Del 2
Dei enkelte utgifts- og inntektskapitla
6 Dei enkelte utgifts- og inntektskapitla
Kap. 0001 Tilskot til Svalbard kyrkje
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2025 |
Saldert budsjett 2026 |
Forslag 2027 |
|
70 |
Tilskot til Svalbard kyrkje |
7 730 |
8 000 |
8 300 |
|
Sum kap. 0001 |
7 730 |
8 000 |
8 300 |
Post 70 Tilskot til Svalbard kyrkje
Løyvinga på posten skal mellom anna dekke delar av husleiga for kyrkja, lønnsutgifter, vikarutgifter, utgifter til varer og til tenester som kyrkja står for i arbeidet sitt, drift av tenestebil og snøskuter, og leige av helikopter.
Svalbard kyrkje ligg i Longyearbyen og er ein del av Den norske kyrkja. Svalbard kyrkje er ein viktig kulturberar og kulturaktør i lokalsamfunnet. Kyrkja har ein samlande funksjon og deltek i beredskapsrådet på Svalbard.
Løyvinga til Svalbard kyrkje er eit øyremerkt tilskot som blir overført til Den norske kyrkja ved Kyrkjemøtet.
Statsbygg forvaltar kyrkjebygget i Longyearbyen. Drifts- og vedlikehaldsutgiftene for kyrkjebygget blir dekte på kap. 2445 Statsbygg. Sjå elles dei målformuleringane som er sette for løyvingane til Den norske kyrkja i Prop. 1 S (2026–2027) for Barne- og familiedepartementet.
Det er foreslått ei løyving på posten på 8,3 mill. kroner.
Kap. 0003 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2025 |
Saldert budsjett 2026 |
Forslag 2027 |
|
50 |
Tilskot til Longyearbyen lokalstyre |
658 170 |
240 404 |
266 285 |
|
Sum kap. 0003 |
658 170 |
240 404 |
266 285 |
Post 50 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre
Løyvinga på posten skal nyttast til tilskot til drift av Longyearbyen lokalstyre gjennom ei rammeløyving. Longyearbyen lokalstyre har ansvar for forvaltninga av nærare definerte saksområde innanfor Longyearbyen arealplanområde, jf. Svalbardlova § 33 og forskrift om konsekvensutredninger og avgrensing av planområdene på Svalbard. Etter Svalbardlova § 31 skal Longyearbyen lokalstyre utøve «sin myndighet og virksomhet innenfor nasjonale rammer og rammen av norsk svalbardpolitikk».
Longyearbyen lokalstyre har eit lovpålagt ansvar for infrastruktur i Longyearbyen når ansvaret ikkje er lagt til staten eller andre. Longyearbyen lokalstyre har ansvaret for Longyearbyen vassverk, som forsyner byen med drikkevatn, og greier ut framtidig løysing for vassforsyning i Longyearbyen.
Longyearbyen lokalstyre har på fleire felt dei same oppgåvene som dei ein kommune på fastlandet har. Longyearbyen er samstundes ikkje eit livsløpssamfunn, og lokalstyret har ingen oppgåver eller utgifter knytte til eldreomsorg. Longyearbyen lokalstyre har heller ikkje ansvar for eller utgifter til andre helse- og omsorgstenester.
Longyearbyen lokalstyre er planmyndigheit i Longyearbyen arealplanområde. Den noverande arealplanen vart vedteken av Longyearbyen lokalstyre 13. februar 2017. Longyearbyen lokalstyre har starta arbeidet med ny arealplan.
Etter forskrift om overskuddsutdeling fra Nordpolet AS skal nettooverskotet frå sal av alkoholhaldig drikke frå Nordpolet overførast til Longyearbyen lokalstyre, som fordeler midlane til velferdsformål. Longyearbyen lokalstyre fekk i 2025 overført 6,0 mill. kroner frå Nordpolet AS, basert på overskotet frå 2024. Overskotet for 2025 var på 6,1 mill. kroner. Longyearbyen lokalstyre rapporterer til Sysselmeisteren om bruken av midlane. Overskotet inngår ikkje som ein del av statsbudsjettet.
Longyearbyen lokalstyre og Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (Store Norske) inngjekk ein avtale 27. juni 2025 om overføring av Svalbard Energi AS (SEAS) frå og med januar 2026. Avtalen innebar at Store Norske overtok ansvaret for energiforsyninga i Longyearbyen. Longyearbyen lokalstyre vart samstundes fritatt frå dette ansvaret, som dei har hatt i medhald av Svalbardlova, sidan 2002. Som ein del av transaksjonen vart gjelda som Longyearbyen lokalstyre hadde i SEAS innløyst, og staten dekka kostnadene til opprydding og sanering etter kolkraftverket og tilhøyrande avfallsdeponi mv. Sjå elles punkt 2.2.5.1 for nærare omtale av vurderingar knytte til framtidig organisering av energiforsyninga i Longyearbyen.
