6 Frå plan til byggjesak

Universell utforming dreier seg om utforming og tilrettelegging av fysiske forhold for å fremje like moglegheiter til samfunnsdeltaking, det vil seie at dei same løysingane skal kunne brukast av alle, uavhengig av funksjonsevne.

Plan- og bygningslova § 1-1 skildrar kva overordna omsyn som skal takast i vare gjennom planlegging og byggjesaksbehandling. Det følgjer av føresegna femte leddet at «prinsippet om universell utforming skal ivaretas i planleggingen og kravene til det enkelte byggetiltak» .

Plan- og bygningslova bruker omgrepet «universell utforming» på to måtar: 1) som prinsipp og 2) som eit materielt krav.

Prinsippet om universell utforming gjeld for heile lova. Prinsippet om universell utforming skal derfor leggjast til grunn for krav om tilgjenge i bustader òg.

Materielle krav kan givast i form av føresegner knytte til dei ulike planane i plan- og bygningslova (sjå omtale i kvar plantype i denne rettleiinga).

Når det gjeld krava til det enkelte byggjetiltaket, gjeld i tillegg materielle krav i Forskrift om tekniske krav til byggver k (byggteknisk forskrift) der kravsnivået for universell utforming og tilgjenge blir gitt for publikumsbygg, arbeidsbygg og bustader, irekna tilhøyrande uteområde.

Kravsnivåa i byggteknisk forskrift er minimumskrava for å sikre gode løysingar som kan brukast av alle for dei fleste tiltaka.

Der det er spesielle behov, kan det likevel vurderast eigne reguleringsføresegner for uteområde.

Sjå meir i rettleiinga om reguleringsplanar på www.planlegging.no og byggteknisk forskrift .