Arbeid med bredbånd i fylkeskommunene

Rrapport frå Nexia syner at tilskota frå Kommunal- og regionaldepartementet til fylkeskommunane har gitt 55.000 nye husstandar i heile landet tilgang til breiband. Det er over halvparten av dei som har fått breibandsdekning sidan slutten av 2006.

Rapport frå Nexia syner at tilskota frå Kommunal- og regionaldepartementet til fylkeskommunane har gitt 55.000 nye husstandar i heile landet tilgang til breiband. Det er over halvparten av dei som har fått breibandsdekning sidan slutten av 2006.

Rapporten syner at fylkeskommunane så langt har nytta 485 millionar kroner av tilskota, og at dei har utløyst totalt 1,1 milliard i breibandsinvesteringar. Totalt har fylkeskommunanes arbeid gitt 55.000 husstandar tilgang til breiband. I tillegg har 21.000 husstandar fått eit betre breibandstilbod. Tilskotet er øyremerka utbygging i område der breibandsaktørane ikkje finn det lønsamt å byggje ut breiband .

Det er gjennomført prosjekt i nesten 300 kommunar, og dekninga har auka meir i slike kommunar enn i dei som ikkje har hatt prosjekt initiert av fylkeskommunane.

Rapporten syner at dei mest aktive fylkeskommunane stort sett og har fått dei beste resultata. Dei har fått ei høgare del ekstern finansiering og større auke i breibandsdekninga.

Det er skilnader i arbeidsformene som fylkeskommunane har nytta for å få god nytte av midlane. I Agder har til dømes samarbeid mellom 30 kommunar og 2 fylkeskommunar skapt sterk forhandlingsmakt, god organisering av arbeidet og gode resultat. I Sør-Trøndelag har fylkeskommunen nådd gode resultat i utstrakt samarbeid med kommunar, næringsliv og utbyggjarar. Fylkeskommunen i Nord-Trøndelag er prosjektorientert og har mellom anna teke i bruk dugnad for å få realisert høghastighetsbreiband.

Resultater av arbeid med bredbånd i fylkeskommunene, Nexia 2013 (pdf)