Budsjettendringar i 2025 og 2026
Regjeringa foreslo i Prop. 1 S (2024–2025) Svalbardbudsjettet å auke løyvinga med 100,0 mill. kroner i 2025, for å leggje til rette for reduserte energiprisar i Longyearbyen. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 17 S (2024–2025).
Regjeringa foreslo, i samband med innføringa Norgespris for straum for fastlandet frå 1. oktober 2025, å leggje til rette for reduserte straumprisar for hushalda på Svalbard. Regjeringa foreslo difor i samband med revidert nasjonalbudsjett i 2025 å auke løyvinga til Longyearbyen lokalstyre med 4,7 mill. kroner, jf. Prop. 146 S (2024–2025). Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 540 S (2024–2025).
Regjeringa foreslo i Prop. 15 S (2025–2026) å løyve 312,2 mill. kroner i 2025 til å ettergje gjeld som Svalbard Energi AS hadde til Longyearbyen lokalstyre, i samband med overføring av eigarskap til Store Norske. Stortinget slutta seg til forslaget. Sjå omtale i punkt 2.2.5.1.
Tilskotet til energistønad er frå 2026 tildelt direkte til Svalbard Energi AS på Svalbardbudsjettet kap. 0008. Longyearbyen lokalstyre fekk difor ikkje tilskot til energistønad frå og med 2026.
Regjeringa foreslo vidare i Prop. 15 S (2025–2026) å auke løyvinga med 59,3 mill. kroner i 2025 for å leggje til rette for at 123 bustadar Longyearbyen lokalstyre eigde kunne bli overført til Statsbygg. Stortinget slutta seg til forslaget jf. Innst. 75 S (2025–2026) og punkt 2.2.5.5. Overføringa til Statsbygg skal sikre ei meir profesjonell og heilskapleg forvalting av bustadene. 49,2 mill. kroner av det auka tilskotet gjekk til å innfri gjeld som Longyearbyen lokalstyre hadde i samband med bustadene. 10,1 mill. kroner av det auka tilskotet var kompensasjon for at husleiga ville auke når Longyearbyen lokalstyre leiger bustadar tilbake frå den statlege bustadpoolen som Statsbygg forvaltar. Regjeringa foreslår å vidareføre denne løyvinga frå 2027.
Regjeringa foreslo i Prop. 1 S (2025–2026) å løyve 25,0 mill. kroner til å dekke kostnader for gjennomføring av opprydding og sanering i Adventdalen. Løyvinga blir foreslått vidareført ut 2027.
Regjeringa foreslo i Prop. 1 S (2025–2026) Svalbardbudsjettet å auke løyvinga med 23,1 mill. kroner som ei generell rammeauke.
Regjeringa foreslo i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2026 å løyve 10,0 mill. kroner til fraktkapasitet for varer mellom Svalbard og fastlandet. Stortinget slutta seg til forslaget, sjå Prop. 96 S (2025–2026) og Innst. 450 S (2025–2026) og omtale i punkt 2.2.2.2 og 2.2.5.4.
Budsjettforslag 2027
Det er foreslått å vidareføre løyvinga på 25 mill. kroner for å dekke kostnader til gjennomføring av opprydding og sanering etter avfallsdeponiet i Adventdalen. Sjå omtale i punkt 2.2.5.6.
Det er foreslått å auke løyvinga med 10,4 mill. kroner for å dekke kapitalelementet i samband med overføring av bustadar frå Longyearbyen lokalstyre til Statsbygg.
Det er foreslått å auke løyvinga med 3,5 mill. kroner til å styrkje lokalstyret sitt arbeid med plansaker og til oppgradering av IT-system.
Det er foreslått å auke løyvinga med 2,8 mill. kroner til vedlikehald og drift av skredsikringstiltak.
Det er foreslått å auke løyvinga med 30 000 kroner som følgje av nominell vidareføring av redusert makspris i barnehage.
Det er foreslått ei løyving på posten på 266,3 mill. kroner.
Kap. 0004 Tilskot til Svalbard Museum
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2025 |
Saldert budsjett 2026 |
Forslag 2027 |
|
70 |
Tilskot til Svalbard Museum |
15 470 |
16 000 |
11 700 |
|
Sum kap. 0004 |
15 470 |
16 000 |
11 700 |
Post 70 Tilskot til Svalbard Museum
Løyvinga skal gå til å dekke delar av husleiga og andre bygningsmessige kostnader for Svalbard Museum i Svalbard forskingspark. Løyvinga skal vidare dekke drift av dei kulturhistoriske magasina og lønn og bustadutgifter for stillinga som konservator og samlingsforvaltar. Tilskot til Svalbard Museum skal òg kunne brukas til å dekke husleige til lokale i Longyearbyen til Svalbard Museum sitt kompetansesenter for kulturmiljø. I tillegg til denne løyvinga blir det tildelt midlar til Svalbard Museum på Kultur- og likestillingsdepartementet sitt budsjett, kap. 328, post 70 Det nasjonale museumsnettverket.
