyre.

4.10.4 Svalbard forskingskontor

Regjeringa har styrkt norsk forskingsleiing på Svalbard gjennom å etablere Svalbard forskingskontor, jf. Meld. St. 26 (2023–2024) Svalbard og Meld. St. 14 (2024–2025) Sikker kunnskap i en usikker verden. Svalbard forskingskontor vart offisielt opna av forskings- og høgare utdanningsministeren 3. mars 2026. Formålet til forskingskontoret er å utøve tydeleg norsk forskingsleiing gjennom å følgje opp og implementere strategi for forsking og høgare utdanning på Svalbard. Sjå omtale i punkt 4.10.5 og 2.2.6.

Svalbard forskingskontor skal leggje til rette for forsking av høg kvalitet, koordinere forskinga for å redusere samla belasting på naturen og ha oversikt over forskingsaktiviteten. Ein viktig del av arbeidet til forskingskontoret er fagleg rådgiving til Sysselmeisteren i samband med behandling av søknader om forskingsløyver i felt. Svalbard forskingskontor skal òg lage ein årleg rapport om forskingsaktiviteten på Svalbard som gir verdifull innsikt til både forskingsmiljøa og myndigheitene for tilrettelegging for betre koordinering mellom forskingsaktørane og forskingsaktiviteten.

4.10.5 Strategi for forsking og høgare utdanning og forskingsstrategi for Ny-Ålesund forskingsstasjon

Regjeringa la 3. mars 2026 fram revidert Strategi for forskning og høyere utdanning på Svalbard. Strategien er oppdatert i tråd med Meld. St. 26 (2023–2024) Svalbard, og angir rammer og prinsipp for forsking og høgare utdanning på Svalbard og konsekvensar viss strategien ikkje blir følgt. Det nye forskingskontoret får ansvaret for å følgje opp strategien. Regjeringa vil med utgangspunkt i den overordna strategien leggje fram ein oppdatert forskingsstrategi for Ny-Ålesund hausten 2026, sjå punkt 2.2.6 og 4.7.4.

4.10.6 Noregs forskingsråd

Polarforskinga spenner vidt og omfattar ulike tema og fagdisiplinar. Med porteføljestyringa i Forskingsrådet blir polarforskinga sett i samanheng med andre relevante tema, særleg program knytte til klima, miljø og hav. Det gjeld òg forsking på og om Svalbard.

Noregs forskingsråd tildelte 299 mill. kroner i 2025 til norsk polarforsking. Av dette er 22 pst. svalbardrelevant forsking. Om lag 5 pst. av polarforskinga finansiert gjennom Noregs forskingsråd var øyremerka konkurransemiddel i 2025 frå Kunnskapsdepartementet (om lag 77 mill. kroner, kap. 285, post 51) og frå Klima- og miljødepartementet (8 mill. kroner, kap. 1410, post 73). I tillegg kjem store nasjonale investeringar i infrastruktur, mellom anna forskingsfartøy og -stasjonar.

Forskingsrådet finansierer to støtteordningar (Arctic Field Grant og Strategic Field Grant), som stimulerer til høvesvis rekruttering av neste generasjon polarforskarar og til internasjonalt vitskapleg samarbeid på Svalbard. Regjeringa foreslår å styrkje Arctic Field Grant med 5 mill. kr frå 2027 over Kunnskapsdepartementets kap. 285 post 71, slik at fleire norske studentar, stipendiatar og forskarar kan nytte forskingsfasilitetar på Svalbard, særleg i Ny-Ålesund.

Forskingsrådet er hovudeigar og ansvarleg for nettportalen Research in Svalbard (RiS). RiS inneheld ei oversikt over norske og utanlandske forskingsprosjekt på Svalbard og i havområda rundt. Dei fleste forskingsprosjekta på Svalbard blir registrerte i portalen, og alle prosjekt som søker Sysselmeisteren om løyve eller Forskingsrådet om finansiering, skal vere registrerte i RiS. Det same gjeld alle prosjekt som inneber opphald i Ny-Ålesund. Portalen er den viktigaste kjelda til informasjon om forskingsprosjekt på Svalbard, og gir oversikt over aktiviteten som skjer i felt. Ved første gongs registrering i RiS, gjer Forskingsrådet ei vurdering av kor vidt det er reelle forskingsaktørar og forskingsprosjekt som blir registrerte. RiS er eit viktig verktøy for Svalbard forskningskontor for å halde oversikt og lage den årlege rapporten. Forskingsrådet skal oppdatere portalen i tråd med nye behov.

Forskingsrådet har ansvar for Svalbard Science Advisory Forum (SSAF). SSAF er eit rådgivande organ for Svalbard forskingskontor. SSAF erstattar Svalbard Science Forum (SSF), som var eit koordinerande organ mellom alle forskingsetableringane på Svalbard. SSF vart avvikla i samband med etableringa av Svalbard forskingskontor.

Forsking og høgare utdanning har ei sentral rolle i norsk svalbardpolitikk. Denne rolla har blitt enda viktigare etter avviklinga av all norsk kolgruveverksemd. Forsking og høgare utdanning medverkar til å skape eit stabilt heilårs familiesamfunn i Longyearbyen, og forsking er grunnlaget for all aktivitet i Ny-Ålesund.

Det tiårige forskingsprogrammet Polhavet 2050 starta opp med sitt første tokt i 2026. Tokta med FF Kronprins Haakon vil ha Svalbard og Longyearbyen som utgangspunkt.

Noregs forskingsråd og Norsk Polarinstitutt har saman fått i oppdrag å starte førebuing og planlegging av norsk deltaking i det femte internasjonale polaråret (IPY5) i 2032-33. Polarinstituttet skal leie den vitskaplege komiteen og Forskingsrådet skal leie sekretariatet. IPY5 skal gå over to sesongar i begge polområda, og Svalbard blir ein viktig arena for norsk deltaking.

4.10.7 Folkehøgskule på Svalbard

Svalbard folkehøgskule starta opp hausten 2019 og medverkar til ein auke i talet på fastbuande nordmenn på Svalbard. Skulen er eigd av KFUK-KFUM Noreg saman med Longyearbyen lokalstyre og held til i lokale som dei leiger av Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS. Skulen hadde 65 årselevar i 2025.

Svalbard folkehøgskule får ordinært tilskot etter reglane i forskrift til folkehøgskulelova. Folkehøgskulen får i tillegg eit ekstratilskot fastsett av departementet, jf. folkehøgskuleforskrifta § 10, fordi det er dyrare å drive folkehøgskule på Svalbard enn på fastlandet. Kunnskapsdepartementet tildelte 17,3 mill. kroner i ekstratilskot i 2026. Dette inkluderer ei vidareføring av auken i ekstratilskotet på 1,5 mill. kroner frå revidert budsjett for 2025, for å sikre skulen ei økonomisk berekraftig drift. Tilskotet til Svalbard folkehøgskule ligg på Kunnskapsdepartementet sitt budsjett, kap. 253, post 70, jf. vedlegg 1.

4.10.8 Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System (SIOS)

Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System (SIOS) er eit norskinitiert internasjonalt samarbeid for å utvikle og utnytte infrastrukturen for tverrfagleg forsking på jordsystemet på Svalbard, dvs. forsking på samanhengane mellom havstraumar, atmosfæriske og geologiske forhold og utbreiing av is, snø, planter og dyr. SIOS kunnskapssenter (SIOS KC) får finansiering frå Noregs forskingsråd og leverer mellom anna tenester for betre tilgang til infrastruktur og data, organiserer kampanjar for betre integrering og utnytting av observasjonssystemet og koordinerer den norske noden av SIOS (SIOS InfraNOR). Fellesaktivitetane i SIOS er organiserte gjennom SIOS Svalbard AS, som er eit heileigd dotterselskap av UNIS.