Svalbard Museum hadde 60 000 gjestar i 2025.
Løyvinga er foreslått redusert med 6,1 mill. kroner grunna redusert husleige til Statsbygg.
Løyvinga er foreslått auka med 1,2 mill. kroner til vidareføring av kompetansesenter for kulturmiljø på Svalbard.
Det er foreslått ei løyving på posten på 11,7 mill. kroner.
Kap. 0005 Sysselmeisteren (jf. kap. 3005)
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2025 |
Saldert budsjett 2026 |
Forslag 2027 |
|
01 |
Driftsutgifter |
99 515 |
106 038 |
116 500 |
|
21 |
Spesielle driftsutgifter |
0 |
0 |
4 000 |
|
Sum kap. 0005 |
99 515 |
106 038 |
120 500 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga skal dekke utgifter til lønn og drift av sysselmeisterkontoret, medrekna husleige og utgifter til vedlikehald og fornying av utstyrsparken.
Sysselmeisteren på Svalbard hadde 48 årsverk i 2025. Den ordinære åremålsperioden for stillingar hos Sysselmeisteren er tre år, med høve til å søke om ei forlenging på tre år. Åremålsperioden kan ikkje overstige seks år.
Sjå elles utfyllande informasjon om Sysselmeisteren i punkt 1.4.1.
Det er foreslått å auke løyvinga med 3,0 mill. kroner til å dekke auka husleigekostnader
Det er foreslått å auke løyvinga med 3,5 mill. kroner til styrking av miljøavdelinga til Sysselmeisteren sitt arbeid med plansaker og til oppgradering av IT-løysingar.
Det er foreslått ei løyving på posten på 116,5 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter (ny)
Løyvinga skal nyttast til drift og vedlikehald av eit beredskapslager på Svalbard. Både sivile naud- og beredskapsaktørar og Forsvaret vil kunne bruke lageret, i tråd med det norske totalforsvarskonseptet. Lageret vil vere underlagt Sysselmeisteren si myndigheit.
Regjeringa foreslo å løyve 4,0 mill. kroner til beredskapslager i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2026, jf. Prop. 96 S (2025–2026). Stortinget slutta seg til vedtaket jf. Innst. 450 S (2025–2026).
Det er foreslått ei løyving på posten på 4,0 mill. kroner.
Kap. 3005 Sysselmeisteren (jf. kap. 0005)
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2025 |
Saldert budsjett 2026 |
Forslag 2027 |
|
01 |
Diverse inntekter |
855 |
300 |
300 |
|
02 |
Refusjonar m.m. |
4 927 |
3 000 |
3 000 |
|
03 |
Gebyr for godkjenning av guider |
0 |
0 |
0 |
|
Sum kap. 3005 |
5 782 |
3 300 |
3 300 |
Kapittelet samsvarer med kap. 0005 Sysselmeisteren.
Post 01 Diverse inntekter
Sysselmeisteren tek imot diverse refusjonar. Vidare omfattar posten inntekter som Sysselmeisteren har frå våpengebyr og gebyr for utferding av pass.
Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 300 000 kroner.
Post 02 Refusjonar m.m.
Inntektsframlegget på post 02 omfattar refusjonar frå offentlege verksemder. Det dreier seg hovudsakleg om refusjon av lønn og andre kostnader knytt til Svalbards miljøvernfond.
Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 3,0 mill. kroner.
Det er foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 0005, post 01, tilsvarande inntekter utover det vedtekne budsjettet på kap. 3005, post 02, jf. forslaget til vedtak.
Post 03 Gebyr for godkjenning av guidar (ny)
Posten dekker innbetaling av gebyr for godkjenning av guidar, jf. forskrift om tryggleik i felt på Svalbard. Forskrifta inneheld mellom anna ei godkjenningsordning for guidar.
Det er ikkje foreslått løyving på posten.
Det er foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 0005, post 01, tilsvarande inntekter utover det vedtekne budsjettet på kap. 3005, post 03, jf. forslaget til vedtak.
Kap. 0006 Sysselmeisterens transportteneste (jf. kap. 3006)
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2025 |
Saldert budsjett 2026 |
Forslag 2027 |
|
01 |
Driftsutgifter |
246 740 |
282 724 |
308 500 |
|
Sum kap. 0006 |
246 740 |
282 724 |
308 500 |
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekker stasjonering, leige, drift og forvaltning av tenestefartøy og to tenestehelikopter. Posten dekker òg kjøp, drift og forvaltning av køyretøy (beltevogn, bilar, snøskuterar m.m.) som er nødvendige for å gjennomføre oppdraget til Sysselmeisteren, mellom anna til vakt, beredskap, redning og nærvær. Posten kan nyttast i samband med hendingar som krev raske avklaringar av utgifter og betalingar, til dømes i samband med samfunnstryggleik og beredskap. Posten kan nyttast til kjøp av flyvêrtenester som er nødvendige for redningsberedskapen på Svalbard, og mellom Svalbard og fastlandet.
Dei samla transportmidla til Sysselmeisteren er nødvendige for å kunne drive oppsyn og utøve myndigheit, for ei effektiv politi- og redningsteneste og for ambulanse- og sjuketransport, òg utanfor territorialfarvatnet til Svalbard. Transportmidla blir vidare nytta til naturoppsyn og arbeid for å førebyggje miljøkriminalitet. Transportmidla utgjer saman med Kystvakta den statlege transportberedskapen på Svalbard.
Sysselmeisteren disponerer det innleigde tenestefartøyet MS «Polarsyssel». Fartøyet er ein sentral ressurs i rednings- og beredskapssamanheng, mellom anna ved fare for skipsforlis, grunnstøyting, oljeutslepp og personskadar. Fartøyet blir vidare nytta i dei årlege inspeksjonane av Svalbard. MS Polarsyssel har isklasse og helikopterdekk som er tilpassa helikoptera til Sysselmeisteren.
Fartøyet gjennomførte 182 seglingsdøgn i 2025 til tokt, trening og øvingar m.m., mot 155 i 2024. Mannskapet på MS «Polarsyssel» trener jamleg med helikoptera til Sysselmeisteren, og samhandlinga mellom fartøyet og helikoptera er god.
Kontrakt for leige av Polarsyssel gjekk ut 31. desember 2025. Ny kontrakt vart inngått med same leverandør om same fartøy for perioden 1. januar 2026 – 31. desember 2030, med moglegheit for opsjon på inntil fire år.
Sysselmeisteren disponerer to innleigde allvêrshelikopter av typen Super Puma redningshelikopter. Helikoptertenesta er eit fleirbrukskonsept kor søk og redning og politioppdrag er prioritert. Kvart helikopter kan plukke opp inntil 18 personar i naud innanfor ein radius på 120 nautiske mil. Helikoptertenesta blir òg nytta til ambulanseoppdrag, trening, oppsyn, bistand til Kystvakta, transport til møte då det ikkje finst veg mellom samfunna på øygruppa, frakt av gods og personell til oppdrag og tilsyn. Helikoptertenesta hjelper til ved tokt, og blir leigd ut til andre statlege og ikkje-statlege etatar ved ledig kapasitet.
Justis- og beredskapsdepartementet har avtale med CHC Helikopter Service AS om drifta av den sivile redningshelikopterbasen i Tromsø og felles operasjon med helikoptertenesta for Sysselmeisteren. Sysselmeisteren er ansvarleg for kontraktoppfølging av avtalen. Avtalen varer i seks år frå 2022, med opsjonar for forlenging på to pluss to år. Arbeidet med utløysing av opsjon for perioden frå 2028 til 2030 for felles operert redningshelikopterbase i Tromsø og helikoptertenesta for Sysselmeisteren på Svalbard vil bli sett i gong. Formell dialog vil bli ført med attarhald om samtykke frå Stortinget. Det er planlagt for å kome attende til saka i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2027.
Helikoptera hadde 679 flytimar på Svalbard i 2025. Det var 27 søk og redningsoppdrag med helikopter på land, 13 oppdrag på sjø, fem ambulanseoppdrag og 13 politioppdrag. SAR 1 har hatt ein operativ tilgjenge på 99,6 pst. og SAR 2 hadde 83,3 pst.
Regjeringa la 23. januar 2026 fram Prop. 32 S (2025–2026) Endringer i statsbudsjettet 2026 under Justis- og beredskapsdepartementet (operatør av redningshelikopterbasen i Tromsø mv.). Regjeringa foreslo at Forsvaret skal overta som operatør av redningshelikopterbasen i Tromsø. Det vart samstundes lagt til grunn at helikoptertenesta på Svalbard framleis skulle vere sivil og at tenesta har ein sivil operatør med eigen kontrakt for Svalbard og Sysselmeisteren slik som tilfellet var fram til 2022. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Innst. 110 S (2025–2026). Sjå elles kap. 454, post 01 og post 45 i Prop. 1 S (2025–2026) for Justis- og beredskapsdepartementet.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 21,6 mill. kroner knytt til auka utgifter til drift av helikoptertenesta for Sysselmeisteren. Det er samstundes foreslått å redusere løyvinga med 6,3 mill. kroner som følgje av reduserte valutakostnader.