4.10.9 EISCAT

EISCAT AB driv radaranlegg der ein studerer vekselverknader mellom sola og den øvre atmosfæren til jorda i dei nordlege delane av Fennoskandia. EISCAT har hovudkontor i Kiruna i Sverige. Radaranlegga ligg i Sverige, i Finland, i Fastlands-Noreg og på Svalbard. Selskapet er frå 2025 eigd og drifta av eit svensk aksjeselskap, EISCAT AB, med Noreg, Sverige og Finland som eigarar. Kunnskapsdepartementet eig aksjane frå norsk side.

4.11 Landbruks- og matdepartementet

4.11.1 Svalbard globale frøkvelv

Landbruks- og matdepartementet har det øvste ansvaret for Svalbard globale frøkvelv. Frøkvelvet er det største tryggingslageret for frø til mat og landbruksformål i verda. Frøkvelvet er bygd inn i permafrosten i fjellet på Svalbard, og eit kjøleanlegg sørgjer for at lagringstemperaturen for frøa blir ideell. Statsbygg forvaltar bygningane til frøkvelvet. Landbruks- og matdepartementet driftar frøkvelvet saman med partnarane Nordisk Genressurssenter (NordGen) og Global Crop Diversity Trust.

4.12 Nærings- og fiskeridepartementet

4.12.1 Forvaltning av grunneigedom på Svalbard

Staten ved Nærings- og fiskeridepartementet eig 98,75 pst. av all grunnen på Svalbard. Nærings- og fiskeridepartementet forvaltar all statleg eigd grunn på Svalbard direkte, gjennom lokalkontor i Longyearbyen. All bruk av grunnen til staten på Svalbard krev samtykke frå Nærings- og fiskeridepartementet. Gjennom eigarskap til grunnen kan departementet bidra til å leggje til rette for ei utvikling i tråd med rammene for svalbardpolitikken. Sjå omtale i punkt 2.2.3.4.

4.12.2 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) administrerer bergverksordninga for Svalbard, fastsett ved kgl.res. 7. august 1925. DMF forvaltar òg utfyllande reglar for petroleumsverksemda. Desse reglane regulerer tilgangen til mineralressursane på land på Svalbard. DMF tildeler utmål, gir råd og rettleiing om og oversikt over funn og førekomstar av geologisk art på Svalbard. DMF har tilsyn med verksemd som er i gang og med opningane på nedlagde gruver. DMF skal informere om miljøregelverket og sjå til at undersøkingar og uttak av mineral blir gjennomførte slik at ein òg tek omsyn til ressurs- og miljøaspekta. Sjå elles nærare omtale av DMF i kap. 906 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard i Prop. 1 S (2026–2027) for Nærings- og fiskeridepartementet.

DMF har ei viktig rolle i samband med konsekvensutgreiingar i saker som gjeld bergverks- og gruvedrift, jf. forskrift om konsekvensutredninger og avgrensing av planområdene på Svalbard. Sysselmeisteren skal etter gjeldande praksis i slike saker fastsetje utgreiingsprogram og sluttdokument i samråd med DMF.

DMF skal bidra til auka verdiskaping ved å leggje til rette for langsiktig tilgang til ressursar basert på ei forsvarleg og berekraftig utvinning og foredling av mineral i Noreg. Ut frå denne verksemdsideen skal DMF sørge for at dei geologiske ressursane på Svalbard i størst mogleg grad blir forvalta og utnytta heilskapleg, i tråd med dei svalbardpolitiske måla og bergverksordninga.

4.12.3 Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS – Svalbard Energi AS

Svalbard Energi AS vart overført frå Longyearbyen lokalstyre til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS i januar 2026. Store Norske overtok samstundes ansvaret for energiforsyninga i Longyearbyen.

Etter overføringa vil Store Norske oppgradere energiforsyninga i Longyearbyen. Ein viser elles til utvida omtale i Prop. 1 S (2026–2027) for Nærings- og fiskeridepartementet.