Det er foreslått ei løyving på posten på 308,5 mill. kroner.
Kap. 3006 Sysselmeisterens transportteneste (jf. kap. 0006)
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2025 |
Saldert budsjett 2026 |
Forslag 2027 |
|
01 |
Leigeinntekter frå private |
0 |
0 |
0 |
|
02 |
Refusjon frå det offentlege |
52 |
500 |
500 |
|
85 |
Refusjon for søk- og redningsoppdrag |
0 |
0 |
0 |
|
Sum kap. 3006 |
52 |
500 |
500 |
Kapittelet samsvarer med kap. 0006 og viser venta inntekter og refusjonar ved utleige av dei transportmidla Sysselmeisteren disponerer. Etter avtale med leverandørar av transporttenester skal Sysselmeisteren ha inntektene og refusjonane dersom desse transportmidla blir nytta av andre. Vidare synar kapitelet refusjonar frå krav etter redningsoperasjonar.
Post 01 Leigeinntekter frå private
Inntektsframlegget på posten omfattar inntekter ved utleige av transporttenester til private.
Det er foreslått å ikkje budsjettere med inntekter på posten.
Post 02 Refusjonar frå det offentlege
Inntektsframlegget på posten omfattar inntekter ved utleige av transporttenester til offentlege aktørar.
Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 0,5 mill. kroner.
Det er foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 0006, post 01, tilsvarande inntekter utover det vedtekne budsjettet på kap. 3006, post 02, jf. forslaget til vedtak.
Post 85 Refusjon for søk- og redningsoppdrag
Forskrift om sikkerhet i felt mv. på Svalbard tok delvis til å gjelde 1. januar 2026. Forskrifta set krav om forsikring for og dekning av redningsutgifter på Svalbard, noko som vil gi Sysselmeisteren inntekter. I samband med revidert nasjonalbudsjett i 2026 vart det oppretta ein ny post; kap. 3006 Sysselmeisterens transportteneste, post 85 Refusjon for søk- og redningsoppdrag.
Det er ikkje foreslått å budsjettere med inntekster på budsjettposten.
Det er foreslått at Sysselmeisteren får ei meirinntektsfullmakt kor inntekter på kap. 3006, post 85 kan nyttast på kap. 0006 Sysselmeisterens transportteneste, post 01 Transportutgifter, jf. forslaget til vedtak.
Kap. 0007 Tilfeldige utgifter
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2025 |
Saldert budsjett 2026 |
Forslag 2027 |
|
30 |
Skred- og bustadtiltak, kan overførast |
1 497 |
0 |
0 |
|
70 |
Diverse tilskot |
0 |
0 |
0 |
|
Sum kap. 0007 |
1 497 |
0 |
0 |
Post 30 Skred- og bustadtiltak, kan overførast
Løyvinga på posten vart nytta til skredsikringstiltak i Longyearbyen. Skredsikringstiltaka i sentrumsområdet av Longyearbyen vart ferdige i 2025, og det er ikkje foreslått løyving på posten.
Sjå punkt 2.2.4.6 og punkt 4.4.1 for omtale av skred og flaum og sikringstiltak på Svalbard.
Post 70 Diverse tilskot
Posten blir nytta til tilskot til Svalbard Energi AS for sanerings- og oppryddingstiltak ved det gamle kolkraftverket i Longyearbyen. Det er ikkje budsjettert med utgifter til dette i 2027.
Regjeringa foreslo i samband med revidert nasjonalbudsjett 2026 å løyve 19,0 mill. kroner til tiltaket i 2026. Stortinget slutta seg til forslaget. Sjå Prop. 96 S (2025–2026) og Innst. 450 S (2025–2026). Sjå omtale under punkt 2.2.5.6.
Det er ikkje foreslått løyving på posten.
Kap. 0008 Tilskot til energistøtte i Longyearbyen
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2025 |
Saldert budsjett 2026 |
Forslag 2027 |
|
70 |
Tilskot til Svalbard Energi AS |
0 |
118 800 |
152 500 |
|
Sum kap. 0009 |
0 |
118 800 |
152 500 |
Løyvinga er øyremerka Svalbard Energi AS og skal nyttast til å senke energiprisane for kundar i Longyearbyen samt til handtering av SEAS sine kapitalkostnadar i samband med oppgraderinga av energiforsyninga i Longyearbyen.
For privatpersonar og frivillige organisasjonar skal løyvinga leggje til rette for ein Svalbardpris som er som følgjer:
-
1,26 kr/kWt for straum
-
0,63 kr/kWt for fjernvarme
Resterande del av tilskotet skal telje mot dei samla kostnadane i Svalbard Energi AS (SEAS), slik at venta gjennomsnittspris for straum til andre kundar, og fjernvarme til alle kundar, blir redusert prosentvis likt. Selskapet skal fakturere pris for fjernvarme, samt straum til næringsliv, etter prinsippet om sjølvkost når støttebeløpet er trekt frå.