4.12.4 Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS – Gruve 7

Drifta i Gruve 7 vart avslutta sommaren 2025. Store Norske arbeider no med å rydde opp etter gruveverksemda. Det er òg behov for å gjennomføre tiltak ved Gruve 5, Gruve 6, det tidlegare brannøvingsområdet i Longyearbyen, stenging av gasshol i Adventdalen og opprydding ved Sjøskrenten. For 2026 vart det løyvd 134 mill. kroner i tilskot til Store Norske for å delfinansiere avviklinga og oppryddinga etter koldrifta. På bakgrunn av oppdaterte overslag vart løyvinga redusert med 5 mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2026. Oppryddinga vil hovudsakeleg skje i perioden 2025–2027 og vil bli gjennomført i tråd med plan. Styret i Store Norske har stadfesta til departementet at selskapet ikkje treng ytterlegare tilskot frå staten til dette prosjektet. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2026–2027) for Nærings- og fiskeridepartementet.

4.12.5 Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS – overvaking etter miljøtiltak i Svea og Lunckefjell

Store Norske er pålagd av miljømyndigheitene å etablere eit overvakingsprogram for kulturminne, forureining og landskap/natur etter at oppryddinga etter kolverksemda i Svea og Lunckefjell var ferdig. Store Norske har vurdert at overvakinga vil koste om lag 10 mill. kroner (2024-kroner) i ein periode på 20 år. Overvakingsprogrammet starta opp i 2025. Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på om lag 0,5 mill. kroner til Store Norske for å gjennomføre overvakingsprogrammet. Regjeringa gjer og framlegg om at det blir gitt fullmakt til å gi lovnad om løyving i seinare budsjetterminar for opp til 9,1 mill. kroner for overvaking i Svea og Lunckefjell. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2026–2027) for Nærings- og fiskeridepartementet.

4.12.6 Visit Svalbard AS

Visit Svalbard AS er eigd av Svalbard Reiselivsråd, som er ein medlemsbasert organisasjon for reiselivsnæringa på Svalbard og i Longyearbyen. Svalbard Reiselivsråd hadde 72 verksemder som medlemmer i 2025.

Tilskotet til Visit Svalbard skal bidra til at reiselivsaktiviteten støttar opp under måla for svalbardpolitikken, mellom anna ved å samle næringa for å utvikle tenlege retningsliner for reiselivsaktiviteten, skaffe informasjon om reiselivsaktivitet i området, hjelpe sentrale myndigheiter med å utvikle politikk og vareta fellesoppgåver som drift av heilårig turistinformasjon. Sjå nærare omtale av reiseliv under punkt 2.2.5.7.

Regjeringa foreslår å løyve 3,9 mill. kroner til Visit Svalbard AS på Nærings- og fiskeridepartementet sitt budsjett, kap. 900, post 74.

4.12.7 Næringstiltak

Regjeringa ønskjer å leggje til rette for at det skal vere attraktivt for seriøse verksemder å drive næringsutvikling på Svalbard på ein måte som byggjer opp under måla i svalbardpolitikken. Regjeringa foreslår å løyve til saman 5,7 mill. kroner til næringstiltak på Svalbard. Forslaget fordeler seg slik:

  • 1,4 mill. kroner på kap. 920 Noregs forskingsråd, post 70 Tilskot til næringsretta forsking

  • 2,3 mill. kroner på kap. 2421 Innovasjon Noreg, post 50 Tilskot til etablerarar og verksemder, inkl. tapsavsetningar

  • 2,0 mill. kroner på kap. 900 Nærings- og fiskeridepartementet, post 75 Tilskot til særskilde prosjekt, kan overførast

Regjeringa foreslår å vidareføre følgjande:

  • øyremerking på 1,4 mill. kroner til verkemiddel for næringsretta forsking på Svalbard, innanfor løyvinga til Forskingsrådet

  • vidareføre ei øyremerking på 2,3 mill. kroner i løyvinga til Innovasjon Noreg, til arbeid med innovasjon og næringsutvikling på Svalbard, som kjem i tillegg til unytta midlar til formålet frå tidlegare år

  • løyve 1,0 mill. kroner til næringsarbeidet til Longyearbyen lokalstyre

  • løyve 1,0 mill. kroner til Arctic Safety Centre ved Universitetssenteret på Svalbard