Løyvinga var til og med 2025 ein del av kap. 0003 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre.
Energidepartementet sende 25. mars 2026 på høyring utkast til forskrift som skal gjelde for energiforsyninga i Longyearbyen, mellom anna føringar for korleis ein fastset tariffar for straum og fjernvarme. Fram til nytt regelverk er på plass vil tariffane til næringskundar i Longyearbyen bli sette av SEAS, med bakgrunn i samla kostnader (sjølvkost) for å produsere straum og varme.
Regjeringa foreslo i samband med revidert nasjonalbudsjett 2026 å auke løyvinga på posten med 9,3 mill. kroner til innføring av Svalbardpris for straum og fjernvarme i Longyearbyen. Det blei òg foreslått å auke løyvinga på posten med 30,0 mill. kroner for å dekke utgiftene Svalbard Energi AS har som følge av auka prisar på diesel. Stortinget slutta seg til forslaget, jf. Prop. 96 S (2025–2026) og Innst. 450 S (2025–2026). Sjå omtale i punkt 2.2.5.2.
Det er foreslått å auke løyvinga på posten med 33,7 mill. kroner.
Det er foreslått ei løyving på posten på 152,5 mill. kroner
Kap. 0009 Kulturminnetiltak (jf. kap. 3009)
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2025 |
Saldert budsjett 2026 |
Forslag 2027 |
|
01 |
Driftsutgifter |
2 521 |
2 580 |
2 676 |
|
Sum kap. 0009 |
2 521 |
2 580 |
2 676 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga skal dekke utgiftene Sysselmeisteren har til konkrete kulturminnetiltak. Midlane skal nyttast til arbeidet som er omtalt i strategien for kulturmiljøforvaltning 2024–2029.
Lønn til tilsette hos Sysselmeisteren på kulturminnefeltet blir løyvd på kap. 0005 på svalbardbudsjettet.
Det er foreslått ei løyving på posten på 2,7 mill. kroner.
Kap. 3009 Kulturminnetiltak (jf. kap. 0009)
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2025 |
Saldert budsjett 2026 |
Forslag 2027 |
|
01 |
Diverse inntekter |
0 |
0 |
0 |
|
Sum kap. 3009 |
0 |
0 |
0 |
Post 01 Diverse inntekter
Inntektsframlegget på posten dekker inntekter frå refusjonar av kostnader ved registrering av kulturminne.
Kapittelet samsvarer med kap. 0009.
Det er foreslått å ikkje budsjettere med inntekter på posten.
Det er foreslått at Justis- og beredskapsdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga på kap. 0009, post 01, tilsvarande inntekter utover det vedtekne budsjettet på kap. 3009, post 01, jf. forslaget til vedtak.
Kap. 0011 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2025 |
Saldert budsjett 2026 |
Forslag 2027 |
|
01 |
Driftsutgifter |
2 540 |
2 632 |
2 973 |
|
Sum kap. 0011 |
2 540 |
2 632 |
2 973 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten skal finansiere drift av Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard sitt nærvær i Longyearbyen.
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard er underlagt Nærings- og fiskeridepartementet. Direktoratet skal sørgje for at Svalbard sine geologiske ressursar blir teken vare på gjennom saksbehandling og tilsyn, og at undersøkingar og uttak av mineral skjer på ein måte som tar omsyn til både ressursane og miljøet.
Det er foreslått å auke løyvinga med 244 000 kroner.
Det er foreslått ei løyving på posten på 3,0 mill. kroner.
Kap. 0017 Norsk Polarinstitutt – refusjon
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2025 |
Saldert budsjett 2026 |
Forslag 2027 |
|
50 |
Refusjon |
4 250 |
4 403 |
4 566 |
|
Sum kap. 0017 |
4 250 |
4 403 |
4 566 |
Post 50 Refusjon
Løyvinga på posten skal gi delvis dekning for oppgåver instituttet utfører på Svalbard for andre enn miljøforvaltninga. Dette omfattar topografisk kartlegging, forvaltningsrådgiving overfor Sysselmeisteren og miljøretta kunnskapsformidling og informasjon. Hovudløyvinga til Norsk Polarinstitutt er omtalt under kap. 1471 i Prop. 1 S (2026–2027) for Klima- og miljødepartementet.
Sjå punkt 4.7.3 for nærare omtale av Norsk Polarinstitutt.
Det er foreslått ei løyving på posten på 4,6 mill. kroner.