4.12.8 Romverksemd

Svalbard har ei geografisk plassering som er gunstig både for å utforske atmosfæren og for å laste ned satellittdata. Plasseringa er grunnen til at EU har valt å leggje sentral bakkeinfrastruktur for satellittnavigasjonsprogrammet Galileo og jordobservasjonsprogrammet Copernicus til Svalbard Satellittstasjon (SvalSat). Noreg har delteke i Galileo sidan 2009 og i Copernicus sidan 2011. For programperioden 2021–2027 har EU samla alle romprogramma sine i eitt program. Romprogrammet vart teke inn i EØS-avtalen hausten 2021. Norsk deltaking i EUs romprogram er med på å gi gode navigasjonstenester i nordområda. Deltakinga støttar opp under berekraftig ressursforvaltning, tryggleik og beredskap og omsyn til klima og miljø. Satellittane til Space Norway AS, som skal gi breibandkommunikasjon i heile Arktis, vart skotne opp 12. august 2024.

Regjeringa foreslår å løyve 768,9 mill. kroner til norsk deltaking i romprogramma til EU på Nærings- og fiskeridepartementet sitt budsjett, kap. 922, post 73.

4.12.9 Svalbard Satellittstasjon

Svalbard Satellittstasjon (SvalSat) i nærleiken av Longyearbyen vart offisielt opna i 1999. Kongsberg Satellite Services AS, som er eigd 50 pst. av staten gjennom Space Norway AS og 50 pst. av Kongsberg Defence & Aerospace AS, eig infrastrukturen og står for drifta av SvalSat og Tromsø Satellittstasjon.

SvalSat lastar ned data for sivile formål frå satellittar i polare baner og styrer desse satellittane. Svalbard er ein av få stader i verda der ein kan laste ned data frå satellittar i polar bane kvar gong satellitten passerer Nordpolen.

4.12.10 Svalbard Rakettskytefelt

Svalbard Rakettskytefelt (SvalRak) i Ny-Ålesund er eigd av Andøya Space AS. Sistnemnde er eigd av Nærings- og fiskeridepartementet (90 pst.) og Kongsberg Defence & Aerospace AS (10 pst.). Formålet med SvalRak er å skyte opp forskingsrakettar. Plasseringa nær den magnetiske nordpolen gjer at målingane frå rakettane har stor vitskapleg verdi.

4.12.11 Nytt sjøfibersamband mellom Svalbard, Jan Mayen og fastlandet

Dagens sjøfibersamband mellom Harstad og Longyearbyen når slutten av si estimerte tekniske levetid ved utgangen av 2028, og må erstattast for at stabilt telekommunikasjonssamband til Svalbard skal kunne oppretthaldast. Regjeringa foreslo i Prop. 47 S (2024–2025) å gi Nærings- og fiskeridepartementet fullmakt til å skaffe nytt sjøfibersamband til Svalbard og Jan Mayen frå Space Norway AS, innanfor ei kostnadsramme på 2 835 mill. kroner (2025-kroner). Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 174 S (2024–2025). Arbeidet med å etablere sambandet er i gang. Sambandet skal vere operativt frå 2028.

4.13 Samferdselsdepartementet

4.13.1 Svalbard lufthamn

Svalbard lufthamn AS er eit heileigd dotterselskap av Avinor AS. Lufthamna er i praksis det einaste moglege sambandet mellom øygruppa og fastlandet og har difor avgjerande betydning både lokalt og nasjonalt. Frå lufthamna opererer rutefly og ambulansefly mellom fastlandet og øygruppa, i tillegg til chartertrafikk og lokal flytrafikk mellom Longyearbyen og Ny-Ålesund. Svalbard lufthamn understøttar passasjer- og godstransport, helseberedskap og handtering av naudsituasjonar, og er avgjerande for ei kontinuerleg forsyning av kritisk personell og materiell til Svalbard.

Klimaendringar fører til tining av permafrosten som Svalbard lufthamn er bygd på, noko som gir skadar på rullebane og bygningar og auka driftskostnader. Samstundes er infrastrukturen aldrande og sårbar for ytre påkjenningar. Dette understrekar behovet for heilskapleg planlegging for å sikre ei trygg, stabil og kostnadseffektiv drift og oppfylling av dei gjeldande krava til tryggleik og kontroll.