Kap. 0018 Kystverket – Navigasjonsinnretningar
|
(i 1000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2025 |
Saldert budsjett 2026 |
Forslag 2027 |
|
01 |
Drift og vedlikehald |
4 220 |
4 250 |
4 410 |
|
30 |
Nyanlegg og større vedlikehald, aerolykter og maritime fyr |
498 |
800 |
428 |
|
Sum kap. 0018 |
4 719 |
5 050 |
4 838 |
Post 01 Drift og vedlikehald
Løyvinga på posten skal mellom anna dekke utgifter til lønn, maskiner og helikopter i samband med vedlikehald og utskiftingar av navigasjonsinnretningar i farvatna ved Svalbard.
Det er foreslått ei løyving på posten på 4,4 mill. kroner.
Post 30 Nyanlegg og større vedlikehald, aerolykter og maritime fyr
Løyvinga på posten skal gå til større vedlikehald og etablering av nye merke.
Det er foreslått ei løyving på posten på 428 000 kroner.
Kap. 0019 Meteorologisk institutt – husleige Bjørnøya og Hopen
|
(i 1000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2025 |
Saldert budsjett 2026 |
Forslag 2027 |
|
01 |
Driftsutgifter |
8 648 |
8 702 |
9 024 |
|
Sum kap. 0019 |
8 648 |
8 702 |
9 024 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga skal dekke utgiftene Meteorologisk institutt har til husleige, straum m.m. for bygningane på Bjørnøya og Hopen. Dei andre driftskostnadene er finansierte på budsjettet til Klima- og miljødepartementet, kap. 1412, post 50.
Det er foreslått ei løyving på posten på 9,0 mill. kroner.
Kap. 0020 Statsbygg Svalbard (jf. kap. 3020)
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2025 |
Saldert budsjett 2026 |
Forslag 2027 |
|
01 |
Driftsutgifter |
2 443 |
2 590 |
2 686 |
|
Sum kap. 0020 |
2 443 |
2 590 |
2 686 |
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga skal dekke delar av lønns- og driftskostnadene for kontoret til Statsbygg i Longyearbyen1.
Det er foreslått ei løyving på posten på 2,7 mill. kroner.
Det er foreslått at Statsbygg kan overskride løyvinga på kap. 0020, post 01, mot tilsvarande inntekter på kap. 3020, post 01.
Kap. 3020 Statsbygg, Svalbard (jf. kap. 0020)
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2025 |
Saldert budsjett 2026 |
Forslag 2027 |
|
01 |
Diverse inntekter |
0 |
0 |
0 |
|
Sum kap. 3022 |
0 |
0 |
0 |
Post 01 Diverse inntekter
Inntektsframlegget på posten omfattar tilfeldige inntekter Statsbygg har på Svalbard som ikkje er omfatta av Statsbygg si ordinære husleigeordning på statsbudsjettet kap. 2445 post 24. Det er ikkje forslått inntekter på posten.
Det er foreslått at Statsbygg kan overskride løyvinga på kap. 0020, post 01, mot tilsvarande inntekter på kap. 3020, post 01.
Kap. 0022 Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 3022)
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2025 |
Saldert budsjett 2026 |
Forslag 2027 |
|
01 |
Driftsutgifter |
7 635 |
7 604 |
7 886 |
|
Sum kap. 0022 |
7 635 |
7 604 |
7 886 |
Post 01 Driftsutgifter
Skatteetaten og -kontoret er underlagde Finansdepartementet. Løyvinga skal nyttast til å drive Svalbard skattekontor i Longyearbyen. Budsjettløyvinga skal òg dekke utgifter til Skatteklagenemnda for Svalbard og utgifter til fagleg og administrativ bistand og oppfølging frå Skatteetaten.
Svalbard skattekontor har ansvar for å fastsetje skatt etter svalbardskattelova, føre kontroll med personlege skattytarar, næringsdrivande og verksemder, administrere registeret over befolkninga på Svalbard, refundere innbetalt avgift til Svalbards miljøvernfond til fastbuande og rekne ut kolavgift.
Dei særskilde skattereglane for Svalbard er heimla i svalbardskattelova. Dei årlege skattesatsane er heimla i forslag til vedtak om formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2027, romartal II.
Det er foreslått ei løyving på posten på 7,9 mill. kroner.
Det er foreslått at Skattekontoret kan overskride løyvinga på kap. 0022, post 01, mot tilsvarande inntekter på kap. 3022, post 01.
Kap. 3022 Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 0022)
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2025 |
Saldert budsjett 2026 |
Forslag 2027 |
|
01 |
Diverse inntekter |
270 |
270 |
270 |
|
Sum kap. 3022 |
270 |
270 |
270 |
Post 01 Diverse inntekter
Inntektsframlegget på posten omfattar avtalt refusjon frå Svalbards miljøvernfond for arbeidet skattekontoret utfører med rekneskapen for fondet. Skattekontoret på Svalbard har ein avtale med Sysselmeisteren på Svalbard om å administrere refusjonar av miljøavgift på flybillettar frå Svalbards miljøvernfond.
Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 270 000 kroner.
Det er foreslått at Skattekontoret kan overskride løyvinga på kap. 0022, post 01, mot tilsvarande inntekter på kap. 3022, post 01.
Kap. 3030 Skattar og avgifter m.m.
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2025 |
Saldert budsjett 2026 |
Forslag 2027 |
|
29 |
Ymse |
0 |
0 |
0 |
|
70 |
Skattar m.m. |
267 324 |
230 000 |
250 000 |
|
71 |
Utførselsavgift |
0 |
0 |
0 |
|
72 |
Utmålsgebyr, årsavgift |
414 |
396 |
216 |
|
85 |
Bøter |
723 |
0 |
0 |
|
Sum kap. 3030 |
268 371 |
230 396 |
250 216 |
Post 29 Ymse
Posten blir nytta for inntekter som ein ikkje har budsjettert for og som det ikkje er naturleg å føre under andre postar.
Det er ikkje foreslått inntektsløyving på posten.
Post 70 Skattar m.m.
Inntektsframlegget på posten omfattar venta skatteinntekter frå Svalbard for 2027.
Anslaget er basert på innbetalte skattar i skatterekneskapen for 2025 og venta fastsetjing for inntektsåret 2026. Prognosen for 2027 er noko høgare enn for 2026.
Skatteinngangen på Svalbard for 2026 og 2027 er samstundes usikker. Dei siste åra har det vist seg at endringar hos enkeltskattytarar og verksemder kan føre til vesentlege endringar i skatteinntektene.
Skatteinngangen i 2025 var på 267,3 mill. kroner.
Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 250,0 mill. kroner.
Post 71 Utførselsavgift
Inntektsframlegget på posten omfattar inntekter frå utførselsavgift som er kravd inn i medhald av lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kull, jordoljer og andre mineraler og bergarter som utføres fra Svalbard. Inntektene frå utførselsavgifta er avhengige av kor mykje kol som blir skipa ut, og av kolprisen på verdsmarknaden.
Overslaget for utførselsavgifta er usikkert pga. usikre kolprisar, usikre marknader og raske og kraftige endringar i valutakursar. Det har i dei seinare åra vore låge innbetalingar av utførselsavgift. Gruve 7 vart avslutta i 2025 og siste utskiping av kull frå Longyearbyen er antatt å skje i 2026.
Det er ikkje foreslått løyving på posten.
Post 72 Utmålsgebyr, årsavgift
Inntektsframlegget på posten omfattar inntekter frå avgift ved krav om og vidareføring av utmål som er nedfelte i bergverksordninga.
Utmål er eit avgrensa område der innehavaren for ein gitt periode har einerett til å utnytte geologiske ressursar. Bergverksordninga, fastsett ved kgl.res. 7. august 1925, heimlar avgift ved krav om og vidareføring av utmål. Årsavgifta for å vidareføre eit utmål er 6 000 kroner. For utmål i freda område er avgifta 1 500 kroner i året per utmål.
I 2025 vart det ikkje tildelt nye utmål, samstundes som fleire utmål falt i det fri ved utgangen av 2025. Som følgje av dette er det forventa at inntekta frå utmålsavgifter for 2027 vil bli redusert.
Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 216 000 kroner.
Post 85 Bøter
Bøter blir kravde inn av Skatteetaten ved Statens innkrevjingssentral.
Det er ikkje budsjettert med inntekter på posten.
Kap. 3035 Tilskot frå statsbudsjettet
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2025 |
Saldert budsjett 2026 |
Forslag 2027 |
|
50 |
Tilskot |
787 186 |
571 062 |
648 148 |
|
Sum kap. 3035 |
787 186 |
571 062 |
648 148 |
Post 50 Tilskot
Posten er tilskotet som Justis- og beredskapsdepartementet foreslår å løyve på budsjettet sitt, Prop. 1 S (2026–2027), kap. 480 Svalbardbudsjettet, post 50 Tilskot. Løyvinga skal svare til og dermed dekke underskotet på svalbardbudsjettet.
Det er foreslått ei inntektsløyving på posten på 648,1 mill. kroner.
Fotnotar
Forslaget inkluderer berre deler av kostnaden relatert til dei tilsette og drift av kontorlokala. Følgjande kostnader inngår ikkje i budsjettet på kap. 0020: Husleige for Statsbygg sine tilsette på Svalbard på om lag 887 000 kroner, husleige for og delvis drift av nye kontorlokale på om lag 1 700 000 kroner, og arbeidsklede, avtalefesta reisekostnad og vedlikehald av bilar på om lag 161 000 kroner – til saman 2 748 000 kroner.