Samferdselsdepartementet har difor gitt Avinor i oppdrag å utarbeide ei konseptvalutgreiing (KVU) for Svalbard lufthamn. KVU-en skal greie ut ulike konsept som sørgjer for at lufthamna framleis er eit robust transport- og beredskapstilbod. Konseptvalutgreiinga skal etter planen vere ferdig til februar 2027.

I 2025 reiste 200 000 passasjerar over Svalbard lufthamn, ei auke på 9 pst. frå 2024. Talet på flyrørsler med rutefly, charterfly og fraktfly utgjorde 2 200, ein auke på 2,4 pst. frå 2024. Trafikken til Ny-Ålesund utgjorde 2 300 passasjerar i 2025 mot 3 200 i 2024, ein nedgang på 27 pst.

5 Oversikt over forslag til løyvingar på svalbardbudsjettet 2027

Den følgjande oversikta viser rekneskapstal for 2025, vedteke budsjett for 2026 og forslag til løyving på svalbardbudsjettet for 2027. Nærare omtale av svalbardrekneskapen 2025 finst i Meld. St. 3 (2025–2026) Statsrekneskapen 2025.

(i 1 000 kr)

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

Utgifter

1 061 816

805 528

902 434

Inntekter

1 061 662

805 528

902 434

Utgifter på programkategori 06.80 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

Pst. endr. 26/27

0001

Tilskot til Svalbard kyrkje

7 730

8 000

8 300

3,8

0003

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

648 170

240 404

266 285

10,8

0004

Tilskot til Svalbard Museum

15 470

16 000

11 700

-26,9

0005

Sysselmeisteren (jf. kap. 3005)

99 515

106 038

120 500

13,6

0006

Sysselmeisterens transportteneste (jf. kap. 3006)

246 740

282 724

308 500

9,1

0007

Tilfeldige utgifter

1 497

0

0

-

0008

Tilskot til energistøtte i Longyearbyen

0

118 800

152 500

28,4

0009

Kulturminnetiltak (jf. kap. 3009)

2 521

2 580

2 676

3,7

0011

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

2 540

2 632

2 973

13,0

0017

Norsk Polarinstitutt – refusjon

4 250

4 403

4 566

3,7

0018

Kystverket – Navigasjonsinnretningar

4 719

5 050

4 838

-4,2

0019

Meteorologisk institutt – husleige Bjørnøya og Hopen

8 648

8 702

9 024

3,7

0020

Statsbygg, Svalbard (jf. kap. 3020)

2 443

2 590

2 686

3,7

0022

Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 3022)

7 635

7 604

7 886

3,7

Sum kategori 06.80

1 061 816

805 528

902 434

12,0

Utgifter på programkategori 06.80 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Postgr.

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

Pst. endr. 26/27

01–23

Driftsutgifter

374 201

417 121

458 655

10,0

30–49

Nybygg, anlegg m.m.

1 995

800

428

- 46,5

50–58

Overføringar til andre statsrekneskapar

662 420

244 807

270 851

10,6

70–89

Overføringar til private

23 200

142 800

172 500

20,8

Sum under departementet

1 061 816

805 528

902 434

12,0

Tabellen ovanfor viser postgruppe for 2025 på dei postane løyvinga er plassert på i 2027.

Inntekter på programkategori 06.80 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

Pst. endr. 26/27

3005

Sysselmeisteren (jf. kap. 0005)

5 782

3 300

3 300

0

3006

Sysselmeisterens transportteneste (jf. kap. 0006)

52

500

500

0

3009

Kulturminnetiltak (jf. kap. 0009)

0

0

0

0

3020

Statsbygg, Svalbard (jf. kap. 0020

0

0

0

0

3022

Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 0022)

270

270

270

0

3030

Skattar og avgifter

268 371

230 396

250 216

8,6

3035

Tilskot frå statsbudsjettet

787 186

571 062

648 148

13,5

Sum kategori 06.80

1 061 662

805 528

902 434

12,0

Fotnotar

1

Klimaprofil for Longyearbyen, Norsk klimaservicesenter 2019